Prop. 125 S (2011–2012)

Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2012

Til innhaldsliste

3 Nærare om utviklinga i grunnbeløpet og lønner dei seinere åra

Tabell 3.1 viser utviklinga i grunnbeløpet og i inntektene før skatt for pensjonistar i folketrygda og lønnstakarar i perioden 2003–2011. Inntekter som pensjonistar har i tillegg til pensjonsinntekta, er ikkje med her.

Tabell 3.1 Utvikling i grunnbeløpet, minstepensjonane, gjennomsnittleg alders- og uførepensjon og inntekta for lønnstakarar. Prosentvis endring frå året før og gjennomsnittleg endring per år 2003 - 2011.

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

Endring 2003–2011

Endring per år

Grunnbeløp

3,9

3,3

3,5

5,4

5,5

4,2

3,8

4,4

39,5

4,2

Minstepensjon for einslege

3,9

3,3

3,5

5,4

11,3

7,9

5,4

4,6

55,0

5,6

Minstepensjon for ektepar/sambuande

6,1

4,9

4,0

5,4

11,9

8,2

5,5

4,6

63,0

6,3

Alderspensjon i gjennomsnitt1

5,4

4,8

4,8

6,5

7,6

6,1

5,6

5,4

56,7

5,8

Uførepensjon i gjennomsnitt1

3,3

3,9

3,7

5,4

6,7

4,6

4,1

3,6

41,2

4,4

Lønstakarar i alt

3,5

3,3

4,1

5,4

6,3

4,5

3,7

4,2

40,8

4,4

Industriarbeidarar i NHO- området

3,6

3,4

3,6

5,5

5,7

3,9

3,6

4,4

39,1

4,2

Statstilsette

3,7

3,4

4,5

5,1

6,7

4,4

4,5

4,2

42,8

4,6

Kommunetilsette

3,8

3,4

3,9

4,8

6,7

4,6

3,7

4,3

41,1

4,4

1 Gjennomsnittleg pensjon er rekna ut frå rekneskapen.

Kjelde: Det tekniske berekningsutvalet NOU 2012: 11 og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Pensjonane for dei einslege minstepensjonistane har auka meir enn grunnbeløpet av di særtillegget ordinær sats blei auka frå 79,33 prosent til 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008, til 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009 og til 100 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2010. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2011.

For ektepar og sambuarar med minstepensjon var auken sterkare i åra 2003-2006 og 2008-2010 både som følgje av auken i særtillegget og av di grunnpensjonen for ektepar og sambuande blei trappa opp i åra 2003–2005. Grunnpensjonen auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2006.

Gjennomsnittleg pensjon har dei siste åra også auka med meir enn grunnbeløpet, og med meir enn auken i særtillegget og i grunnpensjonen for ektepar og sambuarar skulle tilseie. Dette kjem av at pensjonistane i aukande grad har tent opp tilleggspensjon.

Auken i grunnbeløpet i perioden 2003–2011 er 39,5 prosent, mens veksten for lønnstakarar i alt var 40,8 prosent. Årsaka til skilnaden er mellom anna at partane i trygdeoppgjeret i 2008 blei samde om ei fordeling innanfor den økonomiske ramma der ein nytta noko av midlane til å auke særtillegget. Den historiske utviklinga av pensjonane med vidare går fram av tabellane i vedlegget til proposisjonen. Tabell 1.2 viser utvikling i minstepensjonane til alderspensjonistar, uførepensjonistar og unge uføre frå 1. mai 1992 til 1. mai 2013, medan tabell 1.3 viser utviklinga av minstepensjonane frå 1970 til 2011 både i nominell og reell verdi. Det går fram at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst. Dette heng saman med at satsane for særtillegget er trappa opp gjennom åra, seinast i åra 2008-2010.

Til forsida