Prop. 8 S (2012–2013)

Auka låneramme i Husbanken

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Husbanken skal supplere kredittmarknaden og gje lån til føremål som er samfunnsøkonomisk og fordelingspolitisk ynskjelege. Låneramma er fastsett av Stortinget i behandlinga av Prop. 1 S (2011–2012). Innanfor låneramma gjev Husbanken lån til barnehagar, startlån til unge og vanskelegstilte på bustadmarknaden, og grunnlån til oppføring av nye eller utbetring av eksisterande bustader. Bustader som får grunnlån må ha miljøkvalitetar og vere universelt utforma, vere til sosiale føremål eller sikre bustadbygging i distrikta. Låna i Husbanken er difor viktige for å sikre ei god bustadfordeling i heile landet, for å fremje kvalitetar som miljø og universell utforming, og for å hjelpe unge og vanskelegstilte inn på bustadmarknaden.

Låneramma er på 15 mrd. kr i 2012. På bakgrunn av den høge etterspurnaden etter lån frå Husbanken i 2009 til og med 2011 bad fleirtalet i kommunal- og forvaltingskomiteen regjeringa følgje situasjonen nøye og kome tilbake til Stortinget med ei vurdering av trongen for auka låneramme i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2012, jf. Innst. 16 S (2011–2012). Då revidert nasjonalbudsjett blei handsama var det for tidleg å seie noko sikkert om talet på søknadar om lån i Husbanken.

Ei tilstrekkeleg ramme vil gjere Husbanken i stand til å gje fleire lån slik at byggjenæringa kan byggje bustader med gode kvalitetar og gjere det mogleg å byggje fleire nye bustader i åra som kjem.

Til forsida