Prop. 1 S (2009–2010)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5651 og 5652

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

3 Sektorovergripande miljøvernpolitikk

Det er ei kontinuerleg oppgåve for styresmaktene og sørgje for at det samla offentlege verkemiddelapparatet blir innretta mot å nå nasjonale miljøvernpolitiske mål og gir positive miljøeffektar. Miljøarbeidet i kvart departement skal skje med utgangspunkt i sektorovergripande miljømål som blir utarbeidd av Miljøverndepartementet innanfor regjeringa sine fire miljøpolitiske resultatområde; bevaring av naturens mangfald og friluftsliv, bevaring og bruk av kulturminne, reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn, eit stabilt klima og rein luft.

Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning er ein integrert del av arbeidet til Landbruks- og matdepartementet. Departementet si miljøsatsing omfattar mellom anna vern om jordbruksareal og kulturlandskap, ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminnar, bruk og vern av dei genetiske ressursane, bioenergi og auka satsing på miljøvennleg landbruksproduksjon med omsyn til m.a. opplevingar og friluftsliv.

Arbeidet med å bidra til å løyse klimakrisen og sikre nok og trygg mat til ei voksande befolkning er òg ein sentral del i departementets miljøarbeid. St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen gir ein omfattande og grundig gjennomgang av mogelege klimatiltak i landbruket i tråd med regjeringa si klimamelding og klimaforliket på Stortinget. Tiltaka i meldinga har eit potensial for reduksjonar på 1,1 millionar tonn CO2-ekvivalenter innan 2020. Meldinga blei presentert på den nasjonale klimakonferansen om landbruk, mat, energi og klima 2.-3. juni 2009. Meldinga er nærmare omtalt under kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak.

Eit anna viktig styringsdokument på miljøområdet er departementet sin miljøstrategi for perioden 2008-2015 som blei lagt fram i 2008. Strategien legg vekt på korleis departementet kan styrkje og utvikle miljøinnsatsen i landbruket, og med dette følgje opp regjeringa sin miljøvernpolitikk og Soria Moria-erklæringa. Departementet gjennomfører no ein intern rapportering på status i departementet si oppfølging av tiltaka i strategien.

Miljøarbeidet i landbruks- og matsektoren er nærmare omtalt under kat. 15.20 Forsking og innovasjon, kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak, og under kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar

Landbruks- og matdepartementet har innført miljøleiing og det er utarbeida ein kortfatta handlingsplan. Hovudmålsetjinga er at departementet skal gjennomføre sine oppgåver med ein så liten miljøpåverknad som mogleg. Omsynet til miljøet skal sikrast i planlegging og utføringa av alle departementet sine innkjøps-, drifts- og produksjonsaktivitetar. I handlingsplanen er det spesielt fokusert på avfall, transport, energi og innkjøp. Landbruks- og matdepartementet ser saman med tenesteleverandørane på moglegheiter for innføring av tekniske tiltak for å redusere mengda av uavhenta utskrifter, for slik å redusere bruken av papir. Vidare vil ein som hovudregel ikkje sende ut papirkopiar av høyringsgrunnlag, men distribuere opplysningar elektronisk. Det er etablert fleire møterom til bruk for telefonkonferansar, noko som er med på å redusere reiseverksemda. Strakstiltaka retta mot bruksutstyr (PC, skjermar og skrivarar) foreslått i rapporten frå interdepartemental arbeidsgruppe for Smart-IKT er vidareformidla til dei underliggjande verksemdene med oppmoding om å sikre at slike tiltak er gjennomført. Departementet har tatt i bruk alle delar av dei returordningane for avfall som er i regjeringskvartalet. Landbruks- og matdepartementet er òg ein pådrivar overfor eksterne tenesteleverandørar når det gjeld miljøomsyn.

4 Fornying, organisasjons- og strukturendringar i statsforvaltninga

Det har dei siste åra vore gjennomført fleire større organisatoriske endringar i forvaltninga innanfor sektoren. Formålet har m.a. vore å leggje til rette for ei tenleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda og -nivåa, og samtidig sørgje for ei effektiv og brukarretta forvaltning på landbruks- og matområdet. Vidare har departementet for å møte utfordringane innan FoU-sektoren nasjonalt og internasjonalt sett i gang fleire tiltak for fornying av kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet.

