Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapittel: 20–51, 1600–1650 Inntektskapittel: 3024–3051, 4600–4620, 5341, 5351, 5580, 5605, 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 3
Andre saker

7 Likestilling og mangfald

Nedanfor kjem ei oversikt over stoda i arbeidet med likestilling og mangfald på Finansdepartementets område, jf. § 26 a i likestillings- og diskrimineringslova. Som nemnt i pkt. 1.1 i del I omfattar denne proposisjonen av praktiske grunnar òg programkategori 00.30 Regjering, som Statsministerens kontor har ansvaret for. Difor er likestillingsstoda for denne programkategorien òg teken med.

Budsjettkapitla på området til Finansdepartementet gjeld for det aller meste administrasjon og statens gjeld og krav. Disponeringa av desse løyvingane har lite å seie for kjønns- og likestillingstilhøve. Departementet sitt arbeid med til dømes skatte-, avgifts- og pensjonsspørsmål har i nokre tilfelle følgjer for likestillinga. Det same gjeld personalpolitikken til departementet og dei underliggjande etatane.

7.1 Finansdepartementet

Kvinner utgjorde 47 pst. av dei tilsette ved utgangen av 2020. Blant leiarane var talet 32 pst. Av seniorsaksbehandlarane var 45 pst. kvinner, og av juniorsaksbehandlarane var 59 pst. kvinner. 51 pst. av juristane og 41 pst. av økonomane var kvinner.

Det følgjer av tilsettingspolitikken at Finansdepartementet skal leggje til rette for at tilsette med varig eller mellombels nedsett funksjonsevne kan bruke kompetansen sin og røynsla si. Departementet har ein samarbeidsavtale med Fontenehuset – for overgangsarbeid. Eit medlem frå Fontenehuset vart engasjert i eit ni-månaders overgangsarbeid 2020–2021. Vidare vert det lagt til rette for ein ny medarbeidar frå Fontenehuset i laupet av hausten 2021.

Ved utgangen av 2020 hadde om lag 4 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn. Talet på søkjarar med innvandrarbakgrunn var 9 pst. i 2020.

Sjukefråværet har vore lågt i mange år. Samla sjukefråvær var 2,3 pst. i 2020 mot 2,9 pst. i 2019. For kvinner var det 3,8 pst. og for menn 1,0 pst. mot 4,1 pst. og 1,8 pst. i 2019. Kvinner har i gjennomsnitt teke ut 29 veker foreldrepermisjon, medan menn har teke ut 16 veker.

7.2 Etatane under Finansdepartementet

7.2.1 Likestilling

Tabell 7.1 Likestilling mellom kjønna

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Tilsette

7 475 (6 399)

1 531 (1 529)

832 (841)

669 (457)

323 (302)

Prosentdelar:

Kvinner i etaten

62 (61)

46 (46)

48 (49)

61 (60)

51 (53)

Kvinnelege leiarar, heile etaten

59 (60)

32 (38)

41 (44)

58 (62)

56 (56)

Kvinnelege leiarar region, direktorat og avdeling nivå 2

49 (45)

22 (25)

33 (50)

53 (80)

83 (57)

Kvinnelege leiarar nivå 3

59 (55)

41 (37)

43 (44)

63 (57)

50 (59)

Kvinnelege leiarar nivå 4

60 (63)

30 (44)

Mellombels tilsette kvinner

1,2

0,9

3,3

6,9

1,8

Mellombels tilsette menn

1,3

0,2

3,4

7,2

0,6

Deltid kvinner

7,4

8,9

10,8

3,2

10,4

Deltid menn

2,1

1,6

6,0

0,8

3,8

Foreldrepermisjon; uttak av veker:

Kvinner

37

30

33

26

31

Menn

19

19

18

13

12

Tabellen nedanfor syner tal for samla sjukefråvær for 2020 for båe kjønn, kvinner og menn.

