Ot.prp. nr. 66 (2007-2008)

Om lov om endringar i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m.

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Spørsmålet om xenotransplantasjon har tidlegare vore behandla i ei rekkje stortingsdokument, først og fremst i ulike odelstingsproposisjonar der det har vore innført mellombels forbod mot xenotransplantasjon til ei permanent regulering ligg føre. Xenotransplantasjon er sist behandla i Ot.prp. nr. 54 (2006–2007) Om lov om endringer i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m., der forslaget gjekk ut på at ein skulle forlengje det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon med eitt år til 1. januar 2009. I proposisjonen er det gjort nærmare greie for bakgrunnen for saka, mellom anna tidlegare odelstingsproposisjonar og behandlinga av dei i Stortinget, NOU 2001: 18 Xenotransplantasjon, Helse- og omsorgsdepartementet sitt høyringsnotat av november 2006 med forslag til permanent regulering av xenotransplantasjon og høyringsinstansane sine vurderingar av lovforslaget. Det er òg gjort greie for interimsorganet for xenotransplantasjon som departementet har oppretta, og korleis organet vurderer fagutviklinga dei siste åra. Departementet viser derfor til proposisjonen for nærmare utgreiing om bakgrunnen for saka, og om forhistoria.

Helse- og omsorgskomiteen støtta forslaget i Ot.prp. nr. 54 (2006–2007) om å forlengje forbodet med eitt år til 1. januar 2009, jf. Innst. O. nr. 5 (2007–2008). Stortinget vedtok deretter å forlengje det mellombels forbodet i tråd med innstillinga frå komiteen.