Prop. 49 L (2011–2012)

Endringar i kommunelova m.m. (samkommune mv.)

Til innhaldsliste

Del 3
Økonomiske og administrative konsekvensar, spesialmotiv og lovutkast

13 Økonomiske og administrative konsekvensar

Samkommunemodellen er ein ny lovfesta interkommunal samarbeidsmodell på lik linje med dei andre samarbeidsmodellane i kommunelova. Modellen er eit tilbod som kommunar kan nytte seg av dersom dei finn det formålstenleg. Forslaget inneber ingen pålegg om å endre organisasjonsmodell for eksisterande samarbeidsordningar. Det har derfor ikkje i seg sjølv nokre økonomiske eller administrative konsekvensar for kommunane.

Dei økonomiske og administrative konsekvensane for dei kommunane som vel å bruke den nye organisasjonsmodellen, er vanskelege å berekne. For kommunar – som for alle andre organisasjonar – knyter det seg visse transaksjonskostnader til å endre organisasjonsform. Dei administrative konsekvensane vil vere avhengige av kor omfattande samarbeidsordningar som blir etablerte. Det vil i alle tilfelle vere kostnader til mellom anna å tilsetje administrativ leiar og andre tilsette i samkommunen samt å utarbeide samarbeidsavtalen. Deltakarkommunane heftar også for forpliktingane til samkommunen.

For staten har forslaget til samkommunemodell ingen økonomiske eller administrative konsekvensar.

Behandling av delegeringssreglement og sak om innstillingsrett inneber eit visst administrativt arbeid, men departementet kan ikkje sjå at det vil ha økonomiske og administrative konsekvensar i særleg omfang. Prosessar av denne typen må ein dessutan tru ligg i kjernen av det ein kan vente at kommunestyret som folkevalt organ gjennomfører.

Forslaget om ei alternativ utpeikingsordning fører heller ikkje med seg administrative og økonomiske konsekvensar. Forslaget inneber ingen nye materielle plikter for kommunane, men er berre ein frivillig, alternativ framgangsmåte ved val av kommuneråd.

I den grad forslaga fører med seg auka utgifter for dei enkelte kommunane, må dei dekkjast av det gjeldande budsjettet.

14 Merknader til dei enkelte føresegnene

Merknader til kommunelova

Til § 18 nr. 4:

Føresegna fastset at kommunestyret sjølv bestemmer om danning av kommuneråd skal skje ved val (§ 19) eller utpeiking (§ 19 a). Ein kommune som har bestemt seg for å danne kommuneråd etter § 19 a, kan når som helst bestemme at danning av kommuneråd igjen skal skje etter § 19, og omvendt.

Til § 19 a:

Føresegna heimlar ein alternativ måte å danne kommuneråd på.

Nr. 1 gir ordføraren plikt til å gi ein kommunerådsleiarkandidat i oppdrag å danne nytt kommuneråd. Denne plikta trer inn når den parlamentariske situasjonen tilseier det. Det er såleis ordføraren som må vurdere om det har oppstått ein parlamentarisk situasjon. Døme på kva som kan reknast som ein parlamentarisk situasjon kan vere at kommunerådsleiaren varslar at kommunerådet går av, eller at kommunerådet blir felt ved mistillit eller går på eit avrøystingsnederlag i kommunestyret etter at kommunerådsleiaren har stilt kabinettspørsmål. Det er på vegner av kommunestyret ordføraren skal peike ut ein kandidat. Føresegna slår òg fast at ordføraren skal peike ut den kandidaten han eller ho etter politiske sonderingar trur kan samle størst oppslutning i kommunestyret for kommunerådet sitt.

Nr. 2 fastset at viss eit skifte av kommuneråd er ei følgje av eit kommunestyreval, skal den personen som til kvar tid formelt har ordførarvervet ha oppdraget med å peike ut ein kommunerådsleiarkandidat.

Nr. 3 fastset at den utpeikte leiarkandidaten sjølv set saman kommunerådet sitt og at det nye kommunerådet konstituerer seg sjølv. Det er derfor leiarkandidaten som bestemmer kor mange medlemmer det skal vere i kommunerådet og kven dette skal vere. Når leiaren set saman kommunerådet sitt, er han likevel bunden av reglane i kommunelova om kjønnsbalanse, jf. tilvisinga til § 38 a nr. 3. Nr. 3 fastset vidare at leiaren når som helst kan skifte ut medlemmer av rådet, og bestemme samansetninga av rådet. Det inneber at rådsleiaren kan auke eller redusere talet på kommunerådsmedlemmer også etter at rådet er konstituert.

Nr. 4 fastset at kommunerådet skal sende melding til kommunestyret om samansetninga av rådet straks det har konstituert seg og straks det har skjedd endringar i samansetninga av rådet.

