Prop. 35 S (2010–2011)

Endringar i statsbudsjettet for 2010 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

3 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda og SDØE

I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytt til petroleumsverksemda og SDØE, jf. Prop. 1 S og Innst. 9 S (2010-2011).

Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av fullmakter i 2010.

3.1 Fullmakt XII – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Fullmakt for forenkla handsaming frå styresmaktene si side har blitt nytta ved fire høve i 2010:

Trym

Departementet mottok 20. oktober 2008 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Trym. Trym blir bygd ut med ein installasjon på havbotnen og knytta til Harald-plattformen på dansk sokkel. Her vil brønnstraumen bli prosessert for vidare eksport. Produksjonen er planlagt å ta til i november 2010. Rettshavarane i Trym er DONG E&P Norge AS (operatør) og Bayerngas Norge AS med 50 pst. kvar.

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 2,6 mrd. 2010-kroner.

Plan for utbygging og drift for Trym vart vedteke ved kongeleg resolusjon 26. mars 2010.

Marulk

Departementet mottok 19. april 2010 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Marulk. Det er planlagt å bygge ut Marulk som ei undervassutbygging med ei fire slissers brønnramme på havbotnen med to brønnar. Brønnstraumen vil gå via ein røyrleidning til Norneskipet for prosessering. Produksjonen er planlagt å ta til i april 2012. Rettshavarane i Marulk er ENI Norge AS (operatør - 20 pst.), Statoil Petroleum AS (50 pst.) og DONG E&P Norge AS (30 pst.).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 4 mrd. 2010-kroner.

Plan for utbygging og drift for Marulk vart vedteke ved kongeleg resolusjon 25. juni 2010.

Gaupe

Departementet mottok 6. mai 2010 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Gaupe. Gaupe er i all hovudsak eit gassfelt med planlagt produksjon frå to brønnar. Produksjonen vil gå i røyrleidning til Armadaplattformen på britisk sokkel. Tilknyttingsløysinga for Gaupe vert dekka av dei norsk/britiske avtalane for grenseoverskridande prosjekt.

Produksjonen er planlagt å ta til i fjerde kvartal 2011. Rettshavarane i Gaupe er BG Norge AS (operatør - 60 pst.) og Lundin Norway AS (40 pst.).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 2,7 mrd. 2010-kroner.

Plan for utbygging og drift for Gaupe vart vedteke ved kongeleg resolusjon 25. juni 2010.

Islay

Departementet mottok 3. juni 2010 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Islay. Rettshavarane for utbygginga er Total E&P UK Ltd. (operatør - 94,49 pst.) og Total E&P Norge AS (5,51 pst.). Tilknyttingsløysinga for Islay blir dekka av dei norsk/britiske avtalene for grenseoverskridande prosjekt. Produksjonen er planlagt å ta til i slutten av 2011.

Dei totale investeringane er i utbyggingsplanen rekna til 1,07 mrd. 2010-kroner, der den norske delen av dette utgjer om lag 56 mill. kroner.

Utbyggingsplanen for Islay vart vedteke av Olje- og energidepartementet den 25. juni 2010.

3.2 Fullmakt XIV – Overføring av eigardelar i utvinningsløyve

Fullmakt knytt til overføring av eigardelar i utvinningsløyve vart nytta ved eit høve i 2010:

Islay

Olje- og energidepartementet godkjente 25. mai 2010 overføring av 30 pst. i utvinningsløyve 043CS og utvinningsløyve 043DS frå SDØE til Total E&P Norge AS. Utvinningsløyva utgjer den norske delen av Islayfeltet. Islay er eit lite felt der størsteparten av ressursane ligg på britisk sokkel (94,49 pst.). Feltet vil bli bygd ut som ein undervassutbygging tilknytta Alwyn North på britisk sokkel. Ved å overdra SDØE sine delar i utvinningsløyva til Total vil SDØE ikkje vere med på utbygginga av feltet. Staten mottok 4,6 mill. kroner for overføring av eigardelane i utvinningsløyvene.

3.3 Fullmakt XV – Overføring og samordning av eigardelar i utvinningsløyve

Fullmakt knytt til overdraging og samordning av eigardelar i utvinningsløyve vart nytta ved eit høve i 2010:

Hasselmus

Hasselmusfunnet ligg i utvinningsløyve 093 og utvinningsløyve 158. I følgje petroleumsloven § 47 skal rettshavarane, dersom ein petroleumsforekomst strekkjer seg over fleire blokker som ikkje har same rettshavarar, bli samde om den mest rasjonelle samordninga av verksemda knytt til førekomsten og om fordelinga mellom utvinningsløyva. Rettshavarane vurderte ulike samordningsmodellar. Ei utjamning av eigardelane blei vurdert å vere den beste løysinga. For SDØE innebar den forenkla samordninga kjøp av 47,88 pst. del av utvinningsløyve 158, til kr 50 000, som svara til SDØE sin eigardel i utvinningsløyve 093. Olje- og energidepartementet godkjende 4. desember 2009 at eigardelen til SDØE inngjekk i ei slik forenkla samordning av utvinningsløyva 093 og 158.

3.4 Fullmakt XVI – Overføring av delar i røyrleidningar til Gassled

Olje- og energidepartementet godkjente 25. mai 2010 overføring av Gjøa gassrøyrleidning til Gassled. Med verknad frå 1. juni 2010 er Gjøa gassrøyrleidning innlemma i Gassled. Statens del i Gassled er justert for å reflektere denne overføringa. Statens eigardel i Gassled er 38,435 pst. per 1. juni 2010.