Ot.prp. nr. 76 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner og lov 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard

Til innhaldsliste

5 Dei enkelte endringsforslaga med departementets spesielle merknader

Til kulturminnelova § 23 a:

Innføringa av importforbodet er ei oppfølging av UNESCO-konvensjonen artikkel 7 b ii) og er ei ny regel i forhold til gjeldande rett.

Reglar i EØS-avtalen om forbod mot kvantitative importrestriksjonar i artikkel 11 er ikkje til hinder for fastsetjing av eit slikt forbod i norsk rett. Dette har sin bakgrunn i artikkel 13 som gir høve til likevel å fastsetje importrestriksjonar som er grunna i omsynet til bl.a. nasjonale skattar av kunstnarisk, historisk eller arkeologisk verdi eller den industrielle eller kommersielle eigedomsretten.

Importforbodet er omtala nærmare under punkt 3.1.

Til kulturminnelova § 23 b:

Endringane i § 23 b første ledd inneber at dei enkelte internasjonale forpliktande avtalane ikkje er nemnde spesielt i lova. Føresegna er formulert slik at ho omfattar direktiva og dei konvensjonane Noreg har slutta seg til, samtidig som det er opna for å ratifisere liknande avtalar utan at det krev ei lovendring. Andre punktum er ei vidareføring i forhold til gjeldande rett.

§ 23 b andre ledd er ei reint redaksjonell endring. Reglane om erstatning er sletta som eiga føresegn, jf § 23 d og innarbeidde i reglane om tilbakelevering (erstatter gjeldande §§ 23 a og 23 d).

Reglane om tilbakelevering er nærmare omtale under punkt 3.2

Til kulturminnelova § 23 d:

I § 23 d fyrste og fjerde ledd er det bare gjort redaksjonelle endringar. Heimelstilvisinga er endra som følgje av at reglane om erstatning er flytte til § 23 b og at reglane om tilbakelevering inngår i § 23 b.

Til kulturminnelova § 23 f:

Reglane i føresegna gir departementet høve til å fastsetje forskrifter på nye område som gjennomføring av importforbodet og prosedyrar for tilbakelevering av kulturgjenstandar i samsvar med UNESCO-konvensjonen av 1970. Det er samtidig ei systematisering av heimlane til føresegna som stod i kulturminnelova §§ 23 andre ledd og 23 f. Føresegna er nærmare omtalt under punkt 3.3.2.