Tabell 7.2 Samla sjukefråvær i pst. – båe kjønn, kvinner og menn

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Båe kjønn

4,5

5,5

3,1

4,2

3,0

Kvinner

5,5

6,3

4,0

3,3

3,7

Menn

3,0

4,7

2,4

0,9

2,4

Alle etatane i departementsområdet er IA-verksemder og har plikt til å leggje til rette for at tilsette med varig eller mellombels nedsett funksjonsevne kan vere i arbeid. I 2020 har sjukefråværet vore lågare enn i 2019 for alle etatane. 2020 var eit spesielt år med virusutbrot og bruk av heimekontor, og tiltaka har vore mykje knytt til denne situasjonen (utstyr, rettleiing og kompetansetiltak knytt til arbeidsmiljø, stress, videotrening og psykisk helse m.m.). Fleire etatar meiner at heimekontor kan vere årsaka til eit lågare sjukefråvær. Det er eigenmeldt fråvær som er redusert mest.

Nokre tiltak

Alle verksemder skal leggje til rette for at ingen vert diskriminerte, jamfør òg krava i diskrimineringslovene. Kvar arbeidsplass skal òg leggje forholda til rette for eit godt arbeidsmiljø som inkluderer alle, òg uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk.

Skatteetaten har byrja å kartleggje risikofaktorar og har utarbeidd ein plan for korleis ei risikovurdering av likestilling og mangfald skal gjennomførast i 2021. For likestilling mellom kjønna vil etaten særleg arbeide for lik løn for arbeid av same verdi. Vidare har etaten mål om å utjamne utilsikta skilnader i løn.

Tolletaten har lagt vekt på arbeidet med kjønnsbalansert leiing, rekrutteringsprosessar, leiaropplæring, handlingsplan for Inkluderingsdugnaden, revidering av mangfaldsstrategi og varslingsrutinar for å avdekkje trakassering og kjønnsbasert vald mot tilsette i teneste. Etaten har innført rutinar for sluttsamtalar som undersøkjer tema rundt arbeidsmiljø og leiing, utvikling og påverknad og avgjerande sluttårsaker. Det blir òg gjort ei sluttundersøking med same tema som skal analyserast årleg. Det er utarbeidd nye malar for medarbeidar- og utviklingssamtaler mellom anna med sikte på likebehandling og utviklingsmoglegheiter uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Etaten har utarbeidd ein tiltaks- og oppfølgingsplan for å hindre mobbing og trakassering. Det er teke i bruk et e-læringskurs om temaet. Grensedivisjonen gjennomfører òg årleg ei undersøking blant dei tilsette, der dei vert spurde om dei opplever negative kommentarar i kontrollsituasjonar som tyder på at dei vel objekt på bakgrunn av etnisitet, nasjonalitet, klesdrakt, religion o.a., og i tillegg om dei føler at dei kan velje objekt utan frykt for represaliar frå kontrollobjekta. Vidare ser ein på korleis tilsette opplever merksemda etaten har når det gjeld etnisitet o.a., og på kor trygg den tilsette føler seg i kontrollsituasjonar med spesielt sårbare grupper som barn, unge og funksjonshemma.

Statistisk sentralbyrå fekk ein ny personal- og lønspolitikk i 2020 der eit kapittel om mangfald, likestilling og livsfasepolitikk gjev ei ramme for arbeidet med å hindre diskriminering på grunnlag av funksjonsnedsetjing. Etaten sette i 2020 òg i gang eit leiarutviklingsprogram der inkluderande rekruttering er eitt av temaa. Det vart òg sette i verk ein ny varslingsrutine for kritikkverdige forhold som mellom anna mobbing og trakassering.

Tabell 7.3 Kvinners del av menns løn for nokre yrkeskodar

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

1227

Produksjonsdirektørar innan offentleg adm.

98 (96)

103 (102)

99 (97)

94 (101)

95 (97)

2411

Økonomisk og samfunnsvitskapleg planlegging og utgreiing

93 (92)

89 (83)

93 (96)

96 (99)

93 (93)

2412

Juridisk planlegging og utgreiing

96 (95)

100 (101)

112 (110)

87 (berre kvinner)

103 (102)

3432

Revisorar

95 (94)

97 (98)

113 (85)

96 (96)

2122

Statistikarar

97 (94)

3441

Tollfunksjonærar

97 (97)

98 (98)

Tala er frå 2020, med 2019-tal i parentes.

