Prop. 1 S (2009–2010)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5651 og 5652

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettframlegg

Programområde 15 Landbruk og mat

Programkategori 15.00 Landbruks- og matforvaltning

Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

1100

Landbruks- og matdepartementet:

131 410

130 187

131 410

0,9

Sum kategori 15.00

131 410

130 187

131 410

0,9

Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

4100

Landbruks- og matdepartementet:

11 087

501

517

3,2

Sum kategori 15.00

11 087

501

517

3,2

Landbrukssektoren har ei av dei mest komplette verdikjedene i norsk næringsliv, frå produksjon av innsatsvarer, primærproduksjon, næringsmiddelindustri, skogindustri og heilt fram til forbrukar.

Dette syner at Landbruks- og matdepartementet forvaltar politikken innanfor ein sektor som har eit breitt samfunnsansvar, og som spelar ei avgjerande rolle for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Matproduksjon, jordbruk, skogbruk, reindrift og landbruksbaserte tilleggsnæringar er sentrale for den samla verdiskapinga, for å oppretthalde hovudtrekka i busetjingsmønstret og utvikle lokalsamfunna over heile landet, og for å ivareta klima, miljø og oppretthalde kulturlandskapet.

Landbruks- og matforvaltninga har dermed eit breitt ressursforvaltningsansvar, og forvaltningsoppgåvene er knytt til heile næringskjeda, mellom anna opp mot primærprodusent, næringsmiddelindustri og omsetningsledda. Det er nødvendig at forvaltninga har ressursar til å møte dei krav til høge standardar som forbrukarar, industri og andre samfunnsektorar set.

Tilsyns- og rettleiingsoppgåvene som til dømes Mattilsynet utfører er viktige for forbrukarane, næringsmiddelindustrien, reiselivs- og serveringsbedriftene, omsetningsledda, fiskeeksporten og landbruksnæringane. Deltaking i og oppfølging av internasjonale prosessar set òg dagsorden kor forvaltninga ofte står overfor komplekse utfordringar som krev meir og andre ressursar enn tidlegare.

Andre døme på sentrale samfunnsoppgåver er arbeidet med sikring av miljø og berekraftig utvikling i bruken av arealressursane, med å leggje til rette for nye næringar og med vidareutvikling av landbruksnæringane. I den langsiktige eigedoms- og ressursforvaltninga må både nærings-, klima- og miljøomsyn og omsyn til alternativ ressursbruk vurderast. Det er om lag 180 000 landbrukseigedommar i Noreg og av desse var det i 2006 om lag 34 000 landbrukseigedommar med bustad, men utan busetjing. Dette synar at det er eit stort potensiale i å ta desse eigedommane i bruk.

Regjeringa legg St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, til grunn for vidare oppfølging av klimatiltak i landbrukspolitikken, jf. kat.15.30.

Organisering og oppgåver på landbruks- og matområdet

Landbruks- og matdepartementet tek hand om rolla som sekretariat for politisk leiing, noko som inneber utvikling av politikkområdet og å sjå til at politikken blir gjennomført. Oppgåvene rettar seg mot landbrukspolitikk, matpolitikk, skog- og ressurspolitikk, forsking, innovasjon og regionalpolitikk og forvaltningspolitikk, i tillegg til informasjonsverksemd og administrative og økonomiske funksjonar.

Det har vore gjennomført store organisatoriske endringar og effektivisering av landbruks- og matforvaltninga dei seinare åra. Landbruks- og matdepartementet skal framleis leggje til rette for ei meir effektiv landbruks- og matforvaltning som har fokus på brukarretting, openheit, kvalitet og medverknad slik at den blir mest mogeleg tilpassa innbyggjarane og næringsverksemdene sine behov. Formålet med arbeidet har vore og er framleis å leggje til rette for ei tenleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda og -nivåa. Omorganiseringane omfattar utskiljing av oppgåver frå departementet og omstrukturering av verksemder. Forutan effektiviseringsgevinstar og ressursinnsparingar som følgje av omstilling og IKT-utvikling i den enkelte verksemda, er intensjonen at dette òg skal komme næringsdrivande, næringsmiddelindustrien, brukarane og andre forvaltningsnivå til gode.

Landbruks- og matdepartementet har sju underliggjande verksemder og skal setje mål, gi rammer, rettleie og følgje opp resultat i dei underliggjande verksemdene i samsvar med gjeldande lover, reglar og politiske retningslinjer. Direktorats- og tilsynsoppgåver er lagt til Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning og Reindriftsforvaltninga. Dei fire forskingsinstitutta Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Veterinærinstituttet (VI) og Norsk institutt for skog og landskap er organiserte som forvaltningsorgan med særskilte fullmakter. Sjå nærmare omtale under kat. 15.10, 15.20 og kat. 15.30.

For å møte utfordringane innanfor FoU-sektoren nasjonalt og internasjonalt har departementet dei siste åra gjennomført fleire tiltak for fornying av kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet. Landbruks- og matdepartementet vil følje opp vedtaka i Innst. S. nr. 176 (2007-2008) frå Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om framtidig lokalisering og organisering av Norges veterinærhøgskole. Dette er knytt til flytting av Veterinærinstituttet til Ås og felles lokalisering med det nye universitetet. Departementet legg òg stor vekt på at etableringa av det nye universitetet skal sikre god rekruttering til forsking og næringar innanfor landbrukssektoren. Gjennom felles lokalisering forventar departementet at ein kan oppnå faglege, økonomiske og administrative synergiar saman med dei institutta som allereie er på campus; Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Nofima AS, jf. kat. 15.20 og kap. 1137.

Strukturen i landbruks- og matforvaltninga er desentralisert med arbeidsplassar over heile landet. Oppgåveløysinga er såleis fordelt mellom nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå.

Fylkesmannen og Innovasjon Norge utfører oppgåver regionalt på landbruks- og matområdet og forvaltar økonomiske og juridiske verkemiddel på området. Fylkesmannen og Innovasjon Norge er administrativt underlagt høvesvis Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.

Frå 1.1.2010 vil fylkeskommunane bli styrkte som landbruksaktør gjennom overføring av oppgåver og auka medansvar på landbruks- og matområdet. Oppgåvene er hovudsakleg knytt til kompetanseutvikling innan landbruksnæringa og enkelte oppgåver innanfor næringsutvikling, klima og samfunnsplanlegging. Oppgåvene blir finansiert gjennom fylkeskommunane sitt inntektssystem. For nærmare omtale av forvaltningsreforma syner ein til Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet sine budsjettproposisjonar. Endringane understrekar behovet for auka samarbeid om landbruks- og matområdet i dei regionale partnarskapa.

Fylkeslandbruksstyra blir nedlagt frå 1.1.2010 og oppgåvene blir overført til Fylkesmannen og fylkeskommunane, jf. Ot.prp. nr. 10 (2008-2009).

Kommunane skal framleis ha ei aktiv rolle i gjennomføringa av landbrukspolitikken og har ei viktig rolle innan forvaltning og samfunns- og næringsutvikling. For å følgje opp regjeringa si satsing på lokal nærings- og samfunnsutvikling har Landbruks- og matdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet sett i gong eit arbeid for å gjere kommunane til betre støttespelarar for entreprenørar og lokalt næringsliv. Satsinga legg vekt på auka samordning mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen og Innovasjon Norge sin innsats i høve til kommunane.

Frå 1.1.2010 overtek Norsk Landbruksrådgiving ansvaret for å dekkje landbruket sitt behov for teknisk bygningsplanlegging frå Fylkesmannen, jf. St.prp. nr. 75 (2008-2009).

Status innan landbruks- og matforvaltninga

I samband med Dokument nr. 8:43 (2007-2008) og Innst. S. nr. 183 (2007-2008) slutta Stortinget seg til at Landbruks- og matdepartementet skulle gjere greie for utviklinga i talet på årsverk i landbruks- og matforvaltninga. Under gis ei omtale av status pr. 1.1.2009.

Det var totalt 157 årsverk i Landbruks- og matdepartementet pr. 1.1.2009. Dei seinare åra har det spesielt vore ein auke i oppgåvemengda innanfor det internasjonale arbeidet, arbeidet knytt til klimautfordringar i sektoren og på matområdet.

Tabell 2.1 Årsverk, geografisk/fylkesvis fordeling for Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, og landbruksrelaterte oppgåver hos Innovasjon Norge pr. 1.1.2009. Talet på årsverk for fylkesmannsembeta er henta frå årsrapportane for 2008.

Fylker

Mattilsynet1

Statens landbruksforvaltning

Reindrifts- forvaltninga

Fylkesmannen2

Innovasjon Norge3

Oslo

211,7

186

18,64

21,5

Akershus

106,0

2,9

Østfold

44,8

15,2

3,1

Hedmark

103,1

24,7

4,9

Oppland

34,1

24,3

4,2

Buskerud

44,7

15,6

2,3

Vestfold

30,9

13,6

3,1

Telemark

28,6

15,5

3,2

Aust-Agder

11,2

12,0

2,8

Vest-Agder

14,1

13,5

2,8

Rogaland

132,5

26,9

5,8

Hordaland

96,0

26,8

4,1

Sogn- og Fjordane

38,5

21,3

4,1

Møre- og Romsdal

70,5

22,9

4,1

Sør-Trøndelag

74,7

5

27,4

4,1

Nord-Trøndelag

69,9

4,3

25,1

4,2

Nordland

107,6

6

23,5

3,1

Troms

40,9

4,5

12,4

4,4

Finnmark

46,4

36,3

10,1

11,65

Utland

3,5

Sum årsverk

1 306,2

186

56,1

349,4

99,8

1 Årsverka knytt til Mattilsynet omfattar oppgåver retta mot landbruk, fisk, akvakultur, næringsmiddelindustri, daglegvarehandel, serviceverksemder, internasjonalt arbeid og regelverksutvikling. Berekna årsverksfordeling er basert på registrert tidsbruk i 2008. Registrert tidsbruk utgjorde om lag 97 pst. av total tidsbruk i Mattilsynet i 2008.

2 Finansiert over kap. 1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

3 Finansiert over kap. 2421 Innovasjon Norge under Nærings- og handelsdepartementet.

4 Eit felles fylkesmannsembete for Oslo og Akershus.

5 Det er lagt sentrale oppgåver til distriktskontoret i Finnmark, tot. 8 årsverk.

Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, samt oppgåver på landbruksområdet som blir utført av Fylkesmannen og Innovasjon Norge, utgjer pr 1.1.2009 til saman 1997 årsverk. Av desse er om lag 78 pst. av årsverka lokalisert utanfor Oslo. I tillegg til den desentraliserte strukturen i Mattilsynet, Reindriftsforvaltninga, Fylkesmannen, og Innovasjon Norge, kjem dei årsverka som er i kommunal landbruksforvaltning.

Mattilsynet har i dag om lag like mange årsverk som ved etableringa i 2004. Samstundes har Mattilsynet fått nye og utvida oppgåver og tatt ut ein effektiviseringsgevinst på 10 pst. Mattilsynets hovudkontor har seks kontorstader. Regionkontora i Akershus, Hedmark, Rogaland, Hordaland og Nordland har òg seksjonar knytt til hovudkontoret. Styringssystemet i Mattilsynet har ikkje vore lagt opp for fylkesvis rapportering eller rapportering på aktivitetar innan ulike sektorar. Det er derfor gjennomført eit omfattande manuelt arbeid for å få det nødvendige talgrunnlaget. Ved gjennomgangen av talmaterialet har Mattilsynet oppdaga enkelte feil i dei tala som blei rapportert for årsverkfordeling i 2007 og omtalt i St.prp. nr. 1 (2008-2009).

Talet på årsverk i Statens landbruksforvaltning har vore stabilt. Statens landbruksforvaltning har ei sentral rolle i arbeidet med fornying og forenkling for næringsutøvarane i landbruket. Det er lagt ned ein stor ressursinnsats på IKT-området i Statens landbruksforvaltning dei siste åra for å gjere det enklare for bønder, skogeigarar og næringsmiddelindustri å kommunisere med verksemda. Denne satsinga har òg gjort det mogleg for ytre landbruksforvaltning (Fylkesmannen og kommunane) å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt. Ved gjennomgangen av talmaterialet fordelt på kategoriar, jf. tabell 2.2, har Statens landbruksforvaltning oppdaga enkelte feil i dei tala som blei rapportert for årsverkfordeling i 2007 og omtalt i St.prp. nr. 1 (2008-2009).

I Reindriftsforvaltninga er det totalt 56,1 årsverk. Talet har vore relativt stabilt dei siste åra, men syner no ein nedgong på om lag 4 årsverk frå 2007 til 2008.

Fylkesmannen er ein viktig regional aktør på landbruks- og matområdet. Finansieringa av Fylkesmannen sine oppgåver på landbruksområdet inngår i kap. 1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Ved fylkesmannsembeta var det i 2008 om lag 349 årsverk knytt til landbruks- og matområdet. Som ei oppfølging av Fornyings- og administrasjonsdepartementet si kartlegging av forholdet mellom oppgåver og ressursar i 2008 blei landbruksområdet styrkt med til saman 3 mill. kroner i 2009. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har vidare utarbeidd nye retningslinjer for finansiering av fylkesmannsembeta, samt etablert nye rutinar for ressursbruksrapportering for å sikre godt samsvar mellom oppgåver og ressursar i embeta framover. Ein syner elles til omtale av fylkesmannsembeta i Prop. 1 S (2009-2010) frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Innovasjon Norge forvaltar verkemiddel og lån med rentestøtte til tradisjonelt landbruk og nye næringar. Finansieringa av Innovasjon Norge sine oppgåver inngår i kap. 2421 under Nærings- og handelsdepartementet. Det har vore ein reduksjon i talet på årsverk med om lag 35 pst. knytt til landbruks- og matområdet etter etableringa av Innovasjon Norge i 2000.

Kommunane har ansvar for eit breitt spekter av oppgåver på landbruksområdet frå forvaltning av landbrukslovgjevinga til nærings- og utviklingsarbeid. Finansiering av oppgåvene inngår i kommunane sitt inntektssystem. Det har vore ein stor reduksjon i talet på årsverk innanfor landbruksforvaltninga i kommunane dei seinare åra, men utviklinga mellom fylka er svært varierande. Departementet er oppteke av at kommunane har kompetanse og kvalitet i løysinga av landbruksoppgåvene i kommunane. Fylkesmannen vil følgje opp dette i dialogen sin med kommunane. Gjennom KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering) vil det òg på sikt kunna vere mogleg å følgje ressursbruken i landbruksforvaltninga i kommunane.

I tabellane nedanfor er årsverka i Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, og landbruksrelaterte oppgåver hos Fylkesmannen og Innovasjon Norge splitta opp på ulike fagområde. Dei merkantile ressursane er anslagsvis fordelt på dei ulike fagområda. Kommunane inngår ikkje i denne oversikta då det ikkje er mogleg å innhente så detaljerte tal.

Det er valt å skilje på fagområda Reindriftsforvaltninga, Statens landbruksforvaltning, Fylkesmannen og Innovasjon Norge rapporterar på, og fagområda Mattilsynet rapporterar på. Bakgrunnen for dette er oppgåvene sin karakter og at Mattilsynet har ansvaret for oppgåver frå fleire sektorar.

Tabell 2.2 Årsverk fordelt på fagområde for Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, og landbruksrelaterte oppgåver hos Innovasjon Norge pr. 1.1.2009. For fordeling av årsverk på fagområde hos Fylkesmannen er det tatt utgangspunkt i tal i årsrapportane for 2008.

Fagområde

Statens landbruks-

forvaltning

Reindrifts- forvaltninga

Fylkesmannen

Innovasjon Norge

Sum årsverk

Areal- og samfunnsplanlegging

19

77

96

Miljøretta arbeid

13

41,5

54,5

Tradisjonelt jordbruk

45

99,9

51,5

196,4

Tilleggsnæring/anna næring

1

75,1

48,3

124,4

Omsetning, marknadstiltak og importvern

101

0,1

101,1

Skogbruk

7

55,8

62,8

Reindrift

0

56,1

0

56,1

Sum årsverk

186,0

56,1

349,4

99,8

691,3

Om lag 28 pst. av ressursane i forvaltninga er retta mot tradisjonelt jordbruk som husdyr- og planteproduksjon, investeringar i produksjonsbygg og produksjonsutstyr og kontroll med tilskottsforvaltninga.

Om lag 18 pst. av ressursbruken er retta mot nye næringar som omfattar investeringar knytt til nye næringar i og i tilknyting til landbruket innan mat, økologisk matproduksjon og forbruk, trevirke, bioenergi, reiseliv og opplevingsproduksjon, Inn på tunet og annan grøn vare- og tenesteproduksjon.

Fagområdet areal- og samfunnsplanlegging omfattar oppgåver knytt til kommunale og fylkeskommunale arealprosessar og forvaltning av landbrukslovgjevinga, og utgjer 14 pst. av ressursane.

Ressursar knytt til omsetning, marknadstiltak og importvern utgjer 15 pst.

Forvaltningsoppgåver knytt til skogbruk, mellom anna tiltak for å auke avverkinga, utgjer om lag 9 pst. av ressursane.

Forvaltningsoppgåvene knytt til reindrift utgjer 8 pst. av ressursane.

Oppgåver knytt til miljøretta arbeid utgjer 8 pst. av ressursane og omfattar mellom anna forureining frå landbruket, oppretthalding av kulturlandskapet, førebyggande arbeid knytt til rovvilt m.m.

Tabell 2.3 Årsverk pr. fagområde for Mattilsynet i 20081.

Fagområde

Årsverk

Landbruk

310,6

Akvakultur og sjømat

157,4

Næringsmiddel

758,5

Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling

79,8

Sum årsverk

1306,3

1 Berekna årsverksfordeling er basert på registrert tidsbruk i 2008. Registrert tidsbruk omfattar for 2008 om lag 97 pst. av total tidsbruk.

Fagområdet landbruk omfattar ressursar som rettar seg mot landbruksproduksjon. Dette gjeld mellom anna tilsyn med plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd, plantevernmiddel og fòr til landdyr, samt overvakingsprogram knytt til dyrehelse. 24 pst. av årsverka i Mattilsynet er innretta mot dette fagområdet.

Fagområdet akvakultur og sjømat omfattar Mattilsynet sitt arbeid innan akvakultur og i høve til sjømatsverksemdene. Det gjeld mellom anna tilsyn med sjømatverksemder, fiskehelse og fiskefôr, samt overvakingsprogram knytt til fiskehelse og sjømat. 12 pst. av årsverka er innretta mot dette fagområdet.

Fagområdet næringsmiddel unntatt sjømat omfattar tilsyn retta mot mellom anna næringsmiddel, næringsmiddelindustri inkl. serveringsbedrifter og drikkevatn, samt overvakingsprogram knytt til zoonosar. 58 pst. av årsverka er innretta mot dette fagområdet.

Fagområdet internasjonalt arbeid og regelverksutvikling omfattar Mattilsynet sitt arbeid med utvikling av regelverk, deltaking i internasjonale fora m.m. 6 pst. av årsverka er innretta mot dette fagområdet.

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

126 348

127 180

128 320

45

Store utstyrskjøp og vedlikehald - ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50

5 028

2 760

2 835

50

Store utstyrskjøp og vedlikehald - forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

34

247

255

Sum kap. 1100

131 410

130 187

131 410

Status for området, mål, strategiar og tiltak

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for å følgje opp dei retningslinjene som Stortinget og regjeringa gir for mat- og landbrukspolitikken. Departementet sitt ansvarsområde er knytt til områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, husdyrhald, ressursvern, klima- og miljøtiltak og utvikling av nye landbruksbaserte næringar. Departementet er ein viktig premissleverandør når det gjeld samfunnsoppgåver som er særs viktig for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Dette gjeld mellom anna oppgåver som matproduksjon, matforsyning, trygg mat, klima- og miljøspørsmål, arealbruk, næringsutvikling og nyskaping, tilrettelegging for friluftsliv og rekreasjon, kulturvern, distriktsutvikling og utanrikshandel. Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde dekkjer heile kjeda frå primærprodusent til forbrukar. Dette inneber at forholdet til næringsmiddelindustri og annan næringsverksemd, samt sal og omsetning av landbruksvarer, har fått auka merksemd.

Styrings- og forvaltningsoppgåvene innanfor departementet sitt ansvarsområde er mange og samansette. Departementet har fleire ulike roller som er knytte til politikkutvikling gjennom å utvikle og sikre det faglege grunnlaget for politiske avgjerder i landbruks- og matpolitikken og gjennom styring og oppfølging av verksemdene. Andre sentrale oppgåveområde for departementet er kommunikasjon av landbruks- og matpolitikken for å få tilslutning og legitimitet i samfunnet, arbeid med oppfølging av internasjonale forpliktingar og sikring av aktiv deltaking i internasjonale fora. Å målrette og kommunisere økonomiske og juridiske verkemiddel og avklare roller og oppgåver i departementet i samspel med andre offentlege og private aktørar er òg vesentleg. Dette er viktig m.a. for å leggje til rette, gi betre kontroll og høgare servicegrad for brukarane.

Organiseringa av departementet skal vere effektiv, fleksibel og tilpassa oppgåveporteføljen og rolla som sekretariat for den politiske leiinga. Ein søkjer å ha ein målretta bruk av ressursar og best mogleg utnytting av den samla kompetansen i departementet.

Internasjonalt arbeid

Utforming av ny landbruksavtale har vore den mest sentrale delen av forhandlingsrunden i WTO som kom i gang i Doha i 2001. Frå norsk side er det eit mål i forhandlingane å sikre at det òg i framtida blir rom for å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk som i tillegg til produksjon og handel, òg tek omsyn til andre verdiar som kulturlandskap, biologisk mangfald, matsikkerheit og levande bygder.

Noreg og EU har sidan 2006 forhandla om utvida handel med landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtalen. Desse forhandlingane blir frå norsk side vurderte i samanheng med WTO-forhandlingane. Til grunn for artikkel 19-forhandlingane ligg at desse skal førast innanfor ramma av den nasjonale landbrukspolitikken og vidare vere til fordel for begge partar. Forhandlingane vil halde fram hausten 2009.

Landbruket inngår ikkje i EØS-avtalen med unntak av spørsmål knytt til dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Ei aktiv tilnærming på eit tidleg tidspunkt under utforminga av nytt regelverk på mattryggleiksområdet vil vere ein sentral del av den aktive europapolitikken som regjeringa legg opp til i St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken.

Frihandelsavtalar i regi av EFTA omfattar òg landbruk. Det blir mellom anna forhandla om vilkår for marknadstilgang og nasjonal støtte til landbruket. For Noreg er det viktig at desse avtalane ikkje hindrar vidareføringa av ein nasjonal landbrukspolitikk. Noreg forhandlar for tida om frihandelsavtaler med store og viktige landbruksland som Kina, India og Ukraina.

Aukande svolt som følgje av matvarekrisa og manglande utvikling av landbruket i u-land, har vore tema på internasjonale toppmøte det siste året. Regjeringa arbeider for at sikker tilgang til nok og trygg mat blir ein integrert del av oppfølginga av klimatoppmøtet i København hausten 2009.

Det er eit mål for regjeringa å føre vidare Noreg si rolle som brubyggjar innan dei internasjonale forhandlingane om genressursar i FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og i Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD).

Landbruks- og matdepartementet følgjer dei internasjonale prosessane nøye, jf. kat. 15.10 og 15.30.

Landbruk og klima

Regjeringa har lagt fram St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. Meldinga gir ein brei og grundig gjennomgang av klimautfordringane og landbruket si rolle. Landbruks- og matdepartementet legg stortingsmeldinga til grunn for vidare oppfølging av klimatiltak i landbrukspolitikken. Sjå omtale under kat. 15.30.

Endringar i juridiske og økonomiske verkemidel for å oppnå politiske målsetjingar

Landbruks- og matdepartementet arbeidar kontinuerleg med endringar, forenkling og oppdateringar i juridiske og økonomiske verkemiddel for å gjennomføre regjeringa sin landbruks- og matpolitikk.

Lovendringane som tok til å gjelde frå 1.7.2009 knytt til i jord-, konsesjons- og odelslova skal støtte opp om regjeringa sitt mål om at heile landet skal takast i bruk for å auke verdiskapinga og styrkje lokalsamfunna. Lovendringane inneber òg ei monaleg forenkling reint administrativt og gjer det klarare og enklare for brukarane av lovverket, jf. kat. 15.30.

Ny lov om dyrevelferd legg grunnlaget for god dyrevelferd og respekt for dyr. Lova vil vere eit viktig verkemiddel i departementet sitt arbeid med å betre dyrevelferda og førebyggje dyretragediar, og vil tre i kraft frå 1.1.2010, jf. kat. 15.10.

Omsetningslova er noko forenkla, mellom anna ved at to utval utnemnd i medhald av lova er avvikla og at det er færre aktørar som er involvert i Omsetningsrådet sitt arbeid.

Marknadsordningane for kjøtt og egg blei endra 1. juli 2009 for at Noreg kan overhalde pliktene sine i WTO-avtalen. Dette inneber at storfekjøtt blir flytta over til den såkalla volummodellen for marknadsregulering.

Jordbruksavtalen har mange økonomiske verkemiddel som blir tilpassa den situasjonen næringa er i. Tiltakspakke, lån med rentestøtte, merkeordninga Nyt Norge, Inn på tunet-satsing og utvikling av økologisk landbruk er gode døme på dette. Innanfor reindrifta har departementet lagt ned eit stort arbeid med ein ny reinbeitekonvensjon med Sverige.

Departementet er i sluttfasa av eit arbeid med ny jordskiftelov som mellom anna inneber ei forenkling av lovverket.

Landbruks- og matdepartementet har sikra ei effektiv saksbehandling av dei ekstraordinære midlane frå tiltakspakka til bioenergiformål ved å leggje forvaltninga til Innovasjon Norge og Statens landbruksforvaltning som har forvaltningsoppgåver på dei same områda frå før.

Ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning

Landbruks- og matdepartementet har som hovudmål å gjennomføre og utvikle landbruks- og matpolitikken på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane. For å gjennomføre politikken trengst det ein strategi for ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning som legg vekt på fornying, og som er tilpassa innbyggjarane og næringsverksemdene sine behov. Målsetjinga er mindre administrasjon og meir lokal fridom, noko som sikrar innbyggjarane betre kunnskap om, og innverknad på, politikkutforminga. I samband med dette er det viktig å gjennomføre tiltak som minkar rapporteringsbyrda og å sikre betre kontroll og høgare servicenivå for dei næringsdrivande i sektoren, samtidig som den informasjonen forvaltninga etterspør i stor grad skal vere data som kan gjenbrukast.

Handlingsplan for forenkling i næringslivet

Regjeringa starta i 2006 eit prosjekt for å kartleggje dei administrative kostnadane som næringslivet har som følgje av informasjonskrav i næringsretta regelverk. Med grunnlag i kartlegginga er det utarbeidd ein handlingsplan. Målet med planen og anna forenklingsarbeid er monaleg lette i informasjonskostnadene for næringslivet.

Våren 2009 blei det gjort ei ny måling av utviklinga i kostnadene for næringslivet. Målinga viser at på departementet sitt område har endringar i regelverk samla gitt ein mindre reduksjon i kostnadene. I tillegg kjem at fleire av tiltaka i handlingsplanen har betra og utvida tilbodet om elektronisk rapportering. Dette har sett verksemdene i stand til å levere informasjon meir effektivt, jf. òg avsnittet om fornying ved bruk av IKT.

Fornying ved bruk av IKT

Landbruks- og matdepartementet legg stor vekt på at måla for offentleg IKT-satsing skal realiserast i våre verksemder. Dei overordna måla er at alle tenester skal vere tilgjengeleg elektronisk slik at brukarane kan rette seg mot verksemdene når dei sjølv skulle ønskje og at brukarar ikkje skal trenge å gi opplysningar som forvaltninga allereie kjenner til.

Utvikling av IKT-løysingar skal bidra til ein enklare kvardag for brukarane ved at tenestene får høgare kvalitet og auka servicenivå. Til dømes vil elektronisk saksbehandling gjere at saker blir behandla raskare, og det vil òg bidra til likebehandling. Systema i dei forskjellege verksemdene skal byggast etter dei vedtekne prinsippa for IKT-arkitektur, mellom anna tenesteorientering, interoperabilitet og openheit og slik leggje til rette for betre utveksling av informasjon mellom verksemdene. Dersom det ikkje medførar utilsikta konsekvensar, skal ein nytte felleskomponentar og -tenester som til dømes Altinn når nye tenester blir utvikla.

I landbruks- og matforvaltninga har det over tid blitt arbeidd med å utvikle elektroniske tenester, og det meste av kontakta med og mellom verksemdene i sektoren kan i dag gjerast elektronisk. Forvaltninga tilbyr tenester retta mot både næringsdrivande og forbrukarar, samd nettenester og dataregister som kan nyttast av andre verksemder. Dei underliggjande verksemdene legg informasjon om tenestene og korleis desse avheng av kvarandre ut i ein tenestekatalog. Tenestekatalogen skal vere eit verktøy for å skape oversikt og bidra til samhandling i den vidare utviklinga av elektroniske tenester i forvaltninga.

Nærmare omtale av verksemdene si IKT-utvikling er gjort greie for under den enkelte verksemd sitt budsjettkapittel.

Kommunikasjon og ei open forvaltning

Landbruks- og matforvaltninga skal vere ei open forvaltning. Departementet skal raskt gå ut med kunnskap som føreligg på aktuelle saksområde. Informasjonen skal vere lett tilgjengeleg slik at innbyggjarane får svar på spørsmåla sine og innsyn i verksemda i sektoren. I tråd med intensjonane bak ny offentleglov skal departementet syne meir offentlegheit så langt rå er.

Skal Landbruks- og matdepartementet lukkast i målet om større demokratisk deltaking frå innbyggjarane, må dei ulike kanalane for informasjon utviklast vidare. Dette gjeld òg med tanke på å auke kunnskapen om politikkområdet og stimulere til ein meiningsfylt samfunnsdebatt.

Landbruks- og matdepartementet og landbruks- og matforvaltninga har dei seinare år satsa svært offensivt på Internett som kanal for kommunikasjon. Brukarane skal få aktuell informasjon av høg kvalitet og tilbod om nye interaktive tenester. Departementet arbeider kontinuerleg med å utvikle vidare nettsider på www.regjeringen.no/lmd. Dette er ein vesentleg del av innsatsen for å presentere informasjon som skapar interesse og har høg truverde på ein brukarvennleg måte. Synovate si måling av korleis folket vurderer omdømme til offentlege verksemder og organisasjonar i Noreg, syner at dette er eit arbeid som må gjerast kontinuerleg. Den offentlege postjournalen blir lagt ut på departementet si nettside. Det gir allmenta høve til å få tak i kunnskap om departementet sine fag- og politikkområde. Alle kan tinge kopiar av dokumenta, gjerne på e-post. Dokument som er opne for innsyn, blir sendt tingaren innan tre til fem dagar. Postjournalane er tilgjengeleg på nettsida i tre månader. Etter dei tre månadene kan ein tinge eldre journalar ved å rette seg til departementet.

Landbruks- og matdepartementet må kjenne til den kunnskapen som finst og dei haldningar som gjer seg gjeldande innan landbruks- og matområdet. Det blir derfor jamleg gjort ulike undersøkingar, samtidig som departementet i sitt arbeid legg vekt på å ha brei kontakt med ulike miljø og samfunnssektorar. Ei slik kartlegging og analyse av samfunnet er nødvendig for å styrkje dialogen med eksterne interessentar og aktørar.

eSporingsprosjektet

Regjeringa gjennomfører eit prosjekt i samarbeid med Mattilsynet og næringane for å få til eit betre elektronisk system for sporing av mat som både styresmaktene og næringsaktørane kan nytte. Målet er å leggje til rette for etablering av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda innan utgangen av 2010, jf. kat. 15.10.

Samfunnstryggleik og beredskap

Samfunnstryggleik og beredskap er prioriterte område for Landbruks- og matdepartementet. Omsynet til liv og helse er overordna. Landbruks- og matdepartementet sitt sektoransvar innanfor samfunnstryggleik og beredskap er hovudsakleg knytt til produksjon av mat og mattryggleik.

Sentralt i arbeidet med mattryggleik er målsetninga om at næringsmiddel skal vere fri for smitte og skadelege framandstoff. Det er vidare eit mål at landet skal holdast fritt for alvorlege dyresjukdommar og sjukdom og skadedyr på planter.

Vidare har Landbruks- og matdepartementet ei rolle i å bidra til at industri og handel kan oppretthaldast for å sikre forsyningar til den norske marknaden i eventuelle kriser. Beredskapssystema er basert på, og dimensjonert ut frå, at primærnæringane utgjer ein stabil forsyningsbase for norske forbrukarar òg i kriser. Regjeringa meiner at eit viktig bidrag til å sikre matvareforsyninga vil vere å leggje til rette for eit levande landbruk over heile landet og eit restriktivt jordvern.

Beredskapsplanar blir justerte ved jamne mellomrom, særleg dersom hendingar eller øvingar viser behov for dette, slik at det til einkvar tid skal vere eit høveleg reiskap til bruk ved beredskap og kriser. Departementet legg særskilt vekt på informasjon under kriser.

Landbruks- og matdepartementet har i 2009 revidert og utarbeida plan for håndtering av influensa A (H1N1) i landbruks- og matsektoren.

Etatsstyring

Forvaltninga er eit verktøy for utøving av sektorpolitikk og tenesteyting. Forvaltninga skal kunne styrast politisk og vere brukartilpassa og formåls- og kostnadseffektiv. Landbruks- og matdepartementet har delegert mykje av politikkgjennomføringa til underliggjande verksemder. I tillegg har dei underliggjande verksemdene dei seinare åra fått fleire og meir samansette oppgåver. Gjennom ein aktiv og målretta dialog med, og styring av dei underliggjande verksemdene, følgjer Landbruks- og matdepartementet opp regjeringa sine mål. På det administrative området legg departementet særleg vekt på at verksemdene skal ha høg merksemd på oppfølging av riksrevisjonssaker, og god personal- og økonomiforvaltning.

Nye etableringar og større omstillingsprosessar har stilt særlege krav til styringa av verksemdene. Dette har gjort etatsstyringa til ei større og meir krevjande oppgåve, og er derfor eit sentralt arbeidsområde i departementet.

Risikostyring/Internkontroll

Landbruks- og matdepartementet har ei kontinuerleg merksemd på system for intern kontroll og risikostyring, både internt i departementet og overfor og internt i underliggjande verksemder. Det har dei siste åra vore stor merksemd på implementering av risikostyring. Arbeidet vil halde fram i 2010 med stadig fokus på dokumentasjon av departementet sin internkontroll, under dette betre integrering av risikostyring i departementet sitt styringssystem.

Økonomiregelverket i staten

Siktemålet med økonomiregelverket i staten er m.a. å sikre at:

  • statlege midlar blir nytta og inntekter blir nådde i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader

  • fastsette mål og resultatkrav blir nådde

  • statlege midlar blir nytta effektivt

  • statens materielle verdiar blir forvalta på ein forsvarleg måte

Regelverket inneber ei fornying av tidlegare regelverk m.a. gjennom større fridom til lokale tilpassingar, noko som set auka krav til dokumentasjon av rutinar og prosedyrar. Regelverket føreset m.a. at departementet og underliggjande verksemder utviklar gode og effektive kontrollrutinar basert på prinsippa om risiko og vesentlegheit. Implementering av risikostyring som del av internkontrollen i departementet og i departementet si etatsstyring er ein viktig del av dette. Risiko og vesentlegheit blir òg lagt til grunn i tilskottsforvaltninga.

Største delen av løyvingane under Landbruks- og matdepartementet er tilskott, og særleg gjeld dette løyvingar til oppfølging av jordbruksavtalen. Under jordbruksavtalen, og i nokon grad under reindriftsavtalen, er det ei rekkje ordningar som har ei innretning som ikkje er tilpassa normalprosedyren for tilskottsforvaltning slik denne er fastsett i økonomiregelverket. Særleg gjeld dette resultatrapportering, men òg andre delar av normalprosedyrane må tilpassast eller er uaktuelle, jf. nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Landbruks- og matdepartementet, side 31. Etter pkt. 6.4.2 i Bestemmelser om økonomistyring i staten kan departementet gjere avvik frå normalprosedyren for tilskottsforvaltninga når det gjeld tilskottsordningar til landbruksområdet som ikkje er tiltaksretta. Under omtalen i kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. og kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen, er det gjort nærmare greie for dette.

Ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk

Landbruks- og matforvaltninga skal vere open og effektiv og skal yte gode tenester basert på brukarane sine behov. Det trengst kompetanse og dugleik for å kunne levere tenester av god kvalitet. Departementet legg vekt på kompetanse, talent- og karriereutvikling og eit inkluderande arbeidsliv med eit sterkare mangfald. Å utvikle eit arbeidsmiljø prega av tillit, gode haldningar og etisk medvit er ei prioritert oppgåve. Dette set store krav til leiarane og til medverknad frå dei tilsette og organisasjonane deira. I november 2009 skal det gjennomførast ein medarbeidarundersøking i departementet, og i 2010 vil det vere fokus på oppfølging av resultata av denne. Det blir i tillegg planlagt oppstart av eit arbeid med verdigrunnlag og leiarutvikling på bakgrunn av desse.

Forvaltning av eigedommar

Landbruks- og matdepartementet forvaltar ei rekkje eigedommar og ein stor bygningsmasse. Eigedommar og bygningar som ikkje lenger har vesentleg innverknad på oppnåinga av dei politiske måla på departementet sitt område vurderast avhenda. I samband med gjennomføringa av Bioforsk sin omstillingsplan er den store eigedomsmassen som Bioforsk disponerer gjennomgått for å finne ut kva forskingsverksemda har behov for framover. Eigedommen Sæter i Tynset er avhenda i 2009 og sal av Kise i Ringsaker er i avslutningsfasen. Det blir vidare arbeidd med å avklare framtidig bruk av Vågønes i Bodø. Departementet har i 2008 òg seld tomt til barnehage på Kjeller gard til Skedsmo kommune.

Resultatrapport 2008

Landbruks- og matdepartementet syner til statusomtalene under programkategoriane og dei ulike fagkapitlane.

Budsjettframlegg 2010

Post 01 Driftsutgifter

Landbruks- og matdepartementet skal dekkje eit breitt forvaltningsområde gjennom sitt ansvar for landbruks- og matpolitikken. Posten dekkjer dei ordinære driftsutgiftene til Landbruks- og matdepartementet.

Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan

Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved departementet sine eigedommar og til delvis dekking av tilsvarande utgifter ved dei ordinære forvaltningsorgana under departementet. Hovudregelen er likevel at ordinært vedlikehald og innkjøp knytt til eigedommane blir dekt over dei ordinære løyvingane til verksemdene.

Departementet og verksemder under departementet forvaltar eigedommar og disponerer ein stor bygningsmasse. I enkelte tilfelle kan det vere aktuelt å selje festetomter/tomter, bygningar, areal til utbyggingsformål, veggrunn m.m. Ein gjer framlegg om at Landbruks- og matdepartementet kan selje innkjøpt og opphavleg statseigedom for inntil 8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Departementet gjer vidare framlegg om at inntekt frå sal kan nyttast til ombygging og ekstraordinært vedlikehald av bygningsmassen. Ein gjer òg framlegg om at unytta meirinntekt frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten, jf. forslag til vedtak II.

Posten sjåast i samanheng med, og kan nyttast under, post 50.

Post 50 Store utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved departementet sine eigedommar og til delvis dekking av tilsvarande utgifter ved forvaltningsorgana under departementet som får løyvd midlar over 50-postar. Hovudregelen er likevel at ordinært vedlikehald og innkjøp knytt til eigedommane blir dekt over dei ordinære løyvingane til verksemdene over kap. 1112 og 1141.

Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Refusjonar m.m.

45

501

517

16

Refusjon av foreldrepengar

1 549

18

Refusjon av sjukepengar

1 881

40

Sal av eigedom

7 612

Sum kap. 4100

11 087

501

517

Post 40 Sal av eigedom

Posten skal nyttast til inntekter frå sal av eigedom.

Programkategori 15.10 Matpolitikk

Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet:

155 897

160 227

170 108

6,2

1115

Mattilsynet:

1 149 288

1 174 102

1 174 073

0,0

Sum kategori 15.10

1 305 185

1 334 329

1 344 181

0,7

Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet:

18 278

18 127

17 870

-1,4

4115

Mattilsynet:

148 558

136 042

142 563

4,8

Sum kategori 15.10

166 836

154 169

160 433

4,1

Mål og strategiar

Regjeringa sin matpolitikk dekkjer heile produksjonskjeda frå jord og fjord til bord.

Hovudmåla er å:

  • sikre trygg mat

  • fremje forbrukaromsyn

  • fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Ein legg òg vekt på:

  • sunt kosthald og gode matopplevingar

  • nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

  • tilrettelegging for marknadstilgang for norsk sjømat

  • langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon

Produksjon og omsetnad av mat endrar seg gradvis frå å vere lokal til i aukande grad å bli regional eller global. Dette krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsynssystem for å sikre at maten er trygg og at den møter forbrukarane sine krav. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Dette kjem mellom anna til uttrykk gjennom EØS-avtalen og avtaler knytt til WTO. Hovuddelen av norsk regelverk på matområdet er EØS-basert. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Som del av oppfølginga av meldinga har Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, utarbeidd felles prioriteringar for arbeidet retta mot EU. Desse blir oppdatert kvart år.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar) og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE). Desse organisasjonane utviklar standardar som legg premissar både for regelverket i EU og for handel.

Regjeringa ønskjer at forbrukarane skal ha høg tillit til all mat på marknaden og til norsk matproduksjon. Produksjon og omsetnad av trygg mat er ein sentral føresetnad for dette. Ein vil leggje vekt på forbrukarane sine ønskje og behov. Ut over vanlege høyringar, skal forbrukarane ha høve til å påverke politikkutviklinga direkte, mellom anna gjennom forbrukarundersøkingar og innhenting av kunnskap om forbrukarhaldningar. Døme på dette er fokusgrupper og ulike møteplassar mellom styresmakter, forbrukarar og produsentar.

Ein mangfaldig matmarknad og relevant, lett tilgjengeleg og rett informasjon er viktige føresetnader for at forbrukarane kan utøve makt i matmarknaden. Gode merkeordningar for mat skal medverke til dette.

Det er aukande interesse for helse, ernæring og matkultur. Regjeringa vil møte ønskje og påverke kunnskap og vanar hos forbrukarane på ein positiv måte, samtidig som ein tek omsyn til forbrukarane sitt eige ansvar og deira valfridom. Gjennom sin Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 - 2011) - Oppskrift for et sunnere kosthold vil regjeringa leggje til rette for at forbrukarane skal ha god tilgang til sunn og god mat som er enkel å velje. Aktiv førebygging og tiltak tidleg når folk har blitt sjuke, mellom anna gjennom sunnare kosthald og tilpassa fysisk aktivitet, er òg viktige element i regjeringa sin helsepolitikk, jf. St.meld. nr. 47 (2008-2009) Samhandlingsreformen.

I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen peikar regjeringa på at klimaendringar aukar risikoen for at nye planteskadegjerarar, dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Forventa smittepress må møtast med god beredskap, overvaking og førebyggjande tiltak. Friske dyr er grunnlaget for trygg mat og god dyrevelferd. God dyrehelse er ein viktig innsatsfaktor i husdyrhaldet. God dyrehelse blir òg i stadig sterkare grad akseptert som ein føresetnad for berekraftig ressursforvaltning og matforsyning, både nasjonalt og internasjonalt. Regjeringa har som mål å halde oppe den gode dyrehelsa som er eit resultat av systematisk arbeid i næring og forvaltning gjennom mange år.

Regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring, som blei presentert 1. april 2009, inneheld mål og tiltak innanfor dei fem viktigaste områda der havbruksnæringa påverkar miljøet omkring. Sjukdom i oppdrett og sjukdomsinteraksjon mellom villfisk og oppdrettsfisk er eit av desse områda. Det blir i strategien peika på at lakselus er den viktigaste utfordringa for havbruksnæringa når det gjeld sjukdom og miljø.

Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken. Oppgåvene omfattar rettleiing, tilsyn, kartlegging og overvaking langs heile matproduksjonskjeda og der mat blir omsett til forbrukarane. Tilsynet har og viktige oppgåver knytt til utvikling av regelverk.

Ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket blir etterlevd, og når det er nødvendig å handheve regelverket ved å nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde. Aktiv rettleiing om regelverket er viktig. Mattilsynet skal arbeide for å halde oppe og vidareutvikle høg tillit til matforvaltninga og matproduksjonen.

God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er grunnleggjande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i utviklinga av regelverk på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mattryggleik uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA). Ein viser òg til Prop. 1 S (2009-2010) for Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 703, 710 og 711.

Kunnskapsstøtte frå institusjonar som Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet er viktig for å gi grunnlag for at forvaltninga er godt fagleg og vitskapleg fundert.

Særskilte prioriteringar frå dei enkelte matdepartementa

Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, og er fastsett i kongelege resolusjonar. Det er eit omfattande og nært samarbeid mellom departementa.

Ansvaret etter matlova er delt. Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for alle omsyn etter matlova i innsatsvare- og primærproduksjonen, inkludert jakt, fiske og hausting av ville bestandar og viltveksande vekstar. Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for plantehelse og landdyrhelse, mens ansvaret for fiskehelse ligg i Fiskeri- og kystdepartementet. Etter primærproduksjonen har Helse- og omsorgsdepartementet ansvar for alle reglar som er fastsett av omsyn til folkehelsa og for ei rekkje reglar som både skal fremje folkehelse og forbrukaromsyn. Døme på dette er reglar om hygiene, generelle merkereglar for mat, reglar om tilsetjings- og framandstoff og om genmodifisert materiale i mat. I tillegg har Helse- og omsorgsdepartementet ansvaret for reglar om produksjon av drikkevatn langs heile produksjonskjeda.

Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for storparten av kvalitetsreglane og reglar som er fastsett av omsyn til aktørane i matproduksjonskjeda, til dømes for å betre marknadstilgangen eller verne om særskilte produksjonsformer eller produktnamn. Ansvaret mellom dei to departementa er delt ut frå om reglane er knytt til produksjon på land eller i vatn.

Dyrevelferd er regulert i dyrevelferdslova. Landbruks- og matdepartementet har ansvar for regelverk knytt til landdyr, mens Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for regelverk knytt til fisk og andre akvatiske dyr.

Fiskeri- og kystdepartementet

Norsk sjømat skal vere trygg og av ein slik kvalitet at den blir føretrekt på den globale marknaden. Departementet legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og tilsyn, blir fastsett og utøvd på ein slik måte at ein ikkje skaper konkurransevridingar, samtidig som verksemdene må kunne nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket.

Det meste av norskprodusert sjømat blir eksportert, og ein må ta omsyn til krava i dei ulike marknadene. Ein legg vekt på kontakt med styresmakter i andre land med omsyn til å betre marknadstilgangen for sjømat. For at norsk havbruksnæring skal ha ein vidare vekst innanfor miljømessige akseptable rammer, må utfordringar mellom anna knytt til sjukdom og lakselus, store produksjonseiningar, transport og driftsstruktur handterast.

Den internasjonale handelen med sjømat må skje i samsvar med internasjonale avtaler og vere basert på internasjonalt fastsette standardar. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise importkrav, legg departementet vekt på at Noreg må vere leiande på risikovurderingar og forsking når det gjeld sjømat og fiskehelse. Dette legg grunnlaget for at norske synspunkt blir høyrde i internasjonale fora som fastset regelverk og standardar, som EU, Codex Alimentarius og OIE.

Forbrukarane har auka interesse for helseeffektane av å ete sjømat. Å synleggjere dei gunstige helseeffektane av sjømat er derfor viktig. Departementet legg vekt på at tilgjengeleg fagleg og vitskapleg basert informasjon når fram til forbrukarane på ein tenleg måte.

Helse- og omsorgsdepartementet

Departementet legg vekt på at omsynet til folkehelsa alltid skal komme først. Når det gjeld mattryggleik, vil departementet ha særleg merksemd på at foredling og omsetnad av mat går føre seg på helsemessig forsvarleg og ærleg vis, og at alt drikkevatn er trygt.

Departementet legg og vekt på rett, god og enkel informasjon til forbrukarane. Dette er viktig for å fremje så vel folkehelse som forbrukaromsyn.

Ernæring og mattryggleik er ein del av folkehelsearbeidet. Folkehelsearbeidet er forankra i St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge. Målet er å medverke til fleire leveår med god helse i befolkninga og å redusere helseskilnader mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn. Dette blir nærmare omtalt i St.meld. nr. 20 (2006-2007) Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller.

Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 - 2011) - Oppskrift for et sunnere kosthold - presenterer regjeringa sine tiltak for å fremje helse og førebyggje sjukdom gjennom eit sunnare kosthald. Planen legg vekt på å bidra til å gjere det enklare å velje sunt, å leggje til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og blant eldre, og å styrke kunnskapen om mat, kosthald og ernæring. Tiltaka skal bidra til å jamne ut sosial ulikskap i helse.

Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2009-2010) for Helse- og omsorgsdepartementet, og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Mattilsynet har òg ei rolle, særleg når det gjeld merking av næringsinnhald, sunnheitsmerking av mat og overvaking av kosthaldet og samansetnaden av matvarene. Det er viktig med godt samarbeid mellom desse etatane.

Som administrativt ansvarleg departement for Vitskapskomiteen for mattryggleik vil Helse- og omsorgsdepartementet ha særleg merksemd mot arbeidet i sekretariatet og gode rammevilkår for komiteen sitt arbeid.

Landbruks- og matdepartementet

I ein situasjon med auka konkurranse frå omverda om den norske marknaden vil produksjon av trygg mat av høg kvalitet vere ein viktig konkurransefaktor for norsk matproduksjon og næringsmiddelindustri. Departementet har juridiske og økonomiske verkemiddel langs heile verdi- og produksjonskjeda for mat frå landbruket. Departementet ønskjer å styrkje heilskapen i landbruks- og matpolitikken, mellom anna slik at verkemidla i næringspolitikken så langt som mogleg støtter opp om matpolitiske mål. Dette skal medverke til utvikling av ein konkurransedyktig, landbasert matvaresektor der ein tek omsyn til heile verdikjeda. Ein god og heilskapleg landbruks- og matpolitikk vil kjenneteiknast av auka verdiskaping og at produksjonen møter forbrukarane sine ønskje om trygg mat, kvalitet, mangfald og miljøvenleg produksjon, sjå nærmare omtale i kat. 15.30.

Departementet vil ha særleg merksemd mot at innsatsvarer og primærproduksjonen er slik at produksjonen og sluttprodukta fyller matpolitiske mål når det gjeld helse, miljø og forbrukaromsyn. Ei viktig oppgåve er òg å sikre den nasjonale matforsyninga. Verkemidla skal stimulere til ein berekraftig matproduksjon med god plante- og dyrehelse og eit etisk forsvarleg hald av dyr.

Departementet vil i 2010 prioritere oppfølging av den nye lova om dyrevelferd som blei vedteken av Stortinget våren 2009. Dyrevelferdslova har eit vidt virkeområde og omfattar òg familie- og sportsdyr. Departementet vil leggje vekt på utvikling av eit godt regelverk som er til beste for dyra og dei mange engasjerte eigarane av familie- og sportsdyr i Noreg.

Departementet legg vekt på forsking og kunnskapsutvikling som løftar fram produksjonar som har komparative føremoner når det gjeld mattryggleik og etisk og miljøvennleg produksjon, og som er i tråd med krava frå forbrukarar. Det er òg viktig at kunnskapsutviklinga gir godt grunnlag for innspel i internasjonale regelverkprosessar.

Som administrativt ansvarleg departement for Mattilsynet vil Landbruks- og matdepartementet ha særleg merksemd mot at Mattilsynet utviklar seg i samsvar med måla for matforvaltningsreforma.

Departementet vil prioritere eSporingsprosjektet, eit samarbeid mellom styresmaktene og næringane som skal leggje til rette for elektronisk sporing og informasjonsutveksling i matproduksjonskjeda. Departementet leier styringsgruppa og har administrativt ansvar for dette prosjektet.

Mål for løyvinga

Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Bioforsk og Veterinærinstituttet. For Veterinærinstituttet syner ein òg til Prop. 1 S (2009-2010) for Fiskeri- og kystdepartementet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitisk mål, og skal særleg medverke til å nå måla i matlova, den nye lova om dyrevelferd og dyrehelsepersonellova. Ein del av desse måla har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg Mattilsynet sitt arbeid for å nå måla i kosmetikklova.

Budsjettframlegget under kategorien omfattar ikkje næringspolitiske verkemiddel ut over dei effektane arbeidet til Mattilsynet, Bioforsk og Veterinærinstituttet har på verdiskaping. Til dømes vil arbeidet for mattryggleik og for å fremje god plante-, fiske- og landdyrhelse medverke positivt til verdiskapinga i matproduksjonen. Likeeins vil utvikling av eit tenleg regelverk og aktiv rettleiing leggje til rette for kompetanseheving hos næringsaktørane, og i så måte støtte utvikling av næringsverksemd på matområdet.

Særskilte satsingar på matområdet

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner til styrkt innsats i lys av nye utfordringar på dyrehelseområdet, mellom anna knytt til klimaendringar. Av dette blir det sett av 7 mill. kroner til Mattilsynet og 3 mill. kroner til Veterinærinstituttet.

Det blir òg gjort framlegg om å avsette 15 mill. kroner til omstilling i Mattilsynet i 2010. Sluttføring av utviklinga av det nye tilsynssystemet MATS er utsett til 2010, mellom anna fordi det er lagt inn ein del nye funksjonar i systemet. Det blir òg naudsynt med omstillingar i Mattilsynet knytt til endringar i slakteristrukturen i Trøndelag. Løyvinga skal dekkje delar av desse kostnadene.

Gjennomføring av politikken

Målet om å sikre trygg mat

Arbeidet for mattryggleik har som mål å redusere risikoen for sjukdommar som kan bli overførte med smittestoff og framandstoff i mat eller drikkevatn. Produksjon og omsetnad må finne stad under gode hygieniske forhold slik at smittestoff og framandstoff ikkje blir overført til menneske.

Maten skal vere trygg når den når forbrukarane, uavhengig av om den er framstilt i Noreg eller i utlandet. Ansvaret for dette ligg hos dei enkelte verksemdene. Tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i kvar del av matproduksjonskjeda medverkar til at sluttprodukta er trygge.

Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld smittestoff i mat. I blant ser vi likevel utbrot av alvorlege matborne sjukdommar. Våren og sommaren 2009 var det eit nytt nasjonalt utbrot av sjukdom på grunn av ein farleg variant av E. coli-bakterien. Det blei gjort stor innsats i forsøket på å finne årsaka til utbrotet. Slikt arbeid er vanskeleg, og ein fann ikkje smittekjelda til dette utbrotet. Det er framleis viktig å sikre gode rutinar og god hygiene i heile matproduksjonskjeda, slik at førekomsten av smittestoff og framandstoff som kan bli overført med mat eller drikkevatn blir så låg som mogleg. Særleg er det viktig med effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lett forderveleg mat eller som handterer mat som ikkje er innpakka.

Fleire døme dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og sjukdom hos menneske. Å halde oppe den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig både for å sikre tilgangen til mat i ei tid da matproduksjonen i verda må aukast og for å fremje mattryggleiken.

God dyrehelse og forsvarleg bruk av legemiddel til dyr er sentralt, så vel av omsyn til mattryggleiken som dyrevelferda og miljøet. Den nye forskrifta om melding av opplysningar om utleverte og brukte legemiddel til dyr trer i kraft 1. januar 2010, og vil gi betre oversikt over legemiddelbruken.

I tilsynet med vassverk har Mattilsynet avdekka til dels alvorlege manglar og at det er nødvendig med forbetringar i mange, særleg mindre vassverk. Med utgangspunkt i ein nasjonal handlingsplan som Mattilsynet har utarbeidd, blir det arbeidd vidare med å betre kvaliteten på drikkevatnet. Auka innsats frå Mattilsynet er ikkje nok. For å få til resultat som gjer mon, er det òg behov for omfattande investeringar for å betre infrastrukturen, til dømes nye vassreinseanlegg og leidningsnett. Klimaendringar kan gi nye utfordringar for forsyninga av godt og trygt drikkevatn, både når det gjeld kjelder for råvatn og for leidningsnettet.

Overvaking av inntaket av framandstoff og næringsstoff er viktig i folkehelsearbeidet. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk bruker av dei ulike matvarene og om innhaldet av framandstoff og næringsstoff i matvarene. Mattilsynet samarbeider mellom anna med Helsedirektoratet for å oppdatere eksisterande inntaksdata og med å utvide talet på matvarer som ein har inntaksdata for.

Matlovgivinga krev at verksemdene skal kunne dokumentere sporing eitt ledd framover og eitt ledd bakover i matproduksjonskjeda. Kravet til å ha system for sporing er viktig dersom helseskadelege produkt kjem ut i marknaden, slik at verksemdene kan trekkje desse tilbake på ein effektiv måte og gi rett og klar informasjon til Mattilsynet og forbrukarane.

Erfaring både når det gjeld smittestoff og framandstoff har vist at det er ønskjeleg å etablere sporingssystem som går ut over krava i lova, for å få betre sporing mellom alle dei ulike produksjons- og distribusjonsledda.

Regjeringa gjennomfører eit prosjekt i samarbeid med Mattilsynet og næringane for å få til eit betre elektronisk system for sporing av mat som både styresmaktene og næringsaktørane kan nytte. Målet er å leggje til rette for etablering av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda. Elektroniske løysingar vil leggje grunnlag for betre beredskap, auka mattryggleik og auka verdiskaping i alle ledd. I 2010 blir det særleg viktig å medverke til at dei største aktørane i dei fleste næringane gjennom utprøving i verksemdene ser nytteverdien, slik at dei vil ta systemet i bruk når det er ferdig utvikla, sjå nærmare omtale i kap. 1115 post 23.

Målet om å fremje forbrukaromsyn

Merking av mat er eit viktig forbrukaromsyn som har stor merksemd frå forbrukarane, matvarebransjen og styresmaktene. Merking er viktig for at forbrukarane skal få rett informasjon om matvarene, mellom anna om kva dei inneheld, korleis dei skal handterast og kor dei kjem frå, og for at dei lettare skal kunne velje sunn mat. Det vil framleis bli lagt stor vekt på norsk medverknad i arbeidet med den nye forordninga om matinformasjon, som går føre seg i EU. Det vil òg bli lagt vekt på norsk medverknad i arbeidet med forordninga om kva for påstandar om ernæring og helseeffektar som lovleg kan knytast til mat, særleg med sikte på å få på plass så gode ernæringsprofilar som mogleg.

Produksjonen av varer med genmodifisert innhald er aukande på verdsbasis. Dette gjer det vanskelegare å få tilgang til visse GMO-frie innsatsvarer. Departementa legg derfor vekt på å støtte opp under og påverke utviklinga av regelverk i EU, slik at ein får minst mogleg innblanding av GMO i tradisjonelt GMO-frie innsatsvarer. Mellom anna arbeider ein for ei nullgrense når det gjeld innblanding i såfrø. EU har utarbeidd retningslinjer for dyrking av GMO-vekstar som skal hindre overføring av GMO til konvensjonell eller økologisk produksjon. Det er i dag ikkje godkjent nokon GMO-vekst for dyrking i Noreg, og ein vil halde fram med ei svært restriktiv linje. Ein vil leggje vekt på oppfølging av GMO-regelverket, mellom anna når det gjeld korrekt merking.

Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Endra klimatiske og miljømessige forhold vil krevje høg beredskap mot nye plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar, zoonosar og mot større utbreiing av kjente sjukdommar hos planter, husdyr og vilt. Både planteskadegjeraren furuvednematode og dyresjukdommen blåtunge er aktuelle døme.

Noreg har generelt god plantehelse, men både klimaendringar og aukande import av planter og plantemateriale aukar risikoen for introduksjon av framande/nye planteskadegjerarar. Matdepartementa vil leggje vekt på å ivareta sektoransvaret for regjeringa sitt arbeid med tiltak mot framande skadelege artar.

Auka produksjonsvolum i havbruksnæringa krev sterk merksemd på helsetilstanden. Helsetilstanden i norsk havbruk var i mange år relativt god, men utviklinga dei siste par åra gir grunn til uro. Det same gjeld situasjonen med lakselus hos villaks i enkelte område. Det er derfor nødvendig med stor merksemd på arbeidet for å fremje god fiskehelse. Kontrollen med sjukdom er òg viktig med tanke på å minske smittepresset i miljøet og dermed redusere bruk og utslepp av medikament. Bruken av antibiotika i havbruksnæringa er framleis svært låg.

Landdyrhelsa i Noreg er framleis generelt god. Med utgangspunkt i analyser av overvakingsprøver på mjølk blei det påvist blåtungesmitte i to storfebuskapar i Vest-Agder i februar 2009. Seinare er smitte og påvist i ein buskap i Aust-Agder. Arbeidet med å overvake og nedkjempe blåtungesmitte vil òg i 2010 krevje stor merksemd og innsats. Obligatorisk vaksinering mot blåtunge er eit svært aktuelt tiltak som blir nytta i dei fleste land med smitte. Mattilsynet vurderer i samråd med Veterinærinstituttet fortløpande om det vil vere rett å sette i verk obligatorisk vaksinering òg i Noreg. Utviklinga i smittesituasjonen framover vil vere avgjerande for resultatet. Eit obligatorisk vaksinasjonsprogram mot blåtunge vil vare i minst tre år og utløyse vesentlege tilleggskostnader. Dersom det blir naudsynt å sette i verk obligatorisk vaksinasjon i kampen mot blåtunge, vil Landbruks- og matdepartementet komme tilbake til Stortinget om dette.

Gjennom den nye lova om dyrevelferd, som Stortinget vedtok våren 2009, er lovgivinga modernisert. Styresmaktene har både fått betre grunnlag for å bli kjent med dyrelidingar og for å handheve lovgivinga. Dette gir eit betre grunnlag for å følgje opp utfordringane knytt til dyrevelferd hos fisk og landdyr.

Lidingar hos og tap av dyr på beite er ei stor utfordring i dyrevelferdsarbeidet. I delar av landet er flåttboren sjukdom og alveld som skuldast forgifting med romegras, eit aukande problem. Hovuddelen av auken i tap av dyr på beite dei siste 15 åra skuldast rovviltangrep.

Regjeringa legg vekt på aktiv forvaltning av rovviltbestanden, mellom anna ved at talet på rovvilt skal haldast så nær bestandsmåla som mogleg. Ein ser ut til å lukkast i arbeidet med å nå bestandsmåla, men har ikkje i same grad lukkast i arbeidet med å redusere konflikten med beitenæringane. Det har generelt vore nær samanheng mellom tap av husdyr og tamrein på grunn av rovvilt og storleiken på rovviltbestanden. Løyvinga til førebyggjande tiltak mot rovviltangrep over Miljøverndepartementet sitt budsjett er vesentleg styrkt dei siste åra. Det er òg sett i verk tiltak for meir effektiv felling av skadegjerande rovvilt, mellom anna ved at det er opna for å kompensere jegerar for tapt arbeidsinntekt når dei tek del i langvarige fellingsforsøk i kommunal regi.

Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk rette tilhøve. Ved totalgjennomgangen av fiskehelseregelverket, som blei gjort i 2008, blei det derfor gitt reglar om fiskvelferd både knytt til etablering og drift av oppdrettsanlegg, samt til transport og slakting av oppdrettsfisk.

Arbeidet med å finne alternativ til bruk av forsøksdyr vil bli ført vidare.

I delar av landet er det svakt inntektsgrunnlag for å drive privat veterinærpraksis. Frå 1. januar 2008 er ansvaret for tilfredsstillande tilgang til veterinærtenester lagt til kommunane. Øyremerka løyving til arbeidet med tilfredsstillande tilgang til veterinærtenester blir ført vidare, sjå nærmare omtale under kap. 1143 post 60.

Andre omsyn

Sunt kosthald og gode matopplevingar

Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 - 2011) - Oppskrift for et sunnere kosthold - legg vekt på å bidra til å gjere det enklare å velje sunt, å leggje til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og blant eldre, og å styrkje kunnskapen om mat, kosthald og ernæring. Tiltaka skal òg bidra til å jamne ut sosial ulikskap i helse. Alle elevane i ungdomsskolen får i mat- og helsefaget gratis Kokebok for alle - Fra boller til burritos med oppskrifter på lettvinn, god og sunn mat. I tillegg kjem Fiskesprell som er eit landsdekkande prosjekt med aktivitetar som skal få ungar i barnehagar og i grunnskolen til å like fisk.

Helsedirektoratet og Mattilsynet har med utgangspunkt i eit nordisk samarbeid utvikla ei ordning med frivillig sunnheitsmerking av matvarer (Nøkkelholet) som blei sett i verk sommaren 2009.

Handlingsplanen for betre kosthald legg opp til å auke inntaket av fisk og sjømat. Regjeringa har lagt fram ein strategi som skal medverke til auka leveransar av fersk fisk av høg kvalitet til forbrukarane. Betre kontinuitet i tilførsel av råstoff, meir forbrukarvennleg merking, auka vektlegging av kvalitet samt betre samhandling mellom aktørane i verdikjeda er hovudelementa i strategien. Frå 1. august 2009 er det krav om å merke fersk og fryst fisk i disk med art, produksjonsmåte (oppdretta eller villfisk) og fangstområde. I tillegg blir det frå 1. januar 2010 krav om merking av fangstdato for fersk villfanga fisk eller slaktedato for oppdrettsfisk.

Merksemd kring matglede og god matkvalitet er òg viktig for at forbrukarane skal bli klar over samanhengen mellom mat og helse. Det blir m.a. gjennomført prosjekt med sikte på å auke tilbodet av lokalprodusert mat og frukt og grønt til barn og unge. Andre tiltak er mellom anna Smakens Uke for skoleelevar samt synleggjering og premiering av serveringsstader som tilbyr gode og sunne lokale matrettar.

Oppfølging av handlingsplanen for betre kosthald omfattar ei rekkje andre tiltak som er nærmare omtalt i budsjettproposisjonen frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Ein reknar med at forordninga om tilsetjing av vitamin og mineral til næringsmiddel blir gjennomført i norsk rett i 2009. Det blir viktig å sikre at regelverket på best mogleg vis medverkar til å fremje eit sunt kosthald.

Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon skal mellom anna få fram eit mangfald av matprodukt og stimulere til nyskaping i norsk landbasert matproduksjon, sjå omtale under kat. 15.30. Mattilsynet har òg i denne samanhengen ei viktig oppgåve med å rettleie om regelverket.

Fleire tiltak for betre mattryggleik og god rettleiing om regelverket vil òg gi effektar som støttar opp under verdiskapinga i verksemdene.

Oppfølging av matlova sitt mål om å fremje god plante-, fiske- og landdyrhelse medverkar til å auke verdiskapinga i næringane.

Tilrettelegging for marknadstilgang for norsk sjømat

Om lag 95 pst. av produksjonen av norsk sjømat blir eksportert. Noreg er i dag ein av dei leiande eksportørane av sjømat. Å sikre marknadstilgang for norsk sjømat er derfor ei sentral utfordring, og det må leggjast vekt på dei krava næringa står overfor nasjonalt og internasjonalt.

Langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon

Arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon er hovudsakleg omtalt i kat. 15.30.

Arbeidet for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare med utgangspunkt i ein ny handlingsplan.

Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

50

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

79 071

80 573

85 651

51

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk

58 623

61 227

65 440

52

Støtte til fagsentra, Bioforsk

18 083

18 427

19 017

96

Aksjekjøp

120

Sum kap. 1112

155 897

160 227

170 108

Veterinærinstituttet er eit forskingsinstitutt innan dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd, mattryggleik og fôrtryggleik. Instituttet er ein sentral leverandør av kunnskap innan kjerneområda til Mattilsynet, departementa og Vitskapskomiteen for mattryggleik.

Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Veterinærinstituttet får løyving til oppgåvene innan dyrehelse, fôrtryggleik, dyrevelferd og mattryggleik frå Landbruks- og matdepartementet. Løyving til oppgåvene innan fiskehelse og mikrobiell sjømattryggleik ligg på Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett. Instituttet mottek basisløyving til forsking frå Noregs forskingsråd, jf. kap. 1137. Instituttet har laboratorium i Oslo, Sandnes, Bergen, Trondheim, Harstad og Tromsø.

Instituttet har kunnskap innan fagområde som er viktige for oppdaging, førebygging og nedkjemping av sjukdommar. Slik kunnskap er viktig som grunnlag for vedtak i forvaltninga og som støtte til utvikling av ulike samfunnsektorar.

Mål og strategiar

Veterinærinstituttets hovudmål er å vere ein viktig nasjonal og internasjonal leverandør av kunnskap innan helse og velferd hos dyr og fisk, samt innan fôr- og mattryggleik.

Tildelte midlar under kap. 1112 post 50 nyttast til Veterinærinstituttet sitt arbeid med å gi fagleg støtte til forvaltninga, der måla er å utvikle kunnskap innan kjerneområda som er:

  • Beredskap, diagnostikk og rådgjeving

  • Overvaking av dyrehelsa

  • Mattryggleik

  • Dyrevelferd

  • Referansefunksjonar

Forsking er ein heilt grunnleggjande del av Veterinærinstituttet si verksemd og omfattar både anvendt forsking og strategisk grunnforsking til støtte for kjerneverksemda ved instituttet. Dette er nærmare omtalt under kap. 1137. Med sin kunnskap skal Veterinærinstituttet medverke til ei lønnsam og levedyktig næring knytt til forvaltningsområdet.

Mattilsynet er den viktigaste brukaren av instituttet sin kompetanse. Veterinærinstituttet vil derfor leggje stor vekt på å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte innan instituttet sine kjerneområde. Veterinærinstituttet vil leggje vekt på å nytte informasjonsteknologi og nettløysingar på ein slik måte at oppdatert kunnskap er lett tilgjengeleg. Resultat frå overvaking og diagnostisk verksemd skal nyttast i arbeidet med å gi forskingsbaserte råd som grunnlag for tiltak innan forvaltning og næring.

