Prop. 1 S (2022–2023)

FOR BUDSJETTÅRET 2023 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 3
Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla og omtale av særlege tema

6 Dei ulike landbruks- og matpolitiske måla

Figur 6.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Figur 6.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Det er fastsett ein målstruktur for Landbruks- og matdepartementet som vist i figur 6.1. I kapitla 7–13 er det gjort nærare greie for resultata knytt til kvart enkelt av dei landbruks- og matpolitiske måla.

7 Mål: Matsikkerheit og beredskap

Sikre forbrukarane trygg mat

All mat som blir omsett i Noreg, skal vere trygg. Trygg mat er viktig for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skaper tillit, sikrar avsetnad av varer, legitimitet for eit levande landbruk og for næringsmiddelindustrien.

Infeksjon grunna næringsmiddel er framleis eit stort helseproblem internasjonalt. Noreg har generelt færre smittestoff i mat samanlikna med andre land. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar kjem frå smitte i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og mat som er produsert i Noreg, er låg samanlikna med dei fleste andre land, sjølv om enkelte smittestoff har eit reservoar blant norske husdyr.

For å halde ved lag den gode statusen, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking slik at tiltak kan setjast inn i tide. Faktorar som verkar inn på førekomsten av matborne infeksjonar i Noreg, er mellom anna auka internasjonal handel med mat, nye matvanar og nye produksjonsrutinar.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. Talet på varsla utbrott har vore ganske stabilt dei siste åra.

Kvaliteten på drikkevatnet er generelt god. Svært få blir sjuke av drikkevatnet. Likevel er det mange stader eit gammalt og dårleg leidningsnett som kan gi forureina vatn.

Tilstanden er god for framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og for restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Det er ei utfordring med kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar, eller som er tilsette legemiddel. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Det er utfordringar knytte til produkt som blir omsette over internett og per postordre. Mattilsynet skal utvikle tilsynet og auke kompetansen for å følgje opp nye omsetnadsformer og auka netthandel.

Auka matvareberedskap

Regjeringa vil sikre Noregs befolkning nok og trygg mat produsert på norske ressursar, og slik bidra til arbeid, god ernæring og helse. For å sikre berekraftig landbruk over heile landet, auka verdiskaping og redusert klimaavtrykk er det naudsynt å auke lønsemda i bruk av jordbruksareala. Dette skal blant anna skje gjennom eit sterkt importvern, årlege jordbruksforhandlingar og å bevare landbrukssamvirka som marknadsregulatorar. Næringsutøvarane i landbruket må ha same inntektsmoglegheiter som andre grupper.

I fleire produksjonar er det nær full marknadsdekning av norske varer, til dømes gjeld dette sau og lam, egg, fjørfe og mjølk. Frukt, bær, grønsaker og potet er produksjonar med stort marknadspotensial, og forbruket er stigande. Auka produksjon og forbruk av desse energirike matvekstane kan bidra til auka sjølvforsyningsgrad. Regjeringa har eit mål om at sjølvforsyningsgraden av norske jordbruksmatvarer, korrigert for import av fôrråvarer, skal komme opp til 50 pst.

Sjølvforsyningsgraden beskriv kor stor del av matvareforbruket vårt som er produsert i Noreg, målt i energi. Denne kan per definisjon ikkje overstige 100 pst. Dette er eitt av fleire mål på kva marknadsdel den norske matsektoren har i den innanlandske matmarknaden.

Sjølvforsyningsgraden for varer produserte i jordbruket blir påverka av dei naturgitte produksjonsforholda, vêret, ulike krav til kvalitet, prisar, landbrukspolitiske verkemiddel og av internasjonale handelsavtalar. Dette kom ekstra godt fram etter tørken sommaren 2018, som gjorde at sjølvforsyningsgraden blei redusert både i 2018 og 2019.

Sjølvforsyningsgraden inkludert sjømat har variert rundt 50 pst. i fleire tiår. NIBIO har frå og med 2020 innarbeidd anslag for grensehandel/privatimport, og revidert tidsserien tilbake til 2000. Denne endringa i metode førte til at sjølvforsyningsgraden blei justert ned om lag to prosentpoeng samanlikna med tidlegare. Dei låge avlingane som følgje av tørken sommaren 2018, påverka sjølvforsyningsgraden også i 2019. Sjølvforsyningsgraden låg då på 43 pst. I 2020 auka sjølvforsyningsgraden til 46 pst., og for 2021 auka den vidare med 1 prosentpoeng, til 47 pst. Sjølvforsyningsgraden med grunnlag i norsk fôr var 40 pst. både i 2020 og 2021. Naturgitte forhold gjer at sjølvforsyningsgraden for husdyrprodukt, som har eit høgt proteininnhald, er gjennomgåande høg, mens den er klart lågare for planteprodukt. For protein ligg sjølvforsyningsgraden på om lag 63 pst., etter ein nedgang frå 70 pst. tidleg på 2000-talet.

Tal frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) viser at sjølvforsyningsgraden for kjøtt var 92 pst. i 2020. For mjølk, fløyte, rømme og egg var sjølvforsyningsgraden 100 pst., mens den for ost var 84 pst. Dette er matvarer vi produserer som det er naturgitte grunnlag for å produsere i Noreg. Sjølvforsyningsgraden for frukt og bær gjekk ned frå 7 pst. i 2019 til 5 pst. i 2020, delvis som følgje av problem med å få tak i arbeidskraft under koronapandemien. For grønsaker var sjølvforsyningsgraden 49 pst. i 2020. Den låge sjølvforsyningsgraden på frukt, bær og grønsaker kjem mellom anna av ein kortare vekstsesong, men viser òg at det er marknadsmoglegheiter for auka norsk produksjon.

I 2020 var i overkant av 84 pst. av fôret til norske husdyr produsert i Noreg. Alt grovfôr er produsert innanlands, og delen norske råvarer i kraftfôret var i 2020 på 61 pst. mens den gjekk ned til 58 pst. i 2021. Krav til energi- og proteininnhald i kraftfôret gjer at delen karbohydrat blir redusert. Delen av norske karbohydrat er og avhengig av vidare fôrutvikling, bruk av andre råvarer i fôret og samansetjinga av husdyrhaldet. Delen av norskprodusert kveite i kraftfôret er aukande, og i rapport nr. 10/2021 frå Landbruksdirektoratet om bruk av norske fôrressurser, blir det konkludert med at auka tilgang til kveite er ein nøkkel for å auke norskandelen i kraftfôret. Norskprodusert del av karbohydrat i kraftfôret var 75 pst. i 2021, som var om lag på nivået før tørkesommaren 2018. Den norskproduserte delen av feitt og protein i kraftfôret har gått mykje ned som følgje av forbodet mot bruk av animalsk protein i dyrefôr. Delen av norskproduserte feittråvarer har auka med to prosentpoeng sidan 2020, og var i 2021 på 58 pst. I kraftfôret blir feitt frå råvarer som erter og oljefrø nytta. Norskproduserte varer held god kvalitet, men bruken en likevel avgrensa fordi eigenskapane til feittet i desse råvarene ikkje fullt ut kan erstatte importert vare.

Den norskproduserte delen av matvareforbruket målt i energi, korrigert for eksport av norskproduserte matvarer, blir kalla dekningsgraden. Tala for 2020 viser en total dekningsgrad på 87 pst.

God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

God dyre- og plantehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir i dag ikkje utnytta på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auken i ferdsel over landegrensene er òg risikofaktorar for både dyre- og plantehelsa.

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land, sjølv om det kvart år er tilfelle av skadegjerarar i viktige kulturar.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon hos norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er difor uvanleg.

Antibiotikabruken i norsk husdyrhald er svært låg i internasjonal samanheng. Dyktige og ansvarsmedvitne bønder, ansvarsfulle veterinærar og eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene er avgjerande faktorar for den gode situasjonen i Noreg.

Landbruks- og matdepartementet har utarbeidd ein eigen handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor eige sektoransvar. I denne planen er det mellom anna ei målsetjing at den antibiotikaresistente LA-MRSA bakterien ikkje skal få etablere seg i norsk svinehald. I 2021 blei det ikkje påvist MRSA i norske svinebuskapar, noko som viser at vi framleis klarer å halde MRSA hos svin under kontroll. Salet av antibiotika til matproduserande landdyr er i perioden 2013–2021 redusert med 25 pst. målt i kg. aktivt stoff. Det er ein nedgang i forbruket av veterinære antibakterielle middel på 29 pst. til kjæledyr frå 2013 til 2021. Data rapportert for perioden 2015–2021 viser en reduksjon på 11 pst. i salet av antibakterielle humanpreparater til hund og katt, noko som indikerer at redusert sal av veterinære antibakterielle middel ikkje har blitt erstatta av antibakterielle humanpreparat.

Generelt er helsa god òg hos viltlevande dyr, men i april 2016 blei sjukdommen chronic wasting disease (skrantesjuke) påvist hos villrein og elg. I 2020 blei klassisk skrantesjuke påvist i ein villrein frå Hardangervidda. Viktige oppgåver er å kartleggje utbreiinga og leggje til rette for å etablere ein ny reinsdyrflokk i Nordfjella, følgje opp vedteken handsaming av klassisk skrantesjuke på Hardangervidda og bidra til å utforme den langsiktige forvaltninga av skrantesjuke.

God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, i tillegg til at det er eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat. Generelt er dyrevelferda i Noreg betre enn i mange andre land. Det er stor offentleg merksemd på dyrevelferd.

Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar i enkelte produksjonar og hos enkelte eigarar av både produksjonsdyr, sportsdyr og kjæledyr.

Satse på avl, forsking og utdanning for å auke bruken av dei biologiske ressursane

Systematisk avls- og foredlingsarbeid er viktig for meir effektiv og berekraftig matproduksjon, med auka sjølvforsyningsgrad basert på norske ressurar og lågare klimagassproduksjon. Forsking og teknologiutvikling legg til rette for at vi har eit plante- og dyremateriale som er godt tilpassa norske forhold og eit endra klima. Landbruks- og matdepartementets løyvingar til forsking har over fleire år bidrege med finansiering av viktige forskingsprosjekt innan husdyravl, der avlsorganisasjonane Geno og Norsvin er sentrale aktørar.

Geno har gjennom mange tiår lagt stor vekt på fleire eigenskapar enn berre auka produksjon av mjølk og kjøtt i avlsmåla sine. Det er vektlegginga av eigenskapar som helse, fruktbarheit, haldbarheit, beinkvalitet, gemytt og morseigenskapar som har bidrege til at den norske grisen og mjølkekua av rasen Norsk Raudt Fe (NRF) i dag er særs ettertrakta i mange land. FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO), omtaler NRF som eit godt døme på moderne, god og berekraftig avl. Geno eksporterer NRF-sæd til om lag 40 land, og det er spesielt den gode dyrehelsa og fruktbarheita som har ført til auka interesse for NRF-kua i mange land. Dei seinare åra er det sett i gang prosjekt for å sjå på moglegheitene for å redusere metanutslepp frå norske kyr.

Norsvin har òg lukkast godt i sitt internasjonale arbeid. Norske svinegen finst allereie i mange land og interessa er stadig aukande. Norsvin har, gjennom å kombinere interessene til produsentar, foredlingsindustri og forbrukarar i avlsarbeidet, utvikla ein gris med unike eigenskapar.

Bioteknologi og forsking står sentralt i bioøkonomien. Regjeringen fremjar bioøkonomien ved å leggje vekt på tiltak som aukar verdiskaping og sysselsetjing, reduserer klimagassutslepp, og meir effektiv og berekraftig utnytting av dei fornybare biologiske ressursane. Landbruks- og matdepartementets løyvingar til forsking gir viktige bidrag til vidareutvikling av bioøkonomien.

Det er sett i gang fleire forskingsprosjekt med mål om berekraftig, klimavenleg og auka utnytting av dei biologiske ressursane. Døme på dette er prosjekt som studerer alternative fôrkjelder og auka fôrutnytting, karbonlagring i jord, auka jordbruksproduksjon nord for polarsirkelen, urbane veksthus og nye dyrkingsmetodar.

For auka bruk av dei biologiske ressursane er rekruttering av fagpersonar viktig. Innan høgare utdanning har det vore ein nedgang i talet på søkjarar innan landbruksfag og andre grøne utdanningar dei siste åra. Kandidatar frå til dømes plantevitskap og skogfag legg grunnlaget for rekruttering til forskarutdanningar som er naudsynt for å bidra til å løyse store samfunnsutfordringar. Det er difor viktig å stimulere til auka rekruttering og samarbeid i landbruket og på tvers av sektorane.

8 Mål: Landbruk over heile landet

Leggje til rette for bruk av beite- og jordressursane

For å nå målet om landbruk over heile landet, må det leggjast til rette for bruk av beite- og jordressursane. Dette krev ei geografisk differensiering av verkemidla i jordbruket. Frå 2010 til 2021 har det samla jordbruksarealet i drift blitt redusert med 2 pst., jf. tabell 8.1. Frå 2005 til 2013 blei eit nytt digitalt kartgrunnlag teke i bruk som kontrollgrunnlag ved søknad om produksjonstilskott. Innføringa gav ein reduksjon i arealet på om lag 3,3 pst. Årsakene er både meir nøyaktige målingar og at endringar, som har skjedd over tid, først blir fanga opp når nytt kartgrunnlag blir teke i bruk.

Tabell 8.1 Jordbruksareal i drift, 1999–2021, 1000 dekar

1999

2010

2014

2018

2019

2020

2021

Endring 2010–2021

Korn og oljevekstar mm.

3 346

3 093

2 896

2 864

2 815

2 874

2 892

-7 %

Åker og hage

3 996

3 536

3 326

3 276

3 227

3 271

3 293

-7 %

Fulldyrka eng og beite

4 876

4 766

4 785

4 787

4 825

4 806

4 782

0 %

Sum Fulldyrka jord

8 871

8 302

8 111

8 063

8 052

8 077

8 075

-3 %

Anna eng og beite

1 513

1 758

1 757

1 800

1 791

1 783

1 783

1 %

Jordbruksareal i drift i alt

10 384

10 060

9 868

9 863

9 843

9 860

9 858

-2 %

Areal daa/innbyggjar

2,34

2,07

1,93

1,86

1,83

1,83

1,83

-12 %

På landsbasis har delen fulldyrka areal hatt ein reduksjon på om lag 3 pst. i perioden frå 2010 til 2021, mens delen eng og beite har auka med 1 pst. Kornarealet har gått ned med 7 pst. frå 2010, men den største delen av reduksjonen var tidleg i perioden. Frå 2018 til 2021 har kornarealet auka med 1 pst.

Systemet for registrering av dyr som gir grunnlag for produksjonstilskott blei lagt om i 2017/2018, og tala for dyr på beite frå og med 2018 er difor ikkje direkte samanliknbare med tal frå tidlegare år. 70 pst. av alle mjølkekyr og anna storfe gjekk på beite (innmark og/eller utmark) i minst 12/16 veker i 2021, ifølgje tal frå Landbruksdirektoratet. For vaksen sau på beite har dyretalet vore stabilt høgt, og i 2021 var 94 pst. på beite minst 12/16 veker. For sau er delen dyr på utmarksbeite høgare i større buskap enn i mindre buskap, mens for storfe er det motsett.

Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing

Sysselsette i landbruket stod for 3,3 pst. av den samla sysselsetjinga i Noreg i 2021. Av desse var om lag 1,3 pst. sysselsette i jordbruk og reindrift, 0,2 pst. i skogbruk og 1,1 pst. i matindustrien.

I alt var i overkant av 90 500 personar sysselsette i landbrukssektoren. Av desse var i overkant av 37 100 personar sysselsette i jordbruk og reindrift, 6 100 i skogbruk, 31 200 i matindustrien og 16 100 i skogbruksbasert industri, jf. tabell 8.2.

Tabell 8.2 Førebelse tal for sysselsette etter arbeidsstad, fordelt på næringar, 2021

Totalt tal sysselsette

Sysselsette i jordbruk og reindrift

Sysselsette i skogbruk

Sysselsette i matindustri

Sysselsette i skogbruksbasert industri

Sysselsette i landbruket

Landbruksbasert sysselsetjing som del av total sysselsetjing

Landbrukets sysselsetjing av total sysselsetjing

tal

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

Viken

551 387

5 475

14,7 %

1 491

24,5 %

5 746

18,4 %

3 080

19,2 %

15 792

17,4 %

2,9 %

Oslo

507 234

280

0,8 %

178

2,9 %

4 222

13,5 %

259

1,6 %

4 939

5,5 %

1,0 %

Innlandet

173 013

6 657

17,9 %

1 702

27,9 %

3 382

10,8 %

3 495

21,8 %

15 236

16,8 %

8,8 %

Vestfold og Telemark

187 084

2 601

7,0 %

683

11,2 %

2 862

9,2 %

1 077

6,7 %

7 223

8,0 %

3,9 %

Agder

143 140

1 610

4,3 %

638

10,5 %

1 428

4,6 %

2 024

12,6 %

5 700

6,3 %

4,0 %

Rogaland

254 813

5 017

13,5 %

110

1,8 %

3 707

11,9 %

1 269

7,9 %

10 103

11,2 %

4,0 %

Vestland

322 547

4 095

11,0 %

268

4,4 %

2 861

9,2 %

1 275

7,9 %

8 499

9,4 %

2,6 %

Møre og Romsdal

130 385

2 000

5,4 %

134

2,2 %

1 377

4,4 %

534

3,3 %

4 045

4,5 %

3,1 %

Trøndelag

240 985

5 658

15,2 %

636

10,4 %

3 850

12,3 %

2 293

14,3 %

12 437

13,7 %

5,2 %

Nordland

117 991

2 058

5,5 %

161

2,6 %

606

1,9 %

598

3,7 %

3 423

3,8 %

2,9 %

Troms og Finnmark

125 387

1 695

4,6 %

97

1,6 %

1 176

3,8 %

161

1,0 %

3 129

3,5 %

2,5 %

Svalbard

1 241

0

0,0 %

0

0,0 %

3

0,0 %

0

0,0 %

3

0,0 %

0,2 %

Ikkje fylkesfordelt1

6 970

0

0,0 %

0

0,0 %

0

0,0 %

0

0,0 %

0

0,0 %

0,0 %

Sum fylke

2 755 207

37 146

100,0 %

6 098

100,0 %

31 220

100,0 %

16 065

100,0 %

90 529

100,0 %

3,3 %

Sum landet

2 762 177

37 146

100,0 %

6 098

100,0 %

31 220

100,0 %

16 065

100,0 %

90 529

100,0 %

3,3 %

1 «Ikkje fylkesfordelt» inkluderer Jan Mayen (10 sysselsette tilknytta forsking og utviklingsarbeid) og kontinentalsokkelen (6 960 sysselsette tilknytta utvinning av råolje og naturgass).

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Ressursane knytte til landbrukseigedommane spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet. Tal frå SSB viser at det var registrert 5 367 580 innbyggjarar i Noreg første kvartal 2020. Av dei var 354 714 fast busette på ein landbrukseigedom. I 2020 var det registrert 143 271 landbrukseigedommar med bustadhus i Noreg. I 2020 budde 6,6 pst. av folkemengda på ein landbrukseigedom.

Eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling

Den geografiske fordelinga av produksjon i landbruket er viktig for å nå målet om landbruk over heile landet. Figur 8.1 viser endringa i produsert mengde for nokre produksjonar fordelt på fylke for perioden 2010 til 2021. Produksjonen av kumjølk blir styrt av kvoter, og har difor vore relativt stabil over fleire år både i volum og geografisk fordeling. Som følgje av Stortingets vedtak om å fjerne eksportsubsidiane frå 1. juli 2020, har kvoter som blei selde til staten i perioden frå 2017 til 2021 ikkje blitt selde ut igjen til produsentane. Dette har i noko grad endra den regionale balansen. Den ekstraordinære oppkjøpsordninga som blei vedteken hausten 2019 og gjennomført i 2020, fekk verknad frå 2021. Oppkjøpa var fordelte på produksjonsregion, men fordi nokre regionar ikkje nytta heile oppkjøpskvota, påverka òg dette den regionale balansen noko. Effektane av ordninga er inkludert i figuren. Koronapandemien førte til auka etterspørsel etter meieriprodukt, og forholdstalet for kvoter blei auka fleire gongar frå april 2020, og oppretthalde på eit høgt nivå ut 2021.

Produksjon av storfekjøt har auka i Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark, Agder og Rogaland. I Trøndelag har det vore om lag stabilt, mens produksjonen har gått noko ned i Vestland, Møre og Romsdal, Nordland og Troms og Finnmark. Produksjon av sauekjøtt har hatt ein auke i Viken, Innlandet og Trøndelag, mens den har gått ned i Vestland, Nordland og Troms og Finnmark. Dei andre fylka har berre mindre endringar i produksjon av sauekjøtt.

Produksjonen av fjørfekjøtt har hatt ein sterk auke dei siste åra, trass i reduksjonen i 2015 og 2016. I dag produserast det i hovudsak fjørfekjøtt i Viken, Innlandet, Trøndelag og Rogaland. Auken i produksjonen frå 2010 til 2021 har i stor grad kome i Rogaland. Produksjonen av egg går i hovudsak føre seg i dei same fylka som produksjon av fjørfekjøtt. I Trøndelag har eggproduksjonen auka mykje dei siste åra, mens den har vore relativt stabil i dei andre fylka. Svinekjøttproduksjonen er størst i fylka Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark, Rogaland og Trøndelag. Det har ikkje vore store endringar i det totale produksjonsvolumet eller i den geografiske fordelinga av produksjon av svinekjøtt frå 2010 til 2021.

Kornproduksjonen blei hardt ramma av tørken sommaren 2018. Arealet nytta til korn, erter og oljevekstar blei redusert i 2019, truleg fordi mange produsentar nytta kornarealet til å produsere gras for å byggje opp fôrlager etter tørkesommaren. I 2020 var produksjonen av korn høgare enn på svært mange år. Førebelse tal for kornproduksjonen i 2021 viser ein reduksjon på om lag 10 pst. samanlikna med produksjonen i 2020.

Produksjon av potet har auka med i underkant av 1 pst. dei siste ti åra. Auken har kome i Viken, Innlandet, Vestland, Møre og Romsdal, Nordland og Troms og Finnmark, mens den har gått noko ned i Rogaland og Trøndelag. I dei andre fylka har produksjonen av potet vore stabil.

Figur 8.1 Endring i produsert mengde fordelt på produksjonar og fylke, 2010 til 2021 (i prosent)

Figur 8.1 Endring i produsert mengde fordelt på produksjonar og fylke, 2010 til 2021 (i prosent)

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket, Resultatkontrollen

For å nå målet om eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur må produksjonsgrunnlaget (areal og struktur) vere innretta på ein tenleg måte.