7.2.2 Etnisitet

Tabell 7.4 Tilsette med innvandrarbakgrunn

Prosentdelar

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Heile dep.omr.

Statleg tariffomr.

I alt

8,8 (8,4)

5,9 (6,0)

14,8 (14,6)

12,0 (13,0)

6,6 (6,8)

8,9 (8,7)

12,4 (11,9)

– Frå landgruppe 11

3,1 (3,0)

2,7 (2,8)

4,2 (4,6)

3,9 (4,2)

2,5 (3,2)

3,1 (3,2)

6,2 (6,0)

– Frå landgruppe 22

5,7 (5,4)

3,1 (3,1)

10,6 (10,0)

8,1 (8,8)

4,1 (3,6)

5,8 (5,5)

6,3 (5,9)

1 EU/EFTA-land, Nord-Amerika, Australia og New Zealand

2 Resten av verda

Kjelde: SSB

Tabellen over syner prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn i statleg tariffområde, departementsområdet og etatane. Tala er frå 2020, med 2019-tal i parentes. Skatteetaten, Statistisk sentralbyrå og sektoren under eitt har ein større prosentdel tilsette med innvandrarbakgrunn enn i 2019.

Alle etatane har innarbeidd statleg praksis om innkalling av minst ein kvalifisert søkjar med innvandrarbakgrunn til jobbintervju. Fleire av etatane deltek òg i mangfaldsnettverk og E-læringskurset «mangfaldsrekruttering» er teke i bruk av fleire etatar.

Finanstilsynet var ein av 15 verksemder knytt til pilot om anonyme søknader (blind rekruttering). Dette medførte auka merksemd rundt Inkluderingsdugnaden.

Inkluderingsdugnaden

Regjeringa har som mål at fem prosent av alle nytilsette i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en». Sektoren under eitt oppnådde 2,7 pst. i 2020 mot 1,4 pst. i 2019. Se tabellen under:

Tabell 7.5 Inkluderingsdugnaden

Nytilsette i 2020

Nytilsette i målgruppa

Måloppnåing

Finansdepartementet

30 (30)

2 (0)

6,7 (0) pst.

Skatteetaten

532 (445)

13 (5)

2,4 (1,1) pst.

Tolletaten

63 (30)

0 (1)

0 (3,3) pst.

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring

63 (78)

4 (1)

6,3 (1,3) pst.

Statistisk sentralbyrå

131 (77)

4 (1)

3,1 (1,3) pst.

Finanstilsynet

45 (40)

0 (2)

0 (5) pst.

Heile sektoren

864 (700)

23 (10)

2,7 (1,4) pst.

Tala er frå 2020, med 2019-tal i parentes.

Nokre tiltak

På overordna nivå gjennomfører etatane tiltak som utlysing av stillingar som trainee/målretta engasjement og dei inngår samarbeidsavtalar med Nav og andre relevante aktørar. Det vert òg arbeidd med ein rekke indirekte tiltak som analyse av søkjarmassedata og analysar av kor utfordringane er og utvikling av alle ledd i rekrutteringsprosessen. Inkludering er på dagsorden på alle leiarnivå. Det er etablert ein overordna handlingsplan for heile sektoren, og alle etatane har eigne planar for oppfølging av Inkluderingsdugnaden.

7.2.3 Likestillings- og mangfaldsarbeidet i etatane som offentleg myndigheit

Alle verksemder skal være universelt utforma slik at alle skal kunne bruke tenestene både i fysiske lokale og på etatanes heimesider. Etatane har i varierande grad publikumskontakt, men nedanfor er det nokre døme på tiltak rundt tema som identifisering av eventuell diskriminering av brukarar, kompetansehevingstiltak, brukarundersøkingar og kommunikasjon med brukarar.

Identifisering av eventuell diskriminering av brukarar

Skatteetaten starta i 2020 med å kartleggje risikofaktorar og lage plan for gjennomføring av risikovurderinga av likestilling og mangfald som skal gjennomførast i 2021. Resultata frå risikovurderinga vert grunnlag for tiltak og for korleis etaten skal arbeide vidare med likestilling og mangfald.