Nr. 5 fastset at funksjonstida til kommunerådet er uavhengig av valperioden for kommunestyret. At det har vore eit kommunestyreval vil derfor i seg sjølv ikkje kunne reknast som ein parlamentarisk situasjon etter nr. 1.

Nr. 6 fastset at ved skifte av kommuneråd blir rådet som fråtrer sitjande inntil eit nytt råd har konstituert seg.

Nr. 7 fastset at eit forslag om at rådet skal fråtre (mistillitsforslag) må setjast fram i kommunestyremøte. Forslaget skal behandlast i neste kommunestyremøte, med mindre to tredelar av dei som er på møtet, krev avrøysting straks. Dersom rådet sjølv ønskjer å fråtre, fastset føresegna at rådet skal gi beskjed om det i kommunestyremøte.

Nr. 8 fastset at ein medlem av rådet fråtrer etter vedtak av kommunestyret. I tillegg til mistillitsforslag mot sjølve rådet etter nr. 7 kan kommunestyret òg reise mistillitsforslag mot enkeltpersonar i rådet. Nr. 8 heimlar òg ein rett for medlemmer av rådet til å fråtre etter eige ønske. Dersom rådsleiaren fråtrer, skal heile rådet fråtre.

Til § 28-1 a:

Dette er berre ei endring av overskrifta til paragrafen, da overskrifta tidlegare var noko misvisande.

Til § 28-1 c nr. 6:

Føresegna fastset at folkevalde organ i vertskommunen ikkje har instruksjons- eller omgjeringsmyndigheit i tilfelle der myndigheita er delegert frå ein samarbeidskommune. Endringa gjer det tydeleg at dei folkevalde organa har instruksjons- og omgjeringsmyndigheit der myndigheita er delegert frå kommunestyret i vertskommunen til den felles folkevalde nemnda. Folkevalde organ i vertskommunen vil ha den same instruksjons- og omgjeringsmyndigheita som folkevalde organ i samarbeidskommunane har etter § 28-1 c nr. 7 og nr. 8.

Til § 28-2 a:

Nr. 1 første punktum gir kommunar eller fylkeskommunar rett til å opprette ein samkommune. Berre kommunar saman, eller berre fylkeskommunar saman, kan delta i ein samkommune. Fylkeskommunar kan ikkje delta i ein samkommune saman med kommunar. Føresegna opnar likevel for samkommunar på tvers av fylkesgrensene. Av andre punktum følgjer det at kommunestyret eller fylkestinget ikkje kan delegere avgjerda om å delta i ein samkommune til andre organ.

Nr. 2 fastset at ein samkommune vil vere eit eige rettssubjekt, åtskilt frå dei enkelte deltakarkommunane. Det vil seie at når samkommunen inngår avtalar med ein tredjeperson, gjer han det som sjølvstendig part. Dei deltakande kommunane blir ikkje sjølve direkte part i avtalen. I prosessar som går for domstolane, vil samkommunen kunne ha partsstilling – dvs. at samkommunen vil kunne vere saksøkjar eller saksøkt, og at ein eventuell dom vil kunne rette seg mot samkommunen. Også overfor andre myndigheiter vil samkommunen kunne ha ei eiga partsstilling, mellom anna vil offentlege vedtak, løyve og liknande kunne rettast mot samkommunen.

Nr. 3 slår fast at ein kommune ikkje kan delta i fleire samkommunar.

Nr. 4 første punktum slår fast at kommunelova også gjeld for samkommunar. Dette gjeld likevel berre dersom ikkje noko anna er fastsett i kapitlet om samkommunen. Desse reglane vil gjelde i tillegg til eller i staden for dei andre reglane i kommunelova. Andre punktum bestemmer vidare at nokre paragrafar i kommunelova ikkje skal gjelde.

Til § 28-2 b:

Nr. 1 opnar for at deltakarkommunane kan overføre alle oppgåver med tilhøyrande avgjerdsmyndigheit til samkommunen, så framt ikkje myndigheita etter lov ligg til kommunestyret eller fylkestinget sjølv eller ei særlov legg kompetansen til eit anna organ (delegeringssperrer). Oppgåvene og myndigheita til samkommunen er avgrensa til det som positivt blir overført frå deltakarkommunane.

På tidspunktet for overføring av oppgåver eller avgjerdsmyndigheit frå deltakarkommunane til samkommunen, kan deltakarkommunane ha forpliktingar som ikkje er oppfylte. Deltakarkommunane vil halde fram med å hefte for desse forpliktingane sjølv om avgjerdsmyndigheit eller oppgåver blir overførte til samkommunen.

Det følgjer av nr. 2 at dei oppgåvene og den myndigheita som blir lagde til samkommunen i samarbeidsavtalen, må vere identiske for alle deltakarane. Samkommunen skal utføre dei same oppgåvene og ha den same avgjerdsmyndigheita på vegner av alle deltakarane. Det skal vidare gå fram av samarbeidsavtalen kva avgjerdsmyndigheit og kva oppgåver som er overførte til samkommunen, jf. § 28-2 e nr. 3 bokstav d.

