Prop. 44 S (2009–2010)

Om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringar i statsbudsjettet for 2009

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Utgifter knytte til rettssak mot Statoil ASA

I samband med utbygginga av Åsgard blei det i perioden 1996-2001 gjort ein del tilleggsinvesteringar på Kårstø-anlegga. Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) hadde den gongen ein eigardel på 46,95 pst. i Åsgard Unit.

Saga, Agip, Fortum og Total kravde i 1999 som rettshavarar i Åsgard Unit ei erstatning frå Statoil som operatør for bygging av eit meir omfattande anlegg på Kårstø enn avtalt og for at rettshavarane i Åsgard Unit måtte dekkje desse meirinvesteringane som ikkje ville kome Åsgard Unit til nytte. Det vart bestemt at usemja mellom partane skulle løysast ved skilsdom. Staten bestemte som eigar av SDØE å ikkje delta som part i saka. Statoil gav i staden ei fråsegn som skulle sikre staten lik behandling som dei nemnte selskapa.

Sakene til Agip og Fortum vart løyst i 2002, og Total i 2004, utan at staten meiner å ha fått lik behandling. På vegne av staten har Petoro AS, og seinare Olje- og energidepartementet, vore i dialog med Statoil for å kome fram til ei løysing i saka. Det har til no ikkje lukkast. Staten gjekk 29. april 2008 til søksmål mot StatoilHydro ASA med krav om oppgjer etter fråsegna. Rettssaka tok til 19. oktober 2009 i Stavanger tingrett og er venta å vare i fem veker.

Utgiftene for staten til juridisk bistand og eksterne rådgivarar i samband med denne saka er rekna til totalt om lag 15 mill. kroner i 2009. Blant anna har ein ekstern konsulent gjennomført verdivurderingar av relevante felt på norsk kontinentalsokkel og økonomiske analysar og vurderingar i samband med statens krav.

Delar av utgiftene blir dekte innafor gjeldande løyving, men det blir foreslått å auke løyvinga under kap. 1800, post 21 Spesielle driftsutgifter med 3 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 42,1 mill. kroner.

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner knytt til behandling og oppfølging av søknader om utvinningsløyve. Utgiftsauken er motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 01 Gebyr­inntekter. Endringa har samanheng med at OD har fått meir arbeid i samband med behandling av søknadene knytte til TFO 2009 (Tildeling i førehands­definerte område), inkludert behov for ekstern støtte.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 211,7 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det blir foreslått å auke løyvinga knytt til Oljedirektoratets oppdrags- og samarbeids­verksemd med 27,3 mill. kroner. Endringa har hovudsakeleg samanheng med høgare aktivitetsnivå enn tidlegare budsjettert, knytt til Norad og Diskos. Utgiftsauken er motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeids­verksemd. Det er uvisse knytt til budsjetteringa av oppdrags- og samarbeids­verksemda.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 299,9 mill. kroner.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energi­direktorat

Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 60

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner. Endringa har samanheng med at NVE gir enkelte tilsegner som nettotilskot til mottakar av midlar til skredførebygging, for at dei skal utføre arbeidet i staden for at NVE utfører dette i eiga regi. Reduksjon av løyvinga er motsvara av ein auke i løyvinga under kap. 1820, post 60 på 1,2 mill. kroner og ein reduksjon av løyvinga under kap. 4820, post 40 på 0,3 mill. kroner knytt til budsjettert distriktsbidrag som fell bort når tilsegn er gitt som nettotilskot.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 152,3 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 22

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner. Endringa har samanheng med at NVE gir enkelte tilsegner som nettotilskot til mottakar av midlar til skredførebygging, for at dei skal utføre arbeidet i staden for at NVE utfører dette i eiga regi, jf. kap. 1820, post 22. Tilskot av denne typen blir ført som ei nettoløyving under post 60 i høve til post 22 der løyvinga blir ført brutto og distrikts­bidraget blir inntektsført under kap. 4820, post 40.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 29,2 mill. kroner.

Kap. 1825 Omlegging av energibruk og energiproduksjon

Post 50 Overføring til Energifondet

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner. Endringa har samanheng med tilsvarande auke i avkastninga frå Grunnfondet, jf. kap. 4825, post 85.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 1 782,2 mill. kroner.

