Prop. 1 S (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særskilde saker

5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet

5.1 Innleiing

Samfunnet i dag krev forskingsbasert kunnskap på stadig fleire område. Forsking skal gi oss grunnleggjande ny erkjenning og er samstundes ein føresetnad og eit verkemiddel for å møte dei globale utfordringane, for å utvikle velferda i samfunnet og for at vi skal ha eit framtidsretta og nyskapande næringsliv.

Noreg som land gjer det bra på mange område. Dette tyder på at den linja regjeringa har valt med fokus på forsking og kunnskap, er riktig. Regjeringa vil derfor halde fram med å satse på forsking i åra framover og held fast ved målet om at dei samla offentlege og private investeringane i forsking og utvikling skal utgjere tre pst. av bruttonasjonalprodukt (BNP) på lang sikt. Samstundes er regjeringa oppteken av å vri merksemda i forskingspolitikken frå ressursar til resultat og effektar av forskinga. I punkt 5.3 blir det presentert ei tilstandsvurdering av norsk forsking. Basert på dei indikatorane som er tilgjengelege i dag, kan ein i hovudsak slå fast at norsk forsking er i framgang.

I statsbudsjettet for 2011 har regjeringa foreslått å investere totalt 24,3 mrd. kroner i forsking og utvikling, inkludert Skattefunn. I tillegg kjem 3 mrd. kroner i auka fondskapital i Fondet for forsking og nyskaping. Fordelinga av løyvingane i 2011 viser følgjande hovudprioriteringar: Forskingsinfrastruktur, open konkurransearena for framifrå forsking, polarforsking og Senter for forskingsdriven innovasjon. For ein meir detaljert omtale av prioriteringane, sjå punkt 5.4.

Dei ni forskingspolitiske måla

Regjeringa la våren 2009 fram ei stortingsmelding om forsking, St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning. I meldinga slår regjeringa fast at forskingspolitikken skal rettast inn mot fem strategiske mål og fire tverrgåande mål. Dei fire tverrgåande måla er retta mot heile forskingssystemet og er samstundes ein føresetnad for å lykkast med å komme nærmare dei strategiske måla. Dei strategiske måla viser temaområde som skal vere særleg prioriterte i forskingspolitikken, og i tråd med Soria Moria-erklæringa legg målbiletet òg sterkare vekt på velferdsutfordringane og det globale perspektivet i forskinga.

Figur 5.1 Målbilete for norsk forsking

Figur 5.1 Målbilete for norsk forsking

Målet til regjeringa er at norsk forskingspolitikk skal medverke til

  • å løyse globale utfordringar med særleg vekt på miljø-, klima-, hav-, mattryggleiks- og energiforsking

  • god helse, utjamning av sosiale helseskilnader og utvikling av helsetenester av høg kvalitet

  • forskingsbasert velferdspolitikk og profesjonsutøving i yrka i velferdssektoren

  • eit kunnskapsbasert næringsliv i heile landet

  • næringsrelevant forsking på områda mat, marin, maritim, reiseliv, energi, miljø, bioteknologi, IKT og nye materialar/nanoteknologi

  • høg kvalitet i forskinga

  • eit velfungerande forskingssystem

  • høg grad av internasjonalisering av forskinga

  • effektiv utnytting av forskingsressursane og -resultata

Dei fire tverrgåande måla er også nærmare omtalte under programkategori 07.70, men alle måla er rekna for ei felles forskingspolitisk målsetjing for alle departementa, og må sjåast i lys av dei totale løyvingane til forsking og utvikling i statsbudsjettet.

5.2 Utviklinga i offentleg og privat forskingsinnsats

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) seier regjeringa at ho vil prioritere å auke løyvingane til forsking i åra framover. Ein styrkt forskingsinnsats er naudsynt for at Noreg skal vere eit leiande kunnskapssamfunn i framtida. At dei samla investeringane i forsking og utvikling på lang sikt skal utgjere tre pst. av BNP, er eit uttrykk for at kunnskap er ein innsatsfaktor i økonomien, på linje med arbeidskraft og kapital.

Statistikk over norsk FoU-innsats blir utarbeidd av Norsk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU STEP) og Statistisk sentralbyrå (SSB). FoU-statistikken opererer med fire finansieringskjelder: næringslivet, det offentlege, utlandet og andre kjelder. «Offentlege kjelder» inneheld statlege løyvingar og FoU-midlar frå fylkeskommunar og kommunar. «Utlandet» inkluderer mellom anna midlar frå EUs rammeprogram for forsking og oppdrag til norske miljø frå utanlandske verksemder. «Andre kjelder» inkluderer private fond og gåver, og provenytap for staten av Skattefunn-ordninga. I Noreg vart det i 2008 samla brukt om lag 41,2 mrd. kroner på forsking og utviklingsarbeid. Det er ein nominell auke på om lag 3,8 mrd. kroner frå 2007, noko som tilsvarer ein realauke på om lag fem pst. Ingen av dei andre nordiske landa hadde like høg realauke som Noreg i perioden frå 2005 til 2008. Noreg hadde ein realauke på 25 pst., Danmark hadde 15 pst., både Sverige og Finland hadde elleve pst. og Island sju pst.

Det er ikkje utarbeidd statistikk over offentlege finansieringskjelder etter 2008, men NIFU STEP utarbeider kvart år ein analyse av statsbudsjettet. NIFU STEPs statsbudsjettanalyse gir ein indikasjon på utviklinga i den offentlege FoU-innsatsen etter 2008. Dei offentlege løyvingane til FoU over statsbudsjettet ligg om lag ti pst. høgre enn offentlege kjelder i FoU-statistikken. Hovudårsaka til forskjellen er at statsbudsjettanalysen inneheld midlar som blir kanaliserte til utlandet. I 2009 vart det løyvd 20,8 mrd. kroner til FoU over statsbudsjettet. Det utgjer om lag 0,86 pst. av BNP i 2009. I 2010 vart det løyvd 22,4 mrd. kroner til FoU over statsbudsjettet. Korrigert for forventa lønns- og prisutvikling vil dette gi ein realauke i dei offentlege FoU-løyvingane på fem pst. samanlikna med saldert budsjett for 2009. Basert på førebelse tal utgjer løyvingane til FoU over statsbudsjettet om lag 0,90 pst. av BNP i 2010.

I tillegg til direkte FoU-løyvingar kjem tapte skatteinntekter og tilskudd gjennom Skattefunn-ordninga. Finansdepartementet reknar skatteutgiftene (tapte skatteinntekter) av prosjekt som vart gjennomførte i 2009, til om lag 1,2 mrd. kroner. På usikkert grunnlag kan ein anslå provenyeffekten av Skattefunn-ordninga til om lag 1,3 mrd. kroner i 2010. Skattefunn er nærmare omtalt i Prop. 1 S (2010–2011) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 2, og i Prop. 1 S (2010–2011) for Nærings- og handelsdepartementet. Samla offentleg FoU-finansiering inkludert Skattefunn er på om lag 23,7 mrd. kroner i 2010, noko som tilsvarer 0,95 pst. av BNP.

Andre ressursindikatorar

Når ein måler FoU-innsatsen som del av BNP, blir det teikna eit lite nyansert bilete av forskingsinnsatsen i Noreg. I St.meld. nr. 30 (2008–2009) varsla regjeringa at ho vil supplere det overordna treprosentmålet med andre ressursindikatorar som gir eit meir nyansert bilete av innsatsen.

Tabell 5.1 Utgifter til FoU i Norden, OECD og EU

Land

Samla FoU i pst. av BNP

Offentleg FoU i pst. av BNP

Offentlege FoU- investeringar i pst. av totale FoU-utgifter1

Offentlege FoU-utgifter per innbyggjar (NOK)1

FoU-årsverk per 1 000 sysselsette

Sverige

3,75

0,801

22,2

2 361

15,8

Finland

3,49

0,81

24,1

2 389

20,8

Danmark

2,72

0,69

26,0

1 783

16,4

Noreg

1,62

0,74

44,9

2 988

13,8

Island

2,65

1,03

38,8

2 459

16,9

OECD-gjennomsnitt

2,281

0,64

28,1

EU 27

1,771

0,601

33,6

10,01

1Tal frå 2007.

Kjelde: OECD Main Science and Technology Indicators 2009-1 og National Science Indicators/Thomson Reuters/NIFU STEP. Tala er frå 2008 og 2007

Tabell 5.1 viser skår på sentrale indikatorar for FoU i dei nordiske landa og OECD-området. Som prosentdel av BNP ligg den totale FoU-innsatsen i Noreg under gjennomsnittet, både for EU og OECD. Den offentlege FoU-innsatsen som prosentdel av BNP ligg over gjennomsnittet i OECD og EU27, men lågare enn dei andre nordiske landa bortsett frå Danmark. Dei offentlege FoU-investeringane utgjer nær halvparten av totalinnsatsen. Dette er høgre enn dei andre nordiske landa og peiker på ein lågare FoU-innsats i næringslivet i Noreg. Den offentlege innsatsen har òg hatt ein gjennomsnittleg realvekst på om lag fem pst. sidan 2001. Om ein ser på offentleg finansiert forsking per innbyggjar, ligg Noreg her høgst i Norden, og på andreplass i OECD-området. Den offentlege FoU-innsatsen i Noreg er med andre ord høg, medan FoU-innsatsen i næringslivet framleis ligg lågare enn dei andre nordiske landa og gjennomsnittsnivået i Europa. Tal på FoU-årsverk per 1 000 sysselsette syner at Noreg ligg sist blant dei nordiske landa, men på ein sjuandeplass blant OECD-landa.

Forsking og utvikling i sektorane

Ved universiteta og høgskolane utgjorde FoU-utgiftene om lag 13 mrd. kroner i 2008. Dette er ein betydeleg auke frå 9,1 mrd. kroner i 2005, og universitets- og høgskolesektoren står dermed for 32 pst. av den samla FoU-innsatsen i Noreg. Dette gir ein realauke på om lag fem pst. frå 2007. For helseføretaka aleine føreligg det ikkje tal for 2008, men i 2007 sto helseføretaka for 5,8 pst. av dei totale FoU-utgiftene i Noreg.

22,5 pst. av dei samla FoU-utgiftene i Noreg i 2008 vart nytta i instituttsektoren. Sektoren hadde 9,3 mrd. kroner i FoU-utgifter i 2008, ein auke på nærmare 2,7 mrd. kroner samanlikna med 2005. Dette gir ein realauke på sju pst. frå 2007 til 2008, noko som gjer instituttsektoren til den sektoren som auka mest.

Føretaka i næringslivet brukte 18,8 mrd. kroner på eigenutført forsking og utviklingsarbeid (FoU) i 2008. Næringslivet står for om lag 46 pst. av dei totale FoU-utgiftene i Noreg, noko som er relativt lågt samanlikna med dei andre europeiske landa. Etter ein periode med stagnasjon og nedgang har FoU-investeringar i næringslivet auka monaleg sidan 2005. Berre frå 2007 til 2008 har det vore ein realauke på over fire pst., og oppgangen er klart høgre enn i EU og dei andre nordiske landa. Ei hovudutfordring for forskingspolitikken framover blir derfor å sikre at utviklinga av eit kunnskapsintensivt og berekraftig næringsliv held fram.

Forsking og utvikling i regionane

Den nasjonale FoU-verksemda kan også brytast ned etter geografiske regionar. Dei ulike vilkåra i regionane inneber at nærings-, forskings- og innovasjonspolitikken må tilpassast dei konkrete utfordringane og moglegheitene i kvar enkelt region. Regionane som er viste i figuren nedanfor, er dei Regionale forskingsfonda sine sju fondsregionar.

Figur 5.2 Totale FoU-utgifter i 2007 per innbyggjar etter region

Figur 5.2 Totale FoU-utgifter i 2007 per innbyggjar etter region

Ser vi på FoU-verksemda i Noreg, er ho i stor grad lokalisert til universitetsbyane og dei nærliggjande områda. Som figuren viser er Hovudstadsregionen dominerande i FoU-verksemda i Noreg, også når det gjeld FoU-utgifter per innbyggjar. Midt-Noreg og Vestlandet kjem høvesvis på andre- og tredjeplass, noko som kan sjåast i samanheng med lokaliseringa av dei største universiteta og høgskolane. Fordelinga i FoU-utgifter per sektor er om lag lik i Hovudstadsregionen som ho er for resten av landet. I Sør-Trøndelag er det ei jamnare fordeling mellom dei tre sektorane, elles er det Troms, Svalbard og Finnmark som har den høgste delen FoU utført i universitets- og høgskolesektoren. Delen næringslivsfinansiert FoU var klart størst i Oslofjordregionen. Bortsett frå i Hovudstadsregionen og Nord-Noreg har delen næringslivsfinansiert FoU auka i alle regionar frå 2005.

5.3 Tilstandsrapport for forskinga i Noreg

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) slår regjeringa fast at ho vil innføre ei meir systematisk oppfølging av resultat og kvalitet i norsk forsking, som eit ledd i arbeidet med endra fokus frå ressursar til resultat. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har NIFU STEP utarbeidd rapporten Indikatorer for prioritering i norsk forskning, Rapport 20/2010. Rapporten kjem med forslag til kva for allereie eksisterande indikatorar som kan nyttast når ein skal seie noko om korleis det går med norsk forsking i lys av målbiletet, og har fokus på dei tverrgåande måla. Rapporten kjem òg med råd til kva for indikatorar som bør utviklast.

Det finnest allereie fleire indikatorar som på ulikt vis gir uttrykk for tilstanden i norsk forsking. Hovudbiletet er at norsk forsking hevdar seg godt, og at utviklinga er positiv. Alle indikatorar er likevel forbundne med utfordringar og atterhald. Ikkje alt kan målast til kvar ei tid og på ein måte som gir meining. Fleire av måla i forskingspolitikken er kvalitative og kan vanskeleg målast ved kvantitative metodar aleine. Samstundes er det òg ei kjensgjerning at mens vi har mange indikatorar som kan seie noko om forskingsinnsatsen, er arbeidet med indikatorutvikling på resultatsida ikkje komme like langt. Dette gjeld kanskje særleg for dei fem strategiske måla, som i stor grad er kvalitative og omhandlar komplekse samfunnsmessige forhold. Det er vidare store utfordringar knytte til å måle resultata av forsking kvantitativt da desse ofte vanskeleg lèt seg måle og mange gonger ikkje kjem til syne før etter fleire år. Desse momenta gjer at det framleis går føre seg eit arbeid med å etablere eit indikatorsett som på ein meir heilskapleg måte kan seie noko om måloppnåinga for dei forskingspolitiske måla.

Når fleire resultatindikatorar blir presenterte samla, er det likevel mogleg å seie noko om hovudbiletet for tilstanden i norsk forsking. Nedanfor følgjer derfor ein tilstandsrapport for forskinga i Noreg basert på nokre av dei indikatorane som er tilgjengelege, og som er vurderte som relevante for det forskingspolitiske målbiletet.

