Prop. 128 S (2010–2011)

Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2011

Til innhaldsliste

4 Skattereglane for pensjonistar i 2011

Skattereglane for pensjonistar blei endra frå 1. januar 2011. Mellom anna blei skatteavgrensingsregelen erstatta med eit særskilt skattefrådrag for AFP- og alderspensjonistar, trygdeavgifta for pensjonsinntekt auka og særfrådraget for alder avvikla.

Særskilde reglar for AFP- og alderspensjonistar

Frå 2011 har AFP- og alderspensjonistar rett til eit særleg skattefrådrag som sikrar at pensjonistar med pensjon litt over minstepensjon ikkje betaler skatt av pensjonen. Skattefrådraget erstattar skatteavgrensingsregelen for desse gruppene. I 2011 utgjer skattefrådraget maksimalt 28 150 kroner og blir trappa ned mot høgare pensjonsinntekt enn 158 650 kroner. Frådraget blir trappa ned med ein sats på 15,3 pst. av pensjonsinntekt mellom 158 650 kroner og 242 000 kroner, og med ein sats på 6 pst. av pensjonsinntekt over 242 000 kroner. Frådraget er heilt utfasa ved ei pensjonsinntekt på om lag 498 600 kroner.

Særskilde reglar for uføre

Skattytarar som får førebels uførepensjon etter folketrygdlova § 12-16 eller uførepensjon av di arbeidsevna er varig nedsett med minst to tredelar, og som ikkje samstundes får arbeidsavklåringspengar frå folketrygda, skal i 2011 ha eit særfrådrag i inntekta på 2 667 kroner per månad, dvs. 32 000 kroner for heile året. Er arbeidsevna nedsett med mindre enn to tredelar, skal skattytaren ha eit halvt særfrådrag. Særfrådraget blir gitt i allminneleg inntekt.

Uførepensjonistar kan skattleggast etter ein særskild skatteavgrensingsregel som sikrar at dei med låg inntekt og formue ikkje skal betale skatt. Denne regelen inneber at skattytarar som har rett til fullt særfrådrag etter reglane som er nemnde ovanfor, ikkje skal betale skatt når nettoinntekta (allminneleg inntekt minus minstefrådrag pluss m.a. formuestillegg) er under 117 400 kroner for einslege og 106 700 kroner for gifte1. Ved utrekninga av nettoinntekta skal ein leggje til 1,5 prosent av nettoformue over 200 000 kroner.

Skatteavgrensinga som følgje av skatteavgrensingsregelen blir trappa ned med inntekta. Dette skjer ved at trygdeavgift og felles-, kommune- og fylkesskatt skal setjast til 55 prosent av den allminnelege inntekta som overstig dei skattefrie grensene. I motsetning til skattefrådraget for AFP- og alderspensjonistar, trappas fordelen ved skatteavgrensingsregelen ned mot all inntekt, og ikkje berre mot pensjonsinntekt. Skatteavgrensingsregelen skal nyttast når denne regelen gir lågast skatt. Den særskilde skatteavgrensingsregelen blir ikkje nytta ved fastsetjing av toppskatt eller skatt på formue.

Skatteavgrensingsregelen gjeld òg for skattytarar som har overgangsstønad eller etterlatnepensjon.

Minstefrådraget for pensjonsinntekter

Når skatten skal reknast ut, blir lønnsinntekter og pensjonsinntekter reduserte med eit minstefrådrag. I 2011 utgjer minstefrådraget for pensjonsinntekter 26 prosent av inntekta, men maksimalt 62 950 kroner. Til samanlikning er minstefrådraget for lønnsinntekter på 36 prosent av inntekta, men maksimalt 75 150 kroner.

Trygdeavgift

Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt o.a. i 2011 er 4,7 prosent. Til samanlikning er trygdeavgift på lønnsinntekt 7,8 prosent.

Fotnotar

1.

Gifte uføre som mottek ektefelletillegg får ein skattefri nettoinntekt på 206 700 og ekteparet blir skattlagt felles etter skatteavgrensingsregelen.
Til forsida