Det er eit hovudmål å fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane, samtidig som dei tilsette har arbeidsplassar som er utfordrande og utviklande og som gir tryggleik og deltaking i arbeidssituasjonen. Intensjonen er at omstilling og IKT-utvikling skal gi gevinst i den enkelte verksemd, for brukarane og for forvaltninga samla sett. I tråd med St.meld. nr. 19 (2008-2009) Ei forvaltning for demokrati og fellesskap og regjeringa sitt fornyingsarbeid vil ein arbeide vidare for å styrkje, fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga, jf. nærmare omtale i kat. 15.00.

5 Likestilling

Likestilling i landbrukssektoren

Næringslivet er avhengige av nyskaping og at ein tek i bruk mangfaldet av ressursar. Det er eit uttrykt mål i landbrukspolitikken at kvinner og menn skal ha like høve til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og i tilknytte næringar.

Likestilling og rekruttering av kvinner til landbruket blir i dei nasjonale og regionale næringsstrategiane sett i eit større bygdeutviklingsperspektiv, der rammene for busetjing, arbeid og trivsel på bygdene generelt blir peika på som viktige.

Kvinner har i lengre tid blitt prioriterte ved tildeling av pengar til bygdeutvikling, og kvinner har i det seinare markert seg positivt innanfor etablering av nye næringar i landbruket og økologisk landbruk. Det er òg verdt å merke seg at kvinner i landbruket i dag har lengre utdanning og større lønnsinntekt utanfor garden enn menn.

Strategi for likestilling i landbruket utarbeida av Landbruks- og matdepartementet kom i 2007 og omfattar heile landbrukssektoren. Strategien har eit mål om 40 pst. kvinneleg representasjon når det gjeld eigarskap, næringsutøving og deltaking i styrande organ i landbrukssektoren.

Delen kvinnelege, personlege gardbrukarar i 2008 var 14,2 pst. og innanfor økologisk drift 16 pst. Tala har dei siste fem åra vore nokolunde stabile. Innanfor ei vekstnæring som Inn på tunet er delen om lag 60 pst. kvinnelege tilbydarar.

Om lag kvar tredje skogeigedom blir drive i kombinasjon med jordbruk. Kvar fjerde skogeigar er kvinne, og av skogeigarane med positiv næringsinntekt frå skogbruket er om lag 15-16 pst. kvinner.

Av Innovasjon Norge sine midlar til bygdeutvikling gjekk om lag 40 pst. av tilskotta og 37 pst. av lån med rentestønad til kvinner i 2008, medan tala var 29 pst. og 22 pst. i 2005.

Departementet har bedt Innovasjon Norge prioritere kvinner som målgruppe generelt, og arbeide for ein vesentleg auke i delen som går til kvinner innanfor aktuelle program og tenester. Innovasjon Norge er òg bedt om å arbeide for ein auka del kvinner i styrer og leiing for verksemder som tek imot støtte.

Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner frå 2008 er ei felles satsing frå sju departement. Målet er at vesentleg fleire kvinner skal bli entreprenørar og at delen kvinner skal vere 40 pst. innan 2013. Departementet har bedt Innovasjon Norge om å bidra til å nå dette målet.

Vidare har planen som mål at 40 pst. av dei næringsretta verkemidla innan 2013 skal gå til kvinner. Dette skjer mellom anna gjennom ei forsterka kvinnesatsing i Innovasjon Norge kalla Kvinner i fokus - som òg omfattar landbruket og dei landbruksbaserte næringane. Innovasjon Norge er aktivt oppmoda om å skaffe fram statistikk og materiale som set lys på likestillingsarbeidet.

Likestilling i landbruks- og matforvaltninga

Likestillingslova stiller krav til alle verksemder om å rapportere om status i arbeidet med likestilling. Nedanfor følgjer tala for Landbruks- og matdepartementet. Underliggjande verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Departementet har ei relativt jamn kjønnsfordeling, 57,8 pst. kvinner og 42,2 pst. menn. Det er noko ulikskap mellom avdelingane. I Landbrukspolitisk avdeling er det 43,2 pst. kvinner, medan det i Administrasjons- og økonomiavdelinga er 72,3 pst. kvinner.

Departementet har gjennom dei siste åra hatt stor merksemd på å ha ei relativ lik kjønnsfordeling blant leiarar. Pr. juni 2009 er kvinnedelen i leiarstillingar med personalansvar på 55 pst. I 2000 var talet kvinnelege leiarar 22 pst.

Toppleiargruppa i departementet har ein kvinnedel på 42,8 pst. Innanfor dei andre stillingskategoriane er kvinnedelen som følgjer: seniorrådgjevar 50 pst., rådgjevar 62,3 pst., førstekonsulent 80 pst. og konsulent 93,3 pst.