Publikasjonar og siteringar

Publisering kan nyttast som ein indikator på vitskapleg produksjon og kvalitet. Publiseringsdata kan også vise internasjonale samarbeidsmønster mellom forskarar og kan, sett saman med innsatsfaktorar som FoU-utgifter og forskarårsverk, gi uttrykk for effektivitet. Vidare kan ein seie at medan talet på publikasjonar er eit uttrykk for omfanget av den vitskaplege produksjonen, seier siteringar noko om kva for påverknad forskinga har hatt. Dei kan dermed nyttast både som eit partielt mål for kvalitet og som ein indikator på effektiv utnytting av forskingsresultat.

Figur 5.3 viser kor mange vitskaplege artiklar som vart publiserte i forhold til folketalet i utvalde land i perioden 2006–09. I tillegg viser figuren relativ siteringsindeks til landa, det vil seie at han viser gjennomsnittleg tal på siteringar per publikasjon. I perioden publiserte norske forskarar om lag sju artiklar per tusen innbyggjarar, noko som plasserer Noreg på ein sjetteplass av dei 18 landa. Sverige låg på andreplass etter Sveits, med 1,1 fleire artiklar per tusen innbyggjarar enn Noreg. Island, Danmark og Finland låg høvesvis på tredje-, fjerde- og femteplass. Samstundes viser tala at talet på publikasjonar i Noreg veks raskare enn i dei andre nordiske landa og raskare enn gjennomsnittet for verda, jf. figur 5.4.

Figur 5.3 Artiklar per 1 000 innbyggjarar i perioden 2006–09
og relativ siteringsindeks for utvalde land

Figur 5.3 Artiklar per 1 000 innbyggjarar i perioden 2006–09 og relativ siteringsindeks for utvalde land

1 Relativ siteringsindeks for det totale talet på artiklar publiserte i perioden 2006 til 2008 og akkumulerte siteringar i desse publikasjonane t.o.m. 2009. Indeksen for kvart land er vekta etter den relative fagfordelinga av artiklar i kvart land.

Kjelde: NIFU STEP/Thomson Reuters/National Science Indicators

Figur 5.4 Relativ vekst i publikasjonar

Figur 5.4 Relativ vekst i publikasjonar

Kjelde: NordForsk

Det har vore ein kraftig vekst i talet på FoU-årsverk i dei siste åra, jf. figur 5.11. Veksten i talet på publikasjonar er ikkje berre avhengig av talet på årsverk. Tvert imot, om ein ser på talet på årlege publikasjonar samanlikna med talet på FoU-årsverk, er det også her ein klar auke, jf. figur 5.5. Dette kan tyde på ei positiv utvikling i utnyttinga av ressursane i norsk forsking.

Figur 5.5 Vitskaplege publikasjonar per FoU-årsverk

Figur 5.5 Vitskaplege publikasjonar per FoU-årsverk

Kjelde: NIFU STEP

Den markerte veksten i norske publikasjonar kan delvis forklarast med innføringa av den nye finansieringsmodellen for universitets- og høgskolesektoren i 2004, men det er vanskeleg å slå fast akkurat kor stor effekt denne insentivordninga har hatt.

Ei oversikt over publikasjonane kan også seie noko om kva for forskingsprofil eit land har. Forskingsprofilen til Noreg viser at vi har større vekt på samfunnsfag, geovitskap, biologi og landbruksvitskap enn gjennomsnittet.

Figur 5.6 Noregs forskingsprofil

Figur 5.6 Noregs forskingsprofil

Kjelde: NordForsk

Når det gjeld siteringsfrekvens, er det store skilnader mellom fagfelta. Ein artikkel i molekylærbiologi er til dømes gjennomsnittleg sitert rundt ti gonger så ofte som ein artikkel i matematikk. Dette inneber at siteringsfrekvensen for eit land også vil avhenge av den relative fordelinga av artiklar i ulike vitskaplege disiplinar. I figur 5.3 er det korrigert for slike skilnader slik at indeksen toler direkte internasjonale samanlikningar. Noreg er rangert som nummer elleve av dei 18 europeiske landa som er med i samanlikninga. Noreg har ein skår på 123, det vil seie at dei norske artiklane vart siterte 23 pst. over verdsgjennomsnittet i perioden 2006–09. Norsk forsking var lenge mindre sitert enn gjennomsnittet internasjonalt, men har i dei siste åra oppnådd ein auke i siteringsfrekvens.

I nokre tilfelle er det ein samanheng mellom profilen i figur 5.6 og siteringsfrekvens: Norsk forsking innanfor geovitskap, biologi og landbruksvitskap vart relativt mykje sitert. Samstundes ser vi at norsk forsking oppnådde spesielt høg siteringsfrekvens i matematikk, fysikk og klinisk medisin. Dette kan vise at desse fagområda held ekstra høg internasjonal kvalitet.

Næringsliv og innovasjon

For næringslivet er forsking ein innsatsfaktor som skal føre til resultat som innovasjon av nye produkt, ny organisering eller nye tenester. Dette kapitlet tek først og fremst for seg innsatsindikatorar for forsking. For ein meir detaljert gjennomgang av resultatsida av forsking i næringslivet, sjå Det norske forskings- og innovasjonssystemet – Statistikk og indikatorar 2010, kap. 4.

Næringslivet brukte i underkant av 19 mrd. kroner på eigenutført FoU i 2008, ein auke på nesten 1,6 mrd. kroner frå 2007. Dette tilsvarer ein vekst på ni pst. i løpande priser, eller fire pst. i faste priser. Oppgangen var klart høgre enn i EU, som hadde ein samla auke på tre pst. i løpande priser. Tal frå NIFU STEP tyder på at det er dei tenesteytande næringane som har auka mest i 2008, og at det framleis er dei internasjonalt orienterte føretaka som har den største FoU-verksemda.

Næringsstrukturen til eit land har stor innverknad på den samla FoU-intensiteten i næringslivet og enkelte næringar er langt meir FoU-intensive enn andre. Norsk næringsliv ligg framleis lågt når ein ser på FoU-innsatsen som pst. av BNP med 0,88 pst., jf. figur 5.7.

Figur 5.7 FoU-innsats i næringslivet som pst. av BNP 2008

Figur 5.7 FoU-innsats i næringslivet som pst. av BNP 2008

Kjelde: OECD

Til samanlikning ligg næringslivet i Sverige på om lag 2,8 pst., medan snittet i OECD var på om lag 1,63 pst. i 2008. Næringslivet forventar at FoU-aktiviteten vil vere på om lag same nivå i 2009. NIFU STEP antar at denne forventninga frå føretaka tyder på ein moderat negativ verknad av finanskrisa, med ei stabilisering i 2009 etter ein kraftig vekst i perioden 2005–08.

Regjeringar kan nytte ulike tiltak for å auke FoU-innsatsen i næringslivet. Ein kan tilby direkte støtte i form av løyvingar eller andre ordningar, eller ein kan nytte skatteordningar som skapar insentiv for FoU, slik som til dømes Skattefunn-ordninga. Figuren nedanfor viser kor mykje dei ulike OECD-landa bruker på slike tiltak som pst. av BNP.

Figur 5.8 Direkte og indirekte offentleg støtte til FoU i næringslivet,
som pst. av BNP

Figur 5.8 Direkte og indirekte offentleg støtte til FoU i næringslivet, som pst. av BNP

Kjelde: OECD

FoU i norsk næringsliv er i hovudsak finansiert av føretaka sjølve, og eiga finansiering utgjer i gjennomsnitt 75 pst. av FoU-utgiftene hos føretak med meir enn ti tilsette. Dette er noko lågare enn det har vore i dei siste åra. Resten av kostnadene blir dekte gjennom utanlandsk kapital, ekstern privat norsk finansiering og gjennom offentlege ordningar.

The European Innovation Scoreboard (EIS) er ei årleg undersøking utgitt av EU-initiativet PRO INNO EUROPE. Undersøkinga, som blir omtalt som verdas mest omfattande innovasjonsundersøking, rangerer 33 ulike land etter ei rekkje indikatorar: patent, nye tenester, lønnsemd og innovative samarbeid i næringslivet. Noreg kjem på 19. plass i denne undersøkinga og ligg under det europeiske gjennomsnittet. Medan Sverige, Finland og Danmark alle er «innovasjonsleiarar», blir Noreg rangert som ein «moderat innovatør» saman med land som Malta, Bulgaria og Hellas. Noreg skårar lågt på FoU-investeringar og innovasjon i bedriftene, men høgre på menneskelege ressursar og offentlege tilskott til FoU, jf. omtale av ressursindikatorar og tabell 5.1.

Figur 5.9 FoU-utgifter i næringslivet i 2008 etter finansieringskjelde.
Føretak med minst ti tilsette.

Figur 5.9 FoU-utgifter i næringslivet i 2008 etter finansieringskjelde. Føretak med minst ti tilsette.

Kjelde: NIFU STEP

Når ein ser nærmare på dei enkeltindikatorane som utgjer indeksen, kan ein sjå at indeksen ikkje gir eit utfyllande bilete av evna til innovasjon og omstilling. Undersøkinga legg mellom anna særleg vekt på såkalla høgteknologisektorar. Høgteknologi blir definert ut frå at FoU-kostnadene til føretaket skal utgjere meir enn fem pst. av omsetninga. Ein slik definisjon gjer mellom anna at store deler av oljenæringa fell utanfor. Sidan omsetning ikkje naudsynleg har nokon direkte samanheng med verdiskaping eller andre investeringar, kan ein sette spørsmålsteikn ved nytta av denne avgrensinga for Noregs del. Eit anna eksempel kan ein finne ved å sjå på indikatorar for resultat og sluttprodukt. Råvarebaserte næringar der det stadig krevst innovasjon for å skaffe fram kjende produkt, vil ikkje inngå i statistikk over eksport av innovative produkt, sidan produktet i seg sjølv ikkje er nytt for føretaket eller marknaden. Det er likevel naudsynt å anerkjenne at den låge skåren Noreg har på ein del av enkeltindikatorane viser at vi har forbetringspotensial på fleire område når det kjem til innovasjon.

EIS-indeksen bør derfor supplerast med andre indikatorar. OECDs forskings- og innovasjonsprofil av Noreg viser til dømes at Noreg ligg over gjennomsnittet når det gjeld internasjonalt og nasjonalt innovasjonssamarbeid, og at vi ligg over gjennomsnittet når det kjem til bedrifter med innovative produkt som prosentdel av alle bedrifter. Noreg ligg òg på femteplass når ein ser forskings- og teknologistillingar som del av den totale sysselsetjinga.

Patent har lenge vorte brukt som eit mål på resultat av forsking og innovasjonsverksemd.

Figur 5.10 Internasjonal samanlikning – patent og registrerte
varemerke per capita 2005–07

Figur 5.10 Internasjonal samanlikning – patent og registrerte varemerke per capita 2005–07

1 Patentsøknadene inkluderer søknader til Det europeiske patentkontoret (EPO), the US Patent and Trademark Office (USPTO) og the Japan Patent Office (JPO), som vernar den same oppfinninga.

Kjelde: OECD

Figuren viser at Noreg ligg rett over OECD-gjennomsnittet når det gjeld patent og registrerte varemerke per innbyggjar.

Norske universitet og høgskolar har i seinare år lagt sterkare vekt på å kommersialisere resultata av forsking og utviklingsarbeid. Institusjonane har registrert om lag ei tredobling av forretningsidear sidan 2006. Tala for patent, lisensieringar og etablerte verksemder har òg auka i universitets- og høgskolesektoren i same periode. Storleiken på etablerte verksemder er derimot låg sett i høve til samanliknbare tal frå universitet i Europa og USA.

Det årlege talet på nye bedrifter med forskarmedverknad har vore stabilt i dei siste åra, med ein viss tendens til auke over tid. Frå 1996 til 2008 vart det registrert 794 bedrifter med forskarmedverknad. Om lag tre firedelar av desse var innanfor kunnskapsintensive tenester.

Menneskelege ressursar

Totalt vart det utført 36 000 FoU-årsverk i Noreg i 2008. Dette er om lag 1 900 fleire enn i 2007 og 5 500 fleire enn i 2005. Både næringslivet, instituttsektoren og universitets- og høgskolesektoren har hatt ein auke i talet på årsverk frå 2007 til 2008. Over halvparten av årsverksauken i denne perioden fann stad i næringslivet. Universitets- og høgskolesektoren og instituttsektoren auka om lag like mykje, jf. figur 5.11.

Figur 5.11 Utvikling i talet på FoU-årsverk etter sektor og totalt
1997–2008

Figur 5.11 Utvikling i talet på FoU-årsverk etter sektor og totalt 1997–2008

Kjelde: NIFU STEP/FoU-statistikk

Eit kvalitativt godt forskingsmiljø krev at forskarane har naudsynte driftsmidlar til forskinga, i tillegg til at miljøa har evne til å trekkje til seg eksterne midlar i konkurranse med andre. Om ein ser driftsutgifter til FoU og talet på årsverk i samanheng, viser likevel utviklinga at det både i den offentlege forskingssektoren og i næringslivet vart nytta meir driftsmidlar per årsverk i 2007 enn i 2005.

Figur 5.12 Driftsutgifter per FoU-årsverk.

Figur 5.12 Driftsutgifter per FoU-årsverk.

1 Tala for begge åra er i faste 2000-kroner.

Kjelde: NIFU STEP

Internasjonale samanlikningar viser at Sverige har dei høgste FoU-utgiftene per FoU-årsverk av OECD-landa. Noreg ligg over gjennomsnittet, på ein femteplass, og framfor dei andre nordiske landa.

God rekruttering til forsking og styrking av doktorgradsutdanninga er også ein føresetnad for å vidareutvikle Noreg som kunnskapssamfunn og for å ha eit velfungerande forskingssystem med høg kvalitet i forskinga. Talet på avlagde doktorgrader i Noreg er nær dobla i dei siste ti åra, og auken vil truleg halde fram.

Figur 5.13 Avlagde doktorgrader i Noreg 2005–09

Figur 5.13 Avlagde doktorgrader i Noreg 2005–09

Kjelde: NIFU STEP

I 2009 vart det avlagt 1 148 doktorgradsdisputasar i Noreg. Det er ein liten nedgang frå 2008, men framleis over det måltalet på 1 100 årlege disputasar som vart stadfesta i St.meld. nr. 35 (2001–2002) Kvalitetsreformen. Om rekruttering til undervisnings- og forskerstillinger i universitets- og høgskolesektoren. Nedgangen kan delvis forklarast med at 2008 var det siste året det var anledning til å gjennomføre doktorgraden etter gammal ordning. I løpet av femårsperioden 2004–08 har talet på doktorgrader auka med nærmare ti pst. i gjennomsnitt per år. Auken har vore sterkast i samfunnsvitskap og medisin og helsefag.

Det kan vere nyttig å samanlikne doktorgradsproduksjonen med situasjonen i dei andre nordiske landa. I Noreg vart det i 2008 avlagt 261 doktorgrader per million innbyggjarar. I Danmark, Finland og Sverige var tala høvesvis 207, 287 og 313. Noreg har likevel hatt den største auken i dei seinare åra.

Fråfallet i doktorgradsutdanninga i Noreg har vore for stort, og gjennomstrøyminga blant dei som fullfører, er for låg. Dei siste systematiske undersøkingane frå NIFU STEP tyder på at nokre fleire enn før som byrjar på doktorgradsutdanning, fullfører, og at tida dei bruker, er på veg ned.

