Prop. 53 S (2009-2010)

Låneopptak for Oslopakke 3 i 2010

Til innhaldsliste

2 Låneopptak for Oslopakke 3 i 2010

Dette framlegget omhandlar låneopptak for Oslopakke 3 i 2010 for finansiering av prosjekt som er under bygging.

På grunn av redusert inntektsgrunnlag i bomringen i 2010 og bindingar som er knytt til veg- og kollektivprosjekt som allereie er sette i gang, som rv 150 Ulven-Sinsen, E18 Bjørvika og Kolsåsbana, og Stortinget sine føringar om at minst 25 pst. av dei årlege bompengeinntektene skal øyremerkast finansiering av drift og mindre vedlikehaldsinvesteringar innan kollektivtrafikken, har styringsgruppa for Oslopakke 3 foreslått eit låneopptak på om lag 1 mrd. kr i 2010.

Det er ikkje i tidlegare framlegg for Stortinget om Oslopakke 3 opna for at bompengeselskapet Fjellinjen AS kan ta opp slike lån. Det er derfor naudsynt med Stortinget sitt samtykke til at Fjellinjen AS kan ta opp eit lån i 2010.

Det er rekna eit netto finansieringsbidrag frå bomringen for 2010 på om lag 1,8 mrd. kr, medan innmeldte behov for anna finansiering for å gjennomføre Oslopakke 3-prosjekt innanfor ansvarsområda til Akershus fylke, Oslo kommune og Statens vegvesen for 2010 er om lag 2,8 mrd. kr.

Departementet legg til grunn at framtidige renteutgifter ved eit større låneopptak i 2010 må dekkjast inn gjennom reelle omprioriteringar frå andre tiltak i Oslopakke 3. Dette ligg òg til grunn for arbeidet med handlingsprogrammet for perioden 2010-2013.

Til forsida