Vitskapskomiteen for mattryggleik har òg behov for kompetanse og resultat som grunnlag for sine risikovurderingar. Veterinærinstituttet vil vere ein sentral kunnskapsbase og oppdragstakar for komiteen. Instituttet vil vidareutvikle organisasjonen slik at oppgåvene kan bli løyst på ein stadig meir effektiv måte. Det vil bli lagt vekt på å vidareutvikle samarbeidet med andre institusjonar nasjonalt og internasjonalt. God samhandling med andre institusjonar er viktig i beredskapsarbeidet innan dyrehelse, fiskehelse og mattryggleik. Systematisk arbeid med kompetanseutvikling og -utnytting er sentralt.

Veterinærinstituttet vil leggje vekt på kommunikasjon og samfunnskontakt. Dei regionale laboratoria er viktige for beredskapen. Dei har òg viktige oppgåver i arbeidet med overvakings- og kontrollprogramma. Utvalte oppgåver vil bli lagt til enkeltlaboratorium for å få mest mogeleg rasjonell og effektiv drift.

Resultatrapport 2008

Beredskap inkludert diagnostikk, helseovervaking, epidemiologiske analysar, rådgjeving og referanseoppgåver har ved sidan av forsking og kunnskapsutvikling vore hovudaktivitetane ved Veterinærinstituttet i 2008.

Beredskap, diagnostikk og rådgjeving

Veterinærinstituttet har i 2008 vore engasjert i mange omfattande beredskapsoppgåver knytt til dyrehelse og mattryggleik. Oppgåvene har auka i omfang og krev ofte bruk av fleire analysemetodar for å stadfeste diagnosen og karakterisere smittestoffet, samtidig som oppgåvene knytt til rådgjeving blir meir omfattande. I 2008 har Veterinærinstituttet etablert ei landsdekkjande ordning med diagnostisk beredskapsvakt.

Lågpatogen fugleinfluensavirus av typen H7 blei for første gong påvist i Noreg i 2008, i ein hobbyfjørfeflokk i eit område med kommersiell fjørfeproduksjon. Mattilsynet påla restriksjonar på drifta i fleire fjørfeflokkar, og Veterinærinstituttet gjennomførte omfattande testing av prøvar av flokkar i sona rundt primærflokken.

Virussjukdommen blåtunge som smittar drøvtyggarar og som spreier seg gjennom insekt, blei i 2008 oppdaga i Sverige. I Danmark spreidde sjukdommen seg langt nord. Veterinærinstituttet har teke del i ei styrkt overvaking mot sjukdommen gjennom auka prøvetaking og undersøking av drøvtyggarar, fellefanging av insekt som kan overføre sjukdommen, førebuing av eventuell vaksinering, fagleg informasjonsverksemd og rådgjeving til Mattilsynet. Veterinærinstituttet tok i bruk ein ny EU-godkjend test på tankmjølk som gjer overvakinga meir effektiv. I analyser av slike prøver blei blåtungesmitte påvist for første gang i Noreg i februar 2009.

Sjukdommen vondarta fotråte blei påvist hos sau i Noreg i 2008, for første gong sidan 1948. I nokre område råka sjukdommen særleg hardt, og utfordringa var å få etablert gode diagnostiske metodar. Instituttet tek del i eit samarbeidsprosjekt mellom næringa og styresmaktene for å nedkjempe sjukdommen fotråte gjennom førebygging, oppdaging og sanering.

Helseovervaking

I tillegg til dei oppgåvene Veterinærinstituttet har innan overvaking og kontroll i systematiske program som Mattilsynet har ansvaret for, har instituttet ei sentral rolle i generell overvaking av helsetilstanden hos landdyr og fisk. Veterinærinstituttet undersøker innsendte prøvar frå dyreeigarar, veterinærar og andre.

Helsetilstanden er generelt god i norske dyrehald. I 2008 var det likevel enkelte sjukdomstilfelle i nokre storfebuskapar knytt til salmonella og streptokokkar. Frå andre land har det komme meldingar om at dyr kan vere reservoar for antibiotikaresistente stafylokokk-bakteriar som kan smitte over til menneske. I 2008 har Veterinærinstituttet påvist enkelte antibiotikaresistente stafylokokkar hos gris, hund og katt i Noreg. Veterinærinstituttet arbeider med helserelaterte problemstillingar hos viltlevende dyr ut frå eigenverdien til viltet og at viltlevende dyr kan representere helsefare for husdyr og menneskje. I 2008 påviste Veterinærinstituttet fleire tilfelle av bakteriesjukdommen harepest som kan overførast til menneske. Veterinærinstituttet har vidareført samarbeidet med jegerar og Nasjonalt folkehelseinstitutt mellom anna om nettbasert registrering av skogflått og hjortelus.

Referansefunksjonar

Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for i alt 37 ulike smitteemne, antibiotikaresistens og framandstoff, dette er fem fleire enn året før. Det har gitt auka oppgåver med å etablere laboratoriemetodar, stadfeste diagnosar og delta på internasjonale laboratoriemøte og gjennomføre samanliknande testar i samarbeid med EU sitt referanselaboratorium innan dei ulike områda. EU legg stor vekt på slike testar.

Mattryggleik

Veterinærinstituttet har i 2008 vidareutvikla metodar for påvising av ulike variantar av tarmbakteriane E. coli som kan framkalle sjukdom hos menneske. Ei landsomfattande kartlegging av slike bakteriar i småfe blei gjennomført på oppdrag frå Mattilsynet.

Fleire nye giftstoff frå sopp er isolert og identifisert, og effekten av slike stoff har blitt studert i samband med forskingsprosjekt. Det har medverka til auka kunnskap om oppbygging og nedbryting av naturstoff og risikoen for at slike stoff kan vere giftige for menneske og dyr.

Dyrevelferd

Veterinærinstituttet har i 2008 styrkt kompetansen om dyrevelferd mellom anna gjennom rekruttering og forsking. Instituttet har gitt kunnskapsbaserte råd til Mattilsynet til dømes om tilhøva ved slakting og i storfehald. Veterinærinstituttet har òg i 2008 drifta sekretariatet for medlemsorganisasjonen Norecopa som arbeider for å finne alternativ til bruk av forsøksdyr, betre tilhøva for og redusere bruken av forsøksdyr.

Instituttet har på dyrevelferdsområdet hatt oppgåver med å påvise dødsårsaka til ville og tamme dyr mellom anna på oppdrag frå forvaltning og rettsvesen.

Administrative og organisatoriske forhold

Veterinærinstituttet har arbeidd med nettbasert rapportering av analyseresultat. Oppdatert status på prøver, rapportering og kartopplysningar knytt til blåtungeanalyser er gjort tilgjengeleg for Mattilsynet via nettet, og verktøyet er godt motteke.

I samband med stortingsvedtaket om å flytte Veterinærinstituttet til Ås er det gjennomført fleire tiltak for å styrke samarbeidet med NVH, UMB og dei andre forskingsinstitutta på Ås.

Veterinærinstituttet har vidareutvikla rutinar for innkjøp og starta arbeidet med systematiske risikovurderingar av verksemda.

Budsjettframlegg 2010

Posten er foreslått auka med 3 mill. kroner for å møte nye utfordringar på dyrehelseområdet, mellom anna knytt til klimaendringar.

Med bakgrunn i budsjettsituasjonen legg Landbruks- og matdepartementet til grunn ei generell effektivisering av kunnskapsutviklingsarbeidet. På dette grunnlag blir posten foreslått redusert med 0,5 mill. kroner.

Beredskap, diagnostikk og rådgjeving

Kvalitetssikra diagnostikk er grunnleggjande for dei oppgåvene Veterinærinstituttet har innan beredskap, overvaking, oppklaring av sjukdomstilfelle, kunnskapsutvikling og som nasjonalt referanselaboratorium. For å sikre raskare og meir effektiv diagnostikk har molekylærbiologiske metodar blitt eit integrert verktøy i det diagnostiske arbeidet ved Veterinærinstituttet i Oslo. Instituttet vil arbeide vidare med å etablere denne metodikken òg ved dei andre laboratoria. Veterinærinstituttet vil arbeide vidare med å gjere resultata frå laboratorieundersøkingane tilgjengelege elektronisk. Dette vil gi betre service og meir effektiv handtering av hendingar i felten.

Kunnskapsutvikling og formidling innan fagområda er ein viktig del av instituttet si verksemd. Veterinærinstituttet skal gi Mattilsynet raske og kvalitetssikra svar, samt råd og forskingsbaserte vurderingar der Mattilsynet treng dette for å nedkjempe, førebyggje eller kontrollere sjukdommar. Kunnskapsstøtte frå Veterinærinstituttet er òg viktig for å kunne utvikle godt regelverk og gode overvakingsprogram.

Helseovervaking

Nye alvorlege infeksjonssjukdommar som virussjukdommane fugleinfluensa og blåtunge har blitt påvist i norske husdyrpopulasjonar dei siste åra. Med endring av klima kan ein vente at fleire sjukdommar, inkludert zoonosar og vektorbårne sjukdommar vil kunne bli introduserte. Mange av dei trugande sjukdommane har viltlevande dyr eller fuglar som reservoar, og det er derfor viktig å overvake situasjonen både hos viltlevande dyr, husdyr og familiedyr tilstrekkeleg, slik at nye sjukdomstilfelle kan bli stadfesta raskt og sikkert. Kunnskap om diagnostikk og epidemiologiske tilhøve kring smittestoff i fôr og mat, smitteemne som kan overførast frå dyr til menneske, antibiotikaresistente mikrobar, samt kunnskap som kan nyttast til å førebygge sjukdom, vil vere høgt prioritert.

Referansefunksjonar

For å følgje opp dei internasjonale pliktene vil Veterinærinstituttet prioritere oppgåvene som nasjonalt referanselaboratorium innan dyrehelse og mattryggleik. Funksjonane omfattar òg forsking innan fagområda.

Mattryggleik

Veterinærinstituttet vil å halde fram arbeidet med å vidareutvikle diagnostikk og kunnskap særleg med sikte på å medverke til oppklaring av utbrot av sjukdom som smitter gjennom mat. Sopp og giftstoff frå sopp er årsak til sjukdommar hos dyr og menneske. Fôr og mat kan vere ei viktig kjelde for slike stoff. Veterinærinstituttet vil vidareutvikle kunnskapen på området.

Veterinærinstituttet har ei viktig rolle ved å vidareutvikle metodar for påvisning og mengdebestemming av GMO i fôr og mat, og å få fram kunnskap som grunnlag for risikovurderingar i samband med bruk av GMO.

Dyrevelferd

Veterinærinstituttet vil leggje vekt på å utvikle kunnskap som kan nyttast til å fremje velferd hos dyr. Veterinærinstituttet vil føre vidare drifta av sekretariatet for NORECOPA som skal arbeide for å betre tilhøva for forsøksdyr og å utvikle alternativ til bruk av forsøksdyr.

Administrative og organisatoriske forhold

Kompetansen ved instituttet skal kunne nyttast av andre offentlege institusjonar og næringslivet. Dette må skje på ein slik måte at tilliten til instituttet som kunnskapsleverandør ikkje blir svekka og slik at statlege midlar ikkje verkar konkurransevridande i høve til andre aktørar i marknaden.

Veterinærinstituttet vil gjere resultata frå diagnostisk arbeid og forsking lettare tilgjengeleg. Prosjektet Helsedata på Web, som omfattar utvikling av nye rapportar som kan gi oppdaterte og døgnopen status på prøver, rapportering og kartopplysningar vil bli høgt prioritert.

Veterinærinstituttet vil leggje vekt på å utvikle vidare samarbeidet med andre fagmiljø. Det vil bli særleg vekt på å utvikle samarbeidet med Universitetet på Ås, samt andre forskingsinstitutt innan matsektoren på Ås.

Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk

Bioforsk er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter med basisfinansiering frå Noregs forskingsråd, jf. kap. 1137 post 51. Bioforsk har ein fagleg profil som er både sektororientert og sektorovergripande, og femnar slik sett om både næringsretta og forvaltningsretta forsking og utvikling (FoU). Bioforsk har eit stort mangfald i fag og kompetanse, men med ei intern organisering med klart definerte fagområde og faglege ansvarslinjer. Kjerneverksemda ligg innanfor landbruk/matproduksjon og miljø/ressursforvaltning.

Mål og strategiar

God og relevant kompetanse er avgjerande for å nå Bioforsk sine mål og levere resultat av høg samfunnsnytte. Bioforsk skal utvikle kunnskap for å gi fagleg grunnlag for verksemda i landbruks- og matsektoren. Kunnskapen skal medverke til a) effektiv og konkurransedyktig planteproduksjon i heile landet, b) berekraftig, langsiktig jordbruk, c) miljøvennlege produksjonsformer, inkludert økologiske, d) god plantehelse, e) trygg mat fri for restar av plantevernmiddel og andre uønska stoff, f) klima- og energivennleg landbruk, g) redusert avrenning frå jordbruksareala og h) kommunikasjon og samfunnskontakt.

Resultatrapport 2008

Aktivitetane innanfor kunnskapsutvikling, beredskap og kompetanse på matområdet har eit langsiktig perspektiv. Hovudmålsetjinga er å bidra til nasjonal matvaretryggleik i vid forstand gjennom aktivitetar innan følgjande områder:

Effektiv og konkurransedyktig planteproduksjon i heile landet

Bioforsk arbeider med praktisk retta kunnskapsutvikling for å sikre lønnsam planteproduksjon under dei svært ulike dyrkings- og klimatilhøva i Noreg. Ein viktig del av dette er utprøving av nye plantesortar og dyrkingsteknikk for å sikre stabile avlingar og høg kvalitet av jord- og hagebruksvekstar. Forvaltning, rådgjevingstenesta og produsentar nyttar resultata i forhold til godkjenning, anbefaling og bruk av tilpassa sortsmateriale. Innan frøavlforsking har forsøksaktivitet og kunnskapsformidling stått sentralt i arbeidet for auka produksjon av norsk engfrø til jordbruksformål og i kulturlandskapsamanheng. Innan fôrproduksjon har ein særleg vektlagt utvikling av kvalitetsprognosar for å ivareta omsyn til både økonomi og miljø gjennom optimale løysingar for hausting og gjødsling.

Berekraftig, langsiktig jordbruk

God ressursutnytting av landbruksareala krev stadig oppdatert kunnskap om dei langsiktige effektane av ulike dyrkingssystem og dyrkingsmetodar. Ei rekkje langvarige forsøksseriar i ulike delar av landet gir svært viktige opplysningar om berekrafta til ulike system, som mellom anna no òg er av stor verdi for arbeid knytt til klimaendringane. Som eit ledd i å sikre ei balansert næringsforsyning til ulike vekstar blir mengda tilgjengeleg gjødselnitrogen (mineralnitrogen) kartlagt systematisk i dei viktigaste jordbruksområda i landet, noko som gir grunnlag for optimal gjødsling med nitrogen. Rett bruk av gjødsel fører til mindre forureining gjennom avrenning til vassdrag, og samtidig til betre økonomi ved optimal avling og avlingskvalitet.

Kunnskapsutvikling som har til særleg formål å støtte opp om utviklinga av landbruket i Nord-Noreg, er òg døme på ein aktivitet der eit viktig mål er å få fram gode innovasjonssystem innan nordleg land- og naturbruk.

Miljøvennlege produksjonsformer, inkludert økologiske

Aktiviteten har i 2008 vore innretta i forhold til regjeringa sine politiske mål for økologisk landbruk. Ein har styrkt kunnskapsgrunnlaget om forhold som kan stimulere til auka omlegging til økologisk landbruk, mellom anna innan næringsforsyning og plantevern i økologisk landbruk.

Ein viktig føresetnad for å nå målet i Handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel er at kjemiske middel berre blir brukt når det påviseleg er nødvendig. Framskaffing av klimadata gjennom landbruksmeteorologisk teneste og den nettbaserte tenesta Varsling innan planteskadegjerarar (VIPS) er viktige verkemiddel for å minimere bruken av plantevernmiddel og sikre optimal kontroll av skadegjerarar innan jord- og hagebruk.

God plantehelse

Ein betydeleg del av verksemda innan plantehelseområdet har vore kunnskapsstøtte til Mattilsynet. Utvikling av sjukdomsfritt plantemateriale står sentralt, der Bioforsk er ansvarleg for å vedlikehalde og oppdatere ein vevskulturbank av aktuelle sortar og foredlingslinjer, med særskild vekt på å reinse og oppretthalde eit virusfritt klonformert materiale av jord- og hagebruksvekstar. Bioforsk hadde òg i 2008 eit monaleg omfang av tenester gjennom Planteklinikken, der det blir gjort diagnostikk av plantemateriale for ulike brukargrupper. Klinikken nyttar forskarar som er spesialistar på ulike grupper av skadegjerarar.

Trygg mat som er fri for restar av plantevernmiddel og andre uønska stoff

Utprøving av plantevernmiddel står sentralt i denne verksemda. Gjennom feltforsøk blir effektar av ulike middel og doser av plantevernmiddel testa. Det er òg gjort eit monaleg arbeid knytt til kjemiske analyser av restpesticid i ulike vegetabiler. Som nasjonalt referanselaboratorium for slike analyser vektlegg Bioforsk ei tett oppfølging i forhold til internasjonale standardar og regelverk for analysemetodikk.

Innan arbeidet med resirkulering av organisk avfall er det i 2008 utvikla ein modell som predikerar noverande og framtidig miljørisiko ved nytting av organisk avfall som gjødslingsmiddel i jordbruket.

Klima og energivennleg landbruk

Utslepp av klimagassar frå landbruket er eit svært samansett problemområde. Det er ennå ikkje klart kor store dei faktiske utsleppa frå landbruket er, korleis ulike drifts- og dyrkingssystem påverkar utsleppa, og effekten av ulike klimatiltak. Bioforsk har lagt spesielt vekt på utfordringar som ligg i utnytting av biogass som energikjelde, og gassutslepp frå jord- og plantedyrking. Det har blitt arbeidd med potensialet for karbonbinding i jordbruket og tiltaksorienterte initiativ for reduksjon av direkte utslepp av karbondioksid, metan og lystgass frå jord. Det er påvist moglege konfliktar og synergiar mellom ulike klimatiltak og andre miljøtiltak. På dette grunnlaget kan ein antyde kva tiltak som kan ventast å gi størst total miljøeffekt og høgast kostnadseffektivitet.

Redusert avrenning frå jordbruksareala

Jordovervakingsprogrammet (JOVA) gir viktig informasjon om miljøverknadene av norsk landbruk. Dette vil mellom anna vere til stor nytte i arbeidet med EU sitt rammedirektiv for vassressursar. JOVA gir òg viktig kunnskap om korleis erosjon og forureining frå landbruket blir påverka av endringar i klima. Programmet har til siktemål å utvikle dyrkingsmetodar som kan medverke til mindre jorderosjon og reduksjon av avrenning av både næringsstoff og plantevernmiddel frå jordbruksareal. Det nyttast òg ressursar til kunnskapsutvikling og informasjon innan hydrotekniske tiltak, fangdammar og bruk av vegetasjonssoner for redusert avrenning av jord og plantenæringsemne.

Kommunikasjon og samfunnskontakt

Bioforsk skal gjennom formidling av ny kunnskap til næring, forvaltning og samfunn vere ein sentral aktør innan sine prioriterte fagområde. Ny teknologi er teken i bruk for å nå brukarar, mellom anna gjennom interaktive tenester på Internett, samt at alle eigne publikasjonar finst i fulltekst på www.bioforsk.no. Nettsidene hadde ein trafikkauke på om lag 20 pst. frå 2007 til 2008. Forskingsformidling er eit prioritert område, og forskingsstoff blir formidla gjennom presse og oppslag i samarbeid med nettstader som Matportalen.no og forskning.no. Medieomtalen generelt rundt Bioforsk har auka med om lag 30 pst. pr. år sidan opprettinga i 2006.

Budsjettframlegg 2010

Frå jordbruksavtalen blir det overført 3,5 mill. kroner til Bioforsk sitt budsjett til vidare drift av varslingsordninga som er etablert for planteskadegjerarar (VIPS).

Med bakgrunn i budsjettsituasjonen legg Landbruks- og matdepartementet til grunn ei generell effektivisering av kunnskapsutviklingsarbeidet på 0,5 mill. kroner.

Budsjettframlegget omfattar finansiering av vitskapeleg basert kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling for landbruks- og matsektoren, inklusive Landbruks- og matdepartementet og underliggjande verksemder, mellom anna Mattilsynet. Løyvinga under denne posten skal finansiere Bioforsk sitt arbeid med å gi fagleg grunnlag for verksemda til forvaltninga.

Oppgåver for å bidra til effektiv og konkurransedyktig planteproduksjon i heile landet er å:

  • bidra til innovasjon på frukt- og grøntområdet og innanfor andre aktuelle område som kan bidra til lokal og regional næringsutvikling

  • medverke til aktivt landbruk i dei nordlegaste delane av landet og bidra innanfor regjeringa si nordområdesatsing

  • skaffe data som grunnlag for godkjenning/ rettsvern av norske og utanlandske plantesortar

  • tilpasse norsk landbruk til internasjonalt lovverk, særleg innanfor miljø

  • fremje posisjonen til norsk landbruk globalt, med særleg referanse til WTO

  • utvikle og formidle kunnskap om ulike EU-direktiv, som til dømes Vassrammedirektivet og eit komande Jorddirektiv

Oppgåver for å bidra til berekraftig, langsiktig jordbruk er å:

  • gjennomføre langvarige forsøk for å dokumentere langtidsverknaden av ulike tiltak i jordbruket

  • utvikle kunnskap om kulturmark, beiting, biologisk mangfald m.m. med omsyn på næringsdrift, kulturlandskap, klima og miljø

  • utvikle kunnskap om resirkulering av organisk avfall (slam) og økonomisering ved bruk av ikkje-fornybare ressursar (fosfor, myrjord, o.a.)

Oppgåver for å bidra til miljøvennlege produksjonsformer, inkludert økologiske er å:

  • sikre målretta offentlege verkemiddel og kostnadseffektive tiltak på miljøområdet

  • innhente data og utvikle modellar som grunnlag for betre tilpassa gjødsling i heile landet

  • utvikle kunnskap og gi råd til dyrkarane om effektiv og miljøvenleg bruk av alle typar gjødsel, om redusert og sikker bruk av plantevernmiddel, og om alternativ til kjemisk plantevern.

  • utvikle kunnskap og gi råd om økologisk landbruk, for å bidra til å nå målet om 15 pst. økologisk produksjon og forbruk

  • skaffe data som grunnlag for godkjenning av plantevernmiddel

  • følgje opp Handlingsplanen for plantevernmiddel 2010-2014

  • utvikle kunnskap som stimulerer til omlegging til økologisk drift, og som medverkar til berekraftig utvikling generelt innanfor norsk landbruksproduksjon

Oppgåver for å bidra til god plantehelse er å:

  • vere kunnskapsbase for forvaltninga på plantehelseområdet

  • gi effektiv diagnostisering av planteskadegjerarar

  • skaffe fram kunnskap for integrert plantevern, forsking på området, miljøkonsekvensar av plantevernmiddel, skadetersklar, prognosar, varsling m.m.

  • følgje opp Handlingsplan for bekjempelse av Iberiaskogsnigel og utvikle vidare kunnskap om snigla

Oppgåver for å bidra til trygg mat fri for restar av plantevernmiddel og andre uønska stoff er å:

  • gjennomføre analysar av restar av plantevernmiddel i norske og importerte vegetabiler som grunnlag for effektiv matvarekontroll

  • handtere landbruksprodukt med høgt nivå av framandstoff og naturleg danna uønska stoff som til dømes mykotoksinar

Oppgåver for å bidra til klima- og energivennleg landbruk er å:

  • utvikle kunnskap om klima- og miljøeffektar av landbruksproduksjonen

  • utvikle kunnskap om landbruket sitt potensial for reduksjon i utslepp av klimagassar

  • skaffe fram meteorologiske data for varslingsteneste og forsking

  • utvikle vidare landbruket si rolle i norsk klima- og energipolitikk

  • utvikle kunnskap om teknologiske og strukturelle val innanfor landbruket si rolle som produsent og tilbydar av bioenergi i samarbeidet Norsk senter for bioenergiforskning

Oppgåver for å bidra til redusert avrenning frå jordbruksareala er å:

  • utvikle kunnskap om effektive dyrkingssystem som reduserer faren for avrenning av næringsstoff

  • skaffe sikre måle- og analysedata for næringssalt og plantevernmiddel i avrenningsvatn til jordsmonnovervakingsprogrammet

Oppgåver for å bidra til kommunikasjon og samfunnskontakt er å:

  • formidle forskingsresultat og erfaringskunnskap til brukarane

  • utvikle vidare automatiske rettleiingstenester

Post 52 Støtte til fagsentra Bioforsk

Bioforsk har tre fagsenter; Fureneset i Sogn og Fjordane, Tjøtta i Nordland og Svanhovd miljøsenter i Finnmark. Bioforsk har avvikla sin aktivitet ved Sæter i Hedmark i 2009, som eit ledd i omstillingsplanen for Bioforsk.

Mål og strategiar

Fagsentra har som formål å medverke til lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruk og miljø. Dei tilbyr òg tenester innanfor kunnskapsformidling og service. Fagsentra tek òg forskingsoppdrag, men då styrt av forskingssentra i Bioforsk.

Resultatrapport 2008

Sæter sine besetningar av sau og kasjmirgeit har gitt grunnlag for prosjekt innanfor dyrevelferd, fôring, beiting og gjengroing av kulturlandskapet.

Fureneset arbeider med problemstillingar knytt til fôrproduksjon og beitehald, naturbruk og miljøspørsmål i kystregionar, m.a. innanfor kulturlandskap, ekstensivt arealbruk, overvintrings- og klimaspørsmål og økologisk landbruk. Skjøtsel av kystlynghei er ei sentral forskingsoppgåve.

Tjøtta har ansvar for Fagseksjon Miljø og utmark i Bioforsk i Nord. Sentralt står utfordringane om bruk og vern, m.a. i arbeidet med tapsundersøkingar og førebyggjande tiltak i rovdyr/beitedyrkonflikten, og næringsutvikling med utgangspunkt i utmarksressursar.

Svanhovd legg vekt på internasjonalt samarbeid innanfor forsking, utvikling og miljøinformasjon om natur-, landbruks- og ressursforvaltning i Barentsregionen. Eininga har aktivitetar innanfor tema som bruk av fenologi i klimaforsking, biodiversitet, populasjonsgenetikk og helsefremjande stoff i nordlege planter. Svanhovd er òg utgjevar av det populærvitskaplege tidsskriftet Barentswatch, og driv naturfagleg undervisning og opplæring for barn og unge.

Viktigaste samarbeidspartnarar for fagsentra er Fylkesmannen sin landbruksavdeling, lokalt og regionalt næringsliv, fylkeskommunane, kommunane og organisasjonane i landbruket.

Budsjettframlegg 2010

Løyvinga sikrar ei grunnfinansiering av fagsentra og medverkar dermed til deira mål om lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruk og miljø.

Dei tre attverande fagsentra blei i 2008 vurdert av ei gruppe med representantar frå Bioforsk og fylkesmennene i vertsfylka. Konklusjonen blei at fagsentra er regionalt forankra og er viktige for utvikling og formidling av kompetanse i vertsfylka. Dei har eit forbetringspotensial mellom anna i tilknyting til andre FoU-miljø i regionen og i vektlegginga av formidling. Gruppa meiner fagsenterordninga er ein egna modell, og at fordelingsnøkkelen er tilfredstillande.

Det etablerast eit 5-årig utviklingsprogram for fjellregionen med hovudvekt på å utvikle småfenæringa i regionen. Landbruks- og matdepartementet foreslår ei løyving på 2,3 mill. kroner til programmet.

Kap. 4112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

30

Husleige, Bioforsk

18 278

18 127

17 870

Sum kap. 4112

18 278

18 127

17 870

Post 30 Husleige, Bioforsk

Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 17,9 mill. kroner knytt til husleigeinntekter frå Bioforsk.

Husleigeordninga blei innført ved etableringa av Bioforsk i 2006. Leiga er basert på 6 pst. av marknadstakst. Ansvar for vedlikehald og drift av eigedomane ligg framleis hos Bioforsk. Som incitament til å leige ut eller avhende eigedom som ikkje er nødvendig for FoU-verksemda, har Bioforsk i den 4-årige omstillingsperioden behalde kompensasjonen for husleiga to år etter at instituttet har redusert leigebehovet. Siste år i omstillingsperioden er 2009, og Bioforsk vil såleis frå 2010 ikkje få slik kompensasjon ved ytterlegare sal eller utleige.

Husleigeordninga i Bioforsk blei òg omtalt i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006), s. 123.

Kap. 1115 Mattilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

1 116 908

1 135 311

1 156 717

22

Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskassar

4 220

7 000

7 224

23

Særskilde prosjekt, kan overførast

14 740

30 660

9 001

70

Tilskott til veterinær beredskap

10 791

71

Tilskott til erstatningar, overslagsløyving

2 629

1 131

1 131

Sum kap. 1115

1 149 288

1 174 102

1 174 073

Mål og strategiar

Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med etterleving av regelverket om mattryggleik, plante-, fiske- og landdyrhelse, velferd hos fisk og landdyr og kvalitet og forbrukaromsyn i matproduksjonskjeda. Den enkelte verksemda har ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket. Aktiv rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet skal nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde, når dette er nødvendig for å sikre etterleving av regelverket.

Mattilsynet fører òg tilsyn med etterleving av regelverk som ikkje har direkte samanheng med matproduksjon. Dette gjeld mellom anna regelverk om planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, om kosmetikk og kroppspleieprodukt, om dyrehelsepersonell og om omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek.

Mattilsynet har oppgåver knytt til regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Forvaltningsområdet er sterkt prega av internasjonale rammevilkår.

Mattilsynet har i kraft av oppgåvene sine ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken. Hovudmålet for Mattilsynet er å medverke til å sikre trygg mat.

Mattilsynet skal arbeide etter følgjande mål:

  • sikre trygg mat

  • fremje friske planter, fisk og landdyr

  • fremje etisk forsvarleg hald av fisk og landdyr

  • fremje god kvalitet og ærleg produksjon og omsetnad

  • ivareta miljøvennleg produksjon

Mattilsynet skal arbeide for å halde oppe og vidareutvikle høg tillit til matforvaltninga og matproduksjonen. Innanfor rammene av dei måla som er sett, skal Mattilsynet arbeide på ein slik måte at omsynet til aktørane langs heile matproduksjonskjeda blir ivaretatt, mellom anna marknadstilgang i utlandet.

Hovudverkemidla i arbeidet er å:

  • utvikle og påverke regelverk

  • rettleie om regelverk

  • føre tilsyn

  • overvake status og utvikling på området

  • vidareutvikle planverk for handtering av hendingar og kriser.

Mattilsynet skal ha nødvendig beredskap for å kunne handtere både større og mindre hendingar. Utbrot av matboren sjukdom hos folk og av alvorlege sjukdommar hos planter, fisk og landdyr er hendingar som Mattilsynet vanlegvis vil vere budd på å handtere slik det er fastsett i gjeldande regelverk og planverk. I visse høve kan det inntreffe alvorlege hendingar som krev meir spesiell handtering (kriser).

Mattilsynet har tre organisatoriske ledd og er ein desentralisert etat med eitt hovudkontor, åtte regionkontor og for tida 54 distriktskontor. Fleire av distriktskontora har meir enn ein kontorstad. Mattilsynet fører tilsyn med eit omfattande regelverk som gjeld for eit vidt spekter av verksemder. Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale tilhøve er viktige føresetnader for eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn som tek nødvendig omsyn til dei enkelte verksemdene.

Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet, tek hand om referansefunksjonar og har fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.

Mattilsynet skal òg leggje vekt på å føre vidare god kontakt med Vitskapskomiteen for mattryggleik, slik at uavhengige risikovurderingar frå komiteen blir lagt til grunn for Mattilsynet sitt arbeid når dette er nødvendig.

Resultatrapport 2008

Organisatoriske og administrative forhold

Mattilsynet har òg i 2008 arbeidd målretta for å auke effektiviteten. Hovudmålet har vore å redusere bruken av tid til intern administrasjon og frigjere ressursar til utøvande tilsyn og rettleiing. Ein har òg arbeidd vidare med å klårgjere oppgåve- og ansvarsdelinga mellom sentralt, regionalt og distriktsnivå i organisasjonen. Det er lagt vekt på å hente ut gevinst av omorganiseringa av hovudkontoret som fann stad hausten 2007. Dette har mellom anna auka effektiviteten i regelverksarbeidet. For å effektivisere styrings- og støttefunksjonane blei talet på distriktskontor med eigen administrasjon redusert frå 62 til 54, men talet på kontorstader er om lag uendra for å halde oppe nærleiken til verksemdene.

Det samla talet på årsverk i Mattilsynet er tilnærma uendra frå utgangen av 2007 til utgangen av 2008. Mattilsynet hadde i 2008 eit sjukefråvær på 6 pst. som er 0,5 prosentpoeng høgare enn i 2007. Mattilsynet har stor merksemd på utviklinga og vil arbeide for å finne grunnar til auken.

Mattilsynet har vidareutvikle systema for mål- og resultatstyring, mellom anna ved å ta i bruk eit felles måltalsystem for oppfølging av tilsynsverksemda og måltavler for overordna styring av verksemda. Mattilsynet har òg arbeidd vidare med risikostyring av verksemda.

Det nye tilsynssystemet til Mattilsynet (MATS) vil bli viktig for å få eit meir einskapleg tilsyn av høgare kvalitet. Systemet vil òg gi betre dokumentasjon av tilsynsaktiviteten og tilstanden. I 2008 og 2009 blei andre og tredje delleveranse tatt i bruk. Den siste delleveransen av MATS vil bli sett i drift våren 2010.

EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) gjennomførte i 2008 to inspeksjonar i Noreg. Desse gjaldt gjennomføringa av EØS-regelverket for blåtunge og EØS-regelverket for identifisering og registrering av storfe og småfe og merking av storfekjøtt. Manglar som ESA har peika på knytt til blåtunge, blei i hovudsak følgde opp i 2008. Oppfølging av merknader frå ESA er prioritert.

Mattilsynet har følgt opp tilhøva som er identifisert av Riksrevisjonen.

Ei undersøking som blei gjennomført av Synovate MMI i 2008, viste at Mattilsynet framleis har høg tillit. Av dei spurde sa 86 pst. at dei hadde ganske eller særs stor tillit til informasjon frå Mattilsynet.

Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid

Det var òg i 2008 stor aktivitet knytt til regelverksutvikling innanfor Mattilsynet sitt ansvarsområde. Dette gjeld ikkje minst deltaking i regelverksutvikling i EØS og gjennomføring av EØS-regelverk i norsk rett. Mattilsynet deltok i 2008 på om lag 270 internasjonale møte knytt til internasjonale regelverksprosessar.

Mattilsynet har i 2008 tatt del i arbeidet i Codex Alimentarius Commision (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar), OIE (Verdas dyrehelseorganisasjon), IPPC (Verdas plantehelseorganisasjon), EPPO (European and Mediterranean Plant Protection Organization) og Europarådet.

I regelverksutviklinga i EØS har Mattilsynet arbeidd meir målretta med å førebu norske posisjonar og strategiar, slik at desse ligg føre på eit tidspunkt der Noreg kan påverke innhaldet. Dette skjer i tett samarbeid med matdepartementa og i tråd med prioriteringane i departementa sin europastrategi for matområdet. For å sikre at interessentar blir høyrde mens det framleis er mogleg å påverke regelverket, er det utvikla ei nettside der ein fortløpande legg ut informasjon og opnar for innspel. Mattilsynet gjennomfører nå høyring av alle forskrifter som gjennomfører rettsakter, før desse blir innlemma i EØS-avtalen.

Mattilsynet etablerte hausten 2008 eit forprosjekt for regelverksrydding for å gjere regelverket enklare og betre.

Forskrifter som gjennomfører EU sine forordningar om næringsmiddelhygiene og kontroll i Noreg, blei fastsett 22. desember 2008. På grunn av prosedyrekrav om samtidig gjennomføring i EØS-landa, er det framleis ikkje klart når forordningane blir tatt inn i EØS-avtalen og dermed kan tre i kraft i Noreg. EU har alt gjort ei rekkje endringar i desse forordningane. Mattilsynet har gjennom aktiv deltaking i regelverksutviklinga i EU medverka til at reglane om bruk av vatn på fiskeanlegg og fabrikkfartøy blei endra, slik at reint sjøvatn kan nyttast permanent og på alle bruksområde.

EU held på å utvikle ei ny forordning om matinformasjon (merking av mat). For å fremje norske synspunkt blei det utarbeidd ein EFTA-posisjon sommaren 2008 om dei spørsmåla som var viktigast for Noreg. EFTA-posisjonen har blitt presentert på to møte med Europakommisjonen, på møte med utvalde interesseorganisasjonar og våren 2009 for ei arbeidsgruppe i Rådet.

Mattilsynet har òg lagt stor vekt på norsk medverknad i arbeidet som går føre seg i EU med forordninga om kva for påstandar om ernærings- og helseeffektar som lovleg kan nyttast i merkinga av matvarer, særleg med sikte på å få på plass så gode ernæringsprofilar som mogleg.

Ei prosjektgruppe med representantar frå Mattilsynet og næringa har gått gjennom regelverket og forvaltninga innanfor landdyrhelse. Gruppa har rådd til ei rekkje tiltak knytt til endring av regelverk om rapportering av dyresjukdommar, kategorisering og regulering av smittehygiene på gardsnivå og system for rapportering og kontroll.

Forskrifter som gjennomfører EU sitt fiskehelsedirektiv i norsk rett, blei fastsett 17. juni 2008. Innanfor dei rammene som fiskehelsedirektivet gir, har ein vidareført strengare nasjonale reglar der dette er viktig for god helsestatus i akvakulturnæringa.

Det er auka merksemd om fiskevelferd internasjonalt. Dette er eit område der Noreg ligg langt framme. Mattilsynet har ved fleire høve halde innlegg om fiskevelferd på nordiske og internasjonale konferansar om dyrevelferd.

For å gjere det lettare for forbrukarane å velje sunn mat, har Noreg, Sverige og Danmark utvikla ei frivillig ordning med nøkkelholmerking av sunne matvarer. Ordninga blei lansert i 2009. Det har vore god kontakt mellom styresmaktene i dei tre landa og med næringa.

Mattilsynet tek del i samarbeidet under Nordisk ministerråd og arrangerte Nordisk tilsynskonferanse for næringsmiddelinspektørar i februar 2008. Mattilsynet leier eit felles nordisk-baltisk prosjekt for utvikling av veterinært beredskapssamarbeid. Prosjektet har gitt resultat mellom anna i form av avtalar om bruk av utstyr og personell.

For å leggje til rette for eksport, særleg av sjømat, har Mattilsynet hatt kontakt og gjennomført møte med styresmakter frå ei rekkje land. Førespurnader frå styresmakter i andre land om avvik i produkt frå norske verksemder har blitt følgd opp.

Den felles norsk-russiske arbeidsgruppa for mattryggleik ved import og eksport av fisk og fiskeprodukt hadde to møte i 2008. Det blei i oktober 2008 gjennomført ein felles norsk-russisk inspeksjonsrunde der 21 verksemder blei inspisert.

I november blei den russiske marknaden stengt for import av kjøtt frå Noreg. Det er dialog med russiske styresmakter med sikte på å opne opp at marknaden.

Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking

Mattilsynet gjennomførte om lag 68 000 tilsyn i 2008. I tillegg gjennomførte dyrevernsnemndene 2 300 tilsyn og Debio 3 680 tilsyn slik at det samla blei gjennomført om lag 74 000 tilsyn innanfor ansvarsområdet til Mattilsynet. Dette er ein auke i talet i høve til 2007, men tala kan ikkje samanliknast direkte med dei som blei rapportert i 2007 fordi det er gjort endringar i registreringa av tilsyn. Ein stor del av ressursane i Mattilsynet blir i tillegg nytta til kjøttkontroll, grensekontroll, uttak av overvakings- og kartleggingsprøver og attestarbeid. Registrert tid som Mattilsynet nytta til utøvande tilsyn, auka frå 46 pst. i 2007 til 51 pst. i 2008.

I 2008 gjennomførte Mattilsynet tre nasjonale tilsynskampanjar innanfor områda kjøttkonsern, godkjenningspliktige vassforsyningsanlegg og vassforsyning til sjømatverksemder og ferskfisk (fiskefartøy og mottaksanlegg). Det blei gjennomført 19 regionale tilsynskampanjar. Mattilsynet deltok òg i ein nordisk tilsynskampanje mot villeiande merking.

Mattilsynet hadde i 2008 stor merksemd på å leggje til rette for tidleg rettleiing om nytt regelverk. Mattilsynet har òg prioritert å formidle informasjon på nettstaden regelhjelp.no, kor verksemdene på ein enklare måte kan finne alle viktige krav som gjeld for dei.

Mattilsynet har lagt ned mykje arbeid i å få bransjane til å utvikle nasjonale retningslinjer for god hygienepraksis som skal vise korleis dei enkelte bransjane forstår og praktiserer krava i regelverket. På grunn av at det nye regelverket om næringsmiddelhygiene enno ikkje har trådd i kraft, har bransjeaktørane vore avventande til å lage slike retningslinjer.

Mattilsynet gjennomførte 69 ulike overvakings- og kartleggingsprogram i 2008. Programma er oppretta for å overvake og kartlegge mattryggleik og plante-, fiske- og landdyrhelse. Talet på slike program har vore på om lag same nivå dei siste åra, men det har vore ei viss utskifting av program ut frå endra internasjonale krav og endringar i risikobildet. Mattilsynet har i 2008 gjennomført ei heilskapleg evaluering av overvakings- og kartleggingsprogramma.

Beredskapsplanverket er under stadig revisjon. Det er i 2008 arbeidd med faglege beredskapsplanar for fleire plante-, landdyr- og fiskesjukdommar. Alle ledd i Mattilsynet har hatt minst ei beredskapsøving i løpet av året. Det blei gjennomført 39 beredskapsøvingar i regionane og ei øving på nasjonalt nivå. I tillegg blei det gjennomført ei nordisk-baltisk øving knytt til blåtunge. Forbetringspunkt som blei avdekt under øvingane, er følgde opp.

Mattilsynet har i 2008 vidareført eit pilotprosjekt for å prøve ut ei tilsynsordning der ein nyttar symbolet smilefjes i restaurantar og serveringsstader. Føremålet er å gi forbrukarane enkel og lett synleg informasjon om hygienen på serveringsstadene og auke etterlevinga av regelverket om næringsmiddelhygiene. Pilotprosjektet blei starta i juni 2007 og har omfatta rundt 400 serveringsstader i Trøndelag og Møre og Romsdal.

Mattilsynet gjennomførte i 2008 ein nasjonal tilsynskampanje på drikkevassområdet. Kampanjen omfatta i hovudsak små vassverk. Av desse vassverka leverte 81 pst. trygt vatn på inspeksjonstidspunktet og storparten hadde god nok leveringstryggleik under normale forhold. Men resultata viser at heile 66 pst. av vassverka fekk pålegg om å utbetre feil og manglar.

Mattilsynet har i 2008 vidareført arbeidet med forenkla tilsyn med småskalaverksemder innan tradisjonell matproduksjon.

Mattilsynet har i 2008 heva kvaliteten på eksportattestane for sjømat. Talet på utskrivne eksportsertifikat er òg auka monaleg frå 2007.

Mattilsynet tek del i arbeidet for å etablere betre elektroniske system for sporing av mat (eSporingsprosjektet). Mattilsynet har tatt del i arbeidet med å utvikle betre system for å registrere produsentar og produksjon, og leier eit prosjekt for frivillig elektronisk merking av sau og innføring av ny identifikator for dyrehald. Frivillig elektronisk merking av sau har fått stor oppslutning, og 70 pst. av lamma blei merka elektronisk i 2008.

Mattilsynet avklarte i 2007 nødvendige faglege problemstillingar knytt til modernisering av kjøttkontroll for kvitt kjøtt. To av fem fjørfeslakteri har gjennomført ei omlegging for å effektivisere kjøttkontrollen.

Målet om å sikre trygg mat

Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld smittestoff i mat. Det er ingen store endringar i talet på menneske som har blitt registrert sjuke av smitte frå næringsmiddel og drikkevatn i 2008 samanlikna med åra 2004-2007. Samanlikna med andre land er smittestoff i maten i mindre grad årsak til sjukdom i Noreg. Ein stor del av dei registrerte sjukdomstilfella der smitte har skjedd innanlands, skuldast drikkevatn som ikkje er desinfisert.

Det blir årleg registrert 2 500-3 000 tilfelle av campylobacteriose hos menneske. Talet på personar som blir smitta er vesentleg høgare på grunn av generell underdiagnostisering. Fordelinga mellom pasientar som er smitta innanlands og utanlands er om lag 40/60. Bruk av drikkevatn som ikkje er desinfisert, er den vanlegaste årsaka til smitte.

Førekomsten av salmonellabakteriar både i norske husdyr og matvarer frå husdyr er særs låg. I Noreg blir det årleg registrert 1 500-2 000 tilfelle av salmonellose hos menneske. Sjølv om talet er lågt, har det dei siste 10-15 åra vore ein klar auke i andelen som har blitt smitta innanlands. Mattilsynet kjenner ikkje årsakene til dette godt nok, men det er mellom anna registrert fleire funn av salmonella i importerte krydderurter frå Asia. Framleis er det likevel slik at 70-80 pst. av dei rapporterte tilfella av salmonellose gjeld personar som har blitt smitta i utlandet.

Listeriabakteriar er stort sett uproblematiske for friske menneske, men personar med svekka immunforsvar og gravide er spesielt utsette grupper som lettare blir sjuke. I Noreg har det dei siste fire åra blitt meldt frå 15 til 50 tilfelle av listeriose hos menneske kvart år. Det ser ut til å vere ein svak auke i perioden. Meir enn 95 pst. av desse tilfella blir vurdert å vere smitta innanlands.

Konsum av svinekjøtt og svinekjøttprodukt og bruk av drikkevatn som ikkje er desinfisert, er kjende risikofaktorar for tarmsjukdommen yersiniose. Det blir lagt vekt på god slaktehygiene, og talet på registrerte tilfelle hos menneske er noko redusert dei siste fire åra, frå 125 i 2005 til 50 i 2008.

Folkehelseinstituttet vurderer at det er betydeleg underdiagnostisering av EHEC-tilfelle (E. coli). Talet på registrerte tilfelle hos menneske har vore stigande dei fire siste åra, med ein markert topp i 2006 då det var eit nasjonalt utbrot som følgje av forureina morrpølse.

Innhald av soppgifter (mykotoksiner) i mat og fôr har fått auka merksemd dei siste åra fordi helseeffektane kan vere alvorlege. Mattilsynet starta i 2008 eit treårig kartleggingsprosjekt for å undersøke innhaldet av soppgifter i visse næringsmiddel. I 2008 blei det tatt ut 336 prøver. Det blei funne overskriding av grenseverdiane i ris og i kveitekli.

Det er få tilfelle av prøver som overskrid grenseverdiane for framandstoff i næringsmiddel. Denne situasjonen har vore stabil gjennom fleire år. Det er ikkje registrert overskridingar av grenseverdiane for framandstoff eller rester av veterinærpreparat i landdyr eller i oppdrettsfisk i 2008. Det blei påvist overskridingar av grenseverdiane for restar av plantevernmiddel i 4,6 pst. av undersøkte prøver av importerte varer, særleg i frukt og grønsaker frå Thailand. Det blei funne overskridingar av grenseverdiane for kadmium, hovudsakleg i lever og nyre frå sau og storfe, noko som først og fremst skuldast opptak på beite.

Når det gjeld villfisk, viste overvakingsprogrammet at 16 pst. av dei analyserte prøvane av blåkveite overskreid EU sine grenseverdiar for dioksin og dioksinliknande PCB. For kvikksølv i blåkveite overskreid rundt 8 pst. av dei analyserte prøvene grenseverdien.

Folkehelseinstituttet, Statens legemiddelverk og Mattilsynet gjennomførte i 2006-2008 eit pilotprosjekt for å avdekke ulovleg tilsetjing av legemiddel i kosttilskott. Rapporten blei lagt fram i mai 2008. Det blei mellom anna påvist tilsetjing av ulovlege legemiddel og helsefarlege stoff i 21 av 82 kosttilskott.

Gjennom Matallergiregisteret får Mattilsynet kjennskap til allergiske reaksjonar på mat og kva for matvarer eller ingrediensar folk har reagert allergisk på. Totalt blei det meldt inn 98 saker til Matallergiregisteret i 2008. Ingen av dei innmeldte tilfella har vore av ein slik karakter at Mattilsynet har følgd opp saken overfor den aktuelle verksemda.

Analyseresultata frå prosjektet Næringsstoffanalyser av utvalgte barnematprodukter 2006/2008 viste mellom anna at innhaldet av vitamin A, vitamin D, kalsium og jern i dei undersøkte prøvene av barnegraut og morsmjølkerstatningar var innanfor dei fastsette maksimumsgrensene.

Målet om å fremje friske planter, fisk og landdyr

Plantehelsestatusen i Noreg blir vurdert å vere svært god samanlikna med andre land i Europa. Import av planter og anna materiale til bruk i planteproduksjon inneber risiko for introduksjon av nye planteskadegjerarar. Det er relativt få planteskadegjerarar som er etablerte innan norsk planteproduksjon, og det har i stor grad lukkast å isolere dei og avgrense vidare spreiing.

Regelverket for den planteskadegjerande soppen Phytophthora ramorum blei revidert tidleg i 2008 og særleg skjerpa inn i høve til import frå Nederland og Tyskland.

I 2008 blei askeskuddsjuke påvist på Austlandet. Mattilsynet la ned forbod mot import, handel og flytting av plantar innanlands og starta eit omfattande kartleggingsprogram. Kartlegginga viste at skadegjeraren har spreidd seg over store område på Austlandet og Sørlandet.

Raud marg i jordbær blei i 2008 påvist på 5 nye produksjonsstader i samband med ei landsomfattande kartlegging. For å hindre vidare spreiing blei det lagt ned strenge restriksjonar for dei produksjonsstadene som er smitta.

I mai 2008 blei det registrert søramerikansk minérfluge i verksemder på begge sider av Oslofjorden. Dette resulterte i omsetningsforbod og pålegg om destruksjon i dei produksjonseiningane der denne blei funne. Det er ikkje avdekt spreiing utanfor veksthus og planteskadegjeraren blir vurdert å vere utrydda.

Helsesituasjonen hos laksefisk i Noreg er relativt god. For fleire fiskesjukdommar har det likevel vore negativ utvikling dei siste åra. Mattilsynet samarbeider med Fiskeridirektoratet om mellom anna godkjenning av driftsplanar og revisjonar av verksemdene.

I 2008 blei viral hemoragisk septikemi (VHS) påvist hos regnbogeaure i fire nye lokalitetar og tiltak er gjennomførte. Pancreas disease (PD) er truleg den mest tapsbringande fiskesjukdommen i Noreg. Mattilsynet har laga ein tiltaksplan mot PD, og oppdrettsnæringa har gått saman om tiltak mot sjukdommen, mellom anna samordna brakklegging, betre smitteskille mellom fiskegrupper, restriksjonar på flytting og vaksinasjon.

Totalt blei det i 2008 registrert 16 utbrot av infeksiøs lakseanemi (ILA). På bakgrunn av nytt fiskehelseregelverk har Fiskeri- og kystdepartementet signalisert ein endra bekjempingsstrategi for ILA der målet ikkje lenger er å utrydde sjukdommen, men å avgrense smittespreiinga.

Det er ikkje påvist Gyrodactylus salaris i nye vassdrag i 2008.

Det har vore ein auke i tilfelle med resistens mot legemiddel hos lakselus. Mattilsynet har sett i gang tiltak for å minske spreiing av resistente lus og samarbeider med Veterinærinstituttet om ein tiltaksplan mot resistens. Denne ligg og til grunn for eit samarbeid mellom Mattilsynet, Norske lakseelver, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, Fiskeridirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning, om ein handlingsplan mot lus på laksefisk.

Med dagens tiltaksgrenser er ikkje lakselus noko stort problem for fisk i oppdrett. Høg biomasse i oppdrett i enkelte område kan likevel føre til at lakselus blir eit problem for viltlevande bestandar av laksefisk. For sjøaurebestandane på Vestlandet konkluderte Rådgivende Biologer AS at lusestatusen i 2008, med unntak av ytre Hardanger, var den beste som er målt dei siste 15 åra. Samordna avlusing på Vestlandet i 2007-2008 kan vere ein årsak til dette lovande resultatet.

Landdyrhelsa i Noreg er generelt god, men ein del tilfelle av sjukdom viser at det er utfordringar. Klimaendringar påverkar smitterisikoen for norsk husdyrnæring. Vidare geografisk utbreiing av blåtunge og flått er døme på endringar som kan ha samanheng med klimaendringar.

I 2008 blei det påvist seks tilfelle av atypisk skrapesjuke hos sau (NOR98). Lågpatogen fugleinfluensa blei for første gang påvist i Noreg. Det blei oppretta risikosone rundt den smitta buskapen, og det blei tatt prøver frå fjørfeflokkar innanfor sona og frå to flokkar utanfor sona. Alle prøvene var negative.

Som følgje av auka utbreiing av blåtunge i Europa blei det i 2008 sett i verk prøvetaking for å kunne oppdage smitte så tidleg som mogleg. Med utgangspunkt i analyser av overvakingsprøver på mjølk, blei det påvist blåtungesmitte i fire norske buskapar av storfe i første kvartal i 2009. Dette var første gongen slik smitte er påvist i Noreg.

I mars 2008 blei sauesjukdommen fotråte påvist for første gang sidan 1948. Sjukdommen er seinare påvist i fleire andre buskapar. Mattilsynet og næringa gjekk saman for å få på plass sanering og kartlegging. Kartleggingsarbeidet viste omfattande spreiing. Ved årsskiftet var det 350 buskapar med restriksjonar på grunn av sjukdommen.

Det er ikkje gjort særlege funn av framandstoff i fiskefôrblandingar sidan 2005, med unntak av at det i 2008 blei påvist eitt tilfelle med innhald av kvikksølv over gjeldande grenseverdi. Det er blitt vanskelegare for næringane å finne vegetabilske fôrmiddel av soya og mais utan spor av genmodifisert materiale, og det blir stadig gjort påvisingar av spormengder.

Det har òg i 2008 vore ein viss auke i talet på funn av salmonella i fôrråvarer utan at dette har ført til fleire funn i ferdigfôr til landdyr. Det er heller ikkje påvist overskridingar av grenseverdiar for uønska stoff og produkt i landdyrfôr.

Målet om å fremje etisk forsvarleg hald av fisk og landdyr

Det blei i samband med ein totalgjennomgang av fiskehelseregelverket innført velferdskrav langs heile produksjonskjeda, frå etablering og drift til transport og slakting.

Mattilsynet har ført vidare arbeidet for å redusere talet på hendingar der dyr blir påført store lidingar som følgje av manglande fôring og stell. Det blei rapportert inn 10 slike hendingar i 2008.

Det var òg tap av dyr under transport til, og oppstalling på, slakteri. Dette gjeld særleg fjørfe (102 000 dyr i 2008 som tilsvarar om lag 0,2 pst. av transporterte fjørfe). For andre dyreslag enn fjørfe var tapsprosenten klart lågare.

Liding hos dyr på beite er framleis ei stor utfordring i dyrevelferdsarbeidet. For 2008 er det registrert ein reduksjon i talet på tapt sau og lam på grunn av rovviltangrep. Dette skuldast truleg gjennomføring av fleire tiltak, mellom anna tidleg nedsanking, bruk av rovdyrgjerder, uttak av rovdyr, auka tilsyn frå dyreeigarane og bruk av gjetarhund. For tamrein er det i 2008 registrert ein auke i tapet av dyr på beite, særleg når det gjeld kalv.

Målet om å ivareta miljøvennleg produksjon

Mattilsynet arbeider for miljøvennleg produksjon, mellom anna gjennom tilsyn med gjødsel og godkjenning av plantevernmiddel. Mineralgjødsel på den norske marknaden brukt på rett måte, er etter Mattilsynet si vurdering ingen trussel for miljøet. Risikonivået for miljøaspektet ved bruk av plantevernmiddel har stabilisert seg i perioden 2006-2008.

Målet om å fremje god kvalitet og ærleg produksjon og omsetning

I 2008 blei det gjennomført ein nordisk kampanje mot villeiande merking av sukkerinnhald i mat. Ein stor del av produkta hadde forskriftsstridig og villleiande bruk av spesielt påstandane redusert innhald av sukker, sukkerfri og light/lett.

Tilsynskampanjen om kosttilskot og urtepreparat viste at berre 23 pst. av verksemdene har tilfredsstillande rutinar og at berre 30 pst. av produkta blir marknadsført lovleg. Mattilsynet har følgt opp dette overfor verksemder der merkinga ikkje var i samsvar med regelverket. Rett tolking og ulike problemstillingar er og tatt opp i dialogmøte med den norske matvarebransjen.

Kosmetikk og kroppspleieprodukt

Helse- og omsorgsdepartementet fastsette 27. februar 2008 ei forskrift der legar, tannlegar, farmasøytar og helsesøstertenesta er pålagt meldeplikt ved mistanke om biverknader av kosmetikk og kroppspleieprodukt. 47 meldingar var mottatt fram til januar 2009, og registrert i eit eige register ved Folkehelseinstituttet.

Mattilsynet fastsette 3. november 2008 ei forskrift for produksjon, import og omsetnad mv. av tatoveringsprodukt og andre produkt til injisering i huden i kosmetisk hensikt.

Mattilsynet medverkar i arbeidet med ny forordning om kosmetikk som går føre seg i EU.

Budsjettframlegg 2010

Post 01 Driftsutgifter

Posten er foreslått auka med 7 mill. kroner for å møte utfordringar på dyrehelseområdet mellom anna knytt til klimaendringar. Dette gjeld særleg oppfølging av dyresjukdommen blåtunge som blei påvist for første gong i Noreg i 2009.

Det er foreslått sett av 15 mill. kroner til omstillingstiltak i Mattilsynet. Sluttføring av utviklinga av det nye tilsynssystemet MATS er utsett til 2010, mellom anna fordi det er lagt inn ein del nye funksjonar i systemet. Det blir òg nødvendig med omstillingar i Mattilsynet knytt til endringar i slakteristrukturen i Trøndelag. Omstillingsmidlane skal dekkje delar av desse kostnadene.

Inntektene på kap. 4115 post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.v. har vore budsjettert lågt. For å sikre ei meir realistisk budsjettering, er posten foreslått auka med 3,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1115 post 01.

Mattilsynet overtok frå 1. januar 2009 ansvaret for radioaktivitetsmåling i rein frå Reindriftsforvaltninga. Kap. 1115 post 01 er derfor foreslått auka med 0,5 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 1147 post 82.

Posten er foreslått redusert med 2,5 mill. kroner fordi det ikkje blir ført vidare ei særskilt løyving til utprøving av ei smilefjesordning ved tilsyn med serveringsverksemder.

Organisatoriske og administrative utfordringar i 2010

Mattilsynet vil føre vidare arbeidet med å følgje opp dei måla som låg til grunn for matforvaltningsreforma, jf. St.prp. nr.1 (2002-2003) Tillegg nr. 8.

Mattilsynet vil arbeide vidare for å utvikle eit meir einskapleg tilsyn, slik at regelverket blir tolka og handheva einskapleg i like saker og i samsvar med plikter etter internasjonale avtaler.

Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn som tek nødvendig omsyn til dei enkelte verksemdene. Endringar i næringsstruktur kan gjere det nødvendig å tilpasse bemanninga og lokaliseringa på distriktsnivå.

Mattilsynet skal ved bruk av fagleg skjønn, vere løysingsorientert i møtet med verksemdene slik at verksemdene kan velje ulike løysingar så lenge dei oppfyller dei målretta krava i regelverket. Dette er særleg aktuelt i forhold til det nye hygiene- og kontrollregelverket.

Mattilsynet vil føre vidare arbeidet med å få betre dokumentasjon av status, tilsynsaktivitet og bruk av dei verkemidla tilsynet rår over på ulike område. Det nye tilsynssystemet (MATS) er ein viktig reiskap. MATS vil òg gi støtte til betre og meir effektive arbeidsprosessar i det utøvande tilsynet. Det er òg viktig for å få til eit meir einskapeleg tilsyn av betre kvalitet. Innføringa av systemet krev tid både til opplæring og omstilling i forhold til innlærte arbeidsmetodar. Undervegs i utviklingsarbeidet har Mattilsynet vurdert det som nødvendig å leggje inn ein del nye funksjonar i MATS. Dette gjeld mellom anna husdyrregisteret som er oppretta for å oppfylle plikter etter EØS-avtalen. Dette har gitt ein moderat kostnadsauke og utsetjing av sluttføringa. Den siste delen av MATS vil bli tatt i bruk i første halvår 2010.

Slakteristrukturen i Trøndelag er i endring. Fleire anlegg blir lagt ned og eit nytt slakteri blir etablert i Malvik. Omstillinga vil vere ressurskrevjande for Mattilsynet. Mattilsynet må utføre kjøttkontroll i Malvik med kvalifisert arbeidskraft frå dag ein og samtidig halde på medarbeidarar som arbeider ved anlegg som skal avviklast fram til avvikling.

Mattilsynet vil leggje vekt på at styringssignala frå departementa når ut til alle einingane i Mattilsynet, og at departementa blir tidleg varsla om saker som dei bør vere kjende med. Mattilsynet vil òg arbeide for å få meir kunnskap om dei ulike brukargruppene sine erfaringar med Mattilsynet.

Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid

Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Grunnlaget for det norske regelverket blir hovudsakleg utvikla i EU. Ein stor del av Mattilsynet si verksemd er derfor knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Ved gjennomføring av matlovforordninga i norsk rett får Noreg òg tilgang til EU sitt vitskaplege rådgivingsorgan EFSA.

Codex Alimentarius Commission og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE) legg òg viktige premissar for regelverksutviklinga. Det er viktig at Mattilsynet prioriterer å følgje aktivt med i dei sentrale delane av dette arbeidet.

Mattilsynet vil ta aktiv del i arbeidet med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske interesser på utvalde område. Departementa legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i internasjonale fora. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med ein tidleg og god dialog med relevante interessentar, slik at aktuelle problemstillingar kan bli identifiserte og tatt inn i arbeidet i ein fase der det framleis er rom for påverknad, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Mattilsynet skal òg medverke til at oppfølging av dei internasjonale pliktene finn stad til rett tid og at gjennomføring i norsk rett blir gjort på formålstenleg og brukarvennleg vis. Mattilsynet vil òg halde fram med å vise fram samfunnsøkonomiske konsekvensar av endringar i regelverket. Mattilsynet vil prioritere område med særlege norske interesser i regelverksarbeidet.

Dei prioriterte områda som er peika ut i departementa sin internasjonale plan og europastrategi for matområdet, vil bli følgde opp. Dette omfattar mellom anna EU sitt arbeid med å utvikle nye heilskaplege regelverk for merking av mat og for helse og velferd hos landdyr og fisk. Mattilsynet vil arbeide vidare for å påverke EU sitt forslag til ny forordning om kosmetikk i tråd med norske synspunkt.

Mattilsynet har starta ein brei gjennomgang av det eksisterande regelverket med sikte på å harmonisere og forenkle. Gjennomgangen viser at regelverket er omfattande og i nokre tilfeller uklårt. Det har heller ikkje blitt gjennomgått og modernisert med utgangspunkt i ny matlov. Regelverket kan med fordel ryddast i slik at det kan få ein meir einskapleg og brukarvennleg utforming på dei ulike fagområda som Mattilsynet forvaltar. Både verksemdene som skal etterleve regelverket og Mattilsynet vil på sikt nyte godt av dette forbetringsarbeidet. Mattilsynet vil i oppfølginga bruke denne kunnskapen ved utvikling av nytt regelverk eller når eksisterande regelverk likevel skal reviderast av andre årsaker.

Mattilsynet har i tillegg oppgåver med å skape gjensidig kunnskap og tillit på bilateralt nivå med andre land sine styresmakter for å leggje til rette for marknadstilgang i utlandet for norske varer. I den samanhengen er det viktig at kunnskap om status på fagområda blir kommunisert både nasjonalt og internasjonalt.

Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking

Det er verksemdene sitt ansvar å etterleve regelverket. Mattilsynet fører tilsyn med etterlevinga. Når det er nødvendig, skal Mattilsynet nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde. Aktiv rettleiing om regelverket er viktig. Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold er viktige føresetnader for eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Aktiv rettleiing og utøvande tilsyn i dei enkelte verksemdene er derfor kjerneprodukta til Mattilsynet.

Det er ei utfordring for verksemdene og for Mattilsynet at det nye hygiene- og kontrollregelverket enno ikkje er innlemma i EØS-avtalen, slik at dei fastsette gjennomføringsforskriftene ikkje har trådd i kraft. Gjennomføringa har vore førebudd og det er nytta ressursar til opplæring, informasjon m.v. Det nye hygiene- og kontrollregelverket vil krevje at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn med regelverket om næringsmiddel, fôr, innsatsvarer, helse og velferd hos landdyr og fisk og plantehelse. Dette er i tråd med føresetnadene ved etableringa av Mattilsynet. Tilsynet skal vere planlagt og dokumenterbart. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering.

Tilsynet skal gjennomførast regelmessig og med ein frekvens som står i forhold til risikoen ved aktivitetane til verksemda og kunnskapen ein har om dei enkelte verksemdene. Det er samtidig viktig at dei ulike tilsynsmetodane som står til rådvelde blir nytta målretta, slik at alle verksemdene er underlagt eit tilsyn som samla sett skaper størst mogleg etterleving av regelverket. Dette skal òg medverke til at alvorlege regelbrot blir oppdaga så raskt som råd er.

Mattilsynet har utarbeidd ein modell for risikoklassifisering som vil vere nyttig som grunnlag for ressursfordelinga i tilsynsarbeidet. Arbeidet har òg interesse for dei andre nordiske landa.

Omfanget av tilsyn med verksemdene blir tilpassa risikoen for og konsekvensar av regelbrot. Slik tilpassing til risikobildet kan føre til redusert aktivitet på enkelte område.

Kjøttkontroll, grensekontroll og arbeid med godkjenningar og attestar krev om lag ein tredjedel av tilsynsressursane i Mattilsynet. Ressursbruken på desse områda er i stor grad bunden som følgje av regelverkskrav og brukarane sine behov for tenester frå Mattilsynet.

Mattilsynet forvaltar òg regelverk som ikkje er direkte knytt til risiko for helse hos menneske, planter, fisk eller landdyr, m.a. regelverk som skal ivareta forbrukaromsyn som ærleg omsetnad og kvalitet. Òg på desse områda er det viktig med eit målretta og effektivt tilsyn.

Førebels resultat frå pilotprosjektet med ei smilefjesordning i serveringsnæringa tyder på at ordninga fører til betre etterleving av regelverket og er godt motteke av forbrukarane. I den endelege vurderinga av prosjektet vil ein sjå nærmare på samanhengen mellom ressursinnsats og effekt av denne tilsynsordninga. Ei avgrensa utprøving blir vidareført til vurderinga er gjort.

Mattilsynet må innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at det blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram som er knytt til plikter etter internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet. Innanfor desse rammene vil prioriteringa av kartlegging og overvaking bli tilpassa situasjonen og risikobildet til ei kvar tid.

Målet om å sikre trygg mat

Mattilsynet vil arbeide for at maten og drikkevatnet er trygt med omsyn til folkehelse.

Når det nye hygiene- og kontrollregelverket trer i kraft i Noreg, vil det vere ei hovudutfordring å følgje dette opp. Det nye regelverket legg auka vekt på verksemdene sitt ansvar for å etterleve regelverket og for å ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda. Regelverket opnar for å utarbeide bransjevise retningslinjer for god hygiene som kan medverke til løysingar som er tilpassa dei ulike bransjane. Utvikling av slike retningslinjer er ei stor utfordring for bransjane. Mattilsynet vil vere ein pådrivar i dette arbeidet.

Det nye hygiene- og kontrollregelverket vil stille større krav til fagkunnskap, både hos verksemdene og i Mattilsynet, særleg for å kunne nytte den fleksibiliteten som dei nye målretta reglane gir. Arbeidet for å halde oppe gode hygieniske forhold i alle verksemdene i matproduksjonskjeda krev derfor kontinuerleg innsats frå verksemdene, og aktiv og målretta innsats frå Mattilsynet.

Ein velfungerande kjøttkontroll og grensekontroll er viktig i arbeidet for trygg mat. Tilsyn med drikkevassanlegg, sjømat og småskala næringsmiddelverksemder vil bli vidareført på om lag same nivå som i 2009.

Resultata frå pilotprosjektet for tilsyn med kosttilskott viste at det er behov for meir systematisk kontroll. Mattilsynet vil gjennomføre ein områdeanalyse for kosttilskott, helsekost og liknande produkt. Analysen vil danne grunnlag for å vurdere tilsynsmetodikk med sikte på eventuelle endringar frå 2011. Formålet er å identifisere dei viktigaste forvaltningsmessige utfordringane i forhold til desse produktgruppene. Saman med Helse- og omsorgsdepartementet vil Mattilsynet leggje til rette for ein mest mogleg hensiktsmessig bruk av verkemiddel, slik at tilsynet i best mogleg grad bidrar til å sikre tryggleiken for brukarane.

Mattilsynet vil framleis ha ei rolle i det nasjonale eSporingsprosjektet som skal gi eit betre grunnlag for elektronisk sporing av mat langs heile matproduksjonskjeda.

Målet om å fremje friske planter, fisk og landdyr

God plante-, fiske- og landdyrhelse er viktige føresetnader for sunn matproduksjon og for verdiskaping i næringane. Tiltak og rutinar i næringane for å førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar er viktig. Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, fisk og landdyr er god. Det er viktig å ha god beredskap og godt planverk mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos fisk og landdyr. Klimaendringar og auka utveksling av biologisk materiale over landegrenser kan gi større utfordringar.