Likestilling

Forsking av høg kvalitet krev også at dei dyktigaste blir rekrutterte til forsking i alle fag og sektorar. Da må det vere eit mål å rekruttere studentar og forskarar frå begge kjønn i alle fag. I 2008 var 19 pst. av professorane i universitets- og høgskolesektoren kvinner; dette er eit prosentpoeng høgre enn i 2006. Mellom førsteamanuensane auka kvinnedelen frå 34 til 36 pst. i same periode. Av lektorstillingane i 2008 var 60 pst. av høgskolelektorane kvinner og 52 pst. av universitetslektorane. Kvinnedelen går altså ned jo lenger opp i stillingshierarkiet ein kjem. Kvinnedelen blant det faste vitskaplege/faglege personalet i 2008 var høgst innanfor medisin og helsefag med 60 pst., og lågast innanfor teknologi med 22 pst.

Figur 5.14 Talet på kvinner og kvinnedel blant forskarpersonalet
i Noreg i 2005 og 2007 etter sektor og institusjonstype

Figur 5.14 Talet på kvinner og kvinnedel blant forskarpersonalet i Noreg i 2005 og 2007 etter sektor og institusjonstype

Kjelde: NIFU STEP, SSB/FoU-statistikk

Noko av den ujamne kjønnsbalansen i toppstillingane kan forklarast ved å sjå på tilgangen på kvinner. I 2007 var delen kvinner blant dei som disputerte for doktorgraden, for første gong på over 40 pst. Vidare var det først tidleg i 1990-åra at kvinnene var i fleirtal blant studentane innanfor dei fleste fagområda. Fleirtalet av professorane i dag var studentar i 1970-åra, i ei tid da kvinnedelen var på under 30 pst. blant uteksaminerte kandidatar. Gjennomsnittsalderen for det fast vitskaplege personalet i universitets- og høgskolesektoren var 52 år i 2007. Når professorane går av med pensjon, vil det opne seg fleire moglegheiter til å gjere noko med kjønnsbalansen ved institusjonane. Tal frå NIFU STEP viser at kvinner utgjorde 29 pst. av nytilsette professorar i perioden oktober 2007 til oktober 2008. Forskingsrådets eigne tal viser i tillegg at delen kvinnelege prosjektleiarar for dei forskingsrådsfinansierte prosjekta er svakt aukande, frå 23 pst. i 2005 til 26 pst. i 2009.

Kvinnedelen blant doktorandane har auka over tid, og i dei siste åra har kvinnedelen vore på om lag 45 pst. På dei fleste fagområda var det om lag like mange kvinnelege som mannlege doktorandar. I matematikk/naturvitskap utgjorde kvinnene 38 pst. i 2009. Kvinnedelen i teknologi har hatt ein signifikant auke, frå om lag 20 pst. i 2007 og 2008 til 30 pst. i 2009.

Forskingsinfrastruktur

Tilgang til oppdatert forskingsinfrastruktur er særs viktig for dei resultata ein kan oppnå med offentlege og private investeringar i forsking. Om ein ser på utgifter til utstyr og infrastruktur frå 2001 til 2007, ser ein at det har vore ein realauke i slike utgifter i alle sektorar. Næringslivet hadde eit fall i utgiftene i 2005, men fallet vart reversert av ein kraftig auke i 2007.

Figur 5.15 Utvikling i utgifter til utstyr og infrastruktur fordelte
etter sektor, i faste 2000-priser

Figur 5.15 Utvikling i utgifter til utstyr og infrastruktur fordelte etter sektor, i faste 2000-priser

Kjelde: NIFU STEP, FoU-statistikkbanken

Forskingsrådets eigne tal viser at løyvingane til forskingsinfrastruktur og andre institusjonelle tiltak sin del av det totale budsjettet til Forskingsrådet har auka frå 24 pst. i 2007 til 28 pst. i 2009.

I 2009 vart ei ny finansieringsordning for forskingsinfrastruktur etablert. Ordninga er finansiert gjennom øyremerkt avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping. Frå og med 2011 vil dette gi om lag 280 mill. kroner årleg i løyvingar til infrastruktur. Tildelingane frå dei første utlysingane viser at forskarmiljøa har klart å samle seg om felles søknader i tråd med regjeringas mål om betre samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon i forskingssektoren.

I Forskingsmeldinga varsla regjeringa at ho ville be Forskingsrådet leggje fram eit vegkart for investeringar i forskingsinfrastruktur. Vegkartet vart lagt fram av Forskingsrådet i juni 2010 og synleggjer store og viktige infrastrukturar som er avgjerande for å nå forskingspolitiske mål. Vegkartet skal også nyttast til langsiktig planlegging av investeringar.

Vi veit for lite om investeringar i forskingsinfrastruktur i Noreg samanlikna med andre land, så dette er ein indikator som framleis må utviklast.

Sentersatsingar av høg kvalitet

For å sikre høg kvalitet i forskinga er det vidare naudsynt med gode forskingsvilkår til dei beste miljøa. Ordningane Yngre framifrå forskarar (YFF), Senter for framifrå forsking (SFF), Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) har vore nokre av dei viktigaste spiss-satsingane i norsk forsking i dei seinare åra.

Formålet med YFF-satsinga er å gi yngre, talentfulle forskarar innanfor alle fagområde ekstra gode rammevilkår, slik at dei kan nå internasjonal toppklasse. Sidan 2006 har Noreg 26 forskarar innanfor ordninga, og prosjekta kan vise til eit høgt tal på vitskaplege publikasjonar.

Formålet med sentra for framifrå forsking er å etablere senter med god finansiering som kan gi institusjonane moglegheit til å omstrukturere forskingsmiljøa sine og utvikle nye samarbeid slik at dei lykkast med å hevde seg internasjonalt. Forskarrekruttering og internasjonalt samarbeid er viktige delmål. Frå 2008 har 21 slike senter vore i full drift. Ei midtvegsevaluering i 2006, utført av ein internasjonalt samansett vitskapleg komité, og dei årlege rapportane frå sentra tyder på at senterordninga har vore særs vellykka. Midtvegsevalueringa konkluderte mellom anna med at sentra har vorte attraktive partnarar for internasjonalt og nasjonalt samarbeid, og at senterdanninga la grunnlaget for ein klar auke i finansiering frå andre kjelder. Gjennom å ha ein høg del utanlandske forskarar, særleg i rekrutteringsstillingar, og gjennom å ha ein stor del utanlandske gjesteforskarar, har sentra medverka til auka status for norsk forsking og til at norsk forsking har vorte meir synleg internasjonalt. Den høge kvaliteten kjem også til syne gjennom talet på publiseringar. I 2009 har sentra til saman over 1 100 publikasjonar i vitskaplege tidsskrift med fagfellevurdering, i tillegg til ei lang rekkje andre publikasjonar og bokbidrag. 13 av dei 21 noverande sentra vil avslutte perioden sin i 2013. Forskingsrådet har derfor, i tråd med Forskingsmeldinga, varsla at det vil komme ei ny utlysing for ordninga i første kvartal i 2011.

Formålet med Senter for forskingsdriven innovasjon er å utvikle kompetanse på høgt internasjonalt nivå på område som er viktige for innovasjon og næringsliv. Dei skal også medverke til å fremme kvalitet og effektivitet i offentleg sektor. Sentra speler ei viktig rolle for rekrutteringa til fag- og næringsområda sine og har 250 doktorgradsstipendiatar og 105 postdoktorar. Sentra har eit utstrakt samarbeid med næringslivet og offentlege føretak, og ein forventar fleire kommersielle moglegheiter frå forskingsresultata. Eigenrapporteringa viser også at kvaliteten på sentra er god; det har vore ein kraftig auke i talet på artiklar i tidsskrift med fagfellevurdering frå 2008 til 2009.

Formålet med FME-ordninga er å etablere senter med ein konsentrert, målretta og langsiktig forskingsinnsats på særskilde tema innanfor energiområdet. Målsetjinga er at sentra skal heve kvaliteten på norsk forsking og gi opphav til tenleg kunnskap og løysingar innanfor temaområdet. Regjeringa etablerte dei åtte første sentra i 2009, etter modell frå dei andre sentersatsingane. Også Forskingssentra for miljøvennleg energi har rekruttering som ein viktig del av ordninga. I 2009 tilsette sentra 28 doktorgradsstipendiatar og seks postdoktorar. I juni 2010 vart ei ny utlysing offentleggjord. Denne gongen er formålet å etablere inntil tre FME innanfor samfunnsvitskapleg forsking for å auke fokuset på samfunnsvitskapen i den miljøvennlege energiforskinga.

Langsiktig, grunnleggjande forsking

Ei brei satsing på langsiktig, grunnleggjande forsking er naudsynt for å realisere dei tematiske satsingane i forskingspolitikken og for å styrkje kvaliteten i norsk forsking. Langsiktig, grunnleggjande forsking som område famnar bredt, men i framstillinga nedanfor blir den smalare definisjonen av grunnforsking frå Frascati-manualen nytta.

I 2007 gjekk 6,2 mrd. kroner, eller 18 pst., av driftsutgiftene til FoU til grunnforsking. 37 pst. gjekk til anvend forsking og 45 pst. til utviklingsarbeid. Meir enn tre firedelar av grunnforskinga fann stad ved universitet og høgskolar. Grunnforskinga sin del av dei samla driftsutgiftene til FoU gjekk ned frå 49 til 45 pst. frå 2005 til 2007. Ei forklaring på dette er at statistikkgrunnlaget har vorte utvida for helseføretaka/universitetssjukehusa, der innslaget av anvend forsking er høgt. Datagrunnlaget er basert på eigenrapportering frå forskarar og må derfor nyttast med atterhald.

Figur 5.16 Driftsutgifter til FoU i 2005 og 2007 etter aktivitetstype
og sektor for utføring

Figur 5.16 Driftsutgifter til FoU i 2005 og 2007 etter aktivitetstype og sektor for utføring

Kjelde: NIFU STEP/SSB, FoU-statistikk

Av Forskingsrådets totalbudsjett for 2009 gjekk 2,78 mrd. kroner, eller 43 pst., til grunnforsking. Sidan 2006 har Forskingsrådets målretta grunnforskingsinnsats auka med 16 pst. Om lag 70 pst. av midlane frå Forskingsrådet til målretta grunnforsking går til universitets- og høgskolesektoren.

Gjennom eit eige europeisk forskingsråd – European Research Council (ERC) – er det etablert ein paneuropeisk konkurransearena for frontforsking som dekkjer alle fagområde. Gjennomslag i ERC er ein indikasjon på både kvalitet og grad av internasjonalisering. Det er to ulike stipendtypar: ein som rettar seg mot erfarne forskingsleiarar (advanced grants), og ein som rettar seg mot yngre forskarar som ønskjer å etablere seg som uavhengige forskarar (starting grants). Når ein ser dei to stipendordningane under eitt, var det åtte norske søkjarar som nådde heilt til topps og fekk stipend i perioden 2007–09. Sett i lys av talet på søknader gir dette lav utteljing så langt for dei norske miljøa, med ein suksessrate på under fem pst., mot ein gjennomsnittleg suksessrate for alle dei deltakande landa på i underkant av sju pst. Ser ein på dei to stipendordningane kvar for seg, blir biletet noko meir nyansert. Det er suksessrata for starting grants som er svak, medan suksessrata for advanced grants er på nivå med snittet for alle landa. For advanced grants har utviklinga vidare vore positiv frå 2008 til 2009. Medan Noreg hadde ein suksessrate under snittet i 2008, låg han i 2009 over snittet, høvesvis 17 pst. og 15 pst. Førebelse tal for 2010 tyder på at utviklinga no er positiv for begge typar stipend, både når ein ser på talet på søknader, og på kor mange som kjem vidare til siste runde. Av dei totalt 77 norske søknadene har 25 gått vidare til siste runde. Sjølv om utviklinga er positiv, er fordelinga framleis noko ujamn mellom dei to stipendordningane. Av dei som førebels har søkt om starting grants, har 25 pst. gått vidare til siste runde, medan dette gjeld for 40 pst. av dei som søkjer om advanced grants. I tillegg er det framleis naudsynt å auke både talet på søkjarar og kor mange som får stipend.

Internasjonalisering

Internasjonaliseringa av forsking har to sentrale dimensjonar: samarbeid og konkurranse. Samarbeid i forsking handlar primært om at ein går saman for å løyse vitskaplege utfordringar ved felles ressursutnytting. Dette kan skje både på forskarnivå og på institusjonsnivå. Konkurranse kan både inkludere i kva for grad norske forskarar og institusjonar når opp på internasjonale arenaer, og i kva grad forskingsresultat kan medverke til den kulturelle og økonomiske utviklinga i eit land. Internasjonalisering er eit felt der det vil vere naudsynt å utvikle fleire indikatorar, til dømes på område som del av norsk forsking som er open for internasjonale søkjarar og internasjonal forskarmobilitet.

Internasjonalt forskingssamarbeid blir stadig viktigare, og vanlegare. Dette blir reflektert i ein auke i talet på artiklar med internasjonalt samforfattarskap. Dette er eit generelt fenomen som går igjen i alle land, men mindre land som Noreg har ein tendens til å samarbeide meir internasjonalt enn større land.

Figur 5.17 Vekst i internasjonale samforfattarskap samanlikna med
veksten i nasjonale publikasjonar

Figur 5.17 Vekst i internasjonale samforfattarskap samanlikna med veksten i nasjonale publikasjonar

Kjelde: NordForsk

Som figur 5.17 viser har veksten i dei internasjonale samforfattarskapane vore proporsjonalt mykje høgre enn veksten i artiklar generelt. I 2008 hadde om lag halvparten av artiklane som vart publiserte av norske, svenske, danske eller finske forskarar, medforfattarar frå eit anna land. Tal for samforfattarskapar viser òg at dei andre nordiske landa utgjer ein stor del av det norske internasjonale samarbeidet. Noreg har bilaterale avtalar om forskingssamarbeid med ei rekkje ulike land. Statistikken for sampublisering syner at USA framleis er det viktigaste einskildlandet norske forskarar samarbeider med, medan sampubliseringa med forskarar i nye og sterke forskingsnasjonar som Kina, India og Brasil er aukande.

Det er eit aukande innslag av personar med utanlandsk statsborgarskap mellom dei som tek doktorgrad ved norske institusjonar. I 2008 utgjorde utlendingar om lag 25 pst. av alle som tok doktorgrad, mot mindre enn ti pst. ved byrjinga av 1990-åra. Det er relativt flest utlendingar i teknologi og færrast i samfunnsvitskap og humaniora. Ein høg del utanlandske stipendiatar blir rekna som positivt, men god rekruttering blant norsk kandidatar er framleis viktig.

Også i norsk arbeidsliv har vi fått vi mange med forskarutdanning frå andre land. Dette er anten nordmenn som har teke doktorgraden ved ein utanlandsk institusjon, eller utanlandske statsborgarar med doktorgrad som har komme til Noreg. Anslag viser at utanlandske doktorgrader står for om lag 20 pst. av det samla talet på doktorgrader hos det vitskaplege og faglege personalet ved universitet, høgskolar og forskingsinstitutt.