Statistikk frå SSB viser at det var om lag 180 100 registrerte landbrukseigedommar i 2020. Dette er landbrukseigedommar som har minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktiv skog. Ei gruppering av landbrukseigedommane etter storleiken på eigd jordbruksareal viser at mange eigedommar har lite jordbruksareal. Hovudtyngda (70 pst.) av eigedommane hadde mellom 5 og 100 dekar eigd jordbruksareal både i 2019 og 2020. Om lag 18 pst. hadde mellom 100 og 500 dekar eigd jordbruksareal. Under 1 pst. hadde eigd jordbruksareal på 500 dekar eller meir. Utviklinga frå 2019 til 2020 i talet på landbrukseigedommar som har mellom 100 og 500 dekar eigd jordbruksareal er stabilt. Utviklinga viser òg ein liten auke i talet på eigedommar med 500 dekar og meir eigd jordbruksareal i perioden.

Av dei 180 100 registrerte landbrukseigedommane i 2020 har i underkant av 160 000 eigedommar (89 pst.) minst 5 dekar eigd jordbruksareal. Av dei har om lag 53 pst. jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige. Om lag 21 pst. av eigedommane blir drivne utan leigd jordbruksareal, jf. figur 8.2, som viser landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal i 2020. Tala for 2020 viser ein nedgang for eigedommar med areal som blir drive av eigaren sjølv, og ein auke i areal som blir drive av andre ved bortleige. For eigedommane med minst 5 dekar eigd jordbruksareal var den gjennomsnittlege arealstorleiken på jordbruksarealet om lag 68 dekar.

Figur 8.2 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2020 (i prosent)

Figur 8.2 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2020 (i prosent)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tal frå SSB viser at over halvparten (56 pst.) av dei 38 713 jordbruksverksemdene hadde mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift i 2020. Dette er ein svak nedgang frå 2019, då prosentdelen for desse jordbruksverksemdene var på 57. I 2020 hadde i underkant av 4 900 jordbruksverksemder 500 dekar og meir jordbruksareal i drift, mot om lag 4 800 året før. Tala viser framleis ein auke i jordbruksverksemder med 500 dekar og meir jordbruksareal i drift – frå 2,5 pst. i 2000 til 12,8 pst. i 2020.

Det er i dag eit stort omfang av leigejord og 60 pst. av jordbruksverksemdene driv landbruksproduksjon med både leigd og eigd jordbruksareal. Om lag 30 pst. av jordbruksverksemdene driv produksjon berre på eigd jordbruksareal. 7 pst. driv landbruksproduksjon berre med leigd jordbruksareal, jf. figur 8.3, som viser jordbruksverksemdene fordelte etter jordbruksareal i drift. Tala er stabile.

Eigd jordbruksareal i drift på jordbrukseigedommane var på litt under 5,3 mill. dekar. Det leigde jordbruksarealet var på vel 4,5 mill. dekar. Samanlikna med tala frå 2019 viser dette ein nedgang på 22 300 dekar i eigd jordbruksareal i drift, og samstundes ein auke på 39 300 dekar i jordbruksarealet som blir leigd av jordbruksverksemdene.

Figur 8.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2020 (i prosent)

Figur 8.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2020 (i prosent)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tal frå KOSTRA (kommune–stat-rapportering) i 2021 viser at om lag 19 pst. av dei som fekk samtykke til å dele ein landbrukseigedom, skulle selje jorda som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom. Dette inneber at areal frå 546 eigedommar skulle overførast som tilleggsjord til ein eller fleire landbrukseigedommar i 2021. I perioden 2010–2018 var den tilsvarande fordelinga på om lag 15 pst., mens den i 2019 og 2020 var høvesvis 21 pst. og 22 pst.

Leggje til rette for rekruttering i heile landet

Stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen inneheld sentrale rammevilkår og gir grunnlag for auka lønsemd i landbruket. Avtalen er difor det viktigaste verktøyet for å leggje til rette for rekruttering i heile landet. Særleg er ordninga med investerings- og bedriftsutviklingsmidlar målretta for å fremje rekruttering til næringa, både fordi yngre investerer i større grad enn eldre, og fordi mange eldre som investerer, gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Næringsutøvarar under 35 år er prioriterte i delar av regelverket. I 2021 gjekk 30 pst. av tilskottsmidlane til personlege mottakarar under 35 år. Talet har vore relativt stabilt dei siste åra.

Norsk landbruk er ei kunnskapsintensiv og kompetansekrevjande næring. Det er viktig å leggje til rette for eit godt utdanningssystem i landbruket. Nær alle fylka i landet tilbyr landbruksutdanning i vidaregåande opplæring under utdanningsprogrammet Naturbruk, og fleire fylke har fagskuletilbod i ulike landbruksfag. På universitets- og høgskulenivå er det tilbod om landbruksutdanning på tre ulike stader i landet – ved Nord universitet, Høgskolen i Innlandet og Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Det har dei siste åra vore ei positiv utvikling i talet på elevar som vel utdanningsprogrammet Naturbruk, mens de einskilde landbruksfaga under utdanningsprogrammet har variert noko. Samstundes er det stor interesse for agronomi- og gartneropplæringa for vaksne knytt til den nasjonale modellen for vaksenagronomen. Ordninga er etablert ved 20 av landets naturbruksskular fordelt på ni av landets fylkeskommunar.

I høgare utdanning har interessa for landbruksfag vore minkande dei siste åra, ved unntak av skogfag. Interessa for grøne fag i høgare utdanning har òg gått noko ned. For fagskulane har rekrutteringa til landbruksfag halde seg stabilt, samstundes som interessa for matfag har auka.

Rekruttering av rett og god kompetanse er viktig i heile verdikjeda for mat. Dei siste åra har det vore ein nedgang i rekrutteringa til matfaga i vidaregåande skule. Samstundes står matindustrien overfor eit utfordrande generasjonsskifte, og det er stor etterpurnad etter kokker mange stader.

Ei økologisk, økonomisk og kulturell berekraftig reindrift

Regjeringa legg til grunn at reindriftsnæringa er viktig for å bevare samisk kultur, samfunnsliv og språk. Næringa utnyttar viktige utmarksressursar og har potensial for auka verdiskaping, særleg gjennom auka vidareforedling av reinkjøtt og formidling av reindriftssamisk kultur og levesett.

Tilgangen på slaktedyr er avhengig av kalvetilgangen, tap av dyr og kor mange dyr reineigaren set til livdyr. Det blei slakta 66 264 rein i kalenderåret 2021. Dette er ein auke frå det låge nivået i 2020, men slakteuttaket er likevel lågare enn i 2019. Innrapporterte slaktedata for 2021 viser ei gjennomsnittleg slaktevekt på 22,2 kilo mot 22,5 kilo i 2020 for alle slaktedyr. Av alle slaktedyr var 81,4 pst. kalv mot 78 pst. i 2020.

Det er stor variasjon i gjennomsnittsvekt mellom reinbeitedistrikta. Nokre distrikt har gjennomsnittsvekt på under 16 kilo per kalv. I den andre enden av skalaen er det nokre distrikt som har gjennomsnittsvekt på over 20 kilo per kalv. Reinlaga i Sør-Noreg ligg på rundt 24 kilo per kalv.

Produktiviteten per livrein varierer mykje mellom reinbeiteområda og mellom distrikta i det enkelte området. Totalproduktiviten, slakt per livdyr korrigert for reintal, er 5,7 kilo for heile landet i driftsåret 2020/2021, men varierer mellom 3,4 kilo i Nordland og 17,5 kilo i reinlaga i Sør-Noreg.

Det er mange årsaker til tap av rein. Dei viktigaste er rovvilt, sjukdom, ernæringssvikt, reintjuveri eller trafikkulukker. Reinlaga har dei klart lågaste oppgitte kalvetapa, etterfølgt av Sør-Trøndelag/Hedmark og Polmak/Varanger. Generelt god kondisjon hos reinen og lågare dyretettleik på beiteareala har vore viktige faktorar for å forklare dei lågare tapa heilt aust i Finnmark samanlikna med Karasjok og Vest-Finnmark. På grunn av høge tap til rovvilt har Troms og Nordland over tid hatt dei største oppgitte tapa av kalvar og vaksne dyr i prosent av reintal. Samla tap for heile landet i driftsåret 2020/2021 var 82 581 rein mot 71 022 for driftsåret 2019/2020. Av det samla tapet var om lag 77 pst. tap av kalv.

9 Mål: Auka verdiskaping

Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter

Naturgitte forhold gjer at den norske sjølvforsyningsgraden for husdyrprodukt er gjennomgåande høg, mens den er lågare for planteprodukt, jf. nærare omtale under kap. 1150 i del II og kapittel 8 i del III av proposisjonen. Samla sett er det framleis marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon, særleg i grøntsektoren. Forbruket av frukt, bær og grønsaker har auka i fleire år, og det er eit mål i Nasjonal handlingsplan for betre kosthald at befolkninga sitt inntak av frukt, bær og grønsaker skal auke ytterlegare. I dag er ein stor del av forbruket dekt av import. Auka produksjon og forbruk av desse energirike matvekstane kan bidra til auka sjølvforsyningsgrad. For kjøtt er det no om lag balanse mellom tilbod og etterspørsel. I åra før koronapandemien var marknaden for gris, sau/lam og egg prega av overproduksjon, mens det har vore underdekning av storfe. Koronapandemien førte til større forbruk av norsk kjøtt i 2020 og 2021 enn det som tidlegare var prognosert, mellom anna grunna ein sterk reduksjon i grensehandelen. Både produksjon og prisar på kjøtt auka i 2021. Ein antok at grensehandelen ville auke igjen når grensene opna, og norsk produksjon auka difor ikkje like mykje som forbruksauken.

I 2021 blei det importert jordbruksvarer for 89,7 mrd. kroner til Noreg, ein auke på 8,5 pst. samanlikna med 2020. Den største delen av import av jordbruksvarer til Noreg kjem frå EU-land, og i 2021 var importen frå desse landa om lag 61 pst. av den samla importverdien. Dei siste ti åra har denne delen variert mellom 62 og 65 pst. av samla importverdi. I volum er delen av importen frå EU-land noko lågare; i 2021 var den 53 pst., og dei siste tre åra har den variert mellom 52 og 57 pst. Importen er stort sett varer som ikkje blir produserte i Noreg, eller varer som blir importerte utanom norsk sesong. Eksporten av jordbruksvarer frå Noreg var på 14,3 mrd. kroner i 2021. Det er ein auke på om lag 6 pst. frå 2020.

Importen av råvarer til fiskefôr stod for 24 pst. av importverdien av jordbruksvarer i 2021, mens importen av frukt og grønsaker stod for 13 pst. av importverdien. Slike varer blir i hovudsak importert utan toll. Importen av brød og bakverk utgjorde 7 pst. av importverdien. Dette er varegruppa med mest import som ikkje er tollfri, i hovudsak til bearbeida produkt, såkalla RÅK-varer.

Marknaden for lokal mat og drikke har hatt ei positiv utvikling over dei siste to tiåra. Til saman blir det omsett slike produkt for meir enn 11 mrd. kroner kvart år. Tala for sal berre gjennom daglegvarehandelen viser nær ei tredobling i omsetnad frå 2,3 mrd. kroner i 2010 til 6,8 mrd. kroner 2021. Undersøkingar frå Stiftinga Norsk Mat viser òg at viljen til betale ekstra for lokalmat har vore aukande gjennom fleire år og no gjeld om lag 70 pst. av forbrukarane. Lokalmatnæringa er kjenneteikna av innovative og kvalitetsmedvitne produsentar. Fleire norske produsentar har dei siste åra gjort det skarpt i internasjonale tevlingar som oste- og sider-VM. Eit anna godt døme på kvaliteten på norsk lokalmat, er at talet på produkt merka med Spesialitet no er på over 500.

Økologisk mat representerer eit mangfald som forbrukarane etterspør. Landbruksdirektoratet publiserte fram til 2018 tal for omsetnad av økologiske varer i daglegvarehandelen, og har etter dette arbeidd med å få på plass eit nytt datagrunnlag. For dei tre siste åra har Landbruksdirektoratet innhenta tal frå daglegvarekjedene og handsama dei sjølv. Dei er difor ikkje samanliknbare med tal frå før 2019. Omsetnaden av økologiske landbruksvarer i daglegvarehandelen var på 2,9 mrd. kroner i 2021. Dette er ein nedgang frå året før, men ein auke samanlikna med åra før pandemien. Dei to siste åra er ikkje «normale» år for omsetnaden av daglegvarer grunna koronapandemien. Dei største varekategoriane av økologiske landbruksvarer i daglegvarehandelen er tørrvarer, meieriprodukt, fersk frukt og grønt og drikkevarer. Unnateke storhushaldning, er det registrert den same, eller ein auke, i omsetnaden av økologisk mat i alle salskanalar, samanlikna med før koronapandemien. Storhushaldning har framleis 80 mill. kroner lågare omsetnad av økologiske landbruksvarer i 2021 samanlikna med før pandemien.

Ei konkurransedyktig og kostnadseffektiv verdikjede for mat

Samfunnsoppdraget til jordbruket er å sikre befolkninga nok og trygg mat produsert på norske naturressursar, og gjennom dette også bidra til sysselsetjing i heile landet, god ernæring og helse. Verdikjeda i jordbruket må tilpasse seg sterkare konkurranse i framtida. Det betyr at jordbruket må vere ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør, og som tek inn over seg ein stadig meir krevjande internasjonal marknad. Regjeringa jobbar for å sikre eit aktivt landbruk med trygge inntekts- og velferdsordningar. Det er òg ein føresetnad for auka norsk matproduksjon og for at det framleis kan vere eit mangfaldig jordbruk over heile landet. Det viktigaste bidraget frå regjeringa til å sikre norsk jordbruk og matproduksjon er gjennom dei årlege forhandlingane med jordbruket.

Matsektoren si konkurransekraft er avgjerande for å oppretthalde ein høg heimemarknadsdel. Tilstrekkeleg konkurransekraft er fundamentet for eit aktivt og variert norsk jordbruk og for å nå dei landbrukspolitiske måla. Norsk jordbruk har mange konkurransefortrinn og eit godt utgangspunkt for produksjon av konkurransedyktige kvalitetsprodukt, mellom anna gjennom ein variert bruksstruktur og geografisk produksjonsfordeling, god dyrevelferd, låg medisinbruk, høg innovasjonsgrad og ein berekraftig produksjon.

Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk, og det er viktig å sikre verdiskaping og lønsemd i heile verdikjeda. Store delar av næringsmiddelindustrien foredlar norskproduserte råvarer, samstundes som han i aukande grad er eksponert for internasjonal konkurranse. Det er viktig å halde oppe norsk matproduksjon og sikre tilgangen på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet, for å sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer. Importen av næringsmiddel aukar, men det gjer òg den samla omsetnaden av matvarer i Noreg.

Det siste tiåret har det samla produksjonsvolumet i jordbruket auka med 5,6 pst., jf. figur 9.1. Det samla produksjonsvolumet av planteprodukt har auka med 10 pst. (inkl. prognosert volum for 2022, ifølgje Budsjettnemnda for jordbruket). Planteproduksjon er svært avhengig av veret. Vêrforholda i 2016 og 2017 gav gode avlingar, mens tørken sommaren 2018 gjekk hardt ut over kornproduksjonen og nokre av grønsakskulturane. Produksjon av korn, erter og oljefrø har auka med 13,1 pst. dei siste ti åra. For poteter har auken vore 11,1 pst. mens den for grønsaker og frukt har vore over 30 pst. Fruktavlinga i 2021 var den største på ti år. Produksjonen av bær har gått ned med nesten 26 pst. dei siste ti åra. Usikkerheit kring tilgang på arbeidskraft frå utlandet grunna koronapandemien er hovudårsaka til den sterke reduksjonen. Mangel på arbeidskraft førte mellom anna til at jordbærplanter ikkje blei planta eller at dei blei nedpløyd, mens andre produsentar ikkje hausta avlinga si. Prisane på bær auka desse åra samanlikna med tidlegare år. Marknaden for frukt og grønsaker er prega av sterk konkurranse frå import, men elleve av tolv produkt i grøntsektoren nådde likevel målpris i 2021. Samla sett er det gode marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon, særleg for frukt, grønsaker og bær.

Produksjonen av husdyrprodukt auka jamt fram til 2018, før den gjekk noko ned i 2019 og 2020. I 2021 auka produksjonen av husdyrprodukt noko som følgje av den auka etterspørselen under koronapandemien, både som følgje av den kraftige reduksjonen i grensehandelen, reduserte utanlandsreiser og auka etterspørsel i hushaldsmarknaden. Auken i salet av kjøtt var venta å vere mellombels, og for å unngå ein situasjon med overproduksjon når etterspørselen blei normalisert, blei delar av etterspørselsauken på kjøtt teke ut gjennom auka import. Dette gjaldt særleg svinekjøtt og fjørfekjøtt. Dei siste ti åra har produksjonsauken på storfe, svin og fjørfekjøtt vore høvesvis 9,8 pst., 5,6 pst. og 13,8 pst. Produksjonen av sau/lam har auka med 2,8 pst. i same periode. Tal frå Landbruksdirektoratet viser at den samla norske produksjonen av kjøtt frå gris, storfe, kylling, sau og lam har auka med 25 pst. dei siste femten åra. Produksjonsauken har først og fremst skjedd i dei kraftfôrbaserte produksjonane svin og fjørfe. Produksjonen av dei grovfôrbaserte kjøttslaga har vore relativt stabil i perioden sett under eitt, men med ein del variasjonar mellom år. Auken i salet av meieriprodukt under koronapandemien blei i stor grad teken ut gjennom auka innanlandsk produksjon. Dei siste ti åra er reduksjonen i mjølkeproduksjonen berekna til 3 pst.

Figur 9.1 Endring i produksjonsvolum frå 2013 til 2022, iht. normalisert rekneskap. 2013 = 100.

Figur 9.1 Endring i produksjonsvolum frå 2013 til 2022, iht. normalisert rekneskap. 2013 = 100.

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket

Lønsemd er den viktigaste drivaren for avgjerdene den enkelte produsent tek. Det inneber at dei økonomiske verkemidla mellom anna verkar inn på den geografiske produksjonsfordelinga. Det samla jordbruksarealet har vore uendra eller hatt ein liten auke i Viken, Agder, Rogaland og Trøndelag i perioden 2010 til 2021. Reduksjonen i jordbruksareal i drift i denne perioden har først og fremst skjedd i Møre og Romsdal og i Vestland. I Innlandet, Vestfold og Telemark, Norland og Troms og Finnmark har arealet gått ned med om lag 0,3 pst. Arealet av eng og beite har auka i fleire fylke i perioden. Figur 9.2 viser endringa i grovfôr- og kornarealet frå 2010 til 2021 for dei sonene for arealtilskott der arealet i størst grad kan vekslast mellom korn og grovfôr. I perioden auka arealet med grovfôr i sone 1, 3 og 4, mens kornarealet blei redusert. For sone 5 var det ein nedgang for både gras og korn.

Figur 9.2 Endring i areal grovfôr og korn i perioden 2010 til 2021, antal dekar

Figur 9.2 Endring i areal grovfôr og korn i perioden 2010 til 2021, antal dekar

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Regjeringa vil leggje til rette for at landbruket skal ha føreseielege rammevilkår som kan bidra til at den samla lønsemda i næringa aukar. Det er avgjerande at næringsutøvarane i landbruket skal ha dei same inntektsmoglegheitene som andre grupper. Innanfor desse rammevilkåra har utøvarane i landbruket, som sjølvstendige næringsdrivande, ansvar for eiga inntekt. Ei berekraftig kostnadsutvikling, god marknadstilpassing og produktivitetsutvikling vil vere ein føresetnad for inntektsutviklinga. Målet er at inntekter for bonden i størst mogleg grad blir henta i marknaden. Regjeringa vil arbeide for at næringsutøvarar i alle produksjonar og på alle typar bruk skal ha reell moglegheit for inntektsutvikling på line med andre i samfunnet.

Berekningar frå Budsjettnemnda for jordbruket i 2022 viste at bruttoinntektene i jordbruket auka med 4,2 mrd. kroner frå 2020 til 2022, før jordbruksoppgjeret. Kostnadene (inkl. realrentekostnaden) var berekna til å auke med over 5,5 mrd. kroner. Dette innebar at vederlag til arbeids- og eigenkapital for jordbrukssektoren frå 2020 til 2022 var berekna å gå ned med nesten 1,4 mrd. kroner, eller 8,5 pst. før jordbruksoppgjeret i 2022. Dette blir utdjupa i avsnittet om inntektsutviklinga i jordbruket.

Ei effektiv og lønsam utnytting av garden sine samla ressursar

Det er heilt sentralt for landbruks- og matpolitikken at dei ulike verkemidla bidreg til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. Det er sett av midlar til dette over jordbruksavtalen, mellom anna til Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping, forvalta av Innovasjon Norge (IN). Innsatsen har medverka til auka profesjonalisering og vekst særleg innan lokalmatområdet, men òg innanfor område som reiseliv og Inn på tunet. Omsetnad av lokalmat gjennom daglegvarehandelen har auka frå 2,3 mrd. kroner i 2010 til 6,8 mrd. kroner i 2021 – ein auke på 196 pst. Totalomsetnad av lokalmat og drikke medrekna storhushandlingsmarknaden, er berekna til 11,3 mrd. kroner for 2021.

Dei fleste bedriftsretta verkemidla over Landbrukets utviklingsfond (LUF) er forvalta av Innovasjon Norge (IN), der måla om fleire gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø står sentralt. Dei offentlege verkemidla verkar saman med fleire andre faktorar, og det er difor svært krevjande å måle samanhengen mellom tildeling av midlar og utvikling i lønsemd, produktivitet og omsetnad. Dei fleste landbrukskundane hos IN er enkeltpersonføretak eller personkundar, og rekneskapstala deira er ikkje tilgjengelege på same måten som for aksjeselskap. Mangelen på rekneskapsdata gjer at det ikkje er mogleg å måle verknaden av midlane til tradisjonelt landbruk med same metode som for midlar til andre tenester til næringslivet hos IN. For tenester innan INs landbruksoppdrag som ikkje er tradisjonelt landbruk, har SSB gjort berekningar av verknaden.

I INs rapport til oppdragsgivarane for 2021 viser effektindikatorar for finansiering gitt til aksjeselskap under landbruksoppdraget at bedrifter som har fått tilsegn frå INs tenester, har høgare årleg gjennomsnittleg meirvekst i salsinntekter (9,6 prosentpoeng), verdiskaping (8,2 prosentpoeng) og produktivitet (2,9 prosentpoeng) enn dei som ikkje har fått tilsegn frå IN. Gjennomsnittleg årleg meirvekst for prosjekt finansiert av Landbruks- og matdepartementet er noko høgare enn andre distriktsretta oppdrag i IN. Addisjonaliteten, det vil seie i kva grad bedriftene oppfattar at INs bidrag har vore avgjerande for gjennomføringa av prosjektet, er vedvarande høg for landbruksoppdraget. I 2020 var denne på 95 pst.

