Prop. 32 S (2011–2012)

Endringar i statsbudsjettet for 2011 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

Kap. 1313 Luftfartstilsynet

Post 01 Driftsutgifter

Frå 1. september 2011 blir flymedisinske undersøkingar fakturerte direkte frå Flymedisinsk Institutt som utfører tenesta, til brukarane, og ikkje via Luftfartstilsynet som tidlegare. For 2011 fører det til reduserte utgifter og inntekter på 1,84 mill. kr. I budsjettet for 2012 er det teke høgd for endringa i faktureringsrutinane, jf. Prop. 1 S (2011-2012). Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1313, post 01 Driftsutgifter, med 1,84 mill. kr.

Kap. 4313 Luftfartstilsynet

Post 01 Gebyrinntekter

Som følgje av endra faktureringsrutinar blir utgiftene og inntektene i 2011 reduserte med 1,84 mill. kr, jf. omtalen under kap. 1313, post 01 Driftsutgifter.

Vidare ventar Luftfartstilsynet at gebyrinntektene i 2011 blir 4,86 mill. kr lågare enn i saldert budsjett. Dette heng saman med at gebyrsatsane er blitt sette for lågt i høve til dei budsjetterte inntektene. Dei reduserte inntektene vil ikkje påverke kostnadene for tilsynsverksemda.

Departementet foreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga på kap. 4313, post 01 Gebyrinntekter, med i alt 6,7 mill. kr.