Mattilsynet vil vidareføre tilsynet med import av planter og arbeidet med å førebyggje introduksjon og spreiing av planteskadegjerarar. Enkelte av desse har stor evne til å tilpasse seg norsk klima, og fører til tap for næring og forbrukar i form av skadar på avling og redusert prydverdi i parkar og hagar.

Mattilsynet vil innanfor rammene av matlovgivinga ta del i arbeidet med å følgje opp regjeringa sin tverrsektorielle nasjonale strategi med tiltak mot framande skadelege artar.

Mattilsynet vil vidareføre arbeidet med fiskehelse og prioritere oppfølging av regjeringa sin strategiplan for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring, tildelinga av nye konsesjonar og utviklinga når det gjeld lakselus og lakselusresistens.

Mattilsynet vil arbeide vidare med å verne om landdyrhelsa gjennom regelverksutvikling, tilsyn og andre forvaltningsoppgåver. Blåtunge er eit døme på ein ny sjukdom i Noreg der klimaendringar kan ha medverka. Arbeidet med overvaking av og nedkjemping av blåtungesmitte vil ha høg prioritet og krevje stor innsats, jf. framlegget om auka løyving til arbeidet med utfordringar på dyrehelseområdet.

Ei ny forskrift om melding og registrering av utlevering og bruk av legemiddel til dyr trer i kraft frå 1. januar 2010. Registeret vil vere ein nyttig reiskap i arbeidet for god dyrehelse og god dokumentasjon i arbeidet for mattryggleik.

Målet om å fremje etisk forsvarleg hald av fisk og landdyr

Mattilsynet skal arbeide for at alt dyrehald er i samsvar med regelverket. Den nye lova om dyrevelferd som trer i kraft 1. januar 2010, omfattar både produksjonsdyr, fisk og familie- og sportsdyr. Lova gir nye verkemiddel og er eit godt grunnlag for eit dyrehald som er til beste for både dyra og dyreeigarane. Mattilsynet vil prioritere oppfølging av den nye lova og tilsynet med dyrevelferd. Dyrevernsnemndene medverkar i det lokale tilsynsarbeidet.

Hendingar der dyr blir utsette for store lidingar som følgje av manglande fôring og stell, kan ofte ha samanheng med personlege problem hos eigaren. Det er viktig både av omsyn til dyra og dyreeigaren å førebygge og avdekke slike saker i tide. Mattilsynet legg vekt på å vidareutvikle samarbeidet med andre offentlege aktørar og landbruket sitt organiserte nettverk.

Målet om å fremje god kvalitet og ærleg produksjon og omsetnad

Mattilsynet skal arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og ærleg omsetnad blir følgd. Det generelle regelverket om merking fastset dei viktigaste opplysningane forbrukarane skal ha tilgang til for å orientere seg i marknaden når det gjeld eigenskapane til maten, m.a. for å kunne treffe val ut frå eigne preferansar. Tilsyn med etterleving av dette regelverket er viktig for å medverke til ærleg omsetnad og for å gjere det mogleg for forbrukarane å ta informerte val.

Innhaldet av ulovlege mengder av genmodifisert materiale i næringsmiddel og fôr på den norske marknaden ser ut til å vere lågt. Problema knytt til sporforureining av genmodifisert materiale synest størst i fôrvarer. Mattilsynet vil vidareføre overvakinga av genmodifisert materiale i både næringsmiddel og fôr.

Mattilsynet vil følgje opp den nye frivillige merkeordninga for sunne matvarer (Nøkkelhull) som er lansert i 2009. Det vil i samarbeid med Helsedirektoratet bli lagt vekt på å gi god informasjon til verksemdene og forbrukarane om den nye ordninga.

Mattilsynet har ansvar for tilsynet med økologisk produksjon og økologiske produkt. DEBIO fører tilsyn på vegne av Mattilsynet. Tilsynet med etterleving av økologiregelverket aukar i tråd med stigande tal på verksemder som driv produksjon, foredling eller omsetnad av økologiske produkt.

Mattilsynet skal forvalte og føre tilsyn med ordninga Beskyttede betegnelser. KSL Matmerk har ansvaret for den førebuande saksbehandlinga.

Målet om å ivareta miljøvennleg produksjon

Mattilsynet vil medverke til oppfylling av matlova sitt formål om å ivareta miljøvennleg produksjon, m.a. med utgangspunkt i miljøhandlingsplanen til Landbruks- og matdepartementet. Kvaliteten på innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for miljøvennleg produksjon, og verkar òg inn på kvaliteten på matvarene.

Arbeidet for å redusere risikoen ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare med utgangspunkt i den nye handlingsplanen på området.

Dyrehelsepersonell

Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos veterinærar og anna dyrehelsepersonell.

Det er auka merksemd kring veterinærane og fiskehelsebiologane sitt ansvar for bruken av legemiddel til fisk og landdyr. Mattilsynet må leggje vekt på tilsyn med at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av legemiddel.

Kosmetikk

Mattilsynet forvaltar lovgivinga om kosmetikk og kroppspleieprodukt og fører tilsyn for å medverke til at slike produkt er helsemessig sikre for menneske og dyr. Registeret for biverknader av kosmetiske produkt er eit sentralt verkemiddel for at Mattilsynet skal kunne følgje opp meldingar om biverknader på ein systematisk måte. Folkehelseinstituttet står for den praktiske drifta av registeret etter avtale med Mattilsynet.

Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

Ein gjer framlegg om ei løyving på posten på 7,2 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje Mattilsynet sine kostnadar knytt til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser.

Post 23 Særskilde prosjekt

Løyvinga på posten skal dekkje det offentlege sine utgifter og utviklinga av eit system for betre sporing av mat (eSporingsprosjektet).

Ein gjer framlegg om ei løyving på 9 mill. kroner. Posten er foreslått redusert med 20 mill. kroner fordi hovuddelen av kostnader knytt til utvikling av IT-infrastruktur var omfatta av løyvinga for 2009. Det er overført 2 mill. kroner til kap. 1150 post 50 til tilskott til fleire pilotprosjekt knytt til eSporing.

Målet for prosjektet er å leggje til rette for etablering av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda. Elektroniske løysingar vil leggje grunnlag for betre beredskap og auka verdiskaping i alle ledd.

Gode system for sporing er viktig dersom helseskadelege produkt kjem ut i marknaden, slik at verksemdene kan trekkje desse tilbake på ein effektiv måte og gi rett og klar informasjon til Mattilsynet.

eSporingsprosjektet er eit krevjande utviklingsprosjekt. Departementet har identifisert utfordringar knytt til måloppnåing i prosjektet, risikofaktorar og risikoreduserande tiltak. Prosjektet er ein innovativ innsats, og mellom anna har det vore stor kunnskapsauke innan elektronisk sporing hos alle aktørar, og det er bygd opp kompetanse og teknisk grunnlag som vil komme til nytte i framtida.

Prosjektet vil bli avslutta i 2011. Deretter går ein over i ei ny fase der dei ulike bransjane tek den elektroniske løysinga i bruk. Arbeidet i pilotprosjekta er svært viktig for å sikre involvering i den enkelte bransjen og for vidare bruk av løysinga. Bransjane vil ha ulike utfordringar i det vidare arbeidet. Det vil derfor òg vere ulikt når den enkelte verksemda kan ta løysinga i bruk.

Post 71 Tilskott til erstatningar

På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrevernlova § 6 der det ikkje er nokon eigar av dyret som kan dekkje kostnaden. På posten vil det òg bli ført kostnader for tiltak sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevernlova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå eigar.

Kap. 4115 Mattilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Gebyr m.m.

105 204

134 943

137 642

02

Driftsinntekter og refusjonar mv.

12 592

1 099

4 921

15

Refusjon av arbeidsmarknadstiltak

305

16

Refusjon av foreldrepengar

13 684

18

Refusjon av sjukepengar

16 773

Sum kap. 4115

148 558

136 042

142 563

Ein tek sikte på å føre vidare det tredelte systemet for finansiering. Den første delen av systemet gjeld innkrevjing av gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar. Den andre delen av systemet gjeld innkrevjing av gebyr for tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar og er klart avgrensa i forhold til andre tilsyns- og kontrolloppgåver i matforvaltninga. Den tredje delen av systemet gjeld innkrevjing av avgift for tilsyn og kontroll som ikkje eintydig rettar seg mot konkrete brukarar. Det tredelte systemet er vurdert å vere i samsvar med dei retningslinjene som gjeld for gebyr og for ordningar med sektoravgifter.

Gebyrsatsane i 2010 vil bli lønns- og prisjustert.

Tabell 2.4 Oversikt over gebyr under kap. 4115.

(i mill. kr)

Nemning

Beløp

Gebyr for særskilte ytingar:

14,0

Gebyr for tilsyn og kontroll:

Import av levande dyr og animalske produkt

14,3

Kjøttkontroll

93,8

Kontroll med skjelproduksjon

2,2

Andre gebyr:

Gebyr for oppfølgjande tilsyn

11,2

Andre gebyr, tvangsmulkt m.v

2,1

Sum gebyr

137,6

For ein oversikt over avgifter i matforvaltninga viser ein til kap. 5576 post 70.

Post 02 Driftsinntekter og refusjonar mv.

Posten er foreslått auka med 3,8 mill. kroner for å få ei meir realistisk budsjettering.

På posten vil ein mellom anna føre diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel etter oppdrag frå Statens legemiddelverk, tilsyn med levande GMO, samt oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil ein òg føre inntekter frå gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.

Programkategori 15.20 Forsking og innovasjon

Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

1137

Forsking og innovasjon:

361 111

382 180

407 831

6,7

Sum kategori 15.20

361 111

382 180

407 831

6,7

Det er eit hovudmål å føre ein landbruks- og matpolitikk som held ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig og klimariktig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar. Landbruks- og matforskinga er eit sentralt middel for å nå dette målet. Det er ei stor utfordring å produsere nok mat og energi til verdas befolkning på ein berekraftig og klimavennleg måte. Regjeringa ser på klimaendringane og det auka presset på verdens matressursar som dei største utfordringane i vår tid. Ny kunnskap er heilt avgjerande for å møte desse utfordringane. Landbruks- og matforskinga skal ha internasjonal kvalitet og fremje ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med høg tillit i samfunnet.

Landbruks- og matsektoren har auka sin kunnskap innanfor klima- og energi monaleg dei siste åra. Frå 2009 er løyvingane til forsking på fornybar energi og karbonfangst og lagring auka med 50 mill. kroner. Òg når det gjeld forsking på konsekvensar av klimaendringane for framtidig norsk landbruk, er det satsa mykje på å byggje opp kompetansen innanfor sektoren.

Landbruks- og matdepartementet løyver store midlar til forsking innanfor matproduksjon, jordbruk, skogbruk, reindrift og landbruket sin tenesteproduksjon. Noregs forskingsråd forvaltar midlane som utgjer ein stor del av Noregs forskingsråd sine løyvingar.

Forskingspolitikken til Landbruks- og matdepartementet er knytt til St.meld. nr. 30 (2008-2009) Klima for forskning, Prop. 1 S (2009-2010) frå Kunnskapsdepartementet og St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. I forskingsmeldinga er mat ført vidare som eit prioritert tematisk område med vekt på næringsrelevant forsking og nok og trygg mat til alle. Meldinga legg opp til at norsk forskingspolitikk skal bidra til å løyse globale utfordringar med særleg vekt på klima, energi, miljø, hav og tilgang på mat. Landbruks- og matdepartementet sitt bidrag er auka forsking retta mot globale utfordringar knytt til produksjon av nok og trygg mat for ein auka befolkning i eit endra klima.

Energi og klima er framleis ei hovudsatsing innanfor landbruket i 2010. Auka klimarelatert forsking må sjåast på som ein del av oppfølginga av St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand, St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk og St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. Landbruket står for om lag ni pst. av klimagassutsleppa i Noreg og har ansvar for å søkje etter tiltak som reduserer utsleppa og aukar binding av karbon i jord og skog. Regjeringa vil prioritere forsking på desse områda. Ei nærmare omtale av budsjettforslag er gitt under kap. 1137.

Forskingsinnsatsen på landbruks- og matområdet i 2007 blei kartlagt i 2009. Resultata viser korleis innsatsen er fordelt på prioriterte område. Framtidige kartleggingar vil brukast som underlag for forskingspolitiske avgjerder. Kartlegginga av den samla ressursinnsatsen innanfor landbruks- og matforskinga syner at forsking og utvikling på mat og landbruk utgjer nær 4 pst. av Noregs totale forskingsinnsats. Kartlegginga synleggjer òg at forsking på området mat, helse og forbrukar utgjer om lag 66 pst. av forskingsutgiftene på landbruks- og matområdet. Instituttsektoren er den største aktøren innanfor landbruks- og matforskinga.

Landbruks- og matdepartementet vil føre ein forskings- og innovasjonspolitikk i tråd med krava frå forbrukarane. Det er eit mål å løfte fram produksjonar som har føremoner når det gjeld helse, smak, mattryggleik, etikk og miljøvennleg produksjon. Dei viktigaste områda er mat-, tre-, energi- og tenesteproduksjon. Målet med politikken er auka konkurranseevne og lønnsemd i desse næringane. Samstundes dannar landbruks- og matsektoren grunnlag for anna sysselsetjing og verdiskaping. Sektoren har som mål å ta vare på kollektive gode som kulturlandskap, rekreasjonsområde, høg eigenproduksjon av trygg mat og oppretthalde busetjing i heile landet.

Ein føresetnad for eit aktivt og variert landbruk i heile landet, høg eigenproduksjon av trygg mat og berekraftig produksjon er at sektoren har høg innovasjonsevne. Dette gjeld både eksisterande produksjonar og nye næringar i landbruket, som til dømes teneste- og energiproduksjon. Norsk landbruk har gjennom tidene gjennomgått store endringar, drive fram av endra rammevilkår, teknologisk utvikling og ny kunnskap. Alt tilseier at det òg framover vil vere både behov for, ønskje om og moglegheiter for store endringar i sektoren som fell inn under omgrepet innovasjon. Departementet vil prioritere å utvikle ein målretta og langsiktig innovasjonspolitikk for landbruks- og matsektoren som eit nødvendig bidrag for å nå regjeringa sine distrikts- og regionalpolitiske målsetjingar. Kompetanseutvikling og ein desentralisert instituttsektor medverkar til auka lokal næringsverksemd og innovasjon ved at lokale fordelar blir utnytta. Forsking for å utnytte Nord-Noregs fortrinn der regionen er særleg konkurransedyktig, slik som innan energi og reiseliv og matproduksjon, skal prioriterast.

Landbruks- og matdepartementet sin strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon (2007-2012) presenterer forskingspolitiske mål og styring av landbruks- og matforskinga. Strategien må sjåast i samanheng med næringsstrategien Ta landet i bruk!, matstrategien Smaken av Norge og Landbruks- og matdepartementets miljøstrategi 2008-2015.

Mål og strategiar

Forsking med høg kvalitet og relevans

Regjeringa har som mål å vidareutvikle forskingsmiljøa i landbruks- og matsektoren. Samtidig er det eit mål å sikre eit breitt engasjement og samarbeid om relevante problemstillingar for sektoren. Det er eit mål at norsk forsking og norske forskingsmiljø held høg internasjonal kvalitet. Forskingspolitikken skal bidra til å utvikle forskingsprogram og andre verkemiddel som gir forsking med høg relevans og nytteverdi for aktørane i landbruks- og matsektoren. Samtidig er grunnleggjande forsking for langsiktig kunnskapsoppbygging samt utdanning og rekruttering av forskarar avgjerande for ei framtidig positiv utvikling i landbrukssektoren. God forskingsinfrastruktur er eit middel for å sikre god kvalitet og rekruttering til forskinga.

Norsk matvareindustri er Noregs nest største industrigrein, i 2007 var produksjonsverdien på 150 mrd. kroner. For å sikre tilstrekkeleg produksjon av kunnskap med høg kvalitet og relevans er det viktig å opprette eit Senter for forskingsdrevet innovasjon (SFI) på matområdet. Denne ordninga er viktig for norsk næringsliv ved at den stimulerer verksemder til å satse langsiktig og styrkje innsatsen på næringsretta forsking. Samtidig bidreg den til at norske forskingsmiljø kan liggje fremst internasjonalt. Det er oppretta Forskingssentre for miljøvennleg energi (FME) på bioenergiområdet. Bioenergisenteret vil vere svært viktig for å auke konkurranseevna innanfor bioenergi og for å sikre at utvikling av denne næringa skjer på ein berekraftig måte.

Stortingets vedtak om å flytte Veterinærinstituttet og Noregs veterinærhøgskule til Ås og slå saman Noregs veterinærhøgskule og Universitetet for miljø og biovitenskap til eit nytt universitet er eit viktig ledd for å oppnå måla ovanfor. Etableringa av det nye universitetet skal sikre god rekruttering til forsking, næringar og forvaltning innanfor landbruk, næringsmiddelindustri og skogindustri. For Landbruks- og matdepartementet er det viktig at ein ved den felles lokaliseringa får til faglege, økonomiske og administrative synergiar i samarbeid med dei institutta som allereie er på campus.

Internasjonalt forskingssamarbeid

Stadig meir av forskingsmidlane blir fordelt internasjonalt. Norsk deltaking i internasjonal forsking er viktig for auka kvalitet og fornying i norsk forsking. Landbruks- og matforskinga har lang tradisjon for internasjonalt samarbeid, m.a. i Norden, som deltakar i EU sine rammeprogram og gjennom samarbeid med Nord-Amerika. Landbruks- og matforskinga skal prioritere å delta i kunnskapsutviklinga på område der Noreg er eller kan bli leiande internasjonalt og der Noreg har særeigne utfordringar.

Det nordiske samarbeidet er viktig for å løyse felles nordiske forskingsutfordringar, og er ein felles plattform for nordiske initiativ internasjonalt. Gjennom etableringa av NordForsk og Nordic Innovation Center ligg det til rette for å vidareutvikle det nordiske FoU-samarbeidet innanfor mat- og landbrukssektoren, jf. kap. 1137.

Noreg deltek i EU sitt 7. rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (2007-2013). EU-samarbeidet gir forskingsmiljø og bedrifter nye moglegheiter for kompetanseutvikling, oppdrag og etablering av verdifulle nettverk. Kunnskapsdepartementet sin Strategi for Noregs samarbeid med EU om forsking og utvikling (2008) inneheld ei rekkje tiltak som skal gi Noreg ein strategisk og koordinert tilnærming til moglegheitene og utfordringane i samarbeidet med EU. Landbruks- og matdepartementet legg stor vekt på at dei nasjonale forskingsprogramma i regi av Forskingsrådet styrkjer sitt strategiske, tematiske og finansielle samspill med EU-forskinga i tråd med Kunnskapsdepartementet sin strategi.

For å påverke agendaen innanfor landbruksrelatert forsking i Europa, deltek Landbruks- og matdepartementet i den europeiske komiteen for landbruksforsking Standing Committee on Agricultural Research (SCAR) og i arbeidet i The European Agricultural Research Initiative (EURAGRI).

Departementet har store forventningar til konkrete resultat av det bilaterale samarbeidet med Nord-Amerika både når det gjeld prosjektsamarbeid, forskarutveksling og utdanning. Monalege resultat er alt nådd mellom anna i samarbeid med universitetet i Minnesota, samt med institusjonar i Canada. Departementet ønskjer å trekkje fleire norske forskingsmiljø inn i samarbeidet. Mattryggleik, bioenergi og klima, samt kommersialisering av forskingsresultat og utvikling av ny næringsverksemd er prioriterte område innanfor samarbeidet. Dette er område som òg er sentrale i EU sitt sjuande rammeprogram. I 2010 vil departementet særskilt leggje vekt på forsking på auka opptak av CO2 og lagring av karbon innanfor landbruket.

Innovasjon og kommersialisering

I tråd med St.meld. nr. 7 (2008-2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge, vil Landbruks- og matdepartementet ha fokus på innovasjon og kommersialisering i landbruket. I arbeidet med å styrkje landbruket si innovasjonsevne ytterlegare skal det gjennomførast ein langsiktig og målretta innsats som resulterer i styrkt konkurranseevne i alle næringar i landbruket. Arbeidet vil ta utgangspunkt i fem innsatsområde.

  1. Stimulere entreprenørskap og auka marknadstenking i heile verdikjeda. Dette inkluderer mellom anna å styrkje humankapitalen som eit konkurransefortrinn innanfor den norske samfunnsmodellen.

  2. Finne synergiar mellom verdikjeder i landbruket og andre sektorar. Det vil mellom anna bli stimulert til auka samarbeid med vekstnæringar innanfor område som energi, IT, design, helse og opplevingsproduksjon.

  3. Satse på forsking og kunnskapsformidling. Kunnskapselementet i vare- og tenesteproduksjonen i sektoren aukar. Derfor vil produksjon og formidling av næringsrelevant kunnskap vere svært viktig for lokale og regionale innovasjonssystem.

  4. Støtte opp under og stimulere lokale føresetnader med utgangspunkt i komparative fortrinn, med utgangspunkt i regionale og lokale innspel frå næringane, forvaltninga og kunnskapsmiljøa. Utvikling av velfungerande innovasjonssystem lokalt og regionalt, og stimulering til samhandling i blant anna klynger, vil vere viktig.

  5. Satse på ein berekraftig sektor der òg miljøteknologi vil ha ein sentral plass. Dette skal sikre at sektoren tek omsyn til både miljø og til utvikling av nye arbeidsplassar og verksemder innanfor produksjon av fornybar energi.

I samanheng med Landbruks- og matdepartementet sitt arbeid med å styrkje innovasjonsevna i næringa vil departementet auke løyvinga til forskingsprogrammet Virkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI). Målsetjinga er å auke samspelet mellom bedrift og kunnskapsinstitusjonar og forsterke forskingsinnsatsen i og for regionane. Dei nystarta regionale forskingsfonda skal òg støtte opp om dette målet. Landbruks- og matdepartementet vil styrkje sitt arbeid med innovasjon og kommersialisering i forhold til dei landbruks- og matvitskaplige forskingsinstitutta. Ein viser til nærmare omtale under kap. 1137.

Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) og forskingsmidlar over jordbruksavtalen (JA) bidreg med finansiering av landbruks- og matforskinga. Det er eit mål å sikre godt samarbeid mellom Noregs forskingsråd og FFL/JA.

Departementet ventar at Noregs forskingsråd, Innovasjon Norge, SIVA og institutta samarbeider for å auke innovasjonsgraden i sektoren knytt til kommersialisering av forskingsresultat.

Kunnskapsutvikling for forvaltninga

Landbruks- og matforvaltninga i Noreg er avhengig av kontinuerleg tilgang på oppdatert kunnskap på landbruks- og matområdet for å ta gode avgjerder. Klimaendringane krev god tilgang på informasjon om utfordringar i framtida. Kunnskap er viktig på beredskapsområdet, og særskilt på matområdet og spørsmål knytt til mattryggleik og sporing av mat. Vidare skal forskinga få fram kunnskap som kan effektivisere forvaltninga si overvaking og kartlegging innanfor matområdet.

Landbruks- og matdepartementet viser til omtale under kap. 1137 Forsking og innovasjon for ein nærmare omtale av dei forskingspolitiske prioriteringane for 2010.

Forskingskommunikasjon og forskingsformidling

God forskingskommunikasjon er ein føresetnad for samarbeid mellom næringsliv og forskingsmiljø, og bidreg til at det er samsvar mellom behova frå næringa og resultata frå forskingsmiljøa. Forskingsarbeid og resultat skal formidlast til forvaltninga slik at informasjonen kan nyttast i politikkutvikling og i kommunikasjonsarbeid hos forvaltninga.

Forskingskommunikasjonen skal gi befolkninga oppdatert kunnskap om landbruks- og matsektoren og synleggjere korleis resultat frå landbruks- og matforsking kjem samfunnet til gode.

Prioriterte forskingsområde

I Landbruks- og matdepartementet sin strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon er dei prioriterte kunnskapsbehova fordelt på fem tematiske område. Forsking relatert til landbrukets klimaarbeid er prioritert i alle desse tema. Det same gjeld bioteknologi. Sjå kap. 1137 Forsking og innovasjon for nærmare omtale av budsjettprioriteringar for 2010.

Mat, helse og forbrukar

Matpolitikken har som hovudmål at maten skal vere trygg og produsert på ein etisk forsvarleg og berekraftig måte, sjå nærmare omtale av matpolitiske mål i kat. 15.10. Nokre av dei fremste forskingsutfordringane innanfor området mat, helse og forbrukar omfattar mattryggleik og sikker tilgang på mat, jf. St.meld. nr. 30 (2008-2009) Klima for forskning. I tillegg er klimaendringar eit sentralt tema, jf. St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen.

Det er behov for meir forsking for å sikre trygg mat og hindre smitte hos dyr og i mat i framtida. Det er behov for styrkt kunnskap om kva slags alvorlege plante- og dyresjukdommar som har auka risiko for introduksjon, spreiing og etablering i Noreg, og kva for betyding dei kan ha for landbruks- og matproduksjonen. Faren for sjukdommar som smitter mellom dyr og menneske (zoonosar) må ha spesiell merksemd. I tillegg veks befolkninga i Noreg og verda, noko som gir store utfordringar med å sikre nok mat til alle. Forsking for å auke norsk matproduksjon og forsking som kan bidra positivt i verdas behov for tilgang på mat er ei viktig prioritering. Klimaendringar vil endre vêr og produksjonsforhold nasjonalt og internasjonalt, og kunnskap om korleis Noreg kan møte desse utfordringane slik at mattilgangen og tryggleiken kan oppretthaldast, skal prioriterast. Vidare skal forskinga støtte opp under og dokumentere lokale fortrinn som kan bidra til auka etterspørsel etter norske matvarer.

Tre og energi

I forskingsmeldinga Klima for forskning er energi eit av dei fem næringsområda der Noreg har kompetanse eller særlege fortrinn. Opptrapping av forsking på fornybar energi og karbonfangst og lagring er viktige tiltak for å avgrense klimautsleppa og skape eit grønare næringsliv. Forskinga skal bidra til kunnskap om korleis ein kan utnytte skogen si evne til karbonbinding på ein optimal måte i klimasamanheng.

Noreg har store ressursar innan vasskraft i tillegg til eit stort potensial til å utvikle fornybar energi som mellom anna bioenergi. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen er mål om auka bruk av bioenergi, auka uttak av råstoff frå skog, utvikling av biogass og etablering av fleire småkraftverk blant dei viktigaste målsetjingane. Forsking for å nå desse måla, samt auke lønnsemda i desse næringane, skal prioriterast.

Skogressursane har stor verdi for sysselsetjing og verdiskaping i Distrikts-Noreg, og det er eit mål at skogressursane òg skal brukast meir aktivt som eit middel i klimaarbeidet.

Tenester

Det er eit mål å styrkje kunnskapsproduksjonen innanfor tenesteytande næringar som grønt reiseliv og Inn på tunet. Siktemålet er auka lønnsemd i verdikjeda gjennom innovasjonar og marknadstilpassa produkt og auka tal produktleverandørar. Forsking skal òg bidra til å auke marknaden for aktuelle produkt.

Miljø og ressursforvaltning

Forvaltning av ressursane våre og berekraftig utvikling blir stadig viktigare forskingsområde, jf. Landbruks- og matdepartementet sin miljøstrategi (2008) og klimameldinga Landbruket en del av løsningen. Departementet treng kunnskap om konsekvensar av endringar i økosystema og korleis ein kan bevare dei. Det er eit mål å verne om sårbar natur og avgrensa ressursar, samstundes må ein vege behov for bruk og behov for vern. Ein treng meir kunnskap om korleis ein kan utnytte sårbare område på ein berekraftig måte og forsking om korleis ein kan bevare kulturlandskapa i eit langsiktig perspektiv. Nordområda og deira utfordringar er eit prioritert forskingsområde.

Landbruk og samfunn

Det er behov for samfunnsvitskapeleg forsking innan landbruks- og matsektoren. Tema som effektive politiske verkemiddel, forståing av marknadsmekanismar og samfunnskonsekvensar av auka bruk av teknologi skal prioriterast.

Forskinga skal fokusere på viktige samfunns- og marknadsforhold som påverkar norsk landbruk og landbruksrelatert industri, inkludert forsking relatert til skatte og avgiftspolitikk. Maktfordelinga i verdikjeda for mat og korleis marknadsforholda verkar inn på tilbod og pris er òg eit prioritert område.

Forskinga skal òg sikre samfunnets tillit til sektoren når det gjeld norsk mat, matproduksjon, dyrehald og klima- og miljørelaterte spørsmål.

Finansieringsordningar

Kategorien omfattar departementet sine løyvingar over kap. 1137, mellom anna finansiering av forskingsprogram i sektoren, samt basisløyving m.m. til fem av landbruks- og matforskingsinstitutta. Landbruks- og matforskinga kan òg få løyvingar frå avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping. Næringane sin medverknad til finansiering av forsking innanfor landbruks- og matsektoren skjer hovudsakleg gjennom forskingsavgifter, jordbruks- og reindriftsavtalen og gjennom næringslivet sin eigendel i forskingsprosjekt. Som ei følgje av landbruket sin næringsstruktur, der den enkelte verksemd har liten moglegheit til å finansiere forsking, er det kollektive samarbeidet som Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) og næringsfond representerer ei nødvendig og viktig samarbeidsform.

Dersom innbetalinga til Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukter frå landbruksnæringa og FoU-avgifta på skogvirke frå skognæringa blir inkludert i utrekninga av næringa sitt bidrag til forsking innanfor sektoren, utgjorde det samla bidraget frå næringa over 45 pst. av den totale forskingsinnsats til sektoren i 2007.

FFL finansierer dei grunnleggjande strategiske satsingane i Nofima Mat. Landbruks- og matdepartementet vil gjennom sin styrerepresentasjon arbeide for at FFL etablerar eit godt samarbeid med Fiskeri- og Havbruksnæringens Forskningsfond som grunnlag for å følgje opp Stortingets føresetnad om parallellitet i finansiering av instituttet, og at det prioriterer forsking som utviklar og utnyttar blå-grøne synergiar i Nofima, jf. tidlegare omtale i St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007. For Landbruks- og matdepartementet er det avgjerande at Stortingets føresetnadar er på plass i 2010.

Tabell 2.5 Oversikt over Landbruks- og matdepartementet sine løyvingar og avtale- og avgiftsmidlar som finansierer FoU innanfor norsk mat- og landbruksforsking (tal frå 2009).

(i 1 000 kr)

Område

Beløp

Kap. 1137 post 50 Forskingsaktivitet

193 368

Kap. 1137 post 51 Basisløyving til forskingsinstitutt m.m.

175 530

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen

46 000

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen (Reindrifta sitt utviklingsfond)

4 500

Fondet for FoU-avgift på landbruksprodukt1

134 063

FoU-avgift på skogsvirke (Skogtiltaksfondet)1

9 250

Utviklingsfondet i skogbruket (kap. 1149 post 51)

3 271

Forsking over Omsetningsavgifta

10 000

Sum

575 982

1 Budsjettal frå 2009 ekskl. administrasjonsutgifter.

Departementet har òg løyvingar til kunnskapsutvikling og beredskap, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse, og utviklingsoppgåver over kap. 1112, 1115, 1141 og 1147.

Departementet vil følgje opp regjeringa sine mål om å auke den samla forskingsinnsatsen til 3 pst. av BNP, mellom anna ved å leggje til rette for auka deltaking frå næringslivet. I forskingsprogramma Norsk mat frå sjø og land og Natur og Næring er det lagt vekt på bruk av brukarstyrte prosjekt.

I 2008 blei om lag 105 mill. kroner løyvd frå Forskingsrådet til brukarstyrte prosjekt relevante for Landbruks- og matdepartementet, det vil seie prosjekt i kontrakt med bedrifter og organisasjonar i landbruks- og matnæringa. Dette er ein auke på 20 mill. kroner frå året før. Desse midlane utløyste omkring 190 mill. kroner frå andre kjelder, hovudsakleg frå næringa sjølv, slik at totalt prosjektomfang for dei brukarstyrte prosjekta var om lag 295 mill. kroner, som inneber ein auke i den brukarstyrte forskinga på 50 mill. kroner frå året før. Dette er ei utvikling i tråd med dei forskingspolitiske måla. Løyvingar frå Forskingsrådet til prosjekt i kontrakt med FoU-institusjonane utløyser òg forskingsmidlar frå andre kjelder, mellom anna frå næringslivet. Landbruks- og matdepartementet vil i fellesskap med Forskingsrådet halde fram med å følgje opp verkemiddelbruken.

SkatteFUNN

Skattefrådrag for FoU-kostnader (SkatteFUNN) er ein av fleire ordningar for å fremje forsking og utvikling i næringslivet. Landbruks- og matdepartementet er avhengig av å ha eit tilbod med lav terskel for å få små og mellomstore bedrifter i gong med forskings- og utviklingsarbeid. Samanlikna med andre sektorar i ordninga har landbrukssektoren stort vekstpotensial. Landbruks- og matdepartementet ønskjer at så mange landbruks- og matverksemder som mogleg deltek i ordninga. I 2008 var det 246 aktive prosjekt i SkatteFUNN frå landbruks- og matsektoren med ei samla kostnadsramme på 390 mill. kroner, som er ein nedgang frå 2007. Landbruks- og matdepartementet vil bidra til at fleire verksemder innanfor sektoren blir kjent med og deltek i ordninga.

Kap. 1137 Forsking og innovasjon

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

50

Forskingsaktivitet

157 536

193 368

222 588

51

Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

190 379

175 530

181 147

52

Omstillingsmidlar Bioforsk

13 196

10 282

53

Omstillingsmidlar instituttsektoren mv.

3 000

4 096

Sum kap. 1137

361 111

382 180

407 831

Kap. 1137 omfattar løyvingar til forskingsaktivitet, hovudsakleg i regi av Noregs forskingsråd (post 50), basisløyvingar til forskingsinstitutta innanfor departementet sitt sektoransvar (post 51), samt løyving til omstillingsmidlar i instituttsektoren o.a. (post 52 og 53). Basisløyvingane omfattar grunnløyving og strategiske instituttprogram.

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om 407,8 mill. kroner til landbruks- og matforskinga i 2010, ein auke på 6,7 pst. frå saldert budsjett 2009. Innanfor forskingsaktiviteten er det ein auke på 15 pst. frå saldert budsjett 2009.

For å følgje opp regjeringa si klimasatsing innanfor landbruks- og matsektoren legg Landbruks- og matdepartementet opp til ei samla forskingssatsing på 23 mill. kroner. Av desse skal 20 mill. kroner gå til forsking og utvikling innanfor fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring, jf. klimaforliket mellom regjeringa og Stortinget og St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. For å sikre ei vidare opptrapping for klimaforsking gjer ein framlegg om å auke løyvingane til forskingsprogrammet NORKLIMA med 3 mill. kroner.

Mål for Noregs forskingsråd

Kunnskapsdepartementet sette hausten 2008 ned ei interdepartemental arbeidsgruppe for å få meir samordna styring av Forskingsrådet. Frå 2010 vil departementa bruke ein felles målstruktur i tildelingsbrevet med tre mål med tilhøyrande delmål for sine tildelingar til Forskingsrådet. Kvart departement vil konkretisere måla innan sitt ansvarsområde. Dei overordna måla for departementet sine tildelingar til Noregs forskingsråd er som følgjer:

Forskingsrådet skal bidra til at Noreg utviklar seg som kunnskapssamfunn.

Noreg skal vere blant dei fremste når det gjeld å utvikle, dele og bruke ny kunnskap. Forskinga skal gi kunnskap som kan auke verdiskaping og velferd, svare på samfunnsutfordringane og utvide grensene for vår erkjenning.

  • Mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet.

  • Mål 2: God ressursutnytting og hensiktsmessig arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet.

  • Mål 3: Resultat frå forsking skal nyttast i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet.

Den nye strukturen skal forenkle styringsdialogen mellom Forskingsrådet og departementa og gjere styringssignala frå departementa meir koordinerte.

Post 50 Forskingsaktivitet

Resultatrapport 2008

Forskingsrådet administrerte i 2008 tre sentrale program innan landbruks- og matforsking: Natur og næring, Norsk mat frå sjø og land (Matprogrammet) og Miljø 2015.

Forskingsrådet har fokus på auka verdiskaping og auka FoU-innsats frå næringslivet. Ved sida av brukarstyrte innovasjonsprosjekt der forskingsinitiativet kjem frå næringa, fins det kompetanseprosjekt med brukarmedverknad. Slike prosjekt med opphav i ein forskingsinstitusjon, men med finansiering frå næringslivet, er tekne i bruk med godt resultat.

Utdanning og rekruttering av forskarar har vore initiert og finansiert innanfor forskingsprogramma og strategiske instituttprogram. Ei kartlegging frå Norsk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU STEP) syner at tilgongen på kvalifisert forskarpersonell er tilfredsstillande både i institutt- og UoH-sektoren. Det blei avlagt 26 doktorgradar i 2008, noko nedgang sidan 2007.

Kompetanseprosjekt med brukarmedverknad er særleg ein god prosjekttype i samarbeidet med Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) og forskingsmidlar over jordbruksavtalen (JA).

Det blei i 2007 arbeidd for å få fram eit best mogleg kunnskapsgrunnlag om energi- og klimautfordringa, og klimaforliket i Stortinget våren 2008 førte til opptrapping av energiforskinga. Satsinga vil i stor grad gjennomførast i programmet RENERGI medan mykje av bioenergiforskinga vil gjennomførast i Natur og næring.

Programmet FORNY som arbeider for auka kommersialisering av forskingsresultat blei støtta av Landbruks- og matdepartementet med 5 mill. kroner i 2008. Midlane har gått til ei verifiseringsordning for å teste teknologi og produkt og motverke risikoen ved kjøp av uprøvde produkt.

Landbruks- og matdepartementet bad i 2008 Forskingsrådet om å kartleggje ressursinnsatsen innanfor FoU i landbruks- og matforskinga. Kartlegginga skulle omfatte relevante miljø i alle sektorar. Med bistand frå NIFU STEP har departementet arbeidd med dette, og rapport om FoU-innsatsen låg føre våren 2009.

Den etterfølgjande resultatrapporteringa er delt inn i tråd med dei prioriterte forskingsområda i Landbruks- og matdepartementet sin Strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon 2007-2012.

Mat, helse og forbrukar

Matprogrammet har i 2008 fokusert på næringsretta forsking, med auke i kompetanseprosjekt og innovasjonsprosjekt, og nedgong i talet på forskarprosjekt. Totalt sett har det vore ein auke i aktivitetar innanfor marknadsforsking, der kunnskap om forbrukarpreferansar, trendar og matval var prioritert. Programmet har òg styrkt innsatsen innanfor helse- og livskvalitet knytt til mat, mattryggleik og helsefremjande mat. Tre prosjekt om overvekt og ernæring blei støtta av Orkla-fondet. Frå 2007 til 2008 var det ein auke i talet på blå-grøne prosjekt.

Det var ei eiga utlysing i 2008 innanfor programsamarbeidet Safefoodera på det felles europeiske forskingsområdet. Matprogrammet samarbeider òg om økologisk landbruk gjennom CORE Organic. Det er starta fire prosjekt i Safefoodera og fem i Core Organic. Eit prosjekt på europeisk nivå med tema mat og helse er sett i gong.

Tre og energi

Innanfor ramma har Forskingsrådet prioritert kunnskap for auka produksjon og bruk av bioenergi frå skog og landbruk, og klimaforliket i Stortinget våren 2008 har ført til ei ytterlegare opptrapping av aktivitetane på dette området. Forskingsrådet har arbeidd for å få fram eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for framtidige satsingar på bioenergi. Hovudsatsinga på energiforsking i Forskingsrådet skjer gjennom programmet RENERGI, som dekkjer både grunnforsking og næringsretta forsking. Tematisk deler porteføljen seg på mellom anna energibruk og energieffektivisering, fornybar energi og miljøvennleg transport. Ei rekkje lovande teknologiutviklingsprosjekt innan bioenergi tek utgangspunkt i råvarer frå norsk landbruk som trevirke, skogsavfall og jordbruksavfall.

RENERGI har i 2008 auka aktiviteten retta mot miljøvennleg transport der både hydrogen og biodrivstoff med fokus på andregenerasjon biodrivstoff har vore prioritert. Hovudvekta har lege mot bruksretta forsking og demonstrasjon. Det blei i 2008 sett i gong eit større biogassprosjekt i samarbeid med mellom anna avfallsselskap for å innarbeide biogassproduksjon frå husdyrgjødsel og organisk avfall i landbrukets verdikjede.

Natur og næring gav i 2008 løyvingar til store og tverrfaglege prosjekt innanfor mellom anna urbant trebyggeri, store trekonstruksjonar, og utnytting av råstoff frå jordbruksproduksjon til bioenergi. Føresetnader for auka biomasseuttak har òg vore eit viktig område. Norske partnarar deltek i åtte forskingsprosjekt i det europeiske ERA-nettet Wood-Wisdom, noko som er svært positivt for framtidig norsk samarbeid på den europeiske forskingsarenaen.

Tenester

Forskingsprogrammet Natur og næring finansierer forsking for utvikling av reiseliv, kultur, opplevingar og nye bransjar. Departementet har signalisert behov for forsking på organisering, økonomi og effekt av tenester retta mot helse, omsorgs- og utdanningssektoren. Skognæringa har fleire prosjekt som skal utvikle verdikjeda utmarksbasert reiseliv, mellom anna utvikling av bynære skogar og forhold til vern. Natur og næring og forskingsmidlar over jordbruksavtalen har over fleire år støtta ei satsing ved Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) for å medverke til å leggje til rette for slik aktivitet, særleg innanfor Inn på tunet. Programmet støtter òg fleire prosjekt som skal utvikle tilbod frå hestebransjen. Rapporten Kunnskapsstatus og behov for forsking for Inn på tunet blei utarbeidd i 2008 med midlar frå Noregs forskingsråd, NAV og Innovasjon Norge.

Forskingsrådet koordinerte arbeidet. Rapporten gir utgangspunkt for prioritering av forsking og kompetanseoppbygging. Gjennom det tidlegare Arealprogrammet, no ein del av Natur og Næring, og over jordbruksavtalen har ein over fleire år støtta ei satsing ved UMB for auka Inn på tunet - aktivitet, særleg grøn omsorg med husdyr i landbruket. Natur og næring støtter fleire prosjekt som skal utvikle hestebransjens tilbod.

Landbruks- og matdepartementet har bedt Forskingsrådet om å prioritere kunnskap om utfordringar knytt til arealressursar til næringsutvikling, infrastruktur og samferdsel og til tenesteproduksjon og reiseliv. Det er mellom anna sett i gang eit større prosjekt i Natur og næring innanfor temaet organisering og regulering av norsk utmark i møte med næringsendringar og miljøproblem.

Programmet Miljø 2015 gjennomfører prosjekt innanfor biologisk mangfald, kulturminne, fiske- og viltforvaltning, attvinning av landbruksavfall og generell kunnskapsutvikling i skjeringsfeltet miljø- og landbruksforvaltning.

Miljø og ressursforvaltning

Departementet har signalisert behov for meir forsking på verna område i reiselivsnæringa. I tråd med dette blei naturbasert reiseliv prioritert i Natur og Næring si utlysing for 2008, og eit større tverrfagleg prosjekt om bruk og vern i eit alpint nasjonalparkområde er sett i gong. Det er òg starta eit stort prosjekt med fokus på mellom anna kulturminne i kulturlandskap.

Miljø 2015 prioriterte i 2008 forsking innanfor landskapsøkologi og friluftsliv, økosystembasert forvaltning og metode- og modellutvikling. Fleire forskingsfelt som tidlegare ikkje har blitt representert, slik som landskapsvern og kommersialisering av friluftsliv, har blitt prioritert. Det blei sett i gong svært lite forsking om klimautslepp i landbruket, inkludert lystgass, i 2008.

Problematikken om rein som beiter på Finnmarksvidda har blitt prioritert i programmet Natur og Næring. Eit større prosjekt om rettar, organisering og regulering i norsk utmark i møte med næringsendringar og miljøproblem er starta. AREAL (no ein del av Natur og Næring) gjennomførte i 2007 drøftingar med representantar for nordnorsk næringsliv, forvaltning og forsking. Målet var å identifisere utfordringar der forsking kan styrkje utviklinga i det nordnorske kystkulturlandskapet. Reindriftsforvaltninga utforma i 2008 ein ny forskingsstrategi i dialog med Forskingsrådet.

Landbruk og samfunn

Dei tematiske prioriteringane for 2007 blei i stor grad vidareført i 2008 med tema som arealplanlegging, handelspolitikk og internasjonale avtaleregime. Det blei mellom anna starta opp fleire prosjekt innanfor felta handelspolitikk og internasjonale handelsregime med fokus på landbruks- og fiskeripolitikk i skjeringsfeltet mellom internasjonale handels- og miljøavtaler og regionalisering av frihandelsavtaler i Søraust-Asia. Mellom anna gjennomfører Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) fleire prosjekt for å auke kunnskapen om internasjonale matregime og korleis desse fungerer. Instituttet fekk i 2008 midlar for å utvikle eit modellverktøy som kan brukast i tilpassinga av norsk jordbrukspolitikk til internasjonale rammevilkår.

Det blei i 2008 sett i gong eit større prosjekt ved Norsk institutt for naturforsking for å auke kunnskapen om berekraftig viltforvaltning av rovdyr og hjortevilt.

For å auke likestillinga i næringa la regjeringa i februar 2008 fram Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner og Forskingsrådet laga ein opptrappingsplan for perioden. Nordlandsforsking, Universitetet i Tromsø, Nordnorsk landbruksråd og landbruksavdelingane til fylkesmennene i Nordland, Troms og Finnmark har samarbeidd om undersøkingar om innovasjon og entreprenørskap på bygdenivå i åtte kommunar i fire fylke.

Internasjonalt forskingssamarbeid

Om lag 1 500 av søknadene til EU sitt 7. rammeprogram i 2007-2008 hadde norsk deltaking, og om lag 120 av desse blei sendt til programområdet Food, Agriculture, Fisheries and Biotechnology. Andre område innanfor programmet er òg av stor fagleg interesse for Landbruks- og matdepartementet, mellom anna Energy og Environment. Forskingsrådet spelar ei avgjerande rolle for den norske deltakinga.

Forskingsrådet har i 2008 arbeidd vidare med Nord-Amerikasamarbeidet innanfor mattryggleik, bioenergi og biobaserte produkt. Ni stipendiatar har i 2008 vore knytt til prosjekt med samarbeid i Nord-Amerika. Det er i stor grad òg knytt bedrifter til desse prosjekta. Forskingsrådet jobbar vidare med å auke talet på deltakarland i dette samarbeidet.

Forskingsrådet har òg i 2008 delteke i det nordiske samarbeidet. Det er diskutert korleis ein kan få til eit meir effektivt samarbeid mellom dei nordiske landa innanfor skog, næringsmiddel og jordbruk. Matprogrammet har bidrege med 1 mill. kroner til prosjekt i regi av Nordisk Kontaktorgan for Jordbruksforsking i 2008.

Det nordiske samarbeidet må sjåast i lys av framveksten av europeisk programsamarbeid (ERA-Net) på landbruksområdet. Dette samarbeidet er i sterk utvikling, og det vil mellom anna medføre at det nordiske samarbeidet må spissast meir enn tidlegare og koordinerast mot det europeiske samarbeidet.

Noreg deltek i fleire program innanfor ERA-Net-samarbeidet relatert til landbrukssektoren. Matprogrammet bidreg med finansiering av ERA-Net om mattryggleik, økologisk landbruk, dyre- og fiskehelse og mat og helse.

Budsjettframlegg 2010

Departementet gjer framlegg om å løyve 222,6 mill. kroner til landbruks- og matforsking i 2010 i tråd med dei forskingspolitiske og tematiske prioriteringane gitt i kat. 15.20 og Landbruks- og matdepartementet sin strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon. Prioriteringane er i samsvar med regjeringa sine prioriteringar slik dei kjem fram i St.meld. nr. 30 (2008-2009) Klima for forskning. Forsking på fornybar energi og konsekvensar av klimaendringar, samt forsking for berekraft, konkurranseevne og lønnsemd i norsk matproduksjon innanfor eit endra klima, er blant dei prioriterte områda i meldinga. I tråd med desse måla foreslår departementet at løyvinga til forsking på fornybar energi og karbonfangst og -lagring blir auka med 20 mill. kroner i 2010. For òg å følgje opp St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen skal 5 mill. kroner av satsinga setjast av til kunnskapsutvikling på opptak av CO2 og lagring av karbon innanfor landbruket. Gjennom regjeringa sin opptrappingsplan for klimaforsking skal løyvinga til forskingsprogrammet NORKLIMA i Noregs forskingsråd aukast med 3 mill. kroner til auka kunnskap om effektar av klimasystemet, klimaets utvikling, samt effektar av klimaendringane som grunnlag for tilpassingstiltak. Det er eit mål at forskinga skjer gjennom internasjonalt samarbeid og sjåast i samanheng med dei globale utfordringane. Vidare skal det setjast av 1 mill. kroner for å auke kunnskapen om helse og velferd hos kjæledyr.

Aktiviteten knytt til post 50 er i hovudsak retta mot fire programsatsingar: Norsk mat frå sjø og land (Matprogrammet), Natur og næring, Miljø 2015 og RENERGI. Innanfor desse programma vil Landbruks- og matdepartementet i 2010 særleg styrkje landbrukets bidrag til klima- og energipolitikken. Dette er i tråd med St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. Meldinga seier mellom anna at Noreg skal vere blant dei leiande landa i arbeidet med kunnskap for eit klimatilpassa landbruk. Prioriterte forskingsområde er reduserte klimagassutslepp, auka karbonbinding i jord og skog, sikker tilgang på mat, mattryggleik, utnytting av moglegheitene eit endra klima kan gi og fornybar energi frå landbruket.

Landbruks- og matdepartementet vil framleis delta i programma NORKLIMA og HAVBRUK.

Det er eit mål at Noreg skal ha fleire forskingsmiljø i internasjonal toppklasse i landbruks- og matsektoren. Dette krev deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid. Noregs forskingsråd må derfor arbeide for auka deltaking i prosjekt i EU sitt 7. rammeprogram, europeiske randsoneprogram samt andre internasjonale samarbeidsformer innanfor landbruks- og matforskinga. I tråd med regjeringa sin Strategi for Noreg sitt samarbeid med EU om forsking og utvikling, skal dei nasjonale forskingsprogramma i regi av Forskingsrådet styrkje sitt strategiske, tematiske og finansielle samspill med EU-forskinga. Forskingsrådet har eit særskilt ansvar for å følgje opp dette.

Landbruks- og matdepartementet legg vekt på at ein i 2010 kjem fram til ei framtidsretta organisering og administrering av det nordiske forskingssamarbeidet i mat- og landbrukssektoren, som legg til rette for samarbeid om konkrete nordiske problemstillingar og gir ein nødvendig plattform for felles nordiske internasjonale initiativ.

Forskingssamarbeidet mellom Universitetet for miljø- og biovitenskap og Universitetet i Minnesota skal utviklast vidare for å fremje mobilitet og samarbeid innanfor områda mattryggleik, bioenergi og klima, med vekt på forsking på opptak av CO2 og lagring av karbon innanfor landbruket. Departementet legg vekt på at fleire norske forskingsmiljø deltek og vil øyremerke inntil 0,4 mill. kroner til å vidareutvikle dette samarbeidet saman med andre aktuelle departement.

Det er eit mål at landbruks- og matsektoren skal ha meir kommersialisering av forskingsresultat. Departementet ventar at Forskingsrådet, Innovasjon Norge og forskingsinstitutta samarbeider for å auke innovasjonsgraden i sektoren gjennom kommersialisering av forskingsresultat. I den samanheng er det viktig å følgje opp erfaringar frå Program for kommersialisering av FoU-resultat (FORNY) i Noregs forskingsråd og anbefalingar frå evalueringsrapporten Between entrepreneurship and technology transfer: Evaluation of the FORNY programme.

For å styrkje konkurransekrafta i landbruket vil departementet frå 2010 gå inn i programmet Virkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) med 2 mill. kroner. Ein del av midlane vil gå til ei stipendordning for å kople entreprenørar i SIVA sine inkubatorprogram for mat og naturbasert næring tettare saman med dei natur- og landbruksfaglege miljøa på Campus Ås: Universitetet for miljø og biovitenskap, Bioforsk, Nofima, Norsk institutt for Skog og landskap og Bioparken. Det vil bli inngått ei serskilt avtale mellom desse.

Ei kartlegging frå NIFU STEP syner at rekrutteringssituasjonen i landbruks- og matrelaterte forskingsmiljø er god, og betre enn for mange andre tverrfaglege FoU-miljø. Det er eit mål at denne situasjonen skal halde fram. I tillegg er det eit mål å freiste fleire internasjonale forskarar til Noreg og auke norske forskingsmiljø si deltaking i internasjonale forskingssamarbeid.

Landbruks- og matdepartementet har som mål å skape eit sterkt forskingsmiljø for landbruks- og matsektoren på Ås ved flyttinga av Veterinærinstituttet og Noregs veterinærhøgskule. Målet er at samlokaliseringa skal gi betre forskingsresultat og meir samarbeid på ei rekkje område innanfor departementet sitt sektoransvar. Randsoneinstitutta er òg viktige bidragsytarar i denne samanheng.

Tematisk vil Landbruks- og matdepartementet i 2010 prioritere dei fem områda i strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon. Desse er:

Mat, helse og forbrukar

Klimaendringane gir ei rekkje utfordringar for landbruksproduksjonen og tilgangen på mat nasjonalt og internasjonalt. Det er eit mål at Noreg skal tryggje nasjonal mattilgang, men òg bidra til å tryggje verda si tilgang på mat. Forsking for ideell bruk av økosystema i eit endra klima skal prioriterast i 2010, mellom anna utprøving av nye plantesortar og tilpassing av driftssystem i plante- og husdyrproduksjon. Forsking for auka råvareutnytting skal òg prioriterast. Det er eit mål å auke det internasjonale samarbeidet på desse områda.

Det er eit mål at Noreg skal auke sin kunnskap om korleis klimaendringar kan gi nye sjukdommar og smittemønster hos planter og dyr og mellom dyr og menneske. Det er og eit mål å auke den forvaltningsretta forskinga på mattryggleik, og kunnskap som kan effektivisere forvaltninga si overvaking og kartlegging innanfor matområdet.

Regjeringa har som mål at rundt 20 pst. av omsetjinga av mat i dei norske matvarekjedene skal komme frå norske spesialitetar i 2020. Dette krev at det gjerast ein forskings- og innovasjonsinnsats for å produsere, dokumentere og synleggjere norske spesialitetar og gjere produkta tilgjengelege for forbrukarane. Forskinga skal òg avdekkje eventuelle strukturelle og teknologiske forhold som verkar inn på omsetjinga.

Tre og energi

Det er eit mål å auke forsking og utvikling på fornybare energikjelder og på karbonfangst og -lagring, i tråd med klimaforliket og St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen.

Det er eit mål å auke uttak og bruk av biomasse frå skog, samt auke næringa si konkurranseevne gjennom berekraftig produksjon. Forsking på biodrivstoff vil bli sett i samanheng med strategi for FoU og støtte til demonstrasjonsanlegg for andregenerasjons biodrivstoff, som er under utarbeiding. Forskingsinnsatsen innanfor biovarme, biogass og biodrivstoff vil bli vidareført.

Regjeringa har som mål at norsk forsking på bioenergi og innovativ bruk av tre skal vere på eit internasjonalt nivå, og at sektoren aktivt søkjer internasjonalt samarbeid.

Det bør forskast meir på tre som kjelde til verdiskaping og sysselsetjing i Distrikts-Noreg. Regjeringa har som mål å auke bruken av tre, mellom anna ved å utnytte tre i industrien betre, og ved å stimulere til bruk av tre som byggjemateriale.

Tenester

Regjeringa har som mål å auke omfanget av og innovasjonsgraden i grønt reiseliv i Noreg. I 2010 skal særleg forsking på korleis offentlege rammevilkår påverkar moglegheitene for næringsverksemd i verna område og randsonene prioriterast.

Regjeringa har satsa stort på Inn på tunet-tenester, og det har dei siste åra vore ein monaleg auke i tilbydarar av slike tenester. Framveksten av desse tenestene aukar behovet for kunnskap om effekten av Inn på tunet-tilbod og hindringar og moglegheiter innanfor næringa.

Regjeringa har som mål å auke kunnskapen om bedrifts- og samfunnsøkonomiske vinningar av Inn på tunet-tenester i 2010. Det er òg viktig med forsking på vellykka samarbeidsløysingar i næringa, modeller for undervisningsopplegg på garden samt kunnskap om nye og innovative organisasjonsmodellar for slike tenester.

Miljø og ressursforvaltning

Regjeringa har som mål å auke kunnskapen og dokumentasjonen om foredling og genetisk variasjon.

Det er eit mål å redusere klimagassutsleppa frå landbruket. Det trengs derfor meir forsking om utsleppa frå sektoren og korleis desse kan reduserast, mellom anna kunnskap som aukar forståinga for karbonet og nitrogenet sitt omløp.

Det er eit mål å stoppe nedbygging av dyrka jord og oppretthalde norsk kulturlandskap. Det er derfor nødvendig med forsking på endringar i utbyggingsmønster og forholdet mellom langsiktig jordvern og utbyggingsinteresser.

Det er eit mål å redusere mengda av matavfall og finne miljøvennlege måtar å nytte avfallet på.

Det er eit mål å auke innanlands oppdrett av fisk i ferskvatn. Det er behov for å auke konkurranseevna og lønnsemda i norsk ferskvatnsoppdrettsnæring og redusere næringa sin påverknad på miljøet.

Landbruk og samfunn

Matvarekjedene har ein sentral rolle i forhold til kva slags matvarer som er tilgjengeleg for forbrukarane. Forsking på korleis desse kjedene påverkar tilbodet av matvarer til forbrukarane skal prioriterast. Forsking på korleis kjedene påverkar pris, både overfor bøndene og forbrukarane, skal òg prioriterast.

Problemstillingar som mattryggleik, sikker tilgang på mat og tilgang på sunn mat, krev samfunnsfagleg kompetanse. Det er eit mål at denne kompetansen skal vere meir tilgjengeleg og betre utnytta.

Forsking på korleis Noreg kan påverke og bli påverka av internasjonale handelsavtaler, EU sin felles landbrukspolitikk og internasjonale konkurranseforhold skal prioriterast. Det er eit mål at denne kunnskapen alltid skal vere oppdatert. Forskinga skal gjere at måla i landbrukspolitikken blir ivaretekne ved å synleggjere korleis Noreg best kan tilpasse seg internasjonale forhold gjennom aktiv politikk.

Det er eit mål at konflikten rundt beitedyr og rovvilt blir minst mogleg, og det trengst derfor meir kunnskap om korleis ein kan kombinere interessene til landbruket og utmarksnæringane på den eine sida og interessene for å oppretthalde rovdyrbestanden på den andre sida.

Post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

Noregs forskingsråd har ansvar for tildeling av basisløyvingar over post 51 til følgjande fem forskingsinstitutt som Landbruks- og matdepartementet har sektoransvar for: Bioforsk, Norsk senter for bygdeforskning, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking, Norsk institutt for skog og landskap og Veterinærinstituttet. I tillegg får Nofima midlar i 2010 til strategiske forskingsprogram innanfor denne basisløyvinga.

Tidlegare AKVAFORSK, nå ein del av Nofima AS, er frå og med 2009 overført til Fiskeri- og kystdepartementet. Dette er nærmare omtalt i St.prp. nr. 1 (2008-2009) frå Fiskeri- og kystdepartementet.

Fleire av landbruks- og matforskingsinstitutta utfører oppgåver innanfor kunnskapsutvikling og beredskap på vegne av departementet, jf. kap. 1112, 1139 og 1141.

Mål og strategiar

Hovudoppgåvene for landbruks- og matforskingsinstitutta er å tilby bruksretta forsking til næringsliv og forvaltning. Dei skal òg vere reiskap i den offentlege forskingspolitikken for å utvikle kunnskap på nasjonalt prioriterte område i arbeidsdeling og konkurranse med universitets- og høgskolesektoren, og dei skal gjere forvaltningsretta oppgåver og spesialiserte tenester for det offentlege.

Grunnløyvingar og strategiske instituttprogram for dei fem institutta som Landbruks- og matdepartementet har sektoransvar for, er omtalt i budsjettframlegg 2010 nedanfor. Nofima er òg eit sentralt forskingsinstitutt og samarbeidspartnar for landbruks- og matnæringa i Noreg. Sjå Prop. 1 S (2009-2010) for Fiskeri- og kystdepartementet for nærmare omtale av instituttet.

Landbruks- og matforskingsinstitutta

Bioforsk, jf. kap. 1112 post 51 og 52

Bioforsk er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og eit nasjonalt forskingsinstitutt innanfor landbruk, matproduksjon, plantehelse, miljø og ressursforvaltning. Bioforsk har som mål å vere ein regional, nasjonal og internasjonal konkurransedyktig produsent av kunnskap, tenester og løysingar gjennom forsking og utviklingsarbeid. Instituttet skal medverke til auka innovasjon, betre miljøkvalitet, berekraftig ressursforvaltning og matproduksjon til nytte for næring, forbrukarar og samfunn.

Bioforsk skal i 2010 halde fram med å vidareutvikle dei fire hovudbeina i deira faglege plattform:

  • Næringsutvikling og verdiskaping innanfor landbruk og andre arealbaserte eller tilgrensande næringar

  • Miljøspørsmål, i første rekkje relatert til jord og vatn, men òg i høve til kulturlandskap og livsmiljø for menneske og husdyr

  • Berekraftig ressursforvaltning, i første rekkje knytt til jord, vatn, landskap og avfallsressursar, men òg i høve til biologisk/genetisk mangfald

  • Trygg mat, retta mot produktkvalitet, plantevern, dyrevelferd, produksjonspotensiale og beredskapsomsyn

Bioforsk skal aktivt bidra med kunnskap for å fremje verdiskaping og berekraftig utvikling i fleire sektorar, men med eit særskilt ansvar for verdiskaping og nyorientering i norsk landbruk i vid forstand. Andre sektorar relatert til mellom anna samferdsel, busetjing, industri, kommunalteknikk, turisme og friluftsliv representerar vekstområde under utvikling. Ut over det har instituttet eit ansvar for å ivareta og forvalte tradisjonar og kompetanse av historisk karakter og av langsiktig nasjonal verdi. Forvaltningsretta FoU er ein viktig del av verksemda.

Bioforsk skal ha ein klar profil i høve til lokalt og nasjonalt kunnskapsbehov og samtidig vidareutvikle og forsterke den internasjonale profilen og engasjementet sitt rundt klima- og miljøspørsmål og berekraftig forvaltning av naturressursar.

Norsk senter for bygdeforsking (Bygdeforskning)

Stiftelsen Bygdeforskning er eit nasjonalt forskingsinstitutt som skal gi fakta, analysar, idear og ny kunnskap som kan medverke til ei positiv utvikling på bygdene. Bygdeforskning har eit nasjonalt ansvar for å utvikle og ta vare på grunnleggjande forskingskompetanse innanfor bygdesosiologi og fleirfaglege bygdestudiar og fungere som eit godt synleg knutepunkt for internasjonal ruralsosiologi.

Bygdeforskning skal leggje vekt på samfunnsvitskapleg kunnskapsutvikling og formidling særleg innanfor felta a) bygdeliv og kultur, b) ressursforvaltning, kulturlandskap og miljøspørsmål, c) næringsutvikling og landbruk, inkludert levekår, arbeidsmiljø og helse og d) matproduksjon og forbruk.

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), jf. kap. 1141 post 50

NILF er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, med eit kunnskapsmiljø innanfor landbruks- og matvareøkonomi og forvaltning av landbruks- og matressursar. NILF tek òg oppdrag relatert til fiskeri- og havbrukssektoren, med særskilt vekt på handelspolitiske spørsmål. Forskingsverksemda til NILF tek utgangspunkt i skisserte mål og oppgåver for instituttet.

Føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og analyse av verdikjeda for matvarer skal framleis vere sentrale fagområde for NILF i 2010. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader og endringar i handelspolitiske rammevilkår, og konsekvensane av dette for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, vil vere aktuelle tema. NILF skal styrkje samfunnsperspektivet ved å sjå landbruks- og matsektoren i samband med fellesgode og heile verdikjeda for landbruksprodukt. Mellom anna skal instituttet medverke til auka kunnskap om samanhengen mellom landbruk, landbrukspolitiske mål og verkemiddel på den eine sida, og utslepp og opptak av klimagassar på den andre. Det trengs kunnskap om landbruket sine moglegheiter til å vere med på å løyse klimautfordringane i samfunnet. NILF skal òg medverke til auka kunnskap om skattlegging av landbruksverksemd og om entreprenørskap og næringsutvikling med basis i landbruksnæringa.

Norsk institutt for skog og landskap, jf. òg kap. 1141 post 52

Norsk institutt for skog og landskap er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Instituttet blei etablert 1.7.2006 ved samanslåing av Skogforsk og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS). Norsk institutt for skog og landskap er eit nasjonalt institutt for kunnskap om arealressursar. Forskinga ved instituttet skal dekkje behov for kunnskap om skog, jord, utmark og landskap. Forskinga dekkjer heile den skogbaserte verdikjeda frå genetikk og foredling, skogskjøtsel, driftsteknikk og logistikk, til treteknologi og økonomi.

Forskinga ved instituttet er i første rekkje ei vidareføring av skog- og miljøforskinga som Skogforsk tidlegare har utført, og etter kvart veks det òg fram forsking på område som arealbruk og landskap. I tillegg til løyvinga over denne posten, får instituttet midlar over kap. 1141 post 52. Ved etableringa av Norsk genressurssenter ved instituttet i 2007 er det lagt til rette for koordinert og styrkt aktivitet på genressursområdet.

Departementet legg særskilt vekt på områda berekraftig økonomisk utnytting av ressursane i skog og utmark og utvida analysar av dei komplekse, dynamiske og sårbare økosystema. Kompetansen innanfor dei meir tradisjonelle felta må tilpassast aktuelle problemstillingar, og det er viktig med god kontakt og samarbeid med mellom anna skognæringa. Dei faglege prioriteringane må generelt tilpassast moglegheitene for inntekter, noko som ber med seg at forholdet til eksisterande og nye kundar og brukarar må vidareutviklast. Samarbeid og arbeidsdeling med andre institusjonar, både her i landet og utanlands, er nødvendig. Det skal leggjast stor vekt på samarbeid med dei miljøretta forskingsinstitutta.

Veterinærinstituttet, jf. òg kap. 1112 post 50

Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og er eit nasjonalt forskingsinstitutt innanfor dyrehelse, dyrevelferd, fiskehelse og mattryggleik. Instituttet har som mål å vere ein nasjonal og internasjonal leverandør av kunnskap og kompetanse innan mattryggleik og helse og velferd hos dyr og fisk. Slik kunnskap er grunnlag for vedtak i forvaltninga og støtte til utvikling av ulike samfunnssektorar.

Instituttet skal særleg leggje vekt på forvaltningsretta forsking innanfor sine kjerneområde patologi, mikrobiologi, immunologi, kjemi, toksikologi og epidemiologi.

Endra klima- og miljøforhold vil krevje enda betre beredskap mot nye dyresjukdommar og zoonosar.

Veterinærinstituttet må prioritere forsking på diagnostiske, analytiske og epidemiologiske metodar, med sikte på å gi forvaltninga betre grunnlag for å kunne ta rette avgjersler. Vidare må instituttet leggje stor vekt på internasjonalt samarbeid og deltaking i internasjonale forskingsprosjekt, samt å ivareta arbeid knytt til blå/grøn sektor.

Resultatrapport 2008

Departementet har arbeidd med å utvikle eit system for mål- og resultatstyring, og ein del data ligg føre for 2008. Departementet vil i samarbeid med institutta arbeide vidare for å forbetre systemet og skaffe fram sikrare data.

Dei fem landbruks- og matforskingsinstitutta hadde samla eit positivt driftsresultat i åra 2004, 2007 og 2008, men hadde eit driftsunderskott i åra 2005 og 2006. Driftsinntektene har auka frå 659 mill. kroner i 2004 til 950 mill. kroner i 2008 (ekskl. finansinntekter og ekstraordinære inntekter). Institutta sine samla driftsinntekter kjem frå ulike kjelder, og det er store skilnader mellom institutta sin finansieringsstruktur.

I 2008 kanaliserte Noregs forskingsråd totalt 234 mill. kroner til dei fem institutta, ein auke frå 184 mill. kroner i 2004. Denne løyvinga, som del av dei totale driftsinntektene til institutta, har vist ein reduksjon i perioden, frå 28 pst. i 2004 til 25 pst. i 2008. Basisløyvingane (grunnløyving og strategiske instituttprogram) frå Noregs forskingsråd, som del av dei samla driftsinntektene, er òg redusert dei siste fem åra, frå 20 pst. i 2004 til 16 pst. i 2008.

Tabell 2.6 Oversikt over økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2008.

Driftsinntekter1

Driftsresultat

Grunnløyving

Løyving til strategiske instituttprogram

Basisløyving pr. forskarårsverk

Basisløyving i prosent av driftsinntektene

mill. kr

1 000 kr

mill. kr

mill. kr

1 000 kr

Prosent

Bioforsk

401,8

4 015

65,2

18,6

371

21 %

Bygdeforskning

22,9

879

3,3

4,1

481

32 %

NILF

47,3

465

6,1

2,1

235

17 %

Norsk institutt for skog og landskap

190,4

462

25,3

10,1

589

19 %

Veterinærinstituttet

288,1

- 549

11,1

5,2

113

6 %

Sum

950,5

5 272

111,1

40,1

Gjennomsnitt

315

16%

1 Samla inntekter eksklusive finansinntekter og ekstraordinære inntekter.

Institutta har i 2008 hatt oppdragsinntekter frå offentleg forvaltning på om lag 132 mill. kroner, frå næringslivet på om lag 117 mill. kroner og frå utlandet på knappe 21 mill. kroner. Inntekter frå offentleg forvaltning og inntekter frå utlandet, som del av dei samla driftsinntektene utanom basisløyvingane og løyvingar til nasjonale oppgåver og forvaltningsretta oppgåver, har vist ei auke i perioden 2004 til 2008. Det er ein svak nedgang i inntekter frå næringslivet i perioden. Landbruks- og matdepartementet vil saman med Noregs forskingsråd følgje nøye med på utviklinga framover.

