Prop. 1 S (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 — Utgiftskapittel: 1400–1474 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4472 og 5578

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Miljøutfordringane

Å ta vare på miljøet er eit vilkår for ei berekraftig utvikling og for ei vidareføring av viktige kvalitetar i samfunnet vårt. Miljøvern er både ei lokal, ei nasjonal og ei internasjonal oppgåve. For å gi rom for utvikling og framgang i fattige land, må den samla belastninga på verdas ressursar reduserast. Fleire av dei største miljøproblema, slik som klima, har opphav i den rike og industrialiserte del av verda, som Noreg er ein del av. Desse landa har derfor eit særskilt ansvar for å finne gode løysingar på miljøproblema. Miljøvern handlar om solidaritet på tvers av land, men òg mellom generasjonar.

I Noreg har vi over tid oppnådd gode resultat i miljøpolitikken. Forureininga av luft og vatn er redusert, og vi har klart å få ned bruken av fleire farlege miljøgifter. Vi er godt i gang med å rydde opp i forureina grunn og sjøbotn. Internasjonalt samarbeid har redusert tilførslene av sur nedbør og ei rekkje miljøgifter til Noreg. Om lag 16 prosent av Noregs areal er verna, som nasjonalparkar og andre typar verneområde. Naturen er og rik på kulturhistoriske verdiar. Tydelegast ser vi dette i kulturlandskapet. Dette er verdiar det i seg sjølv er viktig å forvalte på ein god måte, samtidig som kulturpåverknadene i mange tilfelle er ein føresetnad for å halde ved lag mangfaldet i naturen. Gjennom den nye naturmangfaldlova og plan- og bygningslova har vi fått gode reiskapar for å sikre og forvalte norsk natur på ein måte som vil komme framtidige generasjonar til gode. Forsking og overvaking av naturtilstanden gir oss eit godt kunnskapsgrunnlag for forvaltning av natur og miljø.

Trass i resultata kan vi likevel ikkje vere nøgde. Vi har utfordringar med omsyn til naturmangfaldet som blir pressa frå fleire kantar, ikkje minst frå endra arealbruk, framande arter og klimaendringar. Villaksen står i fare for å bli borte frå elver og fjordar. Miljøsituasjonen langs kysten, der tareskogen forsvinn, gir grunn til uro. Det blir stadig innført nye kjemikaliar med ukjende følgjer for helse og miljø. Klimagassutsleppa ser og ut til å auke igjen. Dei spesielle vêrtilhøva sist vinter har òg vist oss at luftforureining i dei større byane framleis kan vere eit alvorlig helse- og miljøproblem. I denne samanhengen er førebyggjande miljøtiltak rimelegare enn å reparere skadar i ettertid. Slik vil tiltak i dag bidra til å redusere framtidige utgiftsbehov.

Finanskrisa i 2008-2009 førte til lågare økonomisk aktivitet og ga dermed noko mindre miljøskadelege utslepp mange stader. Vi kan likevel ikkje lite på at slike kortvarige effektar skal hjelpe oss i miljøarbeidet. Vi treng ein kraftfull miljøpolitikk for å møte utfordringane frå økonomisk vekst og utvikling, og vi treng økonomiske ressursar for å ta vare på miljøet.

I takt med at nye problemstillingar dukkar opp, må òg miljøpolitikken utviklast vidare. Gode resultat må ikkje bli ei sovepute, men må leggje grunnlaget for fornya innsats. Mål, ambisjonar og arbeidsformer må alle medverke til at utfordringane kan bli løyste. Ikkje minst er det viktig med godt samarbeid mellom ulike område og interesser i samfunnet og mellom forvaltningsnivåa for å oppnå resultat. Mange miljøproblem kan løysast lokalt. Næringsliv og frivillige organisasjonar er òg viktige støttespelarar i miljøpolitikken.

Miljøomsyn skal prege heile statsbudsjettet og ikkje vere ei oppgåve for Miljøverndepartementet åleine. Miljøproblem må møtast på brei front og med fleire verkemiddel: Miljøpolitikken skal vere forankra i solid fagleg kunnskap. Vi skal nytte den til ei kvar tid beste tilgjengelege teknologien, og vi skal utforme skattar og avgifter slik at dei stimulerer til miljøvennleg åtferd og ressursbruk.

Norsk miljøpolitikk skal byggje på «føre var-prinsippet» som inneber at tvil skal kome naturen til gode, på prinsippet om at forureinaren skal betale, på prinsippet om at alle samfunnssektorar har ansvar for å ta miljøomsyn og på prinsippet om samla belastning, som er eit sentralt element i økosystemtilnærminga. Prinsippet om samla belastning vil seie at styresmaktene må ta omsyn til andre eksisterande eller planlagde inngrep når dei fattar vedtak etter sektorlover. Den gradvise forvitringa av leveområde er eit alvorleg trugsmål mot naturmangfaldet. Inngrepa skjer gjerne bitvis til den samla belastninga er så stor at leveområde, arter eller genetisk mangfald kan gå tapt. Dette gjeld både påvirkingar frå lokale kjelder og påvirking i form av klimaendringar eller langtransporterte forureiningar. Både forvaltningsplanane for havområda og forvaltningsplanane etter vassforskrifta er viktige reiskapar for å se belastningar i samanheng.