Kompetansehevingstiltak

Skatteetaten har i mange år hatt etablerte metodar for korleis den skal ha brukarfokus og brukskvalitet i utvikling av tenestene. For at behovet til brukarane skal vere tydeleg i alt utviklingsarbeid, arbeider etaten no fram ein ny utviklingsmetode for å styrkje brukarorienteringa, gje betre brukarinnsikt og vite korleis det skal brukartestast. Etaten har vegvisar for tilsette der dei kan finne ulike kurs om universell utforming.

Finanstilsynet har halde foredrag i regi av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring om korleis leiarar spiller ein viktig rolle i arbeidet med Inkluderingsdugnaden.

Brukarundersøkingar om behov for tilgjenge, tilrettelegging av språk, religion og livssyn og om nokon føler seg utsett for stereotypisering i direkte kommunikasjon eller i informasjonsmateriell

Skatteetaten har ikkje gjennomført brukarundersøkingar som dekkjer dette området i 2020, men kartlegginga som vert gjennomført i 2021, vil kunne gje nokre svar på eventuelle behov for tilgjenge og tilrettelegging. Spørsmåla om nokon kjenner seg utsette for stereotypisering i direkte kommunikasjon eller i informasjonsmateriell, vert vurdert tekne inn i Skatteetaten sine brukarundersøkingar.

Statistisk sentralbyrå har spørjeundersøkingar der informasjonsmateriellet vert utarbeidd på morsmålet (t.d. polsk, litauisk eller urdu) til grupper som skal svare på undersøkingane.

Tilgjenge lokalar og digitale tenester

Skatteetaten starta i 2020 eit forprosjekt for universell utforming ut i frå innføringa av EUs webdirektiv (WAD – om universell utforming av IKT). Forprosjektet sine tre hovudleveransar er kartlegging av status på universell utforming i noverande løysingar, planleggje tiltak for status og kontroll i forvaltningssituasjon og identifisere og gjennomføre kompetansetiltak.

Statistisk sentralbyrå har utarbeidd nye løysingar for ein meir brukarvenleg statistikkbank. Alle statistikkar og mange artiklar vert òg oversette til engelsk. Dei fleste sidene har ein tilbakemeldingsfunksjon.

Rekrutteringsmateriell

Skatteetaten vidareutviklar jobbanalysen og legg inn spørsmål som er retta mot målgruppene, tilpassar utlysingane for å nå målgruppa og vil at dei skal vise etaten sitt mål om å tilsette personar med nedsett funksjonsevne og «hòl i CV-en», sørgje for at kvalifikasjonskrava ikkje diskriminerer eller stengjer ute, og bruke språk og bilete som viser mangfald og er inkluderande.

Informasjonsmateriell om tenester (språk, informasjon retta mot grupper)

Skatteetaten har rutinar og brukarrådgjevinger for alle saker som skal publiserast på kundeservicesidene. Den har laga eige nettstad for interne og samarbeidspartnarar, og som gjev føringar og hjelp til språk, design og utvikling og som tek vare på mellom anna universell utforming og klarspråk. Etaten følgjer føringar og råd frå Språkrådet, er kjønnsnøytrale og seier du og dere. Universell utforming skal sikre at alle har tilgang til å setje seg inn i rettar og plikter. Det betyr mellom anna å ivareta personar med kognitive utfordringar med å skrive enkelt og bruke korte, forståelege setningar, gje alternative presentasjonar, gje god nok tid på oppgåver og følgje retningslinene for nettsidetilgjengelighet. Det vil til dømes bety å tekste videoar. Klart språk skal gjere institusjonelle tekster, som til dømes vedtaksbrev og informasjon, meir forståeleg.

Tolletaten har omsett mykje av innhaldet på heimesida toll.no til engelsk. Nye tekstar vert omsette ved behov. Nokre av dei mest etterspurde rettleiingstekstane er òg omsette til tysk, spansk, fransk, polsk og russisk. Kontaktsenteret i etaten har nær kontakt med publikum og god oversikt over behova til dei enkelte gruppene og bidreg til at dei digitale tenestene til kvar tid er oppdaterte.

