Prop. 1 S (2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1650 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4638, 5341, 5580, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkåra for leiarane i heileigde statlege føretak

1.1 Noregs Bank

Sentralbanksjefen er tilsett på seks års åremål frå 1. januar 2011 til 31. desember 2016. Sentralbanksjefen leier òg hovudstyret i Noregs Bank.

Løna til sentralbanksjefen utgjorde 1 959 712 kroner i 2012. Verdien av andre føremoner utgjorde same året 165 730 kroner. Sentralbanksjefen er medlem av Noregs Banks pensjonskasse med dei vilkåra som til kvar tid gjeld for den.

1.2 Folketrygdfondet

Folketrygdfondet er eit særlovselskap, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet. I 2012 utgjorde løna til administrerande direktør 2 848 393 kroner, pensjonsutgiftene 336 691 kroner og anna godtgjersle 35 872 kroner.

Folketrygdfondet er medlem av Statens pensjonskasse. I tillegg har administrerande direktør ei avtale med Folketrygdfondet som inneber at ho ved fylte 60 år vil ha pensjonsrettar tilsvarande full opptening i Statens pensjonskasse. Utgiftene vert dekte av Folketrygdfondet.

Den vanlege oppseiingstida er seks månader. Den administrerande direktøren har rett til etterløn tilsvarande 12 månaders pensjonsgjevande løn rekna frå utgangen av oppseiingstida dersom ho vert oppsagd eller sjølv seier opp etter avtale med styret. Etterløna vert fastsett til 18 månaders pensjonsgjevande løn rekna frå utgangen av oppseiingstida dersom oppseiingstida går ut etter fylte 62 år.

1.3 Statens finansfond

Statens finansfond vart skipa ved lov 6. mars 2009 nr. 12 om Statens finansfond. Den administrerande direktøren vert tilsett av styret. Styret fastset òg lønsvilkåra for den administrerande direktøren. I 2012 var det tilsett ein administrerande direktør i halv stilling. Direktøren hadde ei bruttoløn på 681 081 i 2012. I tillegg vart utgifter til abonnement på to aviser og mobilt breidband dekte.

Den administrerande direktøren har attåt stillinga i Statens finansfond ei deltidsstilling i sekretariatet for banklovkommisjonen.

Den administrerande direktøren er tilsett i eit engasjement som går ut utan oppseiing 30. april 2014.

Til forsida