For ein fullstendig oversikt over nøkkeltal for dei nettobudsjetterte verksemdene for 2008, basert på kontantprinsippet, vises det til Del III.

Tabell 2.7 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2008.

Samla årsverk

Forskarårsverk i prosent av samla årsverk

Tilsette med dr. grad pr. forskarårsverk

Talet på vit. publikasjonar

Publikasjonspoeng pr. forskarårsverk

Tal

Prosent

Forh. tal

Forh. tal

Bioforsk

400

57 %

0,54

113

0,39

Bygdeforskning

20

77 %

0,72

25

1,16

NILF

63

56 %

0,37

12

0,22

Norsk institutt for skog og landskap

204

30 %

0,85

46

0,47

Veterinærinstituttet

336

43 %

0,63

95

0,45

Sum

1023

291

Gjennomsnitt

47 %

0,60

0,43

Personalressursane utgjorde i 2008 1 023 årsverk, ein auke på 122 frå 2004. 47 pst. er klassifisert som forskarårsverk. Dette er ein auke frå 43 pst. i 2004. Om lag 60 pst. av forskarane har doktorgrad. Delen av kvinnelege forskarar har auka frå 36 pst. i 2004 til 42 pst. i 2008. I alt 62 doktorgradsstipendiatar hadde arbeidsplass ved institutta i 2008, av desse var 40 kvinner. Det blei avlagt 19 doktorgradar der tilsette ved institutta var rettleiar for stipendiaten, av desse var 12 kvinner.

I dialogen med institutta har Noregs forskingsråd fokusert på publisering i internasjonale tidsskrift. Fleire av institutta har innført ulike incentivordningar for å fremje internasjonal publisering. Rapporteringa av vitskapeleg publisering er endra frå 2007, og tal frå tidlegare år kan ikkje samanliknast direkte. Det blir no berekna publikasjonspoeng. Dei fem landbruksinstitutta hadde eit snitt på 0,43 publikasjonspoeng pr. forskarårsverk i 2008, medan talet var 0,47 i 2007.

Bioforsk

Den positive utviklinga frå dei siste åra er ført vidare i 2008, og Bioforsk hadde i 2008 eit positivt driftsresultat på 4 mill. kroner. Instituttet har i 2008 nytta 83,9 mill. kroner i basisløyving frå Noregs forskingsråd. Dette er ein auke på 6,1 mill. kroner frå 2007. Basisløyvinga har i heile perioden 2004-2008 vore på mellom 20 og 22 pst. av dei samla driftsinntektene. Talet på årsverk ved instituttet var i 2008 400, ein nedgang på 53 frå 2004. Talet på forskarar som del av det totale talet på årsverk var 57 pst. i 2008, medan det i 2004 var 45 pst. Bioforsk hadde i 2008 åtte strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd. Av desse var to nye i 2008 og eitt blei avslutta i 2008.

Norsk senter for bygdeforsking (Bygdeforskning)

Etter arbeid med omstilling og eit mindre driftsunderskott i 2007, var resultatet i 2008 igjen positivt. Basisløyvinga frå Noregs forskingsråd var på 7,4 mill. kroner i 2008, ein nedgang på 0,6 mill. kroner frå 2007. Basisløyvinga har i perioden 2004-2007 variert mellom 36 og 41 pst. av dei samla driftsinntektene til instituttet, men var i 2008 på 32 pst. Talet på årsverk ved instituttet var 20 i 2008, det same som i 2004, etter at talet på årsverk i åra 2005-2007 var 22. Talet på forskarar som del av det totale talet på årsverk var 77 pst. i 2008, medan det i 2004 var 79 pst. Bygdeforsking hadde i 2008 to strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)

NILF har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 2004-2008. Basisløyvinga frå Noregs forskingsråd var på 8,2 mill. kroner i 2008, ein nedgang på 1 mill. kroner frå 2007. NILF har lagt stor vekt på å nytte basisløyvinga til forskarutdanning, kompetanseutvikling, nettverksbygging og meritterande forsking. Basisløyvinga har i perioden 2004-2008 gått ned frå 21 pst. av samla driftsinntekter i 2004 til 17 pst. i 2008. Talet på årsverk ved instituttet var 63 i 2008 medan det i 2004 var 65. Talet på forskarar som del av det totale talet på årsverk var 56 pst. i 2008, medan det i 2004 var 79 pst. NILF hadde i 2008 tre strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd. Av desse var eitt nytt i 2008 og eitt blei avslutta i 2008.

Norsk institutt for skog og landskap

Norsk institutt for skog og landskap har vore gjennom ein fase med etablering og hadde driftsunderskott i 2007. Det siste året har utviklinga vore positiv og det var eit driftsoverskott på 0,5 mill. kroner for 2008. Instituttet nytta ei basisfinansiering på 35,4 mill. kroner frå Noregs forskingsråd i 2008, ein auke på 3,3 mill. kroner frå 2007. Basisløyvinga til Norsk institutt for skog og landskap i 2008 utgjorde om lag 19 pst. av dei samla driftsinntektene, same del som i 2007. Talet på årsverk ved instituttet var i 2008 på 204, ein auke på 2 frå 2007. Talet på forskarar som del av det totale talet på årsverk var 60 pst. i 2008, medan det i 2007 var 63 pst. Norsk institutt for skog og landskap har i 2008 hatt fem strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd. Av desse var to nye i 2008 og eitt blei avslutta i 2008.

Veterinærinstituttet

Basisløyvinga frå Noregs forskingsråd blir brukt til langsiktig oppbygging og vedlikehald av den vitskaplege kompetansen ved instituttet. Instituttet nytta ei basisfinansiering på 16,3 mill. kroner frå Noregs forskingsråd i 2008, som er same ramme som i 2006. I 2007 nytta instituttet ei basisløyving på 19,5 mill. kroner grunna høg aktivitet i strategiske instituttprogram. Basisløyvinga frå Noregs forskingsråd utgjer ein liten del av dei totale driftsinntektene til instituttet, og har vore på 6-8 pst. i perioden 2004-2008. Talet på årsverk ved instituttet har auka frå 266 i 2004 til 336 i 2008. Talet på forskarar i høve til totale årsverk har auka frå 33 til 43 pst. i perioden. Veterinærinstituttet har i 2008 hatt fire strategiske instituttprogram som ein del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd. Av desse var eitt nytt i 2008 og eitt blei avslutta i 2008. Eitt av dei strategiske instituttprogramma er innanfor sektoren til Fiskeri- og kystdepartementet.

Budsjettframlegg 2010

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 181,1 mill. kroner som basisløyving til forskingsinstitutt, fordelt på grunnløyving og strategiske instituttprogram, med meir. Ut over dei 5 institutta som departementet har sektoransvar for, får òg Nofima midlar til strategiske instituttprogram i 2010 innanfor denne løyvinga. Nofima Mat er eit viktig institutt for utvikling av norsk mat- og næringsmiddelproduksjon, og skal i denne samanheng leggje stor vekt på synergiar mellom grøn og blå sektor.

Basisløyvingar til forskingsinstitutt

Det er innført eit nytt basisfinansieringssystem for instituttsektoren frå og med 2009. Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet er felles ansvarleg departement for grunnløyvingane til primærnæringsarenaen. Ei felles finansiering og oppfølging krev ei budsjettmessig lik handtering av primærnæringsarenaen frå dei ansvarlege departementa. Den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta består av grunnløyving og strategiske løyvingar. Grunnløyvinga består av ein fast del og ein resultatbasert del. Ein del av grunnløyvinga skal fordelast etter resultatindikatorane vitskapeleg publisering, samarbeid med universitet og høgskolar (avlagte doktorgradar og bistillingar), internasjonale inntekter, inntekter frå Noregs forskingsråd og nasjonale oppdragsinntekter. Alle indikatorane skal bli vekta mot ein relevanskomponent som består av summen av internasjonale inntekter, forskingsrådsinntekter og nasjonale oppdragsinntekter som del av samla forskingsinntekter ved institutta (ekskl. finansinntekter).

Berre nye midlar blei fordelt etter resultat i 2009. Frå 2010 skal delar av eksisterande grunnløyving bli omfordelt etter oppnådde resultat, og regjeringa tok sikte på ei omfordeling på 10 pst. av grunnløyvinga dette året. Når det gjaldt primærnæringsarenaen tok regjeringa atterhald om å vurdere verknadene etter det første året før nivået på omfordeling av eksisterande grunnløyving blei fastsett. Basert på ei vurdering av verknadene etter det første året, vil 2,5 pst. av grunnløyvingsramma for primærnæringsinstitutta nyttast til resultatbasert omfordeling i 2010. Dette er nødvendig for å gi institutta meir tid til å omstille seg til det nye systemet. Omfordelingsdelen vil bli vurdert på nytt i 2011. Landbruks- og matdepartementet set av 163,350 mill. kroner til basisløyving innanfor primærnæringsarenaen for 2010.

Inntil 30 pst. av basisløyvinga på fordelingsarenaen for primærnæringsinstitutta skal nyttast til strategiske instituttløyvingar for å ivareta langsiktig kompetanseheving og kunnskapsoppbygging ved institutta på område av spesiell interesse for sektoren. Kontraktar om strategiske instituttprogram som institutta har inngått skal i hovudsak gå som avtalt òg etter overgang til ny basisfinansieringsordning. Nye strategiske satsingar kan først lysast ut når alle institutta på arenaen har avslutta dei vesentlegaste kontraktane om strategisk instituttprogram frå den tidlegare ordninga, dvs. tidlegast frå 2011. Som hovudregel skal dei strategiske løyvingane lysast ut i regi av Noregs forskingsråd. Berre unntaksvis, og når faglege vurderingar tilseier at berre eitt institutt kan ta på seg oppdraget, kan sektordepartementa tildele midlar direkte til eit institutt.

Nasjonalt samarbeid og arbeidsdeling mellom dei landbruks- og matvitskaplege forskingsinstitusjonane er ein føresetnad for rasjonell utnytting av ressursane. Departementet føreset at institusjonane framleis legg stor vekt på auka samarbeid seg imellom.

Forsking og auka kunnskap er sentrale, både for næringsutvikling og for forvaltning av naturressursane i fjellregionane i Noreg. Departementet vil følgje opp St.meld. nr. 25 (2008-2009) Lokal vekstkraft og framtidstru Om distrikts- og regionalpolitikken og bidra til at Bioforsk vidareutviklar kompetansen i avdelinga ved Løken i Valdres i tråd med fjellbygdene sine behov. Bioforsk skal nytte midlar til strategisk posisjoneringsarbeid og kompetanseutvikling.

Løyvinga fordelt mellom grunnløyving, strategiske instituttprogram m.m.

Grunnløyvingar til forskingsinstitutt

Grunnløyvingane skal gå til aktivitetar som er sentrale for forskinga ved institutta, slik som langsiktig kompetanseutvikling, fagleg fornying, rekruttering, forsking innanfor institutta sine kjerneområde, vitskapleg utstyr, kvalitetssikring, nettverksbygging, publisering og formidling.

Strategiske instituttprogram

Noregs forskingsråd tildeler strategiske program til institutt og forskingsmiljø ved universitet og vitskaplege høgskolar innanfor Landbruks- og matdepartementet sitt sektoransvar. Målet er å skape forskingsmiljø av høg kvalitet gjennom målretta grunnleggjande forsking, brukarretta forsking og kompetanseoppbygging, slik at dei kan utvikle seg til gode reiskap for forsking, forvaltning og næringsliv innanfor sektoren. Programma skal føre til fagleg styrking og spesialisering innanfor område som er aktuelle for næringsutvikling. Forskarutdanning skal vere eit sentralt element i programma. Gjennom strategiske program kan ein medverke til ei god arbeidsdeling og eit godt samarbeid mellom FoU-miljøa med sikte på arbeid på tvers av ulike fag- og institusjonsgrenser og betre utnytting av den samla spisskompetansen innanfor landbruks- og matforskinga.

Dei strategiske programma skal brukast til å utvikle kompetanse innanfor prioriterte forskingsfelt og felt der det er behov for rekruttering, og til å etablere og vidareutvikle faglege tyngdepunkt.

Det er vidare sett av midlar til medlemskap i Nordiske jordbruksforskarar si foreining (NJF). NJF er eit forum for personar som er knytt til landbruksvitskapleg forsking, undervisning og rettleiing i Norden. Målet er å fremje jordbruksforskinga og formidle resultata gjennom utvikling av samarbeid mellom jordbruksforskarar i Norden.

Post 52 Omstillingsmidlar Bioforsk

Bioforsk blei etablert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter frå 1.1.2006. Den utarbeidde omstillingsplanen dokumenterte trong for ei rekkje tiltak for å skape balanse mellom inntekter og utgifter i åra framover.

Mål og strategiar

I tråd med Stortinget sitt vedtak ved behandlinga av etableringa, vil hovudtiltaka vere:

  • effektivisering ved at talet på årsverk blir redusert med i underkant av 10 pst., faktureringsgraden auka med 5 pst., utnytting av IT blir betra og fellestenester blir samordna i større grad

  • samlokalisering ved å flytte FoU-verksemd og leggje ned einingar

  • betre utnytting av infrastrukturen

  • ekstern bistand til omstilling for å redusere driftskostnader og bidra med ei reell effektivisering i tillegg til årsverkreduksjonen

Resultatrapport 2008

Talet på årsverk er dei tre fyrste åra i omstillingsperioden redusert med 33, noko som svarar til i overkant av 8 pst. av totalt tal årsverk. I dag er det ei større utfordring å skaffe og behalde kompetent arbeidskraft enn å redusere den, og av den årsak er bemanninga auka med fire årsverk frå 2007 til 2008.

I 2008 var 3 personar på ventelønn mens 12 personar fikk sluttavtaler.

Faktureringsgraden aukar kvart år, men ein har framleis ikkje nådd målet om ein auke på fem pst. frå 2006. Utvikling av eigna IT-verktøy er gjennomført, men dette er ein kontinuerleg prosess som vil halde fram i åra framover.

Verksemda ved Kise er i 2008 flytt til Apelsvoll. Det blir arbeidd med sal av Kise, noko som har teke lang tid mellom anna grunna ei rekkje klausular knytt til jordeigedommen.

Sæter i Tynset blei lagt ut for sal hausten 2008, og salet blei gjennomført vinteren 2009.

Kvithamar i Stjørdal skal halde fram på same staden, men med ein redusert bygningsmasse tilpassa FoU-verksemda på staden. Det blir arbeidd med sal av delar av bygningsmassen.

Òg ved andre einingar er bygningar som ein ikkje treng i FoU-verksemda selde og noko areal er forpakta bort. Dette vil vere ein kontinuerleg prosess òg ut over omstillingsperioden.

FoU-verksemda ved Vågønes er i 2008 flytt til Mørkved og er dermed lokalisert saman med Høgskolen i Bodø og Nordlandsforskning. Framtidig bruk av eigedommen Vågønes er vurdert i samarbeid med lokale og regionale styresmakter og næringsinteresser, og det er mellom anna foreslått å etablere eit økologisk mjølkeproduksjonsbruk på Vågønes og Nordland fylke sin eigedom Bodin. Dette arbeidet blir følgt opp i 2009.

Styret i Bioforsk vedtok i 2008 at Løken i Austre Slidre framleis skal oppretthaldast som eigen eining med vekt på FoU for fjellregionen.

Budsjettframlegg 2010

Omstillingsperioden blir avslutta i 2009. Bioforsk sine plikter i forhold til omstillingsperioden er for 2010 og framover avgrensa til sluttavtaler i nokre fall til hausten 2011, og ventelønn i nokre fall til 2021.

Post 53 Omstillingsmidlar, instituttsektoren mv.

Landbruks- og matdepartementet har sterke areal- og funksjonsmessige interesser knytt til vedtaka i Innst. S. nr. 176 (2007-2008) Om framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskole. Dette er knytt til flytting av Veterinærinstituttet til Ås og felles lokalisering med det nye universitetet i Ås.

Flyttinga fører med seg store investeringar i infrastruktur. Det er i den samanheng nødvendig å sikre at ein samla får til mest mogleg funksjonelle lokalitetar og legg til rette for å utnytte potensialet for faglege og administrative synergiar med dei forskingsinstitutta som allereie er på Ås; Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Nofima. Landbruks- og matdepartementet har derfor initiert ein prosess med sikte på å vidareutvikle samarbeidet innanfor instituttsektoren på Campus Ås.

Husdyrproduksjon representerer store verdiar i landbruket, og forskings- og utviklingsaktivitet er avgjerande for ei vidareutvikling av desse produksjonane. Landbruks- og matdepartementet ønskjer i samarbeid med næringa og forskingsinstitusjonane, å bidra til å styrkje det driftsmessige grunnlaget for husdyrbesetningane på Campus Ås.

Landbruks- og matdepartementet legg opp til ei løyving på 4 mill. kroner kor ein del av løyvinga framleis blir sett av til å dekkje delar av Veterinærinstituttet sine kostnader i samband med flyttinga.

Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

1138

Støtte til organisasjonar m.m.:

26 617

27 591

28 320

2,6

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar:

36 757

34 410

35 584

3,4

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket:

105 587

110 574

118 112

6,8

1143

Statens landbruksforvaltning:

315 615

340 615

352 370

3,5

1144

Regionale og lokale tiltak i landbruket:

6 018

6 097

4 292

-29,6

1147

Reindriftsforvaltninga:

59 554

60 795

59 983

-1,3

1148

Naturskade - erstatningar og sikring:

119 176

97 000

87 000

-10,3

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket:

24 523

53 256

69 756

31,0

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.:

12 068 734

12 416 056

12 928 206

4,1

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen:

108 583

97 000

101 000

4,1

1161

Statskog SF - forvaltningsdrift:

22 726

23 226

23 969

3,2

Sum kategori 15.30

12 893 890

13 266 620

13 808 592

4,1

Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

4138

Støtte til organisasjonar m.m:

2 346

2 401

2 478

3,2

4143

Statens landbruksforvaltning:

41 571

33 480

34 551

3,2

4147

Reindriftsforvaltninga:

1 033

34

35

2,9

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.:

12 517

79 200

53 150

-32,9

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

837 240

764 552

731 143

-4,4

Sum kategori 15.30

894 707

879 667

821 357

-6,6

Mål og strategiar

Regjeringa sine ambisjonar for landbruks- og matpolitikken er nedfelte i Soria Moria-erklæringa. Hovudmålet er å halde ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig og klimariktig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar.

Landbruksverksemda og ressursane på landbrukseigedommane spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet og er berebjelken i mange bygder. Regjeringa har som mål å auke verdiskapinga for primærprodusentane og verksemder som vidareforedlar råvarer frå norsk landbruk. Landbruks- og matpolitikken skal medverke til eit meir miljøvennleg og langsiktig landbruk enn det reine marknadsløysingar ville ha gitt. Landbruket kan òg gi positive bidrag i arbeidet med å løyse klimautfordringane. Det er derfor eit mål å fremje og forsterke gode klimatiltak i landbruket.

Jordbruket sysselsette i 2007 om lag 60 000 årsverk. Matindustrien, eksklusive fiskevarer, hadde i 2007 ein produksjonsverdi på om lag 118 mrd. kroner og ei sysselsetjing på om lag 40 000 årsverk.

Skogbruket og skogindustrien sysselsette i 2007 i overkant av 25 000 årsverk. Skogindustrien hadde ein samla produksjonsverdi på om lag 47 mrd. kroner og eksporterte for om lag 14 mrd. kroner. Finansuroa og mellom anna redusert aktivitet i bygg- og anleggssektoren har det siste året ført til lågare aktivitet òg i skogbruket.

Næringsverksemd, ressursforvaltning og forvaltninga av fellesgode heng nært saman. Tiltak og verkemiddel omtalt i kat. 15.30 har verknad for mange av måla i landbruks- og matpolitikken. Måloppnåinga har grunnlag i ein brei verkemiddelbruk som for ein stor del er knytt til den årlege jordbruksavtalen. Skatte- og avgiftssystemet er òg viktig for næringsutvikling i jordbruket og næringsmiddelindustrien, i skogbruket og ved produksjon av bioenergi og for anna landbrukstilknytt næringsverksemd. Skatt og avgifter verker inn på produksjon og forbruk av varer og tenester basert på landbruket sine ressursar, noko som òg har konsekvensar for naturmiljøet og bruken av naturressursar. For ein samla omtale av skatte- og avgiftsopplegget for 2010, sjå Prop. 1 S (2009-2010) og Prop. 1 L (2009-2010) frå Finansdepartementet.

Kategoriomtalen er ordna etter delmåla og strategiane for landbruks- og matpolitikken i innleiinga til dette budsjettet. Delmåla omfattar klima og andre miljøspørsmål, eit aktivt landbruk over heile landet, sikker tilgang til nok og trygg mat, skogbruk og reindrift. Hovudstrategiar knytt til internasjonale rammevilkår for næringsverksemd, ein effektiv landbruks- og matforvaltning og forsking kjem i tillegg.

Prioriteringane for 2010 er òg basert på St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. Kategoriomtalen gir ein eigen omtale av hovudpunkta i denne meldinga, og under dette aktuelle tiltak som departementet vil følgje opp framover.

Departementet sine konkrete strategidokument for område som næringsutvikling, matpolitikk, forsking og miljø og berekraftig ressursforvaltning ligg òg til grunn for politikken.

Departementet peiker i det følgjande på hovudpunkta i dei politiske prioriteringane for 2010.

Sikre trygg mat

Produksjon av trygg mat med høg kvalitet er ein berebjelke i landbruks- og matpolitikken. Ei god dyre- og plantehelse, samt god velferd for dyra, er heilt sentrale element. Andre viktige forbrukaromsyn omfattar kvalitet, ærleg omsetning og mangfald i marknaden. Forbrukaromsyn er viktige langs heile produksjonskjeda, og forbrukarane viser aukande interesse for korleis maten blir produsert, foredla og omsett. Interessa for ulike matspesialitetar aukar òg sterkt.

Ei berekraftig og klimariktig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet

Klimautfordringa står fram som ei av dei største utfordringane i vår tid. Alle sektorar må hjelpe til å redusere utsleppa av klimagassar. Landbruket arbeider i stor grad på naturen sine premissar og kan bli meir påverka av eit varmare klima enn mange andre næringar. Regjeringa legg St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen til grunn for vidare oppfølging av klimatiltak i landbrukspolitikken. Meldinga gir ein brei og grundig gjennomgang av klimautfordringane og landbruket. Alt frå reduksjon av utslepp og forsterking av positive klimabidrag frå landbruket til beredskap for nye plante- og dyresjukdommar og anna tilpassing av landbruket er behandla i meldinga. Meldinga viser tiltak som reduserer utsleppa av klimagassar i landbruket med minst 1,1 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2020.

Departementet sin miljøstrategi for perioden 2008-2015, som blei lagt fram hausten 2008, er eit anna viktig grunnlag for miljøarbeidet. Strategien gir ein oversikt over den miljøinnsatsen departementet gjer. Den legg vekt på å sikre positive miljøbidrag og innarbeide miljøomsyn i den samla landbruks- og matpolitikken. Ut over klimatiltaka, er miljøarbeidet knytt til matproduksjon, jordvern, kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne, genetiske ressursar, forureining frå landbruket, økologisk landbruk, bioenergi, bruk av tre og treprodukt, tilrettelegging for opplevingar og friluftsliv. God miljø- og ressursforvaltning skal gi grunnlag for nye næringar og medverke til å skape attraktive buplassar på bygdene. Strategien legg òg til grunn at landbrukssektoren kan vere med å løyse miljøoppgåver i samarbeid med andre sektorar.

Berekraftig skogbruk som grunnlag for auka verdiskaping gjennom trebruk, bioenergi og utmarksnæring

Noreg har rike skogressursar av høg kvalitet. Skogbruk og vidareforedling av tre er viktige distriktsnæringar, og auka bruk av tre og bioenergi er viktig for å nå måla i både miljø- og distriktspolitikken, jf. òg skogomtalen og avsnittet om landbruk og klima.

Skogane er samtidig av dei viktigaste økosystema våre og leveområde for ei mengd planter og dyr, nokre av dei trua eller sårbare. Skogressursane må forvaltast berekraftig slik at viktige miljøverdiar blir tekne vare på samtidig som ressursane blir tekne i bruk for auka aktivitet og verdiskaping til nytte både lokalt og nasjonalt.

Til utmarka høyrer òg ressursar som vilt- og innlandsfisk, som for ein stor del blir forvalta av eigarane av landbrukseigedommane. Det er godt mogleg å auke den nærings- og rekreasjonsmessige utnyttinga av utmarksareala, elvene og dei tusentals fiskevatna rundt omkring i landet, noko som kan gi grunnlag for aktivitet, verdiskaping og busetjing i distrikta. Ein viktig føresetnad for å få dette til er at ein sikrar ei berekraftig forvaltning av vilt- og fiskeressursane og utviklar samarbeid og meir velfungerande verdikjeder for produkt mellom anna frå vilt og fiske.

Eit aktivt landbruk som medverkar til sysselsetjing og busetjing over heile landet og som gir grunnlag for auka verdiskaping gjennom ny næringsverksemd

I St.meld. nr. 25 (2008-2009) Lokal vekstkraft og framtidstru blir regjeringa sitt distriktspolitiske løft ført vidare. Gjennom samspel med andre departement og aktiv deltaking frå landbruksforvaltninga i utviklingsprosessar lokalt og regionalt, vil Landbruks- og matdepartementet leggje til rette for at heile breidda av landbruket sine ressursar blir utnytta til beste for heile landet. Departementet vil stimulere til rekruttering i landbruket, styrkje verdiskapinga og innovasjonsevna i næringa og halde fram med å leggje til rette for utvikling av nye næringar i landbruket.

Det er om lag 188 000 landbrukseigedommar i Noreg (tal frå 2008). Desse eigedommane har samla sett store naturressursar og er viktige for busetjing, næringsutvikling og sysselsetjing i distrikta. Det er viktig at eigedommane og ressursane blir utnytta slik at busetjinga blir halde oppe eller auka. Politikken skal støtte opp under familielandbruket, og samtidig leggje til rette for dei som vil bu på eit gardsbruk, men hente inntekta si frå anna verksemd. Gode samarbeidsløysingar i produksjonen er sentralt for å skapa gode produsentmiljø. Frå 1. juli 2009 er det òg fastsett ei rekkje endringar i odelslova, jordlova og konsesjonslova. Endringane fører til store forenklingar i lovverket. Dei fleste endringane gjeld reglar i odelslova, som blir modernisert. Lovendringane legg nye rammer for ein samla politikk for auka aktivitet og busetjing i distrikta.

Nasjonal matforsyning, ein konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande og berekraftig produksjon av varer og tenester

Stortinget har sett som mål at det norske landbruket skal dekkje etterspurnaden etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. Det aller meste av jordbruksareala i Noreg blir nytta til produksjon av gras og korn, og det er desse produksjonane som legg grunnlaget for dei største delane av verdiskapinga. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane, samtidig som matvareindustrien må få råvareprisar som er med på å trygge konkurransekrafta.

Landbruks- og matpolitikken legg vekt på evne til nyskaping og høgt kvalitetsnivå på varer og tenester for å sikre god konkurranseevne og marknadstilgang for landbruks- og distriktsnæringane. Innovasjon i landbruket er ein føresetnad for auka mangfald og lønnsemd i produksjonen av varer og tenester frå sektoren. Departementet vil føre ein kunnskapsbasert innovasjonspolitikk som tek utgangspunkt i regionale fortrinn og moglegheiter.

Ei livskraftig reindriftsnæring

Målet for reindriftspolitikken er å få ei reindrift som er økonomisk, økologisk og kulturelt berekraftig. For at reindrifta òg framover skal vere eit fundament for samisk kultur, må den bli verdsett og forvalta som ei næring med økonomisk verdiskaping og effektiv produksjon. Departementet vil prioritere ei slik utvikling av reindrifta.

Om hovudstrategiane

Internasjonale rammevilkår for næringsverksemd

Internasjonale avtaler og prosessar legg rammer for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde. For landbruket er forhandlingane om ei ny avtale i Verdas handelsorganisasjon (WTO) særleg viktige. Regjeringa si overordna målsetjing for forhandlingane på landbruksområdet er å sikre at det òg i framtida vil vere rom for å føre ein nasjonal landbrukspolitikk, noko som gjer det mogleg å oppretthalde eit levedyktig landbruk over heile landet. Nasjonal produksjon vil vere avgjerande av omsyn til levande bygder, mattryggleik og kulturlandskapet. I forhandlingane skal det òg takast omsyn til særlege behov i u-landa.

Landbrukspolitikken inngår ikkje i EØS-avtalen med unntak av dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Etter artikkel 19 i avtalen skal partane kvart anna år gå gjennom moglegheitene for auka handel med landbruksvarer, men då innanfor ramma av partane sin landbrukspolitikk. Forhandlingar om auka handel har vore i gang sidan 2006. Protokoll 3 i avtalen regulerer handelen med foredla landbruksvarer. Innanfor EFTA-samarbeidet har Noreg òg inngått ei rekkje frihandelsavtaler der landbruk inngår. I det seinare er det starta forhandlingar med mellom anna Kina, India og Ukraina.

FN sitt skogforum og samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE) er viktige prosessar for utviklinga av skogpolitikken i Noreg.

Departementet legg stor vekt på det nordiske samarbeidet. Felles prioriteringar i dei nordiske landa gir eit grunnlag for å fremje felles nordiske interesser i andre internasjonale samanhenger. Innanfor dei nordiske statsministrane sitt initiativ om globalisering, har ministerrådet for jordbruk, skogbruk, fiskeri og mat blitt bede om å utvikle eit 3-årig prosjekt om konsekvensar for primærnæringane av klimaendringar. I tillegg har ministerrådet arbeidd med politiske samarbeidstema knytt til genressursforvaltning, ny nordisk mat, skogens lokale verdi, klimatiltak i skogbruket og auka satsing på bioenergi. Det nordiske samarbeidet om drifting av Nordisk Genressurssenter (NordGen), jf. avsnitt om biologisk mangfald og genetiske ressursar, er ei stor oppgåve.

Det er eit mål for regjeringa å vidareføre Noreg si rolle som brubyggjar innanfor det internasjonale samarbeidet om genressursar i FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og i Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD). Det vil særleg bli lagt vekt på den vidare profileringa av Svalbard globale frøhvelv.

Internasjonalt har FAO ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle landbruket og betre matvaresituasjonen i verda. OECD vil i arbeidet sitt prioritere opp analysar av den globale matforsyninga og samanhengen mellom klima og matproduksjon.

Ei samfunnsaktiv og effektiv landbruks- og matforvaltning

Departementet vil framleis leggje til rette for ei effektiv landbruks- og matforvaltning som er best mogleg tilpassa innbyggjarane og næringsverksemdene sine behov, der ein òg ser moglegheitene for ei god kopling mellom landbruk og anna samfunns- og næringsutviklingsarbeid.

På regionalt og lokalt nivå er Fylkesmannen, Innovasjon Norge, fylkeskommunane og kommunane Landbruks- og matdepartementet sine viktigaste samarbeidspartnarar for oppfølging av nasjonal landbruks- og matpolitikk. Samarbeid på landbruks- og matområdet i dei regionale og lokale partnarskapa er avgjerande for ei effektiv forvaltning og for at landbrukssektoren skal bli ein integrert del av anna samfunns- og næringsutviklingsarbeid. Gjennom verkemidla for regional innovasjon (VRI), regionale forskingsfond, det tverrdepartementale prosjektet Kommunene som førstelinje for næringsutvikling, fylkeskommunane sitt utvida ansvar på landbruksområdet og inkubatorar for mat- og naturbaserte næringar får dei lokale og regionale partnarskapa utvida rammer og verkemiddel i sitt arbeid. Departementet har derfor klare forventningar til partnarskapa i høve til gjennomføringa av mat- og landbrukspolitikken.

Kat. 15.00 gir ei nærmare oversikt over landbruks- og matforvaltninga.

Forskingsinnsats av internasjonal kvalitet som fremjar ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med høg tillit i samfunnet

Departementet vil leggje til rette for forsking og utvikling med sikte på auka konkurranseevne i heile landbruks- og matsektoren. Dette skal skje i eit nært samarbeid mellom næringsaktørar, forskingsmiljø, verkemiddelaktørar og forvaltning sentralt og regionalt. For å auke produksjonen av næringsrelevant kunnskap vil departementet stimulere til større deltaking i og medfinansiering av forsking frå næringslivet. Departementet sin politikk for forsking og innovasjon er nærmare omtalt i kat. 15.20 Forsking og innovasjon.

Gjennomføring av politikken

Landbruk og klima

Klimaet er i endring – samtidig treng verda meir mat

Verda står overfor ein dramatisk situasjon. Utsleppa av klimagassar fører til global oppvarming og eit varmare klima. FNs klimapanel har i ein serie rapportar lagt fram dokumentasjon som viser dette.

Samtidig er sikker tilgang til nok og trygg mat trua i delar av verda. Folketalet aukar i store delar av verda. I 2050 kan det vere ni milliardar menneske på jorda – då må ein produsere dobbelt så mykje mat som i dag for å avgrense svolt og naud. Òg i Noreg er det nødvendig med ein streng jordvernpolitikk som tek vare på dyrka og dyrkbar mark og gir grunnlag for å utnytte dei produksjonsressursane landet har.

FAO har i 2009 lagt fram tal som viser at ein kombinasjon av finanskrise, lågare inntekt, aukande arbeidsløyse og stadig relativt høge prisar på mat har ført nye 100 millionar menneske over i svolt og fattigdom. I 2009 vil truleg over ein milliard menneske gå svoltne kvar dag. Tilgang til nok mat og vatn er blant dei mest grunnleggjande behova våre, og er derfor avgjerande for å få til utvikling og løyse klimautfordringa. Dette er hovudårsaka til at Noreg arbeider for at sikker tilgang til nok og trygg mat no blir drøfta og blir ein viktig del av oppfølginga av klimatoppmøtet i København i desember 2009, og at Noreg vil auke bistanden til landbruket i utviklingsland gjennom bilaterale og multilaterale tiltak.

Det er ikkje mogleg å produsere mat utan utslepp av klimagassar. Ein må vente at utsleppa kan auke med aukande behov for mat. Samtidig må landbruket òg ta ansvar og redusere utslepp der det er mogleg. Like viktig er det at landbruket med sine ressursar legg til rette for auka opptak av CO2 i skog og annan vegetasjon og for varig binding av karbon i jord og trevirke. Med dette kan landbruket vere med på å løyse klimautfordringa. Både FAO og FN sitt klimapanel har lagt vekt på det store potensialet for positive klimabidrag frå landbruket. Noreg er – som ein rik og velorganisert nasjon – godt rusta til å organisere og setje i verk klimatiltak som monnar.

St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen gir ein omfattande og grundig gjennomgang av moglege klimatiltak i landbruket. Med grunnlag i den kunnskapen som er framskaffa i samband med denne meldinga, vil departementet setje i verk fleire tiltak for reduksjon av utslepp, auka opptak av CO2 og binding av karbon.

Regjeringa vil mellom anna:

  • arbeide for at sikker og trygg matforsyning blir ein integrert del av oppfølginga av klimatoppmøtet i desember 2009

  • leggje til grunn ein offensiv og heilskapeleg tilnærming til skogspørsmål i internasjonale samanhenger

  • styrkje kunnskap og forbetre metodane som blir nytta i arbeidet med klimarapportering, med sikte på eit godt fundert klimagassregnskap for landbruket

  • forsterke den skogpolitiske verkmiddelbruken med sikte på auka opptak av CO2 og auka trebruk

  • redusere utsleppa frå jordbruket med minst 1,1 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2020

  • stimulere til auka berekraftig produksjon av bioenergi frå ressursane i landbruket

  • innan 2010 vurdere ulike verkemiddel for å utløyse det tekniske potensialet for reduksjon av klimagassar ved mellom anna biogassproduksjon

  • styrkje og vidareføre overvakings- og rapporteringsrutinar relatert til klima som grunnlag for vurdering av tiltak

  • leggje til rette for planteforedling og sortsutvikling med sikte på klimatilpassing og auka klimagevinstar

  • sikre at regelverk og tilsyn bidrar til å forhindre spreiing av plante- og dyresjukdommar

  • at Noreg skal vere blant dei leiande landa i arbeidet med kunnskapsproduksjon for eit klimatilpassa landbruk.

Landbruket i klimagassrekneskapen

Det er berekna at landbruket står for om lag ni pst. av Noregs utslepp av klimagassar, inkludert utslepp av CO2 frå bruk av fossile energikjelder. Utsleppa er i første rekkje knytt til husdyrhald, gjødsling og jordarbeiding. Landbruket står for om lag 50 pst. av utsleppa av metan og lystgass i Noreg. Med grunnlag i den klimagassrekneskapen som blir ført har jordbruket netto utslepp. Det har dei siste åra vore eit netto CO2-opptak på 25-32 millionar tonn CO2-ekvivalentar i norske skogar årleg. Dette utgjer i storleik om lag halvparten av dei samla, norske klimagassutsleppa (frå alle sektorar) kvart år. Samla sett gir altså landbruket positive klimabidrag. Departementet vil støtte forsking og utvikling av forbetra metodar som kan gi meir presise data for utslepp og opptak i landbruket og mellom anna opptak og binding i jord og uvisse om mengda lystgass. Budsjettet til Norsk institutt for skog og landskap blir med verknad frå 2010 styrkt med sikte på å utvikle instituttet si rolle og oppgåveløysing innanfor klimarapportering.

Reduserte utslepp frå jordbruket

I ein situasjon der mange i verda går svoltne er det viktig at Noreg tek ansvar for eigen matproduksjon. Den nasjonale produksjonen av mat er eit element i ein langsiktig forsyningsstrategi, og det er avgjerande for sikker tilgang til nok og trygg mat å oppretthalde produksjonsmoglegheitene på lang sikt. Det er nødvendig å ta eit overordna grep gjennom arealpolitikken og jordvernet for å sikre grunnlaget for matproduksjonen og samtidig redusere klimagassutsleppa. Departementet vil òg setje i verk konkrete tiltak som gir reduksjon i utsleppa. Tiltaka vil bli gjennomført i samsvar med dei måla for norsk landbrukspolitikk som Stortinget har sett.

St.meld. nr. 39 (2008-2009) presenterer tiltak i landbruket med eit potensial for reduksjonar på minst 1,1 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2020. Biogass er det tiltaket det er knytt størst potensial til; reduksjonen i utslepp kan bli om lag 500 000 tonn CO2. Departementet vil innan 2010 vurdere ulike verkemiddel for å løyse ut det tekniske potensialet ved blant anna produksjon av biogass. Samarbeid mellom aktørane vil her vere viktig. Ut over dette er det aktuelt med meir effektiv fôring og avl i storfe og sauehaldet. Det er òg mogleg å redusere utsleppa av lystgass som følgje av gjødsling gjennom meir presise system for mineralgjødsling og betre handtering av husdyrgjødsel. Departementet meiner vidare at det er nødvendig å redusere jordarbeidinga for å unngå at karbon blir frigjort. Fordi grøfting og nydyrking av myr er ei vesentleg kjelde til utslepp av klimagassar, vil departementet òg arbeide for å avgrense nydyrking av myr til eit minimum.

Gjennom jordbruksavtalen 2009 er arbeidet med å redusere utsleppa styrkt. Utviklingsprogrammet for klimatiltak bidrar til auka kompetanse om jordbruksutsleppa og moglegheitene for binding av karbon i jord. Vidare skal programmet bidra til informasjon til bønder og forvaltning om klima. Pilotprosjektet for betre utnytting av husdyrgjødsel blir utvida for 2010, og gjennom dei regionale miljøprogramma skal tilskott til endra jordarbeiding òg bidra til reduserte utslepp av CO2 frå jordbruksjord.

Regjeringa meiner det er eit mål å fase ut all bruk av fyringsolje til oppvarming i landbruket innan 2020. Vidare utvikling av departementet sitt bioenergiprogram, som Innovasjon Norge forvaltar, vil vere eit viktig verkemiddel for å nå dette målet. Gjennom jordbruksavtalen er avsetninga til skog og bioenergi foreslått auka med 25 mill. kroner til 218 mill. kroner for 2010.

Samarbeid i matverdikjeda kan redusere utsleppa

Departementet meiner det er svært viktig å utvikle ei miljø- og ressurseffektiv matverdikjede. Dette gir ein meir effektiv energibruk i sjølve produksjonen og foredlinga av matvarene, ved pakking og lagring (både på produksjonsstad og i butikk) og ved transport. Innkjøp, produktutvikling, marknad, sal og produksjonsplanlegging er sentrale element i matverdikjeda. Aktørane, frå primærprodusent og næringsmiddelindustri til daglegvarehandel og forbrukar, må ta ansvar for dei miljø- og ressursproblema som oppstår i matverdikjeda.

Vi kaster for mykje mat – mengda matavfall må ned

Sett i lys av matvaresituasjonen i verda er det eit ressursmessig, miljømessig og moralsk problem at det blir over ein million tonn matavfall igjen etter norske forbrukarar og næringsmiddelindustrien kvart år. Matavfall gir klimagassutslepp i heile matverdikjeda. Norske forbrukarar kaster 50 pst. meir mat og rester enn for ti år sidan. Det er grunn til å tru at ein stor del av dette er fullgod og trygg mat. I tillegg til tiltak for å halde oppe og auke produksjonen av mat i Noreg meiner departementet derfor at det òg må til tiltak som endrar forbrukarane sine haldningar og tiltak som sikrar at matavfallet blir nytta på ein kostnadseffektiv og klimavennleg måte (gjødsel, energiproduksjon og anna).

Skogen tek opp CO2 og gir råstoff til klimavennleg energi

Skogen tek opp store mengder CO2 og har ei viktig rolle i klimaarbeidet. Regjeringa har i meldinga vurdert tiltak som gjer det mogleg med auka CO2-opptak, varig lagring av karbon i treprodukt og tiltak der biomasse frå skogen erstattar mindre klimavennlege energiformer.

Meldinga viser kva som i eit langsiktig perspektiv skal til for at det positive klimabidraget frå skog og tre kan auke. Samanlikna med ei vidareføring av hogst og skogkultur som i dag, kan målretta tiltak gjere at CO2-opptaket blir om lag 10 millionar tonn høgare om 100 år. Føresetnaden for auka CO2-opptak på dette nivået eller høgare er at det blir drive aktivt skogbruk og at ein får til auka hogst opp mot 15 millionar kubikkmeter. Dette er i dagens situasjon, med blant anna finansuroa og redusert aktivitet i bygg og anlegg, ei utfordring. Aktiviteten i skogbruket er for tida låg, jf. omtalen av situasjonen i skogbruket under avsnittet om gjennomføring av politikken. På den andre sida vil det vere sterke drivkrefter i retning av omlegging av energibruken til meir energi- og klimavennlege løysingar. Det er derfor viktig å få utvikla balanserte verdikjeder der ressursar frå skogen blir nytta til produksjon av klimanøytral og fornybar energi i form av bioenergi. Råstoffpotensialet frå skogen til energiformål er på 16-25 TWh. Dette kan aukast ved å leggje til rette for betre tilkomst til areala og skogressursane.

Regjeringa sin bioenergistrategi legg opp til å sikre målretta og koordinert verkemiddelbruk for auka utbygging av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020. Dersom dette målet blir nådd, og tiltaket bidreg til å redusere tilsvarande energimengde frå fyringsolje, vil gevinsten teoretisk berekna vere opp mot 4,8 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Ein million kubikkmeter tømmer gir om lag 2,3 TWh energi. Overgang til meir bioenergi, der store delar av råstoffet blir teke frå landbruket og skogen, kan såleis medverke vesentleg til å oppfylle pliktene etter Kyoto-protokollen. Satsinga på bioenergi vil òg ha positive effektar for næringsutvikling i distrikta.

Teknologiutvikling vil på lengre sikt gjere det mogleg å lage bioetanol og syntetisk biodiesel frå trevirke, landbruksavfall og annan biomasse på ein kommersiell lønnsam måte, jf. òg omtale under kap. 1137.

Departementet viser til at verkemiddel som fremjar bioenergitiltak blir finansierte både over Olje- og energidepartementet og Landbruks- og matdepartementet sine budsjett. Det er utvikla eit samarbeid mellom Enova og Innovasjon Norge. Departementet meiner det er viktig å vidareutvikle samarbeidet i 2010 for å bidra til ei best mogleg utnytting av dei samla ressursane.

Departementet vil innanfor dei årlege budsjettrammene leggje til rette for planting av ny skog etter hogst, vurdere etablering av skog på nye areal, styrkje innsatsen i skogplanteforedlinga, og styrkje og utvikle tiltaka knytt til bioenergi og auka trebruk. Det kan òg vere aktuelt å prioritere midlar til gjødsling av skog.

I 2009 blei det opna for å gi tilskott til uttak av skogsvirke til bioenergi. Dette vil bidra til å nå målet om auka utbygginga av bioenergi med 14 TWh innan 2020. Departementet ser det som viktig at utbygging av små vasskraftverk gir auka lokal verdiskaping og sysselsetjing innanfor landbruket. Norges vassdrags- og energidirektorat har berekna det teoretiske restpotensialet for utbygging av små kraftverk til å vere 18 TWh. For å auke utbygginga av små vasskraftverk, og for at dette i størst mogleg grad skjer i regi av landbruket, vil departementet gi støtte til prosjekt i regi av aktørane i småkraftnæringa som tek sikte på mobilisering og kompetanseheving i næringa. Under dette kan bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar) i fylka nyttast til utgreiing og forprosjektering av moglege småkrafttiltak.

Beredskap – plante og dyresjukdommar

Klimaendringar aukar risikoen for at nye plante- og dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Forventa smittepress må møtast med god beredskap og førebyggjande tiltak. Friske dyr er grunnlaget for trygg mat og god dyrevelferd. God dyrehelse er ein viktig innsatsfaktor i husdyrhaldet, og blir i stadig sterkare grad akseptert som ein føresetnad for berekraftig ressursforvaltning og matforsyning, både nasjonalt og internasjonalt. Regjeringa har som mål å halde oppe den gode dyrehelsa som er resultat av systematisk arbeid gjennom mange år i både næring og forvaltning. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner i 2010 til styrkt innsats i Mattilsynet og Veterinærinstituttet i lys av nye utfordringar på dyrehelseområdet, mellom anna knytt til klimaendringar, sjå nærmare omtale i kat. 15.10. Departementet vil òg prioritere midlar til planteforedling og utvikling av sortar, med sikte på betre klimatilpassing. Det er eit særs langsiktig arbeid å prøve ut eller utvikle nye sortar til bruk i landbruket i Noreg.

Auka satsing på forsking, oppbygging og formidling av kunnskap.

Regjeringa meiner Noreg skal vere blant dei leiande landa i arbeidet med kunnskapsproduksjon for eit klimatilpassa landbruk. Departementet legg opp til ein auka og meir koordinert og målretta FoU-innsats. Departementet vil vidareutvikle det internasjonale forskingssamarbeidet. Auka kunnskap og informasjon kan leggje grunnlaget for val som reduserer utslepp av klimagassar. Kunnskapsarbeidet rundt bioenergi må òg omfatte andregenerasjon biodrivstoff. Det er vidare viktig å få meir kunnskap om karbonlagra i jord og skog, og vurdere tiltak for å tryggje og styrkje desse. Departementet vil òg leggje til rette for forsking innan trygg mat, sikker tilgang på mat og utnytting av dei moglegheitene som eit endra klima gir. Satsing på forsking for eit klimatilpassa landbruk er nærmare omtalt i kat. 15.20 og kap. 1137 post 50.

Jordbruks- og matpolitikk

Jordbruk

Regjeringa vil medverke til å oppretthalde levedyktige gardsbruk og mangfald i distrikta gjennom ein klarare distrikts- og strukturprofil, og til at heimemarknaden blir dekt med produkt vi har naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. For å nå dette målet er det viktig å få til ei inntektsutvikling i jordbruket på linje med andre grupper i samfunnet, og at politikken tek større omsyn til familiejordbruket og dei små og mellomstore jordbruksverksemdene, der jordbruksproduksjonen kan gi eit viktig bidrag til sysselsetjing og inntekt.

Gjennom fireårsperioden har regjeringa styrkt grunnlaget for eit aktivt jordbruk over heile landet. Det er særleg gjort ved å forbetre inntektsmoglegheitene vesentleg, spesielt i det grasbaserte husdyrhaldet som dominerer i distrikta. I jordbruksoppgjera er det lagt til rette for ein inntektsvekst frå 2006 til 2010 på om lag 73 000 kroner pr. årsverk. Anslaget gjeld med grunnlag i prognosar for den økonomiske utviklinga pr mai 2009. Dersom prognosane slår til, vil inntektene i jordbruket gå frå knappe 44 pst. av andre grupper til i overkant av 53 pst., ei forbetring på i underkant av 10 prosentpoeng.

Mjølk/storfe og sauehaldet har særleg blitt prioritert fordi desse sektorane har hatt underdekning med norsk produksjon. I sauehaldet er det lagt til rette for over 100 000 kroner pr. årsverk i inntektsauke for perioden 2006 til 2010. Eit typisk vestlandsbruk med frukt og sau kan få ein inntektsauke på 115 000 kroner pr. årsverk. Samtidig gir endringar i tilskottsregelverket ein betydeleg auke i inntektene for kombinasjonsbruk med mjølk og storfekjøttproduksjon.

I tillegg er løyvingane til distriktstilskotta auka. Strukturprofilen i tilskotta er auka, spesielt driftstilskottet og i tilskott til husdyr. Saman med betring av innfrakttilskotta gir det betre vilkår for distriktsjordbruket og for spreidd produksjon i ulik skala.

Kapitaltilgangen er forbetra. Ramma for bygdeutviklingsmidlane er utvida, det er gitt ei ekstraordinær investeringspakke på 150 mill. kroner for 2009 og ramma for lån med rentestøtte er utvida med 300 mill. kroner, nesten 50 pst., og det kan òg bli gitt rentestønad til lån til grøfting. Det har stor innverknad når mange føretak står overfor store investeringar, spesielt i bygningsmassen.

Det er innført ein ny marknadsordning for storfekjøtt innanfor rammene av WTO-avtalen, som gir grunnlag for større fleksibilitet i prisdanninga, samtidig som sentrale landbrukspolitiske omsyn, medrekna samvirkets rolle som marknadsregulator, er ivaretekne.

Miljø- og kulturlandskapsordningane er styrkt, både på nasjonalt og regionalt nivå. Tilskott til dyr på beite er auka med nesten 400 mill. kroner i perioden for å stimulere til auka beiting og opent kulturlandskap. I tillegg til dei generelle landsdekkjande ordningane er dei spissa ordningane på regionalt og kommunalt nivå forbetra og det er etablert eigne tiltak for særleg verdifulle kulturlandskap og forvaltning og skjøtsel i verdsarvområda.

Mykje av grunnlaget og verkemidla for jordbrukspolitikken blir meisla ut i jordbruksavtalen. Det blei i år inngått avtale med begge næringsorganisasjonane, jf. St.prp. nr. 75 (2008-2009). Avtalen fører vidare kursendringa i landbrukspolitikken og gir landbruket eit nødvendig inntektsløft.

Avtalen

  • aukar inntektene med 4 000 kroner pr. årsverk i 2009 og legg vidare til rette for ein inntektsauke på 24 000 kroner pr. årsverk (11,5 pst.) frå 2009 til 2010, med grunnlag i dei prognosane for produksjon, kostnader med vidare som gjaldt på det tidspunktet avtalen blei inngått. Samla gir avtalen grunnlag for ei nivåheving i inntektene på om lag 28 000 kroner pr. årsverk, inkludert verdien av jordbruksfrådraget

  • omdisponerer unytta midlar i 2009 utanfor ramma for avtalen, og omdisponerer midlar i budsjettet for 2009, i hovudsak til prisnedskriving til korn og til Landbrukets utviklingsfond

  • styrkjer inntektene i mjølkeproduksjonen ved at om lag 75 pst. av den auka løyvinga kjem mjølkeproduksjonen til gode

  • styrkjer det distrikts- og grasbaserte husdyrhaldet, ved at tilskotta det grasbaserte husdyrhaldet nyt godt av, aukar om lag like mykje som heile den auka løyvinga i 2010

  • tilfører Landbrukets utviklingsfond 200 mill. kroner frå den ekstraordinære investeringspakka og 73 mill. kroner i eingongsløyving av udisponerte midlar i 2009 (for 2010 aukar løyvinga med 90 mill. kroner)

  • satsar på å fremje rekruttering til landbruket gjennom ulike tiltak, mellom anna ved å auke ramma for lån med rentestønad med 300 mill. kroner pr. år frå 2009 og å gi ei auke i bedriftsretta bygdeutviklingsmidlar med 40 mill. kroner i 2010

  • aukar samla løyving til miljøtiltak med om lag 170 mill. kroner fordelt på nasjonalt miljøprogram, regionale miljøprogram og miljøverkemidlar over Landbrukets utviklingsfond

  • aukar tilskottet til avløysing ved ferie og fritid med 4,5 pst. og hevar maksimalbeløpet pr. føretak med 3 000 kroner

  • aukar dagsatsen i avløysing ved sjukdom frå 1 130 til 1 200 kroner.

Matpolitikk

Departementet har, saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet, ansvar for matpolitikken. Det viktigaste matpolitiske målet er å sikre trygg mat. Budsjettframlegget for Mattilsynet og løyvingane til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling med meir er omtalt under kat. 15.10.

I ein situasjon med auka konkurranse frå omverda, vil produksjon av trygge matvarer med høg kvalitet vere ein viktig konkurransefaktor for norsk matproduksjon og næringsmiddelindustri. Grunnlaget for trygg mat blir lagt i primærproduksjonen. Departementet er særleg oppteke av å sikre at innsatsvarer og primærproduksjonen slik at produkta kan fylle matpolitiske mål når det gjeld helse, miljø og forbrukaromsyn.

Sporing av mat i matkjeda er òg eit viktig tema. Noreg skal vere eit føregangsland innan elektronisk sporing av matvarer, mellom anna for å sikre auka verdiskaping, gi forbrukarane tilgang til meir og betre informasjon og leggje til rette for meir effektiv tilbaketrekking av eventuelle helsefarlege produkt på marknaden. Regjeringa gjennomfører eit samarbeidsprosjekt mellom næring og forvaltning med sikte på å etablere ein nasjonal elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon mellom dei ulike ledda i matkjeda. Sjå òg nærmare omtale under kat. 15.10.

Departementet har utarbeidd ein matpolitisk strategi som skal leggje til rette for ei styrking av heilskapen i landbruks- og matpolitikken. Det blir arbeidd med ein eigen strategi for mattryggleik i primærproduksjonen. Resultata av ein god og heilskapleg landbruks- og matpolitikk vil kjenneteiknast av auka verdiskaping blant produsentane og av at produksjonen tek vare på forbrukarane sine ønskje om trygg mat, kvalitet, mangfald og miljøvennleg produksjon.

Departementet legg vekt på å gi forbrukarane høve til å påverke politikkutforminga direkte. Forbrukarundersøkingar og innhenting av kunnskap om forbrukarhaldningar, mellom anna på nye møteplassar for dialog mellom produsentar, forbrukarar og styresmakter er viktig i dette arbeidet.

Økologisk jordbruk – produksjon og forbruk

Økologisk matproduksjon skal vere ein spydspiss i miljørettinga av jordbruket, og bidra til å auke mangfaldet i matvaresektoren. Regjeringa har, jf. Soria Moria-erklæringa, som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015.

Om lag 5,1 pst. av det samla jordbruksarealet blei ved utgangen av 2008 drive økologisk. Økologiske produkt utgjer i overkant av 1 pst. av total omsetning av matvarer i Noreg ved utgangen av 2008. Veksten i marknaden har vore større enn produksjonen. I 2008 auka òg omleggingstakta vesentleg samanlikna med dei siste tre åra. Løyvingane over jordbruksavtalen er derfor framleis særleg retta inn mot å auke den økologiske produksjonen. Auke i økologisk kornproduksjon er spesielt viktig. Den samla satsinga på økologisk produksjon over jordbruksavtalen i år, jf. St.prp. nr. 75 (2008-2009), er på om lag 171 mill. kroner. Det er òg sett av inntil 30 mill. kroner til ei tidsavgrensa kampanje for auka økologisk kornproduksjon fram mot 2011 og 2012.

Landbruks- og matdepartementet lanserte i 2009 handlingsplanen Økonomisk, agronomisk – økologisk! for å målrette utviklingsarbeidet med økologisk produksjon og forbruk. Eit grep er å stimulere område som kan dokumentere resultat gjennom å prioritere desse ved tildeling av prosjektmidlar. Som ein følgje av dette blir det i 2009 oppretta økologiske føregangsfylke som skal ta eit ansvar for utviklinga innan utvalte innsatsområde. Dette blir sett i samanheng med det toårige prosjektet Økoløft i kommunar, eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. I Økoløft i kommunar er det plukka ut til saman 52 deltakande kommunar som skal auke forbruket i kommunane av økologisk mat og å kople dette mot lokal produksjon.

Reindrift

Dei to sentrale verkemidla for å nå dei reindriftspolitiske måla er reindriftslova og reindriftsavtalen.

Etter at den nye reindriftslova tok til å gjelde frå 1. juli 2007 er reindrifta gitt eit større ansvar for berekraftig ressursforvaltning av reinbeiteområda. Distriktstyra skal ha utarbeidd bruksreglar og sett høgste reintal for reinbeitedistrikta sine innan 1. juli 2009. I løpet av driftsåret 2009/2010 vil bruksreglane bli behandla og få ei endeleg godkjenning i områdestyra. Reintalet blir endeleg godkjend av Reindriftsstyret. Reindriftstyresmaktene har fått utvida fullmakt til å følgje opp i dei tilfella det interne sjølvstyret ikkje fungerer og der omsynet til ressursgrunnlaget eller andre samfunnsinteresser gjer det nødvendig. Departementet ser dette som dei mest sentrale oppgåvene for reindriftsforvaltninga framover.

Det viktigaste målet i reindriftsavtalen er å stimulere næringa til å auke slakteuttaket og verdiskapinga. Reindriftsavtalen for 2009/2010 fører vidare dei produksjonsretta ordningane med nokre mindre justeringar. Blant anna er det innført ei særskilt ordning for Vest-Finnmark som inneber produksjonskrav med slakteuttak på minst 8 kg pr. rein i vårflokk. Dette vil omfatte alle siida-andeler i området, uavhengig av reintal. Det er vidare lagt vekt på å styrkje ordningar som skal bidra til at distrikta i størst mogleg grad prioriterer arbeidet med å utforme bruksreglar etter ny reindriftslov. Vidare er det nødvendig å få til ei god samordning mellom produksjons- og omsetningsledda i åra framover.

Departementet vil òg framover prioritere arbeidet med betre sikring av beiteareal for reindrift og forsvarleg forvaltning av beiteressursane. Samarbeidet med miljøvernstyresmaktene om å førebyggje og redusere tapa av rein til rovdyr vil bli vidareført og utvikla. Departementet legg òg stor vekt på å forbetre kunnskapsgrunnlaget for tilpassing av reindrifta til eit endra klima, sjå òg omtale i St.meld. nr. 39 (2008-2009).

Departementet har i arbeidet med å sikre reinbeiteareala styrkt det interdepartementale samarbeidet. Betre samhandling mellom departementa med ansvar for dei tiltak som har størst betyding for arealsituasjonen, gjer ei større grad av heilskap i dette arbeidet. Arbeidet starta opp i 2008, og det er halde fleire møter der sentrale spørsmål knytt til reindrifta sin arealsituasjon har vore tatt opp. Den konkrete oppfølginga ligg til det enkelte departement.

Skogbruk - grunnlag for verdiskaping og klima- og energigevinstar

Skogsektoren i Noreg omfattar skogbruk i alle delar av landet, større og mindre treindustri i dei fleste kommunane i landet og enkelte større, internasjonalt orienterte bedrifter som leverer system for bygg, produserer papir med vidare. Førstehandsverdien av det tømmeret som blir hogd og omsett ligg årleg omkring 3 mrd. kroner, noko som gir monalege ringverknader. Den samla produksjonsverdien frå skogsektoren var i 2007 på opp mot 44 mrd. kroner. Det er eit mål å auke verdiskapinga i alle delane av verdikjeda; frå skogbruksverksemda via transport og fram til foredling av trevirket til papir, brensle eller konstruksjonsvirke og anna

Handel med tømmer og treprodukt skjer stort sett i ein open verdsmarknad, i hovudsak utan skrankar for handel. Mange av bedriftene har internasjonale kontaktflater og blir påverka av endringane i råvare- og produktprisane, marknadsforholda, valuta- og rentenivå, tilgang til investeringskapital, sysselsetjing med vidare. Finansuroa slo tidleg ut i bygg- og anleggssektoren i Noreg og det er utsikter til at bygginga blir sterkt redusert framover ein periode. Dette gir konsekvensar for treindustri nasjonalt. I tillegg blir dei norske eksportretta bedriftene påverka negativt. På kort sikt vil lav etterspørsel og avsetning av treprodukt kunne gi redusert sysselsetjing i skogsektoren. Fleire entreprenørar i skogbruket har redusert verksemda si.

Skogen er eit grunnlag for busetjing og sysselsetjing i distrikta. Usikre framtidsutsikter og svak lønnsemd er eit dårleg utgangspunkt for auka aktivitet i skogbruket. Auka hogst kan forsterke opptaket av CO2 i skogen, føre til varig laging av karbon i treprodukt og bygg og gi råstoff til karbonnøytral energi. Skogen si viktige rolle i klimasamanheng er stadfesta i dei internasjonale klimaforhandlingane og den nasjonale klimapolitikken, jf. St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) er skogens rolle i klimasamanheng grundig drøfta, sjå omtale tidlegare i kategorien.

Sett i lys av at dei norske skogane er rikare på virke enn nokon gong tidlegare i moderne tid er det sentralt å få til ei god, langsiktig ressursforvaltning, der råstoff frå skogen gir klima- og energigevinstar. Den årlege tilveksten i dei norske skogane ligg mellom 25 og 30 millionar kubikkmeter, medan hogsten normalt har vore rundt 8-11 millionar kubikkmeter. På landsbasis er det mogleg å auke den årlege avverkinga frå dagens nivå til om lag 15 millionar kubikkmeter innanfor miljømessig forsvarlege rammer, om marknaden etterspør så store kvanta. Det er store regionale skilnader når det gjeld potensialet for avverking. Auka avverking krev meir hogst av lauvtre og furu i område med lågare økonomisk avkastingsevne, og mykje av den skogen som kan avverkast i dei nærmaste 40-50 åra ligg i område med manglande vegdekning og vanskelege driftsforhold, som til dømes i kyststrøka. Eit lønnsamt skogbruk og satsing på bioenergi er avhengig av ein god infrastruktur tilpassa moderne driftsutstyr.

Skogbruket i ulike delar av landet har både felles og særskilte utfordringar. Eit fellestrekk er at rekruttering av arbeidskraft, marknadsforhold og miljøspørsmål gir utfordringar for skogbruksnæringa, samtidig som det er regionale variasjonar. Det står etter kvart mykje skog i kyststrøka som snart kan haustast, men skogbruksverksemda i desse områda er enno svært småskala. Det er ei stor oppgåve å få til ein god vekst og utvikling av skogsektoren i desse områda. Tilgang til areala og skogressursane er ei særleg utfordring som krev løysingar der både næringa og det offentlege tek ansvar. Det er dette som ligg til grunn for at kystskogbruket blir prioritert i forvaltninga av verkemidla i skogpolitikken.

Regjeringa legg til grunn at verdiskapinga i skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål og den offensive skogpolitikken som blei gjeninnført frå 2007. Dei viktigaste verkemidla er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, bioenergiprogrammet og tiltak for auka bruk av tre.

Det er viktig med ei brei tilnærming og godt samarbeid mellom aktørane knytt til skogsektoren sentralt, regionalt og lokalt. Departementet ser positivt på dei ulike regionale prosessane der skogbruket, industrien og regionale og lokale styresmakter blir knytte saman i felles satsingar på skogbruk og bioenergi.

Skogen er òg leveområde for mange arter, rik på kulturminne og viktig for friluftsliv og folkehelse. Friluftsliv og opplevingsturisme i skog og utmark har eit uutnytta potensial for ny næringsverksemd rundt om i landet. Det er viktig med god kunnskap og ei planmessig tilnærming for å ta vare på miljøverdiane når det blir drive skogbruk.

Departementet vil derfor føre vidare satsinga på prosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet) og innsatsen knytt til skogbruksplanlegging. Det er ein føresetnad at forvaltninga av skogressursane skjer etter prinsippa om berekraftig skogbruk. Dette er sentralt i skogbrukslova frå 2005 og i forskrifta om berekraftig skogbruk frå 2006, som utfyller og presiserer lova når det gjeld miljøomsyn, forynging og skogskadar. Forskrifta byggjer på og supplerer det omfattande frivillige miljøarbeidet og sertifiseringssystemet knytt til Levende Skog-samarbeidet. Levende Skog-standarden er grunnlaget for miljøinnsatsen til skogeigarane, og er utgangspunkt for dei konkrete miljøomsyna som blir tekne. Partane har etablert Rådet for Levende Skog, som står sentralt i arbeidet med å følgje opp standarden og dei auka ambisjonane som blei resultatet av revisjonen i 2006.

Departementet legg til grunn at auka uttak av råstoff til bioenergi frå skog følgjer dei same prinsippa for berekraft som anna avverking og har bedt partane i Levende Skog om å vurdere behovet for endringar i standarden som følgje av slik hausting. Departementet har òg bedt Noregs forskingsråd om å auke innsatsen for å skaffe ny kunnskap på dette området.

Regjeringa meiner auka innsats i skogplanteforedling er ei investering for framtida, og vil forsterke innsatsen på dette feltet. Forsøk viser at planter frå frøplantasjar gir 10 pst. høgare produksjon enn frø frå naturlege bestand. Auka innsats i planteforedling kan auke produksjonsgevinsten opp mot 25 pst. Planteforedling er eit langsiktig arbeid, og føresetnaden for eit godt resultat er gode kunnskaps- og forskingsmiljø. Departementet vil vurdere å støtte utvikling av eit felles nordisk foredlingsprogram for gran. Planteforedling er òg nødvendig med sikte på framtidig klimatilpassing og auka opptak av CO2. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, som blei lagt fram våren 2009, er det vist til at auka innsats i skogplanteforedling kan auke det årlege CO2-opptaket med 1,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar i løpet av 50 til 100 år.

Det er framleis nødvendig å ha eit høgt ambisjonsnivå når det gjeld forsking, innovasjon og utvikling i skogsektoren. I dag betaler skogeigarane ei krone i avgift pr. kubikkmeter tømmer som blir hogd. Denne avgifta er heimla i skogbrukslova.

Fornying, utvikling og auka innovasjon i landbruket

Vidareutvikling av landbruket innanfor ei distriktspolitisk ramme må skje gjennom innovasjon, auka verdiskaping og samspel med andre sektorar. Dette er sentralt for å utvikle attraktive arbeidsplassar og bumiljø i bygdene med utgangspunkt i landbruket og landbrukets ressursar. Samspel i dei regionale og lokale partnarskapa er særs viktig for å få til eit innovasjonsløft og utnytte moglegheitene betre enn i dag. Ved samspel og innsats retta mot alle føretak innanfor jordbruk, skogbruk, energiproduksjon og matproduksjon skal det leggjast betre til rette for betra lønnsemd og auka konkurranseevne både i eksisterande og nye næringar i landbruket. Departementet sin innovasjonspolitiske innsats vil bli retta mot fem hovudområde. Desse er nærmare omtalt i kat. 15.20.

Nye næringar i landbruket

Som ein del av innovasjonspolitikken skal utviklinga av konkurransedyktige arbeidsplassar innan nye næringar vidareførast. Departementet ser ei svært god utvikling både innan vare- og tenesteproduksjon, innan matspesialitetar, grønt reiseliv, Inn på tunet og energiproduksjon. Det er framleis eit stort uutnytta potensial.

Departementet vil derfor leggje til rette for eit taktskifte når det gjeld etablering av ny næringsverksemd i landbruket. Mangfaldet av menneskelege, naturgitte og materielle ressursar i sektoren gjer det mogleg å skape fleire arbeidsplassar for å kompensere for reduksjon i arbeidsplassar i eksisterande næringar, jf. Landbruks- og matdepartementet sin strategi for næringsutvikling Ta landet i bruk!. Dette vil forsterke landbrukspolitikken sitt bidrag i distriktspolitikken.

Bygdeutviklingsmidlane er tradisjonelt det viktigaste økonomiske verkemiddelet for næringsutvikling i og i tilknyting til landbruket. Gjennom å auke løyvinga til bedriftsretta bygdeutviklingsmidlar i 2010, har Landbruks- og matdepartementet lagt til rette for dei som er villige til å satse på utvikling av ny næringsverksemd.

Departementet vil forsterke virkemiddelbruken gjennom mellom anna SIVA og Innovasjon Norge sin inkubatorsatsing, Virkemiddel for regional innovasjon (VRI), ved å forsterke kommunane og fylkeskommunane si rolle som utviklingsaktørar og utvikle lokale og regionale partnarskap. Samspel mellom næring, forsking og forvaltning skal forsterkast på alle nivå.

Det ligg store moglegheiter i å kople tradisjonelle opplevingsprodukt som mat og overnatting med lokal kulturhistorie, kulturlandskap, matkultur, jakt og fiske mv. Departementet meiner samarbeid mellom landbruk og andre næringar og sektorar vil bidra til å fremje slike moglegheiter og gjere dei synlege. Landbruks- og matdepartementet har mellom anna i samarbeid med Samferdselsdepartementet sett i gang ei treårig satsing på utvikling av mat og opplevingar langs dei Nasjonale Turistvegane.

