Prop. 37 S (2010–2011)

Endringar i statsbudsjettet for 2010 under Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag til løyvingar

2 Forslag til løyvingar

Programområde 02 Utanriksforvaltning

Kap. 100 Utanriksdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Det er etablert ei stilling som næringslivsutsending ved generalkonsulatet i Murmansk for styrking av det norsk-russiske næringssamarbeidet i nord, jf. omtale i St. prp. nr. 59 (2007-2008). I samband med dette blir det foreslått omdisponert 1 mill. kroner frå kap. 118, post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland til kap. 100, post 01 Driftsutgifter.

Løyvinga blir foreslått auka med 1 mill. kroner.

Kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet

Post 01 Driftsutgifter

Utgiftene til kongefamilien sine reiser til utlandet i 2010 blir noko mindre enn tidlegare budsjettert.

Løyvinga blir foreslått redusert med 1 mill. kroner.

Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Reviderte overslag over norske utgifter til kontingentar i internasjonale organisasjonar i 2010 viser eit netto meirbehov på 8 mill. kroner.

Endringane er i hovudsak knytta til FNs fredsoperasjonar. Den norske kontingenten til FNs fredsoperasjonar i 2010 aukar med 101 mill. kroner (m.a. Darfur og Haiti) i høve til tidlegare overslag, jf. Prop. 1 S (2009-2010). Dette har samanheng med at lengda for mandatet varierer for den enkelte operasjon, basert på ei vurdering frå Tryggingsrådet si side. Kravet til innbetaling er dermed ikkje samstemt med det norske budsjettåret med omsyn til når kravet kjem og kva periode kravet gjeld for. Årsaka til meirforbruket har samanheng med Haiti-operasjonen etter jordskjelvet i januar i år og operasjonen i Sudan i samband med avviklinga av valet i april.

Dette meirbehovet blir i hovudsak dekka opp av eit mindrebehov til diverse FN-organisasjonar, NATO, Nordisk ministerråd, OECD og EFTA, i hovudsak grunna endra valutakursar.

Løyvinga på posten blir dermed foreslått auka med netto 8 mill. kroner.

Kap. 118 Nordområdetiltak m.m.

Post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland, kan overførast

Det blir foreslått omdisponert 1 mill. kroner frå denne posten til finansiering av stilling som næringsutsending ved generalkonsulatet i Murmansk, jf. omtale under kap. 100, post 01 ovanfor.

Løyvinga blir foreslått redusert med 1 mill. kroner.

2 Forslag til løyvingar

Programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp

Det er funne rom for å omfordele 230,5 mill. kroner under budsjettet for utviklingshjelp, på bakgrunn av mindreutgifter til flyktningtiltak i Noreg (kap. 167) og justeringar under andre postar på budsjettet for utviklingshjelp, jf omtale nedanfor.

Kap. 144 Fredskorpset

Post 01 Driftsutgifter

Utgiftene i 2010 blir noko mindre enn tidlegare budsjettert.

Løyvinga blir foreslått redusert med 4,1 mill. kroner.

Kap. 150 Hjelp til Afrika

Post 78 Regionløyving for Afrika, kan overførast

Løyvinga blir foreslått auka for å kunne oppskalere satsinga på tiltak for klimatilpassing og rein energi i Afrika. I tillegg vil noko av midlane gå til utdanningstiltak. Auken vil såleis vera i samsvar med satsinga som også er foreslått i budsjettet for 2011.

Løyvinga på posten blir foreslått auka med 75 mill. kroner.

Kap. 160 Sivilt samfunn og demokratiutvikling

Post 72 Demokratistøtte/parti, kan overførast

Etter avviklinga av Norsk senter for demokratistøtte og etablering av ny ordning i år, underlagt Norad, er partia forseinka med å utarbeide nye prosjektforslag. Disponibel løyving på posten i 2010 utgjer 12,865 mill. kroner, inkl. overført beløp frå 2009.

Løyvinga blir foreslått redusert med 7,0 mill. kroner.

Post 75 Internasjonale organisasjonar og nettverk, kan overførast

6 mill. kroner avsett på denne posten til samarbeid med Clinton Foundation blir foreslått omfordelt til kap. 170, post 76 til hiv og aidstitak gjennom ILO, jf. omtale under kap. 170, post 76 nedanfor.

Mindreforbruket er knytta til samarbeid med Clinton Foundation om hiv-forebygging.

Løyvinga blir foreslått redusert med 6,0 mill. kroner.

Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

Post 70 Naturkatastrofar, kan overførast

Løyvinga på posten blir foreslått auka med 90,23 mill. kroner for hjelp til naudlidande etter naturkatastrofar.

I år er det særleg hjelp til naudlidande etter jordskjelvet i Haiti, flaumen i Pakistan og turke i Vest-Afrika som er prioritert.

Den omfattande humanitære innsatsen etter jordskjelvet i Haiti, flaumen i Pakistan og turken i Vest-Afrika har krevd store ressursar både i Noreg og internasjonalt. Det blir normalt sett av ein reserve frå denne posten til uforutsette kriser gjennom året. På grunn av dei mange krisene i 2010 er denne reserven brukt opp. Erfaringsmessig vil det oppstå nye kriser både i Afrika, i Asia og Latin-Amerika i løpet av året. Det er dessutan behov for å bygge opp att den internasjonale responskapasiteten.

Post 71 Humanitær hjelp, kan overførast

Løyvinga på posten blir foreslått auka med 59,24 mill. kroner.

Også under denne posten er hjelp etter jordskjelvet i Haiti og flaumen i Pakistan prioritert i 2010. Den omfattande humanitære innsatsen etter jordskjelvet i Haiti og den norske innsatsen etter flaumen i Pakistan seinast i sommar har lagt beslag på store ressursar også over denne posten. Det er i utgangspunktet store utfordringar på dette området, og det gjenstår no liten fleksibilitet til å møte akutte kriser gjennom året.

Kap. 166 Miljø og bærekraftig utvikling m.m.

Post 70 Ymse tilskudd, kan overførast

Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 5,9 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 03. Det blir vist til Prop. 1 S (2009–2010) om bruk av midlene på denne posten.

Post 71 Internasjonale prosessar og konvensjonar m.m., kan overførast

Det er mindre behov for midlar til internasjonale konferansar enn tidlegare budsjettert.

Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 10 mill. kroner.

Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Dei ODA-godkjende utgiftene til flyktningtiltak i Noreg har minka i 2010.

Dette er omtalt under respektive proposisjonar under Justisdepartementet (kap./post 3490/01, 3490/03 og 3490/04), Kunnskapsdepartementet (kap./post 3225/04) og Barne og likestillingsdepartementet (kap./post 3821/01, 3822/01, 3854/04 og 3856/04).

Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 197,47 mill. kroner.

Kap. 170 FN- organisasjonar m.m.

Post 76 Tilleggsmidlar via FN-systemet m.m., kan overførast

Posten blir foreslått auka med 6 mill. kroner til tiltak mot hiv og aids i regi av ILO, jf omtale under post 160, post 75 ovanfor.

Til forsida