Ot.prp. nr. 57 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 28. juni 2002 nr. 61 om felles regler for det indre marked for naturgass, i lov 29. november 1996 nr. 72 om petroleumsvirksomhet (petroleumsloven) og i somme andre lover

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

4.1 Økonomiske og administrative konsekvensar i høve til nedstraumssektoren i samband med gjennomføringa av gassmarknadsdirektiv II

I og med at nedstraumssektoren i Noreg er marginal i dag, vil gjennomføringa av direktivet ikkje føre til administrative, økonomiske eller budsjettmessige konsekvensar av noko omfang.

4.2 Økonomiske og administrative konsekvensar i høve til oppstraumssektoren i samband med gjennomføringa av gassmarknadsdirektiv II

Den lovendringa som det vert gjort framlegg om er berre av lovteknisk art og direktivet inneber ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar av noko omfang.

4.3 Økonomiske og administrative konsekvensar i samband med andre mindre lovendringar

Dei lovendringane som det vert gjort framlegg om inneber ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar av noko omfang.

Til forsida