Innanfor grønt reiseliv er det viktig å utvikle heilskaplege, landbruksbaserte turistprodukt som gir større lønnsemd, og som kan styrkje lokal og regional verdiskaping og innovasjonsevne gjennom samarbeid og fellestiltak. Eit grunnleggjande mål er å utvikle Noreg til eit berekraftig reisemål. Utviklingsprogrammet for grønt reiseliv blir ført vidare i 2010, og skal støtte opp under utvikling av det grøne reiselivet i tråd med næringa sine ambisjonar og moglegheiter. Blant anna er marknadsføring av det grøne reiselivet i inn- og utland ei prioritert oppgåve.

Utmarksturisme, jakt og betre utnytting av elgen som mat- og opplevingsressurs får no auka merksemd. Departementet si løyving til eit treårig prosjekt skal gjere Norsk Elgsenter i Våler i Hedmark til eit nasjonalt kompetansesenter med ansvar for å utvikle og spreie den kunnskapen som må liggje til grunn for ei meir systematisk utnytting av potensialet for jakt- og utmarksturisme. Vidare har fisketurisme i innlandet, oppdrett i ferskvatn og næringsfiske òg eit stort potensial for verdiskaping. Departementet sin Handlingsplan for innlandsfiske er sentral i dette utviklingsarbeidet. Utviklingsprogrammet for innlandsfisk, som vil bli vidareført i 2010, er eit viktig middel for å støtte opp under måla i handlingsplanen. Departementet legg òg til grunn at det er mogleg å utvikle fisketurismen i laksevassdrag vidare og vil bidra til å støtte opp under denne næringa.

Stadig fleire bønder satsar på foredling av råvarer frå eigen gard. Erfaringa syner at denne verksemda bidreg til auka verdiskaping og sysselsetjing. Samstundes er det mange utfordringar for små næringsmiddelbedrifter. Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon, som er eit viktig verkemiddel for nyskaping og kommersialisering av norske matspesialitetar, styrking av konkurranseevna og betring av lønnsemda for primærprodusentane, går ut 2010. Departementet har, i samarbeid med landbruket sine næringsorganisasjonar og Innovasjon Norge, starta eit arbeid som skal klargjere korleis verkemidla skal bli utforma etter 2010.

Inn på tunet er ei næring i vekst. Om lag 800 gardar tilbyr tenester innanfor helse, omsorg, arbeid, oppvekst og førebygging av kriminalitet. Det er eit mål at desse tenestene blir ein viktig og prioritert del av tenestetilbodet i kommunane. Gjennom jordbruksavtalen er det foreslått sett av 15 mill. kroner til Inn på tunet-løftet i kommunane 2010-2013. Satsinga skal skje i nært samarbeid med aktuelle sektorar og departement. Ei eiga ordning for kvalitetssikring av tenestene er under utvikling. Auka forsking på og dokumentasjon av effektar av tenestene, samt marknadsføring og nettstaden for Inn på tunet er prioriterte område for utviklingsarbeidet.

Regjeringa skal leggje til rette for næringsutvikling i og omkring verna område. Slik næringsutvikling kan bidra til berekraftige lokalsamfunn og lokal verdiskaping. Landbruks- og matdepartementet har eit nært samarbeid med Miljøverndepartementet på dette området og tek del i fleire prosjekt knytt til lokal verdiskaping i eller i tilknyting til verneområde. Når regjeringa no har bestemt at ansvaret for forvaltning av verneområda kan bli lagt til eit interkommunalt områdestyret dersom eit fleirtal av kommunane ønskjer det, vil dette bidra til auka forståing for og legitimitet til vernet, samstundes som ein betre ser moglegheit for næringsutvikling kring verneområda.

Regjeringa har òg sett av ekstra midlar til utvikling av nærings- og reiseliv i kommunar med nye, store verneområde, slik som Breheimen, Trillemarka og fleire andre.

Innsats retta mot fjellområda

Innretninga av den generelle landbruks- og matpolitikken, og dei føringane som blir lagde gjennom dei årlege jordbruksoppgjera, betyr mykje for utviklinga i fjellområda. I perioden 2006 til 2010 har styrkinga av dei grovfôrkrevjande produksjonane med storfe, sau og geit og prioriteringa av mjølkeproduksjonen, vore særleg viktig for utviklinga av fjellandbruket. Frå 2009 er det starta opp eit eige utviklingsprogram for småfenæringa, jf. kap. 1112 post 52.

Gjennom den vidare konkretiseringa av arbeidet med taktskifte for etablering av nye næringar i landbruket vil Landbruks- og matdepartementet sjå nærmare på korleis potensiala i fjellområda kan utnyttast betre, i samspel med andre næringar. Satsing på regional mat og matkultur, gardsturisme og næringsutvikling knytt til reiseliv og opplevingar, jakt- og fisketurisme står sentralt i den samanheng. Moglegheitene som ligg i koplingane mellom tilgang til store og unike naturområde, utnytting av lokale ressursar og tradisjonar og særprega kulturlandskap, og ikkje minst kunnskapen som folk har og som er opparbeidd gjennom generasjonar må òg utnyttast betre. Frå september 2009 er det sett i verk endringar i forskrift om seter og tilleggsjord m.m. som gir større rom for næringsutvikling i statsallmenningane. Ny forvaltningsmodell for verna område med lokal forvaltning, legg betre til rette for å utvikle nasjonalparkar og store verneområde som ein ressurs for lokalsamfunna og for lokal verdiskaping.

Opplæring, rekruttering og likestilling i landbruket

Opplæring/utdanning

Landbruket er ei mangesidig og kompleks næring, og krava frå marknad og myndigheiter til økonomisk og effektiv drift, trygg mat, dyrevelferd og miljø er omfattande. Mange næringsdrivande i sektoren har i tillegg arbeid utanom garden.

Kunnskapssamfunnet fører til større krav til kompetanse i landbruket, som elles i samfunnet. Sektoren må sikrast kompetent arbeidskraft gjennom medviten satsing på utdanning som er relevant. Ulike vegar til natur- og landbrukskompetanse må sikrast for ungdom og vaksne som ønskjer å gå inn i ein aktiv landbruksproduksjon og i dei naturbaserte tilleggsnæringane som har vore i vekst lenge.

Utdanningsprogram for naturbruk på vidaregåande nivå må tilby ei god grunnutdanning. Dette er viktig både for ungdom som ønskjer og har moglegheit til å gå direkte inn i næringa, og for ungdom som vurderer å ta over garden på lengre sikt, når det er aktuelt med generasjonsskifte.

For å styrkje arbeidet med rekruttering og kompetanseheving på landbruksområdet vil fylkeskommunane få ei forsterka rolle på området frå 2010, med ansvar for ei tilskottsordning på til saman 20 mill. kroner. Ansvaret skal sjåast i samband med fylkeskommunane si eksisterande rolle som utdannings- og regionalpolitisk aktør, og den auka innverknaden fylkeskommunen elles får på landbruksområdet gjennom forvaltningsreforma.

Skognæringa opplever rekrutteringsvanskar i alle ledd av verdikjeda. Fleire aktørar frå skognæringa og utdanningsinstitusjonane danna i 2008 eit samarbeid for å utvikle ei trainee-ordning for skogbruksstudentane, slik at dei lettare kan finne relevante yrke etter studiane. Departementet vil òg vidare støtte opp om slike gode døme på tiltak som kan bidra til å betre rekrutteringa til skogbruket.

Dei som driv aktivt i næringa har bruk for eit tilbod om kontinuerleg kompetanseheving for å kunne vidareutvikle bedrifta og møte nye krav. Etter- og vidareutdanning i landbruket er i tillegg særs viktig ettersom mange tek over gardsdrifta i vaksen alder, og då ofte med utdanning og arbeidserfaring frå andre sektorar.

Likestilling

Strategi for likestilling i landbruket kom i 2007 og omfattar heile landbrukssektoren. Strategien har eit mål om 40 pst. kvinneleg representasjon når det gjeld eigarskap, næringsutøving og deltaking i styrande organ i landbrukssektoren.

Delen kvinnelege, personlege gardbrukarar i 2008 var 14,2 pst. og innanfor økologisk drift 16 pst. Tala har dei siste fem åra vore nokolunde stabile. Innanfor ei vekstnæring som Inn på tunet er delen om lag 60 pst. kvinnelege tilbydarar.

Om lag kvar tredje skogeigedom blir drive i kombinasjon med jordbruk. Kvar fjerde skogeigar er kvinne, og av skogeigarane med positiv næringsinntekt frå skogbruket er om lag 15-16 pst. kvinner.

Av Innovasjon Norge (IN) sine midlar til bygdeutvikling gjekk om lag 40 pst. av tilskotta og 37 pst. av lån med rentestønad til kvinner i 2008, medan tala var 29 pst. og 22 pst. i 2005.

Departementet har bedt IN prioritere kvinner som målgruppe generelt og arbeide for ein vesentleg auke i delen som går til kvinner innanfor aktuelle program og tenester. IN er òg bedt om å arbeide for ein auka del kvinner i styrer og leiing for verksemder som tek imot støtte.

Handlingsplan for mer entreprenørskap blant kvinner frå 2008 er ei felles satsing frå sju departement. Målet er at vesentleg fleire kvinner skal bli entreprenørar og at delen kvinner skal vere 40 pst. innan 2013. Departementet har bedt IN om å bidra til å nå dette målet.

Tiltak retta mot barn og unge

Det er eit mål å gi barn og unge forståing for at langsiktig forvaltning av ressursane er ei kjelde til inntekt og velferd. Det er derfor viktig å ha ein politikk som òg vender seg aktivt mot barn og unge. Ein slik politikk skal vere med å leggje til rette for utviklingsmoglegheiter og positive opplevingar knytt til natur og landbruk, samt gi kunnskap om og innsikt i landbruket.

Landbruks- og matdepartementet vil òg framover gi støtte til ein del barne- og ungdomsorganisasjonar. Departementet løyver kvart år midlar til 4H Noreg for å støtte organisasjonen sitt arbeid med opplæring for barn og ungdom innanfor naturbruk, jord og skogbruk. Denne opplæringa er med å utvikle aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Organisasjonen har om lag 17 000 medlemmar og er ein synleg organisasjon som medverkar til å skape livskraftige bygder. Departementet vil òg føre vidare støtte til Noregs bygdeungdomslag og til andre tiltak, som mellom anna prosjekta Ungt entreprenørskap og Smakens uke, som har barn og unge som ei viktig målgruppe.

Når det gjeld økonomiske verkemiddel, er særleg bygdeutviklingsmidlane mellom anna innretta mot investeringar i samband med generasjonsskifte. I tillegg er ungdom (og kvinner) særleg prioritert gjennom delar av regelverket. Dette inneber at BU-midlane generelt har ei god innretning mot ungdom. Det er òg viktig for rekruttering til næringa at det er god tilgang på investeringsmidlar generelt. I 2009 blei det tilført ekstraordinære investeringsmidlar, i tillegg til at ramma for lån med rentestøtte blei auka. Vidare blir ungdom prioritert ved tildeling av nyetableringskvote for mjølk, og i jordbruksoppgjeret 2009 blei partane samde om å utgreie moglegheiter for stønadsordning til ungdom innanfor det distriktspolitiske verkeområdet.

Skogen er ein verdifull arena for prosjekt retta mot barn og unge. Skogbrukets kursinstitutt (SKI) og Det norske Skogselskap har stor aktivitet og kompetanse innan dette feltet. Departementet gir mellom anna tilskott til miljølæreprosjektet Lære med skogen, som er tilrettelagt frå barnehage- til høgskolenivå. Statskog SF gjennomfører òg fleire aktivitetar for å stimulere til eit aktivt friluftsliv for barn og unge. Statskog SF og Det norske Skogselskap samarbeider mellom anna om skoleskogdagar i Trondheim og Oslo. Statskog, Norges jeger- og fiskerforbund med fleire samarbeider i eit eige prosjekt om å fremje entusiasme for fiske, mellom anna gjennom utdeling av fiskestenger til barn og unge. Vidare har departementet si tresatsing bidrege til å finansiere prosjekt for å skape auka engasjement om trebruk hos barn og unge. Det er ønskjeleg med meir samarbeid mellom ulike aktørar innan skog, tre og utmark når det gjeld aktivitet retta mot barn og unge.

Eigedoms- og busetjingspolitikk

Regjeringa har som mål at heile landet skal takast i bruk for å auke verdiskapinga og styrkje lokalsamfunna. Eigedoms- og busetjingspolitikken spelar ei viktig rolle for å nå dette målet. Det er derfor viktig at verkemidla legg til rette for at menneskelege, økonomiske og arealmessige ressursar kan nyttast på best mogleg måte. Regjeringa er opptatt av at eigedoms- og busetjingspolitikken skal støtte opp om det tradisjonelle familielandbruket med garden som senter for busetjing og næringsverksemd. Samtidig må politikken òg leggje til rette for at dei som manglar areal eller har ønskje om å drive nye næringar får sleppe til.

Eit sentralt verkemiddel i denne samanhengen er lovgjevinga. For å leggje til rette for vidare næringsutvikling, aktivitet og framtid i Bygde-Noreg, la regjeringa våren 2009 fram forslag om ei rekkje endringar i eigedomslovene i landbruket med odelslova, konsesjonslova og jordlova som dei viktigaste.

Kommunane har gjennom forvaltaransvaret sitt ei sentral rolle i gjennomføringa av eigedoms- og busetjingspolitikken. Endringane i lovverket som tok til å gjelde 1. juli 2009 legg til rette for at kommunane, i større grad enn før, har moglegheit til påverke busetjing på landbruks- og bustadeigedommar. Tal frå Statistisk sentralbyrå i 2007 viser 34 100 landbrukseigedommar med bustadhus utan fast busetjing. Samtidig viser ei spørjeundersøking frå Synnovate i 2007 at ein tredel av dei som svarte ønskte å flytte til distrikta. Undersøkinga viste vidare at 10 pst. av dei som har svart ønskjer å kjøpe seg ein gard. Berre 18 pst. av dei som svarte ja til dette, ville bruke eigedommen til fritidsformål. 71 pst. ville anten busetje seg der og drive garden, eller dei ville bruke eigedommen som ein bustad.

Dette viser at det er knytt eit monaleg busetjingspotensial til landbrukseigedommane. Det er viktig å leggje til rette for at dette potensialet kan nyttast best mogleg, òg på eigedommar der jordbruks- eller skogsdrifta ikkje kastar nemnande av seg. Ved at eigedommane blir brukte til bustader, blir viktige fellesskapsverdiar sikra i sårbare lokalsamfunn. Føresetnaden er at det blir lagt til rette for at utbodet av landbrukseigedom utan fast busetjing i større grad enn i dag kan komme dei som er interesserte i eigedommen til nærings- og busetjingsformål til gode. Mange kommunar arbeider aktivt for å styrkje busetjinga. Departementet vil stimulere til slikt arbeid og har over fleire år løyvd midlar til busetjingsprosjekt der siktemålet er å få fast busetjing på landbrukseigedommar.

Ei undersøking frå 2006 viste at 15 pst. av kommunane ikkje følgjer retningslinjene departementet har fastsett for prisvurderinga som skal skje ved overtaking av konsesjonspliktig landbrukseigedom. Dette har ført til at prisane på landbrukseigedommar kan variere mykje frå kommune til kommune. Departementet legg stor vekt på at sentrale reglar i lovverket, som har mykje å seie for nasjonal landbrukspolitikk, blir praktisert likt i heile landet. Departementet har derfor gjennom endring av regelverket gitt tydelegare reglar for saksbehandlinga i kommunane. Samtidig er fylkesmennene gitt moglegheit til å kontrollere at kommunane følgjer retningslinjene.

Behandlinga av lovendringane i Stortinget, har vist at det kan vere nødvendig å gjere endringar òg i andre føresegner enn dei som no er vedtekne. I Innst. O. nr. 90 (2008-2009) har Næringskomiteen mellom anna peika på at det er behov for å sjå nærmare på omfanget av odelskretsen. Komiteen meiner vidare at det gjennom føresegna om deling i jordlova bør leggjast betre til rette for å stimulere til at areal blir selt som tilleggsjord til nabobruk, ikkje berre leigt bort. Komiteen har òg lagt til grunn at reglane om buverdi ved utøving av priskontroll bør fange opp den reelle buverdien på ein betre måte enn i dag og at seljarane av landbrukseigedom får avklart spørsmålet om pris med kommunen før konsesjonsbehandlinga. Departementet vil komme tilbake til oppfølginga av dette.

Statistikk viser at talet på landbrukseigedommar som er eigde av dødsbu aukar. Dette er eit problem for landbruket fordi eigedommane ofte blir ståande utan bebuarar så jorda ikkje blir halde i hevd. Skiftelovutvalet har i NOU 2007:16 Ny skiftelovgivning foreslått ny lov om dødsbuskifte som mellom anna kan gjere det mogleg for kommunane å setje ein tidsfrist for å gjere opp skiftebuet. Departementet vil komme tilbake til oppfølginga av dette.

Departementet arbeider elles med ein full revisjon og oppdatering av jordskiftelova til den bruken av fast eigedom som er i dag, og med å tilpasse jordskifterettane sitt arbeid til dette.

Miljø og ressurspolitikk

Jordvern og kulturlandskap

Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap er høgt politisk prioritert og viktige element i den nasjonale miljøpolitikken. For å ta vare på viktige kulturlandskap og verne om dyrka og dyrkbar jord, arbeider regjeringa etter desse måla:

  • den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane skal halverast innan 2010

  • spesielt verdifulle kulturlandskap skal vere dokumenterte og ha fått ei særskilt forvaltning innan 2010

  • område som gror igjen med skog må skjøttast med tanke på næring og rekreasjon

Dyrka og dyrkbar jord er grunnleggjande for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Som følgje av klima, terrengforhold og jordsmonn er berre 3 pst. av arealet i Noreg dyrka mark. Dei siste 50 åra har den årlege omdisponeringa av jordressursar vore monaleg. Nye tal frå KOSTRA syner at omdisponeringa gjekk ned i 2008 samanlikna med 2007. I 2008 blei det rapportert omdisponert 7 900 daa dyrka jord, medan det motsvarande talet for 2007 var om lag 8 500 daa. Omdisponert dyrka areal i 2008 er dermed tydeleg mindre enn den årlege omdisponeringa i perioden 2002-2004 då talet var 11 000-12 000 daa dyrka jord. Tala for totalt dyrka jordbruksareal i landet har samla sett ikkje gått ned i takt med omdisponeringa, blant anna på grunn av nydyrking, men mange av dei aller beste jordbruksareala er omdisponert og erstatta av mellom anna nydyrka areal som i mange tilfelle er meir marginale.

Departementet meiner at det framleis er nødvendig med sterk merksemd kring jordvern både lokalt og sentralt dersom det skal vere mogleg å nå målet. Departementet legg derfor opp til ei meir restriktiv linje i arealdisponeringa. Departementet heldt ein nasjonal konferanse om jordvern for kommunar og regionale myndigheiter i 2008 for å formidle og synleggjere utfordringane og for å understreke det ansvaret kommunane har i arealpolitikken.

Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Det gir ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme. Landbruket sitt kulturlandskap er dessutan eit viktig leveområde for mange arter av planter og dyr. Det er utfordringar knytt til gjengroing, oppsplitting og nedbygging av verdifulle kulturlandskap i mange delar av landet, og variasjonen i landbruket sitt kulturlandskap må oppretthaldast og forvaltast målretta for å bidra til å nå målet om å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010.

Landbruks- og matdepartementet har i samarbeid med Miljøverndepartementet peikt ut 20 spesielt verdifulle kulturlandskap. Målet er at desse landskapa skal ha ei aktiv forvaltning frå 2010. Det er sett av 8 mill. kroner over jordbruksavtalen i 2010, ein auke på 3 mill. kroner. Samarbeidet med Miljøverndepartementet om å ta vare på verdifulle kulturlandskap blir ført vidare i 2010.

Biologisk mangfald og genetiske ressursar

Landbruket arbeider med grunnlag i naturen si produksjonsevne, og tiltaka i landbruket verkar inn på det biologiske mangfaldet. Det er derfor nødvendig å ha gode kunnskapar om det biologiske mangfaldet, mellom anna når det gjeld påverking, tolegrenser og kunnskap om geografisk utbreiing.

I 2010 vil departementet føre vidare deltakinga i det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og satsinga på tiltak knytt til miljøplanar for enkeltbruk, skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, miljøretta tilskott og anna. Departementet vil òg støtte opp om markeringa av Naturmangfaldåret 2010 og informere om arbeidet med å sikre kulturlandskap og biologisk mangfald.

For å halde oppe det biologiske mangfaldet, leggje til rette for sikker tilgang til nok og trygg mat, og tryggje livskvaliteten og velferda for framtidige generasjonar, er det ei sentral oppgåve å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av dei. Departementet legg stor vekt på dette. Arbeidet knytt til genetiske ressursar i husdyr, kulturplanter, og skogtre og dei ville slektningane deira dreier seg mellom anna om kartleggings- og registreringsarbeid retta mot verdifull genetisk variasjon. Genressursar og vidare planteforedling vil òg spele ei sentral rolle i tilpassinga til endra klima, jf. òg St.meld. nr. 39 (2008-2009).

Regjeringa har etablert eit globalt sikringslager for frø på Svalbard, som blei opna i februar 2008. Frølageret er viktig for å sikre det genetiske mangfaldet ved at ei viss mengd frø frå viktige matplanter frå heile verda blir teken vare på for framtidige generasjonar. Noreg eig og driftar lageret, men frøa er eigd av dei landa som har deponert dei. Frølageret blir administrert av Landbruks- og matdepartementet. Den store interessa for sikringslageret frå media i inn- og utland kan bidra til å auke allmenta si forståing for å ta vare på det biologiske mangfaldet og genetiske ressursar, og departementet vil følgje opp dette i 2010. Sjå òg omtale av frølageret og arbeidet med genetiske ressursar under kap. 1139 post 71.

Forureining frå jordbruket

Verkemidla i nasjonalt og regionalt miljøprogram skal sjå til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft blir følgd opp gjennom dei regionale miljøprogramma.

Nye program er laga for perioden 2009 – 2012, mellom anna for å oppnå ytterlegare reduksjonar av erosjon og næringssaltavrenning jf. St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Det er lagt til rette for å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn òg innanfor landbruket. Alle fylka har laga tiltaksanalysar og elles lagt til rette for å følgje opp rammedirektivet. Arbeidet skjer i samarbeid med miljøforvaltninga.

Departementet legg opp til ei vidare satsing for å redusere forureininga frå fosfor, nitrogen og erosjon til vassdrag og kystområde. Departementet vil vurdere å gi fylkesmennene auka heimelsgrunnlag for å setje strengare miljøkrav til jordbruket i nedbørfelt til ureina vassdrag og kystområde, jf. St.meld. nr. 26 (2006-2007). Departementet vil starte opp ein gjennomgang av regelverket om lagring og bruk av husdyrgjødsel. Målet er å få ein betre utnytting av næringsstoffa slik at utsleppa til vatn og luft blir mindre.

Departementet har sett i gang utviklingsprosjekt for å skaffe fram ny kunnskap for å styrkje gjennomføringa av tiltak på ein kostnadseffektiv måte. Mellom anna vil det over ein periode på 3 år bli gitt 3,5 mill. kroner ekstra midlar til Vestre Vansjø, som kompensasjon til bønder som prøver ut og gjennomfører nye tiltak for å redusere utsleppet av fosfor. Dette kjem i tillegg til dei om lag 6 mill. kroner som fylkesmennene i Østfold og Akershus kvart år nyttar til tiltak i Vansjøvassdraget over dei regionale miljøprogramma.

Det er eit mål at bruken av plantevernmiddel blir redusert og at helse- og miljørisikoen knytt til bruken av slike middel blir redusert. Hovudmålet i den nye handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel 2010-2014 er todelt:

  • Norsk landbruk skal bli mindre avhengig av kjemiske plantevernmiddel

  • Risiko for helse- og miljøskadar ved bruk av plantevernmiddel skal reduserast

Kart og geodata

Landbrukssektoren tek del i det nasjonale samarbeidet om produksjon og forvaltning av digitale kart i Norge Digitalt og Geovekst. Dette gir samfunnet god tilgang til kart om landbruket og landbruksforvaltninga kan nytte andre sine data. Geovekst gir landbruket rettar til dei detaljerte grunnkarta og flybileta, og desse kan brukast for alle formål der ein har behov.

Internasjonalt arbeid

WTO

Utforming av ny landbruksavtale har vore den mest sentrale delen av den forhandlingsrunden i WTO som kom i gang i Doha i 2001. I 2004 blei det vedteke eit rammeverk som la føringar for dei vidare forhandlingane. På ministermøtet i Hong Kong i desember 2005 var det mellom anna semje om å fjerne alle former for eksportstøtte innan utgangen av 2013 dersom det blir ein avtale.

Ministermøtet sommaren 2008 blei avslutta utan semje om ein ny WTO-avtale. Eit sentralt spørsmål som ikkje blei løyst, var utforminga av ei tryggleiksmekanisme som u-land kan bruke for å hindre uønskt import av landbruksvarer. Hausten 2009 vil det bli nye sonderingar mellom sentrale medlemsland i WTO for å klarleggje om det er grunnlag for å komme fram til ei ny avtale.

Dei viktigaste forhandlingsområda for landbruket har vore marknadstilgang for landbruksvarer, bruk av nasjonal landbruksstøtte og bruk av eksportsubsidiar. Det skulle vidare bli tatt særleg omsyn til u-landa ved utforming av det nye regelverket.

Frå norsk side har det i forhandlingane vore eit mål å sikre at det òg i framtida blir rom for å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk som i tillegg til produksjon og handel òg tek omsyn til andre verdiar som kulturlandskap, biologisk mangfald, matsikkerheit og levande bygder.

For marknadstilgang er det særleg viktig å få gjennomslag for å definere eit tilstrekkeleg tal produkt som sensitive. For sensitive produkt skal ein ta ein mindre reduksjon i tollsatsane enn for produkt som ikkje blir definert som sensitive. For den nasjonale støtta til landbruket har ein frå norsk side lagt til grunn at det ikkje skal bli øvre grenser for den samla støtta, men at støtta blir gitt på andre måtar enn i dag. Dette inneber at det kan bli reduksjon i handelsvridande støtte, men inga øvre grense for støtte som ikkje påverkar produksjonen.

Noreg samarbeider med den såkalla G10-gruppa i forhandlingane. I tillegg til Noreg inneheld denne gruppa mellom anna Japan, Sveits, Sør-Korea og Taiwan. For alle desse landa er det avgjerande å sikre gode løysingar på spørsmålet om marknadstilgang.

Frå regjeringa si side legg ein til grunn at ein skal kunne ha ein aktiv jordbruksproduksjon i alle delar av landet. Dette er ei ambisiøs målsetjing som krev gode løysingar for norsk jordbruk i WTO-forhandlingane og vilje til nasjonale tiltak for å styrkje landbruket med basis i ein avtale.

EØS-avtalen og EFTA-samarbeidet

Noreg og EU har sidan 2006 forhandla om utvida handel med landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtalen. Desse forhandlingane blir frå norsk side vurdert i samanheng med WTO-forhandlingane. Til grunn for artikkel 19-forhandlingane ligg at desse skal førast innanfor ramma av den nasjonale landbrukspolitikken og vidare vere til fordel for begge partar. Forhandlingane vil halde fram hausten 2009.

EØS-avtalen omfattar forhold knytt til produksjon av mat, mellom anna spørsmål knytt til dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Krava ved produksjon og omsetning av mat blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling slik dette kjem til uttrykk mellom anna i EØS-avtalen og avtalar knytt til WTO. Dette gjer at sentrale delar av rammevilkåra på mattryggleiksområdet blir fastsette i EU og tekne over av Noreg som følgje av EØS-avtalen. Samtidig sikrar EØS-avtalen norske bedrifter like vilkår som europeiske partnarar og konkurrentar på dette området, noko som opnar for fleire moglegheiter innan til den europeiske marknaden. Ei aktiv tilnærming på eit tidleg tidspunkt under utforminga av nytt regelverk på mattryggleiksområdet er ein sentral del av den aktive europapolitikken som regjeringa legg opp til i St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken.

Innan EFTA-samarbeidet har Noreg inngått ei rekkje frihandelsavtaler; desse omfattar òg landbruk. Det blir mellom anna forhandla om vilkår for marknadstilgang og nasjonal støtte til landbruket. For Noreg er det viktig at desse avtalane ikkje hindrar vidareføring av ein nasjonal landbrukspolitikk og at auken i handel ikkje erstattar norsk landbruksproduksjon. Noreg forhandlar for tida om frihandelsavtalar med store og viktige landbruksland som Kina, India og Ukraina.

Global matproduksjon

Aukande svolt som følgje av matvarekrisa og manglande utvikling av landbruket i u-land har vore tema på internasjonale toppmøte det siste året. FAO har ei sentral rolle i det globale arbeidet med å auke matproduksjonen i verda, noko som mellom anna vil bli drøfta på Generalkonferansen i november 2009. OECD vil i arbeidet sitt med internasjonale landbrukspolitiske spørsmål framover leggje større vekt på global matforsyning og samanhengen mellom klima og matproduksjon. FAO og OECD har inngått samarbeid om slike spørsmål som òg vil bli hovudtema på OECD sitt landbruksministermøte i februar 2010.

Skog

I det internasjonale skogpolitiske samarbeidet arbeider Noreg for eit meir forpliktande samarbeid mellom landa for å ta vare på og betre forvaltninga av skogane i verda.

FN sitt skogpolitiske forum (UNFF) vedtok i 2007 ei internasjonal ikkje-bindande skogavtale og eit arbeidsprogram for den vidare oppfølginga. Noreg vil støtte opp om det som er vedtatt i UNFF, men vil òg arbeide vidare for å få meir forpliktande avtaler om skogforvaltning internasjonalt.

Noreg deltek òg aktivt i samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE), som mellom anna legg til rette for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg overtok leiinga av MCPFE i 2008, og har etablert eit sekretariat for prosessen. Sekretariatet er ei sjølvstendig eining, men organisatorisk knytt til Norsk institutt for skog og landskap. Leiarskapen for prosessen vil ytterlegare styrkje Noreg si rolle i og innverknad på samarbeidet om skogpolitikk i Europa. I leiarskapsperioden vil Noreg arbeide for å styrkje den politiske forankringa av dei resultata som er nådd så langt, samt delta aktivt i arbeidet med å finne gode måtar for å handtere problemstillingar knytt til skog og klima og skog og vatn i Europa.

Skog og skogforvaltning er eit sentralt tema i forhandlingane om eit nytt internasjonalt klimaregime. Regjeringa arbeider for at skog skal få ein meir sentral plass i ei ny klimaavtale. Noreg har lansert eit eige klima- og skoginitiativ knytt til redusert avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland. Berekraftig skogforvaltning, med aktivt skogbruk og utnytting av skogen for å auke CO2-opptaket, er òg eit viktig tema internasjonalt. Òg i samband med konvensjonen om biologisk mangfald er skogen viktig. Det er sentralt at Noreg har ei heilskapleg tilnærming til berekraftig skogforvaltning i slike prosessar.

Klimaarbeidet

Skog har lenge vore eit viktig element i klimasamanheng, av di skogen tek opp store mengder CO2. Sikker tilgang til nok og trygg mat har i mindre grad vore eit konkret element i klimaforhandlingane tidlegare. Regjeringa har i St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen og i St.meld. nr. 13 (2008-2009) Klima, konflikt og kapital lagt stor vekt på samanhengene mellom klimautfordringane og sikker tilgang til nok og trygg mat. Noreg vil arbeide for at sikker tilgang til nok og trygg mat blir ein integrert del av oppfølginga av klimatoppmøtet. Noreg vil òg auke bistanden til landbruk i utviklingslanda. Landbruks- og matdepartementet tek aktivt del i Miljøverndepartementet sitt arbeid fram mot Københavnmøtet.

Genetiske ressursar

Departementet følgjer aktivt opp det internasjonale arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar, FN sin konvensjon om biologisk mangfald og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk (ITPGRFA). Det vil bli arbeidd for å få tilslutning frå OECD-land til det norske initiativet for å støtte plantetraktatens Benefit Sharing-fond. Det internasjonale fondet er oppretta for å stimulere til å utvikle og ta vare på plantegenetiske ressursar hos den enkelte bonde, særleg i utviklingsland. Dette skal bidra til å auke utviklingslanda sine moglegheiter til å forbetre og nytte kulturplantene i eigen matproduksjon. Gjennom dette fondet vil departementet arbeide vidare for å få auka internasjonal merksemd om behovet for auka ressursar til foredling av matplanter som er tilpassa område som kan bli råka av klimaendringar.

Nordisk samarbeid

Innanfor ramma av dei nordiske statsministrane sitt initiativ om globalisering - og i samsvar med ministerrådet sin berekraftstrategi - har dei nordiske landa arbeidd med eit treårig prosjekt om konsekvensar for primærnæringane av klimaendringar. Prosjektet tek utgangspunkt i nasjonale prioriteringar og nasjonale posisjonar for å styrkje og effektivisere den samla nordiske forskinga på området. Programmet starta i 2009 og skal føre til auka nordisk innsats for forskings- og innovasjonsarbeidet om klima, energi og miljø. På skog-, energi- og klimaområdet vedtok skogministrane i 2008 ein deklarasjon om skog og klima. Oppfølginga av denne skjer både nasjonalt og i regi av ministerrådet og embetsmannskomiteen. Arbeidet med vidare utikling av NordGen, og drifting av frølageret på Svalbard er òg sentrale oppgåver framover. Ny Nordisk Mat syner gode resultat i dei nordiske landa, og vil bli vidareført. Under ministerrådet sitt møte på Island sommaren 2009 blei det semje om at det er viktig å få inn sikker matforsyning som tema under klimakonferansen i København i desember 2009.

Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Støtte til organisasjonar, kan overførast

20 467

20 447

20 447

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid - organisasjonar og prosessar, kan overførast

6 150

7 144

7 873

Sum kap. 1138

26 617

27 591

28 320

Post 70 Støtte til organisasjonar

Målet med ordninga er å halde oppe aktiviteten i organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Støtta blir gitt til landsdekkjande organisasjonar som:

  • fremjar miljøarbeid, næringsutvikling og forbrukarinteresser innan jord- og skogbrukssektoren

  • fremjar positive haldningar til og forståing for grøne verdiar hos barn og ungdom og i samfunnet generelt

  • arbeider med likestillingsspørsmål innan jord- og skogbruk

  • arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde

Storleiken på driftstilskotta blir fastsett ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå, den finansielle situasjonen deira og anna finansiering organisasjonane mottek.

Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formal- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar og rekneskap stadfesta av registrert revisor, samt eventuelle andre vilkår lagt til grunn i tilskottsbrev til den enkelte organisasjon.

Resultatrapport 2008

Frå og med 2007 har Landbruks- og matdepartementet fordelt det meste av løyvinga til organisasjonane direkte i departementet sin St.prp. nr. 1. I 2008 blei det fordelt 20,467 mill. kroner til 20 organisasjonar, jf. tabellen under.

Tabell 2.8 Oversikt over støtte til organisasjonar gitt i 2008.

(i kroner)

Organisasjon

Støtte 2008

Det kgl. selskap for Norges Vel

2 100 000

4H Noreg

6 800 000

Norsk landbruksmuseum

3 600 000

OIKOS – økologisk landslag

2 900 000

Biologisk Dynamisk Forening

175 000

Slipp oss til – ungdom inn i landbruket

250 000

Norsk Villsaulag BA

20 000

Norsk kulturarv

350 000

Norsk Bygdekvinnelag

150 000

Norges Bygdeungdomslag

150 000

Natur og Ungdom

150 000

Norsk Sopp og nyttevekstforbund

42 000

Dyrevernalliansen

200 000

Dyrevern ung

100 000

Norges birøkterlag

90 000

Food First Information and Action Network

90 000

Det Norske Hageselskap

1 100 000

Det Norske Skogselskap

1 050 000

Jenter i skogbruket

150 000

Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk

1 000 000

Sum

20 467 000

Budsjettframlegg 2010

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 20,447 mill. kroner jf. tabellen under. I prioriteringa er det lagt vekt på at organisasjonane skal vere landsdekkjande. Organisasjonar som arbeider med barn og unge og med departementet si kjerneverksemd har blitt prioriterte.

Tabell 2.9 Oversikt over støtte i 2009 og budsjettframlegg for 2010.

(i kroner)

Organisasjon

Støtte 2009

Forslag 2010

Det kgl. Selskap for Norges Vel

2 100 000

2 100 000

4H Noreg

6 800 000

6 800 000

Norges landbruksmuseum

3 600 000

3 600 000

OIKOS – økologisk landslag

2 900 000

2 900 000

Biologisk Dynamisk Foreining

175 000

175 000

Slipp oss til – ungdom inn i landbruket

250 000

250 000

Norsk Bygdekvinnelag

150 000

150 000

Norsk Villsaulag BA

20 000

0

Norges Bygdeungdomslag

150 000

150 000

Norsk Kulturarv

350 000

350 000

Natur og Ungdom

150 000

150 000

Norsk sopp og nyttevekstforbund

40 000

0

Dyrevern Ung

100 000

100 000

Dyrevernalliansen

200 000

200 000

Norges Birøkterlag

90 000

90 000

Food First Information and Action Network

90 000

0

Det Norske Hageselskap

1 100 000

1 100 000

Jenter i skogbruket

150 000

150 000

Det Norske Skogselskap

1 050 000

1 050 000

Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk

1 000 000

900 000

Norsk seterkultur

0

232 000

Sum

20 465 000

20 447 000

Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

Posten omfattar midlar som skal dekkje Noreg sin del av finansieringa av internasjonale skogpolitiske prosessar, tilskott til organisasjonar, kostnader knytt til rapportering og anna. Departementet vil leggje opp til å nytte kompetanse og personar ved norske institusjonar i det internasjonale skogpolitiske arbeidet.

Mål og strategiar

Noreg arbeider for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og å betre forvaltninga av skogane i verda. FN sitt skogforum er ein viktig arena for dette. Noreg leier no samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE). MCPFE samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står framfor. MCPFE legg òg til rette for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg sin posisjon gir større moglegheiter for å påverke det europeiske skogpolitiske arbeidet dei kommande åra. Noreg vil i leiarskapsperioden sin arbeide for å styrkje MCPFE som politisk prosess.

Resultatrapport 2008

Over posten blei det løyvd midlar knytt til internasjonalt skogpolitisk arbeid. Løyvinga blei i hovudsak nytta til arbeid innan Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa, som er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk i Europa. Noreg overtok leiinga av koordineringa av prosessen etter ministerkonferansen som blei arrangert i Warszawa i november 2007 i samarbeid mellom Polen og Noreg. Det er etablert eit sekretariat som er lagt til Norsk institutt for skog og landskap på Ås. Noreg støttar finansieringa av prosessen gjennom ein årleg kontingent, som i 2008 var 60 pst. av det samla budsjettet for sekretariatet. Departementet har òg løyvd midlar til ei uavhengig vurdering av resultat og måloppnåing i det skogpolitiske samarbeidet i Europa, noko som venteleg vil gi nyttige innspel i arbeidet fram mot ein ministerkonferanse om skog i Noreg.

Løyvinga blei òg nytta til å støtte Noreg sin medverknad i United Nations Economic Commission for Europe (UNECE). UNECE har ein tømmerkomité som legg til rette informasjon og statistikk om blant anna skogressursane og marknadsforhold for skogprodukt. Departementet gav tilskott til norske institusjonar og organisasjonar som tek del i dette arbeidet.

Budsjettframlegg 2010

Departementet gjer framlegg om 7,9 mill. kroner til internasjonalt skogpolitisk samarbeid og anna. Posten må sjåast i samanheng med kap. 4138 post 01 Refusjonar m.m.

Løyvinga vil i hovudsak bli nytta til arbeidet med Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa, som er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk i Europa. Noreg har tatt del i koordineringa og leiinga av MCPFE sidan 1998 og støttar finansieringa gjennom ein årleg kontingent. Som leiar for MCPFE held Noreg eit sekretariat for prosessen fram til ein ministerkonferanse i Noreg om to til tre år. Dette sekretariatet er organisatorisk knytt til Norsk institutt for skog og landskap, som får midlar over denne posten til drift av sekretariatet.

I tråd med innarbeidd praksis skal budsjettet som sekretariatet treng for å drifte prosessen finansierast av ei gruppe land som inngår i koordineringsgruppa for MCPFE. Som leiar vil Noreg sin obligatoriske kontingent vere om lag 60 pst. av det samla budsjettet i 2010. Dei andre landa i koordineringsgruppa er Polen, Spania, Slovakia og Tyskland, som vil finansiere dei resterande 40 pst.

I lys av Noreg si leiarrolle i MCPFE, ser departementet det òg som viktig å medverke til prosjekt, møter og anna som følgjer av denne prosessen. Noreg vil i 2010 mellom anna støtte arbeidet med vurdere moglegheitene for eit meir forpliktande skogpolitisk samarbeid i Europa.

Noreg vil få hovudansvaret knytt til gjennomføringa og finansieringa av neste ministerkonferanse om skog i Europa. Arbeidet med å førebu ein slik konferanse er svært krevjande, og blir meir intensivt etter som tida for konferansen nærmar seg. Noreg deltek òg i ei rekkje andre fora for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål. Løyvinga vil derfor òg bli nytta til Noreg sin medverknad på nokre av desse områda. Med sikte på å nytte kompetanse og kunnskap i Noreg på ein effektiv måte i internasjonalt samarbeid, er det aktuelt å bruke løyvinga til oppdrag og anna til norske institusjonar og organisasjonar.

Kap. 4138 Støtte til organisasjonar m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Refusjonar m.m.

2 346

2 401

2 478

Sum kap. 4138

2 346

2 401

2 478

Post 01 Refusjonar m.m.

Posten nyttast til å budsjettere overføringane frå dei europeiske landa som deltek i koordineringsgruppa for MCPFE. Dei forventa bidraga på 2,4 mill. kroner blir budsjettert som inntekt på denne posten så lenge Noreg har leiarskapet i MCPFE.

Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak, kan overførast

16 350

15 170

15 655

71

Tilskott til genressursforvaltning, kan overførast

20 407

19 240

19 929

Sum kap. 1139

36 757

34 410

35 584

Post 70 Tilskott til miljø- og ressurstiltak

Mål og strategiar

Det er nødvendig med god kunnskap om og godt oversyn over miljøverdiar og ressursar for å få til berekraftig arealbruk og næringsverksemd. Over post 70 gir Landbruks- og matdepartementet støtte til miljøtiltak og ressurskunnskap i jordbruket og skogbruket.

Resultatrapport 2008

Resultatkontroll og overvaking under Jordsmonnovervakingsprogrammet (JOVA) blei ført vidare i 2008 med 3,6 mill. kroner. Gjennom JOVA blir tap av jord, næringsstoff og plantevernmiddel frå jordbruksareal kartlagt Dette er eit langsiktig program som gir verdifull kunnskap om avrenningsforhold og som kan vise trendar i utviklinga. Informasjonen blir mellom anna nytta til vidareutvikling og målretting av miljøverkemidla i jordbruket, i oppfølginga av vassdirektivet, og til nasjonal og internasjonal rapportering. Vidare gir det rom for å måle og rekne ut effektar av tiltak for å redusere næringssaltavrenning og anna forureininga frå jordbruket.

Dei siste åra er det vist høgare tap av nitrogen, fosfor og jord frå fleire av overvakingsfelta i JOVA-programmet. Dette heng truleg saman med auka avrenning som følgje av auka nedbør og meir intensive nedbørepisodar. Det er òg funne restar frå plantevernmiddel, noko som gir grunn til framleis å følgje nøye med på utviklinga.

Modellarbeid med rapportering av utslepp av lystgass, som er eit særskilt prosjekt utanom JOVA, er forsinka. Endeleg rapportering er venta i 2009.

Statistisk sentralbyrå gir årleg ut ein rapport om jordbruk og miljø der miljøstatusen og effekten av verkemidla blir synleggjort. Rapporten blir finansiert med 0,5 mill. kroner frå kap. 1139 post 70. Dei siste åra er rapporten blitt utvikla vidare slik at den betre skal dekkje behovet for data hos lokal og regional forvaltning. Rapporten blir òg tilpassa nye miljøutfordringar, mellom anna knytt til oppfølging av vassdirektivet. Vidare er det sett i gang arbeid for å utvikle rapportering knytt til klimautfordringar. Ramma for arbeidet knytt til klima var 0,4 mill. kroner i 2008.

Departementet er med i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Det er eit mål å drive eit aktivt og berekraftig skogbruk som gir auka opptak av CO2, og som gir grunnlag for meir bruk av klimavennlege treprodukt og bioenergi. Kunnskap om skogressursane og det biologiske mangfaldet er nødvendig for å kunne drive eit berekraftig skogbruk. Tilskottet til auka kunnskap om trua arter i det nasjonale programmet er ført vidare, og prosjektet har samarbeidd nært med Artsdatabanken for å bidra best mogleg til eit betre kunnskapsgrunnlag for raudlista. Dette er viktig, mellom anna fordi auka aktivitet i skogbruket krev god kunnskap om sårbar natur. Vidare er det gitt støtte til prosjektet Naturtypar, der kartlegging og overvaking av biologisk mangfald i kulturlandskap inngår. Innsatsen her er viktig for mellom anna å kunne målrette innsatsen i jordbruket sitt kulturlandskap når det gjeld drift og skjøtsel av viktige lokalitetar og landskap. Kartlegging og overvaking av framande organismar blei ført vidare i 2008. Tilstandsvurdering og tiltak for bevaring av biologisk mangfald må byggje på kunnskap mellom anna frå Nasjonalt program. I tillegg har departementet vore med på å støtte arbeidet som blir gjort av den nasjonale Artsdatabanken. Til saman blei 1,55 mill. kroner løyvd til desse tiltaka under Nasjonalt program i 2008.

Arbeidet med produksjon av digitale markslagskart er ein del av eit større prosjekt som det blei løyvd 1,325 mill. kroner til over denne posten. Arbeidet blei òg finansiert over jordbruksavtalen, jf. kap. 1150, og over kap. 1141 post 52

Kunnskap og kompetanse om plantevern hos brukarane og rettleiingstenesta er viktig for å redusere både bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel. I 2008 blei det løyvd 0,8 mill. kroner til Bioforsk til gjennomføring av informasjonstiltak innanfor plantevernområdet. Midlane har mellom anna blitt nytta til formidling av kunnskap til brukarane, rettleiingstenesta og allmenta, til deltaking på markdagar og møte og til eit arkiv med bilete.

Frå posten blei det løyvd midlar til informasjonstiltak i samband med opninga av Svalbard globale frøhvelv, jf. rapporteringa under post 71.

Posten er òg nytta til å finansiere resultatkontroll i skogbruket. Kontrollen er knytt til overvaking av utviklinga av skogtilstanden, og planlegging og gjennomføring av konkrete tiltak i skog, slik som skogkultur, vegbygging og skogbruksplanlegging, jf. nærmare omtale under kap. 1150. Resultatkontrollen krev innsats frå kommunane og Fylkesmannen, og resultata blir samordna fagleg av Norsk institutt for skog og landskap i nær kontakt med Statens landbruksforvaltning.

Landbruks- og matdepartementet gav òg i 2008 støtte til vidare utvikling av eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg knytt til biologiske miljøverdiar i skog – Miljøregistreringar i skog (MiS). I tillegg omfattar MiS-prosjektet ein kulturminnedel, og totalt blei det tildelt 5,7 mill. kroner til dette arbeidet. Resultata blir òg mellom anna brukt i arbeidet med naturtypekartlegging i kommunane, som grunnlag for å vurdere område for frivillig vern og i oppfølginga av den reviderte Levende Skog-standarden. Tilskottet til miljøinformasjonstiltak på Hirkjølen blei vidareført. MiS-prosjektet er lagt til Norsk institutt for skog og landskap, og instituttet har i 2008 publisert resultat frå arbeidet, henta inn kunnskap for å forbetre registreringane og arbeidd med praktisk oppfølging av miljøregistreringsarbeidet. Miljøregistreringane blir i hovudsak gjort samtidig med andre ressursregistreringar i samband med at det blir laga skogbruksplanar for skogeigedommane. Det er til no gjennomført miljøregistreringar på om lag 65 pst. av det produktive skogarealet. Det er òg gitt støtte til Artsdatabanken sitt arbeid for å finne ein fagleg og god metode for å gjere risikovurderingar omkring framande treslag som eit utgangspunkt for ei revidert Svarteliste i 2011.

Arbeidet med å utvikle gode opplegg for å registrere kulturminne i skog (MiS-kulturminne) blei òg ført vidare i 2008 av Norsk institutt for skog og landskap. Delprosjektet er finansiert med 0,6 mill. kroner over post 70 og har medverka til å auke kunnskapen om kulturminne blant skogeigarane og samarbeidd med fylkesmenn og takstselskap om kulturminne i skog. Prosjektet har òg teke del i 3Q-prosjektet, eit program for systematisk overvaking av kulturlandskapet, med registrering av kulturverdiar i utmark.

Miljøarbeidet i skogbruket krev høg kompetanse i heile sektoren. Landbruks- og matdepartementet støtta derfor i 2008 ein del prosjekt, møte og konferansar for kunnskapsformidling og informasjonstiltak for eit berekraftig skogbruk.

Arbeidet med opprydding etter tidlegare DDT-deponi ved norske skogplanteskolar er ikkje fullstendig avslutta fordi arbeidet med fjerning av forureining under vatn og i strandsona mot Ørsjøen er krevjande.

Budsjettframlegg 2010

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 15,655 mill. kroner på post 70 for 2010 og legg opp til ei fordeling av midlane over posten slik tabellen under viser.

Tabell 2.10 Budsjett for kap. 1139 post 70 i 2009 og budsjettframlegg for 2010.

(i 1 000 kr)

Tiltak

Budsjett 2009

Budsjett 2010

Jordsmonnovervaking (JOVA)

3 605

3 605

Nasjonal kartlegging og overvaking av biologisk mangfald

1 500

1 500

Digitale markslagskart (DMK)

1 325

1 325

Informasjonstiltak mv. knytt til jordbruk og kulturlandskap o.a.

2 030

2 350

Prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet)

5 700

5 700

Informasjonstiltak mv. knytt til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket o.a.

1 010

1 175

Sum kap. 1139 post 70

15 170

15 655

I 2010 vil departementet føre vidare arbeidet med å forbetre miljø- og ressurskunnskapen. Betre kunnskap er ein føresetnad for berekraftig areal- og ressursbruk og næringsverksemd. Slike tiltak blir finansiert både over dette kapitlet og over kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap på matområdet.

JOVA-programmet er eit verkemiddel for god kontroll med avrenning og forureining av vatn og vassdrag. Programmet blir ført vidare i 2010. Jordsmonnovervakinga gir òg nødvendig tilleggsinformasjon om korleis plantevernmiddel oppfører seg under norske forhold. Jordsmonnovervakinga er viktig for å følgje opp EUs vassdirektiv på ein kostnadseffektiv måte. Det er mellom anna nødvendig med betre kunnskap om avrenning av næringsstoff knytt til lokale forhold og ulik driftspraksis i landbruket.

Over posten vil Landbruks- og matdepartementet støtte arbeidet som er starta opp i år og som skal gå over tre år for å utvikle betre berekningsmodellar for avrenning av næringsstoff i små nedbørsfelt og utvikle rapportering knytt til effektar av miljøtiltak. Dette gjeld særleg fosfor som kan føre til alvorleg forureining av vassdrag og til oppblomstring av giftige algar. Det er òg behov for betre oversikt over nitrogensyklusen for betre å kunne setje inn tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og avrenning av nitrat til vassdrag. Statistisk sentralbyrå (SSB) sin rapport Jordbruk og miljø – resultatkontroll jordbruk gir grunnlag for å rekne seg fram til og gi ei fråsegn om effektar av miljøtiltaka slik at ein kan vurdere omfanget av miljøforbetringane og måloppnåing. Resultatkontrollen for miljøtilstanden i jordbruket blir gjort kvart år av SSB. Den fokuserer på miljøpolitiske resultatområde i samsvar med stortingsmeldingane om regjeringa sin miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand og følgjer opp Landbruks- og matdepartementet sin miljøstrategi. Rapporten gir òg grunnlag for nasjonal og internasjonal rapportering.

Resultatkontrollen vil bli utvikla vidare i samsvar med nye behov, og både oppfølginga av vassdirektivet og landbrukets klimaspørsmål vil leggje føringar for dette arbeidet.

Landbruks- og matdepartementet vil støtte arbeidet med å få fram god stadinformasjon som verktøy for arealplanlegging og ressursforvaltning gjennom tilskott til arbeidet med digitale markslagskart (DMK), jf. kap. 1141 og 1150.

Departementet legg vidare stor vekt på å betre kunnskapen om trua og sårbare arter slik at ein kan ta mest mogleg målretta omsyn til slike verdiar og slik at ein legg eit godt grunnlag for ei forbetra raudliste i 2010. Raudlista gir prognosar for risikoen arter har for å døy ut frå Noreg. Departementet vil arbeide med slike spørsmål både gjennom det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og i direkte kontakt med faginstitusjonar som Norsk institutt for skog og landskap og Artsdatabanken

Arbeidet med nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald går inn i sitt avsluttande år i 2010. Vidareføring av aktivitetane innanfor Nasjonalt program vil bli vurdert fram mot budsjettforslag for 2011.

Det vil vere aktuelt å bruke midlar frå denne posten til informasjon og mindre prosjekt om jordvern, jordbrukets kulturlandskap og berekraftig forvaltning av biologisk mangfald og til markering av Naturmangfaldåret 2010. Departementet vil òg støtte prosjekt som kan bidra til å nå måla om redusert bruk av og redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel.

Regjeringa fører vidare satsinga på auka avverking av skog. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, er det lagt vekt på at auka aktivitet i skogbruket er eit viktig tiltak i klimapolitikken. Det er nødvendig å vedlikehalde og utvikle skogressursane for å auke karbonbindinga i skog, og det er nødvendig å auke hogsten for å sikre ressursar til bioenergi og varig karbonbinding gjennom bruk av tre til konstruksjonar og anna. Aktiv og berekraftig utnytting av skogressursane er viktig for å sikre oppfylling av målet om auka utbygging av bioenergi med 14 TWh innan 2020. Skog- og utmarksareala er i tillegg sentrale for opplevingsturisme og ulike andre næringstiltak. Forsterka satsing på oppbygging av skog og uttak av energivirke, samt auka satsing på utmarksnæring, inneber krav om enda betre kunnskap om viktige miljøverdiar i skogen. Departementet vil derfor vidareføre satsinga på MiS-prosjekta om biologisk mangfald og om kulturminne, samt slike miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga, slik at skogbruk og utmarksnæring har best mogleg kunnskap om miljøverdiane i skogen og kan ta omsyn til desse.

Hovudinnsatsen til MiS-prosjekta vil i 2010 vere knytt til publisering, formidling og marknadsføring av relevant kunnskap. Prosjekta må òg yte fagleg bistand til departementet i konkrete tilfelle, som til dømes i nordiske samarbeidssaker, og leggje til rette oppdatert og tilgjengeleg kunnskap som kjem fram gjennom det arbeidet som blir gjort i MiS.

Partane i det store miljøprosjektet Levende Skog skal følgje opp dei endringane dei er blitt samde om ved revisjon av Levende Skog-standarden, og dette krev mellom anna ny kunnskap om biologisk viktige område. Slike område blir no òg registrert gjennom Landsskogtakseringen, noko som etter kvart gir ein god dokumentasjon på kva for ein status og utvikling miljøverdiar i skog har.

Departementet vil gi støtte til prosjekt for kunnskapsformidling og informasjonstiltak for eit berekraftig skogbruk. Slike tiltak vil omfatte tilskott til produksjon av informasjonsmateriell, seminar, kunnskapsoppbygging og samlingar, mellom anna retta mot offentleg og privat verksemd.

Post 71 Tilskott til genressursforvaltning

Mål og strategiar

Posten omfattar tiltak til styrking av arbeidet med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket.

Resultatrapport 2008

Koordineringa av det nasjonale arbeidet med genressursforvaltning er lagt til Norsk genressurssenter, som er ei eining ved Norsk institutt for skog og landskap. Det er gjort greie for verksemda i senteret under kap. 1141 post 52. Over post 71 blir det løyvd tilskott til tiltak og aktivitetar i genressursforvaltninga etter råd frå genressursutvala for plantar, skogtre og husdyr og på grunnlag av handlingsplanar for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i dei tre sektorane. Gjennom desse prosjekta har Genressurssenteret eit aktivt samarbeid med aktørane i genressursarbeidet. Resultat frå prosjekta gir verdifull informasjon til næringsaktørar og forvaltning, i tillegg til generell informasjon om genetiske ressursar til allmenta.

Tilskott på plantesektoren og på skogsektoren har gått til fleirårige prosjekt og oppgåver i samsvar med handlingsplanane. Mellom anna er det på plantesektoren gjort undersøkingar i timotei for nordisk foredling, utvikling av lokalsortar av fôrplanter og bruk av gamle sortar av korn i kornprodukt. På skogsektoren er det mellom anna laga ein framdriftsplan om etablering av genreservat for skogtre med utgangspunkt i eksisterande naturverneområde i samråd med Direktoratet for naturforvaltning.

I arbeidet med husdyrgenetiske ressursar er det gitt tilskott til drift av Genbanken for fjørfe, til ymse raseslag for trua nasjonale rasar og til drift av Kuregisteret for bevaringsverdige storferasar. Samtidig blei det starta samarbeid med Husdyrkontrollen om eit nytt Kuregister som venteleg vil effektivisere arbeidet. Kartlegging av sauerasane steigar og rygje er òg starta opp.

Verksemda til genressurssenteret som blei finansiert med 5,7 mill. kroner over dette budsjettkapitlet, har i monaleg grad auka kunnskapen om landbruket sine genressursar hos næringsaktørar, i forvaltninga og organisasjonane og hos allmenta gjennom brei mediedekning. Dette styrkjer medvitet om verdien som desse ressursane representerer og kor viktig det er å ha ei aktiv forvaltning av genressursane.

Svalbard globale frøhvelv er eit sikringstiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, spesielt vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga. Det spesialbygde fryselageret, som er lagt inn i permafrosten i fjellet og huser dublettar av frø frå heile verda, blei opna i februar 2008. Svalbard globale frøhvelv er komme i stand i samfinansiering mellom Utanriksdepartementet, Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Ansvaret for frølageret ligg til staten ved Landbruks- og matdepartementet, medan Statsbygg står for teknisk drift og vedlikehald og Nordisk genressurssenter – NordGen – har ansvar for dagleg drift. I tillegg blir det gitt både fagleg og økonomisk støtte frå Global Crop Diversity Trust (GCDT) til drifta av frølageret. Det er oppretta eit internasjonalt råd som overvaker verksemda.

I løpet av det første året i drift er meir enn 400 000 frøprøver frå 25 institusjonar i meir enn 20 land lagt inn i Svalbard globale frøhvelv. Midlane i 2008 gjekk til husleige og drift av frølageret, til ymse informasjonstiltak og til gjennomføringa av den høgtidelege opninga av Svalbard globale frøhvelv med ein internasjonal fagkonferanse og opningsseremoni.

Frå 2008 er det nordiske genressursarbeidet samla i NordGen som har sete med administrasjon og plantegenetisk verksemd i Alnarp, Sverige, medan faglege oppgåver knytt til husdyr og skogtre er samlokalisert med Norsk genressurssenter på Ås. Over post 71 fekk NordGen 1,35 mill. kroner i støtte til denne delen av verksemda.

Over posten blei det òg løyvd midlar til Stiftelsen Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og busker eigna for norske forhold, og til formidlingsverksemd. Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter fekk støtte til arbeidet med dei nasjonale hesterasane Fjordhest og Nordlandshest/Lyngshest. Norsk Hjortesenter fekk tildelt midlar for å arbeide med å utvikle hjort som ressurs.

Det norske Skogfrøverk er ein sentral institusjon for leveransar av frø til norsk skogbruk, og institusjonen har òg viktig kompetanse når det gjeld genressursspørsmål knytt til trevekstar. Det overordna målet er å sikre ei landsdekkjande frøforsyning av høg kvalitet basert på berekraftig forvaltning av genressursane. Landbruks- og matdepartementet gav i 2008 økonomisk støtte til forvaltningsoppgåver som produksjon av frø, kontrolloppgåver etter forskrift om skogfrø og skogplanter, informasjons- og opplæringstiltak og utviklingsoppgåver knytt til frøproduksjonsanlegg med 4,15 mill. kroner over denne posten Departementet gav òg 1 mill. kroner i ekstraløyvingar til Det norske Skogfrøverk for å styrkje arbeidet med planteforedling i skogbruket. Dette er eit viktig arbeidsområde med tanke på verdiskaping og energi- og miljøgevinstar frå skog.

Det norske Skogfrøverk og Norsk institutt for skog og landskap samarbeider for å leggje til rette for optimal bruk av spisskompetansen desse institusjonane representerer. Departementet har dei siste tre åra styrkt det arbeidet som blir drive ved Det norske Skogfrøverk. Strategisk plan for skogfrøforsyning, planteforedling og bevaring av genetiske ressursar ligg til grunn.

Budsjettframlegg 2010

Posten omfattar tiltak knytt til styrking av arbeidet med å ta vare på genressursar. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 19,9 mill. kroner, og legg opp til ei fordeling slik tabell 2.11 viser.

Tabell 2.11 Budsjett for kap. 1139 post 71 i 2009 og budsjettframlegg for 2010.

(i 1 000 kr)

Tiltak

Budsjett 2009

Budsjett 2010

Genressurstiltak

6 100

6 716

Svalbard globale frøhvelv

4 290

4 363

Stiftelsen Det norske arboret

300

300

Nordisk genressurssenter (NordGen)

1 600

1 600

Nord-Norsk Hestesenter, Norsk Fjordhestsenter og Norsk Hjortesenter

2 800

2 800

Skogfrøforsyninga

4 150

4 150

Sum genressursforvaltning

19240

19 929

For å sikre biologisk mangfald og mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar, er det grunnleggjande å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse. Ved modernisering av landbruket, globalisering av produksjonen, auka press på leveområda til planter og dyr og anna tap av genetisk mangfald, kan genetisk materiale bli borte for alltid. I eit internasjonalt perspektiv truar einsrettinga av planteutvalet i moderne jordbruk den genetiske variasjonen blant matplanter som er utvikla gjennom tusenårig jordbruksdrift. Dette hindrar òg vidare utvikling av eit berekraftig landbruk. Innan husdyrbruket dominerer nokre moderne produksjonsrasar i store delar av verda, og ein ser òg eksempel på at husdyrrasar har sjukdomsproblem og redusert fertilitet som eit resultat av einsidig avl på produksjonseigenskapar.

Klimaendringar er ei ny utfordring som vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale. Noreg har ansvar for å forvalte sine genetiske ressursar på ein berekraftig måte, noko som mellom anna er stadfesta gjennom internasjonale konvensjonar og avtalar.

Over posten blir det løyvd midlar til tiltak og prosjekt for å følgje opp handlingsplanar for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar blant husdyr, planter og skogtre. Midlane skal gå til aktivitet både ved Norsk genressurssenter og eit stort tal samarbeidspartnarar. I tillegg til kartlegging av genetiske ressursar og nye bevaringstiltak på prioriterte område, skal det leggjast vekt på å stimulere næringsutvikling gjennom bruk av genetiske ressursar. Det skal òg leggjast vekt på meir generelle tiltak, som å klargjere rett og tilgang til genetiske ressursar, greie ut verknadene for genetiske ressursar av genmodifisering og bruk og utvikling av genetiske ressursar i eit endra klima. Løyvingane til genressurstiltak gjeld òg drift av Genbanken for fjørfe og tilskott til lag for arbeid med verneverdige rasar.

Posten omfattar òg samarbeid i internasjonale fora. Over posten er det satt av 0,5 mill. kroner til plantetraktatens fond for utbyttefordeling. Lovnaden Noreg ga ved opninga av Svalbard globale frøhvelv, om å gi ei årleg støtte frå 2009 som svarar til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare til plantetraktatens fond for utbyttefordeling, har fått stor merksemd internasjonalt. Lovnaden er gitt i erkjenning av den berekraftige bruken av plantegenetiske ressursar som blir drive av bønder i utviklingsland, og kva dette tyder for lokal mattryggleik. Lovnaden verka utløysande for at det kom midlar frå fleire land slik at det blei mogleg å tildele prosjektmidlar for første gong. Det verka òg til at møtet i styringsorganet til traktaten i juni 2009 blei einig om ein finansieringsstrategi for fondet for å oppfylle målet om rettferdig fordeling av utbytte frå bruk av genetisk mangfald.

Noreg vil vidareføre rolla si som brubyggjar i dei internasjonale forhandlingane om genressursar innan Konvensjonen om biologisk mangfald, FAO sin kommisjon for genetiske ressursar innan mat og landbruk og den internasjonale plantegenetiske traktaten. Det vil bli arbeidd for å få auka tilslutning frå OECD-land om støtte til plantetraktatens Benefit Sharing fond og for at det blir auka internasjonalt merksemd på behovet for auka ressursar til foredling av matplanter som er tilpassa område som kan bli råka av dramatiske klimaendringar.

Det er òg viktig å ta del i nordisk og europeisk samarbeid om genetiske ressursar for å sikre ein mest mogleg effektiv bruk av desse ressursane. Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i Nordisk genressurssenter (NordGen).

Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogtre lokalisert til Noreg fram til evaluering av verksemda i 2012. Det vil vere eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokaliseringa med Norsk genressurssenter. Departementet gjer framlegg om å vidareføre støtte til NordGen med til saman 1,6 mill. kroner.

Over posten vil det bli gitt tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv, informasjonsverksemd og til møte i det internasjonale rådet. Erfaringa etter det første driftsåret viser at oppslutninga om Svalbard globale frøhvelv blant verdas genbankar er god, og det er avtalt innskot av frø mange år fram i tid.

Den internasjonale interessa for Svalbard globale frøhvelv som synte seg ved opninga held fram, og interessa for å vitje det er stor. Det har vist seg at Svalbard globale frøhvelv er eigna til å gi auka forståing og medvete om plantemangfald og matvaresikring og det er ei viktig oppgåve å følgje opp denne rolla. Departementet hadde god erfaring med dette då eittårsjubileet blei markert på Svalbard med seminaret Korleis brødfø ei varmare verd? Seminaret sette søkelys på klimaendringane og behovet for aktiv planteforedling. Aktiv foredling er avhengig av eit breitt internasjonalt samarbeid om sikring av plantegenetisk mangfald.

Bruk av rett frø er viktig for å sikre god tilgang på skogsvirke i framtida. Med nye utfordringar knytt til klimaendringar er god kompetanse innan frøproduksjon viktig. Over posten vil det bli gitt støtte til Det norske Skogfrøverk for å sikre dei langsiktige oppgåvene innanfor frøforsyninga i skogbruket. Midlane blir prioriterte til frø- og konglesanking, frøproduksjon og til arbeid for å sikre dei genetiske ressursane i skogen. Innanfor ramma vil ein òg gi løyving til nødvendige forvaltningsoppgåver innan frø- og planteforsyninga, inkludert arbeid med import og eksport av frø og planter.

Departementet vil òg føre vidare støtte til Stiftelsen Det norske arboretet, Norsk Fjordhestsenter, Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Hjortesenter over denne posten.

Kap. 1141 Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

50

Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

22 697

22 909

23 142

52

Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressurser, skog og landskap

82 890

87 665

94 970

Sum kap. 1141

105 587

110 574

118 112

Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

Mål og strategiar

Posten omfattar Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) si kunnskapsutvikling m.m. for statsforvaltninga. NILF driv forsking, utgreiing, analyse og dokumentasjon av økonomiske og politiske forhold knytt til matvaresektoren og annan bruk av naturressursar. NILF sitt arbeid er grunnlag for politikkutforming, forvaltning, forsking, undervisning, rådgiving og næringsverksemd.

Oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet er ein vesentleg del av verksemda til NILF. Dette arbeidet kan delast inn i tre hovudområde:

  • Føretaksøkonomisk dokumentasjon inkludert rekneskapsundersøkingar i jord- og skogbruk

  • Næringsøkonomisk dokumentasjon inkludert sekretariatsarbeid for Budsjettnemnda for jordbruket

  • Driftsøkonomisk rettleiing og styring inkludert kursverksemd

NILF har i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgjevar.

Resultatrapport 2008

NILF har i 2008 utarbeidd driftsgranskingar for 2007 med rekneskapsstatistikk frå 902 gardsbruk over heile landet. Denne rekneskapsstatistikken er m.a. basis for referansebruksutrekningar som blir nytta i samband med jordbruksforhandlingane. Driftsgranskingane saman med spesialundersøkingar syner både gjennomsnittstal for og variasjonar i lønnsemd mellom bruksstorleiker, produksjonsformer og regionar. Frå 2005 er det lagt vekt på ei grundigare analyse av skattepolitikk, samdrifter i mjølkeproduksjon, tilleggsnæring og anna næring på driftsgranskingsbruka. Granskingane omfattar 28 samdrifter i mjølkeproduksjon. Økologisk landbruk er òg eit tema som er spesielt vektlagt i driftsgranskingane for 2007.

Som sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket, har NILF utarbeidd grunnlagsmateriale for jordbruksforhandlingane, nasjonalbudsjett og nasjonalrekneskap, matvareforbruksutrekningar og rapportering til internasjonale organisasjonar. I løpet av året blei det publisert ein ny versjon av rapporten Utsyn over norsk landbruk.

I 2008 har NILF på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet òg hatt oppgåver knytt til m.a. dokumentasjon av prisutviklinga i ulike ledd i matvarekjeda, førebuing og deltaking på OECD-møte, utgreiing om klimagassutslepp frå jordbruket, oppfølging av internasjonale råvareprisar, utgreiing om strukturutvikling i norsk landbruk og å auke kunnskapen knytt til skattlegging av landbruksverksemd.