Til § 28-2 c:

Departementet legg til grunn at både forvaltningslova og offentleglova vil gjelde for samkommunen. Offentleglova inneheld likevel enkelte særreglar for kommunar, jf. særleg § 16. Det at offentleglova gjeld tilsvarande for samkommunar som for kommunar, inneber at også dei særskilde reglane for kommunar i offentleglova vil gjelde for samkommunen. Fylkesmannen er klageinstans for samkommunen sine avgjerder etter offentleglova. For å unngå tvil om tilhøvet til forvaltningslova, er det også teke inn at forvaltningslova gjeld tilsvarande for samkommunar som for kommunar.

Til § 28-2 d:

Tilvisinga til arbeidsmiljølova §§ 16-2 til 16-7 inneber at tilsette som blir ramma av oppretting, uttreding eller oppløysing av ein samkommune, skal ha dei same rettane som arbeidstakarar får i samband med ei overdraging av ei verksemd. Dette gjeld også i tilfelle der det kan vere tvil om opprettinga, uttredinga eller oppløysinga etter arbeidsmiljølova er ei overdraging av verksemd.

Til § 28-2 e:

I nr. 1 går det fram at det skal opprettast ein skriftleg samarbeidsavtale som kommunestyret sjølv skal vedta, dvs. at myndigheita til å vedta samarbeidsavtalen ikkje kan delegerast. Også endringar i samarbeidsavtalen som gjeld forhold som dei som er nemnde i nr. 3, må kommunestyret sjølv vedta. Alle deltakarane må vere einige om eventuelle endringar av desse punkta i samarbeidsavtalen.

Det følgjer av nr. 2 at endringar i avtalen som gjeld andre forhold enn dei som er omtalte i nr. 3, blir gjorde av samkommunestyret. Slike endringar må vedtakast med eit fleirtal på minst to tredelar. Det kan likevel avtalast i samarbeidsavtalen at også slike endringar skal behandlast i kommunestyra til dei enkelte deltakarane. I så fall må alle deltakarane vere einige om det.

Nr. 3 fastset kva for materielt innhald ein samarbeidsavtale om ein samkommune som eit minimum må ha. Men samarbeidsavtalen kan også regulere andre forhold enn dei som er obligatoriske etter lova.

Bokstav a bestemmer at samarbeidsavtalen skal fastsetje kva samkommunen skal heite. Namnet skal innehalde ordet ”samkommune”.

Det følgjer av bokstav b at samarbeidsavtalen skal innehalde ei oversikt over deltakarane i samkommunen. Opptak av nye medlemmer i ein samkommune inneber at samarbeidsavtalen må endrast, noko som krev tilslutning frå kommunestyra i alle deltakarkommunane.

Det skal også stå i samarbeidsavtalen kor mange representantar i samkommunestyret den enkelte deltakarkommunen skal ha.

Bokstav c fastset at samarbeidsavtalen skal innehalde opplysningar om kva adresse samkommunen skal registrerast med i Einingsregisteret. Dette vil mellom anna ha betydning for kva fylkesmannsembete som skal orienterast ved etableringa av ein samkommune, jf. nr. 4, og for kva tilsynsorgan som skal føre tilsyn med samkommunen, jf. § 28-2 r.

Det følgjer av bokstav d at samarbeidsavtalen skal oppgi kva oppgåver og avgjerdsmyndigheit som skal overførast til samkommunen. Samkommunen har ingen oppgåver eller myndigheit direkte etter lova (legalkompetanse). Myndigheita til samkommunen er avhengig av kva oppgåver og kva myndigheit deltakarkommunane positivt overfører til samkommunen i samarbeidsavtalen. Dette inneber at dersom det skal gjerast endringar i dei oppgåvene samkommunen skal utføre for deltakarane, må det gjerast endringar i samarbeidsavtalen.

Bokstav e bestemmer at samarbeidsavtalen skal regulere tidspunkt for overføring av oppgåver og avgjerdsmyndigheit. Dette er spesielt viktig når det gjeld å fastslå når samkommunen formelt tek over ansvaret som rette organ til å treffe vedtak retta mot den enkelte innbyggjaren.

Etter bokstav f skal det gå fram av avtalen dersom deltakarane skal ha plikt til å yte innskot i samkommunen. Dersom det ikkje er teke inn ei slik føresegn i avtalen, er ikkje deltakarkommunane forplikta til å yte innskot.

Det følgjer vidare av føresegna at også plikt til å gi andre ytingar overfor samkommunen skal gå fram av avtalen. Samkommunemodellen er utforma med sikte på forvaltningsverksemd, tenesteyting og myndigheitsutøving, dvs. verksemd som berre i liten grad generer eigne inntekter. Dette inneber at samkommunen er avhengig av økonomisk tilskot frå dei kommunane som deltek i samarbeidet. I praksis vil det derfor vere nødvendig at det blir avtalt ei plikt for deltakarane til å yte tilskot til samkommunen.