Norsk deltaking i EUs sjuande rammeprogram er sentralt for å sikre internasjonalisering og høg kvalitet i norsk forsking. Noregs deltaking i det sjette rammeprogrammet (2002–06) og første del av det sjuande rammeprogrammet (2007–08) har vorte evaluert. NIFU STEP la fram rapporten tidleg i 2010.

Den totale FoU-verdien i prosjekt med norsk deltaking i det sjette rammeprogrammet var på om lag 40 mrd. kroner, altså nær like mykje som Noregs totale FoU-utgifter i 2008. Den direkte støtta til norske deltakarar var på om lag 2,3 mrd. kroner. Delen av prosjektsøknader med norsk deltaking som får støtte, har lege godt over snittet for alle søknader som mottek støtte frå programmet gjennom heile perioden. I sjette rammeprogram var suksessraten på 25 pst., mot 18 pst. for alle deltakarlanda i programmet. Etter to år i EUs sjuande rammeprogram er dei tilsvarande tala 22 og 16 pst.

Evalueringa viser at norske forskarar gjer det godt på område som klima/miljø, mat og energi, at små og mellomstore verksemder har godt gjennomslag, og at det store fleirtalet av norske aktørar ser på deltaking i rammeprogrammet som vellykka.

Rapporten viser også at rammeprogramma er viktige for det internasjonale samarbeidet med heile verda. I det sjuande rammeprogrammet samarbeider norske deltakarar med forskarar frå om lag 100 av dei 158 landa som deltek i programmet.

Internasjonale data viser òg ei positiv utvikling for konkurransedimensjonen av internasjonal deltaking. Den delen av dei samla ressursane til norsk forsking som kjem frå utanlandske kjelder, er om lag på gjennomsnittet i EU. Utteljinga for universiteta og høgskolane gjekk opp med om lag ti pst. i 2009 samanlikna med 2008.

Totalt sett har det vore ein auke i utbetalingane frå EU i perioden 2001 til 2007, men med ein nedgang for næringslivet.

Figur 5.18 Finansiering av norsk FoU frå EU 2001–07

Figur 5.18 Finansiering av norsk FoU frå EU 2001–07

Oppsummering

Målbiletet i forskingspolitikken må sjåast som ein heilskap der dei fire tverrgåande måla også skal medverke til å nå målsetjingar innanfor dei strategiske måla. Indikatorane som har vorte presenterte ovanfor, gir eit overordna bilete av at det går godt med norsk forsking. Ressursane har auka, både i form av løyvingar og driftsutgifter og i form av menneskelege ressursar. Ein kan sjå resultata av dette i form av fleire artiklar og fleire siteringar per artikkel. Samstundes aukar også talet på publikasjonar per FoU-årsverk, noko som gir eit signal om at dei auka ressursane blir utnytta meir effektivt enn før. Tilgang på tidsmessig forskingsinfrastruktur medverkar til meir effektiv utnytting av resultat og ressursar, og tilgjengelege data tyder på at driftsutgiftene til utstyr og infrastruktur aukar i alle sektorar. Norsk forsking blir òg stadig meir internasjonal. Det er fleire med utanlandsk statsborgarskap som vel å ta doktorgrad i Noreg, samstundes som talet på forskarar i Noreg med doktorgrad frå ein utanlandsk institusjon aukar. Norske forskarar samarbeider meir over landegrensene og deltek meir i prosjekt finansierte av EUs rammeprogram for forsking. Noreg har òg forbetringspotensial på fleire område, kanskje særleg når det kjem til forskingsinnsatsen i næringslivet og utviklinga av nye innovasjonar.

Innleiingsvis vart det peikt på at måloppnåing for dei strategiske måla, næringsrelevant forsking på strategiske område, globale utfordringar, betre helse og helsetenester, velferd og forskingsbasert profesjonsutøving og kunnskapsbasert næringsliv i heile landet, kvar for seg ikkje enkelt lèt seg knyte til bestemde indikatorar. Betre helse og helsetenester kan til dømes målast gjennom utviklinga i sjukefråværet, utvikling i sosiale ulikskapar, uførleik og yrkesdeltaking etc. Men utvikling langs desse indikatorane vil også vere avhengig av mange andre forhold som er særs vanskelege å avgrense. Trass i dette veit ein at ny kunnskap og nye innovasjonar ikkje vart til i ei boble, men når ut til, og endrar, samfunnet, noko til dømes talet på publikasjonar og bedrifter med forskarmedverknad kan tyde på. Ei positiv utvikling for dei tverrgåande måla vil dermed også kunne bringe oss nærmare ei måloppnåing for dei strategiske måla. Eit tilstandsbilete av at det går godt med norsk forsking, omfattar såleis heile målbiletet og viser at vi er på veg til å løyse dei utfordringane vi står overfor.

5.4 Forsking og utvikling i statsbudsjettet 2011

Regjeringa ønskjer i statsbudsjettet for 2011 å styrkje den nasjonale forskingsinnsatsen, i tråd med måla i Forskingsmeldinga. Hovudprioriteringane på forskingsområdet i neste års statsbudsjett er forskingsinfrastruktur, open konkurransearena for framifrå forsking, polarforsking og Senter for forskingsdriven innovasjon.

Med bakgrunn i statsbudsjettanalysen for 2010 frå NIFU STEP viser Kunnskapsdepartementets overslag at dei samla løyvingane til forsking og utvikling (FoU) i statsbudsjett for 2011 er på 23 mrd. kroner. Dette er ein nominell auke på om lag 550 mill. kroner frå 2010. Dersom ein inkluderer Skattefunn-ordninga blir anslaget for den offentlege FoU-finansieringa på 24,3 mrd. kroner, noko som tilsvarer om lag 0,94 pst. av BNP. I tillegg foreslår regjeringa å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 3 mrd. kroner. Dette er forventa å gi ei auka avkastning på om lag 100 mill. kroner i 2012. Under denne regjeringa har fondskapitalen auka med totalt 44 mrd. kroner.

Tabellen nedanfor viser overslaget over løyvingane til forsking og utvikling over statsbudsjettet i 2011 fordelte på departement.

Tabell 5.2 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet.

     

(i mill. kroner)

Departement

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Endring 2010-11 (i pst.)

Kunnskapsdepartementet

11 320

11 786

4

Helse- og omsorgsdepartementet

2 876

2 970

3

Nærings- og handelsdepartementet

1 923

1 880

-2

Forsvarsdepartementet

940

965

3

Fiskeri- og kystdepartementet

857

861

0

Olje- og energidepartementet

789

770

-2

Utanriksdepartementet

767

751

-2

Miljøverndepartementet

612

659

8

Landbruks- og matdepartementet

585

584

0

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

318

275

-14

Samferdsledepartementet

306

290

-5

Kommunal- og regionaldepartementet

230

243

6

Arbeidsdepartementet

189

198

5

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

135

136

1

Kulturdepartementet

117

116

-1

Finansdepartementet

101

104

3

Justisdepartementet

48

51

7

Statsbankane

328

348

6

Totalt

22 441

22 988

2

Den nominelle auken i løyvingane til forsking er på om lag 2,4 pst. Nedgangen på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet skriv seg mellom anna frå nedgang i internasjonale kontingentar på grunn av lågare eurokurs. Det blir rekna FoU-delar av bygg som blir nytta til forskingsformål. Nedgangen på budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet kjem av at fleire av byggprosjekta i universitets- og høgskolesektoren er i ein fase der løyvingane til prosjekta er lågare enn i 2010. I tillegg er det enkelte reduksjonar i forskingsløyvingane, mellom anna på budsjetta til Olje- og energidepartementet og Samferdsledepartementet.

Auken i FoU-løyvingane skriv seg delvis frå ein auke i løyvingane på postar med FoU-del og delvis satsingar på FoU-området. Satsingane er nærmare omtalte nedanfor.

Forsking og utvikling i statsbudsjettet 2011 - prioriterte nye tiltak

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning legg regjeringa vekt på at forskinga skal betre evna vår til å møte sentrale samfunnsutfordringar. Blant dei langsiktige utfordringane Noreg står overfor, er kva vi skal leve av etter oljen - men òg korleis vi skal innrette oss medan vi framleis har olje. Den innovative toppforskinga er heilt avgjerande for å finne løysinga på denne utfordringa. Den innovative toppforskinga er heilt avgjerande for å finne løysninga på denne utfordringa. Regjeringa foreslår derfor å styrkje den opne konkurransearenaen for framifrå forsking (FRIPRO) med totalt 60 mill. kroner. Den opne konkurransearenaen sikrar finansiering til dei kvalitativt beste forskingsmiljøa, i skarp konkurranse med andre. Det er derfor avgjerande for å sikre høg kvalitet i forskingssystemet at det finst tilstrekkeleg med midlar på opne konkurransearenaer – arenaer der originale idear kan fangast opp, uventa resultat kan takast vare på, og der dei beste får høve til å gå vidare med risikable og innovative prosjekt. For å sikre kvalitet i forskinga må vi sørgje for mangfald og god balanse mellom tematiske satsingar og opne arenaer, noko som er avgjerande for verdiskapinga og vår evne til å møte samfunnsutfordringar. Vi treng òg å byggje opp forskarar og forskingsmiljø som kan hevde seg godt utanlands, til dømes i det europeiske forskingsrådet (ERC).

Ordninga med Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) er ein annan viktig del av regjeringas satsing på forsking av høg kvalitet. Sentra skal styrkje innovasjon gjennom langsiktig forsking og samarbeid mellom forskingsintensive bedrifter og framståande forskingsmiljø. I tråd med St.meld. nr. 30 (2008–2009) foreslår regjeringa at deler av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping skal nyttast til ein ny utlysingsrunde for SFI. Den nye utlysingsrunden skal òg bli finansiert med 10 mill. kroner til eit SFI innanfor miljøteknologi over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet. Dette er ein del av ei større satsing på miljøteknologi, jf. omtale i Prop. 1 S (2010–2011) for Nærings- og handelsdepartementet.

Regjeringa meiner at eit viktig tiltak for å oppnå gode resultat og god utnytting av ressursane i forskinga, er ei solid og langsiktig satsing på forskingsinfrastruktur. I 2009 og 2010 vart derfor ein del av Fondet for forsking og nyskaping øyremerkt forskingsinfrastruktur. Frå og med 2011 utgjer dette om lag 280 mill. kroner i årlege løyvingar. Løyvinga inngår som ein del av den nasjonale satsinga på forskingsinfrastruktur gjennom Forskingsrådet.

Regjeringa foreslår å følgje opp Det internasjonale polaråret (IPY) med eit nytt program for polarforsking. Satsinga er ein del av oppfølginga av Svalbardmeldinga, Klimaforliket og Nordområdestrategien. Satsinga følgjer også opp målet i St.meld. nr. 30 (2008–2009) om å stå betre rusta til å møte globale utfordringar. Regjeringa foreslår at minimum 45 mill. kroner skal nyttast til det nye programmet. Noreg har tradisjonar, posisjonar og ansvar i nordområda og er ein betydeleg polarforskingsnasjon. Polaråret har skapt betydeleg kapasitet, kvalitet og internasjonalt samarbeid i norsk forsking som det er viktig å vareta etter at året blir avslutta i 2010. Det er venta at programmet vil gi verdifull kunnskap om mellom anna klimaendringar og miljøutfordringar, noko som er naudsynt for å kunne varsle klimaendringar i framtida, ta vare på miljøet lokalt og regionalt og sette i gang effektive tiltak nasjonalt og internasjonalt.

Kompetanse og datamateriale som vart bygd opp gjennom Det internasjonale polaråret (IPY) i perioden 2007 til 2010, kan no bli nytta gjennom vidare forsking. Forsking knytt til Svalbard skal ha særleg vekt innafor det nye polarforskingsprogrammet. Mellom anna har infrastruktursatsinga Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) styrkt Svalbard som ei plattform for norsk og internasjonal polar-, miljø- og klimaforsking. Samstundes er det naudsynt å koordinere forskingsinnsatsen for å unngå overlapp og redusere slitasjen på miljøet. Derfor er 5 mill. kroner av midlane øyremerkte til informasjonsverksemd og fagleg og praktisk forskingskoordinering i regi av Svalbard Science Forum.

Innanfor midlane vil det også vere ei særskilt eittårig løyving på 3 mill. kroner til Universitetet i Tromsø og Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) for å utvikle eit klimaøkologisk observasjonssystem for arktiske tundraøkosystem (KOAT). Dette krev interdisiplinært samarbeid med bidrag frå mange fag og forskingsmiljø. Samstundes er det viktig at KOAT blir samordna med SIOS og andre relevante observasjonssystem og nettverk internasjonalt.

Betre kunnskap om klima og miljø er av stor tyding for ressursforvaltning, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord. Betre kunnskap om, og forståing av, prosessane i Arktis vil òg vere eit svært viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet. Regjeringa foreslår derfor at det blir løyvd 20 mill. kroner til Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking over budsjettet til Miljøverndepartementet. Midlane skal gå til å styrkje kunnskapen vår om klima og miljø, noko som vil setje oss i stand til enda betre å forvalte hav- og landområda våre i nord, og dei ressursane som finst der. Midlane skal vidare nyttast til etablering av gode forskingsnettverk nasjonalt og internasjonalt, og til å delta i, og utvikle, både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid innanfor rammene av den faglege hovudsatsinga for senteret. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skoleverk, forvaltningsnivå og eit breitt publikum.

Innanfor målet om at Noreg skal bidra til å løyse globale utfordringar utgjer mattryggleik ein viktig del. Det er eit mål at Noreg skal tryggje nasjonal mattilgang, men òg bidra til å tryggje verdas tilgang på mat. Det er også eit mål at Noreg skal auke kunnskapen om korleis klimaendringar kan gi nye sjukdommar og smittemønster hos planter og dyr og mellom dyr og menneske. Regjeringa foreslår derfor at løyvinga til Matprogrammet i Forskingsrådet blir styrkt med 6 mill. kroner, over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet.

Gjennom den nasjonale strategien for marin bioprospektering legg regjeringa opp til ei målretta satsing på dette området. Målsetjinga er å fremme verdiskaping og skape næringsrelevant forsking på strategiske område. Satsinga er òg ein del av nordområdesatsinga til regjeringa og resultata kan komme til nytte innanfor ei rekkje område, som til dømes nye medisinar og i industrien. Regjeringa foreslår derfor at løyvingane til marin bioprospektering blir styrkte med 5 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.

Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) er Forskingsrådets største program for å stimulere til auka forskingsinnsats i næringslivet. BIA støttar dei beste forskingsbaserte innovasjonsprosjekta i breidda av norsk næringsliv innanfor tematiske område som ikkje er dekte av dei store programma i Forskingsrådet. Som ei oppfølging av målet om eit meir kunnskapsbasert næringsliv i heile landet foreslår regjeringa at løyvinga til BIA-programmet i 2011 blir styrkt med 10 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.

Det er eit mål at norsk forsking skal bidra til forskingsbasert velferdspolitikk og til forskingsbasert profesjonsutøving i yrka i velferdssektoren. Som ei oppfølging av dette foreslår regjeringa å auke løyvinga til forsking på effektar av samhandlingstiltak med 10 mill. kroner gjennom Forskingsrådet, over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet. Vidare foreslår regjeringa å setje av 5 mill. kroner til forsking på barn som pårørande.

