Prop. 25 L (2009-2010)

Endringar i lov om Statens pensjonsfond

Til innhaldsliste

3 Merknader til lovframlegget

Til § 2

Som det går fram foran føreslår departementet at dei to delane av Statens pensjonsfond skal omtalast «Statens pensjonsfond utland» og «Statens pensjonsfond Noreg», og at SPU og SPN brukast som offisielle forkortingar på dei to delane av fondet. Lovendringane som føreslås i denne proposisjonen er ei teknisk gjennomføring av dette forslaget.

I dag heiter det at midlane i fondet skal «anbringes» på konto i Noregs Bank og som innskott i Folketrygdfondet. Departementet føreslår å erstatte det noko gammalmodige «anbringes» med det meir moderne og meir forståelege «plasseres» utan at nokon endring av realitetane er tilsikta her.

Til § 3

Endringane justerer namnebruken i lova frå StatoilHydro ASA til Statoil ASA grunna skifte av namn på føretaket. Det er òg gjort nokre redaksjonelle justeringar for å gjere paragrafen meir lesarvenleg. I femte leddet er definisjonen av netto finanstransaksjonar justert slik at den omfattar høve der SDØE gir lån eller skyter inn eigenkapital i selskap kor SDØE har eigardelar.

Til ikraftsetjingsføresegna

Lovforslaget krev inga særskild tilpassing. Departementet foreslår difor at lova skal setjast i kraft straks.

Til forsida