Det følgjer av bokstav g at eigardelen i samkommunen skal vere oppgitt for dei enkelte deltakarane. Eigardelen skal vere oppgitt ved ein brøk eller i prosent. Eigarskapen til samkommuneformuen ligg i eit nettosameige mellom deltakarane og ikkje i eit bruttosameige der eigarskapen er knytt til fysiske delar av samkommunen. Ved opptak av nye deltakarar vil eigardelen i samkommunen bli endra, og samarbeidsavtalen må endrast tilsvarande på dette punktet.

Dersom det ikkje er samsvar mellom ansvarsdelen og eigardelen til ein deltakar, må dette gå fram av samarbeidsavtalen. Både eigardelen og ansvarsdelen må i så fall vere oppgitt.

Det følgjer av bokstav h at dersom deltakarane ønskjer å avtale at ansvaret for å dekkje underskotet i samkommunen skal avvike frå ansvarsdelen for forpliktingane til samkommunen, skal dette gå fram av samarbeidsavtalen.

Bokstav i fastset at avtalen skal innehalde rammer for forvaltninga av midlane og lånegjelda til samkommunen, innanfor reglane i § 52 med tilhøyrande forskrift.

Etter bokstav j skal avtalen innehalde føresegner om korleis samkommunen skal underrette deltakarkommunane om vedtak som blir gjorde i samkommunen, og som har betydning for deltakarane.

Det følgjer av bokstav k at avtalen skal innehalde nærmare føresegner om det å tre ut av og det å oppløyse samkommunen. Dette kan til dømes vere reglar for det økonomiske oppgjeret eller nærmare reglar om oppnemning av eit avviklingsstyre ved oppløysing av samkommunen.

Så lenge samkommunen eksisterer, vil han ha same plikter etter arkivlova som kommunar. Ved ei eventuell oppløysing av samkommunen vil det likevel ikkje følgje klart av arkivlova kven som skal ha ansvar for å oppbevare arkivet, jf. arkivansvaret i samsvar med arkivlova §§ 6 og 10 og arkivforskrifta §§ 5-1 tredje ledd og 5-3 første ledd. Arkivfaglege prinsipp tilseier at arkiv frå ein arkivskapar skal haldast samla og åtskilde frå arkiv frå andre arkivskaparar. Arkivmaterialet kan altså ikkje delast opp med sikte på å fordele det mellom dei kommunane som har vore deltakarar i samkommunen. Avtalepartane skal derfor i samarbeidsavtalen ta stilling til korleis arkivmaterialet skal behandlast etter ei eventuell oppløysing.

Til slutt følgjer det av bokstav l at avtalen skal innehalde føresegner om anna som etter lov krev avtale.

I nr. 4 blir det slått fast at i eit samkommunesamarbeid mellom kommunar skal samkommunen orientere Fylkesmannen om etableringa av samarbeidet ved å sende ein kopi av samarbeidsavtalen. Fylkesmannen skal også orienterast om endringar i avtalen og vedtak om å tre ut av eller oppløyse samkommunen. Når det gjeld samarbeid mellom fylkeskommunar, er det departementet som skal ha orientering.

Til § 28-2 f:

Av nr. 1 går det fram at deltakarane i ein samkommune vil ha eit delt ansvar for forpliktingane til samkommunen. Ingen av deltakarane kan ta på seg eit solidaransvar for forpliktingane til samkommunen. Ansvarsdelen til deltakarane må i samarbeidsavtalen vere oppgitt i prosent eller ved ein brøk. Summen av ansvarsdelane til deltakarane må dekkje dei totale forpliktingane samkommunen har, altså 100 prosent eller 1/1. At ansvaret til den enkelte deltakaren er uavgrensa, inneber at ansvaret ikkje kan avgrensast til til dømes å gjelde særleg oppgitte delar av forpliktingane til samkommunen eller til å gjelde ein viss sum. Den enkelte deltakaren heftar med heile sin formue – både sin del av formuen til samkommunen og resten av formuen sin – for sin ansvarsdel av dei totale forpliktingane til samkommunen.

Nr. 2 fastset nærmare vilkår for at ein av kreditorane til samkommunen kan gå på deltakarane. Selskapslova § 2-4 og lov om interkommunale selskaper § 3 har ein tilsvarande regel. Kreditorane til samkommunen kan ikkje krevje fordringa si dekt av ein eller fleire av deltakarkommunane straks. Kreditoren må setje fram kravet mot samkommunen, og først 14 dagar etter påkrav kan kreditoren gjere fordringa gjeldande overfor deltakarkommunane dersom samkommunen ikkje har oppfylt forpliktinga si, jf. første og andre punktum. Kreditoren kan berre krevje deltakarkommunane for den delen av fordringa som den enkelte deltakarkommunen er ansvarleg for, jf. nr. 1. Tredje punktum slår fast at ein deltakarkommune som har måtta innfri sin del av ei fordring etter andre punktum, kan krevje at samkommunen dekkjer utlegget. Ettersom gjeldsforholdet utad skal svare til den interne ansvarsfordelinga, er det ikkje lovfesta nokon regressrett mot dei andre deltakarane.