Forskingsbasert kunnskap har avgjerande verdi for at utdanningssektoren skal kunne utvikle seg vidare i tråd med krava i kunnskapssamfunnet. For å styrkje læringa og kvalitetsutviklinga i utdannings- og opplæringssektoren og heve kvaliteten på og relevansen for norsk utdanningsforsking, foreslår regjeringa å auke tildelinga til forskingsprogrammet Utdanning 2020 med 11 mill. kroner i 2011 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Delar av auken skal gå til forsking om kvalitet og læringsutbytte i høgre utdanning. Programmet vil i 2011 få ei ramme på 35 mill. kroner.

Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet foreslår å etablere eit større nasjonalt system for forskingsinformasjon, CRISTIN (Current Research Information System in Norway). CRISTIN skal medverke til å auke verdien av forskinga ved å leggje til rette for at forskinga i fleire sektorar blir sett i samanheng. Publikasjonsdatabasen Norsk vitskapsindeks (NVI) inngår i CRISTIN og skal mellom anna nyttast i finansieringssystemet for universitets- og høgskolesektoren, helsesektoren og instituttsektoren. Kunnskapsdepartementet foreslår å leggje drift og administrative tenester for CRISTIN til Universitetet i Oslo. Kostnaden ved etablering av CRISTIN vil vere om lag 19,2 mill. kroner i 2011, og regjeringa foreslår at midlane blir løyvde over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Forskingsmeldinga slår fast at det skal utviklast eit system for jamleg rapportering om statusen for norsk forsking i samsvar med dei ni måla for forskingspolitikken. I tråd med meldinga har regjeringa i desember 2009 nedsett Fagerbergutvalet – eit ekspertutval for god måloppnåing i offentleg finansiert forsking. Innanfor ramma av dei ni måla skal utvalet drøfte samanhengen mellom mål, ressursar og resultat for offentleg finansiert forsking og gi råd med sikte på forbetringar av systemet. Utvalet vil leggje fram rapporten sin i mai 2011.

Forskingsrådet skal evaluerast i løpet av stortingsperioden 2009–13. Evalueringa skal gi ei samla vurdering av Forskingsrådet ut frå dei overordna måla som er sette for verksemda til rådet, og vurdere desse i lys av nye utviklingstrekk. Regjeringa vil utarbeide mandatet for evalueringa, og lyse ut oppdraget internasjonalt.

5.5 Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd mottek løyvingar over budsjetta til alle departementa, med unntak av Forsvarsdepartementet. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, instituttildelingar og særskilde midlar som er øyremerkte til einskilde program eller prosjekt. I tillegg mottek Forskingsrådet om lag 2 mrd. kroner av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping. Tabell 5.3 viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i 2011-budsjettet.

Tabell 5.3 Foreslåtte løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane.

     

(i 1 000 kroner)

Kap.post

Departement

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

285.52/286.50

Kunnskapsdepartementet

2 260 445

2 389 503

285.55

Kunnskapsdepartementet –administrasjon

250 720

258 492

920.50

Nærings- og handelsdepartementet

1 307 000

1 337 000

1830.50

Olje- og energidepartementet

741 000

722 000

1023.50

Fiskeri- og kystdepartementet

319 100

321 060

1137.50

Landbruks- og matdepartementet

222 588

217 528

1410.51/53

Miljøverndepartementet

172 678

173 869

780.50

Helse- og omsorgsdepartementet

250 294

262 898

1301.50

Samferdsledepartementet

192 600

150 800

Sum

5 716 425

5 833 150

Totalt er det ein auke i løyvingane frå dei største bidragsytarane på om lag 120 mill. kroner. Fleire departement har likevel ein nedgang i tildelingane sine til Forskingsrådet. Dei største nedgangane kjem over budsjetta til Olje- og energidepartementet og Samferdsledepartementet. Nedgangen på budsjettet til Olje- og energidepartementet skriv seg delvis frå ei rammeoverføring til Nærings- og handelsdepartementet, men inneber òg mellom anna ein reduksjon i løyvingane til forskingsprogramma PETROMAKS og DEMO 2000. På budsjettet til Samferdsledepartementet skriv nedgangen seg frå ein reduksjon i løyvingane til fleire forskingsprogram, mellom anna RENERGI og NORKLIMA.

Mål- og resultatstyring av Noregs forskingsråd

Det er utvikla eit felles mål- og resultatstyringssystem for tildelingane frå departementa til Noregs forskingsråd. Systemet inneber felles retningslinjer for styringa av Forskingsrådet, ein felles målstruktur for tildelingsbreva og eit sett rapporteringsindikatorar. Den nye målstrukturen byggjer opp under dei nasjonale forskingspolitiske måla.

Målstrukturen for tildelingane til Forskingsrådet består av eit overordna mål (visjon), som er operasjonalisert i tre mål, med tilhørande delmål:

Overordna mål:

Forskingsrådet skal medverke til at Noreg utviklar seg som kunnskapssamfunn. Noreg skal vere blant dei fremste samfunna når det gjeld å utvikle, dele og ta i bruk ny kunnskap. Forskinga skal skaffe kunnskap som kan auke verdiskaping og velferd, svare på samfunnsutfordringane og utvide grensene for erkjenninga.

Mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet

  • styrkt forsking på nasjonalt prioriterte område

  • styrkt breidd av langsiktig, grunnleggjande forsking og konsentrasjon av ressursar rundt den beste forskinga

  • styrkt breidd av forskingsbasert innovasjon og konsentrasjon av ressursar rundt dei beste forskings- og innovasjonsmiljøa

  • meir forsking i næringslivet, både i breidd og i spiss

  • styrkt forsking i tråd med kunnskapsbehovet til sektorane og forvaltninga

  • styrkt utbytte frå internasjonalt forskingssamarbeid

Mål 2: God ressursutnytting og føremålstenleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet

  • god samanheng mellom nasjonal forskingsinnsats og internasjonalt forskingssamarbeid

  • meirverdi gjennom effektiv utnytting av forskingsløyvingane

  • dynamisk og effektiv samhandling og arbeidsdeling i forskingssystemet

  • ivaretaking av eit strategisk ansvar for forskingsinstitutta

Mål 3: Resultata til forskinga blir tekne i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet

  • god og tilpassa forskingsformidling til allmenta og gode læringsarenaer mellom føretak, institutt, universitets- og høgskolesektoren, helseføretaka og forvaltninga

  • styrkt kommersialisering av forskingsresultat og auka innovasjonsevne og -takt i næringsliv og offentleg sektor

  • styrkt kunnskapsgrunnlag i det forskingsstrategiske og rådgivande arbeidet

Den felles mål- og resultatstrukturen er sett i verk frå og med budsjettåret 2010. Basert på desse måla er det også utvikla eit sett med styringsparametrar, som legg grunnlaget for den rapporteringa Forskingsrådet arbeider fram for departementa. Styringsparametrane er utvikla i forbindelse med tildelingsbreva for 2010. Departementa vil i samarbeid med Forskingsrådet utvikle det nye mål- og resultatstyringssystemet vidare.

6 Ressursar i grunnopplæringa

Innleiing

Kapitlet gir informasjon om status for og utvikling i ressursbruken i grunnopplæringa. Talet på elevar og lærlingar er objektive faktorar som er avgjerande for ressursbruken i skolen. Talet på lærarar, skolestruktur o.a. har òg innverknad på kostnadsnivået, men dette er til dels gjenstand for lokale prioriteringar og påverka av til dømes tilgang på lærarar.

Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Samla brutto driftsutgifter til grunnskoleopplæring var i 2009 om lag 60 mrd. kroner og utgjorde om lag 22 pst. av driftsutgiftene i kommunane. Tilsvarande var samla brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring i 2009 om lag 28 mrd. kroner og utgjorde om lag 54 pst. av driftsutgiftene i fylkeskommunane. Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra, både når det gjeld totale ressursar og ressursar per elev.

Kapitlet startar med ei orientering om utviklinga i talet på elevar og lærlingar i grunnopplæringa, med informasjon om mellom anna fordeling på utdanningsprogram. Vidare er det ein omtale av lærartettleik og bruk av assistentar i skolen. Dei neste tema er spesialundervisning, språklege minoritetar, vaksne i grunnopplæringa, leirskoleordninga, skolefritidsordninga (SFO) og leksehjelp. Vidare blir det gitt ein omtale av kommunale utgifter til grunnopplæring og utgifter per elev, samt skolestruktur, kommunale forskjellar i ressursbruk, tilgang på lærarar og bruk av ufaglært arbeidskraft/assistentar. Mot slutten av kapitlet er internasjonale samanlikningar omtalte.

Talgrunnlaget er i hovudsak henta frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), Statistisk sentralbyrå (SSB), KOSTRA (Kommune-stat-rapportering) og Utdanningsspeilet 2009 frå Utdanningsdirektoratet.

Elevar og lærlingar i grunnopplæringa

Hausten 2009 var det 613 928 elevar i ordinære private og offentlege grunnskolar.

Tabell 6.1 Talet på elevar i grunnskolen i perioden 2001–02 til 2009–10. Ordinære grunnskolar

Skoleår

Barnetrinnet

Ungdomstrinnet

Totalt

2005–06

429 207

187 856

619 640

2006–07

430 737

188 301

619 038

2007–08

428 650

187 537

616 388

2008–09

425 756

188 262

614 033

2009–10

423 194

190 711

613 928

Kjelde: GSI

Om lag 97 pst. av alle elevane som gjekk ut av 10. trinn i grunnskolen våren 2009, gjekk direkte over i vidaregåande opplæring same haust. Om lag 45 pst. av elevane som begynte på første trinn i vidaregåande opplæring hausten 2009, begynte på eit studieførebuande program. Talet på elevar i vidaregåande skole hausten 2009 var i alt 187 492. I tillegg var det 3 336 elevar som fekk alternativ opplæring (dette er elevar med individuell opplæringsplan som ikkje er plasserte på eit av dei tolv ordinære utdanningsprogramma). Tabellen nedanfor viser talet på elevar på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram på dei tre stega i vidaregåande skole. Det går fram av tabellen at talet på elevar på Vg3 er stabilt på yrkesfaglege program og stig noko på studieførebuande program samanlikna med i fjor. At talet på elevar på yrkesfaglege program går ned på Vg3 samanlikna med på Vg2, må sjåast i samanhang med at dei fleste elevane på dei yrkesfaglege programma blir lærlingar eller vel å ta påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2. At talet på elevar på yrkesfagleg Vg3 gjekk ned i 2008–09 samanlikna med i 2007–08, skyldast nok mellom anna endringar i strukturen i vidaregåande opplæring i samband med innføringa av Kunnskapsløftet. Til dømes vart det tidlegare tredje året i skole for hjelpepleiarar erstatta med opplæring i bedrift i helsearbeidarfaget.

Tabell 6.2 Fordeling av elevar på utdanningsprogram og -nivå i vidaregåande skole. Reviderte tal

Steg 1 (Vg1)

Steg 2 (Vg2)

Steg 3 (Vg3)

År

Studieførebuande

Yrkesfagleg

Studieførebuande

Yrkesfagleg

Studieførebuande

Yrkesfagleg

I alt

2007–08

34 318

39 071

29 683

33 871

41 067

10 187

188 197

2008–09

33 359

38 821

30 236

33 812

41 345

5 947

183 520

2009–10

32 772

38 620

30 558

34 963

44 674

5 905

187 492

Kjelde: SSB/Utdanningsdirektoratet

Frå og med 2003, da talet på lærlingar var i underkant av 30 000, auka talet fram til 2008. Per 1. oktober 2009 var det registrert 36 011 lærlingar og 1 240 lærekandidatar. Dette er om lag seks pst. færre lærlingar enn i 2008. Nedgangen var størst i dei mannsdominerte yrkesfaga og skyldast i hovudsak at det har vore vanskelegare å skaffe læreplassar på grunn av finanskrisa. For lærefag som følgjer strukturen til Kunnskapsløftet, er det flest søkjarar til læreplassar i teknikk og industriell produksjon, bygg- og anleggsteknikk og helse- og sosialfag.

For meir informasjon om elevar og lærlingar i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2009.

Lærarårsverk

I 2009 er det berekna talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskolen 52 028. Det er 960 fleire enn året før.

Fordi det har vore brot i tidsserien for dei rapporterte årsverka til undervisning, blir årsverk til undervisningspersonale berekna på bakgrunn av registrerte årstimar. Brotet i tidsserien skyldast at det frå 2007–08 blir skilt mellom årsverk til undervisning og årsverk til andre oppgåver enn undervisning. I 2009–10 vart kategorien andre oppgåver for undervisningspersonalet ytterlegare spesifisert. Dette førte til såpass store endringar i praksisen for rapportering at dei direkte rapporterte tala ikkje er samanliknbare bakover i tid.

Tabell 6.3 Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskolen, utvikling i årsverk

År

Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk

Av dette andre oppgåver

2005–06

52 028

5 096

2006–07

53 496

6 206

2007–08

54 032

6 241

2008–09

55 115

6 329

2009–10

56 075

6 866

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

I 2009 var talet på lærarårsverk i vidaregåande skole 21 067. Dette er ein auke på 221 frå 2008. Sidan 2005 har talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring auka med om lag 1 200. Auken har mellom anna samanheng med veksten i elevtalet i same periode.

Tabell 6.4 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring

Skoleår

Lærarårsverk i vidaregåande opplæring, fylkeskommunale skolar eksl. lange fråvær

2005–06

19 853

2006–07

20 503

2007–08

20 618

2008–09

20 846

2009–10

21 067

Kjelde: KOSTRA

Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik i grunnskolen

Indikatoren berekna gjennomsnittleg gruppestorleik kjem fram ved å sjå på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein totale ordinære timar til undervisning elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timar lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gruppestorleik gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Gruppestorleik 1 omfattar timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar (i alle offentlege og private grunnskolar unnateke spesialskolar og utanlandsskolar). Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at denne gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.

Det er positivt at det har vore ein nedgang i gruppestorleiken kvart år sidan 2005. Tabellen nedanfor viser at i skoleåret 2005–06 var gruppestorleik 1 på 14,03 og for skoleåret 2009–10 er han på 13,60.

Gruppestorleik 2 er ein annan måte å rekne gruppestorleik på. Her er timar til spesialundervisning og til særskild norskopplæring for språklege minoritetar tekne ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestorleik 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid fordi endringar i praksis knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren.

Gruppestorleik 2 gir eit bilete av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje mottek særskilde individretta styrkingstiltak. Gruppestorleik 2 har berre hatt ein svak nedgang sidan 2005–06. Det tyder på at hovudtyngda av dei auka ressursane i grunnskolen har gått til utviding av timetalet for alle på barnetrinnet, og til auke i spesialundervisning og individretta tiltak.

Tabell 6.5 Gjennomsnittleg gruppestorleik i grunnskolen

År

Gruppestorleik 1

Gruppestorleik 2

2005–06

14,03

16,95

2006–07

13,94

16,93

2007–08

13,75

16,78

2008–09

13,70

16,86

2009–10

13,60

16,74

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Det er stor variasjon i gruppestorleik 2 frå kommune til kommune. Figuren nedanfor viser at det er mange kommunar som har ein gruppestorleik som ligg under gjennomsnittet for landet. Dei større bykommunane og store kommunar i sentrale område har oftast høgre gruppestorleik, mens mindre kommunar har lågare gruppestorleik.

