Ot.prp. nr. 81 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting

Til innhaldsliste

2 Mediepolitiske mål og behovet for tiltak

2.1 Høyringsnotatet

Offentleg ansvar og politiske mål

Dei mediepolitiske hovudmåla, slik dei vart slått fast i samband med Stortingets handsaming av mediemeldinga 1, er mellom anna å sikre «et mangfold av informasjonstilbud og ytringsmuligheter for smale og brede grupper i samfunnet», «et mangfold av uavhengige nyhets- og aktualitetsmedier av høy kvalitet på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå» og «medienes uavhengighet i redaksjonelle spørsmål; både fra myndigheter, eiere og andre.»

I høyringsnotatet viste departementet til at føresetnaden for at media skal kunne fungere som infrastruktur for formidling av informasjon og ytringar i samfunnet, er at dei tilbyr eit mangfald av truverdig informasjon av høg kvalitet som tryggjer behova til alle grupper i samfunnet. Også redaksjonell fridom er avgjerande for at media skal fungere som opne kanalar for informasjon og meiningsdanning.

Departementet viste òg til at artikkel 10 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen slår fast at medlemsstatane har ei plikt til å verne om og, der dette måtte vere naudsynt, aktivt medverke til meiningsmangfald i media. Menneskerettskonvensjonen er ein del av norsk rett. Plikta til å hindre for sterk mediekonsentrasjon er også slått fast gjennom fleire rekommandasjonar frå Europarådet.

Konsekvensane av eigarskapskonsentrasjon

I høyringsnotatet viste departementet til at eigarkonsentrasjon kan ha både positive og negative konsekvensar. På den eine sida kan eigarskapskonsentrasjon gjere større ressursar tilgjengelege for kvar einskild redaksjon, noko som i neste omgang kan gje mediebrukarane eit betre tilbod. På den andre sida er det fare for at eigarane eller eigarskapen kan påverke det redaksjonelle innhaldet i media på ein uheldig måte, både ved direkte inngrep og indirekte, til dømes ved at eigardominans dempar viljen til å ta opp verksemda til eigarane i eit kritisk søkjelys. Kontroll over nyhendeformidlinga gir stor potensiell påverknadskraft over opinionen. Demokratiomsyn tilseier at denne påverknadskrafta ikkje bør vere konsentrert hos ein eller nokre få aktørar.

Sjølv om det fram til i dag har vore ein sterk tradisjon for respekt for redaksjonell fridom i norske medium, finst det ingen garanti for at slike haldningar vil dominere også i framtida. Framveksten av nye medium, konvergens, nye aktørar på eigarsida, større konkurranse, ein stadig meir internasjonal marknad og utanlandske oppkjøp er utviklingstrekk som gjer at ein ikkje kan vere sikker på at medieeigarar i framtida vil ha like stor respekt og forståing for prinsippet om redaksjonell fridom.

Departementet la difor til grunn at eit visst eigarmangfald i mediesektoren er naudsynt både for å sikre redaksjonell fridom og mediemangfald.

Behovet for eigarskapslovgiving

I høyringsnotatet konkluderte departementet for det første med at ein ikkje kan sjå bort frå at utviklinga mot større eigarkonsentrasjon i mediemarknaden vil fortsetje.

For det andre slo departementet fast at ei utvikling i retning av større eigarkonsentrasjon vil vere svært vanskeleg å reversere dersom ho skulle vise seg å få negative konsekvensar.

For det tredje la departementet vekt på at korkje konkurranselova eller lovfesting av Redaktørplakaten kan gi tilstrekkeleg vern av mediemangfald og ytringsfridom. Tilhøvet til konkurranselova er nærmare omtalt under kap. 5. Departementet viste til at det er klare grenser for det vernet Redaktørplakaten kan gje i alvorlege konfliktsituasjonar mellom redaktør og eigar. Til dømes vil redaktøren plikte å trekkje seg frå stillinga si dersom det er avgjerande usemje mellom redaktøren og eigaren om den redaksjonelle lina.

For det fjerde la departementet vekt på at dei fleste vesteuropeiske landa har ei eller anna form for regulering av eigarskap i media. Departementet la i eit vedlegg fram ei oversikt som viste at dei fleste vesteuropeiske landa har ei eller anna form for regulering av eigarskap i media, og at gjeldande grense på 1/3 av den nasjonale marknaden ligg om lag på eit gjennomsnittsnivå i høve til anna europeisk regulering. Det norske systemet skil seg først og fremst ut ved at det overlet mykje til tilsynsorganet sitt skjønn, medan eigarskapsregulering i dei fleste andre land gjennomgåande er basert på klare eigarskapsgrenser.

