Prop. 62 L (2009–2010)

Endringar i sjølova mv. (innkrevjing av gebyr og tvangsmulkt)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for lovforslaget

2.1 I den maritime lovgjevinga

Registrering av skip og rettar i skip er i utgangspunktet underlagt gebyr. Tilsvarande gjeld for registrering av ei rekkje endringar i registeret, samt for skip under bygging som vert registrert i skipsbyggingsregisteret.

I dag fungerar innkrevjinga av gebyra slik at Skipsregistera mottek betaling før registrering. Dette systemet, med forskotsbetaling, utgjer mykje arbeid for Skipsregistera, og det er derfor ønskjeleg å innføra eit system med etterskotsbetaling, slik det er gjort for det sentrale grunnboksregisteret for fast eigedom og for registrering/tinglysing i Brønnøysund. Skipsregistera vil med eit slikt system få ein meir effektiv registreringsprosess, og ledig kapasitet kan nyttast til andre administrative oppgåver. Ei overgang frå forskotsbetaling til etterskotsbetaling vil også vere positivt for brukarane av registeret. Skipsregistera gjennomførte hausten 2008 ei brukarundersøking, der det kom fram at eit stort fleirtal av brukarane ønskjer eit system med etterskotsbetaling.

Registreringsgebyr vert pålagt med heimel i sjølova § 11 sjette ledd og NIS-lova § 5, mens reglane for betaling av gebyr går fram av forskrift 30. juli 1992 nr. 593 om registrering av skip i norsk ordinært skipsregister § 6 og forskrift 30. juli 1992 nr. 592 om registrering av skip i norsk internasjonalt skipsregister § 7.

Det vil bli gjort endringar i dei ovannemnte forskriftsheimlar med tanke på overgangen til etterskotsbetaling.

I samråd med departementet har Skipsregistera kome til at den mest effektive og tenlege måten å gjennomføre innkrevjing på, er at Senter for statlig økonomistyring (SSØ) står for fakturering av gebyr, mens Statens Innkrevingssentral (SI) står for tvangsinnkrevjinga. For at SI skal kunne krevja inn uoppgjorte krav med tvang, treng dei eksplisitt heimel for dette i lov.

Lovforslaga som gjeld endringane i lov om fritids- og småbåter og lov om skipssikkerhet er allereie vedtekne av Stortinget, jf. i lov 19. juni 2009 nr. 74 om endringer i straffeloven 20. mai 2005 nr. 28 mv. (siste delproposisjon - sluttføring av spesiell del og tilpasning av annen lovgivning). Fordi endringane som blei vedtatt av Stortinget den 19. juni 2009 ikkje vil tre i kraft før om nokre år, i samband med at den nye straffelova trer i kraft, ser departementet behov for at desse to lovendringane, som ikkje står i direkte samanheng med den nye straffelova, trer i kraft tidlegare. Formelt vert det difor i denne proposisjonen lagt fram eit lovforslag som er identisk med to av lovendringane som vart vedtekne den 19. juni 2009.

2.2 I meisterbrevlova

Meisterbrevnemnda har, med heimel i lov av 20. juni 1986 nr. 35 om mesterbrev i håndverk og annen næring og forskrifter i medhald av lova, ansvaret for administrering, praktisering og utvikling av ordninga. Nemnda fastset kva for fag det vert gitt meisterbrev i, og har heimel til utferde og trekkje attende meisterbrev. Det er oppretta ei eiga klagenemnd og det er eit eige sekretariat som set i verk og følgjer opp nemnda sine vedtak. Det er frivillig å slutte seg til ordninga, men det er berre den som har meisterbrev som lovleg kan kalle seg og marknadsføre seg som meister. Ordninga er sjølvfinansierande, og nemnda mottek ikkje økonomisk støtte til drifta verken frå Nærings- og handelsdepartementet eller andre offentlege styresmakter. I samband med søknad om meisterbrev må det betalast eit gebyr. Vidare må meisteren betale eit årleg gebyr for å behalde retten til å marknadsføre seg som meister. I dag er det om lag 18 000 meistre fordelt på om lag 65 fag.

Ved ei lovendring i meisterbrevlova som tok til å gjelda 1. januar 2009 blei det i meisterbrevlova § 1 nytt fjerde og femte ledd innført føresegner som ga Meisterbrevnemnda heimel til å påleggje eit lovbrotsgebyr for overtreding av meisterbrevlova ved misbruk av meistertittelen.

Samtidig med lovendringa blei det i forskrift til lova fastsett føresegner om storleiken på gebyret, saksbehandlingsreglar og klagerett. Når det gjaldt sjølve innkrevjinga av lovbrotsgebyr har nemnda i samråd med departementet komme fram til at den mest effektive og tenlege måten å gjere det på vil vere at Statens Innkrevingssentral (SI) står for dette, både når det gjeld den friviljuge og den tvungne innkrevjinga. For at SI kan foreta tvungen innkrevjing er dei avhengig av eksplisitt heimel i meisterbrevlova.

Då lovforslaget om å innføre heimel for å kunne påleggje lovbrotsgebyr var på høyring, var alle høyringsinstansane samstemte og einige i at ei føresegn om dette måtte takast inn i lova. Sidan forslag til lovendring er ei rein teknisk endring/justering og berre gjeld den praktiske gjennomføringa av sjølve innkrevjinga av gebyret, har det etter departementet sitt syn ikkje vore nødvendig å sende forslaget på allminneleg høyring. Forslaget har vore på høyring til alle departementa, og dei har ikkje hatt merknader til det.