Finanstilsynet har stadig meir informasjon tilgjengeleg på engelsk.

System for å avdekkje trakassering, seksuell trakassering og kjønnsbasert vald mot tilsette i teneste

Skatteetaten har som mål å sikre at alle tilsette er trygge på jobb og har null-toleranse for vald og trugslar. Mange av Skatteetatens medarbeidarar er eksponerte for vald og trugslar når dei gjennomfører oppgåver som til dømes rettleiing i skranke/telefon, oppsøkjande kontrollverksemd, innkrevjing, deltaking i rettssaker, saksbehandling m.m. Etaten har førebyggjande tiltak mot vald og trugslar, rutine for Sikker jobb-analyse og retningsline for å melde til politiet. Førebygging av vald og trugslar er eige tema i HMS-opplæringa. Alle typar konflikt, mobbing og trakassering er med i etaten sitt avvikssystem som vert kontinuerleg oppdatert. Oppfølging av HMS-avvik skjer gjennom fagleg nettverk for ansvarlege for HMS-avvik, kampanjar for å motivere til å melde avvik og i arbeidsmiljøutval.

7.3 Programkategori 00.30 Regjering

Statsministerens kontor

Statsministerens kontor har som mål å fremje likestilling og mangfald gjennom personalpolitikken. Kontoret legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit til utvikling i oppgåver og kompetanse, og dermed same høve til lønsutvikling.

Tilstandsrapport kjønn

Tabellen under syner prosentdelen kvinner i verksemda, prosentdelen mellombels tilsette kvinner og menn og prosentdelen deltid kvinner og menn. Tabellen viser òg gjennomsnittleg uttak av foreldrepermisjon for kvinner og menn.

SMK

Kvinner sin del av menn si løn

Prosentdelar

Prosentdelar

Kvinner:

Totalt i verksemda

45 (44)

98 (109)

Leiarstillingar

40 (33)

127 (135)

Fagdirektørar og seniorrådgjevarar

54 (52)

90 (98)

Andre saksbehandlarar og støttefunksjonar

72 (69)

108 (96)

Sjåførar

14 (15)

98 (98)

Mellombels/deltid:

Mellombels tilsette kvinner

5,0

Mellombels tilsette menn

4,1

Deltid kvinner

10,0

Deltid menn

0

Foreldrepermisjon; uttak av veker:

Kvinner

29

Menn

16

Målet er ei jamn kjønnsfordeling blant dei tilsette ved kontoret. Kjønnsfordelinga kan verte betre i einskilde grupper, som til dømes i sekretærgruppa der det er ti kvinner og ein mann.

Samla sjukefråvær:

Prosentdelar

Båe kjønn

Kvinner

Menn

1,8

2,5

1,4

Tiltak for å fremje likestilling og mangfald

Personar med nedsett funksjonsevne, personar med «hòl i CV-en» og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje ledige stillingar ved kontoret. Dersom det finst kvalifiserte søkjarar i desse gruppene, vert minst ein søkjar kalla inn til intervju.

Statsministerens kontor er IA-verksemd. Kontoret legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr, arbeidsoppgåver og arbeidstid for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne eller for andre med behov for særskild tilrettelegging, til dømes på grunn av sjukdom, graviditet eller omsorgsoppgåver.

Kontoret ynskjer å leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. For tilsette over 60 år vert det i medarbeidarsamtalen utført ein seniorsamtale for å kartleggje eventuelle ynskjer om endra arbeidsoppgåver, tilrettelegging av arbeidssituasjonen og andre tiltak som kan styrkje moglegheita for å stå lenge i stillinga.

Regjeringsadvokaten

Regjeringsadvokaten har ein likestillingsplan med mål som skal hindre forskjellsbehandling på grunn av kjønn innanfor område som bemanning, leiing, faglege utfordringar, løn, tilrettelegging for omsorgsplikter m.m. Embetet legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit for utvikling gjennom oppgåver og kompetansetiltak.

