Prop. 1 S (2022–2023)

FOR BUDSJETTÅRET 2023 — Utgiftskapittel: 800–882, 2530 Inntektskapittel: 3841, 3842, 3847, 3855, 3856, 3858, 3868

Til innhaldsliste

Del 2
Nærare om budsjettforslaget

4 Nærare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Under programkategori 11.00 Administrasjon ligg i hovudsak lønns- og driftsutgifter til departementet. Oppgåver og prioriteringar i Barne- og familiedepartementet (BFD) følgjer av politikken og måla innanfor områda familie, oppvekst- og levekår for barn og unge, barnevern, forbrukarpolitikk og tru og livssyn. Dei ulike fagområda er nærare omtalte under programkategoriane lenger bak i proposisjonen. Frå 2023 er òg løyvingane til Noregs forskingsråd flytta til programkategorien.

Resultatrapport, strategiar og tiltak

Departementet hadde 143 tilsette per 31. desember 2021.

Departementet skal vere eit utviklingsorientert og effektivt fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Departementet skal òg vere ein tydeleg etatsstyrar og ta hand om forvaltingsoppgåvene på ein god måte. For å nå desse måla arbeider departementet med fleire organisasjonsutviklingstiltak, mellom anna kompetanseutvikling. Dette arbeidet held fram i 2023.

Målet for arbeidet med digitalisering er å få til god tenesteutvikling på BFDs område. Departementet har i 2021 og 2022 arbeidd aktivt med å følgje opp digitaliseringsstrategien for offentleg sektor. Departementet arbeider no særskilt med å følgje opp deling og gjenbruk av data i sektorane. Arbeidet held fram i 2023. Det same gjer arbeidet med å følgje opp digitalisering og digital tryggleik.

Målet for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i BFD er å førebyggje uønskte hendingar og å minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle skje. Departementet har i 2022 arbeidd med å handsame covid-19-pandemien og Ukraina-situasjonen for sektorane i departementet. Arbeid med oppfølging og forbetring av beredskapsplanverket held fram i 2023. Departementet har vidare delteke i arbeidet Justis- og beredskapsdepartementet gjer med å revidere rammeverket for kritisk infrastruktur og kritiske samfunnsfunksjonar (KIKS).

Lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Føremålet med lova er å tryggje dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir tryggja ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde. BFD har identifisert følgjande grunnleggjande nasjonal funksjon i eigen sektor: «BFD GNF 1: Barne- og familiedepartementets virksomhet, handlefrihet og beslutningsdyktighet». Dette omfattar rolla departementet har som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av mynde og styring, evne til kriseleiing og oppfølging av underliggjande verksemder. Identifisert GNF er innmeld til tryggingsorganet.

Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor. Pandemien har ført til endra jobbreisevanar. Redusert reiseaktivitet vil både redusere reiseutgifter i verksemdene og spare reisetid for dei tilsette. Sjølv om reiseaktiviteten er høgare no enn under pandemien, vil nivået på reiseaktiviteten truleg vere varig redusert. I Saldert budsjett 2022 blei det lagt til grunn eit gevinstuttak på om lag 7 pst. av reiseutgiftene før pandemien. I samband med RNB 2022 blei gevinstuttaket auka til om lag 14 pst. i andre halvår 2022. Regjeringa føreslår å auke gevinstuttaket i 2023 til om lag 20 pst. av reiseutgiftene før pandemien. Dette inneber eit auka gevinstuttak under BFD samanlikna med Saldert budsjett 2022 på 13 mill. kroner. I tillegg blir målet om å redusere husleigeutgifter som staten har i den private leigemarknaden, vidareført. Dette er innarbeidd i budsjettforslaget. Det er òg lagt opp til andre justeringar for å finansiere gjennomføringa av høgt prioriterte tiltak.

Under kap. 800, ny post 50, er forslag om samling av tildelinga til Noregs forskingsråd omtalt. Arbeidet med forsking på området til departementet er nærare omtalt under Forsking og utvikling i del III.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

800

Barne- og familiedepartementet

163 692

165 318

211 480

27,9

Sum kategori 11.00

163 692

165 318

211 480

27,9

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

153 975

155 181

158 968

21

Spesielle driftsutgifter

9 717

10 137

10 405

50

Noregs forskingsråd

42 107

Sum kap. 800

163 692

165 318

211 480

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter for departementet.

BFD føreslår å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner, grunna overføring av oppgåver på barnebidragsområdet frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Sjå nærare omtale under programkategorien Familie og oppvekst. Av midlane er 0,4 mill. kroner førte over frå kap. 600, post 01, under Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Løyvinga under posten er redusert med 0,26 mill. kroner som følgje av at det i saldert budsjett 2022 blei rekna ut for mykje i kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse. Sjå Arbeids- og inkluderingsdepartementet sin Prop. 1 S (2022–2023) for nærare omtale.

Departementet føreslår ei løyving på 159 mill. kroner i 2023.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til utgreiingsprosjekt i departementet og til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet.

Departementet føreslår ei løyving på 10,4 mill. kroner i 2023.

Post 50 Noregs forskingsråd (NY)

Departementet føreslår å samle løyvingane til Noregs forskingsråd på éin budsjettpost frå 2023. Midlane blir i dag tildelte over to postar som finansierer dei same budsjettføremåla i Forskingsrådet. Samanslåinga skal bidra til ei forenkla budsjettildeling og meir heilskapleg styring. Departementet føreslår med bakgrunn i dette at kap. 800, post 50 (ny), blir auka med 32,1 mill. kroner, mot ein reduksjon på kap. 846, post 50, på 13,1 mill. kroner og ein reduksjon på kap. 854, post 50, på om lag 19 mill. kroner.

Løyvinga på posten skal mellom anna bidra til praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene, som blir dekt av Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL). Midlane på posten skal òg nyttast til å finansiere delar av innsatsen under Velferd, arbeid og migrasjon II (VAM II). Midlane skal særleg innrettast mot forsking på effekten av førebyggjande arbeid, tiltak og tenester for barn, unge og familiar.

I tillegg er det føreslått ein auke på 10 mill. kroner. Midlane skal gå til delfinansiering av eit eige forskings- og innovasjonsprogram om utsette barn og unge i regi av Noregs forskingsråd. Opprettinga av forskingsprogrammet er eit samarbeid mellom fleire departement. Sjå nærare omtale av programmet under programkategori 11.10 Familie og oppvekst og omtalen av forsking og utvikling i del III.

Departementet føreslår ei løyving på 42,1 mill. kroner i 2023.

Programkategori 11.10 Familie og oppvekst

Hovudinnhald og prioriteringar

Familie- og oppvekstpolitikken skal støtte opp om levekåra til barnefamiliane og oppvekstvilkåra til barn og ungdom. Ein godt utforma familie- og oppvekstpolitikk inkluderer alle barnefamiliar, gir auka velferd og tryggleik for den einskilde og har gevinstar for heile samfunnet. Gode levekår og høve til å delta i fellesskapen skal fremje tillit mellom innbyggjarane, høg grad av samhandling og ei stabil samfunnsutvikling. Det vil bidra til ein velfungerande økonomi som det norske velferdssamfunnet er avhengig av.

Politikken til regjeringa skal bidra til at alle barn, ungdom og foreldre har gode føresetnader for livet sitt. Familien er grunnleggjande i livet til barnet. Eit trygt familieliv er viktig for livskvaliteten, helsa til og utviklinga hos barn. Det er til det beste for barnet at foreldre som treng det, får støtte i foreldreskapet og hjelp med familiekonfliktar. Familiar skal få støtte og hjelp før utfordringane veks til alvorlege problem som rammar barnet. Førebyggjande arbeid og tidleg innsats er ein viktig del av barnevernsreforma.

Regjeringa vil føre ein politikk som støttar opp om familiane, reduserer skilnadene i samfunnet og varetek barn sine rettar. Familiane i Noreg lever ulikt, og det skal vere mogleg for dei å skape det livet dei ønskjer for seg og sine. Familieordningane skal leggje til rette for at familiar får kvardagen til å gå opp, og det skal vere mogleg for foreldre å kombinere arbeid og familieliv.

Sjølv om samfunnet no er gjenopna og smitteverntiltak er avvikla, kan pandemien og dei omfattande tiltaka som mange familiar og særleg barn og unge blei utsette for, ha langsiktige konsekvensar. Omfanget av konsekvensane er ikkje fullstendig kartlagt. Mykje tyder på at dei fleste barn, unge og familiar har greidd seg godt gjennom pandemien. Samstundes tyder forskingsfunn på at dei som frå før hadde det vanskeleg, blei hardast ramma av pandemien og smitteverntiltaka.

Mål

BFD har for 2023 desse måla på området familie og oppvekst:

Mål

  • Barn sine rettar blir betre varetekne.

  • Gode oppvekstvilkår som motverkar risiko for utanforskap blant barn og unge.

  • Foreldre får hjelp til å gi god omsorg og løyse konfliktar.

Under følgjer ei kort grunngiving av måla over. Barn har særlege rettar, og det er under handteringa av pandemien blitt peikt på at ivaretakinga av barn sine rettar ikkje har vore god nok. Ei god nok utgreiing av saker som gjeld barn, handlar om rettstryggleiken til barn. Det sikrar òg at styresmaktene har eit breitt nok og balansert avgjerdsgrunnlag. At barn blir involverte, er ein verdi i seg sjølv, og dei vil med dette òg få erfaring med å delta i samfunnet. Departementet vil vere ein sterkare pådrivar på dette feltet framover.

Sjølv om dei fleste norske barn og ungdom har gode oppvekstvilkår, lever ein del barn og unge med utfordringar som rammar livet deira. Nokre grupper barn og unge har òg auka risiko for å oppleve slike utfordringar, mellom anna som følgje av situasjonen i familien. Dårlege oppvekstvilkår har konsekvensar for barna her og no, og kan auke risikoen for å hamne utanfor på sikt. Utanforskap er vanskeleg for den einskilde, men gir òg høge kostnader for samfunnet, til dømes gjennom lågare arbeidsdeltaking. BFD skal dei neste åra prioritere å arbeide for å motverke utanforskap blant barn og unge gjennom å styrkje oppvekstvilkåra til barn og unge.

Foreldre er avgjerande for livskvaliteten til og utviklinga hos barna. Å styrke foreldre i rollen vil betre barn sine oppvekstvilkår. Eit høgt konfliktnivå mellom foreldra kan ha alvorlege, negative konsekvensar for barn. Det skal derfor leggjast godt til rette for at foreldre får hjelp til å håndtere utfordringar og løyse konfliktar.

Måla er nærare omtalte under overskriftene Barnet sine rettar og ordningar for medverknad, Oppvekstvilkåra for barn og unge og Foreldrestøtte og førebygging av familiekonfliktar.

Prioriteringar på familie- og oppvekstområdet i 2023

Barnehage, skule, SFO, fritidsaktivitetar og nabolaget utgjer viktige arenaer i oppveksten til barn og unge. Sjølv om deltakinga i fritidsaktivitetar blant barn og unge er høg, er det fleire barn og unge som ikkje deltek. Regjeringa føreslår 96 mill. kroner til å styrkje Tilskot til å inkludere barn og unge i 2023. Styrkinga skal mellom anna gå til lokale fritidskasser for å dekkje kostnader for deltaking i fritidsaktivitetar, opne møteplassar som fritidsklubbar og losar/ungdomslosar som skal hjelpe unge med å fullføre utdanningsløp. 20 mill. kroner av styrkinga skal prioriterast til utstyrssentralar.

Barn og unge som blir utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep, treng gode offentlege tenester. Det same gjer andre barn og unge som opplever ulike utfordringar i oppveksten. Dette kan vere barn som veks opp i fattige familiar, eller som har foreldre med andre levekårsutfordringar. Fleire barn og unge får likevel ikkje den hjelpa dei treng. Det er ei utfordring at det ikkje finst systematisk og forskingsbasert kunnskap om individtilpassa og treffsikre tiltak, og det er naudsynt å byggje opp kunnskapsgrunnlag på feltet som sikrar systematikk og likeverdige tiltak i tenestene. Regjeringa føreslår derfor auka løyvingar til å opprette eit eige forskings- og innovasjonsprogram om utsette barn og unge i regi av Noregs forskingsråd, slik strategigruppa for BarnUnge21 har tilrådd. Eit styrkt kunnskapsgrunnlag skal gi betre tenester og tiltak på tvers av sektorar som førebyggjer marginalisering og utanforskap. Opprettinga av forskingsprogrammet er eit samarbeid mellom fleire departement. Sjå òg del III Forsking og utvikling.

Vidare lanserer regjeringa eit samfunnsoppdrag for å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv i Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forsking og høyere utdanning 2023–2032.Innrettinga av samfunnsoppdraget vil utviklast i ein design- og implementeringsfase. Sjå ytterlegare omtale av langtidsplanen i del III Forsking og utvikling.

Regjeringa vil leggje fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar i løpet av 2023.

Regjeringa arbeider for å redusere og førebyggje fattigdom blant barnefamiliar i Noreg. Fattigdom er ei gjenstridig og kompleks samfunnsutfordring, der dei relevante verkemidla og innsatsane ligg til mange ulike sektorar og forvaltingsnivå. Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe som skal vurdere kva tiltak som på kort sikt er mest verksame for å styrkje oppvekstvilkåra til barn og unge som veks opp i fattigdom, og førebyggje at fattigdom går i arv på lengre sikt. Målet er å få meir kunnskap om korleis ressursinnsatsen retta mot barn i fattige familiar bør prioriterast framover. Ekspertgruppa skal levere utgreiinga si i løpet av 2023.

Einslege forsørgjarar kan stå i ein særskild økonomisk situasjon. Delen einslege forsørgjarar med låg inntekt har også auka i løpet av dei siste ti åra, syner tal frå SSB. Det finst ulike ordningar som avlastar denne gruppa, og som har som føremål å bidra til å sikre gode vilkår for barna. Regjeringa vil forenkle den offentlege støtta til einslege forsørgjarar og føreslår derfor å avvikle særfrådraget til einslege forsørgjarar i skattesystemet og auke den utvida barnetrygda tilsvarande maksimal skatteverdi av frådraget i 2022. Omlegginga blir sett i verk frå og med 1. mars 2023. Forslaget frå regjeringa inneber at einslege forsørgjarar som i dag ikkje får maksimalt skattefrådrag, får ei auka støtte gjennom den utvida barnetrygda.

Resultatrapport og strategiar

Økonomien til barnefamiliar og familieytingane

Familiar med barn har forpliktingar og kostnader som andre samfunnsgrupper ikkje har, samstundes som heile samfunnet er tent med at barn kjem til, og at barna har ein god oppvekst.

Dei aller fleste barnefamiliar har i dag tilstrekkeleg god økonomi til å dekkje behova til familien og barna. Barnefamiliar har likevel jamt over større utgifter samanlikna med familiar utan barn, noko som kan gi økonomiske utfordringar i familien. Talet på barn som lever i fattige familiar, ser ut til å ha vore aukande dei siste 20 åra, men òg andre barnefamiliar kan ha økonomiske utfordringar i avgrensa periodar. Arbeidsmarknadstal frå starten av covid-19-pandemien tyder på at barnefamiliar var meir utsette for tap av arbeid enn familiar utan barn, og at familiar med låge inntekter var særleg utsette.1 Hushald med berre éi inntekt eller fleire barn har særleg høg risiko for å oppleve økonomiske utfordringar. Tal frå inntektsstatistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB) syner òg at inntektsutviklinga til einslege forsørgjarar har vore svakare over tid. Økonomiske utfordringar er krevjande for foreldra, men kan ha negative konsekvensar for barna òg. Moglege forklaringar på dette er at svak økonomi gir færre økonomiske ressursar til å investere i barna. Ein vanskeleg økonomisk situasjon kan òg føre til auka stress i familiane.2

Dei ulike overføringsordningane til familiane tener fleire føremål. Felles er at dei hjelper med å tryggje økonomien i familiar og gir denne samfunnsgruppa ein velferdsauke. Barn er ein verdi i seg sjølve, men det er òg viktig for samfunnet at barn kjem til. Offentlege ordningar kompenserer derfor familiane for delar av kostnadene dei har til barna – noko barnetrygda er eit døme på. Ordningane sikrar òg foreldre inntekt i særskilde situasjonar, til dømes etter fødsel – gjennom foreldrepengar og eingongsstønad. Familieytingane bidreg til å tryggje dei økonomiske rammene rundt familien og skal hjelpe til med å gi barn og foreldre tilstrekkeleg gode økonomiske levekår.

Arbeids- og velferdsdirektoratet (AVdir) forvaltar størstedelen av budsjettet til BFD gjennom ytingane foreldrepengar, eingongsstønad, kontantstøtte og barnetrygd. I tillegg forvaltar NAV ordninga med offentleg fastsetjing og endring av barnebidrag. Trass i stor belasting på NAV under pandemien i 2021 har NAV forvalta ytingane til barnefamiliane på ein god måte. NAV gjer i det store korrekte vedtak innanfor gjeldande krav og innanfor dei gitte måla om sakshandsamingstider. Departementet vil i 2023 følgje med på forvaltinga av dei ulike ordningane og medverke til god forvalting av desse.

Nedanfor gir departementet ei oversikt over barnetrygd, kontantstøtte og regelverket for barnebidrag. Foreldrepengeordninga og eingongsstønaden er nærare omtalte under programkategori 28.50.

Barnetrygd

Barnetrygd er ei skattefri månadleg utbetaling til foreldre med barn under 18 år. Ytinga skal kompensere familiane for nokre av utgiftene dei har til barna, og er midlar som familien sjølv kan prioritere etter eigne behov. At ordninga er universell og eit gode for alle barnefamiliar, kan bidra til ei brei forankring i befolkninga. Midlane er samstundes særleg viktige for mottakarar med ein svak privatøkonomi og kan hjelpe fleire familiar og barn ut av fattigdom.

Barnetrygda bidreg til ei omfordeling mellom innbyggjarar med og uten barn. Regjeringa vil føre vidare barnetrygda som ei universell ordning.

Regjeringa vil forenkle støtta til einslege forsørgjarar. Regjeringa føreslår derfor å avvikle særfrådraget for einslege forsørgjarar i skattesystemet og auke den utvida barnetrygda tilsvarande maksimal skatteverdi av frådraget i 2022, sjå meir i Prop. 1 LS (2022–2023). Omlegginga vil gi ein auke i månadleg utvida barnetrygd på 962 kroner, slik at total utvida barnetrygd vil vere 2 016 kroner i månaden. Endringa skal gjelde frå 1. mars 2023. Ingen mottakarar av utvida barnetrygd vil komme dårlegare ut av omlegginga samanlikna med i 2022. Fleire med for låg inntekt til å dra nytte av særfrådraget vil få auka støtte gjennom den utvida barnetrygda.

Forslag til satsar for 2023 og oversikt over talet på mottakarar er omtalte under kap. 845, post 70.

Kontantstøtte

Kontantstøtte er ei økonomisk yting som er tilgjengeleg for familiar med barn i alderen eitt til to år. Ytinga gir familien økonomisk støtte når dei vel andre omsorgsformer enn barnehage, og utbetalinga er knytt til om barnet nyttar barnehageplass eller ikkje. Føremålet med ordninga er mellom anna å leggje økonomisk til rette for at familiane sjølve skal kunne ta omsorga for barna sine. Ein del foreldre vel òg å få kontantstøtte og nytte andre tilsynsformer, til dømes familiemedlemmer.

Forslag til satsar for 2023 er omtalt under kap. 844, post 70. Regjeringa greier ut om kontantstøtta for barn mellom 18 og 24 månader kan bli erstatta av ei småbarnstøtte for dei som har søkt om, men ikkje fått barnehageplass. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om dette på eigna vis når utgreiinga er ferdig.

Barnebidrag

Alle barn har rett til å bli forsørgde av foreldra sine. Forsørgingsplikta foreldra har, og plikta deira til å dekkje utgiftene til utdanning gjeld uavhengig av om dei bur saman med barnet eller ikkje. Når den eine av eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, oppfyller vedkommande forsørgingsplikta si ved å betale faste månadlege barnebidrag til barnet. Foreldra kan sjølve avtale kor stort barnebidraget skal vere, eller dei kan be det offentlege om å fastsetje barnebidraget, gjennom NAV. Det har over fleire år vore ein reduksjon i talet på familiar som treng det offentlege tilbodet for å fastsetje og krevje inn barnebidraget, og i dag bruker om lag 45 prosent av dei delte familiane det offentlege tilbodet.

Departementet har som mål at flest mogleg foreldre skal inngå private avtalar om barnebidrag. Private avtalar vil som oftast vere betre tilpassa situasjonen til den einskilde familien. Statistikken til NAV om offentlege fastsette barnebidrag syner per mars 2022 at det i saker med offentleg fastsetjing av barnebidrag blei utbetalt barnebidrag og/eller forskot på bidrag frå det offentlege for 75 783 barn. Det er om lag 7 prosent færre enn i mars 2021 og over 35 prosent færre enn i mars 2013.

Tabell 4.1 Barn som får barnebidrag gjennom det offentlege, etter alder og storleiken på det gjennomsnittlege bidraget (kroner).

Talet på barn

Gjennomsnittleg bidrag per månad (kroner)

Barn 0–5 år

6 639

1 977

Barn 6–10 år

18 383

2 131

Barn 11–14 år

23 114

2 299

Barn 15–17 år

19 373

2 671

Barn 18+

1 782

4 421

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå utgangen av april 2022. Tala omfattar ikkje barn med ukjend far, barn som ikkje har fått fastsett bidrag, og barn med bidrag i utanlandsk valuta.

Barnelovutvalet har i NOU 2020: 14 Ny barnelov mellom anna vurdert kva utforminga av bidragssystemet har å seie for likestilt foreldreskap, og korleis foreldre skal sikrast like rettar som omsorgspersonar. Utvalet har einskilde forslag til endringar i bidragsreglane.

Stortinget har ved handsaminga av Dokument 8:40 S (2020–2021) om samværssabotasje, i oppmodingsvedtak nr. 715 (2020–2021), sjå omtale i del I, bede regjeringa greie ut om det er behov for å gjere justeringar i barnebidragsreglane for å sikre at økonomi ikkje blir ein drivande faktor for samværshindring.

Departementet følgjer opp rapporten frå barnelovutvalet og oppmodingsvedtaket. Departementet har òg sett på kva for endringar som er moglege innanfor regelverket vi har i dag, for å førebyggje og forhindre samværshindring. Etter gjeldande praksis kan NAV vente med å gjere vedtak om barnebidrag når det er usemje om samværet og ei rettsleg avgjerd om samvær ikkje er langt unna. Dette vil bli ført vidare. I tillegg har departementet bede NAV om i større grad enn i dag å vise saker til domstolane når foreldrekonflikten er særleg fastlåst. Samstundes kan NAV fastsetje eit mellombels bidragsvedtak som sikrar at barnet blir forsørgt. Sjå òg omtale under «Mekling og tilbod til familiar med eit høgt konfliktnivå».

Overføring av ansvaret for ordninga med bidragsforskot, lov om stans i utbetalingar etter barnebortføring

Ansvaret for lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven) og lov 6. juni 2014 nr. 19 om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet (lov om stans i utbetalingar etter barnebortføring), vil bli overført frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Barne- og familiedepartementet frå 1. januar 2023, sjå postomtale på kap. 841, ny post 71, og kap. 3841, ny post 01 og 70.

Ordninga med bidragsforskot

Forskoteringsordninga skal sikre eit minstebidrag til forsørging av barnet når barnebidraget frå den bidragspliktige er forseinka eller ikkje blir betalt. Barn under 18 år busette i Noreg som ikkje bur saman med begge foreldra, har rett til forskot på underhaldsbidrag. Forskotet er ei yting som blir utbetalt til den forelderen som barnet bur saman med.

Bidragsforskotet er prøvd mot inntekta til mottakaren og ut frå ei inntektsgrense som blir regulert kvar år. Talet på barn i husstanden og om vedkommande bur aleine med barnet/barna eller ikkje, har også noko å seie for bidragsforskotet. Stønaden blir utbetalt etter tre satsar: redusert forskot, ordinært forskot eller auka forskot. Mottakarane med dei lågaste inntektene vil også kunne få eit tillegg på ein tredjedel av ordinær forskotssats dersom barnet er over 11 år.

Staten krev refusjon frå den bidragspliktige for det forskoterte bidraget. Før bidragsforskotet blir utbetalt, skjer ein automatisk kontroll av om bidrag er innbetalt frå den bidragspliktige. Forskot blir berre utbetalt når forskotet overstig innbetalt bidrag.

Lov om stans i utbetalingar etter barnebortføring

Lov om stans i utbetaling av ytingar og barnebidrag etter barnebortføring skal fremje rask tilbakeføring av barn som er bortførte til utlandet, og førebyggje slik bortføring. Lova gjeld i utgangspunktet når barn blir tekne med ut av Noreg i strid med reglane om foreldreansvar etter barnelova. I tillegg må:

  • situasjonen bli handsama som ei bortføringssak etter Haag-konvensjonen frå 1980 om dei sivile sidene ved internasjonal barnebortføring eller Europarådskonvensjonen frå 1980 om godkjenning og fullbyrding av avgjerder om foreldreansvar og om gjenoppretting av foreldreansvar,

  • barnet vere registrert som sakna hos politiet, eller

  • politiet ha oppretta straffesak.

På nærare bestemte vilkår kan offentlege ytingar og barnebidrag bli haldne tilbake i inntil to år. Midlar som er haldne tilbake, blir sette på ein sperra konto. Det er NAV som forvaltar lova. Det er relativt få einskildsaker som blir vurderte i løpet av eit år.

Familieytingane og EØS-avtalen

EØS-avtalen er den mest omfattande internasjonale avtalen som Noreg er ein del av, og inneber ei rekkje rettar og plikter. Avtalen skal mellom anna sikre fri rørsle av arbeidstakarar i ein felles europeisk arbeidsmarknad og omfattar også koordinering av trygderettar som foreldrepengar, barnetrygd og kontantstøtte.

Vårt nasjonale regelverk og praksis på trygdeområdet skal vere tilpassa og i tråd med EØS-retten. Regjeringa ønskjer å finne gode løysingar for dette. Det er òg ønskjeleg å ta omsyn til ein rimeleg bruk av norske velferdsordningar og til berekrafta i det norske velferdssystemet.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), i samråd med mellom anna BFD, la den 1. april 2022 fram Prop. 71 L (2021–2022) Endringer i folketrygdloven mv. (synliggjøring av folkerettslige forpliktelser til trygdekoordinering) for Stortinget. Lovforslaget er ei oppfølging av utgreiinga frå Trygdekoordineringsutvalet, NOU 2021: 8 Trygd over landegrensene.I lovforslaget er det føreslått å innføre såkalla folkerettsmarkørar i folketrygdlova, barnetrygdlova og kontantstøttelova. Det er òg føreslått å endre gjennomføringa av folkerettslege avtalar som betyr noko for trygdekoordinering; pliktene blir inkorporerte i lova i staden for i forskrift. Forslaga skal bidra til å gjere Noregs folkerettslege forpliktingar på trygdeområdet meir synlege. For nærare omtale av forslaga, sjå omtale i AIDs budsjettproposisjon.

Barnet sine rettar og ordningar for medverknad

Barn har særskilde rettar etter mellom anna Grunnlova og barnekonvensjonen. Barn er avhengige av at andre tek vare på dei og sikrar interessene deira utan eigennytte. Barndommen legg grunnlaget for vaksenlivet og har òg følgjer for nye generasjonar. Ved handlingar og i avgjerder som gjeld barn, skal kva som er det beste for barnet, vurderast særskilt og vere eit grunnleggjande omsyn. Det offentlege er forplikta til å vurdere om ei handling gjeld barn eller kan få konsekvensar for barn, og gjere ei vurdering av barn sine rettar etter mellom anna Grunnlova og barnekonvensjonen. Den som har ansvar for handlinga, må syte for dette.

Ei viktig side av utgreiinga i saker som vedkjem barn, er å klargjere kva barna meiner. Meininga til barna kan bidra til å klargjere kva som er det beste for barna det gjeld. At barn blir involverte, er ein verdi i seg sjølv, og dei vil med dette òg få erfaring med deltaking i samfunnet og kan få auka tilliten sin til samfunnet.

Pandemien aktualiserte spørsmålet om ivaretaking av barn sine rettar, irekna konsekvensar for barn, i statlege og kommunale avgjerdsprosessar. Koronakommisjonen har i den andre rapporten sin skrive at styresmaktene ikkje har skjerma barn og unge i tråd med eiga målsetjing. Ei kartlegging utført av Bufdir i 2020 om dei lovpålagde kommunale medverknadsorgana, ungdomsråd, viste at fleire ungdomsråd ikkje var i drift under pandemien. I den nye strategien frå Europarådet om barn sine rettar (2022–2027) er det eit nytt mål å styrkje rettane i kriser og naudsituasjonar.

Ved ny politikk og nye tiltak må styresmaktene gjere naudsynte vurderingar av barn sine rettar og konsekvensar for barn. Dette gjeld i krisetider òg. Departementet har det overordna ansvaret for barnekonvensjonen og arbeidet fram mot neste rapportering til FNs barnekomité i 2024. Departementet vil halde fram med arbeidet med å vareta barn sine rettar, mellom anna i samarbeid og kontakt med andre departement og i styringa av direktorat. Når ulike eller motstridande rettar blir aktualiserte, er det særleg viktig å synleggjere konsekvensar for barn og på kva måte rettane er avvegne. Departementet har fastsett dette målet for barn sine rettar:

  • Barn sine rettar blir betre varetekne.

Ei styrking av høvet barn har til å klage til nasjonale klageorgan, kan bidra til å styrkje barn sine rettar generelt. Det same gjeld dersom informasjon om korleis det er mogleg for barn å klage, blir meir tilgjengeleg. Departementet er i gang med å sjå på dette.

Ordningar for at barn og unge får medverke

At barn og unge får medverke i saker som angår dei, er ein viktig føresetnad for god politikkutforming og tenesteutvikling for barn og unge. Å leggje til rette for medverknad bidreg òg til at barn og unge tek samfunnsansvar. Retten til medverknad er teken inn i Grunnlova, og barnekonvensjonen pålegg staten å sikre at barn får uttale seg om alle tilhøve som gjeld barnet.

Bufdir har eit særskilt ansvar for å auke medvitet om barnekonvensjonen og korleis han kan nyttast for å styrkje barn si deltaking i ulike sektorar og på forskjellige forvaltingsnivå. Dei følgjer òg opp arbeidet med å gjere barnekonvensjonen kjend ute i tenestene i kommunane. Bufdir har òg utarbeidd ei rettleiing om korleis involvere barn og unge i medverknadsprosessar på systemnivå. Dette kjem til nytte for tilsette i statsforvaltinga, fylkeskommunar og kommunar. Bufdir er vidare kontaktpunkt mellom statsforvaltarane, kommunane og Kommunal- og distriktsdepartementet i ulike spørsmål kring ungdomsmedverknad, og det er laga ei rettleiing om ungdomsråd.

For å leggje til rette for medverknad i praksis kan departementa nytte ungdomspanel. I 2020 blei det utarbeidd råd om etableringa av slike panel.

Departementet har jamlege møte med paraplyorganisasjonane for barne- og ungdomsorganisasjonane og årlege dialogforum med ungdomsråda i fylkeskommunane. Organisasjonane og ungdomsråda løftar fram saker dei er opptekne av, for departementet og gir verdifulle innspel til politikkutforminga.

I 2021 har det vore eit samarbeid mellom Bufdir, KS og Frivillighet Norge om å arrangere ti regionale samlingar mellom ulike ungdomsråd, kommunar og frivilligheita og nokre sosiale entreprenørar. Dette har vore gjort for å auke kompetansen om og styrkje lokal ungdomsmedverknad under pandemien. Kommunane som har delteke, er òg samla i ulike regionale nettverk slik at dei kan hjelpe og inspirere kvarandre til å jobbe med medverknad.

Regjeringa ønskjer meir søkjelys på at det skal vere mogleg for barn og unge å delta og påverke samfunnet og samfunnsutviklinga. Ungdomskonferansen er ein nasjonal nettverkskonferanse for medlemmer frå ungdomsråda og dei som jobbar med og for ungdom i kommunane. Det er ungdommane sjølve som bestemmer tema. Bufdir fasiliterer konferansen. Ungdomskonferansen blir arrangert kvart andre år, og vart arrangert i 2021.

Årets ungdomskommune er ein pris for kommunar som arbeider for auka deltaking og medverknad blant barn og unge i verksemda til kommunen. Prisen blir delt ut annakvart år og skal delast ut i 2023.

Oppvekstsamarbeidet er ei utprøving av ein førebyggingsmodell for kunnskapsbasert utvikling av tiltak for ungdom. Modellen skal styrkje medverknaden til ungdom og foreldre i arbeidet for eit betre oppvekstmiljø og når det blir utvikla førebyggjande tiltak i kommunar. Bufdir har fått i oppdrag å prøve ut modellen, og arbeidet skal handsamast i samanheng med Helsedirektoratet sitt Program for folkehelsearbeid i kommunane. I 2022 er Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) i gang med ei kunnskapsoppsummering av ung medverknad i Noreg og dei nordiske landa og med ei kartlegging av ung medverknad i ti utvalde kommunar for å skaffe kunnskap om korleis ein kan betre kvaliteten på medverknaden. Samstundes blir det òg utvikla ein metodikk for å involvere ungdom og foreldre i arbeidet til kommunane med å utvikle lokale tiltak og i kommunale planprosessar. Arbeidet vil halde fram i 2023, og på bakgrunn av tilrådingane frå forskingsprosjektet vil det jobbast vidare med modellutvikling og implementering i samarbeid med nettverket av kommunar som deltek.

For å kunne medverke er det viktig å sikre god og tilpassa informasjon. Regjeringa vil at ung.no skal vere den primære kanalen staten har for digital informasjon, dialog og digitale tenester til barn og unge på tvers av sektorar og tenestenivå, gjennom realisering av DigiUng-programmet. For meir omtale og informasjon om tenestene, sjå avsnitt om Trygg digital oppvekst.

Oppvekstvilkåra til barn og unge

Dei fleste barn i Noreg veks opp i trygge familiar med gode oppvekstvilkår. Likevel er det barn og unge som opplever ulike utfordringar i oppveksten, til dømes i relasjonen til foreldre, på skulen, på fritida eller når det gjeld helse eller butilhøve. Barn og unge som blir utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep, har eit særskilt behov for gode offentlege tenester. Det same gjeld andre barn og unge som opplever ulike utfordringar i oppveksten. Dette kan vere barn som veks opp i fattige familiar, eller som har foreldre med andre levekårsutfordringar. Dårlege oppvekstvilkår er utfordrande for dei barna det gjeld, og gir auka risiko for å falle utanfor arbeids- og samfunnslivet som vaksne. Dette medfører òg store kostnader for samfunnet, mellom anna gjennom tapte arbeidsinntekter og tapte leveår. Talet på barn i vedvarande låginntektsfamiliar har over ein lengre periode vore aukande. I 2020 var talet 11,7 prosent av alle barn i Noreg. Dette er same nivået som i 2019, men det er for tidleg å slå fast om dette betyr at auken har stoppa opp.

Utviklinga inneber risiko for at fleire barn og unge fell utanfor. Tiltak som bidreg til gode oppvekstvilkår for barn på kort sikt og redusert risiko for at barn og unge fell utanfor arbeids- og samfunnsliv som vaksne, kan gi store gevinstar for samfunnet. Utfordringane gjeld fleire sektorar og krev ein tverrdepartemental innsats og eit samarbeid på tvers av sektorar og tenester.

Departementet har derfor fastsett dette målet for arbeidet retta mot utsette barn og unge:

  • Gode oppvekstvilkår som motverkar risiko for utanforskap blant barn og unge

Betre samarbeid for utsette barn og unge

Fleire offentlege utgreiingar, tilsyn og forsking viser at dei ulike velferdstenestene i mange saker ikkje samarbeider godt nok, og at dette svekkjer tilbodet barn og unge får. Mange familiar med barn som har behov for samansette tenester, har utfordringar i kvardagen, og fleire av desse opplever manglande koordinering og lite informasjon om tenestene.

Det er gjort endringar i fleire velferdstenestelover som forpliktar dei ulike tenestene til betre samarbeid til det beste for barn og unge som har behov for samansette tenester. Endringane tek til å gjelde frå 1. august 2022, jf. Prop. 100 L (2020–2021), og skal evaluerast. Direktorata for velferdstenestene har fått i oppgåve å utarbeide ei felles rettleiing for samarbeid mellom skule, helse, tannhelse, barnevern, sosialtenesta, Nav, familieverntenesta og krisesentera. Denne skal leggjast fram hausten 2022.

Det er eit stort behov for å koordinere samarbeidet om utsette barn og unge som overskrid sektorområde og forvaltingsnivå. I Strategi for utvikling av departementsfellesskapet – Gode hver for oss. Best saman (2021–2025) er kjernegrupper ei ny arbeidsform for å sikre samordning på tvers av departementa. BFD leier ein kjernegruppepilot for samordning av arbeidet for utsette barn og unge. Her deltek i tillegg Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Bufdir koordinerer det tverrsektorielle samarbeidet om utsette barn og unge på direktoratsnivå. Direktoratsgruppa skal mellom anna samarbeide med kjernegruppa og følgje opp innsatsen til statsforvaltarane på feltet. Direktorata skal byggje vidare på erfaringane frå 0–24-samarbeidet som blei avslutta i 2021. Målet med 0–24-samarbeidet var å styrkje oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år gjennom betre samarbeid mellom tenestene for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring og seinare utanforskap.

Under pandemien har Bufdir leidd ei koordineringsgruppe på direktoratsnivå for tenestetilbodet til sårbare barn og unge. Koronakommisjonen tilrår at samarbeidet i koordineringsgruppa blir ført vidare etter pandemien for å styrkje beredskapen for neste krise som rammar barn. Regjeringa vil føre vidare dette samarbeidet innanfor rammene av direktoratssamarbeidet som er knytt til kjernegruppepilot for utsette barn og unge, sjå omtale over. Arbeidet skal byggje vidare på erfaringane frå koordineringsgruppa.

Koronakommisjonen konkluderer med at smitteverntiltak har ramma barn og unge hardt, og at styresmaktene ikkje i tilstrekkeleg grad har greidd å skjerme barn og unge i tråd med eiga målsetjing. Sjølv om samfunnet no er gjenopna og alle smitteverntiltaka er avvikla, kan pandemien ha gitt langsiktige velferdstap. Til dømes kan dei langsiktige kostnadene for dei som har tapt eit sosialt nettverk, vere store. For ein del barn og unge kan tap av tilhøyrsel og nettverk ha spesielt store konsekvensar. Mykje tyder òg på at den psykiske helsa til barn og unge blei forverra under pandemien. Det vil vere viktig for regjeringa å følgje med på korleis situasjonen utviklar seg, og på konsekvensar på lengre sikt av pandemien – både for tenestene og for barn og unge. Dette vil mellom anna bli følgt opp i det vidare samarbeidet om barn og unge mellom departementa og direktorata. På oppdrag frå Bufdir har OsloMet ved NOVA i samarbeid med fleire andre forskingsinstitusjonar fått i oppgåve å sjå på dei langsiktige konsekvensane av covid-19-pandemien for oppvekst og likestilling. Det er særleg relevant for BFD å følgje med på utsette barn og unge, vald i nære relasjonar, om barn og unge deltek i fritidsaktivitetar og samfunnsliv som tidlegare, eller om det er uønskte endringar. Prosjektet skal bidra med kunnskap som kan danne grunnlag for tilrådingar til tiltak som kan dempe eller snu negative verknader av pandemien.

Kunnskapsgrunnlaget for utsette barn og unge – BarnUnge21

Ei vellukka forbetring av politikk og tenester retta mot utsette barn og unge er avhengig av eit velfungerande kunnskapssystem. Kunnskapssystemet må, i tillegg til å utvikle ny og naudsynt kunnskap, sørgje for at kunnskapen blir teken i bruk, og at han bidreg til utvikling av meir effektive tiltak. BarnUnge21-strategien fann at forskinga om utsette barn og unge ofte skjer i små og fragmenterte forskingsmiljø, og at forskinga er underfinansiert, sektorisert og kortsiktig. Strategien peiker på behovet for solid og framtidsretta kunnskapsutvikling om kva som sikrar barn og unge tryggleik, inkludering og utvikling. Strategien peiker på behovet for betre tilgang til, bruk og kopling av data som grunnlag for solide og forskingsbaserte analysar om livet til barn og unge og deira samansette behov. I strategien er det gitt sju tilrådingar til korleis ein kan styrkje produksjonen og bruken av forsking for å oppnå ein meir heilskapleg og kunnskapsbasert oppvekstpolitikk.

Den overordna ambisjonen for oppfølginga av BarnUnge21 er eit styrkt kunnskapsgrunnlag om utsette barn og unge, risikofaktorar for å hamne i gruppa, kva tiltak som kan ha førebyggjande effekt, og kva som gjer at barn, unge og familiane deira meistrar eige liv. For å følgje opp har BFD, som leier oppfølginga av BarnUnge21-strategien, mellom anna sett i gang eit prosjekt med deltaking frå relevante departement. Vidare er ambisjonen at denne kunnskapen systematisk blir teken i bruk i tenester, utdanningar og i politikkutvikling. Sjå omtale av opprettinga av eit forskings- og innovasjonsprogram om utsette barn og unge i 2023 i del III Forsking og utvikling.

Vidare lanserer regjeringa eit samfunnsoppdrag om å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv i Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forsking og høyere utdanning 2023–2032. Innrettinga av samfunnsoppdraget vil utviklast i ein design- og implementeringsfase. Sjå ytterlegare omtale i del III.

Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

Målet med tilskotsordninga er å setje kommunane i betre stand til å oppdage og følgje opp utsette barn gjennom utvikling av kommunale samhandlingsmodellar. Samhandlingsmodellane skal gi ei overordna og forenkla framstilling av korleis sektorar og tenester skal samhandle på dette området. Det blei i 2021 tildelt i underkant av 24 mill. kroner til 39 kommunar over ordninga. Kommunane rapporterer at tilskotsordninga har bidrege positivt til arbeid med målgruppa og til å systematisere og kvalitetssikre arbeidet med utsette barn. Tilskotet har bidrege til å styrkje samhandlinga mellom tenester og til å avdekkje behov og manglar i arbeidet kommunane gjer. Tilskotsordninga er på 24,4 mill. kroner i 2022.

Ordninga har verka over fleire år, og tildelingane til kommunane er tidsavgrensa prosjekttilskot. Mange kommunar har no utvikla slike samhandlingsmodellar. Regjeringa føreslår derfor å redusere tilskotsordninga med 6,2 mill. kroner, sjå omtale under kap. 846 post 62.

Barn som veks opp i fattige familiar

Ein oppvekst i fattigdom er ein av fleire faktorar som gir auka risiko for dårlege oppvekstvilkår på kort sikt. Dette inneber mellom anna lågare deltaking i fritidsaktivitetar, dårlegare fysisk og psykisk helse og butilhøve, fråfall frå vidaregåande utdanning, lågare skuleprestasjonar og færre venner. Ein oppvekst i fattigdom kan òg føre til at barna fell utanfor arbeids- og samfunnsliv som vaksne. Omfanget av barn som veks opp i fattige familiar, ser ut til vere aukande, samstundes som nokre analysar tyder på at den sosiale mobiliteten blant dei lågaste inntektsgruppene har gått tilbake over tid. Det vil seie at risikoen for at barn og unge i dei lågaste inntektsgruppene blir verande i den same gruppa når dei blir vaksne, har auka.

Ein indikator for kor mange barn som veks opp i familiar med risiko for fattigdom, er delen barn som lever i hushald med ei inntekt under 60 prosent av medianinntekta over ein periode på tre år. SSB definerer denne gruppa som barn i familiar med vedvarande låg inntekt. Det har over ein lengre periode vore ein auke i delen barn som bur i familiar med vedvarande låg inntekt. I 2020 vaks 11,7 prosent av barn i Noreg opp i ein familie med vedvarande låg inntekt, mot 7,7 prosent i 2010. 2020-talet er på same nivået som i 2019, men det er for tidleg å slå fast om dette betyr at auken har stoppa opp.

Barn med foreldre med bakgrunn frå andre land, svak eller inga tilknyting til arbeidsmarknaden og av einslege forsørgjarar er særskilt utsette for fattigdom. Auken i tala for vedvarande låg inntekt har vore særleg høg blant familiar med innvandrarbakgrunn, der ein stor del dei siste åra har komme til Noreg som flyktningar. Mange av desse foreldra møter på ulike barrierar med tanke på yrkesdeltaking, til dømes at dei har manglande formell kompetanse eller manglar naudsynt språkkunnskap. Det er òg slik at inntektsforskjellane har auka gjennom dei siste tiåra. Mellom anna har dei lågaste inntektsgruppene hatt ei dårlegare inntektsutvikling samanlikna med andre inntektsgrupper. Utviklinga i omfanget av barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt, kan òg ha ein samanheng med at barnetrygda ikkje blei auka i perioden 1996–2019.

Det er fleire svakheiter med relativ låg inntekt som ein indikator på fattigdom. Målet fangar til dømes ikkje opp endringar i forbruksbehovet eller verdien av offentlege tenester, mellom anna rimelege helsetenester og gratis utdanning. Tala tyder likevel på at fleire barn veks opp i fattige familiar enn tidlegare.

Arbeid er den viktigaste kjelda til inntekt og velferd for kvar einskild og familien deira og bidreg til å halde ved lag eit økonomisk berekraftig velferdssamfunn. Samstundes er det naudsynt å sikre at dei foreldra som av ulike årsaker ikkje kan arbeide, også kan gi barna sine ein trygg og god oppvekst og ein anstendig levestandard, og at barna deira kan delta slik andre barn kan. Tiltak som legg til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge som veks opp i fattige familiar, og som gir dei betre høve til varig deltaking i samfunnet, kan også ha samfunnsøkonomiske gevinstar på sikt.

Innsatsen til regjeringa for barn i fattige familiar

Ein oppvekst i fattigdom inneber ofte samansette utfordringar, og det er derfor naudsynt med ein brei og samordna innsats for å styrkje oppvekstvilkåra til barna. Gode tiltak no kan ha varige verknader og også redusere risikoen dei har for utanforskap og fattigdom som vaksne. Arbeidet regjeringa gjer for barn i fattige familiar, omfattar i dag innsats på tvers av mange ulike departement, sektorar og forvaltingsnivå.

Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar som skal vurdere korleis innsatsen bør prioriterast for å styrkje oppvekstvilkåra til barna på kort sikt og førebyggje framtidig fattigdom på lengre sikt. Ekspertgruppa skal òg vurdere korleis delen og talet på barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt, kan reduserast på ein treffsikker måte, både på kort og lang sikt.

Dei fleste tiltaka i Like muligheter i oppveksten. Samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023),som Solberg-regjeringa la fram i hausten 2020, vil bli følgt opp. Nedanfor er ein kort omtale av dei viktigaste innsatsane til regjeringa for barn som veks opp i fattige familiar. Fleire av desse er ei oppfølging eller vidareføring av tiltak i samarbeidsstrategien for barn og ungdom i låginntektsfamiliar.

Støtte til barnefamiliane

Overføringar til barnefamiliane er ordningar som kan ha stor verknad for barn som veks opp i fattige familiar. Overføringane gjeld ordningar som barnetrygd, eingongsstønad og kontantstøtte. Desse ordningane betrar det økonomiske handlingsrommet i familiane og kan nyttast til auka investeringar i oppveksten til barna. For nærare omtale av desse ordningane, sjå Økonomien til barnefamiliar og familieytingane og programkategori 28.50.

Stortinget har vedteke ei endring i sosialtenestelova med verknad frå 1. september 2022 som inneber at ein ved vurdering av søknad om stønad til familiar ikkje skal ta omsyn til barnetrygd, jf. Prop. 87 L (2021–2022) og Innst. 375 L (2021–2022). Lovendringa er eit verkemiddel for å betre økonomien til denne gruppa, og er anslått å auke utgiftene til kommunane med om lag 560 mill. kroner. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Omsorga barnet får tidleg i livet, påverkar utviklinga hos barnet og kva for føresetnader det har vidare i livet. Tiltak som støttar opp under omsorgsevna til utsette foreldre, kan òg bidra til betre oppvekstvilkår for barn i fattige familiar. Det førebyggjande programmet Sammen på vei –Nurse Family Partnership og tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak er døme på slike tiltak. For nærare omtale av desse innsatsane, sjå Foreldrestøttande arbeid.

Deltaking i sosiale aktivitetar

Barn i familiar med låg inntekt deltek sjeldnare på fritidsaktivitetar enn andre barn, mellom anna fordi det er dyrt for dei å delta. Samstundes er å delta i aktivitetar på fritida viktig for å motverke einsemd og utanforskap. Å delta i fritidsaktivitetar kan òg førebyggje utanforskap blant barn og unge på lengre sikt. Dei mest sentrale tiltaka for å gi fleire barn og unge i låginntektsfamiliar høve til å delta på fritidsaktivitetar er tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge og Fritidserklæringa. For nærare omtale av desse innsatsane, sjå Tilskot til å inkludere barn og unge og Fritidserklæringa.Kultur- og likestillingsdepartementet har fleire tilskotsordningar til frivillige organisasjonar som gir organisasjonane betre økonomiske rammevilkår. Eksempel på slike ordningar er Meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar, Tilskot til lokale lag og foreiningar (spelemidlar til idrettsformål) og Frifond-ordningane (spelemidlar til kulturformål).Departementet har òg målretta ordningar som Inkludering i idrettslag (spelemidlar til idrettsformål), Inkludering i kulturliv og Fritidstiltak for personar med funksjonsnedsetting.

I 2023 føreslår regjeringa å styrkje ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge med 96 mill. kroner. Styrkinga skal mellom anna gå til lokale fritidskasser for å dekkje kostnader for deltaking i fritidsaktivitetar, opne møteplassar som fritidsklubbar og losar/ungdomslosar som skal hjelpe unge med å fullføre utdanningsløp. 20 mill. kroner av styrkinga skal prioriterast til utstyrssentralar, inkludert 2,5 mill. kroner til Barn-Unge-Aktivitet (BUA).

Barnehage, skule og SFO

God utdanning gir sjølvstende og høve til å forsørgje seg sjølv, og er eit verktøy for sosial mobilitet og utjamning. Det blir gjennomført ei rekkje tiltak for å fjerne økonomiske hindringar for bruk av barnehage og skulefritidsordning (SFO). Regjeringa har allereie redusert maksimalprisen for foreldrebetalinga i barnehagen til nivået frå barnehageforliket i 2003. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa å redusere maksimalprisen ytterlegare til 3 000 kroner per månad frå januar 2023. Regjeringa foreslår òg å innføre gratis barnehage for 3. barn i familien som går i barnehagen samtidig frå august 2023. Skulefritidsordninga er styrkt ved at alle førsteklassingar får 12 timar gratis skulefritidsordning for alle elevar på 1. trinn. I tillegg vidareførar regjeringa nasjonal ordning for redusert foreldrebetaling i barnehage, nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehage 20 timar per veke for 2–5-åringar frå familiar med låg inntekt og nasjonal ordning for redusert foreldrebetaling i SFO.

I 2023 føreslår regjeringa å auke bemanninga og pedagogtettleiken i barnehagar i levekårsutsette område til totalt 80 mill. kroner. Regjeringa føreslår òg 15 mill. kroner til å auke bemanninga på skular i levekårsutsette område. Regjeringa føreslår å auke tilskotet til den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage med 45 mill. kroner i 2023.

Kunnskapsdepartementet følgjer opp Fullføringsreforma, der målet er at alle som går inn i vidaregåande opplæring, faktisk blir kvalifiserte til læreplass, arbeid, utdanning og livslang læring. Kompetansen dei får, skal vere etterspurd av arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar. For vaksne har regjeringa også som mål å gjere det lettare for fleire å delta i opplæring og kompetanseheving, både for dei som har vidaregåande frå før av, og for dei som treng ein kvalifikasjon for fyrste gong. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

Butilhøve og områdesatsingar

Gode butilhøve for barn og unge er eit prioritert område i den sosiale bustadpolitikken. Mange barnefamiliar får stabile og trygge butilhøve når dei eig bustaden sin. Regjeringa vil at fleire skal kunne eige bustad, og føreslår å auke ramma for startlån med 2 mrd. kroner i 2022.

Regjeringa vil òg betre butilhøva på leigemarknaden. For leigetakarar med låge inntekter og høge buutgifter er bustøtta viktig. Bustøtta er styrkt for barnefamiliar over fleire år. Frå 1. januar 2022 blei bustøttereglane endra varig for å ta meir omsyn til barnefamiliar og andre husstandar med fleire personar. Mellombelse endringar i reglane gjennom 2022 har også gjort at fleire har kunna få bustøtte, mellom anna over 4 700 husstandar med barn. Kommunal- og distriktsdepartementet fekk i mai ein rapport frå ei ekspertgruppe som har gjennomgått bustøtta. Rapporten var på høyring sommaren 2022 og er eit viktig bidrag til arbeidet med å forbetre bustøtteordninga.

Områdesatsingar er avtalebaserte samarbeid mellom stat og kommune om ekstra innsats i levekårsutsette byområde. Det er statlege områdesatsingar i Oslo, Bergen, Stavanger og Drammen. I 2022 er det òg sett av midlar til ei ny satsing i Trondheim. Områdesatsingar går inn i arbeidet til regjeringa med å jamne ut ulikskap. I områdesatsingane blir det arbeidd med å betre fysiske og sosiale nærmiljøkvalitetar og med tenesteutvikling, særleg innan utdanning og oppvekst, og sysselsetjing og kvalifisering. Stortinget auka løyvinga til områdesatsingane med 20 mill. kroner i 2022. For 2023 føreslår regjeringa å auke løyvinga til områdesatsingar med ytterlegare 15 mill. kroner. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Sosial ulikskap i helse

Dei økonomiske, kulturelle og sosiale ressursane til foreldra har mykje å seie for helsa og oppveksten til barna og høvet dei har for å utvikle eit godt liv vidare i vaksenlivet.