Departementet konkluderte på denne bakgrunnen med at det framleis er behov for ei regulering som sikrar mot eigarkonsentrasjon i media til skade for «ytringsfriheten, de reelle ytringsmuligheter og et allsidig medietilbud», jf. medieeigarskapslova § 1.

Når det gjeld den nærmare innretninga av reguleringa, la departementet vekt på å finne ei løysing som sikrar ytringsfridom og demokrati og som samstundes ikkje grip for sterkt inn i den økonomiske verksemda til dei einskilde føretaka.

2.2 Høyringsfråsegnene

Konsekvensane av eigarskapskonsentrasjon

Alle som uttaler seg om dette, stør dei omsyna som lova skal fremje, d. t. mediemangfald, ytringsfridom og demokrati. Høyringsinstansane er likevel delte når det gjeld vurderinga av kva for konsekvensar eigarkonsentrasjon i media kan ha for desse omsyna.

Norsk medieforskerlag understrekar i si høyringsfråsegn farene ved eigarkonsentrasjon:

«Selv om forskningen på feltet ikke gir absolutt entydige resultater om konsekvensene av konsentrert eierskap, tyder likevel mye på at konsentrasjon er skadelig i forhold til ytringsfrihet og mangfold. Høy eierkonsentrasjon i nyhetsmediene innebærer en direkte fare for demokratiet dersom eieren velger å bruke «sine» medier for politiske formål. Vi kjenner slike koplinger fra Norge i perioden med partipresse (der det likevel var slik at de fleste viktige grupper hadde sine mediekanaler, og at ingen dominerte mediebildet totalt). Dagens internasjonale mediebilde gir skremmende eksempler på eierinnblanding - f eks Murdoch og Berlusconi. Eksemplene fra den norske partipressen viser at Redaktørplakaten i slike tilfeller ikke er noe hinder for eierinnblanding så lenge det er eierne som peker ut redaktører.»

Fleire høyringsinstanser (Norsk redaktørforening, Schibsted, Orkla, TV2 og Senter for medieøkonomi (BI)) peikar på at det ikkje er dokumentert at konsentrasjon av eigarskap vil utgjere ein trussel for mediemangfaldet, ytringsfridomen og dermed for demokratiet. Mellom anna uttaler Schibsted om dette:

«Det er imidlertid aldri hevdet fra regjering, storting, eller i offentlige utredninger at dagens eiere i norske medier har representert eller representerer noen trussel mot ytringsfriheten ved sin faktiske utøvelse av sitt eierskap. [...] Medieeierskapsloven baserer seg altså på en frykt for hva som teoretisk kan skje som et resultat av eierkonsentrasjon i media, mens de faktiske erfaringer med eksisterende medieeiere ikke støtter opp om begrunnelsen for lovens eksistens - tvert imot.»

Orkla meiner at det er for enkelt å hevde at det er eigarskapet som avgjer om vi kan oppretthalde eit redaksjonelt mangfald og viser til at den «... kanskje sterkeste kraften i utviklingen av medienes innhold ligger i det faglige fellesskapet mellom journalister uavhengig av eiermessig tilhørighet.»

Nokre av høyringsinstansane (Mediebedriftenes landsforening (MBL), Landslaget for lokalaviser (LLA), Schibsted, A-pressen, Orkla, Norsk forbund for lokal-TV og Norsk redaktørforening) legg særleg vekt på at norske medieeigarar har ein tradisjon for respekt for redaksjonell fridom i media. Mellom anna uttalar MBL:

«Norske Norske eiere har vist seg som prinsipielle og gode eiere, noe også en lang rekke offentlige utvalg har pekt på. De har bidratt til å skape forutsigbarhet og økonomisk trygghet for redaktørene, noe som gir de nødvendige rammene for å lage gode redaksjonelle produkter. Profesjonelle eiere er opptatt av å sikre de redaksjonelle produktene, og alle de tre store konsernene har tatt skritt for å verne om redaksjonell frihet (Tinius-stiftelsen i Schibsted, Grunnsynsutvalgets innstilling med ny formålsparagraf i A-pressen og Forankringsutvalget med publishing principles i Orkla Media).»