Tilstandsrapport kjønn

Regjeringsadvokaten

Kvinner sin del av menn sin løn

Prosentdelar

Prosentdelar

Kvinner:

Totalt i verksemda

55 (53)

79 (78)

Leiarstillingar

33 (33)

93 (92)

Fagleiar

36 (30)

102 (101)

Andre advokatar og støttefunksjonar

61 (58)

88 (85)

Mellombels/deltid:

Mellombels tilsette kvinner

2,4

Mellombels tilsette menn

2,9

Deltid kvinner

4,8

Deltid menn

0

Foreldrepermisjon; uttak av veker:

Kvinner

32

Menn

18

Av dei 52 i advokatembete var 46 pst. kvinner. Av dei 25 tilsette på administrativ side, var 72 pst. kvinner. Regjeringsadvokaten har ein god kjønnsbalanse i alle stillingskategorier, med unntak av advokat-assistentane, der alle fast tilsette er kvinner.

To personar var mellombels tilsette – ei kvinne og ein mann. Dette er jus-studentar som arbeider som kveldssekretær og resepsjonsmedarbeidar.

To tilsette arbeidde deltid; ein på grunn av uføre og ein friviljug.

På leiarnivå hadde menn høgare lønsnivå i gjennomsnitt enn kvinner. Dette har si årsak i at leiar av verksemda, som har høgast løn, er mann. For dei andre i leiargruppa var gjennomsnittsløna høgare for kvinner enn for menn. Gjennomsnittsløna for menn og kvinner i andre grupper varierte, avhengig av fagområde, kompetanse og arbeidserfaring. For advokatane gjeld eit rent ansiennitetsprinsipp ved fastsetjing av løn, noko som medfører at kvinner og menn har lik løn gitt same ansiennitet.

Hos Regjeringsadvokaten får advokatane eit relativt stort lønshopp når dei får møterett for Høgsterett. Tildeling av prøvesaker for Høgsterett følgjer i stor grad ansiennitet og vil såleis alltid skje på kjønnsnøytrale premiss.

Samla sjukefråvær:

Prosentdelar

Båe kjønn

Kvinner

Menn

1,9

2,6

1,2

Ved utlysing av stillingar i grupper med skeiv kjønnsfordeling, vert det underrepresenterte kjønnet oppmoda til å søkje. Regjeringsadvokaten kallar som hovudregel inn minst ein søkjar, som regel fleire, med innvandrarbakgrunn til intervju. Tilsvarande gjeld dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en».

Regjeringsadvokaten legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr og arbeidsoppgåver for medarbeidarane i tillegg til arbeidsoppgåver og arbeidstid for dei med behov for særskilt tilpassing. Embetet tilbyr arbeidsplassvurdering til alle tilsette og gir moglegheit til trening.

For dei som har minimum fem år til fyrste moglege avgangstidspunkt, vert det lagt opp til ein seniorsamtale. Føremålet er å diskutere framtidsutsikter og kva moglegheiter arbeidsgjevar har til å foreslå utfordrande oppgåver og kompetansehevande tiltak som kan gjere det attraktivt å stå lenger i stillinga. For at dei eldre skal stå lenger i stillinga, har embetet innført betre ordningar for seniorar.

7.4 Verknader av virusutbrotet i 2020

I Prop. 1 S (2020–2021), punkt 6.4, vart det gjeve ein omtale av verknadene av virusutbrotet i 1. halvår 2020. Nedanfor gjev Finansdepartementet ei overordna oversikt over verknader for heile 2020.

Finansdepartementet

Finansdepartementet har ikkje registrert likestillingsutfordringar i samband med virusutbrotet i 2020.

2020 vart i stor grad prega av virusutbrotet med tidvis stengde skular og barnehagar og heimekontor for dei aller fleste i departementet. Dette har truleg påverka sjukefråværet enten ved at medarbeidarane ikkje har vore like mykje sjuke eller har kunna arbeide litt fordi dei har arbeidd heimanfrå. Det er berre registrert covid-relatert fråvær på til saman 7 arbeidsdagar i 2020.

Fråvær på grunn av sjuke barn utgjorde 0,5 pst. i 2020 mot 0,4 pst. i 2019. Kvinner har i gjennomsnitt hatt slikt fråvær 3,6 dagar mot 3,1 dagar i 2019, og menn har hatt 2,9 dagar mot 2,5 dagar i 2019. Det er ein noko større prosentdel av menn som har hatt slikt fråvær i 2020, 62 pst. mot 53 pst. blant kvinner.