Det ble gjennomført lokale lønnsforhandlingar i 2008, og kvinner fikk 58 pst. av den lokale potten. I tråd med den sentrale føringa ble såleis forholdsmessig større del av potten tildelt kvinner enn det pro rata tilseier. Lønnsforhandlingar etter Hovedtariffavtalen pkt. 2.3.4 blei i 2008 gjennomført for 17 personar. 7 av desse gjaldt kvinner.

I løpet av 2008 blei det tilsett 29 personar i Landbruks- og matdepartementet. 20 av desse var kvinner.

6 tilsette blei i 2008 tildelt kompetansestipend, av desse var 4 kvinner og 2 menn.

Det er for tida 14 tilsette som arbeider deltid, og 12 av desse er kvinner. Når det gjeld overtid blei det i 2008 arbeidd 3 654 timar overtid. 55,3 pst. av overtidstimane blei utført av menn.

6 Omtale av tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege verksemder

Statskog SF

Utgifter til:

Kroner

Lønn, adm. dir.

1 046 000

Pensjonsutgifter

172 000

Anna godtgjersle1

132 000

1 Anna godtgjersle gjeld fri bil, telefon og aviser

Staur Gård AS

Utgifter til:

Kroner

Lønn, dagleg leiar

416 668

Pensjonsutgifter

41 666

7 Standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter (nettobudsjetterte verksemder)

Frå og med statsbudsjettet for 2010 vil departementet i budsjettproposisjonane presentere standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilte fullmakter (nettobudsjetterte verksemder) som departementet har ansvaret for. Dette gjeld følgjande verksemder:

  • Veterinærinstituttet

  • Bioforsk

  • Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF)

  • Norsk institutt for skog og landskap

Hensikta med nøkkeltala er i første rekke å forbetre Stortinget og regjeringa sin kontroll og innsyn ved å presentere same type informasjon som gis for dei bruttobudsjetterte verksemdene i dei ordinære oppstillingane i statsbudsjettet og statsrekneskapen. Framstillinga vil i budsjettproposisjonen for 2011 bli supplert med budsjettoppstillingar basert på kontantprinsippet for gjeldande budsjettår, samt at ein vil rapportere rekneskapstala for dei tre siste åra.

Nærmare omtale av status for den enkelte verksemd går fram av kap. 1137 post 51.

Kort beskriving av tabellmaterialet:

Tabell 1 gir ei oversikt over utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise verksemdas brutto utgifter og inntekter basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter same prinsipp som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.

Tabell 2 gir ei oversikt over inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemder har fleire inntektskjelder og formålet med tabell 2 er å gi ein oversikt over dei ulike inntektskjeldene.

Tabell 3 gir ei oversikt over verksemdas kontantbehaldning pr. 31. desember med spesifikasjon av dei formål kontantbehaldningane skal nyttes til: Formålet med tabellane er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansetninga av overføringane.

Veterinærinstituttet

Tabell 7.1 Utgifter og inntekter fordelt etter art

Utgifter/inntekter

Rekneskap (i 1 000 kr)

31.12.2007

31.12.2008

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

162 494

174 381

Varer og tenester

112 134

114 282

Sum driftsutgifter

274 628

288 663

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

0

0

Sum investeringsutgifter

0

0

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

Andre utbetalingar

0

0

Sum overføringsutgifter

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

Sum utgifter

274 628

288 663

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

146 028

152 769

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

Refusjonar

Andre driftsinntekter

- 1 423

5 280

Sum driftsinntekter

144 605

158 049

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

123 617

126 842

Andre innbetalingar

0

0

Sum overføringsinntekter

123 617

126 842

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

Andre finansielle inntekter

42

- 73

Sum finansielle inntekter

42

- 73

Sum inntekter

268 264

284 818

Sum nettoendring i kontantbehaldninga

- 6 384

- 3 845

Tabell 7.2 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap (i 1 000 kr)

31.12.2007

31.12.2008

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

72 733

79 071

Løyvingar frå andre departement

33 400

36 390

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

4 800

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

19 452

16 252

Sum løyvingar

130 385

131 713

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

Bidrag frå private

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

3 862

3 508

Sum bidrag

3 862

3 508

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

121 865

104 868

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

Oppdrag frå private

0

0

Andre inntekter1

12 152

44 729

Sum oppdragsinntekter mv.

