Prop. 36 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet 2012 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

7 Programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar

Kap. 4370 Posttenester

Post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester

I 2011 blei det løyvd 345 mill. kr på kap. 1370 Posttenester, post 70 Kjøp av post- og banktenester. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med dette viser eit faktisk behov i 2011 på 187 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. Dette er 158 mill. kr mindre enn løyvinga for 2011.

Hovudårsaka til at behovet blei mindre i 2011 er at einerettsoverskotet er rekna til 551 mill. kr, medan det var budsjettert med eit einerettsoverskot på 170 mill. kr. Vidare er dei endelege meirutgiftene rekna til 738 mill. kr, mot budsjetterte meirutgifter på 515 mill. kr. Departementet legg opp til at Posten Norge AS i 2012 betaler tilbake 158 mill. kr. Som for tidlegare tilbakebetalingar legg departementet opp til at Posten betaler renter for det selskapet har fått utbetalt for mykje. Det utgjer 6,8 mill. kr. Dette inneber at Posten i 2012 skal betale tilbake i alt 164,8 mill. kr som følgje av overkompensasjon ved statleg kjøp av post- og banktenester i 2011.

Departementet foreslår å løyve 164,8 mill. kr på eit nytt kap. 4370 Posttenester, post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester.

Kap. 4380 Post- og teletilsynet

Post 01 Diverse gebyr

I samband med lønnsoppgjeret for 2012 blei Post- og teletilsynet tildelt 2,43 mill. kr over kap, 1380, post 01 Driftsutgifter. Etaten er sjølvfinansierande. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 4380 Post- og teletilsynet, post 01 Diverse gebyr, med 2,43 mill. kr.