Prop. 21 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet 2012 under Landbruks- og matdepartementet

Til innhaldsliste

2 Framlegg til endringar i løyvingar under kapittel og postar i 2012

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

I Prop. 1 S (2011-2012) for Landbruks- og matdepartementet blei det lagt til grunn ein auke på departementet sitt driftsbudsjett i samband med departementet si flytting frå regjeringsbygg R5 til R6. Statsbygg har seinare justert arealfordelinga, og dermed òg kostnadene til husleige og andre driftskostnader. Departementet gjer derfor framlegg om å redusere utgifta på posten med 7,8 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald

Landbruks- og matdepartementet har i 2012 seld eigedom på Kjeller i Skedsmo for 15,6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 4100, post 40. Med bakgrunn i Prop. 1 S (2011-2012) legg departementet til grunn at utgifter i samband med salsprosessen blir dekte av salsinntektene. I 2012 har departementet hatt utgifter i samband med regulering og sal på 9,9 mill. kroner. Den største utgifta kom som følgje av eit refusjonskrav for utbygging av veg og leidning. I tillegg har det vore utgifter knytt til oppmåling, tinglysning, regulering og konsulentbistand.

Landbruks- og matdepartementet har òg seld ein mindre eigedom i Oppdal for 252 000 kroner, og gjer framlegg om å auke kap. 1100, post 45 med ein tilsvarande sum. Samla gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 10,1 mill. kroner.

Kap. 1115 Mattilsynet

Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

Posten blei i Prop. 111 S (2011-2012) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2012 auka med 760 000 kroner for 2012. Nye utrekningar frå Mattilsynet og KLP indikerer eit behov for å auke posten ytterlegare. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på posten med 1 mill. kroner grunna eingongspremiar for tidlegpensjon m.m.

Post 71 Tilskott til erstatningar

Tilskotta over posten dekkjer utgiftene Mattilsynet har til nødhjelp til dyr etter dyrevernloven § 6, og der utgifta ikkje kan drivast inn frå eigar. Staten skal i medhald av lova dekkje utgiftene, og løyvinga over posten er ei overslagsløyving. Ved utgangen av september 2012 er det ført om lag 2,5 mill. kroner på kap. 1115. For å sikre realistisk budsjettering, foreslår departementet å auke løyvinga over posten med 2,6 mill. kroner, til 3,7 mill. kroner.

Kap. 1148 Naturskade – erstatningar

Post 71 Naturskade, erstatningar

2011 var eit år med mange og store naturskadehendingar. Basert på rapportar frå dei distrikta som var sterkast råka, blei løyvinga auka til 163 mill. kroner i samband med behandlinga av Prop. 111 S (2011-2012). Etter kvart som lensmannsskjønna har komme inn til Statens landbruksforvaltning (SLF), er anslaget no justert opp til 220 mill. kroner for 2012. Løyvinga er ei overslagsløyving, og departementet gjer framlegg om ein auke på 57 mill. kroner.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Post 50 Fondsavsetningar

Tilskott til helse- og utviklingstiltak for sau og geit, inkludert kompensasjon for bortfall av produksjons- og avløysartilskott, er ein del av løyvingsramma for Landbrukets utviklingsfond (LUF). Prognoser frå SLF viser eit overforbruk på 6 mill. kroner. Departementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga på posten med 6 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1150, post 74 Direkte tilskott.

Departementet gjer òg framlegg om å styrkje LUF med 3,7 mill. kroner, svarande til inntekta på kap. 4150, post 70. Inntekter frå tilbakebetalte tilskott til reguleringsanlegg blir vanlegvis nytta til å styrkje LUF i samband med jordbruksoppgjeret, men inntekta var ikkje kjend då jordbruksavtalen blei lagt fram for Stortinget. Samla gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 9,7 mill. kroner.

Post 71 Tilskott til erstatningar m.m.

Formålet med løyvinga er å gi økonomisk kompensasjon til føretak i jordbruket som har lidd tap som kjem av forhold føretaket ikkje rår over. Løyvinga over posten er ei overslagsløyving, og erstatningar blir gitte i tråd med regelverk fastsett av Stortinget. Svært store avlingsskadar mange stader i 2011 resulterte i eit betydeleg større volum enn i eit normalår. Stor saksmengde i mange fylke resulterte samstundes i at ein større del av utbetalingane enn det som var lagt til grunn har komme i 2012. Prognosane viser no at utbetalingane i 2012 vil bli 40 mill. kroner høgare enn lagt til grunn i Prop. 1 S (2011-2012), og departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på posten i tråd med dette.

Post 73 Pristilskott

Formålet med løyvinga er å styrkje bøndene sine inntekter og å jamne ut distriktsforskjellar som skuldast ulike dyrkingsvilkår og infrastruktur. Løyvinga over posten er ei overslagsløyving, og tilskott blir gitte i tråd med fastsette satsar. Prognosen frå Statens landbruksforvaltning viser eit mindreforbruk på 143,7 mill. kroner for 2012. Departementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga på posten i tråd med dette.

