Prop. 1 S (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 — Utgiftskapittel: 1400–1474 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4471 og 5578

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av Miljøverndepartementets resultatområde og verkemiddel

7 Oversikt over resultatområde og verkemiddel

Miljøverndepartementet har gjennom lang tid delt opp miljøpolitikken i resultatområde. Frå 2012 er det valt ei ny tilnærming og inndeling. Resultatområda er meir einsarta, det er etablert eit klarare skilje mellom verkemiddel og dei miljøpolitiske resultatområda og det er lagt økt vekt på økosystema i arbeidet. Ein får no betre fram korleis verkemidla på eit overordna nivå gjeld alle dei miljøpolitiske resultatområda, og at dei er viktige reiskap for å oppnå resultat i miljøpolitikken. Samstundes kan ein no for eksempel lese samla både om viktige utfordringar som marin naturforvaltning, akvakultur, tareskog, oljeforureining og strandsone under Resultatområde 1 – Levande hav og kyst, samstundes som det kjem fram korleis plan- og bygningslova vert nytta for å hindre nedbygging i strandsona.

Resultatområda har fått namn som folk flest lettare vil kunne kjenne igjen. Den nye strukturen skal sikre ei enklare formidling av miljøpolitikken og medverke til auka interesse for miljøpolitikk og miljøvern.

Figur 7.1 Miljøpolitiske resultatområde

Figur 7.1 Miljøpolitiske resultatområde

Dei seinare åra var miljøpolitikken delt inn i 7 resultatområde. Fleire av desse er delt opp i den nye strukturen. Mellom anna er friluftsliv no eit eige resultatområde. Det same gjeld klima som er skilt frå luftforureiningar. Innanfor naturmangfald er dei ulike økosystema skilt ut for å synliggjere at dei er ulike, noko som forenklar framstillinga av både tilstand, påverknader og regjeringas politikk på det enkelte område. Inndelinga av økosystema er i hovudsak basert på inndelinga i Naturindeks for Norge 2010.

Måla frå Prop. 1 S (2010-2011) er flytta inn i den nye strukturen. På resultatområde 1–6 er mange mål justerte eller heilt nye, blant annet som ein følgje av resultata frå partsmøtet for Konvensjonen om biologisk mangfald i Japan i 2010. Andre mål er justerte eller tekne ut. Ein gjer merksam på at det er gitt ei samla rapportering på måla i Prop. 1 S (2010-2011) til slutt i del III.

Kvart resultatområde gir ei samla framstilling av omfang, tilstand og påverknader. Det går òg fram korleis ein skal nå dei nasjonale måla.

Dei viktigaste verkemidla i miljøforvaltninga er kunnskap, regelverk og system, og internasjonalt samarbeid. Tidlegare har verkemidla til dels hatt eigne resultatområde. Dei er no skilte ut og løfta fram. Årsaka til dette er at verkemidla gjeld alle dei miljøpolitiske resultatområda.

Verkemidla representerer grunnleggjande føresetnader for å oppnå resultat i miljøpolitikken. Miljømåla på kvart resultatområde er heilt avhengige av dei verkemidla miljøforvaltninga og andre sektorar har til disposisjon, anten det gjeld internasjonalt arbeid eller kunnskap. Samfunnsplanlegging er eit av eksempla på eit viktig overgripande system som er eit reiskap for å nå dei miljøpolitiske måla. God planlegging føreset plan- og miljøkompetanse og tilgang på oppdaterte grunnlagsdata. Statens kartverk forvaltar og utviklar geografisk infrastruktur og eigedomsinformasjon som er viktig for heile samfunnet, både offentleg sektor, privat næringsliv og den einskilde.

8 Kunnskap

Miljøvernpolitikken og all forvaltning av natur og miljø skal vere kunnskapsbasert, og jo meir kunnskap vi har jo meir presis og effektiv forvaltning får vi. Dette er fundamentet for miljøpolitikken og er forankre i naturmangfaldlovens kap. II, og gjeld alle beslutningar som rør ved naturmangfald uavhengig av lovverk. Kunnskapen blir bygd opp gjennom forsking, kartlegging, overvaking, miljøstatistikk og ulike former for rapportering. Grunnleggjande geografisk informasjon som miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata er òg ein føresetnad for god miljøpolitikk. Kunnskapsoppbygging på miljøområdet er heilt avhengig av fagleg samarbeid på tvers av faggrenser og sektorar. Sektoransvaret står sentralt i for miljøarbeidet, og miljøomsyn skal ivaretakast innan rammene av styresmaktene sitt sektoransvar, inkludert forsking og overvaking.

Utviklinga av miljøpolitikken krev eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag.

Kunnskap om miljø og naturmangfaldet er i aukande grad ein viktig føresetnad for avgjerder som blir fatta på mange samfunnsområde.

Kunnskapen blir bygt opp gjennom forsking, kartlegging, overvaking, miljøstatistikk og ulike former for rapportering. Miljøovervakinga tek i utgangspunktet for seg kjente problemstillingar og må vere langsiktig, stabil og føreseieleg. Miljøforskinga medverkar til å avdekke og avklare nye problemstillingar, men er samtidig eit viktig supplement og korrektiv til miljøovervakinga. Kartlegging gir oss kunnskap om førekomstar og utbreiing av arter og naturtypar, og kunnskap om kor mange og kva slag arter vi har og kva livsmiljø dei er knytte til. For både forsking og overvaking er lange tidsseriar av avgjerande betydning når nye situasjonar oppstår. Rapporteringa skjer gjerne til databasar som dekkjer spesielle fagområde, f. eks. Naturbase (naturtypar, arter, statleg sikra friluftslivsområde, naturvernområde), Artskart (i regi av Artsdatabanken), Forureining, Askeladden (kulturminne) m. fl. Rapporteringsdata kjem frå både offentlege og private kjelder og kan vere lovpålagt eller frivillig. Spesielt kan nemnast KOSTRA (KOmmune STat RApportering), som skal omfatte all rapportering frå kommunane til staten (også på andre område enn miljø), med unntak av den rapporteringa til sentrale databasar som allereie er pålagt. Miljøforvaltninga samarbeider med Statistisk sentralbyrå om utvikling og produksjon av miljøstatistikk, som i hovudsak er basert på data som er henta inn gjennom overvaking og rapportering. Miljødata er stort sett stadfesta (koordinatbestemte), og det er lagt stor vekt på å utvikle digitale kart og system for å handtere geografisk informasjon. Noreg digitalt har vist seg å ha stor betydning for utveksling av stadfesta informasjon på tvers av institusjonar og forvaltningsområde. Miljøstatus i Noreg, miljøstatus.no gir oppdatert informasjonen om tilstand og utvikling for miljøet. Her er presentert miljøkunnskap i ein samanheng. Eit vesentleg mål er å skape forståing for samanhengane mellom miljøet sin tilstand, kva som påverkar den, konsekvensar og tiltak. Miljøstatus i Noreg inneheld miljødata for fleire viktige miljøtema. Nettstaden har i tillegg ei eiga kartløysing.

Boks 8.1 Miljøovervaking gir grunnlag for å oppdage nye problem og grunnlag for tiltak

I 2002 synte da5ta frå miljøovervaking at det var forhøgde verdiar av miljøfarlege flammehemmarar nord i Mjøsa. På dette tidspunktet var allereie nokre av desse stoffa oppførte på Noregs liste over stoff som skal avgrensast eller fasast ut.

Fordi vi hadde prøver av lagesild som var lagra i ein forløpar til Miljøprøvebanken kunne vi òg fastslå når dei skadelege utsleppa starta. Med bakgrunn i denne informasjonen kunne tiltak setjast i verk og vidare overvaking viste at vi allereie i 2010 hadde komme ned på det nivået som var før utsleppa starta.

Eksemplet viser kor viktig regelmessig miljøovervaking er og illustrerer i tillegg betydninga av lange tidsseriar for miljødata. Dette viser òg kor viktig det er med ein nasjonal miljøprøvebank der lagra prøver raskt bidreg til å fastslå bakgrunnsnivå og historiske trendar.

Noreg var tidleg ute med å fokusere på bromerte flammehemmarar, og skaffe data som kunne byggje opp under viktigheita av å fase ut fleire av stoffa. Norske data medverka til at EU forbaud dei første flammehemmarane i 2003.

Figur 8.1 Bromerte flammehemmarar i lagesild

Figur 8.1 Bromerte flammehemmarar i lagesild

Kjelde: Klima- og forureiningsdirektoratet

Like viktig som kunnskapsinnhenting er oppgåva med å formidle kunnskapen til allmenta og avgjerdsstakarar. Miljøkunnskap og miljøutfordringar er ein sentral del av avgjerdsprosessar både i offentleg og privat sektor.

Ein betydeleg del av kunnskapsoppbygginga skjer gjennom utdanningsinstitusjonane. Både grunnopplæringa, under dette fagopplæringa, og høgare utdanningsinstitusjonar tilfører nye generasjonar kunnskap, haldningar og dugleik som kan medverke til ei berekraftig utvikling. Media, internett og bibliotek spelar òg ei viktig rolle i formidling av miljøkunnskap. Produktinformasjon og grøne sertifiseringsordningar er òg kjelder til slik kunnskap.

Å hente inn og å spreie slik kunnskap er ei av dei viktigaste oppgåvene for miljøforvaltninga. Auka kunnskap i folket om miljøutfordringar og om samanhengane i naturen stimulerar miljøinteressa og medverkar til auka aksept for miljøpolitiske tiltak og verkemiddel. Pressa og frivillige organisasjonar er i denne samanhengen særleg viktige målgrupper for miljøforvaltninga sitt informasjonsarbeid. Moderne informasjonsteknologi blir i aukande grad teken i bruk for å effektivisere samhandlinga i miljøforvaltninga og med publikum.

Komplekse problem krev heilskapelege løysingar

For betre å kunne forstå miljøproblema sin komplekse natur og finne eigna løysingar, er det behov for både naturvitskapleg, samfunnsvitskapleg, kulturhistorisk og (relevant) teknologisk forsking. Identifisering og analyse av miljøskade og miljøkonsekvensar har ofte utgangspunkt i naturvitskaplege fag. Utvikling av tiltak og verkemiddel for å løyse miljøproblem, nasjonalt og internasjonalt, vil krevje eit fagleg grunnlag også frå samfunnsvitskapar som jus, økonomi og planlegging. Fleirfagleg og tverrfagleg fokusering og innretning vil derfor ofte vere nødvendig.

Sektoransvaret

Miljøpolitikken er karakterisert av overgripande problemstillingar der heilskapleg tankegang og avveging av ulike samfunnsinteresser er grunnleggjande for å få gjennomslag for tiltak. Kunnskapsoppbygging på miljøområdet er derfor heilt avhengig av fagleg samarbeid på tvers av faggrenser og sektorar. Mange av miljøutfordringane er i dag tverrsektorielle i forhold til styringssystemet både med omsyn til opphav, utbreiing og moglege løysingar. Sektoransvaret står sentralt i miljøarbeidet, og miljøomsyn skal ivaretakast innan rammene av styresmaktene sitt sektoransvar, inkludert forsking og overvaking. Dette inneber at sektorane har ansvar både for langsiktig kompetanseoppbygging for sektoren, og for meir forvaltningsretta overvakings- og forskingsaktivitetar innanfor miljøansvarsområda i eigen sektor. Felles forståing av verkelegheita og kunnskapsgrunnlaget mellom miljøforvaltninga og andre departement/viktige samfunnsaktørar er ein føresetnad for å møte miljøutfordringane på ein heilskapleg måte, og for å få til ein god og konstruktiv dialog.

Miljøforvaltninga tek vare på den langsiktige kompetanseoppbygginga både ved basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta og ved finansiering av visse grunnforskingsaktivitetar innanfor enkelte av forskingsprogramma i departementet sin programportefølje. Departementet sitt eige kunnskapsbehov blir teke vare på ved dei meir handlingsretta forskingsprogramma.

Miljøforskingsinstitutta har ei sentral og sjølvstendig rolle for utvikling av kunnskap som er naudsynt for god rådgiving i miljøspørsmål. Det er viktig og naudsynt at desse institutta kan tilby ein bred kompetansebase på høgt internasjonalt nivå, at dei samarbeider med dei beste internasjonale miljøa og har kapasitet og utstyr til å møte miljøforvaltningas behov. Basisløyvingane er heilt sentrale for å oppnå dette, og har dei siste åra blitt styrkte. St. meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forsking gav eit klart signal om behovet for ein slik styrking. I tillegg til basisløyvingane til miljøforskingsinstitutta blir dei fleste institutta òg tildelte nasjonale oppgåver. Dette skal bl.a. sikre at institutta har ressursar til fagleg rådgiving til miljøforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i internasjonale organ ved behov. I tillegg blir det òg gitt tilskot til infrastrukturtiltak ved institutta.

Næringslivet er på same måten ein viktig samarbeidspart. Det er eit overorda forskingspolitisk siktemål at næringslivet aukar sin innsats på forsking. Næringslivet har sjølv eit ansvar for kunnskap om miljøeffektar av eigen aktivitet. Det er òg viktig med innsats frå næringslivet for utvikling av miljøteknologi, blant anna nye miljøvennlege produkt og produksjonsprosessar jf eigen omtale av miljøteknologi.

Det internasjonale perspektivet

Mange miljøproblem er av ein slik karakter at dei ikkje kan løysast berre på nasjonalt nivå. Som ein følgje av dette må forskinga i større grad enn tidlegare forankrast i internasjonale aktivitetar. Det er derfor viktig at norske forskingsmiljø deltek i internasjonale forskingsaktivitetar, etablerer internasjonale kontaktar og inngår i internasjonale samarbeidskonstellasjonar der dette er føremålstenleg og kan gi utbytte.

Internasjonalt samarbeid er ofte nødvendig blant anna for å ivareta den faglege breidda, få utfyllande vitskapleg kompetanse eller av ressursomsyn. Dette vil gi best mogleg nasjonal nytte av internasjonal forsking, og ei god kopling og synergi mellom norske og internasjonale problemstillingar.

Ein rekkje av dei miljøutfordringane vi står overfor er grenseoverskridande, og eit godt kunnskapsgrunnlag basert på forsking og overvaking er òg ein føresetnad for at Noreg skal få gjennomslag i internasjonale forhandlingar om blant anna forpliktande utsleppsreduksjonar. Forskinga må derfor òg fokusere på at miljø- og utviklingspolitikken stadig blir meir global og internasjonalisert, med aukande tendens til bruk av multilaterale avtaler. Både utfordringa som følgjer av slike avtaler, internasjonal utvikling (for eksempel utviklingsmessige og økonomiske endringar i Asia), og internasjonale prosessar som kan påverke kunnskapsbehova på norsk side, bør gjerast synlege i dei meir nasjonalt retta forskingsaktivitetane.

Mange norske forskingsmiljø har i fleire år delteke i internasjonale forskingsprosjekt, og det er viktig å leggje til rette for ei vidareutvikling av internasjonalt forskingssamarbeid. Noreg er fullt medlem av EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Av størst interesse for miljøforvaltinga er delprogram «Environment (including climate change)». Viktig i denne samanheng er bl.a. det nye EU-verkemiddelet Joint Programming Initiatives (JPI). Dette er europeiske forskingsprogram som truleg kjem til å bli finansierte med nasjonale midlar og med eit visst bidrag frå EU.

EUs rammeprogram for forsking er Europas viktigaste arena for kunnskapsproduksjon, og gir bidrag til vidareutvikling av europeisk politikk for å møte felles utfordringar, ikkje minst på miljøområdet. Norske miljøstyresmakter deltek i styringa av miljøprogram og norske forskingsmiljø deltek aktivt i eit breitt spekter av forskingsprosjekt.

Forholdet mellom forsking og overvaking

Forsking er nødvendig for å sikre best moglege overvakingsdata, og overvakingsdata (inkl. lange tidsseriar) er viktig grunnlag for mykje forsking. Utforming av program og val av metodar og parameter i overvakinga skjer derfor i samarbeid mellom forvaltning og forskingsmiljø. Forskingsmiljøa sin kompetanse er òg sentral når overvakingsresultat skal tolkast.

Miljøforskinga har stor nytte av det kunnskapstilfanget som kjem fram gjennom overvaking. I praksis er skilnadene mellom dei ulike formene for datainnhenting ikkje alltid så store. Generelt sett er innsamling av overvakingsresultat langsiktig (5 – 100 år) og skjer etter standardiserte metodar, mens forsking trengst for å betre og utvikle metodikk for innsamling og tolking av data. Overvakingsdata gir forskarar høve til å analysere utviklingstrendar i miljøet, då dei same metodane er nytta over lange tidsperiodar. Forsking med utgangspunkt i slike data har derfor stor verdi for miljøforvaltninga.

Mange prosjekt og arbeidsmåtar ligg i grenseland mellom forsking, overvaking, og kartlegging. Det er derfor viktig, både fagleg, organisatorisk og økonomisk, å sjå ulike former for kunnskapsinnhenting i samanheng.

Satellittdata har vist seg å vere eit svært godt grunnlag for å visualisere landskapsrelaterte problemstillingar. Det er likevel behov for meir kunnskap om korleis satellittdata innanfor miljøforvaltninga sine fagområde kan supplere og rasjonalisere eksisterande metodikk, og medverke til større målretting og presisjon i nødvendig feltarbeid. Satellittdata er særleg aktuelt for problemstillingar knytte til overvaking av endringar i arealbruk, utvikling av kulturminnebestanden, effektar av utmarksturisme, utvikling i polarområda, og overvaking av klimaendringar.

Kunnskapsbehov for dei enkelte resultatområda er omtalt under omtalen av desse.

Kunnskap om naturmangfaldet

Stortinget har vedteke at forvaltninga av naturmangfaldet skal vere kunnskapsbasert. Også i naturmangfaldlova § 8 og i eit av dei nye globale måla for å ta vare på naturmangfaldet er vi forplikta til å bruke eksisterande og tilgjengeleg kunnskap i forvaltninga av naturmangfaldet. Dette er ein føresetnad for å følgje utviklinga i naturtilstanden, og er nøkkelen til å sikre at gode og effektive miljøtiltak blir gjennomførte på rett stad til rett tid. Kartlegging, overvaking og forsking er grunnleggjande verkemiddel for å betre kunnskapsgrunnlaget. Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga arter får styresmaktane eit bilete av utviklinga i naturmangfaldet, og om verkemidla fungerer etter formålet.

Boks 8.2 Naturindeks for Noreg 2010

Naturindeks for Noreg gir eit overordna bilete av korleis det står til med norsk natur, og viser korleis dette utviklar seg over tid. Arbeidet byggjer på internasjonale metodar for liknande indeksar, men det er gjort eit betydeleg arbeid for å utvikle denne metodikken. Noreg er det første landet i verda som innfører ein offisiell naturindeks.

Naturindeksen bereknar tilstanden for naturmangfaldet i dei store økosystema, samanlikna med ein referansetilstand:

  • havbotn

  • hav-pelagisk (dei opne vassmassane i havet)

  • kystvatn-botn

  • kystvatn-pelagisk (i vassmassane langs kysten)

  • ferskvatn

  • ope lågland (kulturlandskap)

  • skog

  • myr-kjelde-flaummark

  • fjell

For kvart av økosystema er det valt ut eit sett med indikatorar, til dømes data om bestandane av enkeltarter. Ved å sjå indikatorane i samanheng får ein eit bilete av tilstanden for naturmangfaldet innanfor kvart økosystem, og samla for norsk natur. Naturindeksen består av 309 indikatorar fordelte på dei ni hovudøkosystema.

Kvar indikator er gitt ein verdi mellom 1 og 0. Referanseverdien er sett lik 1. Verdien 1 betyr at tilstanden for indikatoren er svært god («naturtilstand» utan negativ påverknad frå menneske), medan 0 betyr at tilstanden er svært dårleg (for eksempel at ein art er utrydda). Ved å sjå på verdien for alle indikatorar som er knytte til eit økosystem, får ein eit gjennomsnittstal som gir eit bilete av tilstanden for naturmangfaldet i dette økosystemet.

Boks 8.3 Definisjon av omgrepet truga arter

Artsdatabanken nyttar følgjande kategoriar i Norsk Raudliste for arter 2010:

Utdøydd (EX): Ei art er utdøydd når det er svært liten tvil om at arta er globalt utdøydd.

Utdøydd i vill tilstand (EW): Arter som ikkje lenger finst frittlevande, men der det framleis finnes individ i dyrehagar, botaniske hagar og liknande.

Regionalt utdøydd (RE): Ei art er regionalt utdøydd når det er svært liten tvil om at arta er utdøydd frå aktuell region (her Noreg). For at arta skal inkluderast må den ha vore etablert reproduserande i Noreg etter år 1800.

Kritisk truga (CR): Ei art er kritisk truga når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for kritisk truga er oppfylt. Arta har då ekstremt høg risiko for å dø ut.

Sterkt truga (EN): Ei art er sterkt truga når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for sterkt truga er oppfylt. Arta har då svært høg risiko for å dø ut.

Sårbar (VU): Ei art er sårbar når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for sårbar er oppfylt. Arta har då høg risiko for å dø ut.

Nær truga (NT): Ei art er nær truga når den ikkje tilfredsstiller nokre av kriteria for CR, EN eller VU, men er nær ved å tilfredsstille nokre av desse kriteria no, eller i nær framtid.

Datamangel (DD): Ei art blir sett i kategori datamangel når uvissa om arta si korrekte kategoriplassering er svært stor, og klart inkluderer heile spekteret av moglege kategoriar frå og med CR til og med LC.

Definisjonane er utarbeidde av den internasjonale naturvernunionen (IUCN). Omgrepet truga arter er eit samleomgrep for kategoriane: kritisk truga, sterkt truga og sårbar.

Kartlegging i form av kartfesting av førekomst og utbreiing av arter og naturtypar er ein føresetnad for oppfølging av naturmangfaldlova på kort og lang sikt. Tilsvarande er kunnskapsoppbygging knytt til framande organismar svært sentralt for å sikre ein god og målretta innsats mot framande, skadelege organismar. Døme på kartleggingsprosjekt er naturtypekartlegging (terrestrisk og marint), kartlegging av framande arter og kartlegging av truga arter. Kartlegging og overvaking av inngrepsfrie område i Noreg (INON) er ein arealbruksindikator som byggjer på data for utrekning av inngrepsfri natur innhenta frå kommunar, fylkesmenn og nasjonale register. MAREANO er eit tverrsektorielt program for å kartleggje og styrkje kunnskapen om Noregs havbotn.

Overvaking av naturmangfaldet er grunnleggjande for å kunne danne seg eit bilete av utviklinga for arter og område over tid, kunne seie noko om årsaka til utviklinga og om tiltak har ønska effekt. Døme på overvakingsprosjekt er overvaking av sjøfugl gjennom programmet SEAPOP, terrestrisk overvaking (TOV) og overvaking av ei rekkje arter/artsgrupper (t.d. hjortevilt, rovvilt, villaks, og fjellrev). ROVDATA har ansvaret for overvaking av rovvilt og formidling av resultata.

Auka omfang av kartlegging og overvaking dei siste åra har gitt grunnlag for å utvikle ein Naturindeks for heile Noreg jf. boks 8.2. Ein slik indeks, som vart presentert for første gongen hausten 2010, er eit viktig barometer for korleis det står til med norsk natur. Alle dei store forskingsinstitutta i Noreg som gjennomfører naturovervaking har medverka i utviklinga av naturindeksen, og ei statistikkgruppe har medverka i berekningar og metodeutvikling. I alt har om lag 125 fagpersonar levert data eller ekspertvurderingar. Noreg er, saman med Nederland, eit føregangsland i arbeidet med å få til ein heilskapeleg naturindeks basert på data og ekspertvurderingar om natur.

Naturindeksen gir ei samla oversikt over tilstand og utviklingstrendar for dei store økosystema hav og kyst, ferskvatn, våtmark, skog, fjell og kulturlandskap, også i ulike delar av landet. Kunnskapen om status og trendar skal nyttast til å setje inn målretta tiltak for å stanse tapet av naturmangfald i Noreg, og medverke med formidling av status og trendar til allmenta. På mange område manglar ein framleis data, og ny kartlegging og overvaking må på plass for å få meir presis kunnskap. I løpet av 2011 er det etablert eit overvakingssystem som kontinuerleg skal tilføre naturindeksen betre og nye data. Den samla naturindeksen skal etter planen oppdaterast i 2015. I åra fram til denne oppdateringa tek ein sikte på å presentere temaindeksar for arter som blir overvaka årleg.

Den naturindeksen som vart presentert hausten 2010 er starten på eit langvarig arbeid med å måle endringar i naturen, og gi eit stadig betre grunnlag for å prioritere kor tiltak for å betre miljøet skal setjast inn og kva som bør prioriterast innanfor kartlegging og overvaking. Men naturindeksen åleine kan ikkje måle om vi når målet om å stanse tapet av naturmangfald. Sjølv om naturindeksen viser betring eller ingen endring i naturmangfaldet, kan det likevel vere alvorlege faresignal som ikkje blir fanga opp. Det er derfor viktig å supplere naturindeksen med annan kunnskap som til dømes delindeksar, andre indikatorar for berekraft og raudlister, og med ny overvaking og supplerande forsking.

Norsk raudliste for arter 2010 og Norsk raudliste for naturtypar 2011 er viktige kunnskapsgrunnlag for å vurdere bruk av ulike verkemiddel for å betre tilstanden for artene og naturtypane. Raudlistene inneheld spesifikk informasjon om mange truga arter og naturtypar som ikkje inngår i naturindeksen, men som er viktige for forvaltninga av desse artene. Det er derfor viktig at kunnskapsinnhenting knytt til raudlistene held fram med full styrke.

Artsdatabanken har sidan starten i 2005 hatt ansvaret for arbeidet med raudlistene og Norsk Svarteliste, som byggjer på ei økologisk risikovurdering av framande arter. Artsdatabanken spelar ei sentral rolle i arbeidet med å samordne og gjere dei viktigaste data om mangfaldet i naturen tilgjengelege for brukarar i areal- og miljøforvaltninga. Talet på observasjonar i rapporteringsverktøyet Artsobservasjonar i regi av Artsdatabanken har no passert 4 millionar. I tillegg til at denne portalen tilfører mykje kunnskap om førekomstar av arter, er den eit verktøy som aukar engasjement og kunnskap hjå brukarane.

Det norske Artsprosjektet skal sikre langsiktig kartlegging og kunnskapsoppbygging om arter i norsk natur, med spesiell fokus på arter og artsgrupper vi har lite kunnskap om. Det blir òg viktig å gjere kunnskapen tilgjengeleg for alle, blant anna via internett. Arbeidet skjer i nært samarbeid med det svenske artsprosjektet. I september 2009 underteikna miljøvernministrane i Sverige og Noreg ei avtale om å samarbeide om å auke kunnskapen og kompetansen om biologisk mangfald i svensk og norsk natur. Ambisjonen både i Sverige og Noreg er å kartleggje alle fleircella arter av planter og dyr i dei to landa. Prosjektet er administrativt plassert under Artsdatabanken, og er leia av ei styringsgruppe med representantar frå Artsdatabanken, Kunnskapsdepartementet, Direktoratet for naturforvaltning og den svenske ArtsDatabanken. Både datainnhenting, dataflyt og forsking blir samordna med anna tilgrensande aktivitet gjennom breitt samansette rådgivande grupper. Det blir no viktig å få på plass forskingsdelen i prosjektet.

Det er gjennom åra samla inn ei stor mengd data gjennom naturkartlegging. Dette er data som det er viktig at alle dei som gjer vedtak har tilgang til, og på ein slik måte at dei er lette å bruke som grunnlag for ulike avgjerder og samfunnmessige avvegingar. Som ei følgje av dette er det gjennom åra utvikla fleire system og verktøy for å gjere data frå kartlegging og overvaking tilgjengelege. Naturbasen, som er utvikla av Direktoratet for naturforvaltning, er ei kartinnsynsløysing som i stor grad er basert på data frå kartlegging. Artsdatabanken har utarbeida ei kartteneste kalla Artskart, der ein kan søkje stadfesta informasjon om over 1800 arter. Artsdatabanken arbeider òg med utvikling av ein naturtypebase basert på klassifiseringssystemet Naturtypar i Noreg (NiN).

Vass-nett er utvikla i samband med gjennomføringa av EUs vassdirektiv i Noreg, og inneheld data om vassdrag, grunnvatn og kystområde, medan målet med Vassmiljøsystemet er å systematisere data og gjere data om tilstand og utvikling i miljøkvaliteten i vatn tilgjengeleg for bruk i det offentlege.

Det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt vart etablert i 2000, og omfattar dei fire store rovdyra gaupe, jerv, bjørn og ulv, og kongeørn. Rovdata vart etablert i oktober 2010, og representerer ei styrking av overvakinga og kartlegginga av artene. Rovdata har ansvaret for det faglege innhaldet, formidling, drift og utvikling av overvakingsprogrammet, og er ein uavhengig leverandør av overvakingsdata for dei fem nemnde artene i Noreg. Dette er i tråd med rovviltforliket inngått i Stortinget våren 2011, jf. Representantforslag 163 S (2010-2011). Rovdata er etablert som ei sjølvstendig eining, med eigen leiar og stab, i Norsk institutt for naturforsking (NINA). Direktoratet for naturforvaltning (DN) er, som sentral faginstans innanfor all viltforvaltning, ansvarleg for overvakingsprogrammet. Rovdata koordinerer overvakinga på landsbasis og syter for nasjonal og einskapleg gjennomarbeiding, samanstilling, rapportering og formidling av data. Rovdata arbeider for å styrkje lokal deltaking i kartlegginga og overvakinga av artene, og har blant anna, i samarbeid med Artsdatabanken, etablert ei nettbasert publikumsløysing for innmelding av observasjonar av dei store rovdyra. Rovviltførekomstane i Noreg har nær tilknyting til rovviltførekomstane i nabolanda våre, og for Rovdata er det ei sentral oppgåve å vidareutvikle samordninga av overvakingsmetodar og samanstilling av bestandsdata på tvers av landegrensene i Fennoskandia. Fagrådet for Nasjonalt overvakingsprogram for rovvilt vart etablert våren 2007 og består av ekspertar på ulike kompetanseområde med relevans for overvakingsarbeidet. Fagrådet arbeider for at overvakinga av gaupe, jerv, bjørn, ulv og kongeørn skal vere best mogleg, og deira hovudoppgåve er å kvalitetssikre metodar og tilrå betringar i overvakingsprogrammet. Rovdata har sekretariatsansvaret for Fagrådet, og alle som ønskjer det kan gi innspel til Fagrådet på moglege betringar i rovviltovervakinga.

Internasjonalt skjer det òg mykje arbeid for å framskaffe eit betre kunnskapsgrunnlag om naturmangfald og økosystemtenester. På det 10. partsmøtet for Konvensjonen om biologisk mangfald i oktober 2010 vart det vedteke at «innan 2020 er kunnskapsgrunnlaget om biologisk mangfald, og verdiar, funksjon, status og trendar knytte til dette, styrkte og tekne i bruk som grunnlag for vedtak».

FNs generalforsamling har òg vedteke å opprette eit internasjonalt naturpanel etter modell av klimapanelet (IPCC). Naturpanelet skal vere eit vitskapleg uavhengig panel som skal gi kunnskap om jordas naturmangfald og økosystemtenester og fremje forslag til ny politikk. Frå norsk side er det ei prioritert oppgåve å få naturpanelet raskt i gang, og Regjeringa vil arbeide for at FNs miljøprogram og andre relevante FN-organisasjonar aktivt skal støtte opp om naturpanelet sitt arbeid framover. Noreg anerkjenner utviklingslanda sitt behov på kapasitetsbygging for å lage nasjonale vurderingar (assessments) på dette feltet og har tilbode å opprette eit eige delsekretariat for dette i Trondheim for å understøtte panelet sitt arbeid. Det vil vere nødvendig med nasjonale vurderingar som medverkar inn til regionale og globale vurderingar. Dette viser òg at det er nødvendig å framskaffe eit betre kunnskapsgrunnlag i Noreg som så kan spelast inn i arbeidet under naturpanelet.

Kunnskap om klimautfordringa

Det er behov for auka kunnskap om klimatilpassingstiltak og sårbarheit i Noreg og i utviklingsland. På klimaområdet har vi i dag komme langt i utviklinga av regionale klimamodellar som gir indikasjonar om venta klimautvikling i landet. Det er no behov for kunnskap om kva effektar desse endringane vil medføre på alt frå biomangfald til landbruk og fiskeri. Det er vidare nødvendige å utvikle betre forståing for korleis vi på best mogleg måte skal kunne tilpasse oss nødvendige samfunnsendringar i forhold til dei klimaendringane som er venta. Dette inkluderer konsekvensar for alt frå busetnad og transport til friluftsliv, turisme og lokalisering av næringsverksemd. Dette er berre nokre eksempel på område der det manglar sentral kunnskap for å utvikle ein meir heilskapleg og effektiv miljøvernpolitikk. Forsking er det sentrale verkemiddelet for å byggje opp nødvendig kunnskap om denne typen problemstillingar. Regjeringa vil prioritere overvaking av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringar i nordområda.

Det trengst ny forskingsbasert kunnskap på mange område. Betre kunnskap om årsaker til og verknader av klimaproblemet vil vere eit viktig grunnlag for framtidige klimaforhandlingar, og utgjere ein fagleg basis for politiske avgjerder om nødvendige utsleppsreduksjonar. Utvikling av ny teknologi for produksjon og bruk av energi er vidare ein svært viktig del av arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar nasjonalt og internasjonalt. Klima- og miljøforsking er òg høgt prioritert internasjonalt, både i enkeltland og innanfor større samarbeidsarenaer.

For at forskingsresultata skal kunne komme til nytte, er det viktig at resultata blir formidla vidare til styresmakter, politikarar, næringsliv og allmenta elles.

Kunnskap om helse og miljøfarlege kjemikaliar

Kunnskapsheving er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Regjeringa arbeider for å auke kunnskapen om kjemiske stoff og kartleggje miljøgifter i naturen og i produkt. Auka kunnskap om helse- og miljøfarlege kjemikaliar er nødvendig for å identifisere risiko for helse og miljø, og for å kunne setje i verk effektive reguleringar og tiltak. Det er dyrt å rydde opp når miljøgifter først er spreidde i naturen. I dei fleste tilfella er det òg umogleg då miljøgifter blir spreidde diffust over store område. Det er derfor svært viktig å oppdage spreiing av ulike miljøgifter i tide slik at nødvendige tiltak kan setjast i verk. Gjennomslag i arbeidet med å styrkje internasjonale reguleringar er òg heilt avhengig av at det blir gjort ein betydeleg innsats i å leggje fram god dokumentasjon. Overvaking av miljøgifter i naturen for å følgje utviklinga over tid vil framleis vere prioritert. Opprettinga av ein nasjonal miljøprøvebank med ulike typar prøvemateriale for seinare analysar av miljøgifter vart derfor etablert i 2011. Miljøprøvebanken er plassert i Forskingsparken i Oslo og skal administrerast av forskingsinstitutta i CIENS. Miljøprøvebanken for miljøgiftar skal samle inn og ta vare på prøver av biologisk materiale. Prøver av til dømes fisk, blåskjel, krabbe, fugleegg, slam og mosar vil bli nedfrosne for seinare analysar og undersøkingar. Innsamlinga skjer frå dei same lokalitetane kvart år. Formålet er å kunne gjere nye analysar av prøver når det er utvikla betre metodar for å oppdage miljøgifter, fastsetje bakgrunnsnivå for nye miljøgifter og etablere tidstrendar. Dette vil bli eit svært nyttig verktøy i forvaltning av og forsking på miljøgifter.

Overvakinga av langtransportert luftforureining i luft og nedbør

Overvakinga av langtransportert luftforureining i luft og nedbør omfattar undersøkingar både av tilførsler og effektar av forureiningar. Klima- og forureiningsdirektoratet har ansvaret for dei fleste overvakingsprogramma.

Langtransporterte luftforureiningar omfattar forsurande sambindingar (svovel- og nitrogensambindingar), eutrofi (nitrogensambindingar), bakkenært ozon, partiklar og miljøgifter (tungmetall, persistente organiske sambindingar).

Atmosfærisk tilførsel av forureinande sambindingar blir overvaka ved måling av kjemiske komponentar i luft og nedbør. Formålet er å registrere nivå og eventuelle endringar i tilførsla av langtransporterte luftforureiningar. Målestasjonane er derfor plasserte slik at dei er minst mogleg påverka av lokale utsleppskjelder (bakgrunnsstasjonar).

Tilførsler av sambindingar i luft som fører til forsuring og eutrofi er overvaka på fem stasjonar (inkludert Svalbard). Tilsvarande sambindingar i nedbør er overvaka på 12 stasjonar.

Bakkenært ozon kan skade menneske si helse, vegetasjon og materialar. Atmosfæriske tilførsler av bakkenært ozon (og ozondannarar) er overvaka på fire stasjonar i fastlands-Noreg, og på Zeppelinobservatoriet på Svalbard.

Atmosfæriske tilførsler av partiklar i luft er overvaka på tre bakgrunnsstasjonar i fastlands-Noreg. Partiklar kan i særleg grad føre til helseskadar, og til skadar på materialar. Atmosfæriske tilførsler av miljøgifter er overvaka på tre stasjonar (i luft og nedbør på Birkenes og Andøya og i luft på Zeppelinfjellet)

Forsuringsverknader på vasskvalitet blir følgt gjennom overvaking av innsjøar og små nedbørfelt. Vasskvaliteten i ca. 70 innsjøar og seks små nedbørfelt blir undersøkt årleg for å gi ei regional/landsdekkjande beskriving av vassforsuringsproblemet og endringar i situasjonen. Det biologiske overvakingsprogrammet følgjer verknader på fisk gjennom regionale undersøkingar, og omfattar fiskebestandar i innsjøar og bekkar og botndyr i innsjøar.

Eutrofiverknader er overvaka av Direktoratet for naturforvaltning som dekkjer delar av dette gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV).

(Verknader av) langtransporterte miljøgifter er overvaka med nokre års mellomrom i innsjøar (fisk og sediment).

Noreg samarbeider internasjonalt om utvikling av kunnskap om utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar gjennom Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP) og andre samarbeidsprogram under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining. Landa samarbeider innanfor ramma av denne konvensjonen også om å utvikle kunnskapsgrunnlaget for val av tiltaksstrategiar for å redusere miljøskadar som følgje av langtransportert luftforureining, under dette kunnskap om mogleg utsleppsreduserande tiltak og kostnader ved desse. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforsking og Norsk institutt for vannforskning medverkar i vesentleg grad til denne kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining.

Auka kunnskap om – og for polarområda

Miljøet i nordområda skal takast vare på gjennom berekraftig bruk og vern, og verdiskaping skal skje på ein slik måte at miljøverdiane og økosystemas struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald blir haldne ved lag. Dette blir best sikra gjennom ei heilskapeleg og langsiktig forvaltning basert på beste tilgjengelege kunnskap.

Kunnskap er derfor sjølve navet i nordområdesatsinga, slik det er formulert i Nordområdestrategien (2006) og Nye byggesteiner i nord (2009). Norsk Polarinstitutt med senter ICE (Ice, Climate & Ecosystems) representerer saman med Framsenteret (Fram – High-North Research Centre on Climate and the Environment) viktige ledd i den nasjonale forskingssatsinga for å bringe fram meir kunnskap for å møte miljøutfordringane i nord – og polarområda.

Norsk Polarinstitutt og Framsenteret si forsking vil samstundes gi viktige kunnskapsbidrag til det internasjonale miljø- og klimaarbeidet.

Miljøet i nord har vore påverka både av ytre faktorar og lokal aktivitet. Dei viktigaste ytre faktorane er klimaendringar, forsuring av havet og langtransporterte tilførsler av miljøgifter. Lokal påverknad omfattar ulike typar arealbruk og ressursutnytting der fiske, oppdrett, reindrift og utbygging av energi- og transportinfrastruktur er viktige faktorar. Det finst òg ei rekkje lokale kjelder og potensielle kjelder til forureining. Dette omfattar til dømes skipsfart, petroleumsverksemd, industriverksemd og atominstallasjonar i Noregs nærområde.

Klimaprosessane knytte til snø, is, permafrost og havsirkulasjon i Arktis er av stor betydning for kor raskt og korleis klimaet vil bli endra lokalt, regionalt og globalt.

Betre kunnskap om klimaprosessane i Arktis er derfor kritisk for å kunne seie noko om framtidige klimaendringar, og auka kunnskap om klimaendringane er òg ein føresetnad for ei kunnskapsbasert, heilskapeleg og langsiktig forvaltning for å sikre miljøet og livsgrunnlaget i nord.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statlege institusjonen for kunnskapsproduksjon om polarområda for forvaltninga gjennom kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta, naturfagleg forsking i Arktis og Antarktis. Instituttet si forskingsverksemd er konsentrert om klimaprosessar og klimaendringar, og effektane av desse på naturen, og om økotoksikologi i Arktis og Antarktis. Instituttet leier òg overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis, og har lange tidsseriar frå både det fysiske miljøet og økosystemet.

Norsk Polarinstitutt har dei heilårige forskingsstasjonane Troll i Antarktis og Zeppelinstasjonen i Ny-Ålesund på Svalbard.

Norsk Polarinstitutts forsking i Antarktis gir viktige bidrag inn i det internasjonale samarbeidet om forvaltninga av Antarktis for å verne kontinentets særeigne og svært sårbare miljø. Denne forskinga er òg viktig for å oppretthalde verdien av Antarktis som referanseområde, og auke kunnskapen om området si rolle i dei globale miljøsystema og som indikator for planetens miljøtilstand. Vi har vore eit føregangsland i forskinga i Antarktis, og det er viktig at Noreg bidreg til internasjonal polarforsking med sine spesielle fortrinn med stasjonar både i Antarktis og på Svalbard. Zeppelinstasjonen, der NILU har det faglege ansvaret, spelar ei viktig nasjonal og internasjonal rolle for kartlegginga av klimaendringar; stratosfæreozon- og UV-endringar; miljøgifter (persistente organiske forureiningar som PCB, tungmetall som kvikksølv); og langtransporterte luftforureiningar (sur nedbør, partiklar, overgjødsling, bakkenær ozon).

Zeppelinstasjonen høyrer til ei lita gruppe av svært viktige globale atmosfærestasjonar; andre stasjonar finst på Hawaii, Sydpolen og Samoa i Stillehavet og i Alaska, Vest-Irland, Tasmania og Zugspitze/Jungfraujoch i Alpene.

Framsenteret

Framsenteret i Tromsø er eit sentralt tiltak i oppfølginga av Nordområdestrategien (2006) og «Nye byggesteiner – neste trinn i regjeringens nordområdestrategi» (2009).

Framsenterets faglege profil er fastsett ut frå utfordringane i nordområda først og fremst med omsyn til miljø- og samfunnsmessige konsekvensar av klimaendringar og miljøgifter, og til kunnskapsbehov knytte til forvaltninga av miljøet og naturressursane i nordområda

Framsenteret skal bidra til å utvikle kunnskap om klima og miljø som vil setje Noreg i stand til å forvalte våre hav- og landområde i nord, og dei ressursane som finst der, på ein endå betre måte. Framsenteret skal òg utviklas vidare til eit internasjonalt leiande senter for forsking på klima og miljø i nordområda, og bidra til at Tromsø blir eit tyngdepunkt for kunnskap og kompetanse på klima- og miljøfeltet som vil styrkje vår rolle og gjennomslag innanfor det internasjonale samarbeidet i nord, og dermed bidra til at norske interesser blir ivareteke på ein best mogleg måte.

19 institusjonar deltek i dag i Framsenteret. Det er Norsk Polarinstitutt, Statens kartverk, Statens strålevern, miljøinstitutta, Akvaplan-niva, Havforskingsinstituttet, SINTEF, NGU, Kystverket, Veterinærinstituttet, Noregs Veterinærhøgskole, Universitetet i Tromsø, Bioforsk, NORUT, NOFIMA og UNIS.

Det vil vere omfattande fleirfagleg/tverrfagleg forsking i eit tett samarbeid mellom naturvitskap, teknologi og samfunnsvitskap innanfor dei faglege satsingsområda (flaggskipa):

  • Havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk,

  • Effektar av klimaendringar på fjord- og kystøkologi i nord

  • Effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk

  • Havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn

  • Miljøgifter – effektar på økosystem og helse

Vidare er formidling, å kople rekruttering, utdanning og forsking, og utvikling av tverrfaglege perspektiv og metodar viktige, gjennomgåande satsingsområde.

Boks 8.4 Felles global referanseramme

Statens kartverk deltek i det internasjonale samarbeidet om ei felles global referanseramme, blant anna gjennom ein målestasjon i Ny-Ålesund. Dette er avgjerande for bruk av alle typar satellitteknologi som satellittkommunikasjon, satellittnavigasjon og andre teknologiar som er baserte på ei felles verdstid. Referanseramma er i tillegg naudsynt for å kunne overvake globale endringar, blant anna i havnivået. Observatoriet i Ny-Ålesund treng ei oppgradering då det ikkje er godt nok for dagens brukarbehov.

Geografisk informasjon

Alle land treng tilfang av grunnleggjande geografisk informasjon som miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata. Informasjonen er viktig og nødvendig, for mange samfunnsområde er geodata naudsynt for dokumentasjon, verdivurderingar, analysar og statistikk og gir viktige bidrag til overvaking og kunnskap om klima.

Informasjonen må vere tilgjengelege for heile samfunnet, både offentleg sektor, privat næringsliv og den enkelte. Data er viktige for samfunnsplanlegging, samfunnstryggleik og areal- og ressursforvaltning, Ein treng oppdaterte data for verdiskaping og utvikling av tenester og informasjon retta mot næringsliv og innbyggarar, og for medverknad og opne demokratiske prosessar.

Eigedomsinformasjon både frå matrikkel og grunnbok er viktig grunnlagsinformasjon i all eigedoms- og arealforvaltning. Statens kartverk har ansvar for tinglysinga og for formidling av eigedomsinformasjon både frå matrikkelen og grunnboka ut til brukarane både i offentleg og privat sektor.

Plan- og miljøoppgåvene i kommunane kan ikkje løysast utan best mogleg bruk av kunnskap om arealdata og ressursar. Dette føreset godt samarbeid og informasjonsdeling. Internett og digitale kart medverkar til forenkla tilgang til informasjon og til medverknad i plan- og vedtaksprosessar. Eit moderne samfunn er avhengig av geografisk informasjon og infrastruktur. Skip, fly og redningsteneste må finne vegen. Grunneigarane sine rettar må sikrast. Areal- og reguleringsplanar må vise juridisk bindande vedtak om arealbruk – og lagrast i planregister for ettertida. Kart viser ikkje lenger berre kor ting er, men fungerer òg som analysereiskapar i planlegging for berekraftig utvikling. Geografisk informasjon kopla med statistikk gir instrument for å planleggje for ei berekraftig framtid og for å vurdere konsekvensane av ulike tiltak.

Nasjonale mål – geografisk informasjon

1. Landet skal dekkjast av relevant geografisk informasjon av høg kvalitet som skal nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Indikatorar:

  • Tal på kommunar med nytt nasjonalt høgdegrunnlag (NN2000).

  • Oppdateringsgrad og kvalitet.

  • Dekningsgrad og kvalitet.

  • Datasett som det er etablert tenester til etter krava i geodatalova.

2. Tinglysing i fast eigedom og del i burettslag blir gjort forsvarleg, effektivt og med kvalitet.

Indikatorar:

  • Saksbehandlingstid.

  • Svartid på kundesenteret.

  • Kvalitet.

Tilstand

Kart og geografisk miljøinformasjon er tilgjengeleg døgnet rundt og styrkjar grunnlaget for å fatte gode og berekraftige vedtak. Geodata er tilgjengelege via internett, mobiltelefon og ulike elektroniske kartløysingar. Brukarane kan blant anna søkje etter adresse, stadnamn eller matrikkelnummer og i tillegg velje målestokk eller måle avstandar. Elektronisk tilgang til geodata har auka bruken av geografisk informasjon vesentleg dei siste åra. For å dekkje brukarane sine ulike og samansette behov for geodata må innsamlinga, koordineringa og lovverket rundt dette famne ei rekkje ulike aktivitetar og fagfelt, som blant anna sjømåling, satellittovervaking og eigedomsregisering.

Pålitelege, oppdaterte geodata gir grunnlag for auka tryggleik i ferdsel til sjøs og til lands. Det gir grunnlag for effektiv og betre bergingsteneste. Det gir bidrag for effektiv og døgnopen forvaltning, trygging av eigedomsrett og ein fungerande marknad for eigedommar.

Pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem gir betre tryggleik til sjøs. Det er laga samanhengande elektroniske sjøkart for heile norskekysten, men framleis manglar det nye, moderne djupnemålingar i mange område. Det er viktig at dette arbeidet held fram utan avbrot for å få betre tryggleik i skipstrafikken langs kysten.

Alle kommunar har no teke i bruk ny horisontal referanseramme basert på internasjonal standard, og arbeidet med nytt nasjonalt høgdegrunnlag har starta. Høgpresisjon stadfesting i sann tid med ei grannsemd betre enn 1 cm er innan rekkevidde, og dette får stor betyding for til dømes kor nøyaktig ei gravemaskin kan arbeide.

Autorisert offentleg eigedomsinformasjon og tilgang til denne er viktig for å sikre eigedomsretten og er naudsynt for eigedomsmarknaden. Tinglysingslova og Matrikkellova er sentrale verktøy her.

Regelverket stiller krav til saksbehandling, gjennomføring av oppmålingsforretningar og føring av matrikkelen. Matrikkellova skal sikre tilgang til viktige eigedomsopplysningar.

Det blir ført eit einsarta og påliteleg register (matrikkelen) over alle faste eigedommar i landet, under dette bygningar, bustader og adresser. Grenser og eigedomsforhold blir klarlagde. Tinglysing av heimlar og rettar i fast eigedom og burettar skjer i eit eige register, grunnboka.

Statens kartverk deltek i det internasjonale samarbeidet om ei felles global referanseramme, blant anna gjennom ein målestasjon i Ny-Ålesund. Referanseramma er naudsynt for å kunne overvake globale endringar, blant anna i havnivået.

Bruk av geografisk informasjon grip inn på omtrent alle miljøområda. Betre tilgang til geodata er ein føresetnad for god miljøpolitikk og god miljøforvaltning, for forsking, statistikk og for rasjonell offentleg forvaltning. På europeisk nivå er det rekna med at denne typen tiltak vil gi både miljømessige og breiare samfunnsvinstar, inkludert vinstar for privat sektor.

Påverknader

Påverknader kjem frå mange kantar. Teknologiutvikling og døgnope løysingar gjer tilgangen til geografisk informasjon svært god. Det at fleire sektorar brukar data og stiller krav til oppdaterte og gode data, er med på å auke kvaliteten og tilgangen. Den økonomiske utviklinga gjer for eksempel at stadig fleire og meir djuptgåande skip seglar i område der det tidlegare ikkje har vore slik trafikk og derfor ikkje tilstrekkeleg kvalitet på sjøkarta.

Nasjonale felleskomponentar og internasjonale standardar og direktiv er med på å skape geografiske data som kan brukast av stadig fleire i Noreg og over landegrensene.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Miljøverndepartementet har ansvar for nasjonal kart- og geodatapolitikk, og tinglysinga. Statens kartverk er det nasjonale fagorganet for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Dei har under dette ansvar for å etablere og forvalte nasjonale kartseriar og halde register oppdaterte. Kommunane har ansvar på lokalt nivå, blant anna som lokal matrikkelstyresmakt og for at det ligg føre eit oppdatert offentleg kartgrunnlag for planlegging og saksbehandling etter plan- og bygningslova.

Statens kartverk fører opplysningar inn i grunnboka. Bankar, meklarar og andre aktørar innan eigedomsmarknaden kan i ei viss grad sende elektroniske dokument for tinglysing ved bruk av digital signatur.

Miljøverndepartementet har arbeidd aktivt med å utarbeide forskrifter og nasjonale produktspesifikasjonar for framstilling av arealplanar og digitalt planregister. Målsetjinga med dei nye reglane er å få på plass eit system som mogleggjer ei god oversikt over noverande og framtidig arealbruk i Noreg. Oppbygging og utvikling av planregister er ei viktig utfordring framover. Kartverket har ei sentral rolle i etablering, drift og forvaltning av eit nasjonalt planregister og regelverket rundt dette. Eit slikt register vil gi vesentleg betre tilgang til spesifikke plandata for innbyggjarane og lokale styresmakter, og betre oversikt på nasjonalt nivå over arealutfordringane.

Geodatalova skal sikre betre tilgang til geografisk miljøinformasjon i Noreg og over landegrensene. Noreg har vedteke å innarbeide det europeiske INSPIRE-direktivet. Dette gir ei forplikting på å opprette tenester for tilgang til og deling av miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata mellom offentlege etatar både nasjonalt og innan EU/EØS-området.

Statens kartverk leier og administrerer arbeidet med den nasjonale geografiske infrastrukturen av stadfesta informasjon gjennom Noreg digitalt. Meir enn 600 offentlege partar deltek i dette samarbeidet. Noreg digitalt bidreg til enkel og effektiv tilgang til kart og geodata på tvers av organisatoriske og geografiske skilje.

Informasjon og kommunikasjon

Miljøforvaltninga sitt kommunikasjonsarbeid byggjer på prinsippa i staten sin kommunikasjonspolitikk. Vi legg vekt på å vise fram regjeringa sin miljøpolitikk og fakta om miljøtilstanden på ein forståeleg måte. God informasjon er viktig for at innbyggjarane, næringslivet, det offentlege og organisasjonar skal kunne ta omsyn til miljø i den daglege verksemda si.

Informasjonen skal vere tydeleg og tilgjengeleg og nå fram til ulike målgrupper og dei som blir berørte av tiltak. Det er viktig å gi informasjon om rettar, plikter og moglegheiter. Kommunikasjonstiltaka skal medverke til at folk blir engasjerte og medvitne på miljøspørsmål og får ei djupare forståing og kunnskap.

Miljøverndepartementet tek i bruk ulike kommunikasjonskanalar. Ein viktig kanal er departementet si nettside regjeringen.no/md. Departementet sine internettsider er ein formidlingskanal i pakt med lov om rett til miljøinformasjon og Regjeringas kommunikasjonsstrategi. Eitt døme er høyringssaker, og høyringsfråsegnene blir lagt ut på nettet. Internasjonale standardar for tilgjenge, WAI (Web accessability initiative) er innarbeidde på internettsidene. Syntetisk tale er tilgjengeleg på alle departement sine nettsider på regjeringen.no/md.

Miljøstatus i Noreg (www.miljostatus.no) er inngangsporten til fakta og anna informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøpolitiske resultatområda. Departementet har eit nært samarbeid med dei underliggjande etatane om informasjon til utvalde målgrupper. Eit døme på tilrettelegging av informasjon til forbrukarane er nettsida www.erdetfarlig.no, ei nettside om miljøgifter.

Nyhende, avgjerder og tolkingsfråsegner innan planlegging etter plan- og bygningslova og kartforvaltning blir formidla gjennom departementet sine nettsider og gjennom publikasjonane Plannytt og Planjuss.

I tillegg til nettsidene nyttar departementet ulike sosiale medium som Facebook, Twitter og Flickr. Konferansar, seminar og kurs er døme på andre kanalar som òg blir nytta til å spreie informasjon.

Sidan 2007 har Miljøverndepartementet hatt ei eiga satsing på klimainformasjon gjennom Klimaløftet, som koordinerer Regjeringas samla klimainformasjon retta mot folk flest. Klimaløftets informasjons- og kommunikasjonstiltak er særleg retta mot dei unge gjennom opplegg i skulen og allmenta generelt. Klimaløftet formidlar oppdatert og vitskapleg basert informasjon om klimaendringar og har fleire ulike tiltak som byggjer opp kunnskap om klimaendringar og råd til folk flest om klimavennlege tiltak i kvardagen. Klimaløftet samarbeider med bedrifter, kommunar, frivillige organisasjonar og andre medspelarar i arbeidet for eit meir klimavennleg samfunn. Informasjonstiltak retta mot befolkninga generelt er mobiliserande kampanjar og aktivitetar i massemedia og sosiale media, utgjeving av vedlegg, stønad til tv- og filmproduksjon og nettsider, og støtte og utvikling av verktøy som til dømes klimakalkulator. Døme på mobiliserande aktivitetar er Redesign – som fleire byar tek del i. Dette er folkelege arrangement som set søkelys på eit meir berekraftig forbruk, ved å vise i praksis korleis vi kan ta betre vare på produkta våre, gjenvinne og omskape dei.

Miljøvernforvaltninga si satsing på skule og kunnskapsoppbygging

Formålet med miljøvernforvaltninga si skulesatsing er å byggje opp kunnskap om dei samla miljøutfordringane og skape nyfikne og vitetrong for natur og miljø i den oppvaksande generasjonen.

FN har som mål at omgrepet berekraftig utvikling skal integrerast i landa sine utdanningssystem. Regjeringa har slutta seg til FNs utdanningstiår for ei berekraftig utvikling 2005-2014. Miljøvernforvaltninga si skulesatsing har derfor òg som mål, i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, å medverke til at berekraftig utvikling blir eit omgrep som alle elevar forstår og har eit forhold til.

Elevar og lærarar treng fleire innfallsvinklar for å setje miljøfaglege tema på timeplanen, og Miljøverndepartementet har derfor, i samarbeid med skulesektoren utvikla fleire pedagogiske program og prosjekt. Mest ressursar blir nytta på Den naturlege skulesekken som er eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og Miljøverndepartementet.

Den naturlege skulesekken (DNS) støttar utviklinga av undervisningsopplegg som er tilpassa læreplanverket for Kunnskapsløftet og kompetansemåla for faga naturfag (biologi, kjemi og fysikk), samfunnsfag og kroppsøving. Faga bli òg knytte til grunnleggjande dugleik som matematikk, lesing, skriving og bruk av IKT. Eit berande pedagogisk omgrep er å flytte læringsarenaen frå klasserommet til samfunnet. I Den naturlege skulesekken er varierte arbeidsmetodar utandørs, bruk av nærmiljøet og aktørar i nærmiljøet som organisasjonar, museum, nasjonalparksenter osv., blitt ein anerkjent pedagogisk metode i undervisninga. Den naturlege skulesekken har fått svært positive tilbakemeldingar og evalueringar. Det er viktig at prosjekt som får støtte har overføringsverdi til andre skular, og å få fram prosjekt som inkludere fleire fagdisiplinar.

Andre skuleprosjekt i miljøforvaltning, som f. eks. Miljøambassadørar og Miljøjournalisten, har som mål å inspirere lærarar og elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skular og er tilpassa kompetansemåla i læreplanen for desse trinna. Direktoratet for naturforvaltning sitt prosjekt Friluftsliv i skulen tek for seg betydninga av naturoppleving som innfallsport til naturforståing, og nasjonalparksentra er viktige formidlarar til skular i nærleiken av dei aktuelle parkane. Statens kartverks Kart i skulen er eit gratis webatlas som tilbyr oppdaterte norske kart og temakart eigna for bruk i mange fag. I tillegg driv òg Statens naturoppsyn naturformidling til skulen.

Frå august 2011 vil ein person bli tilsett i eiga stilling for å koordinere skulesatsinga i miljøvernforvaltninga. Det betyr ei opptrapping av satsing på tiltak retta mot skulen. Vedkommande skal ha ansvar for å følgje opp Den naturlege skulesekken, andre pågåande skuleretta prosjekt, og for initiere nye prosjekt.

Miljøteknologi

Miljøteknologi er ein viktig føresetnad for å løyse dei store miljøutfordringane som verda står overfor. Dei mange områda der miljøteknologi blir utvikla, utgjer i dag verdas mest lovande teknologimarknader. Dette gir betydelege høve til verdiskaping, og grøne arbeidsplassar innan energiproduksjon og miljøteknologi vil kunne bli ei ny vekstnæring i Noreg. Dette krev ei betydeleg mobilisering av næringslivet si evne til innovasjon, problemløysing og effektivisering. Samtidig må styresmaktene etablere rammevilkår som gjer det privatøkonomisk lønsamt å tilby og etterspørje gode miljøløysingar. Regjeringa la før sommaren fram ein nasjonal strategi for miljøteknologi - Næringsutvikling og grønn vekst. Strategien har to hovudformål: Å leggje til rette for nasjonal verdiskaping og næringsutvikling og å bidra til å nå våre miljømål. Regjeringas politikk for miljøteknologi er blant anna forankra i fleirtalsregjeringas regjeringsplattform, St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand, St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk og i St.meld. nr. 7 (2008-2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge. Regjeringas visjon er at Noreg skal utvikle seg til å bli ein sentral leverandør av miljøteknologiske løysingar. Derfor legg Regjeringas strategi til rette for utvikling av internasjonalt konkurransedyktige norske miljøteknologinæringar og nasjonale og internasjonale marknader for miljøteknologi. Strategien inneber tiltak og innsats for å utvikle tilbodssida, etterspørselssida og for å betre kunnskapsbasen for vidare politikk- og teknologiutvikling. Det største enkelttiltaket i strategien er Program for miljøteknologi på 500 mill. kroner over tre år (2011-13). Programmet skal fremje private investeringar knytte til kommersialisering av miljøteknologi og stimulere til nettverksbygging og strategisk samarbeid mellom leverandørar for levering av samansette system og løysingar. Programmet kjem i tillegg til løyvingar til miljøteknologiordninga som er forvalta av Innovasjon Noreg og som vart etablert i 2010. Dei andre dimensjonane av strategien inneber fleire tiltak som skal styrkje forsking og kompetanseutvikling, inkludert å leggje til rette for koplingar mot utviklinga av internasjonalemiljøavtaler. Vidare er det fokusert på:

  • Bidra til reguleringar som òg fremjar utvikling av marknader for miljøteknologi.

  • Bidra til å fremje etterspørsel etter miljøteknologi i offentlege og private verksemder.

  • Stimulere til nettverks- og næringssamarbeid på tvers av tradisjonelle næringsklynger.

  • Bidra til utvikling av betre kunnskap om marknadene for miljøteknologi og kunnskap til bruk i vidare politikkutvikling.

Oppfølginga av strategien inkluderer etablering av eit programråd som blant anna skal gi råd om bruk av midlar under programmet. Programrådet består av deltakarar frå dei mest sentrale aktørane innan det offentlege verkemiddelapparatet og frå relevante etatar, og inkluderer representantar frå Innovasjon Noreg, SIVA SF, Noregs forskingsråd, GIEK, Enova, Eksportfinans, Transnova, Gassnova og Klima- og forureiningsdirektoratet. Rådet er etablert med ein uavhengig leiar. Programrådet sitt mandat omfattar blant anna å stimulere til dialog og koordinering mellom deltakarane og andre verkemiddelaktørar, under dette eventuell koordinering av utlysningar og søknader. Dette kan for eksempel innebere samanfallande prioriteringar i utlysningstekstar, samfinansiering av prosjekt og samarbeid om gode søknader. Programrådet er vidare bedt om å fremje forslag til vidareutvikling av Regjeringas strategi. Regjeringa vil komme tilbake med ei vurdering av utvikling og val av verkemiddel under programmet i budsjettdokumenta for 2013, der forslag frå programrådet vil inngå. Strategien inngår som ein sentral del av både næringspolitikken og miljøpolitikken. Ein viser til omtale av miljøteknologiprogrammet i Prop. 1 S (2011-2012) frå Nærings- og handelsdepartementet.

9 Regelverk og system

Verkemiddel og arbeidsmåtar i miljøpolitikken

Alt i § 110 b i Grunnlova er omsynet til miljø og naturverdiar slått fast: Her heiter det at «Enhver har Ret til et Milieu som sikrer Sundhed og til en Natur hvis Produktionsævne og Mangfold bevares. Naturens Ressourcer skulle disponeres ud fra en langsigtig og alsidig Betragtning, der ivaretager denne Ret ogsaa for Efterslægten».

Føre var-prinsippet som er nedfelt i forureiningslova, seier at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet, skal ein ta tilstrekkelege forholdsreglar mot slik skade, eller late vere å gjennomføre aktiviteten. Manglande eller utilstrekkeleg kunnskap skal ikkje vere argument for ikkje å setje inn tiltak. Dette kan sjåast som ei form for forsikring.

Prinsippet om samla belastning står sentralt i naturmangfaldlova og inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både område og arter, når planar skal leggjast og vedtak skal fattast.

Forureinar betalar-prinsippet er òg ein del av forureiningslova og inneber at den som har ansvaret for at forureining skjer, har ansvaret for å rydde opp og å ta kostnadene ved dette.

Det er òg eit viktig miljøpolitisk prinsipp at vi skal ta i bruk den til einkvar tid best tilgjengelege teknologien for å løyse miljøproblema. Dette er mellom anna nedfelt i naturmangfaldslova og forureiningslova.

Sektoransvaret i miljøpolitikken inneber at alle aktørar i samfunnet, både offentlege og private, har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei overordna måla i miljøpolitikken kan bli nådde.

Bruken av miljøpolitiske verkemiddel må òg vere styrings- og kostnadseffektiv. Det vil seie at dei må utformast slik at dei bidreg til å nå dei fastsette måla utan unødig bruk av tid eller ressursar. Til saman skal prinsippa og arbeidsmåtane syte for at miljøpolitikken blir effektiv og målretta og at den blir gjennomført ved hjelp av dei best tilpassa verkemidla. I denne samanhengen er det òg viktig at verkemidla har eit langsiktig perspektiv, og at dei er nokolunde stabile over tid. For at verkemiddel i form av regelverk og skattar og avgifter skal ha god effekt, bør dei vere utforma slik at dei blir opplevd som rimelege og rettferdige. Miljøpolitikken må òg utformast på ein slik måte at den kjem i minst mogeleg konflikt med andre sentrale samfunnsmål.

Tilsyn er òg eit viktig miljøpolitisk verkemiddel som avdekkjer brot på lova og verkar til å verne om helse og miljø. Tilsyn sikrar dessutan likskap for lova.

I tillegg til lov- og regelverk blir økonomiske instrument i form av til dømes gebyr og avgifter viktigare i miljøpolitikken. Dei einskilde sektorane har i tillegg verkemiddel som kan nyttast i miljøet si teneste, anten for å løyse eigne miljøproblem, eller som på transportområdet der miljøvenlege transportformer kan erstatte miljøskadelege.

Miljøverndepartementet og miljøforvaltninga har ansvar for å utforme mål og strategiar i miljøpolitikken og for å utarbeide planar for korleis miljøverdiar skal forvaltast. Mål- og resultatstyringssystemet i miljøpolitikken er eit døme på korleis departementet arbeider med dette. Forvaltningsplanane for havområda i nord (Barentshavet og Norskehavet) er døme på heilskapelege planar for større område, og som omfattar fleire sektorar. Arbeidet med forvaltningsplanane viser dessutan Miljøverndepartementets pådrivar- og samordningsrolle i høve til andre sektorar. Miljøverndepartementets ansvar omfattar òg å skaffe fram fagleg grunnlag for miljøpolitiske vedtak, å overvake utviklinga i miljøtilstanden og å forvalte verkemiddel på dei områda der miljøforvaltninga har hovudansvaret. Ein skal òg analysere verknadene av miljøpolitikken som grunnlag for vidareutvikling og eventuelle endringar i mål og verkemiddel. Miljøverndepartementet er både eit sektordepartement og eit samordningsdepartement.

Lov- og regelverk på miljøområdet

Nokre sentrale lover er omtalt nedanfor. For omtale av anna lov- og regelverk, sjå Lovdata og omtale i under dei respektive resultatområda.

Figur 9.1 Viktige lover

Figur 9.1 Viktige lover

Plan- og bygningslova

Lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggjesaksbehandling (plan- og bygningslova) skal vere ein reiskap for å fremje berekraftig utvikling til beste for den enkelte, for samfunnet og for framtidige generasjonar. Planlegging etter lova skal bidra til å samordne statlege, regionale og kommunale oppgåver og gi grunnlag for vedtak om berekraftig forvaltning av ressursar. Det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar, og konsekvensar for miljø og samfunn skal beskrivast. Ansvaret for planlegging og vedtak av planar etter lova er lagt til Kongen (Regjeringa), fylkestinga og kommunestyra. Miljøverndepartementet er ansvarleg departement for plandelen av plan- og bygningslova.

Regjeringa skal fastsetje nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging kvart fjerde år.

Fylkeskommunane og kommunane skal utarbeide regionale og kommunale planstrategiar kvart fjerde år. Regjeringa skal godkjenne dei regionale planstrategiane.

Fylkestinga skal utarbeide regionale planar i samsvar med godkjende regionale planstrategiar. Kommunestyra har ansvaret for at det blir utarbeidd kommuneplanar og reguleringsplanar.

Planlegginga i kommunar og fylkeskommunar skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale interesser og skal derfor skje i nært samråd med statlege organ. Fylkesmannen har ei sentral rolle i regional stat sin samhandling med kommunar og fylkeskommunar.

Planlegginga skal sikre at avvegingane av ulike omsyn skjer ope og offentleg. Plan- og bygningslova fastset ordningar for deltaking der einskildpersonar, organisasjonar, næringslivet, kommunar, fylkeskommunar og statlege sektorinteresser er med.

Miljøverndepartementet skal ta stilling til konfliktsaker og sikre riktig bruk av lova gjennom rettleiing til aktørane i planarbeidet.

Plan- og bygningslova er eit særs viktig verkemiddel i arbeidet med å sikre ei samordna berekraftig arealbruk og verker saman med andre viktige lovar som forureininglova, kulturminnelova, energilova, minerallova og naturmangfaldlova.

Naturmangfaldlova

«Lov av 3. april 2009 Om lov om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) har til føremål å ta vare på naturen sitt mangfald og dei økologiske prosessane gjennom berekraftig bruk og vern. Lova omfattar all natur, og gjeld for alle sektorar som forvaltar naturmangfald eller tek avgjerder som har konsekvensar for dette mangfaldet. Lova verkar saman med andre lovar som påverkar eller regulerer bruk av norsk natur. Etter som lova gjeld på tvers av sektorar vil ho medverke til ei betre samordning av den samla forvaltninga av naturmangfaldet.
I naturmangfaldlovas kapittel II om reglar om berekraftig bruk blir det gitt forvaltningsmål for naturtypar og arter og det blir stilt krav til kunnskapsgrunnlaget for avgjerder. Miljørettslege prinsipp som føre-var, omsynet til samla belastning, og at kostnader ved miljøskade skal berast av tiltakshavar blir gjennom naturmangfaldlova formalisert for alle tiltak og bruk som påverkar naturmangfald. Lova krev at vurderingar av desse prinsippa skal gå fram av vedtak i den enkelte saka.
I naturmangfaldlova er det innført fleire nye verkemiddel. Dei viktigaste er ordningane med prioriterte arter og utvalde naturtypar. Kongen i statsråd kan ved forskrift utpeke enkeltarter som prioriterte og naturtypar som utvalde. På den måten kan vi sikre truga arter og naturtypar og andre arter/naturtypar som treng spesiell beskyttelse slik at dei kan overleve i norsk natur, og på sikt få ein tilfredsstillande utvikling. Dette er viktige verkemiddel for å nå forvaltningsmåla for arter og naturtypar.»
Naturmangfaldlovas kapittel V handlar om vern av område på land, i vassdrag og i sjø ut til 12 nautiske mil. Målet om å ivareta økosystem, naturtypar, artar og deira naturlege utbreiingsområde har betyding for utval, restriksjonsnivå og forvaltning/skjøtsel av verneområde.
Gjennom naturmangfaldlovas kapittel IV har vi fått reglar som skal medverke til å hindre framande organismar å etablere seg i norsk natur. Innførsle og utsetting av framande organismar vil kreve løyve, og det er gitt klare reglar om innførsle og utsetting av framande organismar. Sikte målet er at desse reglane vil tre i kraft i 2012. Naturmangfaldlova er den første lova som regulerer forvaltning av genetisk materiale og uttak og utnytting av genetisk material (kapittel VII).

Forureiningslova

Lov av 13. mars 1981 nr. 6 Om forurensninger og om avfall (forureiningslova) skal verne det ytre miljøet mot forureining og redusere eksisterande forureining. Lova skal og redusere mengda avfall og fremje betre avfallshandtering. Lova byggjer mellom anna på forureinar betalar-prinsippet, prinsippet om føre var og prinsippet om best mogeleg teknologi. Lova skal sikre at forureiningar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader naturen si evne til produksjon og sjølvfornying.

Forureiningslova set eit generelt forbod mot forureinande utslepp men opnar for at verksemder kan søkje miljøstyresmaktene om utsleppsløyve. Behandling av utslepp etter forureiningslova tek utgangspunkt i prinsippet om kostnadseffektiv regulering. Vurderinga skal byggje på kunnskap om kostnader og teknologiske moglegheiter basert på informasjon frå aktuelle verksemder, sektorstyresmakter og andre fagmiljø. Økonomiske forhold i verksemda og lokalsamfunnet kan tilleggjast vekt.

Store delar av transportsektoren er unnateke frå føresegnene i forureiningslova.

I avfallsforskrifta og forureiningsforskrifta, som begge er heimla i forureiningslova, er det gitt utfyllande føresegner om forureining og avfallshandtering. Tilsyn avdekkjer brot på lova. Det er i stor grad direktorata og fylkesmennene som har ansvaret for å utføre tilsyn etter forureiningslova og anna miljøregelverk. Forureiningsstyresmaktene gjennomførte i 2010 1670 miljøtilsyn og avdekte brot på forureiningsregelverket i om lag 60 pst av tilsyna. Informasjon i forkant av, under og etter tilsyn og aksjonar er nyttig for å sikre at regelverket blir etterlevd.

Miljøverndepartementet er ansvarleg departement for forureiningslova. Miljøstyresmaktene er i forureiningslova delt inn i riksnivå (Kongen, Miljøverndepartementet og Klima- og forureiningsdirektoratet), fylkesnivå (fylkeskommunen og fylkesmannen) og kommunalt nivå (kommunen). Kvart nivå er tildelt miljømynde etter forureiningslova.

Kulturminnelova

Kulturminnelova er det sentrale statlege verkemiddelet i kulturminnepolitikken. Føremålsparagrafen slår fast at kulturminne og kulturmiljø med deira eigenart og variasjon skal vernast både som del av vår kulturarv og identitet og som ledd i ei heilskapleg miljø- og ressursforvaltning. Det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på desse ressursane som vitskapeleg kjeldemateriale og som varig grunnlag for nolevande og framtidige generasjonar si oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd. Alle typar kulturminne eldre enn frå 1 537 og bygningar eldre enn frå 1 650, er automatisk freda. Kulturminnelova gir heimel til å frede bygningar og anlegg eller delar av dei, uansett alder. Samiske kulturminne eldre enn 100 år er automatisk freda. Når det etter anna lov blir treft vedtak som påverkar kulturminna, skal det leggjast vekt på kulturminnelovas føremål. Lova sitt føremål og internasjonale konvensjonar understrekar òg at vi måta vare på breidda og mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø.

Svalbardmiljølova

Lov av 15. juni 2001 nr 79 om miljøvern på Svalbard har som føremål å ta vare på eit tilnærma urørt miljø på Svalbard når det gjeld samanhengande villmark, landskapselement, flora, fauna og kulturminne. Svalbardmiljølova er ei rammelov som trekk opp hovedprinsipp for forvaltninga av miljøet på øygruppa. Lova og forskriftene regulerer dei fleste delar av miljøvernet på Svalbard, slik som områdevern, naturinngrep, ferdsel, vern av kulturminne, arealplanlegging i busetjingane, lokal forureining og avfall, i tillegg til jakt og fiske. Lova er eit viktig verkemiddel for å oppnå Stortinget sine høge mål for miljøvernet på Svalbard.

Verkemiddel og arbeidsmåtar i samfunnsplanlegginga

Planlegging er ein reiskap for berekraftig samfunnsutvikling og areal- og ressursforvaltning.

Berekraftig samfunnsutvikling inneber ei utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar. Ei berekraftig samfunnsutvikling set mål for fysisk, miljøvis, økonomisk, sosial og kulturell utvikling i kommunar og regionar. Planlegging skal medverke til å samordne statlege, regionale og kommunale oppgåver og gi grunnlag for vedtak om berekraftig forvaltning av ressursar.

Levande byer og bygder og ei god forvaltning av natur og kulturarv krev heilskapleg planlegging. Ei god samfunnsutvikling må byggje på samarbeid og samspel mellom stat, kommune, fylke, og privat sektor. Gjennom plan- og bygningslova er det etablert effektive verkemiddel for å skape rammene for ei samfunnsutvikling og eit miljø som tek vare på menneske, natur og klima.

Planlegging og vedtak skal vere opne og føreseielege og sikre medverknad for alle aktuelle interesser og styresmakter. Det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar, og konsekvensar for miljø og samfunn skal beskrivast. Prinsippet om universell utforming skal takast vare på i planlegginga og i krava til det enkelte byggjetiltak. Det same gjeld omsynet til oppvekstvilkåra for barn og unge, og estetisk utforming av omgivnadene.

Miljøverndepartementet har utvikla nasjonale mål og indikatorar for å måle om planlegginga av ei berekraftig samfunnsutvikling går i ønska retning. Ein viser òg til statusrapportering på fjorårets resultatområde Planlegging for ei berekraftig utvikling til slutt i del III. Dei andre resultatområda for miljøforvaltninga vil utdjupe utviklinga på ei rekkje natur- og miljøindikatorar.

Nasjonale mål – kommunal og regional planlegging

1. Landet skal ha ein berekraftig arealpolitikk. Planlegginga i kommunar, fylke og regionar skal sikre effektiv saksbehandling og god samordning mellom forvaltningsnivå og sektorar.

Indikatorar:

  • Talet på interkommunale og regionale arealplanar.

  • Utviklinga av kommunal planaktivitet målt etter talet på vedtekne kommuneplanar og kommunedelplanar, reguleringsplanar med kommunalt og privat initiativ, tidsbruk i plansaker og ressursbruken målt som brutto driftsutgifter.

  • Talet på kommunar med aktuell planstrategi, samfunns- og arealdel av kommuneplanar og kommunedelplanar innanfor prioriterte område.

2. All planlegging i kommunar, fylke og regionar skal skje innanfor ramma av nasjonal politikk

Indikatorar:

  • Tal på og type motsegn fremja i planprosessen, etter motsegnsorgan og -grunn, og tal avgjort av Miljøverndepartementet.

  • Talet på dispensasjonar for nybygg i verdifulle landbruks-, natur- og friluftsområde.

  • Politikk formidla gjennom blant anna nasjonale forventningar, skriv, kurs og departementet sin nettstad.

3. Plan- og bygningslova og aktuelle sektorlover skal nyttast aktivt for å sikre lokal og regional utvikling som vektlegg gode løysingar med tanke på miljøet, og sikrar god dokumentasjon av konsekvensar for miljø og samfunn.

Indikatorar:

  • Talet på kommunale, fylkeskommunale og regionale planar der miljøstatus og miljøutfordringar er synleggjort i planstrategiar og planar.

  • Talet på planar i kommunar, fylkeskommunar og regionar med særleg fokus på klima og klimatilpassing, natur- og friluftsliv, areal og transport.

  • Talet på føreleggingssaker etter §8 i forskrift om konsekvensutgreiingar, og konflikttema i den enkelte sak.

Arealpolitikk og planlegging etter plan- og bygningslova er tverrgåande verkemiddel som grip inn på dei enkelte resultatområda. Samfunnsplanlegginga er med å sette ramma for måloppnåinga på dei ulike miljøområda. Sjå nærare omtale i dei enkelte resultatområda for korleis til dømes plan- og bygningslova, og nasjonale føringar og politikk for arealplanlegging og arealdisponering verkar inn på miljøet.

Figuren viser eksempel på indikatorar for måloppnåing for planlegging for dei ulike miljøområda.

Tabell 9.1 All planlegging skal skje innanfor ramma av nasjonal politikk

1 Levande hav og kyst

Nasjonalt mål:

Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønska nedbygging i strandsona, og sikre berekraftig ressursutnytting langs kysten.

  • Del av arealet i 100 -metersbeltet langs kysten frå svenskegrensa til og med Hordaland som er tilgjengeleg for allmenta

  • Tal på dispensasjonar for nybygg i 100 - metersbeltet langs sjø

  • Talet på nybygg i strandsona i medhald av plan

  • Omfang av planar for sjøareala langs kysten

2 Livskraftige elvar og innsjøar

Nasjonalt mål:

Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til hindre uønska nedbygging av 100 -metersbeltet langs vassdrag og innsjøar.

  • Tal på dispensasjonar for nybygg i 100 - metersbeltet langs vassdrag

  • Tal på nybygg langs vassdrag i medhald av plan i LNFR-område

3 Frodige våtmarker

Nasjonalt mål:

Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal bidra til hindre uønska nedbygging av våtmarker.

4 Mangfaldige skogar

5 Storslått fjellandskap

Nasjonalt mål:

Planlegging i kommunar, fylke og regionar gjer i fjellområda skal medverke til å sikre levedyktige bestandar av villrein i sine naturlege utbreiingsområde i Sør-Noreg.

  • Talet på regionale fjellplanar

6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap

Nasjonalt mål:

Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønska nedbygging av matjord og ta vare på viktige kulturminne.

  • Avgang dyrka og dyrkbar mark i medhald av planar etter plan- og bygningslova

7 Godt bymiljø

Nasjonalt mål:

Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til at byer og tettstadar er berekraftige, attraktive og funksjonelt utforma med eit godt fysisk miljø som fremjar helse og livskvalitet.

  • Talet på byregionar med samordna areal- og transportplanar.

  • Tettstadareal pr. innbyggjar.

  • Delen av dei daglege reisene som skjer på miljøvenleg måte.

  • Delen av omsetjinga i varehandel i kommunen innanfor by- og tettstadsområde.

  • Utslepp av klimagassar i kommunar og fylke.

  • Leike- og rekreasjonsareal i tettstader pr. 1000 innbyggjarar.

  • Delen busette med kortare avstand enn 500 m til rekreasjonsareal større enn 200 daa i byar og tettstader.

  • Talet på kommunar med rekreasjons- og friluftsområde lagt til rette med universell utforming.

  • Talet på kommunar med vedteken plan og retningslinjer for universell utforming.

  • Tal på kommunesenter som er kartlagde etter kriteria for tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne.

8 Aktivt friluftsliv

Nasjonalt mål:

Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å fremje eit aktivt friluftsliv og skape helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenlege nærmiljø.

  • Talet på kommunale og regionale friluftsplanar.

9 Giftfritt miljø

10 Rein luft

Nasjonalt mål:

Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til at helse og miljø ikkje tar skade av luftforureining og at støyplagene skal reduserast.

11 Stabilt klima

Nasjonalt mål:

Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal legge til rette for ein samordna areal- og transportpolitikk som medverkar til lave klimautslepp, og medverkar til å redusere samfunnet si sårbarheit for klimaendringar.

Tilstand

Gjennom god planlegging sikrar ein miljøvennlege og effektive transportløysingar og tilstrekkelege og gode areal for næringsutvikling, skular, barnehagar, samfunnstryggleik og andre viktige samfunnsformål i heile landet. Alle har høve til å delta i denne planlegginga, men planansvarlege har eit særskilt ansvar for å sjå til at grupper som vanskeleg kan gjere seg gjeldande, kan medverke på ein god måte. Planlegginga gir rammer for kor vi skal bu, handle og bruke fritida vår, og korleis vi formar byar, tettstader og bygder som er attraktive for alle og fremjar helse, livskvalitet og oppvekstmiljø. Samstundes er planlegging eit viktig verktøy for å sikre at naturens mangfald, kulturminne og kulturmiljø, landskapsverdiar og viktige jordbruksareal vert tekne vare på og gitt ein berekraftig bruk i samsvar med nasjonale mål.

Boks 9.1 Planlegging i tal

Planaktiviteten i Noreg er høg og stabil. I 2009 hadde 423 av kommunane i landet ein gjeldande arealdel til kommuneplan, av desse 423 planane vart 55 vedtekne i 2006, 85 i 2007, 30 i 2008, 31 i 2009 og anslaget for 2010 er 35.

I 2010 vart det vedteke om lag 2100 reguleringsplanar, og i perioden 2007-2009 vart det vedteke om lag 2000 reguleringsplanar kvart år. Det er positivt at planaktiviteten er høg. Det inneber at forvaltninga av arealressursane skjer på bakgrunn av grundige vurderingar og demokratiske medverknadsprosessar.

Plan- og bygningslova av 2008 gir rammene for berekraftig bruk av ressursane. Planlegging er forpliktande samarbeid og samspel på tvers av sektorar og mellom nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå, der kommunane har eit viktig ansvar innanfor statlege og regionale rammer. Plan- og bygningslova fastset ordningar for deltaking der einskildpersonar, organisasjonar, næringslivet, kommunar, fylkeskommunar og statlege sektorinteresser er med.

Arealbruken må sjåast i ein heilskapleg samanheng. Dette sikrar at viktige omsyn som til dømes landskap, naturmangfald og naturressursar kjem tidleg inn i planprosessen og at utbyggingsmønsteret kan planleggjast slik at det blir mest mulig berekraftig.

Gjennom plan- og bygningslova er det etablert effektive verkemiddel for utvikling av ei meir berekraftig samfunnsutvikling. Kvart fjerde år skal det utarbeidast eit nytt dokument med nasjonale forventningar til den regionale og kommunale planlegginga.

I 2011 la regjeringa fram første forventningsdokument til kommunal og regional planlegging, Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging. Forventningane skal følgjast opp i regionale og kommunale planstrategiar og er retningsgivande for regionale og kommunale planer. Regionale og kommunale planstrategiar skal òg lagast kvart fjerde år. Dei skal ta stilling til viktige planspørsmål for nyvalde fylkesting (regional planstyresmakt) og kommunestyre. Planstrategiane skal ta utgangspunkt i nasjonale mål og rammer frå regjering og Storting, men leggje vekt på lokal røynsle og kunnskap i den regionale og kommunale tilpassinga av politikken. Regjeringa skal godkjenne dei regionale planstrategiane. På denne måten kan Regjeringas forventningar til planlegginga tilpassast til dei ulike regionale utfordringane.

Motsegnsinstituttet blir nytta av fylkeskommunen og statlege styresmakter for å sikre at nasjonale og viktige regionale interesser blir ivaretekne i planlegginga. Gjennom departementet si avgjerd i motsegnssaker vert viktig nasjonale arealpolitiske spørsmål konkretiserte og formidla.

Planutfordringane i dei ulike delane av landet varierer. Planlegginga må møte utfordringar både i byar, tettstader og område med spreidd busetnad. Det skjer ein betydeleg vekst i byar og tettstader. Om lag 80 pst. av befolkninga bur no i byar og tettstader. I storbyane og andre pressområde er planlegginga retta mot aukande arealmangel og behov for fortetting, bevaring av grøntområde og utvikling av miljø- og klimavenlege transportløysingar. I andre delar av landet er planlegginga eit verkemiddel for å oppretthalde busetjing og skape nye arbeidsplassar. Denne store variasjonen inneber at det er heilt naudsynt med regionale og kommunale tilpassingar til planarbeidet. Det er derfor ei utfordring å utforme ein nasjonal arealpolitikk som kjem dei ulike regionale utfordringane i møte. Regional planlegging er òg naudsynt for å få til gode løysingar på tvers av kommunar og fylke, både innanfor samordna areal- og transportplanlegging, i fjellområda og i kystsona. Trass i innstramminga i plan- og bygningslova er det framleis eit sterkt press på strandsona. Bortfallet av inngrepsfri natur viser at utfordringa med å ta vare på slik natur ikkje er løyst. Det er framleis press på fjellområda.

Påverknader

For å oppnå ei berekraftig samfunnsutvikling må ein sjå samanhengen mellom samfunnsutvikling og arealbruk, slik plan- og bygningslova føreset. I kommuneplanens samfunnsdel skal kommunane ta stilling til langsiktige mål og utfordringar for kommunen. Planane skal vere grunnlaget for arbeidet i sektorane og skal følgjast aktivt opp i handlingsplan og budsjett. Samfunnsdelen gir grunnlag for prioriteringar i arealdelen.

Boks 9.2 Plansystemet – samanhengen mellom plannivåa

Plan- og bygningslova definerer eit klart hierarki av vedtaksnivå, men den inviterer òg til samarbeid mellom nivåa. Samanhengane mellom føresegnene i lova er viktige for både innhald og prosess i reguleringsplanarbeidet.

Figur 9.2 Plansystemet – samanhengen mellom plannivåa

Figur 9.2 Plansystemet – samanhengen mellom plannivåa

Tilstrekkeleg plan- og miljøkompetanse og tilgang til grunnlagsdata er ein føresetnad for god samfunnsplanlegging. Ei særleg utfordring er derfor knytt til plan- og miljøkompetansen i kommunane. Kommunane har viktige oppgåver på plan- og miljøområdet, seinast uttrykt i ny plan- og bygningslov, naturmangfaldlov og matrikkellov. I tillegg har kommunane fått nye utfordringar blant anna knytt til klimautfordringane. Det blir stilt auka krav til ei aktiv planlegging, til konsekvensvurderingar og til betre samordning. Plan- og miljøkompetansen i mange kommunar er dei siste åra gradvis bygd ned. Dette har svekka evna til å ivareta plan- og miljøoppgåvene. Kommunane har ei avgjerande rolle i planlegging for ei berekraftig utvikling, og det er derfor naudsynt å sikre og styrkje kapasiteten på dette området i kommunane.

Gode planar krev kunnskap om kvaliteten på, og bruken av areal og ressursar. Denne kunnskapen er enno ikkje god nok. Det er derfor naudsynt å få til eit samordna system for kartlegging og overvaking av arealbruken og betre tilgang til kart og geografisk miljøinformasjon. Dette vil òg bidra til å auke kvaliteten på konsekvensutgreiingar av kommunale og regionale arealplanar.

Det trengst for å styrke planlegginga på ei rekkje område. Fleire stader er byggjeaktiviteten i strandsona framleis for høg, store samanhengande naturområde minkar og verdifulle jordbruksareal vert nedbygde. Det er eit mål å redusere transportbehovet og såleis klimagassutsleppa blant anna ved å unngå store bilbaserte kjøpesenter utanfor tettstadene. På einskilde område er det derfor naudsynt med ein strengare plan- og dispensasjonspraksis, samstundes som kommunar og fylkeskommunar får høve til å utarbeide gode planar gjennom betre rettleiing og kompetansebygging. Miljøverndepartementet samarbeider med ei rekkje departement og andre instansar om stadutvikling, samordna areal- og transportplanlegging, friluftsliv, universell utforming, vind- og småkraftverk, trygging av matjord, fornybar energi, næringsutvikling med vidare.

Det er ei viktig og krevjande oppgåve å formidle dei nasjonale krava og forventningane til planlegginga til kommunar, fylkeskommunar og statlege sektorstyresmakter med motsegnsrett.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Skal ein nå måla om ein berekraftig arealpolitikk og bruk av plan- og bygningslova som vektlegg gode miljøløysingar treng ein kunnskap og samordning på tvers av forvaltningsnivå og sektorar.

Miljøforvaltninga har ei rekkje delmål under dei nasjonale måla. Plan- og bygningslova skal brukast til å redusere utslepp og til klimatilpassing, blant anna knytt til areal-, energi- og transporttiltak. Plan- og bygningslova skal sikre berekraftig utvikling med vekt på arealutnytting, verdiskaping og attraktiv stadutvikling. Oppgåver, mynde og forventningar skal vere tydelege, slik at kommunane kan utnytte det miljøpolitiske handlingsrommet dei har. God plan- og miljøkompetanse skal vere bygd opp gjennom interkommunale løysingar, arbeid i nettverk, erfaringsformidling frå utviklingsarbeid og andre rettleiings- og opplæringstiltak. Vidare har miljøforvaltninga delmål om at alle fylke skal ha regionale planstrategiar som tek vare på nasjonale område, viktige regionale utfordringar og regionale behov. Nasjonal politikk og statlege interesser skal vere effektivt formidla til kommunar, regionalt nivå og statlege styresmakter. Statlege planverkemiddel for prioriterte politikkområde skal vere oppdaterte.

Miljøverndepartementet er nasjonal planstyresmakt etter plan- og bygningslova og set overordna mål for planlegginga i fylke og kommunar. I denne rolla har Miljøverndepartementet ansvar for å samordne nasjonal politikk i planlegginga. Dette gjeld lovarbeid og enkeltsaker i tillegg til utviklingsarbeid og program. Departementet utarbeider lover og forskrifter, behandlar enkeltsaker og sikrar riktig bruk av lov- og plansystem gjennom rettleiing og opplæring. Miljøverndepartementet avgjer kommunale planar der styresmakter med motsegnsrett ikkje vert samde med kommunen gjennom mekling. På same måten skal departementet avgjere regionale planar der statlege regionale styresmakter eller nabokommunar har hatt vesentlege innvendingar til planen.

Gode løysingar krev godt plansamarbeid mellom kommunar, fylke og statlege etatar. Hovudansvaret for bruk av plan- og bygningslova er lagt til kommunane, som normalt fattar endeleg vedtak om arealbruken. Etatane på regionalt nivå må så snart råd er gjere kommunen kjend med viktige nasjonale og regionale interesser.

Nasjonale forventningar til Kommunal- og regional planlegging skal saman med Statlege planretningslinjer, som konkretiserer den nasjonale politikken, leggjast til grunn for planlegging i kommunar, fylkeskommunar og statlege organ. Nasjonale retningslinjer for gjeldande arealpolitikk er gitt i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging skal medverke til ei berekraftig utvikling og omfattar tema klima og energi, by- og tettstadsutvikling, samferdsel og infrastruktur, verdiskaping og næringsutvikling, natur, kulturmiljø og landskap og helse, livskvalitet og oppvekstmiljø. Det er vedteke statlege planretningslinjer for blant anna klima- og energiplanlegging i kommunane, samordna areal- og transportplanlegging, oppvekstvilkår for barn og unge og differensiert strandsonepolitikk. Regjeringa har i tillegg fastsett rikspolitiske føresegner for kjøpesenter.

Gjennom departementet si avgjerd i motsegnssaker blir viktig nasjonale arealpolitiske spørsmål konkretiserte og formidla. Miljøverndepartementet utarbeider rettleiarar og formidlar nasjonal politikk og planpraksis. I samband med ny plan- og bygningslov er det arrangert eit omfattande opplæringsopplegg for kommunane i samarbeid med fylkeskommunar og fylkesmenn. Avgjerder og lovfortolkingar blir publiserte i rettskjelderegisteret Gyldendal Rettsdata og publikasjonen PlanJuss. Det er vidare lagt stor vekt på å formidle fortløpande informasjon over departementets internettsider www.planlegging.no.

I samsvar med vedtak i Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) er det regionale plansamarbeidet om areal- og transportplanlegginga mellom Oslo kommune og Akershus fylkeskommune etablert. Utviklingsprogrammet Livskraftige kommunar vart avslutta i 2010. Dette samarbeidet med KS har gitt verdfulle erfaringar med miljø- og samfunnsutvikling i kommune-Noreg. Andre dømer på politikk er satsinga på programmet Framtidas byar som er eit nasjonalt samarbeidsprogram mellom 13 store byar, KS, fire departement og næringslivets hovudorganisasjonar for å redusere klimagassutsleppa, møte framtidige klimaendringar og gjøre byane betre å bu i. Dei nye planretningslinjene for strandsona har som mål å tydeliggjøre nasjonal arealpolitikk i 100 -metersbeltet langs sjøen. Det skal gjennomførast ein sterkare geografisk differensiering slik at byggjeforbodet praktiserast strengast i sentrale områder der presset på areala er stort. Dei siste åra er det sett i verk tiltak for å sikre dei inngrepsfrie naturområda, mellom anna krav om planprogram og konsekvensutgreiingar når kommunane legg ut nye arealområde i kommuneplanens arealdel. For fjellområda har Miljøverndepartementet sett i gang eit program der målet er at fylkeskommunane innan 2012 skal ha vedtatt regionale planer for heilskapleg forvaltning av fjellområde som er viktige for villreinen.

Departementet vil halde god kontakt med instansar som har viktige oppgåver i forminga av dei fysiske omgivnadane. Tiltak for auka kompetanse innan planbistand internasjonalt er òg ein del av departementets arbeid. Noreg har slutta seg til, og har overordna ansvar for, og arbeider med oppfølging i Noreg av Den europeiske landskapskonvensjonen. Formålet er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og organisere europeisk samarbeid om dette.

Plan- og bygningslova pålegg kommunane å syte for planregister og eit offentleg kartgrunnlag i kommunen. Det er sett i verk tiltak for å fremje system for å hente inn og å gjere tilgjengeleg informasjon om arealstatus, arealutvikling og planstatus til bruk i planlegging og styring. I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet blir det arbeidd med å leggje til rette for elektronisk saksbehandling i plan- og byggjesaker. Departementet vil leggje vekt på informasjon og rettleiing om slike system. Departementet har òg støtta opp om eit prosjekt (Geointegrasjonsprosjektet) for å få betre integrasjon mellom kartsystem, plansystem og saksbehandlingssystem i kommunane, slik at oppdatering, statistikk og samhandling kan skje meir effektivt. I ulike institusjonar finst det ei rekkje databasar som omhandlar arealbruk og arealverdiar, og desse vil etter geodatalova vere pliktige til å dele data med kvarandre. Miljødatabasane som for eksempel Direktoratet for naturforvaltnings Naturbase, Riksantikvarens Askeladden og Artsdatabankens Artskart gir informasjon om miljøverdiane på ulike areal. Kommunane er som arealstyresmakt brukar av alle desse basane.

Miljøstatus i Noreg, www.miljøstatus.no, gir oppdatert informasjonen om tilstand og utvikling for miljøet. Eit viktig mål er å skape forståing for samanhengane mellom miljøtilstanden, kva som påverkar den, konsekvensar og tiltak. Miljøstatus i Noreg inneheld miljødata for fleire viktige miljøtema. Nettstaden har i tillegg ei eiga kartløysing. Sjå òg verkemiddelomtalen av Kunnskap i del III. Kommunane rapporterer i KOSTRA-systemet. Tala frå KOSTRA blir brukt til å vurdere måloppnåing i forhold til nasjonale mål.

Fylkesmannen og fylkeskommunen

Fylkesmannen er statens fremste representant i fylket. Ein stor del av den statlege regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmannsembeta. Fylkesmannen ser til at nasjonale miljømål blir følgde opp regionalt og lokalt, og det arbeidet som embeta utfører er ein føresetnad for å gjennomføre Regjeringas miljøpolitikk. Fylkesmannen har ei sentral rolle knytt til samarbeid og samordning med andre sektorar og forvaltar viktige delar av lovverket på plan- og miljøområdet. Kommunane har svært varierande kapasitet og kompetanse på plan- og miljøområdet, og fylkesmannens oppfølging og rettleiing av kommunane er derfor viktig.

Dei prioriterte oppgåvene for fylkesmannen på miljøområdet er arbeidet for å sikre og forvalte truga og spesielt verdifulle naturtypar, ta vare på truga og sårbare arter, under dette villaks, rovvilt og villrein, og kjempe mot framande organismar. Embeta har miljøfagleg ansvar for vassforvaltning og utfører arbeid innanfor klimaområdet, konsesjonsbehandling, tilsyn med ulike verksemder på forureiningsområdet og opprydding i gammal forureining.

Som ei følgje av forvaltningsreforma overtok fylkeskommunen frå 1. januar 2010 dei fleste av fylkesmannen sine oppgåver innanfor friluftsliv, bestandsforvaltning av ikkje truga arter av vilt og innlandsfisk som det kan haustast av, og vassregionmyndet. Det betyr at både fylkesmannen og fylkeskommunen har viktige oppgåver innanfor vassforvaltning, og i dei fleste fylke samarbeider dei svært godt på dette området.

Planlegging er ein viktig reiskap for å nå dei miljøpolitiske måla. Gjennom plan- og bygningslova er det etablert verkemiddel for å skape rammer for ei samfunnsutvikling og eit miljø som tek vare på menneske, natur og klima. All planlegging i kommunar, fylke og regionar skal skje innanfor ramma av nasjonal politikk.

Midlar til løn og drift for miljøoppgåvene som fylkesmannen og fylkeskommunane utfører på miljøområdet er budsjetterte på kap.1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementets budsjett og for Fylkeskommunen over kap 572 , post 60 under Kommunal- og regionaldepartementet.

Miljøansvar i anskaffingar og drift av offentlege verksemder

Offentleg sektor kjøpte i 2009 varer og tenester for rundt 386 mrd. kroner. Statsforvaltninga sin del var rundt 146 mrd. kroner. Det er eit stort potensial for reduksjon av miljøbelastningane frå det offentleges innkjøp og bruk av varer og tenester.

Regjeringa ser det som viktig at statlege verksemder tek eit særleg ansvar for å gå føre som ansvarleg innkjøpar og forbrukar ved å integrere miljøomsyn, etiske omsyn og sosialt ansvar i sine anskaffingar. I arbeidet knytt til miljøansvar i offentlege innkjøp har Regjeringa eit særleg fokus på tiltak knytte til klima og energi, helse- og miljøfarlege stoff, avfall og biologisk mangfald.

Det er utarbeidd ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp, og det er utabeidd rettleiande miljøkriterium for prioriterte produktgrupper. Rettleiande miljøkriterium for prioriterte produktgrupper til bruk for innkjøparar blir løpande lagt ut på www.anskaffelser.no. Miljøleiing i statlege verksemder blir ført vidare gjennom handlingsplanen. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har fått ansvaret for å følgje opp handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar som omfattar miljøomsyn. Innovasjon, leverandørutvikling i form av informasjon om grøne leveransekjeder er viktige verkemiddel for berekraftig utvikling av anskaffingar og utvikling av miljøteknologi, og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) gir viktig bidrag til dette. Difi arbeider blant anna med:

Miljøomsyn i offentlege anskaffingar:

  • Utarbeiding av rettleiarar med miljøkriterium og beste praksis

  • Utvikling av støtteverktøy for leiarar og innkjøparar: ITS (intelligent tilbodsskjema), LCC (livssykluskostnader), anskaffingsstrategi, rettleiarar for planlegging og kontraktsoppfølging.

  • Vidareutvikling av www.anskaffelser.no og ein eigen portal for anskaffingar innan bygg, anlegg og eigedom der miljøomsyn har fått ein sentral plass.

  • Integrering av miljøomsyn i konkrete anskaffingar, rettleiing, kurs, standardiserte malar og verktøy for offentlege anskaffingar, under dette integrering av miljø på e-handelsplattforma

  • Arrangering av konferansar og kurs i offentlege anskaffingar og miljø, og deltaking i nettverk, konferansar, seminar med kompetansehevande tiltak.

Miljøleiing

  • Assisterer departementa i å innføre EMAS-sertifisering for eiga drift i samarbeid med Departementa sitt servicesenter (DSS)

  • Ferdigstiller og implementerer MiljøRapp, eit rapporteringssystem der statlege verksemder skal rapportere nøkkeldata om miljøbelastning, tiltak og rutinar, slik at det blir lettare for departementa og andre interessert å følgje opp gjennomføring av krav om miljøleiing

  • Utarbeider rettleiar til rapportering, arrangerer workshops og yter støtte i utarbeiding av tiltaksplanar

  • Utarbeider statistikk, samlar gode eksempel og lagar rapportar baserte på innrapportert data

  • Ansvar for å setje i gang pilotprosjekt for klimanøytral stat.

Spreiing

For å gi offentlege verksemder støtte i gjennomføringa av handlingsplanen, er det i kvart fylke etablert ei regional fagleg støtteteneste (knutepunkt) som står til rådvelde òg for statlege, kommunale og fylkeskommunale verksemder.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) støttar desse knutepunkta gjennom

  • opplæring, verktøyutvikling og erfaringsutveksling, og

  • evaluering og innrapportering av resultat

Knutepunkta står regionalt til rådvelde òg for statlege, kommunale og fylkeskommunale verksemder i gjennomføringa av handlingsplanen lokalt gjennom å:

  • vidareformidle kunnskap om meir miljøvennlege anskaffingar

  • vidareformidle gode og tilgjengelege verktøy for miljøomsyn i anskaffingar

  • yte praktisk hjelp ved enkeltkjøp

  • rettleie verksemdene i utvikling og implementering av ein anskaffingsstrategi der miljø er inkludert

  • medverke til at regionen sine oppdragsgivarar opptrer som krevjande kundar i god dialog med marknaden for å fremje innovasjon og utvikling

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) bistår Miljøverndepartementet i internasjonalt arbeid, under dette erfaringsutveksling, kompetansehevande tiltak ved grøne offentlege anskaffingar og miljøteknologi.

Nettbasert rettleiing for kommunane på miljøområdet – www.miljøkommune.no

Kommunane har omfattande ansvar, oppgåver og mynde etter miljølovverket. Mange kommunar har problem med å utføre alle sine lovpålagte oppgåver på ein tilfredsstillande måte. Dette kan skuldast mangel på kapasitet eller kompetanse. Men miljøstyresmaktene si rettleiing overfor kommunane er òg varierande og til dels mangelfull. Meir tilgjengeleg og målretta rettleiing kan hjelpe kommunane til å bruke myndet dei er tillagt etter forureiningslova, plan- og bygningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og anna miljølovgiving betre og meir effektivt enn i dag. Miljøverndepartementet har derfor bede Klima- og forureiningsdirektoratet om å bidra til ein felles nettstad retta mot tilsette i små og mellomstore kommunar. Nettstaden skal samle rettleiingar til kommunane på dei områda der kommunen er miljøstyresmakt. Første del-lansering av nettstaden vil skje i 2012.

10 Internasjonalt samarbeid

Klimaendringar, tap av naturmangfald og spreiing av miljøgiftar er globale miljøproblem. Skadeverknadene kan komme på heilt andre stader enn der problema har sitt opphav. Fattigfolk med låg energibruk kan bli ramma spesielt hardt av klimautviklinga, og nord- og polarområde blir sterkt påverka av klimaendringar og miljøgifter som skuldas utviklinga i heilt andre delar av verda. Ein kan dessutan ikkje sjå desse problema isolert frå kvarandre. Klimaendringar vil kunne skape problem både for ville arter og økosystem og for landbruket i viktige område.

