Prop. 125 S (2011–2012)

Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2012

Til innhaldsliste

5 Pensjonar og ytingar frå folketrygda

Alderspensjon under utbetaling blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Satsane for minste pensjonsnivå blir regulerte i samsvar med lønnsauken og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret. Grunnbeløpet og alderspensjon under opptening blir regulerte i samsvar med lønnsauken. Uførepensjon, ytingar til gjenlevande, arbeidsavklaringspengar og overgangsstønad blir regulerte i tråd med endringar i grunnbeløpet.

Under kap. 2670 Alderspensjon blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 2 927 mill. kroner, fordelt med 1 018 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 1 794 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon og 115 mill. kroner på post 73 Særtillegg.

Under kap. 2655 Uførheit blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 1 447 mill. kroner, fordelt med 544 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 848 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon, 53 mill. kroner på post 72 Særtillegg og 2 mill. kroner på post 76 Yrkesskadetrygd.

Under kap. 2680 Ytingar til gjenlevande ektefellar blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 60 mill. kroner, fordelt med 31 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 26 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon og 3 mill. kroner på post 72 Særtillegg.

Under kap. 2651 Ytingar under arbeidsavklaring post 70 Arbeidsavklaringspengar blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 849 mill. kroner.

Under kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far post 70 Overgangsstønad blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 61 mill. kroner.

Til forsida