Post 74 Direkte tilskott

Løyvinga dekkjer dei direkte tilskotta til næringsutøvarar i tråd med jordbruksoppgjeret. Forbrukarprognosane for 2012 viser eit underforbruk på 7,8 mill. kroner. Landbruks- og matdepartementet viser til omtalen under kap. 1150, post 50 Fondsavsetningar, og gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 6 mill. kroner for å dekkje overforbruket på Landbrukets utviklingsfond (LUF).

Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet

Post 40 Sal av eigedom

Landbruks- og matdepartementet har i 2012 seld eit større utbyggingsareal på Kjeller i Skedsmo for 14,5 mill. kroner. Det er gjennomført ei forvaltningsoverføring av ein parsell til Forsvarsbygg, mot ein kompensasjon på 1,1 mill. kroner. Departementet har òg seld ein mindre eigedom i Oppdal for 252 000 kroner. Sala har skjedd i tråd med fullmakt gitt i samband med Stortinget si behandling av Prop. 1 S (2011-2012). Departementet gjer framlegg om å opprette kap. 4100, post 40 for 2012 med ei inntektsløyving på 15,8 mill. kroner.

Kap. 4115 Mattilsynet

Post 01 Gebyr m.m.

Foreløpige utrekningar viser at gebyrinntektene under Mattilsynet vil bli lågare enn det var budsjettert med i Prop. 1 S (2011-2012). Departementet gjer framlegg om å redusere inntekta over posten med 16,9 mill. kroner, til 105 mill. kroner.

Den største delen av reduksjonen skuldast at gebyrbelagde oppgåver i kjøttkontrollen er overførte frå Mattilsynet til det enkelte slakteriet. Reduksjonen har òg samanheng med manglande endeleg regelverk for gebyr knytt til skjelkontroll eller gebyr knytt til prøveordninga med utvida opningstid i grensekontrollen i region Troms og Finnmark.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Post 70 Tilbakebetalt tilskott til reguleringsanlegg

Omsetningsrådet gjorde i mai 2012 vedtak om tilbakebetaling på totalt 3,7 mill. kroner for fire reguleringsanlegg som ikkje lenger blir nytta til formålet. Departementet gjer derfor framlegg om å opprette kap. 4150, post 70 for 2012 med ei løyving på 3,7 mill. kroner.

Post 85 Marknadsordninga for korn

Ordninga omfattar prisutjamningsbeløp på råvarer til produksjon av kraftfôr. Inntekta er avhengig av det omsette volumet og forskjellen mellom norsk målpris på protein og prisane i verdsmarknaden. Nye anslag tyder på at inntektene blir høgare, og departementet foreslår derfor å auke inntekta over posten med 9,3 mill. kroner, til 37 mill. kroner.

Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

Post 90 Avdrag på lån

Landbruks- og matdepartementet legg til grunn at inntektene frå arronderingssalet som starta hausten 2011, blir nytta til avdrag på det statlege lånet Statskog SF fekk i samband med oppkjøpet av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010-2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF. Prognosane for salet tilseier ei inntekt på 67 mill. kroner i 2012. Departementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga på posten med 23 mill. kroner.

Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

Post 70 Avgifter i matforvaltninga

Avgiftene i matforvaltninga fall bort med verknad frå 1.1.2012. Den budsjetterte inntekta på 117 mill. kroner i Prop. 1 S (2011-2012) er knytt til oppsamla utgifter frå 2011 som kom til innbetaling i 2012. Pr. 1.9.2012 var det rekneskapsført 151,5 mill. kroner på posten. Det er ikkje forventa ytterlegare innbetalingar i år, og departementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga over posten med 34,5 mill. kroner.

Den største delen av auken skuldast eit etterslep i innkrevjinga og inntektsføringa av avgifter på importerte næringsmiddel og planter som ikkje inngår i matproduksjon. I tillegg er inntektene frå matproduksjonsavgiftene på landbaserte næringsmiddel og fisk høgare enn budsjettert.

Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

Post 85 Utbytte

I Prop. 1 S (2011-2012) for Landbruks- og matdepartementet er det budsjettert med eit utbytte på 5 mill. kroner frå dei aksjeselskapa der departementet representerer statens eigardel. I 2012 har det blitt betalt ut 4,6 mill. kroner, fordelt på 4,1 mill. kroner frå Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS og 510 000 kroner frå Kimen såvarelaboratoriet AS. Departementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga over posten med 405 000 kroner.

Kap. 5652 Renter og utbytte – Statskog SF

Post 80 Renter

Rentene på lånet Statskog SF fekk ved kjøpet av selskapa Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010-2011), vil vere på om lag 22,5 mill. kroner i 2012. Departementet gjer derfor framlegg om ein auke av løyvinga på posten på 0,6 mill. kroner.