Dei store miljøutfordringane kan berre løysast gjennom eit tett samarbeid mellom verdas land. Her vil dei globale miljøavtalene stå heilt sentralt. Men ein har enno ikkje fått til gode nok tiltak på område som t.d. klima og naturmangfald. På same tid er drivkreftene bak den allmenne samfunnsutviklinga og dermed òg miljøutviklinga i aukande grad globale. Samarbeid for å sikre ein god nok miljøpolitikk må derfor skje innanfor dei organa som har miljø som hovudoppgåve, men òg i fora der ein fastset andre viktige rammevilkår. På fleire område er det store motsetnader mellom ulike land i synet på desse spørsmåla. Mykje gjenstår før ein har fått til eit internasjonalt samarbeid som effektivt fremjar berekraftig utvikling.

Nasjonale mål – Internasjonalt samarbeid

1. Vere ein pådrivar for nye og strengare miljøvernavtaler, spesielt globalt.

2. Politikk og regelverksutvikling i EU/EØS resulterer i høge miljøkrav og fremjar ei berekraftig utvikling.

Indikatorar:

  • Norsk deltaking i EUs avgjerdsprosessar og forvaltningsregime.

  • Rask avklaring av norske posisjonar på nytt EU-regelverk.

  • Norsk miljøforvaltning deltek i samarbeidsprogram i prioriterte land som mottek støtte frå EØS-midlane (2009-2014).

3. Arbeide for at globale og regionale samarbeidsorgan på miljøområdet, under dette FNs miljøprogram (UNEP), blir utvikla til effektive reiskap for utvikling og gjennomføring av miljøpolitikk.

Indikatorar:

  • FNs miljøprogram som meir autoritativt, relevant og resultatorientert miljøorgan og det faglege tyngdepunktet i FN-systemet på miljøområdet.

  • Miljøforbetringar som følgje av finansieringa av globale miljøtiltak gjennom det globale miljøfondet (GEF) målt pr. krone (færre tonn CO2-ekv., mindre artstap, fleire km2 verna, færre tonn miljøgifter).

  • Målretta nordisk samarbeid mot aktiv påverknad av globalt og regionalt miljøarbeid.

4. Rammevilkår for handel og investeringar skal gi rom for bruk av miljøpolitiske verkemiddel og fremje omsyn til miljø og ei berekraftig utvikling.

Indikatorar:

  • Miljøomsyn integrerte i handels- og investeringsavtaler.

  • Eigne miljøkapittel i bilaterale og regionale handelsavtaler.

  • Føresegner i internasjonale avtaler på handels-, investerings- og miljøområdet som byggjer på prinsippet om at avtalene er likestilte og sidestilte.

5. Strategisk politisk dialog med samarbeidsland og medvirke til å styrkje desse landa si evne og vilje til å ta på seg og gjennomføre internasjonale forpliktingar.

Indikator:

  • Styrkt klima- og miljøsamarbeid med Kina, Sør-Afrika, Brasil og India der prosjektporteføljen speglar dei globale miljøutfordringane og medverkar til å styrkje landa si evne til å ta på seg og gjennomføre internasjonale miljøforpliktingar.

  • Medverke til ei langsiktig oppbygging av miljøforvaltning i dei tidlegare sovjetrepublikkane (EECCA-landa).

6. Utviklingspolitikken skal medverke til ei grønare utvikling og til oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø- og naturressursar.

Indikator:

  • Gjennomføring av St.meld. nr 14 Mot en grønnere utvikling med vekt på handlingsplanen for miljøretta utviklingsarbeid, miljøpilaren i programmet Olje for Utvikling og satsinga Rein Energi for utvikling.

7. Avgrense påverknad og risiko for påverknad på miljøet i nord- og polarområda som følgje av menneskeleg aktivitet.

Indikatorar:

  • Bevaringsstatus for utvalde arter og økosystem i Arktis.

  • Status for havforsuring i Arktis.

  • Nivå av utvalde forureiningskomponentar i det arktiske miljøet.

  • Sårbare og verdifulle område som er verna eller gitt særleg vern.

  • Status for implementering av heilskapeleg forvaltning i den arktiske regionen.

  • Talet på spesielle verneområde og forvaltningsområde som er oppretta og kulturminne som er freda.

  • Talet på relevante miljøindikatorar som er overvaka og rapporterte.

  • Storleiken på utslepp frå Petsjenga-Nikel.

  • Talet på område med samordna forvaltning mellom Noreg og Russland og kvaliteten på dette samarbeidet.

  • Talet på miljøprosjekt i Nordvest-Russland, med økonomisk støtte frå NEFCO og NIB og talet på miljøprosjekt med norsk samarbeidspartnar.

Noreg skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken. Dette inneber auka innsats for å løyse miljøproblema og vidareutvikling av miljøpolitikken internasjonalt og nasjonalt.

Dei viktigaste miljøproblema, som klimaendringar, tap av naturmangfald og spreiing av miljøgifter, er globale. Felles for desse miljøområda er at enkeltland ikkje kan løyse problema på eiga hand, og at vi treng sterke internasjonale verkemiddel. Samtidig trengst ein ambisiøs politikk i dei enkelte landa for å få global framgang på miljøområdet. Dette er ei vanskeleg utfordring i ei verd med store skilnader mellom fattige og rike land sitt ansvar for dei problema vi står overfor. Globale miljøforhandlingar har derfor i seinare år vore sterkt prega av ei nord/sør-polarisering. Samtidig ser vi òg at land som Kina, India, Brasil, Sør-Afrika og Russland spelar ei heilt anna rolle som miljøpåverkarar og politiske aktørar enn for berre få år sidan. Både i miljøpolitikken og på andre politikkområde som gjeld handel og økonomisk politikk er dei globale maktforholda radikalt endra t.d. sidan den første Rio-konferansen om miljø og utvikling for 20 år sidan.

Det er òg store skilnader mellom dei globale miljøproblema når det gjeld samanhengen mellom lokalt, nasjonalt og globalt nivå, både med omsyn til korleis desse problema oppstår og kva som skal til for å løyse dei. For miljøgifter er det slik at dei fleste problema som kom frå innanlandsk produksjon og dermed utslepp frå norske kjelder er løyste. Dei belastningane som natur og miljø i Noreg blir påført skuldast i stor grad langtransportert forureining eller produkt utanfrå. Klimaendringar skuldast summen av utslepp i alle delar av verda samtidig som verknadene kjem både globalt og lokalt/regionalt. Ei positiv utvikling her må skje gjennom at alle aktørar, ikkje minst land med store utslepp, legg opp til ein aktiv klimapolitikk med tilstrekkelege utsleppskutt. Det globale tapet av naturmangfald er eit resultat av øydelegging av økosystem og tap av arter i tusenvis av område over heile verda. Tiltak for å bremse dette må skje på alle nivå, frå betre naturforvaltning lokalt og nasjonalt til utvikling av effektive internasjonale verkemiddel som fremjar samarbeid mellom land og regionar.

Nord- og polarområda er viktige referanseområde for globale trendar innan desse områda. Spesielt gjeld dette truslane frå klimaendring og miljøgifter. På same tid er det ein nær samanheng mellom utviklinga på ulike miljøområde som klima, naturmangfald og miljøgifter. For eksempel vil globale klimaendringar føre til endra livsvilkår for planter og dyr i dei enkelte landa. Både naturlege økosystem og kulturlandskap som landbruksområde vil bli påverka. Globale klimaendringar kan derfor endre vilkåra nasjonalt for å ta vare på arter og natur, ikkje berre sjeldne planter og dyr, men òg natur som har vore typisk eller viktig for dei ulike landa. For Noregs del kan dette dreie seg om t.d. arktiske naturtypar, økosystem med havis, høgfjellsnatur og oppvekstområde for viktige fiskeslag. Dette gjeld òg landbruksvekstar, klimaet i fleire delar av verda kan om nokre tiår vere uegna for dei vekstane som i dag ligg til grunn for produksjon av mat. Mykje tyder t.d. på at det vil bli alvorlege problem med maisdyrkinga i delar av Afrika innan eit par tiår dersom ein ikkje lukkast med å utvikle nye sortar som er meir tolerante for m.a. ekstremvarme i vekstsesongen.

Klimaendringane påverkar altså ikkje berre høva til å ta vare på naturmangfaldet. Klima er òg ein viktig faktor for det høvet ulike land og regionar har til å halde oppe og utvikle livsgrunnlag og velferd. Grunnlaget for matproduksjon og busetnad vil kunne bli svekt eller forsvinne over stadig større område etter kvart som havet stig og frekvensen og intensiteten av tørke, varmebølgjer, ekstrem nedbør og flaum aukar. Samtidig vil tilgangen til vatn og jordbruksproduksjon kunne auke i andre område, særleg i nord.

Store endringar i klima kan derfor føre til omfattande endringar i ulike område sitt høve til å brødfø ei aukande befolkning og understøtte økonomisk utvikling. Det er tørre og halvtørre område i sør, og område som er utsette for flaum og havnivåstigning som vil vere mest sårbare. Sjølv om uvissa er stor, er det viktig å erkjenne at klimaendringane vil kunne få langtrekkjande konsekvensar for mattryggleik, økonomisk utvikling, migrasjon og konflikt.

I tida som kjem må ein sjå på alle høve til å nytte den kunnskapen ein har om samverknader mellom miljøområde. Ein må søkje å bryte negative synergieffektar og i staden finne løysingar som kan vere bra for fleire miljøområde på same tid. Til dømes vil betre bevaring av skog i dei enkelte landa minske utslepp av drivhusgassar og såleis medverke til å bremse den negative globale klimautviklinga. Betre skogbevaring vil òg bety betre vilkår for naturmangfald og naturlege økosystem, noko som igjen vil ha store positive verknader for dei økosystemtenestene som menneskesamfunnet er så avhengige av. Den norske skogsatsinga vil vere eit viktig bidrag i denne samanhengen.

Verkemidla i miljøpolitikken blir stadig meir prega av dette dynamiske forholdet mellom internasjonalt og nasjonalt nivå. Måla blir i stor grad sette gjennom vedtak i konvensjonane, men dei må nåast gjennom tiltak i enkeltland. I tillegg utviklar EU eigne miljøreglar som oppfølging og videreutvikling av miljøkonvensjoner. Gjennom EØS-avtala vert dei fleste av EUs miljøreglar gjennomførte i norsk miljølovgiving. På eit område som miljøgifter blir reglane som gjeld for Noreg i hovudsak utvikla gjennom EUs kjemikalieregelverk og -forvaltningsregime, der Noreg deltek aktivt i arbeidet under Europakommisjonen for å påverke EUs utvikling av reglar. På dette området har Noreg og EU ein ambisiøs politikk, noko som òg gjer det enklare å arbeide for ambisiøse reglar på internasjonalt nivå.

Samtidig ser ein òg at drivkreftene bak den allmenne samfunnsutviklinga og dermed miljøutviklinga i aukande grad blir internasjonaliserte i dagens globale økonomi. Både EU og Verdas handelsorganisasjon WTO setter t.d. viktige rammevilkår for utviklinga i Noreg. I dei siste åra har vi under WTO-forhandlingane sett ei utvikling der enkelte land utanfor EU/EØS har fremja forslag som undergrev EUs kjemikaliepolitikk. Det er derfor viktig å arbeide for eit internasjonalt rammeverk – på miljøområdet og elles – som mogleggjer ambisiøse miljøreglar på nasjonalt, regionalt og globalt nivå.

Det er behov for eit omfattande internasjonalt samarbeid for å sikre utvikling av ein ambisiøs miljøpolitikk og effektive globale verkemiddel. Dette må til både innanfor dei organisasjonane som har miljø som føremål og dei institusjonane som legg rammene for den almenne utviklinga. På trass av mange positive utviklingstrekk, er det liten tvil om at tilstanden på område som klima og naturmangfald går i feil retning. Alle seriøse statusrapportar viser dette. Ein har heller ikkje lukkast med å få fram eit samarbeid som grip tak i problema på tilstrekkeleg effektiv måte. Miljøkonvensjonane og internasjonalt samarbeid på viktige område er prega av sterke motsetnader som gjer det vanskeleg å snu utviklinga. Mykje gjenstår før ein har fått til eit effektivt samarbeid som går i retning av berekraftig utvikling.

Internasjonalt miljøsamarbeid skjer under globale miljøavtaler som dekkjer klima (jf. resultatområde 11), naturmangfald (jf. resultatområde 1-5) og miljøgifter (jf. resultatområde 9) og under det bilaterale miljøsamarbeidet med ein del sentrale utviklingsland, som Kina, India, Brasil og Sør-Afrika. Kapitlet om internasjonalt samarbeid omfattar òg anna relevant samarbeid (ut over dei reine miljøavtalene) innanfor FN, EU, Verdas handelsorganisasjon (WTO) og anna samarbeid om handels- og investeringspolitikk, OECD, nordisk, anna bilateralt samarbeid og nord- og polarområda. Gjennom EØS-avtala vert mykje av EUs miljøreglar gjennomført i norsk miljølovgiving og er omtalt under det enkelte resultatområdet. Verkemidla dekkjer både Miljøverndepartementets og andre departement sine ansvarsområde.

Miljøsamarbeid under FN-paraplyen

Det globale miljøstyresettet treng styrking og reform. Det vart slått fast i ein rapport frå FNs generalsekretær av mai 2010 at miljøpilaren sakkar akterut samanlikna med dei andre pilarane i berekraftig utvikling. Fra norsk side arbeider en for at FNs miljøprogram på sikt skal oppgraderas til FNs miljøorganisasjon.

FNs toppmøte, Rio 2012, har tema grøn økonomi i samanheng med kamp mot fattigdom og styrking av det institusjonelle rammeverket for berekraftig utvikling. Frå norsk side arbeider ein for at UNEP skal komme styrkt ut av Rio 2012-møtet og at FN får mandat til å lage ein strategi for FN-systemets samla miljøarbeid. FNs miljøprogram, UNEP, må styrkjast i rolla som FNs viktigaste policy-organ på miljøområdet. Betre normative og kunnskapsgenererande funksjonar, auka samhandling med andre FN-organ og å unngå unødig dobbeltarbeid og kompetansestrid vil medverke til slik styrking. Toppmøtet må medverke til å byggje tillit mellom land, ved å vise korleis, eventuelt med kva verkemiddel, bevaring av naturgrunnlaget sikrar og ikkje hindrar langsiktig vekst og velferd i utviklingslanda. Energi for alle og fremjing av auka energitilgang på klimavennleg vis, vil vere eit norsk innspel til konkretiseringa av grøn økonomi. Klimarobust landbruk og bevaring av økosystemtenester vil òg stå sentralt i norsk innsats for auka matvaretryggleik. Miljøverndepartementet vil òg, i tett samarbeid med dei nordiske landa, følgje aktivt opp den semja som vart oppnådd under FNs miljøprogram i juni 2010 om å etablere eit internasjonalt panel for kunnskap om biologisk mangfald og økosystemtenester – Naturpanelet – etter modell av Klimapanelet.

Viktige internasjonale miljøavtaler og finansiering av globale miljømål

Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet med å utvikle globale avtaler for å møte miljøutfordringa og eit føregangsland i oppfylling og implementering av slike avtaler.

Nokre internasjonale avtaler dekkjer spesielle og regionale utfordringar, mens andre er globale. Mange av miljøavtalene er underlagt FN, fordi eit grenselaust samarbeid er nødvendig for å løyse problem som artar seg på same måten i mange land. Miljøforvaltninga deltek i forhandlingar for å utvikle best mogleg avtaler og i arbeid for å medverke til at avtalene blir følgde opp i praksis.

Her er det gitt ei kort beskriving av dei viktigaste avtalene på miljøområdet, så som klimakonvensjonen, internasjonale avtaler på miljøgiftområdet og konvensjonen om biologisk mangfald. Elles viser vi i ein tabell dei viktigaste avtalene for Noreg. Nokre store internasjonale avtaler har òg stor innverknad på miljøområdet, som EØS-avtala, UNESCO-konvensjonen om verdens kultur- og naturarv, Forørkningskonvensjonen om kampen mot forørkning, Antarktistraktaten og Havrettstraktaten. Noreg har òg underteikna mange bilaterale avtaler og ministererklæringar på miljøområdet. Ei oversikt over alle internasjonale avtaler på miljøområdet finst på www.miljostatus.no.

Figur 10.1 Figur over dei viktigaste internasjonale konvensjonar på miljøområdet.

Figur 10.1 Figur over dei viktigaste internasjonale konvensjonar på miljøområdet.

Noreg underteikna i 1992 FNs rammekonvensjon om klimaendring (Klimakonvensjonen), som er det sentrale rammeverket for det internasjonale klimasamarbeidet. Konvensjonen er ratifisert av 195 partar. Gjennom Klimakonvensjonen er partane forplikta til å arbeide for at konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren skal stabiliserast på eit nivå som hindrar ein farleg og negativ menneskeskapt påverknad på klimasystemet. Dette skal gjerast gjennom å etablere nasjonale klimastrategiar og gjennomføre tiltak for å redusere utslepp av klimagassar. Klimakonvensjonen inneheld ingen talfesta utsleppsforpliktingar for partane. I Mexico i desember 2010 vart det oppnådd semje om togradermålet, dvs. at vi saman med andre land har forplikta oss til å redusere omfanget av klimaendringane til ein auke i verdas gjennomsnittlege temperatur på under to grader samanlikna med førindustriell tid.

Kyotoprotokollen frå 1997 er ei juridisk bindande internasjonal klimaavtale under Klimakonvensjonen. Alle industrialiserte land, unnteke USA, har under Kyotoprotokollen forplikta seg til talfesta utsleppsreduksjonar. I tillegg kan landa bruke dei fleksible gjennomføringsmekanismane under protokollen til å kjøpe og selje utsleppskredittar. Dette for å sikre at klimagassutsleppa blir gjennomførte der dei kostar minst, samtidig som målet for dei samla totale utsleppsreduksjonane blir fasthalde. Kyotoprotokollen sin styrke er at den har nedfelt bindande kvantitative utsleppstak for kvart land. Den har felles reglar for korleis landa skal rekne, rapportere, måle og bokføre utsleppsreduksjonar og felles retningslinjer for korleis landa skal bokføre bruk av fleksible gjennomføringsmekanismar. Ei stor svakheit med protokollen er at den ikkje er tilstrekkeleg til å nå togradermålet i seg sjølv, ettersom berre om lag 30 pst. av dei globale klimagassutsleppa er omfatta av den.

På partsmøtet for FNs klimakonvensjon på Bali i Indonesia i 2007 starta ein forhandlingsprosess for å etablere ei klimaavtale som omfattar alle land. Målsetjinga var at alle sentrale forhandlingsområde under Klimakonvensjonen skulle samanstillast til ei heilskapleg klimaavtale. Bali-mandatet har fire hovudpilarar: utsleppsreduksjonar, klimatilpassing, teknologioverføring og finansiering. Arbeidet med å få på plass ei ny avtale er enno ikkje avslutta.

Internasjonalt arbeid er nødvendig for å redusere bruk og utslepp av miljøgifter globalt, både for å redusere mengda langtransportert forureining og for å redusere produksjonen, omsetninga og bruken av miljøgifthaldige produkt som er produserte utanfor Noreg. Noreg arbeider med å få inn forbod og avgrensingar mot fleire stoff gjennom Stockholm-konvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, og UNECE-protokollane om respektive organiske miljøgifter og tungmetall. Noreg ønskjer òg å styrkje Basel-konvensjonen om farleg avfall, bl.a. for å sikre at ikkje farleg avfall blir dumpa i utviklingsland. Noreg er òg ein pådrivar for streng regulering av bruk og utslepp av kvikksølv i den nye globale konvensjonen om kvikksølv som no blir forhandla fram. Denne konvensjonen skal vere ferdig i 2013. Noreg støttar den globale kjemikaliestrategien SAICM, som medverkar til grunnleggjande kapasitetsbygging for kjemikalieforvaltning i utviklingsland, og er ein viktig del av den norske satsinga for å redusere dei globale utsleppa av helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

FNs konvensjon om biologisk mangfald (CBD) er det sentrale internasjonale rammeverket rundt arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet. Denne konvensjonen er eit uttrykk for verdssamfunnet si bekymring over tapet av naturmangfald og behovet for tiltak for å motverke dette gjennom vern og berekraftig bruk av naturmangfald. Konvensjonen seier òg at goda som oppstår gjennom bruk av genetiske ressursar skal fordelast rettferdig. Avtala vart framforhandla i 1992 og er no ratifisert av 193 partar. Konvensjonen er ein prosessorientert rammekonvensjon som fastlegg overordna mål, prinsipp og generelle forpliktingar, mens spesielle forpliktingar blir utforma gjennom protokollar, arbeidsprogram og partsmøtevedtak.

Konvensjonen har i dag to protokollar. Den eine er Cartagena-protokollen om handel med og bruk av levande genmodifiserte organismar (GMO). Den andre er Nagoya-protokollen om tilgang til genressursar og rettferdig fordeling av fordelar ved bruk av desse, som blei vedtatt på det 10. partsmøte i Nagoya, Japan hausten 2010. Alle partsland er pålagt å setje i verk tiltak for bevaring og berekraftig bruk av naturmangfald mellom anna gjennom nasjonale strategiar, handlingsplanar og rapportering som skal gjelde for alle samfunnssektorar. Dette pålegg utviklingslanda ei stor bør, som forvaltarar av størsteparten av jordas naturmangfald. For å sikre ei rettferdig byrdefordeling er dei industrialiserte landa forplikta til å medverke med finansiering, overføring av teknologi og tiltak for rettferdig fordeling av gode.

Under verdskonferansen for berekraftig utvikling i 2002 vart det sett eit internasjonalt mål om å oppnå ein betydeleg reduksjon av tapsraten av naturmangfald innan 2010. Dette målet er i 2010 evaluert under Konvensjonen om biologisk mangfald, blant anna gjennom statusrapporten Global Biodiversity Outlook 3 som vart presentert i mai 2010. Rapporten konkluderer med at det globale målet om å «oppnå en betydelig reduksjon av det nåværende tapet av biologisk mangfold » ikkje er nådd. Rapporten viser at utviklinga «går den gale vegen», og at arter og økosystem blir utrydda raskare enn nokon sinne. Tapsraten har auka sidan 2002, og nesten ein firedel av alle plantearter er nå vurderte som utryddingstruga. Nokre økosystem er i ferd med å nå kritiske vippepunkt der naturen ikkje lenger vil vere i stand til å tilpasse seg ytre endringar og heller ikkje kunne levere dei økosystem tenestene alle er avhengige av.

For å medverke til arbeidet med å beskytte felles globale miljøgode i verdas fattige land har velståande land over to tiår bidrege til verdas største miljøfond, Det globale miljøfondet (GEF). Investeringsbehovet er likevel mangfaldige gonger større enn det som kan skaffast gjennom frivillige bidrag, så det er viktig å nytte desse gåvemidlane til å skape interesse for og evne til å innarbeide miljøomsyn i regelverk og utløyse nasjonale og private midlar. Utanriksdepartementet har ansvar for Noregs bidrag til Det globale miljøfondet og Miljøverndepartementet har ansvar for å sjå til at fondet støttar formåla i dei multilaterale miljøavtalene. FNs miljøprogram tek del i styringa av fondet gjennom ansvaret for vitskapeleg og teknologisk rådgiving for GEF.

Nye globale mål for bevaring av naturmangfald

På det 10. partsmøtet under Konvensjonen om biologisk mangfald i 2010 i Nagoya, Japan vart det semje om eit nytt globalt mål: «Effektiv og umiddelbar handling for å stanse tap av naturmangfold for å sikre at økosystemene i 2020 er velfungerende og leverer nødvendige økosystemtjenester.» I tillegg vart det vedteke 20 delmål for korleis ein skal oppnå dette overordna globale målet.

Dei nye globale delmåla skal implementerast i partslanda sin nasjonale politikk. Partsmøtet i Nagoya vedtok at landa skal utvikle nasjonale mål med utgangspunkt i dei nye internasjonale måla. Landa skal rapportere om dette til Konvensjonen før partsmøtet i India i oktober 2012. Vidare vart det vedteke at landa skal oppdatere/revidere sine nasjonale handlingsplanar ut frå dei nye globale måla, og at gjennomføringa av slike handlingsplanar/strategiar skal vere starta seinast innan 2015. Desse strategiane/planane blir vurderte som kvart enkelt land sitt hovudinstrument for gjennomføring av konvensjonen.

Mange av dei nye globale delmåla er innlemma i dei nye nasjonale måla under resultatområde 1- 5 og under kulturlandskap i resultatområde 6, jf kapitla 11 - 16. Alle dei nye globale tilstandsmåla kan finnast direkte i målstrukturen. Dei globale delmåla som er prosessmål eller verkemiddelmål blir ikkje synleggjort direkte i den nasjonale målstrukturen fordi dei nasjonale måla nå i hovudsak er tilstandsmål. Dei globale prosess- og verkemiddelmåla representerer verkemiddel og prosessar som enten er i bruk eller vil bli tatt i bruk i nasjonale strategiar. Dei vil bli rapportert til Konvensjonen på sida av dei nye nasjonale måla. Dei globale delmåla som omfattar formidling av og innarbeiding av verdiane av naturmangfald i rapporteringssystem, nasjonale avgjerdsprosessar og om mogleg i nasjonalregnskap er under oppfølging. Regjeringa har vedteke å oppnemne eit ekspertutval om verdiar av økosystemtenester. Utvalet skal greie ut korleis kunnskapen om verdiane av naturmangfaldet og økosystemtenestene kan styrkast slik at grunnlaget for avgjerder blir betre, og foreslå metodar for å vurdere og verdsette konesekvensane for velferd og livskvalitet av endringar i naturmangfaldet og økosystemtenester. Utvalet skal også komme med forslag om korleis slike verdiar kan bereknast som del av Noregs nasjonalformue. Utvalet sitt arbeid vil legge grunnlag for å følgje opp det globale delmålet om å fase ut eller reformere verkemiddel, under dette subsidiar, som er skadelege for naturmangfald. Norsk oppfølging av det globale delmålet om styrking og aktiv bruk av kunnskap om naturmangfald som grunnlag for avgjerder blir omtalt under kapittel 8 Kunnskap og innafor resultatområda 1-6

Eit av prosessmåla gjeld når Nagoya-protokollen skal tre i kraft og vere operativ. Noreg underteikna protokollen i New York 11. mai 2011, og regjeringa har som mål å ratifisere protokollen før neste partmøte i India i oktober 2012. Som eit ledd i prosessen med ratifisering vil det også bli utarbeida ei forskrift heimla i naturmangfaldlova og havressurslova om uttak av genetisk materiale i Noreg, og utnytting av dette materialet. Det globale delmålet om bruk av urfolks og lokalsamfunns tradisjonelle kunnskap som er relevant for bevaring av naturmangfald blir indirekte følgt opp gjennom arbeidet med Nagoya-protokollen. Konsultasjonsordninga med Sametinget og ulike høyringsprosessar, særleg etter plan- og bygningslova dekkjer føresetnaden om deltaking i relevante prosessar. I nært samarbeid med samiske miljø og organisasjonar, ideelle organisasjonar og ei rekkje andre fagmiljø, er det starta arbeid med innsamling, systematisering og formidling av tradisjonell om natur, økologi og tradisjonar.

Handel, investeringar og miljø

Ei viktig utfordring i åra som kjem er korleis ein skal sikre at dei store handels- og investeringsstraumane støttar ein grøn økonomi og ikkje medverkar til å underminere til dømes miljøpolitikken. Handels- og investeringsavtaler kan setje så strenge krav til dokumentasjon og bevis at det blir vanskeleg å føre ein ambisiøs miljøpolitikk på område som kjemikaliar/miljøgifter og genmodifiserte organismar. Men slike avtaler kan òg gi rom for og medverke positivt til ein ambisiøs miljøpolitikk. Her vil til dømes EFTAs nye utkast til bindande reglar om miljø og arbeidstakarrettar i EFTAs handelsavtaler kunne bli eit viktig bidrag. Gitt den sterke veksten i bilaterale og regionale handels- og investeringsavtaler er det viktig å arbeide for at desse avtalene blir utforma slik at miljøpolitikk kan gjennomførast både nasjonalt og internasjonalt for å løyse dei store globale miljøutfordringane.

Utanriksdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet har hovudansvaret for handels- og investeringspolitikken. Miljøverndepartementet si rolle er å vere pådrivar for god miljøintegrering av desse politikkområda, til dømes norske posisjonar som bidreg til at vi kan fortsette ein ambisiøs miljøpolitikk, under dette ein restriktiv politikk på kjemikaliar og genmodifiserte mekanismar. Ein stor del av varene som blir nytta i Noreg, er produserte utanfor landets grenser. Det er viktig at ikkje dette fører til at Noreg medverkar til miljøskadar i andre land. For å unngå dette blir det nytta informasjonstiltak, grønare offentlege innkjøpskjelder, meir etisk handel og miljøomsyn for investeringar.

EU, EØS og miljøpolitikken

EU er ein pådrivar i internasjonal miljøpolitikk. Internasjonalt samarbeid i globale og regionale miljøfora er ramma både for EU og Noreg når miljøpolitikken blir utforma. Internasjonale konvensjonar er følgde opp eller har danna utgangspunkt for regelverk i EU. Det gjeld blant anna på område som kjemikaliar, vatn, klima, luft og avfall. For å halde oppe eit høgt ambisjonsnivå i miljøpolitikken har EU på enkelte område gått lengre enn miljøkonvensjonane ved å påleggje EU-landa strengare forpliktingar. Vi har sett i dei seinaste åra ein stadig sterkare dynamikk mellom EU og arbeidet i dei ulike konvensjonane der samspelet fremjar ein meir ambisiøs miljøpolitikk. Når utviklinga av globalt regelverk ikkje lykkast kan EU gå føre ved utvikling av eige regelverk. Det har for eksempel lenge vore erkjent at luftfartssektoren representerer eit raskt veksande bidrag til klimagassutslepp. Når arbeidet i FNs luftfartsorganisasjon ikkje har resultert i konkrete globale tiltak for å redusere klimagassutslepp frå luftfarten vedtok EU i 2008 sitt eige luftfartskvotedirektiv som inneber at CO2-utslepp frå luftfartssektoren blir inkludert i EUs kvotesystem frå 2012.

Noreg og EU har eit omfattande miljøsamarbeid, men ein del sentrale miljøpolitiske område er likevel ikkje omfatta av EØS-avtala. Det gjeld naturvern og forvaltning av naturressursar, landbruk og fiskeri. På desse områda er ikkje Noreg forplikta av EUs rettsakter, men EUs regulering av vilkåra for desse sektorane har betydning for Noreg. I lys av utviklinga sidan avtala vart inngått, og den omfattande praksisen som ligg føre i å innlemme EUs rettsakter på miljøområdet, peiker miljøområdet seg ut som ein sentral del av EØS-samarbeidet.

EU/EØS-regelverket er viktig for å sikre felles reglar og for å tilstreve ein høg miljøstandard i heile Europa. Det felles europeiske regelverket har betydning også i forhold til handel med tredje land, det gjeld til dømes krav til kjemikaliar, avfallshandtering og handel med tømmer.

EUs regelverk påverkar norsk regelverk gjennom implementering i norsk rett som følgje av EØS-avtala. Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for å medvirke til ein sterk miljødimensjon i utforminga av EUs politikk på prioriterte område for Noreg, mens Utanriksdepartementet har det overordna ansvaret for Noregs europapolitikk. Miljøsamarbeidet med EU stiller stadig auka krav til Noreg, blant anna som følgje av stadig raskare utvikla og meir sektorovergripande miljøregelverk. Vedteke regelverk er oftare rammeverk som fortløpande blir utvikla vidare og konkretisert i eige regelverk. Aktiv deltaking og påverknad av EUs miljøpolitikk krev god koordinering mellom departementa og rask utvikling av nasjonale posisjonar. Det er viktig å gi konkrete og fagleg godt grunngivne innspel i alle fasar av EUs politikkutvikling. Dei viktigaste kanalane for deltaking og påverknad er Kommisjonens ekspertgrupper og komitear, formannskapslandet, andre innflytelsesrike medlemsland og det nordiske miljøsamarbeidet. Europaparlamentet har fått stadig større politisk innverknad. Parlamentet har medråderett og veto i så godt som alt miljøregelverk som seinare skal innlemmast i EØS-avtala og norsk regelverk. Implementering av EU-regelverk i norsk rett er ein viktig del av EU/EØS-samarbeidet, og deltaking i relevante EU-komitear gir høve til å opparbeide naudsynt kompetanse for å innlemme regelverket i norsk rett i tillegg til tidleg påverknad.

Miljø har ein sentral plass i EUs strategi for berekraftig vekst og auka sysselsetjing, Europe 2020. Auka ressurseffektivitet er sett på som ein føresetnad for å skape ein meir konkurransedyktig økonomi og auka sysselsetjing. EU-satsing på auka ressurs- og energieffektivitet er samtidig ei drivkraft regionalt og globalt for vidare utvikling av ein ambisiøs miljøpolitikk.

Noreg samarbeider med andre land i Europa om betre tilgang til stadfesta miljøinformasjon. Det er under etablering ein felles europeisk infrastruktur for geografisk informasjon (INSPIRE), bl.a. med etablering av elektroniske tenester for tilgang til offentleg geografisk informasjon over Internett.

EØS-midlane er eit viktig miljøpolitisk verkemiddel for Noreg, og er eit bidrag til at dei nye EU-landa gjennomfører vedteken miljøpolitikk i EU. EØS-midlane gir oss òg høve til å styrkje det langsiktige miljø- og kulturarvsamarbeidet med mottakarlanda og gjennom programsamarbeid vidareutvikle det faglege samarbeidet på område der Noreg har mykje å bidra med. Rundt ein firedel av EØS-midlane skal nyttast til auka satsing på miljø og klima i femårsperioden 2009-2014. Støtte til energieffektivisering, fornybar energi, og reduksjon av klimagassutslepp har vore viktige satsingar og vil framleis bli prioritert. I tillegg er satsing på karbonfangst og lagring, klimatilpassingar, naturmangfald, vatn- og havforvaltning, og kulturarv viktige område i inneverande periode.

Nordisk og OECD

Miljøverndepartementet vil medverke til at det nordiske miljøsamarbeidet påverkar globalt og regionalt miljøarbeid på prioriterte område som klima, naturmangfald og kjemikaliar. Eksempel er felles forståing av økosystema sin verdi, strengare kjemikalieregulering i EU og globalt, og utvikling av ramma for å fremje grøn økonomi. Noreg overtek formannskapet i 2012 med Den nordiske velferdsmodellen som overbygning og med Klima og grøn økonomisk vekst som eit tverrgåande tema. I 2012 har Danmark EU-formannskapet med fokus på grøn økonomi. God koordinering av nordisk formannskap og dansk EU-formannskap er sentralt og aukar moglegheitene for aktiv nordisk påverknad av Rio 2012.

Det er òg viktig å medverke til at Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) held fram med å støtte den miljøpolitiske agendasetjinga som premissleverandør av fagleg og politisk relevante analysar, retningslinjer og normer, særleg organisasjonen sitt arbeid med klima og verdisetjing av økosystemtenester. I samband med OECDs neste miljøministermøte i mars 2012, der konkretisering/operasjonalisering av OECDs grøne vekststrategi vil vere tema, vil det frå norsk side vere viktig å arbeide for eit resultat som gir eit godt innspel til Rio 2012.

Utviklingssamarbeid og bilateralt miljøsamarbeid

Land med raskt veksande økonomi har både stor påverknad på den globale miljøtilstanden og stor betydning for å følgje opp og utvikle globale miljøavtaler. Miljøverndepartementet har særskilde avtaler om samarbeid med miljøstyresmaktene i blant anna Kina, India, Brasil og Sør-Afrika. Desse landa har stor betydning for utvikling av den globale miljøtilstanden, i kraft av store og aukande klimagassutslepp, utslepp av miljøgifter og stort biologisk mangfald som er truga. Dei er derfor sentrale i internasjonalt miljøvernsamarbeid. Det bilaterale samarbeidet skal byggje relevant fagleg samarbeid og gi ei plattform for dialogen om internasjonale miljøutfordringar. Miljøverndepartementet skal leggje til rette for slik dialog blant anna ved å sikre ein prosjektportefølje ved ambassadane som styrkjer landa si evne og vilje til å ta på seg og gjennomføre internasjonale forpliktingar i klimakonvensjonen, konvensjonen om biologisk mangfald og i konvensjonane om farleg avfall og kjemikaliar.

Regjeringa har gjort miljø og klima til sentrale satsingsområde i Noregs bistand til dei fattigaste landa og i samarbeidet med land med rask økonomisk utvikling. Miljøverndepartementet arbeider, saman med bl.a. Utanriksdepartementet, for å få til effektiv klimatilpassing på ulike område, som tiltak knytte til klimautviklinga sine konsekvensar for global mattryggleik. Ei viktig satsing her vil vere tiltak for å sikre dei genetiske ressursane som trengst for at landbruket skal kunne tilpassast nye klimaforhold.

Miljøverndepartementet vil, i samarbeid med Utanriksdepartementet, bidra til at Stortingsmelding 14 (2010-2011) Mot en grønnere utvikling blir gjennomført. Kunnskapsgrunnlaget, nødvendige institusjonar, lover, reguleringar og andre verkemiddel må på plass for at ei grønare utvikling skal kunne realiserast. Noreg skal bidra til at utviklingslanda vel ei lågutsleppsutvikling og får på plass system for ei berekraftig forvaltning av naturressursane. Særskilt vil miljøpilaren innanfor programmet Olje for Utvikling, programmet Rein Energi, Regjeringas klima- og skogprosjekt og klimatilpassing bli følgt opp.

Departementet deltek òg i Miljø for Europa-prosessen, der formålet er å betre miljøsituasjonen i dei tidlegare sovjetrepublikkane (med unnatak av Russland), og samarbeider med Utanriksdepartementet i innretting av miljøprosjekt i desse landa.

Nord- og polarområda

Nord- og polarområda er blant dei stadene på kloden der klimaendringane gjer seg raskast og sterkast gjeldande. Samtidig blir presset på miljøet forsterka ved lettare tilgjenge, auka transportverksemd og ressursutnytting. Semja mellom Noreg og Russland om delelinja i Barentshavet vil òg venteleg medverke til auka økonomisk verksemd i området.

Denne utviklinga gjer det naudsynt at strenge miljøkrav og sikring av særleg verdifulle og sårbare område og arter kjem på plass før aktiviteten aukar og spreier seg til nye område. Om naturmangfaldet i nord skal takast vare på som grunnlag for verksemd og velferd i framtida, må det sikrast gjennom ei heilskapleg og langsiktig forvaltning grunna på føre var-prinsippet og prinsippet om samla belastning. Berre slik kan ein syte for at aktivitet og påverknad blir vurdert samla, og unngå at meir næringsverksemd og utnytting av naturressursane i nord fører til ringare miljøkvalitet eller kjem i konflikt med natur- og miljøvernomsyn og berekraftig bruk av økosystema. Dette set høge krav til både nasjonale reglar og rammer, og til samarbeid og samordning av forvaltninga på tvers av landegrenser. Desse prinsippa ligg til grunn både for naturmangfaldlova, svalbardmiljølova og forvaltningsplanane som skal sikre ei heilskapleg, økosystembasert forvaltning av norske havområde, og blir fremja av Noreg i det bilaterale samarbeidet med Russland og innanfor Arktisk Råd.

Ei heilskapleg forvaltning må vere grunnlagd på beste tilgjengelege kunnskap. Regjeringa er oppteken av at kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av miljøet og ressursane skal vere solid, og at konsekvensane for miljøet skal vere grundig vurderte før ein fattar avgjerd om ny aktivitet. Slik kan ein gjere betre vurderingar av kva krav ein bør stille og kor grensene for menneskeleg aktivitet bør trekkjast av omsyn til sårbare område og arter i nordområda.

Ei berekraftig forvaltning av miljøet i nord krev ein målretta nasjonal innsats og eit målretta internasjonalt samarbeid. Slikt samarbeid må femne om både dei landa vi deler naturrikdommane med, og dei landa som driv verksemd i nord. Samarbeidet må òg knytast opp mot globalt samarbeid for å stogge klimaendringar og forureining som trugar miljøet og dei levande ressursane i regionen.

Miljøvernsamarbeid i nord har òg betydning for Noregs høve til å oppfylle sine plikter under miljøvernavtaler på område som klima, forureining, naturvern og vern av kulturminne.

Aktiv medverknad i Barentssamarbeidet og Arktisk Råd gir gode høve til koordinering av miljøarbeidet i nord når det gjeld forureining og miljøgifter, klimaendringar og bevaring av biologisk mangfald. Miljøverndepartementet arbeider for at Arktisk Råd skal medverke effektivt til betre vern av og eit betre kunnskapsgrunnlag om miljøet i Arktis.

På ministermøtet i Nuuk på Grønland i mai 2011 var det stor vilje blant medlemslanda til å bruke Arktisk råd meir aktivt, og det vart bestemt at eit permanent sekretariat for Arktisk råd skal leggjast til Tromsø. Ein omfattande analyse av snø, is og permafrost i Arktis vart lagt fram på ministermøtet, og viser at havis, permafrost og brear i Arktis smelter meir og raskare enn ein trudde før. Kortliva klimagassar som sot har særleg stor betydning i Arktis, og Noreg har teke initiativ til eit prosjekt for å redusere utslepp av sot frå fyring. Noreg er ein viktig bidragsytar til to større prosjekt under Arktisk råds arbeidsgruppe for bevaring av arktisk flora og fauna (CAFF), knytt til overvaking og bevaring av biologisk mangfald. Noreg finansierer storparten av sekretariatet til Arktisk Råds miljøovervakingsprogram (AMAP) og medverkar aktivt i programmet, blant anna for å samanfatte oppdatert kunnskap om havforsuring i Arktis. Noreg deltek òg i prosjektsamarbeidet for å redusere faren for forureining av miljøgifter i Arktis. Ein rapport om kvikksølv i Arktis vart lagt fram for Arktisk råds ministermøte i mai 2011, og syner at kvikksølv framleis representerer ein risiko for dyreliv og befolkning i Arktis. Innanfor Arktisk råd er Noreg ein viktig pådrivar for å fremje heilskapleg havforvaltning og beskytte dei arktiske marine områda. Fram til mai 2011 har Noreg hatt leiarskapet i arbeidsgruppa for vern av det arktiske marine miljøet (PAME), og medverka aktivt i prosjekt for å styrkje implementering av heilskapeleg forvaltning i arktiske havområde.

Situasjonen i nordområda gir nye kunnskapsutfordringar på miljø- og klimaområdet. Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking i Tromsø, vart etablert i september 2010 og i 2011 vart det sett i gang betydeleg fleirfagleg/tverrfagleg forsking og tett samarbeid innanfor rammene av faglege satsingsområde, dei såkalla flaggskipa. 19 norske institusjonar inngår i senteret og det blir etablert gode forskingsnettverk òg internasjonalt.

Noreg og Russland har eit særskilt ansvar for å verne naturmiljøet og for ei berekraftig utnytting av ressursane i området. Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland står derfor sentralt i Regjeringas nordområdestrategi. Havmiljø og samarbeide i grenseområda er spesielt prioriterte område. Den auka økonomiske aktiviteten som er venta som følgje av den nye norskrussiske delelinja gjer det naudsynt med eit tett samarbeid om heilskapeleg og økosystembasert forvaltning av Barentshavet. Utviklinga av eit konsept for ein forvaltningsplan for russisk side av Barentshavet, basert på dei norske erfaringane med forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten, er derfor høgt prioritert. Saman med etableringa av eit felles norskrussisk miljøovervakingsprogram, vil dette utgjere viktige premissar for auka verksemd innan fiskeri, skipstransport og olje- og gassverksemd. Samarbeidet om radioaktiv overvaking er alt godt i gang. Miljøkrav til og kontroll av petroleumsverksemd er òg viktige element i havmiljøsamarbeidet.

Ei styrkt miljøovervaking får ein sentral plass innan det grensenære samarbeidet, der dei store utsleppa frå nikkelverka på Kola framleis er den største utfordringa. Noreg vil halde fram med å følgje opp overfor russiske styresmakter slik at naudsynte tiltak blir sette i verk for å få redusert utsleppa. Det er i tillegg ei høgt prioritert oppgåve å medverke til å eliminere dei såkalla Barents-miljø hot spots, som er store og kompliserte miljøutfordringar i Barentsregionen, beskrivne i Arktisk Råds miljøovervakingsprogram og NEFCO si hot spot-liste frå 2003. Her er arbeidet i ferd med å komme over i ein tiltaksfase. Når Noreg avsluttar sitt formannskap i Barentsrådet i 2013 har ein som mål at fleire hot spots skal vere stroke av lista, basert på ei vurdering av at naudsynte tiltak er gjennomførde.

Noreg er ein aktiv deltakar i Barentssamarbeidet, der ein i miljøsamanheng i tillegg til arbeidet med hot spots fokuserer på reinare produksjon i industrien og berekraftig forbruk, forvaltning av naturmangfaldet og av vassressursane i regionen. Blant anna er det no høgt prioritert å etablere eit nettverk av verna område i Barentsregionen for å beskytte naturmangfaldet og økosystema. Med bakgrunn i at Barentsregionen vil bli hardt råka av klimaendringane, vil ein òg i samarbeid med dei andre delane av Barentssamarbeidet lage ein handlingsplan for å møte dei utfordringane klimaendringane vil medføre for regionen.

Svalbard er ein internasjonalt viktig natur- og kulturarv som Noreg har eit særskilt ansvar for å bevare. Ein medviten verneinnsats gjennom mange tiår har medverka til at berre ein liten del av Svalbards landområde er merkt av tyngre naturinngrep. Sjølv om situasjonen for det biologiske mangfaldet og villmarksnaturen i dag er god, er arter og økosystem sårbare for fleire typar påverknad som er venta å auke. Dette gjeld særleg klimaendringar, men òg aukande ferdsle og interesse for naturresursane på og ikring Svalbard.

Dei seinare åra har den urørte naturen på Svalbard fått større vekt som referanseområde for klima- og miljøforsking. Å sikre tilgangen til urørte område er derfor ei viktig utfordring.

Dei viktigaste verkemidla for vern av miljøet på Svalbard er svalbardmiljølova med forskrifter, overvaking av miljøtilstanden og aktivitetar som kan påverke den. Etter etablering av fleire nye verneområde er det å tilpasse forvaltninga av desse områda til endringar i klima- og aktivitet gjennom forvaltningsplanar ei hovudutfordring.

Svalbards miljøvernfond har vært fullt operativt sidan 2008. Fondet tildelte i første tildelingsrunde i 2011 3,7 millioner kroner til 19 miljøvernprosjekt. For hausten 2011 og niende tildelingsrunde er det 7,5 millioner kroner til fordeling. Midlene går til ulike tiltak og prosjektar innafor berekraftig turisme, kulturminner, fiske og vilt, informasjon og opplæring, skjøtsel, gjenoppretting av miljøtilstanden, tilrettelegging, undersøkelser, kartlegging og overvåking av miljøtilstanden. Styret vil fortsette med to årlige tildelingsrunder og i 2012.

Statens kartverk driv eit geodetisk observatorium i Ny-Ålesund, som er ein del av eit globalt forskingsnettverk. Rørslene på jordoverflata, jordrotasjonen og jordas nøyaktige plassering i verdsrommet blir kartlagt her. Observatoriet er viktig for all satellitteknologi, klimaforsking og overvaking. Stasjonen har bemanning året rundt og bidreg til den faste busetnaden i Ny-Ålesund.

Miljøverndepartementet arbeider for å ta vare på miljøinteresser i Antarktis og vil medverke til eit godt samarbeid om forvaltninga av kontinentet. Norsk forsking, med utgangspunkt i vår heilårs forskingsstasjon Troll i Dronning Maud Land og gjennom deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid, gir viktige bidrag både til å betre kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av Antarktis, og til det internasjonale klimaarbeidet.

11 Reultatområde 1 Levande hav og kyst

I Noreg finn vi nokre av dei mest produktive havområda i heile verda. Norske havområde har eit særs rikt naturmangfald med blant anna internasjonalt viktige bestandar av fisk som sild, torsk og lodde, og sjøfuglar som lunde, polarlomvi og alkekonge. Kvalross, storkobbe og kvitkval er døme på bestandar av sjøpattedyr. Korallreva langs norskekysten er unike i global samanheng. I høve til mange andre økosystem har havområda ikkje så mange arter, men hos nokre arter er det svært store bestandar. Noreg har ein storslått og variert kystnatur, både over og under vatn. Det er nær samanheng mellom økosystema i havet og på land, til dømes transporterer sjøfugl store mengder næring frå havet og inn på land. Mange av artene i kystsona er svært spesialiserte og ein del av dei finst berre her.

For Noreg har naturressursane frå havet ført til at vi er å rekne som ein av verdas viktigaste havnasjonar, og dei har medverka til verdiskaping og velstand. Petroleumsverksemda og fiskerinæringa er Noregs største eksportnæringar. Sjøtransport er ein betydeleg aktivitet i norske havområde, og det er eit betydeleg potensial for framtidig produksjon av fornybar havenergi. Rekreasjon og turisme knytt til friluftsliv i kystsona gir gode opplevingar og er òg grunnlag for økonomiske verdiar.

Nasjonale mål – Levande hav og kyst

1.1 Dei marine økosystema sin struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald skal oppretthaldast eller gjenopprettast og danne grunnlag for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og økosystemtenester.

Indikator:

  • Føringar og tiltak i forvaltningsplanane for havområda som er gjennomførte innan dei fristar som er fastsette.

1.2. Alt kystvatn skal ha minst god økologisk og god kjemisk tilstand eller godt økologisk potensial der dette er relevant innan 2021.

Indikatorar:

  • Del av førekomstar av kystvatn i Noreg som tilfredsstiller miljømåla i vassforskrifta.

  • Talet på vedtekne vassforvaltningsplanar.

1.3 Alle bestandar som blir hausta av fisk, virvellause dyr og tare skal vere forvalta økosystembasert og hausta berekraftig.

Indikator:

  • Talet på arter der hausting og anna uttak er ein viktig faktor for negativ påverknad på økosystema.

1.4 Utryddinga av truga marine arter skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere forbetra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter knytte til hav og kyst.

1.5. Dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikatorar:

  • Talet på truga naturtypar knytt til hav og kyst.

  • Talet på utvalde naturtypar i havet og på kysten.

1.6. Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar innanfor naturmangfaldlova sitt verkeområde.

Indikator:

  • Areal og del av verna areal (inkl. årleg endring) fordelt på naturtypar i hav og på kysten.

1.7 Verneverdiane i dei marine verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Talet på og del av verneområde der verneverdiane er truga i hav og kystområde.

  • Talet på og del av verneområde med forvaltningsplan.

1.8. Innan 2015 er dei samla menneskeskapte belastningane på korallrev og andre sårbare økosystem som er påverka av klimaendringar eller havforsuring minimert, slik at deira funksjon i størst mogleg grad er halden oppe.

Indikatorar:

  • Utvikling i surleiksgrad (pH).

  • Talet på korallrev og andre sårbare økosystem påverka av havforsuring.

1.9. Dei mest truga artene skal ha status som prioriterte arter.

Indikatorar:

  • Talet på prioriterte arter knytte til hav og kyst.

  • Bestandssituasjonen for utvalde sjøfugl.

  • Status på tareskog.

1.10. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sett i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Talet på nedkjempings/utryddingstiltak fordelt pr art og fylke.

  • Talet på handlingsplanar utarbeidde og sette i verk for allereie introduserte, skadelege organismar.

1.11. Utsetjing av genmodifiserte organismar skal ikkje føre til skade på naturmangfaldet, jf. genteknologilova.

Indikator:

  • Talet på tilfelle der det er påvist mengder GMO over tilletne grenseverdiar.

1.12. Dei nasjonale tilførslene av næringssalt og partiklar til kystvatn som er prega av overgjødsling eller nedslamming skal reduserast til eit nivå som sikrar god kjemisk og økologisk tilstand innan utgangen av 2021.

Indikatorar:

  • Delen av kystvatn som har god kjemisk og økologisk tilstand.

  • Del av kystvatn som står i fare for nedklassifisering som følgje av tilførsler av næringssalt.

1.13. Operasjonelle utslepp skal ikkje føre til helse- eller miljøskade eller medverke til auke i bakgrunnsnivåa av olje eller andre miljøfarlege stoff over tid.

Indikatorar:

  • Mengda operasjonelle utslepp av olje- og miljøfarlege stoff i vatn frå petroleumsverksemd.

  • Mengda operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff frå skip og landbasert verksemd.

1.14. Risikoen for helse- eller miljøskade som følgje av akutt forureining skal haldast på eit lågt nivå og skal kontinuerleg søkjast redusert ytterlegare.

Indikator:

  • Talet på og mengd akutte utslepp av olje og andre miljøfarlege stoff frå petroleumsverksemd, skip og landbasert verksemd.

1.15. Planlegging i kommuner, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønska nedbygging i strandsona og sikre berekraftig ressursutnytting langs kysten

Indikatorar:

  • Del av arealet i 100-metersbeltet langs kysten frå svenskegrensa til og med Hordaland som er tilgjengeleg for allmenta.

  • Tall på dispensasjonar for nybygg i 100-metersbeltet langs sjø.

  • Talet på nybygg i strandsona i medhald av plan.

  • Omfang av planar for sjøareala langs kysten.

1.16. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjon eller forstyrre dyrelivet. Svalbards natur skal kunne opplevast uforstyrra av motorisert ferdsel og støy, også i område som er lett tilgjengelege frå busetjingane.

Indikatorar:

  • Volum og fordeling av motorisert ferdsel til sjøs på Svalbard.

  • Tal på og geografisk spreiing av landstigningar frå cruiseskip utanfor planområda.

  • Talet på helikoptertimar.

1.17. På Svalbard skal omfanget av villmarksprega område haldast oppe, naturmangfaldet bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet, og verneområda sin verdi som referanseområde for forsking sikra.

Indikatorar:

  • Del av verneområda med godkjent forvaltningsplan.

  • Bestandsstatus på raudlisteartar og andre utvalde arter.

  • Status for framande artar og effektar av desse.

Tilstand

Havområda utgjer om lag seks gonger Noregs totale landareal innanfor 200-milssona. Tilstanden i Barentshavet og Norskehavet er generelt god med unntak for enkelte sjøfugl- og fiskebestandar. Nordsjøen og Skagerrak er sterkt påverka av menneskeleg aktivitet. Tilstanden i kystsona er sterkt varierande. Tareskogane er blitt reduserte i fleire tiår både i nord og sør, og bestanden av kysttorsk ligg no svært lågt. Ei rekkje sjøfuglbestandar er blitt sterkt reduserte dei siste åra. Brakkvatn, som er ei blandingssone mellom ferskvatn og sjøvatn, er òg rekna til det marine miljøet. Slike leveområde er sterkt utsette for påverknad frå land.

Ein viktig grunn til det store mangfaldet i norske havområde er førekomsten av grunne havområde, slik som Nordsjøen, Barentshavet og kontinentalsokkelen langs kysten. Svært mykje av havets biologiske produksjon går føre seg i slike grunne område.

Det finst ei rekkje ulike livsmiljø i havet. Den djupe havbotnen, dei frie vassmassane, kontinentalskråninga, dei grunnare områda med fiskebankar og dei helt kystnære områda gir mat og skjul til alt frå dei største kvalane til dei minste planktondyra. Fisk er næringsgrunnlag for mange sjøfugl, og den rike tilgangen på fisk forklarer i stor grad plasseringa til dei største sjøfuglkoloniane. Sjøfuglane er ein viktig del av kystnaturen og det marine økosystemet, og sjøfuglartene er sikre indikatorar på miljøtilstanden i havet. Fleire sjøfuglbestandar langs norskekysten har hatt ein urovekkjande tilbakegang. Lomvi er klassifisert som truga på Norsk Raudliste for arter 2010. For lomvi er situasjonen så alvorleg at det er eit spørsmål om tid før arten forsvinn som hekkefugl i mange fuglefjell langs fastlandskysten. Noreg har eit spesielt forvaltningsansvar for fleire sjøfuglarter fordi bestandane utgjer ein vesentleg del av den europeiske eller nordatlantiske bestanden. Sjøfuglprogrammet SEAPOP vil gradvis gi betre kunnskapsgrunnlag for å ta avgjerder i spørsmål som gjeld tilhøvet mellom sjøfugl og menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona.

I kystsona og på sokkelområda finst spesielt artsrike samfunn knytt til tare, koralldyr og svamp. Desse artene skaper livsmiljø som gir skjul til og levestad for ei rekkje små arter som igjen er næring for fisk og sjøfugl langs kysten. Det er lite vi veit om tilstanden til desse artene totalt sett. Men botndyr som korallar, svamp og sjøfjør er særleg utsette for påverknad og belastning frå botnslepande reiskap i fiskeria som botntrål.

Stortaren og sukkertaren dannar tareskogar langs heile vår langstrakte kyst, og gir «husly» til ei rekkje arter av til dømes raudalgar, børstemakk, skjell, krepsdyr, slangestjerner, tanglopper, sniglar og store og små fisk. Det er ikkje uvanleg å finne opptil 100 forskjellige arter knytte til ei einaste tareplante, og om lag 250 arter av mobile dyr er registrerte i tareskogen. Tilstanden for stortare er i ferd med å betre seg noko. Det er observert reetablering av stortare i ytre kystområde nord til Bodø der den før var nedbeita av kråkebollar. Lengre nord er det framleis store område med berre kråkebollar med noko tareskog innimellom. Tilstanden for sukkertaren har ikkje endra seg dei siste åra. Det er framleis omfattande bortfall av sukkertareskog langs kysten i Sør-Noreg. Det er anslått at omlag 80 pst. av sukkertaren er forsvunnen frå den norske Skagerrakkysten og at omlag 40 pst. er blitt borte langs kysten av Rogaland og Hordaland. Sukkertaren er i tillegg forsvunnen enkelte stader frå kystområda i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Det er rekna ut naturindeks for natur mangfaldet knytt til vassmassane (pelagisk) og botnlevande arter i havet. Datagrunnlaget for dei botnlevande artene er vesentleg dårlegare enn for artene i vassmassane (pelagiske arter). Tilstanden for botnforholda er betre i det djupe Norskehavet enn i dei grunnare områda i Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Dei store fiskeria i havet påverkar alle arter som lever i vassmassane, både direkte via fiske, og også indirekte via endra næringskjeder. Naturindeksen for 2010 viser best tilstand i vassmassane i Barentshavet (NI=0,76), noko dårlegare i Norskehavet (NI=0,68) og Nordsjøen (NI=0,62), og dårlegast i Skagerrak (NI=0,49).

Berre 3 pst. (87 arter) av dei truga artene som er registrerte på Norsk raudliste for 2010 lever i havet. Den låge delen skuldast i stor grad manglande kunnskap, både om enkeltarter og grupper av arter, slik at det ikkje er grunnlag for å gjere raudlistevurderingar. Døme på truga arter i havet er dvergålegras, piggishavsreke, østers, ål, brugde, vanleg uer, klappmyss og grønlandskval.

Blant sjøfuglane er artene krykkje, lomvi, lunde og makrellterne nokre eksempel på truga arter.

Isbjørn er ein truga art. Det same er fleire av våre sjøpattedyr som til dømes klappmyss, narkval og grønlandskval.

Noregs naturtypar er no for første gongen vurdert av Artsdatabanken (2011). Av marine naturtypar på djupt vatn finn vi blant anna korallrev og muddervulkanbotn som døme på truga naturtypar i slike område. I marine grunne område er spesielt sukkertareskog i Skagerrak og Nordsjøen vurdert som truga.

Det er førebels ikkje vedteke nokon prioriterte arter eller utvalte naturtypar etter naturmangfaldlova i havområda.

Langs fastlandskysten er nokre korallrev beskytta etter fiskerilovgivinga. 36 område er kandidatområde for marin verneplan, og det konkrete vernearbeidet er starta opp for 17 av desse områda.

Kysten omfattar område der hav og land gjensidig påverkar kvarandre. Inkludert fjordar og bukter har fastlands-Noreg 25 148 km kystlinje (data frå Statistisk Sentralbyrå). Når strandlinja langs øyane er rekna med, kjem vi opp i 83 281 km. Miljøtilhøva i kystsona gjer det mogleg med spesialisering og sameksistens av mange arter som ikkje lever i andre naturtypar. Eit viktig fellestrekk for kystsona er tilførsle av ekstra næring frå havet, mellom anna gjødsel frå sjøfugl, gyteprodukt frå sild som kjem inn for å gyte og tang som blir skylt på land, vert brote ned og vaska tilbake til sjøen. Dette gir svært produktive økosystem, og tradisjonelt har naturtypa strandeng vore utnytta til både slått og beite. Opphøyr av slik drift har ført til attgroing i ei rekkje strandenger. Andre viktige naturtypar i strandsona er stranddyner og strandberg.

Typiske arter som tilhøyrer kysten er selane havert og steinkobbe, kysttorsk og ei rekkje andre fiskearter som gyt og veks opp i bl.a. tareskogane. Ulike tangarter, rur og ei rekkje andre virvellause dyr er òg knytte til denne sona.

Om lag 13 pst. (485 arter) av dei truga artene lever på hav og land i kystsona. Insekt og anna småkryp dominerer biletet, men 79 karplanter er òg truga. Døme på truga arter i kystsona er karplantene honningblom, purpurmarihand og gul hornvalmue, sommarfuglen klippeblåvenge og buksebie. Den vesle orkideen honningblom, som lever i fuktige slåtteenger og beitemark på strandeng, finst no berre på tre stader i Hvaler kommune, mens den for få år sidan var kjend frå om lag 70 lokalitetar i det sørlege og søraustlege Noreg. Honningblomen er svært sårbar overfor menneskeleg aktivitet. Alle slag omdisponeringar av areal, drenering, gjødsling og gjengroing som følgje av opphøyr av tradisjonell drift tek livet av den. Også klippeblåvengen, som helst vil leve i kystnære svaberg- og klippeområde, er sårbar for endringar i leveområde.

Vi finn sju naturtypar i kystsona på Norsk raudliste for naturtyper 2011. Døme på truga naturtypar er sanddynemark og strandeng.

Klippeblåvenge er vedteken som prioritert art med økologisk funksjonsområde etter naturmangfaldlova. Det betyr at den får skreddarsydde reglar for ivaretaking gjennom berekraftig bruk slik at leveområda blir tekne vare på og skjøtta på riktig måte. Orkideen honningblom er også vedteken som prioritert art etter naturmangfaldlova, men utan økologisk funksjonsområde. Det er førebels ikkje nokon utvalte naturtypar i kystsona.

Dei tilgjengelege areala i strandsona minkar. I løpet av dei siste ti åra har tilgjengeleg areal for friluftsliv blitt 2,1 pst. mindre i heile landet. I Sør-Noreg (frå Østfold til og med Hordaland) har reduksjonen vore på 3,7 pst.

Tabell 11.1 Utbygging i strandsona

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Talet på dispensasjonar for nybygg i 100-metersbeltet langs sjøen

1000

808

767

812

900

1122

Talet på godkjente byggjeløyve i samsvar med plan

1 300

1 658

1 730

1 503

1540

Kyst- og havområda på Svalbard har store førekomstar av sjøfugl og pattedyr som sel, kvalross, isbjørn og polarrev. Havområda rundt Svalbard er grunne og har isdekke større eller mindre delar av året. Store bankeområde med hardbotn er skilt av djupare renner med blautbotn. Iskantsona, som er grensa mellom isdekte område og ope hav, utgjer eit særleg produktivt område. Det same gjeld polarfronten, der temperert atlantisk havvatn frå sør møter dei kalde, arktiske vassmassane frå polarbassenget. Kystsona er prega av grunne område med øyar og skjer, kystsletter med lausmassestrender, laguner, innsjøar og dammar, større og mindre brefrontar og ein del større deltaområde. Klippekystar førekjem òg fleire stader, ikkje minst på Bjørnøya.

I kystsona på Svalbard er det ein nær samanheng mellom livet i havet, i drivisen og på land. Sjøfugl og pattedyr som isbjørn, sel og polarrev nyttar både landområda og isdekte sjøområde til næringssøk og reproduksjon. Både sjøfugl og sjøpattedyr finn det meste av næringa si i havet, men vegetasjonen på kystslettene har òg stor betydning for ein del arter. Samtidig er den gjødslinga sjøfuglane står for viktig for vegetasjonen og dyrelivet i kystsona.

Svalbards kystområde og tilgrensande hav- og drivisområde står i dag fram som lite påverka av lokal aktivitet. Dyrelivet er i utgangspunktet freda, og det skjer berre avgrensa jakt og fangst på enkelte arter. Det meste av kystlinja og 87 pst. av Svalbards territorialfarvatn er verna som naturreservat og nasjonalparkar. Også dei ikkje-verna delane av Svalbard er godt skjerma gjennom svalbardmiljølova. Også i havområda og kysten rundt Svalbard er det likevel nokre arter som er truga. Døme på slike arter er sjøfuglane alke og ismåke, sjøpattedyra grønlandskval, kvalross, steinkobbe og isbjørn. Den gode miljøtilstanden i dag er resultatet av eit målretta vern av arter og område sidan Noreg overtok suvereniteten i 1925. Før dette vart dyre- og fuglelivet på Svalbard i fleire hundre år utsett for omsynslaus jakt og fangst, noko som reduserte fleire bestandar kraftig. Fleire av pattedyr- og fugleartene har ikkje klart å komme tilbake til tidlegare nivå til trass for mange års freding, mens andre har hatt ein kraftig vekst. Forvaltninga manglar kunnskap om utviklinga for mange av artene på Svalbard.

For pattedyr er artene på Norsk raudliste for arter 2010 dei same som i 2006, og omfattar isbjørn, kvalross og steinkobbe. For Svalbard er det òg 18 fuglearter på raudlista. Dette er to fleire enn i 2006. Polarlomvi (Uria lomvia) har komme inn på grunn av teikn på sterk bestandsnedgang dei siste åra, og praktærfugl (Somateria spectabilis) på grunn av at bestanden truleg er mindre enn anteke før.

Påverknadar

Påverknadene på dei marine økosystema oppstår frå menneskelege aktivitetar i havområda, slik som fiskeri, skipsfart og petroleumsverksemd, og påverknader utanfrå som langtransportert forureining og utslepp av CO2/klimaendringar som medfører stigande havtemperatur, auka issmelting og havforsuring. Klimaendringar kan ha store effektar på enkelte nøkkelarter og samfunn, særleg i dei nordlege områda og på Svalbard. Risiko for ulykker og utslepp som kan påverke miljøverdiar er òg ein del av den samla belastninga på dei marine økosystema.

Hausting har størst direkte påverknad på fisk og sjøpattedyr. Når det blir hausta av ein fiskebestand påverkar det bestanden, og dette vil i ein normalsituasjon vere den største menneskeskapte påverknaden. Ei berekraftig forvaltning av fiskebestandane betyr at det er produksjonsoverskotet i bestanden som det blir hausta av. Fiske på dei store kommersielle bestandane, slike som lodde, sild og torsk, skjer i dag innanfor biologiske grenser. For nokre mindre bestandar som blålange, vanleg uer og snabeluer er fiskepresset for høgt.

Fleire sjøfuglarter er i sterk tilbakegang. Klimaendringar/auka sjøtemperatur, konkurranse med fiskeria og oljeforureining er dei viktigaste truslane mot sjøfugl. Matmangel på grunn av konkurranse mellom sjøfugl og fiskeri betyr ikkje nødvendigvis at sjøfuglen og fiskeria konkurrerer om den same fisken der og då. Konkurransen er ofte forseinka og indirekte, og vi treng framleis meir kunnskap for å forstå mekanismane og kvantifisere samanhengane. Sjøfugl blir også påverka av bifangst og forureining.

Endringar i arealbruk er den viktigaste trusselfaktoren i kystsona. Dette gjeld spesielt mange algar og virvellause dyr som lever på godt beskytta stader i kystsona, i fjordbasseng eller i brakkvatn som blir påverka av menneskeleg aktivitet som mudring i strandsona, båthamner, veganlegg og fritidsbusetnad. Nye undersøkingar viser at slike beskytta område er viktige gyte- og oppvekstområde for kystbestandar av fisk.

I kystsona omfattar arealendringar alle former for nedbygging, utfylling og omdisponering av naturmark til andre formål. Her er òg endra bruk, som til dømes opphøyr av beite, ein viktig faktor. I ytre kystområde kan viktige leveområde skadast ved fiske med botntrål. Tråling med tung botnreiskap øydelegg samfunna med dyr på botn, blant anna korallrev, korallskogar, sjøfjør og svampsamfunn. Spesielt korallane er svært sakteveksande, og ei ny oppbygging vil ta lang tid. Auka kartlegging dei siste åra har vist at botntråling har hatt større påverknad på økosystema på botnen enn tidlegare anteke.

Plan- og bygningslova gjeld alle landareal og sjøareal ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja. I plan- og bygningslova er det generelle byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen vidareført og reglane om dispensasjon er stramma inn. Likevel har talet på fritidsbustader i strandsona auka. Talet på fritidsbustadar i 100-metersbeltet langs sjøen var på ca. 82 800 i 2007. Dette er ein auke på ca. 3 600 frå 2003. Rapportering i KOSTRA viser at det i 2010 vart gitt 1 122 dispensasjonar for nye bygningar i 100-metersbeltet langs sjøen, mot 900 i 2009. Det vart gitt ca. 1 730 byggjeløyve i samsvar med plan i 2008. I 2009 og 2010 vart det gitt respektive 1 503 og 1 540 byggjeløyve i samsvar med plan. Det er bekymringsfullt at byggjeverksemd i strandsona har auka frå 2009 til 2010, og at dette i hovudsak skuldast ein auke i talet på dispensasjonar som er gitt. Dei nye tala viser at det trass i innstramminga i ny plan- og bygningslov framleis er eit stort press på bygging i strandsona.

Akvakultur i kystområda er ei form for arealbruk som gir negative miljøkonsekvensar i form av forureining, smitte av villfisk med lakselus og innblanding av rømd oppdrettslaks i villaksbestandar, jf. resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar. I dei nasjonale laksefjordane som vart oppretta i 2007 er det forbode å etablere ny oppdrettserksemd og eksisterande oppdrettverksemd skal flyttast ut.

Overgjødsling i kystsona påverkar spesielt algar og virvellause dyr langs kysten i område som ligg nær område med tett busetnad eller intensivt jordbruk. Påverknad frå land i form av avrenning av næringsstoffa nitrogen og fosfor og tilførsel av anna forureining har størst betydning i Nordsjøen og Skagerrak. Forureining frå miljøgifter har vore og er framleis eit stort problem i mange kyst- og fjordområde, sjølv om tiltak gjennom mange år har medverka til å redusere problema. I nordområda er det spesielt problem med miljøgifter som vert transportert over lange avstandar gjennom luft og med havstraumar, og som kjem inn i dei arktiske næringskjedene der dei endar opp i isbjørn, sel og sjøfugl. Mange typar av utslepp til havet når strendene med større eller mindre effekt. Utslepp av olje kan truge enkeltførekomstar av truga arter og nær truga arter og naturtypar, og påverke økosystema heilskapeleg. Plastforsøpling til havs utgjer ein reell og stadig veksande trussel mot det marine miljøet og kan føre til betydelege skadar og lidingar for marint dyreliv. Plast som blir skylt inn på strendene blir bygd inn i lausmassane og gir strukturelle endringar på vekseplassen. Sjøfugl er særleg utsett med omsyn til plastforsøpling ved at den gjerne gjer ei fatal forveksling av plastfragment med mat. I tillegg følgjer økonomiske og sosiale effektar, som kostnader relatert til opprydningsarbeid langs kysten, skadar på båtar, tapt fiskeutstyr og reduksjon av kystnaturens estetiske verdi.

Klimaendringar kan ha store effektar på enkelte arter. Ved auka sjøtemperatur vil arter med nordleg utbreiing bli påverka direkte ved at livsvilkåra blir dårlegare. For tareskogen kan auka sjøtemperatur få katastrofale konsekvensar fordi artene av tare er tilpassa eit relativt kaldt klima. Overgjødsling medverkar saman med temperaturendringar til at sukkertaren blir borte. Overgjødslinga kan komme frå fleire sektorar, m.a. jordbruk, vatn og avløp og akvakultur. Forsuring av det marine miljøet vil på sikt kunne få store konsekvensar for ei rekkje marine arter. I kystsona vil høgare vasstand gi endringar i leveområde, og meir hyppig uvêr og sterkare vind vil påverke både planter og dyr.

Introduksjon og spreiing av framande organismar har auka betydeleg dei siste 30 åra. Dette skuldast særleg auke i skipstrafikk mellom ulike havområde med stadig raskare skip og tømming av ballastvatn. Også akvakultur basert på framande organismar har skapt problem ved uønska spreiing, og ved spreiing av andre organismar som utilsikta har følgd med. Problema oppstår når dei framande artene konkurrerer ut dei stadeigne artene eller endrar deira naturlege utbreiingsområde. Døme på slike arter i det marine miljøet er japansk drivtang og kongekrabbe. Klimaendringane vil venteleg auke dette problemet, blant anna grunna varmare vatn.

Den største trusselen mot naturmangfaldet i hav og kystområda på Svalbard er klimaendringar og havforsuring. Temperaturauken skjer raskast i Arktis. Drivisen er eit viktig leveområde for mange arter, og utbreiinga av havis om sommaren vil i følgje prognosane minke raskt. Dette er venta å få alvorlege konsekvensar for isavhengige arter som sel og isbjørn. Arktiske farvatn er òg utsette for konsekvensar av havforsuring, fordi kaldt vatn tek opp mest CO2. Langtransporterte miljøgifter er framleis òg ei betydelig utfordring for artene på toppen av dei marine næringskjedene. Påverknad frå fiskeria kan òg auke etter kvart som kommersielle fiskeslag kan bevege seg nordover og inn i Svalbards kystfarvatn. Det føregår eit betydeleg rekefiske ved Svalbard, men i verneområda er bruk av reketrål bare tillete på djup større enn 100 meter.

Svalbards kystområde blir òg stadig lettare tilgjengelege på grunn av mindre havis. Utviklinga går i retning av ei stadig veksande cruiseverksemd både i og utanfor verneområda. Arealbruken utanfor busetjinga er avgrensa til ferdsel knytt til turisme, forsking og friluftsliv.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Forvaltningsplanar for havområda

Norske havområde er forvalta samla innanfor ramma av forvaltningsplanane for havområda Barentshavet – Lofoten og Norskehavet. Formålet med å utarbeide forvaltningsplanar for havområda våre er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og gode, og samtidig halde oppe struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald i økosystema.

Regjeringa tek sikte på å presentere ein forvaltningsplan for norsk del av Nordsjøen – Skagerrak i 2013. Det faglege grunnlaget for forvaltningsplanen vil liggje føre i løpet av 2012. Aktuelle interessegrupper vil bli involverte i arbeidet. Når forvaltningsplanen for Nordsjøen – Skagerrak er på plass, vil ein ha grunnlag for ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning av alle norske havområde.

For Barentshavet – Lofoten og Norskehavet er den viktigaste utfordringa å halde ved lag ein god miljøstatus. For Nordsjøen og Skagerrak vil utfordinga vere å utarbeide og setje i verk ein plan for å betre miljøtilstanden. Eit nært samarbeid med dei andre Nordsjølanda blir viktig i dette arbeidet. Arbeidet må òg samordnast med dei planane som dei andre Nordsjølanda skal lage som følgje av EUs Havstrategidirektiv.

Betre kunnskapsgrunnlag

Eit godt kunnskapsgrunnlag er avgjerande for god forvaltning av hav- og kystområda og står sentralt i utarbeiding, oppfølging og oppdatering/revidering av forvaltningsplanane. Store delar av nyare kunnskap om marin natur har komme frå kartleggingsprogrammet for havbotn, MAREANO. Gjennom MAREANO er det oppdaga til dømes nye marine naturtypar, naturlege gassoppkomme og nye korallrev på havbotnen på kontinentalsokkelen, og dette programmet har gitt viktig kunnskap for oppdatering av forvaltningsplanen for Barentshavet–Lofoten. MAREANO vil bli vidareført og styrkt ytterlegare for blant anna å halde fram med kartlegginga i tidlegare omstridt område vest for avgrensingslinja i Barentshavet i 2012. Kartleggings- og overvakingsprogrammet for sjøfugl, SEAPOP, har skaffa viktige data om sjøfuglbestandane og grunnar til nedgangen i desse. Dette programmet vil òg bli vidareført. Kartleggings- og overvakingsprogramma gir oss gradvis betre og meir oppdatert kunnskap om det marine miljøet, som grunnlag for ei betre forvaltning.

Klimaendringar og havforsuring er dei største utfordringane havmiljøet står overfor i tida framover. Forsking på verknadene av havforsuring er i startgropa, men vi veit allereie no at endringar skjer raskast i dei kalde farvatna i nord og at dyr som er avhengige av kalkskal vil vere særleg sårbare. Det er derfor svært viktig å skaffe betre kunnskap om forsuringsutviklinga og om effektane av forsuring, både på enkeltarter, i næringskjeda og på økosystema. For å oppnå dette er det avgjerande å halde ved lag ei dekkjande og langsiktig overvaking. Forsuringstilstanden i havet er overvaka gjennom Tilførselsprogrammet.

Marin verneplan

Oppretting av marine verneområde og marine beskytta område er eit viktig verkemiddel innanfor ein heilskapleg havmiljøpolitikk og økosystembasert forvaltning. I tillegg til å hindre tap av naturmangfald og sikre ressursgrunnlaget er målet med dette å bevare eit representativt utval av marin natur for kommande generasjonar og som referanseområde for forsking og miljøovervakning. I september 2009 vart oppstart av verneplanarbeidet for 17 kandidatområde kunngjort. Det blir no arbeidd med utkast til verneplanforslag inkludert utkast til forskrifter for desse områda. Kunngjering av ytterlegare 19 område er under førebuing. Til saman dekkjer dette dei 36 områda som inngår i første fase av marin verneplan.

Forvaltning av sjøfugl

Noreg har eit spesielt forvaltningsansvar for fleire arter av sjøfugl fordi bestandane utgjer ein vesentleg del av den europeiske eller nordatlantiske bestanden. I 2012 vil sjøfuglforvaltninga bli følgt opp med utgangspunkt i kunnskapen som kjem fram gjennom SEAPOP-programmet, den nordiske handlingsplanen som er utarbeidd for å motverke nedgangen i sjøfuglbestandane, og forvaltningsplanane som er utarbeidde for havområda våre. Regjeringa varsla i forvaltningsplanen for Barentshavet – Lofoten blant anna at den vil etablere ei arbeidsgruppe beståande av sjøfuglekspertar og havforskarar som skal greie ut samanhengane mellom nedgangen i mange av sjøfuglbestandane og tilgangen på næring, og foreslå eventuelle tiltak for å betre næringstilgangen for sjøfugl.

Tareskogane

Situasjonen i tareskogane langs kysten er framleis særs varierande og mange stader er dei framleis borte. Tareskogane er viktige fordi dei gir mat og ly til viktige arter som blir utnytta og mange hundre mindre arter som er del av tareskogen sitt økosystem. Stortaren har vore nedbeita av kråkebollar i mange tiår. Det er ei stor oppgåve å finne samanhengane i den økologiske balansen som her er blitt øydelagt. Forskingsprogrammet Epigraph (2008 – ) undersøker dette, bl.a. i Porsanger. Sukkertaren er delvis forsvunnen frå svenskegrensa til Stadt. Sukkertareprosjektet (2005 – 2008) avdekte at taren er kjensleg både overfor auka temperaturar i vatnet, men òg auka overgjødsling og tilførsle av slam. I 2011 vart det gjennomført ei undersøking om påverking av overgjødsling i kystsona, bl. a. for å finne ut i kva grad oppdrettsanlegga medverka til dette. Arbeidet vart knytte til Epigraph sitt arbeid i Hardangerfjorden. I 2012 vil ein konsentrere seg om å setje i gang prioriterte tiltak for å betre situasjonen for sukkertaren.

Marine framande organismar

Regjeringa har som mål at tiltak mot dei mest skadelege, etablerte framande organismane i hav og kystvatn skal vere sette i gang innan 2015. Tilførsel av framande organismar i det marine miljøet skjer både gjennom utslepp av ballastvatn, ulovleg utsetjing og naturleg innvandring frå nærliggjande havområde. I norske farvatn er det særleg kongekrabba som skapar problem, samtidig som den blir utnytta som ressurs. Miljøverndepartementet samarbeid nært med Fiskeri- og kystdepartementet for å stoppe spreiinga av denne krabba vest- og sørover. Det er no dokumentert at krabba påverkar havbotnen negativt der den har vore lenge. I 2012 vil miljøforvaltninga medverke til å auke kunnskapen om desse påverknadene.

Noreg har tiltredd konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip (Ballastvatnkonvensjonen). Når denne konvensjonen trer i kraft internasjonalt, vil risikoen for introduksjon av framande organismar frå skip bli betydeleg redusert. Ei nasjonal forskrift om handtering av ballastvatn tredde i kraft 1. juli 2010. Forskrifta stiller krav om at ballastvatn skal skiftast ut i bestemte avstandar frå kysten eller i bestemte soner for å hindre introduksjon av framande arter. Etter at konvensjonen har tredd i kraft internasjonalt, vil det òg bli innført obligatoriske krav om reinsing av ballastvatnet før det blir slept ut. Forskrifta opnar likevel for reinsing på frivillig basis for å prøve ut ny teknologi.

Prioriterte arter og utvalte naturtypar

I nokre tilfelle vil det vere mest føremålstenleg å ta vare på truga arter og naturtypar ved å gi dei status som prioriterte arter eller utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2012. I dette arbeidet vil òg arter og naturtypar knytte til kyst og hav bli vurderte. Det blir mellom anna arbeida med naturtypa kystlynghei som utvald naturtype. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte og dei naturtypane som er blitt utvalde, inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane. Regjeringa har som mål at dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar og dei mest truga artene skal ha status som prioriterte arter innan 2013.

I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging ligg ei forventning om at dei alminnelege føresegnene i naturmangfaldlova om berekraftig bruk blir lagt til grunn for planlegging som kan påverke naturmangfaldet. Førekomstar av utvalde naturtypar og prioriterte arter sine økologiske funksjonsområde skal innarbeidast i planlegging på land og på sjø.

Berekraftig hausting

Berekraftig hausting av marine levande ressursar er forvalta av Fiskeri- og kystdepartementet i medhald av havressurslova. Samtidig er alt liv i havet marint naturmangfald og høyrer derfor òg under naturmangfaldlova. Forholdet mellom dei to lovene er avklart. Miljøverndepartementet vil i 2012 halde fram med å støtte opp under arbeidet med å forvalte alle ressursar etter forvaltningsprinsippa i havressurslova, samtidig som marine arter og naturtypar på raudlista òg blir vurderte i forhold til verktøyet i naturmangfaldlova. Marine verneområde vil òg vere eit bidrag til bevaring av marin natur, sjå eiga omtale av desse.

Vassforskrifta som verkemiddel for forvaltning av kystsona

Vassforskrifta er eit viktig verkemiddel for heilskapleg og økosystembasert forvaltning av vatnet i kystsona ut til 1 nautisk mil utanfor grunnlinja. Forvaltningsplanar er eit viktig verkemiddel både i forvaltning av marine område og i arbeidet med å få til ei heilskapeleg vassforvaltning. Karakterisering og klassifisering av vassførekomstar i kystsona skal vere ferdig innan 2012. Dette skal danne grunnlaget for tiltaksanalysar som vil liggje til grunn for forvaltningsplanar. Regjeringa har sett som mål at vassforvaltningsplanar for kystvatn skal vere vedtekne innan 2015 og at miljømåla skal vere nådd i løpet av 2021.

Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging slår fast ei forventning om at fylkeskommunane i arbeidet med regional planstrategi vurderer behovet for regionale kystsoneplanar, og om nødvendig utarbeider slike planar.

Akvakultur

Det er framleis store og aukande utfordringar knytte til negative miljøeffektar av akvakultur. Dei største utfordringane knyter seg til smitte av villfisk med lakselus, innblanding av rømt oppdrettsfisk i villaksbestandar og forureining (utslepp av næringssalt).

Det blir arbeidd med å styrke overvakinga av utslepp frå oppdrettsanlegg for å ha eit best mogleg vurderingsgrunnlag både før det blir gitt løyve til verksemd og under drift. Ved å styrke overvakinga vil ein kunne sjå på den totale utsleppsbelastninga i eit område og ikkje berre ved det enkelte anlegget.

Tiltak for å avgrense lakselussmitte på villaks og sjøaure og innblanding av rømt oppdrettsfisk er omtalt under resultatområde 2.

Petroleumsverksemd og skipsfart

Oljeforureining skuldast både akutte og operasjonelle utslepp frå offshore olje- og gassverksemd, skipsfart og landbasert verksemd.

Målet om nullutslepp (nullutsleppsmålet) er basert på føre var-prinsippet og inneber at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande kjemiske stoff. Dette generelle nullutsleppsmålet gjeld for heile norsk sokkel. Målet om nullutslepp er vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Det er behov for ytterlegare tiltak for enkelte innretningar for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd òg for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn.

Ved boring i område med korallar eller sårbar botnfauna, vil det bli stilt strenge krav for å hindre nedslamming som kan føre til skade på faunaen.

Auka skipsfart langs kysten, under dette auka sjøtransport av olje og gass, gir òg nye utfordringar. Skipsfarten er internasjonalt regulert gjennom konvensjonar fastsette av FNs skipsfartsorganisasjon (IMO). IMO sitt regelverk er svært omfattande, og det er etablert bindande regelverk for alle dei sentrale miljøutfordringane for skipsfarten. Noreg medverkar til at utsleppskrava til skip blir stadig strengare gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere konvensjonane og syte for god handheving. Sjøfartsdirektoratet syter for handheving av desse krava av norskregistrerte skip i alle farvatn, og av utanlandske skip i norsk farvatn gjennom hamnestatskontroll. Arbeidet med hamnestatskontroll skjer i nært samarbeid med andre land i vår region gjennom Paris Memorandum Of Understanding (PMOU)

Beredskap mot akutt forureining

Klima- og forureiningsdirektoratet stiller krav etter forureiningslova til kommunar og privat verksemd om beredskap mot akutt forureining.

Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse, før leite- og produksjonsverksemd startar. Petroleumsnæringa skal til ei kvar tid syte for dimensjonering og plassering av beredskapsfunksjonar som gir best mogleg beredskap innafor dei rammene som styresmaktene har sett, bl.a. gjennom krav og vilkår i enkeltløyve.

På landsida har 72 bedrifter utvida beredskapskrav og 33 regionar har beredskapskrav og godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane dekkjer sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 33 interkommunale samarbeidsregionar som alle har godkjende beredskapsplanar.

Arealpolitikk i strandsona

Strandsona skal sikrast som natur- og friluftsområde tilgjengeleg for alle. Strandsona som nasjonal interesse er tydeleggjort ved det generelle byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen. Forbodet har eksistert sidan 1965 og er ført vidare i ny plan- og bygningslov. Men talet på dispensasjonar i strandsona viser at det framleis er nødvendig med tydelege nasjonale føringar om ein streng plan- og dispensasjonspraksis i område med mykje utbyggingspress i strandsona. Det er eit mål at delen gitte dispensasjonar går ned, og at arealbruken i strandsona skjer i tråd med oppdaterte kommuneplanar. I desse planane bør kommunane vurdere å ta ut forelda, ikkje utbygde utbyggingsområde.

Statlege planretningslinjer for ei differensiert strandsoneforvaltning vart vedtekne av Regjeringa i mars 2011. Formålet med retningslinjene er å gjere nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen tydeleg innanfor ramma av plan- og bygningslova, og å ivareta allmenta sine interesser og unngå uheldig bygging. Byggeforbodet er strengast praktisert i sentrale område der presset på areala er størst. Departementet og Direktoratet for naturforvaltning følgjer opp retningslinjene gjennom dei regionale kystsonenettverka og i det generelle rettleiingsarbeidet. Dei fire regionale kystnettverka blei oppretta i 2005, og består av fagmedarbeidarar frå kvart fylkesmannsembete. Nettverka følgjer opp den nasjonale strandsonepolitikken overfor kommunane og bidreg til harmonisering av forvaltningspraksis på landsbasis.

I Nasjonale forventningar til regional- og kommunal planlegging blir det slått fast at kommunane må vurdere arealbruken i strandsona i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv, og at det må takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og allmenta sine interesser.

Genmodifiserte organismar

Norske styresmakter har så langt ikkje godkjent genmodifiserte organismar for dyrking eller anna form for utsetjing i naturen. Samtidig aukar bruken av genmodifiserte organismar i mange andre land, og det er viktig å følgje situasjonen nøye også her heime gjennom overvakningssystem, prøver og analysar. Slike system skal syte for at vi veit kva slag genmodifiserte organismar som eventuelt finn vegen til Noreg, og i kor store mengder. Denne informasjonen vil så danne grunnlag for eventuelle tiltak for å sikre økosystema og naturmangfaldet.

Tiltak i hav og kyst rundt Svalbard

Det er ei viktig utfordring er å regulere den vaksande cruisetrafikken og forskingsaktiviteten både i og utanfor verneområda, blant anna for å sikre verneområda sin verdi som referanseområde for klima- og miljøforsking. Det blir no utarbeidd forvaltningsplanar for verneområda på Svalbard for å sikre at aktiviteten skjer i samsvar med verneformålet. Det blir òg utarbeidd ein handlingsplan for isbjørnbestanden, som er særleg sårbar for effektane av klimaendringar.

Klimaendringane vil gjere Svalbards kyst- og havområde meir utsette for framande organismar frå tempererte område. Nye tiltak kan vere nødvendig, og Sysselmannen på Svalbard arbeider derfor med ein handlingsplan mot framande organismar på Svalbard.

Internasjonalt samarbeid for å beskytte havområda

Noregs internasjonale arbeid på havmiljøområdet omfattar mellom anna samarbeid under Konvensjonen om vern av det marine miljø i det nordaustlege Atlanterhavet (OSPAR). OSPAR handlar om eit breitt spekter av havmiljøspørsmål, under dette dumping/disponering av avfall i havet, utslepp frå offshore olje- og gassverksemd og spørsmål knytte til marint naturmangfald, som utvikling av økologiske miljøkvalitetsmål og vern og skjerming av marine område. For EUs medlemsland er konvensjonen òg ei viktig regional plattform for ei koordinert gjennomføring av EUs havstrategidirektiv i vårt havområde. For Noreg som tredjeland i gjennomføringa av direktivet blir konvensjonen derfor eit viktig forum for samarbeid med EU på dette feltet.

Som medlem av Arktisk Råd, deltek Noreg òg aktivt i arbeidet under PAME (Protection of the Arctic Marine Environment Working Group). PAMEs aktivitetar er retta mot vern av det marine miljøet i Arktis. Auka økonomisk aktivitet og klimaendringar medfører auka utfordringar i Arktis, og dette krev ei heilskapleg tilnærming for å handtere både eksisterande og kommande utfordringar.

12 Resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar

Høge fossefall og skummande stryk, store innsjøar og små idylliske tjern. Dette er viktige element i vår rike og mangfaldige vassdragsnatur som gir grunnlag for naturoppleving, rekreasjon, friluftsliv og andre økosystemtenester som reint drikkevatn og arter som kan haustast. Noreg har omlag ein halv million innsjøar og vatn av ulik storleik, og i Finnmark åleine finn vi meir enn 180 000 slike. Ni av verdas 20 høgaste fossar finst i Noreg.

Alle elvar og innsjøar er ein eineståande verden av levande organismar, nøyaktig tilpassa til omgivnadene og kvarandre. Vassdraga blir ofte omtala som livsnervane i naturlandskapet. Elvane er ein føresetnad for fordeling av vatn og næring til livsmiljøet i store omliggjande naturområde.

Vassdraga er og har vore svært viktige for verdiskaping. Dei store elvane har frå gammalt av spela ein sentral rolle for busetjing og utvikling av lokalmiljø og landsdelar. I vassdrag var det ofte rike førekomstar av fleire arter av fisk, vassvegen ga gode høve til transport og produksjon av kraft førte til at det langs vassdraga vaks fram lokalsamfunn basert på industri driven av vatn.

Nasjonale mål – Livskraftige elvar og innsjøar

2.1. Utryddinga av truga arter i ferskvatn skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter knytt til ferskvatn.

2.2. Alle vassførekomstar skal ha minst god økologisk og god kjemisk tilstand eller godt økologisk potensial der dette er relevant i løpet av 2021.

Indikatorar:

  • Talet på vassførekomstar som tilfredsstiller miljømåla i vassforskrifta og vedtekne vassforvaltningsplanar.

  • Talet på gjennomførte vilkårsrevisjonar av dei som er forfalne til revisjon.

  • Talet på vedtekne vassforvaltningsplanar.

  • Talet på restaurerte vassførekomstar.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt og utvikling i talet på dispensasjonar under motorferdslelova.

2.3. Ingen vassførekomstar skal nedklassifiserast (bli dårlegare) som følgje av auka tilførsel av næringssalt eller partiklar frå ny aktivitet, jf. krava i vassforvaltningsforskrifta.

Indikator:

  • Talet på vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsel av næringssaltar eller partiklar.

2.4. Alle bestandar som kan haustast av dyr og planter i ferskvatn skal vere forvalta økosystembasert og hausta berekraftig slik at artene opptrer i levedyktige bestandar innanfor sitt naturlege utbreiingsområde innan 2020.

Indikator:

  • Talet på arter der hausting eller anna uttak er ein viktig faktor.

2.5. Dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikator:

  • Talet på utvalde naturtypar knytt til ferskvatn.

2.6. Varig vern skal oppretthaldast og eit representativt utval av vassdragsnatur skal vernast for kommande generasjonar.

Indikator:

  • Areal og del av verna areal (inkludert årleg endring) fordelt på naturtypar knytte til ferskvatn.

2.7. Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Indikator:

  • Talet på og del av verneområda som er truga.

2.8 Dei mest truga artene i ferskvatn skal ha status som prioriterte arter.

Indikator:

  • Talet på prioriterte arter og bestandsutviklinga for desse.

2.9. Dei ville laksebestandane, under dette det genetiske mangfaldet, skal sikrast slik at dei opptrer i levedyktige bestandar i sine naturlege leveområde.

Indikatorar:

  • Grad av oppnåing av gytemåla for stammene.

  • Stammene sin genetiske integritet.

  • Prosentvis hausting av den enkelte villaksstamma i høve til naturleg haustingspotensial.

2.10. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sett i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Talet på nedkjempings/utryddingstiltak fordelt pr. art og fylke.

  • Talet på handlingsplanar utarbeidde og sette i verk for allereie introduserte, skadelege organismar.

2.11. Utsetjing av genmodifiserte organismar skal ikkje føre til skade på naturmangfaldet, jf. genteknologilova.

Indikator:

  • Talet på tilfelle der det er påvist mengder GMO over tillatne grenseverdiar.

2.12. Dei nasjonale tilførslene av næringssalt og partiklar til ferskvatn som er prega av overgjødsling eller nedslamming skal reduserast til eit nivå som sikrar god kjemisk og økologisk tilstand innan utgangen av 2021.

Indikatorar:

  • Delen av norske vassførekomstar som har god kjemisk og økologisk tilstand.

  • Talet på vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering som følgje av tilførsler av næringssalt eller partiklar.

2.13. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønska nedbygging av 100-metersbeltet langs vassdrag og innsjøar.

Indikatorar:

  • Talet på dispensasjonar for nybygg i 100- metersbeltet langs vassdrag.

  • Talet på nybygg langs vassdrag i medhald av plan i LNFR-område.

Tilstand

Om lag 5 pst. av arealet i Noreg er dekt av ferskvatn i eit rikt mangfald av bekker, elvar, dammar, innsjøar og andre vassførekomstar. I tillegg kjem grunnvatn som ein viktig føresetnad for livet på landjorda. Vassystema er prega av mange små innsjøar og raskt strøymande elvar. Nesten alle dei store vassdraga startar i fjellet, og norske elvar er derfor prega av fossar og stryk. Glomma og Tana er dei einaste vassdraga som nærmar seg det ein kan kalle ei flod. Vi finn dei fire djupaste innsjøane i Europa i Noreg. Alle desse er djupare enn 450m.

Innhaldet av kalk i ferskvatn og surleiksgraden (pH) i vatnet er ein av dei viktigaste faktorane for kva slag arter av planter og dyr som vil trivast i vatnet. Mangfaldet av arter er generelt sett høgare i vatn med høgt kalkinnhald, sjølv om dei mest kalkrike innsjøane (kalksjøar) ofte har lågt mangfald av vassplanter. Berggrunn og jordsmonn på Sørlandet og Sørvestlandet har liten evne til å nøytralisere tilførsler av forsuring, og sur nedbør må difor kompenserast ved kalking. Artsmangfoldet er vidare normalt høgare i næringsrike vassførekomstar enn i næringsfattige. Ferskvatn i fjellet har lågt mangfald av arter grunna kort vekstsesong og derfor låg produksjon. Andre viktige miljøfaktorar i ferskvatn er straumtilhøve, temperatur og substratet sin kornstørrelse. Karplanter finnast hovudsakeleg på blaut botn med fin grus, sand, silt eller leire. På hard botn med fast fjell, store stein og grov grus slik som i dei fleste elvane i Noreg er det få eller ingen karplanter som greier å overleve. Her finn vi mest mosar, algar og dyr. Det er store forskjellar på kva slag arter vi finn i elvar og innsjøar, men elveløp som flyt roleg kan innehalde mange av dei same artene som ein finn i innsjøar. På same måten som i havområda finn vi eit mykje høgare mangfaldet av arter på botnen enn i dei frie vassmassane.

Om lag 2800 dyrearter lever heile eller delar av livet sitt i ferskvatn. Dette omfattar mange dyregrupper som fisk , amfibium, insekt, krepsdyr og ei rekkje arter av dyreplankton. Vi finn flest arter av insekt og krepsdyr. Det er registrert 45 arter av ferskvassfisk. Døme på fisk i ferskvatn er aure, røye, åbor og gjedde. Den atlantiske villaksen er nok den fiskearten som flest har eit høve til, som til dømes god mat på bordet og som grunnlag for verdiskaping eller natur- og fiskeopplevingar og rekreasjon. Noreg er i dag eitt av laksens viktigaste leveområde, og vi finn om lag ein tredel av all atlantisk villaks i Noreg. Bestandane finst langs heile kysten frå svenskegrensa i sør til grensa mot Russland i nord. Tanavassdraget er verdas mest produktive laksevassdrag. Villaksen er spesiell ved at den i løpet av livet har opphald både i ferskvatn og havvatn. Lakseyngelen veks opp i ferskvatn, men etter to til fire år gjennomgår yngelen ei forvandling til smolt, blir blank og vandrar aktivt med straumen ut frå elva til oppvekstområde ute i havet. Etter eitt til tre år i havet kjem laksen tilbake til den same elva som den vandra ut frå for å gyte. Slik tek kvar enkelt laksebestand vare på dei eigenskapane som sikrar best overleving i den elva dei høyrer heime i. Ei viss feilvandring til andre elvar motverkar innavl, og gjer at laksen kan ta i bruk nye område.

Alle dei seks artene av amfibium i Noreg er knytte til ferskvatn. Stor salamander er avhengig av små dammar utan fisk i for ynglinga si, særleg er gardsdammar godt eigna. I dag er mange gardsdammar grodde eller fylte igjen, og stor salamander er ei truga art hovudsakeleg fordi den har mist svært mange av yngleområda sine. For om lag 80 fuglearter er ferskvatn viktig føde og/eller reproduksjonsområde. Døme på fugl knytt til ferskvatn er ulike arter av ender og gjæser, og fossekall som er kåra til Noregs nasjonalfugl av Ni-timen. Hegre og trane er store og majestetiske fuglar som det ei oppleving å få sjå. Bever og oter er to arter av pattedyr som lever i eller nært knytt til bekkar og vatn. Beveren, som er vår største gnagar, er ofte kalla skogens entreprenør grunna sine dammar og hytter i vassdraga. Oteren er eit fascinerande rovdyr som lever i både fersk- og saltvatn. Men når den held til i marine miljø må den ha tilgang til ferskvatn for å drikke og for pelspleie. Oterens viktigaste føde er fisk.

Dei fleste plantene i innsjøar har røtene i oksygenfatting miljø, og har derfor utvikla luftekanalar og store hol i stenglar og blad der oksygen blir produsert og transportert. Ulike sumpplanter og planter med blad og blomster i eller rett under vassoverflata er det første ein legg merke til av vassplanter. Døme på slike arter er den vakre kvite nøkkerosa, ofte kalla vasslilje, og store samlingar av sumpplanter som flaskestarr, elvesnelle og dunkjevle. Totalt 97 karplanter er registrerte i ferskvatn. I tillegg finn vi ei rekkje arter av planteplankton som lever i dei frie vassmassane og algar og sopp som er festa til botn eller til andre planter og dyr. Dei fleste fiskarar har vel lagt merke til at garn blir tildekte av eit brungrønt belegg om dei får stå i vatnet ei tid. I slike tilfelle har påvekstalgane vore på ferde. Planteplankton er den mest artsrike gruppa i ferskvatn med minimum 1050 arter. I næringsfattige innsjøar med klart vatn kor lyset når langt ned finn vi små planter med ein bladrosett ved grunnen. Desse veks på botnen, ofte på fleire meters djup. Døme på slike arter er brasmegras og botnegras.

I elvar får plantene rikeleg med oksygen og lys, men straumen slit på vegetasjonen, og gjer at frø og planterøter har vanskar med å feste seg til underlaget. Ulike algar og mosar har greidd å tilpasse seg dette barske miljøet. Alle som har prøvd å gå i ein elv, veit kor vanskeleg det er å halde seg på beina på dei glatte og sleipe steinane. Dette sleipe laget består av mikroskopiske algar, blant anna kiselalgar som er ein type algar med kiselskal. Trådforma grønalgar er talrike i rennande vatn. Dei er mikroskopiske, men lette å legge merke til fordi dei ofte opptrer i store mengder. Ein reknar med at det finst minimum 900 arter av fastsitjande algar i rennande vatn i Noreg. Vi finn mosar i alle storleikar i rennande vatn, frå små såkalla levermosar som er vanskelege å sjå utan lupe, til vanleg elvemose som kan bli eit par meter lang. I mosevegetasjonen er det ein rik fauna av smådyr som til dømes ulike insektlarver og fiskeyngel. Ifølgje Naturindeksen for Noreg er tilstanden for naturmangfald i ferskvatn samla sett god med ein indeks på 0,78. Tilstanden i ferskvatn er betra sidan 1990. Tal i Vass-Nett-karakteriseringa etter vassforskrifta viser at nær halvparten av vassførkomstane i Noreg har ein mogleg risiko for ikkje å oppnå miljømålet god tilstand eller betre innan 2021.

Om lag 7 pst.(267 arter) av dei truga artene har meir enn 20 pst. av bestanden sin i ferskvatn. Av kransalgane er 17 av 20 arter truga. Også ein stor del av amfibia (67 pst.) og augestikkarane (37 pst.) er med på Norsk raudliste for arter 2010. Billa elvesandjeger er døme på ei truga art som lever nært knytt til ferskvatn ved at den lever og jaktar på elvebreidder som blir overfløymd med jamne mellomrom. Elvesandjegeren likar ikkje kraftutbyggingar eller andre inngrep på og ved elvebredda som grustak og vegbygging. Døme på andre truga arter i ferskvatn er karplantene korsandemat og mjukt havfruegras, glasskivesnigel, edelkreps, og damfrosk. Dei to mest artsrike dyregruppene i ferskvatn, hjuldyr (288 arter) og fjørmygg (505 arter), er ikkje vurderte grunna manglande kunnskap om utbreiing. Villaksen er ikkje truga, men talet på laksebestandar har gått kraftig tilbake og mange bestandar er truga eller sårbare. Om lag 45 norske laksebestandar er utrydda, og ein tredel av dei 401 laksebestandane som er igjen er truga. Av pattedyr knytte til ferskvatn er oteren truga. Elvemuslingen held til i låglandet i elvar med stille til middels straum. Dei finst på dei fleste typar substrat, og lever av mikroorganismar dei filtrerar frå vatnet med gjellene sine. Larvane til elvemuslingen lever parasittisk i gjellene til laks eller aure og er avhengig av vertsfisken for å spreie seg. Bestanden i Noreg er av dei beste i verda, men han er likevel rekna som sårbar. Særleg sør for Dovre minkar bestanden, mykje fordi det ikkje skjer formeiring i stor nok grad. Dette har fleire årsaker, blant anna endringar i vertsdyrbestandane og at dei individa som finst er over formeiringsdyktig alder.

Vi finn sju naturtypar i ferskvatn på Norsk raudliste for naturtyper 2011. Døme på truga naturtypar er kalksjøar og klare kalkfattige innsjøar.

Om lag 15 pst. av ferskvatn er verna etter naturmangfaldlova. Gjennom Verneplan for vassdrag er 388 vassdragsområde verna mot vassdragsutbygging. Dette dekkjer 38 pst. av nedbørfelta i norsk vassdragsnatur.

Billa elvesandjeger er vedteken som prioritert art med økologisk funksjonsområde etter naturmangfaldlova, og kalksjøar har fått sin eigen kongelege resolusjon som utvalt naturtype.

Det finst ei rekkje innsjøar og elvar på Svalbard. Innsjøar og mindre vatn finst særleg på strandflatene på Vest-Spitsbergen, og ikkje minst på Bjørnøya som har ca. 700 vatn. I tillegg finst ei rekkje større breelvar. Mange av vatna manglar avløp til sjøen, og er oftast isfrie berre 2-3 månader i året. Saman med tilgrumsing av breslam gjer dette at produksjonen av planteplankton og botnvegetasjon er låg. Dyrelivet i vatn og vassdrag er derfor avhengig av tilført plantemateriale frå landjorda. I tillegg til ein- og fleircella algar førekjem ein del små krepsdyr, og dessutan insektlarver, særleg fjørmygg og stadvis ei vårflugeart. Det er derfor berre nokre få dyrearter som hentar delar av næringa si i ferskvatn på Svalbard. Forutan svalbardrøye som er einaste ferskvassfisk, gjeld dette fjøreplytt, lommer, havelle, praktærfugl og ærfugl. Røye finst i mange mindre vassdrag og over 100 sjøar over heile Svalbard. Nokre bestandar vandrar ut i havet, mens andre er stasjonære. Dei store elvane på Svalbard er breelvar med eit svært høgt innhald av slam. Her finst inga røye, og artsmangfaldet er svært lågt. Svalbardrøya som art kan vere over 100 000 år gamal, og stasjonær Svalbardrøye er truleg blant verdas eldste røyebestandar.