Til 28-2 g:

Det går fram av nr. 1 første punktum at samkommunen ikkje kan delta i andre samanslutningar, det vil seie selskap, foreiningar, stiftingar m.m. Andre punktum inneber at samkommunen likevel har rett til å plassere midlar i aksjar, mellom anna aksjefond, så framt det har eit finansielt formål. Det er ein føresetnad at ein slik rett er heimla i samarbeidsavtalen og finansreglementet til samkommunen, og at plasseringane er i tråd med reglane i § 52 med tilhøyrande forskrift. Kjøp av aksjar som ikkje er finansielt motiverte, fell utanom og vil bli ramma av forbodet i første punktum mot å delta i andre samanslutningar.

Nr. 2 er eit unntak frå forbodet mot å delta i andre samanslutningar. Føresegna opnar for at samkommunen kan inngå i eit administrativt vertskommunesamarbeid, jf. kommunelova § 28-1 b, men berre som vertskommune og berre saman med andre kommunar enn dei som deltek i samkommunen. Ein samkommune kan vidare berre utføre oppgåver og tildelast avgjerdsmyndigheit som vertskommune innanfor dei same (saks)områda som han utfører på vegner av deltakarane i samkommunen, jf. at oppgåvene og avgjerdsmyndigheita til samkommunen er oppgitt i samarbeidsavtalen til samkommunen, jf. § 28-2 e nr. 3 bokstav d. I alle tilfelle kan samkommunen som vertskommune, ta ansvar for saksførebuinga og utgreiinga av ei sak før ho blir send over til samarbeidskommunen for politisk behandling.

Til § 28-2 h:

Nr. 1 første punktum slår fast at det øvste organet i samkommunen er samkommunestyret. I andre punktum er det fastsett reglar om val av representantar frå deltakarane til samkommunestyret. For at kommunane skal ha ein viss minsterepresentasjon i eit samarbeidsorgan som skal ta avgjerder på område som den enkelte kommunen i utgangspunktet er ansvarleg for, skal kvar enkelt deltakar minst vere representert med tre representantar og tilsvarande tal på vararepresentantar i samkommunestyret. Representantar og vararepresentantar skal veljast av og blant medlemmene i kommunestyret, jf. tredje punktum. Det følgjer av fjerde punktum at val av representantar til samkommunestyret skal skje i det konstituerande møtet i kommunestyret i deltakarkommunane. Valet er for fire år, jf. femte punktum. Sjølv om utgangspunktet er at val av representantar til samkommunestyret skal skje i dei konstituerande møta i kommunestyra i deltakarkommunane, er ikkje dette til hinder for å opprette ein samkommune til dømes midt i valperioden til kommunestyret. Val av representantar skjer da i eit ordinært kommunestyremøte og for resten av valperioden. Det følgjer vidare av sjette og sjuande punktum at deltakarane kan gå til nyval av representantane sine i løpet av valperioden for den tida som er igjen av perioden. Eit nyval vil omfatte alle representantane for vedkomande deltakarkommune.

Det går fram av nr. 2 første punktum at samkommunestyret sjølv, blant medlemmene sine, skal velje leiar og nestleiar for samkommunestyret. Det følgjer vidare av andre punktum at føresegnene i kommunelova om ordførar og varaordførar gjeld tilsvarande for leiar og nestleiar. Det er likevel høve til å avtale ein annan valperiode enn den som følgjer av § 9, jf. tredje punktum.

Til § 28-2 i:

Føresegna gir ordførarane og administrasjonssjefane i deltakarkommunane møte- og talerett i organa til samkommunen. Av omsyn til oppgåvene til kontrollutvalet har administrasjonssjefane i deltakarkommunane ikkje møterett i kontrollutvalet. Møte- og talerett for ordførar og administrasjonssjef i samkommunen i organa til samkommunen er regulert av §§ 9 nr. 4 og 23 nr. 3, jf. § 28-2 a nr. 4.

Til § 28-2 j:

Første punktum slår fast at det skal tilsetjast ein administrativ leiar i samkommunen. Samkommunestyret må sjølv tilsetje vedkomande. Myndigheita kan ikkje delegerast til andre folkevalde organ i samkommunen. Det følgjer av andre punktum at deltakarane kan avtale at stillinga som administrativ leiar skal gå på omgang mellom administrasjonssjefane i deltakarkommunane, til dømes gjennom ei turnusordning, Det kan derfor til dømes avtalast at administrasjonssjefen i kommune a skal vere administrativ leiar i samkommunen første år og administrasjonssjefen i kommune b neste år, osv. Lova opnar ikkje for at funksjonen som administrativ leiar kan delast mellom fleire i same tidsrom.

