Ot.prp. nr. 61 (1998-99)

Om lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova)

Til innhaldsliste

7 Vidareføring av reglane om handel med brukte og kasserte ting

7.1 Gjeldande rett

Det går fram av handelslova § 4-1 at det i tillegg til handelsrett blir kravd løyve frå politiet for å drive handelsverksemd med brukte og kasserte ting, såkalla brukthandelløyve. Med heimel i § 4-3 første ledd, er det fastsett nærare reglar i forskrift av 28. april 1989 nr 290.

Hovudomsynet bak reglane om handel med brukte og kasserte ting er å førebyggje omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar og lette politiet sitt arbeid med å oppspore slike gjenstandar. Grunngivinga for dei restriksjonane som handelslova set, er altså først og fremst å sikre at slik handel ikkje blir ein kanal for å omsetje stolne lausøyregjenstandar.

Politiet kan nekte å gi løyve og trekkje løyvet attende dersom den måten verksemda blir driven på, eller andre tilhøve, gir grunn til å frykte misbruk. Politiet vil derfor innhente og gjere ei vurdering av vandelen til løyveinnehavaren. Til dømes vil ein person som er dømd for eller er under etterforsking for tjuveri, heleri eller andre former for vinningskriminalitet, normalt ikkje få brukthandelløyve. Eit løyve vil òg kunne bli trekt attende i slike høve. Politiet si avgjerd i desse sakene kan klagast inn for Nærings- og handelsdepartementet.

Gjennom føresegna er løyveinnehavaren pålagd visse plikter. Blant anna kan handelsverksemda berre bli driven frå stader eller rom som er godkjende av politiet. Det same gjeld oppbevaringsstaden. Vidare skal ein føre protokoll over dei tinga som er mottekne. Protokollen skal gi ei kronologisk oversikt over mottekne ting og skal til ei kvar tid vere à jour. Protokollen skal vere godkjend av politiet. Før det er gått 14 dagar, kan tingen ikkje bli omarbeidd eller lagd fram for sal eller bli øydelagd. Politiet skal føre tilsyn med at reglane blir følgde. Forretnings- og oppbevaringsstaden er til ei kvar tid underlagd politikontroll, og på oppmoding frå politiet pliktar ein å vise fram protokollen.

Verken 14-dagarsregelen eller kravet om å føre protokoll gjeld handel med motorvogner som er registreringspliktige etter § 15 i vegtrafikklova, eller med ting som har ein innkjøpspris på kr 300,- eller lågare.

7.2 Næringslovutvalets forslag

Næringslovutvalet meiner det er eit klart behov for slike reglar. Samfunnet ønskjer å komme heleriverksemda til livs, og derfor bør styresmaktene ha kontroll med denne forma for handel. Det er i dag politiet som har kontroll og oversikt over stolne gjenstandar, og det gjer at det verkar naturleg å halde på det ansvaret politiet i dag har for å gi løyve til slik handelsverksemd.

Næringslovutvaletstiller vidare spørsmål ved om det er naturleg å ha desse reglane i handelslova, og gjer framlegg om at det anten blir vedteke ei eiga lov, eller at reglane blir tekne inn i lov av 14. august 1918 om frivillige auksjonar.

7.3 Høringsinstansane sitt syn

Justisdepartementet, politimeisteren i Kristiansand, politimeisteren i Oslo, politimeisteren i Stavanger, politimeisteren i Tromsø og NHOer samde med utvalet i at desse reglane framleis må gjelde. Ingen av høringsinstansane har gått imot dette.

Justisdepartementet peiker i høringsfråsegna si på at det er viktig å halde på avgrensingar og kontroll med brukthandelen, blant anna fordi det går føre seg ei ikkje lita omsetning av tjuvegods i denne verksemda. Politimeisteren i Kristiansand seier at dette er eit svært viktig og aktuelt samfunnsområde der det absolutt er behov for sterk regulering og kontroll. Vidare meiner han at dagens regelverk er godt nok, men at politiet har for få ressursar til å utføre rein politikontroll eller kontroll i samarbeid med andre etatar. Politimeisteren i Stavangerønskjer at ei vandelsvurdering i samband med nye søknader om brukthandelløyve også bør gjerast for personar som sit i styret eller har eigarpartar tilsvarande serveringslova § 6. Politimeisteren i Stavangerhevdar vidare at reglane i handelslova er lite eigna til å få gjort raske vedtak.

Justisdepartementet, politimeisteren i Kristiansand, politimeisteren i Oslo, politimeisteren i Stavanger, politimeisteren i Tromsø og NHOmeiner at desse reglane bør liggje i handelslova. Ingen av høringsinstansane meiner at desse reglane hører heime i lov om frivillige auksjonar. Justisdepartementet peiker på at lov om frivillige auksjonar gir nærare reglar om éi spesiell form for omsetning, mens det her er spørsmål om kven som skal ha rett til å drive med brukte og kasserte ting. Vidare set Justisdepartementetspørsmålsteikn ved kva vi kan oppnå med ei ny lov på området.

7.4 Departementets vurdering

Nærings- og handelsdepartementetvurderer det slik at det gjeldande regelverket fungerer godt. Både departementet si røynsle som klageinstans og den erfaringa vi har fått gjennom kontakten med politiet elles, støttar denne konklusjonen. Departementetvil derfor foreslå at reglane blir førte vidare. På bakgrunn av dei mottekne høringsutsegnene kan departementet heller ikkje sjå at det er behov for å gjere materielle endringar i desse reglane.

Når det gjeld ønsket frå politimeisteren i Stavanger om å innføre ei vandelsvurdering, vil vi peike på at føremålet med reglane i serveringslova § 6 først og fremst er å gjere dei fysiske personane som står bak drifta av serveringsstaden, ansvarlege. Eit brukthandelløyve blir alltid gitt til ein fysisk person, og det er derfor ikkje dei same moglegheitene til å omgå regelverket innanfor denne bransjen.

Nærings- og handelsdepartementeter samd med høringsinstansane i at det mest tenlege er å halde på reglane slik dei er i dag. Som det går fram ovanfor i kapittel 3 - 6 forslår departementet at reglane i kapittel 2 og 3 i handelslova blir oppheva. I den departementsvise høringsomgangen har Justisdepartementet anbefalt at ein i staden for å foreslå endringar i gjeldande handelslov heller foreslår ei ny lov som avløysar gjeldande lov. Det blir grunngjeve med at ein vanlegvis bør foreslå ei ny lov til avløysing av gjeldande lov ved endringar av vesentleg omfang. I tillegg blir det peikt på at det er foreslått ei omfattande omstrukturering av lova, blant anna ved å endre gjeldande kapittelvise paragrafnummerering til ei fortløpande paragrafnummerering. Departementeter samd i dette og har derfor valt å følgje anbefalinga frå Justisdepartementet. Departementet trur dette vil vere mest formålstenleg tatt omsyn til dei omfattande endringar som blir foreslått og som nærmast uansett fører til at lova blir oppfatta som ny. Då er det mest ryddig at lova formelt sett òg er ny.

Til forsida