Kap. 1833 CO2 -handtering

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

CO2 -handtering på Kårstø

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga knytt til arbeidet med CO2 -handtering på Kårstø med 140 mill. kroner. Endringa skuldast avgjerda om å stanse prosessen for bygging av eit fullskala CO2 -fangstanlegg på Kårstø til ein har eit klarare bilete av driftsmønsteret ved gasskraftverket. Gassnova og Gassco er bedne om å greie ut potensialet for ei utnytting av samlokaliseringa mellom gasskraftverket og gassprosesseringsanlegget på Kårstø, jf. St.prp. nr. 67 (2008-2009).

Transport og lagring av CO2 frå Kårstø og Mongstad

Gassnova arbeider med å planleggje og førebu løysingar for transport og lagring av CO2 frå dei planlagde prosjekta. Det er til no laga ei utgreiing om tre ulike alternativ for undersjøisk geologisk lagring av CO2 frå fangst­anlegga, høvesvis injeksjon via havbotnbrønnar i Utsira-formasjonen, injeksjon via plattformbrønn frå Sleipner A i Utsira-formasjonen og injeksjon via havbotnbrønnar i Johansen-formasjonen.

Det er usikkert kva som vil vere den best egna lagrinsstaden. Gassnovas arbeid med å greie ut moglege lagringsstader held fram med sikte på å kunne leggje fram eit godt investeringsgrunnlag for sikker lagring av CO2 .

Teknologisenteret for CO2 -handtering på Mongstad

Rekneskapen for prosjektet frå Statoil viser samla planleggings­utgifter for teknologisenteret for CO2 -handtering på Mongstad (TCM) på 238,46 mill. ­kroner eksklusiv mva. Statens del av dei samla kostnadene kjem på om lag 120,5 mill. kroner inkludert mva. I høve til løyvingar i tidlegare år gjenstår det om lag 37 mill. kroner som ikkje er brukt. Desse midlane blir foreslått omdisponerte til planlegginga av fullskala CO2 -handtering på Mongstad.

Fullskala CO2 -handtering på Mongstad – Mongstad Steg 2

Miljøverndepartementets utsleppsløyve av oktober 2006 og gjennomføringsavtala mellom staten og Statoil om handtering av CO2 på Mongstad («gjennomføringsavtala») dannar utgangspunkt for bygging av eit fullskala anlegg for CO2 -handtering på Mongstad (Mongstad Steg 2).

I tida etter at staten og Statoil inngjekk avtale om CO2 -handtering på Mongstad i 2006, har Statoil, Olje- og energidepartementet og Miljøvern­departementet samarbeidd fortløpande om ulike forhold knytte til fullskala CO2 -fangst på Mongstad. Av gjennomføringsavtala frå 2006 følgjer det at rammeverket om samarbeidet mellom staten og Statoil skal utfyllast og konkretiserast gjennom ei meir detaljert Steg 2-avtale for det vidare arbeidet med fullskalaanlegget på Mongstad. Statoil og Gassnova arbeider no med juridiske, finansielle og organisatoriske spørsmål. Prosjektet er komplisert og krev nye løysingar på mange område. Departementet vil kome nærare tilbake til resultata av det pågåande arbeidet med planlegging og førebuing.

For å sikre framdrifta i prosjektet har Olje- og energidepartementet og Statoil blitt samde om ei ordning for arbeidet fram til april 2010, slik at det tekniske prosjektarbeidet for Mongstad Steg 2 held fram.

Det blir foreslått å redusere løyvinga knytt til arbeidet med CO2 -handtering på Mongstad med 320 mill. kroner. Hovudårsak til endringa er utsette aktivitetar i 2009.

Oppsummering

På bakgrunn av dei nemnde forholda blir løyvinga under kap. 1833 CO2 - handtering, post 21 Spesielle driftsutgifter foreslått redusert med 460 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 305 mill. kroner. Totalt disponibelt budsjett under posten inkludert overførte midlar frå 2008 utgjer om lag 600 mill. kroner for 2009.

Post 30 Investeringar, kan overførast

Det blir foreslått å redusere løyvinga under posten med 1 882 mill. kroner. Endringa har samanheng med at anslaget for investeringar i teknologi­senteret for CO2 -handtering på Mongstad (TCM) for 2009 er redusert med 982 mill. kroner. Reduksjonen i anslaget kjem i hovudsak av tidsforskyving av utgifter. Dei resterande 900 mill. kroner blir foreslått overført til ny post 72 Utlån, TCM DA som følgje av at ein legg opp til å endre modellen for finansiering av TCM, jf. omtale under kap. 1833, post 72.