Å redusere sosial ulikskap i helse er eit viktig mål i folkehelsepolitikken. Folkehelseinstituttet har utarbeidd oppvekstprofilar for kommunane som gir oversikt over ulike tilhøve som kan seie noko om situasjonen til barn og unge, og som kan brukast for å fremje levekåra deira, mellom anna i plan- og utviklingsarbeid i kommunane.

Ordningar som når alle barn og unge, er viktige i eit folkehelseperspektiv. Barnehagar og skular er gode arenaer for å nå alle og er sentrale for å fremje psykisk helse og livsmeistring, gjere dagleg fysisk aktivitet mogleg og å kjenne gleda av å røre på seg. I Hurdalsplattforma vil regjeringa mellom anna styrkje helsestasjonane og skulehelsetenesta og gradvis innføre eit enkelt dagleg, sunt skulemåltid og dagleg fysisk aktivitet i skulen.

Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om folkehelse våren 2023. I meldinga kjem sosial ulikskap og helse i eit livsløpsperspektiv til å vere eit gjennomgåande tema, og meldinga kjem òg til å omtale psykisk helse og livskvalitet. Regjeringa vil òg leggje fram ein opptrappingsplan for helsestasjons- og skulehelsetenesta. Regjeringa føreslår 150 mill. kroner til tiltak innan psykisk helse og rus i 2023. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

Arbeid, inkludering og velferd

Arbeids- og velferdspolitikken er sentral i innsatsen mot fattigdom. Arbeids- og velferdspolitikken skal leggje til rette for at flest mogleg kan forsørgje seg sjølve gjennom arbeid. Dersom foreldra deltek i lønt arbeid, betrar det oppvekstvilkåra til barna og levekåra til familien. Innsatsen for å få fleire i arbeid er derfor viktig for å motverke at låg inntekt og levekårsutfordringar går i arv.

God integrering er viktig for at foreldre kan delta i arbeid og slik løfte familien ut av fattigdom. Regjeringa satsar vidare på Jobbsjansen slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering for å komme ut i arbeid.

Mange unge står utanfor arbeid og utdanning. Det er viktig å sikre god oppfølging av unge, for å hindre at dei blir ståande varig utanfor utdanning og arbeid. Regjeringa vil innføre ein ny ungdomsgaranti i 2023. Målgruppa er ledige og personar med nedsett arbeidsevne under 30 år som ikkje kjem i arbeid på eiga hand. Desse skal raskt få tilbod om tett og god arbeidsretta oppfølging, så lenge det er naudsynt.

Inntektssikringsordningane skal gi økonomisk tryggleik for personar som ikkje kan arbeide. Regjeringa har lagt fram forslag om oppheving av karensperioden og unntak frå maksimal stønadsperiode for arbeidsavklaringspengar (AAP). Stortinget slutta seg til forslaget.

Regjeringa har gjort ei rekke tiltak for å motverka effekten av økte levekostnader i samfunnet, blant anna gjennom auka straumstøtte og bustøtte. Frå 1. juli 2022 blei dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp oppjustert i tråd med anslaget for vekst i konsumprisene for 2022. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Målretta tiltak for utsette barn og unge

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge var fram til 2022 ei tilskotsordning som gav tilskot til tilbod om kultur- og fritidsaktivitetar, ferietilbod eller alternative meistringsarenaer. Frå 1. januar 2022 blei ordninga slått saman med to andre tilskotsordningar for utsette barn og unge: Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom. For omtale av den nye tilskotsordninga, sjå Tilskot til å inkludere barn og unge.

Målet med den gamle ordninga har vore å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom for barn og ungdom. Målgruppa har vore barn og unge i låginntektsfamiliar. Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søkje om midlar til rimelege eller gratis tilbod for målgruppa gjennom ordninga.

I 2021 var det 297 kommunar som søkte om tilskot, 2 fleire enn i 2020. Basert på rapportering frå tilskotsmottakarane blir det lagt til grunn at 291 140 barn og unge i målgruppa fekk delta på ferie- og fritidsaktivitetar og alternative meistringsarenaer gjennom ordninga i 2021.

Ordninga har òg vore viktig for å bøte på dei negative konsekvensane som smitteverntiltaka under koronapandemien har hatt for sårbare barn og unge. I 2021 blei det løyvd 20 mill. kroner ekstra til utstyrssentralar i samband med Prop. 79 S (2020–2021) og 45 mill. kroner ekstra i revidert nasjonalbudsjett til ulike ferie- og fritidstilbod gjennom tilskotsordninga. Bufdir vurderer at desse midlane førte til at fleire aktørar kunne gjennomføre aktivitetar for barn og unge under pandemien.

Tilskot til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom

Tilskot til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom gav fram til 2022 tilskot til kommunar for å tilsetje ungdomslosar. Ungdomslosane skal leggje til rette for meir samordna tilbod og tettare oppfølging av ungdom som er i ein vanskeleg livssituasjon. Frå 1. januar 2022 inngår ordninga i Tilskot til å inkludere barn og unge. For omtale av denne nye tilskotsordninga, sjå Tilskot til å inkludere barn og unge. Målet med den gamle ordninga har vore å styrkje tilknytinga ungdommane har til skulen, trivselen og meistringa deira og gjennom det bidra til å betre skuleprestasjonane og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Målgruppa har vore ungdom frå 11 til 24 år som står i fare for å hamne utanfor skule og opplæring.

I 2021 søkte fleire kommunar om tilskot gjennom ordninga enn i 2019 og 2020. 111 tiltak fekk støtte i 2021, 2 fleire enn i 2020. Søknadene gir inntrykk av at det er auka behov for lostenester i kommunane som følgje av koronapandemien. Losane bidreg til at ungdom får tettare oppfølging enn det skulen eller andre instansar kan gi, og dei kan hjelpe desse ungdommane på fleire arenaer. Kommunane med los ser ut til å vere meir merksame på fråfallsproblem enn dei utan og har styrkt samarbeidet mellom ulike aktørar retta mot målgruppa, noko som er viktig for å hjelpe ungdommane.

Tilskot til barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

Ordninga Tilskot til barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn gav fram til 2022 tilskot til kommunar for å etablere og vidareutvikle opne møteplassar for ungdom. Ordninga har støtta opne og inkluderande fritidstilbod til barn og ungdom i bykommunane og bydelane. Ordninga omfattar 23 bykommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. Frå 1. januar 2022 inngår ordninga i Tilskot til å inkludere barn og unge. For omtale av denne nye tilskotsordninga, sjå Tilskot til å inkludere barn og unge.

Målet med den gamle ordninga har vore å bidra til betre oppvekst og levekår for barn og ungdom gjennom å bidra til å etablere og vidareutvikle opne møteplassar i bykommunane. Målgruppa har vore ungdom frå 10 til 20 år frå utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø.

I 2021 fekk 92 tiltak støtte gjennom ordninga. Dei fleste tiltaka tilbyr fysiske møteplassar, medan fleire søknader enn tidlegare søkte om tilskot til digitale møteplassar. Tilskotsmottakarane rapporterer om at dei opne møteplassane betyr mykje for deltakarane, og dei opplever stor pågang frå ungdommen. Koronapandemien har påverka dei fleste tilboda, og mange tilskotsmottakarar har tilpassa tilbodet. Samstundes er det forskjell i korleis pågangen har blitt påverka – nokre tilbod har hatt færre deltakarar, medan andre har sett ein auke i oppmøtet.

Tilskot til å inkludere barn og unge

I 2022 blei Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom slått saman til éi tilskotsordning. Samanslåinga har bakgrunn i målet om å forenkle og effektivisere statlege tilskot og er i tråd med tilrådingane frå evalueringa Fafo gjorde av Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge i 2018. Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge har høve til meistring og deltaking i samfunnet. Tilskotsordninga skal bidra til å utvikle opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. På denne måten skal ordninga dempe konsekvensar ved fattigdom for utsette barn og unge, men òg bidra til å førebyggje framtidig utanforskap.

Ordninga inneheld 12 ulike aktivitetstypar retta mot utsette barn og unge. Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søkje om tilskot til dei fleste aktivitetstypane. I 2022 er ordninga på om lag 555 mill. kroner, og det blei gitt tilskot til 808 søknader i 277 kommunar. Den største delen av midlane blei tildelte frivillige organisasjonar. Ferie- og fritidsaktivitetar var den aktivitetstypen som blei tildelt mest midlar. 223 prosjekt som inneheld etablering eller drift av utstyrssentralar, fekk tilskot, 57 meir enn gjennom Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge i 2021.

Krigen i Ukraina har ført til at fleire utsette barn og unge har komme til Noreg. Som følgje av dette blei det løyvd ytterlegare 10 mill. kroner til tilskotsordninga i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2022. Auken gjekk til utstyrssentralar som tidlegare har søkt om tilskot gjennom ordninga.

Regjeringa har eit mål om at alle barn og unge skal ha høve til å delta i fritidsaktivitetar og fullføre utdanningsløp. Regjeringa vil også styrkje tilbodet til barn og unge om å låne gratis eller rimeleg sports- og fritidsutstyr rundt om i landet. På bakgrunn av dette føreslår regjeringa i budsjettet for 2023 å auke løyvinga til tilskotsordninga med totalt 96 mill. kroner. Styrkinga skal mellom anna gå til lokale fritidskasser for å dekkje kostnader for deltaking i fritidsaktivitetar, opne møteplassar som fritidsklubbar og losar som skal hjelpe unge med å fullføre utdanningsløp. 20 mill. kroner av styrkinga skal prioriterast til utstyrssentralar, inkludert 2,5 mill. kroner i direktetilskot til stiftinga BUA, som i dag tilbyr fleire tenester som utstyrssentralar kan nytte seg av.

Deltaking for alle barn og unge

Vi veit at nokre barn og unge deltek mindre i organiserte fritidsaktivitetar enn andre, og at deltakinga har samanheng med den økonomiske og sosiale bakgrunnen til foreldra.3 Dette kan henge saman med høvet foreldra har til å kunne betale for aktivitetane, eller ressursane dei har til å følgje opp barna. Ei anna forklaring kan vere i kva grad foreldra sjølve deltek og oppmuntrar barna til å delta på fritidsaktivitetar. Det kan også vere andre årsaker til at barn og unge ikkje deltek, til dømes funksjonsnedsetjing eller kulturelle faktorar. Regjeringa arbeider for å inkludere alle barn og unge i fritidsaktivitetar. Retten barn har til kvile, fritid og leik og til å ta del i kunst og kulturliv, er forankra i barnekonvensjonen artikkel 31, der partane skal oppmuntre tilgangen til eigna og like høve til mellom anna fritidsaktivitetar. For 2022 hadde departementet «auke deltakinga i sosiale aktivitetar blant barn og unge» som eit mål. Sjå omtale av Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge og Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn under Målretta tiltak for utsette barn og unge. Nedanfor er ein omtale av nokre andre innsatsar for å nå målet.

Fritidserklæringa

I 2022 valde regjeringa å fornye og føre vidare Fritidserklæringa, ein intensjonsavtale mellom frivilligheita, regjeringa og KS. Deltaking i organiserte fritidsaktivitetar heng mellom anna saman med den økonomiske og sosiale bakgrunnen til foreldra, grad av tilrettelegging eller anna diskriminering og kulturelle barrierar. Fritidserklæringa slår fast at alle barn skal ha rett til å delta jamleg i fritidsaktivitetar saman med andre. Erklæringa byggjer på artikkel 31 i FNs barnekonvensjon. Saman med frivilligheita og KS har regjeringa fornya teksten i erklæringa, og fleire nye partar deltek no i samarbeidet.

Utprøving av fritidskort

I 2019 starta utprøvingar av fritidskortordningar i Arendal og Vadsø, og i 2020 og 2021 blei utprøvinga utvida med fleire kommunar. Til saman har 24 kommunar delteke i prøveprosjektet med fritidskortordningar. I desse kommunane fekk barn mellom 6 og 18 år tilgang til om lag 1 000 kroner kvart halvår til å dekkje deltakaravgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar. Målet med fritidskortet var at alle barn og unge skulle få høve til å delta i faste, organiserte fritidsaktivitetar ved å redusere dei økonomiske barrierane for deltaking.

Prøveprosjektet blei avslutta sommaren 2022. I 2022 er tilskotsordninga for å inkludere utsette barn og unge styrkt med 85 mill. kroner. Ordninga blei også utvida slik at kommunar kan søkje om tilskot til å dekkje deltakaravgifter til fritidsaktivitetar for barn og unge. Ordninga kan då også dekkje tilskot til kommunale tiltak med same føremål som fritidskortet.

Prøveprosjektet er følgjeevaluert. Det er gitt ut to delrapportar undervegs i prosjektperioden, og ein sluttrapport blir publisert hausten 2022. Evalueringa vil samanfatte erfaringar og kunnskap frå prøveprosjektet og sjå kva som kan nyttast i det vidare arbeidet med å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar.

Støtte til barne- og ungdomsorganisasjonane

Gjennom fleire tiår er det løyvd midlar til barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom den nasjonale og internasjonale grunnstøtta. Dette er midlar som går til nasjonalleddet i barne- og ungdomsorganisasjonane og andre organisasjonar med eit barne- og ungdomsarbeid. Ordninga gir ein føreseieleg situasjon for drifta til organisasjonane og sørgjer for eit breitt spekter av tilbod der barn og unge kan delta. Forskrifta som regulerer ordninga, blei revidert i 2022 og sørgjer for ei forenkling for brukarar og forvaltarar av ordninga. Sjå omtale under kap. 846, post 70.

I underkant av 172 mill. kroner blei utbetalte som tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom grunnstøtteordninga i 2021. Midlane går til nasjonal og internasjonal grunnstøtte og til nasjonal og internasjonal driftsstøtte til Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede. 90 organisasjonar fekk nasjonal grunnstøtte, og 32 organisasjonar fekk internasjonal grunnstøtte. I budsjettet for 2022 er det sett av i underkant 180 mill. kroner til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane. Summen inkluderer ein auke på 4 mill. kroner i nasjonal grunnstøtte gjennom budsjettforliket for 2022. I tillegg blei det løyvd 4 mill. kroner i samband med handsaminga av Prop. 51 S (2021–2022), Tiltak i møte med pandemien og ekstraordinære straumutgifter, jf. Innst. 119 S (2021–2022).

Utmålinga av grunnstøtta baserer seg mellom anna på aktivitetsnivået til organisasjonane. Det har vore vanskeleg å drive ordinær aktivitet i barne- og ungdomsorganisasjonane under pandemien på gunn av dei ulike smitteverntiltaka, og det blei i 2020 fastsett ei mellombels forskrift for tilskotsåret 2022. Forskrifta skal motverke urimelege økonomiske utslag for barne- og ungdomsorganisasjonane som følgje av utbrotet av covid-19-pandemien. Forskrifta er forlengd til òg å gjelde tilskotsåret 2023. Sjå nærare omtale under kap. 846, post 70.

Trygg digital oppvekst

Ein stadig større del av kvardagen til barn og unge er digital. Sosial omgang, læring, underhalding og kreative aktivitetar går føre seg i ulike digitale kanalar. Dei aller fleste av barna har det bra på nett. Det er likevel mange som risikerer å bli utsette for negative opplevingar som skadeleg innhald, vald, overgrep, falske nyheiter, hatefulle ytringar, brot på personvern, mv. Dei negative og potensielt skadelege aspekta ved den digitale kvardagen til barn og ungdom krev tiltak for å verne og hjelpe, men også for å styrkje digital dømmekraft, kritisk medieforståing og deltaking.

Det er eit mål at barn og unge får ein aktiv, deltakande og trygg digital oppvekst. Strategien Rett på nett blei lagd fram i september 2021. Strategien skildrar moglegheiter og utfordringane på feltet og vil vere ei ramme for det vidare arbeidet for ein tryggare digital oppvekst. Strategien skal bidra til at barn og unge får ein aktiv, deltakande og trygg digital oppvekst. Departementet greier ut opprettinga av eit forskingssenter om barn og unge sin digitale oppvekst, som varsla i Prop. 1 S (2021–2022).

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med ei melding til Stortinget om trygg digital oppvekst. Meldinga skal byggje på, og gå djupare inn i, problemstillingane som er omtalte i Rett på nett.

Barn og unge treng og spør etter kvalitetssikra informasjon, råd, rettleiing og hjelp via digitale flater. Dei ønskjer tenester som er tilgjengelege her og no, på eigne premissar. Pandemien har ytterlegare aktualisert dette behovet. Digitalt tilgjenge til både informasjon og tenester – på tvers av sektorar – er heilt naudsynt for å nå ut og hjelpe barn og unge. Målet er at barn og ungdom lett finn tilgjengeleg og kvalitetssikra informasjon, rettleiing og tenester.

Regjeringa har avgjort at ung.no skal vere den primære kanalen staten har for digital informasjon, dialog og digitale tenester til barn og unge på tvers av sektorar og tenestenivå, gjennom realisering av DigiUng-programmet. Ung.no skal vere ein brukarvennleg inngangsport til kvalitetssikra informasjon og hjelpetenester driven av det offentlege på tvers av sektorar og skal tilby informasjon, hjelp og rettleiing som utviklar handlingskompetanse og mogleggjer å ta gode val og meistre eige liv. Nettstaden ung.no er driven av Bufdir, som samarbeider med mange andre offentlege tenester og etatar, til dømes Helsedirektoratet.

I samband med realiseringa av DigiUng-programmet føreslår Barne- og familiedepartementet å auke løyvinga med 10,9 mill. kroner i 2023 til prosjektet «Digital ungdomsportal». Prosjektet handlar om å vidareutvikle nettstaden ung.no. På ung.no er det lenkjer til andre tenester, og brukaren må klikke seg frå ein nettstad til ein annan, frå ein sektor til ein annan, frå ei chatteteneste til ei anna. Ung.no av i dag møter ikkje behovet ungdommane har for å navigere saumlaust på tvers av tenester og sektorar.

Målet med prosjektet er å lage éin felles inngang til offentlege digitale informasjons-, rettleiings- og hjelpetenester for ungdom. Gjennom prosjektet vil navigasjon og struktur i ung.no bli bygde på nytt slik at ungdommane blir saumlaust leidde frå informasjon til individuell rettleiing og tenester. Det kan til dømes vere anonyme chattetenester for råd og rettleiing eller timebestilling hos legen. Prosjektet er ein del av DigiUng-samarbeidet, som er eit samarbeid mellom fleire direktorat om å få til betre tenester på tvers av sektorane til det beste for barn og unge, jf. omtalen i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet. Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet utvikle DigiUng vidare.

Foreldrestøtte og førebygging av familiekonfliktar

Eit trygt familieliv er viktig for livskvaliteten til, helsa til og utviklinga hos barn. Høgt konfliktnivå mellom foreldra kan ha alvorlege, negative konsekvensar for barnet. Det er derfor til det beste for barnet at foreldra som treng det, får støtte i foreldreskapet og hjelp med familiekonfliktar. Det kjem fram, mellom anna av barnekonvensjonen, at barn har rett til vern mot vald, at barn og foreldre har rett til støtte, og at staten skal «yte egnet bistand til foreldre og verger når de utfører sine plikter som barneoppdrager». Førebyggjande arbeid og tidleg innsats er ein viktig del av barnevernsreforma.

Familieverntenesta har familierelasjonar som si spesialverksemd. Dei kan rettleie og hjelpe familiane med å handtere utfordringar og finne løysingar. Gjennom mekling kan ein dempe og førebyggje konfliktar mellom foreldre. Om relasjonen mellom foreldre blir betra, vil dette òg betre oppvekstvilkåra til barna. Barn har rett til å bli høyrt i saker som angår dei, og medverknaden til barna er viktig for at til dømes avtalar om samvær eller bustad skal fungere godt.

Tiltak som støttar opp om foreldrefunksjonar og foreldresamarbeid, har som føremål å betre oppvekstvilkåra til barn og kan ha stor verknad for helse og livskvalitet for både barn og foreldre. Ulike foreldrestøttetiltak er viktige verkemiddel for å styrkje det førebyggjande arbeidet kommunane gjer, og den tidlege innsatsen deira som del av barnevernsreforma.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Foreldre får hjelp til å gi god omsorg og løyse konfliktar.

Familievernet

Mange familiar vil oppleve ulike utfordringar og kriser. Familievernet kan rettleie og hjelpe familiane med å handtere dei og å finne løysingar. Mekling kan dempe og førebyggje konfliktar mellom foreldra. Tilbodet frå familievernet skal vere likeverdig og nå ut til alle. Dette gjeld òg foreldre og barn i område med opphoping av levekårsutfordringar. Det følgjer av familievernkontorlova at familievernet skal samarbeide med andre tenester dersom eit samarbeid er naudsynt for å gi brukaren eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.

Løyvinga til familievernet blei auka med 15,5 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett (RNB) i 2021, og auken blei vidareført med ein heilårseffekt på 31 mill. kroner i 2022. I 2023 vil BFD halde fram med å følgje opp NOU 2019: 20 om familievernet. Departementet vil òg arbeide for ei likeverdig og profesjonalisert teneste over heile landet, med fagutvikling og nytenkjande løysingar.

Mekling og tilbod til familiar med eit høgt konfliktnivå

Det er eit mål at foreldre som ikkje bur saman, eller som går frå kvarandre, får til eit godt samarbeid om barna. Det offentlege legg til rette for dette gjennom mekling og dei andre tilboda til familieverntenesta. Dersom konfliktar blir løyste tidleg, er dette bra for barn og foreldre. Det kan òg redusere talet på saker for domstolen.

Departementet hadde i 2021 følgjande mål for familievernet: Fleire foreldre som vurderer å reise sak for retten, inngår avtalar. Fleire barn skal bli høyrde i samband med mekling.

Foreldre som har felles barn under 16 år, må møte til mekling ved samlivsbrot. Det same gjeld når éin eller begge vil reise sak for domstolen fordi dei er usamde om foreldreansvar, bustad eller samvær. Det er ei målsetjing at konfliktar skal løysast tidleg, og at partane sjølve blir samde og inngår avtalar. Bufdir har ansvaret for at meklingsapparatet er dimensjonert slik at mekling er geografisk tilgjengeleg, utan vesentleg ventetid og gir brukarane eit visst val med omsyn til meklar. Foreldre skal få eit meklingstilbod tilpassa behovet deira slik at meklinga er retta mot utfordringane i den einskilde familien. Familiar med høg grad av konflikt skal få meir hjelp, og familiar som i hovudsak er samde, får tilbod om rettleiing og ein digital avtale om foreldresamarbeid. Talet på foreldre som har nytta det frivillige tilbodet om mekling (fleire timar enn den obligatoriske timen), vore relativt stabilt på rundt 45 prosent av meklingane i familievernet dei siste fem åra.

Stans i samvær mellom ein av foreldra og barnet eller barna er under utgreiing. Når det er stans i samvær, kan det vere naudsynt at familievernet samarbeider med andre instansar som barnevern, domstol og Nav. Det er viktig at foreldre som opplever stans i samvær, blir forstått og tekne på alvor av hjelpeapparatet. Aktørane som skal hjelpe til, må ha god kompetanse og høve til å greie ut situasjonen til familien og leggje til rette for eit koordinert tilbod. Kven barnet skal bu fast saman med, og omfang av samvær påverkar økonomien i familien, til dømes gjennom offentlege stønader og barnebidrag. Økonomiske omsyn og insentiv kan forsterke konfliktar om samvær og hindre samvær. Bufdir har sendt ein rapport som omtaler kompleksiteten på feltet, utfordringar og forslag til tiltak. Departementet vil følgje opp saka. Sjå omtale under oppmodingsvedtak nr. 714 av 9. mars 2021. Bufdir har òg fått i oppdrag å vurdere om samvær med tilsyn fungerer godt og i tråd med måla for ordninga. Departementet ventar rapport frå Bufdir i 2023.

I 2021 bad om lag 21 000 foreldrepar om mekling. Om lag 80 prosent av dei mekla på eit familievernkontor, medan om lag 20 prosent mekla hos ein ekstern meklar. Ifølgje tal frå Bufdir blei det i 2021 mekla i nær 6 500 tilfelle der foreldre vurderte å reise sak for retten. I om lag 30 prosent av desse sakene blei det inngått ein skriftleg avtale. Utviklinga når det gjeld talet på skriftlege avtalar, har ikkje vore som ønskt. Fleire foreldre, 40 prosent, inngår avtale ved mekling hos eksterne meklarar (godkjende meklarar utanfor familievernet) enn ved mekling i familieverntenesta, der talet er 25 prosent. Det er variasjon i resultata mellom regionane og til dels stor variasjon mellom dei einskilde familievernkontora. Bufdir vil arbeide vidare med å få til betre resultat på dette området.

Barn treng særskilt vern. Frå 15. august 2022 vil det vere krav om at Barnesakkunnig kommisjon skal gjennomgå og vurdere sakkunnigrapportar før rapporten kan brukast som bevis i foreldretvistsaker for domstolen. Det følgjer av lov 11. juni 2021 nr. 60 om endringer i barnelova (Barnesakkyndig kommisjon i foreldretvistsaker). Målet er å heve kvaliteten på og styrkje tilliten til det sakkunnige arbeidet og til avgjerdene retten tek.

Høyring av barn i mekling

For å vareta retten barnet har til medverknad, er det nedfelt i barnelova at foreldra skal høyre kva barnet har å seie, før dei tek avgjerder om personlege tilhøve for barnet. Dette gjeld mellom anna i spørsmål om samvær og i spørsmål om kvar barnet skal bu fast. Foreldra skal leggje vekt på det barnet meiner, alt etter kor gammalt og modent barnet er.

Ein meklar som har møtt barna, vil ha betre føresetnader for å hjelpe foreldra med å finne gode løysingar. Ved å inkludere barnet på ein god måte vil foreldra ha eit betre grunnlag for å komme fram til ein best mogleg avtale om bustad og samvær for barnet.

Alle barn over sju år, og yngre barn som er modne nok til å gjere seg opp ei meining, får tilbod om ein eigen time når foreldra skal møte til mekling.

Foreldra blir informerte om retten barnet har til å bli høyrt, og tilbodet om at meklaren og barnet kan ha ein eigen samtale. I tillegg til samtalar i samband med mekling får mange barn òg tilbod om eigne samtalar eller ei samtalegruppe på familievernkontoret.

Frå 2015 til 2021 har talet på saker der barn blir høyrde av ein meklar, nesten dobla seg. Det er stor variasjon mellom regionane og mellom dei einskilde familievernkontora i kor mange barn som blir høyrde. I 2021 var delen barn som blei høyrde, 24 prosent av alle barn over sju år som hadde foreldre som var til mekling.

For at fleire av barna det gjeld, skal delta i mekling, har det dei siste åra vore stor merksemd rundt å styrkje kompetansen til familievernet i å snakke med barn. Spisskompetansemiljøet for samtalar med barn har ei sentral rolle i dette arbeidet. Departementet meiner at det framleis er for få barn som blir høyrde.

Departementet vil be Bufdir og familieverntenesta om å arbeide meir målretta for å gjere tilbodet til barn betre kjent og få til eit meir likeverdig resultat på tvers av regionane og kontora. Direktoratet skal òg arbeide vidare med å informere foreldra om retten barn har til medverknad, og motivere foreldra til å inkludere barna i mekling òg i saker som elles verkar inn på situasjonen og trivselen deira. Bufdir vil i 2023 halde fram det langsiktige arbeidet med å gi god informasjon til foreldre og barn om samlivsbrot og særleg om tilbodet til barn.

Foreldrestøttande arbeid

Foreldrestøttande arbeid er viktig for å førebyggje at utfordringar i familielivet veks til alvorlege problem som rammar barnet. Førebyggjande arbeid og tidleg innsats er ein viktig del av barnevernsreforma. Det er eit mål at alle kommunar skal tilby kunnskapsbasert foreldrestøtte, og at samarbeidet mellom ulike tenester skal styrkjast. Departementet hadde i 2021 følgjande mål: Fleire foreldre skal få tilbod om foreldrestøtte og samlivstiltak.

Blant dei universelle tiltaka er tilskotsordninga til foreldrestøttande arbeid i kommunane. I RNB 2021 blei tilskotsordninga styrkt med 15 mill. kroner med mål om å avgrense negative konsekvensar av smitteverntiltaka for barn og unge. I 2022 var løyvinga til tilskotsordninga på 36 mill. kroner. 260 kommunar har fått tilskot sidan ordninga blei innført i 2014. Det er indikasjonar på at kommunane samla sett har auka bruken av kunnskapsbaserte foreldrestøttande tilbod dei siste åra. Det finst lite systematisk kunnskap eller oversikt over foreldrestøttande tiltak i regi av frivillig sektor og trussamfunn. Bufdir har bestilt ei kartlegging av samlivstiltak og foreldrestøtte i frivillig sektor for å få meir kunnskap. Denne er venta i 2022. Tilskotsordninga held fram i 2023. For å sikre betre måloppnåing og samsvar med samfunnsutfordringane vi har i dag, er kriteria noko justerte frå 2023. Ordninga skal støtte opp om barnevernsreforma, irekna styrkje førebygging og tidleg innsats, og nå ut til alle samfunnsgrupper. Foreldrehverdag.no er ein statleg nettressurs drifta av Bufdir. Denne skal gi alle foreldre lett tilgang til god rådgiving, hjelp og støtte i foreldreskapet. Nettsida blir også nytta av fagpersonar og andre som har foreldre som målgruppe.

Mange av tiltaka i foreldrestøttestrategien (2018–2021) har bidrege til auka bruk av kunnskapsbasert foreldrestøtte i kommunane. Viktig er mellom anna lansering av ei digital fagstøtte som er ei nasjonal fagstøtte til tenester. Nettressursen er retta særleg mot kommunane slik at dei lettare kan styrkje det foreldrestøttande arbeidet.

I 2023 vil det bli arbeidd med å vidareutvikle foreldrerettleiing til foreldre som har ungdom, og det blir gjennomført ei følgjeevaluering av pilotprosjektet. Resultatet av evalueringa vil leggje grunnlaget for vidare arbeid med dette og eventuell implementering i det ordinære tilbodet.

Sammen på vei –Nurse Family Partnership,tidlegare namnFamilie for første gang, er eit spesialisert tilbod for sårbare familiar, som rettar seg mot fyrstegongsgravide i ein vanskeleg livssituasjon. Målet er mellom anna å betre helsa og utviklinga til barnet, styrkje omsorgsevnene til foreldra og førebyggje omsorgsovertakingar, bidra til økonomisk sjølvstende og auka tillit til og kontakt med hjelpetenester. I 2022 er løyvinga på 63 mill. kroner. 33 kommunar og 5 bydelar i Oslo deltek i programmet, og 341 fyrstegongsgravide (familiar) har delteke sidan ordninga blei innført i 2016. Det skal gjennomførast ein effektstudie av programmet.

Det har vore vanskeleg å gjennomføre samlivskurs grunna pandemien. Det har vore opna for digitale kurs, noko som har bidrege til å halde aktiviteten open. Det har òg bidrege til meir geografisk spreiing, då kurstilbod i større grad har nådd ut til deltakarar nord i landet. Dette kan gi eit betre tilbod over heile landet. Tilskotsordninga «Samlivskurs for førstegangsforeldre» og tilskotsordninga «Tilskudd til samlivstiltak» blei avvikla i 2022. Kurset «Godt samliv» vil framleis bli tilbydd i familievernet, og kommunane kan få rettleiing frå familievernet og tilby kurset til innbyggjarane sine. Det er digitale kurs, slik at par frå heile landet kan følgje kurset heimanfrå.

Adopsjon

Adopsjon er inngripande for dei det gjeld, og vil vere ein livslang prosess. Adopsjonsprosessane skal derfor vere både forsvarlege og effektive. Adopsjon er internasjonalt regulert særskilt i barnekonvensjonen og konvensjon om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjoner – Haagkonvensjonen 1993. Den europeiske menneskerettskonvensjon gjeld generelt. Praksis etter lova skal vere godt i samsvar med konvensjonsforpliktingar og menneskerettane. Bufdir som forvaltar lova, skal sikre dette og at det er likebehandling ved løyve og avslag i regionane. Departementet har i 2022 bede Bufdir vurdere reglane om stebarnsadopsjon av barn under 18 år i lys av den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), vurdere endringar i regelverk mv. om vaksenadopsjon og vurdere gjennomgang av adopsjonssystemet. Departementet vil følgje opp dette i 2023.

Det har i fleire år vore etterspurt tiltak for å gi betre oppfølging av adopterte og familiane deira. Vi har no meir kunnskap om kva behova er. Folkehelseinstituttet (FHI) si undersøking frå 2021 syner at for mange barn og familiar ikkje får hjelpa dei treng. Vidare viser By- og regionforskningsinstituttet NIBR si kartlegging frå same året at adopterte opplever forskjellsbehandling, rasisme og diskriminering. Departementet har fått råd frå Bufdir om tiltak og hatt eit innspelsmøte med adopsjonsorganisasjonane og -miljøa om tiltak. Departementet vil setje i gang tiltak frå 2023, det gjeld kurs til adoptivforeldre og hjelp til adopterte ved søk etter biologiske foreldre. På Haagkonferansen sin spesialkommisjon for adopsjon i juli 2022 var det brei semje om behov for etteradopsjonstiltak, inkludert hjelp til søk etter opphav.

Vald og overgrep

Vald og overgrep mot barn og vaksne er eit alvorleg samfunnsproblem og eit folkehelseproblem som har store konsekvensar for dei som blir ramma. I mange tilfelle blir vald og overgrep mot barn avdekte seint. Å leve med vald i familien er ein alvorleg trugsel mot helsa til barn og gir dårlege oppvekstvilkår. Retten barn har til vern mot vald, overgrep og omsorgssvikt, er ein grunnleggjande menneskerett og følgjer av ei rekkje lover og konvensjonar som gjeld i Noreg.

Statlege styresmakter har eit ansvar for å førebyggje vald og overgrep og hjelpe dei som blir utsette for dette. Arbeidet omfattar ansvaret til fleire departement. BFD har ansvar for å koordinere innsatsen mot vald og overgrep mot barn og unge, men har òg ansvaret for fleire av hjelpetiltak retta mot både vaksne og barn. Det fremste målet er å hindre at vald i nære relasjonar skjer. Effektiv førebygging kan redusere behovet for meir inngripande tiltak seinare. Og det kan spare einskildindivid og samfunnet for store kostnader – både menneskelege og økonomiske.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) over melde lovbrot i 2021 viser at det er ein auke i talet på melde tilfelle av seksuallovbrot mot barn samanlikna med i 2020, medan melde tilfelle av vald og mishandling mot barn er på omtrent same nivå i 2021 som i 2020, sjå figur 4.1.

Figur 4.1 Tal på offer under 18 år i melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot, perioden 2012–2021.

Figur 4.1 Tal på offer under 18 år i melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot, perioden 2012–2021.

Kjelde: SSB, tabell 08634.

Regjeringa prioriterer arbeidet mot vald og overgrep høgt, mellom anna gjennom å følgje opp gjeldande handlingsplanar på feltet. Oppfølginga av Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) har hatt høg prioritet i 2021. Ei samla oversikt over status for opptrappingsplanen viser at alle tiltaka er sette i gang eller fullførte. Tabell 9.1 i del III gir ei oversikt over tiltaka, dei ansvarlege departementa og status for arbeidet. NIBR gjennomfører i samarbeid med Telemarksforsking ei følgjeevaluering av arbeidet med opptrappingsplanen. Endeleg rapport skal vere ferdig hausten 2022.

Mange har vore uroa for at vald og overgrep i mindre grad har blitt avdekt under pandemien då tenestene reduserte tilbodet sitt og skulane og barnehagar blei stengde. For at barn og ungdom som blir utsette for vald og omsorgssvikt, skal bli sett, er det viktigaste tiltaket at tenester som barnehage, skular og fritidstilbod blir haldne opne og tilgjengelege.

Hovudstrategien for koronatiltaka i 2021 har vore at barn og unge skal ha lågast mogleg tiltaksbyrde, og at tenestene skal vere opne så langt det har vore smittevernfagleg forsvarleg.

Som følgje av pandemien har det i 2021 og 2022 blitt løyvd ekstra midlar til tiltak for å førebyggje vald og overgrep, mellom anna har fleire hjelpetelefonar blitt styrkte, fleire tilskotsordningar for å førebyggje vald og overgrep har blitt styrkte, og både familievernet og Alternativ til Vold har fått auka kapasitet.

Per i dag er det framleis usikkert om omfanget av vald mot barn og vaksne har auka under pandemien, men regjeringa vil følgje kunnskapsutviklinga nøye. Riksrevisjonen har gjennomført ei undersøking av innsatsen til styresmaktene mot vald i nære relasjonar, jf. Dokument 3:8 (2021–2022). Dei viser mellom anna til at utfordringar i samarbeidet mellom tenestene kan føre til at valdsutsette ikkje får den hjelpa dei treng. Vidare viser dei til at det er mangel på kompetanse i tenestene om reglane om teieplikt, opplysingsplikt og avverjeplikt, og til at det er varierande oppfølging av krisesenterlova i kommunane. Riksrevisjonen oppmodar mellom anna departementa til å stimulere kommunane til å koordinere det kommunale hjelpetilbodet betre.

Regjeringa har i 2022 starta arbeidet med ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Opptrappingsplanen vil mellom anna ta utgangspunkt i rapporten frå Riksrevisjonen og kommande rapport frå Europarådets overvakingskomité GREVIO om Noreg si implementering av Istanbul-konvensjonen. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet i tett samarbeid med BFD. Regjeringa tek sikte på at opptrappingsplanen blir lagt fram hausten 2023. Inntil opptrappingsplanen ligg føre, vil regjeringa følgje opp tiltaka i handlingsplanen Frihet fra vold (2021–2024) og handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024), som begge blei lagde fram i august 2021.

Arbeidet med vald i familievernet

Familievernet kjem ofte i kontakt med familiar der det er høg konflikt, eller der ein eller fleire medlemmer utøver vald eller blir utsette for vald. Kunnskap om vald og overgrep må derfor vere ein del av grunnkompetansen til alle tilsette. Familievernet har gjennom 2021 opplevd at foreldre har hatt auka konfliktnivå samanlikna med normalt.

Det er likevel ikkje registrert fleire saker der vald er ei utfordring, i det same tidsrommet. Bufdir opplyser at 13 prosent av avslutta kliniske saker i 2021 hadde partnarvald eller vald i foreldre-barn-relasjonen som registrert problemstilling. I 2020 var talet 14 prosent. Bufdir opplyser at det er funne vald i 12,9 prosent av alle meklingssakene i 2021. Det er omtrent på same nivået som i 2020.

Vald som blir registrert av familievernet, viser ikkje det totale biletet, ettersom mykje vald blir halden skjult og verken utsette eller utøvarar fortel om valden i møte med hjelpeinstansane. Ein delstudie om fysisk vald frå FamilieForSK (FHI, 2022) viser at ein eller begge foreldra hadde utøvd fysisk vald under konfliktar i 30 prosent av familiane som var inkluderte i studien.

Familievernet har i 2021 arbeidd med fleire tiltak for å auke grunnkompetansen om vald og overgrep blant dei tilsette i alle regionar, mellom anna i samarbeid med Alternativ til Vold. Arbeidet med å vidareutvikle arbeidet familievernet gjer mot vald, vil halde fram i 2023.

Nasjonalt samisk kompetansesenter for barnevern, familievern og krisesentertilbod (NASAK)

Nasjonalt samisk kompetansesenter for kommunalt og statleg barnevern, familievern og krisesentertilbod (NASAK) har blitt etablert i 2021. NASAK er ei vidareutvikling av Regionalt samisk kompetansesenter, RESAK, og har som føremål å bidra til å styrkje kvaliteten på arbeidet til tenestene med samiske barn, vaksne og familiar og bidra til eit likeverdig tilbod til samisk befolkning i alle samiske område.

NASAK har fått seks nye stillingar til fire ulike samiske område (nordsamisk, lule- og markasamisk, sørsamisk og bysamisk), med hovudbase i Karasjok, som eiga avdeling ved Indre Finnmark familievernkontor. For å sikre praksisnær kunnskapsutvikling og styrking av lokale tenester vil nokre av stillingane vere delvis tilknytte andre lokale tenester. Ei følgjeevaluering av NASAK skal etter planen startast opp i løpet av hausten 2022.

Stiftelsen Alternativ til Vold

Stiftelsen Alternativ til Vold (ATV) får tilskot frå BFD til drift av ATV-kontor. Målet med tilskotet er å få til eit lågterskel-behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og til familien til valdsutøvaren (familiemandat). Ved inngangen til 2022 var det 15 ATV-tilbod i Noreg.

Til saman 2 175 klientar fekk behandling i 2021. Dette er ein auke på 286 personar frå 2020. Det har òg vore ein tydeleg auke i talet på barn. Til saman kom 208 barn til behandling og informasjonssamtalar i 2021, mot 182 barn i 2020. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021 blei det løyvd 5,8 mill. kroner til Alternativ til Vold til auka kapasitet for å ta høgd for auka pågang under pandemien og for å kunne gi hjelp til fleire. Samla tilskot i 2021 var på om lag 77 mill. kroner. Styrkinga av driftstilskotet til ATV i RNB 2021 blei vidareført med heilårsverknad på 11,5 mill. kroner i 2022.

ATV tek òg imot tilskot til ulike kunnskaps- og utviklingsprosjekt over tilskotsordninga til Drifts- og prosjektstilskot til tiltak mot vald og overgrep, som Bufdir forvaltar.

ATV har over fleire år hatt eit forskingssamarbeid med Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) om behandlingstilbodet til ATV. Forskingsarbeidet har mellom anna sett på korleis det går med klientane i behandling på ATV. Ein vitskapleg artikkel blei publisert i 2021. Resultata viser ein signifikant nedgang i delen av menn som rapporterte bruk av vald i løpet av ein typisk månad det siste året, frå før behandlinga til 1,5 år etter behandlingsslutt. Dette gjaldt både for det mennene rapporterte, og det partnarane rapporterte. Endringa gjaldt for alle former for vald. Det blei òg spurt om vald i løpet av den siste månaden. Resultata frå mennene viste her òg ein signifikant nedgang i alle typar vald ved behandlingsslutt og at denne nedgangen heldt seg ved 1,5 år etter. Sjølv om tala for partnar-rapportane òg indikerte ein monaleg nedgang, var dette ikkje signifikante funn.

Resultata tyder òg på ei positiv endring i relasjonane deira til andre.

Det statlege driftstilskotet til ATV blir ført vidare i 2023.

Krisesentertilbodet

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å ha eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller trugslar om vald i nære relasjonar. Statsforvaltarane fører tilsyn med korleis kommunane følgjer opp pliktene etter krisesenterlova. Krisesentera er eit hjelpetilbod med særleg kompetanse på vern og tryggleik og gir råd og rettleiing til personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Det finst 43 krisesentertilbod, inkludert eit eige krisesenter for menn. I samband med utbrotet av covid-19 blei tilsette ved krisesentera definerte som personell i kritisk samfunnsfunksjon. Sentera har halde eit bu- og samtaletilbod til valdsutsette ope trass i smittevernrestriksjonar i samfunnet. Det er kommunane som finansierer drifta av sentera.

I RNB 2022 fekk 22 krisesenter ei løyving på til saman 16,3 mill. kroner ekstra for å yte hjelp og støtte til nykomne flyktningar frå Ukraina. Krisesentera har kompetanse i å ta vare på, og snakke med, familiar i krise. Sentera er lokaliserte i nærleiken av asylmottak eller i område der det blei venta at mange flyktningar ville busetje seg.

I 2021 budde 1 795 vaksne på krisesentera, og av dei var 159 menn. 65 prosent av bebuarane i 2021 hadde innvandrarbakgrunn. 2 318 kvinner og 204 menn nytta dagtilbodet på sentera, og til saman utgjorde dette 7 942 dagsbesøk.

Det budde 1 442 barn på sentera i 2021. Det er ein auke frå 2020, men ein nedgang samanlikna med åra 2014–2019. Barna som budde på krisesenter, var i snitt 7 år, og eit opphald varte i snitt i 30 døgn. 193 av barna hadde vore på krisesenter ein eller fleire gonger før. Ved 63 prosent av opphalda var det i forkant oppretta kontakt med minst ein annan instans, normalt barnevernet.

Krisesenterlova seier at kommunen skal sørgje for å ta vare på barn på krisesenter på ein måte som er tilpassa deira særskilde behov. Krisesenterstatistikken til Bufdir for 2021 viser at det blei gitt ei eller fleire former for bistand til barna i 96 prosent av opphalda, som oftast i form av primærkontakt og velkomstsamtale på krisesenteret. Samstundes blei hjelpebehova til barna kartlagde og plan for oppfølging lagd ved om lag halvparten av opphalda.

Krisesenterlova fastset ei plikt til å sikre at barn får oppfylt dei rettane dei har etter anna regelverk. Etter barnekonvensjonen og Grunnlova er styresmakta forplikta til å leggje vekt på kva som er det beste for barnet ved utforminga av krisesentertilbodet, og i kvar einskilde sak.

Detaljert statistikk om krisesentertilbodet i norske kommunar er tilgjengeleg på heimesida til Bufdir. På oppdrag frå Bufdir har NORCE i samarbeid med NKVTS og Politihøgskulen gjennomført studien Krisesenter – kommunenes arbeid og oppfølging i reetableringsfasen om korleis kommunane jobbar med implementering av krisesenterlova, og korleis reetableringsfasen blir forbetra for brukarane, både i dei lokale tenestene og ved krisesentera, og kva som skjer i denne fasen.

Departementet utarbeider eit høyringsnotat om endringar i krisesenterlova og utvikling av krisesentertilbodet som skal vere klart i løpet av 2023. Høyringsnotatet skal mellom anna drøfte nokre av dei utfordringane, irekna tilbodet til barn, som er skildra i rapporten Kommunenes krisesentertilbud – En kunnskapsoversikt utarbeidd av Nordlandsforskning og Likestillingssenteret KUN på oppdrag frå Bufdir.

Sentera mot incest og seksuelle overgrep / Nok.-sentrene

Sentera mot incest og seksuelle overgrep / Nok.-sentrene er eit lågterskeltilbod utan krav til tilvising, der personar som er blitt utsette for seksuelle overgrep, og pårørande, kan få råd, støtte og rettleiing. Sentera blir finansierte gjennom ei tilskotsordning som Bufdir forvaltar. Det er til saman 21 senter, og alle fylka har eit slikt tilbod i dag. Det er òg eit ressurssenter mot valdtekt.

Bufdir har i 2022 utarbeidd faglege tilrådingar for innhald og kvalitet i sentera. Tilrådingane skal bidra til å sikre eit meir likeverdig tilbod uavhengig av kva senter dei utsette kjem til.

I 2021 var det 2 805 personar som brukte sentera. Av dei var 79 prosent utsette for seksuelle overgrep, 16 prosent var pårørande, medan 4 prosent var både utsette for overgrep sjølve og pårørande til nokon som var utsette for det. 11 prosent av dei utsette som oppsøkte sentera, hadde innvandrarbakgrunn. Statistikk frå sentera mot incest og seksuelle overgrep er tilgjengeleg på heimesida til Bufdir. Ei evaluering av sentera frå 2017 viser at brukarane er nøgde med den hjelpa dei får på sentera, og at denne kontakten er viktig for å komme seg vidare etter det som har skjedd, jf. NOVA rapport nr.16/17.

Regjeringa vil i 2023 føre vidare tilskotet til sentera.

Stine Sofie Senteret

Stine Sofie Senteret i Grimstad er eit nasjonalt senter for valdsutsette barn, dei trygge omsorgspersonane deira og søskena deira. Senteret tilbyr seksdagars kursopphald for heile familien. I 2021 var det øyremerkte tilskotet til Stine Sofie Senteret på om lag 35 mill. kroner. Tilskotet blei ført vidare i 2022 med om lag 36 mill. kroner.

Senteret har kapasitet til å tilby om lag 500 barn eit kursopphald per år. I 2021 har 477 barn og 325 omsorgspersonar hatt eit opphald ved senteret. Dette utgjer 231 familiar. På grunn av pandemien har det ikkje vore heilt fullt belegg i 2021. Stine Sofies Stiftelse rapporterer at dei får gode tilbakemeldingar frå kursdeltakarane, og at barna opplever det trygt å vere på senteret. Regjeringa vil i 2023 føre vidare tilskotet til Stine Sofie Senteret.

Tilskot til tiltak mot vald og overgrep

Bufdir forvaltar tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er, eller har vore, utsette for vald eller seksuelle overgrep. Tilskotsordninga blei ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2021 mellombels auka med 13 mill. kroner på grunn av pandemien.

Mange har søkt om tilskot, og i 2021 blei det gitt tilskot på om lag 26 mill. kroner gjennom ordninga. Dei organisasjonane som fekk driftstilskot gjennom ordninga i 2021, var Nok. Norge (tidlegare Fellesskap mot seksuelle overgrep) og krisesentersekretariatet. Løyvinga blei ført vidare i 2022, med unntak av den mellombelse auken i 2021. Det blei likevel gitt ei ekstraløyving på 12,5 mill. kroner i handsaminga av Prop. 51 S (2021–2022). Auken kom som følgje av pandemien og vil ikkje bli ført vidare i 2023.

Rapporteringane om tilskot til tiltak mot vald og overgrep syner at eitt eller fleire av måla for ordninga er nådd. Mellom anna har tilskotsordninga i 2021 støtta aktivitetar som gjeld foreldrerettleiing, tiltak mot kjærastevald, utvikling av undervisingsmateriell til bruk i barnehagar og skular, tiltak for å styrkje samarbeidet mellom tenester, tiltak retta mot ulike minoritetsgrupper og andre kompetansetiltak innanfor vald og seksuelle overgrep.

Frå 2020 har òg krisesenter kunna søkje om utviklingsmidlar for å styrkje tilbodet til særleg utsette grupper. Indre Østfold kommune, Karasjok kommune, Krisesenteret i Midt-Troms, Moss kommune, Ringerike kommune, Sarpsborg kommune, Stiftelsen Krisesenteret i Vestfold, Stiftelsen Krisesenteret i Sogn og Fjordane og Stavanger kommune fekk midlar til føremålet i 2021.

Fleire organisasjonar får namngjevne driftstilskot over same kapittel og post, mellom anna nokre tiltak mot tvangsekteskap og tilskot til ulike hjelpetelefonar. Løyvinga blir ført vidare i 2023, med unntak av den mellombelse auken på 2 mill. kroner til Mental Helse si teneste Foreldresupport, som blei gitt i handsaminga av Prop. 51 S (2021–2022). Auken kom som følgje av pandemien.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

840

Tiltak mot vald og overgrep

291 700

302 674

307 154

1,5

841

Samliv og konfliktløysing

42 207

27 224

700 557

2473,3

842

Familievern

623 854

658 033

659 320

0,2

843

Adopsjonsstønad

5 443

8 500

9 500

11,8

844

Kontantstøtte

1 417 247

1 333 770

1 216 510

-8,8

845

Barnetrygd

17 350 885

18 169 991

19 300 000

6,2

846

Familie- og oppveksttiltak

988 741

1 022 480

1 026 545

0,4

847

EUs ungdomsprogram

11 307

15 966

16 081

0,7

848

Barneombodet

23 065

22 699

23 092

1,7

Sum kategori 11.10

20 754 449

21 561 337

23 258 759

7,9

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

3841

Samliv og konfliktløysing

215 381

100,0

3842

Familievern

767

804

828

3,0

3847

EUs ungdomsprogram

4 400

5 964

5 964

0,0

Sum kategori 11.10

5 167

6 768

222 173

3182,7

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

508 975

538 943

536 677

-0,4

50–89

Overføringar til andre

20 245 474

21 022 394

22 722 082

8,1

Sum kategori 11.10

20 754 449

21 561 337

23 258 759

7,9

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

18 669

22 761

20 521

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

103 802

112 645

115 617

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21, post 61 og kap. 858, post 01

134 282

131 412

134 142

73

Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

34 947

35 856

36 874

Sum kap. 840

291 700

302 674

307 154

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

Midlane på posten blir nytta til finansiering av prosjekt og tiltak i arbeidet mot vald og overgrep. Løyvinga blir mellom anna nytta til å finansiere tiltak i handlingsplanar mot vald og overgrep.

Grunna avslutta tiltak og reduserte behov føreslår departementet å redusere løyvinga med 2,6 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak på familie- og oppvekstområdet.

For å overføre midlar til produksjon av offisiell statistikk til produserande etatar føreslår BFD å redusere løyvinga med 240 000 kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 20,5 mill. kroner i 2023.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til 21 incestsenter og 1 valdtektssenter. Målet med tilskotsordninga er å gi personar som er utsette for incest, seksuelle overgrep eller valdtekt, og pårørande til utsette barn og vaksne, eit godt tilgjengeleg tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet. Ein meir utfyllande omtale av tilskotet finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga. Departementet føreslår ei løyving på 115,6 mill. kroner i 2023.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21, post 61, og kap. 858, post 01

Løyvinga har vore nytta til å gi tilskot til stiftinga Alternativ til Vold (ATV) til drift av eksisterande ATV-kontor og til etablering av nye kontor. Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til ATV også i 2023. Målet for tilskotet er å drifte eit behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og familiane deira.