Dei største miljøproblema i vår tid er globale. Klimaendringar og global oppvarming er den største utfordringa vi står overfor. Meir ekstremvêr og fleire naturkatastrofar vil vere ei følgje av klimaendringane. I 2010 har vi sett eksempel på fleire slike fenomen som vi må rekne med at det blir fleire av i framtida. Hyppigare ras og flaumar og minkande havis i Arktis minner oss om at klimaendringane også råkar våre område. Nord- og polarområda er i seg sjølv sårbare, men påverkar og klimaet på jorda. Noreg har eit særleg ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard. Arbeidet med å hente inn meir og betre kunnskap om tilhøva i nord er eit viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet. Globale problem krev internasjonalt samarbeid der miljøomsyn står sentralt, òg på andre område enn miljø, til dømes internasjonal handel.

På verdsbasis går naturmangfald tapt i høgt tempo. Dersom tapet av arter held fram som i dag, vil kvar tiande av verdas dyre- og plantearter kunne vere historie om 25 år. Om lag 2000 arter er rekna som truga på norsk Raudliste. Mange arter vil vere sterkt utsette for endringar i temperatur og klima. På same tid vil klimaendringane òg føre til at arter og organismar spreier seg til nye område. Det er svært viktig at klimatiltak og vern om naturmangfaldet ikkje blir sette opp mot kvarandre, men at dei sjåast i samanheng.

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar utgjer ei stor utfordring både nasjonalt og internasjonalt. Dei farlegaste kjemikaliane, miljøgiftene, blir sakte nedbrotne i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot mangfaldet i naturen og mot matforsyning og helse for komande generasjonar.

Kjemikaliar finst i produkt og inngår i dei fleste industriprosessane. Helse- og miljøverknadene av mange kjemikaliar på marknaden er ukjende. Det trengst derfor meir kunnskap på dette feltet.

På kulturminnefeltet er det framleis fare for etterslep i vedlikehald og istandsetjing. Vern av teknisk-industrielle kulturminne, fartøy og verdsarv reiser særlege utfordringar.

Miljøutfordringane heng saman. Endringar i klima forsterkar andre miljøproblem, slik som overgjødsling, nedslamming av kysten og tilførsler av miljøgifter. Temperaturauke vil gradvis endre og forverre livsvilkår for planter og dyr. Dyre- og plantesjukdomar vil spreie seg lettare og bli eit aukande problem. Klimagassen karbondioksid gjer havet surare, noko som trugar ei rekkje livsformer og dermed produksjonen av mat frå havet.

Miljøproblem blir gjerne tekne alvorleg når skadane er tydelege og årsaker kan dokumenterast. Sur nedbør frå Europa og utslepp av ozonskadelege gassar har vi klart å redusere gjennom internasjonalt samarbeid og betre teknologi. Klimagassutslepp og tap av naturmangfald er meir krevjande utfordringar. Miljøutfordringane har mange årsaker og er ofte tett knytte til økonomi og samfunnsorganisering. Mange miljøtiltak vil påverke livsstil og forbruk i rike land. Derfor må vi drive førebygging basert på kunnskap, slik at vi slepp å reparere i ettertid.

Miljøøydeleggingar råkar ofte hardast dei som har minst evne til å tilpasse seg store endringar. I Noreg har vi betre føresetnader for å tilpasse oss konsekvensar av klimaendringar enn mange andre land. Den globale utviklinga framover vil likevel påverke oss og vil krevje at vi deltek i internasjonalt samarbeid for å møte utfordringane. I dette samarbeidet skal Noreg vere ein pådrivar og arbeide for ambisiøse og forpliktande internasjonale miljøavtaler.

Noreg bør nytte høvet til å gå føre i miljøpolitikken. Dersom alle land skal bli einige før ein kan handle, vil viktige internasjonale miljøoppgåver aldri bli løyste. Vi må vise at rike industriland kan omstille seg til klimanøytrale, berekraftige samfunn med høg velferd, slik at andre land lettare kan følgje etter. Miljøsatsinga i Norden og Europa er viktig for å vise vegen. Vi må òg samarbeide med utviklingslanda og støtte dei i deira arbeid for å løyse miljøutfordringane og setje dei i stand til å møte endringane som kjem. Det norske klima- og skoginitiativet er eit døme på slikt samarbeid.

2 Hovudprioriteringar i Miljøverndepartementets budsjett for 2011

Regjeringa held fram med si sterke miljøsatsing i 2011. Dei siste åra har Miljøverndepartementet hatt god vekst i budsjetta, og det høge nivået blir ytterlegare auka neste år. Blant alle dei store og viktige miljøpolitiske oppgåvene er ivaretaking av naturmangfoldet og miljøinnsatsen i nordområda høgast prioritert i budsjettsamanheng i 2011. Miljøverndepartementet vil òg halde innsatsen i klimaarbeidet på eit høgt nivå. Miljøverndepartementet har mellom anna ansvar for klimaforhandlingane og leier arbeidet med å følgje opp utgreiinga Klimakur.

Regjeringas miljø- og klimasatsing er forankra i Soria Moria-erklæringa der ein ambisiøs miljøpolitikk står sentralt, og i Klimaforliket i Stortinget i 2008.

Miljøverndepartementets samla budsjettforslag for 2011 er på 4 585,1 mill. kroner, mot 4 280,2 mill. kroner i 2010. Dette er ein auke på 7,1 prosent. Med verknad frå 1. juli 2010 har Miljøverndepartementet tatt over ansvaret for tinglysinga frå Justisdepartementet. Miljøverndepartementet er tilført 190,6 mill. kroner til denne oppgåva i 2011.

I tråd med sektoransvarsprinsippet er det store miljø- og klimasatsingar på andre departement sine område, jamfør kapittel 3. Regjeringas samla miljø- og klimapolitikk omfattar såleis langt meir enn berre Miljøverndepartementet sitt budsjett.