Nytt forslag til løyving blir etter dette null kroner.

Post 50 Overføring til Fond for CLIMIT

Det blir foreslått å auke løyvinga til Fond for CLIMIT med 0,2 mill. kroner. Endringa har samanheng med tilsvarande auke i avkastninga frå Fond for miljøvennleg gassteknologi, jf. kap. 4833, post 85.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 92 mill. kroner.

Post 72 Utlån, TCM DA, kan overførast

Partane i teknologisenteret for CO2 -handtering på Mongstad (TCM), staten, Statoil ASA og AS Norske Shell, inngjekk ei deltakaravtale og fatta avgjerd om investering i teknologisenteret våren 2009. Samtidig vart ei selskaps­avtale for teknologisenteret på Mongstad inngått – European Technology Centre Mongstad DA (TCM DA), jf. St.prp. nr. 38 (2008-2009). Som det går fram av selskapsavtala eig staten 77,56 pst. av selskapet, mens Statoil eig 20 pst. og Shell 2,44 pst. Aktivitetane i teknologiselskapet - TCM DA - blir regulert gjennom deltakaravtala, som regulerer relevante forhold knytte til utbygging og drift av teknologisenteret. TCM DA vil ikkje ha eigne tilsette, men innleigd personell frå partnarane og eventuelt frå andre verksemder. Formålet med teknologiselskapet vil vere å utvikle og teste konsept og teknologiar for CO2 -fangst med potensial for å redusere risiko og kostnader av fullskala fangst. Ein viser til omtale i Prop. 1 S (2009-2010), kap. 1833, post 21.

Alle utgifter (investeringar og drift) knytte til TCM DA under etablering og i oppbygging av anlegget blir dekte av eigarane, og finansieringa blir behandla som eit utlån til TCM DA i investeringsfasen som skal betalast tilbake til eigarane i driftsfasen. TCM DA vil inngå individuelle låneavtaler med sine respektive eigarar for å finansiere bygginga av anlegget og etableringa av selskapet. Låneavtalene vil regulere rente- og tilbakebetalinga. Lånet er tenkt nedbetalt over ein driftsperiode på fem år. TCM DA vil stå som eigar av anlegget under byggje- og driftsfasen. TCM DA si finansiering/opplåning vil skje via kontantinnkallingar frå eigarane gjennom investeringsfasen. Kontantinnkallingane frå eigarane blir behandla som gjeld i TCM DA sin balanse og som utlån/fordring hos eigarane. Meirverdiavgift blir fakturert brukarane først når anlegget står ferdig og kjem i drift, det vil seie når TCM DA startar opp med å levere tenester.

Det blir foreslått at utlån til TCM DA blir budsjettert «over streken» og blir utgiftsført i statsbudsjettet i dei åra der TCM DA investerer i anlegget. På den måten vil lån til TCM DA inngå i prioriteringane innanfor statsbudsjettet si samla ramme. Framtidige avdrag på utlåna blir inntektsførde tilsvarande «over streken», men utlåna vil gå fram av statens kapitalrekneskap. Dei nemnde forholda påverkar òg forslaget til løyving for 2010, som må endrast. Olje- og energidepartementet vil kome tilbake til Stortinget med eit endra forslag til løyving for 2010 knytt til dette.

Deltakarane/brukarane vil inngå avtale med TCM DA som regulerer betaling for dei tenestene og forskingsresultata TCM DA leverer. Betalinga vil dekkje bruken av kapasiteten til anlegget og fortløpande driftsutgifter knytte til aktiviteten ved selskapet/anlegget. Betaling vil såleis òg dekkje nedbetaling og kapitalkostnader ved utlånet frå eigarane.