Løyvinga har vidare dekt tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) og til dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane). Dei er nærare omtalte i del III under Forsking og utvikling. Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til desse også i 2023. Målet for tilskotet til NKVTS er å styrkje forsking, utviklingsarbeid, kunnskapsformidling og kompetanseutvikling på valds- og traumefeltet. Målgruppa for verksemda til NKVTS er tenesteutøvarar, leiarar og avgjerdstakarar i det offentlege tenesteapparatet.

Målet for tilskotet til RVTS-ane er å bidra til auka kompetanse og betre tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid i regionane på områda vald, traume og sjølvmordsførebygging. Hovudmålgruppa for arbeidet til RVTS-ane er det offentlege tenesteapparatet.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Hjelpetelefon for seksuelt misbrukte4, Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting, SEIF sitt informasjons- og krisetilbod til ungdom som er utsette for tvangsekteskap og kjønnslemlesting, og Valds- og overgrepslinja5 i 2023. Målet for tilskota er å gi informasjon, rettleiing og eventuell oppfølging til dei som er utsette for ulike former for vald og overgrep.

Vidare føreslår departementet å gi tilskot til Mental Helse si telefon- og chatteteneste for foreldre (Foreldresupport). Målet med tilskotet er å gi støtte, informasjon og rettleiing til foreldre og omsorgspersonar som treng det.

Departementet føreslår òg at det blir gitt tilskot til drifta av Krisesentersekretariatet i 2023. Målet for tilskotet er å styrkje krisesentera og samarbeidet mellom sentera. Krisesentersekretariatet er ein paraplyorganisasjon for 21 krisesenter i Noreg.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at kriterium for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Løyvinga blir òg nytta til tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å bidra til å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er eller har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep. Ein meir utfyllande omtale av tilskotet finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Krisesentera kan òg søkje om midlar til å vidareutvikle tilbodet til særleg utsette grupper. Midlane på posten dekkjer òg utgifter til personalressursar i samband med handsaminga av tilskotsordninga, jf. stikkordet «kan nyttast under kap. 858, post 01». Ein del av tilskotsordninga går òg til kommunane, jf. stikkordet «kan nyttast under post 61».

Grunna reduserte behov knytt til nettressursen «Jeg vet» føreslår BFD å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak på familie- og oppvekstområdet.

Departementet føreslår ei løyving på 134,1 mill. kroner i 2023.

Post 73 Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

Posten dekkjer driftstilskot til senter for valdsutsette barn. Løyvinga er nytta til å gi tilskot til Stine Sofies Stiftelse til drift av Stine Sofie Senteret, jf. Innst. 14 S (2017–2018).

Stine Sofie Senteret er eit nasjonalt kurs- og meistringssenter for valds- og overgrepsutsette barn og unge mellom 0 og 18 år, deira trygge omsorgspersonar og søsken. Målet er at deltakarane i eit trygt miljø skal få oppleve glede og få ny kunnskap. Barna skal oppleve meistring, relasjonar mellom barn og omsorgspersonane deira skal styrkjast, og barn skal få oppleve positive møte med andre barn med like erfaringar. Målet er òg at omsorgspersonane skal bli ei meir aktiv støtte for barnet. Kriterium for måloppnåing er at tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskot blir gitt på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 36,9 mill. kroner i 2023.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

11 619

12 307

12 676

22

Opplæring, forsking, utvikling m.m.

5 830

9 454

7 254

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

4 762

5 463

5 627

70

Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842, post 01 og kap. 858, post 01

19 996

71

Bidragsforskot

675 000

Sum kap. 841

42 207

27 224

700 557

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekking av reiseutgifter til foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter dei same satsane som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 12,7 mill. kroner i 2023.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling m.m.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving i meklarkorpset. Midlane kan vidare nyttast til å følgje opp meklingsordninga, medrekna å gjennomføre og styrkje kompetansehevande tiltak for meklarar i høgkonfliktsaker og kompetansen deira på å samtale med barn.

Midlane under posten kan òg nyttast til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen for å heve kompetansen ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova. Vidare kan midlane nyttast til kompetanseheving ved domstolane når det gjeld bruk av sakkunnig, samværshindring, samvær med tilsyn og tvangsfullbyrding. Føremålet er å betre praksis og samhandling med familievernet og andre tenester i slike saker etter føresegnene i barnelova, irekna å vareta kontakt med Barnesakkunnig kommisjon og sekretariatet i Statens sivilrettsforvalting.

Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak knytte til samliv og konfliktløysing, mellom anna vidareutvikling av tilbodet om digitalt samlivskurs.

Grunna reduserte behov føreslår departementet å redusere posten med 2,5 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak på familie- og oppvekstområdet.

Departementet føreslår ei løyving på 7,3 mill. kroner i 2023.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Posten omfattar refusjon av utgifter til DNA-analysar som er rekvirerte av utanriksstasjonane, domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap. Departementet refunderer utgiftene dette fører med seg. Utgiftene til DNA-analysar følgjer av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap. Analysane blir gjennomførte ved Oslo universitetssjukehus.

Departementet føreslår ei løyving på 5,6 mill. kroner i 2023.

Post 71 Bidragsforskot (ny)

Regjeringa vil overføre ansvaret for ordninga med bidragsforskot frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Barne- og familiedepartementet. I samband med dette føreslår regjeringa at utgiftsposten kap. 2620, post 76 Bidragsforskot, og inntektspostane kap. 3605, post 06 Gebyrinntekter for fastsetjing av bidrag, og kap. 5701, post 73 Refusjon frå bidragspliktige, blir overførte til kap. 841 og 3841 Samlivs- og konfliktløysing på budsjettet til BFD.

Posten Bidragsforskot dekkjer utgiftene staten har ved å forskotere barnebidrag når bidraget ikkje blir betalt. Løyvinga høyrer til under folketrygda. Bidragsforskotet er inntektsprøvd ut frå mottakarens inntekt, talet på barn i husstanden og om vedkommande bor aleine med barnet/barna eller ikkje. Stønaden blir i dag ytt etter tre satsar, som blir oppdatert kvart år per 1. juli: redusert forskott (880 kroner per barn per månad), ordinært forskott (1 320 kroner per barn per månad) eller forhøya forskot (1 760 kroner per barn per månad). Mottakarane med dei lågaste inntektene får utbetalt eit tillegg på ein tredel av ordinær forskotssats om barnet er over 11 år (totalt 2 200 kroner per barn over 11 år per månad). Retten til forskot fell bort ved ei inntekt over 563 200 kroner.

Budsjettoverslaget blir fastsett på bakgrunn av venta tal på barn med bidragsforskot og utbetaling per barn. Talet på barn med rett til bidragsforskot frå 2021 er venta å halde seg stabilt i 2022 og 2023. Tilstått forskot kan utbetalast dersom underhaldsbidraget ikkje er innbetalt innan fristen som er sett. Dersom fastsett bidrag er lågare enn tilstått forskot, blir differansen utbetalt. Om lag to tredjedelar av tilstått forskot kjem til utbetaling. Når forskot er utbetalt, blir innbetaling frå bidragspliktige ført som refusjon av bidragsforskot på post 70 under nytt kap. 3841, Samliv- og konfliktløysing.

Departementet føreslår ei løyving på 675 mill. kroner i 2023.

Kap. 3841 Samliv og konfliktløysing (ny)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Gebyrinntekter for fastsetjing av bidrag

25 381

70

Refusjon frå bidragspliktige

190 000

Sum kap. 3841

215 381

Post 01 Gebyrinntekter for fastsetjing bidrag (ny)

Partane i bidragssaker skal betale gebyr ved offentleg fastsetjing og endring av barnebidrag når inntekta deira overstig ei fastsett grense. Gebyret utgjer eit rettsgebyr for kvar av partane. Rettsgebyret blir regulert årleg. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 25,4 mill. kroner i 2023.

Post 70 Refusjon frå bidragspliktige (ny)

NAV krev refusjon for utbetalt bidragsforskot i barnebidraget frå dei bidragspliktige, sjå omtale under kap. 841, post 71. Innbetalingane blir ført på denne posten. Løyvinga høyrer til under folketrygda.

Dei siste åra har innbetalinga frå dei bidragspliktige lege på om lag 30 prosent av det som blir utbetalt i forskot i den same perioden. Ein ventar at dette òg vil vere tilfellet i 2023.

Departementet føreslår ei løyving på 190 mill. kroner i 2023.

Kap. 842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

373 794

386 866

384 615

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

27 439

28 611

25 266

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01

222 621

242 556

249 439

Sum kap. 842

623 854

658 033

659 320

Bufetat har forvaltingsansvaret for familieverntenesta. Bufdir leier dei fem regionane i Bufetat. Bufdir har ansvaret for den faglege og administrative leiinga og for drifta av familievernet. Familieverntenesta har familierelaterte problem som fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter ekteskapslova § 26 og barnelova § 51. Familievernkontora driv førebyggjande arbeid og utoverretta verksemd om familieretta tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervising retta mot hjelpeapparatet og publikum. Familievernkontora skal òg samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er naudsynt for å gi eit heilskapleg og samordna tilbod.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til tilsette og utgifter til varer og tenester knytte til dei offentleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss?, og administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Løyvinga dekkjer òg nasjonale utviklingsoppgåver knytte til familievernet. Vidare dekkjer løyvinga delar av drifta av Nasjonalt samisk kompetansesenter for familievern, barnevern og krisesentertilbod (NASAK).

Departementet føreslår å redusere løyvinga på posten med 9,4 mill. kroner som følgje av oppdatert informasjon om verknadene av ny premiemodell i Statens pensjonskasse på verksemdsnivå og justert kompensasjon. Sjå nærare omtale under kap. 855, post 01 og Arbeids- og inkluderingsdepartementets Prop. 1 S (2022–2023).

Departementet føreslår ei løyving på 384,6 mill. kroner i 2023.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til forsking, evaluering, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Posten kan òg nyttast til andre tiltak for å utvikle tilbodet til familieverntenesta og samarbeid med andre tenester mv. Utbetalingstakta for tiltak på posten er usikker. BFD føreslår derfor at posten får stikkordet «kan overførast».

I 2021 overførte BFD 0,7 mill. kroner til Forsvarsdepartementet til eit forskingsprosjekt som har som mål å gi ny kunnskap om militært personell som har delteke i internasjonale operasjonar, og familiane deira. Forskingsprosjektet er ferdig, og BFD føreslår å føre tilbake 0,7 mill. kroner frå kap. 1700, post 73, til kap. 842, post 21.

BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 4,8 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak, mellom anna innovasjons- og forskingsprogram om utsette barn og unge, jf. omtale under kap. 800, post 50.

Departementet føreslår ei løyving på 25,3 mill. kroner i 2023.

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar òg tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora utfører i samband med samlivstiltak. Posten blir òg nytta til å gi tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern. Målet for dette tilskotet er å bidra til administrasjon, utvikling og leiing sentralt i Stiftelsen Kirkens Familievern. Kriterium for måloppnåing er at tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskot blir utmålt på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 249,4 mill. kroner i 2023.

Kap. 3842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Diverse inntekter

767

804

828

Sum kap. 3842

767

804

828

Post 01 Diverse inntekter

Departementet føreslår ei løyving på 0,8 mill. kroner i 2023. Inntektene er diverse kursinntekter med meir.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

5 443

8 500

9 500

Sum kap. 843

5 443

8 500

9 500

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Stønad til adopsjon av barn frå utlandet blir gitt til adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må vere registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir.

Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg då dei fekk omsorga for barnet, og då adopsjonen blei gjennomført eller registrert i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av tilhøve i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få stønad dersom barnet har komme til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet då dei fekk omsorga for barnet.

I budsjettet for 2014, jf. Innst. 14 S (2014–2015), blei adopsjonsstønaden for 2015 fastsett til det dåverande grunnbeløpet, tilsvarande 1 G. Dette nivået på adopsjonsstønaden er seinare vidareført i dei årlege budsjetta. Adopsjonsstønaden er sett tilsvarande grunnbeløpet i folketrygda som gjeld frå 1. mai 2022. Den nye satsen for stønaden skal gjelde for adoptivbarn som kjem til Noreg frå og med 1. januar 2023, og gjeld for heile kalenderåret.

Departementet føreslår ei løyving på 9,5 mill. kroner i 2023.

Kap. 844 Kontantstøtte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Tilskot, overslagsløyving

1 417 247

1 333 770

1 216 510

Sum kap. 844

1 417 247

1 333 770

1 216 510

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre.

Målet med ordninga er å bidra til at familiane får meir tid til sjølve å ta omsorga for eigne barn, at familiane får valfridom når det gjeld omsorgsform, og at det blir meir likskap i overføringane den einskilde familien tek imot frå staten, uavhengig av korleis tilsynet er ordna.

Kontantstøtte blir som hovudregel ytt for barn mellom eitt og to år som er busette i Noreg, og som ikkje eller berre delvis gjer bruk av barnehageplass det blir ytt offentleg driftstilskot til. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova.

Budsjettforslaget byggjer på dei gjeldande stønadssatsane og reglane og på prognosar for det venta talet på barn i kontantstøttealder (13–23 månader), basert på den siste befolkningsframskrivinga til SSB og venta utvikling i bruken av kontantstøtteordninga ut frå statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Løyvinga føreslås redusert med 1,9 mill. kroner som følgje av reduksjon i makspris i barnehager. Heilårseffekten av tiltaket er 4,2 mill. kroner, sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet. Løyvinga føreslås òg redusert med 1,6 mill. kroner som følgje av forslag om å gi gratis barnehage for alle 1-5 åringar i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms frå 1. august 2023. Heilårseffekten av tiltaket er 3,8 mill. kroner, sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Departementet føreslår å føre vidare satsane for kontantstøtte med uendra nivå. Forslag til satsar for 2023 står i tabell 4.2.

Departementet føreslår ei løyving på 1 216,5 mill. kroner i 2023.

Tabell 4.2 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2023 (kroner)

Avtalt opphaldstid i barnehage (timar per veke)

Kontantstøtte i prosent av full sats

Kontantstøtte per barn per månad

Ikkje bruk av barnehageplass

100

7 500

Til og med 8 timar

80

6 000

Frå 9 til og med 16 timar

60

4 500

Frå 17 til og med 24 timar

40

3 000

Frå 25 til og med 32 timar

20

1 500

33 timar eller meir

0

0

Kap. 845 Barnetrygd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Tilskot, overslagsløyving

17 350 885

18 169 991

19 300 000

Sum kap. 845

17 350 885

18 169 991

19 300 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til å forsørgje barn og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd.

Måloppnåinga for ordninga blir mellom anna vurdert ut frå om ordninga blir forvalta i samsvar med lova og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Barnetrygd blir som hovudregel ytt for barn under 18 år som er busette i Noreg. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova.

BFD føreslår å auke satsen for utvida barnetrygd med 962 kroner i månaden, til 2 016 kroner frå 1. mars 2023. Løyvinga er føreslått auka med 1 120 mill. kroner som følgje av satsauken. Heilårseffekten av tiltaket er 1 340 mill. kroner. Endringa heng saman med forslag om avvikling av særfrådraget for einslege forsørgjarar i skattesystemet. Dei andre satsane blir vidareførte med uendra nivå. Forslaget til satsar for 2023 står i tabell 4.3.

Budsjettforslaget byggjer på nye prognosar for talet på barn med rett til barnetrygd, talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet) og talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn på 0–3 år. Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB.

Departementet føreslår ei løyving på 19 300 mill. kroner i 2023.

Tabell 4.3 Forslag til satsar for barnetrygd (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd til barn under 6 år, frå 1. januar 2023

1 676

20 112

Ordinær barnetrygd til barn frå fylte 6 år til og med månaden før fylte 18 år, frå 1. januar 2023

1 054

12 648

Utvida barnetrygd til einsleg mor eller far for barn 0–18 år, frå 1. januar 2023

1 054

12 648

Utvida barnetrygd til einsleg mor eller far for barn 0–18 år, frå 1. mars 2023

2 016

24 192

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år, frå 1. januar 2023

660

7 920

Tabell 4.4 Talet på stønadsmottakarar i 2021. Prognosar for 2022 og 2023

Gjennomsnitt 2021

Gjennomsnitt 20221

Gjennomsnitt 2023

Barn med barnetrygd

1 104 237

1 091 772

1 103 458

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 4.5 Talet på stønadsmottakarar i 2021. Prognosar for 2022 og 2023

Gjennomsnitt 2021

Gjennomsnitt 20221

Gjennomsnitt 2023

Stønadsmottakarar med barnetrygd for

– eitt barn

298 477

295 489

298 984

– to barn

265 733

263 072

266 184

– tre barn

79 782

78 983

79 918

– fire barn

12 248

12 125

12 269

– fem eller fleire barn

3 207

3 175

3 213

Sum stønadsmottakarar

659 448

652 845

660 568

Stønadsmottakarar med utvida stønad

119 996

113 518

116 255

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

1 312

1 256

1 044

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Talet på stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusiv stønadsmottakarar som får ekstra barnetrygd (utvida stønad). For nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd – mor og far får ei halv barnetrygd kvar.

Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61, post 62 og post 71

32 490

34 816

41 545

50

Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21

12 519

12 780

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

54 789

61

Tilskot til å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

205 328

657 489

664 430

62

Utvikling i kommunane

129 561

60 771

56 423

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

165 086

174 565

179 819

71

Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21

378 384

71 079

73 036

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast

10 584

10 980

11 292

Sum kap. 846

988 741

1 022 480

1 026 545

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61, post 62 og post 71

Posten dekkjer utgifter til førebyggjande tiltak og forskings- og utviklingstiltak på familie- og oppvekstområdet. Posten blir òg nytta til evaluering og oppfølging av tilskotsordningane på familie- og oppvekstområdet. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak på familie- og oppvekstområdet.

Som følgje av at prøveprosjektet med fritidskort blei avslutta sommaren 2022, blir løyvinga på posten føreslått redusert med 10 mill. kroner i 2023. Sjå òg omtale under kap. 846, post 61.

For å overføre midlar til produksjon av offisiell statistikk til produserande etatar føreslår BFD å redusere løyvinga med 120 000 kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 01.

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 16,2 mill. kroner, inkludert tilbakeføring av 5,4 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet sitt budsjett som følgje av at den treårige piloten i 0–24-samarbeidet for programfinansiering av tilskotsordningar blir avslutta. Midlane skal mellom anna finansiere ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar og opprettinga av ein digital ungdomsportal.

Departementet føreslår ei løyving på 41,5 mill. kroner i 2023.

Post 50 Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21

Løyvinga på posten har gått til Noregs forskingsråd. Departementet føreslår at tildelingane til Noregs forskingsråd blir samla på éin budsjettpost frå 2023. Midlane som i dag blir tildelte over to postar, høvesvis kap. 846, post 50, og kap. 854, post 50, finansierer dei same budsjettføremåla i Forskingsrådet. Samanslåinga skal bidra til ei forenkla budsjettildeling og meir heilskapleg styring. Departementet føreslår derfor å overføre 13,1 mill. kroner til kap. 800, post 50 (ny).

Departementet føreslår inga løyving på posten i 2023.

Post 61 Tilskot til å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

Løyvinga under denne posten blir nytta til tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge. Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og deltaking i samfunnet. Tilskotsordninga skal bidra til å utvikle opne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga står i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

BFD føreslår å styrkje tilskotsordninga med totalt 96 mill. kroner. Av desse skal 76 mill. kroner mellom anna gå til lokale fritidskasser for å dekkje kostnader for deltaking i fritidsaktivitetar, opne møteplassar og losar/ungdomslosar som skal hjelpe unge med å fullføre utdanningsløp. 17,5 mill. kroner skal gå til etablering, drift eller vidareutvikling av utstyrssentralar. Dette inneber at Bufdir i vurderinga for neste års søknader om tilskot skal prioritere søknader om tilskot til utstyrssentralar.

Departementet føreslår at 2,5 mill. kroner av styrkinga skal gå til stiftinga BUA, som i dag tilbyr fleire tenester som utstyrssentralar kan nytte mot at dei betaler ei årsavgift til stiftinga. Forslaget vil bidra til at BUA kan redusere eller fjerne årsavgifta til utstyrssentralane, slik at fleire utstyrssentralar kan nytte tenestene til BUA. Det vil vidare bidra til fleire utstyrssentralar med høg kvalitet.

I tillegg har løyvinga på posten i 2022 vore nytta til namngitte tilskot til Blå Kors-tiltaket Barnas Stasjon, Røde Kors-tiltaket Ferie for alle, ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening (DNT) og pilotprosjektet FRI, som Kirkens Bymisjon driv. Det er òg gitt driftstilskot til organisasjonen MOT.

Departementet føreslår å føre vidare ordninga med å gi direkte tilskot til desse tiltaka i 2023. Målet for tilskotet til Blå Kors-tiltaket Barnas stasjon er å gi eit tilbod til barn og foreldre som bidreg til gode oppvekstvilkår og styrkjer omsorgsevna til foreldra. Målet for tilskotet til pilotprosjektet FRI, som Kirkens Bymisjon driv, er at barn av innsette ved fengsla i Vestfold skal få delta i sosiale samanhengar som ferie- og fritidsaktivitetar. Målet for tilskotet til MOT er å motverke mobbing, utanforskap og psykiske vanskar blant barn og unge. Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor og BUA er at kriterium for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Som følgje av at prøveprosjektet med fritidskort blei avslutta sommaren 2022, blir løyvinga på posten redusert med 103 mill. kroner i 2023. Sjå òg omtale under kap. 846, post 21.

Departementet føreslår ei løyving på 664,4 mill. kroner i 2023.

Post 62 Utvikling i kommunane

Løyvinga på posten skal dekkje tilskot til prosjekt og program på familie- og oppvekstområdet i kommunal sektor.

Løyvinga dekkjer to tilskotsordningar: Foreldrestøttande tiltak og Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn (som byggjer på det tidlegare modellkommuneforsøket).

Tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak har som mål å styrkje foreldre i foreldrerolla, bidra til at foreldra blir gode omsorgspersonar for barna sine, og førebyggje at barn blir utsette for vald, overgrep eller omsorgssvikt. Tilskotsordninga endrar namn i 2023. Ordet «kommunar» blir fjerna frå tittelen slik at ordninga blir opplevd meir relevant for frivilligheita, som blei ein styrkt aktør i ordninga i 2021. Perioden det kan søkjast om fleirårig tilskot for, blir redusert frå fire til tre år, med atterhald om Stortingets budsjettvedtak. Målet med tilskotsordninga blir ikkje endra i 2023, men tildelingskriteria blir spesifisert nærare for å sikre at ordninga blir meir inkluderande når det gjeld ulike samfunnsgrupper, irekna foreldre med levekårsutfordringar, og støttar opp under barnevernsreforma. I 2023 er det med bakgrunn i dette lagt meir vekt på likeverdig tilbod til befolkninga og på det heilskapleg førebyggjande arbeidet kommunane gjer, og den tidlege innsatsen frå dei. Ein meir utfyllande omtale av ordninga finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

Tilskotsordninga Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn skal styrkje kommunane sitt utviklingsarbeid, førebyggjande arbeid og arbeid som skal hindre problemutvikling, ekskludering og marginalisering av barn og unge. Ordninga har som mål å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Ordninga har verka over fleire år, og tildelingane til kommunane er tidsavgrensa prosjekttilskot. Mange kommunar har no utvikla slike samhandlingsmodellar. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga til denne tilskotsordninga med 6,2 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak, mellom anna oppretting av ein digital ungdomsportal, jf. omtale under kap. 846, post 21.

Vidare er det sett av 0,25 mill. kroner til prisen Årets ungdomskommune i 2023.

Departementet føreslår ei samla løyving på 56,4 mill. kroner i 2023.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Løyvinga under posten blir nytta til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar. Føremålet er å leggje til rette for at barn og ungdom skal kunne delta i barne- og ungdomsorganisasjonane. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. På grunn av pandemien har det vore vanskeleg å drive vanleg aktivitet for organisasjonane. I 2020 blei det derfor fastsett ei mellombels forskrift om tilskot for tilskotsåret 2022. I fjor blei forskrifta forlengd til å gjelde for tilskotsåret 2023.

Midlar til tilskotet Mangfald og inkludering inngår i posten. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) er mottakar av tilskotet. LNU får tilskotet med den føresetnaden at dei fordeler det vidare til ulike prosjekt. Tilskotet skal stimulere barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø til å setje søkjelys på mangfald, haldningar og deltaking. Målet med tilskotet er å gi barn og ungdom høve til å vise at mangfald er eit positivt element i samfunnet.

LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til drift av nasjonalt arbeid. Tilskota skal leggje til rette for barn og ungdom si deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonar og fritidsklubbar. Organisasjonane skal òg jobbe for at barn og unge engasjerer seg, og bidra til å sikre organisasjonane og fritidsklubbane som arena for medverknad og demokrati.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at tilskota skal nyttast i tråd med omtalen her og dei vilkåra og kriteria som tilskotsforvaltar gir i eigne tilskotsbrev. Om tilskotsmottakar når målet med tilskotet, blir vurdert på bakgrunn av rapportering. Tilskotsforvaltar og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskot blir utmålt på bakgrunn av søknad.

For å gi barne- og ungdomsorganisasjonar enklare tilgang på lokale til aktiviteten sin har LNU utvikla ein portal for utlån av lokale. BFD føreslår å auka løyvinga med 0,3 mill. kroner til drift og vidareutvikling av portalen.

Departementet føreslår ei løyving på 179,8 mill. kroner i 2023.

Post 71 Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til å støtte utviklings- og opplysingsarbeid som kan auke kunnskapen om og medverke til å styrkje oppvekstmiljøet til barn og ungdom.

Det er i 2022 gitt tilskot til Ungdom mot Vold, Oslo Røde Kors, Barnevakten og Blå Kors-tiltaket SnakkOmPsyken.

Departementet føreslår at det òg blir gitt tilskot til desse organisasjonane i 2023. Målet for tilskota er at organisasjonane skal gi informasjon og rettleiing og utføre ulike former for utviklings- og opplysingsarbeid som kan auke kunnskapen om og medverke til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og unge. Målgruppa er barn og unge og andre aktørar og fagmiljø som jobbar eller er i kontakt med barn og unge.

Det er òg gitt tilskot til adopsjonsorganisasjonane InorAdopt, Verdens Barn og Adopsjonsforum. I tillegg er det gitt driftsstøtte til den internasjonale ressursorganisasjonen for adopsjon, International Social Service (ISS). Departementet føreslår at det òg blir gitt tilskot til desse organisasjonane i 2023. Målet er å gi driftsstøtte til desse organisasjonane og dessutan tilskot til informasjons- og etterarbeid til dei tre godkjende adopsjonsorganisasjonane.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at tilskota skal nyttast i tråd med omtalen her og dei vilkåra og kriteria som tilskotsforvaltar gir i eigne tilskotsbrev. Om tilskotsmottakar når målet med tilskotet, blir vurdert på bakgrunn av rapportering. Tilskotsforvaltar og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskot blir utmålt på bakgrunn av søknad.

Posten dekkjer òg utgifter til utprøving og evaluering av programmet Sammen på veiNurse Family Partnership. Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Aust og Sør får midlar til å dekkje lønnskostnadene til sjukepleiarar som deltek i programmet.

Departementet føreslår ei løyving på 73 mill. kroner i 2023.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane kan søkje om grunnstønad til internasjonalt arbeid. Målet for den internasjonale grunnstønadsordninga er å støtte og fremje internasjonalt ungdomsarbeid og internasjonalt samarbeid på ungdomsfeltet. For nærare omtale av tilskotsordninga, sjå Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

Vidare kan Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede søkje om tilskot til internasjonalt arbeid. Tilskota skal leggje til rette for at barn og ungdom kan delta i internasjonalt samarbeid og idéutveksling. Tilskotsordningane skal stimulere organisasjonane til internasjonalt engasjement og medansvar.

Posten dekkjer òg det norske bidraget til Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF). Målet for tilskotet er å bidra til å støtte opp om Europarådets arbeid for ungdom.

Ein tek òg sikte på å gi tilskot til Technical Assistance Program, i regi av Haag-konferansen for internasjonal privatrett (ICATAP), som eit bidrag til internasjonalt arbeid på adopsjonsfeltet. Målet for tilskotet er at ICATAP skal kunne gi bidrag til internasjonalt arbeid på adopsjonsfeltet.

Posten dekkjer òg kostnader til barne- og ungdomssamarbeid i Barentsrådet. Det norske Barentssekretariatet får tilskot for å fremje fleirnasjonalt ungdomssamarbeid i Barentsregionen. Målgruppa for tilskotet er ungdom i Barentsregionen.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at kriterium for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Posten kan òg nyttast til at departementet deltek i mellomstatleg samarbeid om barne- og ungdomspolitikken.

Departementet føreslår ei løyving på 11,3 mill. kroner i 2023.

Kap. 847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter, kan overførast

11 307

15 966

16 081

Sum kap. 847

11 307

15 966

16 081

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og andre driftsutgifter ved det nasjonale kontoret som forvaltar ungdomsdelen av EU-programmet for ungdom, utdanning og opplæring, Erasmus+. Løyvinga må sjåast i samanheng med kap. 3847, som omhandlar bidraget frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Det nasjonale kontoret har ansvaret for handsaminga av dei desentraliserte delane av dei ungdomspolitiske tiltaka i Erasmus+.

Departementet føreslår å redusere løyvinga på posten med 0,2 mill. kroner som følgje av oppdatert informasjon om verknadene av ny premiemodell i Statens pensjonskasse på verksemdsnivå og justert kompensasjon. Sjå nærare omtale under kap. 855, post 01 og Arbeids- og inkluderingsdepartementets Prop. 1 S (2022–2023).

Departementet føreslår ei løyving på 16,1 mill. kroner i 2023.

Kap. 3847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Tilskot frå Europakommisjonen

4 400

5 964

5 964

Sum kap. 3847

4 400

5 964

5 964

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av tiltak innanfor ungdomspolitisk samarbeid i programmet Erasmus+. Sjå nærare omtale på kap. 847, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 6 mill. kroner i 2023.

Kap. 848 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

23 065

22 699

23 092

Sum kap. 848

23 065

22 699

23 092

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet er det nasjonale overvakingsorganet for rettane til barn. Barneombodet har som oppgåve å fremje interessene til barna overfor det offentlege og det private og skal følgje med i utviklinga av oppvekstkåra til barn.

Barneombodet skal særleg følgje med på at lovgivinga som skal verne om interessene til barna, blir følgd, og at norsk rett samsvarer med pliktene Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettar. Barneombodet skal på eige initiativ, eller som høyringsinstans, sikre interessene til barna i samband med planlegging og utgreiing på alle område, føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken til barna, og følgje med på om endringane er gode for barna.

Barneombodet skal òg fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunn. Ombodet skal vidare følgje med på at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om rettane til barna og tiltaka dei har behov for.

Barneombodslova ligg til grunn for arbeidet. Barneombodet er administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet og er fagleg uavhengig.

Resultatrapport

Barneombodet hadde fire satsingsområde i perioden frå 2019 til 2021:

  1. å førebyggje utanforskap blant barn og unge

  2. å tilby best mogleg psykisk helsehjelp til barn og unge

  3. å betre situasjonen for barn og unge i barnevernet

  4. å sørgje for ein tryggare digital kvardag for barn og unge

I 2021 og 2022 har Barneombodet arbeidd for å betre ungdomsstraffa, betre kontroll med tvang mot barn frå politiet og betre tilbod i barnevernet til barn i konflikt med lova. Ombodet har òg gitt innspel til ny stortingsmelding om ungdomskriminalitet. Ombodet har òg arbeidd med målet om betre tverrfagleg samarbeid for barn og unge.

Det er i gang omfattande prosessar på barnevernsområdet. Ombodet har gitt innspel til barnevernsutvalet, som skal sjå på rettstryggleiken for barn i barnevernet, og til fleire prosessar som er i gang i Barne- og familiedepartementet og Bufdir.

Barneombodet har halde fram med arbeidet med å få Barne- og familiedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet til å lovfeste ein rett for barn til å få kartlagt helsa si ved omsorgsovertakingar. Det er no vedteke ei plikt for den kommunale barnevernstenesta til å be Bufetat om helsekartlegging for barn som blir flytta ut av heimen, med mindre det blir vurdert slik at det openbert ikkje trengst. Saka er omtalt nærare under programkategori 11.20.

Barneombodet har gått i dialog med styresmaktene om å utarbeide ei rettleiing for gjennomføring av barnerettsvurderingar ved utforminga av politikk, lover, planar m.m. som gjeld barn.

Barneombodet gav i 2021 eit større høyringssvar til forslaget til ny opplæringslov og har vore aktiv for å sikre ei betre barnehagelov med reglar om barnehagemiljø, handsamingsordning og tilsynsapparat. Samstundes gir ombodet informasjon til privatpersonar om rettar og om høvet til å klage. Arbeidet på skuleområdet blei svært prega av situasjonen knytt til koronapandemien og å sikre retten barn har til opplæring.

Barneombodet har hatt merksemd på barn med funksjonsnedsetjingar i skulen. Barneombodet har gitt innspel til likeverds- og mangfaldsutvalet og innspel til dei politiske partia for å få verkeleggjort universell utforming av skulebygg.

Barneombodet brukte mykje tid på å arbeide med å sikre barn sine rettar under koronapandemien. Ombodet har teke kontakt og hatt fleire møte med styresmaktene for å gi tilrådingar. Barneombodet var òg aktive i debattar om dei smitteverntiltaka som blei gjorde lokalt og nasjonalt, for å minne om at tiltaka må vegast opp mot barnerettane etter Grunnlova og barnekonvensjonen.

Strategiar og tiltak for 2023

Barneombodet har utvikla ny strategi for åra 2022 til 2024 med fire nye satsingsområde. Dei fire områda er gode oppvekstmiljø for barn og unge, gode hjelpetenester til barn som treng det, godt samarbeid rundt barn og unge som treng hjelp frå fleire tenester, og at styresmaktene tek ansvar for å oppfylle, respektere og verne rettane til barn. Meir informasjon er tilgjengeleg på nettsidene til ombodet.

Barneombodet har fire arbeidsmetodar:

  • overvaking for å samle og arbeide med kunnskap. Kontoret lagar på bakgrunn av dette rapportar og annan skriftleg dokumentasjon til bruk overfor politiske styresmakter og samfunnet elles

  • påverknad for å gi informasjon om kva Barneombodet meiner i faglege spørsmål

  • opplæring for å bidra til at offentlege styresmakter får naudsynt kunnskap om barnekonvensjonen

  • rettleiing for å bidra til at privatpersonar, fortrinnsvis barn og unge, skal få informasjon om rettane sine

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Barneombodet.

Departementet føreslår ei løyving på 23,1 mill. kroner i 2023.

Programkategori 11.20 Barnevern

Hovudinnhald og prioriteringar

Barnevernet skal gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira. Barnevernet skal òg gi foreldre hjelp og støtte til å yte god omsorg for barna sine. Retten barnet har til vern, og prinsippet om det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn i norsk rett og i arbeidet til barnevernet. Barnevernet har òg plikt til å vareta og støtte opp om retten barn og foreldre har til familieliv med kvarandre.

Barnevernet er både ei kommunal og ei statleg teneste. Den kommunale barnevernstenesta har ansvar for oppfølginga av barn og familiar. Barnevernstenestene i kommunane gir i hovudsak hjelpetiltak til barn og familiar som ønskjer det, men kan òg fremje saker om pålagde hjelpetiltak og andre tvangstiltak. Det er fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker som gjer vedtak om tvang etter barnevernlova. Det statlege barnevernet, ved Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), skal yte bistand til kommunar dersom det blir behov for å gi barn eit omsorgstilbod utanfor heimen og kommunen ikkje finn ein eigna fosterheim i slekta eller nettverket til barnet. Bufetat har vidare ansvar for etablering og drift av barnevernsinstitusjonar og tilbyr spesialiserte hjelpetiltak som kommunane kan nytte for spesifikke målgrupper. Barne- og familieetaten i Oslo har eit tilsvarande ansvar i Oslo kommune som det Bufetat har elles i landet.

Barnevernstenestene fekk om lag 53 000 bekymringsmeldingar i 2021. Talet på meldingar har over tid gått ned frå om lag 59 000 i 2017. Det er offentlege instansar som barnevernstenesta sjølv, politi og skule som står for fleirtalet av meldingane. Dei fleste meldingane fører til undersøkingar, og rundt ein tredjedel av bekymringsmeldingane fører til tiltak frå barnevernstenesta. I løpet av 2021 fekk om lag 50 500 barn og unge tiltak frå barnevernet. Det er ein reduksjon på om lag 2 500 frå 2020. Over tid har talet på barn med barnevernstiltak gått ned frå om lag 55 500 i 2018. Nedgangen gjeld barn under 18 år, medan talet på unge over 18 år som får ettervernstiltak, har auka over fleire år. Fleirtalet av barna som får barnevernstiltak, får hjelpetiltak, som i hovudsak er baserte på frivillig samtykke. Av barna som fekk tiltak i løpet av 2021, fekk 73 prosent hjelpetiltak i heimen. Hjelpetiltaka har som føremål å bidra til positiv endring hos barnet eller i familien.

Tvangstiltaka barnevernet har ansvar for, er underlagde strenge rettstryggleiksgarantiar som følgjer av barnevernlova. Dersom det blir vurdert å vere til det beste for barnet, kan fylkesnemnda gjere vedtak om omsorgsovertaking. Utgangspunktet er at barnet seinare skal kunne flytte tilbake til foreldra sine, slik at retten til familieliv er teken i vare. Talet på omsorgsovertakingar har gått nedover dei siste åra. I 2021 avgjorde fylkesnemndene 516 saker om barnevernet skulle overta omsorga, mot 598 i 2020. Talet på akuttvedtak har òg gått ned. Nemndene handsama om lag 1 100 akuttvedtak etter barnevernlova i 2020 og 984 i 2021.

Ved utgangen av 2021 budde om lag 13 500 barn og unge utanfor heimen medan dei fekk hjelp frå barnevernet. I underkant av 5 400 av desse bur utanfor heimen som eit frivillig hjelpetiltak. Av desse er om lag 3 500 unge over 18 år som får butiltak som eit ettervernstiltak. Barn som ikkje kan bu heime, bør bu i fosterheim dersom det ikkje finst særskilde behov som tilseier at å bu på institusjon er til det beste for barnet. Det bur om lag 10 000 barn og unge i fosterheimar og nærare 1 000 barn og unge i barnevernsinstitusjonar. Dei andre barna som bur utanfor heimen, har ulike tiltak, mellom anna bustad med oppfølging.

Barnevernet gir god hjelp og omsorg til mange familiar og har stor merksemd mot behova og rettane til barnet og familien. Samstundes er det utfordringar i tenestetilbodet. Tilsyns- og forskingsrapportar har vist utfordringar i arbeidet til barnevernstenestene. I det siste landsomfattande tilsynet med barnevernet sitt arbeid med undersøkingar viser Helsetilsynet til at avvik frå lovkrav ofte kjem av mangelfull leiing og styring av tenestene. Vidare viser tilsynet, som blei gjennomført i perioden 2020–2021, manglar i handteringa av retten barn har til medverknad. Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har dei seinaste åra handsama over 40 klager om barnevernssaker mot Noreg. Sakene har vist at det har vore behov for å justere delar av praksisen i barnevernet, særleg krav som blir stilte til sakshandsaminga.

For å møte utfordringane er det sett i verk endringar for å styrkje kvaliteten på arbeidet i barnevernet. Stortinget vedtok forslag til ny barnevernslov våren 2021, jf. Prop. 133 L (2020–2021) og Innst. 625 L (2020–2021). Lova skal ta til å gjelde 1. januar 2023. Lova skal mellom anna styrkje det førebyggjande arbeidet, medverke til betre barnevernsfagleg arbeid og styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre. Ny barnevernslov byggjer på grundige vurderingar av dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har, og ny praksis frå EMD og Noregs Høgsterett. Ny barnevernslov er òg ei enklare og meir brukarvennleg lov. Lova presiserer og styrkjer krav til forsvarleg sakshandsaming. Departementet arbeider i 2022 med naudsynt arbeid for å implementere den nye lova, mellom anna å revidere forskriftene til lova.

Det er ei utfordring å komme tidleg nok inn for å hjelpe familiar. Oppgåvene i barnevernet krev mykje av dei tilsette, i form av både kompetanse og fagleg skjønn. I for mange tilfelle manglar barnevernstenesta grundige vurderingar av behova til barna og kva hjelp dei treng. Ansvarsendringane i barnevernsreforma, jf. Prop. 73 L (2016–2017) og Innst. 354 L (2016–2017), tok til å gjelde i 2022. Det blei òg innført eit krav om kommunal plan for det førebyggjande arbeidet. Regjeringa vil følgje nøye med på om reforma når måla om å styrkje det førebyggjande arbeidet i kommunane. Kompetansesatsinga er ein viktig del av barnevernsreforma. Frå 2022 blei det stilt krav til kompetanse, og ansvaret for rettleiing av dei tilsette er gjort tydeleg. Det er også oppretta to nye barnevernsfaglege mastergradar. Utdanningane skal bidra til å heve kompetansen i tenestene og gi kommunane tilgang til naudsynt personell for å oppfylle kompetansekrava. Det skal gi barnevernet betre føresetnader for å løyse oppgåvene sine på ein god måte og handtere vanskelege saker.

Regjeringa føreslår i 2023 ein tiltakspakke på 25 mill. kroner for å styrkje arbeidet med å auke kvaliteten i det kommunale barnevernet. Tiltaka skal svare ut utfordringar i kommunalt barnevern som tidlegare tiltak ikkje adresserer i stor nok grad. Løyvinga skal gå til å styrkje styring og leiing i kommunalt barnevern, styrkje tilbodet med kommunale rettleiingsteam og utvide tilbodet av hjelpetiltaket multisystemisk terapi (MST) eller liknande tiltak.

For å møte dokumenterte utfordringar knytte til manglande systematikk i undersøkingar og manglande dokumentasjon er det behov for meir tilgjengelege digitale verktøy. Regjeringa vidareutviklar derfor løysingar frå prosjektet DigiBarnevern til å omfatte det statlege nivået i barnevernet. Betre digital kommunikasjon mellom forvaltingsnivåa bidreg til betre kontinuitet i omsorg og behandling.

Bufdir arbeider med ein grunnmodell for hjelpetiltak som skal bidra til ei heilskapleg tilnærming til hjelpetiltaksarbeidet. Arbeidet skal bidra til meir tilpassa hjelpetiltak og skape eit meir likeverdig tilbod mellom barnevernstenestene. Grunnmodellen for hjelpetiltak og DigiBarnevern er viktige bidrag for å betre kvaliteten i barnevernet og motverke uønskt variasjon i kvaliteten på tenestene.

Fleire rapportar og tilsyn, og ei rekkje alvorlege einskildsaker, har vist at barnevernsinstitusjonar ikkje alltid greier å hjelpe barn som bur der, på ein god måte. Det er særleg krevjande å gi eit godt tilbod til barn med store og samansette utfordringar knytte til helse, rus og kriminalitet. Regjeringa har sett ned eit utval som skal greie ut institusjonsbarnevernet og føreslå naudsynte endringar i tilbodet. Det overordna målet med utgreiinga er å vurdere kva oppgåver, rammer og omfang det framtidige institusjonsbarnevernet skal ha, og alternative måtar å organisere det samla tilbodet på, ut ifrå behovet til barn og unge. Det er ønskjeleg å styrkje det statlege institusjonstilbodet i barnevernet for å gjere institusjonane betre i stand til å ta vare på barna med dei største og mest samansette behova. Det blei prioritert 150 mill. kroner til dette i 2022. Styrkinga skal òg leggje til rette for auka bruk av ideelle aktørar og reduserte kjøp frå kommersielle aktørar, i tråd med måla i regjeringsplattforma om gradvis å fase ut dei kommersielle aktørane og sikre dei ideelle aktørane langsiktige avtalar med det offentlege. Bufdir har inngått nye, langsiktige og løpande avtalar med ideelle leverandørar, med ein betydeleg høgare grad av kjøpsgaranti enn tidlegare. Regjeringa føreslår derfor ytterlegare 10 mill. kroner til arbeidet med å styrkje tilbodet av plassar frå dei ideelle leverandørane i 2023.

Det er behov for betre kartlegging av helsesituasjonen til barn som skal bu utanfor heimen. Det har derfor, over fleire år, vore ei satsing på betre helsetenester til barn i barnevernet. I 2023 føreslår regjeringa å auke løyvingane til helsekartlegging med ytterlegare 21 mill. kroner, til totalt 66 mill. kroner. Midlane skal gå til å utvide tilbodet om tverrfagleg helsekartlegging av barn som barnevernet meiner bør bu utanfor heimen. Kartlegging av barnet vil gi eit betre grunnlag for å gi barnet eit best mogleg tilpassa tenestetilbod i barnevernet og rett og naudsynt helsehjelp.

Fosterheim er det mest brukte tiltaket når barn ikkje kan bu heime. Stadig fleire barn bur i fosterheim hos slekt eller nært nettverk. Dette er ei ønskt utvikling. Det er likevel utfordrande å rekruttere og behalde fosterheimar som møter behova til dei ulike barna. For å møte utfordringane på området vil regjeringa mellom anna føre vidare tiltaka i fosterheimsstrategien Et trygt hjem for alle. Hovudmålet med strategien er å auke stabiliteten i, og tilgangen på, gode fosterheimar, slik at alle barn får ein trygg heim. Regjeringa vil halde fram arbeidet for å gi barn i fosterheim ein god og stabil omsorgssituasjon. Dette handlar i stor grad om å auke rekrutteringa ved meir føreseielege rammer, god opplæring og oppfølging. Det er viktig for at fosterheimane skal klare den viktige omsorgsoppgåva dei har, og gi barna den tryggleiken dei treng. Regjeringa vil betre rettane til fosterheimane og vurderer alternative ordningar for godtgjersle til fosterheim, mellom anna om ho bør gjerast om til ein stønad. Bufdir utarbeider òg ei digital læringsplattform med faglege modular for å lære opp og rettleie fosterfamiliar.

I tillegg til arbeid som er i gang for å møte utfordringane i barnevernet, skal Barnevernsutvalet, som blei sett ned av den førre regjeringa, vurdere tiltak for å styrkje rettstryggleiken i barnevernet. Regjeringa har endra mandatet til og samansetjinga av utvalet slik at dei skal vurdere tiltak for å styrkje rettstryggleiken i alle ledda av arbeidet barnevernet gjer, frå undersøkingar til ettervern. Utvalet skal mellom anna vurdere tiltak som sikrar at avgjerder på alle nivå i barnevernet er godt grunngitt og kan kontrollerast. Utvalet skal levere tilrådingane sine våren 2023.

Rapportar og tilsyn har peikt på mange utfordringar, mellom anna knytte til medverknaden barn har, styring og leiing, bemanning og kompetanse, tilgang på gode tiltak og kvalitet i tiltaka. Det er krevjande for tenestene å byggje opp tilstrekkeleg kompetanse og tiltak for saker som opptrer sjeldan eller er særleg komplekse. Mange kommunar har òg problem med å behalde erfarne medarbeidarar, og mange har ein svært høg turnover. Samla gir dette utfordringar for rettstryggleiken. For barn som må flytte heimanfrå, ser vi at fleire av barna ofte får lite tilpassa tilbod og opplever mange brot og flyttingar. Det er behov for tiltak som kan styrkje føresetnadene til barnevernet for å gi eit likeverdig tilbod og heve kvaliteten på tilbodet til barn og familiar. Regjeringa vil derfor leggje fram ei kvalitetsreform i barnevernet. Reforma skal omhandle både det kommunale og statlege barnevernet.

Mål

BFD har desse måla på barnevernsområdet for 2023:

Mål

  • Barn og foreldre skal få hjelpetiltak tilpassa deira behov og som bidreg til positiv endring. Tilbodet skal vere likeverdig i heile landet.

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit behovstilpassa og føreseieleg tilbod som fremjar tryggleik, tillit og positiv utvikling.

  • Barnevernet skal arbeide systematisk, kunnskapsbasert og tillitsskapande i møte med barn, familiar og andre tenester.

  • Rettstryggleiken til barn og foreldre skal varetakast under heile barnevernssaka.

Måla om hjelpetiltak og tiltak utanfor heimen er nærare omtalte under Tiltak i barnevernet, måla om arbeidet i barnevernet er omtalte under Kvalitetsutvikling i barnevernet, medan måla om rettstryggleik er omtalte under Rettstryggleik i barnevernet.

Resultatrapport og strategiar

Det som er omtalt under Resultatrapport og strategiar, er resultatrapporteringa frå 2021 og fyrste halvåret av 2022 når det gjeld tiltak departementet har sett i verk i barnevernssektoren. Vidare blir det omtalt kva for strategiar og tiltak departementet har for sektoren for 2023.

Barnevernsreforma

Stortinget vedtok ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) ei barnevernsreform, jf. Innst. 354 L (2016–2017). Den 1. januar 2022 tok barnevernsreforma til å gjelde. Føremåla med barnevernsreforma er at fleire utsette barn og familiar skal få den hjelpa dei treng, på eit tidleg tidspunkt, og at tenestetilbodet skal vere tilpassa lokale behov.

Ansvarsendringane som følgjer av reforma, gir kommunane auka fagleg og økonomisk ansvar, som skal bidra til å styrkje høvet og insentiva kommunane har til førebygging og tidleg innsats. Som del av reforma er det òg lagt fram ein kompetansestrategi for det kommunale barnevernet, med tiltak som skal heve kvaliteten i barnevernet og bidra til å gjere kommunane betre rusta for ansvarsendringane. Kompetansestrategien er nærare omtalt under Kvalitetsutvikling i barnevernet. Regjeringa tek på alvor at reforma kan vere utfordrande for einskildkommunar, og har derfor forlengd overgangsperioden for kompensasjon til kommunane med eit år, slik at halvparten av kompensasjonen for barnevernsreforma blir gitt ei særskild fordeling til og med 2024. Departementet vil følgje nøye med på arbeidet til kommunane med reforma og ha ein tett dialog med kommunesektoren. Særleg vil departementet følgje med på effektane reforma har på dei kommunale prioriteringane og det kommunale tilbodet. På oppdrag frå BFD har Bufdir sett i gang ei følgjeevaluering av barnevernsreforma. Menon Economics har i samarbeid med NTNU Samfunnsforskning fått oppdraget. Fyrste delrapport er venta i desember 2022, og deretter skal det leverast årlege delrapportar fram til endeleg leveranse i 2027.

Kommunane er kompenserte for det auka ansvaret dei har fått, gjennom ein auke i kommuneramma. Rammetilskotet blei auka med 1,3 mrd. kroner i 2022, og regjeringa føreslår ein ytterlegare auke på om lag 0,5 mrd. kroner i 2023. Auken frå 2022 til 2023 kjem av at kommunane i 2022 i større grad betalte gamle (lågare) eigendelar for eksisterande plasseringar i spesialiserte fosterheimar og beredskapsheimar. Auken frå 2022 til 2023 er noko lågare enn tidlegare berekna. Dette skuldast oppdaterte tal for aktiviteten i det statlege barnevernet, og at kommunane i 2023 framleis har nokre plasseringar i spesialiserte fosterheimar og beredskapsheimar inngått før 2022, som dei vil betale gamle (lågare) eigendelar for.

Tiltak i barnevernet

Hjelpetiltak i barnevernet

Dei fleste av tiltaka frå barnevernet er hjelpetiltak for å styrkje utviklinga til barnet og foreldreferdigheiter. Hjelpetiltak inneber hjelp medan foreldra har omsorga for barnet. Barn kan òg bu utanfor heimen som eit hjelpetiltak medan foreldra har omsorga for dei. Dei mest brukte hjelpetiltaka er råd og rettleiing, besøksheim og økonomisk hjelp. Figur 4.2 viser nokre av hjelpetiltaka som er mest nytta, fordelte etter alderen til barnet. Her går det mellom anna fram at flest får tiltak for å styrkje foreldreferdigheiter. Dette tiltaket er vanlegast blant dei yngre barna. Bustad som hjelpetiltak er det eldre ungdommar som får, inkludert dei over 18 år som har ettervernstiltak.

Figur 4.2 Hjelpetiltak per 31. desember 2021 fordelte på alder (0–22 år)

Figur 4.2 Hjelpetiltak per 31. desember 2021 fordelte på alder (0–22 år)

Kjelde: SSB 2022

Tilsyns- og forskingsrapportar har funne utfordringar knytte til kvalitet og struktur i arbeidet til barnevernstenestene. Det er mellom anna behov for å heve kvaliteten på arbeidet med hjelpetiltak i kommunane. Tiltaka er av ulik kvalitet avhengig av kvar barnet bur. I fleire kommunar er hjelpetiltaka for lite tilpassa dei samansette behova barna og familiane i barnevernet kan ha, og er i for liten grad samordna med andre tenester. Det er òg stor variasjon i kor mange ulike tiltak kommunane har tilgjengeleg. Det er heller ikkje slik at kommunane alltid evaluerar tiltaka regelmessig for å vurdere om dei har positiv effekt.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barn og foreldre skal få hjelpetiltak tilpassa deira behov og som bidrar til positiv endring. Tilbodet skal vere likeverdig i heile landet.

Regjeringa ønskjer å forbetre arbeidet med kommunale hjelpetiltak retta mot barn, unge og familiar. I ny barnevernslov er det stilt krav om at hjelpetiltak skal vere innretta slik at dei møter behova til barn og foreldre og leier til positiv endring hos barnet eller i familien. Lova har òg klarare vilkår for retten til ettervern. Ny barnevernslov tek til å gjelde 1. januar 2023.

