Prop. 185 L (2012–2013)

Endring i havressurslova

Til innhaldsliste

2 Endring av § 22 andre ledd – dispensasjon frå reiskaps-føresegnene i særskilte høve

2.1 Bakgrunn for forslaget

Etter gjeldande reglar om sports- og rekreasjonsfiske, jf. havressurslova § 22, kan fartøy som ikkje er merkeregistrerte berre hauste med følgjande reiskapar:

  • handsnøre, fiskestong eller liknande handreiskapar

  • éi maskindriven jukse eller dorg

  • garn med samla lengd på inntil 210 meter

  • liner med inntil 300 onglar eller

  • inntil 20 teiner eller ruser.

Dette tyder at museum, foreiningar, stiftingar og liknande som ønskjer å tilby turistar og andre gjester opplevingsturar som viser tradisjonane og kulturen vi har innan fiske, i dag ikkje kan nytte til dømes trål, snurrevad eller not som ein del av dette tilbodet.

Regjeringa sin handlingsplan for kystkultur er eit samarbeid mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Kulturdepartementet og Miljøverndepartementet med underliggjande direktorat. I følgje handlingsplanen har Fiskeri- og kystdepartementet eit ansvar for å ta vare på og byggje opp fiskerikulturen vår. På denne bakgrunn sende departementet på høyring eit forslag om å ta inn ein heimel i havressurslova § 22 som gjer det mogleg å gje dispensasjon frå dei generelle reiskapsavgrensingane i spesielle høve for å fremme og ta vare på kystkulturen.

2.2 Høyringa

Departementet sitt høyringsnotat vart sendt på høyring til følgjande instansar:

  • Finansdepartementet

  • Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Fiskeridirektoratet

  • Innovasjon Noreg

  • Sametinget

  • Fylkeskommunane

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Fiskebåtredernes forbund

  • Fiskekjøpernes forening

  • Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • NHO Reiseliv

  • Norges Fiskarlag

  • Norges Kystfiskarlag

  • Norges Råfisklag

  • Norges Sildesalslag

  • Norske Sjømatbedrifters landsforening

  • Norsk Maskinistforbund

  • Norsk Nærings- og nytelsesmiddelforbund

  • Norsk Sjømannsforbund

  • Norsk Sjøoffisersforbund

  • Pelagisk forening

  • Rogaland Fiskesalslag

  • Skagerakfisk

  • Sparebankforeningen

  • Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag

  • Vest-Norges Fiskesalslag

Følgjande hadde ingen merknader: Finansdepartementet, Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Miljøverndepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Sametinget, Fylkeskommunane unnateke Nordland og Troms, Finansnæringens Hovedorganisasjon, Fiskebåtredernes forbund, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, Norges Råfisklag, Norges Sildesalslag, Norsk Maskinistforbund, Norsk Nærings- og nytelsesmiddelforbund, Norsk Sjøoffisersforbud, Pelagisk forening, Rogaland Fiskesalslag, Skagerakfisk, Sparebankforeningen, Vest-Norges Fiskesalslag.

Troms fylkeskommune, Nordland fylkeskommune og LO støttar forslaget om å innføre ein heimel for dispensasjon. Det same gjer Innovasjon Noreg, NHO Reiseliv, Destinasjon Haugesund & Haugalandet AS og Haugaland Vekst IKS. Dei viser til at forslaget vil gjere det totale tilbodet til turistar som ønskjer å fiske i norske farvatn, betre. Det vil vere positivt for det lokale reiselivet. Forslaget vil også medverke til å formidle kystkultur og historie.

Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og Fiskekjøpernes Forening er sterkt kritiske til forslaget. Dei viser mellom anna til at dette vil gå ut over yrkesutøvarane, at ei slik ordning kan bli utnytta ved at kostnadene med å drive og halde ved like fartøy blir finansiert gjennom fiske og at ordninga vil måtte føre med seg strenge sikkerheitskrav som kan vere vanskeleg å følgje opp.

2.3 Departementet si vurdering

Departementet meiner det er viktig å leggje til rette for at kystkulturen vår blir teken vare på og fremma på best mogleg måte. Difor legg departementet fram eit forslag om å ta inn ein heimel i havressurslova § 22 som gjer det mogleg å gje dispensasjon frå dei generelle reiskapsavgrensingane i føresegna. Forslaget inneber at det i særskilte tilfelle kan nyttast reiskapar som trål, not og snurrevad ved fiske frå fartøy som ikkje er merkeregistrerte. Det skal berre vere høve til å gje dispensasjon i dei tilfelle der slike reiskapar skal nyttast for å fremme og ta vare på kystkultur. Det er ein føresetnad at det blir følgd ein streng praksis med omsyn til kven som skal få slik dispensasjon.

For det første skal dispensasjon berre gjevast til museum, foreiningar, stiftingar og liknande som har som særskilt formål å fremme og ta vare på kystkultur. Dette bør gå fram av vedtektene til den som søkjer om dispensasjon.

Vidare skal dispensasjon berre gjevast i ”særskilte tilfelle”. Med dette meiner departementet at det i søknaden må gå fram at fiske med den omsøkte reiskapen er ein del av eit større tilbod som skal medverke til at turisten/gjesten opplever kulturen og tradisjonen som finst på staden. Til dømes kan eit slikt tilbod vere at turistane ikkje berre er med for å sjå korleis tradisjonell fjordtråling etter reker har føregått, men at dei på turen også får sjå korleis fangsten blir rapportert, lære korleis dei skal handtere fangsten eller dei får vere med å førebu eit måltid av den fangsten dei har fått. Tilbodet skal på denne måten gje turisten/gjesten ei heil oppleving, ikkje ein fisketur der målet er å få mest mogleg fisk.

Det skal berre gjevast dispensasjon dersom fisket med den reiskapen det er søkt om er ”nødvendig”for å fremme kystkulturformål. Med dette meiner departementet at det ikkje skal gjevast dispensasjon dersom det er mogleg å nytte ein av dei reiskapane som står på lista i havressurslova § 22 i den type fiske som er tenkt gjennomført. Eit døme på eit fiske der det vil vere nødvendig med dispensasjon frå dei generelle reiskapsavgrensingane kan vere tråling etter reker.

Det vil kunne setjast vilkår for dispensasjon. Til dømes kan det vere aktuelt å setje som vilkår at fangsten ikkje vert omsett. Det gjeld i alle høve ei omsetningsgrense på kr. 50 000 pr. kalenderår for fangst som er teken med fartøy som ikkje er merkeregistrert, eller frå land, jf. havressurslova § 23.

Forslaget fører ikkje til materielle kostnader for næringa. Forslaget har ikkje nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.

Departementet viser til forslaget til endring i havressurslova § 22 andre ledd.