LLA viser òg til at «... dei store konserna har tradisjon for å vera prinsipielle og gode eigarar som legg vekt på redaksjonell fridom», men strekar samstundes under at «...eigarskapslova må vera tilpassa alle moglege eigarar i framtida både i konserna og elles».

A-pressen og Telenor saknar ei tydelegare påpeiking av at eigarkonsentrasjon også kan ha positive konsekvensar. Telenor viser til at «... både horisontal og vertikal integrasjon kan ha positive effekter for muligheten til å innføre felles åpne standarder som sikrer interoperabilitet mellom distribusjonsplattformer og aktører innenfor digital-TV med tilhørende tjenester». A-pressen konkluderer med at:

«Spesielt tatt i betraktning at eierkonsentrasjon kan virke positivt i forhold til lovformålet, og at det foreliggende erfaringsmaterialet ikke gir grunnlag for å påvise negative konsekvenser i forhold til lovformålet av den eierkonsentrasjon som så langt har funnet sted, bør inngrep etter loven ikke komme på tale uten at tilsynsmyndighetene konkret er i stand til å påvise at det foreligger en reell risiko for at det uten inngrep oppstår en situasjon som har alvorlige negative konsekvenser i forhold til lovformålet.»

Behovet for eigarskapslovgiving

Eit klart fleirtal av høyringsinstansane som uttaler seg om dette (mellom anna Samferdselsdepartementet, Justisdepartementet, Eigarskapstilsynet, Statens medieforvaltning, MBL, LLA, Norsk journalistlag, A-pressen, Telenor og LO) er samde i behovet for særskilt regulering av eigarskap i media. Til dømes uttaler Justisdepartementet:

«Den adgang til begrensning av eierskapskonsentrasjoner i media som medieeierskapsloven innebærer, er et sentralt virkemiddel for å opprettholde mangfold i media. Dermed sikres muligheten for at ulike typer ytringer kan få reell adgang til det offentlige rom, slik at offentlig kritikk, mangfold av meningsytringer og medienes uavhengighet sikres.»

Norsk redaktørforening meiner også at «... det bør være visse grenser for mediekonsentrasjon i Norge», men er samstundes «... sterkt i tvil om det er behov for regulering av eierskap på kringkastingssektoren så lenge Staten opprettholder en sterk innsats for eget public service selskap og dessuten opererer med konsesjonsreguleringer.»

Andre av høyringsinstansane meiner derimot at eigarskapsregulering ikkje er noko naudsynt eller eigna verkemiddel, og viser hovudsakleg til at andre tiltak som konkurranselova og lovfesting av redaktørplakaten er tilstrekkelege. Dette gjeld m.a. TV 2, Schibsted og Fædrelandsvennen.

Fleire av høyringsinstansane (mellom anna MBL, LLA, Norsk redaktørforening, Schibsted, NRK, TV 2 og LO) understrekar dessutan at det er viktig med positive verkemiddel for å nå målet om mediemangfald og ytringsfridom. Til dømes meiner NRK at «... videreføringen av en sterk allmennkringkaster også for fremtiden vil være et viktig virkemiddel for å sikre et bredt kringkastingstilbud og kulturelt mangfold.» LO uttaler at:

«Et mediamangfold sikres ikke kun gjennom regulering av eierskap - men også ut fra de økonomiske vilkårene avisene og andre medier må forholde seg til. LO understreker sterkt pressestøttens betydning for å sikre et differensiert pressemønster.»

Omsynet til dei økonomiske rammevilkåra på mediesektoren

Fleire høyringsinstansar understrekar at lovreguleringa må balansere omsyna til mangfald og dei økonomiske rammene for bransjen. Justisdepartementet peikar på dei kryssande omsyna som kjem inn, og legg til grunn at «Etter vårt skjønn er de endringer av medieeierskapsloven som Kirke- og kulturdepartementet (KKD) foreslår, resultat av en fornuftig avveining av disse kryssende hensyn.»

Andre (mellom anna MBL, Norsk redaktørforening, Schibsted, TV 2 og Norsk forbund for lokal-TV) meiner derimot at framlegget til regulering går for langt i retning av å setje grenser for næringsverksemda. MBL uttaler:

«Forslagene vil bidra til det motsatte av mangfold og konkurranse, nemlig forvitring. Medieeierskap står overfor store utfordringer fremover. Det kreves handlingsrom for å kunne videreutvikle eksisterende og nye redaksjonelle produkter når de teknologiske rammene endres raskt, og publikum og annonsører søker nye medietilbud. MBL mener derfor at forslagene griper «for sterkt inn i den økonomiske verksemda til dei einskilde føretaka», som departementet på side 17 skriver at man vil unngå. Uten mulighet til dynamisk utvikling vil mediebedrifter, både store og små, forvitre.»