Eit prosjekt for å prøve ut ein grunnmodell for hjelpetiltak er godt i gang. Grunnmodellen skal gi grunnlag for ei heilskapleg tilnærming til hjelpetiltaksarbeidet. Bufdir samarbeider med kommunar, brukarorganisasjonar og relevante forskingsmiljø for å utvikle kunnskapsbaserte råd om korleis barnevernstenestene skal kunne gi god hjelp. Modellen skal gi støtte til tenestene ved val, tilpassing, oppfølging og evaluering av tiltak i tillegg til å systematisere arbeidet med medverknad. I 2021 og 2022 har det vore arbeidd med hjelpetiltak til familiar med barn mellom 4 og 12 år og unge som har behov for ettervernstiltak. Hausten 2022 vil kunnskapssentera samanfatte læring og ferdigstille leveransar til Bufdir, og tenestene vil jobbe med at praksisen set seg. Vidareutvikling for nye målgrupper blir sett i gang i 2023. Det har blitt gjennomført følgjeforsking på utprøvinga av grunnmodellen frå 2021. Denne skal gi Bufdir tilbakemelding på overordna måloppnåing og gi råd om vegen vidare og vil levere funn og tilrådingar hausten 2022.

Statlege spesialiserte hjelpetiltak er eit supplement til det kommunale tilbodet. Bufetat kan tilby spesialiserte hjelpetiltak i heimen når det blir vurdert at dette kan forhindre at barnet blir plassert utanfor heimen, eller at vanskar eskalerer. Hjelpetiltaka er kunnskapsbaserte og retta mot barn og ungdom med samansette og utfordrande vanskar, ofte òg kombinert med rus. Bufetat tilbyr mellom anna det spesialiserte hjelpetiltaket multisystemisk terapi (MST), inkludert ulike variantar av dette tiltaket. MST har god og dokumentert effekt, men ikkje alle kommunar i Noreg har tilgang til tiltaket. Departementet føreslår derfor ei løyving på 8,5 mill. kroner i 2023 for å auke tilgangen til MST eller liknande tiltak i dei områda i Noreg der få eller ingen kommunar har tilgang til tiltaket.

I Prop. 73 L (2016–2017) blei det varsla at Bufetat sitt tilbod til kommunane om foreldrerettleiingsmetoden Parent Management Treatment – Oregon (PMTO) skal bli avvikla. Dette skulle skje i takt med at kommunane sjølve byggjer opp naudsynt kompetanse til å tilby dette eller tilsvarande hjelpetiltak. I 2021 blei det avklart at ansvaret for å hjelpe kommunane med å implementere PMTO og andre kunnskapsbaserte tiltak skal liggje i Bufetat. Bufdir arbeider no med utforminga av implementeringsstrukturen. Vidare blei det i 2021 varsla at dei midlane Bufetat bruker på å tilby PMTO, gradvis skulle overførast til kommuneramma frå 2023. Bufdir har rapportert om at somme regionar i Bufetat allereie i dag har utfordringar med å møte etterspurnaden frå kommunane etter støtte til å implementere PMTO. Samstundes er det venta at denne etterspurnaden vil auke når tilbodet til Bufetat blir avvikla frå 2023. Konsekvensane er at det vil ta lengre tid før alle kommunar som ønskjer å tilby PMTO, har fått implementert tiltaket. Departementet vurderer at dei midlane Bufetat bruker på å tilby PMTO i dag, utgjer lite per kommune når dei blir fordelte gjennom rammetilskotet. Departementet føreslår derfor at midlane heller blir nytta til å auke Bufetats tilbod om gratis støtte til kommunar som ønskjer å implementere PMTO.

I samband med innføring av barnevernsreforma, jf. Prop. 73 L (2016–2017), er det innført lovendringar som inneber ei fagleg omlegging av tilbodet i senter for foreldre og barn. Endringane tok til å gjelde i januar 2022, med ei overgangsordning på to år. Endringane inneber at tilbodet i sentera primært gjeld utgreiing av sped- og småbarnsfamiliar, med moglegheit for etterfølgjande hjelpetiltak. Målet med endringa er å bidra til at kommunen får eit betre grunnlag for å gi barnet treffsikker hjelp.

Tiltak utanfor heimen

Barnevernet sine hjelpetiltak i heimen er ikkje alltid tilstrekkelege for å sikre barnet ein forsvarleg omsorgssituasjon. Når barn i slike tilfelle ikkje kan bu heime, kan dei få tiltak utanfor heimen.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det til saman var om lag 13 500 barn og unge (0–24 år) som hadde tiltak utanfor heimen ved utgangen av 2021. Over dei siste fem åra har talet på barn med tiltak utanfor heimen ved utgangen av året minka, og det er om lag 2 300 færre barn med slike tiltak ved utgangen av 2021, jamført med utgangen av 2016. Talet inkluderer unge som bur utanfor heimen som ettervernstiltak.

Fosterheim og institusjon er i dag dei primære barnevernstiltaka for barn under 18 år som ikkje kan bu heime. Av dei 13 500 barna og unge som budde utanfor heimen ved utgangen av 2021, var det nær 74 prosent som budde i fosterheim, ein liten auke frå tidlegare år. Vidare var det om lag 7 prosent som budde i barnevernsinstitusjon, og cirka 4 prosent som budde i beredskapsheim. Barnevernet hadde omsorgsansvaret for 77 prosent av barna under 18 år som budde utanfor heimen ved utgangen av 2021. Barn kan òg bu utanfor heimen som eit frivillig hjelpetiltak medan foreldra har omsorga for dei. Figur 4.3 viser korleis dei ulike tiltaka fordeler seg, medan figur 4.4 viser fordelinga når det gjeld kvar barna bur.

Figur 4.3 Tiltak utanfor heimen per 31. desember 2021 (0–24 år) etter lovheimel, prosentfordeling

Figur 4.3 Tiltak utanfor heimen per 31. desember 2021 (0–24 år) etter lovheimel, prosentfordeling

Kjelde: SSB 2022

Figur 4.4 Tiltak utanfor heimen per 31. desember 2021 (0–24 år) etter bustad. Prosentfordeling.

Figur 4.4 Tiltak utanfor heimen per 31. desember 2021 (0–24 år) etter bustad. Prosentfordeling.

Kjelde: SSB 2022

14 prosent av barn og unge med barnevernstiltak utanfor heimen ved utgangen av 2021 budde i bustad med oppfølging. Kommunar nyttar til dømes hybel eller bufellesskap for unge mellom 16 og 24 år som ikkje har ein bustad, eller som står i fare for å ikkje ha det. Dette kan vere unge i sårbare overgangsfasar, til dømes i overgangen frå heim, fosterheim eller institusjon til eigen bustad. Kommunale tiltak i form av bufellesskap eller tilbod om bustad med oppfølging kan bli sette i verk som frivillige hjelpetiltak når vilkåra i barnevernlova § 4-4 andre ledd er oppfylte.

Barn som ikkje kan bu heime, har ulike behov. Det kan vere ei utfordring å tilby gode og målretta tiltak som både gir eit tilpassa og stabilt tilbod av høg kvalitet. Utilsikta brot i tiltaka, som gjer at barn må flytte fleire gonger, er ei særleg utfordring. Barn som bur i barnevernsinstitusjon, kan tidlegare ha flytta mellom foreldre og andre familiemedlemmer, og dei kan ha hatt eitt eller fleire opphald i fosterheim eller beredskapsheim før dei kjem til ein institusjon. Om lag to av tre barn på institusjon har flytta tre eller fleire gonger mellom tiltak.

Mange av barna som får barnevernstiltak utanfor heimen, har samansette tilretteleggingsbehov etter ein vanskeleg oppvekst. Mange har behov for hjelp frå fleire tenester. Det er krevjande å rekruttere mange nok fosterheimar som passar behova til barna. Dette fører til at nokre barn må vente lenge i mellombelse tiltak eller må flytte fleire gonger. Det er òg vanskeleg å gi eit godt institusjonstilbod til barn med store og samansette utfordringar i grenselandet mellom barnevern, psykisk helsevern og kriminalomsorg.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit behovstilpassa og føreseieleg tilbod som fremjar tryggleik, tillit og positiv utvikling.

Departementet har sett i verk fleire tiltak for at barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit behovstilpassa og føreseieleg tilbod som fremjar tryggleik, tillit og positiv utvikling. Blant desse er tiltak på fosterheimsområdet, mellom anna betre opplæring til fosterfamiliane, og tiltak for å auke kompetansen blant dei tilsette i barnevernet. Eit viktig grep er å styrkje det statlege institusjonstilbodet slik at det er betre i stand til å ta vare på barna med det største og mest samansette behova. Styrkinga skal leggje til rette for auka bruk av ideelle aktørar og redusert kjøp frå kommersielle aktørar. Regjeringa har òg sett ned eit utval som skal vurdere mandat, målgruppe og måten institusjonstilbodet er innretta på i barnevernet. Tiltaka for å følgje opp målet er nærare omtalte nedanfor.

Utvikling i bruk av tiltak

Det har vore ein reduksjon i bruken av tiltak utanfor heimen dei siste åra. Lågare etterspurnad etter institusjonsplassar og fosterheimar (spesialiserte fosterheimar og beredskapsheimar) fører til færre barn i statlege barnevernstiltak. Dette gir staten reduserte inntekter frå kommunale eigendelar og ein reduksjon i statlege utgifter. Det er usikkert kva endringa i aktiviteten kjem av, men høgare kommunale eigendelar for statlege barnevernstiltak som følgje av barnevernsreforma kan vere ein faktor. Effektar som følgje av pandemien kan heller ikkje sjåast vekk frå som ein del av forklaringa. Det er vanskeleg å kjenne framtidig aktivitet, men departementet ventar at den lågare aktiviteten held fram i 2023, og vil følgje med på utviklinga.

Bufdir har sett i gang eit arbeid med å greie ut korleis dei kan utvikle og betre tilbodet til barn og unge som det er vanskeleg å finne eit godt tilbod til. Gjennom utgreiinga skal direktoratet vurdere om behova til dei ulike målgruppene best kan dekkjast gjennom tilpassingar i det ordinære fosterheims- eller institusjonstilbodet, eller om det er behov for å utvikle og leggje til rette for auka bruk av nye typar tiltak. Arbeidet inkluderer ei utgreiing av tiltaket spesialiserte fosterheimar. Nye retningslinjer for målgruppe og innhald i spesialiserte fosterheimar tok til å gjelde frå 1. januar 2022. Bufdir skal evaluere måloppnåinga opp mot den vedtekne innrettinga.

Fosterheimar

Fosterheim er det mest brukte tiltaket når barn ikkje kan bu heime. Hovudmålet med ein fosterheim er at barn skal ha ein trygg og stabil heim og få anledning til å utvikle seg, gjennomføre skulegang og halde kontakt med foreldra/familien sin, eventuelle søsken og kultur/språk. Barn kan bu i fosterheim både som frivillig hjelpetiltak og når barnevernet tek over omsorga for dei. Ifølgje tal frå SSB budde om lag 10 600 barn og unge (0–22 år) i fosterheim ved utgangen av 2021.

Figur 4.5 Barn og unge i fosterheim fordelte på lovheimel (0–22 år) frå 2018–2021.

Figur 4.5 Barn og unge i fosterheim fordelte på lovheimel (0–22 år) frå 2018–2021.

Kjelde: SSB 2022

Sjølv om det har vore ein nedgang i talet på barn som ventar på fosterheim etter datoen for ønskt oppstart, frå 272 barn i 2019 til 192 barn i 2021, er det stadig utfordrande å rekruttere fosterheimar som møter behova til dei ulike barna. Det er særleg utfordrande å skaffe fosterheim til barn som har omfattande behov for støtte, til søskenflokkar og til ungdommar. Det er òg vanskeleg å skaffe fosterheim med lik bakgrunn og kultur som barna. Samstundes er det ei utfordring at mange barn opplever brot i fosterheimen, der dei må flytte tidlegare enn planlagt.

Regjeringa vil følgje opp fosterheimsstrategien Et trygt hjem for alle som blei lagd fram våren 2021. Vidare vil regjeringa halde fram arbeidet med å auke tilgangen på gode fosterheimar, slik at alle barn får ein stabil og trygg heim. Føreseielege rammer, god opplæring og oppfølging er sentrale område i arbeidet. Regjeringa vil derfor sjå nærare på desse sentrale områda og mellom anna vurdere alternative ordningar for godtgjersle til fosterheimane.

For å rekruttere fleire fosterheimar er det gjennomført nasjonale fosterheimskampanjar i ulike kanalar. Det er òg stadig fleire barn som bur i fosterheim hos slekt eller nært nettverk. Bufetat yter hjelp til kommunar slik at dei kan ta i bruk familieråd eller andre metodar og verktøy for nettverkskartlegging, særleg overfor kommunar med låg del fosterheimar i slekt og nettverk. Kommunar har tilbod om både fysisk og digital opplæring, både regionalt og nasjonalt. Det blir i tillegg halde webinar med særleg søkjelys på bruk av familieråd i fosterheimsarbeid. Alle kommunar har tilbod om metodestøtte ved behov. På initiativ frå kommunar er det etablert fleire digitale familierådsnettverk der Bufetat og kommunane i fellesskap har merksemd på auka bruk av familieråd i ulike situasjonar.

Tilstrekkeleg og tilpassa opplæring og oppfølging er tiltak som kan bidra til å auke stabiliteten, hindre brot og betre kvaliteten i fosterheimsomsorga.

Bufdir har utarbeidd nasjonale faglege tilrådingar for opplæring av fosterfamiliar og utarbeider òg ei digital læringsplattform med faglege modular for å lære opp, rettleie og støtte fosterfamiliar. Opplæringsprogrammet som skal erstatte grunnopplæringa som er i dag (PRIDE), blir prøvd ut i 2022. Det blir teke sikte på at den nye opplæringa blir teken i bruk i 2023. Bufdir skal vidare utarbeide modular som skal bli brukte etter at fosterheimen har fått eit fosterbarn.

Det er utarbeidd faglege tilrådingar for økonomiske rammevilkår for ordinære fosterheimar som gjeld frå og med 2022. I tillegg arbeider Bufdir med å utvikle nasjonale tilrådingar for oppfølgingsbesøka som barnevernstenestene gjer i fosterheimar. Tilrådingane skal gjere det meir føreseieleg for fosterheimane, slik at barna får tryggare, meir stabile og betre heimar.

Departementet arbeider med revisjon av forskrift om fosterheim i samband med implementeringa av ny barnevernslov. Departementet vil halde fram med arbeidet for at rammevilkåra for fosterheimane skal vere gode og føreseielege, og vil vurdere alternative ordningar for godtgjersle til fosterheimane, mellom anna om ho bør gjerast om til ein stønad.

Departementet fremja forslag om at barnevernstenesta ikkje kan flytte barn inn i fosterheimar som har inngått avtale med private tenesteytararar, jf. Prop. 86 L (2021–2022). Ved handsaminga av proposisjonen vedtok Stortinget forslaget, jf. Innst. 391 L (2021–2022) og Lovvedtak 74 (2021–2022). Endringa vil setje barnevernstenesta i betre posisjon til å gjere naudsynte vurderingar av situasjonen for barnet og oppfylle det lovpålagde omsorgs- og oppfølgingsansvaret sitt. Vidare vil endringa gi kommunane større grad av kontroll med kostnadene ved fosterheimtiltak. Departementet tek sikte på ikraftsetjing 1. juli 2023. For å sørgje for at ikkje barn må flytte frå fosterheimen sin, vil endringa ikkje gjelde barn som har flytta inn i fosterheim før lova tok til å gjelde. Endringa gjeld ikkje for Bufetats tilbod om spesialiserte fosterheimar og beredskapsheimar.

I Prop. 73 L (2016–2017) blei det varsla at departementet vil vurdere om det bør innførast kommunal eigenbetaling for å nytte fosterheim rekruttert av Bufetat, for å styrkje insentiva til kommunane til å rekruttere fosterheimar. I samband med innføringa av barnevernsreforma har kommunane fått ei lovfesta plikt til å søkje etter fosterheim i slekta til barnet og nære nettverk. Det er vidare forskriftsfesta at kommunen må dokumentere vurderinga av om nokon i slekta til barnet eller nære nettverk kan vere fosterforeldre. Dokumentasjonen må leggjast fram for Bufetat når kommunen ber om bistand til rekruttering av fosterheim. Departementet har vurdert at ein ikkje går vidare med å vurdere å innføre ei kommunal eigenbetaling for tenesta levert frå Bufetat.

Institusjonar

Ved utgangen av 2021 budde det nærare 1 000 barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Noreg. Dette utgjer om lag 7 prosent av alle barn med tiltak utanfor heimen. Barn kan bu i barnevernsinstitusjon som frivillig hjelpetiltak, som omsorgstiltak og som åtferds- og akuttiltak. Dei fleste som bur på institusjon, er i alderen 13–18 år, og det er nokre fleire gutar enn jenter.

Figur 4.6 viser talet på barn som bur i barnevernsinstitusjon, fordelte på dei ulike lovheimlane.

Figur 4.6 Barn og unge i institusjon fordelte på lovheimel (0–22 år) frå 2018 til 2021

Figur 4.6 Barn og unge i institusjon fordelte på lovheimel (0–22 år) frå 2018 til 2021

Kjelde: SSB 2022

Institusjonstilbodet i barnevernet skal gi barna trygge rammer, gjere det mogleg for barna å utvikle seg, auke livskvaliteten og gi varige, positive endringar i livet deira. Barna har ofte vonde erfaringar bak seg og omfattande oppfølgingsbehov på fleire livsområde. Ein del av barna har alvorlege helseutfordringar, og nokre gjer alvorlege handlingar som kan utsetje dei sjølve eller andre for risiko. Dette krev kompetanse og bemanning utover det som inngår i det ordinære tilbodet. Mange barn har samstundes behov for tenester frå andre sektorar for at institusjonen skal komme i posisjon til å gi dei god og verksam hjelp.

Bufdir melder om stabil drift på institusjonane gjennom 2021, trass i utfordringar knytte til covid-19-pandemien og tidvis særs høgt omfang av tilsette i karantene og sjukefråvær. Pandemien har medført nokre forseinkingar i arbeid som er i gang, særleg knytt til kompetanseheving og trening. Pandemien har pressa fram meir bruk av digitale løysingar for å gjennomføre opplærings- og treningsaktivitetar.

I Hurdalsplattforma er det eit klart mål om å avgrense bruken av einetiltak i barnevernet. Utvalet som skal vurdere institusjonsbarnevernet, har fått i oppdrag å greie ut tiltak og organisering som bidreg til å hindre bruk av einetiltak som ikkje er til det beste for barnet. Barne- og familiedepartementet rapporterte i Prop. 1 S (2020–2021) om ein nedgang i bruken av einetiltak i barnevernet. I årsrapporten til Bufdir for 2021 går det fram at nedgangen i bruken av einetiltak har halde fram. Samstundes som talet på einetiltak går ned, viser førebelse funn i ny forsking og tal frå Bufetat at talet på barn som bur aleine på institusjon, utan at det er definert som einetiltak, har vore stabilt i fleire år. Desse barna har ikkje falle inn under definisjonen av einetiltak og det samla talet på barn som bur aleine har ikkje komme fram. Barn kan bu aleine utan at det teke avgjerd om einetiltak, fordi det er behov for å avklare situasjonen til barnet, eller det kan vere praktiske årsaker knytte til inntak, utflytting og forsvarleg samansetjing av bebuarar i institusjonen. Departementet vil sikre ein føremålstenleg statistikk over både barn med avgjerd om einetiltak og andre barn som bur aleine. Føremålet med dette er å sikre at det alltid skal vere godt grunngitt og til det beste for barnet når barn bur aleine på institusjon over ei viss tid.

Når kommunen ber om ein institusjonsplass til eit barn, er Bufetat forplikta til å levere eit tilbod som er forsvarleg og tilpassa behovet til barnet. Direktoratet har arbeidd systematisk og målretta med å styrkje kvaliteten på institusjonstilbodet. Det faglege innhaldet har blitt meir kunnskapsbasert og kvalitetssikringa betre. Samstundes har alvorlege einskildsaker vist at ikkje alle barn har fått den hjelpa dei har behov for. Utfordringane er særleg relaterte til å gi eit godt nok tilbod til barna med dei mest komplekse og samansette behova innanfor det ordinære tilbodet.

Utfordringane knytte til å gi barn og unge med særleg omfattande oppfølgingsbehov eit godt nok institusjonstilbod gjeld både i dei statlege institusjonane og innanfor rammeavtalane med dei private aktørane. Resultatet er ofte dyre, einskilde kjøp frå kommersielle leverandørar for å gi barnet eit tilpassa tilbod. Over tid har kommersielle selskap fått meir og meir å seie. Dette gjeld særleg dei store, kommersielle konserna, som har auka sin del av både marknaden og inntektene. Det er eit fåtal som dominerer i det kommersielle institusjonsbarnevernet, og dei har over fire femdelar av opphaldsdøgn og statens utgifter til kjøp frå kommersielle. Kommersielle aktørar står for om lag 70 prosent av institusjonstilbodet til ungdommar med alvorlege utfordringar og høg risiko for å utvikle fleire vanskar.

Som omtalt i Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) er det ønskjeleg å styrkje det statlege institusjonstilbodet i barnevernet for å gjere institusjonane betre i stand til å vareta barna med dei største og mest samansette behova. Det er i oppfølginga av desse barna at det er høgast risiko, størst grad av mynde og tvang og ofte eit særleg behov for samarbeid med andre offentlege tenester. Styrkinga skal også leggje til rette for auka bruk av ideelle aktørar og redusert kjøp frå kommersielle aktørar, i tråd med måla i regjeringsplattforma om gradvis å fase ut dei store kommersielle aktørane. Det blei prioritert 150 mill. kroner til denne satsinga i 2022. Midlane er nytta til å starte arbeidet med å auke bemanninga i dei statlege institusjonane, styrkje kompetansen deira og til å gjere tilpassingar i bygningane som skal gi auka fleksibilitet og funksjonalitet i tråd med intensjonane i omstillinga. Dette arbeidet skal halde fram i 2023. Omstillinga skal òg ta omsyn til aktivitetsutviklinga i institusjonsbarnevernet, slik at ei eventuell nedgang i talet på barn med behov for institusjonsplass medfører redusert bruk av kommersielle institusjonsplassar.

Det går også fram av Hurdalsplattforma at dei ideelle aktørane skal sikrast langsiktige avtalar med det offentlege. Bufdir har inngått nye, langsiktige og løpande avtalar med ideelle leverandørar og med ein mykje høgare grad av kjøpsgaranti enn tidlegare. Delen ideelle plassar har også auka noko i dei nye avtalane. Direktoratet arbeider også med anskaffing av fleire plassar frå private aktørar med meir fleksibel kapasitet og vil i dette arbeidet prioritere ideelle, gitt at tilbodet elles er likeverdig. Regjeringa føreslår derfor ytterlegare 10 mill. kroner til arbeidet med å styrkje tilbodet av plassar frå dei ideelle leverandørane i 2023.

Rapportar frå Bufdir, Helsetilsynet, Barneombodet og Riksrevisjonen peiker på utfordringar knytte til om tilbodet i institusjon blir godt nok tilpassa dei barna som faktisk bur i institusjonane, og problematiserer òg organiseringa av tilbodet, fordeling av ansvar mellom sektorar og om inndelinga barnevernet gjer i målgrupper, faktisk er føremålstenleg. Det samla problembiletet er gjort greie for i Prop. 133 L (2020–2021).

I desember 2021 vedtok regjeringa endringar i mandatet til og samansetjinga av Barnevernsutvalet for å sikre oppfølging av Stortinget sitt oppmodingsvedtak nr. 15 (2020–2021) om at målet med arbeidet til utvalet er å betre rettstryggleiken. I prosessen blei element knytte til måten institusjonstilbodet var innretta på, og kvaliteten på tilbodet, tekne ut av mandatet for å rette det meir inn mot rettstryggleik. Det er behov for å greie ut desse elementa på anna eigna vis. Regjeringa har derfor sett ned eit utval som skal gå grundig gjennom institusjonstilbodet i barnevernet, mellom anna fagleg innhald, organisering, bruk av målgruppedifferensiering og samhandling med andre offentlege tenester. Utvalet skal levere innstillinga si hausten 2023.

Tilsette på institusjon skal ta vare på barn og unge i ein svært krevjande livssituasjon og samstundes drive spesialisert endringsarbeid. Dette krev høg kompetanse. Krav om at alle nytilsette i barnevernsinstitusjonar skal ha relevant bachelorgrad, tok til å gjelde frå 1. januar 2022. Frå 2031 skal institusjonsleiar og fungerande institusjonsleiar ha barnevernsfagleg eller annan relevant mastergrad. Som følgje av auka kompetansekrav til leiarar i barnevernsinstitusjonar vil departementet etablere ei eiga vidareutdanning for institusjonsleiarar. Bufdir har fått i oppdrag å byrje arbeidet med å utvikle utdanninga.

Bufdir held òg fram arbeidet med å styrkje kompetansen til dei tilsette i institusjon. Alle statlege barnevernsinstitusjonar har gjennomført tryggings- og sikkerheitsopplæring. Bufetat har òg gitt bistand til fleire private aktørar og Oslo kommune med å gjennomføre opplæringa. Denne opplæringa vil halde fram i 2023. I løpet av 2022 vil Bufdir òg definere kva som bør inngå i den grunnleggjande opplæringa for alle tilsette på institusjon, og korleis opplæringa bør organiserast.

Standardiserte forløp er innførte i alle statlege institusjonar. Forløpa inneber tydelege mål for opphaldet og skal sikre individuell tilpassing, medverknad, dokumentasjon og dei rette vurderingane til rett tid. Oppfølging av mellom anna familie og nettverk, skule og helsesituasjonen inngår i forløpet. I tillegg skal forløpet sikre at det ligg føre planar for kva som skal hende etter utflytting. Bufdir rapporterer om positive resultat for mellom anna medverknad. Direktoratet har gjennomført opplæring av kommunale, ideelle og kommersielle institusjonar i 2021 og 2022. I 2023 vil Bufdir gjennomføre evalueringsaktivitetar og vidare implementeringsstøtte.

Ulike modellar og tiltak for barn med omfattande behov for tilrettelegging blir prøvde ut i institusjonane. Døme på dette er behandlingsmodellen «Omsorgs- og endringsmodellen (OEM)», og pilotprosjektet «Støttespillerne», som skal styrkje tilbodet rundt barn når det er risiko for at institusjonen ikkje greier å hjelpe barnet. Ulike modellar og tiltak for barn med omfattande behov for tilrettelegging blir òg prøvde ut av Bufdir og Oslo kommune ved Adamstuen ungdomstiltak og kompetansesenter, som er ein behandlingsinstitusjon i Oslo for barn og unge i alderen 12 til og med 15 år. Regjeringa har sett ned eit utval som skal vurdere institusjonstilbodet i barnevernet. Ein del av mandatet til utvalet er å gjennomgå bruken og konsekvensane av standardiserte forløp og fagmodellar i barnevernsinstitusjonane.

Det statlege digitale fagsystemet BiRK skal støtte dei tilsette i sakshandsaminga og vareta behov for rapportering og statistikk. Frå 2021 har BiRK gitt betre støtte under alle institusjonsforløpa. I 2022 blei det sett i gang arbeid for å styrkje den digitale støtta for skule- og helseoppfølging, og det er utvikla ei løysing som skal gi betre rapportering av skulefråvær. Bufdir arbeider no med å vidareutvikle løysinga i BiRK for informasjon om helsa til barna og oppfølginga av denne.

Departementet har sendt på høyring reviderte forskrifter om tilsyn med institusjonane og om krav til kvalitet og godkjenning av institusjonar. Departementet har òg sendt på høyring forslag til ny forskrift om oppfølging av barn på institusjon. Forskrifta inneheld forslag til føresegner med presiseringar av plikta den kommunale barnevernstenesta har til å følgje opp barn som bur på institusjon. Utkastet inneheld mellom anna forslag til ei plikt for barnevernstenesta til regelmessig oppfølging, besøk og kontakt med barnet, at barnet skal ha ein kontaktperson i barnevernstenesta som skal arbeide for å etablere og halde ved lag ein god relasjon til barnet, krav til samarbeid mellom barnevernstenesta og institusjonen, krav til at barneverntenesta skal utarbeide ein plan for opphaldet, og krav til medverknad frå barnet. Departementet tek sikte på at forskriftene skal tre i kraft samstundes med ny barnevernslov.

Det har i 2021 og 2022 vore fleire branntilløp og brannar som følgje av eldspåsetjingar ved ulike barnevernsinstitusjonar. Arbeidet med branntryggleik har derfor fått auka merksemd. Bufdir har gjennomført fleire tiltak for å styrkje arbeidet med branntryggleik i Bufetat. Dei gjer no daglege vurderingar for å redusere risiko for eldspåsetjing og vil jobbe vidare med å betre rutinar og retningslinjer for uønskte hendingar.

Kvalitetsutvikling i barnevernet

Kvalitet i arbeidet i barnevernet

Det kommunale barnevernet har ansvar for at barn og unge har trygge og gode oppvekstvilkår, og det blir gjort mykje godt barnevernsfagleg arbeid. Forsking, tilsyn og andre rapportar har likevel peikt på ei rekkje utfordringar i kvaliteten på arbeidet. Det er særleg peikt på manglande analysar, barnevernsfaglege vurderingar og grunngivingar i arbeidet til dei kommunale barnevernstenestene. Det kan vere ulike årsaker til dette, men informasjon frå tilsyn, rapportar og tilsette tyder på at styring og leiing, kompetanse, bemanning og turnover i tenestene er viktige årsaker. Sjølv om det er innført nye kompetansekrav for barnevernstenestene og institusjonane, vil det vere behov for å styrkje kompetansen i tenestene og trekkje til seg ny og relevant kompetanse fram mot 2031 når alle kompetansekrava tek til å gjelde.

God kvalitet på arbeidet til barnevernet er grunnleggjande for å byggje tillit og eit godt omdømme i befolkninga. Det er òg behov for særskild kompetanse for å møte særskilde grupper på ein god og tillitvekkjande måte, slik som familiar med minoritetsbakgrunn.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barnevernet skal arbeide systematisk, kunnskapsbasert og tillitsskapande i møte med barn, familiar og andre tenester.

Departementet har sett i gang fleire tiltak knytt til målet. Blant desse er innføring av kompetansekrav i barnevernet og andre kompetansehevingstiltak, sjå nærmare under overskrifta Tiltak for å betre kompetansen i barnevernet. I tillegg er det utvikla digitale løysingar som skal gi dei tilsette betre fagleg trygd i arbeidet, sjå nærare under overskrifta Nye digitale løysingar. God styring og leiing er ein føresetnad for kvalitet i arbeidet til barnevernet. Det er gjennomført fleire lovendringar dei siste åra som vil bidra til større merksemd om barnevernet i kommunane. For å støtte barnevernsleiarane i arbeidet deira skal det òg utviklast fleire nye opplæringstilbod retta mot leiing. Regjeringa vil samstundes styrkje tilbodet om rettleiingsteam til kommunar med risiko for svikt i tenesta. Desse tiltaka er nærare omtalte nedanfor.

Bemanning, leiing og utvikling av det kommunale barnevernet

Tilstrekkeleg bemanning, høg kompetanse og kontinuitet i fagmiljøet er avgjerande for at barn og ungdom i barnevernet skal få den hjelpa dei treng. Statistikk frå SSB viser at talet på årsverk i barnevernstenestene har auka dei siste åra, frå om lag 6 200 årsverk i 2019 til rundt 6 400 årsverk i 2021. Fleire forskings- og utgreiingsrapportar har peikt på høg turnover i det kommunale barnevernet, og Bufdir har fått i oppdrag å etablere ein årleg statistikk som kan vise utviklinga over tid. Departementet vil følgje med på utviklinga i stillingar og turnover framover.

Figur 4.7 viser ein slak auke i talet på årsverk i barnevernstenesta per 1 000 barn dei siste fem åra.

Figur 4.7 Talet på årsverk i barnevernstenestene per 1 000 barn

Figur 4.7 Talet på årsverk i barnevernstenestene per 1 000 barn

Kjelde: SSB 2022

Det er innført fleire lovendringar som skal styrkje kommuneleiinga si styring av barnevernstenesta. Frå 2021 blei det innført krav om at barnevernstenestene årleg skal rapportere til kommunestyret om tilstanden i tenesta. Rapporteringa skal gi politikarar, tilsette i kommunen og befolkninga innsikt i korleis barnevernet jobbar, og kva problemstillingar tenesta møter. Bufdir har laga ei nettbasert rettleiing som skal medverke til god kvalitet på rapporteringa. Direktoratet har erfart at kommunane har hatt nytte av rettleiinga, og at den årlege rapporteringa gir kommunestyret betre oversikt over tilstanden.

Frå 2021 blei òg reglane om internkontroll forenkla og samla i kommunelova for betre å forankre ansvaret hos kommunedirektøren. Direktoratet har laga ei rettleiing for internkontrollen med barnevernstenesta, som skal bidra til at denne er målretta mot område der risikoen og behovet er størst og tilpassa risikovurderingane i tenesta. Rettleiinga understrekar at internkontrollen mellom anna bør byggje på informasjon om erfaringar frå barn og foreldre som er i kontakt med barnevernstenesta.

I 2022 er barnevernlova endra slik at det går tydeleg fram at det er den øvste leiinga i kommunen som har det overordna ansvaret for å utføre oppgåvene etter lova. Dette betyr at kommuneleiinga har same åtgang til å styre barnevernstenesta som andre velferdstenester. Departementet vil halde fram med å følgje opp implementeringa av desse tiltaka.

Arbeidet med å auke kompetansen i barnevernet er komme godt i gang gjennom kompetansestrategien for det kommunale barnevernet. Strategien tek utgangspunkt i at dei kommunale tenestene har dei beste føresetnadene for å oppdage og hjelpe utsette barn og familiar på eit tidleg tidspunkt. Strategien går frå 2018 til 2024. Bufdir har fått i oppdrag å vurdere vidareføring og eventuelle endringar i måten tiltaka blir innretta på etter 2024.

I 2022 er det innført ei lovfesta plikt for kommunestyret til å vedta ein plan for det førebyggjande arbeidet. Planen skal vise korleis oppgåvene skal bli fordelt mellom dei ulike kommunale tenestene, og korleis dei skal samarbeide. Gjennom kompetansestrategien er det oppretta læringsnettverk i alle fylka. I 2022 har nesten alle barnevernstenester i Noreg delteke i eit læringsnettverk. Læringsnettverka skal mellom anna medverke til at kommunane samarbeider om utvikling av tenester og tiltak til barn og familiar i barnevernet. Frå 2021 kunne tenester òg samarbeide med andre tenester på oppvekstfeltet til kommunane og ikkje berre med andre barnevernstenester. Dette skal bidra til å styrkje det heilskaplege arbeidet til kommunane på oppvekstfeltet og gjere tydeleg det kommunale ansvaret for førebygging og utvikling av målretta tiltak. I 2022 har vi sett nokre døme på slike samarbeid i kommunane.

Følgjeevalueringa av kompetansesatsinga for det kommunale barnevernet 2018–2024, gjennomført av Oslo Economics, viste ved andre statusmåling i juni 2022 at læringsnettverka no har funne ein betre struktur for prosjektarbeidet enn ved førre statusmåling i august 2021. Det finst mange døme på vellukka utviklingsprosjekt som har bidrege til utveksling av erfaringar, kompetanse og konkrete betringar i tenestene. Evaluator meiner det er grunn til å tru at dette har bidrege til å gi barn, ungdom og familiar betre hjelp. Samstundes peiker evalueringa på at det òg er mange nettverk som i liten grad har komme i gang med utviklingsarbeidet. Betre involvering av administrativ og politisk kommuneleiing ser ut til å vere eit område for betring. Bufdir følgjer opp læringsnettverka gjennom dialogen som er i gang mellom direktoratet og statsforvaltarane. Embeta har ei sentral rolle i etablering og oppfølging av læringsnettverk og har òg ei nøkkelrolle i kommunikasjonen med tenestene og kommuneleiinga.

I ein ny rapport frå Bufdir oppgir over halvparten av dei spurde i barnevernstenestene at det har vore høg grad av turnover i tenesta der dei jobbar, i løpet av det siste året. For tenester med høg turnover er det mange årsaker som fører til at dei tilsette sluttar. Det ser mellom anna ut til at opplevd mangelfull leiing er eit mindre gjennomgåande problem i tenester med låg turnover. God leiing er ein grunnleggjande føresetnad for at barnevernstenestene skal kunne gi gode tenester til barn og familiar og vere ein god arbeidsplass for medarbeidarane. Regjeringa vil setje i verk fleire tiltak i 2023 for å styrkje leiinga i barnevernstenestene. Det skal bli sett i verk tiltak for å sikre nytilsette leiarar kunnskap og trening i grunnleggjande leiarevner. Det skal bidra til tryggleik i leiarrolla både i eiga teneste og i samarbeid med andre tenester, anten det er i kommunen eller med andre samarbeidspartar. Vidare vil Bufdir få i oppdrag å utvikle eit opplæringsprogram om internkontroll som kan rettast mot alle barnevernsleiarar. Internkontroll er avgjerande for å fange opp feil slik at dei ikkje gjentek seg. Det skal òg opprettast ei ny vidareutdanning for barnevernsleiarar. Det er mange søkjarar til den eksisterande vidareutdanninga i barnevernsleiing ved RKBU Midt-Noreg, som er eit regionalt kunnskapssenter for barn og unge under NTNU. Det er grunn til å gå ut frå at endå fleire vil søkje opptak som følgje av nye kompetansekrav for barnevernsleiarar.

Rettleiingsteam er eit tiltak for kommunar med risiko for svikt i tenesta. Rettleiingsteam består av erfarne og kompetente rettleiarar, som har som mål å styrkje leiingskompetansen i kommunen og få på plass system, rutinar og arbeidsformer som møter utfordringane i tenesta. I 2022 blei tiltaket avslutta for 19 kommunar som har fått rettleiing over to år, og om lag 15 nye kommunar starta opp med rettleiing.

Følgjeevalueringa til Oslo Economics viser at kommunane som var dei fyrste til å få rettleiing gjennom rettleiingsteam, har fått styrkt barnevernsleiinga, forankra utfordringane i tenesta og eigarskap i kommuneleiinga og fått betre system, rutinar og arbeidsformer. Oslo Economics vurderer at rettleiingsteam er eit relevant og godt eigna tiltak for å møte utfordringane i kommunar med sårbare barnevernstenester. Likevel utgjer høg turnover i barnevernstenestene ein risiko for at kompetansen som blir etablert gjennom tiltaket, kan forsvinne over tid. Fleire kommunar har samstundes lukkast med å innarbeide system og rutinar i barnevernstenesta, som venteleg vil halde fram sjølv om sentrale personar blir skifta ut. Vidare har statsforvaltaren fått ei tydelegare rolle overfor kommunar som får rettleiing, slik at dei lettare kan følgje opp kommunane etter enda rettleiing.

Regjeringa vil styrkje tilbodet om rettleiingsteam gjennom ein auke i løyvinga i 2023. Kommunane skal òg få betre oppfølging i etterkant av rettleiingsperioden. Vidare skal løyvinga bli brukt til tiltak for å spreie erfaringane frå rettleiingsteam til andre kommunar.

Eit godt samarbeid mellom kommuneleiing og barnevernsleiing er viktig for at tenestene barn og familiar får frå barnevernet, skal vere gode. Dialogmøta mellom statsforvaltar, leiinga i kommunen og barnevernet skal bidra til dette ved at det blir skapt ei felles forståing for arbeid og utfordringane i barnevernet, og dessutan at eigarskapet til barnevernet blir forankra i kommuneleiinga. Evalueringa tyder på at dialogmøte er eit nyttig tiltak med låge kostnader samanlikna med pårekna gevinstar. Evalueringa syner at ved utgangen av 2020 var det gjennomført dialogmøte med omtrent 85 prosent av barnevernstenestene sidan oppstarten av tiltaket i 2017. Statsforvaltarane er oppmoda til å gjennomføre møte med alle kommunar som har behov for det, i tråd med risikovurderinga til statsforvaltaren.

Tiltak for å betre kompetansen i barnevernet

Barn og unge som har behov for hjelp, er avhengige av at barnevernet kan identifisere behova deira, setje i verk tilstrekkelege tiltak og gi dei naudsynt tryggleik og omsorg. Vurderingane til barnevernet kan få svært store konsekvensar for barna og foreldra deira og må derfor vere baserte på grundige analysar og den beste tilgjengelege kunnskapen vi har. Det krev høg kompetanse. Feilvurderingar kan få alvorlege konsekvensar, og barnevernet bør derfor vere ei teneste vi stiller strenge krav til.

Stortinget har i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) vedteke innføring av kompetansekrav for tilsette i barnevernstenestene i kommunane og i barnevernsinstitusjonane. For kommunane er det stilt krav om at tilsette som skal jobbe med visse kjerneoppgåver, skal ha relevant masterutdanning. Det er oppretta to nye barnevernsfaglege mastergradar, og hausten 2022 er det mogleg å ta utdanninga ved sju ulike utdanningsinstitusjonar. Det er venta at fleire vil starte opp i løpet av 2023. Noverande tilsette med utdanning på bachelornivå kan oppfylle krava gjennom ein kombinasjon av arbeidserfaring og vidareutdanning. Overgangsordninga gjeld fram til 2031. For nytilsette i institusjon blir det stilt krav om relevant bachelorgrad frå og med 2022. Bufdir har fått i oppdrag å utarbeide ein årleg statistikk over utdanningsnivået i både det kommunale og statlege barnevernet for å følgje med på utviklinga. Det er òg stilt tydelegare krav til rettleiing av dei tilsette i barnevernet. Bufdir har laga faglege tilrådingar om relevant kompetanse, og om rettleiing av personell, i både barnevernstenester og barnevernsinstitusjonar. Tilpassing til dei nye krava vil krevje ei stor omstilling i sektoren.

I samband med kompetansestrategien blei det etablert fleire relevante vidareutdanningar. Eit tilstrekkeleg tilbod om vidareutdanningar er ein viktig føresetnad for at dei tilsette skal kunne oppfylle kompetansekrava. Dei seks vidareutdanningane for tilsette i barnevernet blir førte vidare i 2023, slik at tilbodet til saman utgjer om lag 350 studieplassar. Arbeidsgivar kan søkje om å få dekt utgifter knytte til at tilsette tek barnevernsfagleg vidareutdanning. Statusmålingar frå Oslo Economics’ følgjeevaluering av kompetansestrategien viser at dei tilbodne vidareutdanningane blir opplevde som relevante, og gjennomføringsgraden er framleis relativt høg. I statusmålinga i 2019 er det to hovudutfordringar som framleis gjeld: manglande tilrettelegging frå arbeidsgivar og at det er store variasjonar i korleis studentane opplever at det er lagt til rette for at dei skal kunna ta i bruk kompetansen i tenestene. Resultata frå spørjeundersøkinga i samband med statusmålinga i juni 2022 indikerer samstundes at det har vore ei positiv utvikling på begge desse områda sidan 2019.

Som følgje av kompetansekrava er det behov for å gjere endringar i prioriteringane for opptak til vidareutdanningane. Bufdir vil arbeide for at opptakskrava i større grad prioriterer tilsette utan vidareutdanning eller mastergrad. Det er òg eit mål at arbeidsgivarar skal ha større innverknad på kven av arbeidstakarane deira som får opptak. Arbeidet skjer i tett dialog med utdanningsinstitusjonane.

Då kompetansestrategien blei lansert, blei òg tenestestøtteprogrammet oppretta. Det er eit praksisnært tilbod som skal støtte opp under utviklingsarbeid i dei barnevernstenestene som deltek i programmet. Programmet tek for seg undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid, med brukarmedverknad og traumemedvit som tverrgåande tema. Ved andre statusmåling i juni 2022 viser følgjeevalueringa til Oslo Economics at koronapandemien har kravd ekstra tilpassingar når det gjeld arbeidsformer for tenestestøtteprogrammet, og gjennomføringa har strekt seg over mykje lengre tid enn det som var intensjonen. Fysiske samlingar er den føretrekte arbeidsforma framfor digitale samlingar, og programmet har framleis ei utfordring når det gjeld det å finne balansen mellom eit standardisert opplegg og lokal tilpassing. Tenestestøtteprogrammet blir samstundes framheva som eit nyttig og relevant program, både av dei som jobbar med programmet, og av dei som deltek. Samstundes påpeiker følgjeevalueringa at implementering og oppfølging i etterkant av programmet er heilt vesentleg for å bidra til varige effektar i tenestene.

Programmet blir vidareført i 2023. Det same blir eit eige opplæringstilbod for tilsette i både kommunale barnevernstenester, statlege fosterheimstenester og barnevernsinstitusjonar om arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn.

Nye digitale løysingar

Det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern utviklar digitale løysingar som skal auke kvaliteten i det kommunale barnevernet. Dei digitale løysingane skal vere ferdig utvikla og planlagde for overføring til drift og forvalting hausten 2022. Per august 2022 har 230 kommunar med til saman 4,5 mill. innbyggjarar teke i bruk nasjonal portal for bekymringsmelding. Barnevernsfagleg kvalitetssystem (BFK) vil vere særleg viktig for å bidra til at barnevernet arbeider systematisk og kunnskapsbasert. Gjennom nyutvikla IKT-system gir BFK direkte tilgang til støtte i arbeidsprosessane, oppdaterte juridiske tekstar og generell rettleiing til kommunalt barnevern. BFK vektlegg mellom anna fortløpande medverknad og involvering av barn og foreldre og støttar det kommunale barnevernet i å gjennomføre forsvarlege analysar og vurderingar forankra i oppdatert kunnskap og gjeldande rett. Systemet skal bidra til samanheng mellom undersøkinga og tiltaka som barnevernet set inn, og til at sakshandsamarar har merksemda si retta mot behova til barnet og det beste for barnet. Automatiske rapporteringsrutinar og oppbygginga av eit nytt barnevernsregister hos SSB skal òg gi eit betre grunnlag for forsking, og dessutan oppdaterte analysar og styringsinformasjon tilbake til dei kommunale barnevernstenestene. Det blir arbeidd aktivt frå kommunalt og statleg hald for å sikre kommunal utbreiing og gevinstrealisering av leveransane frå prosjektet.

Gjennom arbeidet med DigiBarnevern-prosjektet har det blitt klart at det er stort behov for løysingar for sikker dataflyt og kommunikasjon mellom statleg og kommunalt barnevern for å sikre medverknad, rettstryggleik og personvern for barn og familiar. Løysingane frå DigiBarnevern kan bli vidareutvikla til òg å omfatte dei statlege barnevernstenestene. Det blir viktig å utnytte det vidare potensialet for ei god digital samhandling mellom stat og kommune, og dette arbeidet bør utnytte at Bufdir no har opparbeidd seg naudsynt kompetanse og god dialog med leverandørane gjennom arbeidet med DigiBarnevern. Regjeringa føreslår derfor 5 mill. kroner i 2023 til å vidareutvikle digitale løysingar utvikla for kommunalt barnevern i DigiBarnevern til bruk i det statlege barnevernet.

Bufdir og Bufetat har i 2021 arbeidd med å utvikle eit nytt digitalt opplærings- og oppfølgingsprogram til fosterfamiliar, sjå nærmare omtale under Fosterheimar.

Rettstryggleik i barnevernet

Utgangspunktet i barnevernlova er at barn og foreldre har rett til familieliv med kvarandre, og dei fleste barnevernstiltaka blir gitt som frivillige hjelpetiltak i heimen. Dersom omsorgsovertaking blir naudsynt, er målsetjinga at barnet skal førast tilbake til foreldra. Barnevernlova opnar samstundes for inngripande tvangstiltak i retten til familieliv. Dette stiller store krav til rettstryggleik og avgjerdsprosessar som varetek rettane til både barn og foreldre. Viktig for rettstryggleiken er medverknad frå barn, at sakshandsaminga byggjer på eit godt kunnskapsgrunnlag, og at avgjerdene er godt grunngitt og kan kontrollerast. Fleire dommar frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har konstatert krenking av menneskerettane til barn og foreldre. Tilsynsrapportar og forsking har funn som tilseier at kvaliteten på arbeidet bør styrkjast.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Rettstryggleiken til barn og foreldre skal varetakast under heile barnevernssaka.

Departementet har sett i gang fleire tiltak som styrkjer rettstryggleiken. Blant desse er ny barnevernslov det viktigaste grepet. Kompetansesatsinga vil òg auke kompetansen i tenesta og gjere dei tilsette betre i stand til å til dømes bruke lova rett, sjå nærare om kompetansesatsinga under Kvalitetsutvikling i barnevernet. Barnevernsfagleg kvalitetssystem (BFK) er del av den digitale satsinga i barnevernet og skal bidra til meir systematisk og kunnskapsbasert arbeid, sjå omtale under Nye digitale løsningar. Betre avgjerdsgrunnlag frå barnevernstenesta vil leggje grunnlag for meir riktige avgjerder til det beste for barnet i nemnda. Vidare er medverknad frå barnet ein viktig del av rettstryggleiken til barnet og grunnleggjande for å finne fram til kva som er det beste for barnet. Det følgjer av barnekonvensjonen og Grunnlova at barn har rett til å bli høyrde i saker som angår dei. Styresmaktene har ei plikt til å leggje til rette for at barn får medverke. Departementet har sett i gang fleire tiltak for at barna og familiane deira skal bli tilstrekkeleg involverte i alle delar av ei barnevernssak. I ny barnevernslov, jf. Prop. 133 L (2020–2021), er retten barnet har til å medverke i barnevernssaker, styrkt.

Regjeringa Solberg oppnemnde barnevernsutvalet våren 2021. Bakgrunnen for oppnemninga av utvalet er oppmodingsvedtak nr. 15 (2020–2021) der Stortinget bad regjeringa setje ned eit ekspertutval som skal gå gjennom norsk barnevern og dommane mot Noreg i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) med mål om å betre rettstryggleiken i alle ledda av tenesta. Regjeringa har våren 2022 endra mandatet til, og samansetjinga av, utvalet slik at dei skal vurdere tiltak for å styrkje rettstryggleiken i alle ledda av arbeidet barnevernet gjer. Det er òg teke inn i mandatet at utvalet skal vurdere ei autorisasjonsordning for tilsette i barnevernet. Utvalet skal levere tilrådingane sine våren 2023.

Ny barnevernslov

Ved handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) slutta Stortinget seg til forslaget til ny barnevernslov med einskilde endringar, jf. Innst. 625 L (2020–2021). Departementet legg opp til at den nye barnevernslova skal gjelde frå 1. januar 2023. Lova skal mellom anna styrkje det førebyggjande arbeidet, medverke til betre barnevernsfagleg arbeid og styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre. Ho skal òg gi betre rettleiing om kva som er forsvarleg sakshandsaming, og vil leggje betre til rette for lik praksis i kommunane.

Ny barnevernslov byggjer på grundige vurderingar av dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har, og ny praksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) og Noregs Høgsterett. Lova skal føre til grundigare vurderingar, riktigare avvegingar av motstridande omsyn, betre dokumentasjon og meir dynamisk fastsetjing av samvær. På denne måten skal lova bidra til at praksis er innanfor dei menneskerettslege forpliktingane våre.

Regjeringa føreslår 37,8 mill. kroner i 2023 til iverksetjing av ny barnevernslov. Midlane skal mellom anna dekkje meirutgifter som følgje av eit nytt krav i lova til plan for samvær etter omsorgsovertaking. Fastsetjing av samvær etter omsorgsovertaking er eit sentralt tema i fleire av sakene der Noreg er dømt i EMD for krenking av retten til familieliv, og lovendringa er ein viktig del av Noregs oppfølging av desse sakene. Tiltaket inneber ei plikt for barnevernstenesta til å utarbeide ein plan for gjennomføring av samvær og kontakt med foreldre, søsken og andre nærståande som barnet har eit etablert familieliv med. Barnevernstenesta skal jamleg vurdere planen og kan innvilge meir samvær enn det nemnda fastset. Når lova blir sett i verk, vil meirkostnadene vere særleg høge fordi barnevernstenestene må lage samværsplan for alle barn som allereie er under omsorga til barnevernet. Bufdir har under utarbeiding ei retningslinje for barnevernstenesta om fastsetjing av samvær. Bufdir skal òg utarbeide ei retningslinje om god gjennomføring av samvær.

Midlane skal vidare gå til auka utgifter til fri rettshjelp. Meirutgiftene til fri rettshjelp følgjer både av endringar i ny barnevernslov som gir heimel til å påleggje hjelpetiltak i samværsheimen, åtgang til grundigare handsaming av klager over akuttvedtak og utvida åtgang til å innvilge yngre barn partsrettar. Dette er endringar som bidreg til å auke rettstryggleiken gjennom grundigare sakshandsaming, at barn får betre høve til å medverke i si eiga sak, og ein ny åtgang til å setje i verk tvangstiltak retta mot samværsforelder.

Fram til den nye lova blir gjeldande, vil departementet gjennomføre naudsynt arbeid for å implementere den nye lova. Mellom anna skal alle forskriftene til barnevernslova bli fastsette på nytt med heimel i den nye lova. Nokre av forskriftene vil bli reviderte. Departementet har våren 2022 sendt på høyring fleire forslag til reviderte forskrifter, mellom anna forskrift om tilsyn med barn i barnevernsinstitusjonar, forskrift om kvalitet og godkjenning av barnevernsinstitusjonar og forskrift om barn sin rett til medverknad. Forskriftene skal tre i kraft når ny barnevernslov tek til å gjelde.

Medverknad i barnevernet

Retten barnet har til medverknad, inneber at barnet skal ha høve til fritt å komme med eigne synspunkt. For at medverknaden skal vere reell, må barnet få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon, og det må kjennast trygt å gi uttrykk for eigne meiningar. I sakshandsaminga til barnevernet må det mellom anna vere synleg korleis innspela frå barnet er blitt tekne omsyn til. Retten barnet har til medverknad, er formelt sett styrkt dei seinaste åra. Ny barnevernslov har meir utfyllande reglar om retten barnet har til medverknad, og framhevar at barnet si meining er eit sentralt moment i vurderinga av det beste for barnet.

