Prop. 8 S (2012–2013)

Auka låneramme i Husbanken

Til innhaldsliste

3 Låneverksemda i Husbanken i 2012

Husbanken gjev grunnlån til utbetring, oppføring og kjøp, startlån og lån til barnehagar.

Grunnlånet skal bidra til å fremje viktige bustadkvalitetar som universell utforming og energisparing i nye og eksisterande bustader. Per 31.8.2012 er det gjeve om lag 7 mrd. kr i grunnlån. Den høge etterspurnaden etter grunnlån har mellom anna samanheng med ein stor aktivitet i byggsektoren i 2012 og låg rente. Den største delen av rammeauken vil difor bli nytta til å dekkje den store etterspurnaden etter grunnlån.

Startlån blir gjeve for å hjelpe dei som slit med å etablere seg i eigen bustad. Det er venta at Husbankens strategiske kommunesatsing vil auke etterspurnaden etter startlån. Per 31.8.2012 er det gjeve om lag 5,7 mrd. kr i startlån.

Lån til barnehagar blir gjeve til bygging av nye barnehageplassar som er privat eigde. Per 31.8.2012 er det gjeve om lag 0,8 mrd. kr i barnehagelån.

Samla sett er lån på om lag 13,5 mrd. kr belasta låneramma til Husbanken per 31.8.2012. Samstundes ligg det søknader på vent på om lag 6,7 mrd. kr. I tillegg vil det fortsette å kome inn søknader i 2012.

For å leggje til rette for framleis høg låneverksemd i 2012 blir det gjort framlegg om å auke låneramma med 5 mrd. kr, frå 15 mrd. kr. til 20 mrd. kr.

Til forsida