Miljøpolitikken må byggje på kunnskap om naturtilstanden og om kjeldene for miljøproblema. Regjeringa satsar sterkt på vidare miljøforsking og på kunnskaps- og datainnhenting. Dei samla løyvingane til miljøforsking og miljøovervaking aukar med 5,5 prosent til 522,1 mill. kroner i 2011. Miljøforskingsinstitutta får ein auke i basisløyvingane på 9,1 mill. kroner. Det blir òg løyvd 1 mill. kroner til eit felles og heilskapleg norsk-russisk miljøovervakingssystem i Barentshavet. Tiltaket følgjer opp den nye miljøstatusrapporten for Barentshavet og tilrådingane frå den norsk-russiske miljøvernkommisjonen om ei forsvarleg forvaltning av Barentshavet.

Slik som dei fleste andre land har Noreg store utfordringar i arbeidet med å ta vare på mangfaldet i naturen. Den nye naturmangfaldlova som tok til å gjelde i 2009, har ført til ei opprioritering av arbeidet med å ta vare på arter og naturtypar. Ei av våre fremste oppgåver i denne samanhengen er å ta vare på den atlantiske villaksen. I 2011 legg regjeringa opp til å nytte 149,5 mill. kroner til villaksføremål. Dette er ein auke på 6,8 mill. kroner frå 2010. Til sikring av villreinen, som er ein norsk ansvarsart, blir det løyvd 16 mill. kroner. Til arbeidet med prioriterte arter og utvalde naturtypar føreslår regjeringa ein auke på 10 mill. kroner. Samla løyving i 2011 til dette føremålet vil bli på 48 mill. kroner. Til arbeidet for å ta vare på andre truga dyre- og plantearter blir det gjort framlegg om ei løyving på 43 mill. kroner i 2011. Dei samla løyvingane til rovvilt blir føreslått auka med 19 mill. kroner til 250,6 mill. kroner. Til artsprosjektet og arbeidet med ein naturindeks for Noreg blir det sett av 40 mill. kroner. I tillegg blir det føreslått ei løyving på 5 mill. kroner til Artsdatabanken.

Regjeringa gjer framlegg om ein auke i innsatsen til forvaltning og skjøtsel i verneområda med 20 mill. kroner til 243 mill. kroner i 2011. Ein stor del av auken vil gå til å gjennomføre den nye modellen for lokal forvaltning av verneområde.

Regjeringa vil òg auke løyvingane til arbeidet med å følgje opp EUs rammedirektiv for vatn (EUs vassrammedirektiv). I budsjettet for Miljøverndepartementet er det sett av i alt 48 mill. kroner i 2011, som er ein auke på 15 mill. kroner frå året før. I dette ligg oppbygging av kunnskap, forvaltningssystem og forvaltning knytt til gjennomføring av vassforskrifta.

I tillegg vil det bli arbeidd med å verne om økosystem og arter og tareskogane langs kysten. Satsinga for 2011 er ledd i ein opptrappingsplan som er vedteken av Stortinget.

Det blir og føreslått å løyve 26 mill. kroner til arbeidet med heilskapleg og økosystembasert forvaltning av dei norske havområda. Dette er ei styrking på 3 mill. kroner frå 2010.

Regjeringa styrkjer miljøinnsatsen i nord- og polarområda betydeleg i dette budsjettet. Løyvingane aukar med 21 prosent. Store delar av denne auken går til å styrke miljøarbeidet på Svalbard og til det nye FRAM-senteret i Tromsø (tidlegare Senter for klima og miljø) som får ein auke på 20 mill. kroner i 2010 til 37 mill. kroner i 2011. Satsinga er øyremerkt faglege aktivitetar, kompetanseoppbygging og forskaropplæring for å utvikle ny, og å halde oppe langsiktig, strategisk miljøkompetanse. Dette er nødvendig for at Senteret skal kunne søkje om midlar frå andre finansieringskjelder som forskingsprogram, EUs rammeprogram osb.

Regjeringa foreslår og ein auke til vern av kulturminne og kulturmiljø. Til vern og sikring av freda bygningar blir det løyvd 216,2 mill. kroner i 2011, som er ein auke på 3 mill. kroner frå 2010. Denne auken går til tekniske og industrielle kulturminne. I 2010 vart det starta eit omfattande arbeid med å betre kunnskapen om kulturminna. Til å vidareføre dette arbeidet føreslår regjeringa 14 mill. kroner i 2011.

Løyvinga til forvaltning og tilrettelegging i friluftsområda, blant anna oppfølging av Markalova for Oslomarka aukar med 2 mill. kroner i 2011.

I 2011 foreslår Regjeringa å auke løyvinga til vidare oppbygging av plan- og miljøkompetansen både regionalt og kommunalt med 1,7 mill. kroner. Samla innsats til denne oppgåva blir på 13,7 mill. kroner.

Løyvinga på 11 mill. kroner til arbeidet mot radioaktiv forureining blir ført vidare i 2011.

Løyvinga til den nasjonale miljøprøvebanken for miljøgifter blir ført vidare i 2011. Arbeidet med opprydding i forureina grunn og sjøbotn går òg vidare. Løyvinga er tilpassa venta utbetalingstakt i 2011. Innsatsen til konsesjonsbehandling og tilsyn i Klima- og forureiningsdirektoratet og hos fylkesmannen blir ført vidare på same nivå som i 2010.

Regjeringa fører vidare handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp gjennom ei auka løyving i 2011 på 4 mill. kroner, til 18 mill. kroner. Frå 2008 gjeld konkrete miljøkrav for statlege innkjøp innanfor prioriterte produktgrupper. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) skal følgje opp handlingsplanen på dei områda som gjeld miljøomsyn.

