Prop. 33 S (2011–2012)

Fullmakt til å ta opp statslån o.a.

Til innhaldsliste

3 Sentrale utviklingstrekk i marknaden

Dei finansielle marknadene er framleis prega av uro. Risikopåslaga for mange europeiske statar, bankar og føretak har auka mykje det siste året. Målt ved ulike indeksar er dei gjennomsnittlege risikopåslaga for statar og bankar i eurosona no høgare enn i 2009. Påslaga for norske låntakarar har også auka monaleg sidan sommaren i 2011, samstundes som etterspurnaden etter norske statspapir har auka. Dei norske statsrentene er særs låge, og ligg stort sett under sentralbankrenta. Dette kan tyde på at kjøparane av norske statspapir ofte ser på dei som ei trygg hamn, og er difor mindre opptekne av renta enn dei vanlegvis er. Det er og mogleg at kjøparane nyttar papira til valutaspekulasjon, og ventar høg avkastning fordi dei trur norske kroner skal auke i verdi mot andre valutaer. Styringsrentene i Storbritannia og USA har vore uendra sidan våren 2009 og vinteren 2008, høvesvis, mens styringsrentene i eurosona er endra tre gonger det siste året. Etter å ha blitt heva to gonger, blei styringsrenta i euroområdet redusert i byrjinga av november 2011. I Noreg har Noregs Bank sett opp renta ein gong, og då til 2,25 pst.