Tilgang til investeringsverkemiddel bidreg til fornying av produksjonsapparatet i landbruket og til framtidig vekst og utvikling i landbruksbaserte næringar. Midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar) er Landbruks- og matdepartementet sitt viktigaste verkemiddel for å fremje investeringstiltak i landbruket. Det har over fleire år vore stor etterspørsel etter investeringsverkemiddel. I mange fylke var tilskottsramma i praksis brukt opp første halvdel av 2021. Nærare 87 pst. av midlane går til fornying av produksjonsanlegg for tradisjonelt landbruk, og er knytte til delmålet om vekst i bedrifter. Ein vesentleg del av midlane som går til landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk, er knytte til delmålet om fleire gründerar. Rapporten frå IN om bruk av IBU-midlar for 2021 legg til grunn ein vekst i sysselsetjinga på 321 årsverk samla for dei prosjekta det er løyvd støtte til i tiltaksgruppene etablerartilskott, bedriftsutvikling og investeringar i andre landbruksbaserte næringar.

Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping har tiltak retta mot vekstkraftige bedrifter, forpliktande produsentsamanslutningar og omdømmetiltak. Målet med programmet er å få til auka vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv, reindriftsnæringa, Inn på tunet, innlandsfiske, jaktturisme og viltkjøtt og anna ny næringsverksemd basert på ressursane i landbruket og reindrifta. I 2021 blei det innvilga nærare 91 mill. kroner til nye prosjekt. Nær halvparten av midlane gjekk til finansieringstiltak og bedriftsnettverk. Meir enn to tredelar av finansieringsprosjekta er mat- og reiselivsrelaterte, anten kvar for seg eller i kombinasjon. Gjennomsnittleg omsetnadsauke for dei vekstbedriftene som er organisert som AS (70 av 126) i vekstordninga var 33 pst. I 2021 vidareførte Innovasjon Norge moglegheita for finansiering av omstillingsprosjekt som følgje av koronapandemien. Verksemder innan mat- og drikkesegmentet utgjorde òg her den største delen av støttemottakarar. Eit gjennomgåande trekk er omlegging frå sal til hotell- og restaurantar til sal til i første rekkje daglegvarehandel og eige utsal/direktesal. Kundeeffektundersøkingane til IN viser at Utviklingsprogrammet har hatt ein høg addisjonalitet over fleire år, det vil seie at støtta over programmet blir opplevd som utløysande for realisering av prosjekta. Undersøkingane viser vidare at ordningane medverkar positivt til kompetanseheving og samarbeid, og at prosjekta i stor grad har bidrege til innovasjon innan varer, tenester og marknad.

Tal frå Landbruksteljinga 2020 viser at det er 21 773 jordbruksbedrifter som driv ei eller anna form for tilleggsnæring. Leigekøyring, i eller utanfor landbruket og utleige av jakt- og fiskerettar utgjer dei største næringskategoriane. Tala viser òg at det er 1 462 jordbruksbedrifter som driv med vidareforedling av råvarer til matprodukt for sal. 1 446 jordbruksbedrifter er registrerte under næringskategorien turisme. Ein annan indikator på mat- og reiselivsverksemder av eit visst omfang og profesjonalitet, kan vere talet på medlemmer hos HANEN, som er ein landsdekkjande næringsorganisasjon for verksemder innan bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg. Ved utgangen av 2021 hadde HANEN 530 medlemmer, som er det same talet som for 2020, etter ein jamn vekst dei siste åra. Stiftinga Norsk Mat rapporterer at talet godkjente Inn på tunet-bedrifter ved utgangen av 2021 var 387 mot 367 året før.

Driftsgranskingane til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ei viktig kjelde til kunnskap om utvikling og lønsemd innanfor dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Bruka som inngår i driftsgranskingane er valde ut på grunn av jordbruksproduksjonen på bruket. Det blir ikkje teke omsyn til om bruket har tilleggsnæring eller kva tilleggsnæring som blir driven. Resultata for tilleggsnæringane i driftsgranskingane kan difor variere noko meir enn det ein ser for resultata for jordbruket.

Av dei 924 enkeltbruka som var med i driftsgranskingane i 2020, hadde 85 pst. (786 bruk) omsetnad knytt til anna landbruksbasert næring. Det er ein auke på 2 prosentpoeng frå 2019. Prosentdelen bruk med andre landbruksbaserte næringar av vesentleg omfang har dei seinare åra vore størst på Austlandet og minst i Nord-Noreg. Omsetnaden seier noko om kor høgt aktivitetsnivået i bedriftene er, men ikkje nødvendigvis noko om forteneste og inntekt. 68 pst. av bruka hadde ein omsetnad på meir enn 20 000 kroner frå andre landbruksbaserte næringar. Gjennomsnittleg omsetnad på desse bruka var 294 600 kroner, ein nedgang på 8 pst. frå toppåret 2019.

Figur 9.3 Gjennomsnittleg driftsoverskott frå ulike former for andre landbruksbaserte næringar, for bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar, 2018–2020 (i kroner per bruk)

Figur 9.3 Gjennomsnittleg driftsoverskott frå ulike former for andre landbruksbaserte næringar, for bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar, 2018–2020 (i kroner per bruk)

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket

Driftsoverskottet frå andre landbruksbaserte næringar utgjorde i gjennomsnitt 118 100 kroner per bruk i 2020. Det er ein nedgang på 7 700 kroner frå 2019. Driftsoverskottet varierer mykje mellom dei ulike næringane, jf. figur 9.3. Gruppa Anna tenesteyting (omfattar mellom anna Inn på tunet, klauvskjering og saueklipping) har hatt størst driftsoverskott per bruk av gruppene. Gruppa Vareproduksjon som omfattar mellom anna omsetnad av ved og vidareforedling av kjøtt, mjølk og frukt hadde i snitt eit driftsoverskott for 2020 på 30 000 kroner. Gruppa Utmarksnæring inkluderer til dømes utleige av jakt og fiske, sal av grus, sand og stein, utvikling og sal av tomter og småkraftverk. I 2020 blei driftsoverskottet for denne driftsforma i gjennomsnitt 87 700 kroner. Overskott frå sal av tomter bidreg til godt resultat for denne driftsforma. Kategoriane «turisme» og «annan biologisk produksjon», som til dømes hunde- eller hesteoppdrett, har hatt varierande resultat. Dei siste åra har det vore så få bruk med turisme og annan biologisk produksjon i driftsgranskingane at det ikkje blir presentert resultat for desse driftsformene. Bruka som driv med turisme som tilleggsnæring blei råka av koronapandemien, og det er ein nedgang både i resultat og arbeidsinnsats for denne driftsforma.

Driftsgranskingane viser at overskottet frå tilleggsnæring utgjorde i gjennomsnitt 9 prosent av samla nettoinntekt på alle (924) driftsgranskingsbruk i 2020. Bidraget varierer med ulike regionar og ulike tilleggsnæringar. Stor variasjon i bidraget frå tilleggsnæring mellom år i ein region kjem elles i stor grad av utskifting av bruk i driftsgranskingane. NIBIO viser til at ei av årsakene til at tilleggsnæringane ikkje betyr meir, kan vere at utvalet av bruk som er med i driftsgranskingane har relativt stor jordbruksaktivitet. På desse bruka kan det vere lita tid til, og mindre behov for, å byggje opp andre næringar. God tilgang på inntektsgivande arbeid utanfor landbruket kan vere ei anna forklaring. Med utgangspunkt i driftsgranskingane hadde tilleggsnæringane i 2020 størst økonomisk innverknad i flatbygdene i Trøndelag.

Vidareutvikle Noreg som matnasjon

Arbeidet med å vidareutvikle Noreg som matnasjon held fram. Visjonen for Matnasjonen Noreg femnar breitt, både mellom sektorar og langt heile verdikjeda for mat:

«I 2030 er mat ei kjelde til matglede, stoltheit, god helse og fellesskap i heile befolkninga, og eit synleg element i turistlandet Noreg. Noreg er internasjonalt kjend for ein spanande matkultur, sin store sjømateksport og mat- og drikkeopplevingar i verdsklasse.»

Arbeidet med å byggje Noreg som matnasjon blir følgt opp både gjennom tiltak innanfor Utviklingsprogrammet og gjennom nasjonale og regionale samarbeidsarenaer og verkemiddel.

Matgledekorpsa som er etablerte i fleire delar av landet, er òg eit viktig tiltak i bygginga av Noreg som ein matnasjon. Dette arbeidet har vore i gang over fleire år og viser gode resultat. Arbeidet har bidrege til auka matglede blant bebuarar på institusjonar og auka kompetanse blant dei som lagar maten på desse institusjonane. Dette, saman med arbeidet for å byggje sterke mat- og reiselivsregionar, vil stå sentralt i oppfølginga av strategien i 2022.

Innovasjon Norge leverte i 2021 Nasjonal reiselivsstrategi 2030 til dåverande regjering. Strategien hadde fleire innspel på mat- og reiselivsområdet. Det er som ei oppfølging mellom anna nedsett eit offentleg utval som skal sjå på kommunane sitt handlingsrom i utviklinga av berekraftige reisemål.

Stiftinga Norsk Mat har ei sentral rolle i utviklinga av Noreg som matnasjon. Stiftinga administrerer og utviklar Kvalitetssystem i landbruket (KSL), merkeordningane Nyt Noreg, Beskytta nemningar og Spesialitet og har ansvar for faktabasert informasjon om økologisk mat. Utviklinga i merkeordningane kan gi nyttig informasjon om korleis Matnasjonen Noreg utviklar seg. Auka verdiskaping i landbruket gjennom mangfaldige, synlege og tilgjengelege norske produkt og matspesialitetar er vektlagt i arbeidet med Matnasjonen Noreg og mat og reiseliv.

KSL ligg til grunn for alle merkeordningane Stiftinga Norsk Mat forvaltar. Norsk Mat har i 2021 vidareført utviklingsarbeidet med nytt KSL. I 2021 blei det gjennomført 5 278 KSL-revisjonar, 39 bedriftsrevisjonar for Nyt Norge, 78 bedriftsrevisjonar knytt til lokalmat.no, 32 bedriftsrevisjonar for Spesialitet og 15 revisjonar på frukt- og grøntpakkerier.

Ved utgangen av 2021 var 4600 produkt frå til saman 120 ulike bedrifter godkjende for Nyt Noreg-merket. Norsk Mat har registrert 7 feilmerkingar med Nyt-Norge-merket. Frå 1.1.2022 kan ikkje-etande planter og produkt frå hurtigmatrestaurantar ta i bruk Nyt Norge- merket.

Kjennskapen til Nyt Noreg-merket hos forbrukarane er framleis høg, med ein merkekjennskap på 93,2 pst., noko som gjer merkeordninga til den mest kjende i Noreg. Det var 32 produkt godkjende i Beskytta nemningar medrekna eitt nytt produkt i 2021. Vidare er 585 produkt godkjende som Spesialitet.

Bransjeportalen Lokalmat.no har blitt ein viktig kanal for lokalmat og koplar saman produsentar av lokalmat og innkjøparar i daglegvare- og restaurantmarknaden. Ved utgangen av 2021 var det 648 bedrifter med til saman 2 907 produkt registrerte i databasen og 349 innkjøparar.

Leggje til rette for bonden sine inntektsmoglegheiter og evne til å investere i garden

Inntektsutviklinga i jordbruket

Etter ein inntektsvekst på om lag 5 pst. i 2021, prognoserte Budsjettnemnda på usikkert grunnlag i mars 2022 ein inntektsreduksjon på 9,5 pst. i 2022. Prognosen var inkludert verdien av jordbruksfrådraget, slik Stortinget har sett som føresetnad. Dei samla kostnadene i 2022 var anslått å auke med 5,5 mrd. kroner frå 2020 til 2022. Kostnadsveksten var særleg stor for gjødsel, kraftfôr, byggemateriale, drivstoff og straum. Før endringar i jordbruksavtalens målprisar og andre prisendringar i 2022, blei brutto inntektsauke anslått til 4,2 mrd. kroner i same periode, inkludert auken i løyvingane som følgje av tilleggsforhandlingene hausten 2021. Auken kom i stor grad frå ein auke i inntektene frå kjøtt og mjølk, knytt til endringar i heimemarknaden som følgje av koronapandemien.

For perioden 2020 til 2022 var inntektsutviklinga prognosert til om lag 14,5 pst. svakare enn det som blei lagt til grunn i fjor, tilsvarande om lag 2 400 mill. kroner. Det skjer trass i at kompensasjonsordningane for gjødsel og byggemateriale etter tilleggsforhandlingene hausten 2021, og midlertidig straumstønad, er innarbeidd i kalkylen.

I jordbruksoppgjera forhandlar staten og jordbruksorganisasjonane normalt hovudsakleg om rammevilkåra for kommande år. Som følgje av den ekstraordinære kostnadsauken i 2022, var partane i jordbruksoppgjeret samde om at svikten samanlikna med føresetnadene i Stortinget si handsaming av jordbruksoppgjeret i 2021 utgjer 2 400 mill. kroner, og at denne skulle kompenserast i 2022. Normalt vil ein eventuell kompensasjon for «etterslep» i årets jordbruksoppgjer bli gitt for forhandlingsåret 2023. Slik situasjonen var på forhandlingstidspunktet var partane einige om at det var viktig å kompensere jordbruket for svikten i inntekter så raskt som mogleg. Det blei i jordbruksoppgjeret i 2022 difor i realiteten forhandla om rammevilkår for to kalenderår; både 2022 og 2023. Avtala inneber ein samla auke i inntektsmoglegheitene for jordbruket på 10,9 mrd. kroner for 2022 og 2023, samanlikna med 2022 før oppgjer.

Utvikling i produktivitet

Det er fleire måtar å måle produktivitet på. Budsjettnemnda for jordbruket nyttar arbeidsproduktivitet, kapitalproduktivitet og eit mål der både arbeids- og kapitalproduktivitet er slått saman. Utgangspunktet for årets berekning av produktivitetsutviklinga i jordbruket er normalisert rekneskap for åra 2011–2021, og resultata er basert på bruttoproduktet i jordbruket. Bruttoprodukt vil seie produksjonsverdi minus vareinnsats. Direkte tilskott utover grunntilskott og distriktstilskott er heldt utanfor i berekningane.

Grunna bruk av ny bereknignsmetode og nytt datamateriale, er ikkje årets berekningar av produktivitet direkte samanliknbare med fjorårets publiserte tal på produktivitet.

Med unntak av åra 2012 og 2018 er kurvene jevnt stigende for alle tre produktivitetsmåla frå 2011 til 2021. Eit høgt bruttoprodukt i 2021 drar produktivitetane opp samla for perioden. Arbeidsproduktivitet auka til 34,2 pst. frå 2011 til 2021. Den gjennomsnittlege årlege auken i arbeidsproduktiviteten var om lag 3 pst. rekna med renters rente-formel. Kapitalproduktivitet har i gjennomsnitt hatt ei auke på i underkant av 1,5 pst. per år rekna med rentesrente-formel, til 15,7 pst. for heile perioden. Samanvega produktivitetsvekst for arbeid og kapital er på 2,3 pst. i perioden 2011 til 2021 rekna med rentesrente-formel.

Investeringar i jordbruket

Førebelse rekneskapstal frå totalkalkylen for jordbruket 2021 viser at det samla investeringsnivået i driftsbygningar innan jord- og hagebruk var på i overkant av 5 mrd. kroner. Tabell 9.1 gir ei oversikt over gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket for 2020 fordelt på regionar. Driftsgranskingane omfatta 924 bruk i 2020. Storleiken på investeringsnivået for det enkelte bruket er mellom anna avhengig av produksjonstype og bruksstorleik.

Tabell 9.1 Gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket fordelt på regionar, 2020 (i 1 000 kroner)

Regionar

Bruttoinvestering per bruk

Austlandet

Flatbygdene

479,1

Andre bygder

523,4

Agder og Rogaland

Jæren

301,7

Andre bygder

547,5

Vestlandet

531,9

Trøndelag

Flatbygdene

368,1

Andre bygder

939,1

Nord-Noreg

477,6

Gjennomsnittleg investeringsnivå gjekk ned for alle regionar med unntak av Vestlandet i 2020. Dei største bruttoinvesteringane per bruk for 2020 finn vi i andre bygder Trøndelag, andre bygder Jæren og Vestlandet.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruk og trebasert industri er ei viktig verdikjede i Noreg. Denne næringa sysselset om lag 22 000 personar, og av desse er rundt 6 000 i skogbruket. Det blei i alt avverka rundt 10,5 mill. kubikkmeter tømmer for sal til industrien i 2021, ein liten auke frå året før. I 2021 blei det eksportert rundt 3,9 mill. kubikkmeter tømmer, ein auke på 0,3 mill. kubikkmeter frå året før. Den årlege tilveksten i skogen er på om lag 24,5 mill. kubikkmeter.

I 2021 blei det sett ut 39,6 mill. skogplanter og utført ungskogpleie på 220 000 dekar, ein nedgang frå året før. Markrivinga var på 104 000 dekar i 2021, om lag same nivå som i 2020. I følgje SSB, blei det bygd om lag 107 km nye skogsbilvegar og ombygd om lag 232 km eldre skogsbilvegar i 2021. Dette er ein auke på om lag 24 pst. for nybygging og ein nedgang på rundt 30 pst. for ombygging frå året før.

Det er utarbeidd skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 2,5 mill. dekar skog i 2021, og samla er det no sett til side om lag 1,19 mill. dekar med nøkkelbiotopar. Stortinget har vedteke at det er klassifiseringssystemet Natur i Norge (NiN) som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur, og dette systemet er teke i bruk og innarbeidd i MiS-kartlegginga. Det meste av det økonomisk drivverdige skogarealet i skogstrøka på Sør-Austlandet er no kartlagt, og det blir starta opp nye skogbruksplanprosjekt med revisjon av eldre miljøregistreringar. For Vestlandet og nordover er det starta eit arbeid for å auke innsatsen med tanke på både omfang og regionale tilpassingar i skogbruksplanlegginga. Departementet la i 2021 fram ein rapport om den eldste skogen og auka ivaretaking av nøkkelbiotopar, der det blir peika på utviklingsoppgåver framover.

10 Mål: Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Norsk landbruk forvaltar store delar av norsk natur gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og annan aktivitet. Landbruket skaper økonomiske verdiar, mat, trevirke og miljøgode av ulike slag. Kulturlandskapet er eit resultat av eit aktivt landbruk. For å sikre at innbyggjarane i dag og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer og treprodukt, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv for vern og berekraftig bruk av areal og ressursgrunnlag. Gjennom berekraftig produksjon skal landbruket bidra til redusert forureining og reduserte utslepp av klimagassar, leggje til rette for auka opptak av klimagassar og naudsynt tilpassing av produksjonen til klimaforholda i framtida.

Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen skal bidra til å halde ved lag kulturlandskapet og redusere miljøbelastninga frå jordbruket. Nasjonalt miljøprogram samlar verkemiddel til støtte for miljøomsyn i jordbruksdrifta. Nasjonalt miljøprogram og regionale miljøprogram gjeld for perioden 2019–2022. Det blir ny programperiode for åra 2023–2026. Som oppfølging av Meld. St. 11 (2016–2017) er klima og miljø i større grad vektlagt i jordbruksoppgjera. Intensjonsavtalen med organisasjonane i jordbruket om å arbeide for reduserte utslepp og auka opptak av karbon i jordbruket, med til saman 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar innan 2030, jf. Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030, ligg til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover. Det er etablert ei rekneskapsgruppe som skal halde rekneskap over progresjonen i arbeidet. 2023 blir første rapporteringsår. I jordbruksoppgjeret 2022 blei miljø- og klimainnsatsen ytterlegare styrkt. Det er viktig for regjeringa å leggje vekt på arbeidet med grøn omstilling og vareta eit berekraftig landbruk, både knytt til sirkulær bioøkonomi, arbeid med miljøretta tiltak og reduksjon av klimagassar. Årets satsing skal bidra til å følgje opp klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket og arbeidet med å nå andre miljømål, til dømes innan vassmiljø og kulturlandskap. Oppfølging av Helhetlig tiltaksplan for Oslofjorden blei særskild prioritert i forhandlingane. Totalt blei avsetjinga til ordningar med klima- og miljøverknad auka med 1660,8 mill. kroner frå 2022 til 2023. Regjeringa etablerer no Bionova. Bionova skal vere eit verktøy for å nå Noreg sine klimamål for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 ved å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. Les meir om Bionova under kap. 1152, post 50.

Klimaplanen for skog- og arealsektoren i Meld. St. 13 (2020–2021) ligg til grunn for regjeringa si satsing på auka opptak og reduserte utslepp frå sektoren. Regjeringa vil vidareføre tiltaka i skog med tilskott til tettare planting etter hogst, gjødsling og skogplanteforedling.

Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan bli nådde. For nærare omtale av regjeringa sitt samla klima- og miljørelevante arbeid, sjå Klima- og miljødepartementets Prop. 1 S (2022–2023).

Redusert forureining frå landbruket

Tiltak for å avgrense forureininga

Reduksjon av vassforureininga frå avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel, er viktig for at vatn skal oppnå ein god økologisk tilstand, jf. vassforskrifta. Konsentrasjonar og tap av næringsstoff frå jordbruksareal varierer mykje frå år til år på grunn av variasjonar i nedbør, temperatur og jordbruksdrift. Åkerareal utan vernande plantedekke haust og vinter gir større risiko for erosjon. Årlege tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding om hausten er difor eitt av dei viktigaste tiltaka for å redusere vassforureininga frå jordbruket. Innsatsen er størst der vassførekomstane har eller har hatt ein dårleg tilstand, slik som i Viken og Innlandet. Det har gjennom fleire år vore lagt vekt på å rette innsatsen mot dei areala der det er viktigast å gjennomføre målretta tiltak. Dette kan ha bidrege til at redusert jordarbeiding i mindre grad blir gjennomført på lite utsette areal.

Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Samla gjennomføring av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal med meir i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dyrka areal, men ikkje tilsvarande det som har vore forventa effekt av tiltaka. Resultata frå analyse av 25 år med overvakingsdata i JOVA-programmet til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), viser at nedbør og temperatur er dei viktigaste faktorane som avgjer jord- og fosfortap og at det er effekt av jordarbeiding på fosfortap og fosforkonsentrasjonar. Effekten er størst når det er mykje nedbør, stor avrenning og store jordtap. NIBIO viser til at jord- og fosfortap i eit nedbørfelt blir påverka av mange faktorar som bidreg til å tilsløre effekten av jordarbeiding. Temperatur, nedbør og avrenning er viktige faktorar, og særleg i samband med vinterforhold kan veret utgjere ein viktig faktor for kor store jord- og fosfortapa blir det enkelte år.