Påverknader

Endringar i arealbruk eller vassføring i nedbørfeltet eller i artene sitt leveområde er, i tillegg til forsuring, introduksjonar av framande organismar og avrenning frå landbruket, den viktigaste trusselen mot artene i elvar og innsjøar. Fysiske inngrep inkluderer gjenfylling av dammar og lukking av bekker, mudring, dumping og utfylling i strandsona og ikkje minst vassdragsreguleringar. Om lag 1/3 av innsjøarealet er påverka av vasskraftutbygging, og 15 av Noregs 20 høgaste fossefall er regulerte. Inngrep i form av vegar, drenering og gjenfylling er ein særskilt trussel mot mindre vassførekomstar. KOSTRA-tal for dispensasjonar frå byggjeforbod i 100-metersbeltet langs vatn og vassdrag viser at det i 2010 vart gitt 319 dispensasjonar. Dette er noko høgare enn dei siste åra då tala har vore på mellom 150 og 200. For hovuddelen av kommunane er det likevel ingen auke i tala. Det vart gitt 148 byggjeløyve i medhald av plan i 2010, mot 93 i 2009. Nivået for forsuring av ferskvatn er framleis over tolegrensa i 10 pst. av Noregs landareal, sjølv om forsuringssituasjonen har blitt betre dei 10-15 siste åra. Det er særleg område på Sørlandet og Vestlandet som framleis er påverka av forsuring, og dette har gjennom fleire tiår ført til store skadar på plante- og dyrelivet i ferskvatn. Mange sniglar og amfibium er gått tapt i store areal på Sørlandet, og det er anslått at 94 pst. av totalt 47 kjende bestandar av elvemusling i Vest- og Aust-Agder er borte. For enkelte grupper av vassplantar er meir enn 50 pst. av dei opphavlege artene tapt frå delar av dei mest forsura vassdraga i Sør-Noreg.

Forureining som følgje av tilførsel av næringssalt (overgjødsling) er framleis eit betydeleg forureiningsproblem, særleg i område med tett busetnad og landbruksintensive område. Dei viktigaste tilførslene kjem frå jordbruk, fiskeoppdrett, kommunalt avløp og industri.

Spreiing av framande organismar er eit alvorleg trugsmål mot norske vatn og vassdrag, og lakseparasitten Gyrodactylus salaris, signalkreps, ørekyte, gjedde og sørv er døme på arter som har hatt negative konsekvensar på økosystema i ferskvatn. Skadar skuldast både at dei introduserte artene påverkar økosystema negativt og at dei fører til alvorlege sjukdommar hos dei opphavlege artene.

Dei historiske truslane mot dei ville laksestammene, som til dømes sur nedbør, vasskraftutbygging og andre inngrep i vassdrag blir i dag motverka på ein effektiv måte og vil truleg ikkje føre til ytterlegare nedgang i laksestammene. Også lakseparasitten Gyrodactylus salaris kan handterast, men her må innsatsen for å nedkjempe parasitten vidareførast. Hovudutfordringane for laksen i dag er lakselus og innblanding av oppdrettslaks i dei ville stammene.

Påverknaden på elvar og innsjøar på Svalbard som følgje av inngrep og arealbruk er minimal. Tidlegare vart røyebestandar stadvis utsette for rovfiske med garn. I dag blir det fiska mellom 200 og 400 røyer årleg. Røya på Svalbard er òg utsett for miljøgifter. Det klaraste eksemplet finst i Ellasjøen på Bjørnøya. Her er nivået av PCB i røye så høgt at det ikkje er tilrådeleg å ete storfisk. Verdiane er av dei høgaste som nokon gong er målte i Arktis.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Heilskapleg vassforvaltning

Rammedirektivet for vatn forpliktar Noreg til å utarbeide vassforvaltningsplanar for heile landet. Vassforvaltningsplanar for alt ferskvatn og grunnvatn i dei 11 vassregionane skal vere vedtekne innan 2015. Formålet med planane er å ta vare på eller forbetre miljøtilstanden i alle elvar, innsjøar, grunnvatn og kystnære område, og sikre ei heilskapeleg og økosystembasert forvaltning av alle vassførekomstar i Noreg. Dei første forvaltningsplanane vart vedtekne av Kongen i statsråd i juni 2010. Desse planane dekkjer om lag 20 pst av vatnet i Noreg. I 2012 vil arbeidet med å utarbeide forvaltningsplanar for resten av vatnet fortsette, samtidig som vedtekne tiltak i dei første vassforvaltningsplanen skal settast i gang.

Arbeidet med heilskapelege vassforvaltningsplanar krev betydelege ressursar i fylkeskommunane, kommunar, hjå Fylkesmannen og i dei andre statlege etatane. Ein del av tiltaka medfører store kostnader for den enkelte sektor, til dømes innan avløp og kloakk, avrenning frå landbruksverksemd, og nedkjemping av framande organismar. Det blir viktig å finne fram til dei mest kostnadseffektive tiltaka, og å få til eit godt samarbeid om gjennomføring av tiltak.

Frå første fase av forvaltningsplanane etter vassforskrifta ser ein at ansvar og kostnadar blir avdeka gjennom tiltaksanalysane. I Haldenvassdraget til dømes, vert omfang og fordeling av kostnadane for å oppnå god tilstand talfesta og ein får på det viset eit bilete av dei tiltaka som gir best verknad for kvar krone som blir sett inn. Dette gjer vala tydelegare for ansvarleg styresmakt.

Vern av vassdrag

Talet på inngrep i vassdragsnatur aukar, til dømes gjennom utbygging av små vasskraftverk. Det følgjer av vassforskrifta at ein vassførekomst, om mogleg, skal oppretthalde god tilstand sjølv om den er utsett for inngrep, og det er eit mål at vassførekomstar som allereie er påverka av kraftutbygging eller andre inngrep oppnår godt økologisk potensial innan kommande planperiode, det vil seie innan 2021. Samtidig veit vi at talet på nye vasskraftsaker vil auke kraftig dei kommande åra på grunn av satsinga på fornybar energi og ordninga med el-sertifikat. Konfliktnivået vil òg auke, fordi dei minst konfliktfylte og mest lønnsame prosjekta i stor grad allereie er utbygd. Det store og aukande talet på søknader om nye vasskraftutbyggingar gjer at ein kan realisere dei prosjekta som har størst samfunnsnytte og minst miljøpåverknad.

Miljøforvaltninga er involvert i vasskraftsaker, både gjennom utsegner til enkeltsaker, ved å vere ansvarleg for naturforvaltningsvilkår i vasskraftkonsesjonar og i utforminga av meir samlande retningslinjer og planar. Det er viktig å styrke samarbeidet på tvers av sektorane, og auke kompetansen på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå om konsekvensane av små vasskraftverk på vassdragsnaturen. Dette gjeld både konsekvensane av enkeltprosjekt og dei samla effektane av fleire utbyggingar. Kunnskap om miljøverdiane i dei aktuelle prosjektområda må òg betrast.

Det er ikkje eit generelt byggjeforbod langs vassdrag, men forbod kan fastsetjast gjennom kommuneplanen. Dei fleste kommunane har innført eit slikt byggjeforbod langs vatn og vassdrag. I den nye plan- og bygningslova er det innført ei plikt for kommunane til å vurdere behovet for eit slikt forbod. Nasjonale forventningar til regional- og kommunal planlegging fastslår at det skal takast omsyn til allmenne interesser langs vassdrag, og at det er forventa at kommunane vurderer behov for byggjeforbod i ei sone på inntil 100 meter langs vassdrag i kommuneplanen. Utbyggingspresset langs vatn og vassdrag varierer, og kommunane ser i stor grad ut til å følgje opp sine eigne reglar om byggjeforbod i kommuneplanen. I ein del pressområde er det likevel behov for ein innskjerpa politikk og betre plangrunnlag for å sikre strandsona for allmentas bruk. Det blir òg viktig framover å ha fokus på flaum, som blir forsterka av klimaendringane, og omsyn til naturmangfald. Departementet vil derfor i si rettleiing framover leggje vekt på behovet for heilskapleg planlegging av arealbruk langs vassdraga.

Sentrale styresmakter utarbeidde retningslinjer for fylkesvise planar for små vasskraftverk i 2009 og oppfordra fylkeskommunane til å ta i bruk dette verktøyet. Planane skal medverke til at naturmangfald, friluftsliv og store landskapsverdiar ikkje går tapt samtidig som talet på små vasskraftverk aukar. Vedtekne fylkesvise planar er ikkje bindande for den endelege konsesjonsbehandlinga, men søknadar i område som i fylkesplanen er vurderte som spesielt konfliktfylte, vil normalt ikkje få konsesjon. Retningslinjene blir òg lagt til grunn for konsesjonsbehandlinga av enkeltprosjekt. Dei fylkesvise planane er meint å romme viktige heilskapelege vurderingar og vil derfor vere ein viktig del av grunnlaget for konsesjonsbehandlinga. Så langt har to fylke utarbeidd slike planar.

Miljørevisjonar av gamle vasskraftkonsesjonar vil vere eit sentralt verkemiddel for å betre miljøtilstanden i regulerte vassdrag. Det vil venteleg komme eit stort tal saker til behandling dei næmraste åra og desse inneber eit stort potensial for store miljøforbetringar i dei regulerte vassdraga. Det blir arbeidd med sluttføring av retningslinjene for korleis desse sakane skal behandlast frå oppstart til sluttbehandling.

Verneplan for vassdrag omfattar 38 pst. av nedbørfelta i Noreg. Desse vassdraga er beskytta mot større vasskraftutbyggingar, men ikkje mot andre inngrep. Gjennom mange år har mange av desse vassdraga blitt utsette for ei rekkje små inngrep, ofte i form av små kraftverk. Vi har lenge sett ei «bit for bit»-utbygging der summen av ei rekkje små inngrep gradvis reduserer verneverdiane. Gjennom arbeidet med karakteriseringa av vassførekomstane knytt til gjennomføringa av vassforskrifta, vil det komme mykje informasjon om inngrepsstatus for dei verna vassdraga. Dette vil gi eit viktig grunnlag for ei styrkt forvaltning av desse.

Auka innsats for å unngå overgjødsling

Vassforvaltningsplanane vil gi grunnlag for styrkt innsats mot overgjødsling. I jordbruksoppgjeret for 2011 vart midlar til tiltak mot avrenning frå jordbruket auka som ei følgje av desse planane.

Kalking av vassdrag

Nivået for forsuring av ferskvatn er framleis over tolegrensa i om lag 10 pst. av Noregs landareal, og fram mot 2030 er det berre venta små betringar i forsuringssituasjonen. Det vil derfor vere naudsynt å halde fram med kalking av vatn og vassdrag i lang tid framover. Det er særleg område på Sørlandet og Vestlandet som framleis er påverka av forsuring, og forsuringa har gjennom fleire tiår ført til store skadar på plante- og dyrelivet i ferskvatn. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i desse områda må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Gøteborgprotokollen. Arbeidet med revisjon av denne protokollen er no i gang med sikte på å vedta ein ny protokoll i 2012.

Prioriterte arter og utvalde naturtypar

I nokre tilfelle vil det vere mest tenleg å ta vare på truga arter og naturtypar ved å gi dei status som prioriterte arter eller utvalte naturtypar etter naturmangfaldlova. Det er eit delmål at dei mest truga artene og dei mest truga naturtypane i ferskvatn innan 2013 skal ha status som høvesvis prioriterte arter eller utvalde naturtypar. Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2012. I dette arbeidet kan også arter og naturtypar som er knytte til elvar og innsjøar bli vurderte. Ein vil òg følgje opp artene som er blitt prioriterte og dei naturtypane som er blitt utvalde, òg dei handlingsplanane som er utarbeidde. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane.

Forvaltning av villaks

Statusrapporten til Vitskapeleg råd for lakseforvaltning viser at innsiget av villaks til Noreg var historisk lågt i 2010. Kalking av sure laksevassdrag, ei god forvaltning av leveområda i ferskvatn og arbeid med å nedkjempe lakseparasitten Gyrodactylus salaris vil bli vidareført. Det er gjennomført rotenonbehandling av vassdrag i Vefsn-regionen og aluminiumsbehandling i Lærdalselva. Vefsn-regionen vil bli følgt opp med ytterlegare behandling i 2012. Det er vidare naudsynt å sikre eit berekraftig laksefiske. Tiltak mot lakselus og rømt oppdrettslaks er omtalt i Fiskeri- og kystdepartementet sin budsjettproposisjon.

I kommande år vil det bli lagt stor vekt på å sikre dei ville laksebestandane i nordområda. Betring av kunnskapsgrunnlaget, reguleringar tilpassa bestandssituasjonen og lokal forvaltning i Tanavassdraget vil stå sentralt i dette arbeidet.

Det blir arbeidd med ein revisjon og modernisering av lakse- og innlandsfisklova. Eit forslag har vore på høyring, og ein tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon innan utgangen av 2011.

Miljøverndepartementet arbeider med å utvikle ei kvalitetsnorm for villaks som kan heimlast i naturmangfaldlova § 13. Norma skal vere eit verktøy i Miljøverndepartementets forvaltning av villaksen, men òg i forvaltninga av villaksen på tvers av sektorane. Forslaget inneber ei modernisering av gjeldande forvaltningsprinsipp, og medverkar til å klargjere korleis Noreg kan oppfylle sine målsetjingar om å bevare villaksen samtidig som det blir lagt til rette for hausting av eit overskot.

Tiltak mot uønska spreiing av framande organismar

Det er eit delmål at tiltak mot dei mest skadelege, etablerte framande organismane skal vere sette i gang innan 2015. Det er under utarbeiding ein handlingsplan for utrydding av eksotiske fiskeslag i ferskvatn, og fleire fylke lagar eigne regionale handlingsplanar med målretta tiltak mot framande skadelege artar i ferskvatn. Nedkjempinga av bl.a. Gyrodactylus salaris og krepsepest vil halde fram i 2012. Ny forskrift for innførsel og utsetjing av framande organismar vil etter planen tre i kraft i 2012. Forskrifta vil blant anna omfatte føresegner om utsetjing av fisk utanfor deira naturlege utbreiingsområde, og innførsel og hald av akvarieorganismar og organismar i hagedammar. Det vil i tillegg bli foreslått krav om reingjering og behandling av fiskereiskap, båtar og anna utstyr.

Dei siste åra har ein brukt store ressursar på nedkjemping av Gyrodactylus salaris, og innsatsen mot krepsepest har òg kravd store ressursar. Dette arbeidet blir ført vidare i 2012. Arbeidet med å avgrense førekomstane av krypsiv vil òg bli ført vidare. Det er ikkje sikkert at krypsiv må reknast som framand organisme i dei vassdragsstrekningane der den i dag skaper problem, men den kraftige veksten har gjort det nødvendig å setje i gang nedkjempingstiltak.

Betring i kunnskapsgrunnlaget

Det er stort behov for meir kunnskap om miljøtilstanden i vassdraga for å kunne oppfylle krava i EUs vassdirektiv. Særleg basisovervakinga er eit viktig område for vidare satsing. I tillegg skal det satsast på sektorbasert overvaking av tilstanden som følgje av påverknader og verknaden av tiltak mot desse.

Gjennom Vass-Nett, informasjonsverktøyet i tilknyting til vassforskrifta, kan alle gå inn og finne «si» vassførekomst og sjekke tilstanden. Dette gjer at alle kan bidra med informasjon om det lokale vassmiljøet.

Det er naudsynt med vidare overvaking av villaksbestandane og meir kunnskap om truslar og effekten av tiltak. Samtidig skal vi ta i bruk den omfattande kunnskapen som allereie finst.

Nærare om Svalbard

Det er behov for betre kunnskap som grunnlag for forvaltning av røyebestandane på Svalbard og regulering av fiske i vatn og vassdrag der dette er tillete. Det er laga ei eiga forskrift for røyefiske på Svalbard, og det blir arbeidd med ein eigen røyestrategi for å få betre kunnskap om bestandane i dei ulike vassdraga. Klimaendringane kan i framtida føre til interesse for oppdrett på Svalbard. Svalbardmiljølova gir eit høgt vernenivå i høve til all verksemd som kan påverke røyebestandane. Miljøgiftnivåa i svalbardrøya skuldast langtransporterte tilførsler.

13 Resultatområde 3 Frodige våtmarker

Våtmarkene er av dei mest produktive økosystema vi finn på jordkloden, og dei er blitt kalla «biologiske supersystem». Noreg har fleire typar av våtmark enn mange andre land, frå næringsfattige torvmyrar og svært næringsrike grasmyrar til ulike kjelder og flaummark. Knapt noko land i Europa har større variasjon i utforming og plante- og dyreliv i våtmarker. Av totalt 50 arter av torvmosar i Europa finn vi 47 i Noreg. Mange av dei 46 artene av augestikkarar som finst i Noreg er av dei største insektene vi har. Dei er spektakulære og nesten litt nifse når dei kjem flygande som «minihelikopter» utan styring.

Våtmarkene leverer viktige økosystemtenester. Mange våtmarker, særleg myrar, har stor kapasitet til å lagre vatn, og medverkar på den måten både til å jamne ut flaumtoppar og hindre tørke ved å vere eit slags vassmagasin. Denne sida ved våtmarkene gjer dei spesielt interessante i klimatilpassing. Våtmarkene har òg ei unik evne til å reinse vatn, og skaffar på den måten reint drikkevatn. Våtmarkene bind store mengde karbon, og øydelegging gjennom drenering og utbygging av myr kan derfor føre til store CO2-utslepp når torvmosen rotnar. Mange myrar kan karakteriserast som naturen sitt bibliotek ved at frø, restar av planter og dyr blir bevarte i ulike lag grunna mangel på oksygen. Myra blir derfor ei viktig kjelde til kunnskap om klima og plante- og dyreliv i tidlegare tider.

Vi har så langt ikkje sett stor nok pris på kor viktig våtmarkene er. Dette har ført til at naturtypa er blant verdas mest truga økosystem. Dei blir øydelagde raskare enn nokon annan naturtype.

Nasjonale mål – Frodige våtmarker

3.1 Utryddinga av truga våtmarksarter skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter knytt til våtmark.

3.2 Mangfaldet av naturlege våtmarker skal takast vare på eller gjenopprettast innanfor deira naturlege utbreiingsområde, og slik at alle arter førekjem i levedyktige bestandar. Det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester skal takast vare på.

Indikator:

  • Talet på restaurerte våtmarksområde.

3.3 Dei mest truga naturtypane i våtmark skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikatorar:

  • Talet på truga naturtypar i våtmark.

  • Talet på utvalde naturtypar i våtmark.

3.4 Dei mest truga artene i våtmark skal ha status som prioriterte arter.

Indikator:

  • Talet på prioriterte arter knytt til våtmark.

3.5 Eit representativt utval av våtmarker skal vernast for kommande generasjonar.

Indikator:

  • Areal og del av verna areal (inkl. årleg endring) fordelt på naturtypar knytt til våtmark.

3.6 Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Talet på og del av verneområde der verneverdiane er truga.

  • Talet på og del av verneområde med forvaltningsplan.

3.7 Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sett i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Talet på handlingsplanar utarbeidde og sette i verk for allereie introduserte skadelege, framande organismar.

  • Talet på utryddingstiltak (fordelt på art) gjennomført pr. fylke.

3.8 Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønska nedbygging av våtmarker.

Tilstand

Våtmark er definert på litt ulike måtar. I Naturindeksen omfattar våtmark myr, kjelde og flaummark (under dette elvedelta). Våtmarker dekkjer om lag 10 pst. av arealet i Fastlands-Noreg, og størstedelen av dette er myr.

Myr og kjelder er område med høgt nivå av grunnvatn heile eller store delar av året, og her lever arter som er tilpassa eit liv under tilhøve metta av vatn. Flaummark er område langs elvar og innsjøar som blir utsette for overfløyming, erosjon og sedimentering. Naturtypane i våtmarksområda er svært mangfaldige og mange er artsrike. Myrar har høgt nivå av grunnvatn som gir høg markfukt og oksygenfattig miljø nesten heilt opp til overflata. Dette gir dårlege livsvilkår for mange arter. Likevel er det stort mangfald av liv i den øvste delen av torva, ikkje minst av arter som bakteriar, algar og sopp. Torvmosane er spesielt tilpassa eit liv på myr ved at dei veks raskt i spissen av skotet, og døyr nedanfrå. Daude torvmosar utgjer derfor ein stor del av torva i mange myrar. Karplantene som lever på myr har oftast luftvev i stengel og rot (sumpplanter) som til dømes mange arter av starr, myrull og bukkeblad. Andre planter har tilpassa seg ved at dei lever nær overflata der det er god tilgang på oksygen. Dette gjeld soldogg og tettegras. Desse to artene fangar i tillegg insekt som blir sittande fast på klebrige blad og dei får på den måten tilleggsnæring.

Vi finn fleire typar av myr i Noreg, med næringsfattige nedbørsmyrar og næringsrike grasmyrar som dei to ytterpunkta. På dei næringsfattige nedbørsmyrane finn vi berre om lag 20 arter av karplanter, mens vi på ei rikmyr finn meir enn 200 arter av karplanter. Insektlivet på myr er heilt spesielt. Mest iaugefallande er dagsommarfuglane og augestikkarane. Ei rekkje insekt lever nesten berre på og i torvmosar, og det øvste laget på torvmyrar inneheld store mengder av edderkopparter og billearter. Vi finn fleire arter av frosk og salamander i myrvatn- og i flaummarksdammar som ikkje er for sure. Slike område har òg ein karakteristisk fuglefauna. Det er særleg mange vadefuglar som er avhengige av våtmark, men òg andre arter som gjæser, ender, riksefuglar og ein del arter av sporvefugl treng slike naturtypar som hekke- og rasteplass, og for nokre er dei òg overvintrings- og fjørfellingsområde.

Kjelder har oksygenrikt grunnvatn som spring fram frå undergrunnen, og dekkjer vanlegvis små areal. Ei rekkje plantearter er karakteristiske for kjelder, til dømes trillingsiv, gulsildre og mange mosearter. Faunaen er meir artsfattig. Fjørmygg, døgnfluger, steinfluger og vasskalvar er typiske insektarter rundt vasskjelder.

Ifølge Naturindeksen for Noreg er tilstanden for naturmangfaldet i våtmark middels god med ein indeks på 0,55. I dag skjer lite omlegging av myr til dyrka mark, men tidlegare inngrep har gjort store skadar og dei fleste av desse er irreversible. Om lag 15 pst. (443 arter) av dei truga artene lever i våtmark. Dei fleste av planteartene på raudlista er knytte til rikmyr. Døme på slike arter er plantene huldrestarr, myrflangre, knottblom og alvemose. Våtmarker er viktige hekkeområde for alle dei fem norske fugleartene som er med på Den globale rødlista. Dette er dverggås, åkerrikse, dobbeltbekkasin, storspove og svarthalespove. Dverggåsa har dei seinare åra minka sakte men sikkert, til nokre få attverande par i Finnmark. Av andre dyr er spissnutefrosk og storsalamander arter på Norsk raudliste for arter 2010. Vi finn 16 naturtypar i våtmarksområde på Norsk raødliste for naturtyper 2011. Døme på ein slik naturtype er palsmyr.

Ein god del av dei mest verdifulle areala av våtmark som er att, er verna etter naturmangfaldlova. Gjennom verneplan for myr og våtmark er meir enn 600 naturreservat oppretta. For flaummark er Verneplan for vassdrag svært viktig. Om lag 18 pst. av myrane er verna. Myrar i fjellet er godt dekka av områdevernet, mens langt færre våtmarker i låglandet i Sør-Noreg er verna. Inkludert Svalbard har vi pr. 2011 51 våtmarkssystem som blir rekna som internasjonalt viktige våtmarksområde på lista til Ramsarkonvensjonen. Døme på slike område er Stabbursneset (Finnmark), Nordre Øyeren (Akershus) og Åkersvika (Hedmark).

Dverggås og svarthalespove er vedtekne som prioriterte arter med økologisk funksjonsområde etter naturmangfaldlova. Slåttemyr er utvald naturtype etter naturmangfaldlova og skal derfor takast særskilt omsyn til.

På Svalbard utgjer våtmarker ein stor del av tundraområda i dei isfrie dalføra og på kystslettene. Våtmarker på Svalbard omfattar mosetundra og andre våte tundratypar, område med innsjøar og dammar, elvesletter, deltaområde og grunne kystområde med øyar og skjer. Desse områda har stor verdi for trekkjande bestandar av gjæser, ender og vadefuglar. Våtmarker på Svalbard er generelt lite påverka av arealbruk og arealbruksendringar. Ein stor del av dei viktigaste våtmarkene på øygruppa er i dag innanfor verneområda, som dekkjer 67 pst. av landarealet. I juni 2011 vart Bjørnøya, Hopen, Sørkapp og Nordenskiöldkysten førte inn på lista til Ramsarkonvensjonen om vern av våtmarker. Frå før hadde fem mindre område på Svalbard status som Ramsarområde. Alle Ramsarområde på Svalbard er verna i medhald av Svalbardmiljølova.

Påverknader

Endra arealbruk er vurdert til å vere ein trussel mot heile 85 pst. av dei truga og nær truga artene som lever i våtmarksområde. Minst 1/3 av det opphavlege arealet av myr under skoggrensa er brukt til landbruks- og utbyggingsføremål. I låglandet i Sør-Noreg er ein endå større del av myrane øydelagde som naturlege økosystem. I til dømes Vestfold og store delar av Østfold og Akershus er så godt som alle større myrar som ikkje er verna øydelagde eller sterkt påverka av tekniske inngrep. Heilt sidan midten av 1700-talet og fram mot 2000 har ein i Noreg drive med grøfting av myr for å auke arealet av dyrka mark og for å auke skogproduksjonen. I perioden 1919-1996 er det gitt tilskot til oppdyrking av om lag 2000 km2 myr, og meir enn 4000 km2 myr er grøfta for skogplanting. For slike landbruksføremål er rikmyrane best eigna, og det er no berre att små areal av rikmyrar i låglandet. Desse inneheld mange truga arter. Bruk av myr til torvstrø og brenntorv har gått hardast ut over nedbørsmyrane. I tillegg kjem nedbygging til vegar, idrettsanlegg, tomtegrunn og vassmagasin knytte til kraftutbyggingar. Mange arter knytte til flaummark er blitt sjeldne som følgje av kraftutbyggingar. Døme på dette er karplantene sibirstjerne, småjonsokblom og kveinhavre. Billa elvesandjeger og fuglen fjellmyrløpar er døme på sjeldne dyr.

Så lenge det har vore jordbruk i Noreg, har myrar og flaummarker vore hausta gjennom husdyrbeite og utmarksslått. For slått og beite eigna rikmyrane og dei gras- og urtedominerte flaummarkene seg best. Derfor var desse naturtypane dei siste som vart brukte til utmarksslått. I nokre område gjekk myrslått føre seg til etter 1950. Men så var det slutt på slik bruk, og opphøyret av beite og slått som hadde vore utøvd i fleire hundre år førte til attgroing og andre endringar i dei artsrike, kulturprega naturtypane. Desse prosessane går føre seg med full tyngd i våre dagar. Resultatet er at ei rekkje arter som krev mykje lys og open vegetasjon, som til dømes den truga orkideen svartkurle, får problem med å overleve.

Auka tilgang på nitrogen gjennom blant anna luftforureining fører til auka produksjon, og derfor attgroing. Dette påverkar spesielt konkurransesvake arter. Klimaendringar vil òg påverke våtmarkene, og komme i tillegg til dei eksisterande påverknadane. Mange drenerte myrar som ikkje held på vatnet, fører vatnet raskt ut i elvane, som stig raskare og meir enn dei elles ville gjort.

Mangfaldet og fordelinga av våtmarker på Svalbard er kritisk avhengig av permafrosten og prosessar knytte til denne. Våtmarkene er derfor svært sårbare for klimaendringar. Oppvarming av permafrosten på Svalbard er allereie observert. Ved Longyearbyen har temperaturen dei siste 30 åra auka med 0,7 pr. tiår på ca. 2 meters djup. Denne oppvarminga har auka det siste tiåret. Med dei raske temperaturstigingane som er venta på Svalbard, kan den framtidige tininga av permafrost skje raskare enn tidligare berekna.

Etterkvart som temperaturen i Arktis stig, kan våtmarkene bli ei globalt viktig kjelde til frigjering av CO2 og metan til atmosfæren. Det er avgrensa med organisk materiale i permafrosten på Svalbard. Tining av permafrost på Svalbard vil derfor truleg bety lite som kjelde til klimagassar.

Våte tundraområde på Svalbard er svært sårbare for mekanisk slitasje knytt til barmarkskøyring. På Svalbard er det mange område med tydelege skadar knytte til slik køyring i samband med gruvedrift og oljeleiting på land fram til 1980-talet. Inngrep som vegar og liknande kan på grunn av permafrosten endre hydrologien og dermed påverke våtmarker over forholdsvis store område. I dag er inngrep og barmarkskøyring strengt regulert, og endra arealbruk er i lita grad eit trugsmål mot våtmarker og artene som lever der.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Sikring av våtmark

Det er viktig at våtmarkene blir beskytta, anten ved vern eller anna ivaretaking som sikrar at vi òg i framtida kan nytte desse systema sine økosystemtenester.

Det er naudsynt med ei gjennomtenkt og planmessig forvaltning for å sikre vern og berekraftig bruk av våtmarksområde. Dei fleste land i verda, inkludert Noreg, er partnarar i den internasjonale avtala om våtmarker, den såkalla Ramsarkonvensjonen. Det at våtmarker har ein eigen internasjonal avtale viser kor viktig denne naturtypa er. Konvensjonen handlar om å ta vare på våtmarker i brei forstand; både som leveområde for planter og dyr, og som viktig naturressurs for mange menneske. Dei internasjonalt viktige våtmarksområda (Ramsarområda) skal forvaltast slik at den økologiske funksjonen blir halden ved lag. Landa skal òg syte for berekraftig bruk av våtmarker generelt i forvaltning og arealplanlegging, og kartleggje og gjennomføre verneplanar for våtmarker.

Den naturfaglege evalueringa av norske verneområde viser at det er mangelfull dekning i verneområda av våtmarkstypane lågareliggjande rikmyr, kjelde, kjeldebekk, intakt låglandsmyr, kystmyr, kroksjøar og flaumdammar. Departementet følgjer no opp denne evalueringa, og Direktoratet for Naturforvaltning er i gang med å utarbeide utkast til ein plan for korleis dei ulike verkemidlane i naturmangfaldlova skal brukast for å sikre våtmarker.

Sikring av verneverdiar i verna våtmarksområde

Sjølv om vi har verna 18% av myrane i Noreg og 51 våtmarksområde står på Ramsarkonvensjonen si liste som internasjonalt viktige våtmarksområde, er også verneområda utsette for press frå omgivnadene. Det er viktig å sikre at forvaltninga av etablerte verneområde byggjer opp under verneformålet slik at verneverdiane ikkje blir øydelagde eller reduserte. Dei siste åra har forvaltningsplanar for Ramsarområde blitt prioriterte, og dei fleste eldre Ramsarområda har no ein ferdig forvaltningsplan, eller ein slik plan under arbeid. Ein del av områda som nyleg har blitt Ramsarområde manglar framleis forvaltningsplan, men vil bli prioritert i 2012. Av nye Ramsarområde frå 2011 er det ein på fastlandet og to på Svalbard som har forvaltningsplan. Framover blir det viktig å få gjennomført tiltaka i forvaltningsplanane for Ramsarområda, og å lage forvaltningsplanar for dei mange verna våtmarksområda som ikkje er Ramsarområde.

Direktoratet for Naturforvaltning er i gang med å utarbeide forslag til utviding av Ramsarområde basert på oppretting av nye verneområde og utviding av eksisterande område med Ramsar-status. Departementet vurderer å starte ein gjennomgang av verna våtmarksområde for å vurdere om avgrensingane er føremålstenlege med tanke på at områdas økologiske funksjon blir halden oppe. Verneforskriftene for fleire Ramsarområde er av eldre dato, og det blir vurdert å gjennomgå desse, og eventuelt utarbeide nye.

Direktoratet for naturforvaltning har anbefalt at 11 nye område på fastlandet får status som Ramsarområde. Prosessen med å få desse godkjent som Ramsarområde vil halde fram i 2012.

Prioriterte arter og utvalte naturtypar

I nokre tilfelle vil det vere mest føremålstenleg å ta vare på truga arter og naturtypar ved å gi dei status som prioriterte arter eller utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Det er eit delmål at dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar og dei mest truga artene i våtmark skal ha status som prioriterte arter innan 2013. Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2012. I dette arbeidet kan òg arter og naturtypar knytte til våtmark bli vurderte. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte og dei naturtypane som er blitt utvalde, inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane.

Restaurering av våtmarksområde

Det er viktig å halde ved lag og restaurere økosystema sin funksjon som bufferar mot naturkatastrofar. I internasjonalt bistandsarbeid vil Regjeringa arbeide for å fremje forståinga av at naturen er eit førstelinjeforsvar mot konsekvensar av klimaendringar. Restaurering av våtmarker som klimatiltak er eit viktig tiltak for å møte og tilpasse seg klimaendringane også nasjonalt, blant anna for å gjere oss mindre utsette for flaum. Det er eit mål å restaurere minst halvparten av øydelagde våtmarker innan 2020. Direktoratet for naturforvaltning arbeider med ei oversikt over våtmarksområde som treng restaurering. Ein plan for korleis restaureringsarbeidet skal gjerast vil bli påbegynt i løpet av 2012. Det er i 2011 utført restaureringar i Skottvatnet i Oppland og erfaringar herifrå vil danne grunnlag for det vidare arbeidet.

Forbod mot nydyrking, grøfting og skogplanting på våtmark

Landbruks- og matdepartementet arbeider med ei forskrift som vil forby nydyrking av myr til jordbruksareal. Forskrifta har vore på offentleg høyring og ligg i Landbruks- og matdepartementet til behandling. Nygrøfting for skogplanting er forbode i forskrift om berekraftig skogbruk.

Kunnskap og informasjon om våtmark

Framover blir det viktig å auke forståinga og kunnskapen om dei økosystemtenestene som våtmark leverer, og få auka fokus på verdien av desse økosystema og kostnadene ved tap av våtmarker. Regjeringa har i perioden 2008-2011 støtta våtmarkssenter og utstillingar. Denne satsinga vil halde fram i 2012. Ein handlingsplan for kommunikasjon, utdanning, deltaking og bevisstgjering om våtmark og Ramsarkonvensjonen vart utarbeidd i 2011. Ein sentral del av handlingsplanen omfattar eit forslag om autoriseringsordning for våtmarkssenter i Noreg, på linje med autorisasjonsordninga for nasjonalparksenter. Målet er at sentra skal medverke til å skape forståing for verdien av den norske våtmarksarven og formidle kunnskap om bruk og ivaretaking av våtmarksområde, inkludert Ramsarområde. I 2012 vil departementet halde ein open søknadsrunde for senter som ønskjer å bli autoriserte som naturinformasjonssenter med fokus på våtmark.

Handlingsplanen inneheld òg ei rekkje andre tiltak for å medverke til ei betre ivaretaking av våtmark i Noreg ved å auke kunnskapen om verdien av våtmarker for menneske og naturmangfald. Oppfølging av handlingsplanen vil starte i 2012.

Kartlegging av våtmark inngår i arbeidet med naturtypekartlegging i Noreg, både innanfor og utanfor verneområde. Kartlagde lokalitetar blir lagt inn i kartdatabasen Naturbase. Ramsarkonvensjonen oppfordrar til systematisk kartlegging av partslandas våtmarker, og Noreg har allereie gjort mykje som kan inngå i eit slikt register. Departementet vurderer å opprette eit eige våtmarksregister.

Internasjonalt arbeid med våtmark

Ramsarkonvensjonen (Våtmarkskonvensjonen) sin definisjon av våtmark omfattar fleire naturtypar. Typiske eksempel er innsjøar og tidevassområde, strandsoner, korallrev, mangroveskog og lagunar. Regjeringa er oppteken av at det er stort potensial hos styresmakter og utviklingsaktørar for auka medvit om dei økosystemtenestene som fattige får frå våtmarker. Våtmarkene blir ofte demde opp, bygde ned eller drenerte. Det er behov for meir kunnskap slik at styresmakter og råka lokalbefolkning får større innsikt i kva for ressursar våtmarker gir til lokalsamfunn. Derfor vil Regjeringa medverke til at det blir utarbeidd ein internasjonal rapport om økonomisk verdi av våtmarker og andre økosystem. Det blir sett ned eit offentleg utval som skal komme med anbefalingar for korleis dette kan gjerast. Målet for ei slik kunnskapsoppbygging er å synleggjere dei verdiane denne økosystemtypen representerer og kostnadene knytte til å øydeleggje den, og å synleggjere korleis desse verdiane kan takast omsyn til i prosessar og avgjerder, og kva for verkemiddel som kan brukast for å ivareta verdiane.

Våtmark på Svalbard

Den strenge reguleringa av inngrep og barmarkskøyring som kan påverke våtmarksområde vil bli ført vidare. For verneområda, inkludert Ramsar-områda på Svalbard, vil det bli utarbeidd forvaltningsplanar som skal ivareta omsynet til våtmarker og artene som er knytte til desse områda.

14 Resultatområde 4 Mangfaldige skogar

I skogen finn vi stille, trolske skogsrom, djupgrøne mosematter, og vi kan oppleve å vasse i blåbær og tyttebær. Her er djupe søkk og granlier, men òg skrinne koller med utsikt over sju blånar. Lurvegran med grått lav, mosegrodde stubbar, trevelter og sus av furu set fantasien i gang så det blir lett å sjå både tussar, hulder og troll. Ein torvmosedott i tjernet blir til nøkken og ugla si tuting blir til varulvhyl. Sjølv om mykje av gamalskogen med dei ekte eventyrskogane no er borte gir skogen framleis gode og spennande opplevingar både til oss vanlege menneske og til dei som evnar å setje om opplevingane til bilete, musikk og litteratur. Trillemarka-Rollagsfjell, som vart verna i 2008, er eit døme på eit skogsområde der ein framleis finn eit stort naturmangfald og eventyrskogar som gir rike naturopplevingar.

Boks 14.1 Alf Prøysen skildrar storskogen slik:

«Det er gran i gran og topp i topp ifrå blåne tel blåne, passe tett og passe storvøksin. Det er som de høgste granspira står og svæga i vinddraget og sope himmelen med raukongler. Om sammar’n går husmannsunga i skauen og plukke blåbær. Og slike blåbær som i Skarstadskauen fins det itte andre stann. Den er så stor og blank at du kunne tru du gikk og plukke blåplommer. Og lyngen da, menneskje! Både tyttebærlyngen og blåbærlyngen er som små kjerr der århøna går og kakler smellfeit og perlegrå, og med ungeflokker så diger at det ser ut som et langt reip som bukte seg bortover i grønnmåsån. Og så æljen da. – Det ligg æljhønn under mang ei gran i Skarstadskauen. Og det er hønn med både tolv og fjorten takker, og da kan du tenkje med deg sjøl åssen dom ser ut dessa storklauvinga som går inn i der.»

Frå Finn eit strå og træ dom på. Alf Prøysens blomster og planter i dikt og bilete av Klaus Høiland. Grøndahl & Søn Forlag A.S., Oslo 1986.

I skogen lever 60 pst av artene i Noreg, og nær halvparten av dei truga artene. Det betyr at for å ta vare på norsk naturmangfald, må skogen forvaltast riktig. Det store mangfaldet av arter skuldast stor variasjon i livsmiljø, mellom anna fordi vi finn skog frå sør til nord og frå kyst til innland, og fordi trekronene dannar eit tredimensjonalt rom med levestader for ulike arter. Død ved og gamle trær gir livsmoglegheiter for mange truga arter som elles har problem i eit intensivt drive skogbrukslandskap.

Skogen har frå dei eldste tider vore ein svært viktig del av næringsgrunnlaget. Den gav mat, brensel og husvirke, og allereie på 130 0-talet vart det eksportert trelast frå Noreg. Skogbruk og foredling av trebaserte produkt er òg i dag viktige distriktsnæringar, som har økonomisk betydning nasjonalt, regionalt og lokalt.

Nasjonale mål – Mangfaldige skogar

4.1. Utryddinga av truga arter i skog skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere forbetra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter i skog.

  • Talet på truga arter som er negativt påverka av skogbruk.

4.2. Mangfaldet av naturtypar i skog skal takast vare på eller gjenopprettast innanfor sitt naturlege utbreiingsområde, og slik at alle stadeigne arter førekjem i levedyktige bestandar. Det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester skal takast vare på.

Indikatorar:

  • Utvikling i areal av inngrepsfrie naturområde (INON).

  • Utvikling i areal av rehabiliterte INON-område.

  • Tal og areal restaurerte skogområde.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt for motorferdsel i utmark, og utvikling i talet på dispensasjonar.

4.3. Alle bestandar som kan haustast av planter og dyr i skog skal vere forvalta økosystembasert og hausta berekraftig slik at artene opptrer i levedyktige bestandar innanfor sitt naturlege utbreiingsområde innan 2020.

Indikator:

  • Talet på arter der hausting og anna uttak er ein viktig negativ faktor for påverknad.

4.4. Areal brukt til skogbruk skal vere forvalta berekraftig innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter i skog som har skogbruk som negativ påverknad.

  • Del av samla produktivt skogareal som er nøkkelbiotop/MiS-figur avsett til ikkje-hogst.

4.5. Det skal årleg vere 65 ynglingar av gaupe, 13 ynglingar av bjørn, 3 ynglingar av ulv og 850– 1200 hekkande par av kongeørn.

Indikatorar:

  • Talet på dokumenterte ynglingar av gaupe, bjørn og ulv.

  • Talet på hekkingar av kongeørn.

  • Talet på dokumenterte ulovlege fellingar av rovvilt fordelt på rovviltarter.

4.6. Dei mest truga naturtypane i skog skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikator:

  • Talet på truga naturtypar i skog.

  • Talet på utvalde naturtypar i skog.

4.7. Dei mest truga artene i skog skal ha status som prioriterte arter.

Indikatorar:

  • Talet på prioriterte arter i skog.

4.8 Eit representativt utval av naturtypane i skog skal vernast for kommande generasjonar.

Indikator:

  • Verna skog – areal produktiv skog og del av produktiv skog nasjonalt (inkl. årleg endring).

4.9. Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast

Indikator:

  • Talet på og del av verneområde i skog der verneverdiane er truga.

4.10. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sette i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Areal, totalt og årleg endring, med utplanta framande treslag og utanlandske treslag brukt til skogbruksformål.

  • Areal med spreiing av framande treslag og utanlandske treslag brukt til skogbruksformål

  • Talet på handlingsplanar utarbeidde og sette i verk for allereie introduserte skadelege, framande organismar.

  • Talet på utryddingstiltak (fordelt på art) gjennomført pr. fylke.

4.11. Utsetjing av genmodifiserte organismar skal ikkje fører til skade på naturmangfaldet, jf. genteknologilova.

Indikator:

  • Talet på tilfelle der det er påvist mengder GMO over tillatne grenseverdiar.

Tilstand

Skog dekkjer om lag 130 000 kvadratkilometer, tilsvarande om lag 34 pst. av fastlands-Noreg. Produktiv skog, som er definert som skog som årleg kan produsere minst ein kubikkmeter tømmer pr. hektar, utgjer om lag 75 000 kvadratkilometer. Grunna ulikt klima varierer skoggrensa mot fjellet i ulike delar av landet, frå havnivå i Finnmark til 120 0 meter over havet i innlandsstrøk i Sør-Noreg. Skoglandskapa i Noreg er mindre oppstykka av jordbruk og busetnad enn i mange andre europeiske land fordi det hos oss er små areal som er eigna for oppdyrking.

Skog er, forutan fjell, den hovudnaturtypa vi har mest av i Noreg. Trea i skogen gjer at vi får ein spesielt stor variasjon i strukturar, levestader og miljø, og skogen gir derfor rom for fleire arter enn naturtypar som ikkje har tresjikt. Trekroner, stammer og greiner har sine unike samfunn av arter, og når trea døyr blir det skapt nye livsmiljø, og eit stort tal arter deltek i nedbrytinga av ståande og liggjande tre. Dette er ein viktig grunn til at heile 60 pst. av artene som er kjende i Noreg er knytte til skog.

Hovudtypar av skog er barskog og lauvskog, men desse skogtypane opptrer ofte i blanding. Barskogen er dominert av gran og furu. Furua liker seg best på tørr og næringsfattig jord, og furuskogane finn vi derfor på tørre moar og ryggar. Gran trivst best på djup jord med god tilgang på vatn. Den vanlegaste typen av lauvskog er nordleg (boreal) lauvskog med blant anna osp, bjørk, rogn, selje og gråor, og finst ofte i blanding med barskogar. Edellauvskog har varmekjære tre som eik, ask, hassel, svartor, lind og bøk, og den veks særleg i sørlege og vestlege delar av landet nær kysten. Fjellbjørkeskogen dannar eit belte mellom barskogen og skoggrensa i fjellet.

Dei mest artsrike gruppene av arter i skog er leddyr, særleg insekt og edderkoppar, sopp, lav og mosar. Velkjende dyregrupper som fugl og pattedyr utgjer mindre enn 1 pst. av alle artene i skog. Eit stort tal sopparter gjer næringa i dødt plantevev tilgjengeleg for andre arter ved å bryte ned cellulose og lignin. Det er enorme mengder sopp i skog, men det aller meste ligg skjult som eit nettverk av «trådar» (hyfar) under bakken og inne i ved og andre plantedelar. Det er først når det blir danna fruktlekam, hattsopp på bakken og kjuker på død ved, at vi legg merke til dei.

Norske skogar har eit stort mangfald av lav og mosar takka vere den kystnære plasseringa med rikeleg nedbør. Desse plantene manglar rotsystem, og er avhengige av overflatevatn for næringsopptak. Mosar og lav dominerer på flater utan jord slik som stein, berg og trestammar der dei slepp å konkurrere med karplanter om plassen. Av karplanter i barskog likar ulike lyng- og bærlyngvekstar som røsslyng, blåbær og tyttebær seg best. I lauvskogane er blåveis, kvitveis, gaukesyre, og grasarter som skogsvingel vanlege arter.

Av vanlege pattedyr i skog er rådyr, mus, ekorn og rev dei som er lettast å få oppleve. Om ein er så heldig å få sjå skogens konge og vårt største landlevande dyr, elgen, vil ein hugse det lenge. Til trass for storleiken sin rører elgen seg stille og i roleg gange når den er uforstyrra, og den har svært god høyrsel og luktesans, og kan derfor vere vanskeleg å få auge på. Fjellnære skogsområde er viktige leveområde for mange arter som også lever i fjellet. Ein av desse er kongeørna. Av dei store rovdyra våre er gaupe, bjørn og ulv i hovudsak knytte til skogen. Ifølge Naturindeksen for Noreg 2010 er tilstanden for naturmangfaldet i skog relativt dårleg med ein indeks på 0,43. Tilstanden i skog er dårlegast i Midt-Noreg og Hedmark. Sjølv om det sidan 1990-åra er sett inn tiltak for å redusere dei negative effektane av hogst og nyplanting er tilstanden i mange skogsområde så dårleg at det blir viktig å følgje utviklinga nøye. Om lag 1840 arter, eller 50 pst. av dei truga artene, er knytte til skog. Døme på truga arter i skog er orkideen raud skogfrue, lavarten huldrestry, ei rekkje arter av sopp og mose og ei rekkje insektarter i gruppa tovingar. Den staselege orkideen raud skogfrue lever i kalkrike barskogar på det sørlege Austlandet. «Frua» trivst best i halvskugge, og toler dårleg gjengroing og skogbruk. Av pattedyr som lever i skog er flaggermusartene breiøyre og børsteflaggermus, brunbjørn og ulv truga. Der den truga hubroen finst i innlandet, hekkar den som oftast i skogsterreng.

Vi finn 19 naturtypar i skog på Norsk raudliste for naturtyper 2011. Døme på truga naturtypar er kystgranskog, temperert kystfuruskog, olivinskog og kalklindeskog.

Om lag 2 pst. av den produktive skogen er verna etter naturmangfaldlova. Dette gjeld strengt vern i naturreservat eller i nasjonalparkar der skogbruk ikkje er tillate. Raud skogfrue er vedteken som prioritert art med økologisk funksjonsområde etter naturmangfaldlova. Kalklindeskog er vedteken som utvalt naturtype etter naturmangfaldlova.

Påverknader

Ein flytur over skogstrøka i Noreg viser raskt kva som påverkar skogen mest. Det er bestandsskogbruket med hogstflater, plantefelt og skogsvegar som i stor grad formar dagens skoglandskap. Bestandsskogbruket inneber at bartre blir hogde ved ein alder på ca. 80 år, mens den økologiske alderen er opptil 500 år for gran og 7-800 år for furu. I tillegg vil vi på vår flytur nokre stader i høgare liggjande strøk kunne sjå areal med høg tettleik av hytter og alpinanlegg, mens spora frå tidlegare seterdrift i overgangen mellom skog og fjell mange stader er heilt utviska. I låglandet kring byar og tettstader har skogen nokre stader måtta vike for ny busetnad og industri. Men samla sett er ikkje skogen på vikande front. Dei siste tiåra har det totale skogarealet endra seg lite, mens volumet av tre pr. arealeining av skog har auka mykje.

Skogbruk i ulike former er oppført som negativ faktor for meir enn 1400 av dei truga og nær truga artene som er knytte til skog. Det er særleg hogst som er ein negativ faktor for mange arter, men òg treslagsskifte og skogsvegar påverkar eit betydeleg tal arter negativt. Når tre blir hogde og transporterte ut av skogen blir skogen sin struktur og samansetning endra. Ved flatehogst er endringane spesielt store i og med at nesten alle trea blir fjerna, og fordi skogen som blir hogd ofte blir etterfølgt av eit einsaldra og einsarta plantefelt. Få tre blir ståande til dei blir fleire hundre år gamle, og mengda av død ved blir i eit skogbruksareal vesentleg redusert samanlikna med naturskogar. Om lag 1/3 av raudlisteartene i skog er knytte til død ved. Desse artene er i tillegg i stor grad avhengige av spesielle kvalitetar av død ved, som til dømes av grove dimensjonar og i ulike nedbrytingsstadium. Ein annan effekt av hogst og planting er at dei lokale klimatilhøva endrar seg. Først blir det skapt lysopne, varme og tørre hogstflater som seinare blir til mørke, kjølege og fuktige plantefelt. Sidan 1990-talet er det sett inn tiltak i skogbruket for å redusere dei negative effektane av hogst og planting ved å unngå hogst på areal som ein trur er særleg viktige for mange raudlista arter. Statistikk frå landsskogstakseringa viser aukande volum av tre i alle dimensjonar og aldersklassar, og målingar visar at mengda av død ved aukar. Mengda gamle tre og død ved er likevel framleis låg samanlikna med i urørt skog.

Dei gamle haustingsskogane er døme på ei gamal driftsform som har gitt auka naturmangfald. Desse skogane er særleg rike på mosar, sopp og lav fordi trea blir så gamle grunna styvinga og lauvinga. Denne driftsforma er stort sett opphøyrt, men finst enno nokre stader i Sør-Noreg.

Det er over lang tid nytta eit stort tal framande treslag i skogbruket, også utanlandske treslag som høyrer heime på andre kontinent. Det er dokumentert at desse utplanta framande treslaga spreier seg i stor grad i norsk natur, noko som blant anna er ein trussel mot verneverdiane i fleire verneområde.

Arealinngrep så som bygging av skogsvegar kan vere problematisk for fleire typar av miljøverdiar, til dømes for ivaretaking av inngrepsfrie naturområde. Nye skogsvegar er ei av hovudårsakane til reduksjonen av inngrepsfrie naturområde (INON) i skogen i Noreg.

Beiting av husdyr og hjortedyr representerer ein annan type arealpåverknad i skog. Vi har dei siste 50 åra hatt ein stor nedgang i husdyrbeiting i skog, samtidig som det har vore ein kraftig auke i beiting av hjortedyr. Det totale uttaket av biomasse som følgje av beiting har dermed ikkje endra seg mykje, men endringa frå husdyr til hjortedyr har ført til eit skifte frå grasetarar til lauv- og kvistetarar. Auken i bestandane av hjortedyr fører til auka press på lauvtreforynginga, og viktige treslag for mange raudlista arter som osp, rogn og selje, får dårlegare kår.

Klimaendringar i form av auka temperatur og meir nedbør vil naturleg nok påverke samansetninga av arter i skoglandskapa. Eit døme er dei nordlege bjørkeskogane som ikkje er spesielt artsrike, men som representerer ein særeigen skogstype for Norden. Ein viktig faktor for påverknad i desse skogane er angrep av målarlarver som bryt ut med om lag ti års mellomrom. Kraftige angrep fører til at skogen døyr, og blir fornya over store areal. Klimaendringar kan føre til endringar i frekvens og lokalisering av desse insektangrepa, noko som vil kunne gi endringar òg for andre arter som lever i dei nordlege bjørkeskogane.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Auka skogvern

Eit mål for skogvernarbeidet, og ein føresetnad for å sikre høg kvalitet i arbeidet, er at alle kjente område med nasjonal verneverdi blir verna.

Skogvern etter naturmangfaldlova skal sikre eit nettverk av viktige leveområde for naturmangfaldet i norske skogøkosystem.

Til no er omlag 2 pst. av den produktive skogen i Noreg verna. Ved evalueringa av norsk miljøpolitikk i 2011 peika OECD på det låge omfanget av skogvern som ei spesiell utfordring, og framheva at Noreg manglar eit overordna mål for kor mykje skog som skal vernast. Ei norsk evaluering frå 2010 av gjennomført vern har som konklusjon at det særleg er underdekning av verna areal blant anna for produktiv skog, at det er eit klart behov for ytterlegare vern, og tilrår at nye verneområde bør styrkje områda sin funksjon som økologiske nettverk. Det blir viktig å sikre god framdrift i skogvernet framover, og arbeidet med å verne dei mest verdifulle skogsområda er høgt prioritert.

Skogvernarbeidet skjer no i hovudsak ved frivillig skogvern på privat grunn, og ved vern av skog eigd av Statskog SF og av Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar).

Det er god framdrift i arbeidet med frivillig skogvern, og tilboda om frivillig vern overstig budsjettrammene. Det er hittil verna 90 område gjennom arbeidet med frivillig skogvern, og arbeid går føre seg med ytterlegare om lag 100 område. Ei utfordring som må løysast er å sikre viktige område på privateigd grunn i dei tilfella der grunneigaren ikkje tilbyr frivillig skogvern. Framdrifta er ikkje som føresett for skogvern på statsallmenningar, etter at det i 2008 vart lagt opp til større grad av medverknad og frivillig vern.

For 2012 er det følgjande hovudelement i skogvernarbeidet:

  • Statskog SFs grunn: Vern av område i Troms og Nordland, og vidare arbeid for vern av område som er att blant anna i Buskerud, Oppland, Hedmark og Sogn og Fjordane. Verneprosessar for aktuelle område i Borregaardskogane, og vurdering av eigedomar Statskog SF skal selje for vern og makeskifte.

  • Skog eigd av Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar): Verneprosessar og vernevedtak for område som ikkje blir verna i 2011.

  • Frivillig skogvern: Vidareføring av arbeidet med vern av område.

  • Systematisk naturfagleg registrering i prioriterte skogtypar og gjennomføring av verneprosessar knytte til dette. Hovudfokus i 2012 vil vere på edellauvskogar.

For folk flest er skogen ofte «nærnaturen», som til dømes 100-meterskogen til 5-åringen eller Oslomarka som er næraste turområde for om lag 1,2 millionar menneske. I den nye markalova er det heimel for vern av «eventyrskogar». I 2011 er det gjennomført kartlegging av slike område i Oslomarka. Data frå kartlegginga vil gi grunnlag for å vurdere vern etter markalova.

Sikring av naturverdiane i verneområda

Skogreservat er generelt relativt lite skjøtselskrevjande, og som oftast er det fri utvikling av skogen som gir best verdi for naturmangfaldet. For ein del område er det likevel behov for tiltak, til dømes er fjerning av framande treslag eit viktig tiltak i mange skogreservat. Dette er i hovudsak framande treslag som tidlegare er planta ut i skogbruket, og som no spreier seg i stor grad både innanfor og utanfor verneområde. Det hastar å fjerne slike treslag før skadane på stadeigne arter og naturtypar i verneområda blir uopprettelege.

Prioriterte arter og utvalde naturtypar

I nokre tilfelle vil det vere mest føremålstenleg å ta vare på truga arter og naturtypar ved å gi dei status som prioriterte arter eller utvalde naturtypar etter naturmangfaldloven. Det er eit delmål at dei mest truga artene skal ha status som prioriterte arter og dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar innan 2013. Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2012. I dette arbeidet kan òg arter og naturtypar knytte til skog bli vurderte. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte og dei naturtypane som er blitt utvalde, inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane.

Berekraftig skogbruk

For å kunne kallast berekraftig må skogbruket drivast slik at blant anna stadeigne arter blir tekne vare på. Ulike skogbruksaktivitetar, særleg hogst, påverkar ei rekkje truga arter negativt. Likevel kan til dømes hogst i dag som oftast skje utan søknad, melding eller førehandsgodkjenning frå offentleg styresmakt. Dette i motsetning til Sverige og Finland, som har meldeplikt for hogst. Det er fleire døme på at hogst har skjedd i område som er vurderte verna etter naturmangfaldlova grunna store naturmangfaldverdiar. Det er òg fleire døme på øydeleggjande skogbruksinngrep i viktige biotopar som er sette til sides som nøkkelbiotopar. Samarbeidet i Levande Skog braut saman i juni 2010, og arbeidet for å etablere ein nasjonal standard under Forest Stewardship Council (FSC) har stoppa opp. Det er nødvendig å intensivere arbeidet med å utvikle eit berekraftig skogbruk. Det er ei utfordring å utvikle gode kontrollmekanismar, ikkje minst for hogst, slik at ein unngår å øydeleggje skogområde som er viktige leveområde for truga og sårbare arter, og slik at hogst ikkje skjer i område som har viktige verneverdiar etter naturmangfaldlova. Behovet for å styrkje miljøomsyna i skogbruket aukar ytterlegare dersom det blir aktuelt å auke uttaket av biomasse frå skogøkosystema utover dagens nivå, til dømes ved auka uttak av hogstavfall eller ved auka avverking.

Bevaring av viktige naturverdiar ved skogsvegbygging

Det er eit delmål at inngrepsfrie naturområde som er att skal takast vare på, og at rehabilitering av område med «gamle» inngrep skal gjennomførast der det er mogleg. Bygging av skogsbilvegar er, ved sida av energiutbygging, hovudårsak til bortfall av inngrepsfrie naturområde i Noreg. Søknader om nybygging av skogsvegar blir i stor grad godkjente, sjølv om inngrepsfri natur blir redusert. Skogsvegbygging og påfølgjande hogst av gammal skog som ofte har stått urørt over lang tid, kan òg ha negative effektar for eit stort tal truga arter som lever i slik gammal skog. I St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand går blant anna fram at Regjeringa vil endre regelverket for bygging av skogsvegar slik at omsynet til inngrepsfrie naturområde blir ivaretatt. Vidare framgår det at regjeringa vil sikre ei planlegging og saksbehandling ved bygging av skogsvegar som tek vare på viktige område for biologisk mangfald og område med nasjonalt viktige verneverdiar, og ein vil leggje vekt på å vere open og på medverknad i sakshandsaminga. Denne varsla revisjonen av Landbruks- og matdepartementet sitt regelverk er òg omtalt blant anna i St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen og i Prop. 1 S (2010 – 2011). Etter at den varsla revisjonen av Landbruks- og matdepartementets regelverk er gjennomført, vil Miljøverndepartementet leggje fram ei generell sak om ivaretaking av inngrepsfrie naturområde for Stortinget.

Rovviltforvaltning

Rovviltforvaltninga har sidan første stortingsmelding om rovvilt i 1991-1992 vore basert på ei todelt målsetjing om å ta vare på beitenæring og rovvilt. Eit hovudverkemiddel er ei arealdifferensiert forvaltning der ulike geografiske område blir prioriterte til høvesvis beitedyr og rovvilt. I det nye rovviltforliket frå 2011 blir den todelte målsetjinga ført vidare, og det er semje om at ei slik soneinndeling skal forvaltast tydeleg. Med unntak av forvaltningsområdet for ynglande ulv, som heilt ut er avgrensa av Stortinget, er det rovviltnemndene i dei ulike regionane som i forvaltningsplanane har ansvaret for dei regionale prioriteringane. I område prioriterte for rovvilt skal bestandsmåla nåast og saueproduksjon og andre utmarksbaserte næringar skal tilpassast førekomsten av rovvilt i desse områda.

Tiltak for å ta vare på hubroen

Regjeringa vil setje inn tiltak for å ta vare på hubroen, særleg for å unngå at fuglane døyr i kontakt med straumførande luftleidningar.

Tiltak for restaurering av skogsnatur

Det er eit delmål å restaurere minst halvparten av øydelagde økosystem i skog innan 2020, jf. vedtak på partsmøtet hausten 2010 i konvensjonen for biologisk mangfald. Kva slag skogtypar som bør prioriterast i dette arbeidet må vurderast nærare. Departementet vil be Direktoratet for naturforvaltning om å gi ei vurdering og tilråding om dette.

Tiltak mot uønska spreiing av framande organismar

Eit krav til eit berekraftig skogbruk er at bruken av framande treslag er under kontroll. Det er dokumentert at tidlegare utplanta framande treslag spreier seg i betydeleg grad, deriblant utanlandske treslag som har vore nytta i skogbruket. Det er eit mål at tiltak mot dei mest skadelege, etablerte framande organismane skal vere sette i gang innan 2015. Skogstyresmaktene har eit hovudansvar for å setje i verk tiltak for å få kontroll med spreiinga frå gamle utplantingar, som i mange tilfelle ikkje er lønsame å avverke. Nye utplantingar av utanlandske treslag vil bli regulerte i ei ny forskrift under naturmangfaldlova om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål. Forskrifta vil innebere kontroll med nye utplantingar av utanlandske treslag i langt større grad enn i dag.

Vurderingar av GMO

Styresmaktene skal vurdere miljørisiko nøye ved søknader om utsetjing av GMO. Dersom det er GMO i norsk natur skal dette gå fram av system for overvaking.

Hjorteviltforvaltning

I løpet av det siste tiåret er mykje ansvar og mynde i forvaltninga av hjortevilt (unnateke villrein) overført til lokal forvaltning. Blant anna krev kommunane inn fellingsavgifter for elg og hjort og disponerer midlane i kommunale viltfond. Kommunane fastset òg forskrifter om forvaltning, bl.a. om opning av jakt på elg, hjort og rådyr. Frå 2010 er det regionale nivået sine oppgåver med elg, hjort og rådyr overført frå fylkesmannen til fylkeskommunen. Direktoratet for naturforvaltning vil halde fram med å gi råd til forvaltninga i tråd med den nye strategien for forvaltning av hjortevilt som direktoratet la fram i 2009.

Betring av kunnskapsgrunnlaget

For å kunne fange opp dei mest verdifulle skogareala i høve til naturmangfald er det viktig å betre kunnskapsgrunnlaget, til dømes gjennom kartlegging og dokumentasjon av verneverdige skogareal, slik at ein veit kor dei mest verneverdige områda er og slik kan prioritere dei. Hovudfokus for systematiske kartleggingar av prioriterte skogstypar som grunnlag for skogvernarbeidet vil i 2012 vere på edellauvskogar.

Ein stor del av truga arter og naturtypar i Noreg finst i skog, men til no omfattar naturtypekartlegginga i lita grad skog. Det skal derfor gjennomførast fagleg uavhengige naturtypekartleggingar i norske skogareal, slik som for andre naturtypar. I dette arbeidet vil ein bruke ulike kunnskapskjelder, deriblant primærdata frå Miljøregistreringar i skog (MiS).

God kunnskap om skogareala er òg ein føresetnad for at landbruksstyresmaktene skal kunne utvikle eit meir berekraftig skogbruk.

I arbeidet med neste versjon av Norsk svarteliste som skal stillast ferdig i 2012 vil framande treslag bli vurdert med omsyn på økologisk risiko.

Motorferdsle i skog

Motoriserte framkomstmiddel i utmark vil i mange tilfelle vere nyttige og naudsynte. Samtidig fører motorferdsel i naturen til ei rekkje ulemper og skadar, som støy, terrengskadar, forstyrring av dyrelivet og konfliktar med friluftslivet. Barmarkskøyring kan føre til omfattande terrengskadar. Skadepotensialet er størst i sårbare område med liten tilvekst, men også i låglandet kan slik køyring gi store sår i terrenget. Utviklinga i talet på dispensasjonar og i tal på kjøretøy gir god grunn til å gi barmarkskøyringa større merksemd framover, jf. kap. 15 resultatområde Storslått fjellandskap, tilstand.

Det er eit mål å regulere motorferdsle i utmark for å ivareta naturmiljøet, fremje trivselen og sikre stille og ro i naturen. Direktoratet for naturforvaltning la i 2008 fram eit forslag til nytt motorferdselsregelverk. Miljøverndepartementet vedtok i 2009 endringar i motorferdselsforskrifta som blant anna gjer det mogleg å gi løyve til køyring i utmarksnæring og gruppeturar for pensjonistar og nokre andre grupper. I tråd med Regjeringas felles plattform vil gjennomgangen av motorferdselsregelverket bli fullført.

Finnmark er det einaste fylket med opne løyper for motorferdsel på barmark. Ein rapport frå barmarksprosjektet i Finnmark med anbefalingar om å avgrense barmarkskøyring i Finnmark vart send Miljøverndepartementet frå Direktoratet for naturforvaltning i februar 2011. Regjeringa vil vurdere anbefalingane i prosjektet i samband med arbeidet med å fullføre gjennomgangen av motorferdselsregelverket.

Internasjonalt skogarbeid

Ei EU-forordning for å hindre import av ulovleg tømmer vart vedteken hausten 2010 og vil tre i kraft seinast i 2013. Forslaget inneber at den som første gong plasserer tømmer og tømmerprodukt i EUs indre marknad, skal sikre at tømmeret er lovleg hogd i samsvar med lovgivinga i opphavslandet. Forordninga er så langt vurdert som EØS-relevant for Noreg og Regjeringa utgreier kva slag verknader dette vil ha for norsk import og eksport av tømmer og tømmerprodukt.

15 Resultatområde 5 Storslått fjellandskap

Klar luft, og vinden som stryk lett over kinnet. Blåne på blåne så langt augo rekk og langstrakte vidder med lav, mose, lyng og vier. Ein sint liten tass av eit lemen kjem fram frå ein stein. Dette er fjellet, og villreinen, fjellreven og jerven sitt rike. Noreg har unik natur- og kulturhistorie i fjellområda. For mange er noko av det viktigaste ved fjellet at ein kan oppleve stille og ro i tilnærma urørt natur og villmark, kjenne på naturen sine eigne lydar og lukter og sjå planter og dyr som er sjeldne eller ikkje finst i andre land i Europa. Gamal seterkultur, husdyr og blomstrande setervollar er òg viktige kjenneteikn ved norske fjellområde. Mange av fjellområda er storslåtte og dramatiske med høge tindar, djupe og tronge dalar, og isbrear. Kjensla av å vere liten kan bli overveldande, samstundes som det for mange ikkje er nokon annan stad ein føler seg så i eitt med naturen og i full harmoni. I tillegg til fjordlandskapet, er det fjellet mange turistar kjem til Noreg for å oppleve.

Planter og dyr i fjellet er tilpassa ekstreme miljøtilhøve, og det skal lite til for å forstyrre den fine likevekta som er utvikla gjennom fleire tusen år. Dei krevjande miljøtilhøva har ført til at naturtypane i fjellet har få arter samanlikna med mange naturtypar i låglandet, men det er som oftast mange individ innanfor kvar art.

Fjellområda har vore utnytta av menneske i fleire tusen år, og mange fjellområde er svært rike på kulturminne. Støling, jakt, fangst og fiske og andre haustingsaktivitetar er dei viktigaste formene for tradisjonell bruk. Reiselivsnæringa sin bruk av natur- og kulturminneverdiar i fjellområda, den landbruksbaserte turismen og nordmenns aukande interesse for friluftsliv og opplevingar i fjellheimen gir i dag den største verdiskapinga i mange fjellbygder og utmarkskommunar.

Nasjonale mål – Storslått fjellandskap

5.1. Utryddinga av truga arter i fjellet skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter knytt til fjellet.

5.2. Mangfaldet av naturtypar i fjellet skal takast vare på eller gjenopprettast innanfor sitt naturlege utbreiingsområde, og slik at alle arter førekjem i levedyktige bestandar. Det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester skal takast vare på.

Indikatorar:

  • Utvikling i areal av inngrepsfrie naturområde (INON).

  • Utvikling i areal i rehabiliterte INON-område.

  • Talet på restaurerte fjellområde.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt og utvikling i talet på dispensasjonar under motorferdslelova.

5.3. Alle bestandar som kan haustast av planter og dyr i fjellet skal vere forvalta økosystembasert og hausta berekraftig slik at artene opptrer i levedyktige bestandar innanfor sitt naturlege utbreiingsområde innan 2020.

Indikator:

  • Talet på arter der hausting og anna uttak er ein negativ faktor for påverknad.

5.4. Villreinen skal sikrast i levedyktige bestandar i sine naturlege utbreiingsområde i Sør-Noreg.

Indikatorar:

  • Areal som inngår i nasjonale villreinområde og randsoner.

  • Talet på kommunar som har innarbeidd nasjonale villreinområde og randsoner i kommuneplanen.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt innanfor nasjonalt villreinområde og randsone.

  • Del av villreinens leveområde som er verna etter naturmangfaldlova.

5.5. Det skal årleg vere 39 ynglingar av jerv.

Indikator:

  • Talet på dokumenterte ynglingar av jerv.

5.6. Dei mest truga naturtypane i fjellet skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikator:

  • Talet på utvalde naturtypar knytt til fjell.

5.7. Dei mest truga artene i fjellet skal ha status som prioriterte arter.

Indikator:

  • Talet på prioriterte arter knytt til fjell.

5.8 Eit representativt utval av naturtypane i fjellet skal vernast for kommande generasjonar.

Indikator:

  • Areal og del av verne areal (inkl. årleg endring) fordelt på naturtypar i fjellet.

5.9. Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Talet på og del av verneområde i fjellet der verneverdiane er truga.

  • Talet på og del av verneområde i fjellet med forvaltningsplan.

5.10. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sett i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Talet på handlingsplanar utarbeidde og sett i verk for allereie introduserte skadelege, framande organismar.

  • Talet på utryddingstiltak (fordelt på art) gjennomført pr. fylke.

5.11. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønska nedbygging i fjellet.

Indikator:

  • Talet på regionale fjellplanar.

5.12. På Svalbard skal omfanget av villmarksprega område haldast oppe, naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet, og verneområda sin verdi som referanseområde for forsking vere sikra.

Indikator:

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard i samsvar med INON-klassifikasjon.

5.13. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjon eller forstyrre dyrelivet. Svalbards natur skal kunne opplevast uforstyrra av motorisert ferdsel og støy, også i område som er lett tilgjengelege frå busetjingane.

Indikatorar:

  • Volum og fordeling av motorisert ferdsel til lands på Svalbard.

  • Tilgang på og forvaltning av snøskuterfrie område.

  • Talet på registrerte snøskuterar på Svalbard.

  • Registrerte effektar på dyreliv og vegetasjon som følgje av ferdsel.

Tilstand

Om lag 30 pst. av fastlands-Noreg er fjell. Med fjell meiner ein her areal over og nord for dagens skoggrense. Elvar og vatn i fjellet er ikkje inkluderte i dette. I størstedelen av Noreg er det fjellbjørkeskogen som dannar skoggrensa. Noreg har i overkant av 1600 brear, og fjellområda sin magi blir ytterlegare understreka ved at fjordar og dalar skjer gjennom dei.

Fjellet representerer ekstreme livstilhøve for alt levande. Faktorar som vind, is, snødekke, store temperatursprang, tørke og fukt i marka, verknad av frost og kalkinnhald i jord og stein påverkar planter og dyr. På grunn av dei ekstreme tilhøva er det mange spesialistar blant planter og dyr i fjellet. Til dømes har fleire sjeldne fjellplanter svært snevre toleransegrenser for temperatur eller krev høgt kalkinnhald i jorda. For mange pattedyr og fuglar er tilgang på føde den viktigaste faktoren for å overleve. På grunn av dei spesielle tilpassingane til ekstreme miljøtilhøve er artene i fjellet svært sårbare når dei blir utsette for ytterlegare påverknader.

Vegetasjonen i fjellet er dominert av dvergbusker, gras- og starrarter, mosar og lav, og stort innslag av urter på kalkrik grunn. Tjukkleik og fordeling av snøen avgjer plantene si fordeling frå avblåst rabbe til snøleie. I snøleia blir snøen ofte liggjande til ut i juli, og ny snø kjem allereie i september/oktober. Dei plantene som veks slike stader må vere kjappe og effektive for å rekke å blomstre og setje frø før snøen kjem. Døme på planter som veks i snøleier er musøyre, moselyng og polarvier. Dei plantene som veks på rabbane har liten eller inga skjerming frå snøen om vinteren, og må tole vind, enorme variasjonar i temperatur og ofte lite og tørr jord. Døme på slike planter er krekling, greplyng, rabbetust og fleire arter av mose og lav. Den hardføre og vakre blomen mogop, som slår ut i full blom mens det enno er skiføre i fjellet, trivst òg i slike område. Dei næringsrike og lett forvitrande bergartene i delar av Dovrefjell har resultert i svært rike plantesamfunn. Reinrosa er ei art som likar seg godt i slike område. Sjeldan er fjellet vakrare enn når reinrosa kler fjellet med eit kvitt blomesterflor.

Insektfaunaen i fjellet er dominert av dei store insektgruppene tovenger, veps, biller og sommarfuglar. Typiske fjellfuglar er heilo, snøsporv og steinskvett. Ramnen er med sin karakteristiske lyd lett å oppdage. Å treffe på fjellrypa er draumen for mange jegerar.

Villreinen har gjennom utviklingshistoria tilpassa seg dei barske tilhøva i fjellet, særleg om vinteren. Pelsen er tjukk og svært tett, og sjølv mulen er hårkledd i motsetning til hos andre arter i hjortefamilien. For 200-300 år sidan levde villreinen i fjellet i heile landet, og i Nord-Noreg var villreinen framleis talrik omkring 1800. I dag finst villrein i Skandinavia berre i fjellet i Sør-Noreg som 23 meir eller mindre skilte grupper av individ. Som einaste land i Europa har Noreg fjellområde med villrein. Lemen er den mest karakteristiske av norske smågnagarar. Mange fjellvandrarar har sett forbausa ned på denne vesle gnagaren som kan sitje like framfor føtene våre og pipe og hoppe av sinne. Når det er såkalla lemenår (om lag kvart fjerde år), kan dette vesle brungule dyret setje sitt preg på heile vidda.

Boks 15.1 Villreinen sine tilpassingar til ekstrem kulde

Villreinen toler temperaturar ned til 30-40 kuldegrader utan å måtte auke stoffskiftet for varmeproduksjon. De viktigaste tilpassingane er:

  • Heile dyret er hårkledd, også mulen

  • Tjukk og tett pels – tre gonger så mange dekkhår pr. kvadratcentimeter som elg og hjort

  • Kvart enkelt hår består innerst av luftfylte margceller

Av andre pattedyr er fjellrev og jerv viktige dyr i fjellet. Fjellreven er kritisk truga, og det er sett i gang ei rekkje tiltak for å sikre at fjellreven framleis skal kunne opplevast i norsk natur. Framtida vil vise om vi kan lukkast. Der det er villrein, finn vi òg ofte jerv.

I følgje Naturindeksen for Noreg er tilstanden for naturmangfald i fjellet samla sett god med ein indeks på 0,69, men i enkelte sentrale fjellområde i Sør-Noreg er tilstanden dårlegare. Berre 4,2 pst. (158 arter) av dei truga og nær truga artene lever i fjellet. Dette betyr ikkje nødvendigvis at den negative påverknaden på naturmangfaldet her er mindre enn i andre system, men heller at delen av arter knytt til fjellet er låg. Døme på truga arter i fjellet er plantene masimjelt, knuthørapp, aksveronika og brannmyrklegg, og fugleartene dobbeltbekkasin og snøugle. Av pattedyra er jerv truga, i tillegg til fjellreven. Villreinen er ikkje ein truga art, men blir rekna som ein norsk ansvarsart som vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på. Døme på truga naturtypar i fjellet er fuglefjell, jordpyramide og polarørken.

Om lag 75 pst. av areala i nasjonalparkane ligg i fjellområde. Dette vil auke litt til når nasjonalparkplanen er gjennomført. I tillegg finn vi om lag 70 pst. av landskapsvernområda og litt over 20 pst. av naturreservata i fjellet. Det er førebels ikkje nokon prioriterte arter eller utvalte naturtypar i fjellområda.

Vi finn ein stor del av den inngrepsfrie naturen i fjellområda. Det var ein nedgang i bortfallet av inngrepsfri natur frå perioden 1988-1994 og fram til og med perioden 1998-2003, mens det i siste måleperiode (2003-2008) har vore ein auke frå perioden før. Bortfallet av inngrepsfri natur i siste periode (2003-2008) var 1027 km2.

Talet på fritidsbustader i snaufjell, og i og nær villreinområde er gode indikatorar på om kommunane og fylka har følgt opp nasjonal politikk på desse viktige arealpolitiske områda. Det var 32 400 fritidsbustader i snaufjellet i 2007. Talet på fritidsbustader innanfor 4 km frå villreinområde var 64 800 i 2007. Statistikken på desse tema blir oppdatert kvart femte år som eit oppdrag frå Miljøverndepartementet til SSB, og blir revidert i løpet av hausten 2011.

Det totale talet på snøskutarar har auka jamt frå om lag 53 500 i 2003 til nesten 69 000 ved utgangen av 2010. Talet på barmarkskøyretøy (All Terrain Vehicles – ATV) har òg auka kraftig, frå 295 nyregistrerte køyretøy i 1995 til over 33 300 køyretøy pr. 31. desember 2010. Dette betyr at omfanget av motorferdsle i utmark har auka kraftig.

Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdselslova og den nasjonale forskrifta viser at det i 2010 vart behandla meir enn 14 500 søknader om dispensasjon for motorferdsel i utmark. Av desse vart 95 pst. godkjende, ein stor del av desse handla om motorferdsle i fjellet. I tillegg kjem dispensasjonar som er gitt for fleire år, slik at det i 2010 var i overkant av 25 000 aktive dispensasjonar. For barmarkskøyring vart det totalt godkjent 1910 søknader i 2010. Svalbard har mykje villmark, men det er likevel mange spor etter menneske i naturen. Restar etter tidlegare forsking, fangst, gruvedrift og ekspedisjonar finst mange stader. Det meste av Svalbard er likevel utan tyngre tekniske naturinngrep. Ca. 98 pst. av landområda kan kallast villmark utan større tekniske inngrep. Plante- og dyrelivet på land er i dag lite påverka av inngrep og arealbruk. 65 pst. av landområda på Svalbard er verna som naturreservat og nasjonalparkar, og omfattar eit representativt tverrsnitt av naturmangfaldet på øygruppa. Forvaltninga av desse verneområda er svært viktig for miljøtilstanden i Svalbard sine fjell- og tundraområde.

Påverknader

Endra arealbruk er vurdert som den viktigaste påverknaden på naturen i fjellet. Sjølv om få menneske bur fast i fjellområda, er ei rekkje av desse områda sterkt prega av og forma av mennesket. Husdyrbeite i fjellet og fjellbjørkeskogen er ein gammal aktivitet i fjellområda som etter kvart utvikla seg til å bli ein viktig del av jordbruket gjennom etablering av setrar i fjell og fjellnære strøk. Frå om lag 50 000 setrar som var i drift i 1850, var vi nede i 1237 setrar i 2008 som i avgrensa grad utnytta utmarka. Mange kulturpåverka naturtypar knytte til tidlegare tiders seterbruk i fjellet er derfor i sterk tilbakegang. Sjølv om seterdrifta er kraftig redusert, er det framleis omfattande husdyrbeiting i fjellområda våre. Moderat beite har ein positiv effekt for mange arter. Dei økologiske effektane av beite varierer sterkt avhengig av type beitedyr og mengda av dei. Utrekningar frå Hardangervidda viser at enkelte område har beitegrunnlag for meir sau, mens det i Setesdalsheiane er område med meir sau enn det er beitegrunnlag for. Delar av Finnmark er i dag vurdert som overbeita, og på Finnmarksvidda, som er viktig vinterbeite for tamrein, er lavdekket blitt betydeleg redusert. Reduksjon i hogst og slått, og endring i husdyrbeite i områda langs skoggrensa har ført til gjengroing, og på sikt vil desse områda utvikle seg til skogsmark dominert av fjellbjørk, vier og andre vedaktige planter.

Ein reknar med at truslane mot naturmangfaldet i fjellet er aukande. Gjennom dei siste tiåra har fjellområda vore utsette for fleire store fysiske inngrep slik som vasskraftutbyggingar som gir store fysiske inngrep utanom sjølve vassdraget i form av blant anna vegar og neddemming av areal. Vegbygging og bygging av kraftlinjer fører til fragmentering av område og påverkar trekkmønsteret til villrein og truleg òg andre dyr som trekkjer over større område. Hyttebygging skjer som oftast i randsonene av fjellet, men gir òg ringverknader oppover i fjellet. Det er eit generelt press for utbygging inn mot fleire verneområde, og randsoneproblematikken har høg prioritet i kommuneplanlegging og regional planlegging. Den tradisjonelle bruken og stølsdrifta går framleis tilbake, og tregrensa er flytta høgare opp mange stader.

Aukande motorferdsle er i ferd med å redusere mange fjellområde sin kvalitet som tur- og turistobjekt, både innanfor og utanfor verneområda. Undersøkingar viser at stille for mange, ikkje minst utanlandske turistar, er noko av det som er oppfatta som unikt ved den norske fjellheimen. Motorferdsle har òg negative effektar på dyre- og plantelivet. I sårbare område med liten tilvekst gjer barmarkskøyring stor skade. Sår i terrenget brukar lang tid på å lækjast, nokre gror aldri til. For planter og annen vegetasjon er skadane langt mindre for snøskuter enn for barmarkskøyring. Men også køyring på vinterføre kan gi mekaniske skadar på dvergbjørk og vier i lynghei og dvergbjørkhei som resultat av den direkte kontakten mellom skuter og buskene. Køyring med snøskuter på mark som ikkje er snødekt gir stor skade på vegetasjonen og øvre jordlag. Snøskuterens sjanse til å komme fram over alt og stor fart aukar stressbelastninga på dyrelivet, og opnar for tilgjenge til tidlegare uforstyrra område. Forstyrringar gjer at dyra får mindre beitetid, noko som igjen kan føre til mindre tid for inntak av mat. Dette gjeld blant anna for villrein, kongeørn og andre rovfuglar. Hekkande rovfuglar kan oppleve mislykka hekkingar på grunn av auka bruk av snøskuter.

Klimaendringar vil blant anna gi mildare klima og lengre vekstsesong. Dette vil ha store konsekvensar for dei artene som er tilpassa fjellmiljøet, og resultere i betydelege endringar i samansetjinga av arter. Endra miljø for enkelte nøkkelarter kan føre til endringar i næringsnettet. Eit døme på dette er smågnagarar som tidlegare hadde toppar med 3-5 års mellomrom i nordleg del av Skandinavia. Dei siste tiåra har smågnagarsyklusane vore betydeleg svakare med mindre toppar og lengre tid mellom toppane. Klimaendringane aukar også prosessen med gjengroing.

På Svalbard er ferdsla knytt til turisme, friluftsliv og forsking aukande. I vårmånadene er ferdsla med snøskuter stor i mange område på det sentrale Spitsbergen. Motorisert ferdsel på land kan føre til støy, køyrespor frå ulovleg køyring på barmark og lokal luftforureining. Motorferdsle fører òg til at moglegheitene for å drive tradisjonelt friluftsliv utan forstyrringar er redusert rundt busetjingane i periodar av året. Det er foreløpig ikkje dokumentert negative endringar i bestandane av rein, rev eller gjæser i dei områda der snøskutertrafikk og annan ferdsel har auka mest.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Sikring av verneverdiane i nasjonalparkane

Når nasjonalparkplanen er gjennomført, vil om lag 27 pst. av fjellområda vere verna gjennom naturmangfaldlova. På denne måten har vi sikra juvelane og noko av den mest storslåtte naturen i Noreg, og vi oppfyller dei globale måla for vern av fjell. Dei verna områda representerer store ressursar og mangfaldige høve til opplevingar, samtidig som dei er sårbare og spesielle. Føremålet med vernet har nettopp vore å sikre naturverdiar for å bevare områda sin funksjon som leveområde for planter og dyr, og som område for opplevingar for menneske. Framover blir det auka fokus på å ta vare på verneverdiane i verneområda. Å ta vare på verneverdiane er ein føresetnad både for å bevare dei sårbare økosystema i fjellet, for framtidige opplevingar og for verdiskaping i fjellbygdene no og i framtida. Alle verneområde skal, der det er naudsynt, ha skjøtsels- og forvaltningsplanar. Slike planar gir konkrete forvaltnings- eller bevaringsmål for området, retningslinjer om bruk, informasjon, skjøtsel, og eventuell tilrettelegging. På den måten medverkar forvaltningsplanane til å oppretthalde og fremje naturverdiane i verneområda. Fjellområda er ofte populære turområde. For å ta vare på fjellnaturen blir det i enkelte område opparbeidd stigar for å kanalisere trafikken vekk frå sårbare område. Formidling av informasjon er eit anna viktig verkemiddel for å sikre naturverdiane.

Arealplanlegging i fjellet

Plan- og bygningslova er det viktigaste verktøyet for arealplanlegging i fjellområda, og denne lova er òg viktig for styring av bruk av randsonene til verneområda. Ny plan- og bygningslov gjer det mogleg å innføre omsynssoner i randsonene til nasjonalparkar og landskapsvernområde, blant anna for å hindre øydelegging av verneverdiane. Det kan òg bli gitt retningslinjer om avgrensing av verksemd og særlege omsyn samtidig med fastsetjing eller revisjon av verneforskrift eller forvaltningsplan. Det er i 2011 avsett midlar til Direktoratet for naturforvaltning for å utgreie nærare om bruk av plan- og bygningslova som verkemiddel i naturforvaltninga.

Fritidsbustadene skal lokaliserast og utformast med vekt på omsyn til allment friluftsliv, landskap, estetikk og naturmangfald. Landskaps- og stadanalysar må brukast for å ta vare på kvaliteten ved områda under planlegging av nye bustader. Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har utarbeidd ein rettleiar for metode i landskapsanalyse som no er under utprøving i fleire kommunar. I Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging er det ei forventning at fylkeskommunane legg til rette for ei meir miljøbasert utbygging av fritidshus, der omsynet til landskap, naturmangfald, ressursbruk, energibehov og estetikk blir vektlagt.

Fjellområda skal òg i framtida gi høve til utøving av det enkle, tradisjonelle friluftslivet der stille og ro er ein viktig føresetnad. Samtidig skal òg meir moderne friluftsaktivitetar som til dømes kiting, terrengsykling, alpint og elvepadling kunne finne stad utan at natur- og kulturhistoriske verdiar blir øydelagde, jf. resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.

Verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskapar er eit utviklingsprogram med mål om at verneområda og andre verdifulle naturområde skal vere ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga. Samtidig skal områda forvaltast slik at naturens mangfald blir teke vare på. Programmet går føre seg i perioden 2009-2013 og har 15 prosjekt fordelte over heile landet. Gjennom programmet ønskjer ein å utvikle og spreie kunnskap om samanhengen mellom naturarven, naturvern og sosial, kulturell og økonomisk utvikling.

Lokal forvaltning av verneområde

Statens naturoppsyn spelar ei viktig rolle i arbeidet med å ta vare på naturverdiane i fjellet. Statens naturoppsyn driv utstrekt naturrettleiing i fjellområda, og dei fører oppsyn med at føresegnene i ei rekkje miljølover blir etterlevde. Statens naturoppsyn er framleis under utvikling.

Etablering av den nye modellen for lokal forvaltning av verneområde er godt i gang. Dei fleste verneområdestyra er no etablerte, og nasjonalparkforvaltarane skal etter planen vere på plass i løpet av 2012. Verneområdestyra har representantar frå kommunar, fylkesting og frå Sametinget i område med samiske interesser. God kunnskap skal liggje til grunn for forvaltninga, og det skal utviklast faglege fellesskap gjennom oppbygging av lokale/regionale forvaltningsknutepunkt, i hovudsak knytte til nasjonalparksenter eller andre typar av naturinformasjonssenter. På denne måten blir nasjonalparksentra lokale kunnskapsbasar for forvaltning av verneområda, og lokale/regionale faglege fellesskap der nasjonalparkforvaltaren sin kunnskap om forvaltning av verneområda og deira sårbarheit blir kombinert med fagpersonar som har kunnskap om naturrettleiing, guiding og naturbasert reiseliv.

Sikring av inngrepsfrie område

Dei attverande naturområda i Noreg utan tyngre tekniske inngrep finst i stor grad i fjellet. Det er eit delmål at slike attverande inngrepsfrie naturområde skal takast vare på. Der det er mogleg, er det òg eit delmål å restaurere område med «gamle» tekniske inngrep. Einskilde inngrep, som til dømes utviding av eksisterande hytter, vil ikkje kvar for seg påverke fjellnaturen i vesentleg grad. Men samla effekt av fleire mindre inngrep fører til ei gradvis fragmentering og påverknad av den sårbare fjellnaturen og naturverdiane her. Å unngå irreversible inngrep i desse områda handlar om å sikre den viktigaste kapitalen for ei naturbasert turistnæring.

I Nasjonale forventinger til regional og kommunal planlegging er det ei forventning at omsynet til inngrepsfrie naturområde utan tyngre tekniske inngrep (INON-område) blir vektlagd i planlegginga.

Energitiltak er ei hovudårsak til reduksjon av inngrepsfrie naturområde. For å møte denne utfordringa er det blant anna utarbeidd Retningslinjer for små vannkraftverk (Olje- og energidepartementet 2007) og Retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg (Miljøverndepartementet/Olje- og energidepartementet 2007) om blant anna forholdet til inngrepsfrie naturområde i saksbehandlinga for små vasskraftverk og vindkraftanlegg.

Sikring av villreinen

Det er i Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging venta at aktuelle fylkeskommunar utarbeider og vedtek regionale villreinplanar innan 2013. Planane vil gi grunnlag for avgrensing av ti nasjonale villreinområde og to europeiske villreinregionar, og vil bli lagt til grunn for vidare regional og kommunal planlegging.

For villreinen, som Noreg har eit særleg ansvar for å ta vare på, er større samanhengande og lite forstyrra område ein føresetnad for å overleve. Verneområda i fjellet dekkjer berre delar av villreinen sitt leveområde, og kommunal og regional planlegging er eit svært viktig verktøy for betre forvaltning av villreinen. Fylkeskommunane har fått i oppdrag innan 2012 å utarbeide regionale planar for fastsetjing av grensa for nasjonale villreinområde i Sør Noreg. Planane skal balansere bruk og vern, og sikre ei langsiktig og heilskapeleg planlegging på tvers av kommunegrenser. Planane skal følgjast opp gjennom regionale handlingsplanar, og vil gi føringar både for sektorstyresmakter og den kommunale planlegginga. For dei andre fjellområda skal også regionale planar nyttast for å sikre ei heilskapleg forvaltning av fjellområde.

Planforslaga for dei regionale planane for Hardangervidda og Rondane/Sølnkletten har vore på høyring og offentleg ettersyn i første halvdel av 2011. For dei regionale planane for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei (Heiplanen), Forollhogna og Ottadalen ligg det føre godkjent planprogram, og planforslaga er under utarbeiding. For Nordfjella og Dovrefjell (Snøhetta/Knutshø) er planprogram under utarbeiding.

Fjellreven

Arbeidet for å ta vare på fjellreven blir ført vidare i 2012. Framleis er Finnmarksprosjektet som omfattar raudrevkontroll på Varangerhalvøya, og avlsprosjektet for utsetjing av fjellrev i naturen to viktige tiltak. Overvaking av fjellrev blir gjennomført årleg.

Rovviltforvaltning

Jerven finn vi hovudsakelig i fjellområda langs riksgrensa mot Sverige og Finland, frå Sør-Trøndelag og nordover. Det finnst også ein mindre bestand i sentrale fjellstrøk lengre sør i Noreg. Bestandsmålet for jerv er 39 årlige ynglingar i året. I 2010 blei det registrert 66 ynglingar av jerv. Dette er ein auke på 13 ynglingar frå 2009. Lisensfelling er hovudverkemiddelet i bestandsreguleringa av jerv, men i enkelte område har ikkje lisensfellinga gitt tilfredsstillande resultat. I dei siste åra har miljøstyremaktene gjennomført ekstraordinære uttak av jerv etter lisensfellingsperiodens slutt. I 2010 blei 12 av dei 66 registrerte ynglingane tatt ut gjennom slike ekstraordinære uttak.

Motorferdsle i fjellet – fråvær av støy

Det er viktig å skjerme viktige friluftsområde mot støy frå køyretøy på bakken, småfly og helikopter gjennom oppfølging og handheving av føresegnene i motorferdslelova. Utviklinga i talet på dispensasjonar og i tal på kjøretøy gir god grunn til å gi barmarkskøyringa større merksemd framover. Det er spesielt viktig å skjerme fjellheimen og dei sårbare områda nord i Noreg mot terrengskadar som følgje av bruk av barmarkskjøretøy.

Det er Regjeringas mål å regulere motorferdsle i utmark for å ivareta naturmiljøet, fremje trivsel og sikre stille og ro i naturen.

Direktoratet for naturforvaltning la i 2008 fram eit forslag til nytt motorferdsleregelverk. Miljøverndepartementet vedtok i 2009 enkelte endringar i motorferdselsforskrifta. I tråd med Regjeringas felles plattform vil gjennomgangen av motorferdselsregelverket bli fullført.

I Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging er det venta at kommunar med eit visst omfang av motorisert ferdsel i utmark tek dette opp som tema i planlegginga.

Finnmark er det einaste fylket med opne løyper for motorferdsel på barmark. Ein rapport frå barmarksprosjektet i Finnmark med anbefalingar for å avgrense barmarkskøyring i Finnmark vart send Miljøverndepartementet frå Direktoratet for naturforvaltning 15. februar 2011. Regjeringa vil vurdere anbefalingane i prosjektet i samband med arbeidet med å fullføre gjennomgangen av motorferdsleregelverket.

Prioriterte arter og utvalte naturtypar

I nokre tilfelle vil det vere mest føremålstenleg å ta vare på truga arter og naturtypar ved å gi dei status som prioriterte arter eller utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Det er eit delmål at dei mest truga artene skal ha status som prioriterte arter og dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar innan 2013. Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2012. I dette arbeidet kan òg arter og naturtypar knytte til fjellet bli vurderte. Mellom anna er fjellrev ein kandidat til å bli prioritert art. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte og dei naturtypane som er blitt utvalde, inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane. I Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging ligg ei forventning om at dei alminnelege føresegnene i naturmangfaldlova om berekraftig bruk blir lagd til grunn for planlegging som påverkar naturmangfald. Førekomstar av utvalde naturtypar og prioriterte arters økologiske funksjonsområde skal innarbeidast i planlegging på land, og for utvalde naturtypar også i sjø.

Sikring av villmarksnaturen på Svalbard

Villmarksnaturen på Svalbard er i utgangspunktet godt verna gjennom opprettinga av verneområde som dekkjer 65 pst. av landarealet, eit utstrekt vern av arter og eit generelt strengt miljøregelverk som omfattar all lokal aktivitet som kan påverke villmarkspreget og naturmangfaldet. På Svalbard blir det no arbeidd med forvaltningsplanar for verneområda. Det er utarbeidd forvaltningsplanar for Hopen og Bjørnøya naturreservat. Desse reservata dekkjer til saman 6.168 km2 land- og sjøareal, og det ligg dermed føre forvaltningsplanar for ca. 5 pst. av verneområda sitt samla areal. Sysselmannen er i gang med å utarbeide eit forslag til forvaltningsplan for naturreservata på Aust-Svalbard som skal høyrast våren 2012. Når denne planen er fastsett vil det bli utarbeidd forvaltningsplanar for nasjonalparkane som skal sikre at ferdsla og annen aktivitet skjer i samsvar med verneformålet.

Sysselmannen på Svalbard skal òg sjå på behovet for betre tilrettelegging for ikkje-motorisert friluftsliv i eit eige prosjekt. I denne samanhengen vil forholdet til snøskutertrafikken vere det sentrale.

Ei meir nøyaktig kartlegging av inngrepsfrie naturområde på Svalbard i samsvar med den INON-klassifikasjonen som er nytta på fastlandet er under utarbeiding av Direktoratet for naturforvaltning. Dette vil gi eit betre grunnlag for å måle endringar i inngrepsstatus.

Det finst inga detaljert vegetasjonskartlegging på Svalbard eller systematisk overvaking av effektar av ferdsel på vegetasjon. Norsk Polarinstitutt har avtaler med ulike forskings- og utgreiingsinstitusjonar om etablering av overvaking i markvegetasjonen på Svalbard. Dette skjer i regi av Miljøovervakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ), og vil òg omfatte effektar av ferdsel.

16 Resultatområde 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap

Gjennom meir enn 12 000 år har menneska levd, verka og sett spor etter seg i det som i dag er Noreg. Desse spora er kulturminne som vi finn overalt – i by og bygd, i skog, på fjellet, på våtmark, i ferskvatn, langs kysten og til og med på botnen av havet. Dei er ein ressurs som ikkje kan fornyast. Blir dei øydelagde eller fjerna, er dei borte for alltid. Dei er ikkje berre historie, men er høgst aktuelle også i dag, som del av eit levande samtidsmiljø.

Kulturminne er handfaste og originale vitnesbyrd som kan fortelje spennande historier om samfunnet og levekåra både før og no. Dei er lettast å få auge på i byar og tettstader, der vi finn eit mangfald av bygningar frå ulike tiår. Gravhaugar og vikingskip pirrar nyfikna til store og små og kan vere opphav til forteljingar om ei fjern fortid. Mange bustadhus og fabrikkbygningar som fylte byar og tettstader for berre eit par generasjonar sidan, er i dag blitt sjeldne. Når besteforeldre skildrar korleis kvardagen deira var den gongen dei vaks opp, og korleis livet var i «gamle dagar», er det noko som kan skape undring og vitebegjær hos barnebarna.

Mangfaldet i kulturlandskapet og kombinasjonen av natur- og kulturverdiar er ein karakteristisk og viktig del av det norske landskapet. Det er òg ein viktig del av merkevara Noreg og det som turistane kjem for å sjå og oppleve. Det opne og svært artsrike kulturlandskapet med lyseelskande arter av til dømes erteblomstrar, blåklokke og gras er resultatet av menneskeleg aktivitet. Om aktivitetar som slått og beiting ikkje held fram, vil kulturlandskapet gro igjen, og mange av dei artene som lever her og viktige kulturhistoriske spor vil forsvinne.

Alle landskap, frå tette bylandskap og jordbrukslandskap til tilsynelatande urørte utmarks- og fjelllandskap, inneheld spor etter menneska som har brukt dei opp gjennom tidene. Historiske bygningar, bymiljø, arkeologiske spor og landskap er alle faste kulturminne og er ein viktig del av vårt felles minne. Sjølv om nye kulturminne vert oppdaga og vurderte som verneverdige, også kulturminne som berre er få år gamle, er det viktig å vere bevisste på kva for kulturminne vi vel ut og ønskjer å ta vare på for ettertida. For å forstå og kunne formidle vår eiga historie og utvikling, treng vi eit variert utval kulturminne og kulturmiljø frå ulike tider av historia.

Nasjonale mål – Verdifulle kulturminne og kulturlandskap

6.1. Det årlege tapet av verneverdige kulturminne og kulturmiljø skal ikkje overstige 0,5 prosent innan 2020.

Indikatorar:

  • Prosentvis årleg tap av verneverdige kulturminne i utvalde område.

  • Prosentvis årleg tap av SEFRAK-registrerte bygningar i utvalde område.

  • Talet på tapte bygningar i tette trehusmiljø.

  • Talet på kommunar med kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø.

  • Storleiken på areal med bevaringsstatus etter plan- og bygningslova.

  • Prosentvis årleg tap av kulturminne i jordbrukets kulturlandskap.

6.2. For automatisk freda arkeologiske kulturminne skal det årlege tapet ikkje overstige 0,5 prosent innan 2020.

Indikatorar:

  • Årleg tap av og skade på automatisk freda arkeologiske kulturminne i utvalde område og etter årsaksforhold.

  • Talet på automatisk freda arkeologiske kulturminne som blir fjerna gjennom dispensasjon.

6.3. Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.

Indikator:

  • Talet på freda bygningar og anlegg fordelte etter geografisk, sosial, etnisk, nærings- og tidsvis breidde.

6.4. Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Indikatorar:

  • Del av freda bygningar og anlegg med ordinært vedlikehaldsnivå i prosent.

  • Talet på freda fartøy og fartøy som inngår i verneplan for fartøy, og som er sette i stand.

6.5. Eit representativt utval automatisk freda arkeologiske kulturminne skal vere sikra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på sikra automatisk freda arkeologiske kulturminne.

6.6. Utryddinga av truga arter i kulturlandskapet skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga artar knytt til kulturlandskap.

6.7. Mangfaldet av naturtypar i kulturlandskapet skal takast vare på eller gjenopprettast innanfor sitt naturlege utbreiingsområde, og slik at alle arter førekjem i levedyktige bestandar. Det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester skal takast vare på.

Indikator:

  • Talet på restaurerte naturtypar i kulturlandskapet.

6.8. Areal brukt til landbruk skal vere berekraftig forvalta innan 2020.

6.9. Dei mest truga naturtypane i kulturlandskapet skal ha status som utvalde naturtypar

Indikatorar:

  • Talet truga naturtypar knytt til kulturlandskapet.

  • Talet på utvalde naturtypar i kulturlandskap.

6.10 Dei mest truga artene i kulturlandskapet skal ha status som prioriterte arter.

Indikator:

  • Talet på prioriterte arter knytt til kulturlandskapet.

6.11. Eit representativt utval av naturtypane i kulturlandskap skal vernast for kommande generasjonar og verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast eller gjenopprettast.

Indikator:

  • Areal og del av verna areal (inkl. årleg endring).

6.12. Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Talet på og del av verneområde der verneverdiane er truga.

  • Talet på og del av verneområde med forvaltnings- og/eller skjøtselsplan.

6.13. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sette i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Talet på nedkjempings/utryddingstiltak fordelt pr. art og fylke.

  • Talet på handlingsplanar utarbeidde og sette i verk for allereie introduserte, skadelege organismar.

  • Talet på arter på «Svartelista» med høg risiko.

6.14. Utsetjing av genmodifiserte organismar skal ikkje føre til skade på naturmangfaldet, jf. genteknologilova.

Indikator:

  • Talet på tilfelle der det er påvist mengder GMO over tilletne grenseverdia.

6.15. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønska nedbygging av matjord og ivareta viktige kulturminne.

Indikator:

  • Avgang dyrka og dyrkbar mark i medhald av planar etter plan- og bygningslova.

6.16. Eit representativt utval av kulturminne på Svalbard skal bevarast som kjeldemateriale og grunnlag for opplevingar for framtidige generasjonar. Tapet av kulturminne som følgje av menneskeleg verksemd, skal i gjennomsnitt ikkje overstige 0,1 prosent årleg.

Indikatorar:

  • Bevaringsstatus for utvalde kulturminne og kulturmiljø.

  • Talet på årleg tap av registrerte kulturminne i prosent.

Tilstand

Oversikta over kva for kulturminne som er verneverdige, er for dårleg. Informasjonen om kva slag tilstand dei er i, og om eventuelle tap av kulturminne, er mangelfull.

Arkeologiske kulturminne er automatisk freda. Ofte er dei einaste kjeldene til kunnskap om Noreg si eldste historie. Men vi har for liten kunnskap om kor desse kulturminna er. Undersøkingar viser at for kvart arkeologisk kulturminne som blir registrert, kan det vere meir enn 20 ukjente. Pr. august 2011 er det registrert ca. 257 000 arkeologiske enkeltminne, fordelte på rundt 121 000 lokalitetar. Arkeologiske kulturminne kan òg vere bergkunst, forhistoriske bilete som er hogde, slipte eller måla på berg, og dei kan vere opptil 9000 år gamle. Bergkunsten finst i alle landsdelar og er hovudsakeleg frå steinalderen og bronsealderen. Når det gjeld bergkunst, er det registrert meir enn 1700 lokalitetar, med om lag 31 000 figurar. Verdsarvområdet i Alta er ein slik lokalitet.

I mellomalderen fanst det mellom 1000 og 2000 stavkyrkjer i Noreg. I dag har vi berre 28 igjen. 19 av desse er nå sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå gjennom bevaringsprogrammet for stavkyrkjer. Arbeidet er i rute, og dei siste ni kyrkjene skal etter planen vere sette i stand i 2015. Arbeidet med branntryggleiken i stavkyrkjene er høgt prioritert gjennom bevaringsprogrammet for brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjene. Vi har meir enn 200 profane (ikkje kyrkelege) trebygningar frå mellomalderen. Dette kan vere stabbur, bur, loft og stover på gamle gardsanlegg. Dei eldste av desse husa som er bevarte, stammar frå 1200-talet. Alle mellomalderbygningane vart sette i stand på 1990-talet, og alle bygningane fekk utstyr til brannslokking. Riksantikvaren overvaker utviklinga i tilstanden til desse bygningane. I 2010 og 2011 er taka på ein del av bygningane utbedra.

Totalt er det freda rundt 6000 bygningar, og dei utgjer om lag éin promille av alle bygningane i landet. Av bygningar frå 1900-talet er det foreløpig freda rundt 200 statlege bygningar og rundt 725 bygningar i privat eige.

Vel 3200 privateigde bygningar er freda. I 2006 vart det sett i gang eit systematisk arbeid med å følgje opp og setje i stand freda bygningar i privat eige. Ein gjennomgang av tilstanden til desse bygningane viste at mange av dei var prega av akselererande forfall. Gjennom satsinga dei siste fem åra har situasjonen betra seg.

I 2011 starta eit arbeid med nye retningslinjer som skal skape betre og meir føreseielege føresetnadar for at ein planmessig skal kunne følgje opp freda bygningar som har oppnådd ordinært vedlikehaldsnivå.

Status pr. 31.12.2010

Figur 16.1 Tala i figuren er eit overslag basert på opplysingar frå fylkeskommunane Nordland, Oppland, Akershus og Telemark.

Figur 16.1 Tala i figuren er eit overslag basert på opplysingar frå fylkeskommunane Nordland, Oppland, Akershus og Telemark.

Kjelde: Riksantikvaren.

Det finst 207 fartøy med status som verneverdige. Seks av desse er freda. I kulturlandskapet finn vi arkeologiske kulturminne som er viktige kjelder til kunnskap om jordbrukshistoria, ei historie som går tilbake til steinalderen. Samiske kulturminne som er eldre enn hundre år, er automatisk freda.

Berre ein mindre del av dei samiske bygningane er hittil registrerte, og det finst derfor inga systematisk totaloversikt over kva for samiske bygningar som er automatisk freda, og heller inga dekkjande oversikt over kva for tilstand dei er i. Systematisk kartlegging av samiske freda bygningar og tilstanden deira starta i 2011.

Boks 16.1 Ormelid i Sogn – gardsdrift gjennom 4000 år

Eit illustrerande eksempel på samanhengen mellom kultur og natur er Ormelid gard i Luster i Sogn. Garden som ligg omlag 450 meter over havet, vart freda i 2011 og fortel mange historier. Ormelid er eit godt døme på eit bruk som har vore drive kontinuerleg gjennom 4000 år. Kulturlandskapet viser samanhengen mellom buplass og driftsform gjennom denne lange perioden, og ein kan blant anna lære om vilkåra folk levde under, og korleis dei brukte ressursane i naturen. Ormelid er det eldste fleirseterbruket som er kjent i Noreg. Ferdselsvegen over fjellet frå aust til vest, som kan vere opptil 3000 år gamal, gjekk forbi Ormelid og fortel om kontakt mellom ulike delar av landet over lang tid.

Tabell 16.1 Definisjonar

Omgrep

Definisjon

Kulturminne

Alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø, under dette lokalitetar det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til.

Kulturmiljø

Område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng.

Arkeologiske/marinarkeolog- iske kulturminneArkeologiske kulturminne er fysiske spor og levningar som ligg i eller under markoverflata/under vatn.

Automatisk freda

Eit automatisk freda kulturminne er eit fast kulturminne som er freda direkte etter lov, utan særskilt vedtak. Automatisk freda er: Alle faste kulturminne frå før 1537, samiske kulturminne eldre enn 100 år, erklærte ståande byggverk med opphav frå perioden 1537 – 1649, alle kulturminne på Svalbard frå før 1946.

Vedtaksfreda

Eit vedtaksfreda kulturminne er freda gjennom vedtak etter kulturminnelova eller Svalbardmiljølova. Vedtaksfreding kan omfatte alle typar kulturminne som ikkje fell inn under automatisk freding.

Freda fartøy

Fartøy som er freda etter kulturminnelova § 14a.

Verneverdig

Der det er gjort ei kulturminnefagleg vurdering, og kulturminnet er identifisert som verneverdig.

Verneverdige fartøy

Fartøy der det er inngått ei avtale mellom eigar og Riksantikvaren om å ta vare på fartøyet. Dette inneber blant anna at fartøyet skal setjast i stand etter antikvariske prinsipp.

Tap

Der kulturminnet er fjerna.

Representativitet

Representativitet handlar om å belyse utviklinga av Noreg som samfunn, og heile samfunnet si utvikling og historie. Eit representativt utval er eit dynamisk omgrep, og kva som er sett på som fredingsverdig endrar seg over tid. Sjå òg St.meld. nr. 16 (2004-2005) kap. 4.2.3.

Ordinært vedlikehaldsnivå

Tilstand som krev at berre planlagt vedlikehald er nødvendig, jf. norsk standard for tilstandsanalyse av freda og verneverdige bygningar (NS 3423).

Sikra

Fysiske tiltak på eller ved eit kulturminne for å verne kulturminnet mot skade og tap, og for å ta vare på kulturminnet på staden eller for å sikre det vitskaplege kjeldematerialet.

Boks 16.2 Brunostens opphavsstad

I tidlegare tider var seterdrift ein viktig del av årssyklusen i jordbruket. Derfor må vi òg ta vare på denne bygningstypen. Seteranlegget Solbråsetra vart freda av Riksantikvaren sommaren 2011. Bygningane fortel om ei drift som over lang tid har vore viktig for mange gardar. Bygningane er verdifulle i seg sjølve, men saman utgjer dei eit heilskapleg anlegg med ei typisk plassering i landskapet. På setra var det budeiene som stod for drifta. Solbråsetra er brunosten sin opphavsstad. Her lagde Anne Hov forløparen til Gudbrandsdalsosten sommaren 1863.

Ein type landskap skil seg ut frå dei andre. Dette gjeld kulturlandskapet som er heilt avhengig av menneskeleg aktivitet. Jordbruksverksemd har medverka til å forme mykje av den naturen vi ser i dag langs kysten, i skogen og på fjellet. Kulturlandskap omfattar både område med intensiv landbruksproduksjon og landskap forma og enno prega av ekstensiv bruk, som dei gamle beite- og slåttemarkane. I tillegg er kystlynghei definert som del av kulturlandskapet. I det historiske jordbruket var beiting og hausting av fôr til husdyr omfattande, og areal både i skog, våtmark, kystsona, fjellet og open mark i låglandet er framleis prega av dette. Utrekningar gjennomførte ved Norsk institutt for skog og landskap indikerer at om lag 20 pst. av arealet i Sør-Noreg viser klar påverknad frå jordbruksverksemd. Til samanlikning dekkjer det aktive produksjonsarealet, dvs. jordbruksområde med innmark, tun og hagar om lag 3,6 pst. av Noregs totale areal. Landbrukssektoren forvaltar dei fleste av dei 233 bygningane i landet frå mellomalderen og rundt ein tredel av dei om lag 6000 freda bygningane.

I tillegg til eit stort mangfald av kulturminne er kulturlandskapet prega av stort naturmangfald. Engvegetasjonen som har oppstått som resultat av slått og/eller beite er blant dei mest artsrike livsmiljøa i Norden. I Noreg finn vi mellom 650 og 700 plantearter i slike enger. Om lag halvparten av dei finst ikkje andre stader. Ei rekkje insekt er knytte til slike enger. Det gjeld særleg planteetande arter, men òg parasittar og rovinsekt som er avhengige av sine vertar og byttedyr. Om lag 70 pst. av våre dagsommarfuglar er knytte til open engvegetasjon. Mange arter av villbier og graveveps lever berre i slike naturtypar. Viktige planter for våre om lag 200 arter av villbier er lyselskande arter av ulike erteblomar, blåklokke, raudknapp, ulike korgplanter og selje- og vierarter. I tillegg er slike område prega av ei rekkje ulike grasarter. I område som blir beita blir arter med tornar, kisel og gift eller planter som smakar eller luktar vondt favoriserte fordi beitedyra vel dei artene som er lette å ete og smakar godt. Døme på slike planter er slåpetorn, einer, ulike tistlar og det sterkt kiselhaldige graset sølvbunke. Ved beiting blir ein stor del av næringsstoffa førde tilbake til økosystemet gjennom urin og avføring. Beitedyra unngår oftast å beite i nærleiken av eiga avføring, og planter rundt denne får då ekstra gode høve for frøsetjing og spreiing. Dyremøkk er i seg sjølv òg eit spesielt livsmiljø for ei rekkje arter, spesielt insektarter og sopp. Det er truleg meir enn 150 arter av sopp og om lag 70 arter av biller i Noreg som lever på husdyrmøkk.

Som for dei fleste naturtypar er òg kulturlandskapet og naturmangfaldet her bestemt av faktorar som topografi, berggrunn og jordsmonn, men utan menneskeleg aktivitet ville vi ikkje hatt dei naturtypane som er typiske for kulturlandskapet, til dømes jordbrukslandskapet med åker og eng og «øyar» og kantar med ville vekstar og kystlyngheia med lysande, fiolett lyng. Slått hindrar oppslag av buskar og tre, og beite påverkar plantedekket gjennom avbiting og tråkk, og dei fleste naturtypar i kulturlandskapet har derfor ein open vegetasjon som slepp inn mykje lys. Slåttemyr og slåttemark er to naturtypar som er i ferd med å forsvinne. Det betyr at vakre og sjeldne orkidearter, til dømes mange marihandarter blir borte. Innhaldet av arter i beitemark er avhengig av kva slag husdyr som beitar, kor mange dyr som beitar, når og kor lenge dei beitar og beitehistorikken i området. I tillegg kjem klimagradientar frå kyst til innland, frå sør til nord og frå lågt til høgare over havet. Det er dei mange ulike kombinasjonane av natur- og kulturtilhøve som gjer kulturlandskapet i Noreg så mangfaldig.

Ifølge Naturindeksen for Noreg har ope lågland (tilnærma lik kulturlandskapet) saman med skog den dårlegaste tilstanden av alle dei store økosystema med ein indeks på 0,44. Samla sett er tilhøva i kulturlandskapet mest bekymringsfullt. Det blir vanskeleg, truleg umogleg, å stoppe gjengroinga, og mange av dei areala som er igjen er òg pressa av utbygging.

Om lag 1000 arter av dei truga artene har sine bestandar knytte til kulturlandskapet. Dette er i hovudsak sopp, karplanter, biller og sommarfuglar. Døme på truga arter i kulturlandskap er orkideen svartkurle, solblom, og billa eremitt. Eremitten er klassifisert som kritisk truga. Den lever i gamle, hole lauvtre, som ofte er å finne i kulturlandskapet. Åkerrikse, svarthalespove og sanglerke er døme på truga fuglearter. I Noreg finst to underarter av svarthalespove. Den eine hekkar i kulturmark, mens den andre helst vil ha naturleg våtmark. Døme på truga naturtypar i kulturlandskapet er slåtteeng og kystlynghei.

Den vakre djupblå eller blåfiolette leppeblomen dragehovud er vedteken som prioritert art utan funksjonsområde etter naturmangfaldlova. Den inneheld den einaste bustaden som dragehovudglansbilla vil ha. Også eremitt er vedteken som prioritert art utan funksjonsområde etter naturmangfaldlova. Svarthalespove er vedteken som prioritert art med økologisk funksjonsområde etter naturmangfaldlova. Slåttemyr og slåttemark har fått status som utvalte naturtypar etter naturmangfaldlova.

Det nasjonale målet for jordvernpolitikken har sidan 2004 vore at årleg omdisponering av dyrka mark skal halverast til 5 700 dekar innan 2010, samanlikna med perioden 1994-2003 då gjennomsnittleg årleg omdisponering av dyrka mark var 11 400 dekar. Målet om å halvere årlig omdisponering vart formulert i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

Ifølge offisielle KOSTRA-tal vart det omdisponert 6 687 dekar dyrka mark til andre formål enn landbruk i 2010. Dette er 20 prosent mindre enn i 2009. Det er ikkje registrert så lite omdisponering av dyrka mark sidan 1980. Meir enn 2/3 av det som blir omdisponert blir teke i bruk til bustad-, nærings- og samferdselsformål.

Omdisponeringa av dyrka mark har dei siste fire åra halde eit stabilt lågare nivå enn i perioden 1994-2003. Ein har likevel ikkje lukkast med å komme heilt ned på det nivået som det politiske halveringsmålet innebar; ei maksimal årleg omdisponering av dyrka mark på 5 700 dekar innan 2010.

Påverknader

Verdifulle kulturminne og kulturmiljø forsvinn i eit stadig raskare tempo og i større omfang. Endringane i ulike næringar, busetjing og livsstil får konsekvensar for korleis kulturminne og kulturmiljø blir brukte, og for om dei blir tekne vare på. Flytting frå distrikta inn til byane og deira nærområde fører med seg mange utfordringar i arbeidet med å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane. I distrikta er det viktig å få til ein berekraftig bruk av kulturminne og kulturlandskap for å hindre at dei forfell eller gror igjen. I område som er under utvikling og omforming i byane, er det viktig å integrere utvalde kulturminne.

Kysten har alltid vore ein innfallsport til landet vårt og ei sentral samferdselsåre. Her finn vi dei eldste spora etter busetjing, og her har det til alle tider vore forholdsvis tett mellom kulturminna. Utbyggingspresset i kystsona kan derfor representere ein trussel mot kulturminna, både dei vi finn på land og dei som ligg under vatn.

Påverknaden på arkeologiske kulturminne som ligg i eller under markoverflata eller under vatn, er vesensforskjellig frå den på kulturminne som er synlege, som for eksempel bygningar, ruinar og andre typar anlegg og kulturspor. Sjølv om det kontinuerleg skjer ei viss naturleg nedbryting, endrar dei arkeologiske kulturminna seg lite, så lenge dei ikkje blir utsette for fysiske inngrep. Fordi det store talet på arkeologiske kulturminne ikkje er synleg, kan dei vere vanskelege å oppdage, noko som kan representere ein stor trussel og føre til at desse viktige kunnskapskjeldene forsvinn utan at ein har kontroll over det. For dei ståande kulturminna, som for eksempel bygningar, vil heile spekteret av inngrep, frå feil eller manglande vedlikehald til riving, kunne truge dei kulturhistoriske verdiane. Ein hovudtrussel mot bygningar er at dei taper sin opphavlege funksjon, går ut av bruk og derfor forfell raskt.

Boks 16.3 Isen sine skjulte løyndomar

Global oppvarming har ført til klimaendringar, som igjen har ført til at isbrear og fonner minskar. Sommaren 2011 gjorde arkeologar nokre sensasjonelle funn ca. 1900 meter over havet i Breheimen nasjonalpark i kommunane Skjåk og Lom. Grunnen til det var at isen har trekt seg tilbake. Einskilde funn er opptil 1700 år gamle. Så langt har det komme for dagen over 80 ulike funn, frå skinnskor og tekstilar til hesteskor og anna hesteutstyr frå ein leirplass for jakt på rein. Dette vil kunne gi oss ny og spennande kunnskap om korleis forfedrane våre levde og brukte fjellet. Isen gir perfekte bevaringsforhold, og gjenstandane er derfor veldig godt bevarte. Men når isen smeltar og slike kulturminne kjem fram i dagen, set forfallet raskt inn. Det er derfor viktig raskt å sikre funna frå å gå i oppløysing. Den kunnskapen som vi kan få ut av gjenstandane som smelter fram, kan òg medverke til at vi forstår klimahistoria betre. I istunnelen i Klimapark 2469, som fører besøkjande til djupet av Juvfonna ved foten av Galdhøpiggen, kan ein få sjå eksempel på kva som skjuler seg i isen, og konsekvensane av at klimaet endrar seg.

Jord- og skogbruk har gått gjennom store endringar dei siste 50-100 åra, blant anna som resultat av auka krav til inntening, fråflytting og nye driftsmetodar. Dette har ført til at bygningar forfell fordi dei blir fråflytta eller ikkje haldne ved like. 15 pst. av bygningane knytte til skog- og jordbruk er i forfall eller øydelagde, og i 25 pst. av våningshusa bur det ikkje lenger folk.

Også naturmangfaldet i kulturlandskapet er påverka av dei store endringane dei siste tiåra. Mekanisering, industrialisering og særleg innføring av kunstgjødsel har gjort det mogleg å erstatte det gamle arealkrevjande jordbruket med intensiv drift på mindre areal. Dermed har drifta på dei areala som tidlegare vart brukte til slått og beite opphøyrt, og mange av desse areala er i ferd med å gro igjen.

For om lag 60 pst. av dei truga artene i kulturlandskapet er opphøyr av beite og slått den viktigaste faktoren. Når beitedyra og slåmaskina blir borte overtek naturen og områda gror igjen. Skogplanting på gammal kulturmark påskundar gjengroinga mange stader.

Mens nedlegging av jordbruk har ført til gjengroing av meir marginale jordbruksareal, er det oftast intensivering av jordbruket som trugar naturmangfaldet i meir sentrale strøk. Pløying, gjødsling, intensiv drift med til dømes mykje bruk av sprøytemiddel, for høgt beitetrykk og ikkje minst gjengroing som følgje av manglande beiting eller slått i kantsoner er dei viktigaste faktorane for påverknad for om lag 25 pst. av dei truga artene. Åkerrikse og hortulan er to fuglearter som er truga av dei store endringane i jordbruket.

Nedbygging av jordbruksareal som følgje av at byar og transportnettverk treng meir plass er òg ein viktig faktor for påverknad av naturmangfaldet i kulturlandskapet. Dei siste åra har det vore fokus på å beskytte dei intensivt drivne jordbruksareala mot nedbygging. For å ta vare på naturmangfaldet i kulturlandskapet er det like viktig å sikre areala nær innmarka, som til dømes åkerholmar, opne åker- og vegkantar, små ugjødsla restareal med engvegetasjon, grøfter, bekker, gardsdammar og store frittståande tre. Slike element i kulturlandskapet kan vere dei siste plassane der mange dyr og planter i område med mykje busetnad og intensivt jordbruk kan overleve.

Framande skadelege organismar kan truge det naturmangfaldet og produksjonen i kulturlandskapet. Fleire forvilla hageplanter spreier seg særleg i kantsoner i kulturlandskapet, som kan vere viktige biotopar for mange truga artar. Særleg kan opphavleg artsrike vegkantar bli dominerte av blant anna hagelupin, kanadagullris, russekål og bjørnekjeksarter. Ei sørleg afrikansk plante, boersvineblom, er nyleg funnen fleire stader i landet. Denne planta er giftig for ein del beitedyr og kan spreie seg kraftig og dermed «forureine» beitemarker. Framande treslag, både norsk gran utanfor sitt opphavlege utbreiingsområde og utanlandske treslag planta ut i skogbruket, har spreidd seg i kystlynghei.

Svalbard har kulturminne som neppe finst nokon annan stad i verda. Dei representerer verksemda til fleire nasjonar gjennom meir enn 400 år. Alle kulturminna på Svalbard frå før 1946 er automatisk freda, men kulturminneverdiane blir i aukande grad påverka av ferdsel i terrenget, auka utbygging og press på areala i busetnadene. Klimaendringane fører òg til at kulturminna i aukande grad blir nedbrotne. Det er sett i verk ulike tiltak for å bevare kulturminne som er sterkt utsette for slitasje, eller som står i fare for å bli øydelagde på grunn av aukande ferdsel. Frå og med 1. januar 2010 er det heile året forbode å gå i land eller ferdast på land i avgrensa område. Det er nedfelt i verneforskrifta for større naturvernområde på Svalbard.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Regjeringa har vedteke at det skal leggjast fram ei ny stortingsmelding om kulturminnepolitikken, og Miljøverndepartementet har starta arbeidet i 2011. Meldinga skal leggjast fram i inneverande stortingsperiode. Her vil det blant anna bli lagt vekt på å få fram korleis mangfaldet av kulturhistoriske verdiar på ulike vis kan tene som ressursar for å utvikle attraktive lokalsamfunn i heile landet. Eit viktig fundament i meldinga vil òg vere å vise at kultur- og naturarven utgjer grunnlaget i ei heilskapleg miljøforvalting. Meldinga vil òg gå inn på risikoelement som er trekte fram av Riksrevisjonen i forvaltningsrevisjonen knytt til verneverdige og freda bygningar.

Det er etablert ti bevaringsprogram som skal bidra til å nå dei nasjonale måla innan 2020. Desse skal følgjast opp vidare i 2012. Programma legg vekt på å få fram synlege resultat. Den verdien kulturarven har for regionar og lokalsamfunn skal stå i sentrum.

Boks 16.4 Bevaringsprogramma på kulturminnefeltet

  1. Freda kulturminne i privat eige

  2. Samiske kulturminne

  3. Stavkyrkjene

  4. Verdsarven

  5. Tekniske og industrielle kulturminne

  6. Brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer

  7. Fartøy

  8. Ruinar

  9. Bergkunst

  10. Utvalde arkeologiske kulturminne

Som ledd i utviklinga av kulturminnepolitikken, er det dei seinare åra utarbeidd strategiar for å overvake kulturminne og kulturmiljø, for forvalting av arkeologiske kulturminne og for vern av fartøy.

I 2011 starta eit arbeid for å lage ein heilskapleg politikk for norsk gjennomføring av verdsarvkonvensjonen. Denne skal peike på overordna utfordringar for arbeidet med verdsarv og klargjere ambisjonar og prioriteringar. Etter planen skal arbeidet sluttførast som ein del av stortingsmeldinga.

Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon knytt til freda og verneverdige bygningar blir blant anna følgd opp gjennom Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltningen 2011-2015. Kunnskapsløftet skal sikre gode styringsdata for å kunne rapportere på utviklinga fram mot måloppnåing. Dette omfattar blant anna modernisering av den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden. Det skal utviklast eit framtidsretta digitalt saksbehandlings- og forvaltingssystem som skal omfatte både dei freda kulturminna som har nasjonal verdi og lokale kulturminne som har regional og lokal verdi. Data skal gi god oversikt over tilstand og tiltak. Kompetansen i kommunane skal styrkjast.

For å få fram grunnlagsdata om tapet av verneverdige kulturminne, vil det bli utvikla eit system for registrering og vurdering av verneverdi og eit overvakingssystem for å følgje utviklinga over tid, jf. nasjonalt mål 6.1.

Frå 2007 dekkjer staten ein større del av utgifter til arkeologiske registreringar og utgravingar i samband med mindre, private tiltak. Ordninga har hatt stor betydning for forholdet mellom enkeltpersonar og kulturminnemyndigheitene og ein positiv verknad når det gjeld ukontrollerte tap av denne type kulturminner jf. nasjonalt mål 6.2.

I 2011-2012 vert det arbeidd med ein strategi for fredingspolitikken som skal gje betre representativitet i utvalet av freda kulturminne og kulturmiljø, jf. nasjonalt mål 6.3.

Dei 11 prioriterte tekniske og industrielle kulturminna representerer berre utvalde delar av industrihistoria. I åra som kjem, må det vurderast korleis eit breiare utsnitt av industrihistoria kan dokumenterast og formidlast, jf. nasjonalt mål 6.3.

Freding av bil- og jernbarneferjer skal avsluttast i 2011. Deretter er planen å vurdere fleire kategoriar fartøy med sikte på freding, jf. den nye fartøyvernplanen. Ansvaret for dei verna fartøya skal etter denne planen overførast til fylkeskommunane, mens ansvaret for dei freda fartøya framleis vil liggje hos Riksantikvaren, jf. nasjonalt mål 6.3.

Eit representativt utval automatisk freda arkeologiske kulturminne vert sikra gjennom tre bevaringsprogram knytte til høvesvis ruinar, bergkunst og utvalde arkeologiske kulturminne, jf. nasjonalt mål 6.5.

I 2011 starta eit arbeid for å lage ein heilskapleg politikk for norsk gjennomføring av verdsarvkonvensjonen. Denne skal peike på overordna utfordringar for arbeidet med verdsarv og klargjere ambisjonar og prioriteringar. Etter planen skal arbeidet sluttførast som ein del av stortingsmeldinga.

Vel 3200 freda bygningar er i privat eige. Eigarane sin vilje, kompetanse og motivasjon er heilt avgjerande for at det einskilde kulturminnet og kulturmiljøet skal bli teke godt vare på. Friviljug innsats frå eigarane er avgjerande for å nå det nasjonale målet om at freda bygningar skal vere sette i stand innan 2020. Riksantikvaren arbeider med å gå systematisk gjennom alle eldre fredingar og følgje opp det enkelte kulturminnet i samarbeid med eigaren. Arbeidet vil bli ført vidare i 2012. Erfaringane vil inngå som eit viktig grunnlag i arbeidet med ein ny strategi for freding, jf. nasjonalt mål 6.3.

Boks 16.5 Prosjektet Pilegrimsleia

Prosjektet Pilegrimsleia, eit av dei elleve pilotprosjekta i Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet, vart avslutta i 2010. I 2011 etablerte Riksantikvaren eit midlertidig, nasjonalt pilegrimssenter i Trondheim. I 2010 og 2011 har det vore arbeidd med å utvikle ein nasjonal pilegrimsstrategi under leiing av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Målet er at strategien skal bli ferdig i løpet av 2011. I 2012 vil det i samarbeid mellom Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og andre berørte departement bli vurdert å etablere ein varig driftsorganisasjon som skal koordinere pilegrimsarbeidet gjennom eit permanent, nasjonalt pilegrimssenter. Pilegrimstradisjonen inngår i ein internasjonal samanheng, og det er vaksande interesse for dette, så vel i Europa som i andre verdsdelar. Fleire departement er involverte i pilegrimssatsinga, som byggjer på fire ulike grunnpilarar: kyrkje - kultur - miljø - næring.

Boks 16.6 Kultur- og naturreisa

Prosjektet Kultur- og naturreisa, som er eit samarbeid mellom Riksantikvaren, Norsk kulturråd, Statens kartverk og Direktoratet for naturforvaltning, vart etablert i 2011. Målet med prosjektet er å gi folk ein enkel og mobil tilgang til aktuelle opplysningar og forteljingar om kultur- og naturarven, knytte til den staden der dei er eller bur. Tenesta vil innehalde fakta og forteljingar som skal kunne formidlast blant anna gjennom mobiltelefonar, internett, GPS-navigatørar, MP3-spelarar og lesebrett. Satsinga vil bli prøvd ut i tre pilotprosjekt i Dovre-området, Bø-Sauherad og langs Akerselva.

Skjøtsel i kulturlandskapet

Kulturlandskapet kan ikkje haldast ved like utan at menneskeleg påverknad held fram. Gjennom prosjektet Utvalgte kulturlandskap i jordbruket har landbruks-, natur- og kulturminneforvaltninga gått saman om å gi nokre område gode tilhøve for å bevare natur-, kultur- og landskapsverdiar. Ein har no 22 område som blir følgt opp med støtte til ulike skjøtselstiltak. Det er i tillegg behov for å arbeide meir langsiktig med skjøtsel i dei viktigaste areala for naturmangfald og med restaurering av truga naturtypar som er prega av attgroing. Ulike miljøverkemiddel i jordbruket er viktige for å få til ein god nok skjøtsel av dei mest verdifulle områda i kulturlandskapet. Det er viktig å få til ei betre målretting av desse verkemidla.

Først når vi kan identifisere samanheng mellom bruk av ulike verkemiddel, tiltak og effekt, vil målrettinga av verkemiddel i kulturlandskapet kunne bli meir effektiv. Kartlegging, overvaking og resultatsstyring blir viktige verkemiddel framover. I jordbruksavtala for 2011 vart det vedteke at ei partssamansett arbeidsgruppe skal utarbeide eit forslag til ein målstruktur med bruk av indikatorar (blant anna Naturindeks for Noreg) og betre rapportering på miljømål. Dette for å få betre målretting av verkemiddel for å oppnå gode miljøresultat.

Sikring av kulturlandskap

I Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging er det venta at fylkeskommunane og kommunane tek omsyn til jordbruksareal og kulturlandskapet, og medverkar til at dei nasjonale jordvernmåla blir nådde ved å avgrense omdisponering av dei mest verdifulle jordressursane og redusere oppsplitting av viktige areal. Nødvendig kartlegging og vurdering av desse verdiane inngår i planlegginga.

Aktiv bruk av verkemidla i plan og bygningslova gjer det mogleg med langsiktige løysingar som tek vare på omsynet til samfunnsutviklinga, samtidig som omdisponeringa av areal kan haldast innanfor jordvernmålet. Som del av kommunal planstrategi skal val knytte til langsiktig arealbruk drøftast. Omsynssoner kan mellom anna nyttast for å ivareta jordvern. Det er innført ein ny heimel som gir statlege styresmakter tilgang til å bestemme at delar av ein arealdel ikkje kan endrast eller opphevast i ein gitt periode, blant anna ut frå jordvernomsyn. Vilkåra for dispensasjon er gjort klarare og stramma inn slik at det vil bli vanskelegare å omdisponere jord ved dispensasjon frå vedtekne planar.

Noreg har slutta seg til og Miljøverndepartementet har overordna ansvar for oppfølging i Noreg av Den europeiske landskapskonvensjonen. Formålet er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og organisere europeisk samarbeid om dette. Det er utarbeidd ein rettleiar for landskapsanalysar i kommunal planlegging og utprøving av metoden skjer i fleire kommunar med medverknad frå Miljøverndepartementet. Vidare arbeider departementet med metodar for klassifisering og vurdering av verdiar i landskapet, og utvikling av metodikk for kartlegging av landskapstypar slik at data kan leggjast i ein database.

Jordressursane

Regjeringa vil følgje opp bruken av dei nye verkemidla i plan- og bygningslova for å sikre jordressursane. Regjeringa vil vurdere å lage eigne statlege planretningslinjer for sikring av jordressursane.

Prioriterte arter og utvalde naturtypar

I nokre tilfelle vil det vere mest føremålstenleg å ta vare på truga arter og naturtypar ved å gi dei status som prioriterte arter eller utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2012. I dette arbeidet kan òg arter og naturtypar knytte til kulturlandskap bli vurderte. Mellom anna vil kystlynghei bli vurdert som ny utvald naturtype. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte og de naturtypane som er blitt utvalde, inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane.

Framande organismar

Regjeringa vil følgje opp Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot framande skadelege arter. Strategien inneheld tiltak som skal gjerast i ulike sektorar, til dømes samferdsel og landbruk. I 2012 vil Artsdatabanken lansere ei ny svarteliste der fleire framande organismar er risikovurderte. Denne vil gi eit viktig grunnlag for arbeid mot framande organismar i sektorane. Fleire fylkesmenn vil i 2012 bli ferdige med sine regionale handlingsplanar mot framande skadelege organismar, og desse vil gi prioriteringar for tiltak i verneområde og i kommunane. Handlingsplanar mot boersvineblom og rynkerose er under arbeid.

Ein del framande organismar spreier seg lett i kulturlandskapet der skjøtselen er opphøyrt og hevda er dårleg. Døme på slike arter er sitkagran, lupinar og rynkerose. God hevd og skjøtselstiltak er derfor førebyggjande tiltak mot slik spreiing. I handlingsplanen for kystlynghei er fjerning av sitkagran i nokre tilfelle eit viktig tiltak både utanfor og innanfor verneområde. Eit døme på dette er Tarva i Sør-Trøndelag. Dette er eit kystlyngheilandskap som også er eit utvalt kulturlandskap.

Under nasjonalt program for kartlegging og overvaking av naturmangfald er det sett i gang fleire større prosjekt som vil betre kunnskapsgrunnlaget med omsyn til status for framande organismar i Noreg.

Regjeringa fører ein restriktiv politikk på GMO-området og styresmaktene vurderer miljørisiko nøye ved søknader om utsetjing av GMO. Norske styresmakter har så langt ikkje godkjent genmodifiserte organismar for dyrking eller anna form for utsetjing i naturen. Samtidig aukar bruken av genmodifiserte organismar i omfang i mange andre land, og situasjonen blir følgt nøye gjennom overvakningssystem, prøver og analysar. Slike system skal syte for at vi veit kva slag typar av genmodifiserte organismar som eventuelt finn vegen til Noreg. Denne informasjonen vil så danne grunnlag for eventuelle tiltak for å sikre økosystem og naturmangfald.

Kulturminne på Svalbard

Sysselmannen på Svalbard har utarbeidd ei liste over femti høgt prioriterte kulturminner og kulturmiljø for å sikre eit representativt utval av kulturminne på Svalbard og hindre ukontrollert tap. Kulturminneplan for Svalbard er under revisjon i 2011, jf. nasjonalt mål 6.16.

17 Resultatområde 7 Godt bymiljø

Fleire og fleire ønskjer å bu urbant, med den breidda innanfor utdanning, arbeidsliv, helse, kultur- og fritidsaktivitetar som byane gir høve til. Mange knyter det gode livet til dufta av rykande varm kaffi, frukthandlaren på hjørnet og mangfaldet. Noreg er privilegert med flotte nærnaturområde til byar og tettstader. Dei aller fleste av oss har tilgang til framifrå friluftsområde, parkar og stigar, der det er fint å gå tur, og der ein kan drive med ymse typar friluftsliv. Ein kan starte dagen med ein sykkeltur i marka og avslutte med ein tur på kafé eller på konsert. Dette er eit stort gode som mange veit å verdsetje.

I alt 80 prosent av den norske befolkninga bur i dag i byar og tettstader. Å skape gode by- og tettstadsmiljø er derfor viktig for trivsel og helse for dei fleste av oss. Veksten av byane har vore sterk i heile etterkrigstida. Vi har over 900 byar og tettstader i Noreg, frå dei minste med vel 200 innbyggjarar til den største, som er Oslo med eit folketal på nær 600 000.

Eit funksjonelt og godt fysisk bymiljø er viktige føresetnader for trivsel og helse. Godt tilgjenge til kvardagsfunksjonane, rein luft, vakre og trygge omgivnader og høve til sosial deltaking og fysisk aktivitet i nærmiljøet er gode som folk set pris på. Også for næringslivet er godt fungerande og attraktive stader viktig for verksemda og for å rekruttere og halde på arbeidskrafta.

Nasjonale mål – Godt bymiljø

7.1. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til at byer og tettstadar er berekraftige, attraktive og funksjonelt utforma med eit godt fysisk miljø som fremjar helse og livskvalitet.

Indikatorar:

  • Talet på byregionar med samordna areal- og transportplanar.

  • Tettstadareal pr. innbyggjar.

  • Delen av dei daglege reisene som skjer på miljøvenleg måte.

  • Delen av omsetjinga i varehandel i kommunen innanfor by- og tettstadsområde.

  • Utslepp av klimagassar i kommunar og fylke.

  • Leike- og rekreasjonsareal i tettstader pr. 1000 innbyggjarar.

  • Delen busette med kortare avstand enn 500 m til rekreasjonsareal større enn 200 daa i byar og tettstader.

  • Talet på kommunar med rekreasjons- og friluftsområde lagt til rette med universell utforming.

  • Talet på kommunar med vedteken plan og retningslinjer for universell utforming.

  • Tal på kommunesenter som er kartlagde etter kriteria for tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne.

Tilstand

Det nasjonale målet omfattar fleire delmål. Kvart av desse delmåla er omtalte nedanfor:

Sikre ein berekraftig bystruktur gjennom effektiv arealbruk og styrkt miljøvenleg transport

Konsentrert byutvikling er ein føresetnad for eit effektivt kollektivtrafikktilbod og for at fleire syklar og går, og dermed også god klimapolitikk.

Tall for byane viser at dess tettare folk bur, dess meir miljøvenleg transport er det. I dei 13 største byane skjer no det meste av utbygginga som fortetting og byomforming. I 2009 har kvar innbyggar i gjennomsnitt 500 m2 tettstadareal til disposisjon, noko mindre enn i 2000. Denne fortettinga og den sterke satsinga på kollektivtransporten dei siste åra, har medført at fleire reiser miljøvenleg, frå 35 pst. i 2005 til 36 pst. i 2009 for desse byane samla. Utbygginga i mindre byar og tettstader er jamt over ikkje så konsentrert. Her har kvar innbyggar meir enn 1000 m2 og tettleiken minskar. Delen som reiser på miljøvenleg måte er klårt lågare, ikkje berre fordi kollektivtilbodet er dårlegare utbygd, men òg fordi færre syklar og går.

Byane ligg ofte knytt til den beste dyrka jorda i landet. I dei mest produktive områda er gjerne òg naturmangfaldet størst. Det er til dømes på det sentrale Austlandet at talet på truga artar er størst. Vekst i byar og tettstader vil derfor ofte vere ei utfordring i høve til ivaretaking av dyrka mark og av naturmangfald. Rundt byane ligg det òg friluftsareal som er mykje brukt. Det er derfor viktig å hindre ukontrollert byvekst og å nytte dei areala som er eigna til utbygging best mogleg, og vidare sikre ei planlegging som tek godt omsyn til både dyrka mark og til truga arter, truga naturtypar og andre verdfulle område for naturmangfald.

Det er ei utfordring å gjennomføre ein meir arealeffektiv utbyggingspolitikk. Den nye plan- og bygningslova har verktøy som skal gjere det lettare å få til fortetting og byomforming. Regjeringa har vidare styrkt jordvernet, og mange byar har bymarker som er ivaretekne gjennom planvedtak eller eiga lov (Oslo-marka). Dei rikspolitiske retningslinjene for samordna areal- og transportplanlegging blir lagt til grunn for planlegginga, serleg i byområda. Hovudprinsippa er brukt i arbeidet med regional planstrategi for Oslo og Akershus som Miljøverndepartementet har leia. Også dei andre større byregionane har utarbeidd samordna areal- og transportplanar og konseptvalutgreiingar med sikte på å fremje meir miljøvenleg transport. Gjennom Framtidas byar er fleire byar i gang med å vurdere køprising og parkeringsavgrensingar som verkemiddel samtidig som kollektivtilbod og sykkelvegnett blir bygd ut.

Stimulere til at offentlege og private, publikumsretta verksemder blir lokaliserte på ein måte som bidrar til å byggje opp under ein berekraftig bystruktur

I ein berekraftig bystruktur er det naudsynt å styrkje sentrum i byar og tettstader og andre knutepunkt i kollektivnettet. I byane skjer det ein auke i talet på busette og arbeidsplassar i sentrumsområda, men sentrumshandelen taper terreng. Frå 2003 til 2009 var sentrum sin del av samla handelsomsetning i dei største byane blitt redusert med 5-6 prosentpoeng. Berre Oslo har halde ved lag sin del. Noko av årsaka ligg i at kjøpesenter og andre butikkar blir lokaliserte i utkanten av eller utanfor byen. I 2008 vedtok Regjeringa ei ny rikspolitisk forskrift om kjøpesenter. Forskrifta skal sikre at kjøpesenter og anna handelsverksemd blir lokaliserte i samsvar med godkjente fylkes- og fylkesdelplanar for senterstruktur og service. Departementet følgjer ein streng praksis når det avgjer motsegnsaker og arbeider med å styrkje fylkesmennene si oppfølging av føresegna. I Framtidas byar blir det gjennomført prosjekt for å styrkje sentrum som handelsstad gjennom betre samhandling mellom kommune og næringsliv.

Det er i forhold til berekraftig utbygging uheldig at sjukehus, høgskular og anna publikumsretta statleg verksemd i nokre tilfelle blir lokaliserte på stader med dårleg kollektivtilbod, ofte utanfor eller i utkanten av byen eller tettstaden. I 2009 utarbeidde Miljøverndepartementet saman med Statsbygg ein rapport med gode døme på korleis lokalisering av statleg verksemd kan byggje opp under berekraftig byutvikling. Statsbygg legg i sin nye strategi for verksemda si vekt på dette prinsippet. I embetsoppdraget er fylkesmennene bedne om å følgje opp statlege lokaliseringssaker som ledd i den samordningsfunksjonen embeta har.

Medverke til reduserte utslepp av klimagassar og tilpassing til klimakonsekvensar, knytt til blant anna areal-, energi- og transporttiltak.

Utsleppa av klimagassar auka i dei 13 største byane med 5 pst. frå 1991 til 2008. Det gjekk noko ned i 2009, men auka att i 2010. Det er då rekna med utslepp som byane sjølve kan påverke. Vegtrafikken står for om lag 60 pst. av desse utsleppa, utslepp frå stasjonære kjelder, særleg oppvarming, utgjer 20 pst., 10 pst. kjem frå avfallsdeponi og resten frå andre mindre kjelder. Vegtrafikk er òg den viktigaste kjelda til utslepp av NO2, og viktig bidragsytar til utslepp av svevestøv. Situasjonen i nokre norske byar er framleis ikkje god nok. Ein viser til omtale av resultatområde 10 Rein luft for nærare omtale av tilstanden for lokal luftkvalitet.

Dei store utsleppa frå vegtrafikken heng saman med den måten vi har utvikla byane våre på, med store avstandar mellom bustader, arbeidsplassar, handel og ulike tenester. Dette skaper mykje bilbruk og store utslepp. Tette byar gir korte avstandar, mindre transportbehov og mange fleire kan gå, sykle eller ta bussen. Tett utbygging gjer det samstundes lettare å forsyne bygningar med fjernvarme basert på rein energi i staden for tradisjonelle løysingar.

Mange norske byar og tettstader ligg ved kysten eller i nærleiken av vassdrag. Dei er sårbare for klimaendringane med omsyn til blant anna havnivåstigning, flaum, overvatn og skred. Klimaendringane inneber risiko for liv og verdiar, og kostnadene knytte til tilpassing er potensielt store. Samtidig skal det planleggjast for stor uvisse. Det gjeld både å sikre seg mot dei store farane og gjennomføre dei mange små tiltaka som kan dempe verknadene av endringane. Til dømes er det naudsynt å betre dimensjoneringa av avløpsrøyr, bekker kan opnast for å ta unna meir vatn og grå flater kan erstattast av grøne flater. Grøne flater syg betre opp overflatevatnet og gir nedkjøling, og er slik sett òg eit viktig tiltak med omsyn til klimatilpassing. Gjennom risiko- og sårbarheitsanalysar og god planlegging kan byane få oversikt og i tide ta dei naudsynte grepa.

Sikre høg kvalitet i byrom og uteareal og ta vare på grønstruktur og naturmangfald

Når byveksten i stor grad skjer gjennom byomforming og konsentrert utbygging, er det viktig å sikre dei grøne lungene og kvaliteten på uteareala. Nye tal viser at delen av befolkninga i dei største byane som bur mindre enn 200 meter frå eit leike- og rekreasjonsareal, har gått ned med 2 prosentpoeng frå 2004 til 2009 (til 67 pst.), mens delen med lett tilgang til nærturterreng har halde seg konstant (64 pst.). Tala viser litt overraskande at det ikkje er nokon klar samanheng mellom kor tett byen er og tilgangen på slike areal. Dette indikerer at mange av dei tettast utbygde kommunane i planleggina si bevisst sikrar grøntområda og vektlegg kvalitet i utforminga av byen.

Det er òg viktig å ta vare på område som gir naturmangfald i byane. I tillegg til markaområda i nærleiken av byane, er dei grøne lungene, attverande skogholt, gamle tre, parkane og vassdraga viktige leveområde for ei rekkje arter av planter og dyr.

Av raudlista for arter frå 2010 les vi at dei fleste truga artene lever i dei rikaste og mest produktive områda sør og aust i landet. Dette er samtidig dei områda der det bur flest folk. For å sikre dei truga artene eit liv i norsk natur også i framtida er det derfor særskilt viktig å ta vare på slike område. Oslofjordområdet er eit døme på eit slikt område. Oslo kommune er leveområde for ei rekkje truga artar, og har derfor eit særskilt ansvar for å ta vare på attverande naturområde og grøne lunger i og nær byen. Dette krev ei god og kunnskapsbasert planlegging og forvaltning, der ein prøver å få til vinn-vinn-løysingar, som kjem både menneske, friluftsliv og naturverdiar til gode.

Med ordninga prioriterte arter og utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova, skal dei artane og naturtypane som er prioriterte og utvalte takast særskilt godt vare på. Dei første prioriterte artene og utvalte naturtypane vart vedtekne våren 2011. Fleire av dei finst i og rundt tettstader og bynære område. Dette gjeld til dømes naturtypane slåttemark, innhole eiker og kalklindeskog, og artane dragehovud, raud skogfrue og eremitt.

Boks 17.1 Prioriterte arter i bynære område

Dei fleste truga artene finst i Oslo/Akershus, Vestfold, Telemark, Østfold og Buskerud. I desse områda lever dei varmekrevjande artane våre, og her er eit stort mangfald av miljø som er sjeldne elles i landet. Samtidig er det i desse områda det bur mest folk.

Dragehovud, raud skogfrue og eremitt er døme på truga artar som finst i nærleiken av der mange av oss bur. Desse truga artane fekk i mai 2011 status som prioriterte artar i forskrifter etter naturmangfaldlova.

Dragehovud er ei plante med vakre, djupblå eller blåfiolette blomar i juni og juli. Huk på Bygdøy i Oslo er blant dei mest brukte badeplassane i landet. Nokre få meter frå badeplassen er det ei lita kalkstrandeng. Her har dragehovud ei av veksestadene sine.

Raud skogfrue er ein staseleg orkidé som lever i kalkrike og halvopne skogtypar. Det er størst sjanse for treffe på skogfrua i nærleiken av Drammen.

Eremitt er ei bille som bur i gamle, innhole lauvtre, der larvene lever av den rotne veden på innsida av holrommet. I Noreg er eremitt berre funnen på ein kyrkjegard i Tønsberg.

Det må leggjast stor vekt på kvalitet i fortettinga, både ved utforminga av bygningsmassen og for å sikre gode og trygge opphaldsområde og uterom med godt tilgjenge for alle. Samanhengande grøntområde med turstigar og sykkelvegar kan binde dei ulike bydelane saman og sikre tilgang til nærliggjande natur- og friluftsområde. Sikring av kulturhistoriske verdiar er viktig for kvalitet og variasjon i byar og tettstader.

Ved bustader, skular og barnehagar skal det vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grønstruktur med gode samband til kringliggjande naturområde. Den nye plandelen i plan- og bygningslova legg sterk vekt på kvalitet i uteområda. Dei rikspolitiske retningslinjene for barn og unge sine interesser i planlegginga, som blant anna skal sikre gode uteareal, er blitt tydelegare gjennom den nye lova og tilhøyrande rettleiing. Departementet arbeider òg med ein rettleiar om kvalitet i uteareal og byrom.

For å kunne måle utviklinga på desse områda, må vi utvikle nye indikatorar, blant anna treng vi indikatorar for ein del av naturkvalitetane i by som knyter seg til parkar, grøne samband, leikeplassar og tilgang til vatn.

Styrkje universell utforming i all planlegging og utbygging

Universell utforming kom inn som ein strategisk føremon i plandelen i plan- og bygningslova i 2008. Det var eit resultat av ein politikk som starta sist på 1990-talet med å auke likeverdsaspektet for aktiv deltaking òg av menneske med nedsett funksjonsevne i samfunnslivet. I heile denne perioden har departementet arbeidd med å styrkje dette aspektet i kommunal og regional planlegging. Ein kan sjå at arbeidet har verknad ved at delen av kommunar med særskilt plan eller retningsliner med fokus på universell utforming no er 30 pst., mot 26 pst. i 2009. Sju fylkeskommunar har tilsvarande fylkesdelplanar eller føresegner i fylkesplanar.

Påverknader

Befolkningsframskrivingane tyder på at befolkningsveksten framleis kan bli sterk i byområda dei næraste 20 åra, til dømes kan Oslo få nesten 200 000 fleire innbyggjarar fram til 2030. Dette vil føre til eit betydeleg press på landbruks-, natur- og friluftsområda rundt byane og på dei grøne lungene i byen. Auka befolkningsvekst stiller oss vidare overfor særlege utfordringar knytte til auka utslepp frå transport; av dei som medverkar til både lokal luftforureining, støy og klimaendringar.

For dei enkelte byane og tettstadene fører veksten til store endringar. Dei mest synlege skjer gjennom utbygging av nye bustadområde, etablering av større næringsverksemd og offentlege institusjonar og gjennom ny infrastruktur. Dei fleste endringane er likevel små og lite merkbare frå år til år, men over tid vil summen av nye investeringar og dei mange små inngrepa kunne gi store konsekvensar for bymiljøet.

Sidan utbygging i praksis er irreversibel, er det viktig å sikre at endringane skjer til det beste for innbyggjarane, næringslivet og miljøet. Dette inneber at endringane bør nyttast til å byggje opp under miljøvenlege bystrukturar, transportformer og transportsystem, betre dei fysiske omgivnadene, blant anna med omsyn til tilgjenge for alle, leggje til rette for helsefremjande aktivitetar og medverke til at klimaendringane kan møtast på ein robust måte. Klimaendringar vil innverke på korleis vi planlegg og utviklar våre byar og tettstader. Samtidig må eigenart og identitet, verdifulle kulturmiljø, biologisk mangfald, grønstrukturar og naturområde takast vare på og utviklast vidare.

Utviklinga av berekraftige byar og tettstader skjer i eit komplisert samspel mellom offentlege styresmakter og private aktørar. Det er mange konfliktar som må løysast, mellom utbygging og vern og mellom ulike interesser. Planlegging etter plan- og bygningslova fastset spelereglar og skapar arenaer som er viktige for partane både når dei langsiktige linjene skal trekkjast og når det kjem til gjennomføring.

Politikk for å nå det nasjonale målet

Arbeidet med å skape berekraftige, attraktive og funksjonelt utforma byar og eit fysisk miljø som fremjar helse- og livskvalitet blir følgt opp i den nasjonale politikken gjennom ei rekkje verkemiddel og tiltak.

Viktige statlege retningslinjer for godt bymiljø er knytte til

  • samordna areal- og transportplanlegging

  • barn og unge sine interesser i planlegginga

  • lokalisering av kjøpesenter

  • klima- og energiplanlegging i kommunane

  • behandling av støy i arealplanlegginga

I Nasjonale forventninger til kommunal og regional planlegging vedtekne i juni 2011, er by- og tettstadutvikling omtalt som eit eige tema. Her er gjeldande politikk oppsummert og konkretisert. Ein viser òg til resultatområde 10 Rein luft om politikken for å nå nasjonale mål knytt til rein luft og støy som i stor grad angår byane.

Miljøverndepartementet har som miljø- og planleggingsstyresmakt eit serskilt ansvar for å samordne og formidle den nasjonale miljøpolitikken og arealpolitikken, blant anna for den fysiske utviklinga i byområda. For å sikre at politikkutforming og verkemiddel blir mest mogleg treffsikre i forhold til utfordringane, driv departementet utviklingsarbeid i samarbeid med byane og andre aktørar. Utviklingsarbeidet som er omtalt nedanfor følgjer opp delmåla knytte til det nasjonale resultatmålet på godt bymiljø. Programmet Framtidas byar er eit breitt, tverrgåande samarbeid som rettar seg inn mot dei fleste delmåla; både å sikre effektiv arealbruk og styrkt miljøvenleg transport, berekraftig lokalisering, reduserte klimagassutslepp og tilpasssing til klimakonsekvensar, kvalitet i byrom og uteareal, og ta vare på grønstruktur og naturmangfald. Groruddalsatsinga følgjer òg opp fleire av måla, mens arbeidet knytt til å styrkje universell utforming først og fremst er knytt til dette delmålet.

Boks 17.2 Prinsippa for berekraftig by- og tettstadutvikling går fram av St.meld.nr (2001-2002) Betre miljø i byer og tettsteder:

  • Kollektivtransporten utgjer ryggraden i bystrukturen og er styrande for utbyggingsmønsteret.

  • Eit sterkt sentrum med konsentrasjon av arbeidsplassar, bustader, handel og kontorfunksjonar.

  • Konsentrert utbygging av næring og bustader i kollektivknutepunkt.

  • Lokalsamfunn med tett og variert bustadstruktur, grøne lunger, skular, barnehagar, handel og næring.

  • Samanhengande grønstruktur der grøne korridorar og samband knyter dei ulike byområda med grøne lunger til omkringliggjande markaområde.

  • Hovudnett for sykkeltrafikk som gjer sykkel til eit attraktivt transportmiddel.

  • Hovudvegsystemet går utanom lokalsamfunn, men sentrum og knutepunkt blir betente.

Framtidas byer

Miljøverndepartementet starta i 2008 programmet Framtidas byar, som er eit samarbeid mellom dei 13 største byane, KS, fire departement og næringslivets hovudorganisasjonar. Hovudmålet er å redusere dei samla klimagassutsleppa frå vegtransport, stasjonær energibruk og forbruk og avfall i dei største byområda. Samtidig skal det utviklast strategiar for å møte framtidige klimaendringar. Delmål for arbeidet er å betre det fysiske bymiljøet med tanke på helse, oppleving og næringsutvikling.

Måla skal oppnåast gjennom meir forpliktande samhandling mellom lokale, regionale og statlege styresmakter og med næringslivet. På den måten vil vi utnytte tilgjengelege ressursar betre, utvikle meir effektive verkemiddel og prøve ut nye tiltak for å fremje klima- og miljøvennlege byar.

Ei stort mengd samarbeidsområde, prosjekt og tiltak er sette i gang i byene, av ulik storleik og art, og med ei stor mengd involverte aktørar. Erfaringane frå alle desse blir formidla gjennom nettstaden www.framtidensbyer.no og direkte til andre byar og interesserte gjennom konferansar, rapportar m.m., og ved etablering av ei eksempelsamling.

Utvikling av ulike verktøy for utrekning og måling av klimagassutslepp og effektar av tiltak er ein viktig del av arbeidet. Framtidas byar blir målt gjennom jamleg rapportering og følgjeevaluering med indikatorar på ulike nivå. Evalueringsrapporten frå 2010 syner at Framtidas byar medverkar til å heve byane sitt arbeid med klima- og bymiljøspørsmål, og at det er venta utsleppsreduksjonar som følgje av prosjekt som blir gjennomførte innan programmet.

Programmet er venta å vare til 2014, og er det viktigaste tiltaket som departementet for tida har for å utvikle berekraftige byar.

For å oppnå hovudmålet om reduserte klimagassutslepp og tilpassing til klimaendringane er arbeidet organisert i dei fire innsatsområda areal og transport, energi i bygg, forbruk og avfall og tilpassing til klimaendringane. Under desse innsatsområda og fellesområdet er om lag 40 samarbeidsområde i gang, i tillegg til ei rekkje underområde, prosjekt og tiltak. Delmålet om betre bymiljø er ikkje eit eige innsatsområde, men er knytt til dei fleste samarbeidsområda og aktivitetane.

I tillegg til avtalepartane er ei rekkje andre offentlege, private og frivillige aktørar involvert i arbeidet. Det er utvikla eit eige rapporteringssystem som måler aktivitetane og resultata, for kvartalsvis og årleg oppfølging. Det blir over budsjettet gitt støtte til utviklingsarbeid, samarbeidsprosjekt og andre tiltak.

I arbeidet framover vil programmet leggje vekt på blant anna smartbyløysingar og områdeutvikling, der samarbeid med næringslivet og heilskaplege modellar er viktige element.

Miljøverndepartementet planlegg no å nytte erfaringane og kunnskapen frå Framtidas byar til å etablere ei meir sjølvgåande, fleirårig nettverkssatsing for dei mellomstore byane i 2012. Gjennom å styrkje kommunanes kompetanse og stimulere til handling, er målet på sikt å bidra til mindre klimagassutslepp, meir attraktive og miljøvenlege byar, og regional utvikling.

Bymiljøprisen som vart delt ut første gongen i 2002, er eit ledd i å synleggjere ein miljøretta bypolitikk,

Groruddalssatsinga

Regjeringa har sidan 2007 vore med på eit historisk byløft i Groruddalen i Oslo. Groruddalen har 130 000 innbyggjarar. Regjeringa og byrådet i Oslo har inngått ei intensjonsavtale om eit samarbeid om Groruddalen for 10-årsperioden 2007-2016. Det langsiktige hovudmålet er ei berekraftig byutvikling, synleg miljøopprusting, betre livskvalitet og samla sett betre levekår i Groruddalen. Det skal utviklast eit lokalt og inkluderande samarbeid med dei som bur i dalen, organisasjonar, burettslag, næringsliv, bydelar og offentlege organisasjonar.

Boks 17.3 Groruddalssatsinga

Etter snart fem år med ekstra satsing i Groruddalen er det mange synlege resultat. Dei fire første åra medverka Oslo kommune med 212 mill. kroner og Regjeringa med 462 mill. kroner. Samferdsledepartementet har blant anna medverka til doble avgangar på Grorudbana og Furusetbana, oppgradering av stasjonar langs Grorudbana og Furusetbana, ny gang- og sykkelbru over E6 og fleire nye gang- og sykkelvegstrekningar.

Miljøverndepartementet medverkar med midlar til blant anna ein bydelspark i kvar bydel og til opprusting av ein Akergard i kvar bydel. Mange ferdigstilte turvegtiltak gjer det no mogeleg å gå langs Alnaelva frå Ammerud og heilt ned til Gamlebyen. Eit samanhengande tverrsamband er ferdig frå Grorud til Ellingsrud. For å få innbyggjarane til å ta i bruk grøne lunger i nærmiljøet har det vore arbeidd med å synleggjere dei nye turvegane og parkane.

Kommunal- og regionaldepartementet gir støtte til områdeløft for to område i kvar bydel i Groruddalen. Det gis støtte til ulike tiltak som til dømes sosiale arrangement, motorsenter og skatehall på Haugenstua, opprusting av Svarttjern på Romsås og til leiarprogram for ungdom. Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet bidreg blant anna med midlar til gratis kjernetid i barnehagane, Kunnskapsdepartementet bidreg med midlar til Språkløftet og Utviklingsprosjektet (ekstra ressursar til skular med meir enn 25 prosent minoritetsspråklege), Helse- og omsorgsdepartementet bidreg med midlar til to folkehelseprosjekt (forsterka svangerskapsoppfølging og kosthald, aktivitet og norsk).

Oslo kommune har ansvaret for den heilskaplege utviklinga i Groruddalen. Miljøverndepartementet samordnar staten sin innsats. Den felles innsatsen er organisert i fire program. Miljøverndepartementet følgjer opp program 2: Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø. Målet for dette programmet er å styrkje den blågrøne strukturen og naturmangfaldet i Groruddalen, gi betre forhold for friluftsliv, fysisk aktivitet og idrett. Kulturminne skal vernast og brukast og forståinga for historia skal styrkjast.

Bevaring av grønstruktur og naturmangfald

For å ta vare på og styrkje kvalitetane i grønstruktur, unngå spreiing av framande arter og bevare naturmangfaldet, er det viktig at dei som forvaltar grøne areal i tettbygde område ser nærare på korleis ein kan betre tilhøva for truga arter eller andre arter som ein finn naturleg i nærleiken. Til dømes bør ein vurdere om ein i større grad kan nytte stadeigne plantearter i staden for planter frå fjerne himmelstrøk i parkar og andre grøne anlegg. I nokre tilfelle vil det vere mest føremålstenleg å ta vare på truga arter og naturtypar ved å gi dei status som prioriterte arter eller utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2012. I dette arbeidet kan òg arter og naturtypar som er å finne i og ved tettbygde strøk bli vurderte. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte og dei naturtypane som er blitt utvalde, inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane.

Universell utforming

Miljøverndepartementet siktar mot den felles visjonen Noreg universelt utforma 2025 i si deltaking i Regjeringas Handlingsplan for universell utforming 2009 – 2012. Likeverdig deltaking i samfunnsutvikling og byliv er eit mål.

Det føreset at kompetansen blir heva lokalt og regionalt når det gjeld universell utforming som strategi for planlegging og utforming av omgivnad og produkt. Det viktigaste tiltaket i samband med dette er Nasjonalt utviklingsprosjekt for universell utforming i fylke og kommunar. Tiltaket inkluderer no 50 kommunar og åtte fylke. Tiltak i den nye handlingsplanen gjeld òg universell utforming i by- og tettstadutvikling, auka tilgjenge til offentlege bygningar og uteområde, friluftsliv og kulturminne. Aspektet er inkludert på fleire resultatområde så langt det passar. Ein vil ha serskilt fokus på kommunesenter. Forslag til målbare arealbruksindikatorar er utvikla i Noreg digitalt og i Matrikkelen. Tiltaka vil gi betre oversyn over universell utforming og tilgjenge i kommunal planlegging og arealforvaltning. Det skal utarbeidast ein felles rettleiar om universell utforming til Teknisk forskrift (i samarbeid med Statens bygningstekniske etat) og til Statlege planretningslinjer for universell utforming.

Miljøverndepartementet gjer satsinga i nært samarbeid med Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. BLD finansierer fleirtalet av tiltaka.

18 Resultatområde 8 Aktivt friluftsliv

Fiske i fjøra Tryne i puddersnø La kajakken gli lydlaust på blekkstille fjordvatn. Raudt klister og vinden i ryggen over Gjendevatn. Kravle og klyve. Gleda over at toppen kjem nærare kvar gong du stopper og ser. Kjenne at hjartet bankar og beina funkar. Gå i strandkanten og leite etter skjel med fireåringen. Kveldsbad i kveldssola. Springe på mjuk sti i lett duskregn. Sykle med bikkja. Moltene, er dei på same myra i år Blir det aure å få der vi såg dei fine vaka, men ikkje fekk napp i fjorFriluftsliv, det er det vi likar å gjere når vi er ute i naturen. Åleine eller saman, eller begge deler. Unge og gamle – det er vi jo alle, berre til ulik tid. Friluftsliv kan gå langsamt, eller så gjørma sprutar og pulsen bankar – men det gir ro i sjela, og etterpå, ro i kroppen.

Og meistring. Stoltheita til ein femåring første gongen han står heile bakken ned utan hjelp. Eller din eiga, over at du torer det same stupet frå badebryggja i år som du gjorde i fjor.

Friluftsliv gir auka trivsel, betrar folkehelsa og auker forståinga av og interessa for å ta vare på naturverdiar og kulturminne. I dag har vi om lag 2300 statleg sikra friluftsområde i Noreg, og ein unik allemannsrett til ferdsle i utmark. Særs viktig er naturen i nærmiljøet, den klart mest etterspurde arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen.

Nasjonale mål – Aktivt friluftsliv

8.1. Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.

Indikatorar:

  • Del av befolkninga som deltek i friluftslivsaktivitetar.

  • Talet på skular som deltek i prosjektet Den naturlege skulesekken.

  • Del av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader som har trygt og tilgjengeleg leike- og rekreasjonsareal innan 500 meters avstand.

8.2. Område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på.

Indikatorar:

  • Tal på nye friluftsområde sikra med statleg medverknad pr. år.

  • Prosentdel av friluftsområde sikra med statleg medverknad som har eigne forvaltningsopplegg.

8.3. Allemannsretten skal haldast i hevd.

Indikatorar:

  • Del av befolkninga som har kunnskap om allemannsretten.

  • Del av arealet i 100-metersbeltet langs kysten frå svenskegrensa til og med Hordaland som er tilgjengeleg for allmenta.

8.4 Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å fremje eit aktivt friluftsliv og skape helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenlege nærmiljø.

Indikator:

  • Talet på kommunale og regionale friluftsplanar.

Tilstand

Friluftslova er grunnleggjande for å halde allemannsretten i hevd og sikre høve til friluftsliv for alle. Markalova sikrar høve til friluftsliv, naturoppleving og idrett i det mest brukte friluftsområdet i landet – skogområda kring hovudstaden. Plan- og bygningslova blir nytta til å ivareta interessene som er regulerte i friluftslova og markalova.

Det er Regjeringas mål at alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles. Det er eit grunnleggjande prinsipp at vår generasjon har eit ansvar for å gi kommande generasjonar like godt høve til naturopplevingar som vi sjølve har fått.

Natur og naturmangfald gir og opplevingar, identitet og tilhøyring. I ei undersøking frå 2010 kjem det fram at to tredjedelar av befolkninga ønskjer å drive meir fysisk aktivitet i naturen og nærmiljøet (Synovate 2010). I ei anna undersøking frå 1999 svarte 19 av 20 nordmenn at naturen er viktig for «det gode liv». Det betyr at det ikkje er nytteverdien som er drivkrafta for å drive med friluftsliv. Undersøkingar viser at det først og fremst er fred og ro, og det å komme ut i frisk natur folk ønskjer når dei i går på tur. Ein stor del av det norske friluftslivet handlar om store og små naturopplevingar som blir minne for livet.

Allemannsretten sin sterke stilling i Noreg heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege. Ettersom busetjingsmønsteret har blitt meir og meir knytt til byar og tettstader, har naturen i og ved slike område fått ein endå viktigare funksjon som arena for rekreasjon, friluftsliv og naturopplevingar. Naturen i nærmiljøet er òg særs viktig, og den klart mest etterspurde arena for fysisk aktivitet i kvardagen. Samtidig er allemannsretten truga av av kommersialisering, privatisering og ikke minst ulovlege stengsel i strandsona. Mange enkeltinngrep langs kysten, spesielt rundt Oslofjorden og på Sørlandskysten, har redusert tilgangen til attraktive strandområde. Liberal dispensasjonspraksis etter plan- og bygningslova i 100-metersbeltet langs sjøen er ei av årsakene. Mange stader har dette ført til auka hytte- og bustadbygging i områder som tidlegare var attraktive for friluftslivet. Samtidig med utstrekt utbygging har det skjedd auka privatisering av strandsona. Slik privatisering kan både vere lovleg og ulovleg. Den ulovlege privatiseringa er kjenneteikna av at hovudmålet er å halde allmenta borte frå område der den har lovleg tilgang til å ferdsle og opphald.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at befolkningstettleiken aukar i byar og tettstader. Dette er i samsvar med nasjonale mål om ei meir konsentrert utbygging av omsyn til arealbruk, transport og klima. I mange byar skjer det ei umedviten fortetting som inneber at opne areal som kan brukast til leik og rekreasjon blir nedbygde. Samanhengande turdrag blir brotne eller smalna inn og mister verdien for turar i nærmiljøet og til nærliggjande, større naturområde. Dette fører til at høva til å drive friluftsliv i nærleiken av bustadområda blir svekte. Dette har òg negativ verknad på den naturlege spreiinga av det lokale plante- og dyrelivet. På landsbasis vart 12,4 pst. av dei åpne areala nedbygde i perioden 1999-2004. Tala er foreløpig usikre, då det målte omfanget av nedbygging delvis kan skuldast forbetringar i offentlege register over bygningar. Nyare tal viser at tilgangen til nærturterreng har halde seg konstant på 64 pst. frå 2004 til 2009.

Friluftsliv er framleis ein viktig aktivitet for mange nordmenn. Samla sett har den delen av befolkninga over 16 år som utøvar friluftsliv auka med tre prosentpoeng dei siste 30 åra. Men samtidig er oppslutninga om det tradisjonelle friluftslivet blant ungdom stadig minkande. Meir moderne friluftsaktivitetar som terrengsykling, skisegling, alpint og elvepadling har vore i vekst, men har stoppa opp dei siste åra. Uansett er auken i slike aktivitetar ikkje nok til på vege opp for fråfallet i dei «tradisjonelle» friluftsaktivitetane.

Ei undersøking frå 2009 (Befolkningens friluftsvaner) viser at berre 52 pst. av unge mellom 15-24 år har høyrt om allemannsretten, og kunnskapen deira om denne retten er dårlegare enn for resten av befolkninga.

Samtidig ser vi ei gledeleg utvikling i deltaking i friluftsliv blant dei yngste. Dette er viktig fordi vi veit at grunnlaget for gode friluftsvanar i vaksen alder blir lagde i barndommen.

I over femti år har staten medverka til å sikre folk tilgang til friluftslivsområde, gjennom kjøp av grunn eller avtaler om bruk og tilrettelegging. I dag har vi om lag 2 300 offentlige friluftsområde i Noreg, område som kommunane og staten i samarbeid har sikra og tilrettelagt for allmennta sitt friluftsliv. I tillegg kjem mange mil med viktige ferdselsårer for friluftsliv, mange med kulturhistorisk bakgrunn og betydning, som pilgrimsleier og kongevegar. Andre gir auka tilgjenge til og mellom attraktive område, slik som kyststigar for betre allmenn tilgang til strandsona. Mange slike turstigar er knytte til kystleiene og rimelege overnattingstilbod på fyrstasjonar og hytter ved sjøen.

Motoriserte framkomstmiddel i utmark og vassdrag vil i mange tilfelle vere nyttig og naudsynt, som for eksempel i redningsteneste eller i reindrifta. Samtidig medfører motorferdsel i naturen ei rekkje ulemper og skadar, som støy, terrengskadar, forstyrring av dyrelivet og konfliktar med friluftslivet, jf. resultatområde 4 Mangfaldige skogar og resultatområde 5 Storslått fjellandskap.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Hovudutfordringane i friluftspolitikken er å sikre allemannsretten, syte for at barn og unge får høve til gode naturopplevingar og til å utvikle dugleik i friluftsliv, sikre område til friluftsliv og stimulere og leggje til rette for friluftsliv.

Sikre allemannsretten

Noreg har store friluftsareal og ein allemannsrett til ferdsle i utmark, og dei fleste har gode høve til friluftsliv. Men somme stader, særleg i strandsona, er allemannsretten under press. Sikring og tilrettelegging av friluftsområde og kyststigar er viktige tiltak for å gi allmenta betre tilgang til kystsona, men her står mykje arbeid att. Mottoet må vere «allemannsrett er allemannsvett».

For å styrkje allemannsretten fremja Regjeringa våren 2011 forslag om enkelte endringar i friluftslova. Endringane inneber bl.a. at det blir tillate å ferdast til fots på veg eller stig gjennom innmark som leier til utmark, at det blir tillate å ferdast varsamt i skogplantefelt òg sommarstid, at det i forskrift kan givast reglar som tillet telting nærare enn 150 meter frå hus og hytter i kystnære område, og styrking av høva til inngrep overfor ulovlege stengsel og skilt som hindrar allmenn ferdsel, opphald og hausting. Forslaga vart endeleg vedtekne av Stortinget 15. juni 2011 og er venta å tre i kraft frå nyttår.

Sikring og tilrettelegging av friluftsområde

I dei bynære områda er det kamp om areala, og vi må aktivt arbeide for å halde oppe dei allment tilgjengelege grøne lungene med turvegar, turstigar og offentlege park- og friluftsområde som vi allereie har etablert, og leggje til rette for auka tilgang. I tråd med auka befolkning, tilflytting til byar og tettstader og nedbygging av sjø- og vassdragsnære område og andre naturområde, er det derfor stadig behov for å tilretteleggje friluftsområde med naturvenlege tiltak og universell utforming, og sikre nye område for friluftsliv, anten ved kjøp eller gjennom avtaler om varig bruksrett. Særleg nærfriluftsområda har høg prioritet. Det er eit mål for Regjeringa at det ved bustader, skular og barnehagar skal vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grønstruktur med gode samband til kringliggjande naturområde.

Miljøverndepartementet har eit sterkt fokus på å sikre tilgang til og kvalitet på friluftsområda i byane. Departementet sende i 2008 ut eit rundskriv til alle kommunar om å ta spesielt omsyn til barn og unge sine interesser i planlegginga. Dette vart i 2009 følgt opp av ei rettleiing om barn og planlegging etter den nye plan- og bygningslova. Lova gir mange nye høve til å ta vare på grønstruktur og rekreasjonsområde, blant anna gjennom nytt arealformål grønstruktur og nye føresegner og omsynssoner.

Friluftslivsverdiar er ivaretekne gjennom plan- og bygningslova på same måten som naturverdiar. Fylkeskommunene har etter forvaltningsreforma fått auka ansvar for at kommunane følgjer opp friluftsliv i planlegginga si. Videre blir som regel friluftslivsverdiar tekne vare på i verneområda. Nasjonale forventningar til regional- og kommunal planlegging fastslår forventninga om at friluftslivet sine arealbehov blir tekne vare på i planlegginga. Det er forventa at fylkeskommunane og kommunane legg til rette for friluftsliv ved å ta vare på og vidareutvikle grønnstrukturen.

I markalova er det fastsett ein eigen heimel for vern av område som på grunn av naturopplevingsverdiar har særlege kvaliteter for friluftslivet. Arbeidet med å kartleggje aktuelle verneområde for friluftsliv i Marka tok til sommaren 2011.

Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning har utgitt ei rekkje rundskriv, planrettleiarar og handbøker m.v. til kommunar og fylkeskommunar om korleis friluftslivsomsyn skal takast vare på i arealforvaltninga.

Allmentas tilgang til strandsona skal ivaretakast

I strandsona er allemannsretten under særleg press. Det er eit delmål for Regjeringa å ivareta allmentas tilgang til strandsona. Strandsona som nasjonal interesse er tydeleggjort ved det generelle byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen, og statlege planretningslinjer for ei differensiert strandsoneforvaltning vart vedtekne av Regjeringa i mars 2011. Sikring og tilrettelegging av kyststigar og friluftsområde i strandsona er viktige tiltak for å gi allmenta betre tilgang til kystsona. Sikring av område langs kysten med stort befolkningspress er eit særleg prioritert område. Årleg blir fleire viktige friluftsområde i strandsona og i nærleiken av store befolkningsgruppar varig sikra for allmentas friluftsliv, gjennom kjøp eller gjennom avtaler om varig bruksrett. Det blir òg årleg brukt betydelege midler til opparbeiding og anna tilrettelegging av sikra friluftsområde i strandsona, og til kyststigar og turvegar som gir auka allment tilgjenge til områda. Mange slike ferdselsårer i strandsona er knytte til frivillige organisasjonar sin innsats for Kystleia, tiltak for rimelig overnatting på fyr og i kystleihytter, leige av robåtar m.v.

Endringane i friluftslova som Regjeringa fremja i 2011, og som vart vedtekne 15. juni 2011, vil medverke til å styrkje allemannsretten i kystsona. Endringane inneber at det no er opna for at det i forskrift kan givast reglar som tillet telting nærare enn 150 meter frå hus og hytter i kystnære område. I tillegg er høva til inngrep overfor ulovlege stengsel og skilt som hindrar allmenn ferdsel og opphald styrkte.

Fleire ut i skog og fjell og bynære friluftsområde

Barn og unge sine høve til å drive friluftsliv har avgjerande betydning for utviklinga av friluftslivet framover. Ein svært stor del av kvardagen for barn og unge er organisert og inneheld andre aktivitetar enn friluftsliv. Over tid kan ein slik situasjon føre til ein nedgang i omfanget av friluftsliv. Dette vil på sikt kunne gi ei negativ utvikling for nordmenns helse og miljøengasjement.

Det ligg eit stort potensial i å stimulere og leggje til rette slik at endå fleire får augo opp for dei moglegheitene og gevinstane som ligg i å drive miljøvenleg friluftsaktivitet. Det er behov for ein meir heilskapleg friluftspolitikk som gir betre grunnlag for å avbalansere friluftsmål med andre sektorar sine mål og som gjer forvaltninga av friluftsområde meir føreseieleg. Ein meir heilskapleg friluftspolitikk vil òg gi viktige bidrag til betre folkehelse, og attraktive friluftsområde kan medverke til å styrkje reiseliv og verdiskaping lokalt og regionalt.

Det vil derfor bli utarbeidd ein nasjonal handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftsområde, og viktige ferdsleårer for friluftsliv knytte til desse områda. Planen skal utarbeidast i nært samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og friluftslivsorganisasjonane. Handlingsplanen skal vise status i dag for dei sikra friluftsområda og leggje rammer og føringar i det videre arbeidet med sikring og tilrettelegging av friluftsområde. Eit hovudmål er å leggje strategiar for å få fleire inaktive ut i naturen.

Direktoratet for naturforvaltning har i 2011 sett i gang ei eiga nærmiljøsatsning, der siktemålet er auka fysisk aktivitet og naturoppleving nær der folk bur. Her vil ein samarbeide tett med blant anna andre statlege etatar, fylkeskommunar, kommunar og frivillege organisasjonar for å kartleggje og uvikle tiltak som vil auke deltakinga i friluftsaktivitetar i nærmiljøet for målgruppene. Ein vil trekkje erfaringar frå nærmiljøprosjektet inn i handlingsplanen for friluftsområde og trekkje fram gode eksempel til inspirasjon for andre. Dette vil gi grunnlag for økonomisk og fagleg bistand til utvikling og stimulering til friluftsliv i naturområda nær befolkningskonsentrasjonane.

Stimulering til friluftsliv

Det er eit mål at barn og unge skal få høve til å utvikle ferdigheiter i friluftsliv. Stimulering og opplæring til naturvennleg friluftsliv er ein viktig del av arbeidet med å auke deltakinga i friluftsliv blant barn og unge. Det er ikkje alltid nok å syte for eigna og tilgjengelege areal for friluftsliv og naturoppleving, sjølv om dette er ein føresetnad for å utøve friluftsliv. Det er viktig at barn og unge blir tekne med ut i naturen gjennom barnehage, skule og tilbod frå frivillige organisasjonar, og på den måten både lærer å ferdast i naturen og får gode naturopplevingar. Dersom friluftslivet si senrale stilling i det norske samfunnet skal bestå og forsterkast, er det avgjerande at barn og unge tidleg blir tekne med ut i naturen og opplever gledene ved friluftslivet. Det er òg viktig at det blir lagt til rette for at menneske med bakgrunn frå andre kulturar får innføring i den norske friluftslivstradisjonen.

Det er sett i gang fleire ulike prosjekt i skuleverket med sikte på å lære barn og unge å ferdast og bli glade i naturen, og ta del i friluftsaktivitetar på ein naturvennleg måte under omsyn til miljø, landbruksdrift og andre brukarar. Eitt av prosjekta er den naturlige skulesekken, som skal bidra til å utvikle nysgjerrigheit og kunnskap om naturen, gi bevisstheit om berekraftig utvikling og auka miljøengasjement hos elevar og lærarar i grunnskulen. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Kunnskapsdepartementet, Miljøverndepartementet og ei rekkje natur- og friluftsorganisasjonar. I skuleåret 2011/12 er 94 skular frå heile landet med.

For å inkludere personar med ein annan kulturbakgrunn i den norske friluftslivstradisjonen er blant anna denne befolkningsgruppa prioritert når det gjeld tilskot til friluftslivsaktivitetar. Vidare blir det gitt tilskot til fleire organisasjonar som gjennomfører prosjekt som stimulerer og lærer barn og unge og minoritetar friluftsliv og naturvennleg ferdsel i naturen.

Dette arbeidet vil halde fram, og i handlingsplanen for statleg sikra friluftsområde som er under arbeid og i den pågåande nærmiljøsatsninga i regi av Direktoratet for naturforvaltning vil det blant anna bli vurdert om det er grunnlag for å tenkje nytt når det gjeld å nå grupper i befolkninga som tek lite del i friluftsliv og som generelt er lite fysisk aktive.

Tilrettelegging for attraktive friluftsområde

Siktemålet med tilrettelegging er å gjere dei offentlege friluftsområda attraktive og godt tilgjengelege for varierte aktivitetar og opplevingar for alle befolkningsgrupper.

Prioriterte arter og utvalte naturtypar har òg stor betydning for å halde ved lag og gi grunnlag for gode naturopplevingar i friluftsområda. Det same gjeld bevaring av kulturminne og synleggjering av kulturhistoria her.

Ein vil satse på å bevare og synleggjere naturverdiar og kulturminne, og samtidig leggje til rette for universell utforma tilgang for opphald, bading, fiske og andre friluftsaktivitetar. Eit viktig arbeid ligg derfor i å halde fram med å utarbeide og oppdatere forvaltningsplanar for sikre friluftsområde, slik at vidare bevaring og bruk kan skje på ein heilskapeleg måte. Mange område har til dømes lite behov for fysisk opparbeiding eller tekniske innretningar som bord og benkar, grillstad, avfallsdunkar og toalett, mens det i andre område med intensiv bruk eller som ligg vanskeleg til, er nødvendig med slike tiltak for at området skal vere godt eigna for friluftslivsaktivitetar.

Informasjonstiltak, naturskjøtsel og driftsordningar er særs viktige ledd i arbeidet med å tilretteleggje friluftsområda. Kommunen har hovudansvaret for tilsyn og drift slik at områda er i god stand, og allmenta har hovudansvaret for miljøvenleg åtferd.

Fylkeskommunane og staten medverkar økonomisk til driftsordningar i Skjergardsparkane, fordi kommunen då har ei regional vertsrolle.

I dei mest brukte friluftsområda på kysten frå Østfold til Hordaland er det derfor etablert felles skjergardsteneste med særskilt ansvar for drift og oppsyn. Denne ordninga blir no evaluert.

Det er høgt prioritert å utarbeide forvaltningsplanar for dei statleg sikra friluftsområda, og mange kommunar har no slike planar. Forvaltningsplanane viser kva slag behov for tilrettelegging, tilsyn, skjøtsel og drift som ligg føre. Forvaltningsplanane viser at det framleis er eit stort behov for tiltak i dei sikra friluftsområda.

Den nasjonale handlingsplanen for statleg sikra friluftsområde vil gi status og føringar for det vidare arbeidet.

Samarbeid med friluftsorganisasjonar og andre

Som hovudansvarleg for naturforvaltning og friluftsliv har Miljøverndepartementet eigne verkemiddel på fleire område. Men arbeidet med å sikre mangfaldet i naturen og å sikre og tilretteleggje viktige friluftsområde er ei sektorovergripande utfordring. Det finst ei rekkje tilskotsordningar for natur- og friluftsområde. Nokre ordningar er det fylkeskommunen som forvaltar, på vegne av staten. Nokre ordningar er retta mot enkeltpersonar, organisasjonar, stiftelsar eller bedrifter. Ordningar knytte til sikring av friluftsområde og tilretteleggingstiltak for friluftsliv er forvalta av Direktoratet for naturforvaltning i samarbeid med fylkeskommunane, og det er normalt interkommunale friluftsråd og kommunane som står som søkjarar og for den praktiske gjennomføringa av saker om sikring og fysisk tilrettelegging av offentlege friluftsområde, jf. under dette om bandlegging nedanfor. Også Kulturdepartementet forvaltar viktige støttemidlar for friluftsliv, i samarbeid med fylkeskommunar og kommunar. For tiltak retta mot jakt- og fiske er tilskota finansierte ved direkte avgifter som jegerar og fiskarar betaler til dei statlege vilt- og fiskefonda. Til vern og bandlegging av område til naturvern- og friluftsformål eksisterer det eigne investeringspostar for utbetaling av erstatningar til grunneigarar og andre rettshavarar. Investeringspostar blir òg nytta når større arbeid skal utførast i desse områda.

Departementet og den offentlege friluftslivsforvaltninga elles samarbeider nært med interkommunale friluftsråd og frivillige organisasjonar innanfor friluftsliv. I mange sikra friluftsområde er det friluftsråd som har ansvaret for drifta. Friluftsråda og organisasjonane har fleire viktige prosjekt og tiltak innanfor både stimulering/opplæring til friluftsliv og innanfor forvaltning og ivaretaking av viktige friluftsområde.

Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag

Særleg i enkelte fjellområde og i Finnmark er aukande motorferdsle ein trussel mot områda sin kvalitet for friluftslivet. Undersøkingar viser at folk opplever snøskuter som ein av dei største truslane mot allemannsretten. Det å oppleve stille i naturen og å komme vekk frå støy og forureining er viktige grunnar for å gå tur eller vere ute i naturen. Auka skuterkøyring vil redusere høva folk har til å utøve friluftsliv og oppleve naturen slik dei ønskjer.

Både det enkelte køyretøyet, og summen av mange motorkøyretøy utgjer ei belastning for naturen og friluftslivet. Det er Regjeringas mål å regulere motorferdsle i utmark for å ivareta naturmiljøet, fremje trivselen og sikre stille og ro i naturen, jf. omtale under resultatområde 4 4 Mangfaldige skogar og resultatområde 5 Storslått fjellandskap.

19 Resultatområde 9 Giftfritt miljø

Vi har alle rett til eit miljø som tryggjer helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir tekne vare på. Forureininga av Akerselva i Oslo vinteren 2011 viste kor viktig rein natur er for innbyggjarane, og medvitet vårt om miljøgifter aukar når det for eksempel blir påvist helse- og miljøfarlege stoff i barneleiker. I framtida bør alle produkt vi omgjer oss med vere trygge for helse og miljø. Eit reint miljø er ein føresetnad for eit rikt dyre- og planteliv, og for at vi fritt skal kunne bruke naturen og hauste av naturressursane. Mykje av norsk verdiskaping og produksjon er òg avhengig av eit reint miljø.

Miljøgifter blir sakte nedbrotne i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Luft og havstraumar transporterer miljøgifter til område langt frå utsleppskjelder, og miljøgifter utgjer derfor ein trussel også i arktiske område.

Ressursane i avfallet skal takast vare på og nyttast om igjen i størst mogleg grad. Sluttbehandling av avfall, anten ved forbrenning eller deponering, skal skje slik at miljøet blir minst mogleg påverka. Dette gjeld òg dei radioaktive avfallsstraumane som no blir kartlagde.

Nasjonale mål – Giftfritt miljø

9.1. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det målet å stanse utsleppa innan 2020.

9.2. Risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar er årsak til skade på helse og miljø skal minimerast.

Indikator:

  • Risikoindikator for potensiell eksponering for helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

9.3. Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller redusert vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering.

Indikator:

  • Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining.

9.4. Sediment (botnmassar i sjø) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

Indikatorar:

Mengd utvalte helse- og miljøfarlege stoff som er handtert ved mudring/tildekking slik at dei ikkje lenger utgjer kjelde til alvorlege forureiningsproblem.

9.5. Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan forårsake helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte.

Indikatorar:

  • Samla årleg utslepp av utvalde radioaktive stoff frå nasjonale kjelder.

  • Nivå i miljøet av utvalde radioaktive stoff.

  • Del av ulike typar radioaktivt avfall som er handtert på godkjent måte.

  • Berekna risiko for utslepp frå utvalde utanlandske kjelder som kan påverke Noreg.

9.6. Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

Indikator:

  • Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP.

9.7. Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 75 pst. i 2010 med ei vidare opptrapping til 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljøvist fornuftig nivå.

Indikator:

  • Delen av ordinært avfall som går til gjenvinning, basert på totalt generert mengd avfall som går til kjent behandling.

9.8. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

Indikatorar:

  • Mengd farleg avfall med ukjent disponering.

  • Mengd farleg avfall som blir eksportert til sluttbehandling.

9.9. Genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå.

Tilstand

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar kan gi både akutte effektar og langtidseffektar. Mykje er gjort for å redusere risikoen for helse og miljø frå ulike kjemikaliar, men det er ikkje tilstrekkeleg for å møte dei langsiktige utfordringane. Kjemikaliar bidreg i stor grad til auka velferd og til viktige produkt og tenester i samfunnet. Samtidig har mange kjemikaliar eigenskapar som medfører ein uakseptabel risiko for helse eller miljø. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar kan framkalle ulike sjukdomar som kreft og allergiar eller skade forplantningsevne og arvestoff. Kjemikaliar kan òg forårsake skade på immunforsvaret og nervesystemet. Skadelege helseeffektar kan førekomme ved bruk av kjemikaliar, ved innanding av forureina luft eller ved inntak av mat eller drikkevatn som er forureina. Miljøgifter blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Dyr på toppen av næringskjedene er særleg utsette for miljøgiftforureining. Miljøgiftene er derfor ein alvorleg trussel mot naturmangfald, matforsyning og kommande generasjonar si helse.

Nivåa i miljøet av enkelte kjente miljøgifter som PCB er på veg ned, og forbod nasjonalt og internasjonalt gir viktige resultat. Industriutsleppa av miljøgifter er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land, og dei samla utsleppa av prioriterte miljøgifter er vesentleg reduserte dei siste 15 åra. Produkt vi nyttar til dagleg er likevel ei stadig større kjelde til utslepp av miljøgifter. Sjølv om vi har ført ein effektiv kamp mot ei rekkje forureinande utslepp dei siste tiåra, gjenstår framleis store oppgåver. Utslepp av farlege stoff og radioaktiv forureining utgjer framleis truslar for miljøet, og kjemikaliar påverkar menneskas helse.

Miljøgifter frå tidlegare tider ligg mange stader som forureiningar i grunnen på land eller i botnsediment i sjø og ferskvatn. Noreg mottek òg betydelege langtransporterte tilførsler av miljøgifter via luft- og havstraumar. Arktis er spesielt utsett for langtransporterte tilførsler av miljøgifter på grunn av dei dominerande hav- og luftstraumane. Dette går særleg ut over dyr høgt i næringskjeda, som isbjørn, polarmåke og spekkhoggarar.

Avfallsmengdene aukar framleis, og er ei kjelde til blant anna utslepp av miljøgifter og klimagassar. Dei siste åra har veksten i avfallsmengdene vore noko større enn den økonomiske veksten, mens gjenvinningsgraden har vore stabil på om lag 78 pst. av det ordinære avfallet. Mengda farleg avfall aukar òg, men stadig mindre blir handtert på ukjent måte. Over tid har strengare krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvenleg teknologi medverka til betydelege reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandling av avfall. Utsleppa av metan har gått ned sidan 1990. Frå 1. juli 2009 vart det forbode å deponere biologisk nedbryteleg avfall som restavfall, papir/papp, trevirke og tekstilar av naturstoff (ull og bomull). Krav til oppsamling av deponigass og forbodet mot deponering av nedbryteleg avfall vil gi reduserte utslepp av klimagassen metan. Når det gjeld utslepp av miljøgifter i sigevatn, vil krav om oppsamling av sigevatn frå deponi redusere faren for at miljøgifter fører til forureining.

Radioaktive stoff har liknande eigenskapar og potensielle skadeverknader på det ytre miljøet som tungmetall og andre miljøgifter. Dei kan spreiast i miljøet gjennom fysisk utslepp eller tilførsler i form av gass, væske eller partiklar. Dei kan bli i naturen i lang tid, kan lagrast og akkumulerast i næringskjeda og forårsake alvorlege skadar på menneske og andre organismar i form av kreft, arvestoffskade og forstyrring i reproduksjonen. Radioaktiv forureining kan òg ha samverkande effekt med andre miljøgifter, noko som kan gi ein gjensidig forsterkande effekt.

Resultatet frå dei nasjonale programma for overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljø viser vidare nedgang som følgje av reduserte utslepp frå Sellafield. Den marine delen av overvakingsprogrammet er revidert noko med sikte på tilpassing til arbeidet med forvaltningsplanane og til arbeidet med marin overvaking i OSPAR. For nukleærindustrien går utsleppa ned, men for ikkje-nukleær industri går utsleppa framleis opp. Noreg har vesentleg høgare utslepp frå petroleumsverksemda enn dei andre nordsjølanda. Den norske delen av utsleppa gjekk ned frå 59 pst. av dei totale utsleppa i 2007 til 51 pst. i 2009. Trollfeltet utgjer om lag 40 pst. av dei norske utsleppa. Om desse utsleppa blir haldne utanfor, er utsleppa frå Noreg og Storbritannia av omtrent same størrelse.

Miljøstyresmaktene har òg teke i bruk forureiningslova for å regulere og sikre ei heilskapeleg forvaltning av radioaktive utslepp og radioaktivt avfall. For å redusere utslepp og risiko for utslepp frå andre land har Noreg dialog og samarbeid med dei landa der det finst kjelder som kan påverke Noreg. I tillegg deltek Noreg i internasjonalt arbeid, og satsar på kartlegging, overvaking og forsking.

Tabell 19.1 Definisjonar

Viktige omgrep

Definisjon

Farleg avfall

Avfall som ikkje kan behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr

Gjenvinning

Fellesnemning på ombruk, materialgjenvinning og forbrenning med energiutnytting og kompostering

Materialgjenvinning

Utnytting av avfall slik at materialet blir teke vare på heilt eller delvis, f.eks. produksjon av skrivepapir frå returpapir

Miljøgift

Lite nedbrytelege helse- og miljøfarlege kjemikaliar som hopar seg opp i næringskjedene og i miljøet, eller andre stoff som gir tilsvarande grunn til bekymring

Boks 19.1 Kvikksølv – nødvendig med tiltak internasjonalt

Kvikksølv er blant dei farlegaste miljøgiftene. Det blir transportert over store avstandar langt frå utsleppskjeldene og utgjer ein trussel mot miljøet og menneske si helse. Kvikksølv kan blant anna skade nervesystemet, og foster og barn er særleg utsette.

Dei samla utsleppa av kvikksølv til luft, jord og vatn frå norske kjelder vart reduserte frå om lag 6 tonn i 1985 til 2,5 tonn i 1995 og vidare til om lag 1 tonn i 2008. Det nasjonale utsleppet til luft er i dag betydeleg mindre enn dei mengdene som blir tilførde Noreg via luftstraumar frå andre land. Mattilsynet har gitt kosthaldsråd for enkelte arter av ferskvassfisk på grunn av høgt innhald av metylkvikksølv, og dei nyaste undersøkingane av kvikksølv i ferskvassfisk i Sør-Noreg (åbor og aure) har vist auka konsentrasjonar av kvikksølv.

Tiltak internasjonalt er viktig for å få redusert global spreiing av kvikksølv. Noreg er derfor ein av initiativtakarane til ei ny global avtale om redusert bruk og utslepp av kvikksølv.

Påverknader

Kjemikalieutsleppa stammar frå produksjon av råstoff og ferdigvarer i industrien, frå bruk av produkt i heimen, i industri og arbeidsliv, frå spreiing av gammal forureining lagra i grunn og sjøbotn og frå avfallsbehandling. Det er titusenvis av kjemikaliar på den europeiske marknaden, og desse går inn i talrike produkt. For fleirtalet av desse kjemikaliane har vi liten eller avgrensa kunnskap om deira helse- og miljøverknader. Talet på stoff med moglege helse- og miljøskadelege verknader er stort, og det er aukande utfordringar frå nye stoff. Uvisse om mogleg helse- og miljørisiko ved auka bruk av nanomaterial er òg ei utfordring, og det er naudsynt med auka kunnskap. Vi veit òg lite om kva samla verknader bruken av mange kjemikaliar kan medføre. Produkt vi omgir oss med, som reingjeringsmiddel, klede, møblar, leiketøy og hobbyprodukt, PC-ar og mobiltelefonar, kan innehalde stoff vi har liten eller ingen kunnskap om helse- og miljøverknaden av. Tilsvarande vil gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kunne føre til at helse- og miljøskadelege stoff blir spreidde til omgivnadene. Kjemikaliar som er hamna i jordmassar blir lite uttynna, dei blir som regel verande på same staden over lang tid og lek sakte ut til omgivnadene. Forureiningar som ligg avleira i sjøbotnen, kan spreiast til omgivnadene gjennom bl.a. oppvirvling og beiting og utgjer då først og fremst ein trussel mot planter og dyr i sjøen. Forureiningar blir førte vidare gjennom næringskjedene i sjøen og kan ende opp i fisk og skaldyr som folk et.

Sluttbehandling av avfall vil òg kunne føre til fare for utslepp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn. Det er gjennomført omfattande reguleringar for å avgrense utsleppa av miljøskadelege stoff frå avfallsdeponi og forbrenningsanlegg. Utan slike førebyggjande tiltak kan avfallsdeponi potensielt føre til at forureina sigevatn slepp ut i naturen, med spreiing av miljøgifter og næringssalt som resultat. Utsleppa frå sluttbehandling er vesentleg redusert som følgje av reguleringar, men avbøtande tiltak ved deponi og forbrenningsanlegg vil ikkje heilt kunne eliminere miljøskadelege utslepp. Dei potensielle miljøskadane frå avfallsbehandling gjer det viktig å minimere mengda avfall som blir sluttbehandla. I tillegg inneheld mange typar avfall material som det kan vere miljømessig gunstig å nytte om igjen. Ved å stimulere til meir gjenbruk og gjenvinning, reduserer vi mengda avfall som går til sluttbehandling samtidig som vi utnyttar ressursane i avfallet betre.

Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane knytte til avfallsbehandling på lang sikt vil auke.

Stadig fleire produkt inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Det gjer at mengda farleg avfall frå slike produkt aukar. Farleg avfall kan ikkje behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr.

Radioaktive stoff er nytta til ei rekkje ulike formål i Noreg, som i behandling av pasientar på sjukehus og ved forsking og utdanning. Det er òg radioaktive komponentar i enkelte forbrukarprodukt som for eksempel røykvarslarar. Dette kan føre til utslepp av radioaktive stoff og det oppstår radioaktivt avfall som må takast hand om. Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan oppstå som eit biprodukt i ulike typar prosessindustri, og ved utvinning av mineral og graving i alunskiferhaldig grunn. Forureining og avfall oppstår òg som følgje av oppkonsentrering av naturleg førekommande radionuklidar som finst i berggrunnen, slik som ved utvinning av olje og gass. Radioaktivt avfall oppstår ved framstilling av radioaktive stoff og ved drift av forsøksreaktorane til Institutt for energiteknikk (IFE).

Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan innehalde ulike nuklidar med svært forskjellig faregrad og halveringstid, og i ulike konsentrasjonar. Faregrad og halveringstid er avhengig av dei ibuande eigenskapane til dei radioaktive stoffa og må takast med i vurderinga når det skal avgjerast kva som er forsvarleg handtering av avfallet.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Verkemiddelbruken har som formål å redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. For miljøgifter er det lagt til grunn at bruk og utslepp skal stansast innan 2020. Målet om vesentleg reduksjon av utslepp av prioriterte stoff innan 2010 var eit første steg på vegen mot 2020-målet. Det er dei same stoffa som er omfatta av målet om å stanse utslepp innan 2020 som er oppførte på lista over prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar (rapportering for utslepp av prioriterte stoff er omtalt under statusrapportering på Prop. 1 S (2010-2011). Ein viktig del av arbeidet vidare er òg å identifisere fleire miljøgifter som er omfatta av målet, og følgje opp desse både på nasjonalt og internasjonalt plan. Føre var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker.

Då miljøgifter blir transporterte over store strekningar med luft- og havstraumar, og gjennom handel med produkt, er internasjonalt arbeid svært viktig for å handtere utfordringane vi står overfor. Noreg er aktivt med i arbeidet under Stockholmkonvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Basel-konvensjonen om grensekryssande transport av farleg avfall, Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar og miljøgiftsprotokollane under FNs økonomiske kommisjon for Europa (ECE). Noreg støttar òg den globale kjemikaliestrategien SAICM. Vidare tek Noreg aktivt del i arbeidet med kjemikaliespørsmål innan OSPAR-konvensjonen, FNs Sjøfartsorganisasjon IMO, Nordsjø-deklarasjonane og FNs miljøprogram (UNEP). Under FNs miljøprogram blir det no gjennomført forhandlingar om ei ny global avtale for å redusere bruk og utslepp av kvikksølv. Noreg har spelt ei sentral rolle for å få i gang dette arbeidet. Noreg deltek òg aktivt i Europakommisjonens ekspertgrupper, og har gjennom mange år vore pådrivar for å få til eit høgare beskyttelsesnivå i EU/EØS-lovgivinga.

Nasjonalt er forureiningslova og tilhøyrande forskrifter sentrale verkemiddel for å regulere forureinande utslepp, under dette utslepp av kjemikaliar. Hovudregelen i forureiningslova er at forureining er forbode. Ingen har såleis lov til å forureine utan at det er gitt løyve til det, anten gjennom individuelt løyve til ei verksemd eller i forskrift. Streng regulering av utslepp av farlege kjemikaliar frå industri og prosessar er lagt til grunn gjennom forvaltninga etter forureiningslova. Som den klare hovudregelen blir pålegg etter forureiningslova og nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina vatn, grunn og sjøbotn. For å sikre ein samla og effektiv verkemiddelbruk i dette arbeidet er det i tillegg utarbeidd ein eigen handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn, basert blant anna på fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sjøbotn i dei 17 høgast prioriterte områda i landet.

I tillegg til forureiningslova er produktkontrollova og forskrifter gitt i medhald av dette sentrale juridiske verkemiddel på kjemikalieområdet. Produkt blir omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtala. Hovudregelen er såleis at dei same krava skal gjelde i Noreg og EU. For ein del stoff og bruksområde er det likevel rom for nasjonal regulering. Produktregelverket omfattar blant anna krav til testing av kjemikaliar, merking av farlege kjemikaliar og reguleringar eller forbod for å sikre forsvarleg handtering og reduksjon i utslepp av farlege kjemikaliar. I 2008 vart det innført eit nytt omfattande kjemikalieregelverk i EU/EØS om registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH-regelverket). Utviklinga av dette regelverket vidare vil vere svært viktig i kjemikaliepolitikken, og Noreg bidreg aktivt i dette arbeidet for styrkt regelverk. Vidare er informasjon eit viktig verkemiddel for å skape medvit rundt kjemikaliebruk og innhald i produkt. Avgifter blir òg nytta for å avgrense bruk av enkelte stoff. Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA (European Chemical Agency), som har sete i Helsinki, er ein viktig aktør i EUs kjemikaliearbeid. ECHA registrerer alle kjemikaliar, og er navet i ei omfattande kunnskapsutveksling og vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget. Noreg har ein nasjonal ekspert tilsett i byrået og er representert i styret i ECHA.

Det aller meste av transport av kjemikaliar globalt skjer med skip. Det er gjennom MARPOL-konvensjonen etablert svært strenge globale krav for å unngå miljøskadelege utslepp frå slik transport. I tillegg har IMO etablert ein eigen konvensjon som regulerer bruk av miljøgifter i botnstoff brukt på skip. Denne konvensjonen forbyr bruk av organotinn.

Kunnskapsheving gjennom forsking, kartlegging av potensielt farlege stoff i produkt og utslepp, og miljøovervaking er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Auka kunnskap om helse- og miljøfarlege kjemikaliar er nødvendig for å identifisere risiko for helse og miljø, og for å kunne setje i verk effektive reguleringar og tiltak. Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk vekt i arbeidet internasjonalt for å redusere utslepp av miljøgifter. Data frå Arktis er svært nyttig fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem. Fordi dei lokale utsleppa er låge, eignar nordområda seg godt til å registrere langtransporterte miljøgifter og til å følgje utviklinga over tid.

Avfall

Det overordna målet med avfallspolitikken er å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Det er viktig å minimere utslepp av lokal forureining, klimagassar og miljøgifter frå avfall. Samtidig ønskjer ein å auke utnyttinga av avfallet som ressurs. Politikken på avfallsfeltet skal medverke til at meir avfall blir halde i krinsløp og kjem til nytte som råvarer.

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; forureiningslova og forskrifter gitt i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Verkemidla skal sikre ein samfunnsøkonomisk god balanse mellom det som blir gjenvunne, og det som blir brent eller deponert. Det er innført fleire verkemiddel for å stimulere til gjenvinning, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for enkelte typar avfall. Det er etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar. Svært gode resultat frå retursystema medverkar til høg gjenvinningsgrad.

Innsats knytt til å redusere helse- og miljøfarlege stoff i ulike produkt vil ha innverknad på arbeidet med å redusere miljøproblema frå avfall. Kjemikaliepolitikken har som mål å redusere bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, noko som vil medverke til å redusere mengda farleg avfall som oppstår, såkalla kvalitativ avfallsreduksjon. I tillegg blir det gjort ein særleg innsats for å auke innsamlinga av prioritert farleg avfall. Tilsyn har fått auka merksemd for å redusere illegal import og eksport, særleg eksport til fattige land. Klima- og forureiningsdirektoratet har styrkt samarbeidet med Toll- og avgiftsdirektoratet og andre styresmakter for å gjennomføre ein mest mogleg effektiv kontroll med ulovleg eksport og import av farleg avfall.

I juli 2011 fastsette FNs sjøfartsorganisasjon IMO nye krav til utslepp av avfall frå skip (anna avfall enn olje, kjemikaliar og kloakk). Hovudregelen er at det er forbode å sleppe ut avfall frå skip. Regelverket inneheld òg særskilte vilkår for utslepp av visse typar avfall. Noreg tok i 1999 opp problema knytte til opphogging av skip, og fremja etableringa ev eit internasjonalt bindande regelverk i regi av FNs sjøfartsorganisasjon. Noreg har sidan saka kom på dagsordenen arbeidd for å etablere eit internasjonalt bindande rammeverk i regi av IMO, for å få eit grunnlag for å løyse dei store utfordringane knytte til helse og miljø på området.

EU la i januar 2011 fram ein strategi for auka ressurseffektivitet med forslag til både sektorvise og sektorovergripande tiltak. Noreg har gitt innspel til Europakommisjonen der vi har lagt vekt på avfall og gjenvinning. Miljøverndepartementet følgjer aktivt med på EUs vidare arbeid for auka ressurseffektivitet.

Regjeringa har vedteke å leggje fram ei stortingsmelding om avfallspolitikken. Betre utnytting av ressursane i avfallet og førebygging av avfall vil vere sentrale tema i stortingsmeldinga.

Radioaktive stoff

Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan forårsake helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte. Radioaktiv forureining av norske land- og havområde kjem både frå nasjonale og internasjonale kjelder, slik som utslepp og avfall frå petroleumsindustrien, gruveverksemd, sjukehus og forsking og frå historiske atomsprengingar i atmosfæren og Tsjernobyl-ulykka. Risiko for framtidige ulykker er i hovudsak knytt til anlegg i våre nærområde, i særleg grad dei gamle atomkraftverka i Russland. Forureiningslova gjeld no òg radioaktiv forureining og radioaktivt avfall. Noreg har derfor god kontrollreiskap med sikte på å redusere utslepp og risiko for utslepp nasjonalt og for å sikre eit heilskapeleg og miljømessig forsvarleg system for handtering av radioaktivt avfall. Innføring av eit deklarasjonssystem for radioaktivt avfall er eit viktig verkemiddel for å sikre kartlegging av avfallet. Gjennomføring av regelverket, kartlegging av dei ulike sektorane og å sikre ei god avfallshandtering er høgt prioritert i 2012. I tillegg blir det utført forsking på den verknaden radioaktiv stråling har i det ytre miljøet. Arbeidet med å få betre kunnskap om ulike kjelder til radioaktiv forureining, om miljøeffektane av dei og eit betre grunnlag for overvaking skal òg førast vidare.

Miljøforvaltninga sitt ansvars område

Miljøforvaltninga har hovudansvaret for gjennomføring og oppfølging av forureiningslova. Miljøforvaltninga har ansvaret for å motverke skadelege verknader av kjemikaliar på naturmiljøet og på forbrukarane. Påverknad av arbeidstakarane si helse er arbeidsmiljøstyresmaktene sitt ansvarsområde. Miljøforvaltninga sitt ansvar for helsepåverknad er òg avgrensa til enkelte bruksområde for kjemikaliane. Vidare er ansvaret avgrensa til enkelte eigenskapar ved stoffa. Brann- og eksplosjonsfare ved bruken av kjemikaliar fell utanfor miljøforvaltninga sitt ansvar. Miljøstyresmaktene på kjemikalieområdet er Miljøverndepartementet, Klima- og forureiningsdirektoratet og Fylkesmannen.

