Ot.prp. nr. 9 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Oppdraget til Høybråten-utvalet var at endringane i tilskotssystemet ikkje måtte føre til utgifter utover det som følgjer av det gjeldande regelverket. Som omtalt i St meld nr 45 (1997-98) har går departementet på nokre område inn for løysingar som krev høgare utgifter enn Høybråten-utvalet la opp til. Dei økonomiske konsekvensane av lovendringane er innarbeidde i framlegget til statsbudsjett for 1999, jf. St.prp nr 1 (1998-99). På sikt vil ein kunne forenkle administrasjonen både på skolane og i departementet som følgje av omlegginga.