Prop. 23 S (2011–2012)

Endringar i statsbudsjettet for 2011 under Fiskeri- og kystdepartementet

Til innhaldsliste

2 Orienteringssak

Stad skipstunnel

Stad skipstunnel er omtalt i Nasjonal transportplan 2010-2019. Regjeringa har innafor planramma teke høgde for eventuell byggjestart i siste halvdel av planperioden. Føresetnaden er at prosjektet har tilstrekkeleg samfunnsmessig nytte, og at regjeringa vedtek å gå vidare med prosjektet.

Kystverkets oppdaterte konseptvalutgreiing om Stad skipstunnel vart lagt fram ved årsskiftet 2010/2011. Kvalitetssikringa blir gjennomført av Holte Consulting og Econ Pöyry. I tillegg til at kvalitetssikrarane gjennomgår den samfunnsøkonomiske analysen til Kystverket, gjer dei også ein sjølvstendig samfunnsøkonomisk analyse av prosjektet. Tilsvarande blir gjort i alle kvalitetssikringar, og gjeld såleis ikkje særskilt for Stad skipstunnel.

I løpet av kvalitetssikringa har det blitt avdekt at tilgjengelegheit til tunnelen i dårleg vêr ikkje er tilstrekkeleg utgreidd. Det må derfor gjennomførast oppdaterte utgreiingar av bølgje-, straum- og siktforhold knytt til ein eventuell tunnel, og korleis ulike fartøytypar vil handtere desse vêrforholda. Kystverket er bedt om å vurdere dette nærare. Når dette er utgreidd, vil Holte Consulting og Econ Pöyry kunne ferdigstille rapporten sin. Utgreiinga av prosjektet vil framleis vere i rute med omsyn til tidsplanen som er skissert i Nasjonal transportplan.

Til forsida