Figur 6.1 Gruppestorleik 2: kommunar over og under landsgjennomsnittet
på 16,74 elevar, grunnskole

Figur 6.1 Gruppestorleik 2: kommunar over og under landsgjennomsnittet på 16,74 elevar, grunnskole

Kjelde: GSI

Elevar per kontaktlærar

I opplæringslova heiter det at kvar elev skal vere tilknytt ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, blant anna kontakten med heimen. Gjennomsnittleg tal på elevar per kontaktlærar har halde seg på eit relativt stabilt nivå sidan 2003–04. I skoleåret 2009–10 var det i snitt 15,8 elevar per kontaktlærar i grunnskolen, ein auke på 0,4 frå året før. Auken kan ha samanheng med at ein større del av elevane går på større skolar. For meir omtale av dette, sjå Utdanningsspeilet 2009.

Assistentar

Tabellen nedanfor viser at det i heile perioden frå 2001–02 til 2009–10 har vore ein auke i talet på årsverk til assistentar. Relativt sett har talet på assistentar auka meir enn talet på lærarar.

Tabell 6.6 Årsverk til bruk for assistentar med oppgåver knytte til undervisninga i perioden 2001–02 til 2009–10

Skoleår

Assistentar

2005–06

5 649

2006–07

6 054

2007–08

6 761

2008–09

7 000

2009–10

7 353

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Frå og med 2009–10 er assistenttimar til spesialundervisning registrerte særskilt i GSI. For barnetrinnet utgjer assistenttimar til spesialundervisning 54 pst. på barnetrinnet og 58 pst. på ungdomstrinnet.

Spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning.

Delen elevar med spesialundervisning i grunnskolar og spesialskolar har auka moderat dei siste åra og ligg på 7,9 pst. av alle elevar hausten 2009, mot 7,2 pst. hausten 2008. Om lag 70 pst. av alle elevar som mottek spesialundervisning, er gutar. Når det gjeld omfanget av lærarressursar som blir sette av, går om lag 16,2 pst. av lærartimane til spesialundervisning. Som figuren nedanfor viser, aukar delen spesialundervisning i løpet av barnetrinnet og utover ungdomstrinnet.

Figur 6.2 Delen spesialundervisning av total undervisning, i årstimar

Figur 6.2 Delen spesialundervisning av total undervisning, i årstimar

Kjelde: GSI

I skoleåret 2009–10 hadde nesten sju pst. av elevane enkeltvedtak om særskild norskopplæring. Delen har vore svakt aukande i heile perioden frå 2003–04. Fire pst. av lærartimane gjekk i 2009–10 til særskild norskopplæring. Delen lærartimar er redusert noko sidan 2005–06. Årsaka kan vere at særskild norskopplæring skjer i større grupper.

Språklege minoritetar

I opplæringslova § 2-8 heiter det at elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg kunnskap i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Hausten 2009 fekk 41 674 elevar særskild norskopplæring. Elevane har om naudsynt òg rett til morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. Hausten 2009 var det 3 218 elevar som fekk morsmålsopplæring, 11 037 elevar som fekk tospråkleg fagopplæring, og 5 807 elevar som fekk begge delar. Somalisk, urdu og arabisk var dei mest vanlege språka. For meir om dette, sjå Utdanningsspeilet 2009.

Over Kunnskapsdepartementets kap. 225 post 64 blir det gitt tilskott for å medverke med finansiering til kommunar slik at unge asylsøkjarar og barn av asylsøkjarar i statlege asylmottak og einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter får grunnskoleopplæring, jf. opplæringslova § 2-1, 2. ledd. Tilskottet blir nytta til opplæring av barn og unge i grunnskolealder og ungdom i alderen 16–18 år som ikkje har utdanning tilsvarande norsk grunnskole. Hausten 2009 mottok 1 677 asylsøkjarar i mottak og 241 einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter opplæring. For meir om dette, sjå omtale under kap. 225 post 64.

Vaksne i grunnopplæringa

Vaksne som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ønskjer det (jf. opplæringslova § 4A–1).

Talet på vaksne som får opplæring på grunnskolenivå, har vore relativt stabilt sidan 2002. Hausten 2009 var det 9 502 vaksne som fekk grunnskoleopplæring. Det tilsvarande talet for 2008 var 9 358. Av dei som fekk slik opplæring i 2009, var det 5 402 som fekk spesialundervisning. Om lag 52 pst. av deltakarane er kvinner. Av dei som får ordinær grunnskoleopplæring, er ein stor del språklege minoritetar (om lag 81 pst.). I gruppa vaksne som får spesialundervisning, er det ein liten del språklege minoritetar (om lag ni pst.) (Utdanningsspeilet 2009).

Frå og med hausten 2008 er retten til vidaregåande opplæring for vaksne utvida. Den nye retten inneber at alle som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Tidlegare var det berre vaksne fødde før 1978 som hadde slik rett.

Vidaregåande opplæring for vaksne skal tilpassast den enkeltes behov og livssituasjon. Vaksne som ønskjer å gjennomføre vidaregåande opplæring, kan oppnå det på tre måtar. For det første kan dei søkje om ordinært inntak og konkurrere om plassane med søkjarane med ungdomsrett. For det andre kan dei søkje om individuelt opptak basert på realkompetanse. Dette inneber at dei søkjer direkte til fylkeskommunen og ikkje ved det generelle inntaket til vidaregåande opplæring. Med dette alternativet er undervisninga ofte komprimert, og som eit resultat av ei realkompetansevurdering kan opplæringa også avkortast. Vaksne kan også søkje vidaregåande opplæring gjennom private tilbydarar av opplæring, til dømes studieforbund (Vox 2006), men det meste av opplæringa skjer i dei vidaregåande skolane. Det er berre unntaksvis at studieforbund gir opplæringstilbod på vidaregåande nivå til vaksne.

Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkjar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring. Statistikkgrunnlaget for vaksne i vidaregåande opplæring har framleis manglar. Problema er mellom anna knytte til at fylkeskommunane har ulike administrative system for rapportering, og til at dei rapporterer på ulike måtar. Utdanningsdirektoratet leier eit arbeid med å betre rutinane og kravspesifikasjonen for registrering og rapportering av vaksne si deltaking i vidaregåande opplæring. På grunn av endringar i datagrunnlaget og fordi kvaliteten på tala er usikker som følgje av dette, er det ikkje publisert tal for vaksne i vidaregåande opplæring for 2009–10.

For meir informasjon om vaksne i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2009 og Vox-speilet 2009.

Leirskoleordninga

I skoleåret 2009–10 planla 64 530 elevar å delta på eit leirskoleopphald. Dette utgjer om lag 10,5 pst. av alle elevane i grunnskolen. Talet har lege på om lag ti pst. sidan 2001. Ettersom grunnskolen til saman utgjer ti år, og om lag ti pst. deltek på leirskole kvart år, tyder dette på at dei aller fleste elevane i grunnskolen får tilbod om leirskoleopphald i løpet av grunnskolen, i samsvar med målsetjinga.

Skolefritidsordninga

Hausten 2009 gjekk i alt 144 278 barn i skolefritidsordning (SFO). Av desse gjekk om lag 96,5 pst. i kommunale ordningar, 3,4 pst. i private ordningar og resten ved statlege skolar. Delen barn på 1.–4. trinn som gjekk i SFO, var på om lag 60 pst. Om lag 56 pst. av barna i SFO hadde 100 pst. plass. I gjennomsnitt var foreldrebetalinga for ein elev med fulltidsplass i SFO 1 938 kroner per månad. Dette er ein liten reduksjon frå skoleåret 2008–09 (1 942 kroner per månad).

Leksehjelp på 1.–4. trinn

Stortinget løyvde i 2010 midlar til eit lovfesta tilbod frå og med hausten 2010 om åtte veketimar med gratis leksehjelp etter skoletid for alle elevar på 1.–4. trinn, jf. Innst. 12 S (2009–2010) og Innst. 279 L (2009–2010). Det er lagt til grunn at kommunane skal ha ansvaret for tilbodet, og at det kan organiserast slik det er mest hensiktsmessig ut frå lokale tilhøve. Tilbodet skal vere gratis, omfatte alle, og vere frivillig for kvar enkelt elev.

Kommunal ressursbruk

Utgifter per elev

Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei driftsutgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skolelokale og skyss. Tabellen nedanfor viser at korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskolen var 85 957 kroner i 2009. Dette er ein auke på om lag ti pst. frå 2008. I vidaregåande opplæring var korrigerte brutto driftsutgifter per elev på studieførebuande program 106 496 kroner, og på yrkesfaglege program 130 066 kroner – det vil seie ein auke på om lag 6,1 pst. og 4,9 pst. Den kommunale deflatoren var i same periode 3,9 pst. Det vil seie at det har vore ein liten realvekst i utgifter per elev både i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Til tross for ein betydeleg elevtalsvekst i vidaregåande opplæring etter 2004 har fylkeskommunane klart å halde oppe ressursbruken per elev på om lag same nivå.

Det var ein betydeleg auke i driftsutgifter til undervisningsmateriell i grunnskolen frå 2005 til 2008, spesielt frå 2006 til 2007. Hovudårsaka til dette er Kunnskapsløftet og behov for utskifting av læremiddel som følgje av nye læreplanar. I 2009 er det ein nedgang frå 2008, noko som tyder på at utgiftsveksten har bremsa opp.

Tabell 6.7 Korrigerte brutto driftsutgifter per elev, løpande prisar

2006

2007

2008

2009

Grunnskolen

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev

68 743

72 933

78 066

85 957

  • Lønnsutgifter per elev

54 398

57 022

61 813

66 343

  • Driftsutgifter til inventar og utstyr per elev

819

901

723

725

  • Driftsutgifter til undervisningsmateriell per elev

1 361

1 777

1 795

1 505

Vidaregåande opplæring1

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

90 021

92 661

100 334

106 493

  • Lønnsutgifter per elev i studieførebuande utdanningsprogram

53 079

54 435

59 790

66 963

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i yrkesfaglege studieprogram

112 395

116 692

124 019

130 066

  • Lønnsutgifter per elev i yrkesfaglege utdanningsprogram

70 840

73 811

79 185

86 037

1 På grunn av endra rapportering i KOSTRA er ikkje tala for vidaregåande opplæring for 2008 og 2007 samanliknbare med tala for 2006.

Kjelde: KOSTRA, Statistisk sentralbyrå

Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I grunnskolen utgjorde lønnsutgiftene 79 pst. av dei totale driftskostnadene, medan den same delen i vidaregåande opplæring var 63 pst. både på allmennfaglege og på yrkesfaglege studieretningar i 2009. Dette er om lag same nivå som i 2008.

Skolestruktur

I skoleåret 2009–10 var det 2 837 offentlege kommunale grunnskolar, tre interkommunale grunnskolar og ein statleg grunnskole. I tillegg var det 156 private grunnskolar, 14 av dei i utlandet. Same skoleår var det 84 spesialskolar i Noreg. Av dei var 46 kommunale, 19 fylkeskommunale, åtte interkommunale, fem statlege og seks private.

Storleiken på grunnskolane varierer frå berre nokre få elevar til nærmare 800 elevar på dei største skolane. Ein skole har godt over 800 elevar. Tabellen nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skolar. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store skolar og færre små skolar. I dei siste åra har fordelinga vore om lag uendra.

Tabell 6.8 Fordeling av små, mellomstore og store grunnskolar (i pst.)

1997

2000

2005

2009

Færre enn 100 elevar

40

37

36

32

100–299 elevar

42

41

39

41

300 elevar eller meir

19

22

26

27

Tabellen over viser at det er ein tendens til at det blir færre skolar med mindre enn 100 elevar og fleire større skolar. Åtte pst. av elevane går på skolar med mindre enn 100 elevar, 38 pst. går på skolar som har mellom 100 og 299 elevar, og 54 pst. går på skolar med meir enn 300 elevar. Sidan skoleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skolar.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utførte Utdanningsdirektoratet våren 2010 ei kartlegging av skolenedleggingar. I perioden 2007–08 til 2009–10 vart det lagt ned 154 grunnskolar. Nordland og Møre og Romsdal er dei fylka der flest grunnskolar vart lagde ned. Kartlegginga viser at lågt elevtal er den viktigaste årsaka (i 60 pst. av tilfella), saman med kommuneøkonomi (50 pst.) og problem med å rekruttere kvalifiserte lærarar (tolv pst.). I dei fleste tilfella der kommuneøkonomi er oppgitt som årsak, er dette i kombinasjon med få elevar. Dette tyder på at ønsket om betre ressursutnytting er ein viktig forklaringsfaktor. Totalt omfatta nedleggingane i perioden vel 6 000 elevar. 66 pst. av desse vart flytte til samanslåtte eller eksisterande skolar, 30 pst. til heilt nye offentlege skolar og fire pst. til nye private skolar. 264 elevar har fått meir enn 20 kilometer reiseveg éin veg som følgje av nedleggingane. Dette tilsvarer om lag fire pst. av dei 6 000 elevane.

Hausten 2009 var det 439 vidaregåande skolar i landet. Av desse var 355 fylkeskommunale, 82 private og to statlege. Til samanlikning var talet på vidaregåande skolar hausten 2007 til saman 453 og hausten 2008 460. Sidan 2001 har det vorte 58 færre vidaregåande skolar i landet. For meir om dette, sjå Utdanningsspeilet 2009.

Kommunale forskjellar i ressursbruk

Skoledrift er ikkje like dyrt for alle kommunar. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skolar for at reiseavstanden til elevane skal vere akseptabel. For å kunne samanlikne kommunar er det i figuren nedanfor korrigert for driftskostnader for elevtal og indikatorar for busetjingsmønster (reisetid og reiseavstand) – dette blir kalla strukturjustering (Hægeland mfl. 2008).

Figur 6.3 Strukturjusterte kommunale forskjellar i ressursbruk

Figur 6.3 Strukturjusterte kommunale forskjellar i ressursbruk

Kjelde: Utdanningsspeilet 2009, KOSTRA (konserntal)

Figuren over viser at langt fleire kommunar ligg rundt gjennomsnittet for driftsutgifter etter at det er justert for ulikskapar i busetnadsmønster, elevtal, reiseavstand og liknande. Hovudinntrykket er at variasjonen mellom kommunar i utgifter per elev har vore svært stabil i dei siste fem åra. Fleire faktorar som bestemmer kostnadene, til dømes reiseavstand og elevtal, endrar seg lite frå år til år. Strukturjusteringa reduserer i stor grad delen kommunar som bruker veldig mykje per elev. Dette er ikkje overraskande med tanke på at rundt 75 pst. av variasjonen mellom kommunane når det gjeld kor mykje pengar dei bruker på skole, kan forklarast med ulik kostnadsstruktur. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter har òg ein tydeleg effekt på utgiftsnivået. Kommunar med høge inntekter bruker meir pengar på skole. Den resterande variasjonen mellom kommunar kan mellom anna skyldast variasjonar i elevsamansetjinga. Spesielt for små kommunar kan elevar med behov for ekstrainnsats vere utslagsgivande. Ulikskapar kan òg skyldast ulik politisk prioritering mellom kommunar.