Tilskott til drenering blei innført frå 2013. Godt drenert jord reduserer faren for jordpakking og utslepp av lystgass frå jordbruksjord. Det blei innvilga om lag 70 mill. kroner til gjennomføring av dreneringstiltak i 2021. Om lag 388 000 dekar jordbruksareal er drenert sidan 2013. Utbetring og oppgradering av hydrotekniske anlegg har vore ei viktig prioritering over fleire år. Det bidreg til redusert avrenning og tilpassing av areala til eit klima med meir vatn og meir ekstrem nedbør. Frå 1989 til 2021 er det innvilga meir enn 630 mill. kroner gjennom ordninga.

Nitrogengjødsel frå mineral- og husdyrgjødsel er viktig for plantevekst, men samstundes ei kjelde til skadelege utslepp av ammoniakk (NH3), lystgass og nitrat. Rett spreiemengd, spreietidspunkt og spreiemetode er difor viktig for å få ned utsleppa. I 2021 blei det gjennomført tiltak på miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel på om lag 2,2 mill. dekar.

Salet av plantevernmiddel varierer frå år til år mellom anna på grunn av klimatiske forhold. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt. Dei siste åra har det i hovudsak vore ei dreiing mot bruk av preparat med lågare helse- og miljørisiko. Basert på omsetnaden av plantevernmiddel er berekna helserisiko for 2020 redusert til 71 pst. av 1996/1997-nivået, mens berekna miljørisiko er redusert til 80 pst. av 1996/1997-nivået.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO2 og gode klimatilpassingar

Reduserte utslepp av klimagassar

Utsleppet av klimagassar frå jordbruket var i 2021 på 4,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar, og utgjorde om lag 9,4 pst. av dei samla norske utsleppa1. Utsleppa frå jordbruket er reduserte med 6,6 pst. frå 1990 til 2020. Jordbruksaktivitetar og særleg husdyrhald er opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Om lag 70 pst. av klimagassutsleppa frå jordbrukssektoren i klimagassrekneskapen er metan frå naturlege prosessar hos husdyr som storfe og sau, og lystgass frå husdyrgjødsel. Færre storfe, på grunn av auka produktivitet i mjølkeproduksjonen og redusert bruk av gjødsel, er blant hovudårsakene til nedgangen i utsleppet frå jordbruket.

Ein stor del av utsleppa frå jordbruket er den kortliva gassen metan. Fordi metan er ein kortliva klimagass er det i hovudsak utsleppa dei siste tiåra som avgjer kor stor oppvarmingseffekten av gassen er. Stabile eller svakt fallande utslepp bidreg ikkje til ytterlegare oppvarming. Problemet med kortliva gassar er at dei har stor verknad den tida dei er i atmosfæren. Av den grunn har kvar auke i utslepp eller kutt i utslepp ein raskare, men samstundes meir forbigåande, verknad på temperaturen. Denne verknaden held seg difor berre så lenge auken i utsleppa eller kutt i utsleppa held fram. Dette til forskjell frå langliva gassar som til dømes CO2. CO2 blir ikkje brote ned, men hopar seg opp i atmosfæren til utsleppa blir tekne opp i havet eller på landjorda. Det inneber at CO2-utslepp bidreg til ytterlegare oppvarming til utsleppa er redusert til netto null.

For å nå eit særskilt temperaturmål kan det vere naudsynt å kutte utsleppa av kortliva gassar ned til eit nytt nivå, men vi treng ikkje nødvendigvis å redusere utsleppa til null. Modellberekningar frå FNs klimapanel peikar på at CO2-utsleppa globalt må kuttast til netto null, mens utsleppa av metan må reduserast med minst 35 pst. for å nå 1,5-gradersmålet. Dei globale utsleppa av metan har dei siste ti åra auka raskt.

Klimaforskarar har dei siste åra utvikla ein ny metode, med nemninga GWP*, for å berekne oppvarmingseffekten av kortliva klimagassar over tid. Metoden tek utgangspunkt i den etablerte vektfaktoren GWP (100) for å rekne om utslepp til CO2-ekvivalentar. Figur 10.1 viser det akkumulerte bidraget frå jordbruket til oppvarming frå 1990 til 2020. Målt i årlege utslepp i CO2-ekvivalentar utgjer utsleppet frå jordbruket om lag 9,4 pst. av dei samla norske utsleppa i perioden. Oppvarmingsbidraget sidan 1990 er om lag halvparten fordi metanutsleppa har falt noko i den same perioden.

Dette gir ein oppvarmingseffekt som er ein firedel av det som kjem fram gjennom å rekne med GWP100. Dette kan endre seg dersom det skjer ein auke i metanutsleppet.

Figur 10.1 Akkumulert bidrag til oppvarming av klimagassar frå jordbruket, målt i CO2-ekvivalentar (GWP100) og CO2-oppvarmingsekvivalentar (GWP*)

Figur 10.1 Akkumulert bidrag til oppvarming av klimagassar frå jordbruket, målt i CO2-ekvivalentar (GWP100) og CO2-oppvarmingsekvivalentar (GWP*)

Kjelde: Basert på utsleppsdata frå SSB

I juni 2019 inngjekk regjeringa Solberg, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag ein intensjonsavtale om klimamål for jordbruket. Avtalen handlar om utsleppskutt og auka opptak, som samla skal utgjere 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030. Klimaavtalen mellom jordbruket og staten seier at partane òg skal følgje utsleppa av dei ulike klimagassane separat. Den viktigaste oppgåva for jordbruket i klimasamanheng er å redusere utsleppa frå jordbruket utan at klimaomstillinga fører til karbonlekkasje, det vil seie å redusere utsleppa per produserte eining. Klimaavtalen ligg til grunn for omtalen av jordbruk i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030, og vil òg liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover. Det er etablert ei rekneskapsgruppe som følgjer opp klimaavtalen.

Når myr (organisk jord) blir dyrka, blir karbon- og nitrogenhaldig materiale gradvis brote ned og gir utslepp av klimagassar. Landbruks- og matdepartementet fastsette i 2020 endringar i forskrift om nydyrking (nydyrkingsforskrifta). Det blei innført eit forbod mot nydyrking av myr, men kommunen kan tillate dyrking av myr når særskilte vilkår er oppfylte. Stortinget har gjennom si handsaming av eit representantforslag, Dokument 8: 288 L (2020–2021), vedteke endringar i reglane i jordlova om nydyrking. Endringane inneber at nydyrking eller nedbygging av myr berre kan skje der omsynet til klima, natur- og kulturlandskap blir vareteke gjennom ein heilskapleg plan godkjend av den enkelte kommune. Lovvedtaket blei sanksjonert 11. juni 2021, men reglane er ikkje sette i kraft.

Auka opptak av CO2 og karbonlagring i skog og jord

I 2020 stod norske skogar for eit nettoopptak på 24,5 mill. tonn CO2. Når alt anna areal er teke med, blir nettoopptaket om lag 20,4 mill. tonn, noko som svarar til om lag 40 pst. av dei samla norske utsleppa av klimagassar.

Netto karbonopptak i skog er eit resultat av differansen mellom brutto opptak i form av tilvekst og utslepp som følgje av hogst og naturleg avgang. Tømmerhogsten i Noreg har synt ein positiv auke dei siste åra. Omfanget av skogforynging har mykje å seie for tilveksten i skogen i framtida og såleis karbonopptaket. Planteaktiviteten i Noreg har auka dei siste åra. I 2021 blei det planta 39,6 mill. skogplanter. Det blei gjort ungskogpleie på 220 000 dekar, ein nedgang frå 2020. Markrivinga var på 104 000 dekar i 2021, om lag same nivå som i 2020. Som følgje av lågare investeringar i skogbruket dei siste tiåra, viser netto opptak i eksisterande skog ein nedgåande trend.

Omfang av bruk av tre i varige konstruksjonar

Auka bruk av tre er eit grunnlag for landbasert industriutvikling i alle regionar og ei av løysingane for å redusere klimagassutslepp i byggjenæringa. Bioøkonomiordninga under Nærings- og fiskeridepartementet har Bygg i tre som eit eige strategisk satsingsområde, med vekt på mobilisering og finansiering av utviklingsprosjekt. Resultatet frå arbeidet er auka kompetanse om bruk av tre i store konstruksjonar i Noreg og vekst i marknadsdelar for tre i fleire kategoriar bygg, som oppvekst- og undervisningsbygg, næring, helse og idrett, og studentbustadar. Veksten i desse marknadene gir grunnlag for fleire industrialiseringsprosjekt, med vekt på effektivisering, digitalisering av produksjonsprosessar og nye fabrikkar. Kompetansen og produkta frå dette arbeidet er etterspurde internasjonalt. Innovasjon Norge har starta opp eit større profilerings- og samspelsarbeid knytt til moglegheiter i fleire marknader basert på arkitektur, ingeniørkunnskap, digitale verktøy og produkt. Parallelt blir det bygd vidare på bedriftsnettverk og klynger innanfor skog- og trenæringa. I jordbruksoppgjeret 2019 blei det semje om å innføre eit ekstra tilskott til investering i landbruksbygg i tre for å premiere landbruksbygg innan tradisjonelt landbruk som har tre som byggjemateriale. I 2020 blei det løyvd 33,7 mill. kroner til 142 prosjekt og i 2021 43,3 mill. kroner til 176 prosjekt. Ved jordbruksforhandlingane i 2022 var semje om å gjere ei nærare fagleg vurdering av vidareføring og innretning innan årsskiftet 2022/2023.

Produksjon og bruk av bioenergi

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket gir mellom anna støtte til investering i gardsvarmeanlegg basert på bioråstoff og anlegg for sal av biovarme og kombinerte anlegg for bio- og solenergi, både kraft og varme. Programmet bidreg såleis til meir miljøvenlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar. Breidda i programmet vil gjere det mogleg for gardsbruk å bli sjølvforsynte med energi framover. Dei siste åra har det vore ein sterk auke i talet på prosjekt. I 2021 blei det gitt støtte til 245 prosjekt over programmet, 35 fleire enn i 2020. I den tida programmet har eksistert, er det i alt etablert 2 173 gardsvarmeanlegg, 39 anlegg i veksthus, og 260 varmesalsanlegg med ein samla planlagd energiproduksjon på 551 GWh.

Utvikling av småskala biogassanlegg for gardsbruk er òg eit prioritert område innanfor programmet. Det er etablert fleire pilotanlegg for kombinert behandling av husdyrgjødsel og anna biologisk avfall. Utvikling av driftssikre løysingar, lågare etableringskostnader og betre driftsøkonomi gjer det no mogleg å oppnå tilstrekkeleg lønsemd for slike anlegg. Lønsemda for anlegg som involverer solceller (reine eller i kombinasjon med andre energikjelder) er også blitt betre.

Vidare blei det i 2021 gitt støtte til fire prosjekt som gjeld introduksjon av ny teknologi. Prosjekta omfattar mellom anna bygging av nye typar biogassanlegg på gardsnivå og uttesting av sjølvgåande elektrisk reiskapsberer spesielt eigna for frukt-/bærproduksjonar.

Produksjon av biokol som sideprodukt til bioenergi vil kunne gi ein viktig klimagevinst i tillegg til utsleppsreduksjonen frå jordbruket knytt til energiproduksjonen. Det er estimert at fornybarprogrammet bidreg med ein samla årleg reduksjon i klimagassutsleppa på 103 900 tonn CO2.

Berekraftig bruk og eit sterkt vern av landbruket sine areal- og ressursgrunnlag

Nydyrking og omdisponering av areal

Stortinget handsama jordvernstrategien til regjeringa i desember 2015 og vedtok innstillinga frå næringskomiteen, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak nr. 140 av 8. desember 2015 fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponering av dyrka jord til under 4 000 dekar, og bad regjeringa sørgje for at målet blir nådd gradvis innan 2020. Regjeringa oppdaterte jordvernstrategien i 2021, jf. Prop. 200 S (2020–2021). Den oppdaterte strategien inneheld seks nye tiltak og eit forsterka jordvernmål. Årleg omdisponering av dyrka jord skal reduserast til 3 000 dekar innan 2025. Ein skal mellom anna greie ut eit sterkare vern av dei viktigaste jordbruksareala og opprette eit tilskott for kommunale jordvernstrategiar. For 2021 viser KOSTRA-tala frå SSB at det blei omdisponert 2 968 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk, og at ein såleis kom under målet på 3 000 dekar for første gong. Dette er den lågaste omdisponeringa sidan registreringa blei starta i 1967. Omdisponeringa av dyrkbar jord var òg rekordlåg i 2021 (2 642 dekar), noko som er den lågaste sidan KOSTRA-rapporteringa starta i 2005. I 2021 blei 194 dekar dyrka jord ført tilbake til landbruksformål, noko som er mindre enn dei to føregåande åra (356 og 367 dekar).

KOSTRA-tala viser ein vesentleg reduksjon i godkjent areal for nydyrking i 2021, men frå eit høgt nivå dei siste åra. I 2021 blei det gitt løyve til å nydyrke om lag 18 100 dekar, mot 21 600 dekar i 2020, 28 100 dekar i 2019 og 24 900 dekar i 2018. Frå og med 2014 har i gjennomsnitt om lag 21 600 dekar blitt godkjent nydyrka årleg.

Økologisk produksjon og forbruk

I økologisk produksjon blir det stilt ekstra krav til miljø og dyrevelferd i produksjonen. Økologiske driftsformer utan bruk av kjemisk-syntetiske plantevernmiddel og mineralgjødsel, i kombinasjon med vekstskifte, har positiv verknad for biologisk mangfald, jordkvalitet og jordstruktur. I tillegg kan erfaringar og kunnskap frå økologiske driftsformer overførast til det konvensjonelle jordbruket. Regjeringa si satsing på økologisk jordbruk tek utgangspunkt i Nasjonal strategi om økologisk jordbruk.

Delen føretak med økologisk produksjon har vore relativt stabil på 5 pst. dei siste åra. Det økologiske arealet utgjorde 418 600 dekar i 2021, om lag 4,2 pst. av det samla jordbruksarealet. Dette er på om lag same nivå som det har vore dei siste åra. Den samla produksjonen av økologisk kjøtt av storfe, gris og sau og lam auka med 2 pst. samanlikna med året før. Økologisk slakt av fjørfe auka med 9 pst. i 2021.

Omsetnaden av økologiske landbruksvarer i daglegvarehandelen var på 2,9 mrd. kroner i 20212. Dei største varekategoriane i daglegvarehandelen er tørrvarer, meieriprodukt, fersk frukt og grønt og drikkevarer. Unnateke storhushaldning, er det registrert den same, eller ein auke, i omsetnaden av økologisk mat i alle salskanalar, samanlikna med før koronapandemien.

Genressursane i landbruket

Genmangfaldet i landbruket er viktig for tilgangen til mat i verda. Genmangfaldet gir grunnlag for at husdyr, matplanter og skogtre skal kunne tilpassast nye og endra dyrkings- og driftsforhold, sjukdommar og nye krav til sluttprodukta. FNs berekraftsmål 2.5 forpliktar Noreg til å sikre berekraftig bruk og bevaring av husdyrrasar og plantesortar som eit tiltak for å utrydde svolt. I Noreg blir Nasjonal strategi for bevaring og bærekraftig bruk av genetiske ressurser for mat og landbruk, Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk av 2019, lagt til grunn for oppfølginga av berekraftsmålet.

I Noreg er 37 av dei 49 nasjonale husdyrrasane rekna som verneverdige. Den samla summen av avlsdyr innanfor dei verneverdige husdyra aukar jamt for kvart år. Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. Også innanfor dei husdyrrasane som ikkje er truga, blir det lagt vekt på berekraftig avl som sikrar det genetiske mangfaldet i populasjonane.

I 2021 var det i alt 27 klonarkiv og feltgenbankar som bevarte meir enn 6 000 aksesjonar av frukt, bær, grønsaker, potet, medisin- og krydderplanter, prydplanter og grøntanleggsplanter. 14 bevarings- og tradisjonssortar er i 2021 oppførte på den norske plantesortslista. Det er òg oppretta ein bruksgenbank for gamle sortar av korn og grønsaker der interesserte bønder kan få materiale til bruk og foredling. Gjennom drifta av Nordisk genressurssenter (NordGen), under Nordisk ministerråd, samarbeider Noreg med dei andre nordiske landa om bevaring av nordiske plantesortar som kan frøformerast.

Om lag 30 artar av skogtre høyrer naturleg heime i Noreg. Genetiske ressursar hos skogtre blir tekne vare på in situ, det vil seie i sine naturlege vokseområde. For å nå målsetjinga om at genetisk variasjon i alle heimlege treslag skal bevarast i heile utbreiingsområdet er det etablert 32 bevaringsområde for skogtregenetiske ressursar i Noreg Dette omfattar 24 bevaringsområde for skogtregenetiske ressursar etablert i utvalde verneområde nord til og med Nordland og 8 dynamiske bevaringsområde for tidlegare foredlingsmateriale av gran. Bevaringsområde er etablert for 11 ulike treslag, mellom anna alm, ask, barlind, bøk, kristtorn, lind, sommareik, spisslønn, vintereik og gran.

Ein vesentleg del av foryngingane etter hogst i granskog blir etablert med frø og planter frå Skogfrøverkets foredlingsprogram. Per desember 2020 er 92 pst. av planta materiale i norske skogar foredla materiale frå kvalifiserte eller testa frøkjelder. Desse individa dannar grunnlaget for eit utval av dei beste individa for produksjon av foredla frø i frøplantasjar og neste generasjon foredlingspopulasjon, jf. målsetjingar i Strategi for skogplanteforedling 2010–2040.

Svalbard globale frøhvelv er i dag det største sikkerheitslageret i verda for biologisk mangfald innanfor vekstar. Det er eit norsk tiltak av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret husar sikkerheitskopiar av frø frå nasjonale og internasjonale frøsamlingar. I 2021 sende 22 genbanker 50 926 nye frø til frøkvelvet for langtids sikringslagring. Ved utgangen av 2021 sikrar kvelvet på Svalbard 1 125 419 sikkerhetskopiar av frø frå i alt 89 institusjonar verda over. Om lag halvparten av alt mangfald av matplanter som ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over, er med dette sikra i Svalbard globale frøhvelv. Noreg gir årleg eit bidrag tilsvarande 0,1 pst. av omsetnaden av såvarer i Noreg til Fondet for fordelsdeling under Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk og støttar samstundes opp om arbeidet for bønder sine rettar med sikte på å styrkje lokal forvaltning av plantegenetisk mangfald.

God agronomi

God agronomi er viktig for å ta ut avlingspotensialet, heve kvaliteten i produksjonen og for å redusere klima- og miljøbelastninga frå landbruket. For å leggje til rette for berekraftig produksjon av nok og trygg mat over heile landet, treng vi oppdatert kunnskap om agronomi, klimatilpassingar og miljøomsyn både hos den enkelte bonden og i heile apparatet rundt norsk matproduksjon.

Det er viktig at norsk landbruk er godt rusta for eit klima i endring, med høgare temperaturar, meir nedbør, flaum, tørke og truslar frå ulike skadegjerarar. Auka nedbørsmengder, særleg over kort tid, kan dra med seg avlingar og god matjord, påverke kvaliteten og mengda på avlinga og gjere det vanskeleg å komme ut på åkeren med tunge køyretøy. Eit varmare og våtare vêr vil dessutan gjere norsk landbruk utsett for framande artar og sjukdom. For å lukkast må vi tenkje nytt omkring driftsmetodar og utvikle plantemateriell som toler eit våtare klima, og som er meir robust mot sjukdom og skadegjerarar. I tillegg til kunnskap innan agronomi, jordhelse, og sortsutvikling, vil utvikling og bruk av ny teknologi vere sentralt for å møte dei utfordringane vi står framfor.

Forsking på klimatilpassa og berekraftig matproduksjon har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet. Dei seinare åra er det finansiert fleire forskingsprosjekt på området, til dømes prosjektet OPTIKORN, som blir leia av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Prosjektet har som hovudmål å utvikle tilpassingsstrategiar for norsk kornproduksjon i møte med eit framtidig våtare klima, slik at avlingspotensialet kan haldast ved lag eller aukast. Resultat frå prosjektet skal bidra til kunnskap om drenering, jordstruktur og gjødsling som trengst for å lage strategiar som reduserer risikoen for jordpakking og vassmetting, og som minimerer tap av næringsstoff til luft og vatn. Førebelse resultat viser at rett drenering gir lågare klimagassutslepp, i tillegg til høgare avlingar.

God agronomi handlar òg om å gjere rette val til rett tid og på rett stad, og her spelar presisjonsjordbruk ei viktig rolle. Presisjonsjordbruk handlar om å tilpasse til dømes gjødselmengda og sprøytemengda til stadsspesifikke behov. Ved Senter for presisjonsjordbruk ved NIBIO Apelsvoll blir det utvikla og testa teknologiske løysingar for jordbruket i dag og i framtida. I prosjektet PRESIS utviklar dei eit heilskapleg system som skal sørgje for at norske bønder får tilgang på brukarvenlege, teknologiske tenester som er godt testa og tilpassa norske forhold. De ulike tenestene vil kunne bidra til å redusere unødige klima- og miljøbelastningar frå jordbruket, gi auka effektivitet og betre driftsøkonomi på gardsnivå. PRESIS-prosjektet er finansiert over jordbruksavtalen og er eit samarbeid mellom NIBIO, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og småbrukarlag og Norsk Landbruksrådgiving (NLR). NLR har rolla som fagleg bindeledd mellom forsking og landbruket med tanke på å utvikle god agronomi og auka kompetanse i næringa.

Vareta kulturlandskapet og naturmangfaldet

Det er eit mål å vareta og utvikle kulturlandskapet. Over jordbruksavtalen er det sett av midlar gjennom miljøprogramma, der mellom anna regionale prioriteringar ligg til grunn for tiltak for å ta vare på viktige miljøverdiar. Tilskott til tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket bidreg til å ta vare på særskilde landskap over heile landet, med stort biologisk mangfald i tillegg til kulturminne og kulturmiljø. Saman med midlar frå Klima- og miljødepartementet blir 49 ulike landskap tekne vare på gjennom ordninga. I 2023 aukar talet på område til 51. Dei respektive kommunane er tett på forvaltninga ved mellom anna å administrere tilskott. For å støtte landbruket og oppretthalde kulturlandskapet i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, er det òg sett av særskilde midlar. Verdsarven Røros bergstad og Cirkumferensen vil òg bli omfatta av desse. Midlane kjem i tillegg til midlane frå Klima- og miljødepartementet.