Til § 28-2 k:

Føresegna stiller krav om at samkommunestyret skal fastsetje kva organ i samkommunen som skal innstille til vedtak i samkommunestyret om økonomiplan, årsbudsjett og årsrekneskap. Føresegna må sjåast i samanheng med at reglane om innstilling til vedtak om økonomiplan, årsbudsjett og årsrekneskap i samkommunen i høvesvis §§ 44, 45 og 48 (bortsett frå nr. 4) gjeld for samkommunen, samtidig som reglane om formannskap i § 8 ikkje gjeld. Føresegna inneber at samkommunestyret må peike ut det organet i samkommunen som skal ha tilsvarande oppgåve som formannskapet har i kommunane med å innstille til dei nemnde vedtaka.

Til § 28-2 l:

Nr. 1 slår fast at samkommunen har plikt til å dekkje underskot. Eit underskot er å forstå som eit meirforbruk i rekneskapen ifølgje reglane i forskrift 15.12.2000 nr. 1424 om årsregnskap og årsberetning (for kommuner og fylkeskommuner).

Nr. 2 slår fast at deltakarkommunane har plikt til å yte tilskot til å dekkje underskot i samkommunen. Plikta vil vere fordelt mellom deltakarkommunane etter ansvarsdelen for forpliktingane, med mindre noko anna er avtalt, jf. § 28-2 e nr. 3 bokstav h.

Etter nr. 3 har departementet heimel til i forskrift å gi føresegner om plikt for samkommunen og deltakarkommunane til å dekkje underskot i samkommunen.

Til § 28-2 m:

Nr. 1 første punktum fastset at retten for samkommunen til å ta opp lån må gå fram av samarbeidsavtalen. Rammene for kva formål samkommunen kan ta opp lån til, vil følgje av § 50. Deltakarkommunane står fritt til å avtale ytterlegare avgrensingar for låneopptak for samkommunen enn det som følgjer av § 50, til dømes atterhald om særskilde låneformål. For at samkommunen skal kunne ta opp lån, stiller andre punktum krav om at deltakarkommunane skal fastsetje ei øvre ramme for det samla låneopptaket til samkommunen i samarbeidsavtalen.

Nr. 2 slår fast at vedtak i samkommunen om låneopptak eller vedtak om langsiktige avtalar om leige av bygningar, anlegg og varige driftsmidlar som kan påføre samkommunen utgifter ut over dei fire neste budsjettåra, på visse vilkår må godkjennast av staten. Slike vedtak skal godkjennast dersom éin eller fleire av deltakarkommunane sjølve er registrerte i ROBEK etter § 60 og dermed underlagde statleg kontroll og godkjenning av økonomiske forpliktingar. § 60 gjeld ikkje for samkommunen sjølv, jf. § 28-2 a nr. 4.

Nr. 3 inneber forbod mot at samkommunen stiller kausjon eller annan økonomisk garanti for verksemder som blir drivne av andre enn samkommunen sjølv. Forbodet gjeld uavhengig av om det er tale om garanti for næringsverksemd eller ikkje. Det følgjer av § 51 nr. 4 at samkommunen heller ikkje kan pantsetje eigedelane sine for å sikre andres økonomiske forpliktingar.

Til § 28-2 n:

Nr. 1 første punktum slår fast at den administrative leiaren i samkommunen har plikt til straks å underrette samkommunestyret og deltakarkommunane dersom han eller ho ser at samkommunen ikkje kan oppfylle betalingsforpliktingane sine ved forfall. Samkommunestyret og deltakarkommunane må på bakgrunn av ei slik melding ta stilling til kva som i så fall krevst av tiltak. Andre punktum gir pålegg om at samkommunen skal oppløysast dersom samkommunestyret ikkje legg fram ein plan for vidare drift som deltakarkommunane sluttar seg til. Det er vidare eit vilkår at planen gir fordringshavarane dekning ved forfall.

Nr. 2 har betydning for kreditors rett til å drive inn fordringane sine dersom samkommunen etter avtale har pantsett samkommunen sin eigedom som sikkerheit for eiga gjeld.

Til § 28-2 o:

Reglane i kommunelova for kontrollutval gjeld tilsvarande for kontrollutvalet i samkommunen. Første punktum fastset ein særskild valbarheitsregel for val av medlemmer til kontrollutvalet i samkommunen. Medlemmene skal veljast blant medlemmene av kommunestyret og kontrollutvalet i deltakarkommunane. Det følgjer av andre punktum at alle deltakarkommunane skal vere representerte i kontrollutvalet i samkommunen.

Til § 28-2 p:

Føresegna regulerer kven som er rett klageorgan for vedtaka i samkommunen i ulike situasjonar, og fastset representasjonskrav ved oppretting av særskilde klagenemnder.