Budsjettframlegg 2010

Med bakgrunn i budsjettsituasjonen legg Landbruks- og matdepartementet til grunn ei generell effektivisering av kunnskapsutviklingsarbeidet. På dette grunnlag er posten foreslått redusert med om lag 0,5 mill. kroner. NILF skal i 2010 føre vidare dei faste oppgåvene dei har for forvaltninga. I tillegg til dei faste oppgåvene vil departementet framleis ha stort behov for utgreiing av særskilte problemstillingar i landbruks- og matpolitikken.

Føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og analysar av matvaremarknaden skal framleis vere sentrale fagområde for NILF i 2010. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader, endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane dette har for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon vil vere aktuelle tema. NILF skal styrkje samfunnsperspektivet ved å sjå landbruks- og matsektoren i samband med fellesgode og heile verdikjeda for landbruksprodukt. Mellom anna skal instituttet medverke til auka kunnskap om samanhengen mellom landbruk, landbrukspolitiske mål og verkemiddel på den eine sida, og utslepp og opptak av klimagassar på den andre. Dessutan trengs det kunnskap om landbruket sine moglegheiter til å vere med på å løyse klimautfordringane i samfunnet. NILF skal medverke til auka kunnskap om skattlegging av landbruksverksemd og om entreprenørskap og næringsutvikling med basis i landbruksnæringa. Det blir òg lagt vekt på auka brukarnytte av driftsgranskingane og at det framleis er ei vesentleg brukarfinansiering av produkta innan driftsøkonomisk rettleiing og styring.

Post 52 Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar; skog og landskap

Mål og strategiar

Midlane på posten skal nyttast til å få fram kunnskap om ressursar og miljøverdiar. Slik kunnskap er ein føresetnad for å sikre berekraftig verdiskaping og næringsutvikling basert på arealressursane, og for ei god genressursforvaltning. Dette er viktig i samband med departementet sine mål om trygge matvarer, god dyre- og plantehelse, ressursforvaltning med vern av jordsmonnet, vedlikehald av kulturlandskapet og biologisk mangfald, berekraftig skogbruk og auka verdiskaping, aktivt landbruk over heile landet og nasjonal matforsyning. Sjå elles omtalen av departementet sine mål i innleiinga i proposisjonen.

Midlane på posten blir i hovudsak tildelt Norsk institutt for skog og landskap, som har ei viktig rolle i arbeidet for å nå målsetjingane i landbruks- og matpolitikken. Norsk institutt for skog og landskap er eit nasjonalt institutt for kunnskap om arealressursar. Instituttet sitt formål og rolle er å forske og skaffe fram informasjon knytt til skog, jord, utmark og landskap. Instituttet skal òg formidle kunnskap for berekraftig forvaltning og verdiskaping til styresmaktene, næringslivet og allmenta. Vidare skal instituttet byggje opp og halde vedlike den nødvendige kompetansen som eit nasjonalt faginstitutt, og forskinga skal vere på høgt internasjonalt nivå.

Instituttet skal utvikle samarbeidet med Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) og miljøforskingsinstitutta. Norsk institutt for skog og landskap har saman med Bioforsk og UMB etablert eit samarbeid om bioenergi, kalla Norsk senter for bioenergiforskning. I denne alliansen skal instituttet vere med å byggje opp kunnskap som grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val for næringsutøvarar som vil satse på bioenergi. Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i faglege spørsmål. Instituttet skal sjølv eller saman med andre forske og drive utviklingsarbeid. Instituttet må ha ein aktiv og målmedveten kontakt med styresmakter, næringsliv og organisasjonar med sikte på oppdrag både nasjonalt og internasjonalt. Vidare skal instituttet produsere grunnleggjande faginformasjon av høg kvalitet om naturressursar, areal og miljø for landbruksforvaltninga, næringslivet og samfunnet elles. Instituttet skal òg representere landbrukssektoren ved vedlikehald og utvikling av den nasjonale infrastrukturen Norge digitalt.

Resultatrapport 2008

Norsk institutt for skog og landskap er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, og er nasjonalt ansvarleg for ressursundersøkingar innanfor fagområda jord, skog, utmark, landskap, arealdekke og arealtilstand. Instituttet er ein aktiv part i det nasjonale geodatasamarbeidet. Instituttet har òg ansvar for skogforsking. Norsk genressurssenter er ei avdeling ved instituttet.

Ressursundersøking og overvaking

Norsk institutt for skog og landskap har i 2008 ført vidare dei nasjonale ressursundersøkingane. Desse undersøkingane gir viktige data for vurdering av arealtilstand og utvikling på mange område, og dei er såleis eit viktig grunnlag for politikkutforminga. Dei nasjonale opplegga er knytt til kartlegging og overvaking av jordsmonn, kulturlandskap, utmarksbeite og skog.

Om lag halvparten av jordbruksarealet i Noreg er no kartlagt. Jordsmonnkartlegginga er ført vidare med 44,5 km2. Jordsmonndata blir mellom anna brukt i jordvernsaker og ved analysar av effektar av klimaendring. Kart og informasjon er gjort lett tilgjengeleg på internett og blir formidla til mange brukarar.

Jordbrukets kulturlandskap blir dokumentert gjennom det nasjonale programmet for overvaking og resultatkontroll. Programmet dokumenterer på statistisk grunnlag omfanget av endringar i landskapet. Data frå overvakinga blir nytta i arbeidet med dei regionale miljøprogramma. Instituttet driv òg kartlegging av kulturminne i jordbruks- og seterlandskap.

Kartlegginga av utmarksbeite held fram. I 2008 blei det kartlagt 418 km2. Aktiv bruk av dei data som blir framskaffa ved beitekartlegginga gir auka avkastning for beitebrukarane. Informasjonen er òg relevant der det er nødvendig å løyse konfliktar mellom beitebruk og rovdyr. Prosjekta blir prioritert ut frå medfinansiering frå beitebrukarane.

Arealressurskartet over markslag og arealforhold skal vere ajourført innan utgangen av 2010. I 2008 blei det ajourført 1 400 km2 jordbruksareal i 58 kommunar. Informasjonen blir mellom anna nytta for produksjon av geodatatenesta Gardskart på internett (sjå omtale under avsnitt om geodatatenester). Gjennom dette detaljerte kartverket får næringsdrivande og forvaltninga tilgang til informasjon av høg kvalitet. Denne informasjonen blir nytta ved søknad og kontroll av arealtilskott og forvaltning og planlegging. Arealressurskartet er eit viktig grunnlag for arealstatistikk.

Gjennom Landsskogtakseringa skaffar instituttet fram informasjon om tilstanden til og utviklinga av skogressursane i Noreg. Dei lange tidsseriane med informasjon frå Landsskogtakseringa står sentralt i arbeidet med politikkutvikling og berekraftig forvaltning av skogressursane. Landsskogtakseringa er saman med annan arealressursinformasjon frå instituttet det viktigaste grunnlaget for rapporteringa om karbon i skog og anna som Noreg gjer i tråd med Klimakonvensjonen og Kyoto-protokollen. Det er auka etterspurnad frå næringsorganisasjonane, regionane og større føretak etter informasjon om skogressursane, særleg knytt til satsinga på bioenergi.

Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) er ein del av den generelle skogovervakinga i Noreg, og samtidig eit bidrag til eit internasjonalt opplegg for skogovervaking som gir grunnlag for internasjonale vedtak og tiltak mot moglege skadeverknader av luftforureiningar.

Instituttet har i 2008 ført vidare dei langsiktige feltforsøka som følgjer utviklinga i ulike skogtypar. Både miljøforholda, ressursgrunnlaget og helsetilstanden blir kartlagt, saman med moglege effektar av klimaendringar. Instituttet driv òg skogskadeovervaking for å kunne førebyggje skadar knytt til klimaet, sopp- og insektangrep mv., og har sett på tømmerimporten for å vurdere faren for at det blir ført nye arter inn til landet.

Gjennom dokumentasjon og granskingar av tidlegare kulturpåverknad i verneområde og skoglandskap omkring kjem det stadig meir kunnskap som gir grunnlag for å styrkje skogforvaltninga framover. For å bidra til meir bruk av bioenergi er det gjennomført prosjekt for å gjere produksjonen av ved og skogflis meir rasjonell. Instituttet har òg sett nærmare på livsløpsanalysar for trevirke, og spørsmål om korleis trevirket held seg over tid. Instituttet har dessutan vore med i eit europeisk prosjekt som arbeider med å nytte ny teknologi for system for sporing av trelast og andre treprodukt.

Norsk institutt for skog og landskap har vore med i fleire internasjonale samarbeidsorgan som faginstans på vegne av Noreg. Døme på dette er bidrag knytt til Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa og samarbeidet i Barentsregionen og Baltic 21.

Instituttet samarbeider med SSB om etablering av representativ nasjonal arealstatistikk. Instituttet har ansvar for det norske bidraget til det europeiske arealdekkekartet (Corine Land Cover). I 2008 blei landsdekkjande arealdekkedata for første gang levert til det Europeiske miljøbyrået (EEA).

Geodatatenestene

Den internettbaserte tenesta Gardskart på internett gir alle eigarar av landbrukseigedom tilgang til kart og arealstatistikk for eigen eigedom. Dette er eit viktig bidrag til realisering av mål i e-Norge-strategien og Norge digitalt-samarbeidet. Statistikk for bruken av tenesta gardskart på internett syner ein auke i bruken på 8 pst. frå 2007 til 2008. I samband med dette arbeidet har instituttet i 2008 halde kurs for 186 kommunar slik at dei kan bli betre i stand til både å gjere seg nytte av dei moglegheitene teknologien opnar for, og for at dei sjølve skal bidra til at kartgrunnlaget blir halde à jour kontinuerleg.

Det nasjonale programmet for regelmessig flyfotografering av heile landet er ført vidare med fotografering av 84 000 km2 i 2008. Data frå dette blir forvalta og distribuert i samarbeid med partane i Norge digitalt. Det er etablert ei samordna nasjonal løysing for forvaltning og distribusjon av både flybilete og ortofoto. Denne løysinga er teken i bruk av eit stort tal brukarar. Dette gir betre ressursutnytting og dermed òg betre tilgang på flybilete gjennom samordna finansiering og gjennomføring av flyfotografering i Noreg.

Skog og landskap har etter ei budsjettendring i 2007 forvalta landbruket sine kontantmidlar i Geovekst; eit samarbeid mellom offentleg og privat sektor om etablering av geodata. Som ansvarleg for landbruksparten i Geovekstsamarbeidet speler instituttet ei viktig rolle i å samordne og sikre at landbruket dekkjer sine plikter i kommunane sine Geovekstprosjekt og at landbruket framleis har tilgang til detaljerte kartdata.

Forsking

Rapport og budsjettframlegg når det gjeld Norsk institutt for skog og landskap si forsking er omtalt under kat. 15.20 og kap. 1137 post 51.

Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning

Instituttet har ytt kompetansetenester innanfor skogbruksplanlegging, vore aktivt med på ulike seminar og samlingar og teke del i fleire prosjekt. Informasjon om status og omfang av skogbruksplanlegginga med miljøregistreringar er lagt betre til rette i geografiske innsynsløysingar på internett.

Informasjonsverksemda og rådgivinga omkring aktuelle patologiske og entomologiske skadar på skog har vore god, og Norsk institutt for skog og landskap har levert viktig informasjon både til allmenta og forvaltninga. Instituttet har formidla resultat frå både overvaking, ressursundersøkingar og forsking gjennom internettsider som på ein god måte viser samfunnsnytta av det arbeidet som er gjort.

Norsk genressurssenter

Genressurssenteret har halde fram med å publisere informasjon frå genressursarbeidet på internett. Nyheiter og fagartiklar er på dette viset formidla vidare i aviser, radio og TV. I samband med Potetåret 2008 produserte Genressurssenteret informasjon til eit stort tal arrangement over heile landet innanfor tema som mat, biologi og kulturhistorie. Genressurssenteret var òg med i planlegginga av fagkonferansen ved opninga av Svalbard globale frøhvelv.

Ein viktig del av Genressurssenteret sitt arbeid har vore å halde kontakt med dei ulike aktørane i genressursarbeidet og koordinere dei nasjonale aktivitetane innan dei tre sektorane kulturplantar, husdyr og skogtre. Genressurssenteret deltek òg aktivt i det nordiske og internasjonale samarbeidet om genetiske ressursar. Genressurssenteret har utarbeidd det norske bidraget til FAOs rapport om stoda til verdas plantegenetiske ressursar, rapporten State of Plant Genetic Resources for Food and Agriculture in Norway. Genressurssenteret gir òg fagleg støtte til Landbruks- og matdepartementet ved førebuingar til internasjonale møte.

Budsjettframlegg 2010

Med bakgrunn i budsjettsituasjonen legg Landbruks- og matdepartementet til grunn ei generell effektivisering av kunnskapsutviklingsarbeidet. På dette grunnlag blir posten foreslått redusert med 0,5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om 95 mill. kroner for 2010. Midlane vil bli nytta til kunnskapsutvikling og anna knytt til arealressursar; skog, jord, utmark, landskap og støtte for gjennomføring av landbruks- og matpolitikken. Ein vesentleg del av løyvinga vil bli nytta til aktivitet ved Norsk institutt for skog og landskap, under dette Norsk genressurssenter.

Norsk institutt for skog og landskap

Norsk institutt for skog og landskap vil i 2010 ha ei rekkje oppgåver innanfor forsking, jf. òg omtale i kap. 1137, og kunnskapsutvikling knytt til skog, landskap og arealressursar.

Aktiviteten ved instituttet vil i hovudsak vere knytt til fem hovudverksemdsområde; ressursundersøkingar og overvaking, forsking, geodatatenester, forvaltning og rådgiving og Norsk genressurssenter.

Ressursundersøking og overvaking er for ein stor del langsiktige program som er etablerte for å skaffe informasjon om tilstand og utvikling av landbruket sine ressursar. Programma omfattar til dømes systematisk overvaking av kulturlandskapet gjennom programmet 3Q, eit større opplegg for kartlegging og formidling av informasjon om jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar (OPS), Landsskogtakseringa, som er eit omfattande og landsdekkjande informasjonssystem for skog basert på utvalskartlegging og vegetasjonskartlegging i utmark for å gi betre grunnlag for utnytting av beiteressursane. Departementet meiner det er viktig å sikre kontinuitet i eksisterande statistiske undersøkingar og sikre vedlikehald av kartgrunnlaget for arealtilstand. Undersøkingane skaffar fram viktig informasjon om korleis landbrukspolitikken verkar og gir grunnlag for målretta og langsiktig forvaltning og verdiskaping basert på arealressursane. Instituttet skal i aukande grad leggje vekt på at dei data som blir samla inn gjennom ulik kartlegging og overvaking blir tekne i bruk slik at dei kjem til nytte for samfunnet og brukarane i arbeidet for berekraftig verdiskaping og forvaltning av areal og ressursar. Attgroing, bioenergi og meir korrekt og effektiv tilskottsforvaltning er eksempel på viktige område der eksisterande arealressursundersøkingar har gitt informasjon som møter kunnskapsbehova. Instituttet arbeider kontinuerleg for å sikre god samanheng og struktur i det samla kartleggings- og overvakingsarbeidet. Det er nødvendig å modernisere delar av overvakinga. Det er mellom anna behov for å vurdere etablering av ei statistisk representativ undersøking av jordsmonnet. I arbeidet med å halde skogovervakinga oppdatert og effektiv er det òg naturleg å vurdere om bruk av satellitt- og laserbaserte teknologiar kan vere tenleg.

Klimautfordringa er sentral. Aktiviteten ved instituttet bidreg til å skaffe fram viktig informasjon om korleis klimaendringane verkar på naturen og landbruket. Instituttet har òg ei sentral rolle, saman med SSB og SFT, i arbeidet med Noregs internasjonale klimarapportering. Departementet meiner det er nødvendig å skaffe fram betre data om karbonbinding i skog og jord. Dette vil styrkje grunnlaget for den internasjonale klimarapporteringa. Departementet legg til grunn at instituttet har ein viktig funksjon som eit klimasenter på arealinformasjonsområdet. Siktemålet må vere at instituttet vidareutviklar metodar og opplegg for bidrag til klimagassrekneskapen, slik at klimagassrekneskapen for landbruket blir fundert på best moglege data, og at instituttet vidareutviklar klimasenterfunksjonen og si rolle i internasjonal rapportering. Posten er styrkt for å kunne leggje til rette for dette, sjå òg omtale av landbruk og klima under omtalen av forsking og i kat. 15.30. Kunnskap om status og utvikling av arealbruk og biomasse har internasjonal merksemd som følgje av klimautfordringa.

Forskinga ved instituttet er i første rekkje ei vidareføring av skog- og miljøforskinga som Skogforsk tidlegare har utført. I tillegg til løyvinga over denne posten får instituttet midlar til forsking frå Noregs forskingsråd, jf. omtale i kat. 15.20 og kap. 1137. Omorganiseringa av instituttet i 2006 har gitt eit potensial for forsking på nye område. Instituttet arbeider med oppbygging av landskapsforsking som eit eige fagområde.

Instituttet skal, med basis i dei midlane som blir løyvd over denne posten i 2010, utføre avgrensa forskings- og utgreiingsoppdrag for departementet innanfor mellom anna ressursgrunnlag og produksjon, infrastruktur og hogst av skog, skogskadar, berekraftig verdiskaping frå skog og miljøspørsmål.

I tillegg til å drive overvaking av skog og kulturlandskap, skal instituttet òg forske og skaffe fram informasjon om og utvikle metodane for registrering av biologisk mangfald og kulturminne. Instituttet skal ha enkelte oppgåver knytt til internasjonale prosessar og møte, både på skogområdet og i andre samanhengar. Instituttet skal føre vidare langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag. I tillegg til å ta vare på historisk materiale, gir desse feltforsøka eit grunnlag for vidare utvikling av eit berekraftig skogbruk.

Geodatatenestene ved instituttet er særleg knytt til produksjon, organisering og forvaltning av data slik at dei inngår i den felles nasjonale infrastrukturen. Instituttet skal òg følgje og ta vare på landbruket sine interesser i nasjonale kart- og datasamarbeid slik som Norge digitalt og Geovekst.

Geovekstmidlane må forvaltast saman med midlar til arealressurskart, digitale markslagskart (DMK) og flybilete, med sikte på at landbruket skal få rett til å bruke alle kartdata som blir etablert årleg. Her må instituttet arbeide i god kontakt med brukarane som nyttar produkta frå kart- og datasamarbeidet, mellom anna fylkesmennene. Saman med vidareføring av satsinga på DMK og regelmessig nasjonal omløpsfotografering skal dette vere med på å gi ei god dekning av detaljerte kart og flybilete av jord- og skogbruksareala.

Instituttet skal òg m.a. hjelpe til med arbeid med heilskapeleg arealstatistikk i samarbeid med SSB.

Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning omfattar dei oppgåvene instituttet har i kontakt med brukarar og samfunn, og ein del oppgåver der instituttet gjer særskilte forvaltningsoppgåver for departementet.

Instituttet skal yte kompetansetenester knytt til skogbruksplanlegging, og hjelpe til med effektivisering, kvalitetsheving og auka skogeigarmedverknad. Drift og vidareutvikling av ein database for rapportering av bruk av tilskottsmidlar til skogbruksplanlegging skal halde fram.

Instituttet skal drifte overvakingsprogrammet for skogskadar, under dette følgje samarbeid og utvikling av denne overvakinga internasjonalt. Klimaendringane gir grunn til å halde høg beredskap for å sjå skadar på skog i ei tidleg fase, og førebyggje at nye insekt og anna som gjer skade blir etablert i Noreg. Instituttet skal derfor drive generell informasjon, rettleiing og rådgiving knytt til patologiske og entomologiske skadar på skog, mellom anna gjennom nordisk samarbeid og informasjon over internett. Det er viktig at instituttet arbeider for å sikre ei effektiv og heilskapleg organisering av skogskadeovervaking og beredskap.

Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høg kompetanse og opptre ryddig i arbeidet med forvaltningsoppgåver. Det er òg viktig at instituttet utviklar vilje og evne til å ta oppdrag i relevante marknader knytt til forvaltning, rådgiving og konsulent- og informasjonstenester.

Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høge ambisjonar om å formidle konkrete resultat som når ut til dei som kan ha interesse og nytte av resultata, både frå ressursundersøkingar, overvaking og forsking. Det blir lagt særleg vekt på at instituttet utviklar gode internettsider som gir forvaltning, næring, organisasjonar og allmenta god tilgang til dei produkta instituttet arbeider fram.

Norsk genressurssenter

Arbeidet med forvaltninga av landbruket sine genetiske ressursar er samla i Norsk genressurssenter. Over posten blir det løyvd midlar til drift av senteret og til dei rådgjevande organa, det vil seie Fagrådet for genressursar og tre sektorutval for husdyr, kulturplanter og skogtre.

Genressurssenteret skal ha ein høg innsats på informasjon, utvikling og samordning av nasjonale aktivitetar og på deltaking i nordiske og internasjonale samarbeidsfora.

Viktige oppgåver er drift og vidareutvikling av internettsidene til senteret og trykking av brosjyrar og andre informasjonsskriv om genetiske ressursar. Senteret skal i samarbeid med andre organisasjonar drive aktiv informasjonsverksemd, samt representere Noreg i nordiske og europeiske samarbeidsfora og i samarbeidsprogram både på nordisk, europeisk og globalt nivå. Genressurssenteret skal arbeide i nær kontakt med Nordisk Genressurssenter (NordGen) og vil leie det nordiske samarbeide om genressursar på skogsektoren. Genressurssenteret skal òg følgje opp internasjonale avtalar og prosessar, mellom anna rapportering o.l. til FAO sinkommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk (CGRFA) og Den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk (ITPGRFA).

Genressurssenteret skal òg følgje opp nasjonale handlingsplanar for vern og bruk av genetiske ressursar innanfor kulturplantar, skogtre og husdyr og samarbeider med mange aktørar om dette. Samarbeidet med foredlings- og avlsorganisasjonane om berekraftig avl og foredling og med miljøforvaltninga om in situ bevaring, er viktig. I 2010 vil arbeidet med å utvikle nye handlingsplanar som skal gjelde frå 2011 starte opp. Det er òg aktuelt å evaluere delar av organiseringa, under dette korleis Fagrådet for genressursar og sektorutvala fungerer.

Innan alle dei tre sektorane skal kostnadene ved norsk deltaking i dei internasjonale samarbeidsprogramma dekkjast under denne posten.

Kap. 1143 Statens landbruksforvaltning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

172 279

164 501

171 122

60

Tilskott til veterinærdekning

98 910

114 224

118 879

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren, kan overførast

104

350

361

72

Erstatningar, overslagsløyving

298

302

302

73

Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar, overslagsløyving

29 317

45 610

45 610

74

Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering, kan overførast

14 628

14 628

15 096

75

Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt

79

1 000

1 000

Sum kap. 1143

315 615

340 615

352 370

Mål og strategiar

Statens landbruksforvaltning (SLF) er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og juridiske verkemiddel, kontroll, rådgjeving og dokumentasjon står sentralt. SLF skal bidra til eit heilskapleg vurderingsgrunnlag for landbruks- og matpolitikken. Som eit ledd i dette skal forvaltningsoppgåvene på skogbruksområdet utviklast vidare.

SLF har viktige rådgjevings- og støttefunksjonar. SLF skal ha oversikt over utviklingstrekk i heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåinga i forhold til gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel. SLF skal gi råd på eige initiativ, og rådgjevinga skal ha høgt fagleg nivå. Formidling av landbruks- og matpolitikken og formidling av fag- og forvaltningskompetanse til regional og lokal forvaltning skal inngå i dette.

SLF sin verksemdsidé er å gi faglege råd, setje i verk landbrukspolitikken og leggje tilhøva til rette for landbruket og matindustrien.

Hovudmål for verksemda er at SLF skal vere ei brukarretta og effektiv verksemd som innanfor rammene av nasjonal landbruks- og matpolitikk bidrar til å:

  • sikre ressursgrunnlaget i jord- og skogbruk

  • sikre verdiskaping og eit konkurransedyktig landbruksbasert næringsliv

SLF sin strategiske plan for perioden 2007 - 2012 har følgjande fem strategiar:

SLF skal:

  • fremje verdiskaping i heile verdikjeda

  • auke bruken av FoU-basert kunnskap

  • kommunisere aktivt, samordna og brukarretta

  • levere dei brukarretta tenestene elektronisk

  • vere ein attraktiv arbeidsplass som gir rom for utvikling

Presentasjon av resultatområda

Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk

SLF forvaltar eit breitt spekter av verkemiddel for å fremje næringsutvikling og ivareta miljø- og kulturlandskapsverdiar. På arealområdet vil SLF både forvalte landbrukslovgjeving og ha ei viktig rolle knytt til plan- og bygningslova, samt arbeide med kompetanseheving, informasjon og dokumentasjon. Innanfor området miljø og kulturlandskap er arbeidet med miljøprogram og miljøplanar sentrale oppgåver saman med dokumentasjon av resultat og effektar av miljøinnsatsen. I tillegg bidrar SLF med kompetanse i kartlegging og overvaking av biologisk mangfald i jordbruket sitt kulturlandskap. Forvaltning og utvikling av dei økonomiske verkemidla i skogbruket, erstatningsordningar for landbruket og naturskadeområdet er òg sentrale ansvarsområde. På skogbruksområdet har SLF ansvar for skogbrukslova, tilskottsordningar, skogfondsordninga og resultatkontroll. SLF forvaltar òg verkemiddel for økologisk landbruk for å nå målsetjinga på 15 pst. økologisk produksjon og forbruk.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

SLF forvaltar inntekts- og velferdsordningar, samt produksjonsregulerande verkemiddel med primærprodusentar som målgruppe. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til forvaltning og utvikling av verkemidla innan areal- og kulturlandskapstilskott, husdyrtilskott, pristilskott, velferdsordningar, kvoteordninga for mjølk og husdyrkonsesjon. SLF vil arbeide målretta for ein effektiv kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt samla ansvarsområde. SLF har ansvar for sekretariatsfunksjonen for styrer på forskingsområdet.

Marknadstiltak, handel og industri

SLF forvaltar verkemidla innanfor marknadsordningane for mjølk, kjøtt, egg, grønt, potet og korn. Formålet med ordningane er å sikre avsetning for norske jordbruksråvarer. Omsetningsledd og annan næringsmiddelindustri er dei viktigaste målgruppene. SLF har ansvar for sekretariatsfunksjonen for Omsetningsrådet.

SLF forvaltar importvernet for landbruksvarer gjennom tolladministrering og tollkvotar, ordninga med råvarepriskompensasjon, ordningar for eksportstønad og utanlands tilverking. Ordningane er dels knytt til internasjonale avtalar. Matindustrien og importørar er viktige målgrupper for ordningane. Dessutan er overvaking av marknadane og innhenting av norske og internasjonale prisar viktige oppgåver.

Administrasjon

Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til utvikling av personal- og lønnspolitikk, rekneskap og økonomistyring, organisasjonsutvikling, dokumentasjon og informasjon, IKT samt beredskap.

Resultatrapport 2008

SLF leverte i 2008 rapporten med evaluering av regionale miljøprogram i jordbruket (RMP). Hovudkonklusjonen er at RMP har medverka til gjennomføring av miljøtiltak som neppe ville blitt realisert elles og er eit godt supplement til andre landbrukspolitiske verkemiddel. Rapporten tilrår vidareføring langs dei etablerte linjene, men peikar òg på at det er rom for betringar med sikte på styrkt målretting og auka miljøeffekt.

For å ivareta rolla som nasjonal fagmyndigheit på skog har SLF vidareutvikla kompetansen på skogbruk, og rolla er gjort synleg gjennom etablering av ein ny seksjon for skog og kulturlandskap.

Regjeringa har sett som mål at spesielt verdifulle kulturlandskap skal vere dokumenterte og ha fått ei særskild forvaltning innan 2010. På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet har SLF i samarbeid med Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning i 2008 levert forslag til 20 slike område frå heile landet. Framlegget til utvalde område er no godkjent og arbeidet med tiltak for å sikre skjøtsel og vedlikehald er starta opp.

Sidan 2006 har SLF hatt motsegnsrett i kommunale arealplansaker. Motsegnsretten gjeld i saker der Fylkesmannen foreslår bruk av motsegn med grunngjeving i vern av jordressursar, men der fylkeslandbruksstyret ikkje følgjer opp innstillinga frå Fylkesmannen. I 2008 hadde SLF 16 slike saker til behandling, fordelt på 8 fylke. SLF fremja motsegn i 11 av sakene. Desse motsegnene omfattar samla om lag 1 100 daa, av dei er ca. 900 daa jord som er eigna for kornproduksjon.

I 2008 er det elektroniske søknads- og saksbehandlingssystemet for erstatningsordningane tatt i bruk fullt ut av søkjarar, kommunar, Fylkesmannen og SLF. Om lag 20 pst. av dei som søkte om erstatning etter avlingssvikt i 2008, valde å søkje elektronisk hausten 2008, noko som er eit godt resultat det første året systemet er i bruk.

Frå 2008 har SLF fått ansvaret for utbetaling av kompensasjon til dyreeigarar som får restriksjonar frå Mattilsynet i bruk av utmarksbeite på grunn av rovvilt. I 2008 har ein saueeigar fått kompensasjon etter denne ordninga.

SLF har i 2008 overlevert utgreiing av naturskadeordninga med forslag til ny naturskadelov til Landbruks- og matdepartementet. Lovutgreiinga er ein fullstendig gjennomgang av naturskadeordninga og er mellom anna bygd på eksterne utgreiingar av samfunns- og klimaendringar som kan få innverknad på naturskadeordninga.

SLF fekk i 2007 sekretariatsansvar for det toårige samarbeidsprosjektet mellom Kommunal- og regionaldepartementet og Landbruks- og matdepartementet, Økoløft i kommunar. Regjeringa vil bruke 20 mill. kroner fordelt over to år til å auke produksjon og forbruk av økologisk mat i kommunar. I 2008 blei det etablert 31 Økoløft-prosjekt, med i alt 52 kommunar som deltakarar.

SLF har utarbeidd faglege utgreiingar og grunnlagsdokumentasjon til jordbruksoppgjeret i 2008. Det har vore særleg merksemd omkring forbetringar i verkemiddelsystemet og tilpassing av regelverket med tanke på betre måloppnåing.

I 2008 har SLF arbeid med vidareutvikling av meir brukarvennlege løysingar og kvalitet knytt til søknad, saksbehandling og kontroll, samt utbetaling av tilskott. I dette perspektivet er det pågåande arbeidet med å etablere eit oppdatert kartverk for jordbruksareala viktig. Ved utgangen av 2008 hadde 134 kommunar eit kvalitetssikra digitalt kartverk til bruk i arealkontrollen.

I desember 2008 blei ei samla forskrift om pristilskotta og formidling av tilskotta fastsett. Forskriftene inneber få realitetsendringar frå tidlegare praksis, men ein har søkt å oppnå eit meir heilskapleg og brukarvennleg regelverk for pristilskotta.

SLF gjennomførte i 2008, etter oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet, ei presisering av sonegrensene for distriktstilskott mjølk og kjøtt. Sonegrensene er gjennomgått og presisert, og etablering av ei nettløysing for synleggjering er under arbeid. SLF lanserte ei nettløysing for kjøp av mjølkekvote hausten 2008. Løysinga gir eigarar av landbrukseigedommar større tryggleik og betre tilgang til opplysningar om kvoten til eigedommen. 46 pst. av kjøparane av kvote melde inn kjøpet sitt elektronisk. SLF har i 2008 òg lansert ein nettbasert leveransedatabase for elektronisk rapportering av omsett vare ved lokal foredling av mjølk.

SLF har i 2008 utført arbeid i samband med WTO-forhandlingane, forhandlingar med EU og frihandelsavtalene under EFTA. 2008 var eit turbulent år for marknadene og marknadsaktørane. Det store fallet i prisane på verdsmarknaden siste halvår av 2008 gav saman med auka målprisar nasjonalt spesielle utfordringar for norsk næringsmiddelindustri i forhold til konkurranse frå import. Situasjonen med urolege marknader reknar ein med vil fortsetje framover. Store svingingar på dei internasjonale råvaremarknadene har auka behovet for å finne pålitelege og effektive kjelder til prisinformasjon, og formidle dette vidare. Mot slutten av 2008 opna SLF ein eigen nettstad som viser månadleg utvikling av verdsmarknadsprisar på kjøtt-, meieri- og kornvarer.

Hausten 2008 blei det nettbaserte systemet Import av landbruksvarer sett i drift. Systemet inneber først og fremst ei effektivisering av behandling av importsøknader ved at importørar søkjer og får svar elektronisk. Det blir frigjort tid som ein kan nytte til auka kontrollaktivitet. Systemet gir ein betydeleg gevinst for næringslivet i form av spart tid, full oversikt over status på søknader og nettbasert utrekning av tollsatsar.

I 2008 arbeidde SLF med å betre informasjons- og kommunikasjonsverksemda.

Av post 60 Tilskott til veterinærdekning blei det i 2008 utbetalt 4,3 mill. kroner i administrasjonstilskott til kommunane for å administrere ordninga med kommunal veterinærvakt. For å dekkje kostnader til vaktgodtgjering for veterinærar som deltek i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid, blei det tildelt og utbetalt 84,8 mill. kroner. I stimuleringstilskott blei det i 2008 utbetalt 9 mill. kroner.

Av post 73 Tilskott til erstatning m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar blei det i 2008 utbetalt erstatningar etter påvisning av gul og kvit potetcystenematode i fleire fylke, sjukdom på jordbær i tre fylke, søramerikansk minèrfluge i Buskerud og Østfold, klassisk skrapesjuke på sau i Rogaland og infeksiøs bronkitt på fjørfe i Sør-Trøndelag.

Post 74 Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering blei i 2008 brukt til utvikling av nye sortar innanfor engvekstar, poteter, frukt, bær og grønsaker. Graminor AS godkjente 8 eigne plantesortar og 7 utanlandske sortar til bruk i Noreg i 2008.

Nærmare omtale av aktiviteten i SLF i 2008 finn ein i årsrapporten for 2008 på www.slf.dep.no.

Budsjettframlegg 2010

I 2010 vil det vere viktig å utvikle verksemda vidare. For å nå måla som er sett blir det viktig å gjennomføre strategiane som er lagt til grunn.

Ein viktig del av arbeidet med å utvikle SLF vidare er knytt til IKT-området. Det er nødvendig å halde fram satsinga på IKT for å auke tilgjenge og service i tenesteytinga overfor brukarane. Viktige brukargrupper som bønder og næringsmiddelindustri ønskjer at det skal vere mogleg å kommunisere med SLF elektronisk når dei måtte ønskje det. Bruk av IKT vil bidra til dette og inneber ei betre forvaltning for brukarane av tenestene. Innhenta og lagra data er òg ein viktig ressurs i SLF sin informasjon til forvaltning, næring og samfunn.

Under følgjer ei nærmare omtale av viktige oppgåver innanfor dei enkelte resultatområda i 2010:

Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk

SLF har gjennom rolla som nasjonal skogmyndigheit fått fleire skogoppgåver enn tidlegare og skal no ivareta dei fleste økonomiske og juridiske verkemidla på skogområdet. Informasjonstiltak og beredskapsoppgåver er delar av desse oppgåvene. Som ein del av tiltakspakka i samband med finanskrisa, jf. St.prp. nr. 37 (2008-2009), er det lansert heilt nye tilskottsordningar på skogområdet, og SLF har ansvaret for å setje i verk og følgje opp. Skog og skogbruk er dessutan sentralt i stortingsmeldinga om landbruket og klimautfordringane som blei lagt fram i 2009, og dette kan medføre nye oppgåver for SLF i 2010.

20 verdifulle kulturlandskapsområde er no valt ut og skal bli gitt ei særskilt forvaltning. Dette vil krevje innsats frå SLF i 2010.

Utgreiing og høyring av ny naturskadelov medfører at SLF parallelt med forvaltning etter gjeldande naturskadelov i 2010 må førebu implementering av ny lov gjennom å utarbeide forslag til nye forskrifter mv, forvaltningsrutinar, forbrukarinformasjon mv., og utvikle eit nytt nettbasert fagsystem i tråd med nye lovreglar.

På området klima og miljø vil det bli behov for auka ressursinnsats i 2010 og åra framover, jf. òg omtale i kat. 15.30. Oppgåvene vil gjelde utgreiing og utvikling av tiltak på klimaområdet, særleg knytt til jord, gjødsling, husdyrgjødsel. Det er òg behov for auka ressursinnsats når det gjeld oppfølging av vassdirektivet, knytt til oppfølging av arbeidet som skjer på direktoratsnivå og tilrettelegging for auka involvering av landbruksfagleg kompetanse på regionalt og lokalt nivå.

På arealområdet og innanfor det juridiske området vil SLF jobbe for å styrkje utgreiings- og rådgjevarrolla overfor departementet, og å ivareta rolla som samarbeidspartnar på direktoratsnivå med andre sektorar på arealområdet. SLF vil vidareutvikle rolla som nasjonal fagmyndigheit for odelsloven, konsesjonsloven og jordlova, mellom anna gjennom utstrakt foredragsverksemd og anna rettleiing.

SLF skal leggje til rette for utvikling av økologisk landbruk og omsetning av økologiske produkt retta mot målet om 15 pst. produksjon og forbruk innan 2015. I 2010 vil det bli oppfølging av føregangsfylke for fremje av økologisk produksjon.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

I 2010 vil SLF leggje vekt på å vidareutvikle den nettbaserte forvaltninga av tilskott og kvoteordninga for mjølk med sikte på å bli meir brukarvennleg og auke kvaliteten i forvaltninga. Produsentane skal i aukande grad søkje om produksjons- og velferdstilskott via internett, og kommunar og fylkesmenn skal nytte nettbaserte saksbehandlingssystem. Målsetjinga er at 40 pst. av søknadene i 2010 blir sendt inn via internett.

Innspel til målretting og forbetringar av dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen er òg viktig i 2010.

SLF vil vidareføre og styrkje arbeidet med målretta kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt ansvarsområde. Vurderingar av risiko og vesentlegheit med tilhøyrande kontrollverksemd ved SLF, har avdekt at det fins ein risiko for avvik og eit behov for kontroll. Erfaring viser at auka merksemd på kontroll avdekkjer fleire brot på regelverk og feil frå søkjar. Det er vidare avdekt behov for endring/tilpassing av regelverk. Dette blir følgd opp med nye risiko-/vesentlegheitsvurderingar av ordningane, som vil danne grunnlaget for kontrollarbeidet vidare. Oppfølging og opplæring av fylkesmannsembeta med omsyn på deira kontrollverksemd vil vere viktig.

Marknadstiltak, handel og industri

SLF vil i 2010 arbeide for å sikre ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer. Å sikre like konkurransevilkår for aktørane i prisutjamningsordninga for mjølk vil vere ei prioritert oppgåve. SLF vil som tidlegare følgje opp det rekneskapsmessige skiljet mellom Tine Råvare og Tine Industri slik at alle aktørar blir sikra lik pris på råvara mjølk.

SLF vil vidareføre arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA). Marknadsovervakinga må styrkjast gjennom auka rapportering og analyse av nasjonale og internasjonale marknader for jordbruksråvarer.

SLF vil halde fram med å følgje nøye med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien).

I 2010 vil SLF leggje vekt på å vidareutvikle den nettbaserte forvaltninga av ordningar retta mot næringsmiddelindustrien, og da i første rekkje RÅK-ordninga og prisutjamningsordninga for mjølk med sikte på å bli meir brukarvennleg og auke kvaliteten i forvaltninga.

Administrasjon

I 2010 vil SLF leggje vekt på å modernisere eldre datasystem med sikte på å redusere risiko og sikre stabil drift. SLF vil i 2010 arbeide med å vidareutvikle ein innkjøpsstrategi som sikrar at nyskaffingar blir gjennomført i samsvar med lov om offentlege nyskaffingar og at kontraktar som blir inngått er kostnadseffektive. Beredskapsarbeidet vil òg vere eit viktig område i 2010.

SLF vil halde fram med det generelle arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.

Merknader til dei enkelte postane

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje SLF sine driftsutgifter. For å kunne oppretthalde nødvendig fleksibilitet, vil det framleis vere aktuelt å belaste tilskottsordningane under kap. 1150 med visse utgifter, særleg av utviklings- og utgreiingskarakter, ved evalueringar m.m.

SLF har dei tidlegare åra utvikla mange nye elektroniske tenester for viktige brukargrupper som bønder og næringsmiddelindustri. For å halde fram med den strategiske satsinga med å levere brukarretta tenester elektronisk, er det behov for ein auke i driftsbudsjettet då desse nye tenestene har gitt SLF ein monaleg og varig auke i kostnader til vedlikehald og drift, medan nytten og effektiviseringseffekten i all hovudsak har komme hos sluttbrukar, kommunar og fylkesmenn. Ei auka løyving vil bidra til at SLF kan halde fram med å gi brukarane eit tilfredsstillande tilbod om elektroniske tenester, utvikle nye elektroniske tenester, vidareutvikle heimesida www.slf.dep.no og arbeide for å gjere informasjonen meir tilgjengeleg for brukarane.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 171,1 mill. kroner. Posten er foreslått styrkt med 4,7 mill. kroner i samband med ein varig auke i kostnadene til vedlikehald og drift av elektroniske tenester.

Post 60 Tilskott til veterinærdekning

Formålet med tilskottet er å medverke til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskottet vil bli gitt til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova skal sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell (veterinærar).

Hovuddelen av den forelåtte løyvinga på posten, om lag 102 mill. kroner, vil bli nytta til å dekkje kostnader til vaktgodtgjering for veterinærar som deltek i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane vil bli fordelte mellom kommunane ut i frå rammeavtalen mellom KS og Den norske veterinærforening.

Løyvinga omfattar òg om lag 12 mill. kroner som kommunane kan nytte til stimuleringstiltak for å sikre generell tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang til veterinærtenester. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane i landet vil fylle kriteria for å kunne søkje midlar frå denne delen av løyvinga. Ordninga vil bli lagt opp slik at midlane vil bli prioritert til kommunar som legg planar for gode, lokale løysingar.

I løyvinga er det òg lagt inn om lag 4,5 mill. kroner til administrative kostnader for kommunane. Midlane vil bli delt likt mellom alle kommunane.

Post 70 Tilskott til beredskap i kornsektoren

Beredskapsordninga for mjøl til bakeribransjen i områda frå Ofoten/Vestfjorden og nordover byggjer på avtaler mellom handelsmøllene og SLF. I avtalen forpliktar handelsmøllene seg til, i tillegg til eigne driftslager, å halde eit beredskapslager av kornbaserte råvarer tilsvarande 20 dagars sal til bakeria i området. Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 361 000 kroner for 2010.

Post 72 Erstatningar

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 302 000 kroner som skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999. Dei årlege erstatningane på posten blir i tråd med Trollheimenskjønnet oppjusterte kvart femte år, og blei justert i 2009.

Det er om lag 60 grunneigarar som mottek årleg erstatning. Av dei årlege erstatningsbeløpa er om lag halvparten under 1 000 kroner. For å gjere administrasjonen av ordninga enklare gjer departementet framlegg om å sette fram eit frivillig tilbod til grunneigarane om eingongserstatning i staden for årleg erstatning og vil ev. komme tilbake med eit konkret løyvingsforslag etter ein har fått svar frå grunneigarane.

Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar

Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova). Tilskottet skal òg dekkje meirutgifter og tap i samband med tiltak som blir sette i verk som følgje av for høgt innhald av radioaktivitet i storfe og småfe, samt visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 45,6 mill. kroner i 2010.

Post 74 Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering

Formålet med tilskottet er å medverke til at norsk landbruk har tilgang på plantemateriale som er kontrollert for skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Departementet tek med tilskottet òg sikte på å medverke til utvikling av plantemateriale som gir produktivitetsauke i landbruket, betre produktkvalitet, og som tek omsyn til miljøet og endringar i klimaet. Løyvinga omfattar òg oppgåver innan planteforedlingsforsking.

Tilskottet blir gitt Graminor AS, som har ansvar for sikre tilgang på klimatilpassa og sjukdomsfritt sortsmateriale i norsk jord- og hagebruk gjennom eigen foredling eller gjennom tilgang til utanlandsk sortsmateriale av korn, engfrø, potet, frukt og bær. For vekstar med mangeårig produksjonsperiode som frukt, bær og til dels engvekstar er det i liten grad etablert marknadsordningar som gir foredlar tilstrekkeleg inntekt sjølv om verdien av nye sortar er stor. Den norske marknaden er liten og spesialisert og produksjonen er fragmentert, derfor er det naudsynt med eit tilskott til nasjonal foredling. SLF har, etter retningslinjer fastsett av Landbruks- og matdepartementet, forvaltningsansvar for midlane som blir gitt som tilskott etter søknad frå Graminor AS.

Grunna ønskje om å halde foredlingsarbeidet på eit høgt nivå og grunna tilpassing av inntektene til eksisterande lov om planteforedlarrett, gjer departementet framlegg om ei løyving på om lag 15 mill. kroner i 2010. Tilskottet er viktig for at bøndene framleis skal kunne bruke formeringsmateriale gratis og ikkje måtte betale for å bruke eige formeringsmateriale.

Post 75 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagt beitenekt

Dyrevelferdslova blei vedteken i 2009, og trer i kraft 1. januar 2010. Departementet vil fastsetje forskrifter med heimel i lova. Løyvinga på posten skal nyttast til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, med heimel i lova, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 1 mill. kroner for 2010.

Kap. 4143 Statens landbruksforvaltning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsinntekter m.m.

37 522

33 480

34 551

18

Refusjon av sjukepengar

4 049

Sum kap. 4143

41 571

33 480

34 551

Post 01 Driftsinntekter m.m.

Posten gjeld driftsinntekter som Statens landbruksforvaltning har knytt til m.a. sekretariatet for Omsetningsrådet og styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr blir òg førte på posten. Det er budsjettert med om lag 34,5 mill. kroner i inntekter for 2010.

Kap. 1144 Regionale og lokale tiltak i landbruket

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

77

Regionale og lokale tiltak i landbruket:, kan overførast

6 018

6 097

4 292

Sum kap. 1144

6 018

6 097

4 292

Mål

Målet med løyvinga er tredelt: Å styrkje desentralisering av ansvar og myndigheit til kommunane på landbruksområdet, å styrkje Fylkesmannen sin rolle som kompetansesenter for kommunane, og å styrkje Fylkesmannen og kommunane sin innsats innan miljø- og ressursforvaltning.

Resultatrapport 2008

I 2008 blei 6 mill. kroner nytta til kommuneretta og miljø- og ressursbevarande arbeid.

Tilskotta til kommuneretta arbeid blei nytta til å sikre god dialog mellom Fylkesmannen og den politiske og administrative leiinga i kommunane og til kompetansehevande tiltak for den kommunale landbruksforvaltninga. I tillegg har løyvinga blitt nytta til samarbeidsavtalen med KS. Avtalen med KS har ført til gode samarbeidsarenaer, både sentralt og regionalt, der synleggjering av landbruket som ein del av heilskapen i kommunane sitt samfunnsutviklararbeid har vore vektlagt.

Kommunane rapporterar på forvaltning av landbruksareal etter jordlova, plan- og bygningslova, konsesjonslova og odelslova gjennom KOSTRA. Det har blitt nytta midlar til vidareutvikling og oppfølging av dette rapporteringssystemet. Det blei òg løyvd midlar til kompetanseheving innanfor samfunnsplanlegging via KS-prosjektet Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS).

I tråd med St.meld. nr. 15 (2003-2004) og Soria Moria-erklæringa blei det løyva midlar til rovviltforvaltning og samarbeidstiltak med miljøvernforvaltninga.

Det blei løyvd midlar til å følgje opp EU sitt vassrammedirektiv i fylke med mykje arealavrenning. Prosjektet Økt kontakt med Russland blei vidareført av Fylkesmannen i Troms i samarbeid med Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, Nordland og Finnmark.

Budsjettframlegg 2010

Departementet gjer for 2010 framlegg om ei løyving på om lag 4,3 mill. kroner. I samband med forvaltningsreforma er det ført over 2 mill. kroner frå kap. 1144 post 77 til kap. 1150 post 50.

Det vil framleis bli sett av midlar for å styrke samhandlinga og dialogen med kommunane på landbruksområdet. Det blir òg lagt opp til å vidareføre samarbeidet med KS frå 2010. Løyvinga til KOSTRA-arbeidet vil bli ført vidare. Vidare vil det bli sett av midlar til Fylkesmannen sitt arbeid med rovviltforvaltning og vassrammedirektivet.

Fylkesmannen i Finnmark tek over ansvaret for prosjektet Økt kontakt med Russland frå 2010.

Kap. 1147 Reindriftsforvaltninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Driftsutgifter

41 713

40 036

39 519

45

Store utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

7 472

6 775

6 958

70

Tilskott til fjellstover

685

680

702

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast

8 435

10 304

10 304

82

Radioaktivitetstiltak, kan overførast

1 249

3 000

2 500

Sum kap. 1147

59 554

60 795

59 983

Mål og strategiar

Reindriftsforvaltninga er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale reindriftspolitiske verkemidla, og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. Reindriftsforvaltninga har ei sentral rolle i samband med gjennomføringa av reindriftspolitikken, og det er lagt opp til at forvaltninga i vesentleg grad òg skal ha ei rådgjevande rolle. Reindriftsforvaltninga skal leggje til rette for, og arbeide aktivt for at måla i reindriftspolitikken blir nådd. Reindriftsforvaltninga forvaltar reindriftslova og verkemidla under reindriftsavtalen. Reindriftsforvaltninga er òg sekretariat og utøvande organ for Reindriftsstyret og områdestyra.

Når det gjeld dei overordna reindriftspolitiske måla, vidarefører departementet de seks resultatområde som Reindriftsforvaltninga arbeider etter.

Ressursforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal på bakgrunn av mellom anna grunnlagsdata om utviklinga i lavbeita, slaktevekter, klimatiske og driftsmessige forhold medverke til nødvendige tiltak som gir ein tilpassa reinbestand, samt kontrollere at rammene for bruk av beiteressursane blir haldne.

Arealforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal halde fram arbeidet med å dokumentere reindrifta sin arealbruk, og med å sikre tilgang til nødvendig areal. Reindriftsforvaltninga skal arbeide for auka forståing av reindrifta sin bruk av areal og då særleg blant arealplanleggjarar i kommunar og fylkeskommunar. Vidare er det viktig å få gjort planleggjarane medvitne på sitt ansvar på alle nivå i samsvar med dei pliktane desse òg har etter Grunnlova §110 a og folkeretten sine reglar om urfolk og minoritetar.

Reindriftsbasert næringsutvikling

Reindriftsforvaltninga skal medverke til utnytting og utvikling av reindrifta basert på prinsippet om ei berekraftig reindrift. Å bidra til auka produksjon og lønnsemd for den enkelte reindriftsutøvar står sentralt, dette må sjåast i samanheng med arbeidet med ressursforvaltning og med dei inntekts- og velferdspolitiske tiltaka retta mot reindrifta.

Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal medverke til ei effektiv og trygg forvaltning, eit enklare og betre regelverk for tilskottsordningane og betre forståinga av innhaldet i verkemidla. Dei ulike verkemidla må sjåast i ein samanheng slik at ein oppnår størst mogleg effekt.

Samhandling - informasjon

Reindriftsforvaltninga skal vidareutvikle samarbeidet med andre offentlege institusjonar og då i særleg grad med miljøforvaltninga og Sametinget. Vidare er det stilt krav om nær kontakt mellom Reindriftsforvaltninga og næringa sine representantar for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som grunnlag for å nå målet om ei berekraftig reindrift.

Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga skal vere omstillingsdyktig og formålseffektiv og ha eit kostnadseffektivt rettleiings- og styringsapparat internt og overfor den enkelte reindriftsutøvar.

Resultatrapport 2008

Ressursforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal medverke til å sikre ressursgrunnlaget for ei berekraftig reindrift. Dette omfattar til dømes at forvaltninga i samarbeid med næringa skal utgreie og fastsetje vilkår, drive rettleiing for å leggje til rette for god avkastning og føre kontroll med at vilkår blir overhaldne. Ressurssituasjonen og førekomsten av rovvilt påverkar i vesentleg grad driftstilhøva i reindrifta. Det er derfor viktig med eit nært samarbeid mellom rovviltforvaltninga og reindriftsforvaltninga i dei ulike regionane. Arbeidet skjer fortløpande gjennom innsamling av data om talet på rein, tap, beitebruk, ressurssituasjonen m.m. Dette blir sikra gjennom offentlege teljingar, synfaringar av beite, administrering av transport, fornying og vedlikehald av grensegjerde, samt informasjon og rettleiing av distriktstyra, sonestyra, siidaer og den enkelte reineigar. I samanheng med ressursforvaltninga blir det òg gjennomført driftskontroll, konfliktløysingar og kontroll av avtaletiltak. Dette er omfattande oppgåver som krev vesentlege menneskelege og økonomiske ressursar.

I 2006 starta forvaltninga arbeidet med ein treårig plan for fastsetjing av resterande vilkår for reindrifta. Planen var ei oppfølging av Riksrevisjonen si undersøking av berekraftig bruk av reinbeiteressursane i Finnmark, der Riksrevisjonen m.a. påpeikar at det ikkje føreligg ein heilskapeleg strategi for å nå målet om ei berekraftig reindrift. Reindriftsforvaltninga har i 2008 avvikla dei delane av prosjektet som blei vidareført gjennom prosessen med utarbeiding av bruksreglar for reinbeitedistrikta. Dette gjeld mellom anna fastsetjing av beitebruk, reintal og beitetider for det enkelte distrikt. Reindriftsforvaltninga har vidareført arbeidet med distriktsinndeling i dei områda i Finnmark som allereie er påbegynt.

Reindriftsforvaltninga har vore ein sentral aktør i utarbeiding av ny reindriftslov og i arbeidet med implementeringa av den nye lova. Reindriftsforvaltninga har gjennomført informasjonsmøte i alle reinbeiteområde for næringa og for styringsorgana. Det er òg halde informasjonsmøte for ulike aktørar utanfor næringa om lova sine føresegner. Reindriftsforvaltninga har i 2008 sett i verk eit omfattande vegleiingsarbeid overfor reindrifta om utarbeiding av bruksreglar.

I løpet av dei siste 25 åra har det vore stor merksemd kring tilstanden på lavbeita på Finnmarksvidda. På bakgrunn av den kritiske lavbeitesituasjonen, og for å skaffe kunnskapsgrunnlag for den framtidige forvaltninga av lavbeita, sette Reindriftsforvaltninga i verk eit overvakingsprogram i 1998. Programmet har omfatta både felt- og satellittregistreringar av lavbeita, og er blitt gjennomført av Norsk institutt for naturforsking (NINA) og NORUT. Siste kartlegging og registrering blei gjennomførd i 2005/2006. Førebels syner resultata ein ny trend med ei viss positiv utvikling på lavbeita i delar av Finnmark. Erfaringar så langt tilseier at det vil vere hensiktsmessig å vidareføre beiteovervaking med ca. 5 års mellomrom. Reindriftsforvaltninga vil følgje opp med nye satellitt- og feltregistreringar i løpet av kort tid.

I alle seks reinbeiteområda er det oppretta vernebuingsutval med representantar frå områdestyra i reindrifta, Mattilsynet og representantar frå næringa. Det har i 2008 ikkje vore nødvendig med tiltak vedrørande beite- og driftstilhøva i næringa.

Når det gjeld reindrifta sine oppgitte tap i Melding om reindrift, har forvaltninga gjennomført ei kvalitetssikring før oversending til Fylkesmannen. Vidare har forvaltninga vurdert beite- og driftsforhold for den enkelte siida, og påpeika forhold som har hatt følgje for rovdyrtapa. Reindriftsforvaltninga søker å ha nær kontakt med dei regionale rovviltnemndene for å få belyst reindrifta sine utfordringar i forhold til rovvilt på ein mest mogleg korrekt måte.

Forureining etter Tsjernobyl-ulykka i 1986 legg framleis føringar for store delar av reindrifta sør for Saltfjellet. Måling av høge verdiar inneber framleis behov for nedfôring og kassasjon. Dette viser at det er behov for kontinuerleg merksemd om problemet og at ein er førebudd på at radioaktivitet i reinkjøtt vil vere eit problem i reindrifta i mange år framover.

Arealforvaltning

Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har akselerert dei siste tiåra, og det er behov for å få ei betre sikring av reindrifta sine areal. Dette gjeld særleg dei areala som er avgjerande for ei berekraftig reindrift.

Reindriftsforvaltninga har eit ansvar for å ivareta reindrifta sine arealinteresser i den allmenne arealforvaltninga. Ein vesentleg del av ressursane ved forvaltninga går med til denne type saker. Mykje av arbeidet blir utført gjennom prosessar som kommuneplanlegging, reguleringsarbeid, konsesjonssaker med meir. Reindriftsforvaltninga har arbeidd med å auke reindrifta sin innverknad gjennom dei verkemidla som styrer arealbruken. Det er gitt innspel ved endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken og ein har delteke i styrings- og referansegrupper med sikte på å få fram reindrifta sine interesser.

Reindriftsforvaltninga har arbeidd med å utvikle ein metode for å verdiklassifisere reindrifta sine areal. Metodikken er testa ut i to reinbeitedistrikt i 2008, eit i Nordland og eit i Nord-Trøndelag. Erfaringar frå dette er avgjørande for det vidare arbeidet med verdiklassifisering av areala. Dette arbeidet inkluderer òg ein revisjon av arealbrukskarta for alle reinbeitedistrikta. Gjennom partnarskap i Noreg Digitalt vil arealbrukskarta bli lett tilgjengeleg for andre etatar.

Reindriftsforvaltninga har delteke i dialogprosjektet Felles politikk for fjellområda, der temaet er reindrift og arealplanlegging. Prosjektet er i regi av Fylkesmannen i Sør-Trøndelag. Målet er å betre den gjensidige forståinga og dialogen med sikte på å skape betre grunnlag for felles politikk for fjellområda. Resultata frå prosjektet gjer ein del interessante erfaringar som kan komme til nytte i andre reinbeiteområde.

Reindriftsbasert næringsutvikling

Gjennom samarbeid med ei rekkje aktørar har Reindriftsforvaltninga hatt ein sentral rolle i arbeidet med å få til auka slakting og omsetning av reinkjøtt. Prisen på kjøtt til reineigar har auka med 12 pst. frå 2007 til 2008. Dagens gjennomsnittlege bruttopris til reineigar er på om lag 70 kroner pr. kilo.

Reindriftsforvaltninga har i 2008 kartlagt slakteri- og vidareforedlingsanlegg i Finnmark, dette arbeidet blir vidareført i resten av landet. Arbeidet er eit ledd i å få oversikt over slakterikapasitet og kva for moglegheiter som allereie eksisterer for auka verdiskaping i næringa.

Av totalt 553 aktive siidaandelar i reindrifta, hadde 70 andelar kvinneleg leiar i 2008. Det er eit mål å auke reindriftskvinnene si deltaking i reindrifta. Når det gjeld fordelinga av totalt reintal mellom kvinner og menn i 2008, var fordelinga 24 pst. for kvinner og 76 pst. for menn.

For å styrkje kvinna sin posisjon i reindrifta, er det frå og med Reindriftsavtalen 2001/2002 øyremerka 1 mill. kroner årleg til kvinneretta tiltak. Føremålet med satsinga er å sikre og auke kvinner si deltaking i reindrift og reindriftsrelaterte aktivitetar, leggje tilhøva til rette for yrkesmessig likeverd mellom menn og kvinner i næringa, sikre at kvinner er med på å styrkje og vidareutvikle det samiske kulturinnhaldet i næringa, samt hjelpe til å synleggjere kvinner si verdiskaping i reindriftsnæringa.

Frå Reindrifta sitt Utviklingsfond (RUF) er det overført 2 mill. kroner til Samisk utviklingsfond. Midlane er nytta til binæringar knytt til reindrift. Når det gjeld Verdiskapingsprogrammet for rein, har Reindriftsforvaltninga arbeidd aktivt for ei positiv samhandling med reindriftsnæringa og Innovasjon Norge i gjennomføringa av programmet.

Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga har utarbeidd rettleiingsmateriell og interne saksbehandlingsrutinar i høve til søknader om tilskott. Det er arbeidd aktivt for at reindriftsutøvarane kan innlevere tilskottssøknadane elektronisk. I 2008 var det 53 pst. av søkarane som leverte elektronisk søknad. Det er gjennomført teljing av rein både i Aust- og Vest-Finnmark, samt i Sør-Trøndelag og Hedmark reinbeiteområde. I dei tilfella der det har vore større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar, er det sett i verk tiltak.

Ordninga med konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift er administrert av Innovasjon Norge sitt kontor i Tromsø. I 2008 ble det fordelt midlar mellom 16 ulike konfliktførebyggjande tiltak.

I 2008 blei det gitt støtte til 17 forskingsprosjekt med eit samla beløp på 4,7 mill. kroner. Ein større del av prosjekta som blei gitt støtte inneheld tema som er direkte relatert til beite, reinen sin biologi, og arealinngrep. Det er vidare gitt støtte til opplæringsprosjekt om bevaring og bruk av reindriftskvinners tradisjonelle kunnskap.

Samhandling - informasjon

I 2008 har Reindriftsforvaltninga halde fram med ein direkte og aktiv informasjonsstrategi i den hensikt å skape tillit og forståing i næringa. Reindriftsforvaltninga ser dette som avgjerande for å nå målet om ei berekraftig reindrift.

I 2008 har mykje av informasjon frå Reindriftsforvaltninga til reindriftsnæringa handla om ny reindriftslov. I samarbeid med Landbruks- og matdepartementet er det blant anna gjennomført totalt 8 informasjonsmøte fordelt på de ulike reinbeiteområda.

Reindriftsnytt er utgitt i 4 nummer i 2008. Magasinet har om lag 1 500 abonnentar og vender seg til reindriftsutøvarar og forvaltning i og rundt reindriftsnæringa. Ein del av artiklane er oversette til nordsamisk.

Reindriftsforvaltninga si internettside www.reindrift.no blir oppdatert kontinuerleg. I tillegg til nyhendesaker finst mellom anna alle publikasjonar, verkemiddel, reindriftskart, reinmerkeregister og søknadsskjema frå forvaltninga på nett. Informasjonen blir publisert både på norsk og nordsamisk. Reindriftsforvaltninga utarbeider og gir ut Ressursregnskapet og Totalregnskapet for reindrifta. Ressursregnskapet er forvaltninga sin årlege rapport om ressurssituasjonen i næringa. Totalregnskapet for reindriftsnæringa syner kva for verdiar som blir skapte i næringa samla sett ved bruk av produksjonsfaktorane arbeid og kapital.

Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga har dei siste åra hatt stor merksemd omkring kompetanseutvikling i forvaltninga. I 2008 har Reindriftsforvaltninga starta ein organisasjons- og leiarutviklingsprosess. Det er eit fleirårig prosjekt, og i 2008 er det fokusert på innføring av mål- og resultatstyring og leiarutvikling. Vidare inneheld programmet tema som medarbeidarutvikling, teamkompetanse, medarbeidarsamtaler, samhandling og miljø samt styrking av ei samla forvaltning.

Reindriftsforvaltninga har i 2008 gjennomført ei risikovurdering av tilskottsforvaltninga og offentlege anskaffingar. Det er vidare utarbeidd ein strategi for implementering av risikostyring, Dette blir ført vidare i samband med innføring av mål- og resultatstyring.

Vidare har det i 2008 vore gjennomført diverse eksterne og interne kurs og opplæring for medarbeidarane i forvaltninga. Tema strekker seg frå kurs i GIS (Geografiske informasjonssystem), leiing, tillitsmannsverv, sekretærfunksjon, arkivering til kurs i ny planlov.

Budsjettframlegg 2010

Budsjettframlegget er retta inn mot dei seks resultatområda som reindriftsforvaltninga arbeider etter.

Ressursforvaltning

Ny reindriftslov blei sett i kraft frå 1. juli 2007. Implementering av ny lov vil framleis vere ei høgt prioritert arbeidsoppgåve for Reindriftsforvaltninga i 2010. Lova er basert på at reindrifta er avhengig av dei biologiske ressursane på beiteareala, og at tilgangen til og bruken av desse må vere berekraftig i eit langsiktig perspektiv. Godkjente bruksreglar vil utgjere fundamentet i ressursforvaltninga framover, og vere ein føresetnad for at ei rekkje av lova sine reglar skal komme til bruk. Styra i dei ulike reinbeitedistrikta har etter ny lov fått ansvar for å utarbeide og godkjenne bruksreglar, inkludert øvre reintal. 1. juli 2009 skulle dette arbeidet vore avslutta. Status hausten 2009 er at om lag 70 pst. av alle distrikta har levert bruksreglar. Men det er store variasjon mellom områda med omsyn til kor stor del av distrikta som har levert bruksreglar. I dei områda der spørsmål omkring rettighetar er vanskelege og komplekse, har langt færre levert bruksreglar enn der disse forholda er avklart. Reindriftsforvaltninga skal aktivt følgje opp dei distrikta som enno ikkje har levert bruksreglar. Ei anna sentral oppgåve for forvaltninga i 2010 vil vere å leggje til rette for og setje i verk prosessen med godkjenning av bruksreglar og reintal i reindrifta sine styringsorgan.

I dei siste åra har enkelte distrikt i fleire reinbeiteområde hatt ein låg produksjon. I Finnmark indikerer det høge reintalet i enkelte område at ressurssituasjonen her framleis er kritisk. Andre årsaker til lav produksjon inneber mellom anna høge tap til rovvilt, sjukdom og vedvarande dårlege klimatiske vilkår på vinterbeite. Det er behov for auka kunnskap om dei ulike årsakene til tap i reindrifta, og om samspelet mellom dei ulike tapsårsakene. Av den grunn er det såleis viktig at forvaltninga bidrar aktivt til å auke kunnskapsgrunnlaget om tapa. Vidare er det viktig å fortsetje arbeidet med å stimulere til auka slakting, samt til ein reduksjon av reintalet i Finnmark. For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta, skal forvaltninga fortsetje med å hente inn og gjere tilgjengeleg nødvendige grunnlagsdata mellom anna om beitetilhøva og slaktevekter.

Arealforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal halde fram med å etablere nettverk og alliansar med andre offentlege organ og gjere desse kjende med reindrifta sine behov for samanhengande areal, samt konsekvensane for reindrifta av ulike tiltak innanfor reinbeiteland. Vidare skal forvaltninga arbeide aktivt for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og gjere denne kjent for kommunar og fylke.

Reindriftsforvaltninga skal vere ein aktiv pådrivar med omsyn til endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken. Vidare skal forvaltninga satse på auka kompetanse rundt det gjeldande regelverket mellom eigne tilsette, representantar i reindrifta sine styringsorgan og hos reindriftsutøvarane. I samanheng med at Stortinget vedtok ny plandel i plan- og bygningslova har forvaltninga saman med departementet utarbeidet ein vegleiar om reindrift og arealforvaltning etter den nye lova. I samband med dette vil det bli oppfølgingsoppgåver overfor ulike planleggingsinstansar framover.

Reindriftsforvaltninga skal ferdigstille arbeidet med å få verdiklassifisert reindrifta sine areal, og gjere dei oppdaterte arealbrukskarta lett tilgjengeleg via internett.

I samband med at det er etablert ein metode for konfliktvurdering av særskilde område ved vindkraftutbygging, skal Reindriftsforvaltninga fortløpande utarbeide ei tematisk konfliktvurdering knytt til reindrift av melde og omsøkte vindkraftprosjekt.

Forhandlingane om reinbeiteavtalar i Rørosregionen er sluttført. Reindriftsforvaltninga skal bidra i oppfølginga av avtalene.

Forhandlingane med Sverige om ein ny reinbeitekonvensjon blei tekne opp att i desember 2005 etter at dei to landa var samde om eit nytt mandat for vidare forhandlingar. Forhandlingane er no sluttført. Reindriftsforvaltninga skal hjelpe til ved ei effektuering av ein ny konvensjon.

Reindriftsbasert næringsutvikling

Reindriftsforvaltninga skal vere ein bidragsytar for auka verdiskaping i reindrifta. Saman med næringa sine organ og andre aktørar, skal forvaltninga medverke til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein formålstenleg måte som gir størst effekt og verdiskaping. I samband med dette skal forvaltninga i nært samarbeid med Innovasjon Norge arbeide for at verkemidla frå høvesvis Reindrifta sitt utviklingsfond og Verdiskapingsprogrammet for reindrift blir sett i samanheng, slik at den samla effekten blir størst mogeleg. Ei viktig oppgåve for forvaltninga er å skape heilskap og samspel i verdikjeda. Det er derfor nødvendig å prioritere fellestiltak i reindrifta framover. I forbindelse med dette må erfaringa frå kartlegging av slakte- og foredlingsanlegg i dei ulike reinbeiteområda stå sentralt ved utarbeiding av strategiar og handlingsplanar for høvesvis RUF og VSP-rein. Reindriftsforvaltninga skal arbeide aktivt for å synleggjere kvinnene sin innsats og leggje til rette for å styrkje kvinner si stilling i reindrifta. I tillegg skal Reindriftsforvaltninga vidareutvikle arbeidet med å vurdere effektane i eit likestillingsperspektiv av nye og gamle tiltak. Eit særs viktig forhold i likestillinga er rekruttering til næringa.

Reindriftsforvaltninga skal vere orientert om Importutvalet sitt arbeid, samt om arbeidet i Kontaktutvalet for reinkjøtt. Vidare skal forvaltninga leggje til rette for og koordinere marknadstiltak etter retningslinjer som er gitt i samanheng med reindriftsforhandlingane. Reindriftsforvaltninga skal og stimulere næringa til auka produksjon og produksjonsoptimalisering.

Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal medverke til at tilskottsordningar blir forvalta effektivt og trygt, samt blir nytta systematisk for å oppnå ei større verdiskaping gjennom eit enklare og betre regelverk. Rettleiingsmateriellet skal gjerast kjent både på norsk og nordsamisk. Reindriftsforvaltninga skal sørgje for å føre vidare arbeidet med å leggje til rette for elektroniske sjølvbetjeningsløysingar og gi innspel til forenklingar i dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen. Vidare skal forvaltninga arbeide for å sikre rask og lik behandling av dei enkelte utøvarane i dei ulike reinbeiteområda. Som ein del av kontrollarbeidet skal forvaltninga halde fram med å telje rein i dei ulike reinbeiteområda. Som en følgje av prøveordninga med eit produksjonskrav målt i kg slakt pr. dyr vil det bli auka behov for teljingar i Vest-Finnmark. Ved større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar skal det setjast inn tiltak.