Miljøstyresmaktene har hovudansvaret for avfallspolitikken. Enkelte verkemiddel ligg likevel under andre departement sine ansvarsområde. Miljøstyresmaktene på avfallsfeltet er Miljøverndepartementet, Klima- og forureiningsdirektoratet, Fylkesmannen og kommunen.

Miljøforvaltninga har òg ansvar for å verne det ytre miljøet mot skadelege verknader av radioaktiv forureining, blant anna frå utslepp og frå radioaktivt avfall. Miljøstyresmaktene på radioaktivitetsfeltet er Miljøverndepartementet og Statens strålevern.

20 Resultatområde 10 Rein luft

I Noreg finn vi stort sett denne reine, klare lufta som er ein føresetnad for menneske si helse og trivsel, og som er nødvendig for at planter og dyr skal trivast. Dei høge konsentrasjonane av helseskadelege stoff vi har målt i lufta i fleire av byane våre, viser at situasjonen framleis ikkje er god nok. Overskridingar av dei nasjonale måla for lokal luftkvalitet i fleire norske byar skuldast blant anna utslepp frå mange bilar konsentrerte på eitt område, og mange personar som fyrer med ved eller olje på kalde vinterdagar. God luftkvalitet reduserer faren for helseskadar, særleg for sårbare grupper som eldre, barn og foster. Fråvær av støy har òg ein positiv innverknad på menneske sitt ve og vel, og oppleving av stille er ein viktig del av kvalitetane i friluftsområde og kulturmiljø. Den største kjelda i Noreg er vegtrafikkstøy som i følgje Verdas helseorganisasjon stel mange friske år av liva til menneske. For mange av oss er verknadene av luftforureining og sur nedbør blant dei første miljøproblema vi kan hugse. Vi såg bilete av døde trær i Schwarzwald i Tyskland. Her heime forsvann mange tusen fiskebestandar frå vassdraga våre. Sur nedbør kryssar landegrensene. Gjennom målretta internasjonalt samarbeid er tilførslene av sur nedbør vesentleg reduserte. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover dersom ikkje utsleppa i Europa blir ytterlegare reduserte. Når det gjeld ozonlaget, som vernar alt liv mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola, har utsleppa vore kraftig reduserte dei siste åra. Likevel vil det ta lang tid før ozonlaget kan friskmeldast.

Nasjonale mål – Rein luft

10.1. Helse og miljø skal ikkje ta skade av luftforureining frå SO2, NOx, VOC, ammoniakk eller partiklar.

Indikator:

  • Areal med overskridingar av tolegrenser for forsuring.

10.2. Dei årlege utsleppa av svoveldioksid (SO2) skal framleis haldast under 22 000 tonn.

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av SO2.

10.3. Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NOx) skal maksimalt vere 156 000 tonn.

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av NOx.

10.4. Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC) skal framleis haldast under 195 000 tonn. Dei årlege utsleppa frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal framleis haldast under 70 pst. av nivået i 1989 (dvs. 188 000 tonn).

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av VOC.

10.5. Dei årlege utsleppa av ammoniakk skal framleis haldast under 23 000 tonn.

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av ammoniakk.

10.6. Døgnmiddelkonsentrasjonen av svevestøv (PM10) skal ikkje overskride 50 µg/m3 meir enn 7 dagar pr. år.

Indikator:

  • Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer.

10.7. Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO2) skal ikkje overskride 150 µg/m3 meir enn 8 timar pr. år.

Indikator:

  • Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer.

10.8. Forbruket av hydroklorfluorkarbon (HKFK) skal vere fasa ut innan 2010.

Indikator:

  • Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK.

10.9. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromfluorkarbon (HBFK).

Indikator:

  • Reell reduksjon i bruk av KFK og halon.

10.10. Støyplaga skal reduserast med 10 pst. innan 202 0 i forhold til 1999.

Indikator:

  • Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner.

10.11. Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 202 0 i forhold til 2005.

Indikator:

  • Reell reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå.

10.12. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til at helse og miljø ikkje tek skade av luftforureining og at støyplagene skal reduserast.

Tilstand

Lokal luftkvalitet

Svevestøv (PM10 og PM2,5) og nitrogendioksid (NO2) er dei mest dominerande stoffa i lokal luftforureining. Luftkvaliteten har generelt sett blitt betre sidan 1990-talet, men det var framleis overskridingar av nasjonalt mål for svevestøv og NO2 i 2010. I Oslo viser modellberekningar at 60 000 personar var utsette for overskridingar av det nasjonale målet for svevestøv i 2010. Det var om lag 5 000 personar som var utsette for nivå av svevestøv over dette nasjonale målet i Trondheim. Desse anslaga er svært usikre. Men det er ikkje berre dei største byane som har vanskar med å nå nasjonalt mål. Også mindre byar og tettstader har fleire overskridingar enn det som er tillate i forhold til nasjonalt mål for svevestøv.

Når det gjeld NO2 viser berekningar for Oslo at omkring 4 000 menneske vart utsette for nivå over det nasjonale målet. Det er stor uvisse knytt til desse modellberekningane, og målingar kan tyde på at berekna tal på personar utsette for nivå over nasjonalt mål er for lågt. I kuldeperiodar om vinteren kan det bli stilleståande luft og høge forureiningsnivå nær dei mest trafikkerte vegane. Det er òg vanleg at slik vinterkulde endar opp med inversjonslokk som hindrar utluftinga. Ofte varer slike lokk berre nokre timar, men dei kan nokre gonger vare fleire dagar, slik som i Bergen i januar i 2009/2010 og i Oslo i januar 2003 og 2009. Under slike forhold kan store delar av befolkninga bli eksponerte.

I tillegg kan stoff som svoveldioksid (SO2), bakkenær ozon (O3), karbonmonoksid (CO), PAH og benzen bidra til dårleg lokal luftkvalitet.

Langtransportert luftforureining

Utsleppa av svovel og nitrogen i Europa er reduserte med respektive rundt 60 pst. og 20 pst. sidan 1990 og tilførslene til Noreg er reduserte omtrent tilsvarande.

Tolegrensa for forsuring av overflatevatn var i 2005 overskriden i om lag 10 pst. av Noregs areal. Dette omfanget har ikkje endra seg vesentleg dei seinare åra. Det er ingen overskridingar av tolegrenser for forsuring av skog i Noreg.

I store område i Sør-Noreg er mykje av dyrelivet i ferskvatn sterkt skadd. Skadane på botndyr og krepsdyr er framleis store og situasjonen er ustabil. Som følgje av forsuringa er rundt 15 000 fiskebestandar tapt eller sterkt skadde. Vasskvaliteten er blitt betre dei seinare åra. Det er teikn til betring med omsyn til fiskebestandar sidan 1990, sjølv om mange innsjøar framleis er fisketomme.

Areal med overskridingar av tolegrensene for overgjødsling av vegetasjon (terrestriske økosystem) minka i perioden 1980 – 1995, men har ikkje endra seg etter dette. I 2005 var tolegrensene overskridne i ca. 14 pst. av Noregs areal. Nitrogenavsetningane har ført til endringar i det biologiske mangfaldet både i Noreg og i Europa. Resultat frå norske overvakingsprogram viser klare koplingar mellom atmosfærisk avsetning av nitrogen og artssamansetning, og at nitrogennedfall påverkar markvegetasjon og algevekst negativt. I næringsfattig ferskvatn fører auka nitrogentilførsler til auka plantevekst og endringar i det biologiske mangfaldet.

Episodar med høgare ozonkonsentrasjonar i Noreg førekjem gjerne når det er høgtrykk over kontinentet, som fører til transport av forureina luft nordover. Dei høgaste verdiane blir normalt målte på strekninga frå Vest-Agder til Oslofjorden. Høge ozonkonsentrasjonar førekjem ofte som episodar over nokre timar eller dagar, som regel om våren og tidleg på sommaren. Overskridingar av grenseverdiar for bakkenært ozon med tanke på vern av helse skjer kvart år, men talet på og grad av overskridingar varierer mykje frå år til år. EUs grense for melding til befolkninga blir sjeldan overskriden i Noreg (sist i 2006).

Grenseverdien for vern av landbruksvekstar mot ozonskadar blir overskridne enkelte år, mens grenseverdien for skog sjeldan blir overskriden i Noreg.

Støy

Om lag 1,7 million menneske er utsette for eit gjennomsnittleg støynivå over 50 dB ved bustaden sin. Dette omfattar støy frå fly, jernbane, industri, og anna næringsverksemd, men for veg er det berre teke med dei som er utsette for nivå over 55 dB. Bortimot ein halv million menneske er mykje eller sterkt plaga, og rundt 200 000 menneske har problem med nattesøvnen som følgje av støy.

Støy verkar ofte saman med andre stressfaktorar som for eksempel luftforureining. Støy kan medføre psykisk stress, og kan gi helseplager som muskelspenningar og muskelsmerter. Støy kan òg vere ei medverkande årsak til høgt blodtrykk og utvikling av hjarte- og karsjukdommar. Støyreduserande tiltak i trafikksamanheng kan vere å leggje støysvake vegdekke på norske vegar, tiltak for auka sal av støyreduserande bildekk og køyretøy, lågare fartsgrenser med meir. Fleire tiltak må på plass dersom vi skal nå dei nasjonale måla for støyreduksjon.

Tabell 20.1 Definisjonar

Omgrep

Definisjon

Bakkenært ozon

Ozon er ein gass som både finst nær bakken og i dei øvre laga av atmosfæren. Ozon blir danna når nitrogenoksid (NOx) og flyktige organiske sambindingar (VOC) reagerer med kvarandre under påverknad av sollys. Hovudkjelda til bakkenær ozon i Noreg er langtransportert luftforureining frå andre europeiske land. Utslepp i Noreg medverkar òg noko til danning av bakkenært ozon, spesielt nær store utsleppskjelder. Høge nivå av ozon nær bakken kan føre til skadar på helse, vegetasjon og material. I Noreg kan nivåa komme over anbefalte grenseverdiar for helse og vegetasjon i periodar om sommaren.

Nitrogendioksid (NOx)

NOx er ei kjemisk sambinding av oksygen og nitrogen som blir danna ved at desse reagerer med kvarandre under forbrenning ved høg temperatur.

Svevestøv

Svevestøv er ei kompleks blanding av mikroskopiske partiklar i lufta vi pustar inn. Slike partiklar kan dannast ved forbrenningsreaksjonar og mekanisk slitasje, virvlast opp av vind eller dannast direkte i atmosfæren ved kondensering av gassar. Svevestøv eller partikulært materiale (PM) er delt inn i ulike klassar etter partikkelstorleik. Dei viktigaste kategoriane er PM10-partiklar mindre enn 10 mikrometer (mm), PM2,5-partiklar mindre enn 2,5 mm og PM0,1-partiklar mindre enn 0,1 mm.

Sur nedbør

Svovel- og nitrogensambindingar i luft og nedbør gir opphav til sur nedbør og blir sette av i naturen anten med nedbør (våtavsetning) eller som gassar eller partiklar (tørravsetning).

Støy

Støy er uønskt lyd. Støy treng ikkje vere sterk lyd av uharmonisk karakter, som trafikkstøy eller industristøy, det kan òg vere lydar ein vanlegvis knyter til noko positivt.

Påverknader:

Lokal luftforureining

Dei viktigaste kjeldene til svevestøv er trafikk med eksos og asfaltstøv frå piggdekk, vedfyring og langtransportert forureining. Den viktigaste kjelda til utslepp av NO2 er vegtrafikk, der tunge dieselkøyretøy bidreg mest.

Helserisikoen knytt til lokal luftforureining avheng av kor høg konsentrasjonen av dei forureina stoffa er og kor lenge vi blir utsette for dei. Det er i hovudsak astmatikarar og personar med luftvegslidingar eller hjarte- og karsjukdommar som opplever helseeffektar frå luftforureining i Noreg. Av stoffa som bidreg til lokal luftforureining er det størst helserisiko knytt til svevestøv, men det er òg helserisiko knytt til nitrogendioksid (NO2).

Det er venta at konsentrasjonen av svevestøv vil bli redusert i åra framover på grunn av reinare bilpark, omnar som brenn reinare og reduserte bruk av piggdekk, men det vil framleis vere overskridingar av dei nasjonale måla i ei rekkje byar i åra framover. For NO2 er det ikkje venta store endringar i konsentrasjonane med dagens verkemiddelbruk, men trenden for NO2 er meir usikker enn for svevestøv. Auka kunnskap om kva som er dei reelle NOx-utsleppa og betre kunnskap om korleis NO2/NOx-delen vil endre seg med ny bilteknologi vil kunne medføre endra prognosar for framtidige utslepp.

Langtransportert luftforureining

Sur nedbør er resultatet av utslepp av blant anna svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOX) og ammoniakk (NH3). Noreg er særleg utsett for forsuring av vassdrag som følgje av tilførsle av svovel og nitrogen som kjem frå grenseoverskridande luftforureiningar. Utslepp som skjer i eitt land kan føre til betydeleg skade i andre land. Nedfallet av svovel og nitrogen i Noreg stammar først og fremst frå andre land i Europa som Storbritannia, Tyskland og Polen og frå internasjonal sjøfart i dei nære havområda.

Forsuring gir redusert vasskvalitet og har ført til at mange fiskebestandar er reduserte eller har gått tapt, særleg i Sør-Noreg. Anna dyre- og planteliv er òg påverka av sur nedbør. Sjå nærare omtale under resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar.

Nitrogen verkar òg som gjødsel og kan medverke til overgjødsling og endringar i vegetasjonen. Høge konsentrasjonar av ozon ved bakken kan føre til skadar på helse, vegetasjon og material.

Ozonreduserande stoff

Utslepp av ozonreduserande stoff har svekt ozonlaget dei siste 30 åra. Bruken av stoffa er kraftig redusert, men ozonlaget kan truleg ikkje friskmeldast før i 2050 – 2070. Ozonlaget vernar alt liv mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola. Auka stråling kan blant anna føre til alvorlege sjukdomar, så som hudkreft og augesjukdomar, reduserte avlingar, svikt i matvareproduksjonen, og det kan skade havets økosystem. Dei polare marine økosystema ligg i dei områda der UV-stråling er venta å auke mest.

Støy

Vårt moderne samfunn er ei kjelde til auka støy for mange menneske. I fleire tiår har vi hatt ei utvikling med stadig auka transport. Dette gir mykje støy. Vegtrafikk er den dominerande støykjelda i Noreg. Støy frå fly- og jernbanetrafikken har blitt redusert sidan 1999, men meir støy frå vegtrafikken veg dessverre opp for denne positive utviklinga.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Forureiningslova og tilhøyrande forskrifter er sentrale verkemiddel for å regulere forureinande utslepp til luft og støy. Hovudregelen i forureiningslova er at forureining er forbode. Dermed har ingen lov til å forureine utan at det er gitt løyve til det, anten gjennom individuelt løyve til ei verksemd eller i forskrift.

I kommunale planer kan det etter plan- og bygningslova stillast krav til miljøkvalitet og grenseverdiar for tillaten forureining.

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking er eit viktig og nødvendig grunnlag for resultatområdet. Klima- og forureiningsdirektoratet er ein viktig pådrivar for at politikk blir gjennomført. God lokal luftkvalitet og fråvær av støy er òg ein føresetnad for eit godt bymiljø, blant anna er planlegging av kor ulike verksemder skal leggjast og innretning av kollektivtilbod svært viktig. Sjå omtale i resultatområde 7 Godt bymiljø.

Lokal luftkvalitet

Føresegnene om lokal luftkvalitet i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 7 er det sentrale verkemiddelet på området lokal luftkvalitet. I forskrifta er kommunane gjort til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Forskrifta gir grenseverdiar for konsentrasjonar av ei rekkje stoff i luft og stiller krav til målingar, utrekningar, utgreiingar av tiltak og rapportering. Lovgiving har sitt utspring i EUs rammedirektiv for luftkvalitet av 2004, og er innlemma i EØS-avtala. Noreg deltek i styringsgruppa som drøftar EUs vidare strategiar og politikk for å redusere langtransporterte og lokale luftforureiningar.

Fleire potensielle tiltak og verkemiddel som kan redusere luftforureiningar ligg utanfor Miljøverndepartementets myndeområde. Miljøverndepartementet har likevel ei pådrivarrolle i forhold til andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere luftforureining. Dei siste åra har det vore viktig å utvide verktøykassa til kommunar og anleggseigarar slik at det kan setjast i verk tiltak i periodar med overskridingar av grenseverdiane i forureiningsforskrifta. Ein ny rettleiar som klargjer ansvarsforhold ved innføring av tiltak, og når desse skal innførast, vart òg utarbeidd i 2011.

Det nasjonale målet er strengare enn krava i forureiningsforskrifta. For å få ein luftkvalitet som ikkje berre tilfredsstiller krava i forskrifta, men som òg betrar luftkvaliteten mot nasjonale mål har Klima og forureiningsdirektoratet fått i oppdrag å utarbeide eit forslag til innskjerpa grenseverdiar i forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet. Utgreiinga skal ferdigstillast innan utgangen av 2012. Formålet med ei slik innskjerping er å gi kommunar og anleggseigarar eit større insitament til å betre lokal luftkvalitet.

Langtransportert luftforureining

Målet om at helse og miljø ikkje skal ta skade av luftforureining frå SO2, NOx, VOC, ammoniakk eller partiklar kan berre nåast gjennom internasjonalt samarbeid for å redusere langtransportert forureining. Takka vere dei internasjonale avtalene under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining, er tilførslene av sur nedbør til Noreg vesentleg reduserte sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover dersom tilførslene av svovel og nitrogen ikkje blir ytterlegare reduserte.

Langtransportert luftforureining fører òg til overgjødsling av vegetasjon og til høge konsentrasjonar av bakkenært ozon som kan skade både helse, vegetasjon og material. Landa som deltek i samarbeidet under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining er i forskjellig grad råka av ulike skadar som følgje av luftforureiningar. Ettersom dei ulike skadane stort sett skuldast dei same stoffa og utsleppskjeldene, har konvensjonen sine partar valt å gå saman om å finne heilskaplege løysingar på dei forskjellige miljøproblema. Ei lang rekkje land har påteke seg forpliktingar om å redusere sine samla utslepp av luftforureiningar, sist gjennom Gøteborgprotokollen av 1999 om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Landa arbeider no med å revidere Gøteborgprotokollen med sikte på å einast om å gjennomføre nye utsleppskutt fram mot 2020. Noreg deltek i dette arbeidet med mål om å redusere tilførslene av skadelege luftforureiningar ytterlegare, både til Noreg og resten av avtaleområdet. Noreg ser det òg som viktig å medverke til at fleire av landa i Sør- og Øst-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia sluttar seg til den reviderte protokollen. Noreg vil i dette arbeidet òg leggje vekt på at landa skal redusere forureinande utslepp som medverkar til klimaendringar.

Overvakinga av langtransportert forureining i luft og nedbør omfattar undersøkingar både av tilførsler og effektar av forsurande sambindingar (svovel- og nitrogensambindingar), eutrofiering (nitrogensambindingar), bakkenært ozon, partiklar og miljøgifter (tungmetall, persistente organiske sambindingar). Klima- og forureiningsdirektoratet har ansvaret for dei fleste overvakingsprogramma.

Atmosfærisk tilførsel av forureinande sambindingar er overvaka ved måling av kjemiske komponentar i luft og nedbør. Formålet er å registrere nivå og eventuelle endringar i tilførsla av langtransporterte luftforureiningar. Målestasjonane er derfor plasserte slik at dei er minst mogleg påverka av lokale utsleppskjelder (bakgrunnsstasjonar).

Tilførsler av sambindingar i luft som fører til forsuring og eutrofiering er overvaka på seks stasjonar (inkludert Zeppelin-observatoriet på Svalbard). Tilsvarande sambindingar i nedbør er overvaka på 12 stasjonar. Atmosfæriske tilførsler av bakkenært ozon (og ozondannarar) er overvaka på fire stasjonar i fastlands-Noreg, og på Svalbard. Atmosfæriske tilførsler av partiklar i luft er overvaka på tre bakgrunnsstasjonar i fastlands-Noreg. Partiklar kan i særleg grad føre til helseskadar, og til skadar på material.

Forsuringsverknader på vasskvalitet er følgt gjennom overvaking av innsjøar og små nedbørfelt. Vasskvaliteten i om lag 70 innsjøar og seks små nedbørfelt blir undersøkt årleg for å gi ei regional/landsdekkjande beskriving av vassforsuringsproblemet og endringar i situasjonen. Det biologiske overvakingsprogrammet følgjer verknader på fisk gjennom regionale undersøkingar, og omfattar fiskebestandar i innsjøar og bekker, og botndyr i innsjøar. Verknader av eutrofiering i terrestrisk miljø (vegetasjonsendringar) er overvaka av Direktoratet for naturforvaltning som dekkjer delar av dette gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV).

Noreg samarbeider internasjonalt om utvikling av kunnskap om utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar gjennom Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP) og andre samarbeidsprogram under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining. Landa samarbeider òg innanfor ramma av denne konvensjonen om å utvikle kunnskapsgrunnlaget for val av tiltaksstrategiar for å redusere miljøskadar som følgje av langtransportert luftforureining, under dette kunnskap om moglege utsleppsreduserande tiltak og kostnader ved desse. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk Institutt for Luftforskning og Norsk Institutt for Vannforskning medverkar i vesentleg grad til denne kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining.

Noreg har i Gøteborgprotokollen forpliktingar om å halde dei samla årlege utsleppa av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar unnateke metan (NMVOC) og ammoniakk (NH3) under talfesta nivå frå 2010. EU har innlemma forpliktingane i Gøteborgprotokollen i sitt miljøregelverk. Det vart i desember 2009 bestemt å innlemme EUs direktiv, «takdirektivet», om nasjonale utsleppstak for forureiningar til luft i EØS-avtala. Noreg har i EØS-avtala teke på seg å halde dei same utsleppstaka som dei vi har i Gøteborgprotokollen. Regjeringa ser det som svært viktig å overhalde desse forpliktingane som tilsvarer dei nasjonale måla 10.2. – 10.5.

Foreløpige utsleppstal publiserte av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2011, viser at Noreg i 2010 overheldt utsleppsforpliktingane for SO2, VOC og ammoniakk. Utsleppa av NOx låg i 2010 om lag 32 500 tonn over forpliktinga Noreg har i Gøteborgprotokollen om eit maksimalt årleg utslepp på 156 000 tonn frå 2010, sjå nærare omtale under Statusbeskriving for måla i Prop. 1 S (2010-2011). Hovudfokuset framover vil derfor vere på å redusere utsleppa av NOx i tråd med forpliktinga i protokollen.

Av utsleppa som er omfatta av Gøteborgprotokollen, blir utslepp av SO2, NOx og VOC regulerte i utsleppsløyve etter forureiningslova og i tråd med føresegnene i relevante EU-direktiv som er innlemma i EØS-avtala. Slik regulering har dei seinare åra vore særleg viktig for å redusere utsleppa av VOC frå lasting og lagring av råolje på sokkelen. På bakgrunn av utsleppsforpliktinga i Gøteborgprotokollen inngjekk Miljøverndepartementet og Norsk Industri (tidlegare Prosessindustriens Landsforeining) i 2001 ei intensjonsavtale om reduksjonar i svovelutsleppa. Utslepp frå den enkelte verksemda blir regulerte i utsleppsløyve frå Klima- og forureiningsdirektoratet. Denne avtala er no gjennomført. Miljøverndepartementet og Norsk Industri forlenga i 2010 intensjonsavtala ut 2014. Tilleggsavtala har som formål å sikre at dei årlege utsleppa av SO2 frå prosessindustrien ikkje skal overstige 11 000 tonn. Industrien overheldt denne forpliktinga i 2010.

Utslepp av desse gassane er òg regulerte i forskrifter etter forureiningslova, produktkontrollova og relevant sektorlovgiving. Til dømes er utsleppa av NOx frå køyretøy regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krav til kvaliteten på bensin og autodiesel til køyretøy, ikkje-veggåande maskiner og landbrukstraktorar er fastsette i forskrift til produktkontrollova. Innhaldet av svovel i fyringsolje er regulert i forskrift til forureiningslova. Krav til utslepp av VOC frå lagring, distribusjon og påfylling av bensin, frå bruk av løysemiddel i visse verksemder og anlegg, og VOC i måling og lakk er regulerte i forskrifter til forureiningslova og produktkontrollova.

Nærare 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. For å oppfylle Noregs forpliktingar i Gøteborgprotokollen om utslepp av ammoniakk, har Landbruks- og matdepartementet innarbeidd nye krav til utforming av husdyrrom og gjødsellager for ekstra store svine- og fjørfebesetningar i forskrift om gjødselvarer mv., av organisk opphav.

Avgiftspolitikken er òg viktig for å stimulere til reduserte utslepp til luft. Noreg har i fleire år hatt avgift på svovelinnhaldet i mineraloljer. Avgifta bidreg til å redusere svovelutsleppa. NOx-avgifta og Miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane av 2008 om reduksjon av NOx-utsleppa er særleg viktige verkemiddel for å redusere desse utsleppa, sjå nærare omtale i boks 20.1. Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane har forlenga NOx-avtala for perioden 2011-2017. Klima- og forureiningsdirektoratet har som oppgåve å sjå til at organisasjonane overheld sine forpliktingar i NOx-avtala. Direktoratet har stadfesta at organisasjonane oppfylte reduksjonsforpliktingane på 2 000 tonn for 2008, 4 000 tonn for 2009 og 5 000 tonn for 2010.

Boks 20.1 Avgifta på utslepp av NOx og Miljøavtala om reduksjon av NOx-utsleppa

I tråd med Stortingets vedtak sette Regjeringa 1. januar 2007 i verk avgift på utslepp av NOx. For 2011 er avgifta sett til 16,43 kr/kg NOx. Stortinget vedtok i samband med innføring av NOx-avgifta at utsleppskjelder omfatta av miljøavtale med staten om gjennomføring av NOx-reduserande tiltak i samsvar med eit fastsett miljømål kan få mellombels fritak for avgift. Den 14. mai 2008 vart det inngått ei slik avtale mellom staten ved Miljøverndepartementet og 14 organisasjonar. Det overordna målet for avtala er å redusere dei samla årlege NOx-utsleppa frå kjelder som er omfatta av avtala til maksimalt 98 000 tonn. Ifølge avtala tek næringsorganisasjonane på seg å redusere dei årlege NOx-utsleppa med 30 000 tonn. Som følgje av endringar i utsleppsframskrivingane og i tråd med føresegnene i avtala, er denne forpliktinga nedjustert til 18 000 tonn, og av dette kan tiltak som reduserer dei årlege utsleppa med 7 000 tonn gjennomførast i løpet av 2011. Verksemder som slutta seg til avtala fekk fritak for NOx-avgift i tre år – 2008, 2009 og 2010. Dersom næringsorganisasjonane har oppfylt mindre enn 90 pst. av den årlege forpliktinga innan fristen, må verksemdene betale avgift for det aktuelle året. Avgiftssatsen blir i så fall redusert med den prosentvise delen av forpliktinga som er oppnådd.

Miljøverndepartementet og 15 næringsorganisasjonar inngjekk 14. desember 2010 ei ny NOx-avtale for perioden 2011-17. Den nye avtala omfattar dei same kjeldekategoriane som den første. I tillegg er utslepp frå avfallsforbrenning omfatta. EFTAs overvakingsorgan (ESA) bestemte 19. mai 2011 å godkjenne vidare fritak for NOx-avgift for åra 2011-17 på grunnlag av den nye avtala, som foreineleg med EØS-avtala.

Den nye avtala inneber at det skal gjennomførast tiltak som reduserer dei årlege NOx-utsleppa frå kjeldekategoriane som er omfatta med 16 000 tonn, etter følgjande tidsplan: 2011: 3 000 tonn, 2012: 2 000 tonn, 2013-14: 4 000 tonn, 2015-16: 4 000 tonn og 2017: 3 000 tonn. Forpliktinga i den nye avtala for 2011 kjem i tillegg til tiltaka som skal gjennomførast dette året i medhald av den første avtala. Organisasjonane har òg forplikta seg til å oppretthalde effektane som er oppnådde gjennom den første avtala ut den nye avtaleperioden.

Regjeringa arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon IMO og IMO-konvensjonen MARPOL, vedlegg VI, for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten. Etter initiativ frå blant anna Noreg, fastsette IMO i 2008 nye krav til utslepp av NOx. Frå 1. januar 2011 skal skip bygde og maskineri installert etter denne datoen ha 15-22 pst. lågare utslepp enn dei tidlegare krava. Det er òg vedteke krav til utslepp av NOx frå eksisterande maskineri over 5 000 kW og sylindervolum over 90 liter installert på skip bygde i perioden 1990-1999. Regjeringa vurderer, saman med dei andre Nordsjølanda, å søkje IMO om å gi Nordsjøen status som spesiell region med strengare krav til utslepp av NOx.

Gjennom MARPOL-konvensjonen, vedlegg VI, er det etablert eit svovelkontrollområde i Nordsjøområdet (sør for 62. breiddegrad, aust for 4. lengdegrad). Dette inneber at skip må nytte drivstoff med maksimalt 1,0 vektprosent svovel i dette området, mens den alminnelege grensa i MARPOL er 4,5 vektprosent. Frå 1. januar 2012 er den alminnelege grensa sett til 3,5 vektprosent svovel.

Det er vedteke at svovelkravet i svovelkontrollområda skal være 0,1 vektprosent i 2015 og at kravet i andre havområde skal vere 0,5 frå 2020, eller seinast 2025 dersom IMO vedtek utsetjing. Svovelkrava for skipsfarten vil medføre ein sterk reduksjon i bruken av tungolje.

Ozonreduserande stoff

Noreg har oppnådd gode resultat i reduksjon og stans i bruk av ozonreduserande stoff. Vi oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen og vi har ei målsetjing om å utvikle dette avtaleverket vidare til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff både nasjonalt og internasjonalt. Bindande internasjonale avtaler er avgjerande for å løyse dei globale og grenseoverskridande miljøutfordringane.

Miljøstyresmaktene arbeider òg aktivt med å fase ut all bruk av ozonreduserande stoff i Noreg. Det er likevel framleis attståande utfordringar som må følgjast opp for at ozonlaget skal restituerast innan rimeleg tid. Blant anna gjeld dette reduksjon i forbruket av gjenvunnen HKFK, og å sikre at stoff som ikkje lenger er i bruk blir forsvarleg teke hand om og destruert.

Montrealprotokollen er ei internasjonal avtale som forpliktar medlemslanda til betydelege reduksjonar i utslepp av gassar som er skadelege for ozonlaget. Reduksjonane er strengast for dei rikaste landa, som har stått for størsteparten av utsleppa. FNs miljøprogram, UNEP, har rekna ut at utan Montrealprotokollen ville mengda av ozonreduserande gassar i stratosfæren i år 2050 ha vore fem gonger større enn i dag.

Støy

Forureiningsforskrifta kapittel 5 stiller krav til gjennomføring av utbetringstiltak for personar som er utsette for innandørs støy over 42 dB i gjennomsnitt over døgnet. Støy frå blant anna industri, motorsport og skytebaner kan regulerast gjennom konsesjonssystemet i forureiningslova, mens lov av 11. juni 1976 nr. 79 om produktkontroll med underliggjande forskrifter heimlar støykrav til ulike produkt.

Fleire potensielle tiltak og verkemiddel som kan redusere støyplager ligg utanfor Miljøverndepartementets myndeområde. Miljøverndepartementet har likevel ei pådrivarrolle i forhold til andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager.

Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel for å førebyggje støyproblem. Det er gitt ei felles retningslinje for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene. Norske styresmakter har sett eit mål om at støyplaga skal reduserast innan 2020. Det er utarbeidd ein nasjonal handlingsplan mot støy som angir kva slag tiltak som er nødvendige for å nå måla.

Mange av dei mest støyutsette bustadane har fått fasadeisolering og støyskjerming, men for å nå måla må vi i tillegg redusere støyen der den oppstår. Støyreduserande tiltak i trafikksamanheng kan vere å leggje støysvake vegdekke på norske vegar, tiltak for auka sal av støyreduserande bildekk og køyretøy, lågare fartsgrenser med meir.

EU arbeider òg med å avgrense støy frå ulike kjelder som køyretøy, fly og flypassar, og ei rekkje maskiner til utandørs bruk. Gjennom EØS-avtala er det stilt krav til at Noreg blant anna skal utarbeide støykart og ein handlingsplan for å redusere støy (frist juni 2013).

21 Resultatområde 11 Stabilt klima

Forbrenning av fossile brensel og nedhogging av skog fører til ein varmare klode og vil få betydelege konsekvensar for måten vi er vane med å leve på. Auka temperatur gir utsikter til auka havnivå, meir ekstremvêr i form av kraftig nedbør, flaum og tørke og ikkje minst er det frykt for irreversible endringar i økosystemet og tap av naturverdiar vi har eit globalt ansvar for å ivareta. Klimaendringane vil kunne medverke til at allereie truga arter som fjellrev, villrein og snøugle blir borte for godt. To hundreår med kraftig betring i levekår i industrilanda har medført ei belastning på naturressursane som no trugar velstandsnivået og levestandarden vår.

Utslepp av klimagassar blir spreidde utover heile atmosfæren, noko som gjer klimaendringar til eit problem som må løysast på globalt nivå. Nasjonale mål og verkemiddel må derfor utformast i lys av internasjonale mål og forpliktingar og internasjonalt samarbeid. I København i 2009 samla verdas leiarar seg om ei målsetjing om å halde den globale oppvarminga under to grader i forhold til førindustriell tid. Sett under eitt er landa langt unna dette i praktisk politikk.

Sjølv ei oppvarming på opptil to grader vil få betydelege konsekvensar for natur og samfunn. Vi må setje i verk tiltak for at kommande generasjonar og andre delar av verda skal få like gode levekår som oss. Derfor må vi redusere utsleppa i Noreg, samtidig som vi jobbar for ei internasjonal avtale som gir utsleppskutt òg i andre land. Vi må òg handtere både klimaendringane vi allereie ser og dei som vi veit vil komme.

Nasjonale mål – Stabilt klima

11.1. Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 pst. under 1990-nivå.

Indikator:

  • Nasjonal utsleppsutvikling og bruk av fleksible mekanismar.

11.2. Noreg skal fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990. Gjennom Klimameldinga og Klimaforliket er det slått fast at det er realistisk å ha eit mål om å redusere utslepp i Noreg med 15-17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i høve til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert i tråd med eksisterande regelverk under Kyotoprotokollen.

Indikatorar:

  • Nasjonal utsleppsutvikling.

  • Nasjonal utsleppsstatistikk – fordelt på sektorinndelinga frå Klimameldinga.

11.3. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp i 2030.

11.4. Redusert avskoging og degradering av skog i utviklingsland skal gi lågare utslepp av klimagassar, og medverke til berekraftig utvikling og fattigdomsreduksjon.

11.5. At samfunnet er mindre sårbart for klimaendringar og at Noregs tilpassingsevne er styrkt.

11.6. Betydninga av robuste økosystem og naturmangfald som karbonlager skal vere styrkt i arbeidet med tilpassing og arbeid mot klimaendringar innan 2020, inkludert restaurering av minst 15 pst. av degraderte økosystem.

11.7. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal leggje til rette for ein samordna areal- og transportpolitikk som medverkar til låge klimautslepp, og medvarkar til å redusere samfunnet si sårbarheit for klimaendringar.

Tilstand

Forskarane i verda har aldri vore sikrare på at den globale oppvarminga dei siste 50 åra er menneskeskapt. I følgje FNs klimapanels fjerde hovudrapport er 11 av dei 12 åra mellom 1995-2006 blant dei 12 varmaste åra som er registrerte sidan målingane starta i 1850. Målingar av klimagasskonsentrasjonar i atmosfæren og i iskjernar viser at konsentrasjonen av CO2 er høgare enn den har vore dei siste 650 000 åra. Den auka konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren fører til ein forsterka drivhuseffekt, noko som medverkar til auka temperatur på jorda. Den globale temperaturen har auka dobbelt så raskt dei siste 50 åra som for 100-årsperioden frå starten av 1900-talet og fram til i dag. Temperaturauken gir havnivåstigning og kan føre til auka avsmelting frå isbrear og redusert havis.

Utsleppsframskrivingane som er refererte i FNs klimapanels fjerde hovudrapport viser at dei globale utsleppa kan vekse med 25-90 pst. frå 2000 til 2030, med dagens klimaverkemiddel. I desse framskrivingane ligg fossil energi framleis inne med ein betydeleg del av verdas energiforbruk i 2030. FNs klimapanel har gjort anslag over kor store utsleppa bør vere i 2050 om auken i den globale oppvarminga skal avgrensast til under to grader. Med ei estimert befolkning på ni milliardar menneske tilseier dette at dei globale utsleppa blir avgrensa til omtrent to tonn CO2-ekvivalentar pr. innbyggjar (horisontal strek i figur 21.1).

Figur 21.1  Utslepp av klimagassar i utvalte land i 2005

Figur 21.1 Utslepp av klimagassar i utvalte land i 2005

Det internasjonale energibyrået (IEA) framhevar i World Energy Outlook 2010 betydninga av politisk handling for å realisere togradermålet. For å oppfylle togradermålet må verdas forbruk av olje og kol reduserast frå 2020. Det inneber ifølgje IEA at nye petroleumsområde der kostnadene er høgast vil bli sette i produksjon i avgrensa grad. For å erstatte bruken av fossil energi i dette scenarioet, må fornybar energi og kjernekraft samla sett doble marknadsdelane sine i 2035. Om kjernekraft skulle bli mindre aktuelt, må fornybar energi få ei tilsvarande styrkt rolle. Dette vil krevje svært store tilleggsinvesteringar samanlikna med det som vil følgje av dagens politikk og verkemiddelbruk på klima- og energiområdet. For perioden 2010–2035 blir det kravd ekstra investeringar i blant anna kjernekraft, fornybar energi og CO2-handtering på 100 000 mrd. kroner for å oppfylle togradermålet.

Det at verdssamfunnet har utsett å treffe nødvendige tiltak for å starte ei omstilling i tråd med togradermålet, har ifølgje det internasjonale energibyrået (IEA) medført at rekninga dei siste åra har auka med fleire tusen milliardar kroner. Ekstrakostnadene skuldast behovet for meir dramatiske reduksjonar etter 202 0, som følgje av den svake omstillingstakten vi ser i dag. Desse berekningane føreset ein kostnadseffektiv global verkemiddelbruk, blant anna ein felles pris på utslepp av CO2. Om det ikkje lykkast å etablere eit internasjonalt rammeverk for ei kostnadseffektiv global gjennomføring av klimapolitikken, blir kostnadene truleg vesentleg høgare.

Boks 21.1 «Klimagassutslepp og klimaendringar»

Klimagassutslepp samlar seg i atmosfæren. Der slepp dei gjennom det meste av energien frå sola, som kjem i form av kortbølgja stråling. Samtidig reduserer dei tilbakestrålinga frå jorda i form av infraraud langbølgja varmestråling. Større konsentrasjonar av klimagassar fører derfor til auka temperatur i den nedre delen av atmosfæren, kalla troposfæren. Den naturlege drivhuseffekten er livsnødvendig for menneske og dyr på jorda. Utan denne ville gjennomsnittstemperaturen på jorda ha vore 18 kulde gradar. Verdshava ville ha vore dekte av is. Menneska sine utslepp av klimagassar har etter den industrielle revolusjonen medverka til eit menneskeskapt tillegg til denne naturlege drivhuseffekten.

Det er stor uvisse knytt til konsekvensar av klimaendringar, men vi veit at klimaendringane vil forsterke mange av dei utfordringane vi har i dag. FNs klimapanel konkluderer i sine analysar at sjølv om den globale oppvarminga blir stabilisert vil òg ei gjennomsnittleg temperaturstigning på om lag to grader føre til alvorlege konsekvensar for natur og samfunn.

Menneskeskapte utslepp av klimagassar har òg konsekvensar for ei rekkje andre miljøområde. Auka konsentrasjon av CO2 i atmosfæren fører for eksempel til havforsuring og reduksjon i naturmangfald. Mange av tiltaka for å redusere CO2-utsleppa vil òg kunne redusere langtransportert og lokal luftforureining.

Hungersnaud på Afrikas horn og flaumkatastrofen i Pakistan minner oss om at mennesket er uløyseleg knytt til det livgrunnlaget klima gir. Hendingar som flaum og tørke er avhengig av mange forhold. Politisk stabilitet, korleis vi utnyttar naturressursane og korleis vi innrettar infrastrukturen er avgjerande for om ei naturhending blir til ein katastrofe. Med klimaendringane kan det ventast oftare og meir intense nedbørshendingar, samtidig som det blir mindre nedbør i allereie tørre område. I ein sårbar natur og i sårbare samfunn kan derfor klimaendringane føre til at det vi i dag ser som katastrofar blir ein del av kvardagen for millionar av menneske. I tørkeramma område, i store elvedeltaområde, lågtliggjande kystlandskap og øysamfunn kan mange bli tvinga til å flytte frå heimane sine.

Årsmiddeltemperaturen for fastlands-Noreg har auka med om lag 0,8 grader dei siste hundre åra, mens årsnedbøren har auka med knappe 20 pst. sidan 1900. I Noreg er temperaturen venta å stige ytterlegare med mellom 2,3 og 4,6 grader fram til slutten av dette hundreåret, avhengig av kor mykje klimagassutsleppa blir reduserte. Det er òg venta ytterlegare auke i årsnedbøren på mellom 5 og 30 pst. Ei rekkje andre endringar vil òg ha innverknad på natur og samfunn: Stigande havnivå, lengre vekstsesong, endra risiko for ekstremhendingar som flaum og skred, høgare havtemperatur, eit surare hav og kortare snøsesong.

Det er venta endringar i alle naturtypar i Noreg som følgje av klimaendringar. For naturmiljøet er klimaendringane den store forsterkaren, som saman med anna menneskeleg påverknad kan føre til tap av naturmangfald. Særleg sårbare er arter og økosystem i Arktis og i høgfjellet som ikkje kan tilpasse seg når leveområda deira blir endra. Eit eksempel er villreinen som er truga av varmare og fuktigare klima om sommaren som gir grobotn for sjukdommar og parasittar, og mildare vintrar med meir ising. Aukande nedbør fører til meir avrenning som påverkar vassdraga, og i ein del vassdrag kan sommartemperaturen bli så høg at arter som laks og aure får problem med å overleve. Endringar i nedbørsmønsteret påverkar forureiningssituasjonen, med auka tilførsel av miljøgifter, partiklar og næringssalt til mange vassdrag og sjøar. Havforsuring kan ha stor negativ verknad på livet i havet.

For samfunnet vil klimaendringane endre føresetnader for samfunnsplanlegginga på fleire område. Område der det tidlegare har vore trygt å byggje, kan i framtida bli meir utsette for flaum og skred. Meir og meir intens nedbør kan føre til auka problem med overvatn, flaum og skred som samla vil auke kostnadane knytt til utbygging, sikring og vedlikehald.

Klimaendringane skaper òg utfordringar i forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø. Det er venta at klimaendringane vil føre til at nedbrytinga av kulturminna går raskare. Varme og fukt stimulerer biologiske og kjemiske nedbrytingsprosessar og medfører auka risiko for ròteskade på trebygningar. Om lag 80 pst. av den freda bygningsmassen er bygd i tre. Mange kulturminne vil òg vere utsette for ekstreme vêrhendingar som storm og flaum. På Svalbard vil tining av permafrosten skape utfordringar. Klimaendringane vil dermed kunne gi auka tap av kulturminne og kulturmiljø og større skadar. Når klimaet endrar seg blir òg bevaringsforholda endra, og forvaltninga må tilpassast desse endringane.

Meir vatn kan innebere auka inntening for kraftsektoren, og jord- og skogbruk kan tene på forlenga vekstsesong.

Venteleg vil ein stor temperaturauke få dramatiske konsekvensar blant anna for mattryggleiken i verda. Høgare temperatur vil truleg òg gi meir smelting av isdekket på land og stiging av havnivået i ein skala som vil gjere store befolkningstette område umoglege å bu i. Åtvaringa frå forskinga er klar. Ei global oppvarming på to grader vil gi ei rekkje utfordringar for natur og samfunn. Ei global oppvarming over det kan verte ei for overveldande utfordring for verda å handtere.

Klimaendringane slår ulikt ut på jordkloden. Temperaturen aukar meir over landområde ved polane. I Arktis er temperaturauken det dobbelte av gjennomsnittet i verda. Dei siste ti åra er det observert dramatiske endringar i isdekket i Arktis, med redusert utstrekning og varigheit både av sjøis og snødekke. Temperaturauken i nordområda er ekstra alvorleg – konsekvensane her medverkar til å forsterke den globale oppvarminga. Isen reflekterer sollyset. Når isen smeltar, blir det mindre refleksjon av sollys og dermed meir oppvarming. Sot som legg seg på snø og is, reflekterer ikkje sollyset. Nye resultat frå arbeid under Arktisk Råd viser at sot i vesentleg grad medverkar til issmeltinga i Arktis, og dermed òg til den globale oppvarminga. Temperaturar i permafrosten har auka med opp til 2 grader. Om permafrosten tiner, kan store mengder av den sterke klimagassen metan bli frigjort frå bakken og ytterlegare forsterke og skunde fram klimaendringane. Overvakinga av klimagassar på Svalbard viser ein markant auke i konsentrasjonen av metan dei siste fem åra. Det er foreløpig usikkert om dette har samanheng med smelting av permafrost. Forskarar anslår at ein temperaturauke på 3,5 grader på Svalbard vil føre til introduksjon av om lag 80–100 nye plantearter, ein auke på 50–70 pst. Arter som er spesielt tilpassa polarklimaet, vil få store problem.

Påverknader

Sidan den industrielle revolusjonen på 180 0-talet har CO2-konsentrasjonen i atmosfæren auka med nesten 40 pst. Skal vi klare å halde den globale temperaturauken under 2°C, må konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren i følgje FNs Klimapanel halde seg innanfor eit visst intervall (445-490 ppm CO2-ekvivalentar). Den globale konsentrasjonen av klimagassar har stige frå 270 ppm i førindustriell tid til ca. 390 ppm i 2010. I følgje FNs klimapanel må dei samla utsleppa i verda stabiliserast innan 2015 og deretter reduserast med 50-85 pst. innan 2050 for å halde temperaturauken under 2 grader.

Tabell 21.1 Globale utsleppstal i millionar tonn CO2-ekvivalentar

Land

1990

2005

Endring

Gjennomsnittleg årleg vekst

Total vekst

Heile verda

36,059.0

43,185.9

7,126.9

1.2%

19.8%

Industriland (Annex I)

18,038,6

17,768,1

-268.5

-0.1%

-1.5%

Afrika Sub-Sahara

2,023.0

2,392.1

369.1

1.1%

18.2%

Sør-Amerika

3,835.0

4,464.4

629.5

1.0%

16.4%

Oseania

521.7

697.6

175.9

2.0%

33.7%

Nord-Amerika

6,522.7

7,601.1

1,078.4

1.0%

16.5%

Midtausten & Nord-Afrika

1,475.2

2,626.3

1,151.1

3.9%

78.0%

Europa

9,754.7

7,873.6

-1,881.1

-1.4%

-19.3%

Sentral-Amerika & Karibia

770.4

1,013.7

243.3

1.8%

31.6%

Asia

10,610.9

16,007.3

5,396.4

2.8%

50.9%

Note: Kva slag land som er omtalte som industriland med eit særskilt ansvar i klimaforhandlingane, er spesifisert i Klimakonvensjonens Annex I

Kjelde: World Resources Institute, http://cait.wri.org

Truleg vil over to tredelar av utsleppsauken komme frå utviklingsland som endeleg står på terskelen av ei velstandsutvikling, noko som dessverre òg vil medføre auka utslepp. Kina har allereie gått forbi USA som landet med størst totale utslepp i verda. Men i forhold til folketalet er det framleis dei rike industrilanda som har størst utslepp. Klimapanelet ventar at utsleppa pr. innbyggjar i industriland vil vere tre gonger så høge som i utviklingslanda i 2030.

Snarlege tiltak mot avskoging er heilt nødvendig for å oppnå målet om at den globale middeltemperaturen skal halde seg under 2 grader i forhold til førindustrielt nivå. Klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland (REDD) utgjer i følgje Klimapanelets vurderingar om lag 17 pst. av dei årlege globale utsleppa av klimagassar, og ein reduksjon i desse utsleppa er eit viktig og føremålstenleg tiltak i innsatsen mot global oppvarming. Det er relativt sett kostnadseffektivt og kan gi store og relativt raske utsleppsreduksjonar. Klimaforliket frå januar 2008 etablerte ei brei politisk semje om ei norsk satsing på inntil 3 mrd. kroner årleg for REDD.

Dei nasjonale utsleppa av klimagassar gjekk ned i 2008 og 2009, mykje som ei følgje av den økonomiske situasjonen, men òg som følgje av ny utsleppsreduserande teknologi. Men i 2010 auka utsleppa igjen med 4,8 pst. i forhold til året før og enda på 53,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar, ifølgje førebelse tal frå klimagassrekneskapen til Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet. Veksten skuldast at både transport og industri har henta seg inn etter nedgangen under finanskrisa.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Regjeringas politikk på klimaområdet er i vesentleg grad basert på FNs klimapanel sine funn og vurderingar. Gjennom aktiv norsk deltaking i dei internasjonale klimaforhandlingane blir det søkt å oppnå semje om utsleppskutt på global basis. Som industriland har vi saman med dei andre industrilanda eit felles ansvar for å leie an i å redusere utsleppa i verda. I tillegg til at vi bør arbeide for å redusere utslepp utanfor eigne landegrenser, bør vi gjere noko med våre eigne utslepp. Det er nedfelt i Kyotoprotokollen under FNs Klimakonvensjon at tiltak i andre land (fleksible mekanismar) berre skal vere eit supplement til nasjonale utsleppsreduksjonar. Det er viktig at Noreg og andre rike land går føre og viser at det er mogleg å kombinere vekst i velstandsnivået med reduserte innanlandske utslepp. Derfor var det viktig å fokusere på nasjonale klimatiltak og nasjonale klimamål i klimameldinga frå 2007 og klimaforliket i 2008. Eit fleirtal på Stortinget har òg stilt seg bak at det er eit langsiktig mål at Noreg skal bli eit lågutsleppsamfunn. Vidare står det i Cancúnavtala at alle land, både u-land og i-land bør lage planar for korleis dei skal bli lågutsleppsamfunn. Det er òg ein viktig del av dynamikken i dei internasjonale klimaforhandlingane å vise at vi har kontroll over eiga utsleppsutvikling gjennom nasjonale tiltak. For det første er det eit unisont krav frå u-landa at i-landa tek ansvar for eigne utslepp. For det andre er i-landa sine gjennomsnittsutslepp per innbyggjar langt over nivået for u-landa, noko som gjer det vanskelig å sjå for seg at forhandlingar for å få u-landa til å ta på seg reelle utsleppskutt vil kunne føre fram før vi gjer meir med eigne utslepp.

Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, under dette karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O), og F-gassar (HFK, PFK og SF6). Departementet sitt arbeid med å redusere utslepp frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland fell òg inn under dette resultatområdet. Under resultatområdet høyrer òg dei klimarelaterte konsekvensane av menneskeskapte utslepp av kortliva partiklar som for eksempel svart karbon (sot). Alle resultatområdet sine underområde er sektorovergripande utfordringar som krev samordning og forpliktande samarbeid på tvers av sektorane. Miljøverndepartementet har eit overordna ansvar for gjennomføringa av miljøpolitikken i tråd med vedtekne miljøpolitiske mål. I tråd med sektoransvaret har den enkelte sektor òg ansvar for implementeringa i sin sektor, men Miljøverndepartementet speler ei viktig rolle som pådrivar- og koordinator overfor andre sektorar og aktørar.

Miljøverndepartementet har i tillegg ansvar for ei rekkje eigne verkemiddel i miljøpolitikken. Forureiningslova og klimakvotelova er sentrale verkemiddel innanfor resultatområdet.

Det viktigaste verkemidlet for å få redusert utsleppa av klimagassar i tråd med togradermålet er at verda kan einast om ei ny ambisiøs global avtale. Noreg arbeider for ei global ambisiøs og bindande avtale som skal avgrense veksten i den globale middeltemperaturen til to grader i forhold til førindustrielt nivå. Med referanse til FNs klimapanel går vi inn for at dei globale utsleppa skal nå sitt maksimum seinast i 2015 og reduserast med 50-85 pst. innan 2050 i forhold til 2000. Dette bør konkretiserast i form av mål om å redusere industrilanda sitt samla utslepp med 25-40 pst. innan 2020 og med 80-95 pst. innan 2050 i forhold til 1990. Vidare meiner Noreg at dei samla utsleppa i utviklingslanda bør reduserast med 15-30 pst. innan 2020 i forhold til korleis utviklinga elles ville bli, med ytterlegare reduksjonar deretter.

Prioriterte område for Noreg i klimaforhandlingane har blant anna vore:

  • Ambisiøse utsleppsreduksjonar for alle store utsleppsland.

  • Finansiell støtte til utsleppsreduksjonar og tilpassing i utviklingsland.

  • Å vere leiande i arbeidet med å redusere avskoging i utviklingsland.

  • Gode og robuste system for rapportering og overhalding av forpliktingar, og å få på plass nye internasjonale reglar for måling, rapportering og verifikasjon av klimagassutslepp.

  • At internasjonal skipsfart skal bli ein del av eit nytt klimaregime.

  • Utvikling av teknologi for fangst og lagring av CO2 (CCS).

På bakgrunn av eit norsk initiativ vedtok FNs sjøfartsorganisasjon IMO i juli 2011 globale og juridisk bindande klimakrav til internasjonal skipsfart. Desse krava omhandlar krav til energieffektiv utforming av nye skip og krav til energieffektiv drift av alle skip. Krava vil tre i kraft 1. januar 2013. Etablering av desse krava er eit svært viktig resultat i vanskelege forhandlingar, og det er eit første steg i arbeidet med å redusere utslepp frå skipsfarten. Arbeidet i IMO vil gå vidare med sikte på vidare reduksjon av klimagassutslepp frå skipsfarten. I denne samanhengen vurderer ein blant anna marknadsbaserte instrument som til dømes eit kvotehandelssystem. Desse forhandlingane er svært utfordrande med stor usemje mellom land. Regjeringa vil halda fram Noregs rolle som pådrivar i IMOs arbeid med reduksjon av klimagassutslepp frå internasjonal skipsfart.

Kyotoprotokollens første periode blir avslutta i 2012. Det er viktig å få på plass eit globalt klimaregime for tida etter 2012 som er miljøvist ambisiøst og med breiast mogleg deltaking. Industrilanda må gå føre i å ta på seg forpliktinga om kraftige utsleppsreduksjonar, fordi vi har økonomisk evne til å gå føre i kampen mot klimaendringar og fordi vi har eit historisk ansvar for klimautviklinga til no. Spørsmålet om industrilanda sine forpliktingar til utsleppsreduksjonar blir forhandla om både under Kyotoprotokollen og i forhold til ei ny og breiare avtale.

Noregs klima- og skogsatsing har blant anna vore viktig for å få ein internasjonal klima- og skogpartnarskap på plass som aktivt kan medverke til tiltak for redusert avskoging i mellomperioden fram til ny avtale. Regjeringas klima- og skogprosjekt er finansiert over løyvingar på Utanriksdepartementets budsjett. For nærare omtale sjå avsnittet Noregs klima- og skogsatsing seinare i kapittelet.

Vi treng ein velfungerande, global karbonmarknad for å dekkje investeringsbehova som oppstår ved omlegginga til eit meir klimavennleg samfunn. Dei fleksible mekanismane bidreg til å redusere klimagassutsleppa der det er minst kostnader knytte til å redusere utsleppa. For å unngå at det blir eit gap i karbonmarknaden etter 2012 er det viktig at dei fleksible mekanismane som i dag eksisterer under Kyotoprotokollen blir førte vidare etter 2012, og Noreg arbeider aktivt for å behalde desse mekanismane. Samtidig ønskjer vi å opne for nye fleksible mekanismar som kan ekspandere karbonmarknaden og bringe utviklingsland inn med eigne insentiv til å redusere utslepp.

Gjennom det statlege kvotekjøpsprogrammet som er etablert i Finansdepartementet bidreg Noreg til å utvikle marknaden for kvotehandel, jf. Prop. 1 S (2010-2011). Noreg vil framleis òg vere ein del av det europeiske kvotesystemet i kommande kvoteperiode som er frå 2013-2020. Kvotesystemet bidreg til kostnadseffektive utsleppsreduksjonar på tvers av Europa.

Generelle verkemiddel som CO2-avgift og kvotesystem er sentrale økonomiske verkemiddel i den nasjonale klimapolitikken. Sektorovergripande økonomiske verkemiddel legg grunnlag for desentraliserte, kostnadseffektive og informerte tiltak, der forureinar betaler. Ein viser til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om CO2-avgifta. Vi er no inne i andre fase av kvotesystemet; Kyotoperioden frå 2008 til 2012. Omtrent 40 pst. av norske utslepp er no omfatta av kvotesystemet. Noreg vil òg i neste fase av kvotesystemet (2013-2020) vere ein del av EUs kvotesystem (EU ETS). EU ETS vil etter 2013 vere langt meir harmonisert enn i dag. Om lag halvparten av norske utslepp vil vere omfatta av kvotesystemet frå 2013. Klima- og forureiningsdirektoratet har ansvaret for kvoterekneskapen som held oversikt over innleverte kvotar og om dei kvotepliktige bedriftene held kvoteplikta si. Dei har òg ansvaret for å utferde utsleppsløyve og tildele kvotar til dei kvotepliktige verksemdene etter heimel i klimakvotelova og forureiningslova.

Vegtrafikk er ein av dei store bidragsytarane til norske utslepp av klimagassar. Utan nye tiltak er det venta sterk vekst i CO2-utsleppa frå vegtrafikken. Biodrivstoff kan medverke til å få ned desse utsleppa. Samtidig held Regjeringa oppe fokus på å få ned trafikkveksten, på meir kollektivtrafikk, på drivstoffgjerrige bilar, på alternative motorteknologiar, og på dei som syklar og går. Det er fastsett forskriftskrav om at minimum 3,5 volumprosent av årleg omsett volum drivstoff til vegtrafikken skal bestå av biodrivstoff. FNs komité for berekraftig utvikling (CSD) er ikkje i mål med å fastsetje globale berekraftkriterium. EU arbeider med utvikling av kriterier, og for Regjeringa er det viktig at det blir utvikla gode berekraftkriterium som tek vare på miljøomsyn ved bruk av biodrivstoff.

Regjeringa har, i påvente av berekraftskriterium, inngått ei avtale med bransjen om utvida rapportering på biodrivstoff. Avtala sikrar dokumentasjon av kor biodrivstoffet kjem frå (sporing), og kva slag råstoff som biodrivstoffet stammar frå. Dette vil gi oss viktig kunnskap om klimagevinsten bruken av biodrivstoffet medfører, samanlikna med vanleg bensin og diesel.

Klima-og forureiningsdirektoratet har saman med aktuelle etatar og fagmiljø utvikla forslag til ein strategi for auka FoU på neste generasjons biodrivstoff, inkludert demonstrasjonsprosjekt. Vi viser elles til omtale om biodrivstoff i kapitla 8.3 og 9.2.2 i klimameldinga (St.meld. nr. 34 (2006-2007)) og i klimaforliket.

Regjeringa la i 2009 fram ei statleg planretningslinje for kommunal klima- og energiplanlegging. Denne gir signal om at kommunane i si kommuneplanlegging skal planleggje for reduksjonar i klimagassutslepp, energieffektivisering og miljøvennleg energiomlegging. Fylkeskommunen skal òg gjere denne typen planlegging innanfor sitt ansvars- og påverknadsfelt. Miljøvernforvaltninga si kartlegging om fylkeskommunane og kommunane har gjennomført første generasjons klima- og energiplanlegging, viser at dei aller fleste kommunane har gjennomført slik planlegging eller er godt i gang med det. I det vidare arbeidet er det sentralt for Regjeringa å vurdere verkemiddel som sikrar gjennomføring av planane om reduksjon av klimagassutslepp. Kommunane er viktige aktørar på dette området fordi dei kan påverke utsleppa frå ei rekkje sektorar, representere ei positiv drivkraft i klimaarbeidet, og vere ei viktig inspirasjonskjelde for kommunen sine innbyggjarar.

Dei rikspolitiske retningslinjene for samordna areal- og transportplanlegging skal leggast til grunn for planlegginga. Hovudprinsippa er til dømes brukt i arbeidet med regional planstrategi for Oslo og Akershus.

Plan- og bygningslova krev at det i samband med utarbeiding av planer for utbygginga skal gjennomførast risiko- og sårbarheitsanalysar. Dette er eit viktig virkemiddel i arbeidet med klimatilpasning.

Klimapolitikken får òg konsekvensar for den eksisterande bygningsmassen. Potensialet for å spare energi i dei eksisterande bygningane er stort. Det er gjennomført fleire prosjekt relatert til dette, og arbeidet skal førast vidare i 2012. Det vil òg bli arbeidd med nye standardar for energirehabilitering, både i Noreg og i Europa, under leiing av Riksantikvaren.

Kampen mot klimaendringar og utfordringane med å dekkje energibehovet i verda er bakgrunnen for Regjeringa si satsing på fangst og lagring av CO2. Ei vellukka satsing vil kunne gjere CO2-handtering til eit sentralt verkemiddel i klimapolitikken. Regjeringas CO2-handteringsprosjekt på Mongstad inneber meir enn å fange CO2 frå gasskraftproduksjon i Noreg. Målsetjinga er at prosjektet på Mongstad skal medverke til teknologiutvikling og reduserte kostnader på sikt, slik at erfaringsoverføring frå norske prosjekt til andre land vil bidra til å fremje CO2-handtering internasjonalt. Miljøverndepartementet har i medhald av forureiningslova gitt utsleppsløyve for CO2 frå kraftvarmeverket på Mongstad. Forureiningslova gir oss høve til å stille bestemte vilkår for utsleppsløyve. I utsleppsløyvet på Mongstad er det stilt krav om CO2-handtering.

Aktuelle klimatiltak kan ha negative effektar for naturmangfald og andre viktige miljøverdiar. Det er etablert politikk at ein skal prioritere tiltak som har positiv effekt for å motverke klimaendringar og positiv eller akseptabel effekt for bevaring av naturmangfald og andre viktige miljøverdiar. Internasjonalt er Noregs satsing på bevaring av regnskog eit godt eksempel på eit slikt vinn-vinn-tiltak med positiv effekt både i klimasamanheng og for bevaring av naturmangfaldet. Også nasjonalt vil ein søkje å finne denne typen vinn-vinn-tiltak.

Boks 21.2 Klimaløftet

Som eit ledd i å styrkje formidling av informasjon og kunnskap om klima har Regjeringa sett i gang informasjonssatsinga Klimaløftet. Klimaløftet skal gjennom mange ulike tiltak bidra til auke klimakunnskap i befolkninga. Eit siktemål er å stimulere til meir klimavenleg åtferd.

Eit av tiltaka som blir vidareført i 2012 er satsinga på å få til fleire Redesign-arrangement i Framtidas byar. Dette er eit viktig tiltak for å setje fokus på gjenbruk og reduksjon av avfall.

Klimaløftet har lagt særleg vekt på å styrkje kunnskapsformidlinga om klimautfordringane, ved å satse på foredrag og kurs. Desse er retta mot elevar og lærarar i utdanningstrinnet frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Dette har vore ei vellykka satsing.

Erfaringar frå lærarkurset Klimaklok og alle foredragskonsepta frå Klimaløftet er grunnlag for ei ny satsing i 2011. Seks unge studentar er rekrutterte og utdanna til miljøambassadørar og besøker hausten 2011 ungdomsskular og vidaregåande skular i heile landet med foredraget Generasjon Grøn. Dei presenterer foredrag om klimaendringane, om korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn og korleis dei som er elevar i dag kan bidra. Klimaløftet vil fortsetje arbeidet retta mot skular og unge vaksne, og vil sjå på korleis ein kan utvide og utvikle arbeidet med foredrag til skulane. I 2012 vil ein òg vurdere nye tiltak for å arbeide med formidling i skulen.

Klimaløftet sitt handlingsprogram for bedrifter er framleis ei viktig starthjelp for bedrifter som ønskjer å komme i gang med sitt klimaarbeid. Bedriftene utgjer også eit nettverk som utvekslar erfaringar og inspirerer kvarandre i klimaarbeidet. Klimaløftet skal òg vere ein interessant samarbeidspart, støtte gode prosjekt, byggje nettverk og finne fram til nye samarbeid.

Nettsida www.klimaløftet.no er sentral i alle kommunikasjonstiltaka.

Det finst fleire avtaler mellom næringa og styresmaktene for å avgrense utslepp. I 2009 vart det underteikna ei avtale mellom Norsk Industri og Miljøverndepartementet. I medhald av denne avtala skal dei årlege utsleppa frå den ikkje-kvotepliktige delen av prosessindustrien avgrensast til 6,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2008-2012. I 2008 var utsleppa 6,6 mill. tonn, mens utsleppa i 2009 og 2010 høvesvis var på om lag 5 og 5,35 mill tonn.

Det er innført ei avgift på produksjon og import av HFK og PFK. Ein viser til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om denne avgifta. Avgifta er supplert med ei refusjonsordning for brukt HFK og PFK som blir levert inn til destruksjon. Avgifta og refusjonsordninga skal saman bidra til å motverke at ozonreduserande gassar som blir fasa ut blir erstatta av klimagassane HFK og PFK, i staden for meir miljøvennlege alternativ. Sjå òg omtale under kapittel 1441 post 76 Refusjonsordningar.

EU har vedteke ei forordning (EF) nr. 842/2006 (F-gassforordninga) med underforordningar som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom blant anna importrestriksjonar og krav på lekkasjetesting og sertifisering av teknisk personell. Forordninga vart implementert i Noreg i 2010 og sertifiseringsorgan vart utnemnt i 2011. Ein siktar mot å ha alle relevante aktørar sertifiserte innan midten av 2013.

Boks 21.3 Kva er forskjellen mellom kvotesystemet og CO2-avgifta?

Kvotesystem og CO2-avgiftssystem er begge effektive verkemiddel i klimapolitikken, men med enkelte viktige skilnader. I eit kvotesystem fastset styresmaktene den totale utsleppsmengda av klimagassar som nærare oppgitte verksemder har lov til å sleppe ut i ein viss periode. Kvotemengda utgjer då eit øvre tak for utsleppa, og prisen på kvotane blir bestemt i marknaden. CO2-avgifta gir ein føreseieleg pris på utsleppa, men ein set ikkje eit øvre tak for utsleppa på same måten som i eit kvotesystem. Sidan Noreg tek del i det europeiske kvotesystemet er det, til forskjell frå CO2-avgifta, ikkje sikkert at utsleppseffekten av kvotesystemet skjer i Noreg. Den kan like gjerne skje i Polen eller Tyskland. Det betyr at vi med eit kvotesystem ikkje har like god kontroll på effekten i Noreg, men til gjengjeld veit vi den totale utsleppseffekten i systemet, og det blir lagt til rette for kostnadseffektive utsleppsreduksjonar på tvers av Europa. Kvotesystemet er relativt nytt i faktisk bruk i Noreg og elles i verda. Vi må derfor sjå på kvotesystemet som eit system under utvikling med potensial til å bli eit endå meir effektivt og viktig verkemiddel for å redusere våre utslepp av klimagassar.

På område som er underlagt generelle verkemiddel, er Regjeringas utgangspunkt at ein som hovudregel skal unngå ytterlegare regulering. Samtidig vil Regjeringa vidareføre den moglegheita vi har i dag til å nytte andre verkemiddel i tillegg til kvotar og avgifter, også i desse sektorane. Petroleumssektoren er eit eksempel på dette sidan den er underlagt kvoteplikt i tillegg til å betale CO2-avgift.

For arbeidet under resultatområdet utgjer budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking eit viktig og nødvendig grunnlag. Regjeringa går inn for å styrkje klimarelatert forsking, og vil prioritere overvaking av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringar i nordområda. Sjå nærare omtale om klimaforsking i kapitlet om kunnskap og forsking.

Miljøverndepartementets viktigaste etat innan resultatområdet er Klima- og forureiningsdirektoratet. Driftspostane til desse finansierer personell og innkjøp av varer og tenester som er naudsynte i forvaltninga.

I 2008 gav Miljøverndepartementet Klima- og forureiningsdirektoratet i oppdrag å leie ei etatsgruppe som skulle vurdere behovet for nye eller endra verkemiddel i norsk klimapolitikk. Kjernen i etatsgruppa, som fekk namnet Klimakur 202 0, bestod i tillegg til Klima- og forureiningsdirektoratet av Noregs vassdrags- og energidirektorat, Statens vegvesen, Statistisk sentralbyrå og Oljedirektoratet. Kjernegruppa trekte òg inn andre sentrale aktørar og relevante fagmiljø som for eksempel Husbanken, Sjøfartsdirektoratet, Statens byggtekniske etat og Norsk institutt for skog og landskap.

Faggruppa har vurdert i kor stor grad eksisterande verkemiddel medverkar til å nå Noregs mål for nasjonale utsleppskutt og behovet for nye/endra verkemiddel, knytt til målet om å redusere utsleppa i Noreg i 2020 med 15-17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i forhold til referansebana når skog er inkludert. Samtidig ønskte ein å finne verkemiddel som er styringseffektive og kostnadseffektive på lenger sikt. Meir informasjon om gruppa sitt arbeid er tilgjengeleg på www.klimakur.no. Utgreiinga vart lagt fram 17. februar 2010, og vil vere ein del av grunnlaget for Regjeringas vurdering av klimapolitikken. Denne vurderinga av klimapolitikken var tidlegare varsla hausten 2011. Regjeringa har no bestemt å komme tilbake til Stortinget med ei klimamelding i 2012.

Kunnskap som bidreg til eit heilskapeleg bilete av kva klimaendringane vil bety for Noreg er viktig for å kunne utvikle tilpassingsstrategiar og avgjere korleis vi best kan tilpasse oss. Regjeringa arbeider derfor for å få fram meir kunnskap om klimaendringane og klimatilpassing ved å utvikle og leggje til rette kunnskap om klimaendringane og effektar i Noreg, og å ivareta omsynet til klimatilpassing i relevante forskingsprogram.

I november 2010 vart det levert ei offentleg utgreiing om det norske samfunnet si sårbarheit og behov for tilpassing til klimaendringane. Utgreiinga hadde i mandat å gjere greie for kva klimaendringane betyr for Noreg, og gi råd om korleis styresmakter og andre best kan gå fram for å førebyggje negative verknader av desse endringane på menneske, samfunn og miljø. Høve til auka verdiskaping som følgje av klimaendringane skulle òg belysast. NOU 2010:10 Tilpassing til eit klima i endring - samfunnet si sårbarheit og behov for tilpassing til konsekvensar av klimaendringar konkluderer med at Noreg har eit godt utgangspunkt for å møte dei utfordringane eit endra klima kan gi. Utvalet understrekar at føresetnaden for at Noreg skal vere robust i framtida er at arbeidet med tilpassing tek til no. Særleg gjeld dette investeringar med lang levetid.

Utgreiinga om Noregs sårbarheit for klimaendringar og tilpassingsbehov vil bli følgt opp av ei Stortingsmelding i 2012. Stortingsmeldinga vil gjere greie for konsekvensar av klimaendringar for natur og samfunn og Noregs sårbarheit overfor desse. Eit viktig mål med stortingsmeldinga er å leggje til rette for at sektorane og fylke og kommunar kan ta ansvar for tilpassing innan sine ansvarsområde. Klargjering av roller og ansvar, og utgreiing av moglege virkemiddel for å stimulere til klimatilpassing vil utgjere hovudelement.

Fordi utfordringane klimaendringane stiller oss overfor er svært samansette er det viktig med samarbeid og kunnskapsutvikling på tvers av fagområde, disiplinar og administrative nivå. Regjeringa arbeider derfor for å stimulere til samordning, informasjon og kompetanseutvikling, blant anna gjennom nettportalen Klimatilpassing Noreg (www.klimatilpasning.no).

Det er viktig at alle som har ansvar for langsiktige investeringar innarbeider rutinar for å ta omsyn til klimaendringane i relevante avgjerdsprosessar. Kommunane er ein heilt sentral aktør i dette arbeidet. I plandelen av plan- og bygningslova, som tredde i kraft i juli 2009, blir det gitt nye verkemiddel for styring av arealbruk og transport, energibruk og miljøvennleg energiomlegging. Kommunane skal gjennom sårbarheitsanalysar og utvikling av beredskapsplanar førebyggje mot og sikre innbyggarane ved ekstremvêr, slik som flaum, overfløyming, skred og orkanar. I tillegg skal det takast omsyn til konsekvensar av havstigning i arealplanlegginga.

Miljøverndepartementet har som miljø- og planleggingsstyresmakt eit serskilt ansvar for å samordne og formidle den nasjonale miljøpolitikken og arealpolitikken. I Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging vedtekne i juni 2011, er tilpassing til klimaendringar eit tema under kapitlet om klima og energi. Departementet har også eit særskilt arbeid retta inn mot byutvikling. For å sikre at politikkutforming og verkemiddel blir mest mogleg treffsikre i forhold til utfordringane, driv departementet utviklingsarbeid i samarbeid med byane og andre aktørar. Programmet Framtidas byar er eit breitt samarbeid mellom dei 13 største byane, KS, fire departement og næringslivets hovudorganisasjonar, der eitt av innsatsområda er tilpassing til klimaendringar. Ein viser til resultatområdet for nærare omtale.

Effektane av klimaendringane for naturgrunnlaget vil venteleg bli store, og av den grunn vil miljøvernforvaltninga innrette og auke innsatsen på dette feltet i åra som kjem.

Norsk polarinstitutt har store delar av verksemda si retta mot å kartleggje klimaendringane og konsekvensane av oppvarminga i Arktis. Den kunnskapen instituttet produserer spelar ei avgjerande rolle i forståinga av klimaendringane og korleis desse verkar på økosystema og istilhøva i nordområda og i Antarktis.

Direktoratet for naturforvaltning, Statens strålevern og Klima- og forureiningsdirektoratet følgjer derfor utviklinga nøye, blant anna ved å tilpasse og å auke miljøovervakinga på dette området. Formålet er å fange opp uheldige endringar så tidleg som mogleg, og setje i gang tilpassingstiltak der det er nødvendig. Innanfor avløpssektoren har Klima- og forureiningsdirektoratet til dømes tidlegare utgitt ein rettleiar om korleis kommunar og andre med ansvar på dette området kan innarbeide omsynet til klimaendringane.

Behovet for vedlikehald og istandsetjing av kulturminne vil auke som følgje av klimaendringane. Kulturminna er òg ei kjelde til kunnskap, om korleis klimaet har påverka byggjeskikkar i ulike delar av landet, og korleis ulike byggjeskikkar har takla store naturlege klimavariasjonar langt tilbake i tid. Denne kunnskapen er ein viktig ressurs som bør bringast inn i arbeidet med å finne gode løysingar for tilpassing til klimaendringar i framtida. Riksantikvaren har fått utført ei undersøking som viser at det er mogleg å oppnå vesentleg energisparing ved akseptable tiltak også for verneverdige busetnad. Bruk av eksisterande bygningsmasse reduserer ressursbruken. Resultata understrekar òg betydninga av å bruke miljøvennlege material ved nybygging.

Klimaendringane påverkar miljøet i eit samspel med andre typar miljøpåverknad som forureining, naturinngrep og hausting. Når klimaet endrar seg raskt vil den samla påverknaden av økosystem og arter bli større. Dette understrekar behovet for ei forvaltning som ser lokal verksemd, klimaendringar og andre ytre påverknadsfaktorar i samanheng, og som tek sikte på å avgrense den samla belastninga på miljøet. Ei viktig utfordring blir å fange opp miljøendringar tidleg, utvikle verkemidla vidare og setje i verk tiltak i tide. For å lykkast med dette er det viktig med god kunnskap om korleis ulike arter og økosystem direkte og indirekte blir påverka av klimaendringane, og korleis klima samverkar med annan miljøpåverknad.

Det overordna målet er at omsynet til klimaendringane blir ein naturleg del av miljøvernforvaltninga sitt arbeid. Det inneber:

  • beskrive konsekvensane av klimaendringane og kartleggje dei mest aktuelle fagområda.

  • identifisere tilpassingstiltak som medverkar til at miljøvernforvaltninga når målsetjingane på prioriterte område innanfor naturvern, redusert forureining og kulturminnevern.

For dei aktuelle fagområda må det vurderast konkrete tiltak for å motverke negative effektar av klimaendringane, og utnytte eventuelle moglegheiter.

Klimatilpassing er ei gjennomgripande utfordring som rammar på tvers av fagområde og tradisjonelle organisasjonsvise skiljelinjer. Interne nettverk for dei som arbeider med tilpassing i ulike delar av verksemda kan derfor vere verdifulle, for å sikre erfaringsutveksling og eit fagleg miljø omkring dei utfordringane som er felles.

Noregs klima- og skogsatsing

Redusert avskoging og degradering av skog i utviklingsland er i følgje FNs klimapanel eit kostnadseffektivt verkemiddel for å redusere utslepp av klimagassar og bevare naturmangfald. Innsatsen mot avskoging har i tillegg til ein klimavinst òg eit potensial for å medverke til berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom. I tråd med klimaforliket frå 2008, vil ein frå norsk side halde fram med å vere ein aktiv aktør for å sikre internasjonal oppslutning om reduserte utslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland (REDD+).

Den grunnleggjande utfordringa er at det framleis er meir innbringande å hogge skogen enn å la den stå. Denne marknadssvikten kan berre løysast gjennom ei internasjonal avtale og finansieringsmekanisme som syter for at skogen blir verdisett i samsvar med den tenesta den utfører som globalt karbonlager. Inntil ei slik avtale er på plass, vil risikoen for lekkasje, dvs. at redusert avskoging ein stad fører til auka avskoging ein annan stad, vere betydeleg. Ei global avtale er òg avgjerande for å sikre at nedgangen i avskoging varer ved over tid. Utviklingslanda må sikrast tilstrekkeleg og føreseieleg økonomisk kompensasjon for å ha eit stort nok insitament til å gjere djuptgripande endringar i forvaltninga av skogressursane sine.

Skogtiltak må sjåast i samanheng med overordna strategiar for berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom. Avskoging varierer i takt med globale råvareprisar, og sterke nasjonale og internasjonale kommersielle aktørar er aktivt involverte i avskoging. Kapasiteten i offentleg administrasjon må styrkjast i mange land. Korrupsjon og dårleg styresett er viktige årsaker til ulovleg avskoging, og vil gjere implementering av programma utfordrande. Mange av skoglanda er eller har nyleg vore i konflikt; lovverk knytt til eigedomsforhold og råderett over skogen er i mange land dårleg utvikla eller følgt opp; og ulovleg hogst og handel med tømmer er eit stort problem. Dette går i dag ut over dei som bur i og rundt skogen og som er direkte avhengige av den for å kunne overleve.

Eit sentralt element i risikohandteringa som er lagt til grunn for arbeidet er fasetilnærminga som vart vedteken i 2010 under FNs klimakonvensjon. Før landa får tilgang til storskala resultatbasert finansiering får dei støtte til å gjennomføre tiltak for betra styresett og auka kapasitet til god skogforvaltning. Faren for misbruk av norske midlar er òg søkt redusert gjennom å nytte institusjonar som Verdsbanken, Afrikabanken, FNs utviklingsprogram og Den brasilianske utviklingsbanken. Desse institusjonane har brei kompetanse og lang erfaring i å handtere utviklingsmidlar på ein trygg måte. Ved å leggje vekt på godt styresett, institusjonsbygging, å vere open og gi innsikt i pågåande prosessar og lokal medbestemming kan initiativet òg setje i gang prosessar som fører til betre kontroll med utnyttinga av naturressursane og styrking av lokaldemokratiet. Menneskerettsaspektet står sentralt og Noreg har vore ein aktiv pådrivar for at det sivile samfunn, inkludert urfolk, skal delta i utvikling og gjennomføring av nasjonale REDD+-prosessar. Kvinners tradisjonelle rolle og bruk av skogressursane gjer at dei er ekstra utsette for endringar i skogdekket og i den lokale skogforvaltninga. Erkjenninga av dette, og kvinner si betydning som kunnskapsrike aktørar for ei berekraftig skogforvaltning, må medføre at ein aktivt må medverke til at de blir sikra deltaking i dei nasjonale REDD+-prosessane.

For ein meir utdjupande gjennomgang av bakgrunnen for klima- og skogprosjektet, og mål, strategiar og risiko, viser ein til St.prp. nr. 1 (2008-2009) og Melding til Stortinget nr. 14 (2010-2011).

Mål

Føremålet med innsatsen mot avskoging og degradering av skog i utviklingsland er å medverke substansielt til kampen mot globale klimaendringar. Klimamåla vil derfor vere avgjerande for vedtak om igangsetjing av samarbeid og for omfang, vidareføring, avslutning eller endring av støtte. Å medverke til berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom er eit overordna mål for norsk utanriks- og utviklingspolitikk. I tillegg til klimamåla er dette derfor eit naturleg overordna mål for innsatsen. I arbeidet for å nå dei ulike måla er det ei målsetjing at klimapolitikken og utviklingspolitikken skal vere gjensidig underbyggjande. Dette er i tråd med Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid.

Løyvinga skal nyttast til å støtte tiltak som er i tråd med følgjande klimamål:

  • Medverke til at utslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland (REDD+) blir omfatta av ei ny internasjonal klimaavtale.

  • Bidra til kostnadseffektive tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar og degradering av skog i utviklingsland.

  • Bidra til å bevare naturskog i utviklingsland for å sikre denne skogen si evne til å lagre karbon.

Løyvinga blir foreslått brukt blant anna innan følgjande satsingsområde:

  • støtte dei multilaterale organisasjonane sin innsats for utvikling og implementering av nasjonale REDD-strategiar, mekanismar for lokal deltaking og overvakingssystem, og implementering i felt og resultatbaserte modellar;

  • halde fram med betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar til Brasil gjennom den brasilianske utviklingsbanken. Midlane går til Amazonasfondet sine prosjekt for å redusere avskoginga;

  • vidareutvikle støtta til Indonesia, primært gjennom utviklinga av ein permanent, resultatbasert finansieringsmodell for sektorstøtte for REDD+ og resultatbasert støtte til tiltak for reduserte utslepp frå avskoging, ulovleg hogst og øydelegging av karbonrike torvmyrar hovudsakleg i pilotprovinsen Sentral-Kalimantan;

  • støtte Tanzanias utvikling av ein nasjonal REDD-strategi, pilotprosjekt for å samle meir kunnskap og erfaring og støtte til forsking og oppbygging av kompetanse;

  • vidareutvikle samarbeidet med Guyana, der resultatbasert støtte blir kanalisert gjennom multilaterale organisasjonar for gjennomføring av tiltak innan landet sin lågkarbonstrategi;

  • vidareføre eit fagleg samarbeid med Mexico, særleg innan utvikling av metodar og system for måling og overvaking av utslepp frå skogsektoren. Dette skal styrkje eit sør-sør-samarbeid mellom Mexico og andre interesserte skogland;

  • gi auka fokus på Kongobassenget, verdas nest største regnskogsområde etter Amazonas. Noreg ønskjer å spele ei konstruktiv rolle i arbeidet for betre koordinering og ein meir heilskapleg strategi i regionen. I tillegg er Mekong-regionen eit sentralt regnskogområde som vil kunne prioriterast med ein auke i klima- og skogsatsingas budsjett;

  • halde fram med støtta gjennom Norad til sivile samfunnsorganisasjonar med pilotprosjekt og metodeutvikling som kan medverke til innhenting av erfaringar frå felt, gi innspel frå sivilt samfunn for å sikre berekraftige nasjonale strategiar, og sikre at lokale grupper sine interesser og rettar blir tekne vare på;

  • føre vidare finansiering av den uavhengige følgjeevalueringa som vart initiert av Klima- og skoginitiativet, for å framskaffe uavhengig dokumentasjon av resultat og erfaringar slik at ein kan lære og gjere nødvendige justeringar. Hovudfunn i dei første evalueringsrapportane er gitt att i rapportdelen nedanfor.

  • vurdere mulighetene for å gå inn i eit utvida klima- og skogpartnarskap med nokon utvalde afrikanske land som viser politisk engasjement og stor interesse for REDD+.

Innanfor alle desse områda vil det bli arbeidd systematisk for å oppnå tilskotsposten sitt overordna mål og minimere og handtere dei nemnde risikoane. I tillegg vil det bli nytta midlar, også over driftsbudsjettet, for å støtte opp under internasjonal innsats for å etablere ein mest mogleg effektiv REDD-mekanisme under Klimakonvensjonen. Noreg vil arbeide for medverke til å utvikle global konsensus om REDD+ som eit viktig klimatiltak med ei rekkje positive tilleggseffektar. Noreg vil fortsetje å vere ein aktiv internasjonal aktør og Regjeringa vil trappe opp den norske støtta til tre milliardar kroner årleg. Dette vil mogleggjere betydelege bidrag til dei internasjonale prosessane og institusjonane, og å utvide satsinga.

For å nå togradermålet, er det viktig at støtte til REDD+ blir resultatbasert. Dette stiller nye krav til utforming av finansieringsmekanismane globalt og nasjonalt. Nasjonalt må skoglanda ta ansvar for fordeling av inntekter frå REDD+ i tråd med nasjonale strategiar og prioriteringar. Noreg som givarland må akseptere at ofte vil betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar til eit land skje før prosjektporteføljen deira er klar. Internasjonalt blir det arbeidd med eit Grønt Klimafond. Parallelt med utviklinga av dette klimafondet vil initiativet fortsetje arbeidet med å etablere resultatbaserte nasjonale fondsmekanismar som tek vare på behovet for auka eigarskap kombinert med robust miljømessig, sosial og finansiell kvalitetssikring.

Etter kvart som initiativet i stadig større grad kjem inn i ein implementeringsfase, vil blant anna forholdet til utsleppsreduserande tiltak i andre sektorar og koplinga mot ein heilskapleg klimavennleg energi- og landbrukspolitikk bli viktige tema. Ei slik breiare nasjonal tilnærming vil vere ein sentral del av oppfølging av den følgjeevalueringa som vart gjennomført i 2010. Det vil òg bli viktig å leggje til rette for at privat sektor kan medverke til å finansiere REDD+ og grøn utvikling. Utan privat kapital vil det bli veldig vanskelig å mobilisere nok ressursar til ein fungerande REDD-mekanisme. Initiativet vil følgje opp tilrådinga i evalueringa om å vurdere ulike modellar for samarbeid med privat sektor, både gjennom FCPFs karbonfond og bilaterale samarbeid. Gjennom klima- og skogsatsinga, regjeringens internasjonale energi- og klimainitiativ, klimatilpassa landbruk og annan klimarelatert bistand gir Noreg betydelege bidrag til utsleppsreduksjonar, klimatilpassing og bærekraftig utvikling i en rekke utviklingsland. Det blir stadig viktigere å sikre en helhetlig og strategisk tilnærming i norsk klimabistand og til ’grøn vekst’ i utviklingsland. Det vil bli arbeidd aktivt for å bidra til å utvikle global konsensus om REDD+ som eit viktig klimatiltak med ei rekkje positive tilleggseffektar.

Rapport 2010

Det vart brukt om lag 2 711,76 mill. kroner til Klima- og skoginitiativet. Av dette vart 1 257,3 mill. kroner avsett som gjeldsbrev til Den brasilianske utviklingsbanken. Dette er midlar som er sette av i forhold til Brasils måloppnåing om redusert avskoging, og som i tida framover vil bli nytta til utviklingstiltak som kan bidra til ytterlegare reduksjonar i klimagassutslepp. I tråd med Stortingets føresetnader for satsinga, har mykje av arbeidet vore retta mot å etablere tilfredsstillande mekanismar både internasjonalt og i det enkelte land som kan handtere store overføringar til skogtiltak på ein trygg måte. Dette har vore viktig både for å sikre gode kanalar for den norske innsatsen, men òg for å gjere det lettare for andre land å bidra på området. Norsk innsats for REDD+ har gitt gode eksempel på korleis resultatbasert samarbeid mellom industriland og utviklingsland kan fungere, og har vore viktig for å drive den internasjonale agendaen på området framover. I tråd med målsetjinga om at klima- og skoginitiativet skal bidra til at REDD+ blir omfatta av ein ny internasjonal klimaavtale, har ein frå norsk side spela ei sentral rolle på dette området på fleire måtar. Den globale REDD+-partnarskapen vart etablert på Klima- og skogkonferansen i Oslo i mai 2010, og har medverka til eit styrkt internasjonalt samarbeid om REDD+. Omlag fire milliardar amerikanske dollar er blitt lova frå givarlanda si side til REDD+ i perioden 2010 – 2012.

Under klimaforhandlingane i Cancún i desember 2010 oppnådde ein ei historisk semje om å opprette ein mekanisme for REDD+. Svært viktige element, som Noreg har kjempa hardt for både i forhandlingane og gjennom klima- og skogsatsinga, vart vedtekne. Blant anna vart det oppnådd semje om at tiltak for å redusere klimagassutslepp frå skog òg må omfatte eit system for å sikre bevaring av naturskog, folkeleg deltaking, respekt for lokalbefolkninga si rolle og for urfolksrettar, og forsvarleg forvaltning. Det vart bestemt at REDD+ skal implementerast i tre fasar der landa først får støtte til kapasitetsbygging og strategiutvikling. Over tid skal det utelukkande givast resultatbaserte overføringar, og storskala støtte skal givast på nasjonalt nivå. Viktige uteståande spørsmål er korleis REDD+ over tid skal finansierast og institusjonaliserast, og kor mykje kvart land skal betalast for resultat gjennom fastsetjing av referansebaner for utsleppa. Det vil ta tid å etablere ein fullt ut fungerande mekanisme for resultatbasert støtte for redusert avskoging i alle tropiske skogland, men vedtaket om skog i Cancún var eit viktig første steg som blant anna vil fungere som ei rettesnor for arbeidet i den internasjonale skogpartnarskapen og i dei multilaterale og bilaterale programma.

Boks 21.4 Multilateralt samarbeid

FAO, UNEP og UNDP gjekk i 2008 saman om UN-REDD-programmet, som har aktivitetar på globalt nivå ved utvikling av metodar, retningslinjer og rettleiing, og på nasjonalt nivå ved støtte til planlegging og gjennomføring av REDD+ i første omgang i ni pilotland. Det vart gitt ei støtte på 200 mill. kroner til programmet i 2010, som i løpet av året utvida aktivitetane sin både tematisk og geografisk. Det er stor interesse frå utviklingslanda for å delta (totalt 29 land, av desse er 12 land godkjende for støtte) og fleire givarar deltek (Danmark og Spania er med, mens Sveits, Japan og EU-kommisjonen har vist interesse for å delta).

Verdsbanken er vertskap for Forest Carbon Partnership Facility (FCPF), der no 37 skogland og 16 givarland, og privat sektor, sivilt samfunn og urfolk er med. Programmet består av to fond – eit «kapasitetsbyggingsfond» og eit «karbonfond». I Kapasitetsbyggingsfondet fekk ti nye land sine forslag vurderte som gode nok til å få støtte. Planane analyserte dei direkte drivkreftene og underliggjande årsakene bak avskoginga og utfordringar når det gjeld styresett, og presenterte strategiar med moglege tiltak for å motverke drivkreftene. Det vart informert om konsultasjonsprosessar, mekanismar for inkludering av urfolk og lokalsamfunn, og klagemekanismar for dei som tiltaka kan verke negativt for. Planane analyserte moglege risikomoment og strategi for å minimere og handtere desse. Det vart òg beskrive system for rettferdig fordeling av framtidig resultatbasert støtte, presentert planar for oppretting av overvakingssystem for avskoging, og korleis sentrale departement skal arbeide saman og organisere REDD-arbeidet på landnivå og lokalt.

Skoginvesteringsprogrammet (FIP) er eit samarbeid mellom dei multilaterale utviklingsbankane administrert av Verdsbanken. Fondet gir økonomisk støtte til investeringar som kan motverke drivkreftene bak avskoging og bidra til berekraftig skogforvaltning.

UN-REDD-programmet identifiserte i 2010 prioriterte arbeidsområde som speglar institusjonane sin kompetanse. Dette omfatta utfordringar når det gjeld styresett, inkludering av lokalsamfunn, urfolk og andre sentrale aktørar i REDD+, rettferdig fordeling av ressursar, kartlegging og overvaking av skogområde og deira karbonressursar, ivaretaking av biologisk mangfald og økosystemfunksjonar, og grøn økonomi. UN-REDD-programmet har særleg komme langt i Vietnam.

FCPF har oppretta eit svært godt og inkluderande system for å vurdere landa sine planar, og for å hjelpe landa til å betre planane. Ein bestemde i 2010 å teste ei opning av fondet for regionale utviklingsbankar og UNDP, UNEP og FAO til å administrere støtta. Verdsbankens styre har no godkjent nye prosedyrar for sosiale og miljømessige sikringsmekanismar. I 2010 vart det òg gjort stor framgang i utforming av Karbonfondet. Fondet skal prøve ut ulike modellar for betaling for reduserte utslepp i om lag fem land, på nasjonalt og provinsnivå. Før REDD-mekanismen under klimakonvensjonen er operasjonell er Karbonfondet den einaste multilaterale kanalen for resultatbasert støtte, og eit godt forum for partnarskap med privat sektor. Noreg har lova opptil 600 mill. kroner til fondet frå 2012, utover dei 55,9 mill. kronene i 2010.

FIP mottok 285 mill. kroner i 2010. FIP kan spele ei viktig rolle i ein overgangsfase og vise korleis REDD+ kan lykkast i dei åtte pilotlanda – Brasil, Indonesia, DR Kongo, Mexico, Peru, Laos, Ghana og Burkina Faso – som vart valt inn i 2010. Det er for tida sju givarland og totalt har fondet løfter om ca. USD 550 mill. FIPs innsats skal byggje på strategiarbeidet i FCPF og UN-REDD-programmet. Dei første investeringsplanane vil leggjast fram i 2011.

Noreg har, som ein av dei største og mest aktive givarane til initiativa nemnde ovanfor, vore ein pådrivar for at desse har utviklet eit tett og godt samarbeid. Initiativa samarbeider godt både på nasjonalt og internasjonalt nivå, og utnyttar ulike kompetanse og kapasitet i institusjonane. Slik unngår ein overlappande aktivitetar og hindrar at samarbeidslanda blir påførte unødige administrative byrder. Det blir òg arbeidd med å etablere felles miljømessige og sosiale sikringsmekanismar.

Kongobassenget er verdas nest største regnskogsområde etter Amazonas, og DR Kongo har meir enn 60 pst. av skogen i området. Det er viktig at Afrika får støtte til REDD+, både av klima- og utviklingsmessig grunnar. Den norske støtta til Kongobassenget er kanalisert gjennom FN, Verdsbanken og Den afrikanske utviklingsbanken (til Congo Basin Forest Fund, CBFF) og sivilsamfunn. Det gjekk 160 mill. kroner til CBFF i 2010. Det har vore reist ein del kritikk mot Afrikabanken for å vere treg. Evalueringa viser likevel til at klima- og skoginitiativet gjennom desse partnarskapa i bassenget har medverka til rask og effektiv igangsetjing av REDD+-prosessen. Mykje er oppnådd på kort tid, men REDD+-agendaen i DR Kongo er framleis i ein tidleg fase og det vil endå ta noko tid før ein kan starte opp med resultatbaserte utbetalingar.

Brasil har i dei siste åra redusert avskoginga i Amazonas-regionen betrakteleg. I tråd med Amazonas-fondets resultatbaserte logikk har Noreg til no sett til side høvesvis 100 mill., 600 mill. og 750 mill. kroner for utsleppsreduksjonar i perioden 2008-2010. Det vart i 2010 utbetalt 169,26 mill. kroner til Den brasilianske utviklingsbanken for støtte til Amazonas-fondet. I tillegg vart det avsett 1 257,3 mill. kroner i to gjeldsbrev for opptente midlar, det vil bli trekt på desse midlane over fleire år. Tyskland kom inn som nye givar i fondet i 2010. Evalueringsrapporten gir brasilianske styresmakter æra for framgangen i Brasils innsats for reduserte utslepp frå avskoging i Amazonas-regionen, og understrekar samtidig at den vurderer Klima- og skoginitiativets resultatbaserte støtte til fondet som ein viktig motivasjonsfaktor til politikkutforminga innan REDD+ i Brasil. Det norske bidraget er vurdert som svært relevant, både for nasjonal måloppnåing og i forhold til forhandlingsprosessane. Samtidig er situasjonen i Brasil i stadig utvikling, og kreftene som ønskjer å auke avskoginga er sterke.

Indonesia annonserte under G20-møtet i 2009 at landet vil redusere utsleppa av klimagassar med 26 pst. i forhold til venta utsleppsnivå for eigne midlar og 41 pst. med internasjonal støtte. Indonesia står for dei tredje største utsleppa av klimagassar i verda. 80 pst. kjem frå avskoging og oppdyrking av torvmyrar. Noreg gav ei intensjonserklæring i mai 2010 med Indonesia om REDD+, inndelt i tre fasar. Som støtte til første fase gav Noreg 180 mill. kroner i 2010 gjennom UNDP for kapasitets- og institusjonsbygging. Noreg har òg eit samarbeid med Indonesia om styresett, noko som støttar opp om skogsatsinga. Evalueringa som det er vist til over konkluderer med at støtta er svært relevant for Indonesias strategiske prioriteringar og politikk innan REDD+, for Indonesias løfter om utsleppskutt og for Noregs målsetjingar for REDD+. Sjølv om intensjonsavtala er karakterisert som ein mogleg «game changer» for REDD+ i Indonesia, er det enno for tidleg å rapportere konkrete resultat ut over kapasitets- og institusjonsbygging. Politisk forankring og aktiv støtte frå andre givarland til reformagendaen vil bli avgjerande for sjansane til å lykkast med å redusere utsleppa frå skog.

Ei intensjonsavtale om samarbeid vart inngått med Guyana i november 2009. Guyana er eit land med låg avskoging som ønskjer å bruke inntekter frå REDD+ til å finansiere landets lågkarbonstrategi. Noreg har via eit fond administrert av Verdsbanken – der Den interamerikanske utviklingsbanken og FNs utviklingsprogram i hovudsak vil stå ansvarleg for forvaltning av avtalene og kvalitetssikringa av prosjekta, i 2010 overført 175 mill. kroner til Guyana. Evalueringa viser at støtta har stimulert og bygt opp under den nasjonale eigarskapen til REDD+-agendaen, men at det enno ikkje er full forståing for kva REDD+ inneber i lokalsamfunn i Guyana, i likskap med i mange andre tropiske skogland. Ei større tverrpolitisk semje i Guyana omkring REDD+ og lågkarbonstrategien ville kunne bidra til at samarbeidet mellom Guyana og Noreg kan styrkjast over lengre tid. Det har enno ikkje blitt godkjent prosjekt for finansiering.

I Tanzania vart det bilaterale samarbeidet om redusert avskoging og forringing av skog ført vidare over denne posten med ei utbetaling på 43,2 mill. kroner. Bidraget til REDD+ i Tanzania, som omfattar utvikling av nasjonal REDD-strategi, støtte til sivilsamfunnsorganisasjonar, pilotprosjekt, og forsking og utgreiing, har hovudsakleg skjedd gjennom det bilaterale utviklingssamarbeidet som er forvalta av ambassaden. Tanzania har òg fått støtte gjennom UN-REDD-programmet og deltek i Forest Carbon Partnership Facility (FCPF). Evalueringa konkluderer med at mykje er oppnådd på kort tid, særleg utarbeidinga av utkastet til ein nasjonal REDD+-strategi. Den norske støtta til REDD+ i Tanzania er vurdert som svært relevant og med god måloppnåing og kostnadseffektivitet tida teken i betraktning.

Norad forvalta 163 mill. kroner til norske og internasjonale frivillige organisasjonar og utgreiingsinstitusjonar. Hovuddelen av dette gjekk til sivilsamfunnsorganisasjonar, ein mindre del fokuserte på analyse- og politikkutvikling. Eit hovudformål med støtta er å styrkje styresett og rettsperspektivet, bidra med policyutvikling og erfaringar frå demonstrasjonsprosjekt i felt. Det er òg lagt opp til at det skal vere synergi mellom denne støtta og dei bilaterale og multilaterale initiativa.

Følgjeevalueringa viser at Noreg fram til og med 2010 har gitt eit betydeleg bidrag til framgangen innanfor REDD+ i dei internasjonale klimaforhandlingane og truleg sikra forhandlingsteksten som vart vedteken i Cancun. Det blir påpeikt at kombinasjonen av politisk, finansiell og institusjonell innsats har medverka til å bringe REDD+ framover innan klimaforhandlingane. Initiativet blir rost for sin innsats for å etablere sosiale og miljømessige sikringsmekanismar. Evalueringa tilrår blant anna at ein frå norsk side held fram med å spele ei aktiv rolle når det gjelder sosial og miljømessige standardar, og styresett. Det er òg tilrådd større klårleik i initiativet sine forventningar til lågkarbonstrategiar og handlingsplanar i skoglanda og til sikringsmekanismar for rettane til urfolk og lokalsamfunn. Evalueringane på landnivå gir òg i all hovudsak positive vurderingar av initiativet sine bidrag så langt, men det blir understreka at det framleis er for tidleg å trekkje konklusjonar om måloppnåing og effektivitet. Det blir påpeikt at initiativet har nytta ulike modellar og avtaler for å kanalisere støtte til landa og at dette kan føre til manglande samordning av tidlege REDD+ tiltak. Det blir likevel understreka at initiativet er meint å prøve ut forskjellige modellar og at land treng ulik støtte. Ei gjennomgåande anbefaling er å søkje sterkare involvering av aktørar utanfor skogsektoren, så som landa sine finansdepartement og departement for energi og landbruk. Involvering av folkevalte og parlament i landa er òg nemnt.

22 Statusrapportering på «gamle» resultatområde 1 frå 2011

Berekraftig bruk og vern av leveområde

Tabell 22.1 Berekraftig bruk og vern av leveområde i 2011.

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

1.1.1 Mangfaldet av naturtypar skal takast vare på innanfor det naturlege utbreiingsområdet. I all natur skal viktige økologiske funksjonar og tenester takast vare på.

1.1.1.1 Tilstanden i alle økosystem skal vere frå god til mykje god, jf. Naturindeks for Noreg.

Indikatorar i høve til Naturindeks for Noreg.

1.1.1.2 Sterkt modifiserte vassførekomstar skal innan 2021 gjenopprettast slik at dei oppnår «godt økologisk potensiale», jf. vassforskrifta.

1.1.1.3 I særleg verdifulle og sårbare marine område skal økologiske funksjonar og naturmangfald sikrast særleg vern.

1.1.1.4 Inngrepsfrie naturområde som er att skal takast vare på.

Utvikling i areal av inngrepsfrie naturområde (INON)

1.1.1.5 God økologisk tilstand skal gjenopprettast i eigna førekomstar av verdifulle naturtypar eller økologiske funksjonsområde.

Talet på restaurerte naturområde

Talet på restaurerte kulturlandskap

1.1.1.6 Regulere motorferdsle i utmark og vassdrag for å ivareta naturmiljøet, fremje trivsel og sikre stille og ro i naturen.

Talet på dispensasjonar som er gitt og utvikling i talet på dispensasjonar

1.1.2 Dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar.

1.1.2.1 Dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar innan 2013, jf. naturmangfaldlova.

Talet på utvalde naturtypar

Talet på inngrep i utvalde naturtypar

Talet på førekomstar av utvalde naturtypar som har motteke midlar til skjøtselstiltak

1.1.3 Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar.

1.1.3.1 Alle naturtypar skal vere tilstrekkeleg representerte i område som er verna etter naturmangfaldlova eller naturvernlova.

Areal og del av verna areal (inkl. årleg endring) fordelt på naturtypar.

Auka skogvern pr. år målt i km2 produktiv skog og prosent av produktiv skog verna

1.1.3.2 Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Talet på og del av verneområde der verneverdiane er truga.

Talet på og del av verneområde med forvaltningsplan

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1 S (2010-2011).

1.1.1. Mangfaldet av naturtypar skal takast vare på innanfor det naturlege utbreiingsområdet. I all natur skal viktige økologiske funksjonar og tenester takast vare på

1.1.1.1. Tilstanden i alle økosystem skal vere frå god til mykje god, jf. Naturindeks for Noreg.

Hav og kyst:

Barentshavet og havområda utanfor Lofoten og Norskehavet er i utgangspunktet reine og rike havområde og miljøtilstanden her er generelt god. Betra forvaltning av dei kommersielle fiskebestandane har blant anna bidrege til at tilstanden for naturmangfald er betra eller stabil i dei store havområda. Unntaket er ein urovekkjande nedgang i ei rekkje sjøfuglbestandar dei siste åra. Etter stabil tilstand i 1990 og 2000 (indeksverdi på ca. 0,8) har det vore ein dramatisk tilbakegang fram til 2010 (indeksverdiar på høvesvis 0,5 og 0,4). Dei ishavhengige selartene og enkelte fiskebestandar (uer/snabeluer, blålange og blåkveite) har òg negative utviklingstrekk.

Sjølv om Barentshavet og havområda utanfor Lofoten og Norskehavet i utgangspunktet er reine og rike havområde, er desse havområda under stadig aukande press frå næringsaktivitetar som fiskeri, skipstrafikk, petroleumsverksemd og alternative energiformer til havs, klimaendringar og havforsuring og forureining som blir transportert til havområd gjennom hav- og luftstraumar.

I Nordsjøen og Skagerrak er miljøtilstanden i utgangspunktet dårlegare. Dette skuldast i stor grad av påverknad frå menneskeleg aktivitet. Havområdet er eit av dei mest trafikkerte i verda, og det føregår eit stort fiskeri og utbreidd utvinning av olje og gass. Rundt heile Nordsjøen ligg det tett folkesette og høgt industrialiserte land, som er med på å påverke havområdet gjennom blant anna tilførsel av miljøgifter og avrenning frå land. For Nordsjøen og Skagerrak vil utfordringa vere å utarbeide og setje i verk ein plan for å forbetre miljøtilstanden.