Overvakingsprogrammet 3Q (Tilstandsovervåking og resultatkontroll i jordbruket sitt kulturlandskap) er basert på ei nasjonal utvalskartlegging som dokumenterer arealbruk, kulturminne og kulturmiljø, biologisk mangfald og tilgjengelegheit på eit representativt sett av overvakingsflater. Overvakingsflatene ligg spreidde over heile landet. Programmet inkluderer feltarbeid på eit utval av flater for å registrere fuglar, planter, bygningsmiljø og kulturminne, og for å dokumentere landskapet sin utsjånad ved hjelp av fotografi.

Første omdrev av 3Q viste ein auke i jordstykkestorleik i nesten alle område. Jordstykkestorleik heng saman med effektiv drift av areala, og overvakinga viser at det er i område med i utgangspunktet store jordstykke at storleiken aukar mest. I Agder, på Vestlandet med unntak av Rogaland, og i Nordland er det registrert lita netto endring eller ein reduksjon i jordstykkestorleik. Samtidig har driftseiningane i snitt blitt større. Dette kan òg vere negativt for biologisk mangfald fordi kantsoner forsvinn.

Det blir litt færre tun, men areal per tun aukar i snitt. Mykje av det nye tunarealet kjem frå fulldyrka areal. Det er òg registrert ein auke av talet på bygningar på 3 pst. i løpet av 5 år. For kulturminne på 3Q-flatene er det observert ei lita endring der ein også frå refotografering ser at enkelte objekt, særleg gravhaugar, kjem fram, truleg gjennom rydding av vegetasjon med hjelp av miljøtilskott.

3Q viser vidare at beite og villenger (ope areal med heilt eller delvis naturleg vegetasjon i og rundt jordbruksarealet) både blir opna opp og gror att. Det blir registrert at begge endringane skjer, men det gror att noko meir areal enn det som blir gjenopna. Nasjonalt sett har ein registrert ein mindre reduksjon i talet på ruvande tre, fordelt over heile landet. Det er like fullt først og fremst i låglandsbygdene (kornområda) der ruvande tre innan jordbrukslandskapet er viktig for å ta vare på artsmangfaldet og landskapspreget. I områda i låglandet på Austlandet og i Trøndelag kan ein se ein auke av ruvande tre. Gårdsdammar har hatt ei positiv utvikling i heile perioden av 3Q. Vidare har grøfter og kanalar auka, noko som kan tyde på et ein oftare vel opne grøfter. Det er gjerne positivt for det biologiske mangfaldet med meir ope vatn i jordbrukslandskapet og for klimatilpasning. Nyleg er det òg igangsett ei mindre studie av humler og dagsommarfugl på nokre overvakingsflater. Dei førebelse resultata viser ein positiv samanheng mellom variasjonen i landskapet og førekomst av desse artane.

Dyrka jord er ein grunnleggjande ressurs for å kunne produsere mat og sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Det registrerte jordbruksarealet i drift i 2020 utgjorde nær 9,9 mill. dekar, om lag det same som i 2014.

Husdyrbeiting i utmark bidreg til skjøtsel av kulturlandskapet og til å halde utmarka open. Samstundes har det positiv innverknad på det biologiske mangfaldet. I satsingar som Utvalde kulturlandskap i jordbruket, Verdsarvområda og Utvalde naturtypar er beiting ofte eit viktig skjøtseltiltak. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og difor er det behov for både storfe, geit og sau på beite. I 2020 blei det gitt tilskott til i alt 2,2 mill. husdyr på utmarksbeite. I perioden 2000–2020 har talet variert mellom 2,2 og 2,4 mill. beitedyr. I 2020 var det 1,9 mill. sau, 248 000 storfe og 56 000 geiter på utmarksbeite.

Nasjonal pollinatorstrategi, som blei lagd fram i 2018, blir følgd opp på fleire måtar i verkemiddelsystemet i jordbruket. Frå og med 2019 er det lagt til rette for tilskott for å tilsåing og skjøtsel av soner med pollinatorvenlege frøblandingar på jordbruksareal gjennom dei regionale miljøprogramma. Element frå strategien blir òg følgde opp gjennom ordningane Utvalde kulturlandskap i jordbruket, Handlingsplan for plantevernmiddel, SMIL og Klima- og miljøprogrammet. Norsk Landbruksrådgiving formidlar kunnskap om gode tiltak for pollinerande insekt til bønder i heile landet. Tiltaksplan for ville pollinerande insekt (2021–2028) presenterer statens samla innsats innan og mellom sektorane. Nye tiltak i landbruket er tilskott til frøavl av norske villblomblandingar over jordbruksavtalen, og auka kunnskap om verdien av skog for pollinerande insekt.

Regjeringa følgjer opp Strategi for urbant landbruk (2021). At fleire i samfunnet får kunnskap om matproduksjon og at fleire areal i byar og tettstadar blir haldne i hevd, gir lokalt eigarskap til matjorda, og bidreg til matsikkerheit og beredskap.

11 Mål: Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

Landbruks- og matforvaltninga har ansvar for samfunnsoppgåver som er viktige for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Forvaltninga skal leggje til rette for auka verdiskaping og vere tilgjengeleg for folk, organisasjonar og næringsliv med god, open kommunikasjon, mellom anna gjennom brukarretta digitale tenester.

Landbruks- og matforvaltninga har ein desentralisert struktur med arbeidsplassar over heile landet og ei oppgåveløysing som er delt mellom nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Departementet har fire underliggjande verksemder. Mattilsynet og Landbruksdirektoratet har direktorats- og tilsynsoppgåver, mens forskingsinstitutta Veterinærinstituttet (VI) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er sentrale kunnskapsleverandørar for departementet, sektoren og næringslivet. Ei nærare omtale av dei underliggjande verksemdene finst under kat. 15.10, 15.20 og 15.30.

Både statsforvaltarane, fylkeskommunane, kommunane og Innovasjon Norge (IN) har sentrale roller og oppgåver i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken regionalt og lokalt.

Statsforvaltarane er statleg styresmakt på landbruks- og matområdet regionalt og har ansvar for å følgje opp nasjonale vedtak, mål og retningsliner innanfor landbruks- og matpolitikken. Statsforvaltarane er eit viktig bindeledd mellom staten og kommunane i gjennomføringa av den nasjonale landbruks- og matpolitikken. Statsforvaltarane er administrativt underlagde Kommunal- og distriktsdepartementet, mens Landbruks- og matdepartementet har det faglege ansvaret for oppdraget deira på landbruks- og matområdet.

Fylkeskommunane har som regionale nærings- og samfunnsutviklarar oppgåver innanfor næringsutvikling, klima, samfunnsplanlegging, rekruttering og kompetanseheving i landbruket, og skal kople landbruk med anna regionalt plan- og utviklingsarbeid.

Kommunane er førsteline for forvaltninga av dei juridiske og dei fleste økonomiske verkemidla i landbruket, og er saksførebuande organ for IN på landbruks- og matområdet.

IN forvaltar midlar til investering og utvikling av verksemder, i tillegg til anna programstøtte til landbruket og andre landbruksbaserte næringar. IN er eit særlovsselskap eigd av staten ved Nærings- og fiskeridepartementet og fylkeskommunane. IN utfører oppgåver for Landbruks- og matdepartementet som blir gitt i årlege oppdragsbrev.

Fornying og utvikling i offentleg sektor

Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som leverer gode tenester til innbyggjarane. Meir ressursar skal gå til velferd og betre tenester, og færre ressursar skal gå til administrasjon. For å løyse dei store samfunnsutfordringane er det naudsynt at offentleg sektor er utviklingsorientert, og har evne til å omstille seg. Regjeringa arbeider difor med ei tillitsreform i offentleg sektor. Landbruks- og matdepartementet vil i samarbeid med underliggjande verksemder følgje opp arbeidet med tillitsreforma tilpassa landbruks- og matsektoren sitt særpreg.

Digitalisering

Digitalisering av tenester og interne arbeidsprosessar er ein integrert del av regjeringa sitt arbeid med å fornye og utvikle offentleg sektor. Landbruks- og matsektoren skal halde fram med å tilby fleire og meir brukarretta digitale tenester. Digitale tenester bidreg til å gi innbyggjarar og næringsdrivande ein enklare kvardag, samstundes som det legg til rette for at stat og kommune kan løyse oppgåvene sine meir effektivt. Vidare bidreg digitale tenester til å skape grunnlag for verdiskaping, kvalitet og tillit til offentlege tenester og demokratisk deltaking. Å leggje til rette for deling av offentlege data skal òg kunne danne grunnlag for ny næringsverksemd. Kommunikasjonen mellom forvaltninga og brukarane skal normalt skje gjennom digitale, nettbaserte tenester. Digitalisering av interne arbeidsprosessar kan gi innsparingar og betre utnytting av ressursane, i tillegg til å auke kvaliteten.

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet held fram med å utvikle ein systemportefølje som gjer landbruksforvaltninga meir brukarvenleg og effektiv. Dei siste åra har direktoratet lagt ned store ressursar på IKT-området. Dei nye IKT-løysingane skal bidra til ein enklare kvardag for brukarane, og gi ei effektiv og sikker forvaltning. Stadig fleire av tenestene til Landbruksdirektoratet er no tilgjengelege digitalt. Dei siste åra er fleire store IKT-prosjekt realiserte. Denne satsinga har òg gjort det mogleg for statsforvaltarane og kommunane å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt.

Landbruksdirektoratets strategiske plan for 2021–2025 har høg merksemd på digitalisering. Fleire av målsetjingane føreset gjennomføring av tiltak retta mot forvaltning, deling og bruk av data. Landbruksdirektoratet vedtok nyleg ein eigen geodatastrategi som byggjer opp under måla i strategisk plan 2021–2025.

I 2021 avslutta Landbruksdirektoratet tre store digitaliseringsprosjekt; løysing for kvoteordninga for mjølk, løysing for importordningar og RÅK-tilskott og nye nettsider. Alle løysningane er sette i produksjon. Landbruksdirektoratet har fått gode tilbakemeldingar frå brukarane, og ser alt nytteverdien av dei digitale løysingane.

Arbeidet med å auke digitaliseringsgraden og effektiviseringa av tenestene og fagsystema for skogbruksforvaltninga har vore eit satsingsområde for direktoratet over fleire år. Direktoratet har auka digitaliseringsgraden for skogfond og skogtilskott, og betra brukarrettinga i systema.

Landbruksdirektoratet har eit mål om å digitalisere reindriftsforvaltninga. Store delar av sakshandsaminga er basert på manuell registrering som fører til vesentleg meirarbeid for forvaltninga og forseinkar sakshandsaminga og utbetaling av tilskott. Direktoratet gjennomførte ei konseptutgreiing i 2021 der målet var å sjå på kva som kan gjerast av forenklingar i arbeidsprosessar og i regelverket for å betre tenestene og redusere kostnader ved utvikling og vedlikehald.

I 2021 fekk Landbruksdirektoratet tilsegn om midlar frå Digitaliseringsdirektoratets medfinansieringsordning for å utvikle eit nytt register for dei tradisjonelle reinmerka som skal kunne nyttast av næring og forvaltning.

I 2021 starta direktoratet arbeidet med å utvikle nye digitale tenester for innsending av søknader, handsaming og utbetaling av tilskott ved avlingssvikt og erstatningar etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon. Prosjektet blir avslutta i 2022. Den nye løysinga vil tilby enkle og effektive tenester til dei som søkjer om tilskott og erstatning. Løysinga vil òg gi sakshandsamarar i kommune og hos statsforvaltar eit effektivt verktøy som vil leggje til rette for raskare sakshandsaming og utbetaling av tilskott og erstatning.

Mattilsynet

Mattilsynet har heilt sidan etaten blei etablert hatt merksemd på å effektivisere og forbetre drifta. Trygg og kostnadseffektiv elektronisk datafangst og datadeling, og god datakvalitet er ein kritisk suksessfaktor for effektiviseringa av Mattilsynet dei neste ti åra. Digital teknologi bidreg til meir effektiv brukardialog og utvikling av nye effektive mekanismar for Mattilsynet sin offentlege kontroll.

Det er eit prioritert område innan digitaliseringsarbeidet å sikre at Mattilsynet sine inspektørar har effektive verktøy. Produktteam for inspektørar blei etablert i 2022.

Mattilsynet arbeider med utvikling av løysingar for datafangst, datalagring og datadeling. Det betyr at Mattilsynet må byggje opp ei dataplattform som handterer historiske data. Mattilsynet sin første leveranse blei lansert våren 2022 og var på området drikkevatn.

Hovudambisjonen til Mattilsynet er å automatisere alle faste rapportar. I tillegg vil det bli arbeidd med avanserte analysar og datadriven automatisering for å hjelpe og effektivisere kvardagen til medarbeidarane i organisasjonen. Dette vil gi betre og meir effektiv kontroll som òg vil komme næringslivet til gode gjennom moglegheita for mellom anna meir automatisert innhenting av data.

Norsk institutt for bioøkonomi

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) tilbyr ei rekkje nettbaserte tenester som har sitt opphav i instituttet si forsking og kunnskapsutvikling. Dette er ulike digitale plattformer, nettløysingar og verktøy som skal forenkle kvardagen til aktørar innan næringsliv og forvaltning.

«Kilden» er NIBIOs hovudkartløysing. Her er alle instituttet sine data samla på ein stad saman med eit utval andre sentrale, nasjonale datasett. Datasetta er sortert i sju fagområde: arealinformasjon, landskap, jordsmonn, reindrift, skogportalen, dyreportalen og finn sone for distriktstilskott. Nytt i «Kilden» i 2021 er mellom anna publisering av vekstsesongkart som NIBIO har utvikla for all dyrka og dyrkbar jord. Ein ny portal for barkbilleovervaking blei starta sommaren 2021. Ei ny varslingsteneste knytt til risiko for barkbilleutbrott blei også starta (eige kartlag i Skogportalen).

NIBIOs omfattande satsing på digitalisering har medført at landbruksforvaltninga på alle nivå har naudsynt tilgang til informasjon om skog- og arealressursar. Informasjonen tilfredsstiller viktige krav til kontroll med utbetaling av arealtilskott i jordbruket og krava i Geodataloven. Effektiv tilgang til relevante data av høg kvalitet gjer raskare og sikrare sakshandsaming, meir openheit, betre kontroll og færre klagar. NIBIOs digitale tenester har difor positive effektar hos offentlege styresmakter ut over landbruksforvaltninga. Instituttet sine tenester er også tilrettelagt for samferdselssektoren, slik at vegstyresmaktene og deira konsulentar får tilgang på naudsynt informasjon om jordbruksareal, til bruk i planlegging og konsekvensanalysar. Dette bidreg til ein meir effektiv planfase. Vidare kan jordvernomsyn inkluderast på eit tidleg stadium i prosessen.

God digital dataforvaltning og systematisk digital informasjonsberedskap ved NIBIO har gitt eit grunnlag for å levere ulike utredningar og statistisk grunnlagsmateriale med høg kvalitet og relevans. Statistisk sentralbyrå får effektivt tilgang til arealdata til bruk i statistikkproduksjon. Samtidig understøttar dei digitale systema avlevering av data til internasjonale organ og prosessar, til dels lovpålagt gjennom EØS-avtalen.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet arbeider kontinuerleg for digitalisering av verksemda, både når det gjeld tenester til kundar og oppdragsgivarar og interne system i verksemda.

Gjennom 2021 har det blitt lagt ned mykje arbeid i å oppgradere digital infrastruktur og etablere datasenter i nytt bygg på Ås. Målet for digitaliseringa har vore å leggje til rette for auka verdiskaping og innovasjon, i tillegg til å medverke til auka samhandling og produktivitet, både internt og eksternt.

Etablering av nytt datasenter er eit omfattande arbeid. Ny lagringsløysing legg til rette for oppkopling av nytt utstyr og opplegg for lagring av forskingsdata. Det er implementert system for forvaltning, drift og vedlikehald av bygg og anlegg. Det har óg vore arbeidd med å integrere fleire administrative system for å effektivisere og styre laboratorieaktivitet, og med effektivisering av dataflyt innan administrative prosessar. Elektronisk signering i sakshandsaming og elektronisk utsending av brev er etablert.

Instituttet sitt prøvejournalsystem treng kontinuerleg oppgradering. Etablering av eit nytt støttesystem for å handtere prøveflyt som er tilpassa ny teknologi er viktig for å modernisere og effektivisere Veterinærinstituttet. Dette arbeidet starta i 2019 med løyving frå medfinansieringsordninga i Digitaliseringsdirektoratet. Koronapandemien, arbeidet med flytting frå Oslo til Ås og ressursmangel har forseinka arbeidet. Det har i 2021 mellom anna blitt brukt mykje ressursar på å drifte infrastruktur på to lokalitetar (Oslo og Ås). Instituttet har planar om auka aktivitet og framdrift i 2022.

Miljødirektoratet (haustbare viltressursar)

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for etatsstyring av Miljødirektoratet på området haustbare viltressursar, og for regelverk om utøving av jakt og fangst. Om lag 528 000 personar er registrerte i Jegerregisteret. Alle som skal drive med jakt, lisensfelling eller fangst må betale jegeravgift, og dei som skal jakte storvilt må òg ta skyteprøve. Alle jegerar har si eiga side – Min jegerside – der dei kan logge seg på Jegerregisteret, og få oversikt over alle data som er registrerte for vedkommande. Applikasjonen Min jegerdokumentasjon hentar data frå Jegerregisteret og gir dokumentasjonen som er naudsynt under jakt, felling og fangst. Miljødirektoratet arbeider vidare med å digitalisere resterande dokumentasjon som er naudsynt under jakt, felling og fangst.

Kommunar, jegerar og andre rapporterer årleg frå jakt på elg, hjort, rådyr og villrein i Hjorteviltregisteret. Årleg skal om lag 15 000 vald sende inn fellingsrapportar. I 2021 blei det opna for elektronisk levering av fellingsrapportar, og rundt 1 000 nytta denne moglegheita. Applikasjonen «Sett og skutt» kan nyttast av hjorteviltjegerar for enkel rapportering undervegs i jakta og har gitt ei effektivisering for samfunnet og ei forenkling for jegerane.

Gode system for samfunnstryggleik og beredskap

Departementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor. Ansvaret er hovudsakleg knytt til matproduksjon og matsikkerheit.

Departementet er budd på å møte kriser i eigen sektor og å bistå andre departement ved eventuelle sektorovergripande kriser. Viktige element i departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er å sikre personell og kritisk infrastruktur, og å redusere risikoen for at det skjer uønskte hendingar. Departementet og underliggjande verksemder skal i størst mogleg grad kunne drive verksemda vidare, uavhengig av eventuelle uønskte hendingar og kriser. Departementet er oppteke av at arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap skal vere sporbart og integrert i eige planverk og styringssystem.

I styringsdialogen med underliggjande verksemder får arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav i tildelingsbrev, i verksemdsinstruksane og i den løpande styringsdialogen.

Handteringa av koronapandemien har, som i 2020, kravd mykje ressursar, og prega departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap i 2021.

Mattilsynet har ei sentral rolle i arbeidet med å sikre forbrukarane tilgang til trygg mat. Mattilsynet har i 2021 hatt merksemd på evna til å gjennomføre sitt samfunnsoppdrag når det gjeld å handtere uønskte hendingar. Mattilsynet har arbeidd med å identifisere tiltak som opprettheld verksemda si funksjonsevne ved redusert tilgjengelegheit av digitale løysingar og infrastruktur over lengre tid. Mattilsynet har kobla seg til Nasjonal Sikkerheitsmyndigheit (NSM) sitt varslingssystem for digital infrastruktur (VDI) og NSM sin automatiserte sårbarheitskartleggjar (Allvis NOR). Mattilsynet har ikkje gjennomført større øvingar i 2021 grunna handtering av eit stort antal reelle hendingar og utfordringar med å handtere koronapandemien.

Veterinærinstituttet (VI) er eit beredskaps- og forskingsinstitutt, og er den viktigaste kunnskapsleverandøren for førebygging, oppklaring og handtering av zoonosar og alvorlege smittsame sjukdommar hos fisk og landdyr. Sidan ikkje alle fasilitetane i nybygget på Ås er ferdige, har VI måtta vareta den fysiske sikkerheita både på nytt hovudkontor på Ås og på eksisterande bygg på Adamstuen. VI gjennomførte i 2021 ei skrivebordsøving som omhandla fugleinfluensa, med aktørar frå fjørfenæringa og Mattilsynet.

Landbruksdirektoratet har viktige oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Oppgåvene omfattar handtering av hendingar og kriser innanfor matforsyning, skog, reindrift og natur- og avlingsskadar. Landbruksdirektoratet har i 2021 arbeidd med å etablere eit nytt styringssystem for informasjonssikkerheit, som blir basert på anbefalingar og malar frå Digitaliseringsdirektoratet, som igjen byggjer på ISO 27001. Direktoratet har gjennomført 5 øvingar som har omhandla informasjonssikkerheit, og gjennomført ein penetrasjonstest av ei ny løysning for mjølkekvotar og av sikkerheitsløysing. Landbruksdirektoratet har ansvaret for drift av Landbruks- og matCERT der Mattilsynet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstututtet inngår. Landbruks- og matCERT blei i 2021 registrert partnar av Nasjonalt cybersikkerhetssenter, som fører til støtte og informasjon knytta til arbeidet med informasjonssikkerheit i alle tilhøyrande verksemder.

Oppfølging av ny tryggingslov

Lov om nasjonal sikkerheit (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å tryggje dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir tryggja ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder av avgjerande verdi for GNF blir underlagde tryggingslova, og naudsynte sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar blir gjennomførte. For å vareta formålet med lova, vil GNF-prosessen vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande verdi, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som vil krevjast for å oppnå eit forsvarleg tryggleiksnivå, kan òg bli endra.

Landbruks- og matdepartementet har identifisert følgjande GNF i eigen sektor:

Landbruks- og matdepartementets verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit. Denne omfattar departementet si rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggjande verksemder. Departementet har i 2021 gjennomført ei skadevurdering av GNFen, og departementet har meldt til NSM avhengigheiter GNFen har til andre verksemder.

Landbruks- og matdepartementet har òg eit delansvar for den tverrsektorielle GNFen Matvareforsyning, fastsett av næringsministeren. Ansvaret for GNFen Matvarforsyning er delt mellom Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Landbruks- og matdepartementet sitt ansvar er knytt til nasjonal produksjon av landbruksprodukt og import av landbruksvarer.

