Prop. 81 L (2011–2012)

Endringar i veglova og vegtrafikkloven

Til innhaldsliste

4 Merknader til lovforslaget

4.1 Endringar i veglov 21. juni 1963 nr. 23

Til endring av veglova si tittel

Veglova si formelle tittel (veglov 21 juni 1963 nr. 22) bryt med systematikken for lover sine titlar etter Veiledning om lov- og forksriftsarbeid, utarbeidd av lovavdelinga i Justisdepartementet. Endringa av tittelen er gjort for at tittelen skal bli underlagt den same titteloppbygginga som gjeld lovverket elles og er ei endring av rein teknisk karakter.

Til § 27 andre ledd

Bakgrunn og føremål

Føresegna i § 27 andre ledd opnar for at eksisterande bompengesystem i byområde kan bli teke i bruk som eit trafikkregulerande verkemiddel i avgrensa periodar med høg luftforureining.

Bakgrunnen for føresegna i § 27 andre ledd er tilfella med svært høg luftforureining som ein har hatt i dei største byane i Noreg dei siste åra. I Oslo og Bergen vinteren 2010 førte ein kombinasjon av kald og stilleståande luft til ein situasjon der vêrtilhøva hindra utlufting av forureining frå vegtrafikken, noko som førte til særs høge nivå av CO2, sjå nærare tabellen i kapittel 2.4. Eksponering av høg luftforureining er eit folkehelseproblem som kan gi uønska verknader for folk si helse, som luftvegs- og hjartesjukdomar. Opninga for å auka takstane i eksisterande bompengesystem etter § 27 andre ledd er eit tiltak som raskt vil kunna bli sett i verk for å få ned forureininga frå biltrafikken når det er påkravd av omsyn til lokalmiljøet og folk si helse.

Føremålet med ordninga etter § 27 andre ledd er eit verkemiddel som lokale styresmakter kan nytta under ansvaret for å setja i verk tiltak mot høg luftforureining etter forurensningsforskriften kapittel 7. Tiltaket vil fungera slik at det offentlege vegnettet framleis er ope for trafikk, noko som inneber at trafikantar som har eit absolutt behov for å køyra vil ha mogelegheit til dette mot ein høgare takst. Dei høgare takstane vil gi eit incentiv til dei trafikantane som har moglegheit til det om å velja alternative miljøvennlege transportmiddel som kollektivtransport, køyra fleire i lag, velja andre tidspunkt for reisa eller å avstå frå å køyra, osv. Verkemidlet må etter dette sjåast som eit mjukare tiltak mot høg luftforureining frå biltrafikken enn verkemiddel som mellombels gir heilt eller delvis forbod mot trafikk, sjå vegtrafikklova § 7 andre ledd.

Verkemidlet etter veglova § 27 andre ledd er meint som eit mellombels verkemiddel. Dette inneber at tiltaket ikkje er meint som eit varig verkemiddel i det langsiktige arbeidet med å halda forureininga frå biltrafikken på forskriftsmessige nivå. Kommunale og fylkeskommunale styresmakter som har behov for varige restriktive verkemiddel for å få ned biltrafikken innanfor eit byområde, kan ta i bruk køprising etter vegtrafikklova § 7a, eller det kan til dømes bli teke i bruk eit fast bompengesystem etter § 27 første ledd med høgare takstar i rushtida. Slike ordinære ordningar må i tråd med gjeldande regelverk og praksis bli lagt fram for Stortinget.

Nærare om myndigheit og fastsetjing av takstane

Den overordna myndigheita til å fastsetja dei mellombelse tidsdifferensierte takstane er i § 27 andre ledd første punktum lagt til departementet. Departementet legg opp til at fastsetjing av takstar etter føresegna må bli gjort individuelt for det einskilde byområdet etter oppmoding frå kommunen og fylkeskommunen. Ordlyden opnar både for at takstane etter § 27 andre ledd kan bli fastsett i høve eit bestemt einskild tilfelle med høg luftforureining og for at takstane kan bli fastsett for framtidige tilfelle av høg luftforureining. Departementet sitt vedtak vil vera avhengig av kva dei lokale styresmaktene legg opp til, jf. § 27 andre ledd andre punktum. Det ligg ikkje restriksjonar i lovføresegna på kor lang tid takstar som skal gjelda for framtidige situasjonar kan bli fastsett. I utgangspunktet må det vera opna for at takstane kan bli fastsett for situasjonar fram i tid så lenge bompengeinnkrevjinga som er fastsett etter § 27 første ledd held fram.