Arbeidsmarknaden for lærarar

Skoleeigaranes prioriteringar av skolen er òg påverka av tilgangen på kvalifisert arbeidskraft. Arbeidsmarknaden for lærarar har variert mykje i løpet av dei siste 20 åra, men har i dei siste åra vore svært stram. I 2008 vart det registrert den lågaste arbeidsløysa blant lærarar, med et gjennomsnitt for heile året på 1 222 personar. Utviklinga i arbeidsløysa hittil tyder òg på at arbeidsmarknaden for lærarar vil bli stram i 2010.

Figur 6.4 Talet på heilt arbeidsløyse ved utgangen av månaden,
undervisningsyrke

Figur 6.4 Talet på heilt arbeidsløyse ved utgangen av månaden, undervisningsyrke

Kjelde: NAV

At arbeidsmarknaden for lærarar er stram, blir òg bekrefta av figuren nedanfor, som viser talet på ledige stillingar som er registrerte av NAV ved utgangen av månaden. Gjennomsnittet for året i 2008 og 2009 var 1 770 og 1 818 personar.

Figur 6.5 Ledige stillingar i undervisningsyrke ved utgangen av
månaden

Figur 6.5 Ledige stillingar i undervisningsyrke ved utgangen av månaden

Kjelde: NAV

I arbeidsmarknaden for lærarar kan ubalanse mellom etterspørsel og tilbod òg bli balansert gjennom til dømes auka bruk av formelt ukvalifisert arbeidskraft.

Figuren nedanfor viser at òg bruken av lærarar utan godkjend utdanning i grunnskolen har auka i løpet av dei siste åra. I 2009–10 var det om lag fire pst. av undervisningspersonalet som ikkje hadde godkjend utdanning for å undervise på det eller dei årstrinna dei underviser på.

Figur 6.6 Delen lærarar utan godkjend utdanning i grunnskolen

Figur 6.6 Delen lærarar utan godkjend utdanning i grunnskolen

Kjelde: GSI

For meir omtale av variasjonar i ressursbruken mellom kommunar, sjå Utdanningsspeilet 2009.

Figuren nedanfor viser at bruk av assistentar som del av undervisningspersonalet i grunnskolen har auka i dei seinare åra. I 2009–10 var 12,9 pst. av undervisningspersonalet i grunnskolen assistentar. Dersom bruken av assistentar supplerer lærarane, kan det vere effektiviserande som følgje av meir arbeidsdeling i arbeidsstokken, til dømes at dei avlastar lærarar for oppgåver som ikkje krev pedagogisk utdanning. Dersom det er slik at assistentar erstattar lærarar, kan det vere negativt for læringsutbyttet til elevane ettersom lærarkvalitet er blant dei faktorane med størst effekt på kvaliteten i opplæringa.

I ei undersøking gjennomført av NIFU STEP på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet svarer 72 pst. av skolane at dei nyttar assistentar i opplæringa (NIFU STEP, rapport 33/2009). Kartlegginga viser at det er mest vanleg å nytte assistentar til personleg og praktisk hjelp til enkeltelevar, men over halvparten av skolane svarer at assistentar blir brukte i den pedagogiske oppfølginga av enkeltelevar og som tilfeldige vikarar for lærarar.

Figur 6.7 Assistentar som del av undervisningspersonalet i grunnskolen,
i pst.

Figur 6.7 Assistentar som del av undervisningspersonalet i grunnskolen, i pst.

Kjelde: GSI

Internasjonale samanlikningar

Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, viser tal for 2007 frå OECD (Education at a Glance 2010: OECD Indicators). Dersom ein ser på utgiftene per elev, er Noreg eit av landa med dei høgste utgiftene, både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Samla utgifter per elev for heile grunnopplæringa i Noreg var i overkant av 45 pst. over OECD-snittet. Det er særleg den høge lærartettleiken som forklarer den høge ressursbruken i Noreg, men den delen av arbeidstida til lærarane som blir brukt til undervisning, trekkjer også utgiftene opp, særleg i vidaregåande opplæring. Lønnsnivået til lærarane og talet på undervisningstimar trekkjer ned i forhold til gjennomsnittet for OECD.

Målt ut frå den økonomiske evna til landet (BNP per innbyggjar) er ressursbruken i Noreg lågare enn gjennomsnittet for OECD. OECD viser at ressursbruken per elev til vanleg aukar med landets velstand, men Noreg ligg litt under forventa nivå. Dette må sjåast i samanheng med at oljeinntektene inngår i BNP.

7 Likestilling i barnehage-, utdannings- og forskingssektoren

Likestillingsarbeid er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skolen og må liggje til grunn i universitets- og høgskoleinstitusjonane og forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, nedsett funksjonsevne, etnisk minoritetsbakgrunn og religion.

Omtalen i dette kapitlet omhandlar arbeidet for likestilling og mot diskriminering på eit overordna nivå. For nærmare omtale av tiltaka blir det vist til dei ulike programkategoriane for kvar sektor. For rapportering på likestillingstilstanden og tiltak mot diskriminering i verksemder som er underlagde Kunnskapsdepartementet, blir det vist til årsrapportane frå dei einskilde verksemdene.

Barnehagen og grunnopplæringa

Likestilling mellom kjønna

Ved utgangen av 2009 var om lag ti pst. av dei tilsette i barnehagane menn, noko som tilsvarer om lag 8 400 personar. Frå 2008 til 2009 har talet på menn auka med 780, det vil seie ein auke på om lag ti pst.

Det viktige arbeidet med å rekruttere fleire menn til barnehagen blir omfatta både av Handlingsplanen for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008–2010 og av Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen 2007–2011. To av tiltaka i handlingsplanen skal medverke til å rekruttere og halde på menn i barnehagane.

Departementet arbeider både for å auke rekrutteringa av menn, og for å fremme ein pedagogikk i barnehagen som medverkar til likestilling mellom gutar og jenter. Barnehagelova fekk ny formålsparagraf (§ 1) som tok til å gjelde 1. august 2010. Han slår mellom anna fast at barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen går grundigare inn på verdigrunnlaget til barnehagen. Det går mellom anna fram at barnehagepedagogikken skal medverke til likestilling mellom kjønna.

Barnehagen skal oppdra barn til å møte og skape eit likestilt samfunn. Barnehagen skal byggje verksemda si på prinsippet om likestilling mellom dei to kjønna. Både gutar og jenter skal bli sedde og hørde, og dei skal bli oppmuntra til i fellesskap å delta i all aktivitet i barnehagen. Personalet må reflektere over sine eigne holdningar til kva samfunnet ventar av gutar og jenter.

Eit mål i Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008–2010 er betre balanse mellom jenter og gutar i val av utdanning og yrke – med eit særleg fokus på fag- og yrkesopplæringa og rekruttering av jenter til realfag.

Tabell 7.1  Elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring, etter utdanningsprogram. Delen kvinner. 1. oktober 2009

Utdanningsprogram

Delen kvinner av elevane. Prosent.

Delen kvinner av lærlingar/lærekandidatar. Prosent.

Studieførebuande utdanningsprogram

55,5

-

Studiespesialisering

56,6

-

Idrettsfag

42,2

-

Musikk, dans og drama

63,6

-

Yrkesfaglege utdanningsprogram

44,3

30,9

Bygg- og anleggsteknikk

4,0

2,4

Design og handverk

89,7

94,1

Elektrofag

5,1

4,1

Helse- og sosialfag

89,2

88,8

Media og kommunikasjon

56,0

60,1

Naturbruk

58,1

33,7

Restaurant- og matfag

52,5

50,2

Service og samferdsel

41,2

36,3

Teknikk og industriell produksjon

10,3

9,2

Kjelde: SSB

Det vart i 2009 sett i gang ei kartlegging av holdningane hos utdannings- og yrkesrådgivarar til kjønnsroller og utradisjonelle val av utdanning og yrke. Ein rapport vart lagd fram i januar 2010, og han viser at rundt 33,5 pst. av respondentane svarer at dei har eit særleg fokus på dette, mens 55,9 pst. svarer at dei ikkje har merksemda retta mot dette. I tillegg er «Veit ikkje»-kategorien etter måten høg, 10,6 pst. Over 80 pst. av skolane svarer at dei ikkje har nokre spesielle tiltak for å oppmuntre elevar til å velje utradisjonelt når det gjeld kjønn.

Rapporten vil bli følgd opp med rettleiing om bevisste utdanningsval og informasjon til elevar og føresette.

Eit toårig prosjekt om jenter og realfag er også sett i gang. Tema i prosjektet er mellom anna verknaden av ulike mentorordningar, fagas «image» i jenters perspektiv/ gutars perspektiv og spreiing av informasjon om gode tiltak.

Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008–2010 blir avslutta ved årsskiftet. Det vidare arbeidet og tiltak for å fremme kjønnslikestilling i barnehage og grunnopplæring vil bli lagt inn i ein ny nasjonal handlingsplan. Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet vil leie arbeidet, og planen skal gjelde frå 2011 til 2014.

Tiltak mot diskriminering

Utvalet for gjennomgang av opplæringstilbodet for minoritetsspråklege barn, unge og vaksne (Østberg-utvalet) leverte si utgreiing NOU 2010: 7 Mangfold og mestring 1. juni 2010. I rapporten blir det teikna eit etter måten optimistisk bilete av korleis det går med dei som har eit anna morsmål enn norsk i opplæringssystemet i Noreg. Utfordringar er særleg knytte til ungdom som kjem til Noreg seint i utdanningsløpet, og som har kort tid på seg til å bli gode nok i norsk til å få fullt utbytte av opplæringa. Det er òg eit potensial for å auke læringsutbytte, hindre fråfall i vidaregåande opplæring og få fleire av dei yngste barna i barnehagen.

Kunnskapsdepartementet arbeider for tida med ei melding om barn og unge med særskilde behov som skal leggjast fram for Stortinget i 2011. Meldinga er ei oppfølging av NOU 2009: 18 Rett til læring, som vart levert i juli 2009.

Departementet presenterte våren 2010 ei arbeidsgruppe som skal fremme forslag til korleis ein best kan arbeide mot rasistiske og antisemittiske holdningar i skolen.

Forsking og høgre utdanning

Likestilling mellom kjønna

Blant dei faglege stillingane ved universitet og høgskolar søkk delen kvinner dess høgre ein kjem i stillingsstrukturen, jf. figur 7.1. Medan kvinner er i fleirtal blant stipendiatane, er berre kvar femte professor kvinne. Over tid aukar likevel delen kvinner i alle dei viktigaste faglege stillingane, men utviklinga går langsamt. Variasjonen i kvinnedel blant faglege stillingar er stor mellom fagområda. Kvinner er særleg dårleg representerte blant førstestillingane i matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag (MNT-fag), jf. omtale av insentivordninga for tilsetjing av kvinner i førstestilling i desse faga.

I 2009 var det 26 pst. kvinnelege prosjektleiarar i Noregs forskingsråd. Kvinnedelen har auka noko år for år. Når ein ser på dei einskilde faga, er kvinnedelen låg i MNT-fag, høgre innanfor humaniora og fiskerifag, og høgst i samfunnsvitskap. Innanfor Forskingsrådets verkemiddel open konkurransearena for framifrå forsking (tidlegare fri prosjektstøtte) var det 33 pst. kvinnelege prosjektleiarar i 2009. Dette er noko høgre enn året før.

Figur 7.1 Prosentdelen kvinner i ulike faglege 
stillingskategoriar ved universitet og høgskolar 2003–09

Figur 7.1 Prosentdelen kvinner i ulike faglege stillingskategoriar ved universitet og høgskolar 2003–09

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning legg regjeringa særskild vekt på kva rekruttering har å seie for forskingskvaliteten. For å sikre best mogleg kvalitet og relevans i forskinga er det viktig med ei bevisst rekruttering av studentar og forskarar av begge kjønn til alle fag. Dette er ikkje berre eit spørsmål om rettferd og like moglegheiter for alle, men også om å ta i bruk den kompetansen og dei talenta som finst i befolkninga, på beste måte. Forskinga skal reflektere mangfaldet i samfunnet, slik det kjem til uttrykk gjennom kjønn, etnisk bakgrunn og levekår.

Kunnskapsdepartementet krev at universiteta og høgskolane utarbeider handlingsplanar for likestilling, mellom anna for å betre arbeidsvilkåra for og auke talet på kvinner i høgre akademiske stillingar. Departementet har også sett i verk fleire tiltak for å betre kjønnsbalansen i akademia.

I 2007 oppretta regjeringa ein likestillingspris for å premiere dei beste handlingsplanane og stimulere sektoren til målretta likestillingsarbeid. Prisen blir delt ut for fjerde gong i 2011.

Komité for integreringstiltak – Kvinner i forskning vart oppretta i 2004 for å fremme likestilling mellom kvinner og menn på universitet og høgskolar. Mandatet vart seinare utvida til også å omfatte forskingsinstituttsektoren. Komiteen har verka i to periodar, og ein ny komité vart oppnemnd for ein tredje periode frå 1. april 2010. Namnet vart samstundes endra til Komité for kjønnsbalanse i forskning. Komiteen støttar institusjonane i arbeidet med å integrere likestilling i si eiga verksemd, og kjem med framlegg om tiltak som kan betre kjønnsbalansen i forskingsmiljøa.

Regjeringa ser det som ei viktig utfordring å arbeide for lik fordeling av kvinner og menn på alle stillingsnivå og fagområde. Utviklinga går rett veg, men langsamt. Derfor trengst det fleire tiltak for å rekruttere, halde på og kvalifisere forskarar av begge kjønn til alle fag. Regjeringa har sett i verk ei insentivordning for å auke kvinnedelen i høgre vitskaplege stillingar i MNT-fag. Formålet er å premiere universitet og høgskolar ved at kvar tilsetjing av ei kvinne i stillingane førsteamanuensis, førstelektor, professor og dosent innan MNT-fag utløyser midlar til institusjonen. Ordninga omfattar no ni institusjonar som gir doktorgradsutdanning innanfor MNT-fag, og som har faglege organisasjonseiningar som fell innanfor definisjonen av MNT-fag, i vitskapsdisiplinane i Universitets- og høgskolerådet. Ramma for ordninga er på 10 mill. kroner, avgrensa til maksimalt 300 000 kroner per tilsetjing, og budsjettutteljinga for tilsetjingar i 2010 kjem i 2012. Regjeringa ønskjer også å forme ut gode kvalifiseringsordningar for kvinner.

Det viktigaste likestillingsarbeidet går likevel føre seg ved institusjonane. Universiteta og høgskolane arbeider aktivt med tiltak for å oppnå auka likestilling. Erfaringa syner at forankring i leiinga ved institusjonen og konkrete tiltak der verknadene kan bli målte, speler stor rolle for å lykkast med likestillingsarbeidet.

Tiltak mot diskriminering

I lov om universitet og høgskolar blir det understreka at styra ved institusjonane skal sørgje for eit godt læringsmiljø, og at institusjonen skal leggje til rette for studentar med særskilde behov.

Institusjonane er gjennom lov pålagde å ha eit læringsmiljøutval, som skal arbeide for at læringsmiljøet til studentane blir teke vare på, inkludert dei med nedsett funksjonsevne.

Departementet tildeler årleg midlar til Universell (tidlegare Nasjonal pådrivareining for funksjonshemma i høgare utdanning) ved NTNU, som skal medverke til å fremme eit inkluderande læringsmiljø for studentar med nedsett funksjonsevne, og vere ein pådrivar for læringsmiljøutvala ved norske lærestader.

Brukarforum for funksjonshemma i høgre utdanning vart oppretta i 2000. Kunnskapsdepartementet finansierer drifta, og sekretariatet er lagt til Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO). Brukerforumet er ein møtestad for departement, tilsette i universitets- og høgskolesektoren og representantar frå organisasjonane for funksjonshemma, og der problemstillingar knytte til funksjonshemma og høgre utdanning blir drøfta.

Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid med Deltasenteret i 2010 medverke med midlar til gjennomføring av prosjektet Høyere utdanning for alle? Strategier for inkludering av studenter med nedsatt funksjonsevne i høyere utdanning. Prosjektet vil bli gjennomført av NIFU STEP.

Kunnskapsdepartementet

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for betre mangfald i samfunnet. Derfor har departementet som mål å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne.

Per 31. desember 2009 var 62 pst. av dei tilsette i departementet kvinner; dette er ein nedgang samanlikna med 66,1 pst. i 2008. Kvinner utgjer framleis den største delen av dei tilsette, og departementet vil i rekrutteringsarbeidet sitt vurdere korleis delen menn kan aukast.

I januar 2009 var 53,5 pst. av leiarane i Kunnskapsdepartementet kvinner. Mens kvinnerepresentasjonen i toppleiargruppa fram til 2004 låg på 20–30 pst., er han i dag på 44,4 pst. Delen kvinnelege avdelingsdirektørar er på 57,1 pst. Gjennom fleire år har departementet lagt vekt på å rekruttere, kvalifisere og motivere kvinner til leiande stillingar. Departementet vil arbeide vidare for å halde oppe den gode kjønnsbalansen på leiarnivå.

Delen kvinnelege seniorrådgivarar er 62,8 pst., delen rådgivarar er 68,9 pst., mens kvinnene utgjer 79,5 pst. av førstekonsulentane.

Snittlønna for kvinner låg i februar 2010 på om lag 92,7 pst. av snittlønna for menn.

Tabell 7.2 Stilling og lønnssteg fordelte på kjønn1

Stilling

Snittlønn totalt

Lønn K

Lønn M

Totalt

Alder K

Alder M

Avdelingsdirektør

76,2

76,0

76,4

49

50,0

48,5

Førstekonsulent

48,6

48,6

48,4

44

41,7

31,2

Rådgivar

54,5

53,9

55,8

61

37,0

37,4

Seniorrådgivar

64,5

64,9

64,0

129

48,6

48,9

Alle stillingar

62,2

60,9

64,5

283

45,4

45,9

1 Stillingskategoriar med færre enn ti tilsette er ikkje inkluderte.

Dei lokale partane drøfter detaljert lønnsstatistikk ein gong i året, mellom anna med tanke på å avdekkje om kvinner og menn er lønte ulikt. Partane er samde om at ein ikkje finn ulikskap som kan vere knytt til kjønn.

Statistikken for januar 2010 syner at 24,7 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstilling, medan det same gjeld for 10,2 pst. av dei mannlege tilsette. Dette er ein nedgang i begge gruppene samanlikna med 2009.

Menn og kvinner er omtrent like ofte heime med sjuke barn. I 2009 var mennenes del av fråværet knytt til omsorg for sjuke barn på 30 pst.; dette er ein auke frå 2008 (24,7 pst.). Av fråværet knytt til foreldre-/adopsjonspermisjon stod menn for 15,2 pst. i fjor. Dette er ein nedgang frå 2008, da det tilsvarande talet var 26 pst. Departementet vil i lønnspolitikken sin spesielt vere merksam på om fødsels- og omsorgspermisjonar verkar hindrande med omsyn til lønnsutviklinga.

Det legemelde sjukefråværet var i 2009 på 3,1 pst. for kvinner og 2,1 pst. for menn. Dette er ein nedgang samanlikna med 2008 på 2,3 prosentpoeng for kvinner og ein auke på 0,1 prosentpoeng for menn.

Overtida i departementet har auka med totalt 1 024 timar frå 2009. I 2009 arbeidde ein kvinneleg tilsett i Kunnskapsdepartementet i snitt 26,8 timar overtid. Det tilsvarande timetalet for ein mann var 43,4 timar.

Per 1. januar 2010 hadde 22 tilsette avtale om å kunne arbeide ein dag i veka frå heimekontor, 17 av desse var kvinner.

Personalpolitiske tiltak

I dei siste åra har Kunnskapsdepartementet satsa mykje på utvikling av leiarar og medarbeidarar. Det er sett i gang fleire ulike tiltak: Program for utvikling av medarbeidarar – i første kull var 18 av 25 deltakarar kvinner. På kollegabasert rettleiing for mellomleiarar deltok 18 mellomleiarar med personalansvar, av desse var 14 kvinner. Departementet har no 13 mentorar, fem av desse er kvinner. På det årlege pensjonistførebuande kurset var det i 2009 tolv deltakarar, åtte av dei var kvinner.

Likestillingstiltak: Kjønn, etnisk bakgrunn og nedsett funksjonsevne

Rekruttering

Kunnskapsdepartementet har i fleire år arbeidd for å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn, og for at talet på nytilsette med nedsett funksjonsevne skal auke. Det er sett i gang fleire tiltak for å få til dette.

Departementets elektroniske personal- og leiarhandbok gjer greie for regelverket for innkalling av kandidatar med innvandrarbakgrunn til intervju og prioritering av kandidatar med nedsett funksjonsevne. Leiarhandboka har òg lenkje til Mangfoldsportalen og til inspirasjonsheftet Overser du kompetanse? utvikla av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Helsedirektoratet og Likestillings- og diskrimineringsombodet. I 2009 hadde departementet opplæring i regelverket for tilsetjing for alle leiarar og for innstillingsråda, der mellom anna reglane for rekruttering til mangfald vart handsama. Kunnskapsdepartementet deltek aktivt på karrieredagar ved aktuelle utdanningsinstitusjonar. Departementet prøver så langt det er mogleg å ha tilsette med ulik etnisk bakgrunn med på presentasjonen. Det same gjeld departementets websider.

I 2009 la departementet som ei forsøksordning ut annonser for ledige stillingar i to portalar berekna på moglege kandidatar med innvandrarbakgrunn. Det er òg utvikla ei mentorordning med tanke på tilsette med annan etnisk bakgrunn; ordninga er seinare utvida til å gjelde alle nytilsette. Departementet vil gi leiarane meir rettleiing i rekruttering, blant anna om rekruttering til mangfald.

Lønns- og arbeidsvilkår, karriereutvikling

Kunnskapsdepartementet vil leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. Departementet drøfter mellom anna lønnspolitikken årleg med dei hovudtillitsvalde, og med vekt på likestilling. Vi har innført systematisk kartlegging av sluttårsaker, som mellom anna kan avdekkje forskjellsbehandling. Vi har òg utarbeidd ein samla personalstatistikk for å sikre systematisk arbeid for å forbetre arbeidsvilkår, minske sjukefråvær osv. for menn og kvinner.

Kunnskapsdepartementet har eit breitt internt utviklings- og opplæringstilbod. Tiltaka medverkar til likestilling og like moglegheiter for alle tilsette. Departementet vil føre vidare ordningar med mellom anna intern coaching, mentorar, utvikling av leiarar og medarbeidarar, internasjonal stipendordning, hospiteringsordning osv., med vekt på at tilboda skal bli gitte til både menn og kvinner.

Tiltak mot trakassering

Departementet har utvikla rutinar for varsling i tråd med reglane i arbeidsmiljølova. I tillegg har departementet regelmessige undersøkingar av arbeidsmiljøet, der tilsette kan gi varsel om mobbing anonymt.

8 Miljø

Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggjande verksemder er med på å forme.

Formidling av kunnskap og gode holdningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skolane. Ifølgje den nye formålsparagrafen skal barnehagen i samarbeid og forståing med heimen ta hand om dei behova barn har for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrang. Dei skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Natur, miljø og teknikk er eitt av sju fagområde i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. For å støtte barnehagane i arbeidet er det utarbeidd eit temahefte om natur og miljø. I mange kommunar er det etablert eigne naturbarnehagar, anten i regi av kommunen sjølv eller av private aktørar.

Utdanning for berekraftig utvikling er integrert i læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane og lærlingane skal, i høve til formålsparagrafen, lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. I samarbeid med Miljøverndepartementet har Kunnskapsdepartementet initiert Den naturlege skolesekken, eit tiltak som koordinerer samarbeid mellom skolar og frivillige organisasjonar, og som mellom anna legg til rette for utvida bruk av skolane sitt naturlege nærmiljø i undervisninga. Samstundes gir Nettverk for miljølære skolane tilbod om faglege aktivitetar og felles arenaer for arbeidet med miljø og klima.

Noreg vil framleis ta aktiv del i FNs tiår for berekraftig utvikling (2005–2014). Den nasjonale strategien for utdanning for berekraftig utvikling (2006 – 2010) har både vore ei oppfølging av Utdanningstiåret og ein sentral del av den miljøpolitiske satsinga innanfor grunnopplæringa. FNs tiår for berekraftig utvikling går no inn i sin avsluttande fase. Utdanningsdirektoratet har fått ansvaret for å revidere den nasjonale strategien, i samarbeid med departementet, for perioden 2010–15.

Soria Moria-erklæringa legg vekt på at Noreg skal bli eit føregangsland i miljøpolitikken. Miljøforsking er naudsynt mellom anna for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutforminga, men òg for å leggje til rette for ei grøn omstilling av næringslivet. Ved å satse på utvikling av ny kunnskap og teknologi kan det vi gjer nasjonalt, også få verknad langt ut over Noregs grenser.

Forskingsmeldinga, St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning, legg vekt på at forskinga skal medverke til verdiskaping og til å løyse globale utfordringar. Klima og energi, biologisk mangfald, miljøgifter og havmiljø er viktige prioriteringar. Miljøforsking er òg eit viktig element i andre meldingar, som St.meld. nr. 7 (2008–2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge, St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard, St.meld. nr. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen og Meld. St. 6 (2009–2010) Nordisk samarbeid.

Regjeringa har styrkt forskinga om fornybar energi og karbonfangst og -lagring med i alt 600 mill. kroner i perioden 2008–10. Eit samarbeidsforum for klimaforsking (Klima21) la fram ein nasjonal strategi for klimaforskinga i februar 2010, knytt til klimautviklinga, konsekvensar av og tilpassing til eit nytt klima, klimapolitikk, tiltak og utsleppsreduksjon. Klimaforskinga vart styrkt med 50 mill. kroner i 2010, mellom anna til etablering av eit nytt klimaforskingssenter i Bergen basert på kompetansen ved Bjerknessenteret. Regjeringa har òg oppretta Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking i Tromsø, der forvaltningsretta forsking knytt til nordområda vil stå sentralt.

Departementet støttar miljøforsking gjennom ulike satsingar og program som Forskingsrådet har på miljøområdet. Departementet finansierer òg forsking innanfor EUs rammeprogram, der store delar er miljørelaterte.

Noreg har teke aktiv del i det internasjonale polaråret (IPY), som er ei stor koordinert internasjonal forskingssatsing. Målet var mellom anna å gi ny kunnskap om klimasystemet og utviklinga i klima og miljø i polare strøk. Denne kunnskapen kan òg medverke til auka forståing av klima- og miljøutviklinga i andre delar av verda. Det er framleis stor aktivitet, og Kunnskapsdepartementet har løyvd 80 mill. kroner per år i perioden 2007–10. I juni 2010 var det ein stor, internasjonal avslutningskonferanse i Oslo.

Det er vesentleg at den kunnskapen som miljøforskinga resulterer i, blir formidla, både til folk flest og for bruk i forvaltning og næringsverksemd. Departementet ønskjer å leggje til rette for auka og betre forskingsformidling. Både universiteta, høgskolane, forskingsinstitutta og Noregs forskingsråd formidlar resultat frå miljørelevant forsking, i tidsskrift, bøker, på konferansar og på Internett.

Universitet og høgskolar er viktige institusjonar for kunnskapsformidling, men òg for forsking på miljøet. Miljøretta forsking er viktig for å få god forståing for miljøet og for korleis miljøet utviklar seg; dette er ein viktig føresetnad for god og fornuftig utforming av miljøpolitikken. Kunnskapsdepartementet støttar oppunder klimaforsking mellom anna gjennom løyvingar til programmet NORKLIMA under Noregs forskingsråd. Departementet har fokus på oppfølginga av klimameldinga og klimaforliket når det gjeld forsking.

Eit anna viktig tiltak er departementets finansiering av kontingenten for norsk medlemskap i Global Biodiversity Information Facility (GBIF), som er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til biodata for forskarar og andre interesserte over heile verda. Noregs forskingsråd representerer Noreg i GBIF.

Artsdatabanken vart oppretta frå og med 2004, og er knytt til Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim. Artsdatabanken starta det faglege arbeidet i januar 2005 og gir ei nasjonal elektronisk oversikt over eigenskapar til og omfang av biologisk mangfald i Noreg når det gjeld både naturtypar, artar og populasjonar (genetisk variasjon). Regjeringa har styrkt Artsdatabanken gjennom fleire år og foreslår ei ytterlegare styrking i 2011. Tenestene til Artsdatabanken er til bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking. Raudlista over truga og sårbare artar vart lagd fram i 2006, og dei er i gang med å lage ein revidert versjon som skal komme hausten 2010. I 2007 la dei fram ei Svarteliste over framande artar, og det er planar om å lage ein revidert versjon i 2011. Andre tenester er Artsobservasjonar, der folk kan leggje inn sine eigne observasjonar, og Artskart med artsdata knytte til karttenester. Desse siste dataene blir òg publiserte direkte i det ope, internasjonale GBIF-nettverket. Artsdatabanken la i 2009 fram ei ny felles naturtypeinndeling i Noreg (NiN). Dette arbeidet skal munne ut i ei eiga Raudliste for naturtypar. Dette blir eit viktig verktøy for miljøforvaltninga i oppfølginga av den nye naturmangfaldlova.

Universitetsmusea speler ei viktig rolle i å forvalte vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. I St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale drøfta regjeringa utfordringane til universitetsmusea, på mellom anna områda forsking, formidling og forvaltning av samlingane. Desse musea har ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytte til deira samlingar. Universitetsmusea er mellom anna pålagde ei rekkje forvaltningsoppgåver etter kulturminnelova. Musea er vortne styrkte i dei siste åra for mellom anna å sikre at samlingane kan bli forsvarleg oppbevarte. Frå 1. januar 2009 vart Arkeologisk museum knytt til Universitetet i Stavanger.

Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekkje andre funksjonar ei viktig rolle som kartleggjar av dei klimatiske endringane. Instituttet skal følgje den globale og den nasjonale klimautviklinga og skal gi tilfredsstillande klimainformasjon for samfunnsplanlegging og for utforming av Noregs klimapolitikk. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar gjennom planmessig vern om miljøet.