Ot.prp. nr. 44 (1998-99)

Om lov om omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei enkelte føresegnene i utkastet

Til § 1 Føremål

Paragrafen fastset føremålet med lova. Utkastet §§ 2 og 3 inneheld føresegner med varig verknad. Elles har lova til føremål å regulere ymse overgangsspørsmål, mellom anna endringar i andre lover i samband med at forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank blir omdanna til aksjeselskap.

Til § 2 Forholdet til aksjelovgivinga

Paragrafen fastset at Noregs Kommunalbank skal omdannast til aksjeselskap.

Til § 3 Om retten til å bruke ordet «bank» i namn (firma)

Forretningsbanklova § 2 fastset at utan særskild heimel i lov må berre forretningsbankar bruke ordet «bank» med eller utan tillegg i namnet (firma) eller ved omtale av verksemda. Ein foreslår å oppheve spesiallova om Noregs Kommunalbank. Ein foreslår òg at verksemda til Noregs Kommunalbank blir driven vidare av Kommunalbanken AS. Sidan denne institusjonen ikkje er ein bank, trengst det ein eksplisitt lovheimel for at institusjonen utan hinder av forretningsbanklova § 2 kan bruke nemninga «bank» i namnet sitt.

Til § 4 Overføring av offentlege rettar m v

Føresegna i første ledd legg til grunn eit kontinuitetsprinsipp for korleis verksemda i Noregs Kommunalbank skal overførast til Kommunalbanken AS. Omdanninga kan etter denne føresegna gjennomførast ved at verksemda med eigedelar, rettar, under det offentlege løyve, og forpliktingar blir overført til aksjeselskapet. Det er ein føresetnad at verksemda blir overført som ein heilskap, og at ikkje enkelte eigedelar eller rettar blir skilde ut.

Føresegna i andre ledd regulerer omregistrering av heimelsforhold knytte til eigedelar, rettar o a i offentlege register i samband med omorganiseringa. Føresegna gir grunnlag for å registrere omdanning til aksjeselskap ved at vedkommande registreringsinstans gjer ei namneendring i vedkommande register. For grunnboka vil dette innebere at det ikkje blir kravd formell overskøyting av faste eigedommar. Ein konsekvens av dette vil vere at det ikkje skal betalast tinglysingsgebyr eller dokumentavgift. Ei tilsvarande føresegn blei teken inn i lov om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket (§ 4).

Til § 5 Overføring av skyldnader

Paragrafen regulerer forholdet til fordringshavarane og andre rettshavarar til dei forpliktingane som blir overførde. Det sentrale er at dei må godta overføringa utan at det krevst deira samtykke eller at dei kan vise til overføringa som ein opphøyrsgrunn. Føresegna har sitt mønster i lov 24 juni 1994 nr 45 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap (§ 5). Ei liknande føresegn gjeld også ved omdanning av forvaltningsbedrift til statsføretak etter statsføretakslova § 55 første ledd. Ei føresegn med det same innhaldet blei også lagd til grunn ved omdanning av Postbanken.

Til § 6 Førerett til anna statsstilling og venteløn

Paragrafen slår fast at føreretten til anna statsstilling og rett til ventelønn etter tenestemannslova framleis skal gjelde for dei som var tilsette i Kommunalbanken ved omdanninga, i ein periode på 3 år frå omdanningslova tek til å gjelde. Ordninga er avgrensa til tilsette som var omfatta av desse reglane før omdanninga. Føresegna inneber at dei tilsette i denne perioden beheld dei særskilde rettane ved oppseiing på grunn av forhold dei sjølve ikkje har herredømme over. Føresegna har sitt mønster i lov 24 juni 1994 nr 45 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap (§ 4).

Siktemålet med denne føresegna er å sikre dei tilsette sine rettar i den aktuelle perioden. Dei same omsyna gjer seg gjeldande der tilsette blir overførde frå Kommunalbanken AS til anna verksemd i denne perioden, og det etter dei konkrete omstenda kan reknast som ei fortsetjing av tilsettingsforholdet. Etter dei konkrete tilhøva vil det same kunne gjelde der tilsette blir overførde til ei anna verksemd som Kommunalbanken AS tek over.

Til § 7 Overgangsreglar

I denne føresegna blir Kongen gitt heimel til å gi nødvendige overgangsreglar utover det som går fram av denne lova.

Til § 8 Iverksetting

Det blir her overlate til Kongen å fastsetje tidspunkt for iverksetting av lova. Ein tek sikte på at tidspunktet vil falle saman med gjennomføringstidspunktet for omdanninga.

Til § 9 Endring av andre lover

Paragrafen fastset endringar i anna lovgiving som er ein konsekvens av at Kommunalbanken som forvaltningsbedrift opphøyrer og blir vidareført i form av eit aksjeselskap.

Til nr 1 lov 15 juli 1949 om Norges Kommunalbank

Kommunalbanken AS blir stifta og tek over verksemda til Noregs Kommunalbank. Det nye kredittføretaket Kommunalbanken AS blir underlagt den vanlege lovgivinga for finansinstitusjonar og aksjelova. Lov om Noregs Kommunalbank blir såleis overflødig.

Til nr 2 lov 5 juni 1981 nr 45 om tilsattes representasjon i offentlige virksomheters styrende organer m.v.

Lova er ikkje sett i verk. Føresegna i § 8 nr 5 føreset at kommunalbanklova gjeld, og bør derfor opphevast.

Til nr 3 lov 10 juni 1988 nr 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner

Ein foreslår eit nytt pkt 8 i opprekninga i § 2-2 andre ledd av unntak frå eigaravgrensingsreglane i § 2-2 første ledd. Dette inneber at staten og KLP kvar for seg kan eige meir enn 10 prosent av aksjane i den nye finansinstitusjonen. Ved at det blir teke inn eit eige unntak her, følgjer det av § 2-4 andre ledd at det også blir gjort unntak frå regelen om røysterettsavgrensing i § 2-4 første ledd.