Ferskvatn:

Naturindeksen for Noreg viser at tilstanden for naturmangfald i ferskvatn samla sett er god. Det har vore ei betring av tilstanden på 10 pst. frå 1990 til 2010. Betringa heng saman med ei rekkje målretta forvaltningstiltak for å betre miljøtilstanden. På Sørlandet, Austlandet og Vestlandet har tilstanden vorte betydeleg betra sidan 1990 (15-24 pst.). Den internasjonale avtala om å redusere utsleppa av sambindingar som gir sur nedbør (Gøteborgprotokollen) og kalkinga for å motverke forsuringa, har medverka til betringa. Miljømål som følgje av vassforskrifta sikrar at tilhøva for planter og dyr i vatn er gode ved at det blir stilt krav til såkalla «god kjemisk og økologisk tilstand». Gjennomføringa av vassforskrifta blir sett i samanheng med naturmangfaldlova. Forvaltningsreforma, som vart gjennomført frå 1. januar 2010, førte til at elleve fylkeskommunar vart vassregionstyresmakter, og fekk ansvaret for å leie planarbeidet. Samtidig har Fylkesmannen i alle fylke behalde ansvaret for miljøfaglege oppgåver knytt til arbeidet.

Våtmark:

Naturindeksen for Noreg viser at tilstanden for myr-kjelde-flaummark (våtmark) samla sett er middels god (indeksverdi på 0,55). Slike område har hatt ein tilbakegang i tilstand for naturmangfald i perioden frå 1990 til 2010. Tilbakegangen er mest markert i Nord-Noreg, der dei klimakjenslevare palsmyrane smeltar relativt raskt. Myr har vore utsett for omfattande grøfting, uttak av torv og nydyrking sidan 193 0-talet, og det er stor geografisk variasjon i tilstanden. I tillegg er enkelte myrtypar særskilt kjenslevare for langtransportert nitrogen, klimaendringar og motorisert ferdsle i utmark. Tilstanden i myr-kjelde-flaummark har hatt ein tilbakegang på 5,2 prosent i perioden 1990 til 2010.

Skog:

Naturindeksen for Noreg viser at tilstanden for naturmangfald i skog har ein verdi på om lag 0,4 (mot ein referanseverdi på 1). Den relativt dårlege tilstanden skuldast i hovudsak ein kombinasjon av skogbruk og låge rovviltbestandar. Sjølv om det har vore ein vekst i daud ved i norsk skog sidan 1995, er førekomst av daud ved likevel låg samanlikna med lite menneskepåverka skog. Vidare er elg- og hjortebestanden så høg at den i enkelte område har negativ innverknad på anna biologisk mangfald. Tilstanden for skog er dårlegast i Midt-Noreg og i Hedmark.

Fjell:

Naturindeksen for Noreg viser at tilstanden for naturmangfald i fjell samla sett er god, men i enkelte sentrale fjellområde i Sør-Noreg er tilstanden dårlegare. Dette skuldast kombinasjonar av faktorar som tilførsle av langtransportert forureining, endring i arealbruk (mindre seterbruk, auka kraft-, veg- og hyttebygging), og klimaendringar. Tilstanden i fjell har hatt ein tilbakegang på 4,1 pst. i perioden 1990 til 2010. Den største tilbakegangen har vore i Nord-Noreg, med 6,7 pst.

Kulturlandskapet:

Tilstanden for naturmangfald i ope lågland (dvs. open semi-naturleg slåtte- og naturleg mark, som kystlynghei og slåtte- og beitemark) er i dag generelt dårleg. I større delar av landet har tilstanden ein indeksverdi under 0,4-0,5. Tilstanden for naturmangfald har hatt ein tilbakegang på heile 12 pst. i perioden frå 1990 til 2010. Mangel på skjøtsel og husdyr på beite har gjort at det er ei omfattande gjengroing av kystlynghei og gras- og urterik mark, noko som medfører at areala av desse økosystema blir mindre. Det er særleg intensiveringa og mekaniseringa innan landbruket som har bidrege til dette. Tilstanden på det arealet som er att, er òg gjennomgåande dårleg. Det er aukande behov for å halde oppe drift og skjøtsel i dei høgast prioriterte områda (ca. 300) i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap og naturtypar i kulturlandskapet.

I 2010 vart to nye område inkluderte i «Utvalgte kulturlandskap i jordbruket» og i 2012 vil ytterlegare 4 område bli innlemma. Andre viktige verkemiddel i arbeidet med å ta vare på jordbruket sitt kulturlandskap og naturmangfaldet i dette landskapet, er supplerande kartlegging av mangfaldet i naturen og betre overvaking. Supplerande kartlegging er gjennomført i alle fylke. Kunnskapen som er skaffa fram er gjort tilgjengeleg i Naturbase, og blir nytta ved prioritering av tiltak og skjøtsel. Våren 2011 vart slåttemark og slåttemyr utvalte naturtypar etter naturmangfaldlova. I løpet av 2011 vil også kystlynghei bli ein utvalt naturtype etter naturmangfaldlova.

1.1.1.2 Sterkt modifiserte vassførekomstar skal innan 2021 gjenopprettast slik at dei oppnår «godt økologisk potensiale», jf. vassforskrifta.

Talet på inngrep i vassdragsnatur aukar, til dømes utbygging av små vasskraftverk. Det blir arbeidd kontinuerleg for at omsynet til naturmangfald blir ivareteke så godt som mogleg i slike saker. Det følgjer av vassforskrifta at ein vassførekomst om mogleg skal oppretthalde god tilstand sjølv om den blir utsett for inngrep. Om dette ikkje let seg gjere, kan vassførekomsten peikast ut som sterkt modifisert, noko som inneber at ein set eit lågare miljømål, såkalla godt økologisk potensial. Det er eit mål at vassførekomstar som allereie er påverka av kraftutbygging eller andre inngrep, oppnår godt økologisk potensial innan kommande planperiode, dvs. innan 2021. I arbeidet med vassforvaltningsplanane er forslag om betringar i gamle kraftutbyggingar eit viktig tema. Ein del forbetringar kan gjerast innanfor rammene av gjeldande konsesjon. Men i mange tilfelle vil det vere nødvendig med auka vasslepp for å få til reelle betringar. Revisjonar av vilkår i vasskraftkonsesjonar er verktøyet for å få til slike betringar. Det er Olje- og energistyresmaktane som har ansvar for slike revisjonar.

1.1.1.3 I særleg verdifulle og sårbare marine område skal økologiske funksjonar og naturmangfald sikrast særleg vern

Den oppdaterte forvaltningsplanen for Barentshavet – Lofoten vart lagt fram 11. mars 2011. Her er det blant anna fastsett nye rammer for petroleumsverksemd i Barentshavet og havområda utanfor Lofoten. Dei særleg verdifulle og sårbare områda er gjennom forvaltingsplanen gitt eit særskilt vern.

Store delar av stortareskogen i nord og sukkertareskogen i sør har forsvunne. Stortaren blir beita ned av kråkebollar, men årsakene bak den dramatiske situasjonen er framleis ukjende. For sukkertare er høgare sjøtemperaturar og store tilførsler av næringssalt og partiklar dei viktigaste årsakene til at arta blir borte. Miljøverndepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har etablert ei forskargruppe blant anna beståande av forskarar frå NIVA og HI som skal sjå på effektar av overgjødsling på sukkertare. Gruppa skal levere rapporten sin hausten 2011.

Kaldvasskorallrev er ein annan naturtype som er under stort press. Reva har blant anna blitt skadde av botntråling og klimaendringar. Havforsuring er eit nytt trugsmål. Regjeringa har sett i verk ei rekkje nye tiltak for å beskytte korallreva mot skade. Fleire korallrev har blitt beskytta mot skade frå fiskeriaktivitet, og alle reva som er beskytta mot botntråling skal òg beskyttast mot garn- og linefiske. Det er òg stilt særskilte krav til petroleumsverksemd i område med korallrev.

1.1.1.4 Inngrepsfrie område som er att skal takast vare på

Dei siste hundre åra er dei villmarksprega naturområda i Noreg (område 5 kilometer eller meir unna tyngre tekniske inngrep) reduserte frå omkring halvparten av landarealet til i underkant av 12 pst. i 2003, og i Sør-Noreg var det berre att 5 pst. i 2003. Den siste INON-kartlegginga for perioden 2003-2008 viser at nedbyggingstakta har auka betydeleg etter perioden 1998-2003. Over 1000 kvadratkilometer inngrepsfri natur (område 1 km eller meir unna tyngre tekniske inngrep) gjekk tapt i perioden 2003-2008. Dette er ein auke på om lag 30 pst. i høve til førre periode. I perioden 2003 – 2008 stod utbyggingar i vassdrags- og energisektoren for om lag 40 pst. av bortfallet av inngrepsfrie naturområde, mens landbrukssektoren (i all hovudsak skogsbilvegar) stod for omlag 30 pst. av bortfallet. For heile perioden frå 1988 til 2008 er det registrert eit bortfall på nesten 6000 kvadratkilometer med inngrepsfri natur, tilsvarande det samla arealet av fylka Østfold og Vestfold. For sjøareal er det førebels ikkje gjort noko vurdering av omfanget av inngrepsfrie område. Direktoratet for naturforvaltning arbeider no med å leggje til rette for at INON-kartlegginga blir rasjonalisert og gjort enklare blant anna ved bruk av nye tekniske løysingar for oppdatering og korreksjonar med omsyn til nye inngrep.

I løpet av 2011 vil Landbruks- og matdepartementet i samarbeid med Miljøverndepartementet gjennomføre den tidlegare varsla revisjonen av regelverket som er knytt til landbruksvegar.

1.1.1.6 Regulere motorferdsle i utmark og vassdrag for å ivareta naturmiljøet, fremje trivsel og sikre stille og ro i naturen

Det totale talet på snøskuterar var over 68 765 ved utgangen av 2010, og det har vore ein jamn auke i talet på snøskuterar i fleire år (frå 53 599 i 2003). Talet på barmarkskøyretøy (All Terrain Vehicles – ATV) har òg auka kraftig, frå 295 nyregistrerte køyretøy i 1995 til over 33 300 køyretøy pr. 31. desember 2010 (alle tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikk). Dette betyr at omfanget av motorferdsel i utmark har auka kraftig.

Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdsellova og den nasjonale forskrifta er tilgjengeleg som KOSTRA-rapportering. I 2010 vart det behandla 14 581 søknader om dispensasjon for motorferdsel i utmark. Av desse vart 13 875 (95 pst.) godkjende. For å få eit samla bilete må det òg reknast med dispensasjonar som er gitt for fleire år. 11 326 tidlegare gitte dispensasjonar var framleis gyldige i 2010, dvs. at det var 25 251 aktive dispensasjonar i 2010. For barmarkskøyring vart det totalt godkjent 1910 søknader i 2010. Det er 5 kommunar som står for 1367 av dispensasjonane.

Finnmark er det einaste fylket med opne løyper for motorferdsel på barmark. Ein rapport frå barmarksprosjektet i Finnmark med anbefalingar for å avgrense barmarkskøyring vart send Miljøverndepartementet frå Direktoratet for naturforvaltning 15. februar 2011. Departementet vil vurdere anbefalingane i prosjektet i samband med arbeidet med å fullføre gjennomgangen av motorferdsleregelverket.

Statens naturoppsyn har gjennomført målretta oppsyns- og kontrolltiltak, oftast i samhandling med lokalt politi. Barmarkskøyring har hatt særleg prioritet. I 2010 vart totalt 56 tilfelle av ulovleg motorferdsel melde til politiet, etter kontrollar av Statens naturoppsyn (inkl. Fjelltenesta i Nordland og). Av desse var det 23 tilfelle av ulovleg barmarkskøyring. I tillegg kjem tilfelle av ulovleg motorferdsel melde frå aktørar som Statens naturoppsyn kjøper oppsynstenester frå. Forutan fleire kontrollar med motorisert ferdsle i utvalte område er det fokus på å kartleggje omfanget av motorferdsleaktiviteten i utmarka. Det er òg lagt vekt på informasjon og andre førebyggjande tiltak får å skape aksept for regelverket.

Direktoratet for naturforvaltning la våren 2008 fram eit forslag til nytt motorferdsleregelverk. Miljøverndepartementet vedtok i juni 2009 endringar i motorferdsleforskrifta som blant anna gjer det mogleg å gi løyve til køyring i utmarksnæring og til gruppeturar for pensjonistar og nokre andre grupper. I tråd med Regjeringas felles plattform vil regjeringa fullføre gjennomgangen av motorferdsleregelverket.

1.1.2 Dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar

1.1.2.1 Dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar innan 2013, jf. naturmangfaldlova

Ei raudliste for naturtypar vart lagt fram av Artsdatabanken våren 2011. Denne raudlista er ein oversikt over naturtypar som er vurderte til å ha negativ utvikling eller vere svært fåtallige i Noreg. Totalt for Noreg med havområde er 40 naturtypar klassifiserte som truga og 31 som nær truga. Dei fem naturtypane slåttemark, slåttemyr, kalklindeskog, kalksjøar og innhole eiketre er dei første som har fått status som utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Ein kongeleg resolusjon for desse fem naturtypane vart behandla våren 2011. Handlingsplanar for naturtypane er ferdigstilte. Innhole eiker vart ikkje vurderte i raudlista for naturtypar, dei andre fire er klassifiserte som truga. Ytterlegare 14 faggrunnlag for naturtypar er utarbeidde. Desse er høgmyr i innlandet, terrengdekkjande høgmyr på kysten, kjelder i låglandet, kystlynghei, haustingsskog, kroksjøar og meanderelveparti, elvedelta ferskvatn og brakkvatn, fossesprøytsoner, varmekjær kjeldelauvskog, kystfuruskog, sanddyneområde, open grunnlendt mark i Oslofjordområdet, spesielle sandområde og ålegrasenger. Alle desse naturtypane vil bli vurderte fremja som utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova (gjennom kongeleg resolusjon) i 2011 og 2012. Det vart i 2010 etablert eit system som det kan søkjast i for tilskotsordninga for utvalde naturtypar (kap 1427, post 82 Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar) og der det kan søkjast om tilskot til tiltak som er beskrivne i handlingsplanen for den enkelte naturtypen. Systemet vil vere fullt operativt i løpet av 2011 og skal i hovudsak administrerast av fylkesmennene.

1.1.3 Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar

1.1.3.1 Alle naturtypar skal vere tilstrekkeleg representerte i område som er verna etter naturmangfaldlova eller naturvernlova

Evalueringa av gjennomført vern frå 2010 konkluderer med at verna areal gir brukbar dekning for dei fleste hovudnaturtypane, men mangelfull dekning for skog generelt og produktiv skog spesielt. Også kulturlandskap og ferskvatn/våtmark treng betre vern eller andre sikringstiltak om variasjonsbreidda skal haldast ved lag. Dette betyr at verna areal i lågareliggjande område i varme vegetasjonssoner og på produktiv mark er underrepresenterte i dei verna områda. Det er i naturtypar i desse områda vi finn det mest varierte naturmangfaldet og at fleirtalet av dei truga artene lever. Evalueringa konkluderer med at dei norske verneområda langt på veg tilfredsstiller dei krava som internasjonale konvensjonar set til politikk og system for verneområde. To manglar blir framheva: Vernet er ikkje fullt ut representativt så lenge verna areal i lågareliggjande delar av Sør-Noreg er så lite, og forvaltninga av verneområda er ikkje god nok så lenge ein ikkje har klare mål for naturmangfaldet, forvaltningsstrategiar og overvakingsprogram for verneområda. Med utgangpunkt i evalueringa skal det i løpet av 2011 utarbeidast ein strategi for korleis dei ulike verkemidla i naturmangfaldlova for å beskytte naturtypar, arter og deira leveområde skal følgjast opp.

Ein tek sikte på å utvikle norsk vernepolitikk meir i tråd med EUs NATURA 2000 i høve til etablering av område og rapportering via det europeiske miljøbyrået (EEA). Naturvern er ikkje ein del av EØS-avtala, men Miljøverndepartementet har følgt EUs arbeid på dette området tett i samband med arbeidet med ny naturmangfaldlov. Naturmangfaldlova gjer at norsk naturforvaltning er løfta opp på EUs nivå.

Det er brei europeisk semje om å opprette gode europeiske nettverk av verneområde. Under Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur er dette følgt opp gjennom at partane skal peike ut område til eit europeisk nettverk av verneområde kalla Emerald Network. Innmelding av norske område til Emerald Network vil vere ein parallell til Natura 2000-prosessen i EU-landa. Det er til no utgreidd om lag 100 norske kandidatområde, dvs. ca. 45 pst. av verna landareal i Noreg (ca. 22.500 km2). Ytterlegare ca. 70 kandidatområde er under utgreiing. Foreløpig er det berre område som allereie er verna etter naturmangfaldlova og naturvernlova som er utgreidde. Ifølgje ny framdriftsplan for etablering av Emerald Network som partlanda under Bernkonvensjonen vart samde om i desember 2010 må Noreg avlevere alle sine kandidatområde innan utgangen av 2012. Etter dette vil Det europeiske miljøbyrået (EEA) evaluere om dei norske kandidatområda fyller krava til å vere ein del av Emerald Network. Endeleg godkjenning av eit norsk nettverk av verneområde i Emerald Network skal godkjennast under Bernkonvensjonen seinast i løpet av 2016. Det er eit mål å ha på plass tilstrekkeleg dokumentasjon for alle aktuelle kandidatområde til nettverket i løpet av 2012.

Verneplan for myr og våtmark i Finnmark og verneplan for Tyrifjorden er planlagt vedteken i 2012. Verneplan for rik lauvskog i Troms vert gjennomført som frivillig skogvern. I løpet av 2012 vil ein i det alt vesentlege ha nådd målet i St.meld. nr. 68 (1980-81) om gjennomføring av fylkesvise, tematiske verneplanar for tema edellauvskog, myr, våtmark og sjøfugllokalitetar – totalt 70 verneplanar.

I 2010 vart det verna 51 skogområde med ca. 87,6km2 produktiv skog. Pr. september 2011 er det i inneverande år verna 21 skogområde med ca 62 km2 produktiv skog, og totalt er ca. 2,0 pst. av det produktive skogarealet i Noreg no verna. I løpet av hausten 2011 er det planlagt vern av 31 Statskogområde i Nord-Trøndelag, eitt Statskogområde i Sør-Trøndelag, ei rekkje område i verneplanen for Opplysningsvesenets fond sine areal og i område etter ordninga med frivillig vern.

Hovudstrategien i arbeidet for auka skogvern er å sikre høg fagleg kvalitet ved at dei viktigaste områda blir fanga opp i arbeidet, samtidig som ein sikrar god dialog med skogeigarar og andre partar.

Tabell 22.2 Skogvern pr. år (produktiv skog) i perioden 2001 – 2010 (september)

2001

2002

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

(sept.)

Produktiv skog som er verna i km2

47

66,3

0

28,6

156,1

28

20,7

169,6

31,5

51,7

Pr. september 2011 er 49 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen gjennomførte. I 2011 er Rohkunborri nasjonalpark oppretta, den opphavlege Ormtjernkampen nasjonalpark er utvida til den nye Langsua nasjonalpark og landskapsvernområda Sølen og Kvænangsbotn/Navitdalen er etablerte. Følgjande område er planlagt verna hausten 2011: Goahteloubbal og Lahku, tidlegare omtalt som Sundfjordfjella. I tillegg skal Øvre Anarjohka nasjonalpark utvidast. For å få samanheng med nasjonalparken på svensk side vil ein òg opprette Fulufjellet nasjonalpark. Denne kjem i tillegg til områda i nasjonalparkplanen. Fem kommunar i Nord-Trøndelag har fremja ønske om å etablere ein nasjonalpark på Nord-Fosen, og det blir arbeidd med ei mindre utviding av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark. I vernearbeidet legg ein stor vekt på å gjennomføre demokratiske og tillitvekkjande planprosessar. Samarbeidet med Sametinget for å sikre samiske interesser på best mogleg måte i planlegginga (jf. avtala om konsultasjon mellom Staten og Sametinget) blir ført vidare.

Etableringa av den nye modellen for lokal forvaltning av verneområde er no godt i gang. Ein reknar med at alle nasjonalparkforvaltarane vil vere på plass i løpet av 2012. Det skal utviklast faglege fellesskap gjennom oppbygging av lokale/regionale forvaltningsknutepunkt. Dei faglege fellesskapa vil primært vere knytte til nasjonalparksenter eller andre typar av naturinformasjonssenter. Dei etablerte styra (med representasjon frå kommunar, fylkesting og frå Sametinget i område med samiske interesser) gjer framlegg om lokalisering av knutepunkt. Miljøverndepartementet vil prioritere etablering av knutepunkt der kommunane er samde om lokaliseringa.

Pr. 1. september 2011 er det autorisert 15 nasjonalparksenter. Lokalt vert det arbeidd med planar for fleire nasjonalparksenter. Vidare utvikling av nasjonalparksenter vil bli sett i samanheng med etableringa av den nye forvaltningsmodellen for verneområda.

Tabell 22.3 Oversyn over område verna etter naturvernlova/naturmangfaldlova pr. september 2010.

Tal

Areal km (inkl. ferskvatn)

Prosent av Noregs landareal1

Nasjonalparkar

34

31 059

9.6

Landskapsvernområde

203

17 334

5.3

Naturreservat

2 030

5 729

1.8

Andre fredingsområde

476

429

0.1

Sum

2 743

54 551

16,8

Noreg har slutta seg til målet under Konvensjonen om biologisk mangfald om å ha på plass eit representativt og økologisk samanhengande nettverk av marine verneområde innan 2012. Det vart meldt formell oppstart av verneprosess for 17 område i marin verneplan i september 2009. Verneforslag for dei første områda skal etter planen sendast på høyring i løpet av kort tid.

Som bidrag til OSPARs nettverk i det nordaustlege Atlanterhavet har Noreg førebels meldt inn ulike område som er beskytta under fiskerilovgivinga og eit område som er verna etter naturvernlova (Ytre Hvaler nasjonalpark), og område ved Svalbard og Bjørnøya (verna etter svalbardmiljølova).

1.1.3.2 Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast

Tilstrekkeleg og oppdatert kunnskap om arter, naturtypar og tilstand i dei enkelte verneområda er kritisk for å få til ei forsvarleg forvaltning. For å sikre at ønsket om auka bruk av verneområda ikkje svekkjer verdiane som ligg til grunn for vernet, er det naudsynt med eit forvaltningsapparat som er meir robust både fagleg og med tanke på kapasitet.

Delen av område der verneverdiane er truga aukar framleis. I 1996 var verneverdiane truga i 18 pst. av verneområda (DN 1996). I Riksrevisjonens undersøking frå 2006 var denne delen 30 pst. I åra 2008-2010 har Direktoratet for naturforvaltning gjennomført kartlegging av tiltaks- og planbehovet i verneområda som viste at verneverdiane framleis er truga i 35-40 pst. av verneområda. Verneverdiane er truga i første rekkje på grunn av aukande gjengroing, introduserte organismar og at det er verna mange kulturrelaterte og skjøtselskrevjande område. Naturtypar som er truga er først og fremst kulturlandskapstypar, ferskvatn, våtmark, barskog, edellauvskog og andre skogtypar. Det er ei overordna målsetjing å stanse og reversere denne utviklinga. I dette arbeidet ligg òg nedkjemping av framande organismar og tiltak for å bevare truga arter.

Statens naturoppsyn hadde i 2011 oppsynsansvaret for alle dei om lag 2700 verneområda i fastlands-Noreg. Oppsyn blir òg utført gjennom tenestekjøp frå Statskog Fjelltenestene i Troms og Nordland, frå fjellstyra sitt fjelloppsyn og andre samarbeidspartnarar. Talet på brot på regelverket i verneområde som er melde etter naturvernlova/naturmangfaldlova har hatt ei auke i 2010 til 81 melde saker. I perioden 2007 – 2009 vart 61 – 63 saker melde til politiet pr. år.

I 2010 gjennomførte Statens naturoppsyn og deira tenesteytarar eit stort tal tiltak i heile landet for å fremje føremålet med vernet i verneområda. Tiltaka omfattar både skjøtsel, fysisk tilrettelegging, informasjonstiltak og registrerings- og kartleggingsarbeid. Ulike tilretteleggingstiltak som oppsetjing av informasjonstavler, skilt/grensemerke, bygging av fugletårn og utbetring av stigtrasear og rasteplassar har òg vore gjennomførte i andre verneområde. Skjøtselstiltak i verneområda har bestått av til dømes slått, tynningshogst og uttak av framande arter/organismar som rynkerose og sitkagran. I tillegg til dette kjem skjøtsel organisert gjennom fylkesmannen og kommunane. Samla er desse tiltaka med på å auke den lokale verdiskapinga og sysselsetjinga i samband med verneområda i mange utkantkommunar. Statens naturoppsyn organiserte og gjennomførte òg eit høgt tal aksjonar der søppel vart fjerna frå verneområda. Ein stor del av desse aksjonane vart gjennomførte langs kysten.

Sjølv om etableringa av tilfredsstillande oppsynsordningar er vesentleg styrkt dei siste åra, er det framleis eit etterslep i arbeidet med å etablere eit tilfredsstillande oppsyn i enkelte område/regionar. Dette gjeld blant anna i fleire av dei nyoppretta nasjonalparkane og landskapsvernområda, men òg innanfor enkelte regionar med store geografiske avstandar og/eller eit stort tal mindre verneområde, spesielt langs kysten. Statskog Fjelltenesta, fjellstyra og bygdeallmenningar er aktørar som utfører tilsyn og tiltak i verneområda etter bestilling og tenestekjøpsavtale med Statens naturoppsyn. Desse oppsynstenestene vart frå 2011 finansierte over nyoppretta budsjettpost 1426.21.

Statens naturoppsyn har styrkt arbeidet med naturrettleiing og informasjonsarbeid retta mot barn og unge i skuleverket, og mot besøkande i dei store verneområda Hardangervidda, Jotunheimen, Dovre, Rondane og Ytre Hvaler nasjonalpark. Både villreinsentra, nasjonalparksentra og Den Norske Turistforeining er viktige samarbeidspartnarar i dette arbeidet. Det er òg ønskeleg med auka innsats innanfor naturrettleiing knytt til verne- og friluftsinteresser rundt dei tett folkesette områda i landet.

Forvaltningsplanar for nasjonalparkar og andre verneområde skal gi nærare retningslinjer for korleis verneverdiane kan forvaltast best mogleg innan det enkelte verneområdet. Pr. desember 2010 hadde om lag 450 verneområde forvaltnings-/skjøtselsplanar. Forvaltningsplanar for 114 område var under arbeid. Det er behov for forvaltnings-/skjøtselsplanar for ytterlegare 106 0 område. 26 av nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda har godkjende forvaltningsplanar. I mange område er det behov for faglege registreringar før det kan utarbeidast forvaltningsplanar.

I perioden 2009-2011 er det arbeidd med å få på plass eit landsdekkande system for overvaking av verneområde. Forslag til rettleiarar for fastsetjing av bevaringsmål og etablering av overvakingsopplegg vart prøvd ut i ca. 40 verneområde sommaren 2010. I løpet av 2011 har det blitt utarbeidd endelege rettleiarar/manualar for arbeid med bevaringsmål og overvakingsopplegg for dei fleste hovudnaturtypane, og det blir viktig å utgreie løysningar for datalagring. I 2012 vil arbeidet med malane bli avslutta, og den konkrete overvakinga av verneområda vil komme i gang. Operativ overvaking med ei tilfredsstillande dekning av landet sine verneområde vil vere svært viktig for ei kunnskapsbasert forvaltning av verneområda og ein viktig del av den infrastrukturen som blir bygt opp rundt verneområdeforvaltninga, jf. den nye forvaltningsordninga for store verneområde.

Dei aller fleste verneområda er oppretta gjennom dei tematiske verneplanane, og dei faglege grunnlagsregistreringane har av ressurs- og kapasitetsårsaker vore innretta direkte mot tema for verneplanen. Dei færraste verneområda er derfor naturtypekartlagt, og det er store manglar når det gjeld kunnskap om kva for arter som finst i verneområda. I og med at ein ikkje har hatt eit systematisk overvakingsopplegg for verneområda, er heller ikkje status for dei registrerte verneverdiane kjent. Eit prosjekt for basiskartlegging av utvalte verneområde starta derfor i 2011 med kartlegging av om lag 60 verneområde.

Verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskapar starta i 2009. Programmet skal medverke til at distrikt med verneområde kan utnytte høva til verdiskaping på best mogleg måte. Etter ein ny utlysingsrunde våren 2010 er no i alt 15 prosjekt med i programmet.

1.2 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar

Tabell 22.4 Berekraftig bruk og vern av arter, bestandar og genressursar i 2011

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

1.2.1 Arter skal førekomme i levedyktige bestandar i sine naturlege utbreiingsområde.

1.2.1.1 Hausting og anna uttak av vilt, laks og innlandsfisk skal berre skje når det eksisterer eit haustingsverdig overskot.

Talet på arter der hausting og anna uttak er ein viktig faktor for påverknad.

1.2.1.2 Dei ville laksebestandane skal vere sikra.

Endringar i bestandstilstand etter kategorisystemet for laksevassdrag

Utvikling av gytebestanden

1.2.2 Halde oppe eller byggje opp att truga arter til eit livskraftig nivå.

1.2.2.1 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850– 120 0 årlege hekkingar av kongeørn skal sikre levedyktige bestandar av desse artene.

Talet på dokumenterte ynglingar av gaupe, jerv, bjørn og ulv fordelt på dei åtte rovviltregionane.

Talet på hekkingar av kongeørn siste år.

Talet på dokumenterte ulovlege fellingar av rovvilt fordelt på rovviltarter.

1.2.3 Dei mest truga artene som treng aktive bevaringstiltak skal ha status som prioriterte arter.

1.2.3.1 Dei mest truga artene skal innan 2013 ha status som prioriterte arter, og få sikra sitt økologiske funksjonsområde, jf. naturmangfaldlova.

Talet på prioriterte arter og bestandsutviklinga for desse.

Talet på truga arter på raudlista.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1 S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1 S (2010-2011).

1.2.2 Arter skal førekomme i levedyktige bestandar i sine naturlege utbreiingsområde

1.2.2.1 Hausting og anna uttak av vilt, laks og innlandsfisk skal berre skje når det eksisterer eit haustingsverdig overskot.

Hjorteviltet er ein viktig viltressurs. Eit prosjekt med brei deltaking frå brukarinteressene har utvikla scenario for hjorteviltet fram mot år 2030. Dette viser at både forvaltninga og andre interesser står overfor store utfordringar i åra som kjem. På bakgrunn av dette la Direktoratet for naturforvaltning i 2009 fram ein ny strategi for forvaltning av hjortevilt (DN-rapport 8-2009). Strategien definerer mål for forvaltninga og slår fast at det må etablerast eit effektivt tverrsektorielt samarbeid for å møte utfordringane. Det er behov for auka presisjon i hjorteviltforvaltninga og ei dyktiggjering av aktørane i alle ledd dersom ambisjonar om sunne og livskraftige hjorteviltbestandar, reduksjon i omfang av arealbrukskonfliktar og auka verdiskaping skal vere mogleg å få til. Direktoratet for naturforvaltning følgjer no opp hjorteviltforvaltninga i tråd med den nye strategien. Hjorteviltregisteret er eit viktig hjelpemiddel for dei som skal ta avgjerder innanfor hjorteviltforvaltninga. Gjennom nasjonalt overvakingsprogram og helseovervakingsprogram for hjortevilt følgjer ein bestandsutviklinga i eit representativt utval av hjorteviltbestandane. Direktoratet for naturforvaltning har òg under utvikling ein hjorteviltportal på internett som skal lette tilgangen til god informasjon for alle og bidra til å styrkje kommunikasjonen mellom aktørane. Sjukdom hos viltlevande dyr har fått auka merksemd dei siste åra. Ikkje berre som smittekjelde for menneske og husdyr, men òg som ein faktor som påverkar bestandane si bereevne og overleving. Auka førekomst av sjukdom ser ut til å verke saman med andre påkjenningar slik som klimaendring, auka nivå av miljøgifter, introduksjon av nye organismar, fragmentering av leveområde og endra landskapsbruk. I Noreg driv Veterinærinstituttet overvaking av helsetilstanden hos hjortevilt. Dette er finansiert over Viltfondet. Det finst elles inga systematisk overvaking av sjukdom eller smittestoff hos viltlevande dyr. Kunnskap om nivået av sjukdom i bestandane er ein føresetnad for riktig forvaltning både med tanke på å bevare berekraftige vilt- og fiskebestandar og for å hindre spreiing av smitte til menneske og dyr.

Veterinærinstituttet og Direktoratet for naturforvaltning har saman utarbeidd eit rammeverk for helseovervaking av viltbestandar. Behovet for helseovervaking er aktualisert ved den sterke merksemda som har vore omkring fuglevirus og moglege konsekvensar av dette i Noreg. I tillegg kjem auka utbreiing av flått og hjortelusfluge, og auka fare for andre sjukdommar med endra klimatilhøve. Ingen viltarter som det er jakt på er truga av overutnytting.

Staten naturoppsyn samarbeider med villreinutvala og lokalt politi om kompetanseoppbygging og gjennomføring av villreinoppsynet slik at dette skjer på ein einsarta og effektiv måte i alle villreinområda.

Organiseringa av jakt og fiske varierer mellom kommunar og fylke. Gjennom eit konstruktivt samarbeid med rettshavarane blir fleire og fleire område opna for allmenta. Dette fører til at aktiviteten aukar på dette feltet.

Det vert ikkje kravd fiskaravgift for innlandsfisk. For laksefiske er det mogleg å betale fiskaravgift for familiar.

Talet på jegerar aukar svakt for kvart år. I alt betalte 198.600 personar jegeravgift for jaktåret 2010/2011, og det er 2.100 fleire enn året før. Av dei som betalte avgifta for jaktåret 2010/2011, var 195.500 busette i Noreg. 13.700 av dei var kvinner, tilsvarande nesten 7 prosent. I løpet av jaktåret 2010/2011 besto 11.900 personar jegerprøven, ein nedgang på 1.300 frå året før. Av alle som besto prøven, var 20 pst. kvinner. Til saman er det 445.200 personar som står oppført i Jegerregisteret.

Regulering av laksefisket er basert på vitskapeleg rådgiving, kunnskap om tilstanden til bestandane, fagleg skjønn og erfaringar. I 2008 vart det innført eit nytt reguleringsregime med vesentlege innskrenkingar i fisket både i elv og i sjø. Dette vart ført vidare for 2009 og ytterlegare innskrenkingar vart gjennomførte i 2010. Reguleringane i sjø for 2011 vart haldne oppe på nivået for 2010, mens det vart gjennomført nokre ytterlegare innstrammingar i elvefisket. Det vart oppretta eit arbeidsutval i 2011 for laksefiskereguleringane i Finnmark og Nord-Troms. Dette utvalet er oppretta i samsvar med ein konsultasjonsavtale med Sametinget om desse reguleringane. Utvalet skal på basis av vitskapeleg kunnskap og erfaringskunnskap komme med ei anbefaling for reguleringane frå 2012.

Ei driftsplanbasert forvaltning krev at rettshavarane er organiserte i høvelege einingar som kan ivareta interessene sine. Slike einingar må vere juridisk og økonomisk forpliktande, slik at styresmaktene kan opptre formelt i høve til eit driftsplanområde. Utviklinga av driftsplanbasert forvaltning vil bli følgd opp i samarbeid med dei sentrale organisasjonane på fiskerettshavar- og brukarsida. I forslag til revidering av lakse- og innlandsfisklova er det blant anna foreslått å innføre obligatorisk organisering av rettshavarar i laksevassdrag, og å lovfeste ordninga med nasjonale laksevassdrag og -fjordar.

I 2011 blei Tanavassdragets fiskeforvaltning oppretta. Dette er eit lokalt, rettsbasert organ for forvaltninga av fisket i Tanavassdraget.

Hausting av levande marine ressursar har dei siste åra stort sett følgt råda frå forskarane. Det er òg laga forvaltningsplanar for dei fleste bestandane i samarbeid med Russland, EU og andre land vi deler ressursane med. I Nordsjøen er det spesielt torsken som framleis er utsett for alt for høgt uttak. EU-kommisjonen har no tilrådd ein ny fiskeripolitikk som når den blir vedteken, forhåpentleg kan gjere noko med dette forholdet. I Barentshavet og Norskehavet står det bra til med dei fleste bestandane. Kysttorskbestanden er likevel framleis på eit historisk lågmål. Det er no laga ein plan for å byggje opp att denne bestanden. For blåkveite har situasjonen betra seg dei siste åra. Begge uerartene er framleis under oppbygging og ICES åtvarar mot direkte fiske på begge bestandane. Det føregår framleis eit avgrensa fiske på kysttorsk og vanleg uer. I tillegg føregår det eit regulert fiske på snabeluer i internasjonalt farvatn.

1.2.2.2 Dei ville laksebestandane skal vere sikra.

Rapporten frå Vitskapeleg råd for lakseforvaltning viser at innsiget av laks til Noreg var historisk lågt i 2010, sjølv om det var ein liten auke frå 2009. Den mest markante endringa i status for laksestammane frå 2009 til 2010 er at fangsten er redusert så mykje gjennom reguleringar, at gytebestandsmåla er nådd i dei fleste elvane. Eit viktig unntak er Tanavassdraget, der ei spesielt negativ utvikling truleg berre kan knytast til overhausting.

Sur nedbør, vasskraftreguleringar, fysiske inngrep, Gyrodactylus salaris, lakselus og rømt oppdrettslaks er nemnde som særleg alvorlege truslar mot dei ville laksebestandane. Lakselus og rømt oppdrettslaks er vurderte som ikkjestabiliserte og eksistensielle truslar mot norsk laks og dei einaste truslane som det ikkje er sett inn effektive tiltak mot. Lakselus og rømt oppdrettslaks er truleg viktige årsaker til særleg lågt innsig av laks og dårleg måloppnåing i mange laksestammar på delar av Vestlandet. Det er no naudsynt å gjennomføre omfattande tiltak for å redusere effekten av lakselus og rømt oppdrettslaks.

Ferdigstillinga av ordninga med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar, jf. St.prp. nr. 32 (2006-2007) Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar, vart vedteken av Stortinget våren 2007, jf. Innst. S. nr. 183 (2006-2007). Ordninga består etter dette av til saman 52 nasjonale laksevassdrag og 29 nasjonale laksefjordar som skal beskyttast mot inngrep og aktivitetar i vassdraga, og mot oppdrettsverksemd i dei nærliggjande fjord- og kystområda.

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris er den enkeltfaktoren som til no har hatt størst dokumentert skadeeffekt på dei norske bestandane av villaks. Parasitten vart introdusert til Noreg i 1975, og er sidan spreidd til i alt 46 lakseførande vassdrag. Gjennom systematisk nedkjemping er utbreiinga redusert. I dag er 21 vassdrag friskmelde etter vellukka behandlingar, mens 5 vassdrag er behandla og framleis under overvaking før friskmelding. 20 vassdrag veit ein i dag er infiserte av Gyrodactylus salaris. Målsetjinga for arbeidet med nedkjemping av parasitten er å utrydde den frå alle infiserte vassdrag der dette er realistisk, og samtidig minimalisere risikoen for vidare spreiing.

Rotenon vil framleis vere forvaltninga sitt viktigaste verkemiddel for nedkjemping av Gyrodactylus salaris, mens utvikling av kombinasjonsmetoden (bruk av surt aluminium i kombinasjon med rotenon) held fram i Lærdalselva. Bruk av fiskesperrer blir utvikla vidare, blant anna med vurdering av elektriske fiskesperrer.

I Vefsn-regionen vart det i desember 2010 bekrefta at Gyrodactylus salaris påvist på røyer i vatna ovanfor Fusta var dødelege for laks, og planen for behandlinga av vassdrag for regionen vart endra grunna desse funna. Det er gitt løyve til å gjennomføre eit opplegg for behandling i vassdrag i Vefsn-regionen med rotenon over to år med start i august 2011. I Lærdalselva er det lagt opp til ny behandling i 2011 med bruk av aluminiumsmetoden.

Det blir i dag utført kalking i 21 laksevassdrag i Sør-Noreg. I tillegg blir det gjennomført lokale kalkingsprosjekt i mange innlandsvassdrag, som for ein stor del går i regi av frivillige organisasjonar. Kalking har ført til at laksebestandane er bygde opp att i mange forsuringsskadde elvar – noko som har ført til ein stor auke i laksefangstane på Sør- og Sørvestlandet. Den prosentvise delen av villaks som blir fanga i kalka vassdrag har auka frå under 2 pst. før kalkinga starta til om lag 11 pst. i dag. Levande genbank er eit tiltak som er sett i verk for å redde stammer som ikkje lenger kan overleve i vassdraga. I genbanken blir stammene tekne vare på til truslane i vassdraga er redusert til akseptable nivå eller fjerna. Elleve av dei 30 laksestammene som er blitt tekne vare på i genbanken er blitt tilbakeførte til elvane sine. I tillegg er sju stammer under tilbakeføring i dag. Alle nasjonale laksevassdrag og nye stammer som er alvorleg påverka av rømd oppdrettsfisk og lakselus er no under vurdering for bevaring i genbank.

Statens naturoppsyn har etter at det overtok ansvaret for lakseoppsynet styrkt dette gjennom ein stadig betre dekning i feltapparatet og effektivisering og samordning av eksisterande oppsynsverksemd. Gjennom samarbeid og samordning med politiet, Kystvakta og andre aktørar blir utviklingstrekk i viktige lakseområde fanga betre opp, og kontrollen med ulovleg fiske er styrkt. Størsteparten av meldingane til politiet i 2010 skuldast som føregåande år, brot på regelverket i «Forskrift om nedsenkning av garnredskap», men det er framleis òg eit lite tal meldingar knytte til fiske med kilenot og krokgarn og ulovleg stongfiske i lakseførande vassdrag i perioden med fiskeforbod.

1.2.3 Halde oppe eller byggje opp att truga arter til eit livskraftig nivå

1.2.3.1 1.2.2.1 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850 – 120 0 årlege hekkingar av kongeørn skal sikre levedyktige bestandar av desse artene.

I 2010 vart det registrert tre ynglingar av ulv i Noreg. Det nasjonale målet er tre heilnorske årlege ynglingar i Noreg innanfor eit nærare definert forvaltningsområde i Hedmark, Akershus, Østfold og Oslo. Alle ynglingane i 2010 var innanfor dette området. Ynglingar i grenseflokkar kjem i tillegg. Førebelse tal viser at det totalt vart fødd 31 kull med kvalpar i den skandinaviske bestanden i 2010, og det er 5 fleire enn i 2009. DNA-analysar av dei skandinaviske ulvane viser eit nært slektskap, noko som på lang sikt kan gi innavlsdefektar dersom det ikkje år om anna kjem inn nye individ gjennom naturleg innvandring frå Finland/Russland. Det nasjonale målet for bjørn er sett til 15 årlege ynglingar. Registreringar tyder på vekst i bestanden, men det er enno langt igjen til bestandsmålet er nådd. I 2010 vart det berekna 6 ynglingar basert på funn frå binner ved hjelp av DNA. Frå 2006 er bestandsovervakinga av bjørn betra ved hjelp av innsamling av ekskrement og hår for DNA-analyse. Frå 2009 er det samla inn og analysert DNA-materiale i heile landet. Innsamlinga blir gjennomført blant anna ved hjelp av lokale elgjegerar. Det vart registrert 66 ynglingar av jerv i 2010. Det nasjonale målet er 39 årlege ynglingar. Bestandsreguleringa skal skje ved lisensfelling. I skadeutsette område der lisensfelling ikkje gav tilstrekkeleg bestandsregulerande effekt i høve til tapspotensial vart det våren 2010 sett i verk ekstraordinære uttak av jerv. Uttak av tispe og/eller kvalpar vart gjennomført ved 12 av dei 66 registrerte ynglingane i 2010. For gaupe vart det før jakt i 2010 registrert mellom 75 og 80 familiegrupper. Det nasjonale bestandsmålet på 65 årlege ynglingar er nådd. Ei yngling tilsvarer ei familiegruppe.

I 2004 var bestanden av kongeørn på landsbasis berekna til å vere 850 – 120 0 hekkande par, og ein har trudd at bestanden har vore stabil på omlag dette nivået etter 2004. Frå 2006 har kongeørn inngått i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt. Nyregistreringar og kvalitetssikring av gamle data tyder på at bestanden er høgare enn berekningane frå 2004 viser. Det er venta eit nytt bestandsoverslag i 2012.

Rovviltnemndene har hovudansvaret for forvaltninga av gaupe, jerv, bjørn og ulv innanfor sin region. Rovviltnemnda skal utarbeide ein forvaltningsplan, i nært samarbeid med aktuelle partar. Planen skal vise korleis nemnda vil gjennomføre den vedtekne nasjonale rovviltpolitikken i sin region. Dette arbeidet er no fullført i alle dei 8 regionane.

Statens naturoppsyn har det operative ansvaret i høve til rovviltforvaltning i Noreg. Oppgåvene omfattar blant anna skadedokumentasjon, under dette drift av rovviltkontaktnettet, bestandsregistrering, skadefelling og tiltak i særskilde tilfelle.

Statens naturoppsyn har òg i fleire år prioritert høgt å førebyggje og avdekkje ulovleg felling av rovvilt, og har eit aktivt samarbeid med politiet i konkrete saker. Det er etablert tett samarbeid med politiet og Økokrim om særskilde oppsyns- og kontrolltiltak i forvaltningssona for ulv. Det blir òg gjennomført rutinevise kontrolltiltak med felte rovdyr og skotplassar under lisens- og kvotejakt på desse artene.

1.2.3.1 Dei mest truga artene skal innan 2013 ha status som prioriterte arter, og få sikra sitt økologiske funksjonsområde, jf. naturmangfaldlova.

Ei revidert raudliste for truga arter vart lagt fram av Artsdatabanken hausten 2010. Den inneheld totalt 3.682 truga eller nær truga arter. Av desse er 125 utdøydde frå norsk natur etter år 1800. Dette er 41 fleire enn i Raudliste for arter 2006, men denne klassifiseringa skuldast for alle desse artene ny kunnskap og tolking av tidlegare data, og ikkje reell bestandsendring etter 2006. 12 arter som ein trudde var utdøydde i 2006 har no fått ein annan raudlistekategori. For ni arter skuldast dette at dei er gjenfunne i Noreg i perioden 2006-2010, mens det for de siste tre tilfella skuldast ny tolking av eldre data. Påverknad på arters leveområde årsaka av tidlegare eller noverande menneskeleg aktivitet er den klart viktigaste faktoren i høve til arters risiko for å døy ut. Dette gjeld for 87 pst. av artene. Omlag 50 pst. av artene på raudlista er knytte til skog og 20 pst. til kulturlandskap. Ulike typar arealendring/arealbruk er eit trugsmål mot 94 pst. av raudlisteartene.

Dei åtte første prioriterte artene etter naturmangfaldlova vart vedtekne i mai 2011. Prioriterte arter er eit av dei nye, sentrale verkemidla i naturmangfaldlova som skal medverke til at arter og deira genetiske mangfald blir teke vare på på lang sikt og slik at alle arter førekjem i levedyktige bestandar i sine naturlege utbreiingsområde. For fem av dei prioriterte artene er det òg gitt reglar om ivaretaking av artens økologiske funksjonsområde gjennom berekraftig bruk. Dei første åtte prioriterte artene er fugleartene dverggås og svarthalespove, insektartene elvesandjeger, eremitt og klippeblåvenge og planteartene dragehovud, honningblom og raud skogfrue. Alle artene er klassifiserte som anten kritisk truga, sterkt truga eller sårbar på Norsk raudliste for arter 2010. Desse artene har no fått skreddarsydde reglar for aktiv ivaretaking gjennom berekraftig bruk. For dei artene som har eit økologisk funksjonsområde der aktiv skjøtsel er ein føresetnad for å ta vare på førekomstane vil det bli utarbeidd handlingsplanar. Det er etablert ei eiga tilskotsordning for aktiv skjøtsel og andre tiltak knytte til prioriterte arter som grunneigarar, rettshavarar, kommunar og organisasjonar kan søkje på.

Edelkrepsen er klassifisert som sterkt truga i den norske raudlista. Krepsepest er den største trusselen mot edelkreps fordi utbrot fører til massedød. Det skal i løpet av hausten 2011 lagast ei fagleg utgreiing som grunnlag for å vurdere edelkreps som ei prioritert art etter naturmangfaldlova.

Sjøfuglane er ein viktig del av kystnaturen og det marine økosystemet, og sjøfuglartene er sikre indikatorar på miljøtilstanden i havet. Fleire sjøfuglbestandar langs Norskekysten har hatt ein urovekkjande tilbakegang. Lomvi er klassifisert som kritisk truga på Norsk Raudliste for arter 2010. Noreg har eit spesielt forvaltningsansvar for fleire sjøfuglarter fordi bestandane utgjer ein vesentleg del av den europeiske eller nordatlantiske bestanden. Sjøfuglprogrammet SEAPOP skal gi betre kunnskapsgrunnlag for å ta avgjerder i spørsmål som gjeld tilhøvet mellom sjøfugl og menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona, til dømes innanfor petroleumsverksemda og fiskeria. Det er behov for ytterlegare kunnskap om årsaker til nedgangen og for gjennomføring av tiltak på område der belastning på sjøfugl frå menneskeleg aktivitet eventuelt viser seg å vere eit problem. Noreg har delteke i eit nordisk samarbeid om ein handlingsplan for å motverke nedgangen i sjøfuglbestandane. Handlingsplanen, som gjeld sjøfugl i vestnordiske område, vart lagt fram hausten 2010. Matmangel forårsaka av konkurranse mellom sjøfugl og fiskeri er i rapporten identifisert som ei viktig årsak til problema for mange sjøfuglbestandar der det blir fiska på dei same bestandane som sjøfuglane har som næringsgrunnlag. Regjeringa varsla i forvaltningsplanen for Barentshavet – Lofoten blant anna at den vil etablere ei arbeidsgruppe beståande av sjøfuglekspertar og havforskarar som skal utgreie samanhengane mellom nedgangen i mange av sjøfuglbestandane og tilgangen på næring, og foreslå eventuelle tiltak for å betre næringstilgangen for sjøfugl.

Fjellreven er på raudlista klassifisert som kritisk truga i Noreg utanom Svalbard. I Fastlands-Noreg er det om lag 50 vaksne fjellrevar att. 2010 var eit middels år for fjellreven, og det vart registrert 16 ynglingar i Noreg, og 26 ynglingar i Sverige. Det er sannsynleg at dette har samanheng med ein auke i smågnagarar dette året i høve til 2009 som var eit dårleg år for ynglingar av fjellrev. Framleis er Finnmarksprosjektet som omfattar raudrevkontroll på Varangerhalvøya og avlsprosjektet for utsetjing av fjellrev i naturen to viktige tiltak. I 2010 vart det sett ut 71 kvalpar frå avlsstasjonane på Dovre, Finse og i Rana. mot 38 kvalpar i 2009. Overvaking av fjellreven blir gjennomført årleg, Villreinen er ein norsk ansvarsart og skal ha ein sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida. Det er derfor eit arealpolitisk mål å sikre leveområda for arten. Sikring av villreinen sine leveområde har stått sentralt ved opprettinga av mange av våre store nasjonalparkar og landskapsvernområde. Slikt vern dekkjer likevel berre delar av villreinen sine leveområde og må utfyllast av planar etter plan- og bygningslova. Det er starta sju regionale planprosessar som femner alle dei ti nasjonale villreinområda (Setesdalsheiane, Hardangervidda, Nordfjella, Rondane-Sølnkletten, Forollhogna, Ottadalsområdet og Snøhetta/Knutshø). To informasjons- og kompetansesenter for villrein er i drift på Skinnarbu og Hjerkinn. I perioden 2009-2012 går det òg føre seg eit større forskings- og utgreiingsprosjekt knytt til villrein, ferdsel og inngrep i Snøhetta/Dovre området. Prosjektet blir gjennomført med stor brukarmedverknad.

Gjennom den gradvise utbygginga av Statens naturoppsyn har kontrollen med ulovleg jakt på truga arter blitt stadig betre. Gjennom arbeidet med handlingsplanar for truga arter er det dokumentert eit klart behov for styrkt oppsyn med leveområda til fleire av desse artene.

Framande arter og genmodifiserte organismar

Tabell 22.5  Framande arter og genmodifiserte organismar i 2011

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

1.3.1. Menneskeskapt spreiing av framande organismar eller utsetjing av genmodifiserte organismar skal ikkje skade biologisk mangfald eller økologiske funksjonar og tenester.

1.3.1.1 Hindre uheldige følgjer for naturmangfald av tidlegare introduserte organismar.

Talet på handlingsplanar utarbeidde og sette i verk for allereie introduserte skadelege, framande organismar.

Talet på nedkjempings/utryddingstiltak (fordelt på art) gjennomført pr. fylke.

Talet på arter på «svartelista».

1.3.1.2 Hindre innførsel og utsetjing av framande organismar som fører til eller kan føre til uheldige følgjer for naturmangfaldet.

Talet arter på «svartelista» med høg økologisk risiko.

1.3.1.3 Hindre utsetjing av genmodifiserte organismar (GMO) som kan føre til skade på naturmangfaldet.

Påvisingshendingar av GMO i mat og på den norske marknaden.

Talet på tilfelle der det er påvist mengder av GMO over tillatne grenseverdiar.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1 S (2010-2011).

1.3.1 Menneskeskapt spreiing av framande organismar eller utsetjing av genmodifiserte organismer skal ifølge biologisk mangfald eller økologiske funsjonar og tenester

1.3.1.1 Hindre uheldige følgjer for naturmangfald av tidlegare introduserte organismar.

Globalt er menneskeskapt spreiing av organismar gjennom auka handel, turisme, reising og nedbygging av grensekontroll mellom land og kontinent ein av dei største truslane mot mangfaldet i naturen. FNs Konvensjon om biologisk mangfald pålegg oss, så langt det er mogleg og føremålstenleg, å hindre innføring av og kontrollere eller utrydde arter som trugar økosystem, leveområde eller arter.

Norsk svarteliste som Artsdatabanken la fram i 2007 inneheld risikovurderingar av 217 av dei 2 483 framande artene som så langt er registrerte i Noreg. Denne svartelista er eit viktig verktøy for styresmaktene sine prioriteringar av tiltak mot etablerte, skadelege framande organismar, og grunnlag for å setje i gang risikovurdering av fleire av dei framande artene som vi veit har negative økologiske effektar. Ei revidert Svarteliste vil liggje føre i 2012.

Problemet med framande organismar er aukande, og trugar i tillegg til naturmangfaldet òg næringsinteresser og folkehelsa. Eksempel er attgroing i vassdrag, øydelegging av skog (t.d. furuvednematode), avlingar og bygningar. Kostnadene med å kontrollere framande organismar når dei først har etablert seg er ofte store. Det er derfor viktig å setje i verk tiltak på eit tidleg stadium. Det skal lagast handlingsplanar og setjast i gang tiltak mot utvalde framande skadelege organismar innafor dei ulike sektorane sitt ansvarsområde. Statens naturoppsyn sitt arbeid med nedkjemping og overvaking av framande organismar skal førast vidare og styrkjast. Arbeidet med kartlegging av førekomstar av framande organismar skal òg styrkjast, blant anna gjennom standardiserte rapporteringsrutinar og verktøy.

I 2008 vart det laga handlingsplanar mot mårhund. Det er utarbeidd tiltaksplan mot Gyrodactylus salaris generelt og mot ørekyte i Namsenvassdraget. I 2011 vil handlingsplanar for mink, rynkerose og ein del introduserte arter i ferskvatn bli ferdigstilte.

I ein del verneområde blir det i regi av Statens naturoppsyn årleg gjennomført skjøtselstiltak mot framande organismar og andre problemarter, blant anna platanlønn, gran, sitkagran, bergfuru, buskfuru, rynkerose, kjempespringfrø og fleire andre forvilla hageplantar. Det er gjennomført jakttid heile året på mink, mårhund, bisamrotte og villsvin, og innført utvida jakttid for 7 andre arter som ikkje høyrer heime i norsk natur. Direktoratet for naturforvaltning har med utgangspunkt i Norsk Svarteliste 2007 identifisert eit større tal arter som det er viktig at miljøforvaltninga prioriterar tiltak mot. Dette krev betydeleg ressursinnsats.

Framande organismar kan ha negative effektar for mange sektorar, og Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot fremmede skadelige arter frå 2007 legg grunnlaget for felles mål, prinsipp og retningslinjer for behandling av framande organismar mellom dei 10 mest relevante departementa.

For å styrkje samarbeidet mellom sektorane i høve til framande organismar skal det haldast jamleg kontakt for kompetansebygging og informasjonsutveksling. Direktoratet for naturforvaltning koordinerer møter med ei eiga direktoratsgruppe for å sikre slik koordinering. Departementet vil auke innsatsen framover for å få til betre koordinering mellom dei ulike sektorane med omsyn til oppfølging av det nye regelverket i naturmangfaldlova knytt til framande organismar.

Ein plan for kartlegging og overvaking av framande organismar for perioden 2008 – 2010 vart våren 2008 vedteken av det interdepartementale utvalet under Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. I 2010 og 2011 er det arbeidd vidare med å utvikle metodikk for overvaking av framande organismar. Eit samarbeid med Artsdatabanken om tidleg oppdaging og varsling av nye framande organismar vart sett i gang i 2009. Det er òg teke initiativ for å auke registreringa av framande organismar i nettportalen Artsobservasjoner frå medlemmer i frivillige organisasjonar og andre interesserte.

1.3.1.2 Hindre innførsel og utsetjing av framande organismar som fører til eller kan føre til uheldige følgjer for naturmangfaldet.

Naturmangfaldlova har reglar som skal medverke til å hindre at framande organismar etablerer seg i landet. Forskrifter for innførsel og utsetjing av framande organismar og forskrift om utsetjing av utanlandske treslag har vore på høyring, og dei skal etter planen ferdigstillast i 2011, og setjast i verk frå 1. januar 2012. Innførsle av framande organismar krev løyve. Alle som vil innføre ein organisme til Noreg må først gjere seg kjend med miljørisikoen, og konsekvensane for naturen ved innførsel skal klarleggjast. Det skal ikkje givast løyve til innførsel dersom det er grunn til å tru at innførsel eller utsetjing vil få vesentlege uheldige følgjer for naturen. Lova har òg reglar om uttak av framande organismar for å verne om arter som finst naturleg, og reglar om å påleggje den ansvarlege for ulovleg utsetjing av framande organismar å rydde opp. Reglane gjeld uavhengig av korleis dei aktuelle organismane har hamna i norsk natur. Men dette gjeld ikkje for marine arter som er komne inn i Noreg av seg sjølve. Desse blir regulerte av havressurslova.

Noreg har ratifisert IMOs konvensjon om spreiing av framande organismar med ballastvatn frå skip. Ei norsk forskrift om handtering av ballastvatn tredde i kraft 1. juli 2010. Noreg er eit av dei første landa i verda som innfører krav til handtering av ballastvatn.

1.3.1.3 Hindre utsetjing av genmodifiserte organismar (GMO) som kan føre til skade på naturmangfaldet.

Talet på land som set ut genmodifiserte organismar (GMO) i miljøet aukar. I 2010 vart genmodifisert soya, mais, bomull, sukkerbete og raps, og noko tomatar, squash, papaya, paprika, alfalfa, nellik, poplar, potet og petunia dyrka på 148 millionar hektar. Dette er ein auke på 10 pst. frå året før. USA dyrkar ca. halvparten med 665 millionar hektar. Argentina og Brasil står for om lag 32 pst. med 48 millionar hektar, mens resten av arealet i all hovudsak er fordelt på Canada, India, Kina, Paraguay, Pakistan, Uruguay og Sør-Afrika. Det er framleis stor usemje om bruk og regulering av GMO mellom dei landa som produserer og eksporterer GMO og andre land.

Noregs GMO-regelverk og -politikk er blant dei mest restriktive i verda. Både genteknologilova og våre internasjonale plikter (EØS-avtala, Cartagena-protokollen og WTO-avtala) stiller strenge krav til vitskapeleg risikovurdering for vedtak om godkjenning av eller forbod mot GMO. For at vi skal kunne halde fram med vår GMO-politikk, og vurdere eit stadig aukande tal komplekse GMO-søknader best mogleg, er det naudsynt å sikre forsking på miljøkonsekvensar av GMO og få bistand frå best mogleg fagleg ekspertise i behandlinga av GMO-søknader. Det er viktig å medverke til at miljørisikovurderingane frå Vitskapskomiteen for mattryggleik kan halde eit fagleg høgt nivå.

For å føre vidare den restriktive politikken er det behov for auka fokus på tilsyn og miljøovervaking av GMO-produkt. Miljøforvaltninga sitt ansvar er knytt til blant anna feltforsøk og tilsyn med produkt som ikkje er mat eller fôr, og til Forskrift om merking, transport, import og eksport av GMO. Ved behandling av marknadsføringsløyve for GMO, skal kriteria i genteknologilova om miljø, helse, samfunnsnytte, berekraftig utvikling og etikk leggjast til grunn. Det er behov for utgreiing og forsking relatert til samfunnsnytte ved import av GMO, spesielt relatert til fôr der framtidige behov kan komme i konflikt med vanskelegare tilgang til ikkjemodifisert råvare. Det er òg behov for auka kunnskap om berekraftig utvikling i land som dyrkar GMO og miljøeffektar av herbicidresistente og insektresistente GMO-planter. Saman med Bioteknologinemnda sette Direktoratet for naturforvaltning i 2010 i gang eit arbeid med å operasjonalisere genteknologilovas krav i høve til berekraft av såkalla bt-vekstar. Dette er planter som er blitt genmodifiserte ved at dei har fått sett inn eit gen som produserar gift frå bakterien Bacillus thuringiensis (Bt). Gifta er skadeleg for larvene til visse arter av tovinga insekt, særleg sommarfuglar og biller. Dyrking av Bt-planter med si eigenproduserte insektgift gjer det mogeleg å redusere sprøytemiddelbruken. Bt-planter i landbruket er omstridt, særleg på grunn av uavklarte spørsmål knytte til utvikling av resistens hos skadedyra, og dei økologiske konsekvensane for andre dyr. Dette arbeidet legg grunnlag for vidare arbeid med å operasjonalisere lova sine krav til berekraft, samfunnsnytte og etikk for andre typar av GMO. Forsking på miljøeffektar bør vere ein del av næringsretta bioteknologiforsking. EUs nye reglar om utsetjing av GMO i miljøet vart innlemma i EØS-avtala i september 2007 (jf. EU-direktiv 2001/18) med ei vidareføring av tilpassinga som gir Noreg rett til å forby GMO som EU godkjenner dersom vi meiner at det er naudsynt ut frå genteknologilova. EU har vedteke nye reglar om bruk av GMO til mat og fôr, merking og høve til sporing av GMO og i høve til sporing av genmodifisert mat og fôr. Regjeringa forhandlar med EU om å innlemme også desse reglane i EØS-avtala med ei tilsvarande tilpassing.

Status på viktige verkemiddel/oppgåver som går på tvers av underområde 1, 2 og 3

Internasjonalt samarbeid

Landa i verda vart i 2002 samde om målet om ein betydeleg reduksjon i tapet av arter og økosystem innan 2010. Dette målet er i 2010 evaluert under Konvensjonen om biologisk mangold, blant anna gjennom ein større statusrapport som vart presentert i mai 2010 (Global Biodiversity Outlook 3). Rapporten konkluderer med at det globale målet om å «oppnå en betydelig reduksjon av det nåværende tapet av biologisk mangfold» ikkje er oppfylt. Rapporten viser at utviklinga «går den gale veien», og at arter og økosystem blir utrydda raskare enn nokon sinne. Ekspertane understrekar at det hastar med å snu utviklinga, elles risikerer vi at økosystem blir pressa så hardt at dei passerer såkalla «vippepunkt». Dette vil kunne føre til tap av viktige økosystemtenester som mat, medisinar, pollinering av avlingar, binding av CO2 i skog og jordsmonn og evne til å dempe effektane av ekstremvêr. Ifølge ekspertane vil dei tiltaka som blir sette i verk dei neste 10-20 åra avgjere om vi lykkast med å snu utviklinga. 2010-målet har bidrege til at naturmangfald er komme høgt opp på den politiske agendaen i partslanda under Konvensjonen. 2010-målet har òg bidrege til å få fram eit betre kunnskapsgrunnlag for naturmangfald, og dette arbeidet vil fortsetje i åra framover.

Det 10. partsmøtet for Konvensjonen om biologisk mangfald vart arrangert i oktober 2010 i Japan. Følgjande 4 tema var særleg viktige før partsmøtet:

  • vedtak av protokoll om tilgang til genressursar og rettferdig fordeling

  • vedtak av nye mål for naturmangfald etter 2010

  • styrking av naturmangfald i klimasamanheng, blant anna gjennom å arbeide for aktivt samarbeid mellom dei tre Rio-konvensjonane

  • synleggjering av naturkapitalen.

På partsmøtet vart det vedteke ein ny strategisk plan fram til 2020 for bevaring av naturmangfald. Landa vart samde om å stanse tapet av naturmangfald slik at ein innan 2020 har robuste økosystem, og det vart vedteke 20 delmål for å oppnå dette målet innan 2020. Eit døme på dette er å stanse tapet av truga arter og å syte for at deira bevaringsstatus er betra innan 2020. Delmålet om å sikre at verdiane av naturmangfald og økosystemtenester blir innarbeidde i nasjonale rekneskapar og avgjerdsprosessar er ei oppfølging av den såkalla TEEB-rapporten (The Economics of Ecosystems and Biodiversity). Planen inneheld òg mål om å fjerne eller reformere subsidiar som er skadelege for naturmangfaldet innan 2020.

Eit anna viktig tema i Nagoya var å få til ei betre samordning av arbeidet med å ta vare på naturmangfald og kampen mot klimaendringane. Partslanda anerkjenner at naturmangfald vil bli negativt påverka ved omfattande klimaendringar. Vidare blir betydninga av økosystema og deira økosystemtenester i høve til tilpassing og motstandsdugleik mot klimaendringar og reduksjon av naturkatastrofar understreka. Arbeidet under klimakonvensjonen for å redusere utsleppa av klimagassar grunna avskoging og auka karbonopptak ved treplanting i utviklingsland (REDD+) og koplinga til å ta vare på naturmangfald har fått spesiell omtale i partsmøtevedtaket frå Nagoya. Betydninga av at ein i dette arbeidet gjennomfører tiltak (safeguards) for å sikre bevaring av naturmangfald i skog blir understreka. Konvensjonen om biologisk mangfald ønskjer å gi råd og samarbeide med Klimakonvensjonen for å medverke til at det blir teke nødvendige omsyn til naturmangfald ved gjennomføring av REDD+ på nasjonalt nivå. Det er her særleg viktig med samordning av vedtak under klimakonvensjonen og konvensjonen om biologisk mangfald, blant anna knytt til bevaring av skog og våtmarker og til utnytting av bioenergi.

Partmøtet vedtok òg Nagoya-protokollen som er ein rettsleg bindande protokoll under Konvensjonen om biologisk mangfald med reglar om tilgang til genetiske ressursar og ei rettferdig fordeling av fordelar ved bruk av desse. Dette betyr at land og selskap som nyttar genmateriale frå planter eller dyr i produksjon av varer, som til dømes medisinar og kosmetikk, skal syte for at landet der genmaterialet kjem frå får ein del av inntektene frå produkta. Resultatet er ein seier for utviklingslanda som lenge har arbeidd for å operasjonalisere konvensjonens tredje målsetjing om rettferdig fordeling. Landa er òg blitt samde om reglar for etterleving av protokollen og nasjonal lovgiving i leverandørland av genressursar. Dette er viktig for å hindre ulovleg bruk av genressursar. I naturmangfaldlova er det allereie reglar som forpliktar brukarar av genressursar under norsk jurisdiksjon til å følgje eventuelle krav om samtykkje på førehand og andre vilkår som leverandørlandet har sett for uttak av genressursar. I så måte er Noreg eit føregangsland på dette feltet. No vil det bli utarbeidd forskrift med heimel både i naturmangfaldlova og havressurslova for tilgang til norske genressursar og vidare utnytting av desse. Nagoya-protokollen vil danne utgangspunkt for forskriftsarbeidet.

Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar (GMO) skal sikre at handel og bruk av levande GMO ikkje skadar mangfaldet i naturen eller helsa til menneske. På partsmøte i Nagoya i oktober 2010 var partane samde om ein ny strategisk plan for Cartagena-protokollen. Noreg har gitt innspel på tema til denne planen med utgangspunkt i genteknologilova. Vi har blant anna understreka behovet for ein eigen vitskapskomité for risikovurderingar under protokollen, og at ein set spørsmålet om sosioøkonomiske effektar frå GMO på agendaen. Noreg har gitt midlar til ein workshop om sosioøkonomiske effektar som vil bli arrangert i samarbeid mellom India og Noreg. Den vil finne stad i India i november 2011.

Noreg vil framleis leggje stor vekt på å styrkje det faglege og vitskaplege grunnlaget for vedtak som blir fatta under ulike konvensjonar. Som ein del av dette følgjer Noreg aktivt opp den semja som vart oppnådd i FNs generalforsamling hausten 2010 og i styremøte under FNs miljøprogram i februar 2011 om å etablere eit internasjonalt naturpanel for kunnskap om naturmangfald og økosystemtenester (IPBES) etter modell av det internasjonale klimapanelet (IPCC). FNs generalforsamling vedtok i desember 2010 å be FNs miljøprogram om å arrangere det første plenumsmøtet under naturpanelet hausten 2011. Formålet med eit naturpanel er å skaffe regjeringane eit best mogleg kunnskaps- og avgjerdsgrunnlag i spørsmål om naturmangfald. Noreg ønskjer å medverke med fagleg støtte til panelet gjennom å nytte seg av dei kompetansefortrinna som Trondheim med sine fagmiljø har i spørsmål knytt til kapasitetsbygging. Dette omfattar òg ei eventuell rolle som delsekretariat for arbeidet med kapasitetsbygging under naturpanelet.

Den endelege rapporten for å berekne den økonomiske verdien av naturmangfaldet og økosystemtenester (TEEB-rapporten) under leiing av økonomen Pavan Sukhdev vart presentert på partsmøtet i Nagoya i oktober 2010. Dette var den siste av fleire rapportar som gir anbefalingar om korleis naturen sin verdiar for menneska betre kan reflekterast i nasjonale rekneskapar og i nasjonale avgjerdsprosessar. Berekningar i rapporten viser at det vil kunne føre til eit velferdstap på 7 pst. for verda i 2050, dersom tapet av naturmangfald held fram i same tempo som no. Korallrev er eit sentralt eksempel i rapporten ettersom dei er blant dei mest artsrike økosystema i verda. Anslagsvis ein halv milliard menneske, og meir enn ein fjerdedel av alle fiskeslag i havet er avhengige av dei tenestene som korallreva gir. Økosystemtenester som korallreva gir er verdt opp til 170 milliardar USD kvart år. Noreg har støtta arbeidet under TEEB-studia, og vil vidareføre engasjementet gjennom oppfølging nasjonalt og internasjonalt. Det vil i løpet av 2011 bli oppretta eit offentleg ekspertutval for verdiar av økosystemtenester. Utvalet skal greie ut korleis kunnskap om verdiar av naturmangfaldet og økosystemtenester kan styrkjast, foreslå metodar for å vurdere og verdsetje konsekvensane for velferd og livskvalitet av endringar i naturmangfald og økosystemtenester og korleis slike verdiar kan bli anslått eller berekna som ei del av Noregs nasjonalformue. Det skal opprettast eit sekretariat i Miljøverndepartementet som skal gi fagleg og administrativ støtte til utvalet. Målet er å ferdigstille ein NOU i 2013.

Bern-konvensjonen, som vart vedteken i 1979, skal beskytte ville dyr og planter med leveområde i Europa. Konvensjonen sine organ behandlar spørsmål av stor relevans for norsk artsforvaltning, blant anna rovviltspørsmål. Ei aktuell sak for Noreg er vindkraftverket på Smøla og konsekvensar for blant anna havørn. Her har Bernkonvensjonen sin partskomité vedteke ei anbefaling som Noreg følgjer opp.

Skogane på jorda er levestad for eit rikt mangfald av arter og livsgrunnlag for mange menneske. Ulovleg hogst og ikkje berekraftig uttak av skog er ein trussel mot skogane i verda, særleg gjeld dette tropisk skog. Det er nødvendig å arbeide langs fleire linjer for å hindre import av ulovleg hogd og ikkje berekraftig tømmer. Noreg har medverka aktivt til listing i CITES av dei 30 artene av tresorten ramin og til den store reduksjonen av Perus eksportkvote for mahogni, og støttar òg program mot skogkriminalitet og ulovleg hogst og handel med tropisk tømmer i Indonesia.

I Regjeringas handlingsplan «Miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser» av juni 2007, er det slått fast at det ikkje skal nyttast tropisk tømmer verken i sjølve bygget eller i material som blir nytta i byggeperioden. Handlingsplanen er under revisjon. Regnskogfondets Tømmerkampanje, som er støtta av Miljøverndepartementet, rettar seg mot ikkje berekraftig tropisk tømmer i byggjevare, båt- og hagemøbelbransjen. Arbeid med å lage Forest stewardship council (FSC)-standarder tilpassa Noreg er stoppa opp grunna usemje mellom organisasjonane. Det er venta at eit forslag til EU-forordning – «Due Diligence system» – som er vedteken av EUs råd og parlament vil verke effektivt for å hindre import av ulovleg tømmer når det trer i kraft. Forslaget inneber at den som første gong plasserer tømmer og tømmerprodukt i EU eller til EUs grense, skal sikre at tømmeret er lovleg hogd i samsvar med lovgivinga i opphavslandet. Forordninga er så langt vurdert som EØS-relevant for Noreg. Noreg deltek òg i arbeidet under den internasjonale tropiske tømmerorganisasjonen, ITTO, som har fokus på kriterium for berekraft og miljøarbeid. Ved sida av dette er det venta at REDD (reduced emissions from deforestation and forest degradation in developing countries) vil vere viktig for å bevare tropisk skog og å motverke handel med ikkje berekraftig og ulovleg hogd tømmer, i tillegg til reduksjonen av CO2-utslepp), dersom det blir ein del av post-Kyoto regimet.

Kunnskapsgrunnlaget

Hausten 2010 vart ein Naturindeks for heile Noreg lansert for første gang. Naturindeksen representerer eit viktig barometer for korleis det står til med norsk natur. Hovudmålet med ein naturindeks er å få overblikk over tilstanden og utviklinga til naturmangfaldet i Noreg med utgangspunkt i dei store økosystema hav og kyst, ferskvatn, våtmark, skog, fjell og open mark i låglandet (kulturlandskapet). Tilstanden i desse økosystema er berekna ved hjelp av om lag 320 indikatorar frå ulike artsgrupper eller andre gode indikatorar som kan indikere stort mangfald av arter. Gjennom arbeidet er det utvikla metodar og arbeidsmåtar for eit felles internasjonalt måle- og formidlingsverktøy som skal kunne seie noko om korleis det går med naturmangfaldet. Gjennom arbeidet med Naturindeksen er det avslørt store hol i kunnskapsgrunnlaget som må fyllast opp, blant anna gjennom ny kartlegging og overvaking. Naturindeksen peiker på at kunnskapen om virveldyr (fisk, fugl og pattedyr) er relativt god, men at kunnskapen for sopp, lav, mosar, karplanter og virvellause dyr er svært mangelfull. Betre overvakingsdata av planter og virvellause dyr er naudsynt i alle økosystem, men det er òg behov for meir geografisk dekkjande overvakingsdata for dei fleste indikatorar.

Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga arter får styresmaktene eit bilete av utviklinga i naturmangfaldet, og om verkemidla fungerer etter formålet. I 2011 tek ein sikte på å få etablert eit overvakingssystem som kontinuerleg skal tilføre naturindeksen betre og nye data. Den samla naturindeksen skal etter planen oppdaterast i 2015. I åra fram til denne oppdateringa tek ein sikte på å presentere temaindeksar for arter som blir overvaka årleg.

Nesten alle kommunane har gjennomført ei første gongs kartlegging av område med stor verdi for mangfaldet i naturen på land. Det er førebels lagt inn naturtypedata frå om lag 400 kommunar i Naturbasen med data frå ca. 100 000 funksjonsområde. Reine artsdata frå kartlegginga er no i større grad tilgjengelege frå Artsdatabankens Artskart. I kartlegginga av areal er dei som er truga av inngrep prioriterte, og det er derfor kartlagt lite i fjellområda. Frå 2010 har område som kan vere aktuelle for ordninga med «utvalde naturtypar» og funksjonsområde for «prioriterte arter» ekstra fokus.

For marin kartlegging er status følgjande:

  • Oslofjorden: Kartlegging starta i 2007, ferdig i 2010

  • Vest-Agder: Kartlegging starta i 2007, ferdig i 2010

  • Trøndelag: Kartlegging starta i 2007, ferdig i 2010

  • Troms: Kartlegging starta i 2008, venta ferdig i 2010 – gytefelt ferdig i 2011

  • Hordaland: Kartlegging starta i 2009, venta ferdig i 2011

  • Nordland: Arbeid med revidering av kriterium for verdisetjing er starta. Oppdaterte datasett på bakgrunn av reviderte kriterium vil bli gjort tilgjengelege i Naturbasen i 2015.

Det står enno att mykje kartleggingsarbeid på viktige naturtypar og lokalitetar for raudlistearter. Artsdatabanken har utvikla eit nytt klassifiseringssystem for naturtypar i Noreg (NiN) som gir eit felles omgrepsapparat på tvers av sektorar og fagdisiplinar.

Det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald vart oppretta som eit resultat av St.meld. nr. 42 (2000–2001) Biologisk mangfold. Sektoransvar og samordning. Programmet har vore styrt og finansiert av eit utval samansett av 7 departement, og har initiert kartleggings- og overvakingsaktivitetar både på land, i ferskvatn og i sjø ut til grunnlinja. Programmet avslutta i 2010 sin andre programperiode. Programmet har bestått av følgjande fire hovudprosjekt leia av Direktoratet for naturforvaltning: 1) Naturtypar på land, 2) Marine aktivitetar, 3) Truga arter og 4) Framande organismar.

Miljøverndepartementet vil opprette ei ny departementsgruppe for naturmangfald for å sikre god koordinering og samordning mellom dei ulike sektorane og deira aktivitetar innan kartlegging og overvaking av naturmangfald. Departementsgruppa vil tre i kraft frå hausten 2011. Den nye departementsgruppa vil erstatte dagens interdepartementale gruppe for Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av naturmangfald, men vil ha eit vidare mandat. Dei fire prosjekta under Nasjonalt program vil i hovudsak bli vidareførte i den neste fireårsperioden. Kvart prosjekt vil i det daglege bli styrt av kvar si prosjektgruppe, som består av representantar frå direktorat under dei departementa som bidreg med finansiering av prosjekta.

For å kunne samanlikne utviklinga av norsk naturmangfald med andre land deltek Noreg aktivt i EEAs utvikling av indikatorar for naturmangfald, SEBI2010 (Streamlining European 2010 Biodiversity Indicators) og Det europeiske miljøbyråets informasjonsverktøy EIONET (European Environmental Information and Observation Network). EEA har foreslått eit første sett med indikatorar som er påverknads-, tilstands- og responsindikatorar knytte til å ta vare på naturmangfald og som omfattar ulike sektorar. Den nasjonale overvakinga av naturmangfaldet er fortløpande vurdert i høve til vidare tilpassingar til SEBI2010.

Fugleindeksen (bestandsutvikling for hekkande fugl) er etablert som ein av Regjeringas indikatorar for berekraftig utvikling i Noreg. Indeksen blir registrert i alle naturtypar på land, og inngår i nasjonale nøkkeltal for mangfald i naturen. Data blir òg rapporterte til EEA/SEBI2010. Førebels er indikatoren basert på data som ikkje er representative for heile Noreg, og det er i regi av Direktoratet for naturforvaltning etablert eit landsrepresentativt nettverk av teljepunkt for kvantifisering av bestandsvariasjonar for fugl i eit 18x18 km rutenett der ca. halvparten av rutene blir oppsøkte årleg for registrering. Nettet består av 500 teljeområde fordelt over heile Noreg. Frå og med 2011 vil nettet vere i full drift.

Kunnskap om tradisjonell bruk av naturen og arter er viktig og nødvendig for å kunne halde oppe og ta vare på naturmangfaldet både i og utanfor verneområda, og for å kunne formidle kva slag verdiar som blir tekne vare på gjennom aktiv naturforvaltning. Direktoratet for naturforvaltning har starta eit arbeid med innsamling, systematisering og formidling av denne tradisjonelle økologiske kunnskapen. Dette arbeidet blir utført i tett samarbeid blant anna med samiske miljø og organisasjonar, ideelle organisasjonar og ei rekkje andre fagmiljø.

Friluftsliv

Tabell 22.6 Friluftsliv

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

1.4.1. Allemannsretten skal haldast i hevd.

1.4.1.1 Minst 50 pst. av befolkninga deltek i friluftsliv minst ein gong pr. månad.

Frå Levekårundersøkinga

1.4.1.2 Lovgrunnlaget for utøving av friluftslivet og allemannsretten skal styrkjast i høve til 2010-nivå.

Frå Levekårundersøkinga – Del av befolkninga som har kunnskap om allemannsretten

Talet på skular som deltek i prosjektet Den naturlege skulesekken.

1.4.2. Område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på.

Totalt tal på offentlege friluftsområde

Talet på friluftsområde med eige forvaltingsanlegg

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1 S (2010-2011).

1.4.2 Allemannsretten skal haldast i hevd

1.4.1.1 Minst 50 pst. av befolkninga deltek i friluftsliv minst ein gong pr. månad.

Minst 50 pst. av befolkninga deltek i friluftsliv minst ein gong pr. månad. Arbeidet med å følgje opp dei gode røynslene dei siste åra frå tiltak retta mot barn og unge (6 – 15 år) vil halde fram. Samla sett har den delen av befolkninga over 16 år som utøvar friluftsliv auka med tre prosentpoeng dei siste 30 åra. Dette viser at ein har lukkast med tiltak som har vore sette inn.

Den tilsynelatande stabiliteten i aktivitetsmønsteret løyner likevel ei urovekkjande utvikling i ungdomsgruppa (16-24 år). Deltakinga blant ungdom 16-24 år er framleis låg, sjølv om den negative utviklinga har flata ut dei siste åra. Dette vil kunne resultere i sviktande deltaking blant dei vaksne (over 24 år) om nokre tiår.

Undersøkingar viser at ungdom (16 – 29 år) si deltaking i friluftsliv og deira kunnskap om allemannsretten er låg. Nedgangen i oppslutninga om «tradisjonelle» friluftslivsaktivitetar i denne ungdomsgruppa kan i stor grad tilskrivast auka konkurranse frå andre innandørs fritidsaktivitetar, blant anna knytt til bruk av data. Det er særleg tur- og haustingsaktivitetar som går ned. For skiturar er det ein samla nedgang i oppslutninga på 33 prosentpoeng mellom 1970 og 2007. Meir moderne friluftslivsaktivitetar som terrengsykling, skisegling, alpint og elvepadling har vore i vekst, men har stoppa opp i det siste. Auken i nye aktivitetar blant ungdom er ikkje nok til å kompensere for fråfallet frå dei «tradisjonelle» friluftslivsaktivitetane.

Både av miljøomsyn og av folkehelseomsyn er det framleis naudsynt å rette ein særskilt stimuleringsinnsats mot barn og unge. Ein vil òg følgje opp arbeidet med friluftsliv og folkehelse (fysisk aktivitet og psykisk helse) og ha særskilt fokus på målgrupper som etniske minoritetar og funksjonshemma.

Ei ny undersøking frå 2009, «Befolkningens friluftsvaner», viser at berre 52 pst. av unge mellom 15-24 år har høyrt om allemannsretten, og kunnskapen deira om denne retten er dårlegare enn for resten av den vaksne befolkninga. Dette krev ein kritisk gjennomgang av informasjonsarbeidet med sikte på å auke kunnskapsnivået i denne viktige målgruppa.

Undersøkingar viser at kunnskap og dugleik aukar med målretta stimulering, og at grunnlaget for gode friluftslivsvanar i vaksen alder blir lagt i barndommen. Det er derfor gledeleg å konstatere at deltaking i friluftsliv blant dei aller yngste (6–15 år) ligg på eit høgt nivå. Oppslutninga om fotturar har auka med 8 prosentpoeng, mens oppslutninga om sykkelturar og båtturar har auka med 7 prosentpoeng kvar.

Det er rimelig å tru at satsing ved ei rekkje barnehagar, skular og skulefritidsordningar har ført til at fleire barn tek del i friluftslivsaktivitetar. Dette skjer både gjennom brei offentleg innsats og gjennom samarbeid med friluftslivsorganisasjonane. Fleire av desse har eigne barneorganisasjonar, til dømes Barnas Turlag, Fiskeklubben, KFUM-KFUK-speidarane og Norske 4H, og talet på medlemmer blant dei yngste har auka i fleire av organisasjonane.

I 2010 deltok om lag 22.100 lærarar og barnehagetilsette på kurs i regi av friluftsråda innanfor fellessatsinga Læring i friluft. Friluftsråda sitt aktivitetsretta arbeid har stabilisert seg på eit høgt nivå. I 2010 deltok over 18.000 barn og unge på friluftsopplegg i deira regi. I tillegg deltok ca. 4000 på eigne tiltak for minoritetsgrupper og for funksjonshemma. Talet på deltakarar på friluftsråda sine turar auka med 44 pst. i høve til 2009 til om lag 13.800 deltakarar i 2010. I ei undersøking ved Høgskulen i Hedmark blir det slått fast at uteskule ikkje berre gir elevane meir frisk luft og fysisk aktivitet, men at det òg er mogleg å arbeide med sentrale fagemne innanfor alle skulefag utanfor klasserommet.

I 2012 skal samarbeid med aktuelle organisasjonar utviklast vidare og profilering for og med barn og unge vil framleis stå sentralt. Prosjektet Den naturlege skulesekken som vart starta i 2009 skal utviklast vidare. I 2010 deltok 109 skular i prosjektet, og talet på skular som fekk støtte frå Den naturlege skulesekken auka med 27 skular frå 2009 til 2010. Med i prosjektet er \og ei rekkje frivillige natur- og friluftsorganisasjonar. Forum for friluftsliv i skulen er eit landsdekkjande, breitt samarbeidsforum som arbeider for at alle elevar skal få oppleve meistring og trivsel gjennom eit aktivt friluftsliv, og etablere gode vanar for å vere ute i natur. Det finst ein særskilt nettstad (www.friluftsliviskolen.no) som er ein infobank for dette feltet. Statens naturoppsyn sin aktivitet i naturrettleiing gir tusenvis av barn og unge kunnskap om naturmangfald og naturvenleg utøving av friluftsliv.

Direktoratet for naturforvaltning starta i 2011 arbeidet med ein Nasjonal handlingsplan for friluftsområde i Noreg. Målet med handlingsplanen er å synleggjere og dokumentere dagens status, og utgreie behov og prioriteringar for vidare satsing på sikring og tilrettelegging av område for friluftsliv. Planen skal innehalde ein statusdel og ein utviklingsdel. Friluftsområde i planen vil primært vere område som er sikra med bidrag frå staten.

Som del av arbeidet med ein Nasjonal handlingsplan for friluftsområde har Direktoratet for naturforvaltning sett i gang ein nærmiljøsatsing på naturoppleving og fysisk aktivitet der folk bur. Målet med satsinga er å få til meir friluftsliv i kvardagen, og satsinga er i første rekkje retta mot barn, unge og dei delane av befolkninga som er overrepresentert i i kategorien fysisk inaktive, jf. Helsedirektoratets definisjon av fysisk inaktivitet. Direktoratet for naturforvaltning vil samarbeide med andre statlege etatar, fylkeskommunar, kommunar og frivillige organisasjonar for å kartleggje og utvikle tiltak som vil auke deltakinga i friluftsaktivitetar i nærmiljøet for desse målgruppene. Som del av nærmiljøsatsinga vil ein forsøke å få kommunane til å setje i gang kartlegging og verdsetjing av friluftsområda i kommunane, inkludert grønstruktur i byar og tettstader. Dette vil gi eit betre grunnlag for framtidig planlegging og mogleg statleg sikring av friluftsområde.

Miljøverndepartementet samarbeider med Helse- og omsorgsdepartementet for å fremje fysisk aktivitet og betre folkehelsa. Frå og med 2010 er delar av friluftslivsarbeidet overført til fylkeskommunen, og dette har vist seg å gi gode samordningseffektar blant anna knytt til folkehelsearbeidet.

Løyvingane til arbeid med stimulering til friluftslivsaktivitetar blir for ein del kanaliserte gjennom Friluftslivets fellesorganisasjon vidare til medlemsorganisasjonane sitt stimuleringsarbeid. Ein del av midlane blir fordelt frå fylkeskommunane til aktivitetar lokalt. Direktoratet for naturforvaltning gir dessutan midlar til nokre sentrale prosjekt som gjeld utvikling av læremateriell og aktiviseringstiltak for barn og unge med minoritetsbakgrunn og funksjonshemma. Departementet vil medverke til at organisasjonane kan ha eit høgt aktivitetsnivå i 2012 òg.

1.4.1.2 Lovgrunnlaget for utøving av friluftslivet og allemannsretten skal styrkjast i høve til 2010-nivå

Allemannsretten og bruken av den vart styrkt og utvida gjennom endringar i friluftslova i 2011. Endringane inneber blant anna at det blir tillate å ferdast til fots, med hest, sykkel, kjelke og liknande på veg og sti gjennom innmark som fører til utmark, at det blir forbode å setje opp stengsel som hindrar lovleg opphald, bading og hausting og at det gjennom forskrift kan givast lov til telting nærare enn 150 meter frå hus eller hytte i bestemte område.

1.4.2 Område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på.

Det er no sikra ca. 2 300 område til friluftslivsformål ved kjøp eller avtaler om bruk av eigedom.

Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde, særleg område i nærleiken av der folk bur og i kystsona. Det å gjere nye strandområde tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar. Innsatsen for sikring, tilrettelegging og drift av særskilte friluftsområde ved kjøp eller avtaler vil halde fram. Arbeidet for å opne ulike typar statseigedom for allmenta vil òg halde fram, særleg dei områda som Forsvaret og andre statlege grunneigarar ikkje lenger har bruk for. Direktoratet for naturforvaltning gjer kvart år ei vurdering av Forsvarets eigedomsportefølje med utgangspunkt i allmenne friluftslivsinteresser for å identifisere eigedommar som framleis bør vere i offentleg eige.

Direktoratet for naturforvaltning har i om lag 10 år samarbeidd med byane Stavanger, Bergen, Trondheim, Oslo og Kristiansand med sikte på å auke tilgangen til nærfriluftslivsområde for store befolkningskonsentrasjonar. Dette er sett på som viktig for å auke høvet til naturoppleving og fysisk aktivitet nær der folk bur. Samarbeidet med desse kommunane vil bli avslutta i 2012. I Direktoratet for naturforvaltning si nærmiljøsatsing vil røynslene frå dette samarbeidet bli vektlagt. Nærmiljøsatsinga vil bli koordinert med andre tilgrensande nasjonale satsingar, blant anna sykkelstigsatsing på samferdsleområdet, helsestyresmaktene si satsing på fysisk aktivitet og Husbankens Områdeløft. Det er eit mål å få til forpliktande samarbeidsavtaler mellom stat, fylke og kommune. Det er framleis sterkt fokus på å hindre uheldig utbygging i strandsona, og å leggje til rette for allmenta gjennom sikring, god arealplanlegging og juridisk hjelp. Arbeidet vil bli ført vidare i 2012, og det skal setjast auka fokus på å styrkje avgjerds- og kunnskapsgrunnlaget.

For å skape godt grunnlag for opparbeiding og drift av friluftsområde og medverke til auka tilgjenge for fleire brukargrupper, blant anna funksjonshemma, har kommunane i samarbeid med friluftsråda og i samråd med fylkesmannen utarbeidd enkle planar for forvaltninga av dei viktigaste statleg sikra friluftslivsområda i kvart fylke. Som ledd i dette arbeidet er det utarbeidd heilskaplege forvaltningsplanar som blant anna omtaler behovet for tilrettelegging og skjøtselsnivå for størsteparten av friluftslivsområda i Oslofjorden, skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken.

Det er no utarbeidd forvaltningsplanar for meir enn 50 pst. av dei sikra friluftsområda. Oppgåva med å fordele statlege midlar til tilrettelegging av sikra friluftslivsområde er overført til fylkeskommunen frå 2010, og det vil vere naturleg å gjennomgå alle forvaltningsplanar med tanke på revisjon og oppdatering for til dømes å vurdere behov og potensial for universell tilrettelegging. Direktoratet for naturforvaltning har laga ein elektronisk mal for enkle forvaltningsplanar for friluftsområde.

Skjergardstenesta er etablert med uniformerte båtar og mannskap langs heile kysten frå Østfold til og med Hordaland. Denne tenesta er resultatet av eit samarbeid mellom fleire aktørar på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. Statleg medverknad utgjer ein viktig del av grunnlaget for verksemda, knytt til både driftsmidlar og investeringsmidlar til båt. Skjergardstenesta blir evaluert innan første halvår 2012, og anbefalingane frå evalueringa vil bli følgde opp i 2012 for å effektivisere drifta og utvikle ordninga vidare.

I 2001 utvikla Statistisk sentralbyrå (SSB), i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning (DN), ein metode som målte befolkninga sin tilgang på rekreasjonsareal og nærturterreng. Undersøkingane er gjort med bakgrunn i tal frå 1999, 2004 og 2009. Resultata viser at 77 pst. av heile befolkninga i Noreg hadde trygg tilgang til rekreasjonsareal pr. 1. januar 2009, ein nedgang på 3 prosentpoeng sidan 1999. Delen fell med aukande storleik på tettstaden og er lågast i tettstader med 100 000 innbuarar eller meir, der berre 65 pst. har slik tilgang. Samanlikna med tidlegare er det òg innbuarane i dei største tettstadene som har hatt størst nedgang i tilgang på rekreasjonsareal – ned 4 prosentpoeng sidan 1999. I dei minste tettstadene er nedgangen på 2 prosentpoeng.

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at høva for befolkninga til å utøve friluftsliv i byar og tettstader stadig minkar gjennom tap av grøne areal. Samtidig er det stadig viktigare å leggje til rette for lågterskelaktivitetar i nærmiljøa slik at fleire kjem seg ut og er i fysisk aktivitet. Dette vil gi ein helsegevinst samtidig som det vil vere eit positivt klimatiltak ved å redusere behovet for motorisert transport, og at eit betre lokalklima vil gi betre oppvekstmiljø for kommande generasjonar. Gjennom lova om naturområde i Oslo og nærliggjande kommunar (Markalova) har friluftslivet fått eit styrkt vern i dette området. Med heimel i markalova er det òg starta eit arbeid for å verne område i Marka med særleg store verdiar for friluftsliv.

23 Statusrapportering på «gamle» resultatområde 2 frå 2011

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1 S (2010-2011)

Nedanfor blir det gitt ein status for dei nasjonale måla frå Prop. 1 S (2010 – 2011) på kulturminneområdet. Desse måla er dei same i 2012.

Tabell 23.1 Kulturminne og kulturmiljø

Nasjonale mål

Indikatorar

2.1.1 Det årlege tapet av verneverdige kulturminne og kulturmiljø skal ikkje overstige 0,5 prosent innan år 2020.

Prosentvis årleg tap av verneverdige kulturminne i utvalde område.

Prosentvis årleg tap av SEFRAK-registrerte bygningar i utvalde område.

Talet på tapte bygningar i tette trehusmiljø.

Talet på kommunar med kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø.

Storleiken på areal med bevaringsstatus etter plan- og bygningslova.

Prosentvis årleg tap av kulturminne i jordbrukets kulturlandskap.

2.1.2. For automatisk freda arkeologiske kulturminne skal det årlege tapet ikkje overstige 0,5 prosent innan 2020.

Årleg tap av og skade på automatisk freda arkeo-logiske kulturminne i utvalde område og etter årsaksforhold.

Talet på automatisk freda arkeologiske kulturminne som blir fjerna gjennom dispensasjon.

2.1.3 Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.

Talet på freda bygningar og anlegg fordelt etter geografisk, sosial, etnisk, nærings- og tidsvis breidde.

2.1.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Del av freda bygningar og anlegg med ordinært vedlikehaldsnivå i prosent.

Talet på freda fartøy og fartøy som inngår i verneplan for fartøy, og som er sette i stand.

2.1.5 Eit representativt utval automatisk freda arkeologiske kulturminne skal vere sikra innan 2020.

Talet på sikra automatisk freda arkeologiske kulturminne.

2.1.1 Det årlege tapet av verneverdige kulturminne og kulturmiljø skal ikkje overstige 0,5 prosent innan år 2020.

Eit eige verdiskapingsprogram for kulturminnefeltet med i alt 11 pilotprosjekt fordelte over heile landet, vart starta i 2006 og avslutta i 2010. I 2011 har arbeidet i hovudsak bestått i å samanfatte og formidle erfaringane frå programmet. Målet for programmet har vore å stimulere til at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk som ein ressurs i lokalsamfunna, både for å bidra til levande lokalsamfunn og i verdiskaping. Resultat og erfaringar frå dei 11 pilotprosjekta i fase 1 gir godt grunnlag for å utvikle arbeidet vidare.

Nettportalen Bygg og Bevar er etablert som eit prosjekt som skal bidra til å betre tilgangen til rådgiving og relevant handverkskompetanse for folk som skal setje i stand verneverdige og freda kulturminne. Føremålet er å skaffe eigarar av kulturhistorisk verdifulle bygningar god og kvalitetssikra, gratis informasjon om vedlikehald, istandsetjing, metodar, materialbruk og informasjon om handverkarar med spesialkompetanse. Portalen skal òg skape ein arena for erfaringsutveksling mellom ulike aktørar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Byggenæringens Landsforening og Miljøverndepartementet. Sekretariatet er lagt til Byggenæringens Landsforening, og det blir arbeidd med å finne ei løysing for permanent drift.

Dette målet omfattar:

Bevaringsprogram for brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjene

Mål: Arbeidet med brannsikring av tette trehusmiljø skal vidareførast og styrkjast i tråd med St.meld. nr. 35 (2008-2009) Brannsikkerhet. Brannsikringa av stavkyrkjene skal oppretthaldast på eit høgt nivå.

Programmet omfattar brannsikring av ca. 50 av landets 180 tette trehusmiljø og vedlikehald og oppgradering av brannsikringa i dei 28 stavkyrkjene.

Status pr. 31.12.2010:

Branntryggleiken i stavkyrkjene er høgst prioritert, og Riksantikvarens tilskotsmidlar går i hovudsak til brannsikring av desse. Det er avgrensa midlar igjen til anna brannsikringsarbeid. I 2010 vart det gitt tilskot til brannsikring av blant anna Skuteviksbodene i Bergen, Havråtunet i Hordaland og det tette trehusmiljøet i Lærdalsøyri. I 2011 gir budsjettet berre høve til å støtte sikringstiltak i Bergen. Det vil framleis vere behov for betydelege tilskot til vedlikehald og oppgraderingar av brannsikringsanlegga i stavkyrkjene i åra som kjem.

Rapport i høve til indikatorane:

  • Overvaking av prosentvis årleg tap av verneverdige kulturminne i utvalde område vil tidlegast starte i 2012.

  • Prosentvis årleg tap av SEFRAK-registrerte bygningar 2005-2010 var på 0,8 prosent i dei fire kommunane som det vart kontrollregistrert i.

  • Talet på tapte bygningar i tette trehusmiljø kan leverast i 2012.

  • 162 kommunar hadde i 2010 kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø (i 2008: 126).

  • I 2010 hadde 64 700 dekar bevaringsstatus etter plan- og bygningslova (i 2009: 40 181 dekar).

  • Landsdekkjande rapport for kulturminnetema i registreringssystemet 3Q (tilstandsovervaking og resultatkontroll av jordbrukets kulturlandskap) skal ferdigstillast i løpet av 2011.

2.1.2. For automatisk freda arkeologiske kulturminne skal det årlege tapet ikkje overstige 0,5 prosent innan 2020.

Når det gjeld arkeologiske kulturminne, er forvaltningspraksis lagt om etter 2005, slik at staten no som hovudregel dekkjer alle utgifter til arkeologiske arbeid ved gjennomføringa av mindre, private tiltak. Etter kvart som ordninga er blitt betre kjend, søkjer stadig fleire om dekning av kostnader. Dette verkar positivt på interessa for arkeologiske kulturminne og har medverka til sikring av ny kunnskap.

Rapport i høve til indikatorane:

  • Årleg tap av automatisk freda arkeologiske kulturminne var i gjennomsnitt på 0,06 prosent og årleg skade var i gjennomsnitt på 1,2 prosent i perioden 2005-2010 i dei fire kommunane som vart kontrollregistrerte i 2010.

  • Når det gjeld automatisk freda arkeologiske kulturminne som blir fjerna gjennom dispensasjon, blei det i 2010 fatta vedtak om utgraving av 333 lokalitetar. Kvar lokalitet kan innehalde eit høgare tal automatisk freda arkeologiske kulturminne. I tillegg er det fatta 272 dispensasjonsvedtak for utgraving av kulturminne frå middelalder og sju dispensasjonsvedtak for løyve til inngrep i skipsfunn.

2.1.3 Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.

Ein kongeleg resolusjon frå 2006 om forvaltning av statlege kulturhistoriske eigedommar gir det enkelte departement ansvar for å utarbeide landsverneplan for eigedommar innanfor sin(e) sektor(ar). Riksantikvaren er rådgivar for departementa i deira arbeid med landsverneplanane. Gjennom landsverneplanprosjektet skal eit utval statlege eigedommar veljast ut for freding. Det er eit mål at dei freda eigedommane skal vise sektorane si historie og utviklinga av Noreg som moderne stat. Sektorane sine eigedommar vil bidra til betre representativitet på fredingslista. Landsverneplanprosjektet skal ferdigstillast i 2014. Pr. 31.12.2010 vart det arbeidd med 21 landsverneplanar, fordelte på 14 departement. Åtte landsverneplanar var oversende Riksantikvaren for endeleg vurdering og eventuell freding. Interessa for kulturminne i sektorane har auka betrakteleg som følgje av landsvernplanarbeidet.

Rapport i høve til indikatoren:

  • Talet på freda bygningar og anlegg fordelte etter geografisk, sosial, etnisk, nærings- og tidsvis breidde vil kunne rapporterast på når databasen er oppgradert i 2012.

2.1.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Dette målet omfattar følgjande bevaringsprogram:

Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige

Mål: Alle freda bygningar i privat eige skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Status pr. 31.12.2010 :

Tabell 23.2 Tilstandsgraden for freda bygningar i privat eige

Tilstandsgrad

Definisjon

Tilstand etter tilstands- registreringa* i 2005-2009 i %

Estimert tilstand pr. 31.12.10 i %

1

Ordinært vedlikehaldsbehov

37 %

47 %

2

Moderate utbetringar nødvendig

41 %

39 %

3

Store utbetringar nødvendig

19 %

14 %

* I tilstandsregistreringa som skjedde i 2005-2009 vart ca. 2600 freda bygningar registrerte og fekk ein tilstandsgrad i databasen Askeladden. Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige omfattar ca. 2400 av desse bygningane.

Bevaringsprogrammet for samiske kulturminne

Mål: Automatisk freda samiske bygningar og deira tilstand skal vere kartlagt og det skal liggje føre ein plan for istandsetjing innan 2015.

Kulturminnelovas føresegner om automatisk freding av samiske bygningar som er eldre enn 100 år, skaper utfordringar når det gjeld utval.

I 2011 fekk programmet ei løyving på 2 mill. kroner til registrering og tilstandsvurdering. Løyvinga til Sametingets generelle kulturminnevernarbeid er på 3 mill. kroner årleg.

Bevaringsprogram for stavkyrkjene

Mål: Dei 28 stavkyrkjene skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2015.

Per 31.12.2010 var 19 av dei 28 stavkyrkjene sette i stand. Arbeidet er i rute og vil etter planen bli avslutta i 2015. I samarbeid med eigarane av den enkelte kyrkja blir det utarbeidd planar for forvaltning, drift og vedlikehald.

Bevaringsprogram for verdsarven

Dei norske verdsarvstadene på Unescos liste skal vere eksempel på «beste praksis» innanfor kultur- og naturminneforvaltning. Dette kan samanfattast i tre overordna mål:

  • best mogleg tilstand

  • best mogleg forvaltning

  • best mogleg formelt vern.

Programmet omfattar alle dei sju norske verdsarvstadene. Urnes stavkyrkje er del av stavkyrkjeprogrammet, men omgivnadene rundt kyrkja inngår i verdsarvprogrammet. Direktoratet for naturforvaltning har hovudansvaret for Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Tilskot til istandsetjing av bygningar i desse områda kjem frå Riksantikvaren.

Svalbard representerer natur- og kulturverdiar som Noreg har eit særskilt ansvar for å sikre. Unesco har signalisert tydeleg interesse for arktisk natur. Svalbard vart i 2007 oppført på den tentative lista over aktuelle område Noreg, som part til konvensjonen, har til hensikt å nominere til verdsarvlista. Det blir arbeidd vidare med å utgreie Svalbard som mogleg verdsarvområde.

Boks 23.1 Status for verdsarvstadene pr. 31.12.2010

Bryggen i Bergen er det største prosjektet innanfor programmet. I løpet av dei siste 25 åra har grunnvatnet under delar av Bryggen sokke med meir enn 1,5 meter. Det har ført til at fleire av dei bevaringsverdige husa i området har fått store setningsskadar. Grunnvasslekkasjen skal no stoppast. Regjeringa har løyvd 45 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett 2011 for å stabilisere grunnvatnet. Dette vil bidra til at både bygningane på Bryggen og kulturlaga med den kunnskapen dei rommar, blir sikra.

