Prop. 198 L (2012–2013)

Endringar i forskotteringsloven, folketrygdloven og arbeidsmiljøloven (samleproposisjon hausten 2013)

Til innhaldsliste

6 Oppheving av rapporteringsplikt ved oppretting av arbeidsmiljøutval

6.1 Innleiing og bakgrunn

Eit av formåla med arbeidsmiljølova er å leggje grunnlaget for at arbeidsgjevar, saman med arbeidstakarane i verksemda, sjølv skal kunne ivareta og utvikle arbeidsmiljøet på eigen arbeidsplass. Til hjelp i dette arbeidet er det mellom anna etablert ordningar med verneombod og arbeidsmiljøutval, jf. arbeidsmiljølova kapittel 6 og 7.

Etter § 7-1 tredje leddet i arbeidsmiljølova har arbeidsgjevar plikt til å sende inn melding til det lokale arbeidstilsynet når arbeidsmiljøutval er oppretta. Departementet har fått innspel, mellom anna frå Arbeidstilsynet, om at denne rapporteringsregelen er overflødig. For det første opplyser Arbeidstilsynet at det er få verksemder som faktisk melder inn at arbeidsmiljøutval er oppretta. For det andre opplyser Arbeidstilsynet at dei ikkje gjer bruk av opplysningane når dei vert innmeldte. Arbeidstilsynet får dei opplysningane som ein treng gjennom si ordinære tilsynsverksemd, og meiner difor at rapporteringsplikta i § 7-1 tredje leddet kan opphevast.

6.2 Departementet si vurdering og forslag

Arbeidstilsynet opplyser at dei ikkje har praktisk bruk for melding etter arbeidsmiljølova § 7-1 tredje leddet. Arbeidsdepartementet meiner at rapporteringsplikter som ikkje tener ei klår hensikt, bør fjernast frå lova. Departementet foreslår difor at ein opphevar plikta for arbeidsgjevar til å rapportere til Arbeidstilsynet om at arbeidsmiljøutval er oppretta. I den grad Arbeidstilsynet har behov for slike opplysningar, vil dei bli henta inn i den ordinære tilsynsverksemda.

6.3 Ikrafttsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at lovendringa trer i kraft 1. januar 2014. Endringa vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Verksemdene blir fritekne for kostnader ved at gjeldande rapportering vert oppheva.

Til forsida