Løyvinga på 35 mill. kroner til prosjektet «Framtidas byar», som er eit samarbeid mellom staten og 13 bykommunar om eit betre miljø og reduserte klimagassutslepp, blir ført vidare i 2011. Innsatsen i Groruddalen held fram på same høge nivå som i 2010 med ei løyving på 33 mill. kroner.

Som vist i neste kapittel omfattar Regjeringas miljøpolitikk òg mange og viktige aktivitetar på andre departement sine budsjett. Dette gjeld ikkje minst på klima- og energifeltet, der Miljøverndepartementet har eit tett samarbeid med andre departement. Store miljørelaterte løyvingar som til dømes karbonfangst og lagring ligg på budsjettet til Olje- og energidepartementet. Dei store løyvingane til kollektivtrafikk ligg på Samferdselsdepartementets budsjett. Løyvinga til skog- og klimatiltak på Utanriksdepartementets budsjett er eit anna døme.

Miljøverndepartementet samarbeider med Nærings- og handelsdepartementet om ein nasjonal strategi for miljøteknologi. Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på til saman 167 mill. kroner til ei programsatsing på kommersialisering av miljøteknologi i 2011-budsjettet. Programmet er meint å vere tre-årig med ein samla ramme på 500 mill. kroner. Programmets målsetjing er å medverke til berekraftig næringsverksemd basert på miljøteknologi i Noreg og å medverke til å nå dei miljøpolitiske måla.

Løyvinga til statlege kvotekjøp ligg på Finansdepartementets budsjett. CO2-avgiftene blir presenterte av Finansdepartementet i skatte- og avgifts-proposisjonen. Arbeidet med å leggje om bilavgiftene i meir miljøvennleg retning blir ført vidare i 2011.

3 Miljøpolitiske satsingar på andre departement sine område

Regjeringa si miljøsatsing blir ført vidare i 2011. Denne satsinga skjer gjennom ei rad tiltak på dei fleste av departementa sine budsjett. I 2011 er dei samla miljøpolitiske løyvingane berekna til saman 37,9 mrd. kroner, som er på nivå med tilsvarande løyvingar i 2010. I denne summen inngår kjøp av klimakvotar på 415 mill. kroner. Blant miljøtiltaka som blir ført vidare og prioritert i 2011 er:

  • tiltak mot avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland

  • kollektivtrafikk og jernbaneutbygging

  • miljøteknologi

  • fornybar energi og energieffektivisering

Dei fleste aktivitetane i samfunnet kan påverke miljøet på ein eller annan måte. Å ta miljøomsyn er derfor ei viktig oppgåve på alle samfunnsområde og eit krav til alle departementa. Miljøomsyn inneber både å førebyggje miljøbelastningar og å rydde opp der ein har skada miljøet. Både den økonomiske politikken generelt og politikken i dei einskilde sektorane må byggje på omsyn til miljøet. Ein heilskapleg miljøpolitikk krev òg at tiltak og verkemiddel på mange område blir samordna og tilpassa til kvarandre. På denne måten handlar miljøvern om korleis vi organiserer og innrettar samfunnet vårt, om dei val og prioriteringar vi gjer og om korleis vi bruker fellesskapet sine ressursar.

Miljøprofilen i Regjeringas budsjettforslag viser kor stor del av budsjetta som blir nytta til miljøføremål. Miljøtiltak er her definerte og avgrensa slik:

  • utgiftene må i sin heilskap nyttast til miljøforbetringar, eller

  • miljøomsynet må vere avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomført, eller

  • utgiftene skal motverke negative miljøeffektar av sektorpolitiske tiltak elles (førebyggjande tiltak)

Tabellen på side 22 viser utgifter til miljøtiltak i statsbudsjettet for 2011 fordelte på departementa. Det går her fram at mange departement bruker store økonomiske midlar til miljøgrunngitte tiltak, i tråd med sektoransvarsprinsippet i miljøpolitikken. Miljøverndepartementets budsjett utgjer ein viktig men avgrensa del av dei samla miljøgrunngitte løyvingane, slik desse er definerte her.

Ei slik oversikt som her er gitt vil innehalde ein god del skjøn. Mange tiltak kan grunngjevast på fleire måtar og skal medverke til å nå ulike mål. Miljøtiltaka er òg svært ulike; her finn ein både førebyggjande tiltak i form av til dømes kystvaktoppgåver, klassisk naturvern slik som etablering av verneområde, opprydding i forureina grunn og satsingar som gir størst effekt saman med andre typar tiltak, slik som jernbaneutbygging og støtte til kollektivtrafikk. Nokre tiltak er langsiktige, slik som forsking, mens andre gir meir direkte verknader. Miljøvern er ein dimensjon ved all samfunnsaktivitet, noko som gjer feltet svært ueinsarta og dermed komplisert å omtale på ein fullgod måte i form av samla budsjettal. Endra definisjonar eller endringar i arbeidsdelinga mellom departementa vil òg kunne føre til at nokre tal ikkje fullt ut kan jamførast frå eitt år til det neste. Tabellen gir derfor berre eit grovt bilete av Regjeringas miljøsatsing, og tala må tolkast med stor varsemd.

Miljøpolitikk handlar likevel ikkje berre om løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar òg avgjerder som ikkje har direkte budsjettkonsekvensar. Dette kan vere å hindre miljøskadelege inngrep i naturen, reformer og regelendringar som skal gjere det lettare å ta miljøomsyn i offentleg og privat planlegging, skattar og avgifter på miljøskadeleg produksjon og forbruk o.a.

Nedanfor er nokre av departementa sine miljøtiltak kort omtalte. Ein viser elles til departementa sine eigne budsjettproposisjonar for ein nærare gjennomgang av tiltaka.