Det må ved fastsettinga av takstane og bruken av dei vera eit hovudomsyn at føremålet med takstane om trafikkreduksjon og blir nådd, slik at det er opna for fleksibilitet ved val av takstsystem for det einskilde byområdet. Fastsetting av takstar for det einskilde byområdet må vera basert på faglege vurderingar om kva nivå som skal til for å oppnå riktig effekt. Med «tidsdifferensierte bompengetakstar» meiner ein takstar som er varierte ettersom forureininga er høg og låg over ein periode. Takstane som blir fastsette kan vera eit system med høge takstar i dei periodane av døgnet trafikken er størst, vanlegvis i rushtida om morgonen og ettermiddagen, og lågare takstar i periodane av døgnet med mindre trafikk. I dei byområda som har mykje trafikk over store tider av døgnet kan behovet til dømes vera at takstane blir auka til høge nivå for ein kortare periode på nokre dagar for å få ned trafikken. Takstane som blir fastsett i medhald av føresegna skal vera mellombelse. Dette inneber at takstane er eit unntak frå dei ordinært fastsette takstane etter § 27 første ledd.

Departementet si fastsetjing av mellombelse takstar blir å rekna som ei forskrift etter forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav c. Forvaltningslova kapittel VII gir nærare føresegner om saksførebuing av departementet sitt vedtak. Ei fastsetjing av mellombelse takstar for ein konkret situasjon i eit byområde vil etter føresegna i forvaltningslova § 37 innebera at departementet må ta stilling til om vilkåra for ta i bruk takstane er oppfylt. Ved fastsetting av forskrift som skal gjelda framtidige tilfelle av høg luftforureining, må avgjerda om i verksetjing av dei mellombelse takstane bli teke på lokalt nivå etter vilkåra i lovføresegna, jf. § 27 andre ledd andre punktum.

Etter § 27 andre ledd andre punktum føreset bruken av dei mellombelse tidsdifferensierte takstane vedtak av kommunen og fylkeskommunen som er ansvarleg for bompengeinnkrevjinga i det enkelte byområdet. Kommunen og fylkeskommunen si myndigheit inneber både myndigheit til å ta stilling til om verkemidlet skal vera tilgjengeleg for framtidige tilfelle og myndigheit til å avgjera bruk av takstane i den enkelte situasjon med høg luftforureining. Når det er fastsett forskrift om takstar til bruk for framtidige tilfelle av høg luftforureining, kan fylkeskommunen og kommunen høvesvis velja å delegera myndigheita til å avgjera iverksetjing av takstane i den enkelte situasjon til kommunen aleine, som tek den overordna styringa etter systemet i forurensningsforskriften § 7-4.

§ 27 andre ledd gir ikkje nærare føringar for kommunen og fylkeskommunen sine vedtak. Dette vil vera politiske vedtak, der kommunen og fylkeskommunen avgjer bruken basert på ei vurdering av effekten av tiltaket, betydinga for innteninga i bompengeprosjektet og andre omsyn. Kommunelova gir nærare føresegner om saksbehandlingsreglar i folkevalte organ for kommunen og fylkeskommunen. Departementet føreset at kommunale og fylkeskommunale vedtak som opnar for å ta i bruk verkemidlet, byggjer på faglege vurderingar og råd om moglegheita for trafikkavvisning, verknaden av tiltaket og konsekvensane for innteninga i bompengeprosjektet frå Statens vegvesen, Klima- og forureiningsdirektoratet og andre fagetatar.

