Prop. 138 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 55/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Når det gjeld dei økonomiske og administrative konsekvensane ved gjennomføringa av direktivet for offentlege styresmakter, kan dei vente noko auka kostnader i ein overgangsperiode i samband med eventuelle nye avtale- og betalingsrutinar. Det at alle organisasjonar som representerer føretak, no skal kunne gå til søksmål for å prøve vilkår og praksis om forseinka betaling, kan òg føre til at det blir nokre fleire saker for domstolane. Det er likevel neppe tale om ei nemneverdig belastning for domstolane.

For private aktørar som er fordringshavarar kan tiltaka føre til betre likviditet i føretaka ved at dei raskare får inn uteståande fordringar. Sidan direktivet gjer ei viss justering i utrekninga av forseinkingsrenta, vil dette kunne føre med seg auka kostnader for dei skuldnarane som kjem i ein slik situasjon at dei skal svare rente etter forseinkingsrentelova.