Olje- og energidepartementet vil bruke 4 154 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2011.

I 2007 oppretta Regjeringa eit Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering (Grunnfondet). Fondskapitalen er etter siste innskot i 2010 på 25 mrd. kroner. Avkastinga frå Grunnfondet i 2011 er på totalt 996 mill. kroner. Av desse er 40 mill. kroner føreslått løyvd til tilskotsordninga for elektrisitetssparing i hushald, medan 956 mill. kroner føreslås overført til Energifondet. Det blir vidare gjort framlegg om ei løyving på 20 mill. kroner til Energifondet, til demonstrasjon og utvikling av havenergi. I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet får Energifondet inntekter frå eit påslag på nettariffen på 1 øre/kWh, som er berekna til 760 mill. kroner, og renteinntekter på om lag 114 mill. kroner i 2011. Energifondet sine samla inntekter i 2011 er berekna til 1 850 mill. kroner.

Til forsking på miljørelevant teknologi (i energisektoren, i petroleumssektoren og til CCS) blir det gjort framlegg om 500 mill. kroner over Noregs forskingsråds budsjett. Det blir gjort framlegg om å føre vidare løyvingane til forskingsprogrammet RENERGI. RENERGI stør mellom anna forsking og utvikling knytt til effektive og fornybare energiteknologiar og til effektive energisystem der miljøomsyn står sentralt. Til satsing og oppfølging av CO2-handteringsprosjekta på blant anna Mongstad (fangst, transport og lagring) er det samla føreslått om lag 2,4 mrd. kroner.

Arbeidet med å nå målet om null miljøfarlege utslepp til sjø frå petroleumsverksemda blir ført vidare. Regjeringa legg framleis vekt på å redusere CO2-utsleppa frå norsk sokkel.

Samferdselsdepartementet legg opp til å nytte 11,9 mrd. kroner til miljørelaterte tiltak i 2011, mot 10,7 mrd. kroner i 2010. Det blir auka satsing på jernbane og annan kollektivtransport. Til investeringar, vedlikehald og drift i jernbanenettet vil det bli løyvd 9,3 mrd. kroner, mot 8,4 mrd. kroner i saldert budsjett 2010. Desse tiltaka skal betre kapasiteten og regulariteten i trafikkavviklinga og gi rom for å føre over meir gods- og persontransport til jernbane. Det omfattande arbeidet med det nye dobbeltsporet på Drammenbanen og fornyinga av infrastrukturen i Oslo-området går vidare. Når den fem kilometer lange Bærumstunnelen står ferdig neste sommar vil det vere fire spor heile vegen mellom Lysaker og Asker. Dette vil auke kapasiteten i vestkorridoren vesentleg. 2011 vil òg bli prega av store moderniseringsprosjekt på Vestfoldbanen: Det nye dobbeltsporet Barkåker-Tønsberg skal stå ferdig neste haust og arbeidet er nettopp starta på det 15 kilometer lange dobbeltsporanlegget Holm-Nykirke, med ny Holmestrand stasjon inne i fjellet. Det store prosjektet Oslo-Ski får ei løyving på 366 mill. kroner i 2011. Den nye Gevingåsen tunnel på strekninga mellom Trondheim og Stjørdal vil etter planen bli teken i bruk hausten 2011.

Det er vidare ei auke på til saman 300 mill. kroner til miljøtiltak, kollektivtiltak og til gang- og sykkeltiltak langs riksvegnettet, og til belønningsordninga for å stimulere til auka kollektivtrafikk i dei større byområda.

Det er berekna at Justis- og politidepartementet bruker om lag 83 mill. kroner til ulike miljørelaterte tiltak i 2011. Dette omfattar òg dei viktige miljøoppgåvene til Sysselmannen på Svalbard. Svalbard har særlege miljøutfordringar. Det er no mellom anna på høyring eit forslag om å innføre forbod mot bruk av tungolje på øygruppa. For departementet er det ei prioritert oppgåve å motverke miljøkriminalitet. Dei største utfordringane er knytte til kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske i Barentshavet, rømt oppdrettsfisk, kunst og kulturminne og forureining. I Økokrim blir miljøkriminalitet følgt opp av eit eige miljøteam og av eigne miljøkoordinatorar i politidistrikta.

Fiskeri- og kystdepartementets budsjett vil om lag 1,4 mrd. kroner nyttast til ulike miljøtiltak i 2011. Nedgangen frå 2010 følgjer i hovudsak av lågare utgiftar til handtering av ubåten U-864 utanfor Fedje i Hordaland, i påvente av utgreiing av konseptval og kvalitetssikring av prosjektet. Det vert gjort framlegg om auka løyvingar til forsking som på klima, havressursar og berekraftig havbruk og til auka tilsyn og kontroll med havbruksnæringa. Den nye havressurslova set rammer for ei heilskapleg, økosystembasert forvaltning. Dette krev blant anna auka innsats for overvaking. Det blir ein auke i løyvinga til slepeberedskapen på Vestlandet, på 30 mill. kroner.

Kommunal- og regionaldepartementet vil i 2011 nytte om lag 90 mill. kroner på miljørelaterte tiltak, i hovudsak knytt til bustader, bumiljø og bygg. Det er eit viktig mål å redusere energibruken i bustader og bygningar. Miljøhandlingsplanen for bustad- og byggsektoren 2009-2012 «Bygg for framtida» blir følgt opp vidare. Her inngår mellom anna å formidle kunnskap om energi- og andre miljøkrav i den nye plan- og bygningslova.