Vilkår

Hovudvilkåret for at dei mellombelse tidsdifferensierte bompengetakstane kan bli tekne i bruk er knytt til grenseverdiane for konsentrasjon av forureining i luft utandørs fastsett i forskrift med heimel i forurensningsloven § 9, sjå nærare forurensningsforskriften § 7-6. § 27 andre ledd opnar for at takstane kan bli teke i bruk både når grenseverdiane alt er overskridne eller i forkant når det er fare for overskriding. I byområda i dag er det grenseverdiane for svevestøv og nitrogendioksid som er eit problem for lokalmiljøet, og etter ordlyden er det dei til ein kvar tid fastsette grenseverdiane for desse komponentane som gir føringar for når verkemidlet kan bli teke i bruk. Det er ikkje eit vilkår at grenseverdiane allereie er overskridne tidlegare innanfor ei fastsett tidsperiode, eller at det er fare for at dei ansvarlege styresmaktene sine plikter etter forskrifta blir brotne dersom tiltak mot forureininga ikkje blir sett i verk. Avgjerda om det er fare for overskriding av grenseverdiane må koma av ei vurdering av om luftmålingane over ein periode, samanhalden med vêrprognosane i tida framover, gjer det sannsynleg at grenseverdiane blir overskridne. Ei betraktning vil her vera at det kan vera fare for at forureininga akkumulerer seg og tiltaka har avgrensa eller liten effekt dersom tiltak blir sett inn for seint.

I tillegg til vilkåret om overskriding av grenseverdiane må det i samsvar med føremålet med ordninga dessutan vera eit overordna krav at tiltaket vil ha ein effekt på forureininga for at verkemidlet kan bli teke i bruk. Departementet syner her til handleplikta etter forureiningslovgivinga og kravet om at tiltak som blir sett i verk må vera egna for å få ned forureininga, jf. forurensningsforskriften §§ 7-3 og 7-4.

Etter § 27 andre ledd er det eit vilkår at dei mellombelse tidsdifferensierte takstane blir tekne i bruk i «avgrensa periodar». Takstane etter andre ledd skal etter dette ikkje bli brukt som varige takstar i bompengesystemet, jf. hovudregelen i § 27 første ledd. Etter føremålet med lovforslaget er takstane etter § 27 andre ledd først og framst meint for uføresette situasjonar. Dette inneber at takstane som hovudregel ikkje kan bli teke i bruk samanhengande som eit permanent tiltak ein heil sesong. Også eit stadig oftare behov for å ta i bruk strakstiltak år etter år talar etter departementet si vurdering for at det er naudsynt å vurdera arbeidet med dei permanente tiltaka i byområdet på nytt. Departementet syner her til dei nærare føringane om vegeigarane sitt ansvar for å setja i verk tiltak som sikrar at grenseverdiane blir overhaldt i minst 3 år etter tiltaksgjennomføring, jf. forskrifta § 7-6 andre ledd.

Det følgjer vidare av ordlyden i § 27 andre ledd at verkemidlet berre kan takast i bruk i byområde der det allereie ligg føre etablerte system for bompengeinnkrevjing. Med byområde meiner ein område der det er innført bompengar som ein del av ei bypakke. Området kan vera både den indre delen av eit byområde så vel som utanforliggjande innfartsområde som er ein del av den same pakka. Dette må gjelda sjølv om dei utanforliggjande områda ligg i tilgrensande kommunar, noko som er tilfellet i fleire av bypakkene som er i drift i dag. Kravet til byområde inneber likevel at det blir avgrensa mot at ordninga kan bli gjort gjeldande i reine strekningsvise bompengeprosjekt. Dette må gjelda sjølv om det er tett busetnad langs vegstrekninga.

Overordna saksgang og praktisk gjennomføring

§ 27 andre ledd opnar for at dei mellombelse tidsdifferensierte takstane kan bli fastsette både som ei forskrift som gjeld ein konkret situasjon og som ei forskrift som opnar for framtidige situasjonar med høg luftforureining. Departementet meiner den sistnemnte ordninga best i varetek behovet for ei rask og effektiv i verksetjing når forureininga gjer det påkravd. Det er her færre avgjerdsledd som må til i det enkelte tilfellet før verkemidlet kan bli teke i bruk. Verkemidlet vil òg på denne måten betre bli integrert i kommunen sin beredskapsplan for situasjonar med høg luftforureining, noko som inneber at tilrettelegging og iverksetjing av tiltaket kan gjennomførast på ein betre måte.