12 Mål: Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken

Forsking, innovasjon og kompetanse er viktig for å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken: matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar (sjå programkategori 15.20). Denne rapporteringa viser korleis forskingsinnsatsen på utvalde område bidreg til å nå desse måla. Landbruks- og matdepartementet sine midlar til forsking og innovasjon støttar nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon til forbrukar – og legg på den måten eit viktig grunnlag for auka innovasjon og konkurransekraft i næringa. Forskingsmidlar frå departementet finansierer nasjonale forskingsprosjekt, innovasjonsprosjekt i næringslivet og norsk deltaking i europeiske forskarnettverk.

Matsikkerheit og beredskap

Forsking på matområdet har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet. Ny kunnskap skal bidra til å sikre forbrukarane nok og trygg mat av god kvalitet. Det er avgjerande å sjå heile verdikjeda under eitt, og forskinga dekkjer difor breitt, frå husdyravl og sortsutvikling til metodar for å betre mattryggleiken i næringsmiddelindustrien. Prosjekt innanfor område som dyrehelse, dyrevelferd og antibiotikaresistens bidreg til å halde ved lag den gode posisjonen Noreg har når det gjeld mattryggleik. I tillegg er forsking på klimatilpassa produksjon, forbetra agronomisk praksis og teknologiutvikling viktig for auka og meir berekraftig matproduksjon basert på norske ressursar.

Dyre- og plantehelse, som kan ha stor innverknad på mattryggleiken, er eit høgt prioritert forskingsområde. Dei siste åra er det utvikla mykje ny kunnskap om god dyrehelse og -velferd i husdyrproduksjon. Til dømes har Veterinærinstituttet (VI) koordinert fleire forskingsprosjekt på kalvehelse og -velferd.

Boks 12.1 Korleis veit vi at kalvar i husdyrproduksjon har det bra?

Fråver av klare teikn på dårleg velferd som skadar, sjukdom og høgt stressnivå, treng ikkje vere det same som god velferd. Prosjektet CalfComfort skal utvikle indikatorar som måler god dyrevelferd hos kalvar. Prosjektet vil undersøkje åtferd, helse og vekst, samansetjing av mikroorganismar i fordøyinga, nivå på hormon knytta til trivsel og andre indikatorar for mental utvikling. Vidare skal dei undersøkje motivasjonsfaktorar hos gardbrukarar for å forbetre forholda for kalvar. Målet er å utvikle enkle indikatorar som bonden kan bruke til å sjekke grada av positiv velferd på garden.

Prosjektet blir leia av VI i samarbeid med NMBU, Ruralis og fleire utanlandske universitet. CalfComfort er finansiert gjennom Forskingsrådet og varar fram til 2025.

Problemstillingar knytte til matsikkerheit og beredskap kan ikkje berre handterast nasjonalt. Norske forskingsmiljø er godt representerte i internasjonalt forskingssamarbeid innanfor landbruk, matsikkerheit, mattryggleik, klimaforandringar, dyrehelse og dyrevelferd, inkludert antibiotikaresistens. Til dømes har både Norsk institutt for bioøkonomi og VI inngått rammeavtalar med NORAD om kunnskapssamarbeid for å styrkje norsk utviklingssamarbeid innan mellom anna dyrehelse og mattryggleik. Forskingsinstitutta bidreg på den måten med viktig kompetanse som låginntektsland etterspør.

Ulike spørsmål knytte til matsikkerheit er òg sentralt i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, der norske aktørar hevdar seg særs godt i konkurransen med andre land. I det førre rammeprogrammet, Horisont 2020, låg landbruks- og matforskninga under samfunnsutfordring 2 «Matsikkerhet, bærekraftig jordbruk og skogbruk, marin, maritim og innlandsvann og bioøkonomi». For programperioden (2014–2020) blei det henta heim om lag 1,5 milliardar kroner på desse fagområda. I 2021 starta Horisont Europa, verdas største forskings- og innovasjonsprogram. Her er tema av relevans for landbruket ført vidare i klynge 6 «Mat, bioøkonomi, naturressursar, landbruk og miljø». Det er venta at programmet vil gi store moglegheiter for norske landbruks- og matfaglege forskingsaktørar.

Boks 12.2 Trygg mat, redusert matsvinn og berekraftig emballering

Forskingsinstituttet Nofima har fleire strategiske forskingsprogram som er finansierte av Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukter (FFL). Programma skal sikre langsiktig kompetansebygging på strategisk viktige område, og bidra til at Nofima skal halde fram å ha eit høgt internasjonalt nivå. Eitt av desse programma er «FutureFoodControl» kor Nofima skal få meir kunnskap om mattryggleik, korleis redusere matsvinn og utvikle meir berekraftig system for emballering. Eit av fleire funn hittil har vore at sjukdomsframkallande bakteriar på mat ikkje kan få overført antibakteriell resistensgener frå ufarlege miljøbakteriar, noko ein har frykta dei siste åra. Programmet varar fram til 2024.

Landbruk over heile landet

Forsking på landbruks- og matområdet skal byggje opp under målet om landbruk over heile landet. For å møte kunnskapsbehova og løyse utfordringane der dei oppstår, er det viktig med forskingsmiljø som er til stades i ulike delar av landet og at dei har kompetanse om lokale forhold. Det at forskingsinstitutta har stor geografisk spreiing er viktig for det nære samarbeidet med næringsliv og forvaltning. Det er òg viktig at alle fylka tilbyr landbruksutdanning i vidaregåande opplæring, og fleire fylke har fagskuletilbod i ulike landbruksfag. På universitets- og høgskulenivå er det tilbod om landbruksutdanning på tre ulike stadar i landet; Nord universitet, Høgskolen i Innlandet og Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

For å utnytte moglegheitene som ligg i eit langstrakt land med variert topografi og klima, er auka kunnskap om bruk av jord- og beiteressursane sentralt. Det er tildelt midlar til fleire forskingsprosjekt på området dei seinare åra. Til dømes skal Sagaplant AS forske på klimatilpassa sortar, planter og dyrkingsteknikk for å gi stabil og auka produksjon av solbær, rips og stikkelsbær i Noreg. Gjennom mellom anna feltforsøk skal dei avdekkje dei ulike plantesortane sine fysiologiske eigenskapar og utvikle nye dyrkingssystem som legg til rette for meir verdiskaping enn i dag. Målet er at norske produsentar kan selje ferske bær til butikkane, noko som i dag er lite utprøvd sidan bæra oftast er importerte.

Vidare har det blitt sett i gang fleire forskingsprosjekt som bidreg til ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift, mellom anna prosjektet Welfed. Prosjektet skal sjå på kva for effektar tilleggsfôring av reinsdyr på vinterbeite på grunn av dårlege beiteforhold kan ha for reindriftsnæringa. Spørjeundersøkingar og intervju med reineigarar skal, saman med observasjon av åtferdsmønsteret og helsetilstanden til dyra, gi meir kunnskap om kva for innverknad tilleggsfôring av reinsdyr har på velferd, helse og åtferd hos dyra, i tillegg til samisk kultur og tradisjon.

Departementet sine midlar til FORREGION er sentrale for å støtte opp under målet om landbruk i heile landet. Programmet er styrt av fylkeskommunane med støttetenester levert av Forskingsrådet. FORREGION legg til grunn dei unike moglegheitene og utfordringane i kvar region, og har som mål å auke verdiskaping, konkurransekraft og omstillingsevne i heile landet.

Auka verdiskaping

Forsking skal bidra til auka verdiskaping i landbruks- og matsektoren. Landbruks- og matdepartementet bidreg til å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor ved å stimulere næringane til å forske meir og å gjere nytte av resultat frå både eiga og andre si forsking. Tematisk innretta budsjettformål som BIONÆR og ENERGIX, som lyser ut midlar til innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN), er viktige verkemiddel for å auke FoU-aktiviteten i næringslivet. I tillegg til IPN-prosjekt, er Forskingsmidlar over jordbruksavtalen og Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt viktige kjelder til finansiering av næringsretta forsking i landbruks- og matnæringa.

Digitalisering og robotisering av landbruket er i sterk utvikling og spelar ei viktig rolle i Noregs framtidige matproduksjon og arealforvaltning. Sensorar, kamera og andre verktøy montert på ein traktor eller drone, mogleggjer oppgåver og løysingar som tidlegare var utenkeleg. For å realisere dei teknologiske moglegheitene er det heilt naudsynt at ny kunnskap og forsking er gjort tilgjengeleg for næringa. I 2020 etablerte NIBIO, NMBU, UiO, tre utanlandske partnarar og fleire aktørar frå skognæringa, eit senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) innan skogbruk. «SmartForest» har som mål å skape innovasjonar, auka effektivitet og nye foretningsmodellar i skogsektoren gjennom forbetringar som følgje av digitalisering og kunnskapsbasert forvaltning. Senteret har ei kostnadsramme på til saman 234 mill. kroner, inkludert 96 mill. kroner i støtte frå Forskingsrådet.

Boks 12.3 Ny teknologi og digitalisering endrar landbruket

Ruralis har forska på korleis ny landbruksteknologi blir implementert og korleis sosiale og strukturelle forhold i landbruket blir påverka. Prosjektet «SmaT» konkluderte mellom anna med at smart landbruksteknologi påverkar og endrar både praksis og vår forståing av jordbruksnæringa. Til dømes medførte innføringa av virtuelle gjerdeløysingar, der geiter er utstyrt med ein GPS-klave som gir eit lydsignal når dei nærmar seg «gjerdegrensa», at bøndene fekk frigjort tid og ressursar som vanlegvis ville gått til innsamling av dyr og vedlikehald av gjerde. Samstundes opna det for nye beitemoglegheiter, til dømes at geitene kunne bli lånt ut til beiting under kraftliner.

BIONÆR og ENERGIX følgjer opp departementet sine føringar for å levere kunnskap om skog- og trebasert næringsverksemd. Dei finansierer både mindre innovasjonsprosjekt i treindustrien og store, tverrfaglege prosjekt om kva for rolle skogen har i klimasamanheng. I dei seinare åra er det innvilga prosjekt innanfor alt frå skogplanteforedling til bygging av høghus i tre.

Boks 12.4 Grøn storsatsing skal etablere heilsirkulær verdikjede for tre

I SirkTRE skal skogeigarar, treindustri, arkitektar, rådgivarar, entreprenørar, avfall- og gjenvinningsaktørar, eigedomseigarar og -utviklarar, forskingsinstitusjonar og standardiseringsorgan sørgje for ombruk og gjenvinning av returtre. Målet er å firedoble gjenbruket av tre dei neste ti åra ved å etablere ein heilsirkulær verdikjede for tre. Avfall skal minimerast og tre skal i størst mogleg grad brukast på nytt i byggjenæringa. SirkTRE har ambisjonar om å bidra med eit årleg CO2-kutt på 0,5 mill. tonn innan 2024, og 2 mill. tonn innan 2030.

Prosjektet blir leia av OMTRE, NIBIO og Vill Energi. Prosjektet har eit totalbudsjett på over 180 mill. kroner, der 105 mill. kroner kjem frå Innovasjon Norge, Forskingsrådet og SIVA gjennom ordninga «Grøn plattform». Bedrifter og industri bidreg med ein vesentleg eigeninnsats for å utløyse naudsynt forsking og innovasjon. Prosjektet varer frå 2021 til 2024.

Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Regjeringa vil stimulere til auka landbruksproduksjon, samstundes som det skal takast omsyn til miljø og klima. Ein viktig del av dette er satsinga på bioøkonomi. Tematisk har dei fleste av landbruks- og matforskingsprosjekta vore innretta mot bioøkonomien. Prosjekta har mellom anna omhandla biokol, berekraftig husdyrproduksjon, klimanøytrale veksthus og fangst av metan i fjøs. Det skal til dømes utviklast ein modell som skal berekne klimagassutslepp frå norske sauegardar i prosjektet «Klimasmart sau». Alle viktige faktorar blir med, mellom anna fôrproduksjon, metan frå dyra og lystgass frå gjødsel. Modellen skal estimere dagens utslepp, men òg gi svar på kva endringar som kan redusere utsleppa. Prosjektet skal komme med råd for klimatiltak i norsk sauenæring.

Vidare er produksjon og bruk av fornybar energi ein viktig del av bidraget frå landbruket til å redusere utslepp av klimagassar. Hovudsatsinga på energiforsking skjer gjennom ENERGIX. Prosjekta er retta mot tema som utvikling av nye og meir effektive konverteringsprosessar frå råstoff til energi, medrekna både varme og elektrisk straum. Innanfor bioenergiforskinga har områda miljø og klima, bruk av skog til produksjon av varme og drivstoff, og biogass frå husdyrgjødsel og matavfall, stått sentralt.

Boks 12.5 Kan insektlarvefôr gi meir berekraftig fjørfeproduksjon?

Kjelda til protein i kraftfôr til fjørfe kjem i dag frå mindre miljøvenlege råvarer, til dømes soyabønner. I prosjektet «Poltrynsect» skal dei forske på bruk av insektlarvar som proteinkjelde i kraftfôr for å fremje berekraftig kjøttproduksjon og betre dyrevelferd hos økologisk fjørfe. Insektlarvane blir avla opp på økologisk avfall frå næringsmiddelindustrien, og bidreg difor til mindre matsvinn. Poltrynsect er eit internasjonalt prosjekt, der Nofima er ein av deltakarane. Nofima skal analysere kyllingkjøttet for å vurdere kjøttkvaliteten og om insektlarvefôret kan bidra til betre helse for kyllingen. Prosjektet varar fram til 2023.

13 Mål: Vareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

Handelsavtalar

Dei sentrale avtalane for handel med landbruksvarer er WTO-avtalen, EØS-avtalen og EFTAs frihandelsavtalar. I samsvar med artikkel 19 i EØS-avtalen skal Noreg og EU gjennomgå vilkåra for handelen med basis jordbruksvarer med sikte på ei gradvis liberalisering. Avtalen skal likevel vere til fordel for begge partar og innanfor rammene av landbrukspolitikken til dei enkelte partane. Artikkel 19 har ført til auka gjensidig marknadstilgang for landbruksvarer, der ost og kjøtt er særleg viktige. Noreg og EU har inngått tre slike avtalar, den siste i 2018.

EFTA forhandlar med ei rekkje land om handelsavtalar. I august 2019 blei EFTA og Mercosur, som er eit økonomisk fellesskap mellom Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay, samde om ein frihandelsavtale. Avtalen er ikkje formelt godkjend. EFTA forhandlar no om nye handelsavtalar med Kosovo, Moldova, Malaysia, Thailand og India. Vidare blir tidlegare handelsavtalar med mellom anna Chile, SACU og Mexico reforhandla. Marknadstilgang på landbruksprodukt står sentralt i desse forhandlingane.

Arbeidet med bilaterale frihandelsavtalar for EFTA-landa vil framleis ha høg prioritet for å sørgje for at avtalane ikkje trugar viktige norske landbruksinteresser. For landbruksvarer er regjeringa sitt mål for slike forhandlingar at konsesjonar skal gis der importen ikkje vil kunne komme til erstatning for norsk produksjon.

Meld. St. 29 (2014–2015) Globalisering og handel slår fast at Noregs primære handelspolitiske interesse er å bevare og styrkje det multilaterale handelssystemet. Dei siste åra har det vore lite framgang i WTO-forhandlingane. På ministermøtet i WTO i juni 2022 blei det semje om ei erklæring om matsikkerheit der både nasjonal produksjon og opne handelskanalar er vektlagde. Det blei ikkje fatta vedtak på ministermøtet som endrar pliktene medlemslanda har knytte til landbruksstøtte og tollvern. Neste ministermøte i WTO blir i 2023.

I sum utgjer dei internasjonale avtalane for handel eit omfattande sett av plikter som Noreg må overhalde når det gjeld importvern og omfang og innretting av landbruksstøtte. Verkemiddelbruken i landbrukspolitikken må tilpassast slik at Noreg held seg innanfor gjeldande avgrensingar for bruk av støtte. Pliktene inneber òg ei omfattande årleg rapportering til WTO. Både forhandlingane og oppfølginga av WTO-pliktene krev aktiv deltaking for å sikre norske interesser.

Matsikkerheit

Ein omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er naudsynt for å sikre trygg mat som oppfyller krava forbrukarane stiller, og for å kunne fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er naudsynt for å påverke utviklinga av standardar og regelverk for å vareta norske synspunkt, og for å bidra til utvikling og utveksling av kunnskap.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Matområdet er ifølgje NOU 2012: 2 Utanfor og innanfor: Norges avtaler med EU det kvantitativt største området under EØS-avtalen med om lag 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv Europa-politikk. Som del av oppfølginga utarbeider Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, sams prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Regjeringa legg vekt på å vareta norske interesser ved å medverke tidleg i prosessar og politikkutforming i EU. Dette kan vere løysingar som er tilpassa våre naturgitte forhold eller andre nasjonale behov, og som trengst for å kunne oppfylle dei ulike måla for landbruks- og matpolitikken.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission, ein organisasjon for matvarestandardar som ligg under FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO), og Verdshelseorganisasjonen (WHO), Verdsdyrehelseorganisasjonen (WOAH) og Verdsplantehelseorganisasjonen (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som legg premissar for regelverket i EU.

Dei globale matprisane har auka kraftig, og nådde i mars rekordhøge nivå. Krigen i Ukraina har medverka til uro i internasjonale marknader. Verdas fattige og land som er avhengige av import av korn, er særskilt råka. Ein kombinasjon av høge prisar på mat, innsatsfaktorar og energi har ført til eit auka antal som er råka av svolt i mange land. Koronapandemien har råka matforsyninga i mange land. Vilkåra for jordbruksproduksjon blir vidare endra som følgje av klimaendringar og manglande tilgang på jord og vatn i mange område. Plantesjukdom og skadedyr på planter er òg ein aukande trussel og fører til store økonomiske tap. Det er òg aukande merksemd på sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske (zoonosar).

Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er naudsynt for å møte dei store utfordringane globalt.

FAOs mandat er breitt og omfattar mellom anna matsikkerheit, reduksjon av fattigdom, og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar, inkludert land, skog, vatn, luft og genetiske ressursar. FAO spelar ei viktig rolle for å utvikle teknisk kunnskap, standardar og normer innan mat og landbruk. Antibiotikaresistens, klima, biologisk mangfald, tap av mat og matsvinn er prioriterte arbeidsområde for Noreg i FAO. Noreg vil følgje og påverke det internasjonale arbeidet mot antibiotikaresistens innanfor rammeverket for éi helse. Noreg vil òg aktivt følgje opp arbeidet i Komiteen for matsikkerheit (CFS), og initiativ som er knytte til oppfølging av FNs toppmøte for berekraftige matsystem i september 2021. Noreg vil òg støtte opp om initiativ i FAO for å avhjelpe dei umiddelbare matutfordringane i dag.

Innsatsen for varetaking, berekraftig bruk og rettferdig deling av genetiske ressursar er viktig. Dette er følgt opp i FAOs kommisjon for genetiske ressursar og i den internasjonale plantetraktaten for mat og landbruk. Noreg vil framleis vere ein aktiv medlem i desse organa, med særskild merksemd på mellom anna rettane til bønder.

Matsikkerheit står sentralt på 2030-agendaen som eitt av dei 17 berekraftsmåla FN vedtok i 2015. FNs berekraftsmål er ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling fram mot år 2030. Toppmøtet om berekraftige matsystem i september 2021 la fram ei lang rekkje løysingar og initiativ som skal sikre ei berekraftig utvikling og synleggjere det tiåret der verda skal nå berekraftsmåla. Noreg vil aktivt følge opp FNs bærekraftsmål, sjå eiga rapportering. Noreg deltek aktivt i ei rekkje internasjonale forum på landbruks- og matområdet, både innanfor og utanfor FN-systemet.

Internasjonalt skogsamarbeid

Landa i Europa samarbeider framleis i FOREST EUROPE og vil utvikle dette samarbeidet vidare. Etter ministerkonferansen i Bratislava i 2021, tok Tyskland over leiarskapen frå Slovakia. Viktige arbeidsområde under den tyske leiarskapen vil vere europeisk samarbeid for å hindre og handtere skogskadar, grøne arbeidsplassar og berekraftig skogforvaltning for å møte samfunnsutfordringar.

FNs skogforum (UNFF), er ein viktig arena i arbeidet med å fremje forståinga av berekraftig skogforvaltning globalt. I dei siste åra er det arbeidd med å implementere den strategiske planen for arbeidet med skog i FN som blei vedteken i 2017. Den strategiske planen er eit viktig steg i arbeidet med å sikre ei heilskapleg tilnærming til berekraftig skogforvaltning i FN. Det regionale skogsamarbeidet i FN-regi skjer gjennom FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) og FAOs europeiske skogkommisjon. Noreg deltek òg her.

I tillegg til arbeidet med matsikkerheit er FAO ein viktig aktør for å fremje berekraftig skogforvaltning og har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om ressursoversikter og kartlegging av utviklinga i forvaltning av skogressursane. FAO fremjar kunnskap om den rolla skogen spelar innanfor matsikkerheit. FAO leiar og koordinerer samarbeidet mellom dei ulike organa i FN og andre institusjonar som er engasjerte i skogspørsmål, det såkalla Collaborative Partnership on Forests (CPF).

Noreg støttar opp om arbeidet i European Forest Institute (EFI), som er eit forskingsnettverk basert på ein mellomstatleg konvensjon der Noreg er part. Instituttet forskar mellom anna på utviklinga av skognæringa i Europa og gjer eit omfattande arbeid knytt til rammevilkår for sektoren. EFI produserer eit viktig kunnskapsgrunnlag for europeiske styresmakter innanfor økonomi, klima, andre rammevilkår og internasjonal konkurranse i skognæringa.

Noreg er òg medlem i to andre regionale skogsamarbeid; arbeidsgruppa Working Group on Barents Forest Sector innanfor Barents-samarbeidet, og eit sirkumborealt samarbeid der òg Canada og USA deltek. Noreg hadde formannskapet i Working Group on Barents Forest Sector i perioden oktober 2019 til oktober 2021.

Nordisk samarbeid

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) arbeider for berekraftig og konkurransedyktig bruk av naturressursar. Det er eit mål å skape meirverdi og nordisk nytte for dei enkelte landa og innbyggjarane gjennom sams nordisk innsats. Statsministrane sin visjon om at Norden skal bli verdas mest berekraftige og integrerte region, og dei strategiske prioriteringane for eit grønt, konkurransedyktig og inkluderande Norden, ligg til grunn for arbeidet. I 2022 har Noreg formannskapet i Nordisk ministerråd.

Aktiviteten i MR-FJLS fell naturleg inn under visjon og prioriteringar, og eit eige tverrsektorielt samarbeidsprogram 2021–2024 er utarbeidd i tråd med det. Målet med programmet er korleis bioøkonomien kan bidra til auka verdiskaping og omstilling i rurale område. Samarbeidet omkring berekraftig proteinproduksjon i Norden vil halde fram. Det same gjeld samarbeidet om kunnskapsutvikling knytt til karbonbinding og karbonlagring i jord.