Schibsted viser til at norske medium er inne i ein omfattande endringsprosess, som viser seg i nedgang i inntekter og tal på lesarar for avisene, profesjonalisering av mediesektoren og auka konkurranse og mangfald, og legg til grunn at: «Alle utfordringene i næringen har det til felles at de krever medieeierskap med sterk økonomisk ryggrad». Schibsted meiner dessutan at lova fører til struping av kapitaltilførselen til avismarknaden av di «... Schibsted for å sikre sin konkurransekraft er tvunget til å gjøre alle nye dagspresseinvesteringer, som er konsernets mest omfattende virksomhet, utenfor Norge.»

A-pressen meiner departementet i for liten grad «... analyserer og legger vekt på sammenhengen mellom finansiering av medievirksomhetene og lovregulering av eierforhold». A-pressen peikar på at svak avisøkonomi i framtida kan truge avismangfaldet og viser til tendensar til opplagsnedgang, nedgang i annonseinntekter, lønsvekst, auke i arbeidsgivaravgifta, auka distribusjonskostnader og politisk uvisse om pressestøtta.

Telenor etterlyser òg ei klarare vurdering av korleis lova vil kunne påverke konkurranseevna til dei nasjonale aktørane i høve til kapitalsterke utanlandske aktørar.

2.3 Departementets vurdering

Offentleg ansvar og politiske mål

I St.meld. nr. 26 (2003-2004) «Om endring av Grunnloven § 100», som vart lagd fram 19. mars 2004, går regjeringa inn for å grunnlovsfeste infrastrukturkravet, det vil seie kravet om at staten aktivt skal medverke til at individ og grupper faktisk har høve til å ytre seg. Oppgåva til staten vert dermed formelt utvida frå passivt å avstå frå inngrep til aktivt å sikre borgarane høve til å ytre seg. Infrastrukturkravet inneber m.a. at staten får ei plikt til å leggje til rette for kanalar og institusjonar og for ein open og opplyst offentleg samtale. Kort sagt er dette eit overordna statleg ansvar for oppbygginga av eit offentleg rom. Ei slik plikt er direkte knytta til hovudargumenta for ytringsfridomen; sanningsargumentet, demokratiargumentet og autonomiargumentet.

I stortingsmeldinga uttaler regjeringa mellom anna følgjande om tendensen til eigarskapskonsentrasjon sett i høve til dette infrastrukturkravet:

«Et ytterligere spørsmål gjelder utviklingen i retning av eierkonsentrasjon i mediemarkedet. Ytringsfrihetskommisjonen ser dette som det «mest påtrengende problem» på medieområdet i dag. Eierskapskonsentrasjon kan undergrave det reelle mediemangfoldet ved at kontrollen med hvilken informasjon og hvilke meninger som slipper igjennom disse kanalene, havner på noen få hender. Dette var bakgrunnen for vedtakelsen av medieeierskapsloven 13. juni 1997 nr. 53, som har til formål å fremme ytringsfriheten, de reelle ytringsmuligheter og et allsidig medietilbud, ved å hindre urimelig konsentrasjon av eierskap i mediene.

Departementet er enig med Ytringsfrihetskommisjonen i at eierkonsentrasjon reiser spørsmål som krever årvåkenhet. Lovgivningen på dette området må kontinuerlig evalueres og oppdateres for å holde tritt med den teknologiske utviklingen og utviklingen av mediemarkedene.»

Å «sikre ytringsfriheten som en forutsetning for et levende folkestyre» er eit mediepolitisk hovudmål, jf. mellom anna St.meld. nr. 57 (2000-2001). Med denne målsettinga har regjeringa og Stortinget på medieområdet markert nett eit slikt ansvar som regjeringa no går inn for å grunnlovsfeste.

Departementet legg også stor vekt på at artikkel 10 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen inneber ei plikt for styresmaktene til å sikre meiningsmangfald og pluralisme i media av omsyn til ytringsfridom og eit fungerande demokrati.

Departementet slår difor fast at det er eit klart offentleg ansvar å sikre mot eigarkonsentrasjon i media i den grad slik konsentrasjon kan truge mediemangfald og ytringsfridom.

