Prop. 151 S (2012–2013)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

2 Omtale av ordninga

Pensjon frå statskassa er ikkje ei pensjonsordning i vanleg forstand med krav til oppteningstid gjennom medlemskap. Det er ei særordning som gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg, å gje ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer ikkje på rettskrav, lov eller forskrift, og blir gjerne omtala som gåvepensjon (”billighetspensjon”). Departementet gjorde i Prop. 136 S (2011-2012) greie for kven som kan få pensjon frå statskassa.

Proposisjonen no gjeld berre lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei er i hovudsak borgarar i landet der dei arbeider. Nokre av dei lokalt tilsette er norske borgarar, og nokre av desse har òg vanleg medlemskap i Statens pensjonskasse frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap i norsk folketrygd. For tida før 1. januar 1996 blir pensjon av statskassa gjeve som tillegg til den pensjonsgjevande tenestetida. I vedlegget blir denne tida omtala som tilleggstid. Beløpet for desse personane er oppgitt som ein bruttopensjon. Pensjonen skal samordnast med pensjonen frå folketrygda, og pensjonen som blir betalt ut blir difor mindre.

Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar. Dette er òg teke inn i utanriksinstruksen: ”lønns- og arbeidsbetingelser skal nedfelles i en arbeidskontrakt som skal være i samsvar med tjenestelandets lover og regler. Lokalt ansatte skal sikres gjennom adekvate lokale trygde- og forsikringsordninger.”

Utanriksstasjonane skal sjølve syte for at det blir oppretta lokale trygde- og forsikringsordningar, og dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er tekne inn i arbeidskontrakten etter utanriksinstruksen, kan tilhøve i tenestelandet, til dømes politisk uro, høg inflasjon og stor uvisse med omsyn til bank- og forsikringsordningar, føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til ved alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar.

Utanriksdepartementet har i den seinare tida lagt stor vekt på å syte for at stasjonane følgjer opp instruksen så langt råd er, og sikre at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane er med i lokale ordningar. Dette blir gjort gjennom kurs og opplæring av ansvarlege medarbeidarar, og ved pålegg til alle stasjonane om å følgje opp. Samstundes blir det gjort klart at pensjon frå statskassa berre kan bli gjeve i særskilde høve der lokale ordningar ikkje finst eller ikkje sikrar dei tilsette godt nok. Utanriksdepartementet arbeider for tida med ei brei kartlegging av arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert pensjonsordningar.

Eventuell yting frå lokal pensjonsordning skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Lokale ytingar som blir utbetalte månadleg, blir i hovudsak samordna som pensjonar frå norsk offentleg tenestepensjonsordning. I staden for månadlege utbetalingar er det i nokre land vanleg at pensjonen blir betalt ut som eit eingongsbeløp på pensjoneringstidspunktet. Slike ytingar kjem til frådrag i pensjonen frå statskassa ved at tidspunktet for utbetaling av den norske pensjonen blir utsett.

Til forsida