Sjukefråværet for menn gjekk ned i 2020 og var berre 1,0 pst. mot 1,8 pst. i 2019. Kvinner sitt sjukefråvær var 3,8 pst. mot 4,1 pst. i 2019. Det er grunn til å tru at ein vesentleg del av nedgangen er knytt til at svært mange har hatt heimekontor i store delar av 2020.

På grunn av arbeidet med koronatiltaka vart det nytta markant meir overtid frå mars til mai, jamført med same periode i 2019. Hausten 2020 vart det òg arbeidd meir overtid enn hausten 2019. Året 2020 under eitt har kvinner arbeidd 29 pst. meir overtid enn i 2019, medan menn har arbeidd 23 pst. meir overtid.

Etatane og Statsministerens kontor

Året 2020 sett under eitt har ingen av etatane funne grunn til å tru at virusutbrotet, eller tiltak som er sette i verk som følgje av det, har forsterka eksisterande likestillingsutfordringar eller skapt nye slike.

Skatteetaten meiner heimekontor og dei iverksette tiltaka har bidrege til at sjukefråværet er mykje lågare enn tidlegare. Etaten har gjort store tilpassingar for heimekontor. Tilsette med uheldig fysisk arbeidsmiljø eller belastningar heime, vert prioriterte for tilbakeføring til kontoret. Utbrotet har for dei fleste i etaten ikkje ført til auka belastningar, men det vart brukt mykje meir overtid for dei som arbeidde med grunnlaget og systemet for kompensasjonsordninga for inntektssvikt. I tillegg la etaten til rette for overføringa av skatteoppkrevjingsfunksjonen frå kommunane frå 1. november 2020.

Tolletaten har i 2020 lagt ekstra vekt på medarbeidaroppfølging med mange tilsette på heimekontor. Tiltaka har primært som mål å forhindre muskel- og skjelettplager, men psykososiale utfordringar er òg handtert der det er fanga opp. Det er liten forskjell i fråvær på grunn av sjuke barn i 2020 samanlikna med 2019. Det er litt færre tilfelle av fråvær på grunn av sjuke barn i 2020 enn i 2019. Samstundes er fråværet litt lengre for kvinner i 2020 enn i 2019 og litt kortare for menn i 2020 enn i 2019. Det er samla sett mindre bruk av overtid i 2020 enn i 2019. I 2020 hadde kvinner 31 pst. av overtidstimane i etaten, mot 40 pst. i 2019. I 2020 hadde menn 69 pst. av overtidstimane, mot 60 pst. i 2019.

Statistisk sentralbyrå har i 2020 hatt eit sjukefråvær på 3,1 pst. mot 4,7 pst. i 2019, og det er det lågaste som er registrert på mange år. Dette kan henge saman med at smitteverntiltak og mindre fysisk kontakt har ført til lågare risiko for sjukdom. Dei tilsette har rapportert om lågare terskel for å arbeide heilt eller delvis under sjukdom i ein situasjon der heimekontor er hovudregelen. Fråvær på grunn av barns sjukdom auka markant i 2020 samanlikna med 2019. Målt i gjennomsnittleg antall dagar brukte menn 6,9 dagar på grunn av barns sjukdom i 2020, medan kvinner brukte 7,2 dagar. I 2019 var tala 3,8 dagar for menn og 4,3 dagar for kvinner.

Statsministerens kontor har ikkje registrert særskilde utfordringar knytt til likestilling i eiga verksemd i samband med virusutbrotet i 2020. Det har vore eit arbeidskrevjande år, men det er ikkje noko som tyder på at arbeidsbelastning og overtidsbruk, fordelt på kjønn og alder, er endra.

8 Omtale av klima- og miljørelevante saker

8.1 Finansdepartementet

Berekraftig utvikling

Finansdepartementet har eit sektorovergripande ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv forvalting av dei økonomiske ressursane. I arbeidet med den økonomiske politikken skal Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag.