Konsekvensane av eigarskapskonsentrasjon

Fleire av høyringsinstansane peikar på at det ikkje er dokumentert at eigarkonsentrasjon utgjer ein trussel mot ytringsfridomen m.v. Departementet har all grunn til å tru at eigarar i den norske mediemarknaden i dag i det store og det heile respekterer prinsippet om redaksjonell fridom.

Dette er likevel ikkje nok. For det første er dette tilhøve som det er svært vanskeleg å dokumentere. Til dømes vil det ikkje vere mogleg å lese ut av ei avis om dei synspunkta som kjem fram er eit resultat av frie redaksjonelle vurderingar eller om dei er eit resultat av direkte eller indirekte press eller påverknad frå eigarane. Eigarskapsreglar skal sikre mot eigarposisjonar som legg til rette for slik uheldig påverknad. Frå utlandet finst det fleire døme på at medieeigarar har misbrukt ein dominerande posisjon til å fremje eigne politiske synspunkt. Det er naivt å tru at dette ikkje også kan skje i Noreg. Skulle dette skje, vil det vere svært vanskeleg, om mogleg, å regulere seg bort frå situasjonen i etterhand. Ei lov kan difor ikkje vere basert på evigvarande tillit til dei medieselskapa som i dag er dominerande, eller til leiinga i desse selskapa. Vi må sjå framover og vere merksame på at tilhøva i Noreg faktisk kankomme til å endre seg. Makttilhøva mellom aktørane kan endre seg, nye aktørar kan komme inn på marknaden, medieaktørane kan få nye eigarar og haldningane til prinsippet om redaksjonell fridom kan endre seg.

Departementet er medvete om at eigarskapskonsentrasjon i nokre tilfelle kan ha positive konsekvensar, både for økonomien i einskilde verksemder og i somme tilfelle òg for lovføremålet. Departementet legg likevel avgjerande vekt på faren for at eigarkonsentrasjon over eit visst nivå kan truge slike grunnleggjande verdiar som ytringsfridom og demokrati. Ein svært dominerande eigarposisjon i mediemarknaden gir ein potensiell påverknadskraft over opinionen som, om han skulle bli utnytta, kan undergrave dei demokratiske avgjerdsprosessane i samfunnet.

I høyringsfråsegna si peikar Orkla på at utviklinga av eit fagleg fellesskap mellom journalistar i praksis er viktigare for mediemangfaldet enn kven som eig media. Departementet viser her til at Ytringsfridomskommisjonen drøfta utviklinga av ein eigen yrkesideologi for journalistar som eit viktig utviklingstrekk på mediesektoren. Kommisjonen meinte at dette på den eine sida kunne vere positivt ved at det kan gi «... et godt vern mot utilbørlig styring utenfra, enten det dreier seg om eiermakt eller kildemakt». På den andre sida så kommisjonen farar i denne utviklinga, særleg knytt til at det «... lett kan utvikle seg felles standarder for hva som skal bringes frem for offentligheten og for hvordan det skal bringes frem». Departementet er samd i vurderinga til kommisjonen, men strekar under at dette ikkje reduserer behovet for kontroll med eigarkonsentrasjon i mediemarknadene.

Behovet for eigarskapslovgiving

Fleire av høyringsinstansane peikar på at andre tiltak eller lovverk kan vere tilstrekkeleg til å sikre mediemangfaldet, og viser særleg til Redaktørplakaten og konkurranselova. Når det gjeld tilhøvet til konkurranselova viser departementet til drøftinga i kapittel 5. Departementet strekar under at det er klare grenser for det vernet Redaktørplakaten kan gi i alvorlege konfliktsituasjonar mellom redaktør og eigar. Er det i ein konkret situasjon avgjerande usemje om den redaksjonelle lina mellom redaktøren i ei avis og eigaren, vil redaktøren plikte å trekkje seg frå stillinga. På same vis vil eigaren kunne endre grunnsynet til ei avis. Dette vil setje nye rammer for den redaksjonelle fridomen og kan føre til prinsipiell usemje eller mistillit mellom eigar/utgivar og redaktør. I ein slik konflikt vil òg redaktøren måtte vike. Departementet har difor lagt til grunn at Redaktørplakaten er eit verdifullt supplement, men ikkje eit fullgodt alternativ til eigarskapsregulering.