134 017

149 597

Sum inntekter

268 264

284 818

1 «Andre inntekter» inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar

Tabell 7.3 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2007-2008

Rekneskapspost

Rekneskap (i 1 000 kr)

Endring

31.12.2007

31.12.2008

2007 til 2008

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

70 390

66 555

- 3835

Behaldning på andre bankkonti

0

- 10

- 10

Andre kontantbehaldningar

10

10

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

70 400

66 555

- 3845

Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

15 833

18 060

2 227

Skattetrekk og offentlege avgifter

11 348

14 685

3 337

Gjeld til leverandørar

- 5 058

3 668

8 726

Gjeld til oppdragsgjevarar

26 059

16 049

- 10 010

Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår

11 950

7 144

- 4 806

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

60 132

59 606

- 526

Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekka i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

0

0

0

Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er satt i gang

0

0

0

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert avløyvingar frå andre departement

0

0

0

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

Andre avsetningar

Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

0

1 247

1 247

Fri verksemdskapital

10 268

5 702

- 4 566

Sum andre avsetningar

10 268

6 949

- 3 319

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

Sum nettogjeld og forpliktingar

70 400

66 555

- 3 845

Bioforsk

Tabell 7.4 Utgifter og inntekter fordelt etter art

Utgifter/inntekter

Rekneskap (i 1 000 kr)

31.12.2007

31.12.2008

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

190 541

214 139

Varer og tenester

145 062

173 939

Sum driftsutgifter

335 603

388 078

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

16 906

19 073

Sum investeringsutgifter

16 906

19 073

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

Andre utbetalingar

0

0

Sum overføringsutgifter

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

1 218

Andre finansielle utgifter

0

0

Sum finansielle utgifter

0

1 128

Sum utgifter

352 509

408 369

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

207 740

232 736

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

Refusjonar

0

0

Andre driftsinntekter

4 328

4 018

Sum driftsinntekter

212 068

236 754

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

17

0

Sum investeringsinntekter

17

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

161 399

159 199

Andre innbetalingar

5 900

5 649

Sum overføringsinntekter

167 299

164 848

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

Andre finansielle inntekter

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

Sum inntekter

379 384

401 602

Sum nettoendring i kontantbehaldninga

26 875

-6 767

Tabell 7.5 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap (i 1 000 kr)

31.12.2007

31.12.2008

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

103 218

98 623

Løyvingar frå andre departement

910

910

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

115 551

110 970

Sum løyvingar

219 679

210 503

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

Bidrag frå private

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

7 286

9 405

Sum bidrag

7 286

9 405

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

51 535

57 786

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

14 477

20 834

Oppdrag frå private

82 062

99 056

Andre inntekter1

4 345

4 018

Sum oppdragsinntekter mv.

152 419

181 845

Sum inntekter

379 384

401 602

1 «Andre inntekter» inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar

Tabell 7.6 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2007-2008

Rekneskapspost

Rekneskap (i 1 000 kr)

Endring

31.12.2007

31.12.2008

2007 til 2008

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

107 141

98 146

-8 995

Behaldning på andre bankkonti

-1 674

554

2 379

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

105 467

98 700

-6 767

Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

18 721

22 620

3 899

Skattetrekk og offentlege avgifter

4 915

2 483

-2 432

Gjeld til leverandørar

40 900

45 827

4 927

Gjeld til oppdragsgjevarar

0

0

0

Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår

0

0

0

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

64 536

70 930

6 394

Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekka i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

15 454

9 210

-6 244

Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement

9 967

8 579

-1 388

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er satt i gang

510

510

0

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement

0

0

0

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

25 931

18 299

-7 632

Andre avsetningar

Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

14 619

9 240

-5 379

Fri verksemdskapital

0

0

0

Sum andre avsetningar

14 619

9 240

-5 379

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

381

231

-150

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

381

231

-150

Sum nettogjeld og forpliktingar

105 467

98 700

-6 767

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)

Tabell 7.7 Utgifter og inntekter fordelt etter art

Utgifter/inntekter

Rekneskap (i 1 000 kr)

31.12.2007

31.12.2008

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

34 521

35 832

Varer og tenester

9 945

10 498

Sum driftsutgifter

44 466

46 330

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

528

1 144

Sum investeringsutgifter

528

1 144

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

Andre utbetalingar

0

0

Sum overføringsutgifter

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

Sum utgifter

44 994

47 474

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

12 196

20 240

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

Refusjonar

0

0

Andre driftsinntekter

0

0

Sum driftsinntekter

12 196

20 240

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

31 938

30 927

Andre innbetalingar

1

0

Sum overføringsinntekter

31 939

30 927

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

Andre finansielle inntekter

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

Sum inntekter

44 135

51 167

Sum nettoendring i kontantbehaldninga

- 859

3 693

Tabell 7.8 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap (i 1 000 kr)

31.12.2007

31.12.2008

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

22 720

22 697

Løyvingar frå andre departement

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

9 218

8 230

Sum løyvingar

31 938

30 927

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

Bidrag frå private

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

0

0

Sum bidrag

0

0

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

7 113

12 584

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

56

123

Oppdrag frå private

3 861

6 609

Andre inntekter1

1 167

924

Sum oppdragsinntekter mv.