Funn frå landsomfattande tilsyn og innspel frå brukarorganisasjonar kan tyde på at medverknaden til barn og familiar ikkje blir teken godt nok hand om i praksis. Alle aktørar i barnevernet er ansvarlege for å oppfylle måla om medverknad og å arbeide kontinuerleg med dette. Departementet har sett i gang fleire tiltak for at barna og familiane deira skal bli tilstrekkeleg involverte i alle delar av ei barnevernssak. Det er likevel behov for å halde fram med å rette merksemda mot medverknad for at det skal bli ein integrert del av alt arbeidet i barnevernet.

Departementet har sendt ut forslag til ny medverknadsforskrift på høyring våren 2022. Forskrifta inkluderer føresegner frå forskrift om medvirkning og tillitsperson og forskrift om barnets talsperson i saker som skal bli handsama i fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. Den nye medverknadsforskrifta inneheld i tillegg fleire nye føresegner som skal auke medverknaden til barn i barnevernssaker, frå undersøking blir opna, til saka er ferdig handsama i fylkesnemnda. Forskrift om medverknad i barnevernet vil gi barnevernet betre rettleiing i korleis medverknad skal bli praktisert, og korleis barnet skal involverast i saka. Ny forskrift om samtaleprosess inneheld òg føresegner som skal styrkje medverknaden til barn i saker som blir handsama etter denne prosessforma.

Eining for inntak og Fosterheimstenesta i Bufetat tilbyr avklaringsmøte for barn og foreldre i samarbeid med kommunen i alle saker der barn skal på institusjon, og for alle barn over sju år som skal flytte i fosterheim. Det blir arbeidd for å leggje møta best mogleg til rette og skape ei trygg ramme for barna som deltek. I saker der det ikkje blir gjennomført avklaringsmøte, arbeider Bufetat for å sikre medverknad på andre måtar, til dømes ved at barnet har ein tillitsperson som gjennomfører samtalen med barnet. Stikkprøvekontrollar viser at medverknaden til barnet inngår som ein del av dei faglege vurderingane til eining for inntak og grunngivingane for valet av institusjon.

Departementet fører vidare løyvinga til Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barnevernet i 2023. Desse ordningane skal mellom anna føre til auka medverknad for barn og unge og familiane deira som er, eller kan komme, i kontakt med barnevernet. Mottakarar av driftstilskot er dei same i 2021 og 2022 som tidlegare år.

Saker for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD)

Den europeiske menneskerettsdomstol (EMD) har frå 2015 til september 2022 valt å handsame 43 barnevernsklager mot Noreg. Høgsterett har òg avsagt fleire dommar om barnevern etter dommane frå EMD.

Domstolane har tilpassa praksisen sin etter føringane frå EMD og Høgsterett. Barnevernssektoren har òg teke inn over seg signala frå domstolane, og både statistikk over samvær og nyare forsking tyder på at det er eit aukande medvit når det gjeld å vurdere samvær etter ei omsorgsovertaking og det å arbeide for at barn og foreldre blir førte saman att. Ny barnevernslov skal bidra ytterlegare til at praksisen er innanfor dei menneskerettslege forpliktingane våre. Barnevernstenestene blir styrkte gjennom kursing og opplæring, og det er ei prioritert oppgåve for regjeringa å styrkje kompetansen i barnevernet.

Noreg leverer handlingsplanar til Ministerkomiteen i Europarådet om oppfølginga av dommane frå EMD og blir følgt opp gjennom ein forsterka prosedyre. Den 27. januar 2021 blei Noreg høyrt i ei munnleg høyring om handlingsplanane våre. Noreg la i juni fram ein ny handlingsplan for Europarådet. EMD har i ei storkammersak i desember 2021 uttrykt at dei har merka seg alle tiltaka Noreg har sett i verk for å følgje opp dommane frå EMD.

Utvida krav til politiattestar

Stortinget har vedteke lovendringa som gir heimel til å krevje barneomsorgsattest av den som blir tilsett i eller skal utføre oppgåver på vegner av Bufetat, og som har direkte kontakt med barn, jf. Prop. 86 L (2021–2022) og Innst. 391 L (2021–2022). Bufetat har i dag heimel til å krevje barneomsorgsattest av tilsette og personar som utfører oppdrag for barnevernsinstitusjonane, sentera for foreldre og barn og omsorgssentera. Endringa gjeld tilsette og personar som skal utføre andre oppgåver på vegner av Bufetat. Endringa tok til å gjelde 1. juli 2022. Departementet har òg vedteke endringar i forskrift. Dette er forskriftsendringar som gir Bufetat og private aktørar som leverer fosterheimstenester, heimel til å krevje politiattest av personar som skal bli godkjent som fosterforeldre av kommunen. Bufetat har oppgåver overfor fosterforeldre som set dei i posisjon til å krevje politiattest tidlegare enn kommunen. Forskriftsendringane tok til å gjelde 1. mai 2022.

Barneverns- og helsenemndene

I samband med at ny barnevernslov tek til å gjelde, endrar verksemda Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker namn til Barneverns- og helsenemndene.

Ein viktig del av rettstryggleiken i barnevernssaker er at saker blir handsama og avgjorde innan rimeleg tid. Ny barnevernslov stiller krav om at saker for nemnda skal bli handsama så hurtig som omsynet til ei forsvarleg sakshandsaming gjer mogleg.

Sidan 4. april 2020 har det gjeldt mellombelse føresegner for nemndene for å avhjelpe konsekvensar av covid-19. Dei mellombelse føresegnene blei fyrst vedtekne som forskrift til koronalova og i ei mellombels lov frå 12. mai 2020 til 10. november 2021. Smitteutviklinga hausten 2021 førte til eit behov for å innføre dei mellombelse føresegnene på nytt, og ei ny mellombels lov tok til å gjelde 23. desember 2021 med verknad til 1. juli 2022. Lova gir nemnda utvida høve til fjernmøte, fjernavhøyr, delvis skriftleg sakshandsaming og rådslåing og avstemming ved fjernmøte dersom det er naudsynt på grunn av covid-19 og er forsvarleg i den einskilde saka. Erfaringane frå nemndene er at føresegnene har fungert etter føremålet sitt. Føresegnene har vore avgjerande for å halde ved lag ei forsvarleg og rask saksavvikling i nemndene, samstundes som smitteverntiltaka blei overhaldne.

Departementet har i Prop. 129 L (2021–2022) fremja forslag om ei mellombels lov som inneheld ein forskriftsheimel om utvida høve for fjernmøte, fjernavhøyr, delvis skriftleg handsaming og rådslåing og avstemming ved fjernmøte i nemndene som følgje av covid-19. Forskriftsheimelen opnar for at det kan innførast mellombelse føresegner for inntil fire månader om gongen dersom det er naudsynt som følgje av covid-19. Det er føreslått at den mellombelse lova skal gjelde til 1. januar 2024.

Samtaleprosess blei innført som ei varig ordning i nemndene frå 1. juli 2020. Det blei gjennomført 858 samtalemøte i 2020, og i 2021 blei det gjennomført 1 469 samtalemøte. Per mars 2022 blei nær 50 prosent av alle hovudsakene handsama i samtaleprosess. Samtaleprosess er ei fleksibel prosessform som gjer at ein i større grad kan leggje til rette for individuelt tilpassa løysingar for den einskilde familien. Målet med samtaleprosess er å betre kommunikasjonen og forståinga til partane for å komme fram til kva som er til det beste for barnet. Prosessforma er basert på frivillig deltaking og krev at både private partar og barnevernstenesta samtykkjer.

Samtaleprosess kan nyttast på svært inngripande tvangssaker. Prosessforma stiller høge krav til ivaretaking av det beste for barnet, rettstryggleiken til dei private partane og legitimiteten til nemnda. Prosessforma krev omfattande opplæring av nemndleiarar og auka bruk av sakkunnige. Departementet meiner det er eit behov for ei nærare regulering i forskrift for å styrkje rettstryggleiken. Departementet sende våren 2022 på høyring eit forslag til forskrift om samtaleprosess i barneverns- og helsenemndene. Departementet tek sikte på at forskrifta skal tre i kraft når ny barnevernslov tek til å gjelde.

Sakkunnige i barnevernssaker

Barnevernssaker er ofte kompliserte, fylte av konflikt, og sakene grip sterkt inn i livet til barn og familiar. I slike saker kan barnevernet engasjere sakkunnige for å få eit godt fagleg grunnlag før det blir teke ei avgjerd. Det blir ofte lagt stor vekt på vurderingane til den sakkunnige, noko som gjer det viktig at det er høg kvalitet på det sakkunnige arbeidet. Departementet tildeler derfor midlar til eit utdanningsprogram for barnefaglege sakkunnige i regi av Norsk Psykologforening. Departementet vil i 2023 føre vidare støtta til drift av utdanningsprogrammet for barnefaglege sakkunnige. Utdanninga og eit register over barnefaglege sakkunnige er evaluert, og departementet vil følgje opp tilrådingar på området for å styrkje rettstryggleiken for barn og familiar, auke tilgangen på sakkunnige og auke kvaliteten på det sakkunnige arbeidet.

Samarbeid med andre sektorar

Fleire offentlege utgreiingar og tilsyn viser at dei ulike velferdstenestene ikkje samarbeider godt nok i alle tilfelle. Familiar og barn med behov for eit samansett tenestetilbod har utfordringar i kvardagen. Utgreiingar har peikt på utfordringar knytte til praksis og regelverk som kan vere til hinder for godt samarbeid. For barn og familiar i barnevernet er det svært viktig med godt samarbeid og tydeleg ansvarsdeling mellom barnevern og skule, helsevesen, NAV og politi.

Stortinget har ved handsaminga av Prop. 100 L (2020–2021) vedteke fleire lovendringar som skal styrkje oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira, gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene, jf. Innst. 581 L (2020–2021). Lovendringane inneber å harmonisere og styrkje plikta velferdstenestene har til å samarbeide. Endringane tok til å gjelde 1. august 2022. Barnevernstenesta har fått ei tydeleg plikt til å samarbeide med andre når samarbeid er naudsynt for å gi barnet eller ungdommen eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Vidare er det lovfesta ei tydeleg kommunal plikt til samordning i einskilde saker. Dette inneber at kommunen skal sørgje for at barnet eller ungdommen får eit samordna tenestetilbod, og kommunen skal ved behov avklare kva for ei velferdsteneste som skal ha ansvaret for å samordne tenestetilbodet. Det er òg lovfesta at ein individuell plan etter barnevernslova skal vere ein rett som det er høve til å klage på. Ei felles forskrift om individuell plan for barnevern, helse og NAV blei vedteken 22. juni 2022 og tok til å gjelde frå 1. august 2022. Lovendringane skal bli evaluerte slik at ein får kunnskap om effekten av endringane. Direktorata for velferdstenestene har utarbeidd ei felles rettleiing for samarbeid mellom skule, helse, tannhelse, barnevern, sosialtenesta, NAV, familievernkontora og krisesentera. Bufdir er vidare gitt i oppdrag å greie ut ulike modellar for koordinering på individnivå av tilbodet frå ulike sektorar til barn som bur i institusjon eller fosterheim.

Regjeringa fører vidare satsinga i Oslo retta mot barn som har gjort seg skuldige i eller står i fare for å gjere lovbrot. Tiltaka skal styrkje samarbeidet mellom barnevernet og det lokale politiet. Dei er retta mot barn frå 12 til 15 år. Det blir prøvd ut kriminalitetsførebyggjande team i bydel Alna og Søndre Nordstrand og eit institusjonstilbod i Barne- og familieetaten. OsloMet evaluerer tiltaka. Direktorata har òg fått eit felles oppdrag om tverrsektorielt samarbeid og tiltak når unge gjennomfører ungdomsstraff og ungdomsoppfølging.

Det har vore stor merksemd retta mot barnevernet sin bruk av politi i ulike situasjonar. Bufdir har i 2021 og 2022 samarbeidd med Politidirektoratet, mellom anna for å oppdatere rutinar og retningslinjer for samarbeid mellom politiet og barnevernet. Bufdir har òg vore involvert i utviklinga av ei generell barnefagleg rettleiing for politiet, som skal bli lagt fram hausten 2022. Det er i tillegg avdekt eit behov for å utvikle statistikk over omfanget av bistand frå politiet til barnevernet og korleis desse sakene artar seg. Bufdir har fått i oppdrag å vurdere moglegheita for å utvikle meir statistikk og kunnskap om dette feltet, med frist ut 2022. Per i dag blir bistand frå politiet i samband med alvorlege hendingar i institusjonane registrert i det digitale avvikssystemet til Bufdir. Å utvikle annan statistikk på området er eit ressurskrevjande og meir langsiktig arbeid, som må sjåast i samanheng med den digitale utviklinga både i barnevernet og i politiet.

Det har over fleire år vore ei satsing for å skape ein betre tilpassa skule- og utdanningssituasjon for barn i barnevernet. Forutan utprøvinga av tiltaket Skulelos er tiltaka i skulesatsinga i all hovudsak pedagogiske verkemiddel som skal betre skuleoppfølginga av barn og unge med tiltak i barnevernet. Dei fleste tiltaka er no implementerte. Erfaringar frå Bufetat tyder på at implementeringa ikkje er god, då tiltaka er lite kjende og i for liten grad tekne i bruk. I 2021 har Bufdir hatt barn og unge på institusjon i fokus, der det er særlege utfordringar med å leggje til rette for god, tilpassa skulegang. Arbeidet med å utvikle eit godt kunnskapsgrunnlag og vurdere allereie utvikla verkemiddel på området og sjå på måtar å betre samarbeidet med kommunal barnevernsteneste om skuleoppfølging på, vil halde fram i 2022 og 2023.

Helsetenester for barn og unge i barnevernet

Studiar har vist at ein stor del av barn som barnevernet flyttar ut av heimen, har udekt behov for helsehjelp. Til dømes viste ein studie frå 2015 at 76 prosent av barn i barnevernsinstitusjon fylte diagnosekrav til minst ei psykisk liding dei tre siste månadene. Berre 38 prosent melde at dei hadde fått hjelp frå spesialisthelsetenesta for desse lidingane i løpet av denne perioden. Resultatet frå ei utprøving av tverrfagleg helsekartlegging (CARE), der 200 barn blei kartlagde i perioden august 2017 til januar 2020, viste at 70 prosent av dei kartlagde barna tilfredsstilte krava til diagnose for psykiske lidingar. Det blei gjort somatiske funn hos 59 prosent av barna.

Bufdir og Helsedirektoratet har over fleire år jobba målretta for at barn i barnevernet skal få naudsynt helsehjelp når dei har behov for det. Helsesatsinga omfattar fleire tiltak retta mot barn i det kommunale barnevernet og barn på barnevernsinstitusjon, til dømes nasjonalt forløp for barnevern, samarbeidsavtalar og ambulante tilbod. Sintef skal evaluere helsesatsinga, og evalueringa skal vere ferdig i 2023.

Det er likevel framleis behov for meir tilrettelagde psykiske helsetenester for barn i institusjon. Til dømes er det stor variasjon i bruken av ambulante BUP-team som kan gi ungdommar helsehjelp der dei er. Bufdir har fått i oppdrag å greie ut ulike modellar for ambulant helsehjelp både til barn som bur på institusjon, i fosterheim og som tek imot hjelpetiltak i heimen.

Det er etablert eit nasjonalt forløp for barnevern - kartlegging og utredning av psykisk, somatisk og seksuell helse, tannhelse og rus. Forløpet skildrar ansvarsdeling og rutinar som skal gi pasientar og pårørande eit tilbod som er heilskapleg og føreseieleg, utan unødig ventetid. Til skilnad frå den tverrfaglege helsekartlegginga, sjå omtale under, blir forløpet sett i verk på bakgrunn av ein indikasjon om at helse- eller rusutfordringar ligg føre. Helsedirektoratet og Bufdir har starta eit arbeid med å utvide nasjonalt forløp for barnevern med somatisk helse, tannhelse og seksuell helse i 2022. Direktorata har òg utvikla ein plan for implementering av forløpet i løpet av 2023.

I 2019 blei det sett i drift to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for barn med behov for langvarig omsorg utanfor heimen og samstundes eit stort behov for psykisk helsehjelp. Institusjonane har tilsette med kompetanse frå både barnevern og helse. Institusjonane skal medverke til at barn med store og komplekse behov får eit tilbod av høg kvalitet som er godt tilpassa behovet deira. Bufdir har i samarbeid med Helsedirektoratet starta følgjeforsking på det nye institusjonstilbodet. Evalueringa blir gjennomført av NTNU Samfunnsforskning og skal vere ferdig i 2023.

Tverrfagleg helsekartlegging

I Hurdalsplattforma er det tydeleg at regjeringa vil styrkje den psykiske helsehjelpa i barnevernet og at helsekartlegging av barn etter omsorgsovertaking må lovfestast. Ved handsaminga av Prop. 222 L (2020–2021) om tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet, slutta Stortinget seg til at tverrfagleg helsekartlegging blir lagd organisatorisk til Bufetat. Tverrfagleg helsekartlegging skal bidra til å identifisere hjelpe- og helsebehov hos barn som ikkje kan bu hos foreldra sine. Målet er at barn som blir flytta ut av heimen, skal få god og riktig helsehjelp som òg bidreg til ei meir stabil plassering og reduserer risikoen for at barna må flytte fleire gonger. Kartlegginga føreset faglege bidrag frå helsepersonell og at spesialisthelsetenesta bidreg med naudsynte ressursar i kartleggingsteama. Eit viktig prinsipp for tilbodet er at kartlegginga skal vere så skånsam som mogleg for barnet, og at det skal liggje føre samtykke. Retten til medverknad og omsynet til det beste for barnet skal liggje til grunn for vurderingane og gjennomføringa av tverrfagleg helsekartlegging. Det er Bufetat som i kvart einskilt tilfelle skal avgjere om dei skal tilby tverrfagleg helsekartlegging når barnevernstenesta oppmodar om det. Stortinget har òg vedteke ei plikt for den kommunale barnevernstenesta til å be Bufetat om helsekartlegging for barn som blir flytta ut av heimen, med mindre det blir vurdert som heilt openbert at det ikkje trengst, jf. Innst. 166 L (2021–2022). Endringane blei vedtekne både i gjeldande barnevernlov og ny barnevernslov.

Lovheimelen som seier at Bufetat kan tilby tverrfagleg helsekartlegging, tok til å gjelde i gjeldande barnevernlov 1. juni 2022. Plikta for kommunen til å be Bufetat om tverrfagleg helsekartlegging kan ikkje tre i kraft før det er tilstrekkeleg kapasitet i det statlege tilbodet. Målgruppa er sett til om lag 2 000 barn, og Bufetat har i dag kapasitet til å tilby kartlegging til om lag 250 barn per år. Ikraftsetjing av plikta kommunen har til å be Bufetat om helsekartlegging for barn i målgruppa, vil vere avhengig av kor raskt det er mogleg å få på plass tilstrekkeleg kapasitet i tilbodet, mellom anna tilgang på naudsynt kompetanse.

Hausten 2021 starta arbeidet med å prøve ut tilbodet om tverrfagleg helsekartlegging. Tilbodet blei utvida med fleire nye team i 2022. Utprøvinga vil gi viktig kunnskap om kva måte å innrette på og kva for innhald som er mest føremålstenlege, og om vidare utvikling og implementering. Det langsiktige målet er å utarbeide eit tilbod som er best mogleg – frå barna sin ståstad, med omsyn til ressursane og i eit samarbeidsperspektiv. Regjeringa føreslår derfor å løyve 21 mill. kroner i 2023 til ei ytterlegare utviding av tilbodet. Vidare utviding av tilbodet blir vurdert i dei årlege budsjettprosessane.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

853

Barneverns- og helsenemndene

241 226

240 143

243 331

1,3

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 182 188

388 516

387 550

-0,2

855

Statleg forvalting av barnevernet

7 244 490

7 208 926

7 021 769

-2,6

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

92 219

121 994

122 986

0,8

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

596 572

631 951

634 558

0,4

Sum kategori 11.20

9 356 695

8 591 530

8 410 194

-2,1

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

3853

Barneverns- og helsenemndene

530

0,0

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 430 420

2 481 339

2 574 236

3,7

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

94 942

118 426

121 979

3,0

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

6 157

528

544

3,0

Sum kategori 11.20

1 532 049

2 600 293

2 696 759

3,7

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

7 882 395

8 178 133

8 151 311

-0,3

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

6 187

8 070

2 000

-75,2

50–89

Overføringar til andre

1 468 113

405 327

256 883

-36,6

Sum kategori 11.20

9 356 695

8 591 530

8 410 194

-2,1

Kap. 853 Barneverns- og helsenemndene

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

241 226

240 143

243 331

Sum kap. 853

241 226

240 143

243 331

Ansvarsområdet til verksemda

I samband med at ny barnevernslov etter planen tek til å gjelde frå 1. januar 2023, endrar verksemda Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker namn til Barneverns- og helsenemndene.

Barneverns- og helsenemndene er eit uavhengig, domstolsliknande forvaltingsorgan som er heimla i barnevernslova. Nemndene gjer vedtak i tvangssaker etter barnevernslova, inkludert pålegg om hjelpetiltak, omsorgsovertaking av barn og tvangsplassering av ungdommar med åtferdsvanskar. Over 90 prosent av sakene i nemndene er saker etter barnevernslova. Etter helse- og omsorgstenestelova gjer nemndene tvangsvedtak for vaksne rusavhengige og for gravide rusavhengige. Nemndene avgjer òg klager på kommunale vedtak om bruk av tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming. Vidare avgjer nemndene spørsmål om tvangsundersøking og tvangsisolering av personar med smittsame sjukdommar etter smittevernlova.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i nemndene og i Sentraleininga for nemndene.

Ny barnevernslov skal etter planen tek til å gjelde 1. januar 2023. Det kjem fram av den nye lova at betalingsansvaret for godtgjersle til sakkunnige oppnemnde av fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker og til tolk i saker for fylkesnemndene blir overført frå kommunane til staten. Departementet føreslår derfor å auke løyvinga på posten med 0,4 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 571, post 60, til å dekkje meirutgifter i barneverns- og helsenemndene. Sjå òg omtale i budsjettproposisjonane til Kommunal- og distriktsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet.

Løyvinga under posten er redusert med 0,26 mill. kroner som følgje av at det i saldert budsjett 2022 blei rekna ut for mykje i kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse. Sjå Arbeids- og inkluderingsdepartementets Prop. 1 S (2022–2023) for nærare omtale.

Departementet føreslår ei løyving på 243,3 mill. kroner i 2023.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Spesielle driftsutgifter

85 595

51 920

57 021

22

Barnesakkunnig kommisjon

6 780

11 172

15 072

23

Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72

31 074

56 574

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

6 187

8 070

2 000

50

Forsking og utvikling

18 573

18 960

60

Kommunalt barnevern

817 439

61

Utvikling i kommunane

70 227

70 475

70 475

62

Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 23

25 567

27 397

27 420

71

Utvikling og opplysingsarbeid m.m.

40 152

39 204

39 204

72

Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23

111 668

130 244

119 784

Sum kap. 854

1 182 188

388 516

387 550

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til utviklingstiltak i barnevernet, i hovudsak tidsavgrensa prosjekt på barnevernsområdet. Løyvinga på posten blir òg nytta til refusjon av barnevernsutgifter på Svalbard, drift av tvisteløysingsnemnda for barnevernet og drift av Nasjonalt samisk kompetansesenter.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal gjere ei samla vurdering av institusjonsbarnevernet og komme med forslag til målgruppe, målsetjing, innhald, dimensjonering og organisering av tilbodet. Løyvinga blir føreslått auka med 3,8 mill. kroner for å dekkje delar av utgiftene til utvalet i 2023.

Departementet føreslår ei løyving på 57 mill. kroner i 2023.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Løyvinga på posten skal dekkje drifta av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen skal kvalitetsvurdere rapportar frå sakkunnige i barnevernssaker, anten dei er bestilte av barnevernstenesta, fylkesnemnda, domstolane eller dei private partane. Frå 15. august 2022 blei mandatet utvida til òg å omfatte rapportar frå sakkunnige i foreldretvistsaker. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 3,5 mill. kroner i 2023 til å dekkje heilårseffekten av det utvida mandatet. Statens sivilrettsforvalting er sekretariat og disponerer løyvinga for kommisjonen.

Departementet føreslår ei løyving på 15,1 mill. kroner i 2023.

Post 23 Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72

Posten dekkjer utgifter til kompetansehevingstiltak for kommunalt barnevern. Posten dekkjer mellom anna utgifter til dialogmøte statsforvaltaren har med kommunane, og oppgåver med å koordinere kompetansetiltak overfor kommunane. Løyvinga skal òg dekkje utgifter statsforvaltarane har ved å leggje til rette for samarbeid i kommunale læringsnettverk og forvalte midlar til utviklingsprosjekt i desse nettverka, jf. omtale under kap. 854, post 61.

Departementet føreslår å auka løyvinga på posten med 12 mill. kroner for å styrkje styring og leiing i kommunalt barnevern. Midlane skal nyttast til eit eige opplæringsprogram om internkontroll for leiarar i barnevernstenesta, til å etablere og drifte eit opplæringsprogram for nye leiarar og til utvikling og drift av ei ny vidareutdanning for barnevernsleiarar. Midlane skal i tillegg gå til å styrkje oppfølginga statsforvaltarane gjer av styring og leiing i kommunalt barnevern, mellom anna gjennom å etablere nettverk for barnevernsleiarar. Sjå òg omtale under kap. 858, post 01.

Rettleiingsteam er eit tilbod om rettleiing til kommunar som ønskjer å styrkje og utvikle barnevernstenesta. Regionalt kunnskapssenter for barn og unge psykisk helse og barnevern (RKBU Midt-Noreg) har sidan 2020 hatt ansvar for drift og utvikling av rettleiingsteam. Bufdir vil ta over ansvaret for drift og utvikling av rettleiingsteam frå hausten 2022. For å sikre korrekt postbruk blir det føreslått å auke posten med 10,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 854, post 72.

Posten blir òg føreslått auka med 3 mill. kroner til å styrkje tilbodet om rettleiing frå kommunale rettleiingsteam. Hensikta med utvidinga på sikt er at fleire kommunar skal kunne få tilbod om rettleiing. I tillegg er det ønskjeleg at kommunane får betre oppfølging i etterkant av rettleiingsperioden, og at det blir utvikla læringsressursar med bakgrunn i erfaringane frå rettleiingsteam, som andre kommunar kan få tilgang til.

Departementet fører vidare finansieringa av seks vidareutdanningstilbod innanfor barnevern, på til saman om lag 350 studieplassar i 2023. Fire av desse er offentlege anskaffingar og blir derfor finansierte over denne posten. Dei to siste blir finansierte på post 72. Unytta midlar til vidareutdanningstilbod kan brukast på andre tiltak i kompetansestrategien.

Som ein del av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet blir det vidare løyvd midlar på posten til eit opplæringsprogram om arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn. Programmet er retta mot utvalde barnevernstenester, fosterheimstenester og barnevernsinstitusjonar og blir tilbydd av VID vitenskapelige høgskole.

Departementet føreslår ei løyving på 56,6 mill. kroner i 2023.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga har blitt nytta til Bufdir sitt arbeid med digitaliseringstiltaket DigiBarnevernsom skal heve kvaliteten og effektiviteten i sakshandsaminga i det kommunale barnevernet. Utviklinga av DigiBarnevern er planlagd ferdig i 2022. Departementet føreslår derfor å redusere posten i 2023 med 8,1 mill. kroner, tilsvarande utviklingskostnadene. Sjå også omtale under kap. 858, post 01 og 21.

Det vil gi vesentlege synergieffektar å vidareutvikle løysingane i DigiBarnevern til å omfatte det statlege barnevernet. Til dømes vil kvalitetssystemet i kommunal og statleg sektor kunne byggje på ein felles fagmodell som vil bidra til betre informasjon og rapportering på tvers av forvaltingsnivåa. For å vidareutvikle løysingane frå DigiBarnevern-prosjektet til å omfatte dei statlege barnevernstenestene, føreslår departementet å auke løyvinga med 2 mill. kroner. Midlane skal nyttast til eksterne ressursar som vil jobbe med å utvikle løysingane frå DigiBarnevern til bruk i statleg barnevern. Sjå òg omtale under kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 2 mill. kroner i 2023.

Post 50 Forsking og utvikling

Løyvinga på posten har gått til Noregs forskingsråd. Departementet føreslår at tildelinga til Noregs forskingsråd blir samla på éin budsjettpost frå 2023. Midlane som i dag blir tildelte over to postar, høvesvis kap. 846, post 50, og kap. 854, post 50, finansierer dei same budsjettføremåla i Forskingsrådet. Samanslåinga skal bidra til ei forenkla budsjettildeling og meir heilskapleg styring. Departementet føreslår derfor å overføre 19 mill. kroner til kap. 800, post 50 (ny).

Departementet føreslår inga løyving på posten frå 2023.

Post 61 Utvikling i kommunane

Posten dekkjer tilskot til utviklingsprosjekt og andre tiltak i regi av kommunar og statsforvaltarane. Midlane skal mellom anna nyttast til prosjekt og tiltak for å betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane og utvikle tenestene i barnevernet.

Departementet føreslår å føre vidare løyvinga til tilskotsordninga til utviklingsprosjekt i kommunale læringsnettverk, som er ein del av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet. Delar av tilskotsordninga skal brukast til å etablere betre kommunale tilbod om rettleiing og oppfølging av fosterheimar. Hovudelementa i ordninga er omtalte i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

Som ein del av den styrkte innsatsen for barn og unge som er skuldige i eller står i fare for å bli skuldige i lovbrot, fører departementet vidare løyvinga til Oslo kommune for å styrkje barnevernet sitt arbeid med målgruppa og familiane deira. Midlane skal mellom anna nyttast til å prøve ut tverrfaglege team i to bydelar og til vidareutvikling av institusjonstilbodet i regi av Barne- og familieetaten i Oslo kommune.

Departementet føreslår å føre vidare tilskotet på 2,4 mill. kroner til Oslo kommune som skal dekkje utgiftene barnevernet har til drift av eit team for tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet.

Departementet fører òg vidare midlar til utprøving av ein grunnmodell for hjelpetiltak i barnevernet og utprøving av hjelpetiltaket Skulelos i regi av Bufdir. Grunnmodellen for hjelpetiltak skal gi grunnlag for ei heilskapleg tilnærming til hjelpetiltaksarbeidet. Bufdir gir tilskot til Narvik, Harstad, Haugesund og Utsira, Tinn, Notodden og Hjartdal, Midt-Telemark, Vest-Telemark, Lørenskog, Aurskog-Høland for å prøve ut modellen som skal gi støtte til tenestene ved val, tilpassing, oppfølging og evaluering av tiltak, i tillegg til å systematisere arbeidet med medverknad. Grunna at ein kommune som deltok i utprøvinga i 2020 og 2021, ikkje deltek lenger, vil Bufdir gi tilskot til ytterlegare ein kommune eller ei kommuneklyngje i 2023. Tilskotet blir tildelt og utmålt på bakgrunn av søknad.

Skulelos er eit hjelpetiltak retta mot ungdom i alderen 12–18 år som tek imot hjelp frå barnevernstenesta. Tiltaket skal betre skulesituasjonen til ungdommen og hindre fråfall frå vidaregåande opplæring. Midlane blir i 2023 betalte ut som lønnstilskot til barnevernstenester i Kragerø, Eigersund (Lund), Bodø (Steigen), Alta og Lister.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til Alarmtelefonen for barn og unge, driven av Kristiansand kommune, i 2023. Målet for tilskotet er at Alarmtelefonen for barn og unge skal vere ein døgnopen, gratis alarmtelefon for barn og unge som er utsette for ulike former for vald, overgrep eller omsorgssvikt. Tilbodet er ein del av akuttilbodet til kommunane for utsette barn og unge.

Departementet føreslår òg at det blir gitt tilskot til organiseringa av den årlege landskonferansen mellom barnevernvakter og politi i 2023. Målet for tilskotet er at konferansen skal fremje samarbeid mellom politi og barnevernvakter. Landsnettverket for barnevernvaktene og politidistrikta er saman ansvarlege for arrangementet.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at kriterium for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 70,5 mill. kroner i 2023.

Post 62 Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 23

Løyvinga skal nyttast til tilskotsordninga til barnevernsfagleg vidareutdanning. Bufdir er tilskotsforvaltar. Hovudelementa i ordningane er omtalte i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Målet med tilskotsordninga er å bidra til å styrkje kunnskaps- og kompetansenivået hos tilsette i barnevernet. Det kan søkjast om tilskotsmidlar for å dekkje prioriterte vidareutdanningar innanfor barnevernsfag. Midlane skal nyttast til å dekkje kostnader til vikarutgifter, reise- og opphaldskostnader, litteraturkjøp o.l. I 2023 gjeld dei prioriterte vidareutdanningane desse temaa: barnevernsfagleg rettleiing, minoritetskompetanse i barnevernet, juss i barnevernsfagleg arbeid, vurdering av det beste for barnet og relasjonskompetanse i barnevernet.

Bufdir har sendt på høyring eit utkast til forskrift for ordninga. I forskrifta blir i all hovudsak måla og sentrale element frå den eksisterande tilskotsordninga varetekne.

Departementet føreslår ei løyving på 27,4 mill. kroner i 2023.

Post 71 Utvikling og opplysingsarbeid m.m.

Løyvinga under denne posten blir i hovudsak nytta til tilskotsordningane Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet.Hovudelementa i ordningane er omtalte i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Tilskota vil bli regulerte i forskrifter fastsett av BFD i 2022. Ordningane skal samla bidra til brukarmedverknad og til at alle partane på barnevernsfeltet skal bli høyrde. Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet skal bidra til å utvikle barnevernsfeltet gjennom å stimulere brukar- og interesseorganisasjonar på feltet til å styrkje engasjementet sitt og å vise medansvar for utsette barn og unge og familiane deira. Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet skal bidra til å utvikle barnevernsfeltet gjennom førebygging av problemutvikling og ved at utsette barn og unge får betre hjelp til livsmeistring og utvikling i trygge omgivnader.

Departementet føreslår at det innanfor ordningane blir gitt tilskot på 4,5 mill. kroner til Landsforeningen for barnevernsbarn i 2023. Målet for tilskotet er at Landsforeningen for barnevernsbarn skal bidra til brukarmedverknad i barnevernet. Forandringsfabrikken er ikkje føreslått som namngitt mottakar i 2023, men kan søkje om tilskot innanfor ordningane på ordinært vis.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til barneeininga i Østersjørådet (Children at risk, CAR) i 2023. Tilskotet skal dekkje den norske støtta til CAR, som er eit forum for regionalt samarbeid om barn sine rettar. Føremålet med tilskotet er å styrkje det regionale samarbeidet om barnerettane. Kriterium for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene.

Departementet føreslår ei løyving på 39,2 mill. kroner i 2023.

Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23

Løyvinga på posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg. Dette inkluderer tilskot til kompetansemiljø.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot på om lag 53 mill. kroner til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU). Målet for tilskotet er at NUBU skal medverke til at barn og unge med utfordrande åtferd, familiane deira og skular får hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. NUBU skal vidare drive tenestestøtte, med bakgrunn i behovet til tenestene. Dette inneber mellom anna implementeringsverksemd, inkludert kvalitetssikring, opplæring, rettleiing og rådgiving. NUBU har òg eit nasjonalt ansvar for å gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet og for forskings- og utviklingsarbeid. Tilskotet blir forvalta av Bufdir.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU Nord, RKBU Vest og RKBU Midt-Noreg) og driftstilskot til RBUP Aust og Sør. Kunnskapssentera skal utvikle, kvalitetssikre, forvalte og gjere tilgjengeleg vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innanfor arbeidet med barnevern og psykisk helse hos barn og unge. Dei fire fagmiljøa blir finansierte av Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet. Bufdir og Helsedirektoratet forvaltar midlane til dei fire fagmiljøa på vegner av dei to departementa.

Departementet føreslår i tillegg at det blir gitt tilskot til RKBU Vest, RKBU Nord, RKBU Midt-Noreg og RBUP Aust og Sør og Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging Sør (RVTS Sør) i 2023. Målet for dette tilskotet er at sentera skal drifta tenestestøtteprogrammet for barnevernstenesta, der deltakande kommunar kan få auka kompetanse om mellom anna undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid.

Departementet føreslår òg at det blir gitt tilskot til RKBU Midt-Noreg og RKBU Nord i 2023. Målet for dette tilskotet er å auke kompetansen i kommunalt og statleg barnevern gjennom tilbod om vidareutdanningar. Sentera tilbyr vidareutdanning innan høvesvis barnevernsleiing og barnevernsfagleg rettleiing. Stortinget har vedteke innføring av krav om masterutdanning for leiarar ved barnevernsinstitusjonane. Fram til 2031 kan kravet òg oppfyllast gjennom vidareutdanning. For å setje institusjonane i stand til å oppfylle kravet skal det opprettast ei ny vidareutdanning for institusjonsleiarar ved RKBU Midt-Noreg.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til statlege universitets- og høgskuleinstitusjonar og VID vitenskapelige høgskole i 2023. Midlane skal nyttast som kompensasjon til barnevernstenester og barnevernsinstitusjonar som tek imot praksisstudentar når utdannings- og høgskuleinstitusjonar ber om det. Kompensasjonen kan nyttast til praksisstader for studentar innanfor barneverns- og sosionomutdanningar etter nærare fastsette kriterium. Målet er å sørgje for at studentar innanfor relevante utdanningar får praksis i barnevernet.

Posten omfattar òg midlar som Norsk Psykologforening blir tildelt til opplæring og rettleiing av sakkunnige gjennom å tilby utdanningsprogram for barnefaglege sakkunnige. Utdanningsprogrammet har som føremål å bidra til kvalitetssikring og -utvikling av arbeidet til sakkunnige i barnevernssaker og foreldretvistsaker.

Delar av løyvinga dekkjer i tillegg mentorordninga Nattergalen. Målgruppa for ordninga er barn med minoritetsbakgrunn og studentar på sosialfaglege bachelorutdanningar. Ordninga skal bidra til at fleire av barna fullfører vidaregåande utdanning og tek høgare utdanning, samstundes som studentane utviklar kultursensitivitet gjennom å bli kjent med barna og familiane deira. Midlane går til åtte høgskular/universitet som tilbyr mentorordninga. Desse er OsloMet, Høgskulen i Innlandet, Høgskulen i Østfold, Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Agder, NTNU Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Nord Universitet og Høgskulen på Vestlandet.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at kriterium for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad. Tilskotsforvaltaren kan setje vilkår for tildelinga.

For å sikre korrekt postbruk blir midlar til rettleiing til kommunar som ønskjer å styrkje og utvikle barnevernstenesta, flytta frå posten. Departementet føreslår å redusere posten med 10,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 23. Sjå nærare omtale under kap. 854, post 23.

Departementet føreslår ei løyving på 119,8 mill. kroner i 2023.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

3 999 289

4 170 449

4 210 381

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

24 352

25 938

26 622

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

2 836 362

2 893 492

2 784 766

60

Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak, kan nyttast under post 01

384 487

119 047

Sum kap. 855

7 244 490

7 208 926

7 021 769

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

Løyvinga på posten dekkjer lønn og sosiale kostnader til tilsette i det statlege barnevernet. Dette gjeld tilsette ved regionkontor, institusjonar og fosterheimstenester med meir. Andre vesentlege utgifter er utgifter til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, til opplæring og til varer og tenester.

Aktiviteten i det statlege barnevernet har blitt redusert dei siste åra. Dette inneber færre barn i statlege barnevernstiltak. Sidan Bufetat ikkje kan styre inntaket av barn og unge, er det vanskeleg å kjenne det framtidige budsjettbehovet, men departementet ventar at den låge aktiviteten held fram i 2023. Dette inneber lågare utgifter enn tidlegare lagde til grunn. Departementet føreslår med bakgrunn i dette å redusere posten med om lag 83,6 mill. kroner. Sjå òg omtale under kap. 855, post 22.

For 2022 blei det løyvd 45 mill. kroner til ei utprøving med tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet. I 2022 blei Bufetat sitt tilbod om tverrfagleg helsekartlegging lovfesta, jf. Prop. 222 L (2020–2021), og Stortinget vedtok ei plikt for den kommunale barnevernstenesta til å be Bufetat om helsekartlegging, jf. Innst. 166 L (2021–2022). Ei slik plikt kan ikkje tre i kraft før det er tilstrekkeleg kapasitet i det statlege tilbodet (sjå nærare omtale over). Departementet føreslår å auke løyvinga med 21 mill. kroner i 2023 for å auke kapasiteten i tilbodet. Midlane skal fordelast mellom Barne- og familiedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. 3,4 mill. kroner blir løyvde over kap. 732, post 70, og 17,6 mill. kroner over kap. 855, post 01. Samla midlar til føremålet i 2023 utgjer 66 mill. kroner, der 2,4 mill. kroner til Oslo kommune er løyvde over kap. 854, post 61.

MST er eit spesialisert hjelpetiltak som har vist seg å ha god og dokumentert effekt i å hjelpe barn med åtferdsproblem. Det er ei utfordring at ikkje alle kommunar i Noreg har tilgang til tiltaket. Departementet føreslår derfor å auke posten med 8,5 mill. kroner for å styrkje Bufetat sitt tilbod av det spesialiserte hjelpetiltaket, med mål om å auke tilgangen til MST eller liknande tiltak i dei områda i Noreg der få eller ingen kommunar har tilgang.

Som følgje av barnevernsreforma skulle Bufetat sitt tilbod til kommunane om foreldrerettleiingsmetoden Parent Management Treatment – Oregon (PMTO) bli overført til kommunane. Ein føresetnad for god bruk av PMTO er likevel at kommunane har tilgang til implementeringsstøtte. Ansvaret for implementering av PMTO i kommunane skal liggje i Bufetat. Departementet føreslår at midlane som Bufetat i dag bruker på å tilby kommunar PMTO, i staden for å bli overførte til kommunane, blir nytta til å styrkje implementeringsarbeidet i Bufetat. Frå 2023 skal desse midlane bli nytta til implementeringsstøtte til kommunane slik at fleire kommunar kan implementere og tilby PMTO.

Frå 2022 blei det innført ein ny verksemdsspesifikk og hendingsbasert premiemodell for betaling av pensjonspremie for statlege verksemder i Statens pensjonskasse. Løyvinga på posten blei derfor redusert med 107,2 mill. kroner i saldert budsjett 2022. Basert på oppdatert informasjon om verknadene av ny premiemodell på verksemdsnivå blir det no føreslått å auke posten med 21,4 mill. kroner mot reduksjonar på 8,8 mill. kroner, 0,2 mill. kroner, 1,6 mill. kroner og 10,9 mill. kroner på høvesvis kap. 842, post 01, kap. 847, post 01, kap. 856, post 01, og kap. 858, post 01.

Løyvinga under posten er òg redusert med 6,2 mill. kroner som følgje av at det i saldert budsjett 2022 blei rekna ut for mykje i kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse. Sjå Arbeids- og inkluderingsdepartementets Prop. 1 S (2022–2023) for nærare omtale.

Departementet føreslår ei løyving på 4 210,4 mill. kroner i 2023.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking, utgreiing og utviklingstiltak, i hovudsak for å heve kvaliteten i arbeidet til det statlege og det kommunale barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 26,6 mill. kroner i 2023.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak.

Det er venta ein reduksjon i bruken av statlege tiltak i 2023, sjå omtale under post 01. Dette reduserer òg behovet for kjøp av barnevernstenester frå private leverandørar. Departementet føreslår derfor å redusere posten med om lag 195,1 mill. kroner. Samstundes føreslår departementet å auke posten med 10 mill. kroner for å styrkje tilbodet av institusjonsplassar frå de ideelle leverandørane.

Departementet føreslår ei løyving på 2 784,8 mill. kroner i 2023.

Post 60 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak, kan nyttast under post 01

Ordninga med refusjon av kommunale utgifter til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak som overstig satsen for kommunale eigendelar til barnevernstiltak, blei avvikla frå 1. januar 2022. I 2022 kunne kommunane framleis søkje refusjon for utgifter som oppstod i 2021. Siste frist for å sende inn søknader om refusjon var 1. september 2022.

Departementet føreslår inga løyving på posten i 2023.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Diverse inntekter

9 751

3 293

3 392

02

Barnetrygd

2 634

3 959

3 959

60

Kommunale eigendelar

1 418 035

2 474 087

2 566 885

Sum kap. 3855

1 430 420

2 481 339

2 574 236

Post 01 Diverse inntekter

Løyvinga på posten er i hovudsak knytt til tilfeldige inntekter, til dømes inntekter frå sal av driftsmidlar og kursinntekter.

Departementet føreslår ei løyving på 3,4 mill. kroner i 2023.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter som motsvarer refusjonane, blir rekneskapsførte på kap. 855.

Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner i 2023.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjon, spesialiserte fosterheim og ved tiltak i heimen.

Grunna høgare eigendelar for statlege barnevernstiltak som følgje av barnevernsreforma var det venta ein vesentleg auke i inntektene til Bufetat då reforma blei kostnadsberekna. Det er no venta ein reduksjon i bruken av statlege tiltak i 2023 samanlikna med aktiviteten som blei lagd til grunn for saldert budsjett 2022, sjå omtale under kap. 855, post 01. Dette gir ein lågare auke i inntekter frå kommunale eigendelar. I tillegg har barnevernsreforma ei overgangsordning som inneber at kommunane betaler gamle, lågare eigendelar for tiltak i spesialiserte fosterheimar gjorde før 2022. Det var tidlegare lagt til grunn at denne ordninga ikkje ville bli nytta i 2023. Oppdaterte overslag tilseier at ordninga framleis vil bli nytta i 2023. Dette gir også lågare inntekter i 2023.

Eigendelane per månad per barn i institusjonstiltak og spesialiserte fosterheimar (omfattar òg beredskapsheimar) er høvesvis 175 000 kroner og 87 500 kroner i 2023. Eigendelen per månad per barn for spesialiserte hjelpetiltak vil vere 15 500 kroner. Eigendelen per månad per barn i senter for foreldre og barn vil vere 73 000 kroner per månad. For heimebaserte/polikliniske tilbod, som er mindre kostnadskrevjande enn tiltaka i sentera, vil eigendelen til kommunane per månad vere 11 500 kroner. Grunna ein overgangsregel frå og med 2022 vil det i 2023 vere same eigendelen for tiltak i sentera med utprøving som i dei utan. Eigendelane vil stå i rundskrivet om satsar for kommunal eigenbetaling for barnevernstiltak, som vil bli sendt til alle kommunar, og som vil bli lagt ut på regjeringa.no.

Departementet føreslår ei løyving på 2 566,9 mill. kroner i 2023.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

92 219

121 994

122 986

Sum kap. 856

92 219

121 994

122 986

Post 01 Driftsutgifter

Bufetat har eit lovfesta ansvar for å gi barn under 15 år som har komme til landet utan foreldre eller andre med foreldreansvar og søkjer om vern etter utlendingslova, eit tilbod om opphald på eit omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Posten dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgsplassar og eventuelle kjøp av plassar i private omsorgssenter, arbeid med godkjenning av senter, opplæring og oppfølging, arbeid med anskaffingar, administrasjon og arbeid med busetjing av einslege mindreårige frå omsorgssentera.

Få av dei einslege mindreårige asylsøkjarane som har komme til landet på grunn av krigen i Ukraina, har teke imot tilbod om å bu på omsorgssentera. Det er uvisst kor mange barn frå Ukraina som framover vil ha behov for å bu i omsorgssentera. Løyvinga legg til rette for å dekkje drift av 50 plassar i 2023. Det omfattar plassar til både einslege mindreårige frå Ukraina og frå andre land.

Departementet føreslår å redusere løyvinga på posten med 1,7 mill. kroner som følgje av oppdatert informasjon om verknadene av ny premiemodell i Statens pensjonskasse på verksemdsnivå og justert kompensasjon. Sjå nærare omtale under kap. 855, post 01 og Arbeids- og inkluderingsdepartementets Prop. 1 S (2022–2023).

Departementet føreslår ei løyving på 123 mill. kroner i 2023.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Diverse inntekter

-3

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

94 945

118 426

121 979

Sum kap. 3856

94 942

118 426

121 979

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter som er knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar, kan ifølgje statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ifølgje retningslinjene frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan ODA-godkjennast. Det er venta at alle barn i omsorgssenter i 2023 vil ha ei butid under eitt år.

Departementet føreslår at 122 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 04, blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167, post 21 på budsjettet til Utanriksdepartementet. Det tilsvarande beløpet blir ført som inntekt på denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 122 mill. kroner i 2023.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

573 696

606 919

613 810

21

Spesielle driftsutgifter

22 876

25 032

20 748

Sum kap. 858

596 572

631 951

634 558

Ansvarsområdet til verksemda

Bufdir skal styrkje moglegheita det einskilde mennesket har til meistring og utvikling, gjennom å fremje ein trygg barndom, gode oppvekstvilkår, likestilling og ikkje-diskriminering.

Bufdir er etatsstyrar for Bufetat. Hovudoppgåva til etaten er å gi hjelp, støtte og tiltak til barn, unge og familiar som treng det. Kvaliteten på tenestene Bufetat tilbyr, skal vere riktig og høg i heile landet.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Bufdir og Bufetat senter for administrasjon og utvikling (BSA). Dette inkluderer opplæring, leige og drift av lokale i tillegg til kjøp av varer og tenester.

Bufdir kan òg nytte midlane på posten til å finansiere og bestille forsking, kunnskapssamandrag og ulike IKT-prosjekt. Direktoratet skal formidle kunnskap frå forsking og statistikk og utarbeide faglege dokument og tilrådingar til støtte for utøving av praksis i ulike delar av arbeidet til barnevernet.

Løyvinga har mellom anna blitt nytta til Bufdir sitt arbeid med digitaliseringstiltaket DigiBarnevern for kommunalt barnevern, som blei ferdig i 2022. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga 2,2 mill. kroner, tilsvarande utviklingskostnadene. Samstundes vil det frå 2023 vere behov for å forvalte løysinga. Departementet føreslår derfor å auke posten med 5 mill. kroner til dette arbeidet i 2023.

For å vidareutvikle løysingane frå DigiBarnevern-prosjektet til å omfatte dei statlege barnevernstenestene føreslår departementet å auke posten ytterlegare med 3 mill. kroner. Sjå òg omtale under kap. 854, post 45.

Departementet føreslår også å auka løyvinga med 1,5 mill. kroner til Bufdirs oppfølging av satsinga på styring og leiing i den kommunale barnevernstenesta. Sjå nærare omtale under kap. 854, post 23.

For å overføre midlar til løpande produksjon av offisiell statistikk til Statistisk sentralbyrå (SSB) føreslår BFD å redusere posten med 0,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 1620, post 01.

Departementet føreslår vidare å redusere løyvinga på posten med 11,7 mill. kroner som følgje av oppdatert informasjon om verknadene av ny premiemodell i Statens pensjonskasse på verksemdsnivå og justert kompensasjon. Sjå nærare omtale under kap. 855, post 01 og Arbeids- og inkluderingsdepartementets Prop. 1 S (2022–2023).

Departementet føreslår ei løyving på 613,8 mill. kroner i 2023.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, inkludert vidare utvikling av IKT og digitalisering i Bufdir. Løyvinga dekkjer òg utbetalingar av godtgjersle til medlemmene i fordelingsutvalet, som har som hovudoppgåve å tildele tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar.

Løyvinga har blitt nytta til Bufdir sitt arbeid med digitaliseringstiltaket DigiBarnevern for kommunalt barnevern. Utviklinga av DigiBarnevern blei ferdig i 2022. Departementet føreslår derfor å redusere posten i 2023 med 4,8 mill. kroner, tilsvarande utviklingskostnadene som har vore løyvde på posten.

Departementet føreslår ei løyving på 20,8 mill. kroner i 2023.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Diverse inntekter

6 157

528

544

Sum kap. 3858

6 157

528

544

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak og er knytte til eigendelar i samband med deltaking i foreldrekurset Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 0,5 mill. kroner i 2023.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk

Hovudinnhald og prioriteringar

Forbrukarpolitikken skal styrkje stillinga til forbrukarane, sikre dei gode rettar og eit sterkt vern dersom rettane ikkje blir oppfylte. Ofte står forbrukarane overfor kommersielle aktørar med betre informasjon og kunnskapar om produkt, avtalevilkår og marknadstilhøve. Forbrukarpolitikken skal vege opp for denne ubalansen. Regjeringa vil leggje til rette for at forbrukarane kan ta informerte val, kjenne rettane sine og framgangsmåten dersom dei er misnøgde med varer og tenester dei har kjøpt. Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

Det seinaste året har forbrukarane opplevd at prisane på basisvarer som straum, mat og drivstoff har auka monaleg. Dette skaper utfordringar for mange, og særleg for dei som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon frå før. Regjeringa er oppteken av at forbrukarane i møte med dei høgare prisane skal ha eit sterkt forbrukarvern som gir grunnlag for tryggleik og tillit i marknaden. Opplysingane og informasjonen forbrukarane får om prisar og vilkår, skal vere korrekte og forståelege. Forbrukarane skal òg vernast mot svindel og ulovleg marknadsføring.

Informasjonen som per i dag blir gitt til straumkundar i samband med marknadsføring og på fakturaer, er ikkje god nok. For å sikre kundane betre informasjon sende BFD saman med Olje- og energidepartementet forslag til forskriftsendringar på høyring våren 2022. Dei føreslåtte endringane omfattar både prisinformasjon til forbrukarane (prisopplysingsforskrifta) og informasjon på faktura (forskrift om kraftomsetnad og nettenester). Forskriftsendringane vil gjelde frå hausten 2022.