Ministerrådet vidarefører arbeidet med karbonbinding og karbonlagring i jord som eit viktig og positivt bidrag frå landbrukssektoren til å løyse klimautfordringane.

Oppfølging av FNs toppmøte om matsystem vil òg vere på dagsorden saman med ei vidareføring av samarbeidet om én helse og antibiotikaresistens, nordiske næringsstoffanbefalingar, klimautfordringar og berekraftig proteinproduksjon.

Ministerrådet vil framover ta tak i konfliktar knytte til bruken av matjordressursane. I lang tid har matjord blitt omdisponert til samferdselstiltak, byutvikling og andre formål – og det er etterkvart naudsynt å sikre at desse areala først og fremst blir brukte til matproduksjon. Krigen i Ukraina har i sterk grad aktualisert denne problemstillinga og behovet er større for tiltak for auka mattryggleik.

Samarbeidet om bevaring og bruk av genressursar gjennom NordGen er godt, og vil halde fram. Dei nordiske landa har òg starta eit samarbeid for å hindre negative konsekvensar av den veksande villsvinbestanden i Norden.

14 Oppfølging av likestillings- og diskrimineringslova

Overordna om departementet sitt arbeid med å fremje likestilling og hindre diskriminering

Arbeidet med likestilling i departementet er basert på dei krava og rettleiingar som er gitte i likestillings- og diskrimineringslova. Aktivitets- og forklaringsplikta i likestillings- og diskrimineringslova blei styrkt med verknad frå 1. januar 2020. Departementet har utarbeidd ein eigen policy for likestillingsarbeidet:

«Landbruks- og matdepartementet skal arbeide for å fremme likestilling og hindre diskriminering. Vi og våre underliggende virksomheter forvalter en rekke økonomiske og juridiske virkemidler på områder som berører mange, enten de er privatpersoner, næringsdrivende eller ansatte innen næringene. Prinsippet om å fremme likestilling og hindre diskriminering skal være godt forankret i hele departementets virksomhet og være en integrert del av våre arbeidsprosesser, etatsstyring og rutiner, og vi skal besitte kunnskap om likestilling og risiko for diskriminering innenfor alle områder vi jobber.
Vi skal bidra til å fremme likestilling og hindre diskriminering når vi jobber sammen innenfor LMDs ansvarsområder.»

Dette skal gi retning for alt arbeid innan verksemda og i alt arbeid og tenesteyting på myndigheitsområdet til departementet.

Likestilling og mangfald i Landbruks- og matdepartementet

Ved utgangen av 2021 var det 142 tilsette der 59 pst. av desse var kvinner. Kvinnene er i fleirtal i sakshandsamargruppa og blant toppleiarane. Det er om lag like mange mannlege og kvinnelege mellomleiarar med personalansvar. Kvinnene utgjer omlag 79 pst. av leiarane i departementet.

Per 31.12.2021 var gjennomsnittsalderen i departementet 51,1 år. Menn har ein høgare gjennomsnittsalder enn kvinner. Gjennomsnittsalderen har halde seg stabil dei siste fire åra.

Tabell 14.1 Løns- og kjønnsfordeling i dei ulike stillingsgruppene, pr. 31. des. 2021

Av stillingsgruppa

Kvinner sin andel av menn si løn

Antall

Menn

Kvinner

Totalt

142

96 %

Departementsråd

1

0 %

100 %

100 %

Ekspedisjonssjef

4

25 %

75 %

99 %

Kommunikasjonssjef

1

100 %

0 %

100 %

Avdelingsdirektør

17

53 %

47 %

99 %

Underdirektør

2

50 %

50 %

96 %

Fagdirektør

21

57 %

43 %

99 %

Spesialrådgivar

4

75 %

25 %

95 %

Prosjektleiar

2

50 %

50 %

99 %

Seniorrådgivar

65

32 %

68 %

98 %

Seniorkonsulent

2

0 %

100 %

100 %

Rådgivar

22

36 %

64 %

99 %

Lærling

1

100 %

0 %

100 %

Kvinner sin del av menn si løn er no på 96 pst. og har stige jamt gjennom fleire år. Skilnaden kan forklarast med at det framleis er ein større del av menn med fleire års erfaring i departementet.

Figur 14.1 Gjennomsnittleg lønsnivå for kvinner og menn 2017–2021 (i kroner)

Figur 14.1 Gjennomsnittleg lønsnivå for kvinner og menn 2017–2021 (i kroner)

Korrelasjon mellom kjønna når alder, stilling og erfaring er rekna med, viser at departementet i stor grad har lukkast med å gjennomføre likeløn.

Mellombelse tilsetjingar

Mellombelse tilsetjingar blir i hovudsak brukt der det er behov å ta inn vikar for å løyse oppgåver ved permisjonar og anna fråvær. Til saman 3,6 pst. av kvinnene og 7 pst. av menn var mellombelse tilsette ved utgangen av 2021.

Rekruttering

Departementet har gjennomført analysar av rekrutterings- og tilsetjingspraksis i departementet og kva som påverkar desse. Analysane blir nytta til å vurdere mangfaldet i departementet, identifisere risikoar, finne årsaker til eventuell diskriminering og avdekkje hinder for likestilling. Analysane og forslag til tiltak er drøfta med leiinga og dei tillitsvalte. I tillegg arbeider departementet med eit HR-rekneskap som kan identifisere eventuelle samanhengar mellom til dømes kjønn, minoritetsbakgrunn og andre variablar på til dømes lønsutvikling, sjukefråvær og bruk av stillingstitlar. På bakgrunn av mellom anna dette vil det bli vurdert tiltak som kan vere eigna til å fremje likestilling og mangfald, og motverke diskriminering. Døme på tiltak er gjennomgang og revidering av mellom anna departementet sine rekrutteringsrutinar. Departementet har òg arbeidd med profilering av stillingar, formuleringar og krav til stillingane. Arbeidet held fram.

Sjukefråvær

Både i 2020 og 2021 var sjukefråværet på 3,7 pst. Dette er ein nedgang frå tidlegare år (4,5 pst. i 2019 og 5,3 pst. i 2018). Sjukefråværet for 2021 låg under landsgjennomsnittet på 7,2 pst. Sjukefråværet blant kvinner er framleis høgt samanlikna med sjukefråværet blant menn. Sjukefråværet er fast tema i arbeidsmiljøutvalet i departementet og i dialogen med Bedriftshelsetenesta for å sjå på relevante tiltak.

Tabell 14.2 Sjukefråvær fordelt på sjukmeldingstype i 2021

Kvinner

Menn

Totalt

Eigenmeldt

0,89 %

0,40 %

0,69 %

Legemeldt

4,24 %

1,12 %

2,96 %

Totalt

5,12 %

1,52 %

3,65 %

Foreldrepermisjon

Tabell 14.3 Relativ fordeling på ulike permisjonar i 2021 mellom kjønna

Kvinner

Menn

Totalt

Omsorgspermisjon u/løn

51 %

0 %

51 %

Foreldrepermisjon 100%

10 %

5 %

15 %

Foreldrepermisjon 80%

19 %

0 %

19 %

Pleiepengar barn

15 %

0 %

15 %

Omsorgspermisjon føds. 2 veker m/løn

0 %

1 %

1 %

Totalt

95 %

5 %

100 %

Overtid

Samla blei det arbeidd 3 447 timar med overtid i departementet i 2021. Dette er 1,4 pst. av samla arbeidsinnsats. Menn arbeidde meir overtid enn kvinner trass i at det er færre menn enn kvinner som er tilsett i departementet. Overtid knytt til gjennomføringa av dei årlege jordbruksforhandlingane utgjer ein stor del av overtida.

Tabell 14.4 Overtidstimar pr. kjønn og stillingstype i gjennomsnitt og kjønnsvis i stillingsgruppene gjennom 2021

Timer per person

Kvinner

Menn

Avdelingsdirektør

6

3

91

Fagdirektør

32

44

23

Spesialrådgivar

13

0

18

Prosjektleiar

2

0

4

Seniorrådgivar

31

26

42

Rådgivar

21

27

10

Deltid

Alle blir tilsette i fulltidsarbeid i departementet. Fem pst. av dei tilsette har fått redusert arbeidstid etter eige ønskje, og ei overvekt av desse er menn.

Det daglege arbeidet med å fremje likestilling og hindre diskriminering i departementet

Inkludering og mangfald

Departementet og sektoren har hatt stor merksemd på inkluderingsdugnaden i 2021. Det er mellom anna laga ein handlingsplan for sektoren. Sjølv om handlingsplanen primært gjeld for målgruppa til dugnaden, er den òg eigna til å omfatte mangfald og likestilling for departementet som arbeidsgivar på generell basis. For å nå målet om at 5 pst av nytilsette i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne, ha hol i CV-en eller ha framandkulturell bakgrunn, har departementet mellom anna inngått ein avtale med NAV om å finne aktuelle kandidatar, som oppfyller krava i inkluderingsdugnaden, til relevante ledige stillingar i departementet. For 2021 blei måloppnåinga for slike tilsetjingar i departementet på 15,4 pst., dersom ein reknar med mellombelse stillingar. Tiltaka frå inkluderingsdugnaden viste seg å gi god effekt når det gjeld å inkludere personar som ofte fell utanfor arbeidslivet.

Departementet har ført vidare samarbeidet med Fontenehuset. Denne ordninga gir personar som har falle utanfor arbeidslivet arbeidserfaring i departementet i opp til seks månadar. Departementet har sidan 2014 arbeidd systematisk med satsinga på lærlingar, mellom anna i eit prosjekt saman med Kommunal- og distriktsdepartementet og OKStat. Dette prosjektet vil vare ut 2022.

Rekrutteringsstatistikken viser at det i 2021 blei tilsett 13 personar i departementet, 7 menn og 6 kvinner. 4 av dei mannlege tilsette er mellombelse og 1 er kvinne. Tala viser at yngste tilsette var 19 år og eldste 58 år.

Tabell 14.5 Antal og andelar nytilsette innan stillingsgruppene og kjønna i 2021

Stillingstittel

Totalt

Menn

Kvinner

% menn

% kvinner

Totalt

13

7

6

54 %

46 %

Seniorrådgivar

8

3

5

38 %

63 %

Rådgivar

3

2

1

67 %

33 %

Lærling/trainee

2

2

0

100 %

0 %

Bakgrunn og fordeling av nytilsette;

Menn

Kvinner

% menn

% kvinner

Hol i CV

1

1

100 %

0 %

Framandkulturell

2

2

100 %

0 %

Inkluderingsdugnaden

2

2

100 %

0 %

NAV tiltak

1

1

100 %

0 %

Funksjonsnedsetting

0

0

0 %

0 %

Mellombelse

5

4

1

80 %

20 %

Fast

8

3

5

38 %

63 %

Ser ein vekk frå mellombelse tilsette, har delen kvinner halde fram med å auke i 2021. Ut over dette indikerer tala at handlingsplanen for å inkludere fungerer tilfredsstillande.

Mobbing og trakassering

Arbeidet med haldningar for å motarbeide diskriminering og mobbing har hatt stor merksemd i departementet. Eigne varslingsrutinar har blitt utarbeidde, og systema for å vareta varslarar har blitt implementert.

Undersøkinga om statstilsette frå 2021 indikerer framleis at tilsette i verksemdene i landbruks- og matsektoren har tilfelle av trakassering og/eller mobbing. Temaet har blitt teke opp med i underliggjande verksemder, og personalleiarar i verksemdene har vore kursa i tematikken. Dette arbeidet held frem.

Landbruk- og matdepartementet sitt arbeid med å fremje likestilling og hindre diskriminering som myndigheitsutøvarar

Det følgjer av likestillings- og diskrimineringslova § 24 at offentlege styresmakter i alt sitt virke skal arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og hindre diskriminering. Det inneber òg å avdekkje utilsikta diskriminering hos underliggjande verksemder som forvaltar budsjettmidlar, lover, forskrifter og regelverk innan ansvarsområdet til departementet.

Departementet sitt hovudansvar omfattar dei underliggjande verksemdene Mattilsynet, Landbruksdirektoratet, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Veterinærinstituttet.

Ein gjennomgang av årsrapportane til underliggjande verksemder og oppfølgingsbrev, gav departementet ei betre oversikt over moglege risikoar for utilsikta diskriminering i utøving av myndigheit i sektoren

Veterinærinstituttet og NIBIO har vurdert si eiga verksemd opp mot ordlyden i lova, og har funne at dei ikkje har oppgåver som er omfatta av likestillingslova §24.

Etatar i landbrukssektoren som utøver myndigheit

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet har gjort greie for sitt arbeid med likestilling og diskriminering i tråd med oppmodinga frå Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet si rolle er å vareta direktoratsoppgåver for Landbruks- og matdepartementet. Dette inneber å gi faglege råd, setje i verk landbrukspolitikken og leggje til rette for landbruket og matindustrien.

Landbruksdirektoratet forvaltar fleire ordningar og fagsystem knytte til jordbruk, skogbruk og reindrift. Landbruksdirektoratet har etter ei førebels vurdering av likestilling og diskriminering peika på nokre område dei vil sjå nærare på i løpet av 2022. Det gjeld til dømes tematikk knytt til eigedomsregelverket, til spesifikke ordningar, fagsystem, språk og kommunikasjon.

Odelslova gir i dag full likestilling uavhengig av kjønn og opphav. Samstundes viser statistikk at det er fleire menn som eig og overtek landbrukseigedommar enn kvinner. Når det gjeld personlege drivarar av jordbruksverksemder, er delen menn vesentleg høgare enn kvinner. Likevel har kvinnedelen stige frå 13 til 16 pst. dei siste 20 åra. Årsaka til at delen menn er såpass høg kan ha samanheng med at det ofte er berre ein person som er registrert som innehavar av selskapet som driv jordbruksverksemd, mens det i realiteten er fleire som arbeider på garden. Hovudtyngda av landbrukseigedommar er eigde av menn, og gjennomsnittsalderen deira når desse tek over er relativt høg. For kvinner er den enno høgare, sannsynlegvis som følgje av at kvinner oftare sit i uskifta bo enn menn fordi dei lever lengre. Tala kan indikere at det er barrierar for kvinner til å overta landbrukseigedommar.

Landbruksdirektoratet har nasjonalt rettleiingsansvar for odelslova, og rettleier privatpersonar om korleis regelverket er å forstå. Odelslova er eit komplisert juridisk regelverk med mange unntak, som i seg sjølv kan vere krevjande for rettstryggleiken for den enkelte. Direktoratet vil gjennomgå dei skriftlege rettleiingstekstane sine for å sjå om direktoratet i tilstrekkeleg grad bidreg til å fremje likestilling.

Den samiske befolkninga har rett på same informasjon på norsk og på samisk. Tilgangen på omsetjarar som kan omsetje til samisk har i ein periode vore krevjande, men Landbruksdirektoratet har merksemd på å få tak i omsetjarar slik at skriftleg informasjon kan omsetjast fortløpande.

Når det gjeld produksjonsregulerande tilskott og velferdsordningar er det òg peikt på særskilde døme. Statistikk frå Budsjettnemnda viser at det er 30 047 menn og 6 088 kvinner i jordbruket. Det er om lag fem gongar så mange menn som kvinner. Når det gjeld søknader på tilskott til avløysing ved sjukdom, representerer kvinnene 30 pst. av søknadene og menn 70 pst. Det er manglande likehandsaming og tilrettelegging ved sjukdom for bønder som har ekstrainntekt frå næring, og dei som får ekstrainntekt frå løn, som følgje av utrekningsreglar i jordbruksavtalen. Det er òg indirekte forskjellshandsaming ved uttak av graderte foreldrepengar for kombinerte arbeidstakarar/bønder.

Kommunane deler i stor grad ut tilskottet til veterinærar i form av driftstilskott. Veterinærar som ikkje kan bidra i vakt eller som jobbar redusert som følgje av alder, kjønn/omsorgsplikt kan risikere å ikkje bli prioriterte for tildeling. For mange kommunar er det allereie krevjande å få veterinærar til å delta i vakt. Skal nevnte risiko reduserast, vil det krevje endring i regelverket knytta til tilskottet.

Landbruksdirektoratet har nettsider på bokmål og samisk, og følgjer regelverket om universell utforming og tilpassing til brukargrupper. Nettsidene til direktoratet er nye og verksemda har teke i bruk eit heilt nytt fagsystem dei siste åra. Ein del av fagsystema blir òg nytta av statsforvaltaren og kommunar.

Mattilsynet

Mattilsynet har vurdert moglege indikatorar for diskriminering i myndigheitsutøvinga si, men har ikkje funne data med høg statistisk relevans

Mattilsynet vil hausten 2022 be om rettleiing frå Bufdir for å gjere nytte av erfaringane Bufdir har med å handtere utfordringar på likestillings- og diskrimineringsfeltet på tvers av statlege organ. Mattilsynet ønskjer innspel frå utvalde interesseorganisasjonar der det er risiko for at tenestetilbodet til Mattilsynet kan stå svakare.

Overordna vurdering av risiko for diskriminering

Mattilsynet har vurdert ulike aktivitetar i myndigheitsutøvinga, der tilsynet vurderer at risikoen for diskriminering potensielt kan vere for høg:

  • gjennomføring av tilsyn og kontroll

  • handsaming, utforming og gjennomføring av vedtak

  • utvikling av lover, forskrifter og anna regelverk

  • kommunikasjon og informasjon

Alle aktivitetar i Mattilsynet blir vurderte opp mot diskrimineringsgrunnlaga som kjem fram av likestillings- og diskrimineringslova § 1. Ulike former for diskrimineringsgrunnlag kan oppstå i ein organisasjon: funksjonsnedsetjing hos tilsynsobjekt, språk- eller kulturelle utfordringar og dårleg kommunikasjon.

I kommunikasjonen og informasjonsarbeidet i Mattilsynet er det ein risiko for diskriminering. Dette kan gjelde språkbruk og bruk av kompliserte omgrep. Det er òg ein risiko for diskriminering i korleis Mattilsynet kommuniserer på sine nettsider med personar med nedsett funksjonsevne.

Mattilsynet arbeider med å utforme retningsliner for likestilling og plan med tilhøyrande tiltaksliste. Dette arbeidet tek utgangspunkt i risikovurderingar og Bufdir sin metodikk. Policy og plan skal fastsetjast innan utgangen av 2022.

Likestilling i landbruket

Det følgjer av likestillings- og diskrimineringslova at alle uansett kjønn, alder, etnisitet, religion, graviditet, funksjonsnedsetting, seksuell legning med meir skal ha dei same moglegheitene til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og landbruksbaserte næringar. Haldningsskapande arbeid, utdanning, rådgiving, økonomiske verkemiddel og gode, funksjonelle velferdsordningar er viktige for å bidra til likestilling og rekruttering til landbruket over heile landet. Satsing på berekraftig landbruk, sirkulær- og bioøkonomi og teknologiutvikling i og i tilknyting til landbruket, vil vere viktig i framtida og krevje ny type kompetanse utover den tradisjonelt landbruksfaglege. Regjeringa vil skape interesse og gode forhold for alle som kan støtte opp om ei positiv utvikling i landbruket og reindrifta.

Landbruks- og matdepartementet har dei seinare åra hatt god tilgang på statistikk for kjønnsbalanse og likestilling innanfor landbruket og reindrifta. Det er stort sett opplysningar for kjønn, alder, geografisk fordeling og grupper under velferdsordningar som har dominert. Departementet og underliggjande verksemder vil i løpet av 2022 arbeide målretta med å innhente relevante opplysningar for å oppfylle si aktivitets- og utgreiingsplikt etter likestillings- og diskrimineringslova.

Landbrukssektoren har over tid arbeidd målretta med å få fleire kvinner til å etablere seg i næringa. Fleire verkemiddel i jordbruksavtalen er innretta slik at dei skal stimulere til rekruttering, næringsutvikling, fleire nyetableringar og vekstbedrifter. For delar av ordninga med investerings- og bygdeutviklingsmidlar har kvinner og næringsdrivande under 35 år i fleire år blitt særskild prioriterte. Dette vil opphøyre frå 2023, då utviklinga på området ikkje lenger gir grunnlag for ulik handsaming jf. likestillingslova. Dei siste åra har i snitt halvparten av tilskottsmidlane over til dømes investerings- og bedriftsutviklingsordninga i landbruket, og opp mot 80 pst. av bygdeutviklingsmidlane til andre landbruksbaserte næringar blitt løyvd til kvinner.

Resultatkontrollen for gjennomføringa av landbrukspolitikken er ei årleg utgreiing og publikasjon frå Budsjettnemnda for jordbruket. Resultatkontrollen viser utviklinga i jordbruket i forhold til dei mål og retningsliner Stortinget har trekt opp. Resultatkontrollen inneheld oppdatert statistikk for mellom anna kjønns- og aldersfordelinga innan landbruket, og viser i tillegg historisk utvikling for kjønn, alder og utdanning på dette området.

Dei siste åra har talet på kvinnelege eigarar av landbrukseigedommar auka noko. I følgje tal frå SSB ved utgangen av 2020 var det 180 087 landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal. På 67 pst. av eigedommane er det mannleg eigar, mens kvinner eigde 26 pst. av eigedommane. For dei resterande eigedommane er eigaren til dømes eit aksjeselskap, anna selskap, ein utanlandsk eigar eller at eigaren ikkje er oppgitt.

Statistikk frå søknad om produksjonstilskott viser at det i 2021 var i underkant av 36 300 enkeltpersonføretak (verksemder med personleg brukar) i jordbruket. Over tid har delen kvinner vore aukande, og i 2021 var 16,8 pst. kvinner. I 2020 var talet på jordbruksføretak drivne av kvinner 16,6 pst., mens det var høvesvis på 12,9 pst. i 1999 og 14,4 pst. i 2010. Denne statistikken gir likevel ikkje eit fullstendig bilete av kvinnene si samla deltaking i drifta av norske jordbruksføretak. Ei årsak til dette er at det berre er éin person som kan stå oppført som søkjar per enkeltpersonføretak. Det er òg mange kvinner som deltek i drifta på gardsbruk som ikkje er drivne som enkeltpersonføretak. For slike verksemder har ein ikkje informasjon om det er menn eller kvinner som deltek i drifta.

Arbeidsforbruket i jordbruket går ned både for kvinner og menn, men reduksjonen er størst for kvinner. I 2020 utførte kvinner 24 pst. av registrert arbeidsforbruk, mot 26 pst. i 1990.