Nr. 1 regulerer kven som er klageorgan når samkommunestyret har delegert vedtakskompetansen og vedtaket som er påklaga, er gjort av eit underordna organ. Etter denne interne klageordninga er samkommunestyret klageorgan. Samkommunestyret kan likevel, på lik linje med kommunestyret, velje å opprette eitt eller fleire særskilde klagenemnder som det delegerer klagebehandlingskompetansen til.

Nr. 2 slår fast kven som er klageorgan når samkommunestyret sjølv gjer vedtak. Klagen skal da behandlast av departementet. I praksis vil dette, etter delegering, vere Fylkesmannen i det fylket samkommunen har registrert adresse. Fylkesmannen er også klageinstans for samkommunen sine avgjerder etter offentleglova.

Nr. 3 slår fast at eit statleg organ også er klageorgan for vedtak i samkommunen i dei tilfella dette følgjer direkte av særlov, eller der vedtaket er gjort i medhald av myndigheit delegert frå eit statleg forvaltningsorgan.

I nr. 4 blir det presisert kva for oppnemningsreglar og representasjonskrav som gjeld ved oppretting av særskilde klagenemnder i samkommunen. Det blir slått fast at alle deltakarkommunar skal vere representerte i slike særskilde klagenemnder.

Til § 28-2 q:

Føresegna regulerer kven som kan krevje lovlegheitskontroll av avgjerdene i samkommunen. Både medlemmer av samkommunestyret og medlemmer av kommunestyra til deltakarane har etter føresegna slik kompetanse. Elles gjeld § 59 tilsvarande for lovlegheitskontroll av avgjerdene i samkommunen.

Føresegna inneber at kommunestyrerepresentantar frå ein deltakarkommune har kompetanse til å bringe ei avgjerd gjord av samkommunen, og som kjem ein annan deltakarkommune ved, inn for lovlegheitskontroll. Det betyr vidare at eit krav om lovlegheitskontroll kan vere sett fram av representantar frå ulike deltakarkommunar.

Sjølv om det går fram av føresegna at kravet om lovlegheitskontroll kan bringast inn for departementet, vil det i praksis vere Fylkesmannen som etter delegering utfører den statlege lovlegheitskontrollen av avgjerdene i samkommunen. Dette gjeld likevel ikkje avgjerder gjorde av samkommunar som består av fylkeskommunar. Der er det departementet som vil behandle saka.

Til § 28-2 r:

Føresegna slår fast at der ein samkommune har fått overført oppgåver med tilhøyrande avgjerdsmyndigheit, skal statleg tilsyn rettast mot samkommunen, ikkje mot deltakarkommunane. Eventuelle pålegg eller sanksjonar knytte til verksemda skal rettast mot samkommunen. Dette er ikkje ein sjølvstendig heimel for å føre tilsyn, men ei føresegn om mot kven eit eventuelt tilsyn som har heimel i anna lovgiving, skal rettast. Ikkje alle lovpålagde kommunale oppgåver er underlagde statleg tilsyn. Statlege tilsynsetatar kan berre føre tilsyn med oppgåvene og utøvinga av myndigheit i samkommunen der tilsynet har heimel i lov.

Til § 28-2 s:

Føresegna slår fast at i dei tilfella der samkommunen består av deltakarkommunar som geografisk fell inn under ansvarsområdet til fleire statlege klage-, kontroll- eller tilsynsorgan, som til dømes fylkesmannen, skal det organet som har kompetanse der samkommunen har sin registrerte adresse i Einingsregisteret, stå for klagebehandlinga, tilsynet eller lovlegheitskontrollen.

Til § 28-2 t:

Nr. 1 slår fast at ein deltakar kan seie opp deltakinga i samkommunen med eitt års frist, med mindre det er avtalt ein lengre frist i avtalen. Fristen løper frå det tidspunktet alle dei andre deltakarkommunane og samkommunen har fått varsel om oppseiinga.

Nr. 2 gir ein deltakarkommune rett til å tre ut med seks månaders varsel dersom retten til vedkomande er krenkt ved vesentleg misleghald. Om vilkåret etter nr. 2 er oppfylt, må vurderast konkret i det enkelte tilfellet. Kva ein ser på som vesentleg misleghald, vil ha samanheng med skaden misleghaldet har påført samkommunen eller deltakarane, kva skaden har å seie for den som ønskjer å tre ut, dei subjektive forholda hos misleghaldaren, i kva utstrekning skaden kan rettast opp, osv. Ikkje alt misleghald av samarbeidsavtalen eller lova vil kunne føre til rett til å tre ut etter denne føresegna.