Formålet med valt modell er å synleggjere forretningsforholda mellom eigarane, brukarane og TCM DA. Selskap som inngår avtale om forsking med TCM DA kan vere andre aktørar innanfor same konsern enn dei som er eigarar av selskapet. Når det gjeld statens deltaking vil det vere Olje- og energidepartementet som yter lån og Gassnova SF som er ansvarleg for statlege kjøp av tenestene. Det kan i tillegg bli aktuelt å selje tenester til andre aktørar som ønskjer å bruke TCM DA sine tenester eller som kjem med i samarbeidet på eit seinare tidspunkt. Desse aktørane vil gjennom betaling for kapasitet og fortløpande driftsutgifter òg vere med på å dekkje investeringa i anlegget, dvs. betening av opp­låninga frå eigarane og kapitalkostnadene.

Det blir foreslått ei løyving på 900 mill. kroner for 2009 under ny post 72 Utlån, TCM DA, kan overførast, for å dekkje statens del av budsjettet for investeringar og drift for TCM DA, blant anna ­forskot på tomteleige og andre utgifter knytte til etablering og oppbygging av selskapet.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleums­verksemda

Forslag til nye løyvingar byggjer på ein oppdatert prognose for 2009 frå Petoro AS. Prognosen frå Petoro er basert på rekneskapsføring per 30. september 2009 og overslag for resten av året. Det er blant anna stor uvisse knytt til utviklinga i olje- og gassprisane.

Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringar er samla redusert med 1 900 mill. kroner, frå 25 900 til 24 000 mill. kroner, hovudsakleg på grunn av utsette aktivitetar på fleire felt. Blant anna er utskifting av lastebøye på Draugen og nytt bustadkvarter på Ekofisk utsette til etter 2009. I tillegg vil ei rekkje mindre utbyggingsprosjekt bli utsette. Færre modifikasjonar og utbyggingsinve­steringar blir delvis motverka av noko auka kost­nader til produksjonsboring.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 6 400 mill. kroner, frå 148 800 til 155 200 mill. kroner. Endringa skuldast at venta olje- og gasspris er høgare enn det som vart lagt til grunn i revidert budsjett for 2009. Auka prisoverslag blir delvis motverka av lågare overslag for volum. Det er òg lagt til grunn høgare inntekter frå gass som blir kjøpt for vidaresal.

Det er no lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 378 per fat for 2009. I revidert budsjett 2009 blei det lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 350 per fat.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er redusert med 500 mill. kroner, frå 37 400 til 36 900 mill. kroner. Endringa skuldast utsette aktivitetar og lågare kostnader ved kjøp av gass til bruk for injeksjon på Grane.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er redusert med 400 mill. kroner, frå 3 000 til 2 600 mill. kroner. Lågare overslag skuldast i hovudsak lågare leiteaktivitet enn venta innanfor planar som ikkje var vedtekne på tidspunktet for revidert budsjett.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 Avskrivingar er redusert med 1 200 mill. kroner, frå 17 500 til 16 300 mill. kroner. Dette skuldast reduserte investeringsanslag og redusert sals­volum.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 Renter av statens kapital er redusert med 200 mill. kroner, frå 6 700 til 6 500 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg oppdatering av overslag for statens faste kapital. Overslaget for kalkulatorisk rente for 2009 er basert på ein rentesats på 4,69 pst.

Endringane nemnde ovanfor fører til at kap. 5440, post 24 Driftsresultat aukar netto med 8 700 mill. kroner, frå 84 200 til 92 900 mill. kroner.

Kap. 5440, post 50 Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond er budsjettert til 30 mill. kroner i faktiske utbetalingar i 2009 knytt til skadar og bortfall av inntekt på grunn av stopp i drifta på nokre felt.

Tabell 2.1 Endringar på statsbudsjettet 2009 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (i mill. kroner)

Kap./post UnderpostNemningGjeldande løyving1Forslag til ny løyvingEndring
244030Investeringar25 90024 000 -1 900
50Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond1 1221 1220
Sum kap. 244027 02225 122 -1 900
544024.1Driftsinntekter148 800155 2006 400
24.2Driftsutgifter-37 400-36 900500
24.3Leite- og feltutviklingsutgifter-3 000-2 600400
24.4Avskrivingar-17 500-16 3001 200
24.5Renter av statens kapital-6 700-6 500200
24Driftsresultat84 20092 9008 700
30Avskrivingar17 50016 300-1 200
50 (ny)Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond03030
80Renter av statens kapital6 7006 500-200
Sum kap. 5440108 400115 7307 330
Kontantstraum frå SDØE:
Innbetalingar2148 800155 2306 430
Utbetalingar367 42264 622-2 800
Nettokontantstraum frå SDØE81 37890 6089 230

1 Gjeldande løyving for 2009 er basert på Stortingets løyvingsvedtak av 8. desember 2008 og seinare endringar i 2009 (revidert budsjett), jf. St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 355 (2008–2009).