Tal frå 2020 viser at gjennomsnittsalderen for kvinnelege eigarar er litt høgare enn for menn, høvesvis 60,3 år og 58,2 år. Gjennomsnittsalderen for kvinner som driv jordbruksverksemder er gjennomgåande litt lågare enn for menn. Gjennomsnittsalderen for aktive kvinnelege brukarar er i 2021 på 49,4 år, noko som er 3,4 år lågare enn for menn. Det kan over tid sjå ut til at kvinner i mindre grad tek over jordbruksbedrifter for å drive jordbruk sjølve. Det er i mange samanhengar òg peika på at gardsoverdragingar til kvinner ofte gjeld enker som eig garden i ein overgangsperiode.

Tal frå SSB for 2020 viser at høg utdanning blant nye eigarar er meir vanleg blant kvinner enn blant menn, og det er størst del kvinner med lang utdanning blant dei yngste. Blant kvinnene i den yngste aldersgruppa (under 39 år) har 58,8 pst. utdanning på universitets- og høgskulenivå. Hos menn har 23,4 pst. i den yngste aldersgruppa høgare utdanning. Ser vi på den eldste aldersgruppa som overtok gard i 2020, så har 29,4 pst. av menn høgare utdanning, og 23,7 pst. av kvinnene.

Innanfor det tradisjonelle jordbruket er kvinnedelen høgast blant bønder med hestar og/eller geiter og innanfor saueproduksjon. Kvinnedelen er lågast blant storfeprodusentar. Kvinner driv generelt jordbruksverksemder med mindre areal enn menn.

Dei siste 10–20 åra har utviklinga av andre landbruksbaserte næringar innanfor lokalmat, reiseliv, velferdstenester med garden som arena til skule, omsorg og arbeid (Inn på tunet) og serviceyting generelt vore god. Utvikling av entreprenørskapsverksemd på desse områda krev ofte anna kompetanse enn den tradisjonelle landbruksfaglege kompetansen. Kvinner er særleg aktive innan desse næringane.

Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar) er det viktigaste økonomiske verkemiddelet til Landbruks- og matdepartementet for å nå målet om næringsutvikling i og i tilknyting til landbruket. Formålet er å leggje til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, i tillegg til å bidra til sysselsetjing, busetjing og eit variert landbruk i alle delar av landet med utgangspunkt i landbruket sine ressursar generelt og landbrukseigedommen spesielt.

Midlane til investeringar og bedriftsutvikling i landbruket er landsdekkjande og inkluderer tilskott til etablering av ny verksemd (etablerartilskott), tilskott til bedriftsutvikling, tilskott til investeringar i produksjonsanlegg, tilskott til gjødsellager, tilskott til investeringar i frukt- og bærdyrking og tilskott til investeringar i samband med generasjonsskifte. Det blei i 2021 løyvd til saman 707 mill. kroner i tilskott over ordninga: 495 mill. kroner til tradisjonelt jord- og hagebruk, 120 mill. kroner til frukt- og grøntproduksjon og 92 mill. kroner i tilskott til andre landbruksbaserte næringar. Innovasjon Norge rapporterer kvart år på kjønns- og aldersfordelinga av midlane, jf. tabell 14.6.

Delen til kvinnetiltak til saman er redusert frå 54 til 44 pst. frå 2020 til 2021. Kvinnedelen er gjennomgåande høgast for andre landbruksbaserte næringar, der den har auka frå 73 pst. til 79 pst. For etablerartilskott, bedriftsutvikling og tilskott til generasjonsskifte er løyvingane så små at mindre endringar kan gjere store utslag på kvinnedelen.

Innan tradisjonelt landbruk og øyremerka midlar til frukt og grønt er det ein vesentleg reduksjon i delen til kvinner frå 2020 til 2021, men det må leggjast til at delen var rekordhøg i 2020. Innan småskala grønt/marknadshagar er delen til kvinner over 80 pst.

Tabell 14.6 Løyvingar til ulike tiltaksgrupper i 2020 og 2021(IBU-midlar). Tilskott i mill. kroner.

2021

2020

Tiltaksgruppe

Tilskott

Tilskott – kvinner

Tilskott

Tilskott – kvinner

Etablerartilskott

9,8

8,7 (89 %)

15,5

12,7 (82 %)

Bedriftsutvikling

9,0

5,7 (63 %)

7,4

5,0 (68 %)

Investeringar andre landbruksbaserte næringar

71,5

56,6 (79 %)

70,3

51,5 (73 %)

Tilskott til generasjonsskifte andre landbruksbaserte næringar

1,8

1,7 (94 %)

5,0

4,0 (80 %)

Investeringar tradisjonelt jord- og hagebruk

443,7

173,9 (39 %)

413,1

199,5 (48 %)

Tilskott til generasjonsskifte tradisjonelt landbruk

46,6

25,2 (54 %)

56,3

36,5 (65 %)

Tilskott til gjødsellager

5,1

1,2 (24 %)

3,5

0,4 (11 %)

Øyremerking frukt og grønt

120,0

36,7 (31 %)

73,9

35,9 (49 %)

Totalt, ekskl. tapsavsetjing risikolån

707,5

309,7 (44 %)

644,4

345,5 (54 %)

Kjelde: Innovasjon Norge

Landbruks- og matdepartementet har bedt Innovasjon Norge om å arbeide vidare for å auke kvinnerepresentasjonen i styre og i leiinga for verksemder som tek imot støtte, og å synleggjere statistikk knytt til utviklinga innanfor aktuelle program og tenester.

Dei fylkesvise midlane til rekruttering og kompetansebyggjande tiltak er retta inn mot næringsutøvarar med mål om å bidra til auka verdiskaping i landbruket. Midlane skal òg nyttast til likestillingstiltak i næringa. For 2020 blei det mellom anna gitt midlar til fagsamling for kvinner i skogbruket og ulike kurs for kvinner som har husdyr.

Velferdsordningane i jordbruket

Gode velferdsordningar i landbruket er viktig for å bidra til rekruttering og landbruk over heile landet. Tilskott til avløysing ved ferie og fritid bidreg til finansiering av leigd arbeidshjelp, og fører på den måten til at husdyrprodusentane kan ta ferie og få ordna fritid. Satsane for avløysartilskott ved ferie og fritid blei ved jordbruksoppgjeret 2022 auka med 10 pst., og maksimalt avløysartilskott per jordbruksføretak blei heva med 8 780 kroner til 96 580 kroner. Dette inneber at avløysartilskottet har blitt vesentleg styrkt ved jordbruksgjeret i år. Sjå nærare omtale under kapittel 1150, post 78.

Ved jordbruksoppgjeret 2022 blei satsane for avløysartilskott ved sjukdom og fødsel med vidare auka med 430 kroner til 2 100 kroner. Ved jordbruksoppgjeret i år var avtalepartane samde om å utvide moglegheitene for bønder til å motta avløysartilskottet når dei som foreldre tek vare på sjuke born. Tilskottsgrunnlaget er ikkje lenger avgrensa til berre å gjelde dei tilfella der foreldra følgjer barna til kontroll hos lege. Frå og med 2023 kan ein få tilskott for 20 dagar per forelder på dette grunnlaget.

Etter føresegna om tidlegpensjon for jordbrukarar skal ordninga bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av sine inntekter frå jordbruk/gartneri og skogbruk. I jordbruksoppgjeret 2022 blei tilskottssatsen auka med 10 500 kroner per landbruksvikar til 294 400 kroner.

Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket skal finansiere meirutbetalinga av sjukepengar til jordbrukarar, slik at dei kan få denne ytinga på nivå med arbeidstakarar. Sjå nærare omtale under kapittel 1150, post 78.

Likestilling i skogbruket

Det er framleis langt fleire menn enn kvinner som arbeider innan skog- og trenæringa. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det var 5 100 menn og 920 kvinner sysselsette i skogbruket i 2019. Mange aktørar innan sektoren har målsetjing om å rekruttere fleire kvinner. Ein av dei viktigaste årsakene til dette er behovet som næringa har for best mogleg kompetanse. Det blir arbeidd med å synleggjere mangfaldet i bransjen og det blir gjennomført ulike tiltak for å gjere arbeidsplassar og arbeidsoppgåver meir attraktive for kvinner. Delen kvinner som blir uteksaminerte frå skogstudia i Noreg er på rundt 20 pst., noko som er lågare enn fleire av våre naboland. Det går føre seg eit forskingsprosjekt som skal sjå nærare på skogbruket som arbeidsplass for kvinner. Prosjektet er leia av Høgskolen i Innlandet, saman med Noregs miljø- og biovitskaplege universitet der òg Glommen Mjøsen Skog, Kvinner i skogbruket og Skogbrukets Kursinstitutt deltek.

Kvinner i skogbruket er ein frittståande, uavhengig organisasjon som har til formål å motivere kvinner til deltaking og engasjement på alle plan innanfor skogbruket, og leggje vekt på samhald og samarbeid. Organisasjonen blei stifta i 1986 og er landsomfattande. Den er open for alle med interesse for skogbruk, men rettar seg spesielt mot kvinner. Landbruks- og matdepartementet har løyvd midlar til Kvinner i skogbruket over kap. 1138, post 70 Støtte til organisasjonar over fleire år. Støtta for 2022 er på 170 000 kroner. Kvinner i skogbruket har etablert kontakt og deltek i nordiske og internasjonale forum på området.

Velg Skog arbeider med rekruttering, kompetanse og omdømmebygging for skognæringa. Næringa sitt behov for betre likestilling er ein del av dette arbeidet. Velg Skog blir mellom anna finansiert med midlar over jordbruksavtalen kap. 1150, post 50 Landbrukets utviklingsfond. Støtta for 2022 er på 1 mill. kroner.

Likestilling i reindrifta

Arbeidet med likestilling i reindrifta i Noreg krev ein samla innsats frå fleire aktørar, både frå det offentlege, frå næringa sjølv og frå organisasjonar i næringa.

I 2021 var 84 kvinner eigar av sin eigen siidaandel, noko som utgjer om lag 15,7 pst. av alle siidaandelar. Dette er ein auke frå 2020. I tillegg er det 101 siidaandelar som er eigd av mann og kvinne i fellesskap, ein reduksjon frå 115 siidaandeler i 2020.

149 årsverk blei utførte av kvinner i 2020. Dette utgjer 16 pst. av alle årsverk. I 2021 hadde kvinner 26 pst. av det samla reintalet i Noreg.

I reindriftsavtalen 2019/2020 blei det etablert eit særskild driftstilskott til kvinner som er leiar av siidaandel, og som har reindrift som hovudnæring. I reindriftsavtalen 2021/2022 blei det gjort ei endring i ordninga, ved at kravet til delen inntekt som kjem frå sal av avgiftspliktig rein er no på 50 pst., det same som for det andre direkte tilskotta. I tillegg kan kvinneretta tiltak få støtte over Reindriftens utviklingsfond. Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) kan òg søkje om midlar til utviklingsprosjekt for å fremje likestilling. Det kan òg søkjast om tilskott for å støtte opp om den familiebaserte reindrifta, ektefelle-/sambuartillegg. I reindriftsavtalen 2021/2022 blei vilkåra for denne ordninga endra slik at tilskottet berre kan tildelast felles siidaandelar.

I reindriftsavtalen 2022/2023 har avtalepartane understreka at det er viktig at det blir lagt til rette for at fleire kvinnelege reineigarar går inn i distriktsstyra, for å styrkje deltakinga frå kvinner i reindrifta. Norske Reindriftsamers Landsforbund skal ta omsyn til kjønnsfordeling ved val av styre og lokallag. Avtalepartane er òg samde om at styra for reinbeitedistrikta, så langt det er mogleg, bør ha kjønnsbalanse.

15 Oppfølging av FNs berekraftsmål

Berekraftsagendaen set ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling fram mot 2030. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening — Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 slår fast at berekraftsmåla er det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største utfordringane i vår tid. Berekraftsmåla er på denne måten ei overbygning for regjeringa sin politikk nasjonalt og internasjonalt.

Mål 2 Utrydde svolt

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere det nasjonale arbeidet med berekraftsmål 2 om å utrydde svolt. Berekraftsmål 2 har fleire dimensjonar, mellom anna å oppnå matsikkerheit og betre ernæring og berekraftig matproduksjon.

Status i Noreg for Berekraftsmål 2 Utrydde svolt er i all hovudsak god, men det er utfordringar knytte til overvekt og for lite fysisk aktivitet i delar av befolkninga. Det er generelt for høgt inntak av salt, tilsett sukker og metta feitt, og for lite inntak av frukt, bær, fullkorn og fisk.

Delmål 2.1) Innan 2030 utrydde svolt og sikre alle menneske, særleg fattige og personar i utsette situasjonar, spesielt spedbarn, tilgang til nok, trygg og sunn mat heile året.

I ein situasjon med uro i internasjonale marknader for mat og energi, og sterkt aukande prisar på viktige matvarer internasjonalt, har regjeringa lagt vekt på å sikre nasjonal matproduksjon. Dette omsynet ligg til grunn for jordbruksavtalen i 2022, med ei tydeleg prioritering av matproduksjon, matsikkerheit og klima og miljø. Sjå omtale av prioriteringar i landbruks- og matpolitikken i del 1.

Delmål 2.2) Innan 2030 utrydde alle former for feilernæring, og innan 2025 nå dei internasjonalt avtalte måla som gjeld veksthemjing og avmagring hos barn under fem år, og skjøtte ernæringsbehova til unge jenter, gravide, ammande kvinner og eldre personar.

Landbruks- og matdepartementet sitt bidrag til delmål 2.2 er omtalt under overskrifta Sunt kosthald og gode matopplevingar i programkategori 15.10 Matpolitikk.

Delmål 2.3) Innan 2030 doble produktiviteten og inntektene til småskala matprodusentar, særleg kvinner, urfolk, familiebruk, husdyrnomadar og fiskarar, mellom anna gjennom sikker og lik tilgang til jord, andre produksjonsressursar og innsatsmiddel, kunnskap, finansielle tenester, marknader og moglegheiter for verdiauke og for sysselsetjing utanfor landbruket.

Dei årlege jordbruksforhandlinganes mellom staten og næringsorganisasjonane i jordbruket skal sikre medverking og moglegheiter for å utforme rammevilkåra for jordbruket i fellesskap. Verkemidlar og løyvingar skal bidra til at måla for landbrukspolitikken blir nådde. Omsynet til økonomisk og sosial berekraft ligg til grunn òg for jordbruksavtalen i 2022, med ei tydeleg prioritering av matproduksjon, matsikkerheit og klima og miljø. Sjå omtale av prioriteringar for landbruks- og matpolitikken i del 1.

Delmål 2.4) Innan 2030 sikre at det finst berekraftige system for matproduksjon, og innføre robuste metodar som gir auka produktivitet og produksjon, som bidreg til å halde oppe økosystema, som styrkjer evna til å tilpasse seg til klimaendringar, ekstremvêr, tørke, flaumar og andre katastrofar, og som gradvis fører til betre kvalitet på areal og jord.

Det er viktig for regjeringa å utvikle og byggje vidare på institusjonar og organisasjonar i landbruket for å sikre lik og trygg tilgang til kunnskap, finansiering, teknologi og andre ressursar som er naudsynte i verdikjeda for mat. Klimaendringane og andre miljømessige utfordringar vil kunne ha verknad for norsk matproduksjon. Regjeringa har difor lagt til rette for berekraftig og langsiktig forvaltning av naturressursane gjennom ein heilskapleg landbruks- og matpolitikk.

Ein aktiv bruk av og eit sterkt vern om arealressursane er en føresetnad for å nå produksjonsmåla i landbruket. Oppdatert nasjonal jordvernstrategi legg til grunn at jordvern betyr vern av areal med dyrka og dyrkbar mark, og av jordsmonnet som substans. Regjeringa vil vurdere å etablere eit nytt langsiktig jordvernmål om maksimal omdisponering på 2000 dekar dyrka mark årleg. Det er òg arbeidd systematisk med å halde den gode statusen for dyrehelse og dyrevelferd ved lag, og med å vareta arealgrunnlaget for reindrifta. Det er også arbeidd med å legge til rette for auka produksjon og lønnsemd i reindriftsnæringa, mellom anna gjennom reindriftsavtalen. Ved å leggje til rette for urbant landbruk i samsvar med den Nasjonale strategien frå 2021, kan dyrkbare areal som er ueigna for storskala jordbruk haldast i hevd, og kunnskapen om dyrking vil haldast oppe i ein større del av befolkninga.

Nasjonalt miljøprogram for jordbruket er innretta for å følgje opp målet om eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. I nytt nasjonalt miljøprogram for 2022 er jord og jordhelse inkludert som eit miljøtema. Det er eit mål å utvikle gode løysningar for jord som er eigna i praktisk jordbruk. Den nasjonale pollinatorstrategien er følgt opp med Tiltaksplan for ville pollinerande insekt (2021). Regjeringa vil etablere Bionova for å støtte arbeidet med klimatiltak i landbruket og auka verdiskaping i den sirkulære bioøkonomien. Tiltaket vil vere eit grep for å målrette innsatsen innan berekraftig utvikling i dei biobaserte næringane. Satsingsområde som redusert matsvinn, utvikling innan bioøkonomi og sirkulær økonomi styrkjer jordbruket sitt bidrag til gjenvinning av restråstoff og sidestrøymer frå næringa og frå andre delar av samfunnet, som eit ledd i det grøne skiftet.

Delmål 2.5) Innan 2020 halde oppe det genetiske mangfaldet av frø, kulturplanter, husdyr og ville artar som er i slekt med dei, mellom anna gjennom veldrivne og rikhaldige frø- og plantesamlingar nasjonalt, regionalt og internasjonalt, og fremje tilgang til og ei rettferdig og likeverdig fordeling av dei goda som følgjer av bruk av genressursar og tilhøyrande tradisjonell kunnskap, i tråd med internasjonal semje.

Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk er avgjerande for å tilpasse matproduksjonen til eit endra klima, nye plantesjukdommar og skadegjerarar. I 2019 fastsette Landbruks- og matdepartementet strategien Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk. I 2021 er det arbeidd med ein tiltaksplan for å setje i verk strategien. Svalbard globale frøkvelv som blei etablert av den norske regjeringa i 2008, bidreg til å sikre den globale matsikkerheiten gjennom å sikre mangfaldet av frø innan matplantar. Totalt blei 50 926 sikkerhetskopiar av frø frå 22 innskytarar lagt til samlinga i frøkvelvet i 2021. Ved utgangen av året var det totalt 1 125 419 prøvar som er lagde inn av 89 genbankar verda over.

Mål 12 Ansvarleg forbruk og produksjon

Landbruks- og matdepartementet har medansvar for å følgje opp delmål 12.3 om matsvinn.

Delmål 12.3) Innan 2030 halvere matsvinn per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarane, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeda, inkludert svinn etter innhausting.

I 2017 signerte staten ein bransjeavtale med aktørane i verdikjeda for mat, der målet er å halvere matsvinn innan 2030. Første hovudrapportering frå partane til avtalen viser at matsvinnet blei redusert med om lag 10 pst i perioden 2015–2020.

Matsvinn i jordbrukssektoren kjem ofte av at produkta ikkje held høg nok kvalitet (ut frå gitte kvalitetskrav frå kjøpar), feil, skadar, sjukdommar med meir. Det blir jobba kontinuerleg med mellom anna forsking og utvikling, dyrehelse, plantehelse og mattryggleik i dei ulike sektorane, som også i stor grad gir høg kvalitet på produksjonane og lågt matsvinn.

I årets jordbruksoppgjer har Landbruksdirektoratet fått i oppdrag å betre kunnskapsgrunnlaget om årsaker til matsvinn og føreslå tiltak for å redusere matsvinnet i primærleddet i grønt sektoren. Reduksjon av matsvinn i jordbrukssektoren er til dels avhengig av tiltak i andre ledd i verdikjeda, difor er det naudsynt å involvere alle relevante aktørar i eit slikt arbeid. Det er sett av 0,5 mill. kroner til arbeidet for 2023, og det skal leverast rapport til jordbruksoppgjeret 2024.

Mål 15 Livet på land

Landbruks- og matdepartement har med ansvar for å følgje opp delmål under mål 15 Livet på land.

Delmål 15.2) Innan 2020 fremje innføringa av ei berekraftig forvaltning av all slags skog, stanse avskoging, byggje opp att forringa skogar, og i vesentleg grad auke atterreising og nyplanting av skog på globalt nivå.

Om lag 40 pst. av Noreg sitt landareal er dekt av skog. Det er eit krav at det skal leggjast til rette for at det kjem opp ny skog etter hogst, slik at skogarealet si produksjonsevne kan bli utnytta i eit langsiktig perspektiv. Skogen er også viktig for å binde karbon. Kommunane kontrollerer skogeigarane sin innsats for forynging årleg. Det blir gjort miljøregistreringar av skogareal i drift for å skaffe eit godt kunnskapsgrunnlag om livsmiljø for artar og andre miljøverdiar.

Delmål 15.3) Innan 2030 motarbeide ørkenspreiing, restaurere forringa land og matjord, inkludert landområde som er ramma av ørkenspreiing, tørke og flaum, og arbeide for ei verd utan landforringing.

I nytt nasjonalt miljøprogram for 2022 er jord og jordhelse inkludert som eit miljøtema. Innsatsen omtalt under mål 2 skal også medverke til å oppnå delmål 15.3.

Delmål 15.4) Innan 2030 bevare økosystem i fjellområde, inkludert det biologiske mangfaldet der, slik at dei skal bli betre i stand til å yte viktige bidrag til ei berekraftig utvikling.

Reindriftens arealgrunnlag har hatt stor merksemd i dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen, og er eit prioritert område i Reindriftsavtalen 2022/2023. Varetaking av areal i reinbeiteområde er òg ei prioritert oppgave på alle nivå i reindriftsforvaltninga, og det blir arbeida med å gjere kommunane bevisste på omsynet til reindrift i arbeidet med arealplanlegging.

Delmål 15.6) Fremje ei rettferdig og likeverdig deling av goda som er knytte til bruk av genressursar, og fremje formålstenleg tilgang til slike ressursar i tråd med internasjonal semje.

Noreg gir årlege bidrag til fondet til plantetraktaten for fordelsdeling og gir tilgang til plantegenetiske ressursar for mat og landbruk i tråd med føresegnene til traktaten.

16 Oversikt over lønsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder

Tabell 16.1 Statskog SF

Utgifter 2021

Kroner

Løn, adm. dir

1 912 000

Pensjonsutgifter

147 000

Anna godtgjersle

8 000

Fotnotar

1.

Utslepp til luft (ssb.no) – førebelse tal 2021.

2.

Landbruksdirektoratet publiserte fram til 2018 tal for omsetnad av økologiske varer i daglegvarehandelen, og har etter dette arbeidd med å få på plass eit nytt datagrunnlag. For dei tre siste åra har Landbruksdirektoratet innhenta tal frå daglegvarekjedene og handsama dei sjølv. Dei er difor ikkje samanliknbare med tal frå før 2019.

Til forsida