Nr. 3 første punktum slår fast at ei avgjerd om å tre ut av samkommunen kan bringast inn for departementet av ein av dei andre deltakarane dersom dette skjer innan ein månad etter at samkommunen og deltakarane har fått melding om det. Departementet kan etter andre punktum gi pålegg om at den som trer ut, skal halde fram som deltakar i samkommunen i eit nærmare oppgitt tidsrom dersom omsynet til éin eller fleire av deltakarane tilseier det. Det er særleg omsynet til økonomien til deltakarkommunane, eller at dei ikkje klarer å etablere eit tilfredsstillande tilbod til innbyggjarane i løpet av oppseiingstida, som kan vere grunn til at departementet kan påleggje kommunen som trer ut, å halde fram med samarbeidet i eit nærmare bestemt tidsrom.

Dersom departementet pålegg kommunen å halde fram med samarbeidet ei viss tid, vil samarbeidet måtte halde fram med den avtalen som låg føre på tidspunktet for oppseiinga. Ei justering av samarbeidsavtalen føreset tilslutning frå deltakarane.

Det følgjer av tredje punktum at departementet i særlege tilfelle kan godkjenne at ein deltakarkommune trekkjer seg ut av samarbeidet straks, dvs. utan noka oppseiingstid. Ei slik godkjenning vil likevel ikkje påverke betalingsforpliktinga kommunen har etter samarbeidsavtalen, jf. siste punktum.

Til § 28-2 u:

Det følgjer av første punktum at samkommunen kan oppløysast dersom alle deltakarane er einige om det. Dette føreset vedtak i den enkelte deltakarkommunen. Dette vedtaket må etter andre punktum gjerast av kommunestyret sjølv. Denne myndigheita kan ikkje delegerast til eit anna organ i deltakarkommunen.

Til § 28-2 v:

Nr. 1 slår fast at forskriftene til kommunelova gjeld tilsvarande så langt dei passar, for samkommunen. Departementet får likevel heimel til å fastsetje noko anna. Departementet kan med heimel i denne føresegna fastsetje at enkelte av føresegnene i forskrifta ikkje skal gjelde for samkommunen, eller fastsetje avvikande føresegner som skal kome i tillegg til eller i staden for dei føresegnene som er gitt med heimel i andre paragrafar i lova.

Nr. 2 gir departementet heimel til i forskrift å påleggje at samkommunen skal ha ei sjølvstendig plikt overfor staten til å rapportere om ressursbruk og tenesteyting til bruk i nasjonale informasjonssystem. Føresegna inneber også ein heimel tilsvarande § 49 nr. 2 til å gi nærmare forskriftsreglar om kva for informasjon som skal rapporterast, og korleis informasjonen skal bringast fram, stillast opp og avgivast. § 49 gjeld ikkje for samkommunen sjølv, jf. § 28-2 a nr. 4.

Til § 39 nr. 2:

I kommunelova § 39 blir det gjort ei tilføying i form av eit nytt nr. 2. Føresegna pålegg kommunestyret å vedta reglement som skal innehalde ei oversikt over kva slags avgjerdsmyndigheit som kommunestyret delegerer til administrasjonen og til folkevalde organ. Vedtaket skal gjerast innan 31. desember året etter at kommunestyret blei konstituert. Føresegna er ei minimumsføresegn i den forstand at ho stiller krav om at delegeringsreglement blir behandla og vedteke minst éin gong i kvar valperiode. Føresegna stiller ikkje som krav at alle delegeringar blir samla i eitt reglement. Kommunestyret står fritt til både å endre sjølve reglementet (eller reglementa) og til å gjere vedtak om delegering i enkeltsaker også etter at kommunestyret har behandla reglementet i tråd med føresegna.

Føresegna pålegg òg kommunestyret plikt til å ta stilling til korleis innstillingsinstituttet skal praktiserast. I det ligg det at kommunestyret må ta stilling til om det skal vere innstilling i saker som blir behandla av kommunestyret og andre folkevalde organ, og i så fall kven det er som skal stå for innstillinga. Ei innstilling er eit forslag til vedtak som organet skal votere over. Føresegna stiller likevel ikkje krav om at kommunestyret behandlar delegeringsreglementet og innstillingsinstituttet samtidig, så lenge fristen blir overhalden.

Inntil eit nytt delegeringsreglement er vedteke i tråd med føresegna gjeld det sist vedtekne reglementet og eventuelle andre enkeltståande delegeringsvedtak. Det inneber at avgjerder som blir tekne på grunnlag av eit ”gammalt” delegeringsreglement eller andre delegeringsvedtak, ikkje fører til at avgjerdene blir ugyldige av den grunn. Det same vil gjelde for eventuelle avgjerder som blir tekne på grunnlag av eit “gammalt” reglement eller andre vedtak om innstilling.

Merknader til straffelova, domstollova, sivilombudsmannslova, tvangsfullbyrdingslova og tvistelova

Alle endringane i desse lovene er av teknisk karakter, der endringane inneber at desse føresegnene også vil gjelde for samkommunen.

Til forsida