Reindriftsforvaltninga skal delta aktivt i arbeidet med å utvikle konfliktførebyggjande tiltak i forholdet til andre næringsinteresser.

Når det gjeld midlane til forsking, skal forvaltninga medverke til at dei blir nytta til å framskaffe og formidle kunnskap med sikte på å nå målet om ei berekraftig reindrift.

Samhandling - rettleiing og informasjon

Reindriftsforvaltninga må drive aktiv informasjonsverksemd om sine ansvarsområde overfor eit større publikum og formidle informasjon om utviklinga i reindrifta og dei sentrale verdiane som reindrifta tek vare på.

Dokumentasjon og formidling av reindrifta sin arealbruk og sine rettar er avgjerande for næringa si framtid. Dette stiller krav om nær kontakt mellom næringa sine representantar, Reindriftsforvaltninga og andre offentlege organ for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig utvikling. Dette er vidare særleg viktig i arbeidet med å fastsetje dei påkravde vilkåra i reindrifta.

Reindriftsforvaltninga skal arbeide aktivt for å profilere reindrifta sine positive sider, og leggje til rette slik at befolkninga får betre kunnskap om reindrifta i Noreg.

Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga skal vere ei verksemd som utnyttar sine ressursar på ein effektiv måte og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester. Forvaltninga skal vidareføre innsatsen knytt til vidareutvikling og forbetring av IKT-system, HMS, einsarta forvaltning, personal- og lønspolitikk, arbeidsmiljø, kompetanseoppbygging, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, samt interne driftsoppgåver. Når det gjeld kompetanseoppbygging, skal forvaltninga særleg prioritere opplæring av dei tilsette i samisk språk.

Reindriftsforvaltninga starta eit arbeid med organisasjons- og leiarutvikling i 2008. Sentralt i denne prosessen er å utforme og ta i bruk styrings- og utviklingsverktøy i organisasjonen. Arbeidet vidareføres i 2010, og det skal mellom anna gjennomførast medarbeidar- og brukarundersøkingar.

Post 01 Driftsutgifter

Med bakgrunn i budsjettsituasjonen legg Landbruks- og matdepartementet til grunn ei generell effektivisering av forvaltninga av reindrifta. På dette grunnlag er posten foreslått redusert med om lag 1 mill. kroner. Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 39,5 mill. kroner. Posten skal dekkje Reindriftsforvaltninga sine driftsutgifter. Ordninga med kvinne- og familieretta tiltak i reindriftsnæringa blir ført vidare. Vidare skal posten dekkje administrative utgifter til effektuering av ny norsk-svensk reinbeitekonvensjon, og administrative utgifter i samanheng med arbeidet i norsk-finsk grensegjerdekommisjon. Posten skal òg nyttast til å dekkje utgifter til gjennomføring av ein nordisk reindriftskonferanse i 2010. I tillegg skal posten dekkje administrative utgifter til effektuering av reinbeiteavtalar nord for Aursunden og i Korssjøfjellet i Røros kommune, samt reinbeiteavtalen nordvest for Aursunden. Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.

Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald

Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 7 mill. kroner. Posten skal dekkje utgiftene til ei oppfølging av Noreg sitt ansvar for grensegjerda mot Sverige, Finland og Russland. I tillegg skal posten dekkje utgiftene til ei effektuering av reinbeiteavtalar i Rørosregionen.

Post 70 Tilskott til fjellstover

Føremålet med tilskottet er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng til m.a. reingjetarane. Ein har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private om fjellstovehald. Fjellstovene blir drivne på kontrakt med Reindriftsforvaltninga. Fjellstovene har plikt til å halde ope heile året.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 0,7 mill. kroner i 2010.

Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark

Ein gjer framlegg om ei samla løyving på 10,3 mill. kroner. Av dette gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 1,3 mill. kroner for å dekkje utgiftene til forlenga omstillingslønn. Det har vist seg vanskeleg å få omstillarar over 55 år over i anna arbeid. For denne gruppa var det ikkje sett krav om aktiv omstilling. For å medverke til å gi denne gruppa ei verdig avslutning på arbeidslivet, og for å hindre at dei tek opp att reindrifta, vil dei kunne søkje om forlenga omstillingslønn fram til den til ei kvar tid gjeldande ordinære pensjonsalder etter folketrygdlovgjevinga. Føresetnaden for å komme inn under ordninga er at vedkomande si driftseining blir avvikla.

Etter ny reindriftslov har distrikta fått frist til å utarbeide bruksreglar innan 1. juli 2009. En sentral oppgåve for reindriftas styringsorgan i 2010 blir godkjenning av bruksreglar med reintal. Reindriftsforvaltninga skal aktivt medverke til at reinbeitedistrikta som ikkje har utarbeidet bruksregler innan fristen får bistand til å utarbeide bruksreglane, slik at dei raskt kan sendast styringsorgana til godkjenning. Oppfølging av distrikta i Finnmark blir dekka over denne posten.

Utfordringa med å få godkjent bruksreglar vil truleg vere størst i dei distrikta i Finnmark der reintalet ikkje er i samsvar med beiteressursen og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir oppnådd. Oppfølging av disse distrikta krev ekstra innsats. Dette inneber mellom anna at ein skal leggje til rette for fellestiltak for ein betre infrastruktur, og at ein framleis stimulerer aktivt til auka slakting og omsetning av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansiert over denne posten vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det enkelte distrikt, og den til ei kvar tid gjeldande marknadssituasjonen.

Som ein del av kontrollarbeidet og oppfølging av godkjente bruksreglar, skal forvaltninga utføre teljing av rein. Det vil bli behov for auka aktivitet i Vest-Finnmark som følgje av ein ny ordning over reindriftsavtalen 2009/2010. Utgifter til teljing av rein i Finnmark blir dekka over denne posten.

Reindrifta har betydelege tap. Den store differansen mellom omsøkt og erstatta rovdyrtap er særleg framtredande i Finnmark, og den har auka konfliktnivået mellom styresmaktene og næringa. Derfor er det stor trong for å betre kunnskapen om produksjon og tapsårsaker i reindrifta. Utgifter til å framskaffe ny kunnskap omkring desse tilhøva blir dekka over denne posten.

Som et ledd i arbeidet med å få verdiklassifisert reindrifta sine areal, vil det bli behov for utbetring av dei eksisterande arealbrukskart. Dette må vidare sjåast i samanheng med distrikta sitt arbeid med bruksreglar og distriktsplanar. Utgifter til digitalisering av kart i Finnmark vil bli dekka over denne posten.

Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekka innanfor løyvingane til drift av forvaltninga. For å kunne ha påkravd fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre utviklings- og utgreiingskostnader på denne posten. Det same gjeld evalueringar og kostnader til vidareutvikling og betring av forvaltninga sitt IKT-system.

Post 82 Radioaktivitetstiltak

Staten si dekking av kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtak som regjeringa fatta om økonomisk skadesløyse 31. juli 1986. Fram til 2008 blei løyvingar til dette formålet gitt gjennom Stortinget si behandling av den årlege stortingsproposisjonen om reindriftsavtalen. I samanheng med forhandlingane om Reindriftsavtalen 2007/2008 blei avtalepartane samde om å leggje om radioaktivitetstiltaka og finansieringa av ordninga. Dette innebar at det blei etablert ein ny post vedrørande kostnader til radioaktivitetstiltak på kap. 1147 frå og med budsjettåret 2008. Sjølv om løyvinga til tiltak som følgje av radioaktiv ureining er teke ut av reindriftsavtalen sitt verkemiddelssystem, er avtalepartane samde om at regelverket for radioaktivitetstiltak blir fastsette etter dei same prosedyrar som forskriftene etter reindriftsavtalen. Ein gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner i 2010. Dette er 0,5 mill. kroner lågare enn for 2009, og har sin årsak i at Mattilsynet overtek ansvaret for måling av radioaktivitet.

Kap. 4147 Reindriftsforvaltninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

01

Refusjonar m.m.

294

34

35

16

Refusjon av foreldrepengar

177

18

Refusjon av sjukepengar

562

Sum kap. 4147

1 033

34

35

Kap. 1148 Naturskade - erstatningar og sikring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Tilskott til sikringstiltak m.m., kan overførast

34 903

71

Naturskade, erstatningar, overslagsløyving

84 273

97 000

87 000

Sum kap. 1148

119 176

97 000

87 000

Mål og strategiar

Statens naturskadeordning gir erstatning for naturskadar som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Statens naturskadeordning har òg fram til 31.12.2008 hatt som mål å fremje sikring mot naturskadar og å gi tilskott til farevurdering og sikringstiltak. Kommunar med spesielt vanskeleg økonomi og stort sikringsbehov er prioriterte. Frå 1.1.2009 er den delen av Statens naturskadeordning som gjeld sikring overført til Noregs vassdrags- og energidirektorat under Olje- og energidepartementet.

Statens naturskadeordning er organisert med eit styre og ei ankenemnd. Statens landbruksforvaltning (SLF) er sekretariat for styret og ankenemnda. SLF førebur sakene for styret og ankenemnda og gjer etterarbeidet som følgjer av vedtaka. SLF har òg det administrative ansvaret for ordninga. Styret og SLF skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar får ei rask og forsvarleg behandling. SLF skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår.

Departementet reknar med auka omfang av naturskadar i åra framover. FN sitt klimapanel konkluderer med at den globale oppvarminga vil få alvorlege konsekvensar. Som ei oppfølging har regjeringa nemnt opp eit offentleg utval som skal gjennomføre ei brei offentleg utgreiing om Noreg sin sårbarheit og behov for tilpassing som følgje av klimaendringane. Utvalet skal mellom anna greie ut kva risiko klimaendringane utgjer for natur og samfunn.

SLF har, på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet, utarbeida forslag til ny lov om erstatning for naturskade. SLF peiker i sine vurderingar på at klimaendringane vil gi auka hyppigheit av flom og skred med påfølgjande naturskadar. Departementet har sendt forslaget til ny lov på høyring med høyringsfrist i januar 2010.

Post 70 Tilskott til sikringstiltak m.m.

Resultatrapport 2008

Det kom inn 15 søknader om tilskott til sikringstiltak med eit samla kostnadsoverslag på om lag 53,6 mill. kroner i 2008. Det blei gitt tilsegn om tilskott til 5 tiltak på til saman 8,1 mill. kroner.

Prosjektet Fjellskred i Troms fylke fekk 4 mill. kroner til utgreiing av risiko for store fjellskred. Storfjord kommune fekk tilsegn om 2 mill. kroner til sikringstiltak mot skred i Signaldalen, Årdal kommune fekk tilsegn om 1,5 mill. kroner til sikringstiltak mot steinskred i bustadfeltet Myri, Gaular kommune fekk tilsegn om 0,5 mill. kroner til skredsikring i Skagekleiva, og Tranøy kommune fekk tilsegn om 0,2 mill. kroner til utgreiing av tiltak mot erosjonsskred i Vangsvik.

Tilsegna om tilskott dekte i gjennomsnitt om lag 51 pst. av kostnadsoverslaga.

Post 71 Naturskade, erstatningar

Resultatrapport 2008

I 2008 blei det behandla 757 erstatningssaker med samla skadetakst på 132,3 mill. kroner. Samla utgjorde erstatningsutbetalingane 80,8 mill. kroner. I tillegg blei det utbetalt 3,4 mill. kroner til dekking av takseringskostnader og FoU-tiltak. Flaumskadar i Oppland, Sogn og Fjordane og Buskerud utgjorde dei største skadane.

Budsjettframlegg 2010

Løyvinga til naturskadeerstatningar er tilpassa år med gjennomsnittleg skadeomfang. Erstatningane blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Styret skal gi ei rask og forsvarleg behandling av krav om erstatning som er heimla i naturskadelova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av rapportar om økonomi og saksbehandling og i styringsdialogen.

Dei som blir råka av naturskade, har på visse vilkår rett til erstatning etter lova. Posten dekkjer erstatningar i samsvar med lova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til taksering m.a. av skadar, samt nødvendige utgifter til ekstrahjelp og utvikling av IKT-system for verksemda.

Styret kan totalt gi tilsegn for inntil 2 mill. kroner til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som medverkar til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursane som blir nytta på naturskadeområdet.

Etter naturskadelova kan det setjast som vilkår for utbetaling av erstatning at skaden blir utbetra på ein slik måte at faren for naturskade minkar. Dette gjeld både utbetringar på skadeobjektet og gjennomføring av mindre sikringstiltak som er knytt til skadeutbetringa. For slike sikringstiltak kan ein òg over denne posten gi tilskott på maksimalt 30 000 kroner pr. sak til den skadelidne til dekning av desse meirkostnadene. Løyvinga over post 71 skal dekkje innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år.

Ut frå dette gjer departementet framlegg om ei løyving på 87 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 34,7 mill. kroner, jf. tabell 2.12 og forslag til vedtak IV.

Tabell 2.12  Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2010.

(i mill. kr)

Ansvar pr. 1.1.2009

52,2

+ Tilsegn i 2009

70,0

Sum

122,2

- Prognose erstatningsutbetalingar 2009

74,0

Ansvar pr. 31.12.2009

48,2

+ FoU-tilskott, takseringskostnader mv.

7,0

+ Forventa nye tilsegn i 2010

66,5

Sum

121,7

Forslag til løyving i 2010

87,0

Tilsegnfullmakt i 2010

34,7

Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

51

Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

3 271

3 271

3 271

71

Tilskott til verdiskapings- og klimatiltak i skogbruket m.m., kan overførast

21 252

49 985

66 485

Sum kap. 1149

24 523

53 256

69 756

Post 51 Tilskott til utviklingsfondet for skogbruket

Mål og strategiar

Utviklingsfondet for skogbruket blei oppretta ved kgl.res. av 25.2.1977. Bakgrunnen for opprettinga av fondet var ei avtale mellom Finansdepartementet og Skogbrukets arbeidsgivarforeining om kompensasjon for opphevinga av refusjon for bensinavgift ved bruk av motorsag i skogbruket.

Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.2.1977, med endringar sist av 16.12.2002. Prosjekt som får støtte frå fondet er mellom anna retta mot verdiskaping og ressursforvaltning i skogsektoren innanfor forsking og utstyr, utviklingsprosjekt, informasjon og opplæring og stipend. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innan skogsektoren representert. Sekretariatet ligg i Noregs forskingsråd.

Resultatrapport 2008

I 2008 blei det gitt tilskott på om lag 3,2 mill. kroner til ti nye prosjekt.

Budsjettframlegg 2010

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,271 mill. kroner for 2010. Midlane frå fondet vil i første rekkje bli retta mot bruksretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.

Post 71 Tilskott til verdiskapings- og klimatiltak i skogbruket m.m.

Mål og strategiar

Skogbruket er ei viktig næring i distrikta, og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Førstehandsverdien av det tømmeret som blir hogd og omsett ligg årleg på om lag 3 mrd. kroner, noko som gir monalege ringverknader. Den samla produksjonsverdien frå skogsektoren er opp mot 44 mrd. kroner. Verdiskapinga skjer i heile verdikjeda frå skogbruksverksemda, via transport og fram til foredling av trevirket til papir, brensle eller konstruksjonsvirke og anna. Skogen tek opp store mengder CO2, og er derfor viktig i klimasamanheng. Auka bruk av fornybar bioenergi og auka trebruk framfor meir energikrevjande materiale vil gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske dei menneskeskapte utsleppa av klimagassar. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, er skogens rolle i klimasamanheng grundig drøfta, sjå omtale under kat. 15.30. Skogen er òg leveområde for mange arter, er rik på kulturminne og er ei viktig kjelde for friluftsliv og opplevingar.

Departementet legg til rette for verdiskaping i skogbruket mellom anna gjennom tilskott til ulike verdiskapingstiltak, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging og skogfondsordninga. Post 71 omfattar tilskott til verdiskapingstiltak som Trebasert Innovasjonsprogram og andre tiltak som tek sikte på auka verdiskaping i verdikjedene frå skog til marknad. Frå 2009 er det òg løyvd midlar til klima- og energitiltak under denne posten.

Resultatrapport 2008

Treprogrammet

Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet) blei avvikla i 2005. Programmet blei i 2005 innklaga til EFTA Surveillance Authority (ESA) for brot på føresegna om statsstøtte i EØS-avtalen av byggutengrenser.no. I januar 2008 fatta ESA vedtak i saka. Vedtaket slår fast at programmet ikkje stemte overeins med forbodet mot statsstøtte i EØS-avtalen, og at det i prinsippet ville vere nødvendig å krevje tilbake tilskott gitt under programmet. Departementet arbeider no for å avslutte saka med ESA.

Trebasert innovasjonsprogram

Trebasert innovasjonsprogram tek sikte på å auke innovasjon og produktutvikling knytt til tre. Ein godt driven skog tek opp mest CO2 og bruk av tre i byggeri og andre produkt sinkar omløpet av CO2 i atmosfæren. Programmet gir såleis gevinstar knytt til både verdiskaping, klima og energibruk.

Ramma for programmet var i 2008 på 35 mill. kroner. I tillegg fekk programmet overført 10,6 mill. kroner frå 2007. Programmet hadde såleis i overkant av 45,5 mill. kroner til disposisjon i 2008, og det blei gitt tilsegn nær 34 mill. kroner. Unytta del blei overført til 2009. Der det er gitt tilsegn om støtte kan utbetalingane til dei enkelte prosjekta strekkje seg over to til tre år. Tilsegna ligg som eit ansvar på posten. Det er svært få prosjekt som har fått tilsegn som ikkje blir realisert.

Det blei i starten av programmet utvikla metodar for vidare arbeid knytt til ei rekkje satsingsområde. Desse er utvikla vidare i 2008 og har omfatta a) pilotprosjekt (konkrete referansebygg knytt til ny trebruk), b) leverandørutvikling (kopling av leverandørleddet og marknaden) og c) design.

75 pst. av prosjekta i 2008 var bedriftsretta. Saman med næringa og regionane er det etablert drivarfunksjonar knytt til treområdet i 14 fylke fordelt på 9 regionar. Desse funksjonane sentralt og regionalt er avgjerande for auka aktivitet. Samarbeidet med andre, Noregs forskingsråd og forskingsinstitusjonar som til dømes UMB, NTNU og NTI og bransjeorganisasjonane innan tresektoren, er òg viktig i programmet.

Siste kundeeffektundersøking i Innovasjon Norge syner at tresatsinga har god verknad, og at den i stor grad er avgjerande for aktiviteten. Bidraget til auka samarbeid og auka innovasjon i bedriftene er òg større enn for snittet av dei samla tenestene til IN. Berekningar gjort av Trelastindustrien syner at forbruket av trelast pr m3/person /år har auka frå 0.54 til 0.67 i perioden 1999-2006. Målsetjinga til bransjen om 0.75 m3 innan 2010 står ved lag.

Forvaltninga av midlane i programmet skjer i tråd med retningslinjer frå ESA. Notifikasjon av støtte til store bedrifter blei godkjend av ESA i desember 2008.

Transportstøtte og tilskott til andre verdiskapingstiltak i skogbruket

Transportstøtte skal bidra til lokal utnytting og foredling av tømmer. Hovudformålet med ordninga er at ho skal bidra til hogst og auka aktivitet der virkesavsetninga er vanskeleg. Det blei gitt 1,58 mill. kroner i bagatellmessig støtte til langtransport av skogsvirke frå vanskelegstilte område i Nord-Noreg i 2008. Tildelinga av tilskottet skjer etter reglane for bagatellmessig støtte i EU- kommisjonens forordning 1998/2006, tekne inn i norsk lov ved forskrift av 5.12.2003 nr. 1429 § 2. Tilskottsmottakaren må ikkje ta imot meir enn til saman om lag 800 000 kroner (100 000 EUR) i tilskott etter reglane for bagatellmessig støtte over eit tidsrom på 3 år.

Det blei òg i 2008 gitt støtte til enkelte andre verdiskapingsprosjekt, der skogkultur, auka hogst og utvikling av kompetanse var tema.

Skog-, klima og energitiltak frå 2009

Skog-, klima og energitiltak kom i 2009 inn som ei forsterka satsing under kap. 1149 post 71. Til dette området blei det løyvd 19,2 mill. kroner, som er delt mellom 15 mill. kroner til bioenergiområdet - med vekt på stimulering av produksjonen av skogsflis, 2 mill. kroner til skogstreforedling og 2,2 mill. kroner til skogkulturtiltak.

Frå regjeringa si tiltakspakke, jf. St.prp. nr. 37 (2008-2009) blei det for 2009 løyvd 50 mill. kroner til bioenergitiltak. Desse midlane er i hovudsak delt mellom tre ordningar; tilskott til uttak av skogsråstoff til bioenergi, støtte til investeringar i flisproduksjonsutstyr og utviklings- og kompetansetiltak. Dette vil vere eit viktig bidrag til å skape balanserte verdikjeder innanfor bioenergiområdet. I St.prp. nr. 67 (2008-2009) blei òg verkemidla til skogbruk og bioenergi under Landbrukets utviklingsfond styrkt med 50 mill. kroner som ei eingongsløyving, sjå omtale under kap. 1150 post 50.

Budsjettframlegg 2010

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 66,5 mill. kroner i 2010. Posten er tilførd 20 mill. kroner for 2010. 3,5 mill. kroner er overført til andre postar; under dette 0,5 mill. kroner til styrking av kap. 1138 post 71 og 3 mill. kroner til kap. 1150 i samband med forvaltningsreforma.

Hovudtiltaka på posten er løyving til Trebasert innovasjonsprogram og andre skog-, klima- og energitiltak, under dette oppfølging av St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen, som blei lagt fram for Stortinget i juni 2009.

Trebasert innovasjonsprogram

St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen held fram auka bruk av tre som eitt av fleire tiltak som kan redusere den samla klimabelastninga. Meldinga legg til dømes til grunn at auka hogst kan gi 1,25 millionar kubikkmeter ny trelast som vil gi ein samla substitusjonseffekt på om lag ein million tonn CO2.

Trebasert innovasjonsprogram byggjer opp under både næringspolitiske, miljøpolitiske og distriktspolitiske målsetjingar, og er eit viktig element i departementet sin heilskaplege strategi for næringsutvikling knytt til landbruket. Marknadsføring av miljøeigenskapane til trevirke er ein viktig del av innhaldet i programmet.

Hovudmålsetjinga for programmet er auka bruk av tre og auka lønnsemd i heile verdikjeda. For å nå målet er det behov for å finne og utvikle talent som kan utnytte moglegheiter og gjennom dette medverke til innovasjon. Ein føresetnad for god måloppnåing er at nye koplingar mellom produkt og marknad blir tekne i bruk. I strategiar som ligg til grunn for arbeidet er det lagt vekt på å stimulere til kompetanseutvikling, stimulere til leverandør- og produktutvikling, utvikle pionerprosjekt, initiere og medverke til rasjonell logistikk, arbeide for auka kvinnemedverknad i næringa og arbeide for sterkare medverknad og engasjement i verkemiddelapparatet knytt til innovasjon i skog- og trenæringa.

Dersom tre i aukande grad skal bli brukt i til dømes byar og tettstader, er det behov for auka produktutvikling som gjer det rasjonelt og sikkert å byggje massivtrehus og trehus i fleire etasjar. Slik bruk av tre krev utvikling av nye industrielle løysingar. Det er òg grunn til å peike på at det framover er eit stort behov for nye landbruksbygg. Det er eit stort potensial for bruk av tre i slike bygg. Utvikling av konkurransedyktige løysingar på dette området har eit stort potensial for både auka verdiskaping og miljø- og energigevinstar.

Løyvinga til programmet blir foreslått sett til om lag 34 mill. kroner for 2010.

Andre skog-, klima- og energitiltak

St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk og St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen viser fram ei rekkje tiltak for reduksjon av utslepp frå jordbruket og framhevar skogen si viktige rolle i klimasamanheng. Regjeringa omtalar i meldinga ei auka satsing på fornybar energi, skogplanting og skogkulturtiltak for å få lågare klimagassutslepp og vedvarande høg karbonbinding i norsk skog.

Løyvinga til skog-, klima- og energitiltak over post 71 må sjåast i samanheng med løyvinga til skogbruk og bioenergi under Landbrukets Utviklingsfond (LUF) i kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Departementet vil i 2010 mellom anna prioritere midlane til oppfølging av departementet si klimamelding på områda skog-, trebruk og bioenergi, gjennom støtte til tiltak som både bidreg til auka opptak av CO2 i skog og reduksjon av utslepp av klimagassar. Produksjon av biogass frå husdyrgjødsel er eit område med særleg stort potensial for å oppnå reduksjon i utsleppa frå jordbruket. Vidare vil planteforedling og skogkultur, infrastrukturtiltak og auka produksjon av skogråstoff til bioenergi vere sentrale oppgåver.

Departementet meiner at det òg i 2010 kan vere behov for å gi bagatellmessig støtte til langtransport av skogsvirke i Nord-Noreg. Departementet vurderer tiltak for å styrkje heile verdikjeda i skogsektoren i Nord-Noreg, og tek sikte på at det i 2010 blir utvikla og prøvd ut nye former for støtte til skogbruket i dei aktuelle fylka.

Løyvinga til skog, klima og energitiltak m.m. over post 71 blir foreslått sett til om lag 32,5 mill. kroner i 2010.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

50

Fondsavsetningar

1 012 592

915 753

1 012 753

70

Marknadsregulering, kan overførast

146 104

220 600

269 600

73

Pristilskott, overslagsløyving

2 143 260

2 148 400

2 195 600

74

Direkte tilskott, kan overførast

6 930 454

7 234 919

7 537 619

77

Utviklingstiltak, kan overførast

203 896

202 430

207 930

78

Velferdsordningar, kan overførast

1 632 428

1 693 954

1 704 704

Sum kap. 1150

12 068 734

12 416 056

12 928 206

Kap. 1150 og kap. 4150 om Jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har tingingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar knytt til produksjon og omsetnad innanfor jordbruket (marknadsordningane). Jordbruksavtalen 2009-2010 som blei inngått mellom staten og jordbruket ved Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag den 16.5.2009, omfattar målprisane for perioden 1.7.2009 til 30.6.2010 samt tilskott som blir utbetalt i 2010. I tillegg blei partane einige om omdisponering i 2009 av tidlegare løyvde midlar. Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er eigna til å fremje fastlagte mål for jordbruket, og som ikkje er uttømmande regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift. Resultatet av jordbruksavtalen 2009-2010 blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 75 (2008-2009) og behandla i Stortinget den 18.6.2009, jf. Innst. S. nr. 375 (2008-2009). Dette kapitlet omfattar løyvingar til gjennomføring av jordbruksavtalen 2009-2010.

Mange av dei største ordningane på kap. 1150 er tiltak der søkjarane har rett på tilskott dersom dei oppfyller vilkåra. Løyvinga er oftast styrt av satsar pr. eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Derfor ser departementet det som naturleg at eit noko større behov på ein underpost kan dekkjast inn med ledige midlar på ein annan underpost på same løyving (post).

Mål og strategiar

Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinjene i landbrukspolitikken. For ei nærmare omtale av mål og strategiar i jordbrukspolitikken for komande budsjettperiode syner ein til innleiinga, kat. 15.30 i denne proposisjonen, samt kap. 7 i St.prp. nr. 75 (2008-2009).

Dei langsiktige måla for jordbrukspolitikken blei sist fastlagt av Stortinget i samband med behandlinga av St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon. I tillegg til produksjon av trygg mat og andre varer og tenester med bakgrunn i forbrukarane sine behov, er hovudmåla i stor grad knytt til produksjon av kollektive gode for samfunnet. Målstrukturen frå St.meld. nr. 19 (1999-2000) er skissert i figur 2.1 nedanfor.

Nokre av dei kollektive goda kjem som eit resultat av jordbruksproduksjonen i Noreg. Både klima, topografi, at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskalastruktur, og norsk pris- og kostnadsnivå, gjer at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå. Derfor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønnsam produksjon over heile landet, og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane er horisontale ordningar, dvs. at dei verkar inn på fleire av dei kollektive goda samtidig. Det gjeld m.a. tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål.

Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein derfor ikkje sortere post for post på budsjettkapitlet i forhold til hovudmåla. Derfor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert spesifikk resultatrapportering på dei enkelte ordningane. Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som gir ei god måloppnåing både for næringa og samfunnet.

I tilknyting til måla for landbrukspolitikken som omtalt m.a. i innleiinga, vil ein ha verkemiddel for å nå fleire av desse både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette gjeld både økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing, samt verkemidla for mattryggleik m.m. Produksjon av trygg mat er grunnleggjande òg i næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Ein har òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan målast på enkelttiltak, men må gjerast på indikatorar for utviklingstrekka i næringa samla sett.

Figur 2-1 Hovudmål og verkemiddel for næringspolitikken i jordbruket.

Figur 2-1 Hovudmål og verkemiddel for næringspolitikken i jordbruket.

Resultatrapport 2008

Landbruket er ei langsiktig næring der tilpassinga til endra rammer tek tid. Det er derfor viktig for næringsaktørane å førebu seg på endringar som kan komme i internasjonale og nasjonale forhold, hos forbrukarane og i forhold til teknologi m.m. Dei ulike tiltaka over jordbruksavtalen skal gi dei næringsdrivande rammer som dei ut frå sin eigen situasjon kan tilpasse seg innanfor. Jordbruksavtalen skal fremje utvikling i næringa og tilpassingar som er i samsvar med måla for landbrukspolitikken.

Utviklinga i dei viktigaste resultata som har samanheng med verkemidla over jordbruksavtalen skjer gradvis over tid, og kan derfor i liten grad lesast over eit år. Ein del av dei økonomiske resultata vil òg kunne bli påverka av periodisering og andre forhold som gjer at utviklinga frå det eine året til det andre berre gir informasjon med avgrensa verdi. Fleire av resultata er påverka av langsiktig og generell økonomisk utvikling. På kort sikt blir måloppnåinga òg påverka av fleire forhold som ikkje er styrt gjennom jordbruksavtalen. Det gjeld til dømes prisutviklinga på innsatsfaktorar som kunstgjødsel og energi, samt renteutvikling og verdsmarknadsprisar med meir.

Nokre viktige utviklingstrekk er:

  • Materiale frå totalkalkylen og driftsgranskingane syner at jordbruket over tid har hatt svakare utvikling i inntekt enn andre grupper. Normaliserte rekneskap syner ei gjennomsnittleg utvikling for jordbruket på 3,9 pst. pr. år for dei siste 10 åra, og på 4,9 pst. for dei siste 5 åra når ein tek omsyn til jordbruksfrådraget. Andre grupper har i gjennomsnitt hatt ein auke på 4,6 pst i både periodane. Gjennomsnittet for jordbruket varierer mykje avhengig av kva for eit år det startast på.

  • Den store auken i etterspørselen etter matvarer som har vart i nokre år, har no flata ut. Det auka rommet for volum- og prisvekst for fleire viktige jordbruksprodukt som var nokre år, er nå klart avgrensa.

  • Produktivitetsutviklinga er stabilt høg i næringa. Talet på driftseiningar som søkjer om tilskott går ned mens samla produksjon og jordbruksareal er relativt stabilt. Sektoren har hatt ei årleg vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 3,9 pst. dei siste 10 åra og 1,8 pst. årleg auke i multifaktorproduktivitet.

  • Etter 2005 viser tala frå Budsjettnemnda ein redusert avgangstakt i jordbruket både for talet på årsverk og talet på jordbruksføretak. Det er anslått ein reduksjon i talet på årsverk frå 2007 til 2008 på 2,8 pst. og frå 2008 til 2009 på 2,5 pst. Tidleg på 2000-talet var avgangen klart høgare.

  • Registrert jordbruksareal var som høgast i 2001, og er sidan redusert med om lag 2 ¼ pst. Nedgangen i jordbruksareal skuldast i all hovudsak reduksjon i areal med korn og oljevekstar og andre openåker vekstar. Arealet med eng og beite auka i perioden 1999-2007, men syner ein nedgang frå 2007 til 2008. Frå 2004 har nye digitale kart gradvis gitt nytt kontrollgrunnlag for jordbruksarealet. I 2008 hadde ca. 130 kommunar tatt i bruk det nye kartgrunnlaget. Tal frå Statens landbruksforvaltning (SLF) viser at innføring av nye kart i gjennomsnitt har ført til ei reduksjon i godkjent jordbruksareal på ca. 2 pst. det året kartverket blir teke i bruk.

  • Gjennomsnittleg tal dekar pr. jordbruksbedrift har auka frå 100 dekar i 1989 til 210 dekar i 2008. Areala hos einingar som går ut av drift blir i hovudsak drive vidare av andre. Leid areal er meir enn fordobla sidan 1979, og utgjer i overkant av 4 mill. dekar i 2008, eller om lag 40 pst. av totalt jordbruksareal.

  • Frå 1989 til 2008 har talet på jordbruksføretak gått ned med ca. 50 pst, men den relative fordelinga har vore forholdsvis stabil mellom regionar. Agderfylka, Vestlandet og Nord-Noreg har hatt noko større nedgang enn dei andre regionane.

  • I periodar har overproduksjon påført produsentane monalege inntektstap som følgje av sviktande prisar. No er marknaden i relativt god balanse, sjølv om marknadsregulator ikkje har tatt ut målpris på mjølk og svinekjøtt siste år. For sau/lam og storfekjøtt har det ei tid vore ei viss underdekning i den norske marknaden, men dei seinaste prognosane syner no marknadsbalanse òg for sau/lam.

  • Arbeidet med næringsutvikling over Landbrukets utviklingsfond (LUF) styrkjer og utvidar næringsgrunnlaget i og i tilknyting til landbruket over heile landet. Landbruks- og matdepartementet sin strategi Ta landet i bruk! er førande for arbeidet. Strategien dannar ei ramme for alle typar lønsam næringsverksemd med utgangspunkt i bruka og menneska på dei sine ressursar.

  • Regionale miljøprogram prioriterer ordningar som fremmar kulturlandskap og reduserer forureining. Særleg har stølsdrift blitt prioritert i dei områda der det er aktuelt, og endra jordarbeiding der det har vært eit viktig tiltak for å redusere næringssaltavrenning.

  • Satsinga på økologisk mat skjer no med utgangspunkt i Landbruks- og matdepartementet sin handlingsplan Økonomisk, agronomisk – økologisk! Omsetninga av økologisk mat har auka kraftig dei siste åra. I 2008 var samla omsetning på nesten 1 mrd. kroner. Dette var ein auke på 25 pst. frå 2007. I tilegg kjem omsetning gjennom direkte sal. I 2008 var det 2 702 økologiske driftseiningar, ein auke på 3,5 pst. frå året før.

  • Utviklingsprogrammet for klimatiltak fungerar som eit viktig bindeledd mellom forsking, forvaltning og aktiv jordbruksdrift.

For ei meir detaljert rapportering av resultata i jordbrukspolitikken generelt og for dei tiltaksretta ordningane under kap. 1150 fram til 2008, syner ein til kapittel 3 i St.prp. nr. 75 (2008-2009).

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Som gjort greie for under kat. 15.00 er det behov for tilpassingar i forhold til normal prosedyre for tilskottforvaltning. Det vil her bli gjort nærmare greie for hovudtrekka i tilpassingane i forhold til ulike grupper ordningar, samt bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane under jordbruksavtalen og reindriftsavtalen.

Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott

Tilskott til produsert volum, til marknadsregulering og til frakt fins som fleire ordningar under kap. 1150 postane 70 og 73, i nokon grad under kap. 1150 post 77, samt under kap. 1151 post 75. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskott som blir utbetalt produsentane via eit omsetningsledd vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetningsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samtidig mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer derfor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksavtalen og frå Økonomisk utvalg for reindriften i den årlege proposisjonen om reindriftsavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. Landbruks- og matdepartementet meiner såleis at ein har etablert eit godt resultatrapporteringssystem for dei ikkje-tiltaksretta ordningane.

Av andre viktige tilpassingar i forhold til normalprosedyren kan nemnast at det normalt ikkje er tilskottsmottakar sjølv som søkjer då tilskotta blir utbetalt via eit omsetningsledd. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetningsleddet. Omsetningsledda gjer som oftast ikkje eigne vurderingar i forhold til forvaltninga av tilskotta. Dei vil derfor normalt ikkje bli rekna som tilskottsforvaltarar, men medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra ved kontroll hos omsetningsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane og som formidlar tilskottet til den enkelte produsent. Samla sett verkar dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.

Direkte tilskott og velferdsordningar

Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150 postane 74 og 78 og på reindriftsavtalen kap. 1151 postane 75 og 79. Dei direkte tilskotta er basert på objektive kriterium som dyretal, areal, produksjonstype, mengde og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Når det gjeld velferdsordningar, utgjer desse særleg refusjon av utgifter til avløysing. Ein står her overfor same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for ordningane marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott, jf. ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar vil resultatrapporteringa òg i hovudsak finne stad i rapporteringa i samband med jordbruksoppgjeret. I tillegg blir rapporteringa frå Budsjettnemnda supplert med vurderingsrapportar og statusnotat. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Vidare er det ikkje aktuelt å sende årlege oppdragsbrev til kommunane då deira oppgåver er fastsett i forskrifter, rettleiingar mv. og arbeidet deira er ikkje styrt av ei budsjettramme knytt til kvar enkelt kommune.

Kollektive overføringar

På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet/Statens landbruksforvaltning (SLF) og direkte til ein sams mottakar, t.d. Rikstrygdeverket, framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betalar inn til same sluttmottakar. Dei største kollektive overføringane har bakgrunn i at produsentar i jordbruket betalar redusert trygdeavgift, på linje med lønnstakarar. Ordningane finns særleg under kap. 1150 post 78. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetningsavgift for frukt og grønt, jf. kap. 1150 post 70.11. Oppfølginga av desse ordningane vil berre vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein med mellomrom vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.

Forvaltning

Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Statens landbruksforvaltning og til Reindriftsforvaltninga. Størsteparten av dei administrative kostnadane til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane til drift av dei statlege verksemdene som er tilskottsforvaltarar, og til kommunane gjennom rammetilskottet frå Kommunal- og regionaldepartementet. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet, vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre uviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. På nokre område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Norge. Kommunane har òg sentrale oppgåver i tilskottsforvaltninga, og omsetningsledda har som nemnd ovanfor ei medhjelparrolle i utbetaling av tilskott til produsentane. I samband med ikkje-statleg tilskottsforvaltning har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På ein del område er det fastsett at eit oppnemnd styre, utval eller råd, ofte partssamansett, skal tildele tilskottsmidlar mens Statens landbruksforvaltning eller Reindriftsforvaltninga er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse samanhengene ser departementet det slik at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.

Statens landbruksforvaltning har saman med fylkesmannsembeta og KS gjennomført eit prosjekt for vurdering av korleis kontrollen med tilskott i landbruket kan styrkjast. Oppfølginga av prosjektet vil gi grunnlag for tilpassing av kompetanse og utvikling av hjelpemiddel som vil gi forvaltninga grunnlag for ein meir målretta og effektiv kontroll i åra framover.

Jordbruksoppgjeret 2009

Jordbruksavtalen 2008-2009 er basert på dei prinsipp som er trekt opp i St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, Innst. S. nr. 167 (1999-2000) frå Næringskomitèen, regjeringa si Soria Moria-erklæring og hovudmål for den økonomiske politikken.

Staten og jordbruket kom fram til ei forhandlingsløysing 16.5.2009. Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har i brev meddelt at organisasjonane sine styrer har godkjent avtalen.

Avtalen vidarefører kursendringa som denne regjeringa har starta gjennom dei 2 føregåande jordbruksoppgjera, m.a. ved å:

  • leggje til rette for ein klar nivåheving i inntektene for å hente inn noko av det jordbruket har tapt i inntektsutvikling samanlikna med andre grupper i åra før.

  • sikre eit landbruk med ein variert bruksstruktur, oppretthalde eit levande landbruk over heile landet og ha særskilt merksemd på område med svakare utvikling i produksjon og arealbruk.

  • sikre og styrkje distrikts- og strukturprofilen i verkemidla.

  • styrkje landbrukets miljøprofil, ivareta kulturlandskapet, auke beiting med husdyr og styrkje klimatiltaka.

  • auke innsatsen for det økologiske jordbruket, med sikte på auka produksjon og forbruk.

  • forbetre velferdsordningane for jordbruket.

Avtalen har ei ramme på 1 000 mill. kroner. I tillegg er det i St.prp. nr. 67 (2008-2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 gitt ei løyving over jordbruksavtalen i 2009 på 200 mill. kroner som ei ekstraordinær investeringspakke for landbruket. Det er gitt auka løyvingar over kap. 1150 på 560 mill. kroner, medan målprisane er auka med til saman 290 mill. kroner frå 1. juli 2008. I tillegg er det omdisponert 50 mill. kroner av unytta midlar i 2008 medan jordbruksfrådraget er rekna å gi ei inntektseffekt på 100 mil. kroner. Inkludert jordbruksfrådraget gir ramma grunnlag for ein vekst i inntekta på knapt 13 ¾ pst., eller 28 000 kroner pr. årsverk til 2010 frå 2009 før utslag av endringane i 2009 av denne avtalen.

Deler av inntektsramma får utslag på inntektene alt i 2009. Inkludert jordbruksfrådraget aukar inntekta i 2009 med om lag 2 pst, eller knapt 4000 kroner pr. årsverk. Ramma legg etter det til rette for ei vekst i inntektene frå 2009 til 2010 på om lag 11 ½ pst., eller om lag 24 000 kroner pr. årsverk.

I tillegg var partane i jordbruksoppgjeret einige om ei omfordeling av løyvde midlar i 2009 som ikkje kjem til utbetaling i 2009 med dei satsane som er avtalt. Dette innebar mellom anna ei auka løyving til investeringar over LUF med vel 73 mill. kroner.

Løyvingane over statsbudsjettet på jordbruksavtalen gjeld det følgjande kalenderåret. Jordbruksoppgjeret i år gjaldt løyvingar for 2010. Jordbruksavtalen for 2009 er basert på at Stortinget gjer vedtak om dei løyvingane i 2010 som er lagt til grunn i avtalen, og lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 75 (2008-2009). Gjennom vedtak III til proposisjonen om jordbruksoppgjeret 2009 har et fleirtal i Stortinget gitt Landbruks- og matdepartementet fullmakt til å setje i verk tiltak i samsvar med avtalen som er knytt til løyvingar over budsjettet i 2010.

Importvernet er ikkje forhandlingstema i jordbruksoppgjeret. Partane i oppgjeret har lagt til grunn at avtalen 2009-2010 er utforma innanfor Noregs plikter i forhold til WTO. Partane i oppgjeret var einige om å velje den såkalla ’volummodellen’ som framtidig løysing for marknadsregulering for storfe, svin, sau/lam og egg. Partane legg til grunn at overgang til volumbasert marknadsregulering kan gjennomføres utan endring i Hovudavtalen, og at jordbruksavtalesystemet kan bli vidareført med mindre regulert prisdanning etter overgang til volummodellen.

I første omgang er partane einige om at storfekjøtt blir ført over til volummodellen. Dette skjer frå 1.7.2009. Dette blei avklart under forhandlingane. Av praktiske omsyn blei derfor målprisane behandla på vanleg måte i rammesamanheng.

Jordbruksoppgjeret med omfordeling av løyvingar i 2009 og verknad for statsbudsjettet i 2010, blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 75 (2008-2009). I denne proposisjonen blir Stortinget invitert til å gjere dei budsjettvedtak for 2010 som følgjer av avtalen som Stortinget slutta seg til ved behandlinga den 18.6.2009, jf. Innst. S. nr. 375 (2008-2009).

Budsjettframlegg 2010

Budsjettframlegget for 2010 inneber at løyvinga på kap. 1150 blir auka med om lag 512 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2009, frå om lag 12,416 mrd. kroner til om lag 12,928 mrd. kroner. Postane 50, 70, 74, 77 og 78 kan òg nyttast til utgifter av utviklings- og utgreiingsart under kap. 1143 post 01. Auken i 2010 er sett saman av følgjande forhold:

  • 570 mill. kroner auke som følgje av auka tilskott etter jordbruksoppgjeret 2009. Samstundes aukar inntektene på kap. 4150 med 10 mill. kroner slik at nettoverknaden på jordbruksavtalen blir 560 mill. kroner.

  • 64 mill. kroner i reduserte tilskott som følgje av volumreduksjon på overslagsløyvingane (post 73).

  • I tillegg blir det gjort tekniske flyttingar som samla inneber ei redusert løyving på kap. 1150 med 1 mill. kroner.

  • Overføring frå andre postar på Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett til kap. 1150 post 50 på samla sett 7 mill. kroner.

Merknader til dei enkelte postane

Post 50 Fondsavsetningar

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

50.11

Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

917 353

885 753

982 753

50.12

Tilskott til skadefondet for landbruksproduksjon

95 239

30 000

30 000

Sum post 50

1 012 592

915 753

1 012 753

Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

Etter LUF sine vedtekter kan fondsmidlane nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og byggje ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Utgifter til administrasjon av LUF blir dekt over fondet.

Ein gjer framlegg om ei løyving for budsjettåret 2010 på 982,8 mill. kroner under kap. 1150 underpost 50.11. I St.prp. nr. 75 (2008-2009) Om jordbruksoppgjeret 2009 blei det lagt til grunn ein auke i løyvinga til LUF i 2010 på 90 mill. kroner. I tillegg blei det rammeoverført 5 mill. kroner frå Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett i samband med overføring av oppgåver til fylkeskommunen, og omdisponert 73,3 mill. kroner til LUF i 2009 frå unytta midlar på andre postar. Då bruken av midlar frå fondet er større enn løyvingane, var partane samde om ei omdisponering for å sikre ei langsiktig finansiering av fondet. Som eit eingongstiltak blei det i St.prp. nr. 67 (2008-2009) løyvd 200 mill. kroner til investeringstiltak i landbruket for 2009. Midlane blir tilført LUF i 2009.

Tildelingsramma for 2010 blei òg lagt fram for Stortinget i samband med behandlinga av St.prp. nr. 75 (2008-2009). Ramma blir fastsett ut frå løyvingsframlegg på kap. 1150, renteinntekter, fondskapitalen, rentestøtte og administrative kostnader. Partane i jordbruksoppgjeret var samde om ei samla tildelingsramme i 2010 på 1098 mill. kroner. Av dette er 5 mill. kroner ei særskild ordning med disponering av tilbakebetalte reguleringsmidlar, jf. tabell 2.15. I etterkant av jordbruksoppgjeret er det tilført LUF 2 mill. kroner frå kap. 1115 post 23 til formålet e-sporing. Den samla tildelingsramma for LUF er etter dette 1 100 mill. kroner.

Det er berre ein del av tildelingsramma som faktisk kjem til utbetaling det same året. Ein del er ansvar mellom år. Tabellen under syner ei oversikt over kontantstraumane for fondet i 2009 og 2010. Det er lagt opp til ei lasting av kapitalen i fondet med 301,3 mill. kroner i 2010.

Tabell 2.13 Tildelingsramme og prognose for kontantstraumar i LUF.

(i mill. kr)

2009

20101

Tildelingsramme eks. rentestøtte

1013,0

1098,0

Utbetaling av tilskott

1 142,4

1 228,1

Rentestøtte

70,0

69,3

Andre kostnader

9,6

9,6

Sum kostnader

1222,0

1 307,0

Finansiering:

Løyving kap. 1150 post 50 mm2

1165,0

982,8

Renteinntekter mm3

23,0

23,0

Bruk av fondskapital

38,0

301,3

1 Framlegg i 2010

2 2009: Inkl. ekstraordinære investeringsmidlar, eingongsmidlar, og tildelt løyving frå kap. 1149 post 71, 2010: inkl. overføring av 5 mill. kroner frå kap. 1144 og 1149 og 2 mill. kroner frå kap. 1115 post 23.

3 Det er renteinntekter for 2009 som er lagt til grunn for tildelingsramma i 2010

Den meir detaljerte fordelinga av tildelingsramma går fram av tabellane under.

Tabell 2.14 Oversikt over tildelingsramme for LUF i 2009 og framlegg om tildelingsramme for 2010.

(i mill. kr)

Ordningar

20091

2009

2010

Investeringstiltak BU-midlar

150,0

Investeringstiltak skog/bioenergi

50,0

Sum investeringstiltak i landbruket 2009

200,0

KSL Matmerk2

38,0

2,0

46,0

Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL)

6,0

6,0

Rekruttering og kompetanseheving i landbruket3

20,0

Verdiskapingsprogram for matproduksjon4

67,0

67,0

Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar

400,0

418,0

- Bedriftsretta midlar (IN)5

313,0

353,0

- Investeringsprogram for eggsektoren

10,0

-

- Utviklings- og tilretteleggingsmidlar (FM)

77,0

65,0

Sentrale bygdeutviklingsmidlar6

21,0

18,0

Inn på Tunet

8,0

Utviklingsprogram for grønt reiseliv

18,0

18,0

Mat langs Nasjonale Turistvegar

2,0

Utviklingsprogram for innlandsfisk

4,0

4,0

Verdsarv

3,0

3,0

Bioenergi og skogbruk

193,0

218,0

Utviklingstiltak for geit/Friskare geiter7

15,0

15,0

Forsking

46,0

44,0

E-sporing, fagpilotar8

3,0

4,0

Beiteprosjekt

5,5

6,5

Fotråte – Prosjektet Friske føter9

2,0

2,0

Overføring til Samisk utviklingsfond (SUF)

2,0

2,0

Andre utviklingstiltak i landbruket10

4,5

4,5

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

125,0

120,0

Investeringsstøtte til organisert beitebruk11

6,0

Informasjons- og utviklingstiltak, miljø

9,0

10,0

Nasjonalt utviklingsprogram for klimatiltak

6,0

6,0

Utvalde kulturlandskap

5,0

8,0

Morsa/Vestre Vansjø

1,0

1,0

Utviklingstiltak innan økologisk landbruk2

41,0

43,0

Sum LUF, tilskott

1 013,012

204,0

1 100,013

Rentestøtte

70,0

69,3

Sum LUF

1 083,0

1 169,3

1 Tal frå St.prp. nr.1 (2008-2009)

2 2009: 2 mill. kroner overført frå utviklingsmidlar innan økologisk landbruk, og øyremerka generisk informasjon økologisk mat.

3 Skal forvaltast av fylkeskommunen, jf. omtale nedanfor.

4 Det blir sett av 1 mill. kroner til Måltidets hus i 2010 innanfor ramma av programmet.

5 Investeringar i frukttrefelt og kjølelager kan finansierast over fylkesvise BU-midlar.

6 2009: Øyremerka 2 mill. kroner til Inn på tunet, 1 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak mellom reindrift og jordbruk. 2010: 2 mill. kroner til Inn på tunet blir tatt ut og inn i eiga satsing.

7 2009: 11 mill. kroner til Friskare geiter, 4 mill. kroner til kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott og avløysartilskott ferie og fritid

8 I etterkant av jordbruksoppgjeret 2009 er e-sporing tilført 2 mill. kroner frå kap. 1115 post 23

9 Delfinansiering av tiltaka i 2. halvår 2008 og 1. halvår 2009 med 4,6 mill. kroner over post 77. Andre tiltak i perioden 2008/2009 finansiert med omsetningsavgift.

10 2009: 2 mill. kroner til setersatsing, 2,5 mill. kroner til beiteskadar gås.

11 Er flytta frå SMIL til ei eiga ordning som skal forvaltast av Fylkesmannen.

12 Varig ramme LUF, ekskl. investeringsprogram til eggsektoren er 1 003 mill. kroner

13 Ramma er auka i høve til framlegg i St.prp. nr. 75 (2008-2009) Om jordbruksoppgjeret 2009, sjå note 8).

Nærings- og miljøsatsinga over Landbrukets utviklingsfond blir foreslått vidareført med ei samla løyving på 1 100 mill. kroner. Det omfattar m.a. ekstraordinære investeringsmidlar i landbruket for 2009 og innføring av ei ny ordning for rekruttering og kompetanseheving i landbruket.

Investeringstiltak i landbruket

I St.prp. nr. 67 (2008-2009) er kap. 1150 post 50 tilført 200 mill. kroner som ei ekstraordinær løyving til investeringstiltak i landbruket i 2009. Av dette skal 150 mill. kroner disponerast til investeringar under fylkesvise BU-midlar og 50 mill. kroner til skogtiltak. Midlane til skogtiltak skal i hovudsak disponerast til utsiktsrydding langs vegar og til bioenergi.

Stiftinga KSL Matmerk

Stiftinga KSL Matmerk har ansvaret for ordningar og oppgåver som er viktig for auka næringsutvikling på matområdet. Arbeidsoppgåvene er knytt til å administrere og utvikle Kvalitetssystem i landbruket (KSL), merkeordningane Beskytta Betegnelser og Spesialitet, utvikling av merkeordninga Nyt Norge, ivareta generisk marknadsføring av økologisk mat, forvalte Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL), arbeide med profilering og synleggjering av konkurransefortrinn, samt bidra til auka marknadstilgong for norsk mat.

I 2010 vil mellom anna arbeidet med merkeordningane Nyt Norge og Beskytta Betegnelser vere særskilt prioritert.

Rekruttering og kompetanseheving i landbruket

Som ei oppfølging av gjennomføringa av forvaltningsreforma (Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) Om lov om endringer i forvaltningslovgivningen mv.) skal det frå 2010 settast av 20 mill. kroner til rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Midlane skal forvaltast av fylkeskommunane. Det er overført 5 mill. kroner frå kap. 1144 post 77 og kap. 1149 post 71 til kap. 1150 post 50. Vidare er 7 mill. kroner omdisponert frå fylkesvise BU-midlar, utviklings- og tilretteleggingstiltak og overført til fylkeskommunane. I jordbruksoppgjeret er det lagt til grunn at denne reforma og løyvinga over jordbruksavtalen vil leggje til rette for at fylkeskommunane vil kunne forsterke sitt arbeid retta mot rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Det blei òg lagt til grunn at ein slik forsterka innsats òg vil kunne innebere auka tilførsel av ressursar til dette formålet frå fylkeskommunane sine eigne budsjett.

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon (VSP-mat) medverkar til å styrkje konkurranseevna og betre lønnsemda for primærprodusentane og resten av den landbruksbaserte verdikjeda. Budsjettåret 2010 er programmet sitt siste år og det er starta opp eit arbeid som skal ende opp i anbefalingar om korleis satsinga på småskala matproduksjon og produksjon av norske matspesialitetar kan bli ført vidare etter 2010. Programmet blir forvalta i si noverande form ut programperioden, med satsingsområde for mellom anna bedrifter med vekstmoglegheiter og kompetanseutvikling. Det er sett i gang eit eige Inkubatorprogram for mat- og naturbasert næring. Programmet blir leia av SIVA, i samarbeid med Innovasjon Norge. I 2010 er det foreslått sett av 2 mill. kroner frå VSP-mat til dette.

Offentlege strategiar blir finansierte over VSP-mat og disponert av Landbruks- og matdepartementet. Føremålet er å profilere norsk mat nasjonalt og internasjonalt, og å sikre rekruttering, smakskvalitet og betre kompetanseflyt. I den samanheng kan nemnast departementet sine samarbeidsavtalar med Norges Kokkemesteres Landsforening, organisasjonen Ungt Entreprenørskap, løyvinga til Måltidets Hus i Stavanger og den treårige, interdepartementale samfinansieringa av Stiftelsen Norsk Matkultur. Samarbeidet gjennom Nordisk Ministerråd om Ny nordisk mat, etablering og drift av gardsnære slakteri mv. er vidare eksempel på samarbeid som gir eit monaleg, nytt kunnskapstilfang for satsing på småskala matproduksjon i Noreg.

Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar

Det er lagt opp til ei vidareføring av hovudprinsippa i forvaltninga av dagens bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar), basert på den nasjonale strategien Ta landet i bruk!. Målet med BU-midlane er å leggje til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, samt desentralisert busetjing, med utgangspunkt i landbruket sine ressursar generelt og landbrukseigedommen spesielt.

Forskrift om midlar til bygdeutvikling (BU-forskrifta) blei endra med verknad frå januar 2009. Endringane tydeleggjer det todelte formålet med BU-midlane, der det eine er å bidra til utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedommen og det andre er å bidra til utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket. Ei evaluering av dei fylkesvise BU-midlane skal vere ferdig i løpet av 2009.

For 2010 er dei fylkesvise BU-midlane samla sett foreslått auka med 18 mill. kroner i høve til den ordinære løyvinga for 2009.

Sjå òg omtale av løyvinga til ekstraordinære investeringstiltak i 2009 på 200 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 67 (2008-200).

Delen av midlane til utreiings- og tilretteleggingstiltak blir redusert i 2010, noko som må sjåast i samband med overføringa av 20 mill. kroner til fylkeskommunen sitt arbeid innanfor rekruttering og kompetanseheving i landbruket.

Utlånsramma for lån med rentestøtte er auka til 1 000 mill. kroner frå og med 2009. Nivået for maksimal sats til rentestøtte er justert frå 5 til 4 pst. Grøfting skal takast inn i formålet for lån med rentestøtte.

Sentrale bygdeutviklingsmidlar

Midlane går til prosjekt av fylkesovergripande og landsomfattande karakter med innovasjon og næringsutvikling som siktemål. Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane kan òg finansiere nødvendig utredningsarbeid og profileringsaktivitetar for å styrkje arbeidet med landbrukspolitikken. For 2010 er det foreslått sett av 18 mill. kroner til sentrale BU-midlar.

Inn på tunet

Inn på tunet blir tatt ut i ei eiga satsing, og det blir sett av totalt 8 mill. kroner i 2010.

Satsinga skal vere todelt. Det er sett av 3 mill. kroner til vidare oppfølging av handlingsplan for Inn på tunet. For å styrkje arbeidet med tenesta i kommunane skal det setjast i gang ei særskilt satsing med Inn på tunet-løftet i kommunane. Prosjektet skal bidra til næringsutvikling og verdiskaping lokalt. Det er foreslått sett av 5 mill. kroner pr. år i tre år til Inn på tunet-løftet i kommunane.

Grønt reiseliv

Utviklingsprogrammet for grønt reiseliv i Noreg blir ført vidare. Målet med programmet er å realisere det potensialet som ligg i utvikling av Noreg som ferieland og næringa sine ambisjonar om auka verdiskaping med basis i garden og bygdene sine ressursar. Det blir satsa særskilt på kompetanseheving, produktutvikling, marknadsføring og samarbeid og alliansebygging. Det er foreslått sett av 18 mill. kroner til grønt reiseliv i 2010.

Mat langs nasjonale turistvegar

Det skal setjast i gang ei ny satsing på mat og reiseliv langs nasjonale turistvegar i samarbeid med Samferdselsdepartementet v/Statens vegvesen. Satsinga vil vere ein viktig del av Landbruks- og matdepartementet sitt arbeid for å kople lokal mat og reiseliv, og samstundes sentral i Statens vegvesen sitt arbeid med å ferdigstille attraksjonen Nasjonale Turistvegar. Målet er å auke tilgjenge, kvalitet, service og effektivitet knytt til lokal mat og matopplevingar langs dei nasjonale turistvegane. Satsinga er i første omgang retta mot fire nasjonale turistvegar med utgangspunkt i Nord-Gudbrandsdalen. Det er foreslått sett av 2 mill. kroner pr. år i tre år til satsinga.

Innlandsfisk

Landbruks- og matdepartementet har utarbeidd ein Handlingsplan for innlandsfiske. I handlingsplanen er det dokumentert at det er gode moglegheiter for å ta ut eit monaleg, unytta potensial når det gjeld innlandsfiske som attåtnæring i landbruket. Det gjeld både som matressurs gjennom yrkesfiske og oppdrett, og som grunnlag for auka fiskeopplevingar knytt til bygdebasert turisme og reiseliv.

I 2007 blei det etablert eit femårig utviklingsprogram for innlandsfiske.

Det er foreslått sett av 4 mill. kroner til programmet i 2010.

Verdsarv

Landbruket og landbruket sitt kulturlandskap er ein viktig del av verdiane som ligg i verdsarvområda Vegaøyene og Geirangerfjorden/Nærøyfjorden. Jordbruket i desse områda er i tilbakegang og det er behov for å halde fram arbeidet med å sjå på korleis ein kan drive og utvikle jordbruket på ein måte som gjer at kulturlandskapet blir ivareteke for framtida.

Satsinga over jordbruksavtalen må sjåast i samanheng med Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet sine tiltak i verdsarvområda.

Frukt og bær, kulturlandskap og reiseliv på Vestlandet

Satsinga på frukt, bær, kulturlandskap og reiseliv på Vestlandet starta opp i 2008, og skal gå over fem år. Hovudmålet er å utvikle eller vidareutvikle produkt og tenestar, særleg knytt til reiseliv, med utgangspunkt i profesjonell frukt- og bærproduksjon.

Utviklingstiltak for geit – prosjektet Friskare geiter

Løyvinga til utviklingstiltak for geit blir foreslått vidareført i 2010 med 15 mill. kroner. Det er sett av 11 mill. kroner til prosjektet Friskare geiter og 4 mill. kroner til kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott og tilskott til avløysing for ferie og fritid.

Del II av prosjektet vil vere fullført i 2010. Ut frå gjennomførte saneringar og påmeldingar vil vel 60 pst av geitebestanden vere sanert ved utgangen av 2010. Det blir lagt til grunn at styringsgruppa for prosjektet legg fram forslag om vidareføring av tiltaket før jordbruksoppgjeret 2010. Det må i denne samanheng gis statusrapport og forslag til endeleg mål for prosjektet og sluttidspunkt.

Forsking

Det er foreslått sett av ei løyving til forsking på 44 mill. kroner i 2010. Prioriterte forskingsområde er klima, økologisk produksjon, plante- og dyrehelse, og integrert plantevern. Det er vidare behov for auka kunnskap relatert til Inn på tunet, HMS, samt skatte- og avgiftspolitikk. Det er i tillegg behov for ei utgreiing av marknaden for mineralgjødsel i Norden.

E-sporing, fagpilotar

Regjeringa starta i 2006 eit prosjekt i samarbeid med Mattilsynet og næringsaktørar i heile matproduksjonsverdikjeda for å leggje grunnlaget for eit betre system for sporing av mat. Prosjektet har etablert pilotprosjekt innan fleire kjedar; frukt og grønt, korn, kjøtt og mjølk. Ramma for medfinansiering av utviklings- og administrasjonsoppgåver knytt til arbeidet med fagpilotane i 2010 er 4 mill. kroner.

Beiteprosjekt

Beiteprosjektet er ei vidareutvikling av prosjektet med forsterka tilsyn i Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal frå 2007 og det landsdekkjande Beiteprosjektet frå 2009. Målet med prosjektet er å få til eit betre sauehald med mindre tap av dyr på beite. Det er sett av 6,5 mill. kroner for 2010. Dei ulike tiltaka sjåast i samanheng med tiltak mot skader frå rovvilt og midlar på Miljøverndepartementet sitt budsjett ved gjennomføring av prosjektet.

Tap av sau og lam på beite ligg generelt på eit for høgt nivå og dokumentasjon om tap og andre forhold knytt til utmarksbeiteperioden må bli betre. Frå tapsprosent på om lag 4 rundt 1990, har den frå slutten av 90-talet stabilisert seg på mellom 5,8 og 6,9 pst. Den viktigaste årsaka til auken er mest sannsynleg rovvilt. Område utan rovvilt har òg hatt utfordringar med auka tap på grunn av flåttbårne sjukdommar, alveld og andre sjukdommar. I tillegg kjem tap av ukjende årsaker.

Fotråte – prosjektet Friske føtter

Prosjektet Friske føtter blir vidareført, og det blir sett av 2 mill. kroner frå overførte og ledige midlar frå 2009 til kompensasjon ved sanering.

Overføring til Samisk utviklingsfond

Overføringa til Samisk utviklingsfond skal stimulere til næringsutvikling i landbruket i samiske område.

Andre utviklingstiltak i landbruket

For 2010 er dette 2 mill. kroner til setersatsing i Hedmark, Oppland og Møre og Romsdal, og 2,5 mill. kroner til beiteareal for gjess.

Ungdom/rekruttering/likestilling

Den samla satsinga for å fremje rekruttering til landbruket inneheld desse elementa:

  • Ekstraordinære investeringstiltak i landbruket på 200 mill. kroner for 2009.

  • Auka ramme for lån med rentestøtte med 300 mill. kroner i 2009 og 2010.

  • Auke i bedriftsretta bygdeutviklingsmidlar med 40 mill. kroner i 2010.

  • Utrede moglegheit for støtteordning til ungdom innanfor det distriktspolitiske virkeområdet.

  • Ungdom skal prioriterast ved tildeling av nyetableringskvote for mjølk.

  • Fylkeskommunane får auka ansvar for rekruttering, kompetanseheving, likestilling og etterutdanning i landbruket. Arbeidet blir styrkt med 20 mill. kroner.

  • Auke i satsane for avløysartilskotta som òg styrkjer finansieringa av landbruksvikarordninga.

Tilbakebetalte reguleringsmidlar

I jordbruksoppgjera 2007 og 2008 var det semje om å tilføre LUF til saman 56,5 mill. kroner av tilbakebetalte investeringsmidlar gitt til reguleringsanlegg som ikkje lenger blir nytta til formålet. Dette skulle kombinerast med å etablere eit uviklingsprogram for frukt og grønt under den ordinære tildelingsramma for LUF. Tabellen under viser disponering av midlane i 2010 m.m.

Tabell 2.15 Tilbakebetalte reguleringsmidlar disponert i 2009 og 2010.

(i mill. kr)

Tiltak

2009

2010

Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap

2,0

2,0

Utviklingsprogram for frukt og grønt

2,5

2,0

Energi i veksthusnæringen

1,0

1,0

Investeringsprogram for eggsektoren

10,0

Sum

15,5

5,0

Spesielle miljøtiltak i landbrukets kulturlandskap (SMIL)

Spesielle tiltak i jordbruket sitt kulturlandskap går i all hovudsak til enkeltføretak i jordbruket, men òg andre eigarar av landbrukseigedom og enkelte lokalt tilknytte lag og foreiningar mottek støtte. Den kommunale SMIL-ordninga kan bli brukt til mange typar miljø- og kulturmiljøtiltak som til dømes inngjerding av beite og til skjøtsel av viktige biotopar som gamle slåtteenger og lyngheier.

Investeringstøtta til organisert beitebruk blir tatt ut av SMIL-ordninga og lagt til Fylkesmannen som eiga ordning med ei samla ramme på 6 mill. kroner for 2010. I tillegg til dei tradisjonelle tiltaka innanfor investeringstøtte til organiserte beitebruk, kan fylke med rovdyrutfordringar bruke midlar til innkjøp av radiobjeller for å bidra til å redusere tap grunna rovvilt. Dette sjåast i samanheng med bruk av tilskottsmidlar til førebyggjande og konfliktdempande tiltak over Miljøverndepartementet sitt budsjett.

Informasjons- og utviklingstiltak, miljø

Det er stort informasjonsbehov overfor næringsutøvarar og kommunar når det gjeld kva som er mogleg med dei nye miljøordningane. Det er òg behov for informasjon og rettleiing for å betre miljøinnsatsen gjennom miljøplanarbeidet. Informasjons- og utviklingstiltaka skjer i regi av Fylkesmannen og Statens landbruksforvaltning.

Klima

Det er satt i gang eit 5-årig utviklingsprogram for klimatiltak. 2010 er det tredje året for programmet.

Utviklingsprogrammet skal mellom anna bidra til:

  • Betre kunnskap om planlegging og drift av biogassanlegg gjennom enkelte pilotanlegg.

  • Kompetanseheving i jordbruket som mottakar av matavfall og av biorest.

  • Betre kunnskap om moglegheita for reinsing av metan i husdyrrom.

  • Betre driftskunnskap om nye spreieteknikkar av husdyrgjødsel i jordbruket.

  • Auka kunnskap for å minke jordbruket sin trong for og bruk av fossile energikjelder.

Forvaltning av utvalde kulturlandskap

På bakgrunn av ein rapport frå Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning har Landbruks- og matdepartementet saman med Miljøverndepartementet peika ut 20 utvalde kulturlandskap i jordbruket med særskilte miljømessige verdiar. Dei 20 områda utgjer eit eksklusivt utval der grunneigarar/drivarar er nøkkelspelarar i synleggjering og verdiskaping. Det er behov for auka midlar for å halde oppe motivasjonen hos grunneigarane for vidare drift og langsiktige skjøtselstiltak i desse områda. Satsinga over jordbruksavtalen må sjåast i samanheng med Miljøverndepartementet sine midlar til kulturlandskapsområda.

Morsa/VestreVansjø

Morsa-vassdraget (Hobøl-Vansjøvassdragt) er sterkt påverka av miljøsalt. Der har derfor gjennom fleire år blitt arbeida for å redusere utsleppa til vassdraget. Jordbruket står for dei største utsleppa og det er sett i gang ei rekkje tiltak for å redusere forureininga frå jordbruket m.a. gjennom regionale miljøprogram og SMIL-ordninga. I tillegg er det etablert eit eige treårig prosjekt for Vestre Vansjø med ei økonomisk ramme på 1 mill. kroner i 2010.

Utviklingstiltak innan økologisk landbruk

Det har det siste året vore ein monaleg vekst i marknaden og auka etterspurnad etter økologiske produkt. Dette tyder på at vektlegginga av innsats retta mot marknaden og stimulering til organisert samarbeid mellom aktørane i bransjen no har gitt resultat. Samtidig har auka på produksjonssida ikkje vore like sterk, noko som understrekar behovet for å halde fram ein balansert innsats retta mot alle ledd i verdikjeda frå butikk til primærproduksjon.

Formålet med midlane er marknadsutviklingstiltak, under dette heilkjedeavtaler, informasjonstiltak samt rettleiingstiltak retta mot primærprodusentar. Det er òg sett av midlar til ein egen kampanje for økologisk kornproduksjon.

Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap

Programmet vidareførast i 2010. Hovudtema i programmet er:

  • Nye landbruksbygg og kulturlandskap, under dette design av landbruksbygg og tun

  • Ny bruk av ledige landbruksbygg

  • Kartlegging av kulturhistorisk viktige landbruksbygg

Programmet skal innhente informasjon og kunnskap om utforming av store landbruksbygg og stimulere til ny bruk av ledige landbruksbygg for å sikre at kulturlandskapsverdiane blir ivaretekne. Programmet skal òg syte for at det blir utvikla metodar for kartlegging av kulturhistorisk viktige landbruksbygg.

Skogbruk og bioenergi

Løyvingane til skogbruk og bioenergi under LUF er fastsette gjennom jordbruksavtalen. Midlane går til tiltak for å auke den skogbaserte verdiskapinga og klima- og energigevinstane frå ressursane i landbruket, jf. kat. 15.30. Tiltaka får ei ramme på 218 mill. kroner for 2010, ein auke på 25 mill. kroner frå 2009. Den konkrete fordelinga av LUF-midlane mellom ulike tiltak knytt til jordbruksavtalen, blir bestemt etter drøftingsmøte med avtalepartane hausten 2009.

Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar blir forvalta av fylkesmennene og kommunane for å sikre gode løysingar på tvers av kommunegrensene. Tilskott til bioenergitiltak blir forvalta av Innovasjon Norge, i likskap med tresatsinga, som er nærmare omtalt under kap. 1149.

Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Formålet med tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er å stimulere til aktiv ressursforvaltning og auka verdiskaping i skogbruket, samtidig som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tekne vare på og vidareutvikla. Midlane er sentrale i ei langsiktig og heilskapleg satsing på næringsverksemda i skogbruket, og dei kan nyttast til tiltak innanfor skogkultur, skogsvegbygging, miljøtiltak og ulike andre tiltak i skogbruket.

Større aktivitet i skogbruket er med på å løyse klimautfordringane gjennom at skog tek opp CO2, leverer fornybar energi og klimavennlege materialar som gir varig binding av karbon. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen slår regjeringa fast at det er nødvendig med auka opptak av karbon i skog, og det gir nye utfordringar til aktiviteten i skogkulturarbeidet.

Skogkultur omfattar fleire tiltak som er viktige for å få høg kvalitet på skogen. Dette gjeld mellom anna planting, såing, markriving og stell av ungskog. Regjeringa vil at staten skal ta eit medansvar for desse mest langsiktige investeringane i skogbruket. I samband med dette er det nødvendig med god kommunikasjon mellom plantetilbydarar og -kjøparar, slik at plantene blir produsert og omsett i rett mengd til rett pris.

Vidare kan tilskotta til nærings- og miljøtiltak i skogbruket nyttast til nybygging og ombygging av skogsvegar. Vegnettet er ein viktig føresetnad for aktiviteten i skogbruket. Ein godt utbygd infrastruktur vil òg ha stor verdi for å kunne få til lønnsame leveransar av bioenergivirke. Det er eit stort behov for ombygging av eksisterande skogsbilvegnett for å få dei i samsvar med dagens krav med omsyn til bereevne og utforming. I nokre strøk, spesielt i kyststrøka, er det òg behov for å styrkje infrastrukturen i samsvar med hovudplanane for veg for å leggje til rette for ei rasjonell forvaltning og bruk av skogressursane.

Det blir elles gitt tilskott til ulike miljøtiltak i skog eller til skogsdrift med taubane, hest og anna for å auke avverkinga i bratt og vanskeleg terreng, og for å fremje bruk av miljøvennlege løysingar i slike område. Dette gjer det òg lettare å få ut virke frå skogen, til dømes for å auke produksjonen av bioenergi.

Departementet opnar òg for at midlane kan nyttast til mindre nærings- og miljøtiltak som ikkje er omfatta av andre ordningar og som lokalt kan vere viktige for utvikling av skogbruket.

Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og landsdekkjande kompetansetiltak

Ein meir intensiv bruk av skogen krev god kunnskap om ressursgrunnlaget og er ein føresetnad for eit aktivt og miljøretta skogbruk. Skogbruksplanar med miljøregistreringar hjelper skogeigarane til å drive eit berekraftig skogbruk, og slike planar er viktige verkemiddel i arbeidet med å auke avverkinga av skog og produksjonen av bioenergi.

Fylkesmannen deler løyvingsramma mellom kommunane etter ein hovudplan for fylket. Effektivisering og satsing på meir brukartilpassa planar står sentralt i departementet si oppfølging av skogbruksplanlegginga. Det vil òg bli tildelt midlar frå denne underposten til kompetansesenteret for skogbruksplanlegging ved Norsk institutt for skog og landskap. Dette femner om serviceoppgåver instituttet utfører overfor fylka og kommunane i saker omkring takst og skogbruksplanlegging.

Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) er eit kompetansesenter for næringsutvikling og forvaltning av skog- og arealressursar, og har ei landsomfattande verksemd. SKI er ein viktig aktør som bidrar til måloppnåinga i skogpolitikken på områda kompetanseutvikling og – spreiing. Departementet gjer framlegg om støtte til å utvikle og gjennomføre kompetansetiltak på skog- og utmarksområdet. Tiltaka er retta mot offentleg og privat rettleiingsapparat, skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet, hovudsakeleg i regi av SKI (Aktivt skogbruk mv.). SKI sitt arbeid retta mot barn og unge gjennom Lære med skogen, ulike nettilbod og anna er òg prioriterte oppgåver. Departementet ser positivt på at SKI utviklar samarbeidet med Norsk institutt for skog og landskap vidare. Kunnskapsbehova er i rask endring og SKI må byggje på eit kunnskapsgrunnlag frå eit stadig breiare spekter av kunnskapsinstitusjonar. Eit godt samarbeid i sektoren er ein føresetnad for ei vellukka kompetanseutvikling.

Kystskogbruket

Etter drøfting med jordbruksavtalepartane om fordelinga av LUF-midlane for 2008, blei det satt av ei eiga ramme for særskilte tiltak i kystskogbruket. Ramma var i 2008 på 5 mill. kroner. I 2009 blei ramma dobla, og Vest-Agder kom med blant dei fylka som får ei særskilt tildeling.

I kyststrøka har det i den seinare tida vore ein relativt låg skogbruksaktivitet, lite tømmer som har vore klart til hogst, og infrastrukturen er i mange tilfelle lite utvikla. Mykje av barskogen i kystområda er planta frå midten av 1900-tallet. Haustinga av ressursane kan ta til om få år, og det er mogleg å auke hogsten dei neste 10-20 åra. Kyststrøka har høgare transportkostnader og vanskelegare avsetningsforhold enn innlandet har. Dette er årsaka til at kystskogbruket har blitt prioritert. Dei midlane som blir avsett særskilt til kystskogbruket kan nyttast av og i dei enkelte fylka til dei formål fylka meiner det er grunn til å prioritere. Midlane kan òg nyttast til ulike fellestiltak og samfinansiering på tvers av fylkesgrensene, til dømes samarbeid om planlegging, infrastrukturtiltak og kompetanse, eller utvikling av nye løysingar for skogsdrift.

Bioenergi

Hovudmålet for departementet si satsing på bioenergi er å auke verdiskapinga frå råstoff til bioenergi frå landbruket og frå leveransar av biovarme til andre samfunnssektorar. Det er samtidig eit mål å oppnå positive klima- og energigevinstar. Auka uttak av skogsråstoff til bioenergi er såleis eit viktig element i regjeringa si satsing på auka avverking og bruk av trevirke. Landbruks- og matdepartementet sine verkemiddel inngår som element i ein målretta og koordinert verkemiddelbruk for auka utbygging av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020.

Bioenergiprogrammet er eit av dei viktigaste verkemidla i departementet si satsing på bioenergi. Programmet blir forvalta av Innovasjon Norge. Programmet blei notifisert til ESA i 2009 og er no godkjent i tråd med regelverket for miljøstøtte.

Gjennom programmet blir det gitt støtte til småskala varmeanlegg, gardsanlegg, pilotprosjekt for biogass og kompetansetiltak. Ved vurdering av anlegg for biogass skal det leggjast vekt på miljøgevinsten i vidaste meining, i tillegg til kriteria for energieffektivitet og lønnsemd, og at det er behov for oppbygging av norsk kompetanse på området.

Sidan etableringa av programmet i 2003 er det gitt støtte til nær 500 gardsvarmeanlegg, med eit energiutbytte på opp mot 40 GWh. Vidare har 15 veksthus fått støtte til å installere bioenergikjelar, som til saman gir om lag 14 GWh.

I St.prp. nr. 67 (2008-2009) foreslo regjeringa ei løyving på 200 mill. kroner til ekstraordinære investeringstiltak for landbruket. Av dette blei 50 mill. kroner til utsiktsrydding, bioenergitiltak og skogkultur tilført LUF. Av dette gjekk 25 mill. kroner til å styrkje bioenergiprogrammet. I St.prp. nr. 37 (2008-2009) blei det òg løyva 50 mill. kroner til bioenergitiltak, med eit særleg mål om å stimulere til auka produksjon av skogsflis. Desse midlane er fordelt mellom tilskott til uttak av skogsråstoff til bioenergi, investeringsstøtte til flisproduksjonsutstyr og til utviklings- og kompetansetiltak.

Det er knytt store utfordringar til å nå målet om auka utbygging av 14 TWh bioenergi innan 2020. Departementet sine verkemiddel tek mellom anna sikte på å bidra til utvikling av ein meir velfungerande marknad og større utbod av bioenergiråstoff. Det er heilt nødvendig å få eit løft i bygginga av infrastruktur i form av anlegg og leidningsnett for biovarme, dersom det skal vere mogleg å nå målet. Midlane frå Olje- og energidepartementet til Enova, mellom anna styrking av Energifondet, er hovudfinansieringskjelda for slike infrastrukturtiltak.

Underpost 50.12 Tilskott til skadefondet for landbruksproduksjon

Formålet med fondet er å gi økonomisk kompensasjon til føretak i jordbruket som har lidd tap som kjem av forhold som føretaket ikkje rår over. Frå 2007 omfattar fondet følgjande ordningar:

Som følgje av klimatiske årsaker:

  • tilskott ved avlingssvikt i planteproduksjon

  • tilskott ved tap av bifolk, og svikt i honningproduksjon

  • tilskott til reparasjon av vinterskadd eng

Som følgje av katastrofeprega hendingar:

  • erstatning for tap av sau på beite

Det blir ikkje gitt erstatning dersom tapet kan dekkjast gjennom allment tilgjengelege forsikringsordningar.

Alle erstatningsordningane som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg blir løyva utanfor jordbruksavtalen på kap. 1143 post 73.

Skadefondet hadde ved inngangen til 2009 ein eigenkapital på 66 mill. kroner, mens det er prognosert eit forbruk på 40 mill. kroner. I 2008 var det uvanleg store utbetalingar mellom anna på grunn av flaumen på delar av Austlandet i 2007 og tørkeskader i dei nordlege fylka. I 2008 var det om lag normale vêrforhold og avlingsskadar. Partane i jordbruksoppgjeret har vurdert ei løyving på 30 mill. kroner i 2010 til å gi fondet ein tilfredsstillande kapitalsituasjon.

Post 70 Marknadsregulering, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70.11

Tilskott til marknadstiltak

18 900

18 900

18 900

70.12

Tilskott til råvareprisordninga

122 488

195 100

249 100

70.13

Tilskott til eksportrestitusjon

4 716

6 600

1 600

Sum post 70

146 104

220 600

269 600

Underpost 70.11 Tilskott til marknadstiltak

Formålet med marknadstiltaka er å medverke til at ein kan nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare og medverke til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. Kostnadene ved marknadsregulering blir dekt av løyvinga til marknadstiltak over jordbruksavtalen og gjennom omsetningsavgifta. For 2010 er det budsjettert med følgjande ordningar finansiert over budsjettet:

  • Avsetjingstiltak hagebruk: 3,9 mill. kroner

  • Kollektiv dekking av omsetningsavgift hagebruk: 10 mill. kroner

  • Tilskott til kadaverhandtering: 5 mill. kroner

Ein gjer framlegg om ei løyving på 18,9 mill. kroner i 2010.

Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga

Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksportert. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer.

På grunn av at prisane på verdsmarknaden fall igjen i 2009 måtte RÅK tilførast ekstra midlar i jordbruksoppgjeret. I tillegg er målprisane auka monaleg i dei seinaste jordbruksoppgjera inkludert justeringsforhandlingane sist vinter. Dette gir auka forbruk på RÅK-ordningane. I jordbruksoppgjeret blei det omdisponert 27 mill. kroner frå andre postar og ledige overførte midlar i 2009, medan det er prognosert med eit auka forbruk på 54 mill. kroner i 2010 samanlikna med saldert budsjett 2009.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 249,1 mill. kroner i 2010.

Underpost 70.13 Tilskott til eksportrestitusjon

Underposten omfattar ordninga med eksportrestitusjon for leveransar til spesialmarknader (oljeinstallasjonar, Svalbard, ambassadar m.m.).

Partane i jordbruksoppgjeret var einige om å avvikle ordninga med eksportrestitusjon for kjøtt (XRK) frå 1.1.2010. Eksportrestitusjon for varer som eksporterast i november og desember 2009 vil først komme til utbetaling i 2010. Det må derfor setjast av ei løyving for 2010 for å effektuere desse utbetalingane.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 1,6 mill. kroner i 2010.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

73.11

Tilskott til norsk ull

154 526

145 200

142 000

73.13

Pristilskott mjølk

508 784

551 400

562 100

73.15

Pristilskott kjøtt

735 726

711 500

660 800

73.16

Distriktstilskott egg

6 249

6 700

7 500

73.17

Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

52 142

61 000

63 000

73.18

Frakttilskott

206 347

222 600

246 200

73.19

Tilskott til prisnedskriving av norsk korn

376 339

343 700

407 700

73.20

Tilskott matkorn

83 768

86 300

86 300

73.21

Tilskott til prisnedskriving av potetsprit

19 379

20 000

20 000

Sum post 73

2 143 260

2 148 400

2 195 600

For pristilskotta under jordbruksavtalen blir partane samde om satsar pr. eining, og løyvinga vil kunne variere som følgje av variasjonar i voluma under dei enkelte ordningane. For post 73 samla inneber ei volumjustering av prognosane i 2010 at forbruket på posten vil bli redusert med 64 mill. kroner samanlikna med 2009. Dei endra satsane i jordbruksoppgjeret gir ein auke på 111,2 mill. kroner. Samla gir dette ei auka løyving i 2010 på om lag 47 mill. kroner samanlikna med 2009.

Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull

Tilskottet skal medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg medverke til ei betring av kvaliteten på norsk ull, samt sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.

Det blei ikkje foreslått endringar i tilskottet ved jordbruksoppgjeret, prognosert volum er justert noko ned, og ein gjer framlegg om ei løyving på 142 mill. kroner for 2010.

Underpost 73.13 Pristilskott mjølk

Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitmjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.

Formålet med pristilskott til mjølk er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen.

For å sikre avsetning av geitmjølka, og betre effekten av å auke produktiviteten i produksjonen, er satsen i grunntilskottet auka med 20 øre/liter i 2010 til 3,11 kroner pr. liter.

Distriktstilskottet blir gitt med ulike satsar for mjølk produsert i vanskelegstilte område i Sør-Noreg og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer frå null og opp til 173 øre pr. liter. I årets jordbruksoppgjer blei satsen sett opp med 2 øre pr. liter for alle soner frå sone D og oppover.

Satsendringane inneber ei auka løyving i 2010 tilsvarande 20,1 mill. kroner, mens volumjusteringa reduserer løyvingsbehovet med 9,4 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 562,1 mill. kroner til pristilskott mjølk for 2010.

Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt

Underposten omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt samt distriktstilskott for fjørfeslakt.

Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris. Grunntilskottet skal vidare medverke til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren. Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.

Formålet med distriktstilskotta er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for distriktstilskott auka med 16 øre/kg for gris i Agder og på Vestlandet. Dette inneber ei auka løyving på 1,1 mill. kroner, mens volumjusteringa i 2010 reduserer behovet på posten med 51,8 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 660,8 mill. kroner til ordninga med pristilskott til kjøtt for 2010. Av dette utgjer grunntilskottet 89,4 mill. kroner, mens 571,4 mill. kroner er distriktstilskott.

Underpost 73.16 Distriktstilskott egg

Formålet med ordninga er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Satsen for distriktstilskott for egg er uendra, mens volumjusteringa aukar løyvingsbehovet med 0,8 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 7,5 mill. kroner i 2010.

Underpost 73.17 Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

Underposten omfattar distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsaker og distriktstilskott for potetproduksjon i Nord-Noreg.

Formålet med ordningane er å betre inntekta for yrkesprodusentane innan grøntsektoren og sikre ein geografisk spreidd produksjon. Tilskottet skal stimulere til kvalitetsproduksjon og ordna omsetningsforhold.

I jordbruksoppgjeret blei satsane auka tilsvarande 2 mill. kroner, mens volumjusteringa ikkje endrar løyvingsbehovet.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 63 mill. kroner i 2010.

Underpost 73.18 Frakttilskott

Underposten omfattar frakttilskott til kjøtt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal medverke til å jamne ut prisar til produsent og forbrukar.

I jordbruksoppgjeret blei det gitt auke i frakttilskottsatsane totalt med 24 mill. kroner, fordelt med 8 mill. kroner for kraftfôr og 16 mill. kroner for innfrakt av kjøtt. Volumjusteringa gir eit redusert behov tilsvarande 0,4 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 246,2 mill. kroner i 2010, fordelt med 71,5 mill. kroner til kjøtt, 7,9 mill. kroner til egg og 166,8 mill. kroner til korn og kraftfôr.

Underpost 73.19 Tilskott til prisnedskriving av norsk korn

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norskprodusert korn, erter og oljefrø gjennom marknadsordninga og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr. I jordbruksoppgjeret er satsen for korn og erter auka med 5 øre pr. kg. For å stimulere til auka norsk produksjon av økologisk korn er prisnedskrivinga av økologisk korn, oljefrø og erter auka med 10 øre pr. kg.

Satsendringane reduserer aukar løyvinga med 64,1 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 407,7 mill. kroner for 2010.

Underpost 73.20 Tilskott til matkorn

Tilskottet til matkorn blir gitt både til norskprodusert og importert korn som brukast til produksjon av matmjøl. Formålet med ordninga er å halde prisen på matmjøl på eit nivå som kan sikre konkurransekrafta til norskproduserte bakevarer i forhold til import.

I jordbruksoppgjeret blei satsen for tilskottet ikkje endra.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 86,3 mill. kroner i 2010.

Underpost 73.21 Tilskott til prisnedskriving av potetsprit

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit gjennom marknadsordninga for potet. Det er ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 20 mill. kroner til ordninga i 2010.

Post 74 Direkte tilskott, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

74.11

Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

1 025 394

985 200

1 104 000

74.14

Tilskott til husdyr

1 878 696

2 161 100

2 186 000

74.16

Beitetilskott

403 387

459 000

611 100

74.17

Areal- og kulturlandskapstilskott

3 152 656

3 121 419

3 099 319

74.19

Regionale miljøprogram

385 644

390 000

410 000

74.20

Tilskott til økologisk landbruk

84 677

113 200

116 200

74.22

Tilskott til miljøvennlege spreiemåtar av husdyrgjødsel

5 000

11 000

Sum post 74

6 930 454

7 234 919

7 537 619

Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen, jamne ut skilnader i lønnsemd mellom føretak av ulik storleik og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg, samt medverke til vidareføring av mjølkeproduksjonen i det sentrale Austlandsområdet. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å styrkje økonomien i spesialisert kjøttfeproduksjon.

For driftstilskott til mjølkeproduksjon blei satsane auka i jordbruksoppgjeret tilsvarande 16 000 kroner pr. føretak, medan harmoniseringa av satsane mellom samdriftsføretak og enkeltføretak blei vidareført. Satsendringane utgjer ei auka løyving tilsvarande om lag 177 mill. kroner, mens reduksjonen i talet på mjølkeføretak gir ei innsparing på 58 mill. kroner.

Tilskottet til føretak med spesialisert kjøttproduksjon blei ikkje endra i dette jordbruksoppgjeret.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 1 104 mill. kroner for 2010.

Underpost 74.14 Tilskott til husdyr

Tilskottet skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og etter storleik på bruk i husdyrhaldet. Ordninga skal òg støtte husdyrhald med dyr av storferasar som er definert som verneverdige.

Tilskottet blir gitt pr. dyr/slakt og blir avgrensa oppover med ei beløpsgrense. I jordbruksoppgjeret blei grensa for maksimalt tilskott auka med 10 000 kroner pr. føretak til 250 000 kroner. Det blei gitt auke i satsane til alle dei grovfôretande dyra.

Det blei òg innført ei ny ordning med 300 kroner i tilskott pr. bikube for føretak med minimum 25 bikubar og opp til 250 kubar.

Pensjonistavkortinga i produksjonstilskotta blei òg fjerna. Samla ga dette ei auka løyving tilsvarande 87,9 mill. kroner, mens løyvingsbehovet med gjeldande satsar gikk ned med 63 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 2 186 mill. kroner i 2010.

Underpost 74.16 Beitetilskott

Underposten består av eit tilskott til dyr som beitar i utmark, og eit tilskott til dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark). Det er krav til minimum beitetid for å få rett på tilskottet. Formålet med ordningane er å pleie kulturlandskapet gjennom å få mange dyr på beite, samt å få ei betre utnytting av utmarksbeiteressursane. Ordningane har òg ei positiv effekt på dyrevelferda.

I jordbruksoppgjeret blei tilskottssatsane auka tilsvarande 149 mill. kroner, medan tilpassing av løyvingsbehovet auka behovet med 3 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 611,1 mill. kroner i 2010, der tilskott til dyr på utmarksbeite utgjer 258 mill. kroner.

Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott

Underposten består av eit kulturlandskapstilskott med same sats pr. daa til alt jordbruksareal som fyller vilkåra for arealtilskott, og eit arealtilskott der satsane pr. dekar er differensiert ut frå type produksjon og kvar i landet den skjer. Tilskottet skal medverke til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Det er m.a. eit krav at alle føretak skal ha ein miljøplan. Miljøplanen skal medverke til ein meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til vedlikehald og forbetring av miljøgode og kulturlandskap.

Mellom anna for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet, blir det i tillegg gitt tilskott pr. dekar til grovfôr, korn, potet, frukt, bær og grønsaker. Det skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, storleik på føretaka og distrikt.

I jordbruksoppgjeret blei det gjort relativt små endringar i arealtilskotta. Det blei gitt auke i tilskott til grovfôr i Finnmark og til frukt og bær i sone 5 (Vestlandet med meir).

Av løyvinga på underposten har partane i jordbruksoppgjeret i samsvar med ein plan for utvikling og vedlikehald av digitale kart over heile landet fram til 2010, sett av 7 mill. kroner i 2010. Desse karta er eit viktig verktøy i forvaltninga av arealtilskotta.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 3 099,3 mill. kroner i 2010.

Underpost 74.19 Regionale miljøprogram

Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringssalt til vatn gjennom regionale og lokale tilpassa regelverk for økonomisk støtte.

Ordninga opnar for at fylka kan støtte tiltak som er mest målretta i sitt område, og vil medverke til å hindre gjengroing og stimulerer beiting og auka opplevingskvalitetar i kulturlandskapet. Rapportering tydar på stor aktivitet omkring arbeidet i fylka og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.

Regionale miljøprogram har medverka til gjennomføring av mange regionalt tilpassa miljøtiltak. Dette gir betre måloppnåing då miljøutfordringane ikkje er like frå fylke til fylke. Samstundes har eit desentralisert forvaltningsregime med mange nye ordningar medført auka forvaltningskostnader, særleg i oppstarten.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 410 mill. kroner i 2010.

Underpost 74.20 Tilskott til økologisk jordbruk

Underposten dekkjer ordningane omleggingstilskott, ekstra arealtilskott og husdyrtilskott.

Formålet med posten er å stimulere til at ein større del av landbruksproduksjonen i landet skjer i form av økologisk produksjon. Målet er at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk i 2015.

Omlegginga til økologisk produksjon gjer at løyvingsbehovet aukar med uendra satsar.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 116,2 mill. kroner i 2010

Underpost 74.22 Tilskott til miljøvennlege spreiemåtar av husdyrgjødsel

Husdyrgjødsla utgjer ca ¼ av alt nitrogenet som blir brukt i jordbruket. Gjennom vanleg spreiing forsvinn mykje av nitrogenet i form av ammoniakk (NH3). Dette er ei ordning som finansierer eit pilotprosjekt som har som mål å auke den delen av gjødsla som blir spreia med miljøvennleg spreieteknologi og/eller som blir molda ned.

Ordninga blir utvida i 2010 og løyvinga blir foreslått auka frå 5 mill. kroner i 2009 til 11 mill. kroner i 2010.

Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

77.11

Tilskott til dyreavl m.m.

82 370

86 070

86 570

77.12

Tilskott til frøavl m.m.

6 160

7 520

7 520

77.13

Tilskott til rådgiving

36 900

37 900

46 400

77.14

Tilskott til pelsdyrfôrlag

23 200

23 200

23 200

77.15

Tilskott til kvalitetstiltak

47 266

39 740

35 240

77.17

Tilskott til fruktlager

8 000

8 000

9 000

Sum post 77

203 896

202 430

207 930

Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.

Tilskott til dyreavl m.m. skal medverke til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa vårt miljø. Ordninga skal òg sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.

Løyvinga skal sørgje for at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet og medverke til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.

For 2010 er det prognosert 30 mill. kroner til semintenester, 43,3 mill. kroner til veterinærreiser og 13,3 mill. kroner til avlsorganisasjonar.

Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 86,6 mill. kroner for 2010.

Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.

Formålet med tilskottet er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 7,5 mill. kroner for 2010.

Underpost 77.13 Tilskott til rådgiving

Formålet med ordninga er å medverke til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i forsøksringane, slik at desse ved hjelp av tilskottet og eigenfinansiering kan drive rådgiving som er lønnsam for medlemmane. Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre likeverdig rådgivingstilbod over heile landet.

I jordbruksoppgjeret fekk Norsk Landbruksrådgiving (NLR) ansvar for å tilby ei landsdekkande teneste knytt til teknisk planlegging i landbruket frå 1.1.2010.

For å finansiere overføringa av teknisk planlegging trengs det ei auka løyving på 1,5 mill. kroner til prosess og 6 mill. kroner til drift i 2010. I samband med overføringa er det rammeoverført 2,5 mill. kroner frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt budsjettkapittel 1510 Fylkesmannsembetene til denne posten på Landbruks- og matdepartementets budsjettkapittel 1150.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 46,4 mill. kroner for 2010.

Underpost 77.14 Tilskott til pelsdyrfôr

Underposten omfattar tilskott til pelsdyrfôrlag og tilskott til pelsdyrfôr (fôrrefusjon). Formålet med tilskott til pelsdyrfôrlag er å medverke til utjamning av fraktkostnadene ved innfrakt av råstoff til fôrkjøkken og utfrakt av ferdig fôr til pelsdyrfarmane. Ordninga skal fremje ei rasjonell omsetning av fôr til pelsdyr og bidra til geografiske utjamning av produksjonskostnader.

Produksjon av pelsdyrskinn har ikkje noko grensevern i Noreg. Tilskott til pelsdyrfôr er ein refusjon av fôrkostnader knytt til meirkostnader som følgje av det norske grensevernet på korn og kornsubstitutt. Refusjonsordninga skal medverke til at fôrkostnadene i næringa blir likestilt med fôrkostnadene på verdsmarknaden. Formålet er å gi norskproduserte pelsdyrskinn likeverdige konkurranseforhold med andre land.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 23,2 mill. kroner i 2010. Løyvinga er fordelt med 17,8 mill. kroner til frakt av pelsdyrfôr og 5,4 mill. kroner i kostnadskompensasjon til pelsdyrfôr.

Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak

Underposten inneheld fleire ordningar som skal medverke til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.

Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe norsk hagebruk plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet. Tilskottet til opplysningsarbeidet om frukt, bær og grønsaker finansierast kollektivt over jordbruksavtalen framfor via omsetningsavgift, og skal stimulere til auka totalforbruk av frukt, bær og grønsaker. For å fremje omsetninga av norskproduserte poteter kan det gis tilskott til tiltak for å betre potetkvaliteten, til produsentsamanslutningar og til produsentretta informasjon om marknadstilhøva.

For 2010 er det sett av 11 mill. kroner over post 77.15 til tiltak for riktig bruk og dermed redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel. Av dette er det overført 3,5 mill. kroner til Bioforsk sitt budsjett (kap. 1112 post 51), til vidare drift av varslingsordninga som er etablert (VIPS).

Ein gjer framlegg om ei løyving på 35,2 mill. kroner i 2010 som er fordelt som følgjer:

  • Produsentretta rådgiving vedrørande potet og støtte til produsentsamanslutningar: 0,8 mill. kroner

  • Opplysningsverksemd frukt, grønt og potet: 7,5 mill. kroner

  • Utvikling av plantemateriale: 9,2 mill. kroner

  • Kvalitetstiltak settepotetavl: 5,74 mill. kroner

  • Handlingsplan plantevernmiddel: 7,5 mill. kroner

  • Premieringsordning for økologisk kjøtt: 4,5 mill. kroner

Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager

Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremje eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetning av frukt som medverkar til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt. I jordbruksoppgjeret blei tilskottet auka med 1 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 9 mill. kroner til ordninga i 2010.

Post 78 Velferdsordningar, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

78.11

Tilskott til avløysing for ferie/fritid

1 077 243

1 112 619

1 121 269

78.12

Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

154 909

168 500

173 600

78.13

Medlemsavgift til folketrygda

130 800

130 800

130 800

78.14

Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

88 000

88 000

88 000

78.15

Tilskott til andre velferdstiltak

70 602

84 000

81 000

78.16

Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

110 874

110 035

110 035

Sum post 78

1 632 428

1 693 954

1 704 704

Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/ fritid

Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie, få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å medverke til finansiering av innleige av arbeidskraft.

Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar pr. dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag og dyretal på føretaka. I jordbruksoppgjeret blei satsane auka med 4,5 pst., og det maksimale tilskottet pr. føretak blei auka med 3000 kroner til 61 000 kroner pr. føretak. I tillegg blei det gitt ei ekstra auke i satsane for ammekyr tilsvarande 25 pst.

Tilskottet blir gitt for faktiske lønnsutgifter etter rekneskap og lønns- og trekkoppgåver. Partane i jordbruksoppgjeret blei samde om at de nye satsane skulle gjelde for avløysing i 2009 som blir utbetalt i 2010.

For 2010 gjer ein framlegg om ei løyving på 1 121,3 mill. kroner.

Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

Formålet med ordninga er å medverke til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon, heilårs veksthusproduksjon og planteproduksjon i onneperiodar, når brukaren av særlege grunnar, ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.

Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det enkelte bruk. I jordbruksoppgjeret blei den maksimale dagsatsen i auka frå 1 030 kroner til 1 200 kroner pr. dag.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 173,6 mill. kroner for 2010.

Underpost 78.13 Medlemsavgift til folketrygda

Av den pensjonsgivande inntekta innanfor jordbruk, husdyrhald, hagebruk, gartneri og skogbruk skal den enkelte brukaren betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta som lønnsmottakarar betaler. Skilnaden mellom avgifta som er fastsett for sjølvstendig næringsdrivande (10,7 pst.) og avgifta som skal betalast av den enkelte brukaren (7,8 pst.), blir finansiert over jordbruksavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i pensjonsgivande inntekt i jord- og skogbruk. Midlane blir overført sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 130,8 mill. kroner for 2010.

Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir ytt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget frå 1. dag. Ordninga er rekna som kollektiv forsikring som ikkje gir rett til frådrag ved likninga. Løyvinga blir rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei jordbrukarane som går inn under ordninga. Midlane blir overført sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til ordninga for 2010.

Underpost 78.15 Tilskott til andre velferdstiltak

Underposten omfattar tilskott til landbruksvikarordninga og tilskott til landbrukshelsa.

Formålet med Landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det av ymse årsaker. I 2008 blei det etablert ei ny landsdekkjande landbruksvikarordning gjennom avløysarlaga. Det er eit mål at ordninga vil nå eit omfang på 240 årsverk. Den tidlegare ordninga med kommunalt tilsette landbruksvikarar blei vidareført ut 2008 som ein overgangsperiode. Maksimal støtte pr. årsverk er 480 000 kroner. Løyvinga til landbruksvikarordninga blei auka frå 17 til 37 mill. kroner i 2008, og i tillegg blei det overført 27 mill. kroner frå Kommunal- og regionaldepartementets budsjett for 2008.

Behovet i ordninga er for 2010 rekna til 65 mill. kroner.

Landbrukshelsa er ein ideell stifting oppretta av Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Den har som formål å organisere eit effektivt arbeid med helse-, arbeidsmiljø og tryggleik (HMS) i landbruket. Verksemda skal gi eit førebyggjande tilbod til alle gardbrukarar og tilsette i landbruket. Landbrukshelsa skal medverke til at gardbrukarane sjølve tek ansvar for å betre arbeidsmiljøet sitt, og for å skape ein sikker og triveleg arbeidsplass og eit trygt oppvekstmiljø for barna. Det blir sett av 16 mill. kroner til ordninga i 2010.

Ein gjer framlegg om ei samla løyving på 81 mill. kroner for 2010.

Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

Formålet med ordninga er å medverke til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 110 mill. kroner for 2010.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

85

Marknadsordninga for korn

12 517

79 200

53 150

Sum kap. 4150

12 517

79 200

53 150

Post 85 Marknadsordninga for korn

Posten omfattar inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer. Ordninga med å påleggje prisutjamning på proteinråvarer og karbohydratfôr som ikkje er importert med toll, har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr.

I jordbruksoppgjeret blei målprisen på protein auka tilsvarande prisauken på fôrkorn i tråd med dei retningslinjer som er sett for ordninga. Det blei rekna å utgjere ei meirinntekt på vel 18 mill. kroner. Samtidig blei urea tatt ut av ordninga med prisutjamningbeløp. Det gir ei redusert inntekt på 8 mill. kroner.

Prisutjamningsbeløpet er òg påverka av prisane på verdsmarknaden. Høge verdsmarknadsprisar på soya og anna protein gjer at løyvinga på posten går ned med 26 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving i 2010 på om lag 53,2 mill. kroner.

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

51

Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

43 800

35 900

29 900

72

Tilskott til organisasjonsarbeid

6 200

6 200

6 200

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast

56 783

53 100

63 100

79

Velferdsordningar

1 800

1 800

1 800

Sum kap. 1151

108 583

97 000

101 000

Mål og strategiar

Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.

Dei mål og retningslinjer som ligg til grunn for reindriftspolitikken er trekte opp i St.meld. nr. 28 (1991-92) En bærekraftig reindrift, og Innst. S. nr. 167 (1991-92), samt dei justeringar og nye moment som er vektlagde ved Stortingets si behandling av den årlege reindriftsavtaleproposisjonen og ved den årlege behandlinga av statsbudsjettet. Hovudstrategien er å skape ei meir berekraftig reindrift. Med dette forstår ein ei reindrift som har økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Desse tre måla står i ein innbyrdes samanheng: Økologisk berekraft gir grunnlag for økonomisk berekraft, og saman gjer økologisk og økonomisk berekraft det mogeleg å utvikle kulturell berekraft.

Reindrifta er ei lita næring i nasjonal målestokk, men både i samisk og lokal samanheng har den stor verdi når det gjeld økonomi, sysselsetjing og kultur. Reindrifta er såleis ein viktig del av det materielle grunnlaget for samisk kultur.

Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinjene i reindriftspolitikken.

For nærmare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken syner ein til omtale under kat. 15.30 og til St.prp. nr. 76 (2008-2009) og Innst. S. nr. 374 (2008-2009). Nærmare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane på kapitlet går fram av budsjettframlegget for 2010.

Resultatrapport 2008

Samla sett er reindrifta i ei positiv økonomisk utvikling. Dette har i det vesentlegaste samanheng med eit høgt slakteuttak og ein auke i prisen på reinkjøtt. Det har vore ein prisauke på 20 pst. frå 2005 til 2006, og foreløpige tal viser ein auke på 12 pst. frå 2007 til 2008. Slakteria har problem med å følgje opp sine leveringsavtaler på reinkjøtt. Denne situasjonen gir reineigarane gode moglegheiter for å betre sine resultatmål gjennom ein auke av produksjonsbaserte inntekter. Gjennomsnittleg godtgjering til arbeid og eigenkapital har auka frå 141 000 kroner pr. årsverk i 2006 til 154 000 kroner pr. årsverk i 2007. Inntektsnivået viser store regionale skilnader, der vederlag for arbeid og eigenkapital er tre gangar høgare i Sør-Trøndelag og Hedmark enn i Vest-Finnmark. Utviklinga er vidare bekymringsfull i delar av Nordland og Nord-Trøndelag ved at produksjonen er monaleg redusert dei siste åra grunna store tap.

Radioaktivt nedfall etter Tsjernobylulykka i 1986 skapar framleis ekstra kostnader for reindriftsnæringa. Ei tiltakspakke blir finansiert av staten for å halde næringsutøvarane i reindrifta økonomisk skadeslause, jf. omtale under kap. 1147 post 82.

Reindriftsavtalen for 2009/2010

Regjeringa sin reindriftspolitikk er basert på Stortinget sine føresetnader og ut frå den situasjonen ein står overfor i næringa. Reindriftsavtalen for 2009/2010 har ei ordinær ramme på 101 mill. kroner. Dette er ein auke på 4 mill. kroner i høve til Reindriftsavtalen 2008/2009.

Resultatet av forhandlingane om Reindriftsavtalen 2009/2010 inneber ein avtale som framleis skal leggje til rette for auka omsetnad av reinkjøtt, samt å stimulere næringa til størst mogeleg slakteuttak og verdiskaping innanfor gjevne rammer. Dei tilskotta som er knytte til produksjon er vidareførte. I avtalen er det innført ei særskilt ordning for Vest-Finnmark med tilskott som erstattar kalve- og slaktetilskottet. Dette er ei prøveordning for 2009/2010. Tilskottet er basert på eit produksjonskrav med slakteuttak på minst 8 kg pr. rein i vårflokk. Ordninga omfattar alle siidaandeler i dette området uavhengig av reintal. Desse tilskotta legg til rette for auka slakting og produksjon. Tiltaka som er forhandla fram underbyggjer den dreiing ein har hatt i reindriftsavtalen sine verkemiddel dei siste åra, med eit større næringsretta fokus og ei tilrettelegging for dei utøvarane som har reindrift som hovudnæring.

Avtalen vektlegg òg å styrke ordningar som kan bidra til at distrikta sitt arbeid med utforming av bruksreglar etter ny reindriftslov prioriterast.

I tillegg til sjølve avtalen er det i sluttprotokollen til avtalen semje om at regelverket for radioaktivitetstiltak i slaktesesongen 2009/2010 blir fastsett etter dei same prosedyrar som forskriftene etter reindriftsavtalen.

I sluttprotokollen til avtalen er det òg einigheit om å foreta en samla gjennomgang og evaluering av ordningane under Reindriftens utviklingfond.

Budsjettframlegg 2010

Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2010 i samsvar med Stortinget si behandling av reindriftsavtalen for 2009/2010, jf. Innst. S. nr. 374 (2008-2009). I omtalen av dei enkelte postane er det gjort kort greie for formål og innhald i dei ulike ordningane. For nærmare omtale syner ein til St.prp. nr. 76 (2008-2009) og Innst. S. nr. 374 (2008-2009). Når det gjeld tilskottsforvaltninga, har ein til dels same behov for avvik i høve til normalprosedyren fastsett i Bestemmelser om økonomistyring i staten som for ordningane under jordbruksavtalen. Dette gjeld ordningar under post 75 med omsyn til kriterium for måloppnåing, rapportering, kanalisering av midlane og kontroll. Når det gjeld post 79, utgjer forvaltninga berre overføring av midlar til folketrygda.

Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

Reindrifta sitt utviklingsfond kan nyttast til praktiske tiltak i næringa som t.d. investeringar i anlegg til bruk i utøvinga av reindrift og investeringar knytte til tilleggsnæringar. Fondet kan òg gi støtte til å fremje faglege tiltak i reindrifta, samt støtte til tiltak av allmenn interesse for samisk kultur. Fondet kan yte lån eller tilskott knytt til etablering i næringa.

Frå fondet blir det gjort følgjande avsetjingar:

  • 4,5 mill. kroner til forsking og rettleiing

  • 2,0 mill. kroner til Samisk utviklingsfond for å støtte opp under kombinasjonsnæringar der reindrifta går inn som ein komponent

  • 1,4 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak

  • 7,7 mill. kroner over RUF til verdiskapingsprogrammet for reindrift

  • 1,0 mill. kroner til kvinneretta tiltak

  • 2,0 mill. kroner til vidareføring av fagbrevordninga

  • 2,0 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak

Avsetjingane over RUF sine midlar utgjer totalt 32 mill. kroner, mens ein gjer framlegg om ei løyving på 29,9 mill. kroner.

Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid

Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet til Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) er føreslått vidareført med 6,2 mill. kroner, her medrekna 200 000 kroner til HMS-tiltak i reindrifta, samt 100 000 kroner til møter i Kontaktforumet for reinkjøttomsetning.

Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

75.11

Frakttilskott

2 092

2 000

2 000

75.12

Tilskott til driftseiningar og tamreinlag

40 396

36 300

44 700

75.13

Distriktstilskott

7 900

8 500

11 900

75.18

Tidlegslaktetilskott i Finnmark

6 395

6 300

4 500

Sum post 75

56 783

53 100

63 100

Tilskotta skal medverke til å fremje ei berekraftig reindrift, kvalitet, produktivitet, heve inntekta, samt verke utjamnande mellom einingar i næringa. Ein gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 63,1 mill. kroner for 2010 som er ein auke på 10 mill. kroner i høve til 2009, jf. omtalen nedanfor.

Underpost 75.11 Frakttilskott

Føremålet med frakttilskottet er å medverke til å jamne ut prisane på reinkjøtt til reineigarane i ulike distrikt, og bidra til utjamning av fraktkostnader til marknaden. Minimumsgrensa for transportavstand hevast frå 5 til 10 km. Ein gjer framlegg om ei løyving på 2 mill. kroner.

Underpost 75.12 Tilskott til driftseiningar og tamreinlag

Dette tilskottet er inndelt i følgjande ordningar:

Produksjonspremie: Føremålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Siidaandelane sin produksjonspremie blir rekna med 25 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare blir det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Ved sal av livdyr blir det rekna produksjonspremie berre i tilfelle der kjøparen har fått livdyrlån etter tidlegare ordningar over Reindriftens Utviklingsfond. Det blir ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 0,4 mill. kroner pr. siidaandel og 1 mill. kroner pr. tamreinlag. Produksjonspremien blir utbetalt til eigaren av siidaandelen. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 23,1 mill. kroner til produksjonspremie.

Driftstilskott: Føremålet med ordninga er å kompensere for nokon av utgiftene i reindrifta. Tilskottet blir utbetalt med ein sats på 10 000 kroner pr. siidaandel i alle reinbeiteområda. I dei siidaandelane der kvinner står som enkeltinnehavarar og/eller eigaren av siidaandelen er under 30 år pr. 1.1.2010, er driftstilskottet på 25 000 kroner. Ordninga med tilskott ved overdraging av siidaandel blir endra ved at aldersgrensa hevast frå 30 til 35 år, og ei auke i satsen frå 30 000 til 60 000 kroner pr. siidaandel. Auken må sjåast i samanheng med at ordninga med livdyrlån over RUF avviklast. Tilskottet blir gjeve dei tre første åra etter overdraging. Etablerte mellombels einingar i samanheng med generasjonsovergangar, omfattast ikkje av ordninga. Det er sett av 6,7 mill. kroner til driftstilskott.

Kalveslaktetilskott: Satsen for tilskottet er 200 kroner pr. kalv. Kalveslaktetilskottet er avgrensa til å gjelde slakt i perioden frå 15.8.2008-31.12.2008 for å stimulere til størst mogeleg haustslakting. Siidaandeler i Vest-Finnmark omfattast ikkje av denne ordninga. Det er sett av 5,9 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott.

Prøveordning med tilskott til siidaandeler i Vest-Finnmark: Som ei prøveordning avtaleåret 2009/2010 opprettast det for siidaandelane i distrikt i Vest-Finnmark reinbeiteområde eit tilskott som erstattar ordninga med kalveslaktetilskott og tidlegslaktetilskott. Alle siidaandelar som oppfyller eit produksjonskrav på 8 kg (slakt rapportert i.h.t. Forskrift om rapportering av slaktet rein) pr. rein i vårflokk (pr. 31.03.09) får utbetalt eit tilskott på 17 kroner pr. kg for slakt i perioden 15.08.-10.10. og 13 kroner pr. kg for slakt i perioden 11.10.-31.12.

Det er sett av 6 mill. kroner til prøveordninga med tilskott til siidandelar i Vest-Finnmark. Dersom tilslaget på ordninga fører til at ramma overskridast, skal avtalepartane komme saman for å finne inndekning innanfor reindriftsavtalen sine rammer.

Ektefelletillegg: Ordninga med tillegg til siidaandeler der begge ektefellar eller sambuarar driv aktiv reindrift vidareførast med same sats og regelverk som frå Reindriftsavtalen 2008/2009. Det er sett av 3 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.

Ein gjer framlegg om ei samla løyving på 44,7 mill. kroner.

Underpost 75.13 Distriktstilskott

Føremålet med distriktstilskottet er å medverke til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Tilskottet skal òg gi grunnlag for at distrikta skal ha ansvar for finansiering av kostnader ved avløysing under sjukdom og svangerskap utover dei allmenne ordningane i Folketrygda. For at tilskott til distrikt skal kunne gjevast må det i distriktet vere utøvd ei reindrift som er i samsvar med dei til ein kvar tid gjeldande lover og forskrifter for næringa. Satsen til administrasjon, planlegging og ressursforvaltning i reinbeitedistrikta, medrekna Trollheimen, aukast frå 20 000 til 40 000 kroner pr. distrikt. Ved ein samanslåing av distrikt aukast grunnbeløpet i forhold til talet på distrikt som blir samanslått, avgrensa til to år etter samanslåinga.

Det særskilte tilskott for beiteleige i Trollheimen blir vidareført. Beløpet på 100 000 kroner disponerast av Reindriftsforvaltninga som får ansvar for betaling av leige etter beiteavtalen.

For å bidra til reinbeitedistrikta sitt arbeide med bruksregler, gis det i 2010 eit eingongstilskott til distrikt der distriktsstyret har utarbeida og vedtatt bruksreglar etter ny reindriftslov innan 1.7.2009. Tilskottet søkes i samband med søknad om distriktstilskott i 2010, og utgjer 20 000 kroner pr. distrikt i grunnbeløp og 2 000 kroner pr. siidaandel. Det er ein føresetnad for å få tilskott at bruksreglane er stadfesta av vedkommande områdestyre, og at reintalet er godkjent av Reindriftsstyret.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 11,9 mill. kroner.

Underpost 75.18 Tidlegslaktetilskott

Det geografiske verkeområdet for tidlegslaktetilskottet gjelder for alle dei samiske reinbeiteområda, utanom Vest-Finnmark. Tidlegslaktetilskottet blir utrekna på bakgrunn av slakt i perioden 15.8.09-31.12.09. Uttaket kan gjennomførast både på sommarbeita og på haustbeita. Satsen for tidlegslaktetilskottet i Troms og Aust-Finnmark blir sett til 7 kroner pr. kg for rein som blir teken ut for slakt på sommarbeita og før brunst, og 4 kroner pr. kg etter brunst. For dei andre områda, med unntak av Vest-Finnmark er satsen sett til 4 kroner pr. kg for heile perioden.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 4,5 mill. kroner til ordninga med tidlegslaktetilskott.

Post 79 Velferdsordningar

Posten omfattar ordninga med Medlemsavgift til Folketrygda og sjukepengeordninga.

Den enkelte reineigar skal betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta lønsmottakarane betalar. Skilnaden mellom den avgifta som er fastsett for private næringsdrivande (10,7 pst.) og den avgifta som skal betalast av den enkelte reineigar (7,8 pst.) blir finansiert over reindriftsavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i utviklinga i pensjonsgjevande inntekt i reindrifta.

Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg gitt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overført sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 1,8 mill. kroner.

Ordninga med tidlegpensjon og særskilt tilskott for leigd hjelp ved svangerskap blir vidareført. Ordningane blir finansiert over Reindriftens utviklingsfond.

Kap. 1161 Statskog SF - forvaltningsdrift

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Tilskott til forvaltningsdrift

14 703

14 703

15 173

75

Oppsyn i statsalmenningar

8 023

8 523

8 796

Sum kap. 1161

22 726

23 226

23 969

Post 70 Tilskott til forvaltningsdrift

Mål og strategiar

Målet for Statskog SF sitt arbeid med forvaltningsoppgåvene er å sikre at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedomane blir ivaretekne i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningslinjer. Føretaket skal òg arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedomane ligg og for staten som eigar. Samtidig er det knytt kostnader til å vere til stades og ha oppsyn med store areal der det ikkje er aktuelt med næringsverksemd. Forvaltningsoppdraget er regulert i ei eiga avtale. Denne avtalen blei revidert og fornya i 2007, som følgje av at Statskog SF ikkje lenger har forvaltningsoppgåver i Finnmark. Departementet styrer aktiviteten gjennom tilskottsbrev og styringsmøte på same måten som anna forvaltningsverksemd.

Innanfor skogbruk følgjer oppgåvene av lov om skogsdrift i statsallmenningar, og oppgåvene er særleg knytt til virkesutvising i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.

Vidare gjer Statskog SF offentlegrettslege oppgåver, der føretaket handlar som offentleg styresmakt, behandlar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane. Administrasjonsutgiftene knytt til tilskottsforvaltninga for post 75 Oppsyn i statsallmenningar går òg inn her.

I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene har Statskog SF ei rekkje ikkje lovpålagde oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningslinjer frå departementet. Statskog SF har eit eige feltapparat knytt til naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging medverke til sikring av naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Tenesta omfattar eit geografisk areal på knapt 40 millionar daa. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgjevarar, mellom anna miljøvernstyresmaktene. I 2008 ble det inngått ei ny samarbeidsavtale mellom Statskog SF og Statens naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO i Nordland og Troms.

Tilrettelegging for friluftslivet er ei hovudoppgåve for Statskog SF. Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive jakt, fiske og anna friluftsliv på føretakets areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket ope husvære i fjellet, merkar stigar og løyper, og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.

Resultatrapport 2008

På post 70 er det i 2008 rekneskapsført 14,7 mill. kroner som er i samsvar med løyvinga. Til arbeid med friluftsliv blei det i 2008 brukt i underkant av 5 mill. kroner, noko som er om lag 0,5 mill. kroner mindre enn året før. Dette skuldast i hovudsak at utarbeiding av landsverneplan for Statskogs kulturhistoriske bygningar blei prioritert. Friluftslivstiltaka omfattar ordinært tilsyn og vedlikehald knytt til etablerte tilbod, i tillegg til friluftsarrangement, stimuleringstiltak, informasjonsarbeid o.a.

Rekneskapen syner at det er nytta 2,5 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane i 2008, dette er om lag same nivå som året før. Om lag 12 500 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda. I tillegg er det avverka om lag 5 500 m3 til inntekt for Statskog SF. Totalt utgjer avverka kvantum om lag 50 pst. av balansekvantum.

Vidare syner rekneskapen at det i 2008 blei brukt vel 6,7 mill. kroner til oppsyn og andre grunneigaroppgåver som ikkje gir inntekt. Det er jobba meir med Statens kulturhistoriske eigedommar og mindre med andre ikkje inntektsgivande grunneigaroppgåver. Fjelltenesta fører tilsyn med aktivitet på Statskog SF sin grunn i Nordland og Troms. Tilsynet retter seg mot oppføring av ulovlege bygg og anlegg og anna bruk av områda. Det er òg i 2008 lagt vekt på oppsyn og kontakt med reindriftsutøvarane.

Fond knytt til forvaltningsoppgåvene

Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Inntektene går inn på eit eige fond kalla Grunneigarfondet. Dette gjeld mellom anna inntektene frå fritidsfestekontraktar i statsallmenningane. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Fondet skal etter samråd med Fjellstyresambandet mellom anna brukast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar. Storleiken på dei årlege inntektene er viktig for tiltaka som skal leggje til rette for auka aktivitet i statsallmenningane.

Grunneigarfondet var pr. 31.12.2008 på 26,160 mill. kroner. Fondet auka med 2,39 mill. kroner frå 2007 til 2008. Auken frå 2007 har bakgrunn i innløysing av festetomter i statsallmenningane, men òg auka festeinntekter som følgje av reguleringane. Det er venta at festeinntektene vil halde fram å auke i 2009 som ei følgje av reguleringar.

Allmenningsfonda var pr. 31.12.2008 på 30,3 mill. kroner. Fonda skal saman med avsett skogfond brukast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenning.

Budsjettframlegg 2010

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 15,2 mill. kroner.

Posten femner tilskott til Statskog SF sitt arbeid med lovpålagde og ikkje lovpålagde oppgåver, det vil seie dei oppgåvene som inngår i forvaltningsoppdraget frå Landbruks- og matdepartementet til Statskog SF.

Statskog SF si rapportering syner at det er auka ressursbehov i samband med føretaket sine oppgåver knytt til skogbruk i statsallmenningar. Dette er oppgåver som til dømes miljøregistreringar i skog, landskapsplanar, register over dei med virkesrett, skogbruksplanar med vidare.

Vidare skal Statskog SF i 2010 halde fram arbeidet med å leggje til rette for allmenta si bruk og tilgang til areala, med mål om å auke friluftslivet. Hovudsatsingane blir oppfølging av Statskog SF sin reviderte handlingsplan for friluftsliv 2009-2011.

Innsatsen skal i hovudsak rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod, og informasjon om tilboda. Det er eit generelt etterslep med omsyn til vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse blei tidlegare nytta i næringsverksemd, og er viktige kulturelement som bør haldast vedlike så langt som mogeleg.

Statskog SF har ut over dette framleis utfordringar knytt til vedlikehald av damanlegg, husvære, stigar, bruer o.a. som treng opprusting. Departementet meiner dette er oppgåver som i hovudsak må finansierast på anna måte òg vil saman med føretaket arbeide vidare med desse spørsmåla.

Departementet legg til grunn at Statskog SF i samråd med Noregs Fjellstyresamband føretek ein gjennomgang av refusjonsordninga for fjellstyra i 2010, for å finne fram til enkle og objektive kriterium for fordeling av midlane knytt til kap. 1161 post 75. Forbetring av seterregisteret vil òg vere ei prioritert oppgåve for Statskog SF i 2010.

Det er i 2010 framleis behov for høg aktivitet når det gjeld tilsyn med Statskog SF sine areal, m.a. for å ivareta staten sine rettar som grunneigar. I tillegg er det behov for service overfor og tilsyn med brukarar av utmarka som ikkje gir inntekter. Døme på slike brukarar er reindriftsnæringa (arealbrukskonfliktar og auka jegertrykk), forsvaret (grunn som ikkje blir festa, men blir rekvirert ved øvingar) og eigedomstilsyn overfor kontraktlause byggverk med meir. Dette er mellom anna viktige oppgåver for Fjelltenesta i Nordland og Troms.

Post 75 Oppsyn i statsallmenningar

Mål og strategiar

Posten dekkjer tilskott til fjellstyra sine oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med § 36 i fjellova. Fjellstyra kan tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Når tilsetjinga er skjedd i samsvar med oppsynsordning som departementet har godkjent, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønnsutgiftene av statskassa. Ordninga skal leggje til rette for å ivareta samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar.

Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer om lag 27 millionar daa, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for befolkninga sin rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har til oppgåve å medverke til berekraftig bruk av statsallmenningane. Dei skal vidare førebyggje miljøkriminalitet og medverke til at offentlegrettslege vedtak blir overhaldne, utføre oppgåver for grunneigaren (Statskog SF) m.m. Som eit ledd i dette arbeidet driv fjelloppsynet informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, naturovervaking og kontroll. Oppsynsmenn kan gjevast politifullmakt etter lov av 4. aug 1995 nr. 53 § 20 om politiet. Oppsynsmenn blir lønt av fjellkassa. Fjellstyret gir instruks for oppsynstenesta. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.

Resultatrapport 2008

I 2008 blei det gitt vel 8 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog SF har fordelt midlane etter ein nøkkel som tilgodeser nye ordningar og små fjellstyre. Snautt halvparten av tilskottet er brukt på feltarbeid knytt til oppsyn og skjøtsel, medan dei resterande midlane er brukt til saksbehandling og anna innearbeid som gir rett til tilskott. For 2008 er det rapportert om over 10 500 kontrollar, ein oppgang på over 2 000 samanlikna med 2007. Det er knytt noko usikkerheit til tala, då rapporteringa ikkje har vore heilt lik frå år til år. Som i fjor er det utført flest kontrollar av fiske og jakt, medan kontroll av motorferdsel, vernereglar og anna berre står for ein liten del av den samla aktiviteten. Det er rapportert om 134 ulovlege forhold, det vil seie om lag 80 meir enn i 2007. Det er ein fallande tendens i rapportar om forhold knytt til jakt og fiske, medan rapportar om ulovlege forhold knytt til motorferdsel og vernereglar held seg på eit jamt nivå.

Budsjettframlegg 2010

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,8 mill. kroner. Fjelloppsynet omfattar i dag om lag 60 årsverk. Departementet meiner at løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og gir rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet.

Oppsyn i statsallmenning skjer både gjennom fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet SNO driv. Fjelloppsynet sin lokale forankring og kunnskap er et eit viktig bidrag i det totale oppsynet. Det er framleis nødvendig med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og SNO.

Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

70

Avgifter i matforvaltninga

629 088

594 552

606 143

71

Totalisatoravgift

136 631

105 000

125 000

72

Miljøavgift, plantevernmiddel

71 521

65 000

Sum kap. 5576

837 240

764 552

731 143

Post 70 Avgifter i matforvaltninga

Det er på posten budsjettert sektoravgifter i matforvaltninga. Ein syner til kap. 4115 post 01 for nærmare omtale av gebyrordningane i Mattilsynet.

Ved etablering av Mattilsynet blei det etablert eit tredelt system for finansiering gjennom gebyr og avgifter. Den første delen gjeld gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar. Den andre delen av systemet gjeld gebyr for tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar. Den tredje delen av systemet gjeld innkrevjing av avgift for tilsyn og kontroll som ikkje eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.

Matproduksjonsavgiftene skal dekkje tilsyn og kontroll langs heile matproduksjonskjeda etter matlova. Avgiftene skal òg dekkje tilsyn og kontroll med dyrevelferd, med dyrehelsepersonell og med avl knytt til dyr som går inn i produksjon av næringsmiddel.

Matproduksjonsavgiftene er delt inn i 11 ulike avgifter. Nivået på avgiftene kjem an på om det er norsk eller importert vare. For norskproduserte varer er det ulikt avgiftsnivå for animalia (varer frå dyreriket) og vegetabilia (varer frå planteriket). For animalia er det òg ulikt avgiftsnivå for landbaserte varer og fisk/sjømat. Satsane er i pst. av verdi, med unntak av for kjøtt, mjølk og fisk som har avgiftssatsar basert på vekt/volum. For importerte varer skil avgiftene mellom råvarer og halvfabrikata/ferdigvarer.

Det blir i tillegg kravd inn avgifter for tilsyn og kontroll med drikkevatn (vassverk), kosmetikk, fôr til dyr som ikkje blir nytta til produksjon av mat og planter som ikkje er mat.

Det blir ikkje lagt opp til endringar i avgiftssatsane i 2010.

Tabell 2.16 Oversikt over avgifter i matfovaltninga.

(i mill. kroner)

Nemning

Beløp

Matproduksjonsavgifter:

Norskproduserte varer

275,4

Importerte varer

218,0

Sjømat

35,4

Andre avgifter:

Planter som ikkje er mat

21,0

Kosmetikk

3,0

Avgift på drikkevatn (vassverk)

32,0

Avgift på planteforedling og naturleg mineralvatn

0,3

Avgift på fôr til selskapsdyr

21,0

Sum avgifter

606,1

Dette vil gi følgjande satsar for matproduksjonsavgift:

Norskproduserte varer:

  • kjøtt: 49 øre/kg

  • mjølk: 6,34 øre/liter

  • andre animalia: 1,92 pst.

  • vegetabilia: 0,80 pst.

Importerte varer unntatt sjømat:

  • råvarer: 1,14 pst.

  • ferdigvarer og halvfabrikata: 0,71 pst.

Sjømat:

  • fisk til konsum landa frå EØS-fartøy: 14,60 kroner pr. mottatt tonn (råstoff)

  • fisk landa frå tredjelandsfartøy: 14,60 kroner pr. mottatt tonn

  • fisk tatt ombord på norsk fabrikkfartøy eller omlasta til utanlandsk fartøy: 14,60 kroner pr. mottatt tonn

  • produksjonsavgift for oppdrettsfisk: 14,60 kroner pr. mottatt tonn fisk til slakting

  • importerte fisk og fiskevarer: 14,60 kroner pr. tonn

Post 71 Totalisatoravgift

Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.

I 2008 var den samla omsetninga på totalisatorspel 3 710 mill. kroner. Dette var ein auke på 547 mill. kroner frå året før. Prognoser tyder på noko lågare omsetning på totalisatorspel i 2009 enn i 2008. For 2010 er det budsjettert ut frå ei samla omsetning på om lag 3 400 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving under posten på 125 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetninga.

For å hindre uønskt reklame er det no fastsett reglar for å avgrense marknadsføringa av lovlege spel.

Lotteri og stiftelsestilsynet har fått oppgåva å kontrollere alt spel i Noreg. Dette inneber òg ansvaret for kontroll med at totalisatorspelet er i samsvar med det spelereglement som er godkjent av Landbruks- og matdepartementet.

Post 72 Miljøavgift, plantevernmiddel

Miljøavgift er eit av fleire verkemiddel for å nå nasjonale og internasjonale miljømål. Gjennomføringa av tiltaka er dokumentert i systemet med resultatkontroll i jordbruket.

Plantevernmiddel blir plasserte i sju avgiftsklasser i forhold til helse- og miljørisiko. Avgifta er arealbasert og differensiert etter midlane sin risiko for helse- og miljøskadar.

Omsetningstala syner at ein har fått ein overgang til plantevernmiddel i lågare avgiftsklasser, dvs. middel med lågare miljø- og helserisiko.

Posten er frå 2010 overført til Finansdepartementet sin proposisjon om skatte-, avgifts- og tollvedtak.

Programkategori 15.40 Forretningsdrift

Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet:

1 644

950

750

-21,1

5652

Innskottskapital i Statskog SF:

12 600

5 000

5 000

0,0

Sum kategori 15.40

14 244

5 950

5 750

-3,4

I kategorien er utbytte frå Graminor AS, Staur Gård AS, Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (VESO), Kimen Såvarelaboratoriet AS og Statskog SF budsjettert.

Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

85

Utbytte

1 644

950

750

Sum kap. 5651

1 644

950

750

Post 85 Utbytte

Departementet budsjetterer med eit samla utbytte på 0,75 mill. kroner frå selskap under Landbruks- og matdepartementet i 2010.

Graminor AS

Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet mottek lisens- og foredlaravgift ved omsetjing av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og statleg tilskott, jf. omtale under kap. 1143 post 74.

Staten sin eigardel i selskapet er 34 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene når det gjeld planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.

Graminor AS hadde i 2008 ein omsetnad på 48,9 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 3,1 mill. kroner. Det blei utbetalt 2,1 mill. kroner i utbytte og av dette blei om lag 0,6 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet. Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2010, mellom anna fordi det gode resultatet i 2008 skuldast at verksemda dette året har vore av til dels ekstraordinær karakter knytt til omstrukturering, og at kapitalbehovet framleis er stort grunna omstrukturering av verksemda. Graminor AS arbeider med ein ny strategi for verksemda. Den nye strategien blir lagt til grunn for budsjettet for 2010. Generalforsamlinga har bedt styret vurdere utbyttepolitikken for Graminor i samband med strategiprosessen.

Staur Gård AS

Staur Gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur Gård. Garden er i statleg eige for å sikre bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon. Samtidig er det ei viktig og krevjande oppgåve å halde vedlike den spesielle eigedommen på ein slik måte at eigenarta blir tatt vare på. Selskapet blei etablert for å drive eigedomen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse samfunnsmessige omsyna.

Staur Gård AS hadde i 2008 ein omsetnad på 5,96 mill. kroner, ein auke på 27,6 pst frå 2007, og eit overskott på 0,64 mill. kroner. Ein syner elles til omtale under kap. 1100 post 70.

Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO)

VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske og liknande miljø. Selskapet består av to ulike forretningsområde; distribusjon av alle typar legemidlar til dyr i den norske marknaden og kliniske smitteforsøk på fisk innanfor vaksineutvikling og avl for leverandørar av slike tenester og produkt.

Gjennom ein retta emisjon i 2008, jf. St.prp. nr. 22 (2008-2009) og Innst. S. nr. 97 (2008-2009), er departementets eigardel i VESO redusert frå 51 til 39 pst. Departementet la ved emisjonen mellom anna til grunn at dei nye fleirtalseigarane gjennom auka eigenkapital og betydelege faglege satsingar kunne betre resultatutviklinga i selskapet. VESO auka i 2008 sin marknadsdel innanfor alle område for distribusjon og sal av legemidlar til fisk. Etterspurnaden etter tenester på Vikan har og auka gjennom året. Totalt hadde selskapet ei god utvikling i 2008. Driftsinntektene auka frå 149 mill. kroner i 2007 til 234 mill. kroner, og overskottet etter skatt var 4,9 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte på 8,5 mill. kroner Av dette blei vel 3,3 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet.

Selskapet arbeidar i ein konkurranseutsett og sterkt skiftande marknad, og departementet finn det mest realistisk å ta utgangspunkt i same totale utbytte som åra før 2008.

Kimen Såvarelaboratoriet AS

Kimen Såvarelaboratoriet AS blei etablert 1.7.2004 etter at det tidlegare Såvarelaboratoriet blei skilt ut frå Mattilsynet, jf. St.prp. nr. 63 (2003-2004).

Selskapet er Noregs kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar og har status som nasjonalt referanselaboratorium på såvareanalysar.

Selskapet har sitt virke retta mot såvarebransjen og forvaltninga. Sal av laboratorieanalysar og tenester mellom anna til Mattilsynet, samt rettleiing og opplæring i såvarespørsmål, er ein del av hovudoppgåvene.

Statens eigardel i selskapet er 51 pst. I tillegg eig Felleskjøpet Agri BA 34 pst. og Strand Unikorn AS 15 pst.

Selskapet hadde i 2008 ein omsetnad på 11,6 mill. kroner og eit overskot etter skatt på 0,8 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte på 0,5 mill. kroner, og av dette blei 0,255 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet. Selskapet har hatt ei særs god resultatutvikling sidan etableringa i 2004 og fram til og med 2007. Ein forventar ei noko svakare utvikling i 2009 og 2010.

Kap. 5652 Innskottskapital i Statskog SF

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

85

Utbytte

12 600

5 000

5 000

Sum kap. 5652

12 600

5 000

5 000

Post 85 Utbytte

Mål og strategiar

Statskog SF forvaltar om lag 65 000 km2, tilsvarande ein femtedel av landarealet. 5 pst. av dette er produktivt skogareal, noko som gjer Statskog SF til landets største skogeigar med 7 pst. av det samla skogarealet i landet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 km2) statsallmenning der lokalbefolkninga har ulike bruksrettar (tømmer, ved, beite med vidare).

Statskog SF er med sin kompetanse og erfaring innanfor skog- og utmarksområdet ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg eit viktig instrument for å løyse oppgåver knytt til skog- og utmarksspørsmål. Føretaket sitt engasjement i Norwegian Forestry Group (NFG) er med på å gjere kompetanse tilgjengeleg gjennom med norsk miljøretta utviklings- og bistandsarbeid.

Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.

Utbyttepolitikk

Utbyttet frå Statskog SF blir fastsett etter utbyttepolitikk fastsett av Landbruks- og matdepartementet, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002). Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte i løpet av første halvår etter resultatåret. Utbyttet blir sett til 75 pst. av årsresultatet i konsernet inntil utbyttet svarar til statens innlånsrente multiplisert med den gjennomsnittlege bokførde eigenkapitalen til konsernet.

Resultatrapport 2008

Som eit ledd i regjeringa sitt arbeid med å auke skogvernet i Noreg blei det i 2008 verna 14 område på til saman 247 km2 på Statskog SF sin grunn. Det er venta nye vernevedtak i 2009, og tidspunkt for erstatningsutbetalingane vil ha stor innverknad på årsresultatet til Statskog SF.

Nøkkeltal og utbytte

Resultatet etter skatt er på 19,65 mill. kroner. Dette gir ei avkastning på konsernets bokførte eigenkapital på 7,05 pst. Store delar av inntektene i 2008 er knytt til erstatningar for barskogvern. Føretaket har òg i 2008 hatt enkelte eingongskostnader til omstilling. For verksemdområda skog og eigedom er resultatet for 2008 svakare enn i 2007, for friluftsliv er resultatet likt med 2007, mens det for energi er eit betre resultat for 2008 enn 2007.

Statens utbytte for 2008 er fastsett til 13,4 mill. kroner, tilsvarande statens innlånsrente multiplisert med den gjennomsnittlege bokførte eigenkapitalen til konsernet. Dette er i tråd med utbyttepolitikken fastsett av Landbruks- og matdepartementet.

Budsjettframlegg 2010

Resultatet frå Statskog SF i 2008 skuldast i stor grad ekstraordinære inntekter knytt til erstatningar for skogvern. Med bakgrunn i resultatet for 2008, sett bort frå ekstraordinære inntekter og utgifter, anslår departementet at utbytte frå Statskog SF for resultatåret 2009 blir 5 mill. kroner. Endeleg berekning av utbytte vil bli gjort i tråd med utbyttepolitikken, og endringar vil bli tekne inn i revidert nasjonalbudsjett for 2010. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2010.