Forskriftene til lova inneheld blant anna skjerpa krav til fornybar energi til oppvarming i nye bygg. Kommunal- og regionaldepartementet vil òg bidra i samarbeidsprogramma Framtidas byar og Lågenergiprogrammet i 2011.

Framlegget til statsbudsjett inneber at Utanriksdepartementet vil nytte 7 091 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2011, mot 6 192 mill. kroner i 2010. Regjeringa vidarefører innsatsen mot avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland, som utgjer nær ein sjettedel av dei samla klimagassutsleppa i verda. Klima- og skogkonferansen i Oslo i mai i år la grunnlaget for eit styrkt internasjonalt samarbeid om desse spørsmåla. Arbeidet vil bli følgt opp i 2011. Innsatsen til rein energi og klimatilpassing aukar.

Noreg skal vere ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljøverdiane i nordområda. Miljøsamarbeidet med Russland omfattar økosystembasert forvaltning av heile Barentshavet. Samarbeidet om klimaendringar og følgjene av dei skal og byggjast opp. Samarbeidet om miljøforvaltning i grenseområdet og overvaking av forureiningane frå Nikel skal førast vidare og styrkjast. Det same gjeld samarbeidet om kontroll av petroleums-verksemd offshore, forureiningskontroll og handtering av miljøfarleg avfall. Atomsikringssamarbeidet med Russland skal mellom anna medverke til å redusere risikoen for ulukker og forureining, hindre at radioaktivt materiale kjem bort og styrke russisk forvaltning på området. Hovudprioriteringar i 2011 vil vere å sikre og å rehabilitere lageranlegget for brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall i Andrejevbukta på Kola, og å føre vidare arbeidet med å fjerne strålefarlege kjelder frå fyrlykter i russisk del av Austersjøen.

Satsinga på klima i utviklingssamarbeidet skal både medverke til å redusere klimaskadelige utslepp og å lette dei fattige landa si tilpassing til klimaendringane. Regjeringa vil derfor auke løyvingane til klimatilpassing. Noreg prioriterer og å hjelpe utviklingslanda i å utnytte fornybare energiressurser (vassraft, sol og vind), i staden for ytterligere bruk av fossile energikjelder. Det norske initiativet «rein energi for utvikling» utgjer ein sentral del av den samla norske politikken på klima- og energiområdet. Satsinga på rein energi blir styrka i 2011-budsjettet.

Norge har gjort framlegg om å øyremerke nær en firedel av våre bidrag til EØS-finansieringsordningene i neste periode til miljø- og klimatiltak i dei nye medlemslanda, inkl. Utanriksdepartementets særskilte satsing på karbonfangst og -lagring. Om lag 1,3 mrd. kroner er sett av til demonstrasjonsprosjekt og program i utvalde EU-land.

Forsvarsdepartementets budsjett er det berekna at i alt 1 mrd. kroner går til miljøtiltak i 2011. Kystvaktas oppgåver i samband med miljø- og ressurs-overvaking utgjer om lag 60 prosent av dei miljørelaterte utgiftene under Forsvarsdepartementet, slik dei her er definerte. Gjennom mange år har Forsvaret sine aktivitetar medført ulike former for forureining av grunn og sjø. Store skyte- og øvingsfelt har og medført belastningar på naturmiljøet. Opprydding i tidlegare skyte- og øvingsfelt og andre eigedomar som blir avhenda, blant anna det store Hjerkinn skytefelt på Dovrefjell, blir ført vidare i 2011. På fleire stader som Forsvaret forlèt, blir det lagt til rette for friluftsliv.

På Landbruks- og matdepartementet sitt område vert det gjort framlegg om ein auke i dei miljørelaterte utgiftene på 175 mill. kroner, frå 4 946 mill. kroner i 2010 til 5 121 mill. kroner i 2011. Den langt største delen av desse midla (90 prosent) går over Jordbruksavtala. Kulturlandskap, vassmiljø og klima er prioriterte i avtala i år (med budsjettverknad for 2011). Midla til miljø- og klimatiltak i Jordbruksavtala går opp med 154 mill. kroner, som blant anna er fordelt på tiltak for å sikre eit ope og variert jordbruks- og kulturlandskap, redusert forureining frå jordbruket og tiltak for å betre vasskvaliteten i det sentrale austlandsområdet.

Barne- og likestillingsdepartementet har ansvar for Regjeringas forbrukar-politikk. På dette feltet blir det i 2011 løyvd 7,5 mill. kroner til ulike miljørelaterte føremål, mot 6 mill. kroner i 2010. Departementet vil arbeide for å skape auka medvit om berekraftig forbruk og medverke til å konkretisere kva dette betyr i praksis. Ein vil føre vidare den økonomiske støtta til miljømerka Svanen og EU-blomen.

Nærings- og handelsdepartementets område går om lag 625 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2011, mot 655 mill. kroner i 2009. Her inngår mellom anna ei løyving på 117 mill. kroner til den etablerte ordninga for miljøteknologi i Innovasjon Norge. Regjeringa si satsing på miljøteknologi har som mål å få til auka kommersialisering av slik teknologi, å medverke til berekraftig næringsverksemd og å bidra til å nå de miljøpolitiske måla, til dømes klimamål i transportsektoren og reduserte klimagassutslipp generelt.

