Prop. 128 S (2010–2011)

Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2011

Til innhaldsliste

5 Pensjonar og ytingar frå folketrygda

Alderspensjon under utbetaling blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Satsane for minste pensjonsnivå blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter justert for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret. Grunnbeløpet og alderspensjon under opptening blir regulert i samsvar med lønnsauken. Uførepensjon, ytingar til gjenlevande, arbeidsavklaringspengar og overgangsstønad blir regulerte i tråd med endringar i grunnbeløpet.

Under kap. 2670 Alderspensjon er det for 2011 til saman løyvd 128 209 mill. kroner. Det blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 3 584 mill. kroner, fordelt med 1 245 mill. kroner på Post 70 Grunnpensjon, 2 088 mill. kroner på Post 71 Tilleggspensjon, 1 mill. kroner på Post 72 Ventetillegg og 250 mill. kroner på Post 73 Særtillegg.

Under kap. 2655 Uførheit er det for 2011 til saman løyvd 56 004 mill. kroner. Det blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 1 731 mill. kroner, fordelt med 651 mill. kroner på Post 70 Grunnpensjon, 1 012 mill. kroner på Post 71 Tilleggspensjon, 66 mill. kroner på Post 72 Særtillegg og 2 mill. kroner på Post 76 Yrkesskadetrygd.

Under kap. 2680 Ytingar til gjenlevande ektefellar er det for 2011 til saman løyvd 2 407 mill. kroner. Det blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 76 mill. kroner, fordelt med 40 mill. kroner på Post 70 Grunnpensjon, 33 mill. kroner på Post 71 Tilleggspensjon og 3 mill. kroner på Post 72 Særtillegg.

Under kap. 2651 Ytingar under arbeidsavklaring Post 70 Arbeidsavklaringspengar er det for 2011 løyvd 36 750 mill. kroner. Det blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 1 109 mill. kroner.

Under kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far Post 70 Overgangsstønad er det for 2011 løyvd 2 680 mill. kroner. Det blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 81 mill. kroner.

Til forsida