Verdsarvområdet Røros vart utvida i 2010 med Circumferensen og omfatter blant anna gruvelandskap og seterområde. Aktiviteten i uthusprosjektet er gradvis utvida i samsvar med utvidinga av verdsarvområdet og den har vore stor i 2010. Årleg blir no ca. 20 enkeltprosjekt fullførte. Arbeidsstokken er stabil og vidareutdanninga av handverkarane fungerer godt. Røros kommune registrerer i 2011 uthus i det utvida kjerneområdet for verdsarvstaden. Anna freda og verneverdig busetnad blir ivareteken av kulturminneforvaltaren i kommunen som fordeler eit mindre tilskot frå Riksantikvaren.

Røros kyrkje vart gjenopna 12. desember 2010 etter ei omfattande restaurering.

I verdsarvområdet i Alta vart vegetasjonen i bergkunstområdet skjøtta og bergkunstlokalitetane vedlikehaldne i 2010. Publikumsanlegget i Hjemmeluft er oppgradert med blant anna gangstigar og betre tilgjenge for rullestolbrukarar. Det er gjennomført prosjekt for utvikling av metodar og materialar for tildekking av bergflater og skånsam fjerning av gammal maling frå besøksfelt. Tiltak knytte til konservering og dokumentasjon er vidareførte i 2011.

Direktoratet for naturforvaltning har forvaltningsansvaret for Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, mens Riksantikvaren bidreg i forvaltninga av bygningsmassen. For Vegaøyan er det i 2010 tilsett ein bygningsvernansvarleg i prosjektstilling ved Helgeland museum. Ein restaureringsplan for bygningar i Vestnorsk fjordlandskap (Nærøyfjorden) er under utarbeiding, og istandsetjing av bygningar er begynt. Nærøyfjorden har òg vore eitt av 11 pilotprosjekt i Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet.

I verdsarvområdet på Urnes blir det planlagt ei buffersone for landskapsrommet rundt stavkyrkja. Sjølve stavkyrkja inngår i bevaringsprogrammet for stavkyrkjene.

Verdsarvstaden Struvemeridianen består av ei kjede på 34 trianguleringspunkt frå Hammerfest til Svartehavet. Kjeda var eit viktig element i å bestemme jordas form og størrelse. Fire av punkta ligg i Noreg. Oppmålinga vart gjennomført i perioden 1816-1852. Det har ikkje vore gjennomført særskilte tiltak på Struvemeridianen i 2010.

Bevaringsprogram for tekniske og industrielle kulturminne

Mål: Dei elleve prioriterte tekniske og industrielle kulturminna skal vere sette i stand innan 2015.

Programmet omfattar istandsetjing av elleve utvalte anlegg til ordinært vedlikehaldsnivå og tilskot til drift og vedlikehald. Alle anlegga er organiserte som museum og får driftsmidlar frå Kulturdepartementet.

Status pr. 31.12.2010:

Seks anlegg er vurderte som ferdig sette i stand: Sjølingstad Uldvarefabrik, Næs Jernverksmuseum, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum/Tyssedal kraftanlegg, Norsk Fiskeindustrimuseum/Neptun Sildoljefabrikk, Kistefos-Museet og Norsk Trikotasjemuseum. Klevfos Cellulose & Papirfabrik var tidlegare vurdert som ferdige, men har fått uventa skadar og treng ytterlegare istandsetjing.

Dei tekniske og industrielle kulturminna har fått styrkt budsjettet dei siste åra, og innsatsen på feltet har auka.

Bevaringsprogram for fartøy

Mål: Eit representativt utval bevaringsverdige fartøy skal sikrast innan 2020.

Fartøyvernplanen blei ferdigstilt i 2010 og omfattar 207 verna og freda fartøy. Desse inngår i bevaringsprogrammet for fartøy.

Status pr. 31.12.2010:

I 2010 fekk 101 fartøy tilskot til istandsetjing.

Seks fartøy var freda: Skibladner, jernbaneferjene Storegut og Ammonia og bilferjene Skånevik, Gamle Kragerø og Gamle Lofotferga. I 2011 blir fredingane av bil- og jernbaneferjer avslutta.

Dei tre fartøyvernsentra, Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter, Hardanger Fartøyvernsenter og Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum har kvar sine spesialitetar, og det har vore god aktivitet i 2010-2011. Sentra mottek tilskotsmidlar til fellestenester frå Riksantikvaren. Sentra sysselset i 2011 til saman vel 65 personar.

Rapport i høve til indikatorane:

Del av freda bygningar og anlegg med ordinært vedlikehaldsnivå pr. 31.12.2010:

  • Freda kulturminne i privat eige: 47 prosent har eit ordinært vedlikehaldsnivå.

  • Samiske kulturminne: oversikt manglar, registrering starta opp i 2011.

  • Stavkyrkjene: 19 av dei 28 stavkyrkjene er sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå.

  • Tekniske og industrielle kulturminne: 6 av 11 prioriterte anlegg er sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå.

  • 207 fartøy har status som verneverdige, av desse er seks freda. I alt 101 fartøy fekk tilskot til istandsetjingsprosjekt i 2010. Sju fartøy vart ferdig istandsette i 2010.

2.1.5 Eit representativt utval automatisk freda arkeologiske kulturminne skal vere sikra innan 2020.

Dette målet omfattar følgjande bevaringsprogram:

Bevaringsprogram for ruinar

Mål: Eit utval ruinar skal sikrast og gjerast tilgjengelege for publikum innan 2020.

Programmet omfattar 45 av dei 118 registrerte ruinane etter anlegg frå mellomalderen. Inntil 15 av dei største anlegga skal prioriterast, pluss ruinar som engasjerer sterkt i lokalmiljøet. Minimumssikring av dei andre ruinane er òg påkravd for å hindre forfall.

Status pr. 31.12.2010 :

Per 31.12.2010 var 11 ruinar ferdig konserverte. I arbeidet med tilgjengeleggjering av ruinane har det vore lagt stor vekt på universell utforming.

Behovet for istandsetjing blir ofte avklart først når arbeidet er i gang. Når konserveringa er ferdig, er det viktig å få sett i verk gode lokale drifts- og vedlikehaldsrutinar.

Rapport i høve til indikator:

11 av totalt 118 ruinar er sette i stand/ferdig konserverte.

Bevaringsprogram for bergkunst

Mål: Eit representativt utval lokalitetar skal sikrast og gjerast tilgjengeleg for publikum innan 2020.

Det er registrert rundt 1800 bergkunstlokalitetar i landet. Gjennom programmet er det årleg fram til 2015 lagt opp til skjøtsels- og sikringstiltak for minst 40 lokalitetar og tilretteleggingstiltak for minst 20 lokalitetar.

Status pr. 31.12.2010 :

I 2010 er det gjennomført sikrings- og tilretteleggingstiltak på vel 70 lokalitetar og ulike typar dokumentasjonstiltak på eit tilsvarande tal. Mange av tiltaka er fleirårige og blir følgde opp i 2011. Det er òg gjennomført FoU-prosjekt innanfor dokumentasjon, sikring og tilrettelegging. Framdrifta i programmet er avhengig av tilstrekkeleg personalkapasitet og kompetanse hos samarbeidspartnarar ved forvaltningsmusea og i fylkeskommunane.

I 2010 vart det gjennomført sikrings- og tilretteleggingstiltak på vel 70 bergkunstlokalitetar.

Bevaringsprogram for utvalte arkeologiske kulturminne

Mål: Eit representativt utval av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø skal sikrast og gjerast tilgjengelege for publikum innan 2020.

Det finst pr. i dag ikkje éi samla, nasjonal oversikt over tilrettelagte arkeologiske kulturminne og kulturmiljø eller kva tilstand desse er i. Det har i 2010 vore arbeidd med å betre oversikta i alle fylke, og arbeidet held fram i 2011. Bevaringsprogrammet omfattar tilrettelegging av ca. 450 arkeologiske kulturminne som skal sikrast langvarig skjøtsel. Dette tilsvarer eitt kulturminne i kvar kommune og eit større prosjekt i kvart fylke. Kulturminne under vatn kan inkluderast i programmet.

Status pr. 31.12.2010

I 2010 er det gitt tilskot til skjøtsel og tilrettelegging av 28 lokalitetar. Utval og tilrettelegging skjer gjennom eit sett kriterium, bl.a. lokalt engasjement. Då skjøtsel og tilrettelegging av arkeologiske kulturminne ikkje er lovpålagte oppgåver, er progresjonen i programmet avhengig av lokalt engasjement og bruk av kommunale eller fylkeskommunale ressursar. All fysisk tilrettelegging i regi av programmet skal nedfellast i ein enkel skjøtselsplan der det er avklart kven som har ansvar for drift og vedlikehald.

Rapport i høve til indikatoren:

Samla nasjonal oversikt over tilrettelagte arkeologiske kulturminne og tilstanden deira skal liggje føre i løpet av 2011. I 2010 fekk 28 lokalitetar tilskot til skjøtsel og tilrettelegging.

24 Statusrapportering på «gamle» resultatområde 3 frå 2011

Overgjødsling og nedslamming

Tabell 24.1  Overgjødsling og nedslamming

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

3.1.1 Dei nasjonale tilførslene av næringssalt og partiklar til ferskvatn og marine område som er prega av overgjødsling eller nedslamming skal reduserast til eit nivå som sikrar god kjemisk og økologisk tilstand innan 2021.

Delen norske vassførekomstar som har god kjemisk og økologisk tilstand.

3.1.2 Ingen vassførekomstar skal nedklassifiserast (bli dårlegare) som følgje av auka tilførsel av næringssalt eller partiklar i tråd med krava i vassforskrifta.

Talet på vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsler av næringssalt eller partiklar.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1 S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1 S (2010-2011).

Overgjødsling er framleis eit betydeleg forureiningsproblem i Noreg, der dei viktigaste tilførslene kjem frå jordbruk, fiskeoppdrett, kommunalt avløp og industri. Resultata frå grovkarakteriseringa i samsvar med EUs rammedirektiv for vatn, viser at problem med overgjødsling omfattar omtrent like mange vassførekomstar som forsuring og miljøgifter. Ferskvatn med overgjødslingsproblem finst særleg i område med tett busetnad eller i landbruksintensive område.

I dei marine områda er det særleg kyststrekninga frå svenskegrensa til Lindesnes som er utsett for negative effektar av overgjødsling. Sjølv om fosfor- og nitrogentilførslene til dette området er reduserte sidan 1980-talet, er mange lokale fjordarmar framleis påverka. Fiskeoppdrett er no hovudkjelda til menneskeskapte tilførsler av nitrogen og fosfor til kystområda i Nordsjøen og Norskehavet.

Tilførslene av næringssalt til hav og vatn er venta å auke som følgje av klimaendringar. Auka nedbør vil gi meir avrenning og meir næringssalt vil bli vaska ut av jorda og transportert til vatn og hav.

Næringssalt blir òg frakta til norskekysten med havstraumar frå kontinentet. Tendensen er at desse tilførslene minkar som følgje av europeiske reinsetiltak. På den andre sida har endra klimaforhold dei seinare åra ført til vindar som pressar kyststraumen nærare land. Dette overskuggar effekten av dei tiltaka som reduserer næringssalta. Eutrofiering førekjem òg i ein del fjordområde både langs Vestlandet og i Nord-Noreg.

Undersøkingar har påvist omfattande bortfall av sukkertareskog langs kysten i Sør-Noreg. Det er anslått at omlag 80 pst. av sukkertaren er forsvunnen frå den norske Skagerrakkysten og at omlag 40 pst. er blitt borte langs kysten av Rogaland og Hordaland. Sukkertaren er i tillegg forsvunnen enkelte stader frå kystområda i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Langs heile kyststrekninga har sukkertareskogen blitt erstatta med algar som medverkar til at partiklar i vassmassane festar seg og sedimenterer.

Årsaka til bortfallet av sukkertaren er ein kombinasjon av høgare sjøtemperaturar og store tilførsler av næringssalt og partiklar. Dette er alvorleg med tanke på at sukkertareskogen er viktig oppvekst- og næringsområde for bl.a. fisk og skaldyr.

Oljeforureining

Tabell 24.2 Oljeforureining

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

3.2.1. Operasjonelle utslepp av olje skal ikkje føre til helse- eller miljøskade eller medverke til auke i bakgrunnsnivåa av olje aller andre miljøfarlege stoff over tid.

Mengde operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff i vatn frå petroleumsverksemd.

3.2.2. Risikoen for helse- eller miljøskade som følgje av akutt forureining skal haldast på eit lågt nivå og skal kontinuerleg søkjast ytterlegare redusert. Det skal òg vere styrande for verksemd som medfører fare for akutt forureining.

Talet på og mengd operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff frå petroleumsverksemd.

Talet på og mengde akutte og operasjonelle utslepp av olje og andre miljøfarlege stoff frå skip og landbasert verksemd.

Talet på og mengde oppdaga, ulovlege utslipp av olje frå skip.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1 S (2010-2011).

3.2.1. Operasjonelle utslepp av olje skal ikkje føre til helse- eller miljøskade eller medverke til auke i bakgrunnsnivåa av olje aller andre miljøfarlege stoff over tid.

Målet om nullutslepp (nullutsleppsmålet) inneber at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande kjemiske stoff. Nullutsleppsmålet gjeld heile norsk sokkel. Nullutsleppsmålet er basert på føre var-prinsippet og skulle ha vore nådd for både nye og eksisterande installasjonar innan 2005. Målet om nullutslepp er vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Basert på innrapporterte utsleppstal for 2008 og nye tilbakemeldingar på status i nullutsleppsarbeidet frå operatørane i 2009 har Klima- og forureiningsdirektoratet vurdert måloppnåinga for nullutsleppsarbeidet og behovet for vidare arbeid (Klima- og forureiningsdirektoratet, april 2010). Klima- og forureiningsdirektoratet har funne at det er behov for ytterlegare tiltak for enkelte innretningar for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd også for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn.

Den viktigaste kjelda til utslepp av olje frå petroleumsverksemda er utsleppa av produsert vatn. Vassproduksjonen har auka jamleg på sokkelen. I 2010 var vassproduksjonen 158 mill. m3 til 148 mill. m3. I følgje prognosar frå Oljedirektoratet vil mengda produsert vatn auke fram mot 2015 for deretter å bli redusert. Produsert vatn som kjem opp på plattformene med brønnstraumen blir reinsa, og anten pumpa tilbake i reservoaret eller reinsa og sleppt ut. Ca. 17 pst. av vatnet blir injisert. Delen har vore stabil dei siste åra. I 2010 vart det i alt sleppt ut 1443 tonn dispergert olje til sjø saman med det produserte vatnet, på same nivå som i 2009.

3.2.2. Risikoen for helse- eller miljøskade som følgje av akutt forureining skal haldast på eit lågt nivå og skal kontinuerleg søkjast ytterligare redusert. Det skal òg vere styrande for verksemd som medfører fare for akutt forureining.

Skipsfarten er internasjonalt regulert gjennom konvensjonar fastsette av FNs skipsfartsorganisasjon (IMO). Noreg medverkar til at utsleppskrava til skip blir stadig strengare gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere desse konvensjonane og syte for god handheving. Regelverket for utslepp av olje og kjemikaliar frå skip er nyleg revidert og stramma inn, mens konvensjonen som regulerer miljøgifter brukt i botnstoff på skip har tredd i kraft. Effektane av desse nye krava er ikkje kvantifiserte, men er rekna for å vere signifikante og betydelege for nokre stoff.

Noreg har tiltredd konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip (Ballastvatnkonvensjonen). Når denne konvensjonen trer i kraft internasjonalt vil risikoen for introduksjon av framande arter frå skip bli betydeleg redusert. Ei nasjonal forskrift om handtering av ballastvatn tredde i kraft i 2010.

IMO har utarbeidd nye krav til luftutslepp frå skip som er venta å sterkt redusere bruk av tungolje på skip. Dette vil redusere risikoen for ulykkesutslepp, generere mindre oljehaldig avfall og slik redusere talet på ulovlege utslepp frå skipsfarten.

Frå skipsfarten utgjer dei akutte ulovlege utsleppa hovudutfordringa. I 1998 vart Nordsjøen oppretta som spesielt område under MARPOL 73/78-konvensjonens vedlegg om oljeforureining frå skip. Dette inneber strengare utsleppskrav enn dei generelle reglane for utslepp av olje frå skip.

Gjennom systemet Kystverkets har for overvaking og meldinger om utslepp vart det identifisert 96 ulovlege utslepp frå skip i 2010. Dette er tolv fleire enn i 2009 og seks fleire enn i 2008. Mengda utslepp var langt mindre i 2010 enn i 2009 (106 m3 i 2010 mot 502 m3 i 2009). Det er vanskeleg å samanlikne mengdene frå år til år, sidan enkelthendingar ofte gjev store utslag på mengdene.

Eit samarbeid mellom Nordsjølanda har som mål å oppnå ei meir effektiv straffeforfølging av slike ulovlege utslepp frå skip. Ein reknar med betydelege mørketal for ulovlege utslepp frå skip.

Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining.

Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse, før leite- og produksjonsverksemd startar. Petroleumsnæringa skal til ei kvar tid syte for dimensjonering og plassering av beredskapsfunksjonar som gir best mogleg beredskap innafor dei rammene som styresmaktene har sett, blant anna gjennom krav og vilkår i enkeltløyve. I 2010 var det i alt 106 akutte utslepp av olje på til saman omlag 348 m3 frå offshoreverksemda på norsk sokkel. På landsida har 72 bedrifter utvida beredskapskrav og 33 regionar har beredskapskrav og godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane dekkjer sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 33 interkommunale samarbeidsregionar som alle har godkjende beredskapsplanar. I 2010 vart det registert 203 akutte utslepp av olje og andre kjemikaliar frå landbasert verksemd som til saman utgjorde 2224 m³. Dette er ein auke samanlikna med utsleppa i 2008. Utsleppa av olje og kjemikaliar frå landbasert verksemd varierer mykje frå år til år og er sterkt påverka av enkelthendingar.

Miljøgifter og radioaktiv forureining

Tabell 24.3 Miljøgifter og radioaktiv forureining

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

3.3.1. Utslepp av prioriterte miljøgifter skal stansast eller reduserast vesentleg innan 2010.

Utsleppsreduksjonar for prioriterte kjemikaliar som er omfatta av målet

3.3.2 Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det målet å stanse utsleppa innan 2020.

3.3.2.1 Identifisere nye miljøgifter og arbeide for at utsleppa blir reduserte eller stansa gjennom arbeid nasjonalt og internasjonalt

3.3.3. Risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar er årsak til skade på helse og miljø skal minimerast.

Risikoindikator for potensiell eksponering for helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

3.3.4. Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller redusert vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering.

Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining.

3.3.5. Sediment (botnmassar i sjø) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

3.3.6. Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan forårsake helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte.

Samla årleg utslepp av utvalde radioaktive stoff frå nasjonale kjelder.

Nivå i miljøet av utvalde radioaktive stoff.

Del av ulike typar radioaktivt avfall som er handtert på godkjent måte.

3.3.6.1. Effektiv gjennomføring av nytt regelverk for radioaktiv forureining og radioaktivt avfall.

3.3.6.3. Redusere risiko for radioaktiv forureining av norske område frå utanlandske kjelder.

Berekna risiko for utslepp frå utvalde utanlandske kjelder som kan påverke Noreg.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

3.3.1. Utslepp av prioriterte miljøgifter skal stansast eller reduserast vesentleg innan 2010.

Det er fastsett som mål å stanse eller vesentleg redusere utsleppa av prioriterte miljøgifter seinast innan 2010 i forhold til 1995. Med vesentleg reduksjon er meint 50-90 pst. reduksjon av utsleppa. Tabell 24.4 viser oversikt over dei stoffa det gjeld (prioritetslista), oppnådde utsleppsreduksjonar i 2008 og prognose for utsleppsreduksjonar innan 2010.

Dei samla utsleppa av alle miljøgiftene på prioritetslista er reduserte frå 1995 til i dag. For dei fleste stoffa er det i 2008 oppnådd utsleppsreduksjon på same nivå som er venta innan 2010. Utsleppa av fleire av stoffa er reduserte med meir enn 90 pst. Prognosane tyder likevel på at 2010-målet ikkje vil bli nådd for bromerte flammehemmarar og arsen, og måloppnåinga er usikker for polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH). Ei nærare utgreiing for dette blei gitt i Prop. 1 S (2009-2010) frå Miljøverndepartementet. Det er òg uvisse om målet blir nådd for mellomkjeda klorparafinar (MCCP). Det er stor uvisse knytt til bruk og utslepp av MCCP frå faste importerte produkt, og tidlegare overslag over bruk og utslepp har truleg vore for låge. Det går føre arbeid for å betre datagrunnlaget.

Tabell 24.4 Utsleppsreduksjonar for prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Miljøgift

Utslepp*

1995

(ca. tonn)

Utslepp*

2008

(ca. tonn)

Utslepps- reduksjon

1995 – 2008

(ca. %)**

Prognose; Utsleppsred. 1995-2010

Storleiksorden (%)**

Stoff der utslepp skal reduserast vesentleg og forsøkast stansa innan 2005:

Enkelte tensid (DTDMAC, DSDMAC, DHTMAC)

8

1

86

Ca. 90

Klorparafinar, kortkjeda (SCCP)

1

0

100

Ca. 100

Nonyl/oktylfenolar og etoksilata deira

25

2

93

Ca. 90

PCB (utfasing ståande masse)

487

150

69

Ca. 80

Pentaklorfenol (PCP)

10

0

100

Ca. 100

Stoff der utslepp skal reduserast vesentleg innan 2010:

Arsen (As)

36

26

27

25 – 30

Bly (Pb)

600

177

71

Ca. 75

Bromerte flammehemmarar

0,4

ca. 2

-

Dietylheksylftalat (DEHP)1

285

120

58

Ca 60

1,2-dikloretan (EDC)

33

4

87

90 – 95

Dioksin (mengdeeining i g TEQ)

74

24

67

60 – 70

Heksaklorbenzen (HCB)

0,09

0,008

91

Ca. 90

Kadmium (Cd)

5

1,5

70

Ca. 70

Klorerte alkylbenzen (KAB, som EOCl)

0,08

0,02

79

60 – 75

Klorparafinar, mellomkjeda1

33

27

18

Ca. 20- 25

Krom (Cr)

100

41

59

50 – 60

Kvikksølv (Hg)

2,5

0,9

64

65 – 70

Muskxylen

0,9

0,14

77

60 – 65

PFOS og PFOS-relaterte sambindingar ***

22

0

100

100

Polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH)

268

156

42

Ca. 50

Tetrakloreten (PER)

367

24

93

Ca 90

Tributyl- og trifenyltinnsambindingar (TBT og TFT)

29

0

100

100

Triklorbenzen (TCB)

Ca. 0,021

0,05

-

Ca. 70

Trikloreten (TRI)

620

31

95

Ca. 90

Nye stoff:

Bisfenol A

ikkje kjent

Decametylcyklopentasiloxan (D5)

ikkje kjent

Dodecylfenol med isomerer

ikkje kjent

PFOA

Ca. 0,015

Triklosan

1,5

2,4,6-tri-tert-butylfenol (TTB-fenol)

ikkje kjent

1 Basert på eit forbruk på 1 pst. av EUs omsetning

* Utslepp frå forureina grunn ikkje med

** Som følgje av låge utsleppsnivå kan små endringar i utsleppsdata føre til heller store endringar i den utrekna reduksjonsprosenten.

*** Mengd PFOS og PFOS-relaterte sambindingar i brannskum (utgjer hovudmengda av produkt der PFOS-sambindingar har vore brukte) 2005

Kjelde: Klima- og forureiningsdirektoratet

3.3.2. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det målet å stanse utsleppa innan 2020.

3.3.2.1 Identifisere nye miljøgifter og arbeide for at utsleppa blir reduserte eller stansa gjennom arbeid nasjonalt og internasjonalt

Det er dei same stoffa som er omfatta av målet om å stanse utslepp innan 2020 (resultatmål 3.3.2, tabell 24.3) som er oppførte på prioritetslista i tabell 24.4. Målet om vesentleg reduksjon av utslepp av prioriterte stoff innan 2010 er dermed berre eit første steg på vegen mot målet om å stanse utsleppa av miljøgifter innan 2020. Ein viktig del av arbeidet vidare er å identifisere fleire miljøgifter som er omfatta av målet, og følgje opp desse både på nasjonalt og internasjonalt plan.

Miljøstyresmaktene vurderer kontinuerleg kva slag stoff som på bakgrunn av gitte kriterium skal vere omfatta av prioritetslista. Ny vitskapeleg informasjon og endra bruksmønster kan aktualisere nye stoff eller gjere andre mindre aktuelle. Førebels ligg det føre lite informasjon om forbruk og utslepp av dei nye stoffa på lista. Betre datagrunnlag er viktig for å kunne vurdere tiltak og verkemiddel, i tillegg til å utarbeide prognosar og vurdere måloppnåing. Klima- og forureiningsdirektoratet arbeider med å betre datagrunnlaget.

Regjeringa nedsette i 2009 eit offentleg utval med mandat å foreslå konkrete tiltak som kan bidra til at 2020-målet blir nådd. Utvalet kom med sin utgreiing i november 2010. Utgreiinga har vore på høyring, og departementet vurderer tiltak og verkemiddel i det vidare arbeidet.

Innsatsen er i stor grad retta mot å bidra til styrking av reguleringane under EU/EØS-regelverk og internasjonale avtaler. Noreg har påteke seg å evaluere fleire stoff under EU/EØS-kjemikalieregelverket REACH. REACH omfattar registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar. Klima- og forureiningsdirektoratet har foreslått forbod mot produksjon, import, omsetning og bruk av fem kvikksølvsambindingar under REACH. Desse stoffa er nytta i visse typar polyuretanplast, for eksempel elastiske plastprodukt. Forslaget er basert på omfattande dokumentasjon av bruken av stoffa, helse- og miljøeffektar og økonomiske konsekvensar av forbodet. Stoffa blir produserte og brukte i store mengder i EU i dag. Klima- og forureiningsdirektoratet arbeider òg aktivt for å få stoff omfatta av krava til godkjenning under REACH, og har blant anna påteke seg å utarbeide dokumentasjon for ulike arsensambindingar. Det går òg føre omfattande arbeid for å få stoff klassifiserte med omsyn til helse- og miljøfare. Klima- og forureiningsdirektoratet har sendt klassifiseringsforslag for sju stoff til EU, som blant anna omfattar den perfluorerte sambindinga PFOA som kan finnast i impregneringsmiddel i tekstil.

Samtidig blir behovet og handlingsrommet for strengare nasjonale reguleringar vurdert. Miljøverndepartementet sende forslag til regulering av fire stoff (mellomkjeda klorparafinar (MCCP), bly og blysambindingar, pentaklorfenol (PCP) og perfluoroktylsyre (PFOA) i forbrukarprodukt på høyring til ESA i desember 2010. Forslaget vart òg sendt på nasjonal høyring. I 2008 vart det innført nasjonalt forbod mot kvikksølv i produkt og utvida forbod mot den bromerte flammehemmaren deka-BDE.

Miljøverndepartementet har òg fokus på helse- og miljørisiko ved bruk av nanomaterial. Det er sentralt å framskaffe betre kunnskap om bruk og moglege negative verknadar som eit grunnlag for å kunne innføre tiltak. Samstundes er det viktig å få på plass gode system for å vurdere risikoen ved nanomaterial og reguleringar som sikrar tilstrekkeleg beskyttelse av helse og miljø.

Internasjonalt arbeid er svært viktig for å redusere bruk og utslepp av miljøgifter globalt, både med tanke på å redusere mengda langtransportert forureining og for å redusere produksjonen, omsetninga og bruken av miljøgifthaldige produkt som er produserte utanfor Noreg. Noreg arbeider med å få inn forbod og avgrensingar mot fleire stoff gjennom Rotterdamkonvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, Stockholm-konvensjonen om persistente organiske miljøgifter og UNECE-protokollane om høvesvis organiske miljøgifter og tungmetall. I 2009 vart ni nye stoff omfatta av forbod eller strenge reguleringar i Stockholm-konvensjonen, mens sju nye stoff vart omfatta av UNECE-protokollen om organiske miljøgifter. Blant dei nye stoffa som vart inkluderte i desse konvensjonane var den bromerte flammehemmarane penta-BDE som var fremja av Noreg. Plantevernmiddelet endosulfan vart omfatta av avgrensingar under Stockholm-konvensjonen i 2011. Fleire stoff er under vurdering, blant anna den bromerte flammehemmaren HBCDD som er foreslått av Noreg. Vidare vart tre plantevernmiddel, under dei endosulfan, lagt til lista under Rotterdam-konvensjonen. Noreg er òg ein pådrivar for streng regulering av bruk og utslepp av kvikksølv i den nye globale konvensjonen om kvikksølv som no blir forhandla fram. Denne konvensjonen skal vere ferdig i 2013. Noreg støttar den globale kjemikaliestrategien SAICM. Strategien bidreg til grunnleggjande kapasitetsbygging for kjemikalieforvaltning i utviklingsland, og er ein viktig del av den norske satsinga for å redusere dei globale utsleppa av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Noreg bidreg til finansiering av tiltak i utviklingsland gjennom fleire kanalar over Utanriksdepartementets budsjett, særleg gjennom Det globale miljøfondet (GEF), og ved bidrag til UNEP og program for kapasitetsbygging under dei internasjonale konvensjonane.

Overvaking av miljøgifter i naturen for å følgje utviklinga over tid vil framleis vere prioritert, og opprettinga av ein nasjonal miljøprøvebank med ulike typar prøvemateriale for seinare analysar av miljøgifter er under etablering. Miljøprøvebanken blir plassert i Forskingsparken på Blindern i Oslo og skal administrerast av forskingsinstitutta i CIENS. Miljøprøvebanken skal samle inn og ta vare på prøver av biologisk materiale, for deretter å fryse dei ned for seinare analysar av miljøgifter. Dette vil bli eit svært nyttig verktøy i forvaltning av og forsking på miljøgifter. Formålet er å kunne gjere nye analysar av prøver når det er utvikla betre metodar for å oppdage miljøgifter, fastsetje bakgrunnsnivå for nye miljøgifter og etablere tidstrendar.

3.3.3. Risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar er årsak til skade på helse og miljø skal minimerast.

Målet er at stadig mindre helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal brukast og sleppast ut, òg frå produkt og avfall, og at kjemikaliar skal nyttast på ein måte som reduserer risikoen for helse- og miljøskade.

For å måle utslepp av helse- og miljøfarlige kjemikaliar er det utvikla ein utsleppsindikator for utvalte helse- og miljøfarlige stoff. Indikatoren tek utgangspunkt i mengde produsert, importert og eksportert av kjemikaliane kombinert med ein utsleppsfaktor basert på bruksområde. Figur 24.1 viser utviklinga i denne utsleppsindikatoren for kjemiske stoff klassifiserte med omsyn til kreft, mutagene, reproduksjonsskadelege (CMR), kronisk giftverknad, allergiframkallande effekt og miljøfare i perioden 2002 – 2009. Indikatoren i 2002 er sett lik 1.

Trenden for dei ulike gruppene varierer noko, men hovudbiletet er at utsleppet av farlege stoff er redusert frå 2002. Den største nedgangen ser vi for utslepp av dei kronisk giftige stoffa. For allergiframkallande stoff har det vore ein nedgang i utsleppa sidan 2006, og utsleppet av CMR-stoff er òg redusert sjølv om dette utsleppet har vore varierande. Utsleppet av miljøfarlege stoff steig frå 2002-2005, men har sidan 2005 gått betydeleg ned.

Figur 24.1 Utsleppsindikatorar for helse- og miljøfarlege stoff. 2002-2008, der 2002=1.

Figur 24.1 Utsleppsindikatorar for helse- og miljøfarlege stoff. 2002-2008, der 2002=1.

I tillegg til arbeidet med restriksjonar under REACH, som er omtalt tidlegare, deltek Noreg aktivt i alle komitear som er oppretta i samband med REACH, og i ei rekkje arbeidsgrupper under REACH og regelverket om klassifisering og merking av farlege kjemikaliar, omtalt som CLP. Det er samarbeid med andre nordiske land når det gjeld REACH og CLP, for eksempel med innspel til kriterium for å kunne prioritere stoff som bør evaluerast under REACH. Regelverket som regulerer visse farlege kjemikaliar i elektriske og elektroniske produkt (RoHS) vart nyleg endra. Noreg arbeidde aktivt for at dette førte til eit regelverk som gav betre vern for helse og miljø.

Regjeringa arbeider for at forbrukarar skal kunne ta miljøvennlege val, og dermed redusere bruk av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Klima- og forureiningsdirektoratet lanserte i 2010 nettstaden Erdetfarlig.no i samarbeid med Mattilsynet og Miljømerking. Her blir det gitt hjelp til å unngå helse- og miljøfarlege stoff i forbrukarprodukt, oversikt over produkta med dei offisielle miljømerka Svanen og Blomsten innan ulike varekategoriar, og informasjon om korleis ulike typar produkt skal blir avfall.

Produktregisteret blir lagt på nettsida Produktinformasjonsbanken (www.pib.no). Nettsida vart våren 2010 lansert på nytt med ny design og betre søkjetilhøve. Produktregisteret skal halde fram arbeidet sitt for å leggje til rette for at allmenta får tilgang til ytterlegare informasjon om produkt.

3.3.4. Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering.

Per 1. september 2011 er det 402 lokalitetar som er kjende av miljøstyresmaktene og der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare, eller andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar med spreiingsfare der det ut frå ei risikovurdering er behov for vidare tiltak. Oppfølginga av lokalitetane kan innebere undersøkingar, sikring og overdekning, fjerning av masse, arealbruksrestriksjonar eller liknande. Talet på lokalitetar går ned som resultat av gjennomført oppfølging, men det vil òg kunne auke på grunnlag av for eksempel nye undersøkingar, nye utslepp eller revurdering av risiko ved forureininga.

Tabell 24.5 Grunnforureining

2006

2007

2008

2009

2010

Talet på kjende område med alvorlege grunnforureiningar

366

353

348

334

380

I arbeidet med forureina grunn er utgangspunktet at spreiing av prioriterte miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg, mens spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. Særleg blir prioritert oppfølging av stader der forureininga medfører helserisiko for menneske eller der forureininga lek frå grunnen til område som er prioriterte i samband med arbeidet med forureina sjøbotn. Det blir dessutan vurdert nærare korleis ein kan ta omsyn til særleg sårbare grupper, som for eksempel barn.

Klima- og forureiningsdirektoratet arbeider med å gjennomføre opprydding i dei dokumentert mest alvorlege grunnforureiningslokalitetane med utslepp til prioriterte fjordar og på stader der forureininga kan føre til helserisiko for menneske, jf. St.meld. nr. 14 (2006-2007).

Ein handlingsplan for opprydding i forureina grunn i barnehagar i dei ti største byane og fem store industristader vart fremja hausten 2006. Handlingsplanen innebar at overflatejorda i barnehagane i dei ti største byane og fem store industristader skulle undersøkjast og eventuell forureining ryddast opp innan 2010.

Klima- og forureiningsdirektoratet har gjennomført handlingsplanen i samarbeid med dei aktuelle kommunane, og med unntak av ein av industrikommunane vert prosjektet ferdigstilt i sommarhalvåret 2011. Det har vore behov for tiltak i nærare 70 pst. av barnehagane. Det skuldast hovudsakleg bruk av CCA-impregnert trevirke i sandkassar og sandbasseng, i tillegg til behov for utskifting av jord i om lag ein tredel av barnehagane i desse kommunane. Klima- og forureiningsdirektoratet har komme med eit forslag til korleis dette arbeidet skal følgjast opp for barnehagar i resten av landet.

Det er eit politisk ønske at det offentlege og private skal ha kjennskap til forureina grunn, jf. Ot.prp. nr. 70 (2004-2005). Informasjon om forureining i grunnen framkjem no gjennom matrikkelen. Klima- og forureiningsdirektoratets database Grunnforurensning er kopla direkte mot matrikkelen. Funksjonen til matrikkelen er på dette området å gjere merksam på om det finst forureining av grunnen på ei matrikkeleining eller ikkje.

3.3.5. Sediment (botnmassar i sjø) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

Handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn i St.meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid byggjer på fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sjøbotn for dei 17 høgst prioriterte områda i Noreg. Dei fylkesvise tiltaksplanane er avgrensa til dei delane av fjordane der sjøbotnen er sterkast forureina, og til kjeldeområde på land i tilknyting til desse.

Eit omfattande arbeid er sett i gang med å førebu og gjennomføre oppryddingsprosjekt på dei 17 områda. Omfattande tiltak er gjennomførte i Kristiansand, Oslo og Trondheim (opprydding knytt til Killingdal gruver). I Tromsø og Oslo blir tiltaka avslutta i 2011. Harstad og Sandefjordsfjorden og fleire andre tiltaksplanområde står for tur.

Dei aller fleste av dei om lag 100 prioriterte skipsverfta har gjennomført undersøkingar i grunnen og i sjøbotnen utanfor for å klarleggje behovet for oppryddingstiltak. Det blir fortløpande utarbeidd tiltaksplanar for dei verfta der det er behov for tiltak. Det er viktig å stanse kjelder på land før tiltak blir gjennomførte på sjøbotnen, og for dei fleste verfta er dette rekkefølja. Det er i tillegg gitt pålegg tilti0 store hamner og dei 17 største industrihamnene med utsleppsløyve i tiltaksplanområda, om å kartleggje korleis verksemda deira bidrar til å forureine sjøbotnen, og vurdere behovet for opprydding. Miljøstyresmaktene vil òg elles der det er nødvendig og juridisk mogleg gi pålegg om oppryddingstiltak for å stanse utlekking til sjøbotn.

I dei fleste av tiltaksplanområda har kommunane ei sentral rolle i oppryddingstiltaka som lokal styresmakt, ansvarleg for hamneverksemda og ansvarleg for viktige kjelder til utlekking av miljøgifter frå avfallsdeponi og kommunale avløp. Fylkesmannen har forureiningsmynde i dei fleste sakene og regulerar tiltaka etter forureiningslova og forskrifter. Etter søknad medverkar Klima- og forureiningsdirektoratet med midlar til enkelte kommunar, til kommunale prosjektleiarar, undersøkingar og oppryddingsprosjekt i forureina sjøbotn.

3.3.6. Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan forårsake helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte.

Det viktigaste grepet i 2011 har vore å gjere forureiningslova gjeldande òg for radioaktiv forureining og radioaktivt avfall. I særleg grad vil kravet om deklarasjon av radioaktivt avfall bidra til auka oversikt over og kontroll på handteringa av dette avfallet. For å redusere utslepp og risiko for utslepp har Noreg dialog med land der det finst kjelder som kan påverke Noreg, i tillegg til at miljøstyresmaktene deltek i internasjonalt arbeid. Det blir òg arbeidd med kartlegging, overvaking og forsking.

Figur 24.2 Utslepp av 131 I frå norske sjukehus i perioden 2005 – 2009.

Figur 24.2 Utslepp av 131 I frå norske sjukehus i perioden 2005 – 2009.

Figuren viser utslepp frå norske sjukehus i perioden 2005-2009. Utsleppa varierer etter aktivitetsnivået, men vi ventar noko reduserte utslepp på sikt i tråd med målsetjingane i forureiningslova.

3.3.6.1. Effektiv gjennomføring av nytt regelverk for radioaktiv forureining og radioaktivt avfall.

Det nye regelverket gir eit meir heilskapeleg grunnlag for forvaltning av dette forureiningsfeltet. Det er òg utvikla eit tett samarbeid mellom Statens strålevern og Klima- og forureiningsdirektoratet for å sikre felles rutinar og godt grunnlag for lik forvaltning. Dei gjennomfører blant anna felles tilsyn og har skrive under ei samarbeidsavtale.

Det blir arbeidd med å kartleggje ulike kjelder og type verksemder som genererer radioaktivt avfall og med å lage ei oversikt over avfallsstraumar. Denne oversikta vil først komme i 2012 avhengig av årleg innlevering av deklarasjonsskjema.

Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining held norske styresmakter seg fortløpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. I tillegg til forureining utanfrå, omfattar programmet samtidig utslepp av radioaktive materiale frå nasjonale kjelder.

Utsleppa av produsert vatn varierer med aktivitetsnivået på sokkelen. Målsetjingane i OSPAR er at utsleppa av naturleg førekommande radioaktive stoff òg skal reduserast gradvis slik at konsentrasjonen av stoffa i miljøet er nær bakgrunnsnivå innan 2020. Basert på prognosar om mengder produsert vatn ligg Noreg ikkje an til å nå målet om ein gradvis reduksjon, men usleppet i 2020 ser ut til å bli lågare enn i 2009.

Det er framleis betydeleg mangel på kunnskap om radioaktiv forureining av det ytre miljøet. Arbeidet med å få betre kunnskap om ulike kjelder til radioaktiv forureining, om miljøeffektane og betre grunnlag for overvaking skal derfor førast vidare.

Figur 24.3 Utslepp av 226 Ra, 228 Ra og 210 Pb med produsert vatn frå olje og gassverksemda på norsk sokkel for perioden 2005 – 2009.

Figur 24.3 Utslepp av 226 Ra, 228 Ra og 210 Pb med produsert vatn frå olje og gassverksemda på norsk sokkel for perioden 2005 – 2009.

3.3.6.3. Redusere risiko for radioaktiv forureining av norske område frå utanlandske kjelder.

Forureining med cesium-137 er framleis betydeleg i dei områda som vart ramma av nedfall frå Tsjernobylulykka. Erfaringane frå overvaking av utmarksbeitande dyr og overvakingsprogrammet for radioaktivitet i terrestrisk miljø er at forureininga varer lengre enn ein trudde tidligare og at tiltak vil vere nødvendige i fleire tiår framover. Arbeidet med å samle inn data om aktuelle nivå i hjortevilt og bær held fram.

Figur 24.4 Cesium-137 i aure og røye etter Tsjernobyl- ulykken. Høysjøen, Nord-Trønderlag

Figur 24.4 Cesium-137 i aure og røye etter Tsjernobyl- ulykken. Høysjøen, Nord-Trønderlag

Kjelde: Norsk institutt for naturforskning, 2008. www. miljøstatus.no

Eit verkemiddel for å nå målet om at utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan forårsake helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå er å redusere risikoen for radioaktiv forureining av norske område frå utanlandske kjelder.

Sannsynet for at ei alvorleg atomhending skal inntreffe og ramme Noreg er vurdert som lågt i Nasjonal sårbarhets- og beredskapsrapport (NSBR) 2011. Risiko varierer mellom ulike potensielle kjelder. Sannsynet for ei atomulykke er påverka av teknisk standard, organisasjon, myndigheitskontroll og sikkerheitskultur. Også konsekvensane av ei atomulykke vil avhenge av ei rekkje faktorar, for eksempel kor ulykka skjer, type og mengde radioaktive stoff som er involverte, korleis utsleppa blir transporterte og evne til å handtere og setje i verk tiltak. Sannsynet for atomulykker heng saman med talet på anlegg der slike ulykker kan oppstå. Med uendra sikkerheitsnivå vil sannsynet for ulykker auke i takt med talet på anlegg.

Miljøverndepartementet deltek i arbeidet med gjennomføringa av Regjeringas handlingsplan for oppfølging av St.meld. nr. 34 (1993-94) om atomverksemd og kjemiske våpen i våre nordlege nærområde. Noreg har gjennom denne planen arbeidd for å sikre forholda rundt det radioaktive avfallet i Nordvest-Russland. Noreg har dei seinaste åra lagt vekt på samarbeid med og støtte til russiske tilsynsstyresmakter, og har lagt vekt på at konsekvensar for miljøet må vurderast før ulike tiltak blir sette i verk, slik at risikoen for ulykker blir så liten som råd er. St.meld. nr. 11 (2009-2010) Samarbeid med Russland om atomvirksomhet og miljø i nordområdene gir ei oppdatert oversikt over den norske innsatsen dei siste åra og trekkjer opp prioriteringane vidare framover. Samarbeidet om overvaking av radioaktiv forureining er òg styrkt gjennom miljøvernkommisjonen si ekspertgruppe.

Miljøverndepartementet deltek òg i Embetsgruppa for koordinering av atomberedskapen i Noreg og har dekt sin del av kristutvalet sin langtidsplan for oppgradering av den norske atomberedskapen. Det blir vidare arbeidd med å sikre at departementet og dei underliggjande etatane er godt eigna til å redusere konsekvensane for helse og miljø så godt som mogleg i tilfelle ei alvorleg atomhending.

Lagra av høgaktivt flytande avfall (HAL) ved Sellafieldanlegget er i løpet av dei siste åra reduserte frå om lag 1500 til om lag 900 tonn. Britiske styresmakter sett no krav om at avfallsmengda skal reduserast til 5-600 tonn innan 2015. Ein rapport frå Statens strålevern viser at eit mogleg uhell ved Sellafieldanlegga kan ramme Noreg hardt. Behovet for rask reduksjon av mengdene av flytande, høgradioaktivt avfall og styrkt tryggleik har vore teke opp med britiske styresmakter ei rekkje gonger. Det er nær kontakt om dette mellom dei norske og britiske styresmaktane, både på departements- og fagnivå.

Avfall og gjenvinning

Tabell 24.6 Avfall og gjenvinning

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

3.4.1. Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP.

3.4.2 Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 75 pst. i 2010 med ei vidare opptrapping til 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljøvist fornuftig nivå.

Delen av ordinært avfall som går til gjenvinning, basert på totalt generert mengd avfall som går til kjent behandling.

3.4.3. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

Mengd farleg avfall med ukjent disponering.

Mengd farleg avfall som blir eksportert til sluttbehandling

3.4.4. Genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

For dei fleste miljøproblema som har si årsak i avfall er det fastsett eigne resultatmål, blant anna for utslepp av klimagassar og for miljøgifter. Verkemiddelbruken på avfallsfeltet må derfor sjåast i samanheng med verkemiddelbruken på desse områda.

3.4.1. Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

Veksten i økonomien har tradisjonelt gitt auka avfallsmengder. Miljøproblema som følgjer av dei auka avfallsmengdene kan delvis motverkast ved gjenvinning. Det er likevel grenser for kor store delar av avfallet det er miljømessig føremålstenleg, økonomisk forsvarleg og teknisk mogleg å gjenvinne. Tilsvarande avgrensingar gjeld for utsleppsreduksjonar frå sluttbehandlingsanlegga. Utan avfallsreduksjon vil derfor miljøproblema frå avfall halde fram med å auke. Resultatmålet inneber at same økonomiske aktivitetsnivå i framtida skal medføre vesentleg mindre avfall. I dette legg Regjeringa at det skal vere ein forskjell som monnar og som varer ved.

Tabell 24.7 Avfallsmengder

2005

2006

2007

2008

2009

Mill. tonn avfall

9,8

10,1

10,7

10,9

10,4

Den samla avfallsveksten frå 1995 til 2009 var på 41 pst. Dette er litt høgare enn veksten i BNP målt i faste prisar, som var på 40 pst. i same periode. Avfall frå næringsverksemd utgjer om lag 80 pst. av den totale avfallsmengda. Veksten i næringsavfallet minka med fem pst. frå 2008 til 2009. Dette heng saman med redusert byggjeaktivitet i same periode. Framleis står industrien for det meste av avfallet, og veksten her har vore stabil (SSB 2010). Denne utviklinga kjem truleg i betydeleg grad av endringar i aktivitetsnivået i dei ulike næringane. Endringar i datagrunnlag og omlegging av avfallsstatistikken kan òg ha påverka utviklinga i indikatoren.

Avfallsmengda frå hushalda auka med 70 pst. frå 1995 til 2009. Dette er meir enn auken i hushalda sitt økonomiske forbruk. Frå 2008 til 2009 gjekk mengda hushaldsavfall ned med nær 2 pst. mens hushalda sitt forbruk var uendra. Det er første gongen etter at statistikken vart oppretta i 1992 at genereringa av hushaldsavfall er redusert (SSB 2009). Tal for 2010 viser ei auke på hushaldsavfallet igjen frå 2009–2010.

Figur 24.5 Utvikling i avfallsmengder og BNP (faste prisar)

Figur 24.5 Utvikling i avfallsmengder og BNP (faste prisar)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (2009)

Ei fråkopling av avfallsgenereringa frå den økonomiske veksten kan skje gjennom endra samansetjing av produksjon og forbruk, og gjennom auka materialeffektivitet i dei enkelte produkta og produksjonsprosessane. Miljøverndepartementet har her ei særleg pådrivarrolle.

3.4.2 Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 75 pst. i 2010 med ei vidare opptrapping til 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljøvist fornuftig nivå.

Gjenvinning av avfall omfattar materialgjenvinning, biologisk behandling, forbrenning med energiutnytting og bruk av massar som fyll- eller dekkmassar. Gjenvinningsgraden har vore stabil sidan 2005. Farleg avfall er då halde utanom. I 2009 vart 78 pst. av avfallet gjenvunne (SSB 2010). Dette inkluderer 46 pst. til materialgjenvinning, 25 pst. til energiutnytting og det resterande til kompostering eller til bruk som dekkmasse eller fyllmasse. Det blir kontinuerleg arbeidd med å sikre ei opptrapping mot 80 pst. gjenvinning.

Tabell 24.8 Gjenvinning av avfall

2005

2006

2007

2008

2009

Gjenvinningsdel av avfallet i pst.

77

79

78

77

78

Figur 24.6 Mengd vanleg avfall i Noreg etter behandling1. Endelege tal 1995-2008, førebelse tal 2009. Prosent av kjent behandling

Figur 24.6 Mengd vanleg avfall i Noreg etter behandling1. Endelege tal 1995-2008, førebelse tal 2009. Prosent av kjent behandling

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (2009)

Det er innført fleire verkemiddel for å stimulere til gjenvinning, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for enkelte typar avfall.

Det er etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar. Svært gode resultat frå retursystema medverkar til høg gjenvinningsgrad.

Omlag 1,9 mill. tonn avfall vart deponert i 2009. Dette inkluderer ei betydeleg mengd farleg avfall som blir lagt i eigne deponi. Omlag ein firedel av det tidlegare deponerte avfallet er truleg nedbryteleg avfall som er årsak til metanutslepp frå deponia (SSB 2010).

Då forbodet mot deponering av nedbryteleg avfall vart fastsett, var det venta at det ville ta omlag fem år før tilstrekkeleg alternativ behandlingskapasitet var etablert. Det vart derfor vurdert som nødvendig å opne for mellombelse dispensasjonar frå forbodet. Det vart gitt dispensasjon for ei relativt stor mengd avfall i den første tida etter at forbodet vart innført. Frå 2013 vil det vere få eller ingen dispensasjonar frå forbodet. Samtidig har marknaden for avfallsforbrenning endra seg slik at det ikkje lenger er same mangel på forbrenningskapasitet. Uro i forbrenningsmarknaden, og då særleg at norske forbrenningsanlegg opplevde at dei hadde dårlegare konkurransevilkår enn svenske anlegg, var òg årsak til at Regjeringa i Prop. 126 LS (2009-2010) Endringar i skatte – og avgiftsreglane mv. foreslo å avvikle sluttbehandlingsavgifta på forbrenning frå 1. oktober 2010.

Registrert eksport av avfall har auka klart. I 2009 var eksporten av avfall (ordinært avfall og farleg avfall) om lag 770 000 tonn, ein betydelig auke frå året før. Meir enn 70 pst. gikk til forbrenning med energiutnytting. Eksport av avfall i 2003 var til samanlikning 146 000 tonn. Auken skuldast for ein stor del eksport av brennbart avfall til energigjenvinning i Sverige. Så langt har ikkje røynsla gitt grunnlag for særskilte tiltak for å setje grenser for mengda avfall som blir eksportert eller importert.

EU vedtok 19. november 2008 eit nytt rammedirektiv for avfall (2008/98/EF). Direktivet erstattar det tidlegare rammedirektivet for avfall, direktivet om farleg avfall og direktivet om spillolje. Det nye rammedirektivet vart innlemma i EØS-avtala med verknad frå 2. juli 2011. Norsk avfallsregelverk er vurdert å vere i tråd med rammedirektivet. Direktivet krev derfor ikkje endringar i norsk rett. Miljøverndepartementet har likevel gitt Klima- og forureiningsdirektoratet i oppdrag å utarbeide eit forslag til endring av avfallsforskrifta, og grunnlagsmateriale til enkelte endringar i forureiningslova, med sikte på å bringe omgrepa i avfallsregelverket meir i samsvar med EU-retten. Direktiv om handtering av avfall frå mineralindustrien vart vedteke i EU i 2006, og er innlemma i EØS-avtala. Krava i direktivet er i stor grad i tråd med gjeldande rett, men forslag til gjennomføring av direktivet er sendt på høyring i 2011. Når det gjeld returordninga for innsamling av elektrisk og elektronisk avfall, har EU-kommisjonen foreslått nye reglar for å effektivisere ordningane og auke innsamlingsmåla. Endringane vil venteleg bli vedtekne i EU hausten 2011, og vil medføre enkelte endringar i avfallsforskrifta kapittel 1. Regjeringa vedtok i februar 2011 å leggje fram ei stortingsmelding om avfallspolitikken.

3.4.3. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

Sjå delmål 3.4.4. for samla rapportering.

3.4.4. Genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå.

Ein million tonn helse- og miljøfarleg avfall gjekk til godkjent behandling i 2009, ein liten reduksjon i forhold til året før. Lågare aktivitet i industrien er truleg hovudårsaka til denne nedgangen. Sidan 1998 er mengda meir enn dobla. Mykje av denne auken reknar ein med kjem frå betring i datagrunnlaget, og den reelle auken kan derfor vere mindre enn det statistikken viser. Ifølgje SSB sine berekningar gjekk 2 000 tonn mindre av farleg avfall til ukjent handtering i 2009 enn i 2008. Sidan toppen i 2004 har mengda farleg avfall til ukjent handtering avteke med 43 000 tonn, eller 38 pst. Hovudårsaka er auka innsamling av oljehaldig farleg avfall, og at berekningane viser nedgang i mengd avfall som oppstår frå kreosothaldig trevirke. Ei fornying av regelverket i 2003 førte til at fleire avfallstypar vart rekna som farlege, deriblant impregnert trevirke, eternitplater (asbestsement) og plast med bromerte flammehemmarar. Det vart registrert 48 000 tonn slike nye typar farleg avfall til godkjent behandling i 2009, over dobbelt så mykje som i 2003. I same perioden vart mengda til ukjent handtering av dei same avfallstypane redusert med nær ein tredjedel, til 33 000 tonn. Ukjent handtering kan bety at avfallet er gått til godkjent handtering, men at det ikkje er registrert. Men det kan òg bety at avfallet har blitt handtert på uforsvarleg vis eller er hamna i naturen.

Nær 85 pst., tilsvarande 850 000 tonn, av det farlege avfallet som gjekk til godkjent behandling i 2009, vart behandla i Noreg. Resten, tilsvarande 150 000 tonn, vart eksportert for å bli behandla i utlandet. Til saman 22 pst. av det farlege avfallet vart gjenvunne, det vil seie materialgjenvunne eller energiutnytta, mens resten vart sluttbehandla, hovudsakleg på deponi. I desse resultata er behandling i utlandet rekna med. I 2007 vart 16 pst. av det farlege avfallet gjenvunne. Mange typar farleg avfall, bl.a. frå industrien, er vanskelege å gjenvinne, og dette kan vere ei forklaring på den høge slutthandteringsprosenten. Ein stor del av det sluttbehandla avfallet blir stabilisert og nytta til landskapsrestaurering.

Stadig fleire produkt inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Det gjer at mengda farleg avfall frå slike produkt aukar. I Klima- og forureiningsdirektoratets strategi for farleg avfall for perioden 2008–2010 har innsatsen særleg vore retta mot auka innsamling av farleg avfall med prioriterte miljøgifter. Klima- og forureiningsdirektoratet vil òg framover ha spesiell merksemd på avfall som inneheld prioriterte miljøgifter.

Regelverket for grensekryssande transport av avfall krev stor ressursinnsats i Klima- og forureiningsdirektoratet til saksbehandling og kvalitetssikring av meldingane om import/eksport og auka innsats på tilsyn og kontroll.

Tilsyn har fått auka merksemd for å redusere illegal import og eksport, særleg eksport til fattige land. Klima- og forureiningsdirektoratet har styrkt samarbeidet med Toll- og avgiftsdirektoratet og andre styresmakter for å gjennomføre ein mest mogleg effektiv kontroll med ulovleg eksport og import av farleg avfall med skip.

Konvensjonen om gjenvinning av skip

Den 15. mai 2009 vart «Hong Kong International Convention for the Safe and Environmentally Sound Recycling of ships» fastsett på diplomatkonferanse i IMO. Den nye konvensjonen inneheld miljøkrav til skip gjennom heile skipet sin livssyklus, den stiller krav om godkjenning av opphoggingsstadene og inneheld føresegn om gjennomføringa av sjølve opphoggingsprosessen. Det nye regelverket vil utgjere grunnmuren i arbeidet med å betre både miljøforholda og forholda for tilsette i skipsgjenvinningsindustrien. Regjeringa tek sikte på ei snarleg behandling av norsk tiltreding av konvensjonen.

Gjennom arbeid i internasjonale fora tek departementet òg initiativ for å få betre regulering og kontroll med industriverksemd om bord på skip i internasjonalt farvatn.

25 Statusrapportering på «gamle» resultatområde 4 frå 2011

Tabell 25.1 Klimaendringar

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

4.1.1. Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 pst. under 1990-nivå.

Nasjonal utsleppsutvikling og bruk av fleksible mekanismar.

4.1.2. Noreg skal fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990. Gjennom Klimameldinga og Klimaforliket er det slått fast at det er realistisk å ha eit mål om å redusere utslepp i Noreg med 15-17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i høve til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert.

4.1.2.1. Sektormåla for reduksjon av klimagassutslepp frå klimameldinga frå 2007 skal vere oppfylte.

Nasjonal utsleppsutvikling.

4.1.2.2. Etablere eit oppfølgingsregime for dei sektorvise og nasjonale måla for utsleppsreduksjonar, under dette fastsetje kontrollstasjonar fram mot 2020.

Nasjonal utsleppsstatistikk fordelt på sektorinndelinga frå Klimameldinga.

4.1.3. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp i 2030.

4.1.4. Redusert avskoging og utarming av skog i utviklingsland (REDD) skal gi lågare utslepp av klimagassar, og bidra til berekraftig utvikling og fattigdomsreduksjon.

4.1.5. At samfunnet er mindre sårbart for klimaendringar og at Noregs tilpassingsevne er styrkt.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

4.1.1. Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 pst. under 1990-nivå.

Noreg underskreiv i 1997 Kyotoprotokollen som vart framforhandla under FNs klimakonvensjon (UNFCCC). Der forplikta Noreg seg til at utsleppa i perioden 2008–2012 som eit gjennomsnitt ikkje skal overstige ein prosent meir enn 1990-nivå. Som ei følgje av dette fekk Noreg tildelt ei kvotemengd under Kyotoprotokollen på 250,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar (i gjennomsnitt 50,1 millionar tonn CO2-ekvivalentear årleg) i Kyoto-perioden (2008–2012). Som eit supplement til innanlandske utsleppsreduksjonar er det i Kyotoprotokollen opna for at landa kan nytte dei såkalla Kyoto-mekanismane (ulike typar kvotehandel) til å oppfylle forpliktingane. Som del av gjennomføringa av våre forpliktingar etter Kyoto-avtala vil Noreg finansiere utsleppsreduserande tiltak i andre land, i hovudsak i utviklingsland. Ein betydeleg del av reduksjonane skal skje gjennom nasjonale tiltak.

Kyoto-mekanismane består av handel med utsleppskvotar, prosjektsamarbeid mellom industriland som har ratifisert protokollen (JI), og prosjektsamarbeid med utviklingsland (CDM). Regjeringa legg opp til ei brei tilnærming for å innfri Noregs utsleppsforplikting under Kyotoprotokollen. Regjeringas politikk er at utsleppsforpliktinga skal oppfyllast gjennom ein kombinasjon av nasjonale tiltak og bruk av Kyoto-mekanismane slik protokollen legg opp til, der ein betydeleg del av utsleppsreduksjonane skjer gjennom nasjonale tiltak, jf. St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk. Det er etablert eit statleg kjøpsprogram for kjøp av kvotar under Kyoto-mekanismane i Finansdepartementet, jf. Prop. 1 S. (2010-2011). Stortinget har i tillegg vedteke at Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga under Kyotoprotokollen med ti prosentpoeng, eit mål som skal oppfyllast gjennom bruk av dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen.

Den nasjonale utsleppsutviklinga, norske bedrifter sine kjøp av kvotar gjennom EUs kvotehandelssystem og kjøpsprogrammet for kvotar gjer at Noreg ligg godt an til å innfri forpliktinga under Kyotoprotokollen.

Dei norske klimagassutsleppa auka igjen i 2010, etter to år med nedgang. Dette viser foreløpige tal frå utsleppsrekneskapen til Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet. Totalt var utsleppa på 53,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2010, ein auke på 4,8 pst. frå året før. Auka metallproduksjon og meir transport har medverka mest til oppgangen siste året. Omtrent 80 pst. av utsleppa i 2010 skuldast dei tre hovudkjeldene petroleumsverksemd, industri og transport (sjå figur 25.1). Petroleumsverksemda stod for 27 pst. av utsleppa, mens industri og transport stod for høvesvis 22 og 32 pst. Av transportutsleppa dominerer vegtrafikken med vel ti mill. tonn CO2-ekvivalentar eller omtrent 20 pst. av alle norske utslepp. Andre utslepp frå oppvarming av bygningar, utslepp frå avfallsdeponi med meir stod for 11 pst.

Sida 1990 har samla norske utslepp auka med åtte pst., og det er vekst i utslepp knytt til vegtrafikk og petroleumsverksemda som har ført til denne auken. Drivkreftene bak dette har vore at i denne perioden har auka velstand ført til større transportomfang, særleg for godstransport, mens petroleumsproduksjonen har auka betydeleg sidan 1990 og meir modne felt i slutten av perioden gir større utslepp pr. produsert eining.

Figur 25.1 Kjelder som har medverka til utslepp av klimagassar i Noreg frå 1990 og til og med 2010.

Figur 25.1 Kjelder som har medverka til utslepp av klimagassar i Noreg frå 1990 og til og med 2010.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet

4.1.2. Noreg skal fram til 202 0 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990. Gjennom Klimameldinga og Klimaforliket er det slått fast at det er realistisk å ha eit mål om å redusere utslepp i Noreg med 15-17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i høve til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert.

4.1.2.1. Sektormåla for reduksjon av klimagassutslepp frå klimameldinga frå 2007 skal vere oppfylte.

Til trass for nedgangen i klimagassutslepp i 2008 og 2009, viser foreløpige utsleppstal for 2010 at utsleppa aukar igjen, så vi må vi vere budde på at det kan vere nødvendig å innføre fleire nye verkemiddel for å få utsleppa ytterlegare ned mot 2020. I klimaforliket vart det fastslått at det er realistisk å ha som mål å redusere utsleppa i Noreg med 15-17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i forhold til referansebana slik den er presentert i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. Referansebana frå 2007 viser utslepp i 2020 på vel 59 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Oppfylling av dette målet inneber at det er behov for vesentlege utsleppsreduksjonar. Arbeidet til faggruppa Klimakur 2020 som vart leia av Klima- og forureiningsdirektoratet viser at det er mogleg å nå dette målet, og at det er mange moglege måtar vi kan nå det på.

4.1.2.2. Etablere eit oppfølgingsregime for dei sektorvise og nasjonale måla for utsleppsreduksjonar, under dette fastsetje kontrollstasjonar fram mot 2020.

Faggruppa Klimakur 2020 sitt overordna mandat var å utarbeide naudsynt grunnlagsmaterial for den vurderinga av klimapolitikken og behov for endra verkemiddel som skal leggjast fram for Stortinget i 2012 i form av ei klimamelding. Meldinga vil vere ein kontrollstasjon på vegen fram mot 2020, og vil vurdere i kva grad det er behov for nye eller endra verkemiddel i klimapolitikken.

Som bestemt i klimaforliket skal det årleg i samband med oppfølging av berekraftstrategien og dei ordinære budsjettframlegga leggjast fram ei rapportering/klimagassbudsjett som vurderer konsekvensane for klimagassutslepp og som rapporterer om utsleppsutviklinga og gjennomføringa av klimapolitikken. Klimagassbudsjettet har som mål å gi ei oversikt over klimagassutsleppa som følgjer av Regjeringas største satsingar i statsbudsjettet og kor vidt dei ulike satsingane bidreg i retning av å innfri dei nasjonale klimamåla. Effekten av satsingane skal vurderast anten dei gir auka utslepp som for eksempel ved enkelte vegprosjekt, eller dei gir reduserte utslepp som for eksempel satsinga på karbonfangst og -lagring. I klimagassbudsjettet bør òg tiltak som skatte- og avgiftsendringar og satsingar innan forsking og utvikling omtalast.

I tillegg er omtalt nokre saker som har verknad på klimautsleppa sjølv om desse ikkje er satsingar i budsjettet, slik som nye olje- og gassfelt som blir sette i drift.

Klimagassbudsjettet skal ha tal både for budsjettåret og for 2020, men det skal leggjast mest vekt på 2020. På den måten vil det bli tydeleg i kva grad satsingane bidreg til at Noreg når klimamåla sine, som til dømes det som er omtalt i klimameldinga og forliket om at det er realistisk å ha som mål å kutte dei innanlandske klimagassutsleppa med 15-17 mill. tonn i forhold til referansebana i nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert.

Regjeringa har òg innført ei klimavurdering av alle større satsingar i budsjettprosessen der det er relevant. Dette inneber at ansvarleg departement for ulike satsingsforslag leverer til Miljøverndepartementet for budsjettkonferansane ei vurdering av effektar på klimagassutslepp der det er relevant. Dette arbeidet vil kunne gi vesentleg tilleggsinformasjon om klimaeffektane av satsingane og vil derfor styrkje budsjettmaterialet på dette punktet og gi grunnlag for betre avgjerder.

Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av nokre sentrale endringar dei seinaste åra. For meir utfyllande informasjon viser ein til det enkelte departement sin budsjettproposisjon.Samferdselsdepartementet har som ein illustrasjon gjort grove overslag over klimaverknaden i 2010 og 2012 målt i tonn CO2-ekvivalentar av ulike tiltak og verkemiddel dei siste åra. Utan desse tiltaka ville utsleppa frå transport kunne vore 0,4 til 1 mill. tonn CO2-ekvivalentar høgare i 2012, som er vist i tabellen under.

Tabell 25.2 Verknad av ulike tiltak og verkemiddel i klimapolitikken

Verknad 2010

Venta verknad for 2012

Lågt overslag

Høgt overslag

Lågt overslag

Høgt overslag

Innblanding biodrivstoff1

-145 000

-416 000

-165 000

-470 000

Lågare utslepp nye personbilar2

-105 000

-210 000

-200 000

-400 000

Jernbaneprosjekt3

-15 000

-15 000

-45 000

-45 000

Auka drivstoffavgifter – klimaforliket

-14 000

-28 000

-14 000

-28 000

Auka CO2-avgift luftfart4

-4 000

-9 000

-4 100

-9 200

El-bilar5

-1 500

-2 000

-3 000

-4 000

Vegprosjekt ferdig i 2012

3 690

3 690

Sum

-284 500

-680 000

-427 410

-952 510

1 Det er føresett 35 pst. klimaeffekt i det låge alternativet og 100 pst. i det høge. Vidare er det føresett at biodrivstoff står for 3,5 pst. av drivstoffsalet i 2012.

2 Samanlikna med nivået før 2007 (inkl. drosjer)

3 Det er rekna at nye jernbaneprosjekt i perioden 2010-2019 gir ein reduksjon på 150 000 tonn CO2 i 2019, dvs. ein gjennomsnittleg verknad på 15 000 i året. Konsekvensane av jernbaneprosjekt i 2010-2019 byggjer på NTP 2010-2019. Det er denne meldinga som ligg til grunn for planlegging i sektoren, men den er ikkje bindande i budsjettsamanheng.

4 10 øre auke frå 2008

5 I tabellen er det rekna med at el-bilar har halve køyrelengda som ordinære bilar og at 50–75 pst. av køyringa erstattar ordinær bilkøyring.

I 2010-2011 har Olje- og energidepartementet godkjent fleire utbyggingsplanar for petroleumsinstallasjonar. Ved utarbeiding av planane skal oljeselskapa finne utbyggingsløysingar som gir lite utslepp av CO2 samtidig som omsynet til kostnadseffektivitet må takast vare på. Tabellen under gir ei oversikt over felta med godkjent plan for utbygging og drift som vil bli sette i produksjon dei næraste åra. Tala er baserte på selskapa sine overslag ved innlevering av plan for utbygging og drift. Det er stor uvisse knytt til anslag for CO2-utslepp for 2020, men tabellen under viser at utslepp frå utbyggingar godkjent i 2010-2011 totalt kan bli nesten 900 000 tonn CO2-ekvivalentar.

Tabell 25.3 Felt med godkjent plan for utbygging og drift

Produksjonsperiode

Tentativt oppstartsår

Tonn CO2 utslepp per år

Oselvar

20 år

2011

25 000–60 000

Gaupe

9 år

2011

15 600

Marulk

10 år

2012

100 000

Visund Sør

14 år

2012

2 000–25 000

Goliat

15 år

2013

125 000–156 000

Gudrun

14 (9) år

2013

100 000–210 000

Hyme

7 år

2013

2 000–24 000

Ekofisk/Eldfisk

35-40 år

2013

70 000

Knarr

6 år

2014

170 000

Valemon

11 år

2014

15 000–59 000

4.1.3. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp i 2030.

Klimaforhandlingane i København i desember 2009 resulterte i ei politisk avtale – The Copenhagen Accord – om å avgrense menneskeskapte klimaendringar. Denne fekk ikkje status som formelt vedtak under Klimakonvensjonen, men vart stadfesta året etter i Mexico i det som er kalla Cancunavtala. Semja i Mexico var avgjerande for tilliten til dei internasjonale klimaforhandlingane i regi av FN, og legg grunnlaget for ei bindande juridisk avtale på sikt. Avtala inneheld mange konkrete oppfølgingspunkt som det blir arbeidd med fram mot årets klimaforhandlingsmøte i Sør-Afrika i desember.

Cancunavtala representerer eit gjennombrot både for styrkt finansiering av klimatiltak i utviklingsland og i arbeidet for ein internasjonal skogmekanisme. Noreg vil arbeide nært opp mot desse problemstillingane framover. Statsminister Jens Stoltenberg overtok i juni 2010 leiinga av FNs høgnivågruppe om finansiering av klimatiltak i fattige land og gruppa la fram sin rapport om moglege løysingar for mobilisering av ressursar i november 2010. I Cancun vart det bestemt å etablere eit nytt internasjonalt klimafond (Det Grøne Fondet), og det vart sett ned ein eigen komité som i løpet av 2011 skal utarbeide forslag til rammeverk og retningslinjer for å gjere fondet operativt så snart som mulig. Noreg er representert i leiinga i denne komiteen. Arbeidet her vil bli viktig for framgangen på finansieringspørsmål i Durban.

I tråd med Regjeringas klimapolitikk og klimaforliket har Noreg i klimaforhandlingane annonsert eit mål om prosentvis reduksjon i klimagassutsleppa på 30 pst. innan 2020 i forhold til 1990-nivå. I regjeringserklæringa hausten 2009 annonserte Noreg ei skjerping tilsvarande eit kutt på 40 pst. dersom det kan bidra til semje om ei ambisiøs klimaavtale der dei store landa tek på seg konkrete utsleppsforpliktingar. I januar i år 2010 melde Noreg inn utsleppsmåla sine til Københavnavtala, og dette er no formelt teke inn i Cancunavtala. Der vart det signalisert at Noreg, innanfor ramma av ei ny klimaavtale der store utsleppsland blir samde om utsleppsreduksjonar i tråd med togradermålet, vil ta på seg ei utsleppsforplikting tilsvarande kutt i utsleppa på 40 pst. basert på 1990-nivå innan 2020.

I 2011 har det vore arrangert to forhandlingsmøte under FNs klimakonvensjon. Det har vore forhandla om oppfølging av Cancunavtala og tema som det ikkje vart semje om i Cancun. Det er planlagt eit nytt forhandlingsmøte i Panama i byrjinga av oktober før det siste møtet i år i Durban i Sør-Afrika i desember.

Forhandlingane fram mot Durban vil måtte gi resultat på alle sentrale forhandlingstema, der særleg utsleppsreduksjonar, finansiering og tilpassing er viktige tema. Frå norsk side vil det bli lagt stor vekt på å få ei meir forpliktande oppfølging av innsatsen for utsleppsreduksjonar, i både i-land og u-land. Under Klimakonvensjonen har alle i-land og meir enn 40 u-land meldt inn mål og tiltak for utsleppsreduksjonar fram mot 2020. Desse landa står for meir enn 80 pst. av dei globale utsleppa. Mens dei fleste i-land i dag har forpliktingar under Kyotoprotokollen, er det framleis uklart korleis ei avtale skal utformast for u-landas tiltak og for USA og andre i-land utanfor Kyotoprotokollen. Arbeidet fram mot Durban og vidare vil vere retta mot å utvikle eit meir heilskapleg og bindande klimaregime for alle land, der Kyotoprotokollen kan vere ein del.

Tilpassing er eit særleg viktig tema for lågtliggjande øystatar, som vil bli hardt ramma av havnivåstigning. Negative konsekvensar i form av tørke og svikt i vassforsyning er venta å gi store problem òg i delar av Afrika og Asia. Ei global klimaavtale bør bidra til å sikre at dei minst utvikla landa og dei mest sårbare utviklingslanda blir gitt prioritet og får effektiv og relevant støtte i tilpassingsarbeidet sitt. Eit framtidig rammeverk for tilpassing bør leggje til rette for at alle partar integrerer omsynet til effektar av klimaendringar i ordinære planleggings- og avgjerdsprosessar. Semje om ei global avtale er heilt avhengig av at ein løyser spørsmålet om finansiering. Tilpassingstiltak og kapasitetsoppbygging i utviklingsland for å klare ei klimaomstilling vil generelt sett ikkje kunne finansierast via marknadsmekanismar, og det er behov for auka offentleg støtte. Det same gjeld for innleiingsfasen for å stanse avskoging. I klimaforhandlingar er det derfor lagt stor vekt på å få semje om mekanismar og system for å sikre føreseieleg og tilstrekkeleg finansiering av slike klimatiltak i utviklingsland, og for gode og effektive styrings- og forvaltningsregime for finansiell støtte.

FNs Sjøfartsorganisasjon IMO fastsette i juli 2011 juridisk bindande klimakrav til internasjonal skipsfart. Desse krava som omhandlar energieffektiv utforming og drift av skip, vil tre i kraft 1. januar 2013. Det var Noreg som tok initiativet til at desse krava kunne vedtakast. Forhandlingsresultatet er særs viktig i det internasjonale arbeidet for å redusere klimagassutslepp, då klimagassutslepp frå internasjonal skipsfart har vore uregulert fram til no.

Regjeringa etablerte i februar 2011 eit internasjonalt energi- og klimainitiativ med sikte på å auke tilgangen på energitenester og samtidig avgrense klimagassutsleppa frå energisektoren i utviklingsland. Eit internasjonalt partnarskap med givarland, utviklingsland, internasjonale organisasjonar, private aktørar og ikkje-statlege organisasjonar vart etablert og lansert under konferansen «Energy for all: Financing access for the poor» som vart halden i Oslo i oktober 2011. Initiativet vil kunne medverke til å utvikle og gjennomføre planar og tiltak for utsleppsreduksjonar og utsleppsomleggingar i energisektoren i utviklingsland, som oppfølging av Cancunavtala. Erfaringar frå initiativet kan spelast inn i klimaforhandlingane. Initiativet vil trekkje på lærdom frå det norske klima- og skoginitiativet.

Regjeringas klima- og skogprosjekt

4.1.4. Redusert avskoging og utarming av skog i utviklingsland (REDD) skal gi lågare utslepp av klimagassar, og bidra til berekraftig utvikling og fattigdomsreduksjon.

For statusbeskrivinga til Regjeringas klima- og skogprosjekt viser ein til resultatområde Stabilt klima.

4.1.5. At samfunnet er mindre sårbart for klimaendringar og at Noregs tilpassingsevne er styrkt.

Regjeringa oppnemnde eit utval i desember 2008 for å utgreie kor stor risiko klimaendringane representerer for natur og samfunn, og gjere greie for kva samfunnsområde som er mest utsette. Utvalet leverte rapporten sin 15. november 2010. Parallelt med utgreiinga har det vore arbeidd for å leggje til rette for at styresmakter og næringsliv tek omsyn til klimaendringane i samfunnsplanlegginga på dei mest utsette områda.

Nettportalen Klimatilpasning Norge, som er utvikla for å gi planleggjarar eit samla informasjonssenter for deira arbeid med klimatilpassing var i full drift i 2010. Det vart òg lansert ein rettleiar til klimatilpassing for kommunane. Kommunane og forvaltninga generelt har no tilbod om kurs i klimatilpassing. Klimatilpassing er òg ein del av andre kurstilbod, til dømes kurs i arealplanlegging.

Ei ny undersøking utført av klimatilpassingssekretariatet i Direktoratet for Samfunnsikkerheit og beredskap syner at klimatilpassing er på veg inn i kommunane si planlegging.

Klimaendringar verkar saman med andre faktorar som gjengroing, fysiske inngrep og forureining. Det er den totale belastninga som er avgjerande for kva slags effektar klimaendringane vil ha for økosystema, og det er naudsynt med ei økosystemtilnærming i arbeidet med tilpassing til. Det er sett i verk overvaking og rapportering som skal gi informasjon om endringar i økosystema, til dømes havforsuring. Dette blir vurdert i samanheng med andre faktorar for påverknad og blir følgt opp i vidare arbeid med utvikling av tiltak og målretting av verkemiddel.

Direktoratet for naturforvaltning utarbeidde i 2006-2007 ein rapport der dei viktigaste fagområda vart gjennomgått for å identifisere aktuelle tilpassingstiltak. Som følgje av denne gjennomgangen blir klimaomsynet no lagt vekt på blant anna ved vurdering av verneområde, nedkjemping av framande arter, skjøtselstiltak i kulturlandskap og i arbeidet med EUs vassdirektiv. I 2012 vil ei forskrift om innførsel og utsetjing av framande organismar, og ei forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål tre i kraft. Det vil bli forbode å setje ut fleire av dei plantene som kan føre til vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet, og det vil bli restriksjonar på kor det er lov å setje ut framande skadelege organismar.

EUs vassdirektiv blir implementert gjennom heilskapleg samarbeid på tvers av relevante sektorar. Vassregionar er etablerte med vassforvaltningsplanar som skal gjennomførast innan 2015.

Klimaendringane skaper òg utfordringar i forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren har leia Nordisk ministerråds prosjekt (2008-2010) om kulturminne og klimaendringar. Bygningar, arkeologiske kulturminne og landskap blir påverka av endra klimaforhold, og indirekte verknader kan òg bli betydelege som følgje av endra samfunnsutvikling og klimarelaterte tiltak i andre sektorar. I januar 2011 vart publikasjonen Klimaendringar og kulturarv i Norden, som summerer opp resultat og konklusjonar frå prosjektet, utgitt på norsk og engelsk. Publikasjonen er distribuert til kulturminneforvaltninga og relevante fagmiljø og interesseorganisasjonar både i Noreg og i dei andre nordiske landa. Riksantikvaren formidlar òg kunnskap om klimaendringar og kulturminne til forvaltning og fagmiljø blant anna gjennom foredrag og presentasjonar.

Boks 25.1 Arkeologiske funn som følgje av nedsmelting

Erfaringane frå dei seinaste åra i høgfjellet i Sør-Noreg viser at mange isbrear og snøfonner ikkje har vore mindre på fleire hundre, i nokre tilfelle fleire tusen år, då arkeologiske funn kjem for dagen på grunn av den massive nedsmeltinga. Det siste store funnet er ein leirplass frå jernalderen med blant anna skinnskor, tekstilar, reiskapar, fangstutstyr og hesteutstyr som har smelta fram av Lendbreen på Lomseggen i Breheimen nasjonalpark.

På Juvass i Jotunheimen er Klimapark 2469 etablert, med mål om å drive formidling, forsking og verdiskaping knytt til klimaendringar, kulturminne og høgfjellsnatur i eit langtidsperspektiv. Kulturminna er òg ei kjelde til kunnskap, om korleis klimaet har påverka byggjeskikkar i ulike delar av landet, og korleis ulike byggjeskikkar har takla store naturlege klimavariasjonar langt tilbake i tid. Denne kunnskapen er ein viktig ressurs som bør førast inn i arbeidet med å finne gode løysingar for tilpassing til klimaendringar i framtida. Arbeidet frå Nordisk ministerråd sitt prosjekt skal følgjast opp, blant anna gjennom Riksantikvarens arbeid med å systematisere kulturminneforvaltninga sin kunnskap om korleis materialbruk og byggjemetodar kan bidra til klimarobuste bygg.

Ozonreduserande stoff

Tabell 25.4 Nedbryting av ozonlaget

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

4.2.1. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromflu orkarbon (HBFK).

Reell reduksjon i bruk av KFK og halon.

4.2.2. Forbruket av hydroklorfluor-karbon (HKFK) skal vere fasa ut innan 2010.

Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

4.2.1. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromflu orkarbon (HBFK).

Globalt er over 98 pst. av dei ozonreduserande stoffa fasa ut. Internasjonalt er ei av dei gjenståande hovudutfordringane å leggje forholda til rette for utviklingslanda slik at dei blir i stand til å oppfylle alle forpliktingane sine under Montrealprotokollen. Ei anna oppgåve er knytt til spørsmålet om høva til finansiering for å sjå til at dei ozonreduserande stoffa som er tekne ut av bruk og lagra i utstyr og tankar ikkje lek ut, men blir forsvarleg samla inn og destruerte.

196 medlemsland har ratifisert Wienkonvensjonen og Montrealprotokollen. Tabellen nedanfor viser talet på land som har ratifisert dei ulike endringane i protokollen.

Tabell 25.5 Tal på land som har ratifisert dei ulike endringane i protokollen

Talet på land som har ratifisert

Wienkonvensjonen (1988)

196

Montrealprotokollen (1988)

196

London-endring (1992)

195

København-endring (1994)

192

Montreal-endring (1999)

182

Beijing-endring (2002)

167

Over 90 pst. av landa oppfyller forpliktingane sine i protokollen. Det er etablert eit handhevingsregime som har gjort at 25 land som ikkje oppfylte forpliktingane sine, med bistand frå dette regimet har klart å overhalde dei igjen.

Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetraklormetan, metylkloroform og HBFK.

Noreg har oppfylt krava i Montrealprotokollen og gjennomført EU-forordninga om ozonreduserande stoff (forordning (EF) nr. 2037/2000), som for enkelte stoff set strengare mål for utfasing enn Montrealprotokollen i produktforskrifta. Ei revidert forordning om ozonreduserande stoff i EU vart vedteken 16. september 2009 og tredde i kraft for EU 1. januar 2010. Forordninga er sett på som EØS-relevant og akseptabel og vil bli gjennomført i norsk rett. Noreg har ingen produksjon av ozonreduserande stoff. Dei ozonreduserande stoffa som blir brukte er importerte. Det blir importert små mengder KFK, tetraklormetan (karbontetraklorid) og 1,1,1-trikloretan (metylkloroform) til analysar som er godkjende som essensiell bruk under Montrealprotokollen.

4.2.2. Forbruket av hydroklorfluor-karbon (HKFK) skal vere fasa ut innan 2010

Alle dei ozonreduserande stoffa er no i ferd med å bli heilt fasa ut av bruk i Noreg. For HKFK følgjer vi EUs tidsplan for reduksjon i forbruket av HKFK. Denne er raskare enn tidsplanen i Montrealprotokollen. Frå 1. januar 2010 vart det forbode å etterfylle kulde- og klimaanlegg med ny HKFK. Frå 2015 blir det òg forbode å nytte brukt eller gjenvunnen HKFK. Det er eit unntak for bruk av halon til spesielle bruksformål. Det er likevel i EUs regulering sett tidspunkt for når denne bruken skal opphøyre. Det er òg unntak for bruk av metylbromid til behandling av visse typar produkt for eksport. I 2010 vart det ikkje importert noko til dette formålet.

Noreg har i mange år vore i forkant av dei internasjonale retningslinjene når det gjeld reduksjon i bruken av ozonreduserande stoff. Målt i ozonreduserande effekt er norsk forbruk av ozonreduserande stoff redusert med meir enn 99 pst. i perioden 1986 til 2010.

Luftforureining

Tabell 25.6 Luftforureiningar

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

4.3.1. Helse og miljø skal ikkje ta skade av luftforureining frå SO2, NOx, VOC, ammoniakk eller partiklar.

4.3.1.1 Dei årlege utsleppa av svoveldioksid (SO2) skal framleis haldast under 22 000 tonn

Venta areal med overskridingar av tolegrenser for forsuring

Utviklinga i nasjonale utslepp av SO2, NOx, VOC og ammoniakk

4.3.1.2 Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NOx) skal maksimalt vere 156 000 tonn.

4.3.1.3 Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC) skal framleis haldast under 195 000 tonn. Dei årlege utsleppa frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal framleis haldast under 70 pst. av nivået i 1989 (dvs. 188 000 tonn).

4.3.1.4 Dei årlege utsleppa av ammoniakk skal framleist haldast under 23 000 tonn.

4.3.1.5 Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO2) skal ikkje overskride 150 µg/m3 meir enn 8 timar pr. år.

Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer.

4.3.1.6 Døgnmiddel-konsentrasjonen av svevestøv (PM10) skal ikkje overskride 50 µg/m3 meir enn 7 dagar pr. år.

Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1S (2010-2011).

4.3.1. Helse og miljø skal ikkje ta skade av luftforureining frå SO2, NOx, VOC, ammoniakk eller partiklar.

Gjennom internasjonale avtaler er tilførsla av sur nedbør til Noreg vesentleg redusert. Etter dei nyaste berekningsmetodane har Norsk institutt for vannforskning anslått at tolegrensene for forsuring av overflatevatn var overskridne på om lag 29 pst. av arealet i Noreg i 1980. I 2005 var dette redusert til om lag 10 pst. Det er ingen tydelege reduksjonar i tilførslene dei siste åra, og overskridingane av tolegrensene er derfor truleg framleis like store som i 2005. Det er venta at tolegrensene for forsuring av vassdrag vil vere overskridne på store areal i Agder-fylka og Rogaland òg i åra framover. Vasskvaliteten har betra seg dei fleste stader i landet i løpet av dei siste ti åra. Sjølv om tilførslane av forureiningar er reduserte, vil det ta tid før vasskvaliteten er tilfredsstillande til å oppretthalde levedyktige fiskebestandar. Det er framleis tydelege skadar på dyrelivet på grunn av sur nedbør. Sur nedbør vil framleis vere ein trussel mot det biologiske mangfaldet i ferskvatn i delar av Noreg. Sjå nærare omtale av luftforureiningane sine skadeverknader på økosystem under resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar.

Tabell 25.7 Del av Noregs areal der tolegrensene for forsuring av overflatevatn er overskridne (pst.)

1980

1990

2000

2005

29

16

12

10

Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse problema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. Gøteborgprotokollen regulerer landa sine utslepp av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Det er gjennomført evalueringar som viser at Gøteborgprotokollen har vore effektiv. Utsleppa er reduserte. Det er mindre fare for forsuring, overgjødsling og verknader av bakkenært ozon og partiklar. Det vil likevel vere store område i Europa som blir utsette for forureiningar som overstig kritiske belastningsgrenser òg med full effekt av protokollen. Store avsetningar av nitrogen vil framleis vere eit problem for Europas økosystem.

Partane til Gøteborgprotokollen har bestemt å revidere protokollen, med sikte på å vedta ein ny protokoll i 2012. Det er lagt opp til at den reviderte protokollen òg skal regulere landa sine utslepp av helseskadelege partiklar. Det blir vidare vurdert korleis ein kan ta klimapolitiske omsyn ved revisjon av Gøteborgprotokollen, gjennom å redusere utsleppa av forureiningar som òg bidreg til klimaendringar.

Ein treng omfattande fagleg kunnskap, analysar og overvaking av forureiningsbelastninga og miljøtilstanden for å utvikle effektive internasjonale avtaler som byggjer på tolegrensene i naturen og kritiske belastningsgrenser for menneskeleg helse. I 2010 og 2011 har det vore arbeidd med det faglege grunnlaget for revisjon av protokollen.

4.3.1.1 Dei årlege utsleppa av svoveldioksid (SO2) skal framleis haldast under 22 000 tonn

Utsleppa av svoveldioksid (SO2) var 15 700 tonn i 2009, mens foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2011 syner at utsleppa av SO2 var på om lag 18 300 tonn i 2010. Noreg overheld med det forpliktinga i Gøteborgprotokollen der dei årlege utsleppa frå 2010 må haldast under 22 000 tonn. Det er venta at Noreg vil overhalde utsleppsforpliktinga si for SO2 i Gøteborgprotokollen med dei verkemidla som allereie er sette i verk.

4.3.1.2 Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NOx) skal maksimalt vere 156 000 tonn.

Utsleppa av nitrogenoksid (NOx) var 180 600 tonn i 2009. Foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2011 syner at utsleppa av NOx var på 188 500 tonn i 2010. Dette er ein auke på fire pst. frå 2009. Denne utsleppsveksten var venta som følgje av auka aktivitet i fleire næringar som metallindustrien, bygg og anlegg og i transportsektoren inkludert sjøtransport. Utsleppa låg i 2010 om lag 32 500 tonn over forpliktinga Noreg har i Gøteborgprotokollen om eit maksimalt årleg utslepp på 156 000 tonn frå 2010. Tidlegare berekningar har anslått at denne overskridinga ville vere om lag 12 000 tonn når det blir teke omsyn til effekten av miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane om reduksjon av NOx-utsleppa.

Ei vesentlig årsak til det høge utsleppstalet for NOx er at vi no har betra metodane for berekning av utslepp både frå vegtrafikken og frå delar av industrien. Desse utsleppa har tidlegare vore underestimerte og er no oppjusterte. Ein annen faktor som kan bidra til å forklare dei høge berekna utsleppa for 2010, er at effekten av tiltak som er gjennomførte i medhald av miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane ikkje fullt ut er reflektert i den foreløpige utsleppsrekneskapen. Dette vil vi få meir kunnskap om når den endelege utsleppsrekneskapen for 2010 ligg føre i februar 2012.

Miljøverndepartementet har på grunnlag av tidlegare utsleppsframskrivingar anslått at Noreg vil kunne overhalde dei internasjonale NOx-forpliktingane frå 2012, jf. Prop. 1 S (2010-2011).

4.3.1.3 Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC) skal framleis haldast under 195 000 tonn. Dei årlege utsleppa frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal framleis haldast under 70 pst. av nivået i 1989 (dvs. 188 000 tonn).

Noregs utslepp av flyktige organiske sambindingar (VOC) var i 2007 for første gongen lågare enn forpliktinga i Gøteborgprotokollen om at dei samla årlege utsleppa av VOC skal haldast under 195 000 tonn innan 2010.

I 2009 var utsleppa av VOC 141 000 tonn. Foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2011 syner at utsleppa av VOC i 2010 var om lag 135 000 tonn. Frå 2001 til 2010 vart utsleppa reduserte med 65 pst. Noreg har i VOC-protokollen av 1991 ei særskilt forplikting til å redusere utsleppa av VOC frå fastlandet og den økonomiske sona sør for 62. breiddegrad. Vi overheld også denne forpliktinga i 2010. Det er venta at Noreg vil overhalde utsleppsforpliktingane sine for VOC i dei to protokollane med dei verkemidla som allereie er sette i verk.

4.3.1.4 Dei årlege utsleppa av ammoniakk skal framleist haldast under 23 000 tonn.

I 2009 var utsleppa av ammoniakk 23 000 tonn. Foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2011 syner at utsleppa av ammoniakk i 2010 var om lag 22 800 tonn. Det er venta at utsleppa vil endre seg lite i åra framover utan nye tiltak. For å innfri krava etter Gøteborgprotokollen må Noreg frå 2010 halde dei årlege utsleppa av ammoniakk på maksimalt 23 000 tonn, dvs. om lag på same nivå som no.

Figur 25.2 Utslepp til luft, (langtransporterte luftforureiningar (tonn)

Figur 25.2 Utslepp til luft, (langtransporterte luftforureiningar (tonn)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og klima- og forureiningsdirektoratet

4.3.1.5 Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO2) skal ikkje overskride 150 µg/m3 meir enn 8 timar pr. år.

Utslepp av NOx (NO + NO2) frå vegtrafikk er betydeleg redusert dei seinare åra, men dette er foreløpig ikkje spegla i NO2-konsentrasjonane som har vore stabile sidan målingane starta på midten av 1990-talet. Utviklinga viser ingen eintydig trend og det er heller ikkje gjennomført spesifikke tiltak for å redusere nivåa utover avgasskrav til NOx.

Vegtrafikk er den dominerande kjelda til lokal luftforureining. For NO2-konsentrasjoner i byar og langs vegar er eksosgassar frå vegtrafikk hovudkjelda.

Nasjonalt mål for talet på overskridingar av NO2 vart overskride i Oslo og Bergen allereie i løpet av dei første dagane i 2010. I desse dagane var det svært høge verdiar og store overskridingar av nasjonalt mål for NO2. Dette skuldast spesielle vêrforhold, men ein må vere budd på at slike forhold kan inntreffe i framtida òg. I desse byene har det vore svært mange overskridingar av nasjonalt mål også gjennom året.

I tillegg til Bergen og Oslo kan det òg ventast at det nasjonale målet for NO2 ikkje vil bli nådd i Trondheim, Bærum, Drammen, Kristiansand og Stavanger.

Norske utrekningar gjennomført ved Norsk institutt for luftforsking (NILU) viser at forholdet mellom NO2 og NOx har stor betyding for talet på eksponerte over nasjonale mål for lokal luftkvalitet. Med ein høgare NO2-del i eksos enn tidlegare, viser modellberekningar at det vil vere overskridingar av både nasjonale mål og grenseverdiane for NO2 (årsmiddel og timemiddel) i 2020. Dette betyr at byane må innføre fleire og sterkare verkemiddel for å oppnå grenseverdiane for NO2 enn det ein så langt har lagt til grunn, spesielt tiltak som kan redusere utslepp frå vegtrafikk. Utan slike tiltak vil ikkje det nasjonale målet bli nådd dei næraste 10-15 åra.

Boks 25.2 Nitrogendioksid og svevestøv

Svevestøv består av partiklar som er så små at dei kan pustast inn. I dei store byane er det særleg svevestøv som gir størst risiko for helseskadar. De største av disse partiklene avsettes i de øvre luftveiene. Mindre partiklar, med diameter under 10 µm (PM10), kan følgje med lufta vi pustar heilt ned i lungene.

Hos sårbare grupper kan det å ande inn nitrogendioksid (NO2) gi auka hoste, bronkitt, mindre motstand mot infeksjonar, forsterka allergisk respons og auka eksponering for sjukdom. Astmatikarar reagerer med nedsett lungefunksjon sjølv etter kort tids eksponering. Friske menneske toler forholdsvis høg NO2- forureining utan at det gir negativ helseeffekt. I tillegg til å gi helseeffektar, kan NO2 òg bidra til regionale forsuringsproblem og til overgjødsling.

Disse stoffane gir auka førekomst av ulike typar luftvegslidingar. Svevestøv kan også medføre hjarte- og karsjukdommar og auka dødelegheit.

4.3.1.6 Døgnmiddelkonsentrasjonen av svevestøv (PM10) skal ikkje overskride 50 µg/m3 meir enn sju dagar pr. år.

Luftkvaliteten i byane har blitt betre, og konsentrasjonen av PM10 har vist markant nedgang dei siste åra (figur 11.3). Dette skuldast mindre bruk av piggdekk blant anna som følgje av piggdekkgebyr, innførte avgasskrav, overgang til omnar som brenn reint, miljøfartsgrense og målretta driftstiltak mot vedlikehald av vegane.

Målingar viser likevel at det nasjonale resultatmålet for svevestøv som skulle oppnåast innan 2010, framleis blir overskrid i fleire byområde i Noreg. I 2010 vart det i 11 byområde meir enn sju dagar registrert overskridingar av målet på 50 µg/m3 pr. år, jf. figur 11.3. Det kan i tillegg vere andre, mindre byar som har overskridingar av nasjonale mål, men det finst ikkje målingar på dette. Overskridingane skjer i hovudsak i sentrumsnære område og langs dei mest trafikkerte vegane.

Dei viktigaste kjeldene til svevestøv er vegtrafikk, vedfyring og langtransportert forureining. I Noreg står vegtrafikken på årsbasis for 44 pst. av PM10-utsleppet, men på dagar med høge nivå av luftforureining i byområde bidreg trafikken med 60-80 pst. av PM10. Når ein vurderer eksponeringa overfor menneske er vegtrafikken heilt dominerande. Dette skuldast at eksos og vegstøv blir sleppt ut ved bakken, ofte under spesielle meteorologiske forhold som hindrar ein effektiv uttynning i atmosfæren.

Det er ikkje definert ei nedre grense for kva nivå av svevestøv som kan vere årsak til negative helseeffektar. Samtidig aukar den delen av befolkninga som er karakterisert som sårbar for luftforureiningar. Mange blir dermed utsette for forureining som kan gi helseverknader for spesielt utsette grupper, òg ved nivå under nasjonale mål.

Nasjonalt mål om svevestøv vil ikkje bli nådd i nær framtid, utan forsterka innsats.

Forureiningsforskrifta er det viktigaste verkemidlet vi har for å betre den lokale luftkvaliteten. Det nasjonale målet er meir ambisiøst enn krava i forureiningsforskrifta. Dei fleste kommunar og anleggseigarar har hatt større vekt og fokus på å overhalde krava i forureiningsforskrifta, som er juridisk bindande krav. Miljøverndepartementet har i samarbeid med Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, gitt underliggjande direktorat i oppdrag å vurdere ei innskjerping av grensene i forureiningsforskrifta. Denne vurderinga skal liggje føre innan 2012. Det blir òg arbeidd med å avklare ansvarsforhold og høve til å innføre uilke tiltak for å redusere lokale uttslepp.

Figur 25.3 Antal overskridingar av grenseverdien (stipla linje) og nasjonalt mål (hel linje) for svevestøv 2004–2010.

Figur 25.3 Antal overskridingar av grenseverdien (stipla linje) og nasjonalt mål (hel linje) for svevestøv 2004–2010.

Støy

Tabell 25.8 Mål- og indikatortabell for underområde 4 Støy

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

4.4.1. Støyplaga skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999.

Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner.

4.4.2. Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005.

Reell reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1S (2010-2011).

4.4.1. Støyplaga skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999.

Det er stadig betre dokumentasjon på at støy gir helseskade. Støy frå samferdsel utgjer til saman opp mot 90 pst. av kartlagt støyplage, der vegtrafikk åleine står for nesten 80 pst. Støy frå fly- og jernbanetrafikken har blitt redusert sidan 1999, men auka støybelastning frå vegtrafikken oppveg denne positive utviklinga. Ulike tiltak gjer at dei som var utsette for støy i 1999, var noko mindre plaga i 2007. Tilflytting til støyutsette område og befolkningsvekst gjer likevel at fleire totalt sett er utsette for støy.

Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Miljøstyresmaktene engasjerer seg – i samspel med sektorstyresmaktene – med sikte på at det blir utvikla meir støysvake køyretøy, bildekk og vegdekke. Miljøstyresmaktene har vidare eit ansvar for å medverke til redusert støyplage frå dei ulike kjeldene der miljøstyresmaktene sjølve har verkemiddel – konsesjonspliktig industri og næringsverksemd, skytebaner, motorsportsbaner og enkelte produkt.

Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre ein reduksjon av støyplaga innanfor sin samfunnssektor, og medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Skal ein nå målet er det behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken.

4.4.2. Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005.

Same omsyn som for føregåande mål ligg føre òg for arbeidet med innandørs støynivå. Tala frå 2007 viser at det er om lag 46 000 personar som er utsette for eit innandørs støynivå over 38 dB. Miljøforvaltninga tek sikte på å endre grensa for gjennomføring av støyreduserande tiltak i 5. kapittel i forureiningslova. Miljøverndepartementet har motteke forslag til endringar av kapittel 5 i forureiningsforskrifta med tilhøyrande konsekvensutgreiing frå Klima- og forureiningsdirektoratet. Dette er til behandling i 2011. Frist for måloppnåing av støymåla er 1. januar 2020.

26 Statusrapportering på «gamle» resultatområde 5 Internasjonalt samarbeid og miljø i nord- og polarområda

Avtaler og organisasjonar av stor betydning for miljø

Underområdet omfattar arbeidet med å fremje miljøpolitiske prioriteringar og målsetjingar innafor dei internasjonale organisasjonane på miljøområdet, særleg FNs miljøprogram, FNs kommisjon for berekraftig utvikling og den globale miljøfasiliteten. Samarbeidet på miljøområdet innan EU/EØS, Nordisk Ministerråd og Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling er av stor betydning. Arbeid for å fremje miljøpolitiske prioriteringar og målsetjingar i høve til internasjonale organisasjonar og prosessar som kan ha stor betydning for miljøtilstand gjeld særleg Verdas handelsorganisasjon, Noregs handels- og investeringsavtaler, arbeid med miljø- og samfunnsansvaret i bedrifter, EU/EØS’ indre marknad, FNs mat og landbruksorganisasjon, Verdsorganisasjonen for immaterialrett, Verdsbanken og FNs utviklingsprogram.

Tabell 26.1 Avtaler og organisasjonar av stor betydning for miljø

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

5.1.1. Politikk og regelverksutvikling i EU/EØS og internasjonale samarbeidsorgan har høge miljøkrav og fremjar ei berekraftig utvikling.

Gjennomføring av Nordisk Ministerråds handlingsprogram for miljø (2009-2012).

Ein OECD-strategi for grøn vekst – med ei breiare og djupare tilnærming til støtte for berekraftig handtering av finans- og klimakrisa og andre miljøutfordringar.

Styrking av synergieffektane mellom eksisterande kjemikaliekonvensjonar og at berekraftig produksjon og forbruk blir knytt nært til Rio+20-prosessen, som eit resultat av sesjonane i FNs kommisjon for berekraftig utvikling i 2010-2011.

FNs mat- og landbruksorganisasjon: Tendens med omsyn til bevaring og tap av biologisk mangfald for viktige matvekstar.

Verdsorganisasjonen for immaterialrett: Vedtak om inkludering av opplysningsplikt i patentsøknader for opphavet til genressursar og tradisjonell kunnskap.

5.1.1.1. Norsk miljøpolitikk skal vere del av grunnlaget for nye miljøreglar i EU/EØS.

Rask avklaring av norske posisjonar på nytt EU-regelverk.

Norsk deltaking i EUs avgjerdsprosessar.

5.1.1.2. FNs miljøprogram skal styrkjast som miljøinstitusjon i FN.

Auka bruk av aktuelle miljøfaglege rapportar frå FNs miljøprogram som bidreg inn i den miljøpolitiske agendasetjinga.

Gjennomslag for norske innspel til FN-reform og International Environmental Governance-prosess for å styrkje FNs miljøprogram si rolle i å setje den globale miljøpolitiske dagsordenen og organisasjonens finansielle grunnlag.

5.1.1.3. Gåvefinansiering av globale miljøtiltak skal mobilisere nasjonale og private midlar og understøtte miljøkonvensjonsmåla.

Miljøforbetringar som følgje av finansieringa målt pr. krone (færre tonn CO2-ekv., mindre artstap, fleire km2 verna, færre tonn miljøgifter).

5.1.2. Rammevilkår for handel og investeringar skal gi rom for bruk av miljøpolitiske verkemiddel og fremje omsyn til miljø og ei berekraftig utvikling.

5.1.2.1. Miljøkapittel/miljøreglar integrerte i bilaterale og regionale handelsavtalar.

Miljøtiltak som er innførte/ oppretthaldne trass innvendingar og tvistesakar under handels- og investeringsavtaler.

Formuleringar i internasjonale avtaler på handels- og investerings- eller miljøområdet som inneber at miljøreglar blir underordna handels- og investeringsavtaler.

5.1.2.2. Aukande omfang av miljøvennlege investeringar og norske bedrifter som tek miljøansvar i den internasjonale delen av verksemda si.

Nye miljøutfordringar, under dette klimaendringar og miljøomsyn reflekterte i miljøkapittel i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling sine retningslinjer for multinasjonale selskap.

Auka tal på norske bedrifter som rapporterer om miljø i årsmeldinga i tråd med Global Reporting Initiative.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1S (2010-2011).

Nasjonalt mål 5.1.1.: Politikk og regelverksutvikling i EU/EØS og internasjonale samarbeidsorgan har høge miljøkrav og fremjar ei berekraftig utvikling.

Det nordiske miljøhandlingsprogrammet for 2009-2012 blir følgt opp av dei etablerte nordiske arbeidsgruppene som miljøforvaltninga deltek aktivt i. I 2011 har det finske formannskapet spesielt sett fokus på «Norden som klimasmart aktør». På sentrale område som klima, hav, biologisk mangfald og kjemikaliar har Noreg gjennom det tette ekspertsamarbeidet i nordisk regi fått høve til å påverke internasjonalt og regionalt regelverk i ei grad som ville ha vore vanskeleg for Noreg åleine. Miljøforvaltninga deltek òg i fleire arbeidsgrupper innan kulturminnevern, som for eksempel kulturminnevern i Austersjørådet (Council of the Baltic Sea States).

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) har gitt viktige innspel for ein meir miljøvennleg økonomi gjennom sitt arbeid med OECD-strategien for grøn vekst. Strategien har gitt nyttige bidrag til ei langsiktig og berekraftig handtering av miljøutfordringar, med særlig vekt på klima og naturmangfald. Noreg var i 2010 gjenstand for miljøgjennomgang i regi av OECD. Noreg får god omtale for arbeidet med berekraftig utvikling, for den nye naturmangfaldlova og for ambisiøse målsetjingar i klimapolitikken, men OECD tilrår samtidig sterkare og meir kostnadseffektiv verkemiddelbruk på fleire område i norsk miljøpolitikk.