Finansdepartementet har ansvaret for kjøp og sal av klimakvoter. Gjennom Kyoto-avtalen har Noreg fått tildelt 50,1 mill. kvoter per år. Ein har høve til å utstede ytterlegare 1,5 mill. kvoter årleg, knytt til tilvekst i skog. Når ein tek omsyn til netto tilførsel av kvoter gjennom det europeiske kvotesystemet, er det no på usikkert grunnlag berekna at staten har eit årleg overskot på 3-4 millionar kvoter i gjennomsnitt. Det er vedteke at Noreg skal overoppfylle Kyoto-avtalen for noverande periode (2008-2012) med 10 pst. I tillegg har Regjeringa valt å overoppfylle med 1,5 mill. tonn CO2 per år gjennom å avstå frå å bruke kvoter med opphav i tilvekst i skog. Som avbøtande tiltak for at fanga CO2 blir slept ut frå teknologisenteret på Mongstad, blir det lagt til grunn at det skal kjøpast 100 000 utsleppskvoter for kvart år anlegget er i drift, fram til anlegget er knytt til ei fullskala transport- og lagringsløysing. For 2011 blir det gjort framlegg om ei løyving på 415 mill. kroner til kjøp av klimakvoter og ein fullmakt til å inngå avtaler om kjøp av utsleppskvotar innafor ei samla ramme på 3 450 mill. kroner. Løyvinga er sterkt redusert i høve til 2010, mellom anna fordi klimagassutsleppa nasjonalt har gått ned dei siste åra, slik at behovet for kvotekjøp er redusert. Til kjøp av klimakvoter for statstilsette sine internasjonale tenestereiser med fly blir det gjort framlegg om ei løyving på 10 mill. kroner.

Tabell 3.1 Miljøtiltak i statsbudsjettet for 2011 (i mill. kroner)

Departement

2010

Forslag 2011

Arbeidsdepartementet2)

-

-

Barne-, likestillings- og inkluderings-departementet

6,2

7,5

Finansdepartementet3)

1 240,5

435,0

Fiskeri- og kystdepartementet

1 959,5

1408,0

Forsvarsdepartementet

1 016,8

1 149,6

Helse- og omsorgsdepartementet 4)

-

-

Justis- og politidepartementet

81,1

83,2

Kommunal- og regionaldepartementet

86,0

90,0

Kunnskapsdepartementet

504,8

504,0

Kulturdepartementet

919,9

972,1

Landbruks- og matdepartementet

4 946,0

5 121,0

Miljøverndepartementet5)

4 072,0

4 184,0

Fornyings-, administrasjons- og kyrkje-departementet6)7)

167,0

167,0

Nærings- og handelsdepartementet

655,0

625,0

Olje- og energidepartementet

5 069,4

4 154,0

Samferdelsdepartementet

10 700,0

11 900,0

Utanriksdepartementet8)

6 192,0

7 091,0

Sum alle departementa

37 616,2

37 891,4

1 Denne kolonnen inneheld tal både frå budsjettproposisjonen 2010 og frå saldert budsjett. For nokre departement kan òg tilleggsmidlar frå Regjeringas krisepakke inngå i 2010-tala. Alle 2010-tala er såleis ikkje berekna på same måte. Dette må ein ta omsyn til ved samanlikning av tala frå 2010 med budsjettframlegget for 2011.

2 Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ikkje budsjettpostar som fell inn under miljøomgrepet slik det her er definert.

3 Løyving til kjøp av klimakvotar er inkludert her.

4 Helse- og omsorgsdepartementets miljørelaterte tiltak går ikkje direkte fram av budsjettoppstillingane. Budsjettal er derfor utelatne her.

5 Miljøverndepartementets budsjettal her omfattar ikkje Tinglysinga og berre halvdelen av dei øvrige utgiftene til Statens Kartverk. Årsaka til dette er at denne etaten tener ei rekkje føremål i tillegg til dei miljøfaglege.

6 Tala omfattar ikkje Statsbygg/rehabilitering av verneverdige statlege bygningar. Enøk-tiltak i regi av Statsbygg er tekne med.

7 Denne posten omfattar òg utgifter til Fylkesmannens miljøvernavdeling. For 2011 er desse utgiftene berekna til 155 mill. kroner.

8 Norsk bistandspolitikk byggjer på standardar som er fastsette i OECD/DAC. Definisjonen av miljøtiltak avvik noko frå Miljøverndepartementets definisjon.

Som nemnt over er miljøtiltak på andre departement sine område nærare omtalte i budsjettproposisjonane frå dei einskilde departementa. Her finn ein òg ei omtale av:

  • utfordringar knytte til miljø- og ressursforvaltning på departementa sine ansvarsområde

  • mål for departementa sitt arbeid med desse utfordringane

  • oppnådde resultat i 2009

  • ressurs- og miljøtiltak i budsjettforslaget for 2011.

4 Oversiktstabellar

4.1 Merknader til budsjettframlegget

Regjeringa foreslår ei samla løyving til Miljøverndepartementet på 4 585,1 mill. kroner på utgiftssida og 1 351,7 mill. kroner på inntektssida.