Om departementet sitt vedtak følgjer det nærare reglar om utredning og forhandsvarsling i forvaltningslova kapittel VII. For at dei naudsynte formelle og praktiske omsyn skal bli ivaretekne, bør eit vedtak om tidsdifferensiering frå dei kommunale myndigheitene, så langt det er mogleg, leggjast fram for Samferdselsdepartementet i god tid før det er aktuelt å ta verkemidlet i bruk. Dersom det er behov for at forskrifta blir fastsett i tilknyting til ein konkret strakssituasjon, legg departementet til grunn at førehandsvarsling av vedtaket kan bli unnlate etter unntaka i forvaltningslova § 37 fjerde ledd.

I dei tilfella lokale styresmakter ønskjer å ha verkemidlet etter § 27 andre ledd tilgjengelig for framtidig situasjonar, må det i oppmodninga om takstforskrifta gå fram eit nærare opplegg for takstane som kan bli sett i verk. Dette inneber at det blir oppgitt kva forureiningsnivå som skal leggjast til grunn som fare for eller overskriding av grenseverdiane og kva takstar som kan bli teke i bruk etter dei ulike forureiningsnivåa. I oppmodinga må det gis ei vurdering av kva effekt takstane vil ha på trafikken. Vidare må det bli gjort greie for kostnadene for at verkemidlet blir teke i bruk og korleis dette vil bli dekt. Til slutt bør det bli gjort greie for den praktiske gjennomføringa av tiltaket. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det blir laga eit eige opplegg for rapportering av konsekvensane av tiltaket, slik at dei lokale myndigheitene har grunnlag for å vurdera effekten av tiltaket opp mot innteninga i bompengeprosjektet. Når forskrifta om dei mellombelse takstane er fastsett, er det naudsynt at Statens vegvesen inngår ei tilleggsavtale med bompengeselskapet om verknadene for bompengeinnkrevjinga.

For at verkemidlet skal kunna fungera optimalt, bør ansvarleg forureiningsmyndigheit (kommunen) på førehand ha utarbeida ein beredskapsplan med apparat og rutinar for iverksettinga av tiltaket. Det må for kvart einskilt byområde som ønskjer å ta ordninga i bruk, vurderast om det er naudsynt med investeringar i utstyr, som luftmåling, variable skilt, m.m. I samanheng med at verkemidlet blir teke i bruk er det viktig med god koordinering mot andre verkemiddel, som reduserte fartsgrenser, parkeringsrestriksjonar og annan mellombels forbod mot køyring. I situasjonar det er aktuelt med strakstiltak mot høg luftforureining frå biltrafikken er det avgjerande for at verkemidla skal ha nokon effekt at trafikantane blir varsla så tidleg som mogleg, slik at dei kan planleggja alternative reisemåtar (reisa kollektivt, sitta på med naboar, ha heimekontor og liknande) eller unnlatar å reisa. Samstundes må kollektivtrafikken bli forsterka slik at tilbodet fangar opp behovet for alternative reisemåtar.

4.2 Endringar i vegtrafikkloven 18. juni 1965 nr. 4

Til § 22 a

Ved iverksetjinga av ei endringslov frå 2006 blei dei mellomliggjande endringane i regelen ikkje konsolidert. Det har ikkje vore meininga frå departementet å gjera nokon realitetsendringar på dette punktet. Om merknader for dei einskilde endringane, sjå Prop. 9 L (2010-2011) kap. 11 og Ot.prp. nr. 39 (2005-2006) kap. 8.2.

Til § 36

Vegtrafikkloven § 36 nr. 6 tredje punktum viser til § 37 fjerde ledd andre og tredje punktum og femte til sjuande ledd. Rett tilvising i lova skal vera til § 37 femte ledd andre og tredje punktum og sjette til åttande ledd.

Til § 36 b

Vegtrafikkloven § 36 b tredje ledd andre punktum viser til § 37 fjerde, femte og sjette ledd. Rett tilvising i lova skal vera til § 37 femte til sjuande ledd.