Regjeringa vil leggje til rette for at forbrukarane enklare skal kunne ta meir klima- og miljømedvitne val. Gjennom informasjons- og kunnskapstiltak og godt regelverk skal forbrukarane få betre føresetnader for eit meir berekraftig forbruk. Det skal mellom anna etablerast eit kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet i Forbrukarrådet. Kontaktpunktet skal samle kunnskapar, idear og erfaringar og fremje sirkulær praksis gjennom mellom anna å informere om produkttestar og spreie gode døme og metodar. Eit føreprosjekt til kontaktpunktet blei sett i gang i 2021.

Regjeringa vil òg at forbrukarane skal ha tryggleik for at varer dei spør etter og kjøper, ikkje er produserte under dårlege arbeidstilhøve. Openheitslova tok til å gjelde 1. juli 2022. Lova skal fremje respekten verksemder har for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i produksjonen av varer og leveringa av tenester, og sikre allmenta informasjon om korleis verksemder handterer dette. Forbrukartilsynet har fått oppgåva med å rettleie om og føre tilsyn med den nye lova.

Handel gjennom digitale medium kan gjere kvardagen enklare for mange forbrukarar, men òg by på utfordringar. Forbrukarvernet blir mellom anna utfordra av nye marknadsføringsmetodar og at næringsdrivande handlar med personopplysingar som forbrukarane gir frå seg.

Særleg er barn og unge utsette forbrukarar på digitale flater. Marknadsføring på sosiale medium er ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress, utviklar kroppsideal eller blir utsette for annan skadeleg påverknad.

Gjennom endringar i marknadsføringslova som tok til å gjelde 1. juli 2022, fekk annonsørar plikt til å merkje reklame der kroppsfasong, -storleik eller hud er endra ved retusjering og anna manipulering. Ei ny forskrift om korleis merkinga skal gjerast, tok òg til å gjelde 1. juli 2022. Regjeringa ser lovendringa og forskrifta som eit viktig tiltak for å motverke kroppspress.

Moderniseringsdirektivet, som EU-kommisjonen la fram i 2018, skal styrkje forbrukarvernet ved å gi forbrukarane fleire og tydelegare rettar på det digitale området. Direktivet inneber mellom anna at det blir innført strengare sanksjonar for brot på forbrukarvernreglane. Eit notat med forslag til gjennomføring av moderniseringsdirektivet i norsk rett var vinteren 2020–2021 ute på høyring. Departementet arbeider no med å følgje opp høyringa gjennom ein lovproposisjon med endelege forslag til gjennomføring av direktivet. Målet er å få på plass norske reglar som gjennomfører direktivet i løpet av 2023.

Regjeringa vil motverke at privatpersonar tek opp for mykje gjeld og får gjeldsproblem. Sommaren 2022 sende derfor BFD på høyring ei sak om å utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister») med ulike former for pantesikra gjeld, som bustad- og bilgjeld. Ei slik endring kan gjerast i forskrift. Samstundes ser departementet på om ordninga bør utvidast ytterlegare, til dømes med studiegjeld, noko som vil krevje endring i gjeldsinformasjonslova. Ei forskriftsendring kan tidlegast ta til å gjelde i 2023. Lovarbeidet vil ta noko lengre tid.

Regjeringa vil òg betre oppfølginga av dei som har fått alvorlege betalingsproblem, slik at fleire blir i stand til å gjennomføre ei gjeldsordning. Forsking på gjeldsordningsprosessen og erfaringar frå brukarar viser at dei prosessuelle reglane i den gjeldande gjeldsordningslova blir opplevd som tid- og ressurskrevjande. I tillegg manglar eit sikkerheitsnett rundt skuldnarar når plikter etter gjeldsordninga skal oppfyllast. Eit forslag til endringar i gjeldsordningslova har vore på høyring, og BFD arbeider vidare med ein lovproposisjon.

Regjeringa er oppteken av at Noreg skal ha eit godt reisegarantisystem der garantiane er tilstrekkelege sjølv om større reisearrangørar går konkurs. Eit ekspertutval («Reisegarantiutvalet») la hausten 2021 fram ein rapport med forslag om endringar i reisegarantisystemet. I rapporten sin føreslår utvalet mellom anna ein modell med lågare individuelle garantiar og eit kollektivt fond som sekundærgaranti. Utvalsrapporten har vore på høyring, og departementet er i gang med å vurdere korleis rapporten skal følgjast opp.

Det er venta at EU-kommisjonen vil leggje fram forslag til endringar i pakkereisedirektivet mot slutten av 2022. Dette kan òg få verknad for dei norske reglane om reisegaranti.

Som følgje av dei høgare straumprisane frå hausten 2021, auka etterspurnaden etter påliteleg informasjon om straumavtalar blant forbrukarane. Forbrukarrådet fekk derfor i revidert nasjonalbudsjett for 2022 ei auka løyving for å forbetre straumprisportalen (strømpris.no). Regjeringa føreslår òg å auke løyvinga til marknadsportalene til Forbrukarrådet frå og med 2023 for å sikre vidare teknisk utvikling og drift av straumprisportalen, med god datakvalitet.

Mål

BFD har for 2023 desse måla på forbrukarområdet:

Mål

  • Ei sterkare stilling for forbrukarane i møte med digitaliseringa

  • Eit godt system for klagehandsaming som er kjent for forbrukarane

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område

  • Betre føresetnader for eit berekraftig forbruk

Måla og bakgrunnen for dei er nærare omtalte under overskriftene nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Reglar og rammevilkår

Nedanfor blir relevant lovarbeid i BFD og andre tiltak som skal ta vare på og styrkje rettane og vilkåra til forbrukarane, omtalte. Det blir gjort greie for gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2021 og fyrste halvåret i 2022 og for planlagde tiltak i 2023.

Regelverksarbeid

Utviklinga av det norske regelverket på forbrukarområdet blir i stor grad påverka av det som skjer i EU. Deltaking i arbeid EU gjer med å utforme forbrukarpolitikk og -regelverk, er derfor avgjerande for å sikre eit godt vern for norske forbrukarar. I 2023 vil BFD følgje opp fleire forslag til nytt regelverk frå EU-kommisjonen.

Forbrukarane i den digitale økonomien

Digitaliseringa har gitt forbrukarane mange moglegheiter i form av nye produkt og tenester. Forbrukarpolitikken må ta vare på desse moglegheitene, samstundes som utfordringane med den nye teknologien blir handterte. Forbrukarane blir eksponerte for store mengder informasjon, og teknologien kan misbrukast til å manipulere forbrukarane til å ta val på sviktande grunnlag. Enorme mengder marknadsføring som i stor grad er tilpassa mottakarane, blir òg spreidde på tvers av landegrensene. Dette gjer det ressurskrevjande for styresmaktene å føre tilsyn med marknadsføring i digitale kanalar.

Digitaliseringa har gjort økonomien meir internasjonal. For å verne forbrukarane i Noreg må norske styresmakter medverke til gode løysingar på globale forbrukarproblem og medverke til at desse løysingane blir gjennomførte i andre land. Samstundes er styresmaktene avhengige av samarbeid for å lære av praksis og erfaringar i andre land. Dersom forbrukarvernet ikkje er sterkt på tvers av landegrensene, vil det ikkje vere mogleg å ha eit sterkt forbrukarvern i Noreg. Næringsdrivande som innrettar seg etter eit sterkt forbrukarvern, kan då bli utkonkurrerte frå jurisdiksjonar med svakare vern.

Digitaliseringa har òg gjort at tenester og marknadsføring utviklar seg raskt. Styresmaktene må derfor vere i forkant og arbeide effektivt på tvers av landegrensene. I møte med internasjonale selskap som utfordrar forbrukarvernet, må Noreg søkje samarbeid med andre land om handheving og arbeide med å sikre at forbrukarvernet blir halde ved lag. Det inneber å finne fram til og medverke til å gjennomføre gode løysingar både i Noreg og internasjonalt, der regelverket treng modernisering i møte med digitaliseringa.

Departementet har derfor dette målet for arbeidet med forbrukartiltak i den digitale økonomien:

  • Ei sterkare stilling for forbrukarane i møte med digitaliseringa.

Aktivitetar og resultat knytte til målet blir omtalte under overskriftene «Moderniseringsdirektivet» og «Digital tryggleik for barn og unge» nedanfor. Delar av tilsynsverksemda til Forbrukartilsynet (omtalte under overskrifta «Tilsynet med forbrukarvernreglar» nedanfor) er òg viktige for å nå målet.

Moderniseringsdirektivet

Moderniseringsdirektivet er ein del av pakken A New Deal for Consumers, som EU-kommisjonen la fram i 2018. Føremålet med direktivet er å styrkje handhevinga av dei felleseuropeiske forbrukarvernreglane og sikre forbrukarane tydelegare rettar, særleg ved bruk av digitale marknadsplassar og kjøp av digitale tenester. Direktivet inneber mellom anna at det blir innført strengare sanksjonar for brot på forbrukarvernreglane.

Vinteren 2020–2021 hadde departementet eit notat med forslag til gjennomføring av moderniseringsdirektivet i norsk rett ute på høyring. I høyringsnotatet blei det føreslått endringar i mellom anna marknadsføringslova, angrerettlova og avtalelova.

Departementet arbeider no med å følgje opp høyringa gjennom ein lovproposisjon med endelege forslag til gjennomføring av direktivet. Målet er å få på plass norske reglar som gjennomfører direktivet i løpet av 2023.

Digital tryggleik for barn og unge

Digitale verktøy og tenester har nesten blitt uunnverlege for barn og unge, både for sosialisering, læring, underhalding og kreativ utfalding. Samstundes byr digitaliseringa på ymse utfordringar. BFD koordinerer innsatsen for trygg digital oppvekst på tvers av departementa. For ein breiare omtale av arbeidet med trygg digital oppvekst, sjå programkategori 11.10.

Mange av dei digitale tenestene og kanalane som barn og unge nyttar i kvardagen, er kommersielle og er anten finansierte av reklame eller blir brukte til marknadsføring. Digitaliseringa har dermed gjort at barn og unge automatisk trer inn i ei forbrukarrolle. Digitale medium gjer det mogleg å nå ut direkte med kommersielle bodskapar som det kan vere vanskeleg å gjennomskode for unge forbrukarar. Det er òg bekymringar knytte til at personopplysingar som blir samla inn, kan bli nytta til å målrette marknadsføring og utnytte sårbarheiter hos barn og unge. Regjeringa tok i februar 2022 til orde for eit forbod mot slik marknadsføring i EUs Digital Services Act og vil følgje opp dette med mål om å mellom anna å verne barn og unge mot slik reklame.

Stortinget vedtok 7. juni 2021 endringar i marknadsføringslova § 2, slik at det blir plikt til å merkje reklame der kroppsfasong, -storleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering, jf. Prop. 134 L (2020–2021) Endringer i markedsføringsloven mv. (merking av retusjert reklame) og Innst. 461 L (2020–2021). Lovendringa tok til å gjelde 1. juli 2022. Samstundes tok ei ny forskrift om korleis merkinga skal gjerast, til å gjelde. Lovendringa er eit viktig tiltak for å motverke kroppspress.

Annonsørforeningen og Mediebedriftenes Landsforening har i samarbeid med påverkarbransjen utarbeidd etiske retningslinjer mot kroppspress i sosiale medium. Fagutvalget for influencermarkedsføring (FIM) tek imot klager og uttaler seg om saker som reiser spørsmål etter retningslinjene. FIM gir òg førehandsvurderingar om marknadsføring frå påverkarar og åtvarar mot å publisere marknadsføring i strid med retningslinjene. I 2021 blei 13 avgjerder publiserte, medan det blei gitt om lag 30 førehandsvurderingar. Fagutvalet medverkar òg i det offentlege ordskiftet om marknadsføring i sosiale medium. FIM har dei seinare åra fått tilskot til drifta frå BFD. Departementet føreslår at fagutvalet òg skal få tilskot i 2023.

Nedanfor (under «Klagehandsaming og tilsyn») er det omtale av utvalde aktivitetar hos Forbrukartilsynet som medverkar til forbrukarvernet til barn og unge. Eit nytt opplæringsverktøy om reklame («Reklameskolen») som Forbrukartilsynet har utvikla, blir omtalt nedanfor under «Informasjon og kunnskap». I 2023 vil det framleis vere behov for å følgje opp forbrukarvernet til barn og unge, særleg i digitale medium. BFD vil òg vurdere om det er behov for regelverksendringar.

Direktivet om vern av dei kollektive forbrukarinteressene

Etter direktivet om vern av dei kollektive forbrukarinteressene, som EU-kommisjonen la fram i 2018, skal interesseorganisasjonar som Forbrukarrådet kunne gå til ein domstol eller eit handhevingsorgan for å få vedtak om å få stoppa brot på forbrukarvernreglar over landegrensene. I tillegg skal dei kunne krevje til dømes erstatning, ny vare, prisavslag eller reparasjon for forbrukarane som er ramma. Meir enn 60 regelverk er omfatta.

BFD vil saman med Justis- og beredskapsdepartementet vurdere innlemming av direktivet i EØS-avtalen og følgje opp ei eventuell gjennomføring i norsk rett.

Forslag til EU-regelverk for å styrkje forbrukarvernet i det grøne skiftet

Det grøne skiftet har høg prioritet i EU, og sidan privat forbruk utgjer ein stor del av BNP, blir rolla forbrukarane har i skiftet, viktig i Noreg. Studiar tyder på at forbrukarane ønskjer eit meir berekraftig forbruk, men manglar god og påliteleg informasjon.

EU-kommisjonen la i mars 2022 fram forslag til regelverk om forbrukarvern i det grøne skiftet. Forslaget var varsla lagt fram i 2021, men blei forseinka mellom anna fordi det var viktig å samordne det med andre forslag knytte til berekraftig produksjon og forbruk.

Føremålet med forslaget, som endrar to gjeldande direktiv, er å styrkje forbrukarrettar knytte til informasjon om miljøaspekt og dels sosiale aspekt knytte til produkt og gjennom det leggje til rette for meir berekraftige forbruksval. Etter forslaget skal forbrukarane i samband med kjøp mellom anna få relevant informasjon om høvet til å få reparert produkt og å få produsentgarantiar knytte til levetid. Reglar som skal hindre villeiande miljøpåstandar i marknadsføring, såkalla grønvasking, er eit anna viktig element. Reglane skal òg hindre førtidig produktsvikt. Det blir forbode å bruke berekraftsmerke som ikkje er etablerte av det offentlege eller baserte på uavhengig sertifisering av tredjepart.

For å få innspel til norske posisjonar i forhandlingane om det nye regelverket sende departementet forslaget frå EU-kommisjonen ut på høyring i juni 2022, med frist 1. september. Departementet vil følgje opp forslaget vidare.

Direktivforslag om tilbørleg aktsemd for berekraft for føretak

EU-kommisjonen la 23. februar 2022 fram direktivforslag om tilbørleg aktsemd for berekraft for føretak og endring av direktiv (EU) 2019/1937 (aktsemdsdirektivet). Direktivforslaget byggjer på dei same internasjonalt anerkjende prinsippa og retningslinjene som openheitslova som tok til å gjelde 1. juli 2022, og inneheld mellom anna ei plikt til å utføre aktsemdvurderingar. Direktivforslaget omfattar meir enn openheitslova, sidan det gjeld menneskerettar, arbeidsrettar og miljø. Openheitslova gjeld «grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold», ikkje miljø. Berre ein mindre del av verksemdene som openheitslova gjeld for, blir omfatta av direktivforslaget. BFD arbeider no med å følgje opp direktivforslaget og utarbeide ein norsk posisjon. For meir informasjon om openheitslova, sjå Prop. 150 L (2020–2021) Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskeretter og anstendige arbeidsforhold (åpenhetsloven) og Innst. 603 L (2020–2021).

Revisjon av gjeldsordningslova

Gjeldsordningslova skal sørgje for at privatpersonar med alvorlege gjeldsproblem kan få ei ordning med kreditorane sine om sletting av gjeld. Forsking på gjeldsordningsprosessen og erfaringar frå brukarar viser at dei prosessuelle reglane i lova er tid- og ressurskrevjande for alle involverte partar. I tillegg manglar eit sikkerheitsnett rundt skuldnarar når plikter etter gjeldsordninga skal oppfyllast. Namsmennene og domstolane bruker mykje ressursar på etterfølgjande saker om misleghald, endring av avtalar og oppheving av ordningar.

Eit forslag om endringar i gjeldsordningslova blei sendt på høyring i oktober 2021. Hovudføremålet med dei føreslåtte endringane er å leggje til rette for betre oppfølging av skuldnarar for at fleire skal vere i stand til å gjennomføre ei gjeldsordning, og å førebyggje nye betalingsproblem. Eit anna føremål er å gjere dei prosessuelle reglane enklare og meir effektive. Departementet vil arbeide vidare med forslaga med sikte på å leggje frem ein lovproposisjon.

Gjeldsinformasjonslova og ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)

Føremålet med ordninga for gjeldsinformasjon er å gi bankar og andre utlånarar oversikt over forbruksgjelda til dei som søkjer om lån. Dette skal hindre at den einskilde kunden tek opp for mykje gjeld samla sett. Ordninga er lovfesta gjennom gjeldsinformasjonslova med forskrift.

Etter ønske frå Stortinget gjennomførte BFD i 2021 ei evaluering av ordninga for gjeldsinformasjon. Hovudkonklusjonen var at ordninga fungerer godt, men at det kan vere føremålstenleg å utvide henne med nye former for gjeld, til dømes bustadgjeld og gjeld knytt til køyretøy. Med bakgrunn i dette sende BFD ei sak om utviding av ordninga med ulike former for pantesikra gjeld (som bustad- og bilgjeld) på høyring sommaren 2022. Ei slik endring kan gjerast i forskrift. Samstundes blir det sett på om ordninga bør utvidast ytterlegare, til dømes med studiegjeld, noko som vil krevje ei endring i gjeldsinformasjonslova. Ei forskriftsendring kan tidlegast ta til å gjelde i 2023. Lovarbeidet vil ta noko lengre tid.

Ny kredittopplysingslov med forskrift

Kredittopplysingslova blei vedteken i 2019. Lova set rammer for utlevering og anna handsaming av opplysingar i samband med kredittopplysingsverksemd. Tidspunktet for iverksetjing av lova blei utsett i vente på arbeid med ei forskrift om einskilde reglar for kredittopplysingsverksemd. Ansvaret for forvaltinga av kredittopplysingslova blei overført frå Kommunal- og distriktsdepartementet til BFD i 2020. Eit utkast til forskrift til lova (kredittopplysingsforskrifta) var ute på høyring same året. Arbeidet med forskrifta er no gjennomført, og lova med forskrift tok til å gjelde 1. juli 2022.

Betre tilhøve for forbrukarane på straummarknaden

Då straumprisane auka kraftig hausten 2021, blei det tydelegare at forbrukarane står overfor store utfordringar når dei skal orientere seg og velje straumavtale. Dei manglar tilstrekkeleg informasjon til å kunne samanlikne straumavtalar og gjere gode val. Informasjonen som blir gitt i samband med marknadsføring, og informasjonen som kjem fram på fakturaer, er ikkje god nok.

Saman med Olje- og energidepartementet sende BFD derfor forslag til forskriftsendringar på høyring våren 2022. Dei føreslåtte endringane omfattar både prisinformasjon til forbrukarane (prisopplysingsforskrifta) og informasjon på faktura (forskrift om kraftomsetnad og nettenester). Forskriftsendringane vil gjelde frå hausten 2022.

Reisegarantiutvalet

Eit ekspertutval («Reisegarantiutvalet») la hausten 2021 fram ein rapport med forslag om endringar i det norske reisegarantisystemet. Det gjeldande systemet inneber mellom anna høge kostnader for pakkereisearrangørane, og garantiane har i einskilde tilfelle vist seg å vere utilstrekkelege. I rapporten sin føreslår utvalet mellom anna ein modell med lågare individuelle garantiar og eit kollektivt fond som sekundærgaranti. Utvalsrapporten har vore på høyring, og departementet er i gang med å vurdere korleis rapporten skal følgjast opp.

Det er venta at EU-kommisjonen vil leggje fram forslag til endringar i pakkereisedirektivet mot slutten av 2022. Dette kan òg få verknad for dei norske reglane om reisegaranti.

Tilskot til Reisegarantifondet – kompensasjonsordninga

I 2021 blei det på bakgrunn av koronapandemien løyvd 78 mill. kroner til ei mellombels kompensasjonsordning for pakkereiser som Reisegarantifondet (RGF) forvaltar. Tilskotet skulle dekkje krav frå reisande som før 15. mars 2020 hadde kjøpt pakkereiser som blei avlyste eller avbestilte, og der arrangøren gjekk konkurs utan at den reisande hadde fått forskotet sitt tilbake. Desse krava blir ikkje dekte av den stilte reisegarantien. Ein rapport frå RGF syner at dei har handsama 26 koronarelaterte konkursar, fått 436 krav etter kompensasjonsordninga og utbetalt 9,3 mill. kroner frå denne ordninga.

Ordninga, som er nedfelt i midlertidig forskrift om kompensasjon til reisende – udekkede tilbakebetalingskrav av 6. april 2021, vil bli avslutta i 2022.

Forbrukardeltaking i standardiseringsarbeid

Standardar for produkt og tenester blir utvikla i samarbeid mellom ulike marknadsaktørar, både nasjonalt og internasjonalt, på europeisk nivå eller gjennom Den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO). For utviklinga av gode og balanserte standardar er det viktig at representantar for forbrukarinteresser deltek. Rapporteringa frå Standard Norge syner at talet på forbrukarrepresentantar var stabilt frå 2020 til 2021.

Forbrukarpåverknad i nasjonalt og internasjonalt standardiseringsarbeid er eit langsiktig arbeid som krev kontinuitet. Samarbeidet mellom BFD, Forbrukarrådet og Standard Norge blei derfor ført vidare i 2021 og 2022. Målet med samarbeidet er mellom anna å få fleire forbrukarrepresentantar til å ta del i utviklinga av standardar, gjennom informasjon og nettverksarbeid. BFD vil i 2023 føre vidare samarbeidet med Forbrukarrådet og Standard Norge om å fremje forbrukarinteressene i relevant standardiseringsarbeid.

Klagehandsaming og tilsyn

Nedanfor blir fyrst arbeidet til Forbrukartilsynet, Forbrukarklageutvalet, Marknadsrådet og Forbrukar Europa med klagesaker omtalt. Deretter blir det gjort greie for tilsynsarbeidet til Forbrukartilsynet med forbrukarvernreglane. For begge delane blir det gjort greie for utviklingstrekk og resultat i 2021 og i fyrste halvåret 2022 og for planlagde tiltak i 2023.

Handsaminga av forbrukarklager

Tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande og mellom privatpersonar om kjøp og sal handlar ofte om for små beløp til at domstolshandsaming vil vere rekningssvarande. Derfor er det etablert eit system for utanrettsleg handsaming av slike tvistar, som Forbrukartilsynet og Forbrukarklageutvalet er sentrale delar av. I tillegg har Forbrukarrådet ei viktig rolle med å rettleie forbrukarar som lurer på noko eller opplever problem i samband med kjøp.

Talet på klagesaker blir påverka av ulike faktorar og varierer ofte frå år til år. Det er derfor vanskeleg å føreseie talet på slike saker og utfordrande å innrette klagesystemet slik at handsamingstida ikkje blir for lang. Mange forbrukarar manglar òg kunnskapar om grunnlaget for å klage eller veit ikkje korleis dei skal gå fram. Skal systemet for klagehandsaming tene føremålet, må det over tid fungere godt og vere kjent for dei det er til for.

Sjølv om det er løyvd ekstra midlar for å auke handsamingskapasiteten, er handsamingstida for mange klagesaker framleis for lang som følgje av mellom anna mange utskiftingar blant sakshandsamarane etter omorganiseringa av forbrukarapparatet frå 1. januar 2021.

Departementet har derfor dette målet for arbeidet med klagehandsaming:

  • Eit godt system for klagehandsaming som er kjent for forbrukarane.

Talet på saker som er handsama, handsamingstider og brukarundersøkingar er indikatorar for kor godt systemet for klagehandsaming er. Talet på innkomne saker kan indikere kor godt kjent det er.

Forbrukartilsynet meklar i saker mellom forbrukarar og næringsdrivande i tillegg til mellom forbrukarar. Tilbodet om utanrettsleg klagehandsaming medverkar til å avlaste rettssystemet og gir lågare terskel for å løyse tvistar.

Forbrukartilsynet starta 2021 med over 4 000 klagesaker overførte frå Forbrukarrådet i samband med omorganiseringa av forbrukarapparatet frå 1. januar 2021. Tekniske problem og stor utskifting av tilsette gjorde at tilsynet samla sett ikkje klarte å byggje ned restansane i 2021. Tilsynet tok imot 8 072 nye meklingssaker i 2021, ein nedgang på 36 prosent frå året før. Dei mange sakene frå 2020 gjorde likevel etterslepet stort. 8 126 saker blei handsama i 2021. Handsamingstida var i snitt på 165 dagar. Langsiktig arbeid med å betre handsamingskapasiteten og ei høgare løyving gjorde likevel at utviklinga utover i 2021 gjekk i riktig retning. I snitt avslutta kvar sakshandsamar fleire saker ved utgangen av 2021 enn i 2020 og 2019. Frå mars 2021, då restansane var høgast, til årsskiftet 2021–2022 blei restansane reduserte med om lag 40 prosent.

Som i tidlegare år gjaldt klagesakene Forbrukartilsynet fekk inn varierte bransjar og problemstillingar. Sal av bruktbil er framleis det feltet der det oppstår flest klager. Mange andre saker handlar om handverkartenester, varer til heimen og elektroniske produkt. Om lag 76 prosent av sakene er mellom forbrukar og næringsdrivande og om lag 24 prosent mellom to private partar. I snitt var tvistesummen for meklingssakene på om lag 37 000 kroner i 2021.

Klagesaker om varer, handverkartenester og angrerett som ikkje blir løyste ved mekling, kan takast vidare til Forbrukarklageutvalet. Forbrukarklageutvalet fekk i 2021 inn 756 nye saker, som er det lågaste talet på over 10 år. Sjølv om det i dei seinare åra er arbeidd systematisk for å avgrense talet på saker som ikkje blir avslutta ved mekling, er sannsynlegvis den viktigaste årsaka til nedgangen den lange ventetida. Gjennomsnittleg var ventetida for saker avslutta i 2021 på 603 dagar – eller rundt 20 månader. Talet på saker handsama av utvalet auka med 55 prosent samanlikna med 2020, men det var ikkje nok til å få restansane og handsamingstida tilstrekkeleg ned.

Ekstraløyvingar er nytta for å byggje opp kapasiteten med fleire sakshandsamarar og nye tekniske løysingar. Våren 2022 blei òg Forbrukarklageutvalet mellombels utvida med fleire medlemmer. For å halde den auka kapasiteten ved like er det viktig at Forbrukartilsynet framover klarer å halde på kompetansen som blir bygd opp i den relativt ferske arbeidsstokken. Variasjon i talet på saker som kjem inn, gjer det utfordrande å planleggje kor stor kapasitet klagehandsamingstilbodet skal ha. Det blir greidd ut å innføre terskelverdiar eller gebyr for å få klagesaker handsama, slik at dei som har eit reelt behov, får eit lettare tilgjengeleg tilbod med betre kvalitet, samstundes som ressursbruken blir halden under kontroll. Det har høg prioritet å få restansane og sakshandsamingstida ned i 2023.

Klagehandsaminga til Forbrukar Europa

Forbrukar Europa er del av EU-kommisjonen sitt nettverk av forbrukarkontor i europeiske land. Kontora i nettverket skal medverke til tillit i marknaden, mellom anna ved å gjere det enklare å klage på kjøp over landegrensene i EØS-området. Forbrukar Europa er norsk kontaktpunkt for den europeiske nettbaserte klageportalen, informasjonspunkt for diskrimineringsføresegna til tenestedirektivet og ansvarleg for bistandsfunksjonen for reglane om geoblokkering som tok til å gjelde 1. juli 2020. Frå 1. januar 2021 har Forbrukar Europa vore ein del av Forbrukartilsynet i Porsgrunn.

Forbrukar Europa gav forbrukarrettleiing i 931 telefonsamtalar i 2021. I tillegg ytte kontoret hjelp til 1 225 forbrukarar i grensekryssande konfliktar og mekla overfor 50 norske næringsdrivande i kjøpsrettslege tvistar. Kontoret publiserte òg 25 saker med forbrukarrelatert stoff.

EU-kommisjonen gir tilskot til drifta av Forbrukar Europa. I 2023 er det ei prioritert oppgåve for Forbrukartilsynet å innpasse drifta av Forbrukar Europa med resten av verksemda.

Tilsynet med forbrukarvernreglar

Mykje av marknadsføringa forbrukarane blir utsette for, skjer i kanalar og på måtar som for få år sidan var ukjende. Dette gjeld til dømes meir eller mindre tydeleg marknadsføring retta mot barn og unge på sosiale medium og bloggsider. Mange opplever innhaldet i ein del marknadsføring som plagsamt og aggressivt. Marknadsføringa kan òg vere villeiande og innehalde påstandar som ikkje kan dokumenterast.

Både av omsyn til forbrukarar og andre næringsdrivande set marknadsføringslova rammer for marknadsføringa og avtalevilkåra til næringsdrivande. Forbrukartilsynet har som oppgåve å føre tilsyn med at varer og tenester blir marknadsførte i samsvar med lova, og at næringsdrivande ikkje opererer med urimelege vilkår i avtalar med forbrukarar. Forbrukartilsynet skal gjennom informasjonstiltak, tilsynsaktivitetar, forhandlingar og vedtak få næringsdrivande til å følgje reglane i marknadsføringslova og andre lover som skal verne forbrukarane.

Departementet har dette målet for tilsynsarbeidet:

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område.

Fordi mange erfarne medarbeidarar valde å slutte som følgje av avgjerda om å flytte Forbrukartilsynet til Porsgrunn, var det i 2021 naudsynt for tilsynet å bruke tid og ressursar på byggje opp ny kapasitet til å ta hand om tilsynsoppgåvene på ein god måte. Forbrukartilsynet klarte likevel å ha aktivitet og tilsyn på alle planlagde område. I tillegg blei det gjennom året ført tilsyn på ein del andre område som var vurderte som særleg viktige av omsyn til forbrukarane.

Marknadsføring og avtalevilkår i digitale kanalar, produkt og tenester, som sosiale medium og bloggar, var blant dei prioriterte områda. Det var òg marknadsføring som kan medverke til kroppspress hos barn og unge. I 2021 gjorde Forbrukartilsynet vedtak om lovbrotsgebyr, gjennomførte fleire tilsynsaksjonar, heldt webinar, føredrag og deltok i fleire radioprogram og podkastar for å synleggjere arbeidet på feltet. Ei prinsipiell avklaring i Marknadsrådet knesette ansvaret annonsørar har for å merkje reklame tydeleg i sosiale medium. For å understreke at marknadsføringslova òg gjeld nye plattformer, blei ekstra merksemd retta mot marknadsføring via TikTok, som er ei populær plattform blant barn og unge. Gjennom tilsynsaksjonar identifiserte Forbrukartilsynet ulovleg reklame på plattforma og tok opp saker med over 100 næringsdrivande. 14 påverkarar blei følgde opp på grunn av seksualisert marknadsføring som kan føre til auka kroppspress. Forbrukartilsynet erfarer at desse og andre saker om reklame som kan medverke til kroppspress, har verka skjerpande på bransjen og ført til at omfanget av denne typen marknadsføring har blitt mindre.

Digitalfeltet er dominert av internasjonale selskap. Samarbeid med tilsyn i andre land er derfor sentralt. Forbrukartilsynet intensiverte i 2021 arbeidet i det europeiske nettverket for forbrukarvernsamarbeid (CPC). Forbrukartilsynet medverka òg ved å sitje i den rådgivande gruppa for det internasjonale tilsynsnettverket International Consumer Protection Enforcement Network. Forbrukartilsynet medverka både i konkrete handhevingssaker og i arbeidsgrupper på feltet, i tillegg til å gi innspel til utvikling av regelverket på området. Ein internasjonal tilsynsaksjon leidd av Forbrukartilsynet saman med styresmaktene i Nederland og Storbritannia resulterte i at Apple og Google forplikta seg til å gi betre informasjon om korleis applikasjonane i appbutikkane deira nyttar personopplysingane til forbrukarane. Fristen for retting var andre kvartal 2022. Ei klage frå Forbrukarrådet på at Amazon manipulerte forbrukarar som ville seie opp straumetenesta deira, blei følgd opp av Forbrukartilsynet og handsama i samarbeid med Europakommisjonen. Amazon gjorde det frå 1. juli 2022 enklare å seie opp tenesta for alle europeiske forbrukarar.

I den digitale økonomien heng forbrukarvernet tett saman med personvern og konkurranse. Våren 2021 oppretta Forbrukartilsynet eit nasjonalt tilsynsforum med Datatilsynet og Konkurransetilsynet for å avklare kva regelverk og verkemiddel som kan adressere utfordringar i den digitale kvardagen til forbrukarane. Forumet har medverka til betre kompetanse på tvers og lagt til rette for meir effektiv oppfølging av utfordringar knytte til den digitale økonomien, anten det gjeld forbrukar- og personvern eller fri konkurranse. Blant resultata frå forumet er ei felles høyringsfråsegn frå Datatilsynet og Forbrukartilsynet om informasjonskapslar. Arbeidet i tilsynsforumet blir leidd av Forbrukartilsynet og vil halde fram i 2023.

Forbrukartilsynet hadde i 2021 både einskildsaker og tilsynsaksjonar for å kontrollere marknadsføringa av finansielle tenester. Som tidlegare år hadde tilsynet særleg merksemd mot forbrukslån. Forbrukartilsynet avdekkjer no færre lovbrot på området enn i tidlegare år og vurderer at gjentekne tilsyn, rettleiing og merksemd i media har medverka til dette. Samstundes har tilsynet sett i verk ein fullstendig gjennomgang av standardavtalane for bankar og kredittytarar, slik at dei blir i tråd med den nye finansavtalelova.

23 saker om villeiande påstandar om berekraft blei handsama i 2021, i tillegg til at Forbrukartilsynet var aktivt i europeisk oppfølging av slik marknadsføring. Det verkar å vere mangel på kunnskap om reglane for slik marknadsføring og med det stor etterspurnad etter rettleiing. Tilsynet heldt fleire møte og føredrag og prioriterte å følgje opp førespurnader frå media om berekraft for å auke kjennskapen til reglane og medverke til å førebyggje lovbrot.

Forbrukartilsynet har fått ansvar for å føre tilsyn med og rettleie om den nye openheitslova som tok til å gjelde 1. juli 2022. Tilsynet har hatt stor etterspurnad frå næringslivet om rettleiing om kva den nye lova inneber. Forbrukartilsynet har medverka til avklaringar ved å delta på føredrag og møte, gjennom mediesaker og ved å få på plass godt materiell for rettleiing på nettsidene sine. Forbrukartilsynet vil òg i 2023 leggje vekt på å gi god rettleiing, slik at næringslivet innrettar seg etter lova.

Forbrukartilsynet må ha beredskap for å føre tilsyn med felt som viser seg særskilt naudsynte å følgje opp, utan at det har vore planlagt på førehand. I 2021 gjaldt det transport (som følgje av pandemien), bustader, prisopplysingar og prismarknadsføring, netthandel og direktemarknadsføring, elektroniske kommunikasjonstenester og straum. På straummarknaden har Forbrukartilsynet mellom anna handsama saker om pris- og vilkårsendringar, avtalevilkår om e-faktura og avtalegiro og påstandar om å vere billegast. Tre straumselskap fekk i fyrste halvåret 2022 lovbrotsgebyr i desse sakene. To selskap blei òg pålagde tvangsmulkt for kvar ytterlegare veke dei bryt vedtaka, og lovbrotsgebyr til styreleiar og dagleg leiar for medverknad til lovbrota. Forbrukartilsynet greip òg inn overfor eit selskap som utan samtykke flytta kundane frå gode fastprisavtalar til spotprisavtalar. Saka fekk stor merksemd i media, og ingen andre selskap gjorde det same. I tillegg har Forbrukartilsynet medverka til utvikling av regelverket på området for å redusere forbrukarproblem på straummarknaden.

Marknadsrådet tok imot og avgjorde ni klagesaker i 2021. Seks av sakene gjaldt nedprioriteringssaker frå Forbrukartilsynet. Tre saker gjaldt klager på vedtak frå Forbrukartilsynet om brot på regelverket. Ingen av klagene førte fram.

Det er ein aukande tendens til at Forbrukartilsynet får eit eksplisitt tilsynsansvar i nye forbrukarvernregelverk. Eksplisitte heimlar har preventiv effekt og må følgjast opp med tydeleg rettleiing og tilsyn for å hindre at det oppstår forbrukarproblem. Dette stiller krav til nøye prioritering mellom ulike ansvarsområde. I 2023 overtek Forbrukartilsynet mellom anna handhevinga av forbodet mot pyramidespel, og det samla området som Forbrukartilsynet fører tilsyn med, blir med det ytterlegare utvida.

BFD legg vekt på faglege innspel frå Forbrukartilsynet i prioriteringa av tilsynsområde og fastset desse i dialog med tilsynet. Dei prioriterte områda frå tidlegare år vil òg vere aktuelle i 2023, medrekna straummarknaden, digitalfeltet, finansielle tenester, marknadsføring overfor barn og unge og klima- og miljøpåstandar i marknadsføring.

Informasjon og kunnskap

Informasjon og kunnskapsoppbygging er viktige verkemiddel i forbrukarpolitikken. Særleg i store og kompliserte marknader kan det vere krevjande å samanlikne prisar og kvalitetar og gjere gode val. Det kan òg vere krevjande å få oversikt over ulike konsekvensar som produksjonen og bruken av varer og tenester kan ha. For mange kan det vere utfordrande å finne fram til relevant informasjon og vurdere om informasjonen er korrekt. Mange forbrukarar kan heller ikkje nok om eigne rettar og plikter eller om korleis dei skal gå fram dersom dei er misnøgde med kjøp.

Nedanfor blir det gjort greie for informasjons- og kunnskapstiltak som skal medverke til at forbrukarane kan ta meir informerte val og kjenne rettane og pliktene sine. Arbeidet til Forbruksforskningsinstituttet SIFO med å styrkje kunnskapsgrunnlaget om situasjonen til forbrukarane blir òg omtalt. Det blir gjort greie for utviklingstrekk og resultat i 2021 og fyrste halvdelen av 2022 og for planlagde tiltak i 2023.

Forbruk og miljø

Regjeringa vil leggje til rette for at forbrukarane enklare skal kunne ta meir klima- og miljømedvitne val.

Det kan vere krevjande for mange av forbrukarane å ha oversikt over kva konsekvensar produksjonen og bruken av varer og tenester har for miljø og klima. Dette blir ikkje enklare av at mange produkt blir marknadsførte som berekraftige utan å vere det eller utan at det kan dokumenterast. Dette kan gi opphav til forvirring om kva forbruksval som er dei mest berekraftige. Verksemder som faktisk opptrer berekraftig, kan òg bli skadelidande om dei ikkje når ut med bodskapen sin i konkurransen med verksemder som marknadsfører produkt og tenester som ikkje er berekraftige.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Betre føresetnader for eit berekraftig forbruk

Aktivitetar og resultat knytte til målet blir omtalte under overskriftene «Miljømerka Svana og EU-miljømerket», «Matsvinn» og «Kontaktpunkt for det grøne skiftet» nedanfor. Tiltak omtalte under overskrifta «Opplæring i forbrukaremne» lenger ned har òg noko å seie for målet.

Miljømerka Svana og EU-miljømerket6

Dei offisielle miljømerka, den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), formidlar standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Begge merka er verkemiddel som gjer det enklare for forbrukarane å ta meir miljømedvitne og berekraftige val. Merka blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Norge (Miljømerking). Miljømerking arbeider for å auke talet på produkt med miljømerke i Noreg og informerer om at desse er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Årleg får Miljømerking løyvingar over budsjetta til både BFD og Klima- og miljødepartementet (KLD).

Talet på produkt med miljømerket Svana auka gjennom 2021 med 14 prosent, til 32 308 per 31. desember. Auken var størst innanfor produktgruppene møblar og innreiing, følgt av tekstilar, utemøblar og leikeapparat, reingjeringsmiddel og kosmetiske produkt.

Årleg gjennomfører Miljømerking undersøkingar om kjennskapen til Svana og EU Ecolabel. I 2021 svarte 92 prosent av respondentane at dei hadde kjennskap til Svana (mot 95 prosent i 2020). 27 prosent svarte at dei hadde kjennskap til EU Ecolabel (mot 22 prosent i 2020). Utbreidd kjennskap til miljømerka tyder på at forbrukarane generelt veit at merka gir god rettleiing om kva som er meir miljøvennlege og berekraftige val.

Miljømerking vil i 2023 halde fram med å arbeide for at talet på produkt med miljømerke skal auke på den norske marknaden, og informere forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte produkt og tenester er enkle og trygge miljøval. Svana skal synleggjerast som verktøy for å skape ein meir sirkulær og berekraftig økonomi, og det skal utviklast meir heilskaplege livsløpsvurderingar av produkt. Regjeringa vil støtte opp om arbeidet til Miljømerking med løyvingar over budsjetta til BFD og Klima- og miljødepartementet.

Matsvinn

Matsvinn er både eit miljøproblem, eit kostnadsproblem og eit etisk problem. Sidan over halvparten av matsvinnet som er kartlagd, kjem frå private hushald, er det viktig for BFD å støtte opp om arbeid som er retta mot korleis forbrukarane sjølve kan redusere matsvinnet.

I 2017 blei det inngått ein bransjeavtale mellom det dåverande Barne- og likestillingsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og dei største bransjeorganisasjonane i matbransjen om å redusere matsvinnet i heile verdikjeda for mat med 50 prosent innan 2030, i tråd med FNs berekraftsmål 12.3 om matsvinn. Det er òg fastsett to delmål om at matsvinnet i 2020 og 2025 skal vere redusert med høvesvis 15 og 30 prosent. Hovudrapporteringa for det fyrste delmålet kom i desember 2021 og er basert på data som er samla inn frå heile verdikjeda for mat, inkludert forbrukarleddet. Berekningane som er gjorde, syner at matsvinnet er redusert med 10 prosent sidan 2015. I forbrukarleddet er matsvinnet redusert med 6 prosent. Med bakgrunn i bransjeavtalen har BFD har i 2021 og 2022 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå BFD går til tiltak for å redusere matsvinn blant forbrukarane.

Gjennom bransjeavtalen vil BFD i 2023 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere matsvinnet.

Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet

Strategien om sirkulær økonomi frå 20217 la vekt på at forbrukarane må få betre høve til å gjere sirkulære val. Det blei derfor bestemt å etablere eit kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet i Forbrukarrådet. Kontaktpunktet vil ha som føremål å samle kunnskapar, idear og erfaringar og fremje sirkulær praksis gjennom å informere om mellom anna produkttestar og spreie gode døme og metodar. Eit føreprosjekt blei sett i gang i 2021. Arbeidet held fram i 2022, og kontaktpunktet er planlagt etablert hausten 2022.

Etikkinformasjon gjennom openheitslova

Openheitslova, som skal fremje respekten verksemder har for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve, og sikre allmenta tilgang til informasjon om kva verksemdene gjer med dette, tok til å gjelde 1. juli 2022. For nærare informasjon om lova, sjå Prop. 150 L (2020–2021) Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskeretter og anstendige arbeidsforhold (åpenhetsloven) og Innst. 603 L (2020–2021).

Forbrukartilsynet har fått oppgåva med å rettleie dei næringsdrivande og føre tilsyn med openheitslova. Per i dag er om lag 9 000 norske verksemder omfatta av lova.

Forbrukartilsynet har oppretta ein seksjon for arbeidet med openheitslova. Fram mot at lova tok til å gjelde, heldt tilsynet mellom anna føredrag og møtte næringsdrivande og interesseorganisasjonar for å informere om krava i lova og korleis tilsynet arbeider. Tilsynet har òg oppretta ei temaside om openheitslova og ei e-postadresse som kan nyttast for kommentarar eller spørsmål om lova. Digitalt tilgjengeleg rettleiing blir kontinuerleg utvida.

Informasjonsverksemda til Forbrukarrådet8

Ei viktig oppgåve for Forbrukarrådet er å gi forbrukarane relevant informasjon som dei kan nytte både før og etter kjøp. I 2021 registrerte rådet 49 294 førespurnader via telefon, e-post og sosiale medium. Dette er noko færre enn i 2020. Som i tidlegare år handla dei fleste førespurnadene om varer, bruktbilar og bustader. Samanlikna med 2020 var det i 2021 ei tredobling i førespurnadene som gjaldt straum. Det siste speglar av dei høgare straumprisane og merksemda desse fekk i ulike medium.

Nettsida forbrukerradet.no hadde i 2021 i snitt 44 800 unike brukarar kvar veke. Dette er ein nedgang på rundt 5 prosent frå 2020. At mange framleis nyttar nettsida for å skaffe seg informasjon, er ein viktig føresetnad for at Forbrukarrådet skal fylle rolla si.

Forbrukarrådet har utvikla tre digitale marknadsportalar: finansportalen, tannhelseportalen (inntil vidare stengd) og straumprisportalen. Portalane skal medverke til å gi forbrukarane god og oppdatert informasjon, slik at dei kan ta informerte val og utøve forbrukarmakt. Marknadsportalane kan i tillegg medverke til auka konkurranse, lågare prisar, betre kvalitet og effektivitet i økonomien.

Finansportalen (finansportalen.no) er ein viktig del av den samla rådgivinga frå Forbrukarrådet til forbrukarane. Portalen gir prisinformasjon om banktenester, forsikring, pensjon og fond. Informasjon om dette gir forbrukarar høve til å velje dei rimelegaste finansielle tenestene. For at finansportalen skal levere korrekt og dekkjande informasjon, er Forbrukarrådet avhengig av tilstrekkeleg innrapportering frå bankar, forsikringsføretak og andre føretak i finansiell sektor. I tillegg må Forbrukarrådet ha gode tekniske løysingar og kapasitet til å handsame og presentere opplysingane i portalen.

Prisane på straum er venta å bli høge i lang tid. Dette utfordrar situasjonen til forbrukarane. For å sikre at konkurransen fungerer, og at forbrukarane ikkje betaler meir enn naudsynt for straumen, er det viktig med god informasjon om straumavtalane på marknaden. Departementet meiner det er naudsynt å styrkje arbeidet med straumprisportalen (strømpris.no), og føreslår derfor å auke løyvinga til marknadsportalar frå 2023. Sjå òg omtale under kap. 860, post 51.

Forskings- og utgreiingsarbeid

Forbrukarpolitikken skal vere basert på fakta og kunnskap om situasjonen til forbrukarane. Målet er å ha solid kunnskap om utfordringane norske forbrukarar møter, som eit grunnlag for utforminga av politikken.

Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet (heretter SIFO) er ein sentral kunnskapsprodusent på forbrukarområdet. I 2021 og i 2022 har SIFO utført fleire oppdrag for BFD knytte til aktuelle forbrukarpolitiske saker. Mellom anna er referansebudsjettet for hushaldsutgifter vidareutvikla og revidert, avviste gjeldsordningar kartlagde og forbrukarane si forståing for og tillit til marknadsføring som inneheld berekraftspåstandar, undersøkte.

Referansebudsjettet for hushaldsutgifter er eit forbruksbasert mål på økonomiske levekår som blir nytta av mange instansar innanfor både offentleg og privat sektor i samband med økonomisk rådgiving og til å rekne ut naudsynte levekostnader. I 2022 er mellom anna grunnlaget for fleire forbruksområde revidert og kalkulatoren til referansebudsjettet oppdatert. I 2023 vil SIFO halde fram med å utvikle referansebudsjettet, i tråd med nye behov og trendar.

Kartlegginga til SIFO av avviste gjeldsordningar syner at vel 40 prosent av søkjarane får avslag.9 Prosjektet har gitt viktige bidrag til arbeidet med å revidere gjeldsordningslova (omtalt under «Reglar og rammevilkår»), mellom anna om behovet for ressursar til å følgje opp dei som ikkje kan få ei gjeldsordning.

Undersøkinga SIFO gjorde av forbrukarane si forståing for og tillit til marknadsføring som inneheld berekraftspåstandar, viser at informasjonen og kunnskapen om slik marknadsføring ikkje er tilstrekkeleg. Tilliten til påverkarar i sosiale medium, forhandlarar og produsentar er òg låg. Samstundes er tilliten høg til styresmaktene, som er ansvarlege for å regulere marknadsføringa10. Funna kan medverke til betre forståing for kva reguleringar som kan hindre at marknadsføring fremjar villeiande og feilaktige berekraftspåstandar.

SIFO undersøkte òg i kva grad meir digital kommunikasjon mellom forbrukarar og tilbydarar knytt til auka netthandel reduserer høvet forbrukarane har til å klage. Redusert høve til å klage kan føre til redusert tillit i marknaden. Rapporten frå undersøkinga viser at sjølv om dei fleste forbrukarane ikkje opplever problem, eller klarer å løyse problem når dei oppstår, så finst det ei stor undergruppe forbrukarar (1 av 5) som har utfordringar med å vareta rettane sine ved kjøp av varer og tenester på nett. Rapporten viser òg at om lag halvparten av forbrukarane som opplever problem, gir opp undervegs i klageprosessen11. Resultata har gitt nyttig informasjon om korleis klagesystema fungerer for forbrukarane.

For å skaffe betre oversikt over all relevant forsking på forbrukarområdet gav BFD i 2021 Noregs forskingsråd i oppdrag å innhente ei kunnskapsoppsummering som kunne gi ei brei og djup kartlegging på området. Departementet tok imot rapporten frå oppsummeringa i desember 202112. Rapporten, som gir oversikt over ulike forskingsmiljø som har publisert forbruksforsking, peiker på at SIFO er det einaste forskingsmiljøet som har stor fagleg breidd på forbrukarområdet. BFD ønskjer at SIFO òg i framtida har ei sentral rolle i forbruksforskinga. Departementet vil i 2023 halde fram samarbeidet med SIFO om konkrete forvaltingsrelaterte forskingsoppgåver på forbrukarområdet. Målet er å kaste lys over sentrale problemstillingar i prioriterte saker og medverke til kunnskap om forbrukarpolitiske aktuelle tema.

Frå 2021 fekk Forbrukartilsynet eit særskilt ansvar for å vareta kunnskapsgrunnlaget i forbrukarsektoren. Dette innebar at tilsynet mellom anna har fått i oppdrag å innhente informasjon frå Forbrukarrådet og SIFO om kva statistikkgrunnlag som finst på området. Arbeidet held fram i 2022. Forbrukartilsynet ser oppgåva i samanheng med forvalting av data frå tilsynet si klagehandsamings- og tilsynsavdeling og oppbygging av eigen samfunnsvitskapleg kompetanse. Frå 2023 skal det vere etablert eit rammeverk som legg til rette for at Forbrukartilsynet skal kunne vareta dette ansvaret.

Opplæring i forbrukaremne

BFD ønskjer at barn og unge skal få god opplæring i forbrukaremne og bli i stand til å opptre som kompetente og medvitne forbrukarar. Forbrukaremna er tverrfaglege, og opplæringa skal gi elevane kunnskapar og kompetanse om berekraftig forbruk, forbrukarrettar, personleg økonomi, mediebruk og digital kompetanse. I læreplanen for skulen er folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling løfta fram som emne som skal prioriterast i alle fag der det er relevant. Opplæringa i forbrukaremna medverkar til at elevane får innsikt i utfordringar og dilemma innanfor desse emna og lærer om konsekvensar av ulike handlingar.

Samarbeid med Høgskulen i Innlandet

BFD har i mange år hatt samarbeid med Høgskulen i Innlandet om opplæring i forbrukaremne. Blant tiltaka høgskulen gjennomførte i 2021, var kurs og kompetanseheving for lærarar, rettleiing og informasjon om opplæring i forbrukaremne, utvikling og distribusjon av læremiddel. Til dømes har det blitt utvikla nye videoar, revidert læremiddel og trykt opp om lag 6 500 eksemplar av eksisterande læringsmateriell. Det trykte læringsmateriellet er etterspurt, sjølv om det òg er tilgjengeleg digitalt. Høgskulen var i 2021 vert for det årlege seminaret til Nasjonalt forskernettverk for bærekraft og utdanning (NABU). Ulike forskingsmiljø, lærarar, lærarstudentar og tilsette ved lærarutdanningsinstitusjonar omkring i Noreg blei inviterte. Seminaret retta merksemda mot korleis utdanning kan medverke til berekraftig omstilling, individuelt og kollektivt. Seminaret var heildigitalt, og om lag 80 personar deltok.

Høgskulen deltek òg i Skolemeny. Dette er eit nettverk som arbeider særskilt med opplæring i personleg økonomi i skulen. BFD har vidareført samarbeidet med høgskulen i 2022 og vil òg halde fram med det i 2023.