Den 19. sesjonen i FNs kommisjon for berekraftig utvikling (CSD19) enda utan semje om sluttdokument, og ein fekk dermed ikkje noko operativt resultat som kan spelast inn til Rio 2012.

Forholdet mellom klimaendringar og mattryggleik har fått auka merksemd dei siste åra. I den samanhengen kan genetiske ressursar spele ei viktig rolle for å tilpasse landbruket til nye forhold. Miljøverndepartementet har det siste året bidrege til å etablere norsk samarbeid med Global Crop Diversity Trust om eit omfattande program for innsamling av ville slektningar av matplanter for å auke landbruket sine høve til tilpassing til endra klima.

I WIPOs Komité for immaterialrett og genressursar, tradisjonell kunnskap og folklore (IGC) har Noreg støtta opplysningsplikt om bruk av genressursar og tradisjonell kunnskap i patentsøknader. Vi har òg fremja forslag om styrkt vern av tradisjonell kunnskap knytt til biodiversitet. Etter teikn til framdrift i IGC i 2010 har det i år vore lite framgang i forhandlingane. Miljøverndepartementet har ikkje prioritert å delta i prosessen dei siste åra. Truleg går det mot ei forlenging av mandatperioden for IGC på generalforsamlinga i WIPO i månadsskiftet september-oktober 2011.

Delmål 5.1.1.1: Norsk miljøpolitikk skal vere del av grunnlaget for nye miljøreglar i EU/EØS .

Gjennom aktiv deltaking og formidling av norske synspunkt i Europakommisjonens ekspertgrupper og komitear har miljøforvaltninga arbeidd for tidleg å kunne bidra og medverke til Kommisjonens utarbeiding av forslag til miljøregelverk. Det er gjort innspel til og har vore kontakt med relevante aktørar i Europakommisjonen, Europaparlamentet og sentrale medlemsstatar på blant anna områda klima, naturmangfald, ulovleg hogd tømmer, ressurseffektivitet/grøn økonomi, genmodifiserte organismar (GMO) og kjemikaliar/avfall. Det er lagt stor vekt på politisk kontakt og god dokumentasjon av norske posisjonar og konkrete tekstbidrag i riktig fase av regelutviklinga i EU, og bilateral kontakt og alliansebygging i viktige saker på den globale miljøagendaen. Det nordiske samarbeidet brukes aktivt i arbeidet med å påverke EUs politikkutvikling.

Norske posisjonar på EU-regelverk blir avklara systematisk og så raskt som mogleg gjennom EØS-spesialutvalet for miljø der Miljøverndepartementet legg fram for andre aktuelle departement nye initiativ som er komne frå EU. Det blir fortløpande arbeidd for å sikre at relevante EU-rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket. Miljøverndepartementet har ein konstruktiv dialog med EFTAs overvakingsorgan, Kommisjonen og andre departement om gjennomføring av miljørettsakter.

Når det gjeld EØS-midlane, har miljø og kulturarv vore dei to høgast prioriterte områda i perioden 2004-2009. Norsk miljøforvaltning har samarbeidd med miljø- og kulturarvstyresmaktene i fleire av landa og har bidrege med kompetanseoverføring og røynsleutveksling gjennom prosjektsamarbeid. Det har òg vore utstrekt samarbeid på miljø- og kulturarvområdet der norske forskingsmiljø, frivillige organisasjonar og kommunar har delteke. Miljøforvaltninga har bidrege med fagleg innspel til nye program for perioden 2009-2014. I denne perioden vil kontaktane på styresmaktnivå styrkjast ytterlegare ved at norske etatar bidrar i utvikling av miljø- og kulturarvprogram i prioriterte mottakarland. Dette gjeld blant anna innan områda klimatilpassingar, bevaring av naturmangfald, vass- og havforvaltning, overvaking og tilsyn og bevaring av kulturarv.

Delmål 5.1.1.2: FNs miljøprogram skal styrkjast som miljøinstitusjon i FN.

I februar 2011 lanserte UNEP ein omfattande rapport Towards a Green Economy: Pathways to Sustainable Development and Poverty Eradication. Saman med andre rapportar gitt ut under deira arbeid om ressurseffektivisering er dette viktige innspel til FNs Toppmøte Rio 2012 der grøn økonomi er hovudtema. Miljøverndepartementet gav ekstra midlar til arbeidet med denne rapporten.

Noreg har vore aktivt i UNEPs prosess rundt det globale miljøstyresettet og meiner at dette er eit godt utgangspunkt for innspel inn i Rio 2012-toppmøtet. Dei alternativa som Noreg har fremja har vore t.d. universelt medlemskap i UNEPs styre, eit sentralt og autoritativt forum for styrking av UNEPs rolle i forhold til miljøkonvensjonane og samarbeidsflata mellom vitskap og politikk. Arbeidet for ei vitskapspanel for naturmangfald og økosystemtenester (IPBES) er særleg sentralt for sistnemnde prinsipp. Med omsyn til IPBES er det bestemt på UNEPs styremøte i 2011 at UNEP, i samarbeid med FAO, UNDP og UNESCO, skal leie arbeidet og førebu det første plenarmøtet. Noreg var saman med Brasil vert for eit ekspertmøte som vart halde i Trondheim 25. – 27. mai 2011 om forholdet mellom IPBES og kapasitetsbygging, der det vart avtalt å fortsetje samarbeidet knytt til Naturpanelet.

Delmål 5.1.1.3: Gåvefinansiering av globale miljøtiltak skal mobilisere nasjonale og private midlar og understøtte miljøkonvensjonsmåla.

Miljøverndepartementet samarbeider med Utanriksdepartementet om styringa av det globale miljøfondet, GEF. GEF er finansieringsmekanisme for dei store globale miljøavtalene og mottek dei prioriteringane partane er samde om. GEFs styre er ansvarleg for å nå mål innanfor kvar konvensjon, men forsøker å sjå miljøproblema i samanheng. For eksempel blir ofte tiltak under konvensjonen mot forørkning og avskoging utforma slik at det òg gir klimafordelar og vern av naturmangfald.

Frå opprettinga for 20 år sidan har fondet fordelt 9,3 milliardar USD og skaffa ytterlegare 42,5 milliardar USD i samfinansiering. Resultata til no for finansieringa av klima- og naturmangfald er svært gode, samtidig som det òg er venta positive resultat av GEFs nye reformer. For klima er det anslått at GEFs prosjekt har gitt venta totale utsleppsreduksjonar på 1,7 milliardar tonn CO2, som hittil har kosta 2,60 USD pr. tonn. Denne kostnaden er vesentleg lågare enn kostnadene i karbonkvoteordningane. For naturmangfald har GEF sikra 634 millionar hektar nytt verna areal og 265 millionar hektar for berekraftig bruk. GEFs prosjekt vart totalt sett vurderte til å vere resultatmessig effektive, med ein gjennomsnittlig skår for GEF 4 på 80 pst., samanlikna med det internasjonale gjennomsnittet på 75 pst. Også på lang sikt er resultata vurderte til å vere gode i internasjonal samanheng; 70 pst. av avslutta prosjekt utviklar seg mot å oppnå vedvarande globale miljøfordelar.

Etter biomangfaldkonvensjonens vedtak om fond for rask iverksetjing av den nye Nagoya-protokollen om tilgang til genressursar og rettferdig fordeling, er det opna for at bidrag til dette formålet kan givast til GEF, det såkalla Nagoya Protocol Implementation Fund. Midlane og formålet skal etter kvart gå inn i GEFs ordinære verksemd. Fondet kan òg ta imot bidrag frå privat sektor. Dette mønsteret blir no utforma slik at alle nye fond som konvensjonane måtte vedta skal kunne innlemmast i liknande ordningar.

Det er no òg opna for at utviklingslanda sine eigne miljøforvaltningar og frivillige organisasjonar skal kunne ta imot midlar direkte frå GEF, under føresetnad av at dei fyller krav til kompetanse og økonomiforvaltning.

Nasjonalt mål 5.1.2: Rammevilkår for handel og investeringar gir rom for bruk av miljøpolitiske verkemiddel og fremjar omsyn til miljø og ei berekraftig utvikling.

Delmål 5.1.2.1: Miljøkapitel/ miljøreglar integrerte i bilaterale og regionale handelsavtaler.

Regjeringa arbeider for å fremje eit internasjonalt handelsregime der omsyn til miljø, faglege og sosiale rettar, mattryggleik og utvikling i fattige land skal tilleggjast stor vekt. I seinare tid har koplinga mellom denne overordna politikken og så vel klimautviklinga som debatten om «grøn vekst» blitt stadig tydeligare. Internasjonalt har ein òg sett ein aukande tendens til at land tek inn miljøføresegner i handelsavtalene sine.

I tråd med målet om å utvikle frihandelsavtalene til å vere positive bidrag til berekraftig produksjon og forbruk vedtok Regjeringa våren 2008 at Noreg skal arbeide for miljø som eige forhandlingstema med India, Kina og Russland. Eit viktig steg etter initiativ frå Noreg og to års arbeid, er at det i fjor vart oppnådd semje i EFTA om eit kapittel med føresegner om miljø (og arbeidstakarrettar) i frihandelsavtaler. I avtala med Hong Kong, som vart forhandla i fjor haust og underteikna på ministermøtet i EFTA i juni i år, vart resultatet et eiga kapittel om handel og miljø basert på EFTA sitt kapittel. Det er no òg eit viktig grunnlag i dei pågåande EFTA-forhandlingane med bl.a. India, Indonesia, Russland, Hviterussland og Kasakhstan, og norske bilaterale forhandlingar med Kina.

Regjeringa har i forhandlingane i WTO arbeidd for at WTOs regelverk og miljøavtalene skal sikrast likeverd og verke gjensidig støttande. Det gjeld blant anna forholdet mellom WTOs immateriellrettsavtale (TRIPS) og Konvensjonen om biologisk mangfald. Det har dei siste to åra vore auka tilslutning både til tilnærminga i eit generelt norsk forslag om dette og til forslag som blant anna Noreg har lagt fram, om endringar i partentregelverket som vil gjere det lettare å nå målsetjingar i Konvensjonen om biologisk mangfald.

Andre forhandlingar av betydning for miljøpolitikken i WTO siste året har handla om tollreduksjon på miljøvarer og nytt regelverk på tenesteområdet og om såkalla «ikkje tollvise handelshindringar» som tekniske reguleringar. Hovudsaka er å unngå svekking av handlingsrommet for verkemiddel i miljøpolitikken, t.d. bruk av reguleringar for å gjennomføre ein ambisiøs kjemikaliepolitikk. Det har blant anna vore forhandla om forslag som ville kunne skape problem for EUs og Noregs kjemikaliereglar (REACH). Noreg har derfor samarbeidd med EU for å sikre at eit eventuelt vedtak ikkje skal påverke desse reglane.

Forhandlingane på desse og dei fleste andre område i WTO under mandatet frå ministermøtet i Doha i 2001 vart ikkje ferdige i 2010 og ser heller ikkje ut til å nå målet om å bli ferdige i 2011 som tidlegare anteke.

I samband med Noregs forslag om nasjonal regulering av ei rekkje miljøgifter i forbrukarprodukt som vart sendt på høyring i 2007 mottok miljøstyresmaktene sterkt kritiske reaksjonar frå nokre WTO-medlemmer og EFTAs overvakingsorgan. Miljøverndepartementet sende i desember 2010 på høyring eit endra forslag om å innføre fire nasjonale forbod mot miljøgifter i forbrukarprodukt. Det endra forslaget var meir målretta mot dei miljøgiftene der ein såg det største behovet for regulering og var tilpassa noko etter kommentarane til den første høyringa.

Regjeringa la i 2009 til side arbeidet med den norske modellavtala for investeringsvern etter høyringsuttaler som viste kor vanskeleg det er å utforme avtaletekst som både tek naudsynt omsyn til miljø- og ressursforvaltning i Noreg og utviklingsland og vern av næringslivet sine investeringar i utviklingsland. Regjeringa har gått inn for føresegner om investeringsvern som er langt meir avgrensa enn modellavtala i handelsavtala med Ukraina som vart underteikna i fjor og i dei pågåande forhandlingane om ei avtale med India. Føresegnene gir ikkje høve for investorar til å gå til skilsdomssak mot staten og omfattar ikkje ekspropriasjon. Dette var blant dei føresegnene som det var størst usemje om i høyringa av modellavtala. Regjeringa utgreier no om det er naudsynt å ha føresegner om investeringsvern i handelsavtaler med Russland, Hviterussland og Kasakhstan og i så tilfelle kva slag føresegner.

Delmål 5.1.2.2: Aukande omfang av miljøvennlege investeringar og norske bedrifter som tek miljøansvar i den internasjonale delen av verksemda si.

Revidert utgåve av OECDs retningslinjer for multinasjonale selskap vart vedteken i OECDs ministermøte våren 2011. Livsløpsanalyse av varer er t.d. omtalt og vedteke. Med styrkinga av det norske kontaktpunktet og samlokaliseringa av dette med Finansdepartementets etikkråd som no er gjennomført, er dette målet komme nærare. Arbeidet med revisjon av rekneskapslovas rapporteringskrav er no sluttført. I samband med den evalueringa av rapporteringa som vart varsla i St.meld. nr. 10 (2008-2009) vil omfang og kvalitet av rapporteringa bli analysert.

Geografisk retta miljøsamarbeid

Underområdet omfattar miljøsamarbeid med land som i stor grad påverkar det globale miljøet og som er sentrale for utvikling av dei globale miljøkonvensjonane. Underområdet omfattar vidare miljøfaglege vurderingar og bidrag til utviklingspolitiske strategiar og program, særleg iverksetjing av Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid, programmet Olje for Utvikling, Regjeringas Rein Energi-satsing og andre strategiar/program i utviklingsarbeidet, og norsk innsats i Miljø for Europa-prosessen.

Styrkje klima- og miljøsamarbeidet under avtaler med Kina, Sør-Afrika og India og føre vidare arbeid retta mot andre land, under dette regionalt samarbeid overfor tidlegare sovjetrepublikkar (EECCA-landa)

Miljøverndepartementet har særskilte avtaler om miljøsamarbeid med Sør-Afrika, Kina, Brasil og India. Dialog og globale miljøutfordringar og internasjonale avtaler er sentralt, i tillegg til gjennomføring av enkeltprosjekt.

Klimaspørsmål har høg prioritet.

Vidare er det eit sentralt verkemiddel å styrkje utviklingslanda si institusjonelle evne til god miljøforvaltning og gjennomføring av miljøkonvensjonane. Institusjonssamarbeid og institusjonsbygging er derfor sentrale element i programmet Olje for Utvikling, og også i det bilaterale miljøvernsamarbeidet med Kina, India, Brasil og Sør-Afrika.

Prosjektsamarbeid reflekterer den internasjonale dagsordenen og norsk innsats er retta mot område der Noreg har kompetanse som er etterspurt av samarbeidslanda. Under miljøsamarbeidet med Kina har klima, industrikontroll, reduksjon av miljøgifter og integrasjon av miljø i sektorane stått sentralt. I 2011 har ein prioritert gjennomføring av eit miljøkompetanseprosjekt som gir opplæring av miljøforvaltninga på provinsnivå, og to nyutvikla prosjekt, eitt om naturmangfald og klima og eitt om luftforureining og klima. Det har òg vore kontakt om eit mogleg nytt initiativ på kjemikalieområdet. I samarbeidet med Sør-Afrika går det føre ein prosess for å utvikle samarbeidet i ei ny retning basert på finansiering frå begge sider og vi arbeider for å få miljø og klima inn i ein ny bilateral programperiode.

I samarbeidet med India er klima og energi, biologisk mangfald og miljøteknologi hovudområde. Det norskindiske samarbeidsprosjektet om desentralisert elektrifisering av landsbygda er oppskalert og ein er i ferd med å utvide innsatsen ytterlegare gjennom etablering av eit fleirdonorfond for fornybar energi. Det er òg sett i gang eit utvida samarbeid om biologisk mangfald gjennom ei avtale om norsk støtte til etablering av eit nasjonalt senter for biomangfald i India. Det har òg vore kontakt om moglege nye initiativ på kjemikalieområdet.

Det norske klima- og skoginitiativet, under dette bilateral støtte til Brasil, Indonesia og Tanzania, er omtalt under resultatområde 9 Stabilt klima.

Ei langsiktig oppbygging av miljøforvaltninga i dei tidlegare sovjetrepublikkane og land på Balkan er ei viktig oppgåve for å oppnå miljøforbetringar i denne regionen. Noreg deltek i vidare utvikling av det regionale miljøsamarbeidet innan FNs Økonomiske Kommisjon for Europa. Miljøverndepartementet har hjelpt Utanriksdepartementet i å få fram og prioritere miljøprosjekt i dei tidlegare sovjetrepublikkane. Vatn, biologisk mangfald, klima og luftforureining, og kapasitetsbygning, har vore høgt prioritert i norsk satsing til no.

Følgje opp arbeidet med å integrere omsynet til miljø i norsk utviklingssamarbeid, med vekt på miljøforvaltningas ansvarsområde i programmet Olje for Utvikling og satsinga Rein Energi for utvikling og Handlingsplanen for miljøretta utviklingssamarbeid.

Eit sentralt mål for geografisk retta miljøsamarbeid er å foreine miljøpolitikk og utviklingspolitikk og bidra til å byggje og forankre ein heilskapleg analyse om korleis områda kan underbyggje kvarandre. Eit sentralt verkemiddel er å vise korleis bevaring av miljøverdiar aukar måloppnåinga i utviklingspolitikken. Miljøverndepartementet er forplikta til å søkje samanheng mellom miljø og utviklingspolitikk (jf. innst. S. 296 til St.meld. nr. 13 2009 Klima, konflikt og kapital. Norsk utviklingspolitikk i et endret handlingsrom).

Grøn økonomi er eit spesielt viktig temaområde i 2011 og sentralt i fleire viktige internasjonale prosessar framover, slik som Rio 2012. For det utviklingsretta miljøarbeidet er det spesielt viktig å sikre perspektiv som vil vere velkomne frå eit u-landssynspunkt, dvs. at ei grøn økonomisatsing unngår tiltak som kan forverre fattige land sine høve til handel, og har element som betrar utsiktene for mattryggleik, klimatilpassing, handtering av urbane pressområde og kamp mot fattigdom.

Ei sentral målsetjing er å arbeide for ein god miljøprofil på relevante satsingar i Utanriksdepartementet, som Rein energi for utvikling og Olje for Utvikling. Det er òg eit mål å påverke miljøstrategiane til multilaterale utviklingsaktørar som Verdsbanken og FNs utviklingsprogram.

Arbeidet med å styrkje miljøpilaren i programmet Olje for Utvikling vil framleis vere ei viktig oppgåve, og i 2011 har det vore eit sentralt omsyn å sikre at miljø blir lagt vekt på i alle hovudlanda i Olje for Utvikling-samarbeidet. Det har vore arbeidd med førebuing av langsiktig miljøsamarbeid i fleire land. I land der samarbeidet allereie er breitt, som Uganda, Ghana og Aust-Timor, har det vore lagt vekt på bygging av kapasitet og institusjonar.

På området Rein energi har det vore ei oppgåve å sikre balanse mellom satsinga på vasskraft og andre fornybare energikjelder og identifisere eigne miljøretningslinjer, både for vasskraftprosjekt og andre prosjekt baserte på fornybar energi.

Nord- og polarområda

Underområdet omfattar arbeidet med miljøutfordringane på Svalbard, Jan Mayen, i Barentshavet, i Arktis elles og Antarktis med biland, medrekna det bilaterale samarbeidet med Russland. Det omfattar òg miljøfagleg arbeid innafor relevante internasjonale fora som Arktisk Råd, Barentssamarbeidet og samarbeidet under Antarktistraktaten.

Tabell 26.2 Nord- og polarområda

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

5.3.1. Avgrense påverknad og risiko for påverknad på miljøet i nord- og polarområda som følgje av menneskeleg aktivitet.

5.3.1.1. Heilskapeleg forvaltning av naturressursane, bevaring av artsmangfaldet, natur- og kulturminneverdiane og reduserte miljøgift- og klimaverknader i Arktis.

Bevaringsstatus for utvalde arter og økosystem i Arktis.

Status for havforsuring i Arktis.

Nivå av utvalde forureiningskomponentar i det arktiske miljøet.

Sårbare og verdifulle område som er verna eller gitt særleg beskyttelse.

Status for implementering av heiskapeleg forvaltning i den arktiske regionen.

5.3.1.2. Bevaring av natur- og kulturminneverdiane i Antarktis og kontinentet som eit viktig referanseområde for miljøforsking.

Talet på spesielle verneområde og forvaltningsområde som er oppretta og kulturminne som er freda.

5.3.1.3. Økosystembasert forvaltning og felles miljøovervaking av heile Barentshavet.

Talet på relevante miljøindikatorar som er gjenstand for felles norskrussisk overvaking.

Grad av samarbeid om økosystembasert forvaltning.

5.3.1.4. Redusert forureining, betre miljøovervaking og tett samarbeid om løysing av felles miljøoppgåver i grenseområda til Russland.

Talet på relevante miljøindikatorar som er overvaka og rapporterte.

Storleiken på i utslepp frå Petsjenga-Nikel.

Talet på område med samordna forvaltning mellom Noreg og Russland og kvaliteten på dette samarbeidet.

Talet på miljøprosjekt i Nordvest-Russland med økonomisk støtte frå NEFCO og NIB og talet på miljøprosjekt med norsk samarbeidspartnar.

5.3.1.5. Styrkt miljøkompetanse og auka investeringar i miljø- og energieffektive tiltak i dei russiske delane av Barentsregionen.

5.3.2. Svalbard skal forvaltast slik at omfanget av villmarksprega område blir halde oppe, naturmangfaldet bevart tilnærma upåverka av lokal aktivitet, og verneområda sin verdi som referanseområde for forsking sikra.

5.3.2.1. Hindre tap av villmarksprega område og vesentleg påverknad av naturmangfaldet som følgje av lokal aktivitet.

Omfanget av villmarksprega område på Svalbard i samsvar med INON-klassifikasjon.

Del av verneområde med godkjend forvaltningsplan.

Bestandsstatus for raudlisteartar og andre utvalde arter.

Registrerte effektar på dyreliv og vegetasjon som følgje av ferdsel.

Status for framande arter og effektar av desse.

Lokale utslepp til luft og vatn frå verksemd på Svalbard.

5.3.3. Eit representativt utval av kulturminne på Svalbard skal bevarast som kjeldemateriale og grunnlag for opplevingar for framtidige generasjonar. Tapet av kulturminne som følgje av menneskeleg verksemd skal i gjennomsnitt ikkje overstige 0,1 pst. årleg.

Bevaringsstatus for utvalde kulturminne og kulturmiljø.

Talet på årleg tap av registrerte kulturminne i prosent.

5.3.4. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjon eller forstyrre dyrelivet. Svalbards natur skal kunne opplevast uforstyrra av motorisert ferdsel og støy, også i område som er lett tilgjengelege frå busetjingane.

5.3.4.1. Hindre miljøskade og ringare kvalitet på naturopplevingar som følgje av ferdsle på land og til sjøs.

Volum og fordeling av motorisert ferdsel på Svalbard.

Tilgang på og forvaltning av snøskuterfrie område.

Tal på og geografisk spreiing av landstigingar frå cruiseskip utanfor planområda.

Ferdselsslitasje i utvalde område.

Talet på helikoptertimar.

Taler på registrerte snøskutarar på Svalbard.

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1S (2010-2011).

Nasjonalt mål 5.3.1.: Avgrense påverknad og risiko for påverknad på miljøet i nord- og polarområda som følgje av menneskeleg aktivitet.

Delmål 5.3.1.1: Heilskapeleg forvaltning av naturressursane, bevaring av artsmangfaldet, natur- og kulturminneverdiane og reduserte miljøgift- og klimaverknader i Arktis.

Noreg deltek aktivt i miljøsamarbeidet under Arktisk Råd. På ministermøtet i Nuuk på Grønland 12. mai 2011 var det stor vilje blant medlemslanda til å bruke Arktisk Råd meir aktivt, og det vart bestemt at eit permanent sekretariat for Arktisk Råd skal leggjast til Tromsø.

Klimaverknad og bevaringsstatus for utvalde arter og økosystem i Arktis: Ein omfattande studie av utviklinga i snø, is og permafrost vart lagt fram på ministermøtet. Denne analysen viser at havis, permafrost og brear i Arktis smelter meir og raskare enn tidlegare antatt. Noreg er ein viktig bidragsytar til to større prosjekt under Arktisk Råds arbeidsgrupper for bevaring av arktisk flora og fauna (CAFF), knytt til overvaking og bevaring av biologisk mangfald: Arctic Biodiversity Monitoring Programme og Circumpolar Biodiversity Monitoring Programme. Under ministermøtet på Grønland vart det vidare lagt fram ein rapport som viser at reduksjon i utslepp av kortliva partiklar, som svart karbon, kan bidra til å bremse oppvarminga i Arktis, med anbefalingar om korleis slike utslepp kan reduserast.

Status for havforsuring i Arktis: Noreg finansierer framleis storparten av sekretariatet i Arktisk Råds miljøovervakingsprogram, AMAP, og medverkar aktivt i programmet. AMAP starta i 2010 eit prosjekt for å samanfatte oppdatert kunnskap om havforsuring i Arktis. Prosjektet skal sluttførast i 2012. Noreg bidrar med finansiering og innsats frå norske forskarmiljø.

Nivået av utvalde forureiningskomponentar i det arktiske miljøet: Noreg deltek i prosjektsamarbeidet for å redusere faren for forureining av miljøgifter i Arktis. Ein rapport om kvikksølv i Arktis vart lagt fram for Arktisk Råds ministermøte i mai 2011 og syner at kortliva klimagassar som sot har særleg stor betydning i Arktis og arbeidet vil bli ført vidare fram til 2013.

Status for implementering av heilskapeleg forvaltningsplan: Innanfor Arktisk Råd er Noreg ein viktig pådrivar for å fremje heilskapleg havforvaltning og beskytte dei arktiske marine områda mot skipstrafikk. I perioden 2009-2011 har Noreg hatt leiarskapet i arbeidsgruppa for vern av det arktiske marine miljøet, og medverka aktivt i prosjekt for å styrkje implementering av heilskapleg forvaltning.

Delmål 5.3.1.2: Bevaring av natur- og kulturminneverdiane i Antarktis og kontinentet som eit viktig referanseområde for miljøforsking.

I Antarktis finst nokre av dei siste store urørte naturområda i verda. Det er no 71 område i Antarktis som har status som verneområde (Antarctic Specially Protected Area). I tillegg til dette har 7 andre område status som Antarctic Spesially Managed Area. Store urørte område er samtidig av sentral betydning for å kunne studere korleis klimaendringar og andre storskala miljøendringar påverkar arter og økosystem.

85 kulturminne står no på ATCMs bevaringsliste (2011). 11 av desse objekta skriv seg frå den norske verksemda. Dei består hovudsakleg av minnesmerke, gravstader og vardar.

Til trass for eit noko svakt kunnskapsgrunnlag trur ein at dyre- og plantelivet generelt sett er i god forfatning. I dag er berre nokre få av dei artene som held til i Antarktis lista som kritisk og sterkt truga på IUCNs raudliste.

Presset på Antarktis aukar likevel på grunn av klimaendringar, auka turisme og aukande interesse for dei marine naturressursane.

Delmål 5.3.1.3: Økosystembasert forvaltning og felles miljøovervaking av heile Barentshavet.

Den auka økonomiske aktiviteten som er venta som følgje av den nye norskrussiske delelinja i Barentshavet, gjer eit godt samarbeid med Russland om ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning av havområda i nord særleg viktig.

Det er eit tett og godt samarbeid mellom Noreg og Russland om økosystembasert forvaltning. I desember 2009 vart ein milepæl nådd då den felles norskrussiske statusrapporten for miljøtilstand og biologiske ressursar i heile Barentshavet vart lagt fram. Den russiske sida vil nytte rapporten som grunnlag for å utarbeide eit konsept for ein forvaltningsplan for russisk del av Barentshavet, basert på norske erfaringar og i samarbeid med norske fagmiljø.

Innafor havmiljøsamarbeidet med Russland er det i tillegg satt i gang ei rekke prosjekt for å bidra til oppbygging av kunnskap og overføring av kompetanse for å støtte opp om samarbeidet om økosystembasert forvaltning av Barentshavet. Særlig prioritert er samarbeidet mellom styresmaktene om regelverk og kontroll av aktivitetar som påverkar Barentshavet, med vekt på kontroll og tilsyn av miljøtryggleik i petroleumsverksemd.

Arbeidet for å etablere eit felles norskrussisk økosystembasert miljøovervakingsprogram for heile Barentshavet er påbegynt og vil bli ført vidare i 2012. Ein del miljøindikatorar er allereie gjenstand for felles norskrussisk overvaking.

Delmål 5.3.1.4: Redusert forureining, betre miljøovervaking og tett samarbeid om løysing av felles miljøoppgåver i grenseområda til Russland.

Det 16. møtet i den norskrussiske miljøvernkommisjonen vart halde i januar 2011. På møtet vart det vedteke eit nytt og utvida arbeidsprogram for 2011-2012, fordelt på områda vern av havmiljøet, forvaltning av biologisk mangfald, reduksjon av forureining, grensenært samarbeid, undersøkingar av radioaktiv forureining og klimaendringar i Barentsregionen. Vern av havmiljø har vore særleg prioritert i 2011 og er derfor særskilt omtalt.

Innan det norskrussiske miljøvernsamarbeidet blir ei rekkje miljøindikatorar overvaka. Hovudformålet er å bidra til ei mest mogleg berekraftig og kunnskapsbasert forvaltning av den unike naturen i grensområda mellom Noreg og Russland. Det har i 2011 dreia seg om følgjande indikatorar:

  • Overvaking av miljøtilstanden i grensevassdraga (Pasvikprogrammet)

  • Overvaking av luftkvaliteten i grenseområda, konsentrert om svoveldioksid og tungmetall

  • Kartlegging og forureiningssituasjonen i innsjøar i grensområda, med fokus på forsuring og tungmetall

  • Teljing av snøugle og dverggås, som begge er rekna blant dei sjeldne og truga artene i grenseområda

  • Undersøkingar knytte til vassfugl, brunbjørn, smågnagarar, bisam og elvemusling

  • Undersøking av pukkellaksens spreiing i vassdraga i Barentsregionen

  • Undersøkingar av vandringsmønster for atlantisk laks

  • Kartlegging og overvaking av sjøfugl i Barentshavet

  • Undersøkingar av effektane av kongekrabbe og snøkrabbe

Når det gjeld Petsjenganikel gjekk dei avtalene som vart inngått mellom den norske og russiske regjeringa i 2001 om modernisering av nikkelverka på Kola, ut i 2010. Etter avtale med Miljøverndepartementet betalte Norilsk-Nikel-konsernet hausten 2010 tilbake dei tilskota konsernet hadde motteke frå den norske staten, totalt 46,678 mill. kroner.

Det opphavlege moderniseringsprosjektet frå 2001 skulle medverke til at utsleppa av svoveldioksid og støv frå nikelverka på Kola skulle reduserast med 90 pst. innan 2010. Det høyrer med til biletet at utsleppa frå nikkelverka har gått ned. Samla sett har svoveldioksidutsleppa blitt reduserte med ca. 36 pst. frå 1999 – 2008, mens støvutsleppa har gått ned med ca. 10 pst. Dei samla utsleppa av svoveldioksid ligg likevel framleis på om lag 100 tonn pr. år, meir enn 5 gonger Noregs samla utslepp. Dette er sett frå norsk side eit uakseptabelt høgt forureiningsnivå, og Noreg vil derfor halde fram med å følgje opp saka overfor russiske styresmakter.

I slutten av februar 2011 vart det vedteke å setje ned ei arbeidsgruppe om Petsjenganikel under den norskrussiske regjeringskommisjonen for økonomisk og teknisk/vitskapeleg samarbeid. Den skal ha som hovudoppgåve å følgje opp at felleserklæringa frå president Medvedevs besøk i Noreg i april 2010 blir etterlevd. I felleserklæringa frå besøket er det erkjent at utsleppa gir grunn til bekymring og at russiske styresmakter er klare til å medverke til at utsleppa kjem ned på eit nivå som ikkje skader helse og miljø i grensområda. Vidare har det i 2011 vore arbeidd med å utvikle eit system for utveksling av luftdata mellom Noreg og Russland for å styrkje miljøovervakinga i grensområdet og forsterke den vidare kontrollen.

Eit område med samordna forvaltning i grenseområda er Pasvik-Inari trilaterale park, som er eit grenseoverskridande verneområde mellom Noreg, Russland og Finland og som er sertifisert etter EUROPARC-standarden. I samarbeid om forvaltning av verneområdet inngår berekraftig naturturisme og etablering av nettverk for samarbeid mellom kommunane, turistbedrifter og forvaltning for betre løysing av felles miljø- og forvaltningsoppgåver. I 2011 har det vore arbeidd med å følgje opp tiltaksplanen for parken, overvaking av bjørn, samanstilling av ei raudliste for området og revidering av informasjonspostar for turstigen mellom norsk og finsk del av parken.

Delmål 5.3.1.5: Styrkt miljøkompetanse og auka investeringar i miljø- og energieffektive tiltak i dei russiske delane av Barentsregionen.

Sidan 1994 har Noreg finansiert eit program for reinare produksjon og industriell miljøeffektivisering i Nordvest-Russland. Programmet har hatt som formål å introdusere metodar for miljø- og energieffektivisering i russiske industribedrifter i regionane Arkhangelsk, Murmansk, Karelen og Komi. Det har medverka til overføring av kompetanse til russisk industri og miljøforvaltning gjennom opplæringskurs i reinare produksjon. Programmet har ført til reelle forbetringar for miljøet og innsparing i russisk industri, og meir enn 2000 russiske ingeniørar har gjennomført opplæringsprogrammet.

2010 var det siste året med norsk basisstøtte til dette programmet. I 2011 har det vore arbeidd med betre tilpassing av programmet til den russiske konteksten og betra forankring sentralt og i regionane. I regi av Tekna og Norsk Energi har det vore gjennomført to prosjekt, som begge har lagt vekt på å nytte reinare produksjon-metodikk som verktøy for eliminering av «hot spots» i Barentsregionen. Arbeidet med «hot spots» som no er i ferd med å komme over i ei tiltaksfase, skjer i nært samarbeid med Barentsrådets miljøarbeidsgruppe og med NEFCO, som samen har utvikla kriterium for når ein kan fjerne dei einskilde «hot spots» frå lista. På Barentsrådets miljøvernministermøte i oktober 2011 vart det vedteke å stryke dei første «hot spots» frå lista i og med at ein reknar naudsynte tiltak for gjennomførde. Det vil i fleire år framover likevel vere behov for målretta arbeid med «hot spots» i Barentsregionen, då det dreier seg om store, samansette og kompliserte miljøproblem som det krev tid å løyse.

Nasjonalt mål 5.3.2: Svalbard skal forvaltast slik at omfanget av villmarksprega område blir halde oppe, naturmangfaldet bevart tilnærma upåverka av lokal aktivitet, og verneområda sin verdi som referanseområde for forsking sikra.

Delmål 5.3.2.1: Hindre tap av villmarksprega område og vesentleg påverknad av naturmangfaldet som følgje av lokal aktivitet.

Svalbard har mykje villmark, men det er likevel mange spor etter menneske i naturen. Restar av gammal forsking, fangst, gruvedrift og ekspedisjonar finst mange stader. Det meste av Svalbard er likevel urørt av tyngre tekniske naturinngrep. Ca. 98 pst. av landområda kan kallast villmark utan større tekniske inngrep. 65 pst. av Svalbards landområde er verna som naturreservat og nasjonalparkar. Forvaltninga av desse verneområda har stor betydning for miljøtilstanden for Svalbards fjell- og tundraområde. I 2010 vart norsk raudliste oppdatert. Dei fleste artene på raudlista er knytte til havet og kysten og omtalt under beskrivinga av Levande hav og kyst.

Etter at svalbardreinen vart totalfreda i 1925 har den blitt meir utbreidd på øygruppa, og talt er anslått til å vere rundt 10.000. Bestanden ved fredinga i 1925 har vore anslått til ca. 1000 dyr. Fjellreven på Svalbard er utbreidd over det meste av øygruppa, men den eksakte størrelsen på bestanden er ukjent og varierer avhengig av rekruttering av ungar til vaksendyr-bestanden. Svalbardrypa er som svalbardreinen ei art det er mogleg å jakte på, men der det manglar kunnskap om bestandsstørrelse og bestandsutvikling og eventuelle årvisse variasjonar i bestanden. Årleg blir det felt omkring 1700 ryper på sentrale delar av Spitsbergen.

No er det meste av dagens aktivitet konsentrert i busetjingane Longyearbyen, Barentsburg, Ny-Ålesund, Sveagruva og stasjonane i Hornsund, på Bjørnøya og Hopen. I tillegg bur det folk på nokre få fangststasjonar. Ei meir nøyaktig kartlegging av inngrepsfrie naturområde på Svalbard i samsvar med den INON-klassifikasjonen som er nytta på fastlandet er under utarbeiding av Direktoratet for naturforvaltning.

Det er utarbeidd forvaltningsplanar for Hopen og Bjørnøya naturreservat. Desse reservata dekkjer til saman 6.168 km2 land- og sjøareal, og det ligg dermed føre forvaltningsplanar for ca. 5 pst. av verneområda sitt samla areal. Sysselmannen er i gang med å utarbeide forslag til forvaltningsplan for naturreservata på Aust-Svalbard. Når denne planen ligg føre, vil det vere utarbeidd forvaltningsplanar for 70 pst. av det verna arealet på Svalbard. Forvaltningsplanane skal ivareta både villmarkpreget, naturmangfaldet og verneområda sin verdi som referanseområde for forsking. Forslaget til forvaltningsplan skal høyrast våren 2012, før Sysselmannen kan ferdigstille arbeidet og sende forvaltningsplanforslaget til Direktoratet for Naturforvaltning for endeleg fastsetjing. Når denne planen er fastsett vil det bli utarbeidd forvaltningsplanar for nasjonalparkane.

I 2010 vart norsk raudliste oppdatert. For pattedyr er artene på raudlista dei same som i 2006, og omfattar isbjørn, kvalross og steinkobbe. For Svalbard er det òg 18 fuglearter på raudlista, noko som utgjer to fleire enn i 2006. Polarlomvi (Uria lomvia) har komme inn på grunn av teikn på sterk bestandsnedgang dei siste åra og praktærfugl (Somateria spectabilis) på grunn av at bestanden truleg er lågare enn ein trudde før. Når det gjeld karplanter har 38 pst. av dei raudlista artene endra kategori, tre er endra til ein høgare kategori, 14 er endra til ein lågare kategori og fire nye er komne inn på raudlista. Årsakene er i 48 pst. av tilfella resultat av ny kunnskap, 24 pst. av tilfella er resultat av ny tolking av gamle dato og 19 pst. har si årsak i justert bruk av IUCN-kriteria.

Dyre- og fuglelivet på Svalbard vart i fleire hundre år utsett for omsynslaus jakt og fangst, noko som reduserte fleire bestandar kraftig. I dag er jakt nøye regulert, og den avgrensar seg til eit fåtal arter. Fleire av pattedyr- og fugleartene har ikkje klart å komme tilbake til tidlegare nivå til trass for mange års freding, mens andre har hatt ein kraftig vekst. Forvaltninga manglar kunnskap om utviklinga hos mange av artene på Svalbard.

Isbjørnen vart totalfreda i 1973, og i dag er bestanden berekna til å vere rundt 3.000. Den er eit marint pattedyr, men er ofte å treffe på land. Arta er vurdert som sårbar på Norsk Raudliste 2010 fordi den får vanskeleige leveforhold når isen i Arktis forsvinn. Kvalrossen vart slakta ned på 160 0-1800-talet, men vart freda i 1952. Sidan då har bestanden auka sakte, og talet er no berekna til rundt 2.600. Kvalrossen er vurdert som sårbar på Norsk Raudliste 2010 på grunn av låg reproduksjon. Det er til saman fem selarter på Svalbard. Av dei held tre til på øygruppa året rundt; storkobbe, ringsel og steinkobbe. Svalbard har verdas nordlegaste bestand av steinkobbe, som er anslått til rundt 1.000 individ. Arten er vurdert som sårbar på Norsk Raudliste 2010 på grunn av låg reproduksjon. Dei fleste av dei 200 fugleartene på Svalbard er trekkfuglar som kjem for å ete i Grønlandshavet og Barentshavet om sommaren, og er knytte til kysten og havet. Nokre få andre arter overvintrar i isfrie område rundt øygruppa eller langs iskanten. Minst tre millionar par sjøfugl hekkar på Svalbard. Klimaendringar påverkar næringsgrunnlaget og livsvilkåra for fugl og pattedyr både i havet og på land. Dei høge konsentrasjonane av miljøgifter som er funne i isbjørn, polarmåke, ismåke og havhest kan blant anna påverke helsetilstand, reproduksjon, og evne til å finne næring. Både ismåke og polarmåke har dei siste åra hatt ein nedgang i bestandane.

Austmarkmusa er ei framand art som truleg vart innført til Svalbard i førre hundreår i skipslaster med høy frå Russland. Den har tilhald i dei tidlegare russiske busetjingane i Colesdalen og Grumant, men finst òg i Longyearbyen. Det har tidlegare vore gjort forsøk med å setje ut hare, polarhare og moskus på Svalbard, men ingen av desse har klart å etablere seg. Mus og rotter blir av og til observerte i busetjingane på Svalbard, men heller ikkje desse har klart å etablere seg.

Nokre plantearter er innførte til Svalbard med hensikt og har klart å etablere seg innanfor busetjingane. På denne måten blir plantesamfunna endra utan at ein kjenner dei økologiske verknadene. Nokre arter kan innførast utilsikta frå fastlandet, ved at de set seg fast under sko, på klede eller kjem med matvarer. Så langt har ingen av dei bevisst innførte artene klart å etablere seg utanfor busetjingane. Sysselmannen har fått i oppdrag å ferdigstille ein handlingsplan mot framande skadelege arter i løpet av 2011. Denne vil òg omfatte ein kunnskapsstatus for framande arter i Svalbards kyst- og havmiljø.

Sidan 1989 har det vore 59 pst. midlare reduksjon i konsentrasjonar av svovel i luft (SO4) og i nedbør målt i Ny-Ålesund (Zeppelin). Dette er interessant fordi ei stor mengd industri i Russland og elles Aust-Europa vart nedlagt tidleg på 90-talet. Årsmiddelkonsentrasjonen av summen nitrat+salpetersyre viser ingen markert tendens sidan målingane starta i 1986. Utsleppa av nitrogenkomponentar i Europa har hatt ei ujamn utvikling sidan 1980, med ein topp for NOx rundt 1990. Desse komponentane kan ikkje fjernast ved enkel reinsing slik tilfellet er for svovelkomponentar.

Årsmiddel av PCB (sum 10 kongenere) i luft i Ny-Ålesund synest å vise ein ytterlegare nedgang i perioden etter 2008.

DDT-verdiane målte på Zeppelinstasjonen synest òg å vise ein ytterlegare nedgang i perioden frå 2008.

Nasjonalt mål 5.3.3: Eit representativt utval av kulturminne på Svalbard skal bevarast som kjeldemateriale og grunnlag for opplevingar for framtidige generasjonar. Tapet av kulturminne som følgje av menneskeleg verksemd skal i gjennomsnitt ikkje overstige 0, 1 pst. årleg.

I 2010 er det utført vedlikehald og restaurering av åtte freda bygningar i medhald av Kulturminneplan for Svalbard 2000-2010. Denne kulturminneplanen er no under revisjon. Det er òg sett i gang eit arbeid med ein forvaltningsplan for Aust-Svalbard som vil omfatte kulturminne og kulturmiljø. Ein plan for dei tekniske og industrielle kulturminna i Longyearbyen og omegn vart ferdig i 2010 i samarbeid med Store Norske Spitsbergen Kullkompani og Longyearbyen lokalstyre. Eit begynnande norskrussisk samarbeid om å ta vare på delar av dei russiske busetnadene på Svalbard er òg i gang. Dokumentasjonsprosjektet for freda fangsthytter blir ført vidare, og arbeidet med oppdatering av den nasjonale databasen for faste kulturminne, Askeladden, blir prioritert.

Sysselmannen har ei liste over femti utvalte og høgprioriterte kulturminne og kulturmiljø. Dei ståande bygningane som er høgprioriterte, er i forholdsvis god stand. Sysselmannen følgjer årleg opp med sikring, vedlikehald og istandsetjing av desse kulturminna. I 2010 vart det utført arbeid på åtte freda bygningar. Det er ikkje rapportert inn nye skadar på grunn av ferdsel på kulturminne i dei områda der feltinspektørane har vore på synfaring sommaren 2011, i Nordvesthjørnet, Isfjorden og Ny-Ålesund.

Tapet av kulturminne på Svalbard er normalt lågt. Mange kulturminne er likevel utsette for nedbrytning og erosjon. I 2010 gikk eit viktig freda kulturminne frå 1919 tapt gjennom brann.

Nasjonalt mål 5.3.4: Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjon eller forstyrre dyrelivet. Svalbards natur skal kunne opplevast utforstyrra av motorisert ferdsel og støy, også i område som er lett tilgjengelege frå busetjingane.

Delmål 5.3.4.1: Hindre miljøskade og ringare kvalitet på naturopplevingar som følgje av ferdsel på land og til sjøs.

Dei fleste fastbuande i Longyearbyen har sin egen snøskuter, og det har blitt dobbelt så mange snøskuterar på Svalbard dei siste 15 åra. Det var i 2008 knapt 2700 registrerte snøskuterar i Longyearbyen. Skutertrafikken er størst frå februar til mai og dei fleste køyrer mellom Longyearbyen og Barentsburg, Kapp Linné, Tempelfjorden, Ny-Ålesund og Svea Nord. Nokre reiser òg på lengre turar. Ein veit ikkje så mykje om kor eller kor langt. Det einaste ein har sikre tal på er kor mange fastbuande som har søkt og fått dispensasjon til å køyre i dei tre største nasjonalparkane med skuter. Dette talet varierer, men har ikkje vist noko aukande trend dei siste 15 åra.

Det er berre tillete å køyre snøskuter på frosen og snødekt mark, og det er avgrensa kor både fastbuande og tilreisande kan køyre. Det er oppretta snøskuterfrie område nær Longyearbyen, og eitt av dei er direkte tilgjengeleg frå busetjinga.

Motorisert ferdsel på land kan føre til støy, køyrespor frå ulovleg køyring på barmark og lokal luftforureining. Motorferdsel fører òg til at høvet til å drive tradisjonelt friluftsliv utan forstyrringar er redusert rundt busetnadene i periodar av året. Det er foreløpig ikkje dokumentert negative endringar i bestandane av rein, rev eller gjæs i dei områda der snøskutertrafikk og annen ferdsel har auka mest.

Talet på gjestedøgn i Longyearbyen har auka frå vel 23.000 i 1993 til over 82.000 i 2010. I same periode er talet på passasjerar som besøker Svalbard med oversjøiske cruiseskip dobla.

Også ekspedisjonscruisetrafikken rundt Svalbard har auka. Kvart år kjem det rundt 60.000-65.000 turistar til Svalbard. Halvparten kjem med oversjøiske cruiseskip, den andre halvparten med fly direkte til Longyearbyen for å vere med på tilbod frå lokale operatørar. Talet på turistar i Longyearbyen har vore stabilt dei siste seks åra, noko som kan forklarast med eit avgrensa fly- og hotelltilbod i høgsesongane.

Både talet på landstigingar frå cruiseskip og talet stader der turistar gjekk i land vart meir enn dobla i løpet av tiåret fram til 2005. Dei siste seks åra har både talet på landstigingar og talet på stader som blir besøkte flata ut på omkring 100 000 og 160. Talet på private småbåtar som besøker Svalbard i løpet av sommarsesongen er òg aukande og har dei siste åra komme opp mot 65 private seglbåtar. I 2010 var det 55 som melde inn sine seglingar til Svalbard.

På enkelte mykje besøkte landstigingslokalitetar er det registrert betydeleg lokal slitasje på vegetasjonen. Det er òg registrert stigdanningar og slitasje ved mykje brukte leirplassar. Det finnes inga detaljert vegetasjonskartlegging på Svalbard eller systematisk overvaking av effektar av ferdsel på vegetasjon. Norsk Polarinstitutt har avtaler med ulike forskings- og utgreiingsinstitusjonar om etablering av overvaking av markvegetasjonen på Svalbard. Dette skjer i regi av Miljøovervakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ), og vil òg omfatte effektar av ferdsel.

Sysselmannen arbeider med å skaffe oversikt over den samla bruken av helikopter på Svalbard.

27 Statusrapportering på «gamle» resultatområde 6 frå 2011

Tabell 27.1 Arealpolitikk og samfunnsutvikling

Nasjonale mål

Delmål

Indikatorar

6.1.1. Landet skal ha ein berekraftig arealpolitikk. Planlegginga i kommunar og fylke skal sikre effektiv samordning og skje innafor ramma av nasjonal politikk.

6.1.1.1. Plan- og bygningslova skal brukast som verkemiddel for reduserte utslepp og tilpassing til klimakonsekvensar, knytt til blant anna areal-, energi- og transporttiltak.

Talet på planar i kommunar og regionar med særleg fokus på klima og klimatilpassing, knytt til blant anna areal-, energi- og transporttiltak.

6.1.1.2. Byar og tettstader skal vere funksjonelt utforma, ha eit godt fysisk miljø som fremjar helse og livskvalitet, eit grønt næringsliv og belastar omgivnadene minst mogleg.

Tettstadareal pr. innbyggjar.

Talet på leike- og rekreasjonsareal i tett- stader pr. 1000 innbyggjarar og delen lagt til rette med universell utforming.

Delen av omsetjinga i varehandel i kommunen innanfor by- og tettstadsområde.

6.1.1.3. Det skal takast særleg omsyn til fjellnatur, vassdrag, landskap og viktige natur- og kulturverdiar.

Omfang av planar og utbygging som omfattar fjellområde, strandsone og andre prioriterte område.

6.1.1.4. Nasjonal strandsonepolitikk skal følgjast opp gjennom ein streng og differensiert planpraksis.

Talet på nybygg i 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag etter dispensasjon eller i medhald av plan.

Del av kystlinja og vassdragslinja som ligg nærare enn 100 m frå bygningar.

6.1.1.5. Regionale og kommunale planer skal sikre berekraftig utvikling med vekt på arealutnytting, verdiskaping og attraktiv stadutvikling.

Avgang dyrka og dyrkbar mark i medhald av planar etter plan- og bygningslova.

Talet på dispensasjonar for nybygg i landbruks-, natur- og friluftsområde.

6.1.1.6. Oppgåver, mynde og forventingar er gjort tydelege overfor kommunane, slik at dei kan utnytte sitt miljøpolitiske handlingsrom.

Tal på kommunale planar der miljøstatus og miljøutfordringar er synleggjort i kommunale planstrategiar og planar.

6.1.2. Plan- og bygningslova skal nyttast aktivt for å sikre lokal og regional utvikling som vektlegg miljøvist gode løysingar og sikrar god dokumentasjon av konsekvensar.

6.1.2.1. Kommunal og regional planlegging skal samordne statleg, regional og kommunal verksemd og areal- og ressursforvaltning over kommunegrensene.

Talet på interkommunale og regionale arealplanar.

6.1.2.2. Planar etter plan- og bygningslova og søknader etter sektorlover skal ha ei god vurdering av verknader for miljø og samfunn.

Kvaliteten på planprogram og på utgreiingar og vurderingar av planar og tiltak.

6.1.2.3 God plan- og miljøkompetanse skal vere bygd opp gjennom interkommunale løysingar, arbeid i nettverk, erfaringsformidling frå aktuelt utviklingsarbeid og andre rettleiings- og opplæringstiltak.

Talet på interkommunale løysingar på plan- og miljøområdet.

Erfaringar og eksempel frå Livskraftige kommunar tekne i bruk i arbeidet med kommunale planstrategiar og anna lokalt utviklingsarbeid.

6.1.2.4. Kommunane skal behandle kommune- og reguleringsplanar effektivt og sikre at dei har god kvalitet og er i samsvar med nasjonal politikk.

Utviklinga av kommunal planaktivitet målt etter talet på vedtekne kommuneplanar og kommunedelplanar, reguleringsplanar med kommunalt og privat initiativ, tidsbruk i plansaker og ressursbruken målt som brutto driftsutgifter.

Tal på og type motsegn fremja i planprosessen, etter motsegnsorgan og –grunn, og tal avgjort av MD.

Talet på kommunar med aktuell planstrategi, samfunns- og arealdel av kommuneplanar og kommunedelplanar innafor prioriterte område.

6.1.2.5. Alle fylker skal ha regionale planstrategiar som tek i vare prioriterte nasjonale områder, viktige regionale utfordringar og regionale behov.

Talet på fylke med godkjend regional planstrategi.

6.1.2.6. Nasjonal politikk og statlege interesser skal vere effektivt formidla til kommunar, regionalt nivå og statlege styresmakter. Statlege planverkemiddel for prioriterte politikkområde skal vere oppdaterte.

Ny politikk formidla gjennom blant anna nasjonale forventningar, skriv, kurs og departementet sin nettstad.

Talet på oppslag på

www.planlegging.no

Statusbeskriving på måla frå Prop. 1S (2010-2011)

Miljøforvaltningas mål er endra. Nedanfor er det rapportert på måla frå Prop. 1 S (2010-2011).

Plan og bygningslova skal brukast som verkemiddel for å redusere utslepp og tilpassing til klimakonsekvensar, knytt til blant anna areal-, energi- og transporttiltak.

Fastlands-Noregs utslepp av klimagassar var 8 pst. høgare i 2010 enn i 1990, først og fremst på grunn av trafikkvekst – både vegtrafikk og fly og skipstrafikk. Det var ein auke i utsleppa på 4,8 pst sidan året før. Dette skuldast kraftig økonomisk oppgang etter finanskrisa og ein kald vinter med høge straumprisar. Statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunane er fastsett og tredd i kraft. Ifølgje Enova og KS hadde 169 kommunar vedteke ein klima- og energiplan pr. juni 2010, mens 245 var i gang med planarbeidet. 97 pst. av kommunane har dermed, eller er i ferd med å få på plass, ein klima- og energiplan. Over 220 kommunar har skaffa seg kompetanse og erfaringar i klima- og miljøarbeid gjennom deltaking i samarbeidsprogramma Livskraftige kommunar, Grøne energikommunar eller Framtidas byar. Programerfaringane er no i ferd med å bli nedfelte i enkelte kommunar sine planstrategiar som skal utarbeidast i medhald av plan- og bygningslova.

I tråd med retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg har fleire fylke vedteke regionale planar for vindkraft. Fleire andre fylke arbeider med vindkraftplanar eller andre planar for energi der vindkraft utgjer ein avgrensa del. Potensialet for vindkraft til havs og særleg frå flytande havmøller langs norskekysten er stort. Stortinget har vedteke ei lov om fornybar energi til havs (havenergilova). Det er òg lagt fram ein nasjonal strategi for havbasert fornybar energi som oppfølging av klimaforliket. Miljøverndepartementet saman med underliggjande direktorat samarbeider med energistyresmaktene om å vurdere aktuelle utbyggingsområde for vindkraft til havs til område der konfliktnivået i høve til miljøomsyn og andre brukarinteresser (som f.eks. skipsfart, fiskeriinteresser, petroleumsverksemd) er akseptabelt.

Kravet om ei berekraftig utvikling og demokrati viser behovet for kommuneplanen som strategisk plan for langsiktig utvikling av kommunen, både som samfunn og organisasjon. Dei fleste departementa stiller krav til kommunane på sine område. Det er viktig at kommuneplanane kan fange opp dei relevante sentrale plankrava utan at det nødvendigvis må utarbeidast eigne kommunale planar for dei ulike sektoromsyna. Det er f.eks. naudsynt å sjå næringsutvikling og verdiskaping, areal- og miljøforvaltning, levekår, folketalsutvikling og kommunal tenesteyting i nær samanheng.

Miljøverndepartementet samarbeider med fylkeskommunane, fylkesmennene og KS om bistand og oppfølging av kommunane slik at dei kan drive eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld kommunal planlegging. Blant anna er programmet Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling, nettopp avslutta.

I følgje KOSTRA vart det i 2010 vedteke 106 kommuneplanar eller kommunedelplanar for arealbruk, og 172 tematiske kommunedelplanar eller samfunnsdel av kommuneplanar. I 2010 er gjennomsnittleg alder på kommuneplan 5 år for arealdelen og 6 år for samfunnsdelen. Tala viser at landet er godt dekt av kommuneplanar, og at mange kommunar har ei aktiv kommuneplanlegging, både for arealbruken og for den langsiktige samfunnsutviklinga. Men det er framleis for mange kommunar som har relativt gamle planar. Talgrunnlaget viser ingen sterk samanheng mellom alder på kommuneplanen og type kommune.

Byar og tettstader skal vere funksjonelt utforma, ha eit godt fysisk miljø som fremjar helse og livskvalitet, eit grønt næringsliv og belaste omgivnadene minst mogleg.

Det er eit mål å utvikle meir konsentrerte byar og tettstader av omsyn til arealbruk og transport. Samtidig skal det sikrast område med god kvalitet til rekreasjon og leik. I dei største byane skjer det meste av utbygginga som fortetting og byomforming. Dette er ikkje i same grad tilfelle i mindre byar og tettstader, men for landet samla aukar tettleiken noko. Tal frå KOSTRA viser at leike- og rekreasjonsarealet i tettstadene samla sett har auka noko frå 2001, men med store variasjonar mellom byane. Evalueringar syner at mange omformingsområde ikkje har god nok kvalitet i uteareala. Den nye plandelen i plan- og bygningslova legg sterk vekt på kvalitet i uteområde. For 2007 rapporterte 171 kommunar at dei hadde eitt eller fleire rekreasjons- eller friluftsområde lagt til rette med universell utforming. I 2009 var talet 196.

Groruddalsatsinga er inne i sitt femte år og er det største forsøket på å løfte eit byområde her i landet. Mange resultat av satsinga er no synlege i form av betre kollektivtransport og tilgjenge til stasjonar på T-bana, tur- og sykkelvegar, parkar og badevatn, opne skular, gratis kjernetid i barnehagane, språkopplæring og ei rekkje nærmiljøtiltak og kulturaktivitetar. Miljøverndepartementet koordinerar statleg innsats i satsinga. Samarbeidet mellom bydelar og etatar utviklar seg og nye grupper tek del i arbeidet. Aktiviteten er stor og aukande. Dei fem første åra har staten medverka med 585 mill. kroner og kommunen med 266 mill. kroner. I 2009 var 214 tiltak under arbeid, i 2010 235 tiltak. Aksjon vakrare Groruddal vart starta i 2009 i samarbeid med Oslo kommune og næringslivet. Arbeidet er rapportert i eiga årsmelding og i fireårlege handlingsprogram.

Framtidas byar er eit samarbeidsprogram mellom staten og dei største byområda for å få ned klimagassutsleppa, møte klimaendringane og sikre eit godt bymiljø. I alt 13 byar har underskrive ei avtale med staten om å satse på tiltak innanfor transport, oppvarming, forbruk og avfall. Byane har høge ambisjonar og vil overoppfylle Klimaforliket. Også næringslivet sine organisasjonar har underskrive ei intensjonsavtale med staten og KS om å medverke i programmet. Om lag 40 samarbeidsprosjekt er i gang. Alle byane arbeider til dømes med areal- og transporttiltak for å redusere utsleppa frå vegtrafikken. Dei fleste er i gang med pilotprosjekt innafor bygg og heile bydelar der målet er å halvere utsleppa i høve til i dag. Det blir òg arbeidd godt med klimavenlege innkjøp og miljøsertifisering av offentlege og private verksemder. I tillegg har byane auka kunnskapen om klimaendringane og teke omsyn til desse i planarbeidet sitt. Miljøverndepartementet støttar opp om stadutvikling ved å skipe gode møtestader mellom ulike sektorar og forvaltningsnivå. Det er ei stor utfordring for mange kommunar å skaffe seg kompetanse til å drive stadutvikling på ein god måte, særleg i dei mindre kommunane. Det saknast blant anna planfagleg, arkitektfagleg og miljøfagleg kompetanse. Det vert no utarbeidd rettleiarar om kvalitet i byrom og uteareal, stadutvikling og belysning, og kjøpesenter. Miljøverndepartementet samarbeider òg med Kommunal- og regionaldepartementet, Statens vegvesen, Vegdirektoratet, Riksantikvaren, Husbanken og Direktoratet for naturforvaltning gjennom Forum for stadutvikling om tiltak for å styrkje kompetansen i kommunane, blant anna gjennom regionale stadutviklingkonferansar. Det er òg laga ein nasjonal nettportal for stadutvikling på Regjeringas nettsider; stedsutvikling.no.

I samarbeid med Statsbygg har Miljøverndepartementet utgitt ei samling med eksempel på korleis staten kan medverke til ei god by- og tettstadutvikling ved lokalisering av sine verksemder. Departementet legg desse prinsippa til grunn for behandling av enkeltsaker, og fylkesmennene er gjennom embetsoppdraget bedne om å følgje opp dette ved statleg lokalisering i kommunane.

Den rikspolitiske føresegna om kjøpesenter har vore verksam i to år. Departementet utarbeider no ein rettleiar som skal gjere det enklare å bruke føresegnene i planlegginga både i regionar og kommunar.

Miljøverndepartementet er eitt av dei fem departementa som bak Regjeringas handlingsplan for universell utforming 2009 – 2012 – Norge universelt utformet 2025. Miljøverndepartementet har fleire tiltak i planen og arbeider i nær kontakt blant anna med Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Husbanken, Statens bygningstekniske etat, Statens kartverk og Direktoratet for naturforvaltning for å gjennomføre dei.

Kompetansen lokalt og regionalt når det gjeld universell utforming som strategi for planlegging og utforming av omgivnad og produkt skal aukast. Eitt av tiltaka, Nasjonalt utviklingsprosjekt for universell utforming i fylke og kommunar inkluderar no 50 kommunar og åtte fylke (både fylkesmenn og fylkeskommunar) og vil bli utvikla vidare til målet: 25 pst. av alle kommunar og alle fylke. Tiltak i den nye handlingsplanen gjeld òg universell utforming i by- og tettstadutvikling, auka tilgjenge til offentlege bygningar og uteområde, friluftsliv og kulturminne. Det skal etablerast eit program med fokus på kommunesenter.

Forslag til målbare indikatorar er utvikla, både for kartlegging i Noreg digitalt og i Matrikkelen. Statens kartverk gjennomfører kartlegging etter kriterium for tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne. I 2010 vart 44 tettstadsenter kartlagt i 13 fylke . Departementet samarbeider med Statens bygningstekniske etat om kompetanseprogrammet Universell utforming i kommunar og fylke og med å utvikle ein felles rettleiar om universell utforming til Teknisk forskrift og til Statlege planretningslinjer for universell utforming.

Departementet får midlar frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet til hovuddelen av tiltaka, mens Miljøverndepartementets kapittel 1400 post 80 blir oppretthalden til same føremål.

Kommunane rapporterer på universell utforming gjennom KOSTRA. I 2010 auka talet på kommunar med plan eller retningslinjer med fokus på universell utforming til 30 pst., mot 26 pst. i 2009. Planane er i gjennomsnitt 2,4 år gamle. Størst del av slike planar hadde kommunar med 20 – 30 000 innbyggjarar (73 pst., som er ei klar betring frå året før). Sju fylke har ein plan som inneheld krav om universell utforming. Arealbruksindikatorane som er under utvikling, skal blant anna utdjupe slik statistikk og gi betre oversyn over universell utforming og tilgjenge og kommunal planlegging og arealforvaltning.

Det skal takast særleg omsyn til fjellnatur, vassdrag, landskap og viktig natur- og kulturverdiar.

Noreg har slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen, som vart sett i kraft 1. mars 2004. Formålet er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og organisere europeisk samarbeid om dette.

Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for oppfølging av konvensjonen i Noreg. Plan- og bygningslova av 2008 gir nye høve til å ta vare på landskapet. Departementet arbeider no blant anna med å bevisstgjere om kva landskapet har å seie for folk og samfunn, og å få fram døme på korleis ein kan byggje på landskapskvalitet i planlegginga.

Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning (DN) har på oppdrag frå Miljøverndepartementet utarbeidd ein grunnlagsmetode for landskapsvurderingar og ein rettleiar for landskapsanalysar i kommuneplanlegging. Det er òg utarbeidd ein rettleiarar for landskapsvurderingar i vindkraftsaker. Departementet har òg gjennomført ei utgreiing om landskapskartlegging, og støttar eit prosjekt i Nordland for å vidareutvikla metodikken for kartlegging og klassifisering av landskapet slik at vi får ei einskapleg kartlegging som kan leggjast inn i ein nasjonal database.

Departementet ønskjer å få på plass ein samla, nasjonal landskapspolitikk som gjer greie for mål, vegval og aktuelle tiltak i samsvar med ansvarsdelinga mellom styresmaktene på ulike nivå.

Departementet samarbeider med andre sentrale statsorgan, Nordisk Ministerråd og Europarådets organ om å utvikle politikken og metodebruken.

Fjellområda er ein viktig ressurs i mange kommunar og regionar, både som grunnlag for næringsutvikling og som verdiar knytte til natur og kultur. Regionale planar blir nytta i aukande grad i fjellområda for å sikre verneverdiar og avklare arealbruken på tvers av kommunegrensene.

Det blir utarbeidd regionale planar også på mange andre område, blant anna for kulturminne og kulturmiljø, biologisk mangfald, friluftsliv og grønstruktur, og kystsona. Tabell 13.2 viser regionale planar fordelte på plantema, KOSTRA tal for 2010.

Tabell 27.2 Regionale planar fordelte på plantema

Tal på fylkeskommunar med ein eller fleire slike planar

Samordna plan for areal/transportplanlegging eller utbyggingsmønster

17

Plan for kulturminne og kulturmiljø

14

Plan for friluftsliv

12

Plan for kystsoner

10

Plan for klima/energi

14

Plan for universell utforming

7

Plan for vassdrag

6

Plan for fjellområde

7

Plan for grønstruktur

5

Plan for biologisk mangfald

3

Miljøverndepartementet samarbeider med andre departement om arbeidet med regionale natur- og kulturparkar i utvalte regionar. Berekraftig utnytting av natur- og kulturverdiane er sentralt i satsinga.

Regjeringa har som mål å halvere årleg omdisponering av dei mest verdifulle jordressursane innan 2010. Statistikken skil ikkje ut dei mest verdifulle jordressursane, men som vist i tabell 13.3 er Regjeringa på rett veg med gradvis mindre omdisponering av dyrka og dyrkbar mark. Plan- og bygningslova er det viktigaste verkemidlet for å sikre berekraftig forvaltning av jordressursane.

Tabell 27.3 Omdisponering av dyrka og dyrkbar mark

2007

2008

2009

2010

Talet på dekar dyrka og dyrkbar mark som er omdisponert til andre formål enn landbruk

16 482

14 932

12 113

12 200

Av dette, dyrka mark (daa)

8 799

7 900

7 674

6 700

Fjell- og utmarksområda er ein vesentleg ressurs for nyskaping og næringsverksemd i bygdene. For å få til gode langsiktige løysingar krev dette ofte interkommunalt og regionalt samarbeid, som gir føringar for det kommunale planarbeidet. Miljøverndepartementet gjennomfører eit femårig program der fylkeskommunane utarbeider regionale planar for ei langsiktig forvaltning av dei viktigaste fjellområda med villrein. Planane tek sikte på å sameine mål om næringsutvikling med Noregs internasjonale ansvar for å ta vare på villreinen. Planane skal gi grunnlag for avgrensing av ti nasjonale villreinområde. Planarbeidet omfattar Hardangervidda, Nordfjella, Rondane/Sølnkletten, Dovrefjellområdet, Setesdalsfjella, Ottadalen og Forollhogna.

Reindrifta er ei arealkrevjande næring, og planar om hyttebygging og reiselivsutvikling kjem ofte i konflikt med reindrifta sin bruk av areala. Reindrifta nyttar om lag 45 pst. av landets areal, og omfattar òg eit stort tal bygningar. Reindrifta brukar areal på tvers av kommune- og fylkesgrenser.

Det har dei siste åra blitt ferdigstilt mellom 4000 og 7000 fritidsbustader pr. år her i landet. I tillegg kjem standardauke og utvidingar på eksisterande fritidsbustader, som ein reknar med har om lag same omfanget. Standardauke inneber, i tillegg til auka areal og teknisk standard på bygningane, utbygging av veg, vatn og avløp og straumforsyning. Dei samla miljøkonsekvensane av slik standardauke vil vere betydelege i mange område. Auka standard fører òg med seg lengre brukstid. Regjeringa er derfor oppteken av at kommunane tek stilling til standard og storleik på eksisterande fritidsbustader i kommuneplanen.

Tabell 27.4 Utbygging av fritidsbustader

2007

2008

2009

2010

Talet på hytter og sommarhus

389 000

394 100

398 884

405 883

Talet på heilårsbustader mv. som er nytta som fritidsbustader

29 000

29 600

30 209

32 374

Talet på fritidsbustader

418 000

423 700

429 093

438 257

Talet på fritidsbustader i snaufjell, i strandsona, og i og nær villreinområde er gode indikatorar på om kommunane og fylka har følgd opp nasjonal politikk på desse viktige arealpolitiske områda. Det var 32 400 fritidsbustader i snaufjellet i 2007. Talet på fritidsbustader innanfor 4 km frå villreinområde var 64 800 i 2007. Talet på fritidsbustader i 100-metersbeltet langs sjø var om lag 82 800 i 2007. Tala skal oppdaterast hausten 2011.

Miljøverndepartementet har bede fylkeskommunar og kommunar om å prioritere fritidshus i si kommunale og regionale planlegging. Kommunane skal følgje dei nasjonale føringane for fritidsbustader som er gitt i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Føringane inneber at Regjeringa innskjerpar kravet om betre og meir miljøvennleg planlegging og utbygging av fritidsbustader. Det er òg viktig å betre kompetansen i kommunar og planleggingsmiljø om kva god og miljøriktig fritidshusplanlegging inneber. Ny plan- og bygningslov innskjerpar dispensasjonsreglane, og krev at kommunane i større grad vurderer verknadene av utbygging for miljø og samfunn. Regjeringa vil ha auka fokus på ei meir langsiktig og heilskapleg planlegging av fritidsbustader, der lokal næringsutvikling og utbygging skjer slik at andre viktige interesser ikkje blir råka.

Nasjonal strandsonepolitikk skal følgjast opp gjennom ein streng og differensiert planpraksis.

Strandsona som nasjonal interesse er tydeleggjort ved det generelle byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen. Forbodet har eksistert sidan 1965 og er ført vidare i ny plan- og bygningslov. Samtidig er reglane om dispensasjon stramma inn.

Regjeringa vedtok i mars 2011 statlege planretningslinjer for ei differensiert strandsoneforvaltning. Formålet med retningslinjene er å tydeleggjere nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen innanfor ramma av plan- og bygningslova. Målet er å ivareta allmenne interesser og unngå ei uheldig bygging langs sjøen. Det skal gjennomførast ei sterkare geografisk differensiering slik at byggjeforbodet blir praktisert strengast i sentrale område der presset på areala er stort. Departementet og DN følgjer opp retningslinjene gjennom dei regionale kystsonenettverka og i det generelle rettleiingsarbeidet.

Dei tilgjengelege areala i strandsona minkar. I løpet av dei siste ti åra har tilgjengeleg areal for friluftsliv blitt 2,1 pst. mindre i heile landet. I Sør-Noreg (frå Østfold til og med Hordaland) har reduksjonen vore på 3,7 pst.

Utviklinga i strandsona blir følgt gjennom KOSTRA-rapporteringa, og blir kunngjort av Statistisk Sentralbyrå i juni kvart år. I tillegg utarbeider SSB kvart år frå og med 2010 ein eigen arealstatistikk om status og tilgjenge i strandsona. Tabell 1.5 viser utvikling i dispensasjonar og byggjeløyve.

Rapportering i KOSTRA viser at det i 2010 vart gitt 1122 dispensasjonar for nye bygningar i 100-metersbeltet langs sjøen, mot 900 i 2009. Det vart gitt ca. 1730 byggjeløyve i samsvar med plan i 2008. I 2009 og 2010 vart det gitt høvesvis 1503 og 1540 byggjeløyve i samsvar med plan.

Dei nye tala viser at det til trass for innstramminga i ny plan- og bygningslov framleis er eit stort press på bygging i strandsona. Tala viser òg at det framleis er nødvendig med tydelege nasjonale føringar om ein streng plan- og dispensasjonspraksis i område med høgt utbyggingspress i strandsona.

Tabell 27.5 Utbygging i strandsona

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Talet på dispensasjonar for nybygg i 100-metersbeltet langs sjøen

1000

808

767

812

900

1122

Talet på godkjente byggjeløyve i samsvar med plan

1 300

1 658

1 730

1 503

1540

Tala viser at Regjeringas innskjerpingstiltak er naudsynte. Det er eit mål at delen gitte dispensasjonar går ned, og at arealbruken i strandsona skjer i tråd med oppdaterte kommuneplanar. I desse planane bør kommunane vurdere å ta ut forelda, ikkje utbygde utbyggingsområde.

Regionale og kommunale planar skal sikre berekraftig utvikling med vekt på arealutnytting, verdiskaping og attraktiv stadutvikling.

Undersøkingar viser at det er store manglar i kommunanes og fylkeskommunanes plan og miljøkompetanse. Departementet formidlar kunnskap om berekraftig planlegging gjennom ulike tilbod til administrasjon og politikarar. Det skjer gjennom kurs og konferansar, gjennom internett (til dømes www.stedsutvikling.no) og i samarbeid med blant anna KS. Departementet har òg leia arbeidet med planstrategi og planprogram innan areal og transportplanlegging i Oslo og Akershus. Dokumenta er på høyring og Oslo kommune og Akershus fylkeskommune har teke over leiinga av samarbeidet.

Oppgåver, mynde og forventningar er gjort tydelege overfor kommunane, slik at dei kan utnytte sitt miljøpolitiske handlingsrom.

Meir enn 200 kommunar har teke del i programmet Livskraftige kommunar. Tilnærma alle kommunane har arbeidd med klima og energi som eit prioritert satsingsområde. Erfaringane frå programmet viser at arbeid i læringsnettverk er eit godt verkemiddel for å styrkje miljøarbeidet i midtsjiktet av kommunar. Kommunane sitt klart viktigaste hinder i det lokale utviklingsarbeidet har vore mangel på kapasitet i kommuneorganisasjonen, dernest manglande kompetanse.

2010 var siste år for programmet. Erfaringar frå Livskraftige kommunar har vore eit grunnlag i førebuingane av Kommunal- og regionaldepartementets satsing på Lokalsamfunnsutvikling i kommunane, KS si utgreiing om statlege kjøp av klimakutt i kommunane og arbeid med forbetring av klima- og energistatistikk (KOSTRA). Miljøverndepartementets arbeid med å styrkje plan- og miljøkompetansen i kommunane, blant anna å etablere læringsnettverk for mellomstore byar om klima og godt bymiljø, byggjer òg på desse erfaringane. Det er lagt vekt på å forsterke innsatsen overfor kommunane, særleg på miljøområde der dei har styresmaktoppgåver.

Kommunerapportar og følgjeevalueringa syner at kommunane har styrkt miljøkompetansen sin og evna til å drive offensiv miljø- og samfunnsutvikling gjennom deltaking i programmet. Kommunane opplever òg stadig betre nytte av å arbeide i læringsnettverk over tid. Fleire av kommunenettverka rapporterer at dei vil fortsetje eit forpliktande interkommunalt samarbeid etter programperioden. Satsingane i programmet er no i ferd med å bli nedfelte i kommunale planstrategiar som skal utarbeidast i samsvar med ny plan- og bygningslov.

Statistikk om miljø og samfunn i norske kommunar er gjort lett tilgjengeleg og samanliknbar på www.bedrekommune.no, mens informasjon om kommunanes miljøtilstand, mål og tiltak finst på www.livskraftigekommuner.no. Programmet har synleggjort eksempel på offensiv lokal miljø- og samfunnsutvikling gjennom eksempelark, informasjonshefte og portalar, og i dokumentasjonen frå følgjeevalueringa.

Kompetansen på plan- og miljøområdet i kommunane er framleis svært varierande, og mange kommunar vil ha behov for bistand og støtte utover programperioden. Departementet har derfor sett i gang eit arbeid med formål å sjå nærare på korleis ein styrkjer og samordnar innsatsen for å hjelpe kommunane til å gjere ein god jobb, først og fremst på område der dei har plan- og miljømynde.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ei drøfting av verkemiddel som kan styrkje det lokale plan- og miljøarbeidet på brei basis.

Talet på regulerings- og bebyggelsesplanar går fram av tabell 13.6.

Tabell 27.6 Reguleringsplanar og bebyggelsesplanar

2006

2007

2008

2009

2010

Talet på vedtekne reguleringsplanar

2 450

2 095

1 935

1 983

2 067

Delen av reguleringsplanane som er private (prosent)

75

76

75

72

72

Reguleringsplanar er viktig reiskap for kommunane for å sikre kvalitet i nærmiljø og utbygging, grønstruktur og uteareal, fellesareal, areal til barnehagar, skular og næringsverksemd med vidare. Departementet har eit aktivt rettleiings- og nettverksarbeid mot kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn på dette området. Departementet vil styrkje rettleiinga mot kommunane, og leggje vekt på korleis verktøy i plan- og bygningslova kan nyttast for å sikre betre kommunal styring. Det er ei utfordring for kommunane å sikre heilskaplege og langsiktige rammer, når hovuddelen av planlegginga skjer som private planinnspel. Det er derfor viktig at kommunane brukar kommuneplanen aktivt for å sikre effektiv og god arealutnytting, samtidig som kravet til gode bu- og arbeidsmiljø blir tilfredsstilte.

Samla saksbehandlingstid er ein indikator på effektiviteten i kommunane si planbehandling. I 2010 var gjennomsnittleg saksbehandlingstid for vedtekne reguleringsplanar 317 kalenderdagar. Det er ein oppgang frå 244 dagar året før. Reell saksbehandlingstid varierer mykje.

Ifølgje kommunerekneskapen i KOSTRA brukte Kommune-Noreg 3 milliardar kroner til fysisk planlegging, byggjesaksbehandling og kart og oppmåling i 2010. Av desse utgiftene dekte kommunane inn 1,77 milliardar kroner i form av gebyr og andre inntekter. Storleiken på gebyra varierer mykje. I dei store byane blir det ofte fremja store og komplekse planar som gir høge gebyr og lang saksbehandling.

Kommunal og regional planlegging skal samordne statleg, regional og kommunal verksemd og areal- og ressursforvaltning over kommunegrensene

Alle fylkeskommunar skal kvart fjerde år utarbeide regionale planstrategiar. Dei første regionale planstrategiane skal liggje føre innan eit år etter fylkestingsvalet i 2011. Planstrategiane skal ta stilling til kva regionale planspørsmål som er viktige å arbeide med, og slik avklare fylkeskommunane sine behov for å rullere planane sine og ta opp nye tema i samsvar med lokale utfordringar og statlege politiske føringar. Gjennom godkjenning av dei regionale planstrategiane vil regjeringa sikre at prioriterte nasjonale område blir tekne opp i den regionale planlegginga.

I 2010/2011 vart 3 fylkesplanar og 2 fylkesdelplanar godkjende sentralt etter gammal plan- og bygningslov. Etter ny lov skal regionale planar utover den regionale planstrategien ikkje godkjennast sentralt. Dersom statlege styresmakter eller kommunar som er direkte involverte har vesentlege innvendingar til ein regional plan, skal planen til sentral behandling.

I alt 16 fylke hadde i 2010 regionale areal- og transportplanar. Dei største byregionane utarbeider slike planar og strategiar som innspel til Nasjonal transportplan. Regionale arealplanar saman med eigne konseptvalutgreiingar er òg grunnlaget for utbygging av større samferdselstiltak. Fylkesdelplanar tek òg opp andre tema som går på tvers av kommunane, blant anna planar for fjellområde, villrein og kystsone.

Departementet har følgt opp Stortingets vedtak om samarbeid om areal- og transportplanlegging mellom Oslo kommune og Akershus fylkeskommune. Det er et breitt samarbeid mellom Oslo kommune, Akershus fylkeskommune, alle kommunane i Akershus, involverte departement og alle dei store transportorgana. Planlegginga skal leie til at veksten i befolkninga skal finne stad på ein berekraftig måte.

Som nemnt under statusbeskriving for måla for vindkraft og villrein har Miljøverndepartementet teke initiativ til at det blir utarbeidd regionale planar for fjellområde med villrein og for vindkraft. I ny plandel av plan- og bygningslova er det innført fleire nye verktøy som vil styrkje den regionale arealplanlegginga. Interkommunale planar vil utfylle regionale planar initiert av fylkeskommunen. Det er òg gitt eigne reglar som skal sikre betre samordning mellom statlege verneplanar etter naturmangfaldlova og arealbruken i randsonene til slike område.

Planar etter plan- og bygningslova og søknader etter sektorlover skal ha ei god vurdering av verknader for miljø og samfunn.

Det er varierande kvalitet på utgreiingar etter forskrifta om konsekvensutgreiingar under plan- og bygningslova. Dette gjeld spesielt for oversiktsplanar etter plan- og bygningslova. Miljøverndepartementet har under arbeid ei rettleiing om konsekvensutgreiingar av oversiktsplanar, som blant anna vil omtale korleis ulike miljøtema skal utgreiast og presenterast i slike planar. Samtidig har departementet sett i gang eit arbeid med å revidere forskrifta om konsekvensutgreiingar, blant anna for å sikre at forskrifta er i samsvar med gjeldande EU-rett. Ei revidert forskrift vil òg ta opp i seg dei nye krava til dokumentasjon som følgjer av naturmangfaldlova, og gi eit endå betre grunnlag for ei berekraftig og kunnskapsbasert forvaltning.

God plan- og miljøkompetanse skal vere bygd opp gjennom interkommunale løysingar, arbeid i nettverk, erfaringsformidling frå aktuelt utviklingsarbeid og andre rettleiings- og opplæringstiltak.

Miljøverndepartementet utarbeider rettleiing og formidlar nasjonal politikk og god planpraksis. Fylkeskommunane har etter lova ansvar for fagleg oppfølging innanfor planlegging, og står saman med fylkesmennene for formidling og oppfølging av kommunane og statlege sektorstyresmakter. Det er etablert fleire lærings- og utviklingsnettverk mellom departementet, fylkeskommunane og fylkesmennene for å sikre klar og effektiv formidling av nasjonal politikk og statlege interesser. Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har viktige formidlingsoppgåver knytte til kommunal og regional planlegging innanfor sine fagfelt.

Det er fortløpande samarbeid og samordning mellom departementa på ulike tema og saker når det gjeld arealpolitikk og samfunnsutvikling, for eksempel knytt til ny plan- og bygningslov, strandsone, forvaltning av jordressursane osv. Miljøverndepartementet arbeider kontinuerleg for å styrkje samordninga med departementet sine underliggande etatar, blant anna gjennom tildelingsbreva. Miljøverndepartementet koordinerer dei ulike direktorata sitt rettleiings- og utviklingsarbeid knytt til plan- og bygningslova innanfor sine sektorar. Det skjer òg ei samordning med andre departement i rettleiingsarbeidet. Det er blant anna laga eit system med temarettleiarar som blir utarbeidd av ansvarleg fagdepartement og som blir lagt ut på Miljøverndepartementets internettside www.planlegging.no. Tidsskrifta Plannytt og Planjuss som blir gitt ut av Miljøverndepartementet er viktige kanalar for formidling.

Etter ny plan- og bygningslov skal det kvart 4. år utarbeidast eit dokument med nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Dei første nasjonale forventningane vart fastsette ved kgl.res. 24. juni 2011. Forventningane skal blant anna leggjast til grunn for arbeidet med regionale og kommunale planstrategiar.

Motsegnsinstituttet blir nytta av fylkeskommunen og statlege styresmakter for å sikre at nasjonale og viktige regionale interesser blir ivaretekne i planlegginga. Dei fleste motsegnene blir løyste gjennom planprosessen. Berre 29 planar enda opp i Miljøverndepartementet til avgjerd i 2010.

Ny plandel av plan- og bygningslova av 27. juni 2008 vart sett i verk 1. juli 2009. Det er vedteke naudsynte forskrifter om samanhengen mellom ny plandel og gjeldande byggesaksdel i plan- og bygningslova, om konsekvensutgreiingar og om kart, krav til digital plan m.m. I samband med iverksetjinga av ny lov er det omfattande opplæringsopplegget for kommunane i samarbeid med fylkeskommunane og fylkesmennene vidareført i 2010. Det har vore halde nasjonale og regionale konferansar. Departementet har òg arrangert regionale nettverkssamlingar på planområdet. Samtidig med forskriftsarbeidet er det òg utarbeidd ein ny datamodell for framstilling av digitale arealplanar etter SOSI-standarden (Samordna opplegg for stadfesta informasjon). Det er etablert nettsider og rettleiing om innhaldet i og bruk av ny lov. Det er eit stort behov for auka kompetanse i mange kommunar knytt til planlegging. Departementet bidreg med rettleiing og eksempel på god planpraksis.

Departementet vil vurdere behovet for statlege planføresegner og retningslinjer på nærare utvalde politikkområde. Det er fastsett statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging i kommunane og for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. Arbeidet med statlege planretningslinjer for universell utforming etter plan- og bygningslova av 1985 vil bli sluttført etter ny lov.

Kommunane skal behandle kommune- og reguleringsplanar effektivt og sikre at dei har god kvalitet og er i samsvar med nasjonal politikk.

I 2010 vart det fremja motsegn til 103 av i alt 217 kommuneplanar som var sende på høyring, det svarar til 48 pst. av planane. Det vart fremja motsegn til 582 av i alt 2004 reguleringsplanar som var sende på høyring, det svarar til 29 pst. av planane. Tala for 2009 var høvesvis 42 og 32 pst. Omsyn til naturvern, friluftsliv, landskap, grønstruktur, strandsona og kulturminne/kulturmiljø er dei grunngivingane som vart brukt oftast i motsegnene i 2010. Rapporteringa i KOSTRA omfattar ikkje korleis kommunane agerer som følgje av motsegnene til planane.

Tala for 2010 viser ein auke i omfang av motsegner til kommuneplanens arealdel og ein nedgang i motsegner til reguleringsplanar. Dette kan tyde på at det er ein tendens til at fleire av arealkonfliktane blir avklara i kommuneplanen. Dette er i samsvar med intensjonen i ny plan- og bygningslov og vår rettleiar om at arealkonfliktane bør avklarast på eit overordna plannivå.

Av meir enn 2000 arealplanar som blir vedtekne i kommunane kvart år, blir berre ca. 2 pst. sende til Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd fordi det ikkje er oppnådd semje om innhaldet i planen. Dette viser at det i dei fleste tilfella blir funne fram til gode løysingar som foreinar lokale, regionale og nasjonale interesser.

I 2010 var det 29 motsegnssaker som vart behandla i Miljøverndepartementet. Naturverdiar, landskap og friluftsliv, under dette villrein og omsyn til jordvern var dei viktigaste grunngivingane for motsegnene. Veg- og jernbane, kulturminne og konfliktar knytte til reindrift utgjer andre grunngivingar. Det er fylkesmannen, fylkeskommunen, Statens vegvesen og reindriftsnæringa som oftast har motsegner til planar som hamnar i Miljøverndepartementet.

Alle fylke skal ha regionale planstrategiar som tek i vare prioriterte nasjonale områder, viktige regionale utfordringar og regionale behov.

Dei nasjonale forventningane til regional og lokal planlegging vart vedtekne i juni 2011. Dei skal leggjast til grunn for planlegginga i kommunar og fylkeskommunar. Samtidig har departementet utarbeidd ein rettleiar for regionale planstrategiar.

Nasjonal politikk og statlege interesser skal vere effektivt formidla til kommunar, regionalt nivå og statlege styresmakter. Statlege planverkemiddel for prioriterte politikkområde skal vere oppdaterte.

Sidan den nye lova vart vedteken i 2008 har Miljøverndepartementet lagt stor vekt på utvikling av regelverk og rettleiarar som utdjupar lovas innhald og gir føringar for korleis viktige tema skal ivaretakast gjennom planlegginga. Kart- og planforskrifta vart vedteken i 2009. Forskrift om konsekvensutgreiingar blir no revidert for å sikre harmonisering med EUs regelverk. Statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunane vart vedteken i 2009 og statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen vart vedteken i 2011.

Arbeidet med å oppdatere og utarbeide nye temarettleiarar er omfattande, og vart omtalt i vårt førre svar. I 2010/2011 er følgjande rettleiarar ferdigstilte: utarbeiding av reguleringsplanar, kulturminne, kulturmiljø og landskap i planlegginga og landskapsanalyse i kommuneplan. Det går føre seg arbeid med rettleiarar om regional planstrategi, kommuneplanens arealdel, om kommuneplanens samfunnsdel, om kommunal planstrategi, og om konsekvensutgreiingar i oversiktsplanlegginga.

Nettstaden www.planlegging.no som er drifta av Miljøverndepartementet, er ein viktig arena for formidling av regelverk og rettleiarar. Nettbaserte rettleiarar blir fortløpande oppdaterte. Utfordringa er å sikre god oversikt og at kommunar, planleggjarar o.a. blir merksame på oppdateringar og endringar. Fylkeskommunens og fylkesmannens rettleiingsansvar er viktig i denne samanhengen.

I tillegg til regelverk og rettleiarar blir avgjerder i motsegnssaker og svar på spørsmål som kan ha interesse for andre, lagt ut på www.planlegging.no. Nettsidene er svært mykje brukt, og tilbakemeldingar viser at nettstaden har ein viktig funksjon i rettleiingssamanheng. Mange fylkeskommunar og fylkesmenn arbeider med eigne nettsider, som blir koordinerte med departementet.

Formidling av planfaglege tema skjer òg gjennom tidsskrifta Plannytt og Planjuss utgitt av departementet. I 2010 vart det utgitt 2 nummer av Plannytt.

Geografisk informasjon

Noreg skal ha eit nasjonalt geodetisk grunnlag

All privat og offentleg oppmåling, kartlegging, navigasjon og anna bruk av geografisk informasjon føreset eit korrekt geodetisk grunnlag. Det geodetiske grunnlaget er basert på eit tal målepunkt rundt om i Noreg. Nokre av punkta er utstyrte med måleutstyr som kontinuerleg gjer målingar, mens andre målepunkt vert besøkte periodisk for måleoppdatering. Observasjonsdata frå desse punkta dannar basis for berekning av ei nasjonal referanseramme som legg grunnlaget for all geografisk stadfesta informasjon i Noreg. Grunna kontinuerlege endringar i jorda si form, gravitasjonsfelt og rotasjonsfart er det behov for jamleg overvaking av referanserammene. Eit viktig mål er å forbetre den nasjonale referanseramma og bidra til betre globale referanserammer. Målet er at brukarane i framtida kan bruke globale målemetodar (som GPS) og få samsvar mellom kart (i nasjonal referanseramme) og eigen posisjon med 1 cm grannsemd. Den nasjonale referanseramma er gjort tilgjengeleg i sann tid gjennom Kartverket si posisjonsteneste CPOS, som vart landsdekkande i 2011. Talet på brukarar av CPOS-tenesta er sterkt aukande og CPOS er av den grunn betrakta som samfunnskritisk infrastruktur.

Skal ein lykkast med målet om 1 cm grannsemd, er det ein føresetnad at høgdegrunnlaget vert forbetra. Høgdegrunnlaget (NN1954) har vore utsett for landheving i lang tid og har derfor betydelege manglar som gjer at det er dårleg tilpassa bruk av satellitteknologi. Statens kartverk arbeider med å innføre NN2000 i alle landets kommunar. Det er eit mål at 80 pst. av kommunane skal ha innført det nye høgdegrunnlaget i 2015.

Statens kartverk deltek i det internasjonale samarbeidet om betre globale referanserammer gjennom operasjonell drift av fleire målestasjonar og gjennom geodetisk analysearbeid.

Den viktigaste målestasjonen er lokalisert i Ny-Ålesund på Svalbard. Stasjonen opererer ei «Very Long Baseline Interferometry» (VLBI) antenne, eit superledande gravimeter, fleire posisjonsmottakarar (GNSS) og ein vasstandsmålar. Stasjonen inngår blant anna i eit globalt nettverk med ein type store radioteleskop som gjer målingar i samsvar med ein felles måleplan. Det viktigaste resultatet av dette arbeidet er jordrotasjonsparameterane som er essensiell informasjon når ein skal operere satellittar i bane rundt jorda. I yttarste konsekvens vil verken GPS-satellittar eller satellittar for innhenting av miljødata eller kommunikasjon fungere utan VLBI-systema. Det er eit stort behov for å modernisere antenna i Ny-Ålesund, utstyr og teknologi er gammal.

Innan geodetisk analyse arbeider Statens kartverk for å kombinere alle geodetiske måleteknikkar i ein og same operasjon. Resultata av dette arbeidet vil gi eit nytt og unikt bidrag til dei globale referanserammene, samtidig som det legg grunnlaget for overvakning av blant anna havnivå og havsirkulasjon.

I Europa vert det arbeidd med å utvikle eit nytt satellittbasert posisjonssystem – Galileo. Egnos, som er eit europeisk støttesystem for GPS, vil etter kvart òg bli eit støttesystem for Galileo. Dagens grannsemd ved bruk av Egnos er ikkje så god – det er først og fremst stabiliteten som er av betydning. Det er planar for å integrere Egnos i Galileo og i denne samanhengen vil Statens kartverk bidra til at Galileo og Egnos kan fungere best mogleg, òg i dei nordlege områda og ikkje berre i det sentrale Europa.

Norske land- og sjøområde skal ha oppdatert basis geodata.

Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem gir betre tryggleik til sjøs. Bruk av slike system reduserer faren for skade på personar og miljø, reduserer materielle kostnader, aukar regulariteten for skipstrafikken, kortar ned tidsbruken på skipsruter og styrkjer næringsgrunnlaget langs kysten.

Samanhengande elektroniske sjøkart har vore tilgjengelege for heile norskekysten sidan 2008. Farleia vert utfordra i aukande grad ved at fartøya blir større, har auka djupn og ferdast i delar av farleia eller kystfarvatn som tidlegare knapt har vore nytta av større fartøy. Framleis gjenstår likevel fleire viktige farvatn på norskekysten som må nymålast. Arbeidet held fram med å betre kvaliteten på kartgrunnlaget og bytte ut linje- og enkeltmålingar med heildekkjande målingar.

Statens kartverk gjer årlege sjømålingar rundt Svalbard. Det blir kartlagt rundt 700 km2 kvart år. Farvatnet vert stadig sterkare trafikkert, også i område der kartgrunnlaget er svært lite tilfredsstillande. Innsatsen blir retta mot prioriterte, grunnare område.

Arbeidet med det marine kartleggings- og kunnskapsprogrammet MAREANO er ein viktig del av Statens kartverk si rolle som forvaltar av nasjonale djupnedata.

Statens kartverk har teke leiaransvaret i BLAST-prosjektet, som er eit EU-finansiert samarbeid mellom 16 verksemder rundt Nordsjøen, blant anna om harmonisering av maritim informasjon.

Basis geodata for landområda vert inndelte etter tema som separate primærdataseriar (veg, vassdrag, høgde osv.). Dette gir stor fleksibilitet i produksjon og vedlikehald av data. Kart blir produserte ved å hente data frå ulike seriar og setje dei saman. Dataseriane kan òg nyttast i kombinasjon med fagdata frå ulike kjelder.

Det digitale kartgrunnlaget FKB (Felles Kartdata-Base) vert etablert og halde à jour gjennom eit samarbeid mellom Statens kartverk, Statens vegvesen, landbruket, dei fleste kommunane, Telenor, energiverk o.a. (Geovekst-samarbeidet). Statens kartverk koordinerer arbeidet sentralt, regionalt og lokalt. Mesteparten av denne dataetableringa er fullført. Alt areal i byar og tettstader er i all hovudsak dekt. Utfordringa for desse areala ligg i vedlikehald av data. Frekvensen på ajourføringa av kartgrunnlaget vert tilpassa dei aktuelle endringane i ulike område. Såleis vil det vere hyppigare ajourføring i tettbygde strøk med høg aktivitet enn i område med liten aktivitet.

Hovudkartserien til Statens kartverk i målestokk 1 : 50 000 blir gitt ut både i trykt og digital form. Det er laga forslag til ei ny trykt utgåve, som er komprimert slik at kvart kart inneheld 4 kartblad i eit trykk (212 kart dekkjer heile landet mot 727 tidlegare), dette gir billigare trykte kart med betre kvalitet for bruk ute.

Utrykkingsetatane (ambulanse, brann og politi) er avhengige av høg kvalitet og kontinuerleg oppdatering av adresse- og veginformasjon. Statens kartverk og Statens vegvesen arbeider for tida med eit prosjekt for å heve kvaliteten på veginformasjonen. Statens kartverk sitt landsdekkjande prosjekt for å etablere vegadresser i alle kommunar held fram.

Det skal liggje føre eigedomsdata (matrikkel, grunnbok og kommunale planregister)

Disposisjonsretten over arealressursar er av dei mest sentrale rettane i samfunnet. Både private og det offentlege har behov for informasjon om eigedommar og eigarforhold. Autorisert offentleg eigedomsinformasjon er viktig for å sikre eigedomsretten og naudsynt for eigedomsmarknaden. Autorisert offentleg eigedomsinformasjon kan delast i tre delar:

  • Matrikkelen, som omfattar faktiske opplysningar om fast eigedom, bygningar og adresser, bl.a. med eintydig identifikasjon av kvar eigedom. Matrikkelen vert ført av kommunane. Statens kartverk er sentral matrikkelstyresmakt, og har ansvaret for utvikling av regelverk og å utvikle og drifte matrikkelsystemet. Statens kartverk stør kommunane med å sikre kvaliteten i datagrunnlaget og gjer data tilgjengeleg for brukarane. Frå 2010 er matrikkelen med tilhøyrande lov- og regelverk innført i heile landet. Matrikkelen er rekna som eit av landets tre basisregister. Dette medfører auka krav til fagleg kompetanse for alle som arbeider med eigedomsregistrering og eigedomsinformasjon, for å nå formålet med matrikkellova om einsarta og pålitelege eigedomsopplysningar.

  • Tinglysinga, som er omtalt særskilt nedanfor under statusbeskriving for målet for Tinglysinga

  • Kommunale planregister, som omfattar opplysningar om offentlege arealplanar og andre føresegner som fastlegg korleis areala skal utnyttast. Planregistra er under etablering i kommunane. Statens kartverk stør kommunane med å kontrollere den tekniske kvaliteten og gjer plandata tilgjengeleg i den nasjonale geografiske infrastrukturen. Lovgrunnlaget for kommunale planregister vart innført med ny plan- og bygningslov frå 1. juli 2009.

Det skal vere effektiv tilgang til geodata og eigedomsdata for offentlege og private brukarar

Noreg digitalt er eit samarbeid om deling av geografisk informasjon (geodata) mellom kommunar, statlege etatar og andre verksemder som bidreg til den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon. Statens kartverk koordinerer og tilrettelegg samarbeidet. Deling av data mellom samarbeidspartane er basert på eigne elektroniske tenester drifta av Statens kartverk. I 2011 omfattar Noreg digitalt meir enn 600 partar. Dei fleste statlege etatar, fylkeskommunane og kommunane med ansvar for utarbeiding og bruk av geodata tek del. I tillegg til basis geodata inngår òg ulike temadata som arealdata, ressursdata, miljødata og plandata i den felles geografiske infrastrukturen. Med eit stadig aukande tal partar i samarbeidet, har det skjedd ein stor auke i databruken, ikkje minst med gjensidig bruk av temadata.

Ei viktig side ved samarbeidet er felles harmonisering og standardisering av data og etablering av effektive tenester for datautveksling. Etablering og vidareutvikling av Noreg digitalt er eit omfattande arbeid. Verksemdene har sjølve ansvar for produksjon og tilrettelegging av temadata. Framdrifta i arbeidet avheng av kapasiteten i desse verksemdene.

Noreg er aktivt med i utvikling og bruk av felles standardar internasjonalt.

Geodatalova sine føresegner om deling av geodata vart sett i kraft 3. september 2010. Andre føresegner i lova om elektroniske tenester mv. vil bli sette i kraft så fort det ligg føre utfyllande forskrifter. Lova med forskrifter gjennomfører europaparlaments- og rådsdirektiv 2007/2/EF av 14. mars 2007 om etablering av ein infrastruktur for geografisk informasjon i Det europeiske fellesskapet (INSPIRE) med tilhøyrande gjennomføringsreglar i norsk rett.

Direktivet krev at landa etablerer og opererer eit nettverk av elektroniske tenester for søking, vising og nedlasting av stadfesta (koordinatbestemt) miljøinformasjon. Nettverket skal gjere det mogleg for offentlege organ å dele data på tvers av organisatoriske og geografiske skilje. Nettverket skal òg vere tilgjengeleg for allmenta. Direktivet er godt i samsvar med gjeldande norsk politikk.

Data frå Statens kartverk, kommunane og dei andre deltakarane i Noreg digitalt er i dag tilgjengelege for næringslivet og allmenta via Internett, mobiltelefon og ulike elektroniske kartløysingar. Ved å gjere data elektronisk tilgjengeleg har bruken av geografisk informasjon (geodata) auka vesentleg dei seinare åra.

Kartbilete er gratis tilgjengelege for allmenta via internettsidene til Statens kartverk. Brukarane kan bl.a. søkje etter adresse, stadnamn eller matrikkelnummer, velje målestokk og måle avstandar. Anna formidling av data skjer gjennom forhandlarar.

Statens kartverk har etablert ei særskild koordineringsteneste (PRIMAR) for å gjere elektroniske sjøkart tilgjengelege i det internasjonale maritime miljøet. Statens kartverk leverer i dag autoriserte sjøkartdata frå 40 nasjonar gjennom denne tenesta. Store delar av kyststrekningane i dei samarbeidande landa er dekte. Om lag 5000 skip over heile verda nyttar autoriserte kartdata formidla gjennom PRIMAR. Blant brukarane er òg den norske lostenesta. Det er ei sentral målsetjing å få sjøkarttenestene i fleire land med i dette samarbeidet for å kunne gi eit mest mogleg samla tilbod av sjøkart til brukarane. Kostnadene ved drift av tenesta er dekte ved brukarbetaling.

Tinglysinga skal ha nøgde brukarar og halde god kvalitet

Ansvaret for tinglysinga vart flytta over frå Justisdepartementet til Miljøverndepartementet med verknad frå 1. juli 2010, jf. Prop. 125 S (2009-2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010.

Frå 2007 har all tinglysing i fast eigedom og burettar blitt samla i Statens kartverk. Forholdet til brukarane har vore sentralt i den gjennomførde reforma og i mai 2011 vart det gjennomført ei ny brukarundersøking blant 750 meklarar, bankar, kommunar, advokatar og privatpersonar. Brukarane meiner blant anna at Tinglysinga har eit godt omdømme, at det er ei verksemd dei har ei god kjensle for og trur på. Dei meiner òg at tinglysinga har tenester med høg kvalitet og er godt organisert.

I tilsvarande undersøking frå 2009 oppnådde Tinglysinga ei total omdømmescore på 68 poeng av 100 moglege. I år syner resultata ei poengsum på totalt 74 poeng, noko som overgår dei toårsmåla som var sette.

Rask og effektiv saksbehandling i Tinglysinga hindrar unødig opphald i omsetjinga i bustadmarknaden. I 2010 vart 97 pst. av sakene behandla og sende tilbake til brukaren i løpet av fire dagar. Rask saksbehandling vil framleis ha høg prioritet.

Tinglysinga fekk i St.prp. nr. 37 (2008-2009) midlar til å starte arbeidet med å digitalisere panteboka, dvs. tinglysingsgjenpartar frå perioden 1946-2007. Dette arbeidet har blitt ført vidare og vil bidra til raskare saksbehandling og enklare tilgang til informasjonen for brukarane. Pr. 1. mars 2011 var 1255 meter pantebøker skanna. Dagleg produksjon er ca. 5000—7000 ark.

I 2008 vart elektronisk tinglysing starta opp som eit pilotprosjekt. Mange av sakene vert både registrerte og kontrollerte automatisk, mens nokre framleis må kontrollerast manuelt. Dette gjeld i hovudsak dei enklaste dokumenta. I 2010 vart meir enn 12 pst. av alle sakene til tinglysing saksbehandla elektronisk. Det er aukande interesse for elektronisk tinglysing. Det vil krevje ei ny teknisk løysing om ein skal utvide ordninga til å omfatte mange brukarar, meir kompliserte dokument, og tilpasse den til andre offentlege elektroniske portalar.

Statens kartverk sitt kundesenter for tinglysing er plassert i Ullensvang. Kundesenteret svarer på alle spørsmål om tinglysing i fast eigedom og burettar. I 2010 var det meir enn 350 000 samtalar. Dette er ein auke frå 2009. Gjennomsnittleg svartid til dei som ringjer er redusert med nye 3 sekund i 2010 frå dryge 90 sekund i 2009. Det vil bli lagt vekt på å utvikle kundesenteret vidare. Kontoret i Ullensvang utfører òg andre tinglysingsoppgåver, bl.a. all registrering av rettar i delar i burettslag.

Det blir arbeidd på fleire felt for å sikre at grunnboka held god kvalitet. Det er utført eit språkprosjekt som gir retningslinjer og konkrete råd for skriftleg kommunikasjon med brukarane. Kartverket arbeider òg med å unngå at saker blir sende i retur, dvs. at innsende dokument har feil og manglar og vert sende tilbake utan å ha blitt tinglyst.

Staten kartverk har òg ansvar for formidling av eigedomsinformasjon både frå matrikkelen og grunnboka ut til brukarane både i offentleg og privat sektor. Når det gjeld formidlinga ut til marknaden overtok Kartverket ansvaret for dette frå det heilstatlege selskapet Norsk Eigedomsinformasjon as (NE) med verknad frå 1. januar 2011. I ein overgangsperiode på inntil 3 år skal NE likevel bidra med formidling inntil Kartverket fullt ut sjølve kan gjere dette med eige teknisk system.

Til forsida