2 Innbetalingar = driftsinntekter + overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond.

3 Utbetalingar = driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader + investeringar + overføring til Statens petroleumsforsikringsfond.

Desse endringane medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE blir auka med 9 230 mill. kroner i høve til gjeldande løyving, frå 81 378 til 90 608 mill. kroner.

Kap. 2490 NVE Anlegg

Post 24 Driftsresultat

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.1 Driftsinntekter blir foreslått auka med 8 mill. kroner, frå 53 til 61 mill. kroner. Driftsinntektene er venta å bli høgare enn det ein tidlegare rekna med på grunn av høgare produksjon. Den høge produksjonen kjem i hovudsak frå eksterne prosjekt og auka arbeids­mengde i Region Sør.

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.2 Driftsutgifter blir foreslått auka med 8,5 mill. kroner, frå 46,2 til 54,7 mill. kroner. Endringa har samanheng med auka materialkostnader og innkjøp av eksterne tenester på grunn av auka produksjon.

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.4 Renter på statens kapital blir foreslått redusert med 0,5 mill. kroner, frå 1,3 til 0,8 mill. kroner. Dette skuldast seinare levering av utstyr enn det ein tidlegare rekna med.

Tabell 2.2 Endringar under kap. 2490 NVE Anlegg (i 1 000 kr)

Kap./post/ underpostNemningGjeldande overslagNytt overslagEndring
249024.1Driftsinntekter-53 000-61 000-8 000
24.2Driftsutgifter46 20054 7008 500
24.3Avskrivingar5 5005 500
24.4Renter av statens kapital1 300800-500
24Driftsresultat000

Ovannemnde endringar i underpostar medfører inga endring i det stipulerte driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490, post 24 i høve til gjeldande løyving for 2009.

Kap. 4800 Olje- og energidepartementet

Post 70 Garantiprovisjon, Gassco

Løyvinga blir foreslått redusert med 0,25 mill. kroner. Endringa har samanheng med at forsikringspremien på Gasscos ordinære ansvars­forsikring for 2009 er venta å bli lågare enn det ein tidlegare rekna med.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 1,4 mill. kroner.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 01 Gebyrinntekter

Løyvinga blir foreslått auka med 1,3 mill. kroner, jf. omtale og tilsvarande auke av løyvinga under kap. 1810, post 21.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 11,4 mill. kroner.

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Løyvinga blir foreslått auka med 27,3 mill. kroner, jf. omtale og tilsvarande auke under kap. 1810, post 21.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 76,2 mill. kroner.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energi­direktorat

Post 40 Flaum- og skredførebygging

Løyvinga blir foreslått redusert med 6,65 mill. kroner. Inntektene er knytte til distriktsbidrag i samband med NVEs arbeid med flaum- og skredføre­bygging. Endringa har samanheng med reduserte anslag og forsinka innbetaling av distriktsbidrag knytte til sikringstiltak

Nytt forslag til løyving blir etter dette 24,6 mill. kroner.

Kap. 4825 Omlegging av energibruk og energiproduksjon

Post 85 Fondsavkastning

Avkastninga frå Grunnfondet er auka med 1,2 mill. kroner i 2009. Endringa har samanheng med at 2008 var eit skotår og derfor gav ein rentedag meir enn normalt.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 432,2 mill. kroner.

Kap. 4833 CO2 -handtering

Post 85 Fondsavkastning

Avkastninga frå Fond for miljøvennleg gassteknologi er auka med 0,2 mill. kroner i 2009. Endringa har samanheng med at 2008 var eit skotår og derfor gav ein rentedag meir enn normalt.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 92 mill. kroner.

Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet

Post 70 Bidrag til kulturminnevern

Løyvinga blir foreslått nedjustert med 0,8 mill. kroner. Justeringa skjer som følgje av at færre revisjons- og fornyingssaker blei behandla ferdig i løpet av 2009 enn det vart rekna med.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 9,1 mill. kroner. Løyvinga er basert på innbetalingar frå revisjonssaka i Vinstravassdraget.