Samarbeid med Ungt Entreprenørskap

BFD førte i 2021 vidare samarbeidet med Ungt Entreprenørskap om undervisingsprosjektet Grønt og Genialt!. Prosjektet skal fremje forståing av berekraftig forbruk. Måla er å byggje opp kunnskap om dei samla miljøutfordringane, skape nysgjerrigheit og vitetrong om natur og miljø blant dei unge og medverke til å skape større engasjement i samfunnet om løysingar som fører til eit meir berekraftig forbruksmønster. Om lag 2 200 elevar frå ulike delar av landet deltok. Berekraftig utvikling har blitt eit stadig viktigare tema, og prosjektet har dermed fått auka relevans i skulen. Samarbeidet mellom BFD og Ungt Entreprenørskap har over tid medverka til erfaring og kompetanse som skaper ringverknader utover sjølve prosjektet. Grønt og Genialt! har spelt ei avgjerande rolle for korleis Ungt Entreprenørskap arbeider med berekraft, og har medverka til at berekraft òg er med som tema i andre prosjekt i regi av Ungt Entreprenørskap. BFD fører vidare samarbeidet med Ungt Entreprenørskap i 2022 og vil halde fram med det i 2023.

Verktøy for opplæring om reklame

Forbrukartilsynet har på oppdrag frå BFD utvikla eit nytt digitalt opplæringsverktøy for ungdomsskulen om reklame, Reklameskolen. Opplæringsverktøyet blei lansert våren 2022, slik at lærarar kan nytte det i undervisinga frå skuleåret 2022–2023. Verktøyet erstattar eit eldre undervisingshefte. Det er meir tilpassa den digitale kvardagen til barn og unge og kan betre setje dei unge i stand til å identifisere og forstå marknadsføring i aktuelle kanalar. Verktøyet er ope tilgjengeleg på Internett, slik at alle interesserte kan nytte det. Forbrukartilsynet driftar og oppdaterer verktøyet ved behov. BFD vil i samråd med Forbrukartilsynet vurdere om verktøyet skal utvidast til fleire målgrupper.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

860

Forbrukarrådet

109 576

109 153

116 166

6,4

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

11 264

11 264

15 583

38,3

865

Forbrukarpolitiske tiltak

70 368

17 655

18 152

2,8

868

Forbrukartilsynet

120 230

124 640

128 388

3,0

Sum kategori 11.30

311 438

262 712

278 289

5,9

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

3868

Forbrukartilsynet

6 321

2 552

2 629

3,0

Sum kategori 11.30

6 321

2 552

2 629

3,0

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

122 794

127 513

131 337

3,0

50–89

Overføringar til andre

188 644

135 199

146 952

8,7

Sum kategori 11.30

311 438

262 712

275 289

5,9

Kap. 860 Forbrukarrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

50

Basisløyving

82 331

81 641

85 889

51

Marknadsportalar

27 245

27 512

30 277

Sum kap. 860

109 576

109 153

116 166

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukarrådet er oppretta for å ta hand om interessene til forbrukarane. Som uavhengig interesseorgan skal Forbrukarrådet informere forbrukarane og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet hjelpe forbrukarar som har fått problem i samband med kjøp, og som til dømes treng hjelp til å fremje ei klage.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter til bruttoføring av inntekter og utgifter utanfor statsbudsjettet og med eigne vedtekter og eit styre.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter, godtgjersle til styremedlemmene, utgifter til kontordrift, husleige og interessepolitiske aktivitetar i Forbrukarrådet. Vidare dekkjer posten utgifter til utgreiing av aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, kampanjar, informasjonstiltak, profilering av eigne tenester og kostnader ved å leggje fram prinsipielle spørsmål om gjeldande forbrukarrett for domstolane. Forbrukarrådet gir tilskot til drift av forbrukarsekretariatet i Standard Norge over posten.

Forbrukarrådet har fått i oppdrag å opprette eit kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet. Kontaktpunktet har som føremål å samle kunnskapar, idear og erfaringar og fremje sirkulær praksis gjennom å informere om mellom anna produkttestar og spreie gode døme og metodar. Forbrukarrådet fekk i 2022 ei løyving over Klima- og miljødepartementet sitt kap. 1400, post 21 til dette arbeidet. Det blir føreslått å overføre 2 mill. kroner frå kap. 1400, post 21 til BFD for å leggje oppfølginga av prosjektet til rett departement. BFD føreslår på bakgrunn av dette å auke kap. 860, post 50, med 2 mill. kroner til arbeidet med kontaktpunktet.

Departementet føreslår ei løyving på 85,9 mill. kroner i 2023.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til drift og utvikling av finansportalen (finansportalen.no), straumprisportalen (strømpris.no) og tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no).

Det er behov for å betre grunnfinansieringa av straumprisportalen for å sikre god driftstryggleik, høg datakvalitet og kontroll av nye straumavtalar som blir lagde ut på marknaden. Departementet føreslår derfor å auke løyvinga på posten med 2 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 30,3 mill. kroner i 2023.

Kap. 862 Stiftinga Miljømerking i Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Driftstilskot

11 264

11 264

15 583

Sum kap. 862

11 264

11 264

15 583

Ansvarsområdet til verksemda

Føremålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Arbeidet går ut på å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt for lisensiering og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Miljømerking blir leidd av eit styre der medlemmene er oppnemnde av BFD, Forbrukarrådet, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Virke, Landsorganisasjonen (LO), handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2021 11,3 mill. kroner i driftstilskot frå BFD. Av dette beløpet blei om lag 2,5 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU. I tillegg fekk Miljømerking 1,2 mill. kroner i driftstilskot frå Miljødirektoratet og 4,0 mill. kroner i prosjektmidlar frå Klima- og miljødepartementet til oppfølging av den nasjonale strategien for sirkulær økonomi. Dei samla driftsinntektene var på om lag 48,3 mill. kroner. Hovuddelen av inntektene var knytte til lisensiering av Svana.

Post 70 Driftstilskot

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Miljømerking i 2023. Målet med tilskotet er å støtte opp om arbeidet til Miljømerking med å administrere den nordiske miljømerkeordninga (Svana) og dekkje utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel). Målgrupper for ordninga er produsentar av varer og tenester, forbrukarar og profesjonelle innkjøparar. Kriterium for måloppnåing er at tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene.

Som ein del av strategien for ein grøn, sirkulær økonomi fekk Miljømerking i 2022 ei løyving på 4 mill. kroner over Klima- og miljødepartementet sitt kap. 1400, post 76. Løyvinga skal bidra til å styrkje stiftinga sitt arbeid med sirkulær økonomi. Det blir føreslått å overføre midlane til BFD i 2023 for å leggje oppfølginga av prosjektet til rett departement. BFD føreslår på bakgrunn av dette å auke løyvinga på kap. 862, post 70 med 4 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 15,6 mill. kroner i 2023.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

2 564

2 873

2 949

50

Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

6 081

6 202

6 380

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

1 640

1 683

1 730

71

Tilskot til Reisegarantifondet

52 000

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

8 083

6 897

7 093

Sum kap. 865

70 368

17 655

18 152

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

Posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak som har særleg relevans for forbrukarområdet. Posten blir òg nytta til å dekkje utgifter til sakskostnader som Klagenemndssekretariatet i Bergen får når næringsdrivande får medhald i klager på vedtak gjort av Forbrukartilsynet.

Departementet føreslår ei løyving på 2,9 mill. kroner i 2023.

Post 50 Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til forsking, undervising, prosjekt og utgreiingar som har særleg relevans for forbrukarområdet.

Midlane til forskingsoppdrag som blir utførte av Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet – storbyuniversitetet, blir dekte over denne posten.

Posten blir vidare nytta til arbeidet med å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skulen. BFD vil i 2023 føre vidare samarbeidet med Høgskulen i Innlandet, som utviklar undervisingsmateriell til bruk i skulen, har eit fagleg tilbod til lærarar og studentar og leier ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervising.

Departementet føreslår ei løyving på 6,4 mill. kroner i 2023.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til tiltak og einskildprosjekt som fremjar måla for forbrukarpolitikken til regjeringa. Departementet føreslår å føre vidare tilskota til fire særskilde tiltak i 2023.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til forbrukarsekretariatet i Standard Norge. Målet med tilskotet er fremje forbrukarinteresser i standardiseringsarbeid slik at dei endelege standardane òg tek omsyn til forbrukarane sine behov.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til organisasjonen Ungt Entreprenørskap. Målet for tilskotet er å støtte opp om undervisingsopplegget Grønt og Genialt! om berekraftig forbruk, som har elevar i ungdomsskulen som målgruppe.

Departementet føreslår òg at det blir gitt tilskot til arbeidet organisasjonen Matvett AS gjer. Målet med tilskotet er å støtte opp om arbeidet organisasjonen utfører med å redusere matsvinnet i samfunnet. Målgrupper for arbeidet er forbrukarar og private hushald.

I tillegg kjem tilskot til Fagutvalget for influencermarkedsføring. Målet med tilskotet er å medverke til god og ansvarleg marknadsføringspraksis. Målgruppa for arbeidet til Fagutvalget for influencermarkedsføring er brukarar av sosiale medium som kan medverke til eller bli utsette for kroppspress.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at kriterium for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknader.

Departementet føreslår ei løyving på 1,7 mill. kroner i 2023.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Løyvinga dekkjer den norske deltakinga i forbrukarprogrammet til EU, som i perioden 2021–2027 inngår som ein del av program for den indre marknaden. Posten kan òg nyttast til eventuell etterbetaling for deltaking i Consumer Programme 2014–2020.

Posten skal òg dekkje departementet sin del av eventuelle etterbetalingar av kontingentutgifta til EU-programma om samvirkeløysingar for offentleg forvalting i europeiske land, Interoperability Solutions for European Public Administrations (ISA), for programperioden 2016–2020.

Storleiken på dei årlege bidraga varierer med ulike faktorar, mellom anna aktiviteten under programma og valutautviklinga. Det er derfor vanskeleg å talfeste utgiftene på posten.

Departementet føreslår ei løyving på 7,1 mill. kroner i 2023.

Kap. 868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

120 230

124 640

128 388

Sum kap. 868

120 230

124 640

128 388

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukartilsynet er ei offentleg styresmakt som arbeider for å gjere marknadene enklare og tryggare for forbrukarane. Eit sentralt mål for Forbrukartilsynet er å førebyggje og stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og andre former for urimeleg handelspraksis retta mot forbrukarar. Dette blir gjort gjennom dialog og forhandlingar med dei næringsdrivande, ved bruk av tilgjengelege sanksjonar og gjennom rettleiing og informasjonsverksemd. Tilsynet skal gjennom verksemda si medverke til at rettane til forbrukarane blir tekne hand om, og til at forbrukarane kan ta informerte val. Marknadsføringslova regulerer tilsynsverksemda til Forbrukartilsynet.

Forbrukartilsynet har òg ansvar for å drive ei nøytral meklingsteneste for forbrukarar og næringsdrivande i saker som ikkje er omfatta av andre klageorgan, og for å førebu saker til Forbrukarklageutvalet. Oppgåvene som er knytte til mekling og førebuing av saker til Forbrukarklageutvalet, blir regulerte av lov om behandling av forbrukerklager i Forbrukertilsynet og Forbrukerklageutvalget (forbrukerklageloven).

Forbrukartilsynet er vidare vertsorganisasjon for Forbrukar Europa.

Forbrukartilsynet har òg fått ansvaret for å føre tilsyn med og gi rettleiing om lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (åpenhetsloven) som Stortinget vedtok i juni 2021. Den nye lova, som tok til å gjelde 1. juli 2022, skal fremje respekten verksemder har for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i vareproduksjon og levering av tenester.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter hos Forbrukartilsynet i tillegg til godtgjersle m.m. til medlemmene av Forbrukarklageutvalet. Frå 2023 er løyvinga føreslått auka med 1,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga til Lotteri- og stiftelsestilsynet på kap. 339, post 01, i samband med at Forbrukartilsynet frå 1. januar 2023 tek over ansvaret for å føre tilsyn med forbodet mot pyramidespel.

Departementet føreslår ei løyving på 128,4 mill. kroner i 2023.

Kap. 3868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Diverse inntekter

320

02

Tilskot

6 001

2 552

2 629

Sum kap. 3868

6 321

2 552

2 629

Post 02 Tilskot

Departementet føreslår ei løyving på 2,6 mill. kroner i 2023. Løyvinga svarer til det pårekna tilskotet frå EU til Forbrukar Europa.

Programkategori 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

Hovudinnhald og prioriteringar

Trus- og livssynsfridommen er ein grunnleggjande verdi og menneskerett i eit demokratisk samfunn. Staten skal verne om denne fridommen og leggje til rette for at alle innbyggjarane kan praktisere trua si eller livssynet sitt.

Grunnlaget for trus- og livssynspolitikken er Grunnlova § 16:

Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving. Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.

Grunnlova § 16 tydeleggjer ansvaret staten har for å føre ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk, som gjennom finansiering og lovgiving skal søkje å leggje til rette for at medlemmene i både Den norske kyrkja og dei andre trus- og livssynssamfunna kan få praktisert trua eller livssynet sitt i fellesskap. Den aktivt støttande politikken legg vidare grunnlaget for eit livssynsope samfunn der trus- og livssynssamfunna har ein naturleg plass. Retten til å skipe trus- og livssynssamfunn er ein grunnleggjande del av både religionsfridommen og forsamlingsfridommen og ein føresetnad for eit demokratisk samfunn. Trus- og livssynssamfunna har ei viktig rolle i å skape fellesskap og velferdssamfunn lokalt. Mange samfunn medverkar til å byggje bru mellom ulike kulturar og er aktive bidragsytarar til det frivillige arbeidet.

Den norske kyrkja er i dag eit sjølvstendig trussamfunn på linje med andre trussamfunn. Likevel står ho framleis etter Grunnlova § 16 i ei særleg stilling som folkekyrkje. I trussamfunnslova er det derfor gitt føresegner om Den norske kyrkja som ikkje gjeld for dei andre trus- og livssynssamfunna. Føresegnene er gitt i form av ei rammelov i eit eige kapittel. Kyrkjemøtet, som er det øvste representative organet til kyrkja, fastset meir detaljerte føresegner om Den norske kyrkja i kyrkjeordninga.

Kapittelet i trussamfunnslova om Den norske kyrkja slår mellom anna fast at den offentlege finansieringa av kyrkja er delt mellom stat og kommune. Staten finansierer prestetenesta og dei sentrale og regionale kyrkjelege organa, medan kommunane finansierer kyrkjebygga og den kyrkjelege verksemda lokalt.

Samla skal finansieringa leggje til rette for at kyrkja held fram som ei landsdekkjande folkekyrkje med ei sterk lokal forankring, slik at medlemmer av kyrkja kan gå til gudsteneste og ta del i andre kyrkjelege tenester der dei bur. Ved å vere til stades i alle lokalsamfunn er kyrkja ein viktig bidragsytar til det frivillige arbeidet blant barn og ungdom, ikkje minst innanfor trusopplæringa, diakonien og det lokale musikk- og kulturlivet. Skal kyrkja vere ei lokalt forankra folkekyrkje i alle delar av landet, må prestetenesta alle stader ha gode rammevilkår og dei mange kyrkjebygga haldast ved like.

Dei eldre kyrkjebygga er synlege uttrykk for den kristne kulturarven og står i ei særstilling som nasjonale kulturminne. Av dei rundt 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja, er nær 1 000 freda eller peikte ut som kulturhistorisk viktige. Mange av kyrkjene er i dårleg stand og ikkje sikra godt nok mot brann. Innsatsen er nærare omtalt under overskrifta Kyrkjebygga og under omtalen av kap. 882.

Opplysningsvesenets fond blei skipa ved lov i 1821 av det som er omtalt i Grunnlova § 116 som «det benefiserte godset til presteskapet». Det meste av dette godset er avhenda, men fondet er framleis mellom dei største grunneigarane i landet og har etter måten ein stor finanskapital. Eigedomsretten til fondet har vore eit omstridd spørsmål sidan fondet blei skipa. I Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond gjekk regjeringa Solberg inn for at eigedommar av særskild verdi for Den norske kyrkja blei overførte til kyrkja som eigar. Andre eigedelar, som vil utgjere størstedelen av verdiane i fondet, skulle staten vere eigar av, mot at staten auka innsatsen tilsvarande for å setje i stand og sikre dei innpå 1 000 kulturhistorisk viktige kyrkjebygga i landet. Ved handsaminga av meldinga våren 2020 slutta familie- og kulturkomiteen seg til denne løysinga av eigarspørsmålet, sjå Innst. 209 S (2019–2020). For å leggje det rettslege grunnlaget for å dele Opplysningsvesenets fond og gi eigarrettane til staten og Den norske kyrkja la regjeringa Solberg våren 2021 fram eit forslag til ny lov om Opplysningsvesenets fond, Prop. 144 L (2020–2021). Lova blei vedteken av Stortinget 14. juni 2021 og tok til å gjelde 1. januar 2022.

Det følgjer av Grunnlova § 16 at alle trus- og livssynssamfunn skal bli støtta på lik linje. Reglane i trussamfunnslova er derfor utforma slik at trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja kan krevje eit årleg statstilskot som om lag svarer til dei offentlege tilskota som Den norske kyrkja får, rekna per medlem. Under Resultatrapport og strategiar og omtalen av kap. 881, post 70, er det gjort nærare greie for tilskotsordninga.

Trus- og livssynsmangfaldet i Noreg har auka dei siste tiåra. Mangfaldet er ein styrke for det norske samfunnet, men gjer det òg naudsynt med trus- og livssynsdialog og auka kunnskap om tru og livssyn og om dei ulike samfunna. Det er etablert paraplyorganisasjonar for dei ulike trus- og livssynssamfunna. Departementet ser det som viktig å gi støtte til det brubyggjararbeidet som desse organisasjonane driv, og til andre tiltak som kan styrkje trus- og livssynsdialogen. Organisasjonane er òg viktige samtalepartnarar for departementet.

Dei offentlege gravplassane er for alle. Det er kommunane som har det økonomiske ansvaret for gravplassane, medan lokale organ for Den norske kyrkja står for forvaltinga dei fleste stadene. I takt med samfunnsutviklinga er det viktig å sjå på behovet for å revidere regelverket og ha kunnskap om korleis gravplassane blir drifta og forvalta. Med bakgrunn i dette er det gjort justeringar i lovverket som tok til å gjelde 1. januar 2021 og 1. juli 2022. Endringane er nærare omtalte under overskrifta Gravplassane og under omtalen av kap. 882.

Covid-19-pandemien prega verksemda i trus- og livssynssamfunna også i 2021 med stadig endra smittesituasjon og dertil endra retningslinjer for gudstenester og andre arrangement. Den norske kyrkja skriv i årsmeldinga si at 2021 blei ei kontinuerleg øving i omstilling og kreative løysingar. Deltakinga på gudstenester var låg på grunn av stengingar og restriksjonar på talet på deltakarar, men open kyrkje blei mykje brukt som erstatning, noko som mange vitja. Graden av digitale aktivitetar var framleis høg i 2021, men blei redusert noko frå 2020 fordi mange kyrkjelydar ønskte å gå tilbake til fleire fysiske samlingar.

Mot slutten av 2021 auka smittespreiinga, og det blei ein ny periode med strenge smitteverntiltak rundt årsskiftet. Som følgje av koronatiltaka blei det i januar 2022 løyvd 78 mill. kroner til tiltak i regi av frivilligheita for barn, unge og sårbare grupper. Av dette blei 9,5 mill. kroner fordelte til trus- og livssynssamfunna gjennom Den norske kyrkja og paraplyorganisasjonane Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, Norges Kristne Råd og Muslimsk Dialognettverk. Det meste av tilskota blei fordelte vidare til lokale organisasjonar, og mange ulike arrangement blei finansierte av løyvingane.

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL), Norges Kristne Råd, Muslimsk Dialognettverk, Den norske kyrkja, Oslo katolske bispedømme og KA arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder har fått laga ei utgreiing av tilhøvet mellom trus- og livssynsfridom og smitteverntiltaka under pandemien. Rapporten fann at restriksjonane var eit inngrep i religionsfridommen. Inngrepa hadde tilstrekkeleg heimel i lov og eit legitimt føremål, men rapporten stiller spørsmål om inngrepa var naudsynte og forholdsmessige. Det var ut frå utgreiinga andre, mindre inngripande alternativ som kunne verna religionsfridommen betre og samstundes vore i tråd med smittevernfaglege råd, slik som reguleringa knytt til «faste, tilviste plasser», som blei innført seinare.

Trus- og livssynssamfunna har også vore kritiske til at dei to fyrste rapportane frå koronakommisjonen ikkje omtalte konsekvensane av smitteverntiltaka for trus- og livssynsfridommen.

Mål

BFD har for 2023 desse måla på trus- og livssynområdet:

Mål

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje.

  • Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal forvaltast effektivt og leggje til rette for eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

  • Kulturhistorisk viktige kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand.

  • Eigedelane i Opplysningsvesenets fond skal forvaltast effektivt og gi best mogleg avkasting.

  • Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i tråd med eigenarten sin.

Måla og bakgrunnen for dei er nærare omtalte nedanfor under Resultatrapport og strategiar.

Målet for Opplysningsvesenets fond er omtalt i samband med den generelle orienteringa om Opplysningsvesenets fond som kjem etter postomtalen.

Resultatrapport og strategiar

Punktet Resultatrapport og strategiar omhandlar resultatrapportering frå 2021 og frå fyrste halvåret av 2022 for tiltak departementet har sett i verk. Vidare blir strategiar og tiltak departementet har for programkategorien for 2023, omtalte.

Den norske kyrkja

Etter grunnlovsendringar i 2012 og lovendringar i 2017 fekk Den norske kyrkja ei rettsleg sjølvstendig stilling overfor staten. Den norske kyrkja har fått mynde til å ta avgjerder på eige og fritt grunnlag, mellom anna om korleis kyrkja skal organisere seg og om korleis dei kyrkjelege vala bør leggjast opp.

Den norske kyrkja blir finansiert av staten og kommunane. Dei offentlege løyvingane til kyrkja over kommunebudsjetta og statsbudsjettet blir ikkje fastsette etter medlemstalet i kyrkja, men er til vurdering kvart år i Stortinget og i kommunestyra. Staten finansierer prestetenesta og den regionale og sentrale kyrkjeadministrasjonen (Kyrkjerådet og bispedømmeråda), tilskot til trusopplæringa og diakonale tiltak i kyrkjelydane. Kommunane har det økonomiske ansvaret for mellom anna drifta og vedlikehaldet av kyrkjebygga og dei offentlege gravplassane.

Finansieringa av Den norske kyrkja skal leggje til rette for at kyrkja framleis kan vere ei folkekyrkje med ei sterk lokal forankring. Dei som er medlemmer av kyrkja, skal kunne ta del i gudstenester og kyrkjelege handlingar der dei bur. Ei folkekyrkje er kjenneteikna av at folk sluttar opp om kyrkja, og at ho er synleg i lokalsamfunna, både som trussamfunn og som kulturberar. Dette byggjer på at prestetenesta har gode vilkår, og at kyrkjebygga blir haldne i hevd. Det er òg viktig at dei kyrkjelege organa har legitimitet og forankring hos medlemmene. Då er det ein føresetnad at det blir gjennomført demokratiske val både på lokalt, regionalt og nasjonalt plan i kyrkja.

Oppgåva til staten er å gi kyrkja høvelege rettslege rammer og føreseielege økonomiske rammer for arbeidet sitt, slik at kyrkja kan halde fram som ei demokratisk folkekyrkje. Strategiar og tiltak for å nå målet må kyrkja sjølv utforme.

På bakgrunn av dette har departementet sett dette målet for løyvingane til Den norske kyrkja:

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje.

Den norske kyrkja er organisert i 1 164 sokn. Det blir regelmessig halde gudstenester i dei om lag 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja. Ei landsdekkjande presteteneste er eit vilkår for at Den norske kyrkja framleis skal vere ei folkekyrkje. Talet på årsverk i prestetenesta var 1 315 i 2020 og 1 334 i 2021.

I 2021 var dei samla offentlege tilskota til Den norske kyrkja på om lag 6,16 mrd. kroner. Over statsbudsjettet blei det løyvd om lag 2,26 mrd. kroner, medan kommunane løyvde om lag 3,9 mrd. kroner.

Rekneskapen for den delen av Den norske kyrkja som staten finansierer, det vil seie den rettslege eininga som blei oppretta då Den norske kyrkja blei skild ut frå staten 1. januar 2017, viser eit underskot på om lag 9,8 mill. kroner i 2021. Eigenkapitalen ved årsskiftet 2021–2022 var på 371,6 mill. kroner. Etter at den nye kyrkjelege eininga blei oppretta, har det i regi av Kyrkjerådet vore arbeidd mykje med å forenkle og effektivisere dei administrative funksjonane på regionalt og sentralt nivå.

Dei kommunale løyvingane til Den norske kyrkja blir disponerte av det kyrkjelege fellesrådet i kommunen, som er eit fellesorgan for kyrkjelydane (sokna). Fellesråda har òg andre inntekter, mellom anna frå utleige av kyrkjebygga og avgifter i samband med den offentlege gravplassforvaltinga, som fellesråda har ansvaret for. Tabellen nedanfor viser utviklinga i inntektene og utgiftene til fellesråda frå 2020 til 2021.

Tabell 4.6 Inntektene og utgiftene til dei kyrkjelege fellesråda 2020–2021

(i mill. kroner)

2020

2021

Endring frå 2020 i pst.

Driftsinntekter

4 940

5 082

2,9

Driftsutgifter

4 656

5 027

8,0

Investeringsinntekter

1 036

973

-6,1

Investeringsutgifter

1 120

1 044

-6,8

Kjelde: Rekneskapstal som fellesråda har rapportert til Statistisk sentralbyrå

Driftsinntektene auka med 142 mill. kroner frå 2020 til 2021, medan driftsutgiftene auka med 371 mill. kroner. Netto driftsresultat, som viser driftsoverskotet etter at renter og avdrag er betalte, var for fellesråda samla på 15 mill. kroner i 2021 mot 243 mill. kroner i 2020.

Av driftsinntektene til fellesråda var dei kommunale overføringane på 3,29 mrd. kroner i 2021. Frå 2020 var det ein auke på 1,8 prosent. Auken er mindre enn lønns- og prisveksten i kommunesektoren, som for same perioden er estimert til 2,7 prosent. Auka utgifter til straum er ei utfordring for mange kyrkjelege fellesråd. Departementet viser til at kommunane etter trussamfunnslova har det økonomiske ansvaret for at kyrkjene blir haldne i forsvarleg stand og kan nyttast til gudstenester og kyrkjelege handlingar. Korleis kommunane har handtert dei auka straumutgiftene for fellesråda for mellom anna kyrkjebygga, vil vise seg i desse tala for 2022.

Det blei overført 608 mill. kroner, i hovudsak frå kommunane, til å dekkje investeringsutgiftene til fellesråda i 2021, mot 642 mill. kroner i 2020.

Dei mest brukte måltala for tilslutnaden til Den norske kyrkja som folkekyrkje er utviklinga i talet på medlemmer, oppslutnaden om kyrkjelege handlingar (dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd) og talet på gudstenester og gudstenestedeltaking. Tabellen under viser tal for 2021 og utviklinga frå 2020 til 2021.

Tabell 4.7 Nøkkeltal for oppslutnaden om Den norske kyrkja i 2021

2021

Endring frå 2020

Medlemmer1

3 522 558

-132 998

Del av befolkninga (pst.)

64,9

-2,8

Innmelde

2 377

+ 34

Utmelde

14 844

+ 2 191

Døypte

27 073

+ 3 251

Døypte av talet på fødde (pst.)

46,6

+ 3,3

Konfirmerte

33 612

+ 529

Konfirmerte av alle 15-åringar (pst.)

51,6

-0,7

Konfirmerte av 15-åringar som er medlem av kyrkja (pst.)

79

0

Vigslar

4 851

+ 457

Gravferder

35 139

+ 624

Del av alle gravferder totalt (pst.)

83,9

-0,1

Deltakarer på alle gudstenester (digitale gudstenester er ikkje inkluderte)

2 360 828

+ 125

1 109 000 tilhøyrande er frå 1. januar 2021 ikkje medrekna i medlemstalet.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og medlemsregisteret til Den norske kyrkja

Statistikken for 2021 er framleis prega av lågare aktivitet som følgje av reglar om smitteverntiltak. Sjølv om det er positive tal på fleire område samanlikna med 2020, er det på fleire område langt lågare oppslutnaden om aktivitetar enn det var i 2019 før pandemien.

Talet på døypte, vigslar og kyrkjelege seremoniar ved gravferder aukar frå 2020 til 2021, og delen unge som konfirmerer seg, er stabil. Det er heller inga vesentleg endring i talet på innmeldingar og utmeldingar.

Talet på gudstenester og talet på deltakarar har ein liten framgang frå 2020. Samstundes har det digitale tilbodet blitt eit viktig tilskot til aktiviteten til kyrkja. Mange kyrkjelydar har investert i godt digitalt utstyr og tilbyr både gudstenester og andre aktivitetar på nett. Men deltakinga på desse er det vanskeleg å få eit korrekt tal på, og det kjem ikkje fram i statistikken.

Trusopplæringa i kyrkja er eit systematisk og samanhengande tilbod til alle døypte fram til dei fyller 18 år. Dette arbeidet har òg blitt hindra av koronatiltak, men viser framgang i 2021 både i deltaking og omfang. Kyrkjerådet fekk i 2021 ein rapport om trusopplæringa som ser denne i samanheng med kyrkjeleg undervising generelt. Denne er send på høyring i 2022 og er ein del av førebuinga til ein revidert plan som skal til handsaming på Kyrkjemøtet i 2024.

Den norske kyrkja har utfordringar på fleire område som på lang sikt kan komme til å svekkje rolla kyrkja har som folkekyrkje. Nedgangen i dåpstala som vi har sett over fleire år, er særskilt utfordrande. Likevel er det framleis ein relativt stor del av medlemmene i kyrkja som vel å døype barna sine. Kyrkja har òg blitt meir fleksibel i tilbodet sitt om dåp (tid og stad). Nokre bispedøme har ein markant auke i oppslutnad etter ei medviten satsing. Borg bispedøme har til dømes ein auke på 17 prosent frå 2020. Ei anna utfordring er at det er krevjande å få tilsett prestar i ledige stillingar i kyrkja. Men sjølv om det framleis er for svak rekruttering til prestetenesta, er det auka rekruttering til prestestillingar frå andre verksemder, og fleire vel presteyrket som andre karriere. Det er lagt til rette for at ein no kan gå inn i presteteneste med anna erfaring og anna utdanning enn embetseksamen i teologi.

I 2023 skal det igjen gjennomførast val i kyrkja. Valet kan skje i samband med kommunevalet. Kyrkja fører vidare systemet med fleire lister ved val av bispedømmeråd. Det vil òg vere mogleg å førehandsstemme digitalt for fyrste gong. Ein vonar desse tiltaka vil auke interessa for og oppslutnaden om valet.

Som nemnt innleiingsvis er det Kyrkjemøtet som har ansvaret for å utforme strategiar og tiltak for å nå måla departementet set for løyvinga. Det er starta eit arbeid med å greie ut ei endring i organiseringa av kyrkja, med særleg vekt på korleis arbeidsgivaransvaret for prestar og andre tilsette i kyrkja skal handsamast. Etter planen skal det gjerast eit prinsippvedtak på Kyrkjemøtet i 2022 og eit endeleg vedtak på Kyrkjemøtet i 2023.

For å redusere administrative kostnader og gjere kyrkja meir tilgjengeleg for brukarane er det òg sett i gang eit større digitaliseringsarbeid. Det er Kyrkjerådet som leier dette arbeidet, men dei kyrkjelege fellesråda er òg representerte i digitaliseringsstyret som er oppretta.

I 2023 vil Den norske kyrkja framleis fokusere på rekruttering, dåp og trusopplæring, samstundes som ein vil rette meir merksemd mot gravferdsseremonien i kyrkja. Det er gjennom gravferder kyrkja møter flest menneske, og det er sett som mål at ein skal klare å halde ved lag delen av medlemmer som vel kyrkjeleg gravferd.

Sjømannskyrkja

Sjømannskyrkja har per i dag 28 utestasjonar (sjømannskyrkjer) og seks mobile einingar. Sjømannskyrkja har gudstenester og gjennomfører kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon og vigsel. Dei er kyrkjelege, sosiale og kulturelle møteplassar for nordmenn i utlandet. Kyrkja har eit omfattande diakonalt arbeid og hjelper Utanriksdepartementet og næringslivet med sin spesialkompetanse på kriseberedskap. Verksemda til Sjømannskyrkja blei òg i 2021 sterkt påverka av covid-19 og smitteverntiltak. Dei forskjellige kyrkjene har til ulike tider blitt fysisk stengde, men det har likevel vore stor aktivitet på utestasjonane både digitalt og ved oppsøkjande verksemd der det har vore mogleg.

I 2021 blei ny strategi for Sjømannskyrkja vedteken, og nye handlingsplanar i tråd med denne blir gjennomførte. Strategien tek omsyn til at reisevanane til nordmenn, skipsfarten og norsk næringsverksemd i utlandet er i endring. Nordmenn oppheld seg no meir geografisk spreidd enn tidlegare. Sjømannskyrkja ønskjer å tilpasse seg denne situasjonen, mellom anna ved å auke dei ambulerande tenestene ut frå sjømannskyrkjene. Per no har kyrkja seks mobile einingar med 25 tilsette. Desse kan leggje til rette for einskildmøte og samlingar der nordmenn oppheld seg over ei viss tid i samband med studium, arbeid eller ferie.

Departementet føreslår å føre vidare tilskotet til Sjømannskyrkja i 2023.

Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja

Det religiøse livet i Noreg er i dag prega av ein sterk kristen kulturarv på den eine sida og eit større trus- og livssynsmangfald og meir sekularisering på den andre sida. I lys av denne utviklinga er det viktig å sikre ein heilskapleg og aktivt støttande trus- og livssynspolitikk. Eit samfunn som set for strenge grenser for religiøs praksis og religiøse uttrykk i det offentlege rommet, vil bli mindre inkluderande og mangfaldig. Det er derfor eit mål for trus- og livssynspolitikken at han ikkje berre skal fylle vilkåra i Grunnlova § 16 om å støtte alle samfunna på lik linje. Dei rettslege og økonomiske rammene skal òg, så langt det er mogleg og innanfor dei rammene som menneskerettane set, leggje til rette for at alle kan utøve trua si eller livssynet sitt.

Departementet har med bakgrunn i dette sett dette målet for tilskotsordninga for trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja:

  • Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal forvaltast effektivt og leggje til rette for eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

Trussamfunnslova som tok til å gjelde 1. januar 2021, har medverka til å forenkle tilskotsforvaltinga, mellom anna ved at staten har teke over dei kommunale utbetalingane. Det er også teke i bruk ei digital løysing som skal gjere søknadsprosessane enklare for både staten og samfunna. Forvaltinga av tilskotsordninga har i tillegg blitt samla ved to statsforvaltarembete: Statsforvaltaren i Oslo og Viken og Statsforvaltaren i Agder. Dermed kan ein byggje opp sterkare kompetansemiljø og sørgje for ei meir effektiv forvalting av ordninga.

Lovgivinga og tilskotsordninga er no i større grad i takt med utviklinga og mangfaldet av trusretningar og livssyn i Noreg. Men grunnlaget for tilskota er i hovudsak som før, det vil seie at alle trus- og livssynssamfunn skal støttast på lik linje og kunne krevje offentleg støtte dersom dei fyller visse vilkår. Eit viktig mål for den offentlege støtta til samfunna er å støtte opp under det livssynsopne samfunnet. Både finansiering av, kontroll med og innsyn i religiøse samfunn er viktige offentlege oppgåver. Trussamfunnslova § 6 andre ledd tok til å gjelde 1. januar 2022. Forskrifta kom inn i trussamfunnslova då ho blei handsama i Stortinget. Trus- eller livssynssamfunn som tek imot bidrag frå statar som ikkje respekterer retten til trus- og livssynsfridom, kan nektast tilskot.

Departementet har innhenta ei oversikt frå Statsforvaltarens fellestenester, som driftar ovannemnde digitale løysing. Oversikta viser at 24 av 696 samfunn som har sendt inn årsrapport for 2021 per 21. juni 2022, opplyser at dei har fått til saman 50 000 kroner eller meir i bidrag frå ein eller fleire givarar i eit anna land enn Noreg i 2021. Av dei 24 samfunna er 13 kristne og 8 muslimske. Oversikta seier ikkje noko om kva land bidraga kjem frå, eller om givarane er private eller statlege. Det fyrstnemnde skal samfunna opplyse om i note til rekneskapen dei sender til statsforvaltaren, jf. trussamfunnsforskrifta § 13 tredje ledd. Kjem bidrag frå eit land der staten ikkje respekterer retten til trus- og livssynsfridom, kan statsforvaltaren krevje at samfunnet informerer om kven givarane er, og storleiken på det respektive bidraget.

Departementet vil gjennomgå kriteria for støtte og greie ut moglege endringar når det gjeld krav til demokrati og representasjon av kvart kjønn i dei administrative organa som forvaltar offentlege tilskot på vegner av trus- og livssynssamfunna.

Den digitale løysinga som trus- og livssynssamfunn skal nytte til krav om tilskot, registreringssøknader med meir, blei noko forseinka lansert 21. januar 2021. Framover er det behov for å vidareutvikle og forbetre denne digitale løysinga.

Departementet tek sikte på å utarbeide ei rettleiing for trus- og livssynssamfunna om trussamfunnslova og forskriftene til denne og anna relevant lov- og regelverk.

I 2021 blei det utbetalt 853,1 mill. kroner i statleg tilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, utrekna etter ein sats på 1 310 kroner per medlem. Til samanlikning summerte det samla tilskotet frå staten og kommunane i 2020 seg til 835,7 mill. kroner. Auken på nær 20 mill. kroner kjem av eit høgare tilskotsbeløp per medlem i 2021 enn i 2020, ikkje fleire medlemmer.

Frå 2020 til 2021 var det ein nedgang både i talet på trus- og livssynssamfunn og i det samla talet på tilskotsteljande medlemmer i samfunna som fremja krav om tilskot. Om lag 870 trus- og livssynssamfunn fremja krav om tilskot for til saman 697 000 tilskotsteljande medlemmer i 2020, medan det i 2021 var 724 samfunn som søkte om registrering og/eller fremja krav om tilskot for i alt 680 000 tilskotsteljande medlemmer. Det er naturleg å sjå nedgangen i talet på samfunn i samanheng med kravet i trussamfunnslova om at samfunna må ha minst 50 teljande medlemmer for å kunne få tilskot. Reduksjonen i det samla talet på tilskotsteljande medlemmer i samfunna kjem i stor grad av at berre personar busette i Noreg no kan vere tilskotsteljande medlemmer i samfunna. Etter den tidlegare lovgivinga fekk samfunna også tilskot for medlemmer busette i utlandet, så framt dei var norske statsborgarar. I 2020 hadde samfunna i alt 5 300 medlemmer som verken var norske borgarar eller busette i Noreg, og som dei dermed ikkje fekk tilskot for. I 2021 var det til samanlikning om lag 19 300 medlemmer som ikkje oppfylte det nye busett-vilkåret.

Blant dei 724 samfunna som fremja krav om tilskot og/eller søkte om registrering i 2021, hadde 37 samfunn færre enn 50 teljande medlemmer, ifølgje den samla kontrollen av medlemslistene til samfunna. Dermed var det færre enn 700 samfunn som fekk tilskot i 2021. Dei 37 samfunna med færre enn 50 teljande medlemmer hadde til saman nær 1 500 teljande medlemmer.

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at det særleg var blant dei kristne at talet på samfunn gjekk ned. I 2021 var det om lag 402 kristne samfunn som fremja krav om tilskot og/eller søkte om registrering, mot 555 samfunn i 2020, noko som utgjer ein nedgang på nær 39 prosent. Nedgangen i talet på tilskotsteljande medlemmer i dei kristne samfunna var derimot marginal. I 2021 var det nesten 371 000 tilskotsteljande medlemmer i kristne samfunn, mot om lag 372 650 i 2020 – med andre ord ein nedgang på berre 0,4 prosent. Dette tyder på at ein del kristne trussamfunn har slått seg saman med andre for å oppfylle kravet om 50 teljande medlemmer.

Talet på muslimske trussamfunn steig frå 242 i 2020 til 246 i 2021, men desse hadde likevel den største reduksjonen i det samla talet på tilskotsteljande medlemmer frå 2020 til 2021 – både i absolutte tal og prosentvis. Nedgangen var på 7 prosent, frå 182 800 teljande medlemmer i 2020 til 169 600 i 2021. Noko av denne nedgangen kan truleg knytast til det ovannemnde busett-vilkåret i trussamfunnslova.

Tabell 4.8 Medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, fordelte på religion/livssyn1

2009

2016

2021

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Buddhisme

12 252

2,8

18 817

3,0

21 567

3,2

Hinduisme

5 238

1,2

8 882

1,4

11 970

1,8

Islam

92 744

21,5

148 189

23,8

169 605

24,9

Kristendom

234 772

54,4

349 083

56,1

370 997

54,5

Andre religionar

5 157

1,2

7 313

1,2

7 727

1,1

Livssyn

81 124

18,8

89 758

14,4

97 260

14,3

I alt

431 287

100,0

622 042

100,0

680 211

100,0

1 Tabellen gjeld talet på tilskotsteljande medlemmer i trus- og livssynssamfunn.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Som det går fram av tabellen ovanfor, har det vore ein stor auke i talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja frå 2009 til 2021. Om lag 78 prosent av befolkninga er anten medlem av Den norske kyrkja eller teljande medlem i eit anna trus- eller livssynssamfunn. 12,6 prosent av befolkninga er teljande medlem i eit trus- eller livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Den delen av befolkninga som ikkje er medlem av noko samfunn, er aukande.

Buddhistiske, hinduistiske og muslimske trussamfunn har hatt størst prosentvis auke i perioden 2009–2021. Til saman utgjorde medlemmene i desse nær ein tredjedel av alle teljande medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja i 2021. Ein fjerdedel av alle medlemmer i samfunn utanom Den norske kyrkja høyrer til eit muslimsk trussamfunn. Meir enn 50 prosent av medlemmene i samfunn utanom Den norske kyrkja høyrer til blant kristne trussamfunn. Delen som høyrer til kristne samfunn, har halde seg stabil i perioden 2009–2021.

Dei organisasjonane som er etablerte som paraplyorganisasjonar for trus- og livssynssamfunna, har ei viktig oppgåve med å auke kunnskapen om dei ulike religionane og livssyna, både mellom samfunna og ut mot sivilsamfunnet. Eit særtrekk ved den norske trus- og livssynsdialogen er at han femner om både religiøse og sekulære livssyn. Paraplyorganisasjonane skaper dialog og samarbeid på tvers av livssyn og er viktige dialogpartnarar for offentlege styresmakter i ulike spørsmål. Dette blei tydeleg i handsaminga av pandemien.

Departementet gav i 2021 driftstilskot til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) og Norges Kristne Råd med i alt 8,8 mill. kroner. Muslimsk dialognettverk fekk 600 000 kroner i driftstilskot og er frå 2022 rekna som ein av paraplyorganisasjonane. Det samla tilskotet til dialogtiltak, som blir tildelt etter søknad, var på 3,9 mill. kroner i 2021, fordelt på 19 søkjarar. Fleire av søknadene omfatta fleire prosjekt og var eit samarbeid mellom ulike organisasjonar og trussamfunn. Dei fleste prosjekta handla om dialog og kunnskapsutvikling, men òg sosiale tiltak og undersøkingar fekk tilskot. I 2021 gjekk 1,5 mill. kroner av dialogmidlane til eit prøveprosjekt med ein livssynsmedarbeidar i kriminalomsorga, medan 600 000 kroner gjekk til eit kursopplegg for å styrkje kunnskapen om negativ sosial kontroll i trus- og livssynssamfunn, både internt i trussamfunna og i hjelpetenestene. Kursopplegget blei vidareført med 300 000 kroner i 2022, og det er føreslått vidareføring i 2023. I 2022 blei driftstilskotet til paraplyorganisasjonane auka, og det blei lyst ut 4,9 mill. kroner til dialogtiltak.

I tillegg til ordinært tilskot fekk paraplyorganisasjonane i desember 2020 eit tilskot på til saman 5 mill. kroner til digitale tiltak i samband med advent og jul som covid-19-tiltak. I januar 2022 blei det løyvd 78 mill. kroner til tiltak i regi av frivilligheita for barn, unge og sårbare grupper, og 9,5 mill. kroner av desse blei fordelte til trus- og livssynssamfunna. Det meste av tilskota blei fordelt vidare til lokale organisasjonar, og dei rapporterer om gjennomføring av ei stor breidd av arrangement på bakgrunn av løyvingane.

Kyrkjebygga

Kyrkjebygga har gjennom historia spelt ei viktig rolle som ramme om det kristne truslivet og dei kyrkjelege handlingane. Dei er kulturminne og kulturmiljø som synleggjer viktig norsk historie gjennom snart tusen år. Samstundes er så godt som alle soknekyrkjene framleis i vanleg bruk, som samlingsstad og som ein stad å ha gudsteneste for kyrkjelyden. Fleire stader har dei òg karakter av å vere eit kulturhus for lokalsamfunnet. For mange er kyrkja ein stad der ein kan søkje trøyst eller samhald etter store ulukker og andre kriser som rammar samfunnet eller den einskilde.

Av dei om lag 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja, er nær 1 000 freda eller peikte ut som kulturhistorisk viktige (såkalla listeførte kyrkjer). Forvaltinga av desse bygga må ta høgd både for kyrkjelege behov og interesser og for nasjonale og lokale kulturmiljøvernomsyn. Barne- og familiedepartementet og Klima- og miljødepartementet har saman gitt nærare reglar og rettleiing om forvalting av kulturmiljøverdiane i rundskriv Q-06/2020.

Det er kommunen som har det økonomiske ansvaret for drifta og vedlikehaldet av kyrkjebygga. Den daglege forvaltinga er det fellesorganet for sokna som har ansvaret for. Det er ei utfordring at mange av kyrkjene har eit stort etterslep i vedlikehaldet og ikkje er godt nok sikra mot brann. Dette gjeld òg for dei eldste kyrkjene, sjølv om den samla innsatsen for å ta vare på kyrkjebygga har vore stor i seinare år. Dei fleste kyrkjebygga er eigde av sokna i Den norske kyrkja. I tillegg er nokre i privat eige, der Fortidsminneforeininga eig ein del kyrkjer, og nokre er eigde av stiftingar og museum.

For å komme vedlikehaldsetterslepet i møte har staten gjennom mange år gitt kommunar tilskot til istandsetjingsprosjekt, i perioden 2005–2019 i fyrste rekkje gjennom rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg. Innsatsen har likevel ikkje vore stor nok til å dekkje inn eit aukande etterslep i vedlikehaldet og slik sikre den kulturhistoriske arven som desse bygga representerer. Staten tek derfor eit større ansvar for å sikre dei kyrkjene som har størst kulturminneverdi. Frå 2019 har det over budsjettet til BFD vore gitt tilskot til restaurering av kyrkjer av særleg kulturhistorisk verdi. Tilskota er forvalta av Riksantikvaren. I tillegg vil det, som ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak om deling av verdiane i Opplysningsvesenets fond, komme bevaringsprogram og -strategiar for ein forsterka statleg innsats på dette området.

Departementet har med bakgrunn i dette sett dette målet for kyrkjebygga:

  • Kulturhistorisk viktige kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand.

Dei årlege investeringsutgiftene i kyrkjebygga har lenge lege på rundt 600–700 mill. kroner, men har auka noko dei to siste åra. I 2021 var investeringane på 776 mill. kroner, mot 726 mill. kroner i 2020. Auken kan ha samanheng med auka statleg satsing på kyrkjevedlikehald, som også krev kommunal eigendel, sjå omtale under kap. 882, post 61. I 2020 og 2021 har det ikkje vore noka ny investeringsramme i rentekompensasjonsordninga. I 2021 blei det utbetalt rentekompensasjon på 9,6 mill. kroner.

Dei fire siste åra har innsatsen med å ta hand om dei kulturhistorisk viktige kyrkjene blitt vesentleg styrkt gjennom tilskotsordninga på budsjettet til BFD. Dette er ei tilskotsordning som Riksantikvaren forvaltar i samarbeid med Den norske kyrkja. Midlane skal gå til brannsikring, klimasikring og istandsetjing av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, men ikkje til vanleg vedlikehald.

Til saman har det dei siste fire åra vore løyvd om lag 200 mill. kroner til bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Midlane er fordelte gjennom sju utlysingar av tilskot, der dei ulike utlysingane er innretta på noko ulik måte. Det er eit krav for tildeling at kommunen stiller med medfinansiering. Måten dette er innretta på, er nærare omtalt under kap. 882, post 61.

Det faglege utvalet av kyrkjer som har blitt inviterte til å søkje, er mellom anna basert på kyrkjekontrollane KA Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder utførte i 2017 og 2021. I tillegg er det gjort ytterlegare undersøkingar av tilstanden til eit utval kyrkjer, og det er gitt tilsegn om midlar til mellom anna føreprosjekt på murverk. Samla sett viser desse tilstandsvurderingane at det er mellomalderkyrkjene i stein som jamt over har dårlegast tilstand. Biletet er likevel ikkje eintydig, verken for grupper av kyrkjer eller einskilde kyrkjer. Dette viser både behovet for nærare tilstandsundersøkingar og at prioriteringa av kyrkjer i kommande bevaringsprogram og -strategiar må byggje på kunnskap om kyrkjene.

Riksantikvaren rapporterer om at løyvingane er det største einskildløftet for vern av nasjonalt verdifulle kulturminne vi har, og at tilskota fungerer som katalysator for både dei kyrkjelege fellesråda og kommunane til å løyve pengar til å komme i gang med naudsynte tiltak. For 2023 gjer departementet eit framlegg om ein eittårig auke i løyvinga på 30 mill. kroner til sikring av verneverdige kyrkjer, sjå kap. 882, post 61.

I tråd med Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond og Stortingets vedtak i saka, jf. Innst. 209 S (2019–2020), skal staten auke innsatsen sin for å sikre dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga. Dette vil omfatte arbeid med steinkyrkjer frå mellomalderen fram mot 1 000-årsjubileet for slaget på Stiklestad, jf. Stortingets oppmodingsvedtak nr. 708 av 16. juni 2020 og Innst. 379 S (2019–2020). Riksantikvaren er i samarbeid med Den norske kyrkja gitt i oppdrag å utarbeide forslag til bevaringsprogram og -strategiar for korleis oppgjeret etter Opplysningsvesenets fond skal forvaltast. I den fyrste delrapporten frå Riksantikvaren handlar leveransen om kapasiteten i handverkarmarknaden og forvaltinga, overordna forslag til strategi og innhald i bevaringsprogramma. Leveransen konkluderer med at ein viktig del av oppdraget blir å byggje opp kapasitet og kompetanse på tradisjonshandverk i åra som kjem. I tillegg blir det viktig å komme i gang raskt med tilstandsundersøkingar. Ei samla tilråding frå Riksantikvaren til Barne- og familiedepartementet og Klima- og miljødepartementet vil vere klar desember 2022. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med ein nærare omtale av korleis ein etter tilrådinga ser for seg at bevaringsprogramma- og strategiane bør innrettast.

Gravplassane

Gravplassar og gravskikkar seier mykje om dei verdiane og den kulturen som historisk har prega landet, og om korleis samfunnet endrar seg over tid. Gravplassane er slik i ei særstilling som kulturmiljø fordi dei fortel historier om heile samfunn, slekter og einskildmenneske. Gravplassane frå mellomalderen har særskilt høg kulturmiljøverdi og er saman med samiske gravplassar frå år 1917 eller eldre automatisk freda.

I Noreg har vi i liten grad private gravplassar eller eigne gravplassar for ulike trusretningar. Norsk gravferdstradisjon har vore prega av kristen kulturhistorie med ei sterk nasjonal kyrkje, og etter kvart som det kom andre trusretningar til, blei det vanleg at òg medlemmer av desse blei gravlagde på dei offentlege gravplassane. Det at alle kan bli gravlagde på dei offentlege gravplassane, uavhengig av tru eller livssyn, har blitt eit styrande og viktig prinsipp i gravplassforvaltinga. Regelverket og drifta på dei offentlege gravplassane skal femne ulike behov når det gjeld religion og livssyn.

Det er viktig at dei offentlege gravplassane blir haldne ved like og forvalta i samsvar med eigenarten deira. Det inneber mellom anna at dei etterlatne og innbyggjarane generelt skal vere godt nøgde med den offentlege tenesteytinga, og at gravplassane blir tekne vare på som kulturlandskap og kulturminne. Utvalde graver og gravfelt frå ulike tidsperiodar bør bevarast for å synleggjere utviklingstrekk og ulik praksis gjennom tidene. Vern bør likevel, så langt det lèt seg gjere, ikkje hindre bruk. Forvaltinga av gravplassane må derfor vere både brukarvennleg og framtidsretta, samstundes som ein tek omsyn til kulturminneverdiane.

Departementet har med bakgrunn i dette fastsett følgjande mål for forvaltinga av dei offentlege gravplassane:

  • Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i samsvar med sin eigenart.

Undersøkingar viser at gravplassane i det store og heile er godt stelte, og at dei etterlatne og innbyggjarane generelt er godt nøgde med den offentlege tenesteytinga på området. Det er Den norske kyrkja lokalt som etter lova har forvaltingsansvaret for gravplassane, om ikkje statsforvaltaren har fastsett at kommunen skal ha ansvaret. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå var det i 2021 12 kommunar som hadde teke over ansvaret for drifta/forvaltinga av gravplassane. Av desse har fem overteke forvaltingsansvaret fullt ut. I tillegg er det inngått lokale tenesteytingsavtalar med godt og vel ein tredjedel av kommunane.

Ansvaret som regional, statleg gravplasstyresmakt ligg til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. Her har ein bygd opp eit kompetansemiljø, som i tillegg til å handsame saker som regional gravplasstyresmakt skal rettleie lokale styresmakter og støtte departementet i arbeidet med kunnskapsinnhenting, statistikk og regelverksutvikling for gravplassektoren.

