Prop. 26 L (2010–2011)

Endringar i mineralloven (innkrevjing av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr)

Til innhaldsliste

5 Merknader til de enkelte føresegnene

Til § 66 nytt femte ledd

Føresegna slår fast at når SI er pålagt ansvaret for å krevje inn tvangsmulkt som nemnd i mineralloven § 66, så har SI ei avgrensa særnamsmyndigheit på same måte som SI har etter ei rekkje føresegner av same art i lovverket elles. Ordlyden er utforma i tråd med korleis slike føresegner elles i lovverket lyder.

Til § 67 nytt fjerde ledd

Føresegna gir SI ei avgrensa særnamsmyndigheit ved innkrevjing av lovbrotsgebyr som er pålagt etter mineralloven § 67, tilsvarande det som gjeld for innkrevjing av tvangsmulkt.