12 197

20 240

Sum inntekter

44 135

51 167

1 «Andre inntekter» inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar

Tabell 7.9 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2007-2008

Rekneskapspost

Rekneskap (i 1 000 kr)

Endring

31.12.2007

31.12.2008

2007 til 2008

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

20 253

23 952

3 699

Behaldning på andre bankkonti

8

2

-6

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

20 261

23 954

3 693

Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

4 328

3 957

-371

Skattetrekk og offentlege avgifter

2 477

2 366

-111

Gjeld til leverandørar

1 454

927

-527

Gjeld til oppdragsgjevarar

-1 686

2 706

4 392

Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår

-1 329

-973

356

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

5 244

8 983

3 739

Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekka i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

0

0

0

Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement

0

0

0

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er satt i gang

0

0

0

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement

0

0

0

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

Andre avsetningar

Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

0

0

0

Fri verksemdskapital

12 964

13 009

45

Sum andre avsetningar

12 964

13 009

45

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

2 054

1 962

-91

Sum langsiktig gjeld

2 053

1 962

- 91

Sum nettogjeld og forpliktingar

20 261

23 954

3 693

Norsk institutt for skog og landskap

Tabell 7.10 Utgifter og inntekter fordelt etter art

Utgifter/inntekter

Rekneskap (i 1 000 kr)

31.12.2007

31.12.2008

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

100 867

112 658

Varer og tenester

62 261

69 409

Sum driftsutgifter

163 128

182 067

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

1 453

2 531

Sum investeringsutgifter

1 453

2 531

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

8 218

8 541

Andre utbetalingar

5 400

4 514

Sum overføringsutgifter

13 618

13 055

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

Sum utgifter

178 199

197 653

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

34 130

32 632

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

Refusjonar

1 438

679

Andre driftsinntekter

118

218

Sum driftsinntekter

35 686

33 529

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

62

Sum investeringsinntekter

0

62

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

145 778

160 651

Andre innbetalingar

1 264

841

Sum overføringsinntekter

147 042

161 492

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

Andre finansielle inntekter

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

Sum inntekter

182 728

195 083

Sum nettoendring i kontantbehaldninga

4 529

-2 570

Tabell 7.11 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap (i 1 000 kr)

31.12.2007

31.12.2008

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

95 982

105 353

Løyvingar frå andre departement

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

18 617

19 913

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

32 106

35 385

Sum løyvingar

146 705

160 651

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

Bidrag frå private

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

4 897

4 678

Sum bidrag

4 897

4 678

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

17 297

16 347

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

3 239

5 555

Oppdrag frå private

8 681

6 579

Andre inntekter1

1 909

1 273

Sum oppdragsinntekter mv.

31 126

29 754

Sum inntekter

182 728

195 083

1 «Andre inntekter» inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar

Tabell 7.12 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2007-2008

Rekneskapspost

Rekneskap (i 1 000 kr)

Endring

31.12.2007

31.12.2008

2007 til 2008

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

50 637

47 952

-2 685

Behaldning på andre bankkonti

3 363

3 478

115

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

54 000

51 430

-2 570

Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

10 513

11 667

1 154

Skattetrekk og offentlege avgifter

6 227

8 477

2 250

Gjeld til leverandørar

10 399

9 201

-1 198

Gjeld til oppdragsgjevarar

0

0

0

Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår

0

0

0

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

27 139

29 345

2 206

Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekka i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

3 271

3 697

426

Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement

18 189

18 952

763

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

1 862

3 427

1 565

Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er satt i gang

3 653

2 738

-915

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement

0

0

0

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

26 975

28 814

1 839

Andre avsetningar

Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

-114

-6 729

- 6 615

Fri verksemdskapital

0

0

0

Sum andre avsetningar

-114

-6 729

-6 615

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

Sum nettogjeld og forpliktingar

54 000

51 430

-2 570