Ot.prp. nr. 66 (2007-2008)

Om lov om endringar i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m.

Til innhaldsliste

3 Vurderingar og forslag frå departementet si side

I Ot.prp. nr. 54 (2006–2007) vurderte departementet det slik at fagutviklinga dei siste åra ikkje gav grunn til å forvente at xenotransplantasjon ville bli teken i bruk i stort omfang i nær framtid, verken i form av etablert behandling eller klinisk utprøving. Det vart mellom anna vist til at det måtte kunne seiast å vere forholdsvis låg forskingsaktivitet på xenotransplantasjonsfeltet, samanlikna med andre medisinske fagområde. Det vart vidare vist til utviklinga internasjonalt, der fleire store firma hadde innstilt eller nedjustert satsingane sine på xenotransplantasjon. Departementet uttala derfor at det kunne vere behov for å sjå an utviklinga enno ei tid før det eventuelt vart utarbeidd permanent lovregulering av xenotransplantasjon.

I samband med at helse- og omsorgskomiteen behandla Ot.prp. nr. 54 (2006–2007), mottok Helse- og omsorgsdepartementet brev av 1. november 2007 frå interimsorganet for xenotransplantasjon. Her har interimsorganet vurdert innvendingane frå høyringsinstansane til det tidlegare lovforslaget frå departementet frå november 2006, og gjort greie for status på fagområdet. Interimsorganet vurderte også korleis dette feltet burde følgjast opp vidare, og uttala i samband med det mellom anna:

«(...) Interimsorganet [vil] anbefale at det midlertidige forbudet forlenges for en periode på 3 - 5 år. Interimsorganet vil imidlertid understreke at det parallelt med dette bør arbeides videre med forslaget til permanent lovregulering av xenotransplantasjon. At xenotransplantasjon neppe vil bli tatt i bruk i stort omfang i nær fremtid, kan ikke gis avgjørende vekt for utarbeiding av en «føre-var-lov». Slik lovregulering bør utarbeides så raskt som mulig slik at regulering er på plass dersom xenotransplantasjon skulle bli aktuelt, samtidig som det må settes av tilstrekkelig tid til å gjennomføre en offentlig debatt knyttet til xenotransplantasjon. Det bør også gis tilstrekkelig tid til at de forskningsetiske miljøene skal kunne drøfte nærmere de problemstillinger som xenotransplantasjon særlig reiser i forhold til det informerte samtykket, herunder forholdet til tredjepart og begrensninger i den personlige handlefrihet. Permanent lovregulering bør settes i kraft så raskt som mulig etter at loven er vedtatt av Stortinget. Ikraftsetting av loven bør med andre ord ikke utsettes i påvente av at et fortsatt gjeldende midlertidig forbud mot xenotransplantasjon skal utløpe.»

Brevet frå interimsorganet vart sendt i kopi til helse- og omsorgskomiteen. Komiteen omtala ikkje brevet i Innst. O. nr. 5 (2007–2008), men følgde som nemnt forslaget i proposisjonen om å forlengje forbodet til 1. januar 2009.

Slik departementet vurderer det, er det framleis ikkje grunn til å forvente at xenotransplantasjon vil bli teken i bruk i stort omfang i nær framtid, verken i form av etablert behandling eller klinisk utprøving. Xenotransplantasjon er ikkje teken i bruk som etablert behandling nokon stad i verden, og det har berre skjedd svært avgrensa former for klinisk utprøving. Det er derfor ingen ting som tilseier at ei forlenging av eit mellombels forbod vil få konsekvensar for norske pasientar. Departementet vil likevel peike på at det er vanskeleg å føresjå utviklinga, og at ein ikkje kan sjå bort frå at ein vil få gjennombrot som kan gjere dette meir aktuelt. Utviklinga dei siste åra gjer det likevel vanskeleg å seie sikkert om fagfeltet vil gå mot vidare nedjustert satsing, eller om forskingsaktivitet og økonomisk satsing tvert om kjem til å ta seg opp.

Ut frå det som er sagt ovanfor, meiner departementet derfor at det gjeldande forbodet som går til 1. januar 2009, bør forlengjast. Departementet meiner at det er meir formålstenleg med ei reguleringsform som inneber at det blir fastsett eit tidsubestemt forbod, framfor dagens reguleringsform der departementet med jamne mellomrom må fremme forslag for Stortinget om tidsbestemte forlengingar av forbodet. Slik departementet vurderer det, er det meir formålstenleg med eit forbod som gjeld inntil vidare, og at departementet kjem tilbake til Stortinget med forslag til permanent lovregulering av feltet dersom den faglege utviklinga skulle tilseie at behovet er der.

Ei ordning med eit tidsubestemt forbod er òg ressurssparande, fordi departementet då kan bruke ressursar på å utarbeide ei permanent lovregulering dersom den faglege utviklinga skulle tilseie at det er behov for det, framfor å bruke ressursar på fleire odelstingsproposisjonar om tidsbestemte forlengingar av det mellombels forbodet. Ei slik reguleringsform gjer det også enklare å planleggje eit eventuelt reguleringsarbeid slik at ein får nødvendig tid til å utarbeide forsvarleg regelverk på feltet.

Med tilvising til det som er sagt ovanfor, foreslår derfor departementet at lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m. blir endra slik at det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon blir gjort tidsubestemt.

Departementet vil vurdere utviklinga på fagfeltet jamleg og utarbeide forslag til permanent regulering av xenotransplantasjon dersom fagutviklinga skulle tilseie det. I samband med det, og også i tråd med utsegner i tidlegare odelstingsproposisjonar i saka, ønskjer departementet derfor å vidareføre ei ordning med eit interimsorgan som skal fungere som eit rådgivande ekspertorgan for departementet i det vidare arbeidet med fagfeltet.