Prop. 99 L (2011–2012)

Endringar i helseregisterlova mv. (etablering av Norsk helsearkiv m.m.)

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovforslaga i samband med Norsk helsearkiv og Helsearkivregisteret vil ha avgrensa økonomiske og administrative konsekvensar utover det som følgjer av sjølve avgjerda om å etablera Norsk helsearkiv. Dei økonomiske og administrative konsekvensane av den avgjerda blir ikkje omtalt her.

For dei offentlege verksemdene vil avlevering til Norsk helsearkiv i staden for avlevering til anna statleg arkiv, slik dei i dag har plikt til, ikkje ha nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.

For dei private verksemdene kan plikta til å avlevera pasientjournalarkiva til Norsk helsearkiv innebera auka utgifter jamført med det som er ordninga etter gjeldande regelverk. Det å klargjera arkivmateriale for avlevering kan innebere utgifter. I tillegg kan sjølve avleveringa innebera transportkostnader. Slik departementet ser det, har ikkje dette så mykje å seia at ein ikkje bør påleggja dei private ei avleveringsplikt som skal sikra at alle pasientjournalar frå spesialisthelsetenesta blir tekne hand om på forsvarleg vis. Hadde alternativet til avlevering til Norsk helsearkiv vore avlevering til annan oppbevaringsinstitusjon, slik det er opna for i dag, reknar departementet med at kostnadene over tid ville vorte større enn ved avlevering til Norsk helsearkiv. Dette er fordi ein i slike institusjonar må betala så lenge materialet blir oppbevart der. Det vil ikkje vera tilfelle ved avlevering til Norsk helsearkiv.

Alle verksemder og alt helsepersonell i helsetenesta har i dag plikt til å oppbevara pasientjournalane sine på forsvarleg vis. I tillegg til dei kostnadene dette inneber, vil alle også få nokre kostnader den dagen dei ikkje lenger skal oppbevara pasientjournalane sjølve. Det er departementet si vurdering at kostnadene ved avlevering til Norsk helsearkiv er ei naturleg avslutning på det ansvaret som verksemdene har for pasientjournalene.

Det blir som tidlegare nemnt teke sikte på å senda eit forslag til nødvendige forskriftsreguleringar i samband med Norsk helsearkiv på høyring seinare. Ettersom avleveringskostnadene i stor grad vil vera avhengig av det nærmare innhaldet i den aktuelle forskrifta, vil økonomiske konsekvensar vera eit naturleg tema i ei slik høyring.

Flytting av kravet om kryptert lagring, jf. punkt 5.4.2, er ei lovteknisk endring som ikkje vil ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida