Prop. 138 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 55/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Europakommisjonen meiner at forseinka betaling framleis er eit problem for små- og mellomstore føretak og den indre marknaden. Sjølv om varene er leverte eller tenestene utførte, får fordringshavaren betalinga seinare enn han har krav på, noko som verkar negativt på likviditeten, den finansielle situasjonen og konkurranseevna til føretaka.

Justis- og beredskapsdepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg XII til EØS-avtalen ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.