Prop. 1 S Tillegg 3 (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 Endring av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2011 (tilleggsløyve etter tildelingsrunden 2009 og tiltak for berekraftig havbruk)

Til innhaldsliste

3 Tiltak for berekraftig havbruk

I tildelingsrunden 2009 vart 3 mill. kroner per løyve overført til dei aktuelle fylkeskommunane. For at balansen mellom fylkeskommunane ikkje skal endrast på grunn av tilleggsløyva foreslår Regjeringa at 12 mill. kroner blir løyvd til forsking og overvaking o.a. for gjennomføring og oppfølging av regjeringa sin Strategi for ei berekraftig norsk havbruksnæring. Dette vil komme alle havbruksfylka til gode. Midlane blir fordelt med 7 mill. kroner over Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett og 5 mill. kroner over Miljøverndepartementet sitt budsjett.