I Noreg har det frå gammalt av vore tradisjon for å velje kistegravlegging framfor kremasjon, men delen som vel kremasjon, har auka gradvis og hadde i 2021 passert 46 prosent. Den høgaste delen finn vi ofte i eller nær dei store byane. I Bærum kommune var delen av kremerte av alle avlidne i kommunen på 86 prosent i 2021, ein auke på 2 prosentpoeng frå 2020.

Urnenedsetjing er den vanlegaste gravleggingsforma etter kremasjon. Statsforvaltarane, som har ansvar for å godkjenne søknader om oskespreiing, melder likevel om ei aukande interesse for denne forma for gravlegging. Auken i talet på utleverte urner til oskespreiing stadfestar denne tilbakemeldinga. Sidan reglane for oskespreiing blei mjuka opp i 2012, har talet på urner utleverte til oskespreiing meir enn tredobla seg. Dei to siste åra har talet lege stabilt på rett under 870 urner. Dette svarer til i underkant av 5 prosent av alle kremerte. Arbeid med å sjå nærare på reglane for oskespreiing er starta opp.

Frå 2021 er det igjen opna for bruk av urnevegg som gravferdsform. Ein slik urnevegg er etablert i Notodden.

Gravplassane blir finansierte gjennom kommunale løyvingar og ved brukarbetaling. I 2021 hadde fellesråda 996 mill. kroner i driftsutgifter til gravplassforvaltinga, mot 906 mill. kroner i 2020. Investeringsutgiftene var på 262 mill. kroner, mot 363 mill. kroner i 2020. Investeringsutgiftene går mellom anna til utbetring og utviding av gravplassar. I tillegg kjem utgifter til gravplassforvalting i dei 12 kommunane som har teke over drifts- og/eller forvaltingsansvaret. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå var dei samla utgiftene til drift av gravplassane på 1 277 mill. kroner i 2021, mot 1 165 mill. kroner i 2020. Fordelt på talet på gravleggingar utgjer dette i snitt 30 392 kroner i driftsutgifter per gravlegging. Nær 40 prosent av utgiftene i 2021 blei finansierte gjennom betaling frå brukarane (mellom anna i form av festeavgift). Dette er ein nedgang på 2 prosentpoeng frå 2020, men om lag på same nivå som i 2018 og 2019.

I 2021 har det vore arbeidd med å digitalisere prosessen rundt livshendinga dødsfall og arv. Eit av måla er at vala etterlatne må gjere i samband med gravlegginga, kan skje digitalt og ikkje som i dag ved å fylle ut eit skjema på papir. I tillegg til arbeidet med å utvikle den digitale tenesta er det behov for regelendringar som klargjer for å ta ho i bruk. Eit høyringsnotat med forslag til regelendringar om mellom anna handsamingsgrunnlag og deling av data er sendt på høyring med frist 1. oktober 2022. Høyringsnotatet tek også opp nokre mindre endringar i regelverket.

1. juli 2022 tok endringar i gravplasslova til å gjelde, jf. Innst. 347 L (2021–2022) og Prop. 65 L (2021–2022). Endringane sørgjer for at offentlegrettslege reglar om teie- og arkivplikt framleis gjeld for dei kyrkjelege fellesråda i rolla som gravplasstyresmakt. I tillegg blei ei føresegn om unntak frå kravet i den no oppheva kyrkjelova om medlemskap i Den norske kyrkja for tilsette som arbeider med gravplassar, oppheva. Endeleg blei det gitt ein heimel for departementet til å gi løyve til forsøk som krev avvik frå lova. Talet på dødsfall er venta å auke dei neste tiåra. Saman med ein stigande kremasjonsprosent gir dette behov for å investere i krematoriekapasitet framover. Lovendringa gjer det mogleg å prøve ut ny teknologi i Noreg på dette området. Terskelen for å gi løyve til forsøk vil vere høg.

Noreg i tusen år – nasjonaljubileet 2030

Slaget på Stiklestad der kong Olav 2. Haraldsson fall, gjer 1030 til eit viktig merkeår i norsk historie, både religiøst, kulturelt og politisk. Helgenkulturen rundt Heilag-Olav som i ettertid vaks fram, er eit sentralt fenomen i norsk trusliv og historie i hundreåra etter. Både kyrkja og kongedømet henta i ein formativ fase kraft og legitimitet frå Olavsarven. Helgenkongen si grav vart eitt av dei viktige pilgrimsmåla i vår verdsdel og kulten spreidde seg i heile det området vi i dag kallar Nord-Europa. Kyrkjeorganisasjonen og klosterrøyrsla som vaks fram i kjølvatnet av kristninga, vart òg viktige bindeledd mellom det heimlege samfunnet og det internasjonale. Då den moderne nasjonsbygginga tok til på 1800-talet, fekk både Olavskulten, det norske kongedømet før unionsperioden som starta i 1319 og den norske mellomalderkyrkja ny aktualitet. 1 000-årsmarkeringa av Slaget på Stiklestad er derfor eit godt høve til å reflektere over og diskutere både det samfunnet som Stiklestad-slaget fann stad i, og dei omfattande samfunnsendringane som kom etter – og som til dels er med oss enno.

Regjeringa ønskjer at 1 000-årsjubileet for slaget på Stiklestad blir ei nasjonal markering, der Stiklestad Nasjonale Kultursenter (SNK) skal vere navet i jubileet. Regjeringa vil setje ned ein nasjonal komite for Nasjonaljubileet 2030. Stiklestad Nasjonale Kultursenter skal vere sekretariat for komiteen. SNK har i fleire år arbeidd fram mot 1000-årsmarkeringa. Midlar gitt til dette er førte over frå Kultur- og likestillingsdepartementet til Barne- og familiedepartementet frå 2023, sjå omtale under kap. 881, ny post 77 Nasjonaljubileet 2030. Det er eit mål å bidra til at 1000-årsmarkeringar knytt til dei historiske hendingane i tiåret før 1030 skal skape engasjement og debatt i åra fram mot 2030, og allmenn interesse for norsk historie og kulturarv.

Regjeringa arbeider óg med ein plan for å setje i stand steinkyrkjer frå mellomalderen fram mot tusenårsmarkeringa, jf. omtale om innsats under Kyrkjebygga over.

Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond er ein formuemasse som blir forvalta av eit særskilt forvaltingsorgan under departementet. Stortinget vedtok i 2020 at verdiane i fondet skulle delast mellom Den norske kyrkja og staten. 1. januar 2023 blir staten eigar av fondet, det vil seie alle eigedelar i fondet som ikkje skal overførast til Den norske kyrkja. Måla og strategiane som gjeld for forvaltinga, er omtalte nedanfor, etter postomtalane, i samband med ein breiare omtale av fondet og årsresultatet for 2021. Oppfølginga av Meld. St. 29 (2018–2019), Innst. 209 S (2019–2020) og ny lov om Opplysningsvesenets fond, Prop. 144 L (2020–2021), er òg omtalt der.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

880

Den norske kyrkja

2 365 123

2 434 616

2 506 265

2,9

881

Tilskot til trussamfunn m.m.

877 251

967 749

1 038 539

7,3

882

Kyrkjebygg og gravplassar

65 202

74 027

181 154

144,7

Sum kategori 11.50

3 307 576

3 476 392

3 725 958

7,2

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

8 086

9 024

8 632

-4,3

50–89

Overføringar til andre

3 299 490

3 467 368

3 718 726

7,2

Sum kategori 11.50

3 307 576

3 476 392

3 727 358

7,2

Kap. 880 Den norske kyrkja

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Rammetilskot til Den norske kyrkja

2 257 153

2 323 839

2 393 344

71

Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

107 970

110 777

112 921

Sum kap. 880

2 365 123

2 434 616

2 506 265

Post 70 Rammetilskot til Den norske kyrkja

Frå posten blir det løyvd eit rammetilskot til Den norske kyrkja. Tilskotet skal dekkje driftsutgiftene og femner i hovudsak prestetenesta og dei regionale og nasjonale organa til kyrkja. I tillegg skal tilskotet gå til mellom anna trusopplæringa og diakonien i kyrkjelydane. Det er Kyrkjemøtet som rår over tilskotet og gjer vedtak om korleis det skal nyttast. Tilskotet kan ikkje nyttast til å avlaste kommunane for dei utgiftene dei er pålagde etter trussamfunnslova § 14. Sjå òg omtale av mål, målgruppe, kriteria for måloppnåing og rapportering for tilskotet under Resultatrapport og strategiar.

I framlegget er det, som tidlegare år, innarbeidd midlar til pensjonspremie.

Departementet føreslår ei løyving på om lag 2,39 mrd. kroner i 2023.

Post 71 Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

Frå denne posten blir det gitt tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet. Målet for tilskotet er å leggje til rette for at Sjømannskyrkja kan vareta den kyrkjelege beteninga av nordmenn i utlandet i samsvar med særpreget til organisasjonen som åndeleg, sosial og kulturell samlingsstad. Sjømannskyrkja gjennomfører kyrkjelege handlingar i tråd med liturgien i Den norske kyrkja. Den diakonale tenesta utgjer ein viktig del av arbeidet. Sjømannskyrkja har eit nært samarbeid med Utanriksdepartementet om å yte bistand til nordmenn i utlandet. Kriterium for måloppnåing er at tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskot blir gitt etter søknad.

I tillegg til statstilskotet verksemda får, blir ho finansiert gjennom gåver frå private og tilskot frå mellom anna oljeselskap og reiarlagsnæringa. Resultatrekneskapen for Sjømannskyrkja (konsernrekneskapen), som inkluderer alle personalutgifter, viste i 2021 samla utgifter på 194,8 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 112,9 mill. kroner i 2023.

Kap. 881 Tilskot til trussamfunn m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Spesielle driftsutgifter

8 086

9 024

8 632

70

Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

853 132

942 949

1 008 533

75

Tilskot til private forsamlingslokale

2 157

77

Nasjonaljubileet 2030

5 150

78

Ymse faste tiltak

13 876

15 776

16 224

Sum kap. 881

877 251

967 749

1 038 539

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten skal dekkje utgifter til forsking og utviklingstiltak på trus- og livssynsområdet og innanfor feltet gravplassar, kremasjon og gravferd. Posten skal vidare dekkje kontingentar og utgifter som følgje av avtalar som departementet har forplikta seg til innanfor programkategorien. Frå posten går det eit beløp til oppgåvene som Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har innanfor gravplassforvaltinga. Posten kan òg bli nytta til andre tiltak innanfor programkategori 11.50.

For å overføre midlar til produksjon av offisiell statistikk til produserande etatar føreslår BFD å redusere løvinga med 630 000 kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 8,6 mill. kroner i 2023.

Post 70 Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er heimla i lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova). Trus- og livssynssamfunna får eit tilskot frå staten som svarer om lag til det staten og kommunane gir i tilskot til Den norske kyrkja, rekna per medlem, jf. trussamfunnslova § 5.

Løyvinga på posten følgjer av fire faktorar: utgifter til Den norske kyrkja over statsbudsjettet, utgiftene kommunane har til Den norske kyrkja, talet på medlemmer i Den norske kyrkja og talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunna utanom Den norske kyrkja. I kapittel 3 i trussamfunnsforskrifta er det forklart korleis tilskota blir rekna ut. Hovudelementa i ordninga er òg omtalte i Prop. 1 S (2021–2022).

Departementet føreslår ei løyving på til saman 1,01 mrd. kroner i 2023.

Post 77 Nasjonaljubileet 2030 (ny)

Då Stortinget behandla Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022), jf. Innst. 14 S (2021–2022), blei det løyvd 2 mill. kroner på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett til Stiklestad Nasjonale Kultursenter til å løyse sekretariatsoppgåver i samband med museet sitt arbeid med 1 000-årsjubileet for slaget på Stiklestad. Det blei i tillegg løyvd 3 mill. kroner til jubileumstiltak med relevans for arbeidet fram mot 2030.

Frå 2023 blir det lagt opp til at BFD tek over løyvingane til føremålet. Det blir med bakgrunn i dette føreslått å overføre 5,15 mill. kroner frå kap. 328, post 70 og 78 under Kultur- og likestillingsdepartementet til denne posten.

Av løyvinga føreslår departementet 3 mill. kroner løyvd i tilskot til jubileumstiltak, fordelt med 1,75 mill. kroner til «Tore Hunds rike», 1 mill. kroner til «Moster 2024» og 250 000 kroner til «Valdres i 1000 år». I tillegg kjem tilskotet til sekretariatsoppgåver til Stiklestad Nasjonale Kultursenter. Målet med desse tilskota er å bidra til at 1000-årsmarkeringar skal skape engasjement, debatt og interesse for norsk historie og kulturarv i åra fram mot 2030. Kriterium for måloppnåing for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor, er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene.

Departementet føreslår ei løyving på 5,2 mill. kroner i 2023.

Post 78 Ymse faste tiltak

Posten skal mellom anna dekkje driftstilskot til dialog- og paraplyorganisasjonar på trus- og livssynsfeltet og dialogmidlar. Målet med driftstilskotet er særleg å styrkje aktivitetane desse organisasjonane har som brubyggjarar mellom ulike trus- og livssynssamfunn og som kontaktledd til det offentlege. Det er òg eit mål å styrkje aktivitetane retta inn mot sivilsamfunnet for å auke kunnskapen om dei ulike trus- og livssynssamfunna. Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, Norges Kristne Råd og Muslimsk dialognettverk vil få driftstilskot frå posten. Til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn er det sett av 5,6 mill. kroner, til Norges Kristne Råd er det sett av 4,3 mill. kroner, og til Muslimsk dialognettverk er det sett av 1,5 mill. kroner i driftstilskot.

Paraplyorganisasjonane må oppfylle kravet om å vere brubyggjarar mellom trussamfunn og ha god kontakt med organisasjonane dei representerer. Dei må søkje kvart år og sende inn årsrapport og revidert rekneskap. Rapporten frå førre året må vise at tilskotet blei brukt etter føremålet. Dei blir òg inviterte til ein samtale med departementet minst ein gong kvart år.

Det er lagt opp til å føre vidare kurstilbodet Å være religiøs leder i det norske samfunn ved Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Kurset er retta mot religiøse leiarar i Noreg med utanlandsk bakgrunn. Føremålet er at det skal gi religiøse leiarar i Noreg med utanlandsk bakgrunn kunnskap om rettane og pliktene til trus- og livssynssamfunna, om tilhøvet mellom religion og samfunn i Noreg, om verdiar og dialog mellom trus- og livssynssamfunn, om religiøst leiarskap og om den rolla religiøse leiarar har når dei gir råd til einskilde personar.

Det er òg sett av tilskotsmidlar til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) for å leggje til rette for dialog mellom trus- og livssynssamfunn, LHBT+-organisasjonar og organisasjonar for skeive religiøse om utfordringar som skeive opplever i trus- og livssynssamfunn. STL skal òg arbeide med negativ sosial kontroll i trus- og livssynssamfunn.

Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at kriterium for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene.

Under posten er det sett av midlar til tilskotsordninga til dialogføremål, offentleg debatt og kunnskapsutvikling på trus- og livssynsfeltet. Ordninga blei regulert i forskrift frå 2022. Det blir gitt tilskot på mellom 50 000 og 400 000 kroner per prosjekt. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 115 S (2021–2022).

Departementet føreslår ei løyving på 16,2 mill. kroner i 2023.

Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

60

Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast

9 588

41 111

118 744

61

Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast

42 894

19 822

48 945

70

Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

12 720

13 094

13 465

Sum kap. 882

65 202

74 027

181 154

Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast

Rentekompensasjonsordninga for istandsetjing av kyrkjebygg skal stimulere til sikring av kyrkjebygga og av utsmykkinga og inventaret i kyrkjene. Ordninga gjeld alle kyrkjebygga i Den norske kyrkja.

Løyvinga på posten skal dekkje beløp tilsvarande renteutgiftene for dei investeringskostnadene som det er gitt tilsegn om kompensasjon for i perioden 2005–2019. Det er ikkje føreslått noka ny investeringsramme i 2023. Husbanken forvaltar rentekompensasjonsordninga. Utrekningsgrunnlaget for rentekompensasjonen er kostnadene til prosjektet, som Husbanken godkjenner ved søknad om utbetaling. Hovudelementa i ordninga er omtalte i Prop. 1 S (2021–2022).

Ut frå oppdaterte overslag for rentenivået i ordninga føreslår departementet ei løyving på 118,7 mill. kroner i 2023.

Post 61 Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast

Løyvinga på posten skal nyttast til brannsikringstiltak, klimasikring og istandsetjing av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, ikkje til vanleg vedlikehald. Det er dei kulturhistorisk viktigaste kyrkjene med det mest presserande sikringsbehovet som skal ha prioritet ved tildeling av midlar. Dei faglege vurderingane som må gjerast for prioritering og utpeiking av tiltak, ligg til Riksantikvaren i dialog med kyrkjelege instansar. Tilskotsordninga er også open for kyrkjebygg i privat eige. Det er ein føresetnad for tildeling av tilskot at kyrkjeeigarane eller kommunen på vegner av kyrkjeeigaren er med på å finansiere tiltaka.

Departementet føreslår ei løyving på 50,3 mill. kroner i 2023 til arbeidet med å sikre og setje i stand dei kulturhistorisk viktige kyrkjene fram til eit program basert på verdiane staten tek over etter delinga av Opplysningsvesenets fond, blir sett i verk. Dette er ein eittårig auke på 30 mill. kroner frå 2022. Innsatsen skal forvaltast gjennom ei tilskotsordning forvalta av Riksantikvaren i samarbeid med kyrkjelege instansar. Hovudelementa i ordninga er omtalte i Prop. 1 S (2021–2022).

For å dekkje meirutgiftene Riksantikvaren får til forvaltinga av ordninga, føreslår departementet at 1,4 mill. kroner av satsinga på 30 mill. kroner blir løyvd over driftsposten til Riksantikvaren (kap. 1429, post 01).

Departementet føreslår ei samla løyving på 48,9 mill. kroner på posten i 2023.

Post 70 Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til KA Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder frå posten i 2023 òg. Midlane skal gå til oppgåvene KA har på kyrkjebyggfeltet, og til rådgiving og særlege prosjekt innanfor gravplassforvaltinga. Målet med tilskotet er at KA skal halde fram med arbeidet med å dokumentere tilstanden til kyrkjebygga, drifte kyrkjebyggdatabasen, sørgje for kurs og rettleiingsmateriell innanfor brann- og innbrotsførebyggjande tiltak, energibruk og andre miljøtiltak. Mellom anna kan det vere aktuelt å gi tilskot til bygningstekniske undersøkingar av einskilde kyrkjebygg.

Departementet føreslår òg å delfinansiere ei undervisingsstilling ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Målet for tilskotet er at landskapsarkitektstudentar skal få undervising i særlege krav som er knytte til gravplassar og utforminga av desse.

Felles for dei to namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at kriterium for måloppnåing er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskot blir utmålt på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 13,5 mill. kroner i 2023.

Opplysningsvesenets fond

Innleiing

Opplysningsvesenets fond har sitt opphav i eigedommar som frå eldre tid låg til det einskilde presteembetet til underhald av presten. I Grunnlova § 116 er desse eigedommane – det benefiserte godset til presteskapet – gitt eit særleg vern, mellom anna ved at kjøpesummar og inntekter berre skal nyttast til gagn for presteskapet og til å fremje opplysinga.

Eigedommane fordeler seg på prestebustader, jord- og skogeigedommar, festetomter og kontoreigedommar. Det samla arealet for grunnen til fondet er om lag 902 000 dekar, i tillegg eig dei i overkant av 400 000 dekar saman med andre grunneigarar. Fondet har om lag 1 240 bygningar med eit samla bygningsareal på 214 250 m2. Det er 276 freda bygningar. I underkant av 290 av bygningane er bispe- eller prestebustader. Talet på festekontraktar i fondet sitt eige er om lag 6 100, og inntektene frå dette var i 2021 133 mill. kroner. Til fondet høyrer ein finanskapital på vel 3 mrd. kroner, som i hovudsak er plasserte i verdipapir. Gjennom dotterselskap har fondet eigardelar i småkraftverk og i selskap som skal utvikle eigedommar til bustad- og næringsføremål.

Lovverket set rammer for korleis midlane i fondet kan brukast. Den årlege direkteavkastinga frå eigedommane og finanskapitalen skal dekkje utgiftene til fondet og elles leggjast til grunnkapitalen eller disposisjonsfondet eller bli gitt til kyrkjelege føremål. I tillegg kan fondet overføre eigedelar til Den norske kyrkja og sokna, og overskotet i fondet kan nyttast til å setje i stand kulturhistorisk viktige kyrkjer. Grunnkapitalen er verna etter Grunnlova § 116 og kan ikkje brukast opp.

Opplysningsvesenets fond er eit sjølvstendig rettssubjekt som er eigar av eigedommane og finanskapitalen. Fondet blir forvalta av Kongen. Kongens mynde er delegert til departementet. Den daglege forvaltinga av fondet er lagd til eit forvaltingsorgan med om lag 60 tilsette og eit eige styre som departementet peiker ut. Forvaltinga av fondet skal skje på forretningsmessige vilkår, vere etisk forsvarleg og gi best mogleg avkasting med moderat risiko.

Deling av verdiane i Opplysningsvesenets fond

Spørsmålet om eigedomsretten til Opplysningsvesenets fond har vore omdiskutert sidan 1800-talet. Frå kyrkjeleg hald har det vore hevda at fondet høyrer til Den norske kyrkja, medan andre har meint at staten har eigedomsretten. Departementet meinte spørsmålet burde leggjast fram for Stortinget til avgjerd, og Stortinget vedtok i 2020 at Opplysningsvesenets fond skulle delast mellom Den norske kyrkja og staten, jf. Meld. St. 29 (2018–2019) og Innst. 209 S (2019–2020). For å ha rettslege grunnlag for delinga fremja departementet ny lov om Opplysningsvesenets fond, jf. Prop. 144 L (2020–2021), og Stortinget gjorde vedtak i saka, jf. Innst. 623 L (2020–2021).

Vilkåra for delinga er at eigedommar i fondet som har ein særskild verdi for Den norske kyrkja i form av bruk, plassering eller kultur- eller kyrkjehistorie, til dømes mange av prestebustadene, skal overførast til kyrkja, medan staten blir eigar av resten av fondet. Kyrkja skal ikkje få tilført verdiar som blir ein gevinst for den allmenne verksemda til kyrkja.

Stortinget la til grunn at Den norske kyrkja og staten blei samde om kva eigedommar som etter vilkåra skal overførast, og partane skulle vere likeverdige i dette arbeidet, jf. Innst. 209 S (2019–2020). Det er no bestemt at 158 prestebustader skal overførast til Den norske kyrkja. Dette er i hovudsak rekrutteringsbustader der tilbod om bustad er ein innsatsfaktor i rekrutteringa. Ein har vidare lagt til grunn at det er bustaden som har kyrkjeleg verdi, og dersom bustaden er del av ein landbrukseigedom, må han skiljast ut som bustadeigedom. Dersom ikkje lokale styresmakter tillèt at bustaden blir skild frå landbrukseigedommen, blir staten eigar. Dersom så blir tilfelle og eigedommen ligg i eit område med rekrutteringsutfordringar for prest, må Opplysningsvesenets fond gi tilskot til Den norske kyrkja slik at ho på eiga hand kan skaffe annan tenestebustad i området (jf. Prop. 144 L (2020–2021)). Vidare skal det overførast seks nyare bispebustader (jf. Prop. 1 S (2021–2022)) og to eldre bispebustader som oppfyller vilkåra for overføring, og som partane er samde om bør overførast.

Vilkår for at staten blir eigar av fondet

Vilkåret for at staten blir eigar av dei verdiane som ikkje blir overførte til kyrkja, er at staten aukar innsatsen for å bevare dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga i eit omfang som svarer til verdien av dei eigedelane i fondet som staten blir eigar av, jf. Innst. 209 S (2019–2020) og omtalen av oppmodingsvedtak under kap. 3 i del I.

I samband med oppstarten av arbeidet med delinga gav departementet i 2020 konsulent- og revisjonsselskapet BDO i oppdrag å gjennomføre ei uavhengig vurdering av verdiane i fondet per 1. januar 2020. BDO meinte at salsverdien av fondet var på mellom 9,4 mrd. kroner og 12,1 mrd. kroner avhengig av salsstrategi, men salsverdien er usikker. Etter at eigedommane er fordelte og tilskot til mellom anna dekking av vedlikehaldsetterslep er trekte frå, vil departementet berekne den reelle verdien (salsverdien) av delen av fondet som staten blir eigar av 1. januar 2023. Til grunn for arbeidet skal tal frå rekneskapen for 2022 nyttast. Det er denne verdien staten er forplikta til å over tid å øyremerkje til istandsetjing av kulturhistorisk viktige kyrkjer, mellom anna steinkyrkjer frå mellomalderen.

Departementet greier ut korleis staten skal følgje opp føresetnaden om at staten skal auke den statlege innsatsen for å setje i stand dei nær 1 000 kulturhistorisk viktige kyrkjene i landet, og har mellom anna bede Riksantikvaren i samarbeid med Den norske kyrkja om innspel til strategiar for bevaringsarbeidet. Dette vil òg omfatte arbeidet med å sikre steinkyrkjer frå mellomalderen, jf. Stortingets oppmodingsvedtak nr. 708 av 16. juni 2020 og Innst. 379 S (2019–2020), og korleis staten skal setje av midlar til føremålet.

Fondet sitt bidrag til Den norske kyrkja fell bort

Frå fondet har det vore løyvd eit årleg tilskot på noko over 42 mill. kroner til Kyrkjemøtet til felleskyrkjelege tiltak og om lag 2,5 mill. kroner til kommunar som held tenestebustad for prest. Fondet sitt årlege bidrag til Den norske kyrkja kjem i tillegg til løyvingane til Den norske kyrkja over statsbudsjettet og kommunebudsjetta. Dette tilskotet vil i hovudsak falle bort når fondet blir statleg 1. januar 2023. Unntaket er at fondet framleis, på visse vilkår, skal dekkje delar av husleiga dersom ein prest har burett i ein prestebustad som ikkje blir overført til kyrkja (jf. lov om Opplysningsvesenets fond § 6 fyrste ledd). Det same gjeld utgiftene som staten skal refundere kommunane etter lov om tros- og livssynssamfunn § 23 fjerde ledd, jf. lov om Opplysningsvesenets fond § 6 andre ledd. Frå og med 2023 skal Opplysningsvesenets fond ikkje gi nye lån til kyrkjelege føremål.

Utfordringar for fondet og forvaltingsstrategiar

Departementet har dette målet for Opplysningsvesenets fond i 2023:

  • Eigedelane i Opplysningsvesenets fond skal forvaltast effektivt og gi best mogleg avkasting, jf. Prop. 144 L (2020–2021) og. Innst. 623 L (2020–2021).

Fondet skal forvaltast effektivt i samsvar med Hovedinstruks for forvaltning av Opplysningsvesenets fond. Der heiter det mellom anna: «Fondets to strategiske referanseindekser er risikofri rente og risikofri rente tillagt tre prosentpoeng, målt som gjennomsnitt over fem år». Det heiter også: «Den samlede risikoen for de forretningsområdene som paragrafen omhandler, kan ikke overstige et moderat risikonivå.»

Dette gir stabilitet i forvaltinga og gjer arbeidet med delinga føreseieleg for partane. Departementet meiner likevel at det er viktig å heile tida gjere disposisjonar som kan auke verdien av eigedelane, auke den pårekna avkastinga og redusere forvaltingsutgiftene.

Det skal utarbeidast ein strategi for forvalting av eigedelane som kjem på staten si hand frå 2023. Arbeidet med deling av fondet er ei krevjande oppgåve både i omfang og kompleksitet. Eigedommar til overføring skal identifiserast og verdsetjast, og istandsetjingskostnader skal bereknast. Etter dette skal eigedommane overdragast til Den norske kyrkja eller sokna. Dette gjeld både prestebustader, kyrkjegrunn og gravplassar. Den norske kyrkja vil bli kompensert for vedlikehaldsetterslep og driftsutgifter for prestebustader ho skal overta. Arbeidet med delinga vil ta tid sjølv om tidspunktet for delinga og verdsetjinga av det som er att i fondet, er sett til 1. januar 2023. Mykje praktisk arbeid med delinga står att og vil neppe vere ferdig før nærare 2025.

Samstundes skal forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond handtere alle dei løpande oppgåvene. Kontrakts- og kapitalforvaltinga, skog- og jordbruksforvaltinga, drifta av kontoreigedommar til kyrkjeleg bruk m.m. skal drivast effektivt.

Feste- og finansinntektene er dei største inntektskjeldene for fondet. Festeinntektene er i hovudsak stabile, medan finansinntektene kan svinge mykje frå år til år. Ein har derfor arbeidd med verdiskaping og betre utnytting av verdiane som fondet har i eigedommane, for å få sikrare og meir stabile inntekter. For å auke verdiane har ein mellom anna teke initiativ til å regulere om tomter og til å vere med i utbyggingsprosjekt til mellom anna bustad-, nærings- og småkraftføremål.

Delar av eigedelane til fondet er overførte til heil- og deleigde selskap under fondet, organiserte etter forretningsområde, mellom anna småkraft, som på forretningsmessige vilkår utviklar kommersielle satsingar. Forretningsområda er i ulik grad eksponerte for risiko av strategisk, operasjonell og finansiell art. Totalt er det investert nær 1 mrd. kroner i forretningsområdet småkraft. Investeringane er finansierte dels ved tilførsel av eigenkapital frå Opplysningsvesenets fond, dels ved lån frå fondet og dels ved ekstern finansiering.

Rapport 2021

Fondet hadde i 2021 eit årsresultat på 291,7 mill. kroner, medan resultatet i 2020 var på 167,0 mill. kroner. Det gode resultatet kjem i hovudsak av høgare driftsinntekter, høgare gevinst frå eigedomssal og vesentleg høgare finansresultat.

Eigedom

Ifølgje årsrapporten frå Opplysningsvesenets fond var gevinsten ved sal av eigedom netto på 180,4 mill. kroner i 2021 mot 129,7 mill. kroner i 2020.

Driftsresultatet, når inntekter frå sal av eigedom ikkje blir rekna med, var negativt med 69,9 mill. kroner i 2021. I resultatet er det medrekna eit samla finansielt tilskot til kyrkjelege føremål på om lag 44 mill. kroner. Til samanlikning var dette driftsresultatet negativt med 55 mill. kroner og tilskotet til kyrkjelege føremål på 46 mill. kroner i 2020.

Driftsinntektene frå tomtefeste var på 130,8 mill. kroner i 2021. Det blei i 2021 selt festetomter for netto 68,0 mill. kroner. Tilsvarande salssum i 2020 var på 66,7 mill. kroner.

I 2021 brukte fondet 87 mill. kroner (brutto før husleigeinntekter) på drift og vedlikehald av eigedommar, noko som er 10 mill. kroner meir enn i 2020. I 2021 blei det selt 19 prestebustader.

Finansforvaltinga

Netto finansresultat var på 181,2 mill. kroner i 2021, mot 92,7 mill. kroner i 2020.

Finansporteføljen er strukturert for å redusere svingingsrisiko. Kapitalen er for det meste plassert i ein kjerneportefølje som femner om ulike verdipapirfond, med ein marknadsverdi på om lag 3,1 mrd. kroner ved siste årsskiftet. I tillegg kjem ein føremålsportefølje på til saman 45 mill. kroner. Ved siste årsskiftet var det til saman 319 mill. kroner i form av driftslikviditet og utlån til kyrkjelege føremål. Kjerneporteføljen hadde ei samla marknadsavkasting i 2021 på 9,1 prosent, noko som er 0,9 prosent betre enn referanseindeksen. Departementet har fastsett eit avkastingskrav på finanskapitalen på 3 prosent over risikofri rente. Fondet har ein kursreserve. Denne skal nyttast til å dekkje tap på verdipapir. Per utgangen av april hadde fondet ein kursreserve på 433 mill. kroner, medan han ved utgangen av 2021 var på 600 mill. kroner. Reserven var på 522 mill. kroner ved utgangen av 2020.

Forvaltingsutgiftene

Utgiftene til forvaltinga av fondet var til saman 115,7 mill. kroner i 2021. Desse kostnadene omfatta forvaltingsorganet sine utgifter på 93,8 mill. kroner, betalinga til eksterne tenesteleverandørar på 8,9 mill. kroner og kostnader til finansforvaltarar på 13 mill. kroner. Til samanlikning var desse utgiftene på 110 mill. kroner i 2020. Auken kjem i hovudsak av utgifter til arbeidet med overføring av eigedommar til Den norske kyrkja.

Resultatrekneskapen – disponering av årsresultatet

Tabell 4.9 Resultatrekneskapen for Opplysningsvesenets fond 2020 og 2021

(i 1 000 kr)

2020

2021

Inntekter

Salsinntekt eigedom

129 721

180 449

Driftsinntekt

211 487

221 705

Anna driftsinntekt

7 581

9 315

Sum inntekter

348 789

411 569

Utgifter

Av- og nedskriving varige driftsmidlar

-22 084

-21 703

Refusjon forvaltingsorganet

-93 170

-93 833

Annan driftskostnad (inkl. varekostnad)

-113 060

-140 927

Sum utgifter

-228 314

-256 462

Tilskot kyrkjelege føremål

-46 118

-44 490

Driftsresultat, inkl. sal av eigedommar

74 357

110 517

Finansrekneskap

Renteinntekter, aksjeutbytte og inntekt på investering

42 092

50 957

Gevinst og tap verdipapir

60 397

121 677

Nedskriving av andre finansielle omløpsmidlar

-414

8 170

Annan finanskostnad

-9 418

392

Netto finansinntekter

92 657

181 196

Årsresultat

167 013

297 711

Disponering av årsresultatet:

Avsetjing av netto salsinntekter til kapitalfondet

124 2801

173 2131

Til/frå disposisjonsfond

42 733

118 499

Sum disponert

167 013

291 711

1 Netto gevinst ved sal av eigedom, der varekostnad og bokført verdi er trekte ut

Netto inntekter ved sal av eigedom er etter § 3 i lov om Opplysningsvesenets fond lagde til kapitalfondet. Kapitalfondet var per 31. desember 2021 på 3,832 mrd. kroner. Kapitalfondet er bunden eigenkapital (grunnkapital). Disposisjonsfondet, som er den frie eigenkapitalen, var ved inngangen til 2022 på 345 mill. kroner.

Opplysningsvesenets fond har ein konsernstruktur, med dotterselskap innanfor eigedom og felleskontrollert verksemd innanfor småkraft. For Opplysningsvesenets fond, medrekna dotterselskapa, var driftsinntektene på 507,9 mill. kroner i 2021. Driftsresultatet, utanom gevinstar ved sal av eigedom, var negativt med 73,3 mill. kroner. Årsresultatet for 2021 (resultat etter skatt) for heile verksemda (konsernet) var på 279 mill. kroner, mot 80,5 mill. kroner i 2020 og 170,2 mill. kroner i 2019. Dotterselskapa og dei felleskontrollerte selskapa (fondet sin eigardel) hadde i 2021 eit samla negativt resultat etter finanskostnader på om lag 14 mill. kroner.

Fondet har ein trekkfasilitet i kredittinstitusjon som er utnytta med 161,7 mill. kroner per 31. desember 2021. Fondet sin tilførsel av eigenkapital og lån til dotterselskap og tilhøyrande selskap innanfor eigedom og småkraft var ved årsskiftet 2021–2022 på 1,3 mrd. kroner. Av desse var 1 mrd. kroner gitt som eigenkapital og 297,7 mill. kroner som lån, noko som er på same nivå som for 2020. Fondet har stilt garantiar til dotterselskap i konsernet på 10 mill. kroner.

Verdiane i fondet (konsern) i form av bokført eigenkapital har auka med om lag 280 mill. kroner frå 2020 til 2021. Vurdering etter noverdimetoden (ikkje bokførte storleikar) viser ein auke i verdiar i den same perioden på vel 175 mill. kroner.

Den samla gjelda i dotterselskapa var på 457,4 mill. kroner ved siste årsskiftet. Frå 2020 til 2021 er den renteberande gjelda i kredittinstitusjonar auka med om lag 7,7 mill. kroner. I Clemens Kraft Holding AS, som er ei felleskontrollert verksemd, er det ei obligasjonsgjeld på 475 mill. kroner.

Det finansielle tilskotet til Den norske kyrkja var på 44,5 mill. kroner i 2021. I tillegg kjem fondet sine netto utgifter til eigne og kommunale prestebustader (medrekna forvaltingsutgiftene) på 46,1 mill. kroner og subsidieeffekten av utlån til kyrkjelege føremål på 1,5 mill. kroner. Det økonomiske bidraget frå fondet til Den norske kyrkja blir rekna med i grunnlaget for tilskot frå staten til andre trus- og livssynssamfunn.

Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond

Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond er ei nettobudsjettert verksemd. Sidan utgiftene heilt ut blir dekte av fondet, er det ikkje ført opp løyvingar til forvaltingsorganet i statsbudsjettet. Frå 2009 har det vore ein felles prosedyre for nettobudsjetterte verksemder om rapporteringa i statsbudsjettet av kontantbehaldninga for desse verksemdene per 31. desember. Standardtabellane med nøkkeltal for Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond er tekne inn i del III.

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Foreldrepengar kan ytast til mor og far til barnet ved fødsel og ved adopsjon av barn under 15 år. Rett til foreldrepengar blir tent opp gjennom yrkesaktivitet. Ordninga skal sikre familiar inntekt medan barna er heilt små, og når ein av foreldra er heime og har omsorg for barnet.

Foreldrepengar er ein viktig del av den norske velferdsmodellen. Ordninga gjer det mogleg for foreldre å yte omsorg i det fyrste leveåret til barnet og organisere familielivet innanfor trygge økonomiske rammer samstundes som ein kan halde på tilknytinga til arbeidslivet. Tilknytinga til arbeidslivet er viktig for økonomien til familiane, og ei varig høg arbeidsdeltaking er avgjerande for norsk økonomi og berekrafta i velferdsstaten.

I Hurdalsplattforma står det at foreldrepermisjonen skal vere raus. Han skal bidra til at familiar får dagen til å gå opp, og til at alle skal kunne kombinere arbeid og familieliv. Ei godt utforma foreldrepengeordning er utgangspunktet for gode løysingar i familiane. Familien skal ha høve til å byggje gode relasjonar og gi barnet ein trygg start på livet.

Ordninga er omfattande og har legitimitet blant brukarane og bidreg til å gjere tilhøva føreseielege for både arbeidstakarar og arbeidsgivarar når tilsette får barn. Ved å dele inn foreldrepengeperioden i kvotar som er reserverte for far og mor, sikrar ein at begge foreldre har sjølvstendig krav på sin del av permisjonen i lag med barnet.

Resultatrapport og strategiar

Foreldrepengar

Foreldrepengeordninga har vore delt opp i tre delar sidan juli 2018: 15 veker er øyremerkte mor, 15 veker er øyremerkte far, og ein del på 16 veker er felles. Fellesdelen er det opp til foreldra sjølv å fordele mellom seg. Frå januar 2019 blei inndelinga òg tilpassa foreldre som vel 80 prosent inntektsdekking: Kvotane er då på 19 veker til kvar forelder, og fellesdelen er på 18 veker. Føremålet med endringane var å auke far sin bruk av foreldrepengar og leggje til rette for begge foreldra som likeverdige omsorgspersonar.

Departementet hadde i 2022 følgjande mål for foreldrepengeordninga «Fedrar skal ta ein større del av foreldrepengedagane.» Nedanfor gir vi ein kort omtale av bruken av foreldrepengeordninga.

Bruk av foreldrepengeordninga

I løpet av 2021 var det om lag 80 000 mødrer og 60 000 fedrar som nytta foreldrepengeordninga.

Erfaringstal viser at lengda på fedrekvoten i stor grad er førande for kor stor del av foreldrepengane fedrar tek ut. Fellesdelen blir som oftast nytta av mor. Lengda på fedrekvoten har vist seg å vere normdannande: Når fedrekvoten har auka, har fedrar auka uttaket sitt – og omvendt.

Mellombelse tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at fedrar med barn fødde fyrste halvåret 2021 i snitt tek 27,7 prosent av dei samla foreldrepengedagane blant foreldre med barn fødde same halvåret. Dette er 6,5 prosentpoeng høgare enn tilsvarande tal for fedrar med barn fødde fyrste halvåret 2018, det vil seie før innføring av ein tredelt foreldrepengeperiode, men 1,8 prosentpoeng lågare enn fedrar med barn fødde andre halvåret 2020. Det er viktig å understreke at statistikken over uttak i eit einskilt kalenderår ikkje viser det heile og fulle biletet av uttaket fedrar og mødrer gjer av foreldrepengar. Årsaka er at uttaket strekkjer seg over fleire kalenderår.

Fire av fem som tok imot foreldrepengar i 2021, valde 100 prosent dekkingsgrad. Det er om lag fem prosentpoeng høgare enn året før. Dei siste ti åra har det vore ein klar auke i talet på foreldre som vel full dekking. I 2011 valde om lag halvparten av mottakarane full dekkingsgrad. Auken heng sannsynlegvis saman med at 100 prosent dekkingsgrad gir ei høgare samla utbetaling stønadsperioden sett under eitt enn uttak med 80 prosent.

Foreldrepengar kan takast ut i løpet av dei tre fyrste åra til barnet, og 2021 var det fyrste året ein kunne byrje å sjå på korleis endringane frå 2018 hadde verka inn på korleis foreldre bruker foreldrepengeordninga. Departementet gav derfor Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2021 i oppdrag å gjennomføre ei ny foreldrepengeundersøking og skrive fagartiklar basert på funna i undersøkinga.

I artikkelen «Ulønnet og lønnet permisjon – mødres og fedres bruk og vurderinger» finn direktoratet ein auke i uttak av ulønt permisjon blant kvinner, samanlikna med funn frå tidlegare spørjeundersøkingar: Om lag halvparten av kvinnene i undersøkinga svarer at dei har teke ut ulønt permisjon, medan tala i tilsvarande undersøkingar i 2008 og 2017 var høvesvis 18 og 30 prosent. Også blant fedrar er det ein auke i bruken av ulønt permisjon, og om lag kvar tiande far tek slik permisjon, samanlikna med 6 prosent i 2017. Den hyppigaste grunngivinga for bruken av ulønt permisjon er eit ønske om å vere heime lenger med barnet. Ein del grunngir det med at mor skal kunne halde fram med å amme barnet.

I artikkelen «Flere fornøyde fedre enn mødre – foreldres syn på og bruk av foreldrepenger» finn Arbeids- og velferdsdirektoratet ei sterk støtte til ein fedrekvote blant foreldre. Undersøkinga finn samstundes ein forskjell mellom mødrer og fedrar i synet på lengda på denne: Om lag 3 av 4 mødrer svarer at dei ikkje er nøgde med inndelinga, og at dei ønskjer å vere heime lenger. Om lag halvparten av mødrene meiner at fedrekvoten er for lang. Fedrar står derimot fram som jamt over meir nøgde med både inndelinga og lengda på fedrekvoten.

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa vil føre vidare tredelt foreldrepermisjon og sikre mor moglegheit til å amme i tråd med helsefaglege råd. Det står òg at regjeringa ønskjer å halde på dagens fedrekvote og styrkje fedrane sine rettar i foreldrepengeordninga. Frå 2. august 2022 er det i samband med tilpassingar til Work-life Balance-direktivet innført åtte stønadsveker til far utan eit aktivitetskrav til mor. Fleire fedrar er dermed sikra uttak av foreldrepengar.

Tabell 4.10 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2018–2021

2018

2019

2020

2021

Endring 2020–2021

Talet på fødde barn

55 120

54 495

52 979

56 060

3 081

Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon)

Kvinner, prosent

79,9

74,5

68,4

69,3

0,9

Menn, prosent

20,1

25,5

31,6

30,7

-0,9

Talet på kvinner med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

82 353

82 010

77 208

79 574

2 366

Del av desse med 100 prosent lønnskompensasjon, prosent

70,7

73,8

77,6

79,1

1,5

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

53 788

56 852

59 068

60 412

1 344

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kroner)

404 580

441 289

475 226

492 957

17 731

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kroner)

463 556

509 836

542 614

563 491

20 877

Delen kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

4,7

4,6

4,7

4,6

-0,1

Delen menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

21,3

21,9

21,7

20,5

-1,2

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad)

1 458

1 641

1 299

2 076

777

Talet på personar med eingongsstønad ved fødsel

10 332

10 411

9 675

9 671

-4

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Eingongsstønad ved fødsel

Eingongsstønad er ein minstegaranti som sikrar inntekt for mødrer utan opparbeidd rett til foreldrepengar. Eingongsstønad er viktig for dei som, frivillig eller ufrivillig, ikkje har vore i yrkesaktivitet og dermed ikkje kvalifiserer til foreldrepengar.

Ytinga kjem i form av ei einskild utbetaling. Eingongsstønaden har vore styrkt betrakteleg dei siste åra, og satsen er i dag 90 300 kroner. Det er om lag 55 000 kroner meir enn i 2013, sjå tabell 4.11. Satsen blir føreslått ført vidare i 2023.

Store kontantoverføringar frå det offentlege kan redusere insentiva til arbeid og difor også arbeidstilbodet. Det har likevel ikkje vore store utslag i talet på mottakarar av eingongsstønad i perioden 2013 til 2021, trass den auka satsen. Det har samstundes vore ein generell nedgang i talet på fødslar gjennom perioden. Effektane av auken i eingongsstønaden er derfor ikkje eintydige, og det kan vere fleire faktorar som verkar inn i denne samanhengen.

Tabell 4.11  Sats for eingongsstønad ved fødsel i perioden 2013–2023

År

Sats

2013

35 263

2014

38 750

2015

44 190

2016

46 000

2017

61 120

2018

63 140

2019

83 140

2020

84 720

2021

90 300

2022

90 300

2023

90 300

Fødselstal og fertilitet

Bruken av foreldrepengeordninga heng tett saman med talet på fødslar. Utviklinga i talet på barnefødslar er ein av fleire faktorar som har innverknad på den økonomiske utviklinga og samfunnsutviklinga i Noreg. Sjølv om ein historisk sett har hatt økonomisk vekst i periodar med fallande fertilitetstal, kan færre fødslar gi endringar knytte til makroøkonomiske tilhøve som verdiskaping, allokering av arbeidskraftressursar, skatteinntekter og berekraft i velferdsordningane.

Færre fødslar, når endringa varar ved, kan vere ein indikasjon på strukturelle samfunnsendringar som det bør vere merksemd om, til dømes situasjonen og framtidsutsiktene til familiar og barn.

Utviklinga i talet på barn per kvinne kan målast på to måtar; ein kan sjå på samla fruktbarheit eller kohortfruktbarheit. Fruktbarheitstalet er eit overslag på kor mange barn ei kvinne vil få i løpet av livet, og baserer seg på talet fødslar eit kalenderår, medan kohortfruktbarheit viser kor mange barn ein kohort (eit årskull) kvinner har fått gjennom livsløpet. Utviklinga i kohortfruktbarheita er meir stabil over tid, ettersom ho ikkje blir påverka av når i livet kvinner får barn.

Fruktbarheitstalet har gått ned sidan 2009. Då var det samla fruktbarheitstalet 1,98 barn per kvinne. I 2021 blei det fødd 56 000 barn i Noreg, om lag 3 000 fleire enn i året før. Det samla periodefruktbarheitstalet på 1,55 barn per kvinne var ein auke frå rekordlåge 1,48 i 2020.

Auken i 2021 var overraskande, ettersom året var prega av pandemi og ein til vanleg har sett at talet fødslar blir redusert i økonomisk usikre tider. Det blei også observert færre fødslar i andre land. I ein fagartikkel frå SSB finn forskarane at auken var driven fram av ei aldersgruppe som normalt har høge fruktbarheitstal, og som sannsynlegvis var i ein økonomisk sikker situasjon.13 Forskarane peiker på generelt gode velferdsordningar og den økonomiske krisehandteringa frå styresmaktene som moglege forklaringar på auken i 2021.

Dei førebelse tala for 2022 viser igjen eit fall i talet fødslar.

Nærare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

21 877 920

21 771 100

24 690 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

811 234

785 000

750 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

533 654

575 000

610 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

36 572

30 000

41 000

Sum kap. 2530

23 259 380

23 161 100

26 091 000

Stønadene under kap. 14 i folketrygdlova skal sikre inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og gi støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Måloppnåing for ordningane blir mellom anna vurdert ut frå om dei blir forvalta i samsvar med lova, og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Tildelingskriteria er omtalte under dei einskilde budsjettpostane nedanfor og går òg fram av folketrygdlova kap. 14.

Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten.

Utgiftsoverslaga under kap. 2530 byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå. Ein reknar med at talet på mottakarar vil auke.

Departementet føreslår ei løyving på 26 091 mill. kroner under kap. 2530, postane 70–73. Sjå tabellen ovanfor for forslag til løyving på dei ulike postane.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16. Eit vilkår for rett til foreldrepengar er at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden startar.

Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med full sats (100 prosent lønnskompensasjon) eller 59 veker med redusert sats (80 prosent lønnskompensasjon). Valet av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden.

Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar. Per 1. mai 2022 er grunnbeløpet 111 477 kroner. Når stønadsperioden med 100 prosent lønnskompensasjon er avgrensa til 49 veker, vil det høgaste moglege beløpet per stønadstilfelle vere 630 274 kroner. Inntektsgrensa følgjer den til kvar tid gjeldande G-verdien.

Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, er 15 stønadsveker øyremerkte kvar forelder (mødrekvote og fedrekvote), og 16 veker kan dei dele mellom seg (fellesdelen). Dersom foreldra har valt 80 prosent lønnskompensasjon, er mødrekvoten og fedrekvoten 19 veker, og fellesdelen er 18 veker. Mor må starte permisjonen sin seinast tre veker før fødselen, og desse vekene kjem i tillegg til mødrekvoten.

Når berre far har rett til foreldrepengar, er det krav til at mor går ut i aktivitet når far tek ut stønad. Far kan ta ut inntil 40 eller 50 veker dersom mor går ut i arbeid eller utdanning eller er for sjuk til å ta seg av barnet. Når mor har uføretrygd, kan far ta ut inntil 15 eller 19 veker med foreldrepengar (tilsvarande fedrekvoten) utan at det blir stilt krav til aktivitet hos mor.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med ein skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid. Foreldrepengar kan utsetjast utan krav til kva ein gjer medan ein utset dei. Uttaket av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer òg svangerskapspengar til som blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-17. Stønaden er i 2022 på 90 300 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt éin eingongsstønad per barn. Departementet føreslår å føre vidare satsen i 2023.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei fyrste 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønnskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir gitt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent lønnskompensasjon. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 15 veker øyremerkte til seg (fedrekvoten og mødrekvoten). Ved 80 prosent lønnskompensasjon er kvar av kvotane på 19 veker. For barn adopterte 2. august 2022 eller seinare, kan alle fedrar som har tent opp rett til foreldrepengar, ta ut åtte veker, uavhengig av aktivitet hos mor.

Sjå elles omtalen under post 70.

Fotnotar

1.

Sjå B. Bratsberg med fleire (2020) Koronakrisens første uker – hvem tok støyten i arbeidslivet? som var ein del av forskingsprosjektet «Permitteringer og oppsigelser under Covid-19» i samarbeid mellom Frischsenteret, Statistisk sentralbyrå og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

2.

Sjå Hyggen, C., Brattbakk, I. og Borgeraas, E. (2018). Muligheter og hindringer for barn i lavinntektsfamilier: en kunnskapsoppsummering (NOVA Rapport 11/2018). Oslo: Velferdsforskningsinstituttet NOVA.

3.

Jacobsen. S. E. mfl. (2021). Sosial ulikhet i barn og unges deltakelse i organiserte fritidsaktiviteter. Betydningen av sosioøkonomiske ressurser, geografi og landbakgrunn (Rapport 2021:01). Bergen/Oslo: Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor.

4.

Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte blir drifta av Incestsenteret i Vestfold.

5.

Valds- og overgrepslinjen (VO-linja) blir drifta av Krisesentersekretariatet i samarbeid med Oslo krisesenter.

6.

Aktivitetar og resultat under overskrifta «Miljømerka Svana og EU-miljømerket» har tidlegare vore omtalte i samband med målet «Betre informasjonsløysingar som er godt kjende for forbrukarane», jf. Prop. 1 S (2021–2022). Dette er frå og med 2023 ikkje formulert som eit eige mål.

7.

Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi.

8.

Aktivitetar og resultat under overskrifta «Informasjonsverksemda til Forbrukarrådet» har tidlegare vore omtalte i samband med målet «Betre informasjonsløysingar som er godt kjende for forbrukarane», jf. Prop. 1 S (2021–2022). Dette er frå og med 2023 ikkje formulert som eit eige mål.

9.

Christian Poppe: Avslag på gjeldsordning. SIFO-rapport nr. 1 2022.

10.

Nina Heidenstrøm, Ingrid Haugsrud, Marie Hebrok og Harald Throne Holst: Hvorfor kan ikke bare alle produkter være bærekraftige? Hvordan forbrukere oppfatter og påvirkes av markedsføring med bærekraftspåstander, SIFO-rapport nr. 16 2021.

11.

Andrea Ioana Alecu og Arne Dulsrud: Å få rett på nett. Forbrukermisnøye og klaging ved netthandel. SIFO-rapport nr. 2-2022.

12.

Lone Wanderås Fossum, Sabine Wollscheid, Gunnar Sivertsen: Forbruksforskning i Norge. En kunnskapsoversikt. NIFU-rapport 2021: 24.

13.

Sjå «Understanding the positive effects of the COVID-19 pandemic on women’s fertility in Norway» (Discussion Papers no. 979) frå SSB (2022).

Til forsida