Ot.prp. nr. 9 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova)

Til innhaldsliste

4 Brot på føresetnadene for å få tilskott

I §.25 nr. 4 i privatskulelova er det ein regel om brot på godkjenningsreglane. Regelen lyder slik: «Departementet skal dra godkjenninga attende dersom vilkår i denne lova ikkje vert fylte innan den frist som departementet set.» I den juridiske utgreiinga som utvalet henta inn, vart det presisert at regelen, slik han er utforma, berre tek sikte på «vilkår i denne lova». Om skolane brukar statstilskottet til andre føremål enn drifta, eller gjev feil opplysningar om elevtal, er ikkje dette direkte brot på «vilkår i denne lova». Det er likevel gode grunnar for at regelen bør kunne brukast i slike tilfelle òg.

På bakgrunn av den tolkinga som er nemnd ovanfor, om at føresegna i § 25 kan gjelde regelbrot som ikkje er eksplisitte brot på lova, men som bryt med føresetnadene for lova, gjorde utvalet framlegg om at føresegna står ved lag, men i ei noko endra form. Slik lovregelen er i dag, har departementet etter ordlyden plikt på seg til å dra godkjenninga attende dersom ein skole ikkje oppfyller dei vilkåra departementet set innan ein fastsett frist. Vidare set regelen som vilkår for attendekalling av godkjenninga at departementet har fastsett frist for retting av eit mishøve, og at denne fristen ikkje blir halden. Utvalet meinte at departementet ikkje bør ha plikt til å dra attende godkjenninga som reaksjon på bagatellmessige regelbrot, sjølv om dei ikkje blir retta innan fastsett tid. Dernest må departementet ved grove brot kunne dra attende godkjenninga straks, og utan varsling på førehand. Utvalet gjorde framlegg om at § 25, pkt. 4 får denne ordlyden: «Departementet kan dra godkjenninga attende dersom vilkår i denne lova ikkje vert fylte». Departementet er einig i framlegget til ny formulering av § 25, pkt. 4 i lova.

Utvalet meinte at det i tillegg til lovføresegna også er bruk for reaksjonsføresegner som går meir direkte på økonomiske tilhøve. Slike føresegner meinte utvalet bør takast inn i forskrift til privatskulelova. Utvalet gjorde framlegg om at det i forskrift blir teke inn føresegner om at departementet kan halde tilskott tilbake til dess ein mangel blir retta, at departementet kan krevje tilbakebetalt tilskott som er utbetalt på grunnlag av urette eller mangelfulle opplysningar, og at departementet kan krevje heile eller deler av tilskottet tilbakebetalt dersom statstilskott eller elevpengar blir nytta i strid med føresetnadene. Departementet sluttar seg til desse framlegga til reaksjonsføresegner, og vil ta føresegnene inn i forskrift til privatskulelova.