Oppfølginga av Dei Sameinte Nasjonanes 17 mål for berekraft er integrert i regjeringas ordinære politiske arbeid. Kommunal- og moderniseringsdepartementet koordinerer den nasjonale oppfølginga, Utanriksdepartementet koordinerer oppfølginga internasjonalt og Finansdepartementet samanfattar rapporteringa i nasjonalbudsjettet.

Sektorovergripande klima- og miljøverkemiddel

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innretting av avgifter i miljøpolitikken. Rett utforma miljøavgifter gjev tildriv til å minke utsleppa og sikrar òg at forureinarane betaler.

8.2 Statistisk sentralbyrå

Statistikk over utslepp til luft er eit prioritert område. Statistikken over utsleppa av klimagassar er mellom anna knytt til oppfølginga av Noregs klimamål slik dei mellom anna kjem fram i Kyoto-protokollen og i Parisavtala, til ei ny forordning om miljørekneskapar i Eurostat, samt rapportering som følgjer av klimalova. I tillegg til dei krava som Kyoto-protokollen set, vert det teke med tal for utslepp frå internasjonal luft- og sjøfart og opptak av CO2 i skog. Norsk klimapolitikk er nært knytt til EU. Noreg og EU vil frå 2021 ha eit samarbeid om klimaskyldnadene for 2030. Statistikken over langtransportert forureining er mest knytt til oppfølginga av Gøteborg-protokollen.

Utviklinga av statistikk over verkemiddelbruk, m.a. avgifter og utsleppskvotar, skal halde fram. I 2019 vart statistikken utvida med tal for miljøsubsidiar. Statistikken over reinsing og utslepp av kommunalt avløpsvatn vert utvikla vidare. SSB følgjer òg opp statistikkforordninga om materialrekneskapar; «Sirkulær økonomi» (materialstraumar og attvinning). SSB skal hjelpe Miljødirektoratet med å finne målepunkt som er tilpassa nytt direktiv, tilpasse innhentinga av data og avklare korleis statistikken skal kunne ta vare på nasjonale og internasjonale behov. SSB skal ta i bruk nye kjelder om plastavfall ved utarbeiding av avfallsrekneskapen. SSB er med på å kartleggje matsvinn i primærleddet, altså hos jordbruksbedriftene. Det er Landbruksdirektoratet som finansierer arbeidet ved utviding av skjema i to avlingsundersøkingar. SSB skal oppdatere og publisere arealstatistikken for Noreg (arealbruk og arealressursar) og andre meir analyseprega temastatistikkar om areal. Statistikk og analysar er publiserte som planlagd.

Etterspurnaden etter miljøstatistikk til internasjonale publikasjonar og indikatorsystem, særleg i EU og OECD, er aukande.

Frå 2017 gav ei EU-forordning rapporteringsplikt på områda rekneskap for miljøvernutgifter (EPEA), statistikk for produksjon, bruttoprodukt, sysselsetting og eksport av miljørelaterte varer og tenester (EGSS) og næringsfordelt energibruk. Alle desse områda vert utarbeidd etter den internasjonale standarden SEEA (System for Environmental and Economic Accounting) og i tråd med prinsipp i nasjonalrekneskapen.

Innanfor forskingsverksemda i SSB på miljø- og klimafeltet er det fleire analyseprosjekt i gang, knytt til energimarknadstrendar, klimapolitisk utvikling og bruk av naturressursar. I desse nyttar ein økonomiske analysemodellar av norsk, europeisk og global økonomi. Modellar av norsk økonomi (SNOW) vert òg leverte til Finansdepartementet for bruk der. Forskingsprosjekta nyttar norske data, i hovudsak frå SSB, og medverkar til statistikkarbeid på energi-, utslepps- og miljøfeltet. Prosjekta omfattar mellom anna omstilling av norsk økonomi og studiar av Noregs klimapolitiske mål og verkemiddel, løysingar for låge utslepp i transport, energi og industri, samt verdsetjing av naturressursar og tenester frå økosystema. Forskarane arrangerer og deltar i aktivitetar overfor norske brukarar i forvaltninga, nærings- og organisasjonslivet, allmenta, samt nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.

Til forsida