4.2 Utgifter

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

1400

Miljøverndepartementet

616 773

580 468

580 098

-0,1

1410

Miljøvernforsking og miljøovervaking

465 140

494 733

522 135

5,5

Sum kategori 12.10

1 081 913

1 075 201

1 102 233

2,5

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

1425

Vilt- og fisketiltak

75 034

78 075

80 100

2,6

1426

Statens naturoppsyn

209 114

202 000

211 832

4,9

1427

Direktoratet for naturforvaltning

1 076 082

1 057 265

1 104 031

4,4

Sum kategori 12.20

1 360 230

1 337 340

1 395 963

4,4

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

1429

Riksantikvaren

625 572

426 451

429 965

0,8

1432

Norsk kulturminnefond

447 171

55 230

59 480

7,7

Sum kategori 12.30

1 072 743

481 681

489 445

1,6

Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

1441

Klima- og forureiningsdirektoratet

588 105

708 407

655 482

-7,5

1445

Miljøvennleg skipsfart

2 940

4 000

4 000

0,0

1447

Miljøomsyn i offentlege innkjøp

9 895

14 000

18 000

28,6

1448

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

11 000

Sum kategori 12.40

600 940

726 407

688 482

-5,2

Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

1465

Statens kartverk, arbeid med tinglysing og nasjonal geografisk infrastruktur

390 917

403 445

601 685

49,1

2465

Statens kartverk

16 632

12 000

12 000

0,0

Sum kategori 12.50

407 549

415 445

613 685

47,7

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

1471

Norsk Polarinstitutt

249 183

204 724

246 520

20,4

1472

Svalbard miljøvernfond

13 980

11 450

11 730

2,4

1473

Radioaktiv forureining av det ytre miljø

11 000

-100,0

1474

Senter for klima og miljø

17 000

37 023

117,8

Sum kategori 12.60

263 163

244 174

295 273

20,9

4.3 Inntekter

Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

4400

Miljøverndepartementet

12 780

1 293

1 777

37,4

4410

Miljøvernforsking og miljøovervaking

4 000

Sum kategori 12.10

16 780

1 293

1 777

37,4

Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

4425

Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond

77 942

4426

Statens naturoppsyn

309

192

248

29,2

4427

Direktoratet for naturforvaltning

25 541

11 158

12 409

11,2

5578

Sektoravgifter under Miljøverndepartementet

86 575

88 600

2,3

Sum kategori 12.20

103 792

97 925

101 257

3,4

Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

4429

Riksantikvaren

12 073

5 221

5 383

3,1

4432

Norsk kulturminnefond

47 171

55 230

59 480

7,7

Sum kategori 12.30

59 244

60 451

64 863

7,3

Inntekter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

4441

Klima- og forureiningsdirektoratet

68 238

81 350

78 232

-3,8

Sum kategori 12.40

68 238

81 350

78 232

-3,8

Inntekter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

4465

Statens kartverk, arbeid med tinglysing og nasjonal geografisk infrastruktur

1 023 305

5465

Statens kartverk

24

Sum kategori 12.50

24

1 023 305

Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

4471

Norsk Polarinstitutt

82 117

41 232

70 510

71,0

4472

Svalbard miljøvernfond

44

25

25

0,0

5578

Sektoravgifter under Miljøverndepartementet

13 936

11 425

11 705

2,5

Sum kategori 12.60

96 097

52 682

82 240

56,1

Utgifter fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

01-01

Driftsutgifter

1 022 395

1 087 461

1 366 650

25,7

11-23

Varer og tenester

1 137 014

1 085 170

1 140 503

5,1

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

512 304

529 024

451 084

-14,7

50-59

Overføringar til andre statsrekneskaper

345 576

383 523

411 295

7,2

60-69

Overføringar til kommunar

26 390

10 000

6 000

-40,0

70-89

Overføringar til private

1 342 859

1 185 070

1 209 549

2,1

90-99

Utlån, avdrag m.v.

400 000

Sum under departementet

4 786 538

4 280 248

4 585 081

7,1

Inntekter fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

01-29

Sal av varer og tenester m.v.

197 603

137 372

1 188 790

765,4

50-91

Skattar, avgifter og andre overføringar

146 548

156 329

162 884

4,2

Sum under departementet

344 151

293 701

1 351 674

360,2

Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

Det blir foreslått å knyte stikkordet «kan overførast» til dei postane som er viste i tabellen nedanfor. Dette er postar der det knyter seg stor uvisse til utbetalingsår. For å kunne sikre utbetaling av tilsegn om tilskot i 2010 og tidlegare år, må postane tilføyast stikkordet «kan overførast».

**Under Miljøverndepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2010

Forslag 2011

Grunngjeving for stikkordet

1400

22

Spesielle driftsutgifter knytte til lokalt miljøvern og universell utforming

505

3 000

1400

72

Miljøverntiltak i nordområda

300

1400

73

Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk

902

18 750

1400

74

Tilskot til AMAP

3 700

1400

75

Miljøvennleg byutvikling

5 795

31 000

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak

936

20 696

1400

80

Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle

268

600

1400

81

Tilskot til byutvikling og lokalt miljøvern

6 555

27 000

1425

61

Tilskot til kommunale vilttiltak

121

1425

70

Tilskot til fiskeformål

278

9 000

1425

71

Tilskot til viltformål

7 174

43 500

1427

70

Tilskot til kalking og lokale fiskeformål

487

88 000

1427

71

Forvaltningstiltak i verdensarvsområde

5

9 600

1427

73

Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga

7 114

68 100

1427

74

Tilskot til friluftslivstiltak

149

20 693

1427

76

Nasjonalparksenter og andre naturinformasjonssenter

37 000

1427

77

Tilskot til nasjonalparksenter

387

1427

78

Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd

8 000

1427

81

Verdiskapingsprogram for naturarven

10 000

1427

82

Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar

28 000

1429

72

Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø

11 116

216 212

1429

73

Brannsikring og beredskapstiltak

5 517

11 953

1429

74

Fartøyvern

83

42 004

1429

75

Internasjonalt samarbeid

2

1 100

1429

77

Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

1 212

3 000

1429

78

Tilskot til avgjerdsgrunnlag for utøving av mynde innan arkeologi

378

6 500

1465

21

Spesielle driftsutgifter

6 696

411 066

1471

21

Spesielle driftsutgifter

4 713

61 895

1474

50

Tilskot til stateleg mottakarar

13 000

1474

70

Tilskot til private mottakarar

20 000

5 Om oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget

Miljøverndepartementet har ingen oppmodingsvedtak som er følgt opp i denne proposisjonen.

Til forsida