På bakgrunn av ei fråsegn frå Justisdepartementet har departementet så langt lagt til grunn at ei lovfesting av prinsippa bak Redaktørplakaten kan vere i strid med gjeldande § 100 i Grunnlova. I høyringsnotatet har departementet difor ikkje gått nærmare inn på dettespørsmålet. I St.meld. nr. 26 (2003-2004) «Om endring av Grunnloven § 100», uttaler Justisdepartementet mellom anna følgjande:

«Etter departementets syn bør en ta opp igjen spørsmålet om lovfesting av den redaksjonelle uavhengighet. Hensynene bak en slik lovfesting bør veie tyngre enn at lovgiverne bør være forsiktige med å gripe inn i interne kompetanseforhold i medievirksomhetene.

Departementet legger til grunn at en lovfesting av prinsippet om redaksjonell uavhengighet ikke kommer i konflikt med forslaget til forbud mot forhåndskontroll, forutsatt at loven tar vare på den typen forbehold som ligger i Redaktørplakatens henvisning til «grunnsyn og formålsbestemmelser».»

Kultur- og kyrkjedepartementet kjem attende til spørsmålet om lovfesting etter at Stortinget har handsama framlegga til endringar i § 100 i Grunnlova.

Både MBL og Schibsted peikar på tiltak som dei store konserna har teke for å verne om den redaksjonelle fridomen, særleg Tinius-stiftinga i Schibsted. Departementet meiner det er svært positivt at store medieselskap tek si samfunnsoppgåve på alvor og etablerer interne eigarstrukturar som skal verne om fridomen og integriteten til redaksjonane. Ei medieeigarskapslov kan likevel ikkje baserast på at den interne eigarstrukturen i nokre få konkrete selskap aldri vil bli endra, jf over.

Fleire høyringsinstansar understrekar behovet for positive verkemiddel. Departementet er samd i at mediemangfald og ytringsfridom ikkje berre kan sikrast gjennom eigarskapsregulering. Mediepolitikken inneheld difor eit heilt spekter av verkemiddel for å stimulere til eit mangfald av medium (til dømes pressestøtta og nullsatsen for meirverdiavgift på aviser), eller for å sikre eit innhaldsmangfald i media (til dømes dei såkalla allmennkringkastingskrava).

Departementet held såleis fast ved at det framleis er behov for regulering av eigarskap i media i ei eiga lov.

Omsynet til dei økonomiske rammevilkåra på mediesektoren

Fleire av høyringsinstansane meiner at departementet i sjølve innretninga av reguleringa har lagt for liten vekt på omsynet til dei økonomiske rammevilkåra for medienæringa. Dette er ein vanskeleg balansegang.

Noreg er ein svært liten marknad i europeisk samanheng. Føresetnadene for mangfald er naturleg nok mindre i ein marknad med 4,5 mill. menneske enn i land som til dømes Storbritannia, med 60 mill. innbyggjarar. På den andre sida er dei grunnleggjande demokratiske behova for eit mangfald dei same. Anten eit land er stort eller lite, har innbyggjarane behov for eit mangfald av uavhengige informasjonskjelder og ytringskanalar for å kunne ta medvete og informert standpunkt til ulike samfunnsspørsmål og for å kunne ta aktivt del i dei demokratiske prosessane.

Eit utgangspunkt må vere at reguleringa berre bør setje grenser for næringsfridomen i den grad tungtvegande samfunnsomsyn tilseier dette. Departementet kjem attende til dette under omtalen av dei einskilde framlegga.

Særleg om utanlandsk eigarskap

Medieeigarskapslova har ikkje som føremål å sikre norsk eigarskap i norske medium. Lova er basert på at konsentrasjon av eigarskap til ein eller nokre få aktørar vil vere problematisk i høve til måla om mediemangfald og ytringsfridom, uavhengig av kven desse aktørane er. Reglar som direkte hindrar utanlandske eigarar å kjøpe norske medium vil vere i strid med EØS-avtala. Nokre har hevda at lova bør opne for at dei norske mediekonserna veks seg større og meir dominerande, av di dette vil kunne motverke utanlandske oppkjøp. Etter departementets vurdering er det like sannsynleg at ytterlegare eigarskapskonsentrasjon i Noreg vil gjere norske medieselskap meir interessante som oppkjøpsobjekt for utanlandske investorar. Resultatet kan i så fall bli ein norsk mediemarknad dominert av eit fåtal utanlandske eigarar. Dette kan vere aktørar utan dei same tradisjonane for redaksjonell fridom som har prega norske medium fram til i dag.

Fotnotar

1.

St.meld. nr. 57 (2000-2001) «I ytringsfrihetens tjeneste»

Til forsida