Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 3
Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla og omtale av særlege tema

5 Dei ulike landbruks- og matpolitiske måla

Regjeringa har følgjande mål for ein berekraftig landbruks- og matsektor:

Figur 5.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Figur 5.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

I del III er det gjort nærare greie for resultata knytte til dei landbruks- og matpolitiske måla. Ein berekraftig landbruks- og matsektor er eit gjennomgåande omsyn for alle dei landbruks- og matpolitiske måla.

6 Mål: Matsikkerheit og beredskap

Sikre forbrukarane trygg mat

All mat som blir omsett i Noreg, skal vere trygg. Trygg mat er viktig for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skaper tillit, sikrar avsetnad av varer, legitimitet for eit levande landbruk og for næringsmiddelindustrien.

Infeksjon grunna næringsmiddel er framleis eit stort helseproblem internasjonalt. Noreg har generelt færre smittestoff i mat samanlikna med andre land. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar kjem frå smitte i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og mat som er produsert i Noreg, er låg samanlikna med dei fleste andre land, sjølv om enkelte smittestoff har eit reservoar blant norske husdyr.

For å halde ved lag den gode statusen, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking slik at tiltak kan setjast inn i tide. Faktorar som verkar inn på førekomsten av matborne infeksjonar i Noreg, er mellom anna auka internasjonal handel med mat, nye matvanar og nye produksjonsrutinar.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. Talet på varsla utbrott har vore ganske stabilt dei siste åra.

Kvaliteten på drikkevatnet er generelt god. Svært få blir sjuke av drikkevatnet. Likevel er det mange stader eit gammalt og dårleg leidningsnett som kan gi forureina vatn.

Tilstanden er god for framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og for restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Det er ei utfordring med kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar, eller som er tilsette legemiddel. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Det er utfordringar knytte til produkt som blir omsette over internett og per postordre.

Auka matvareberedskap

Regjeringa vil ha eit aktivt og berekraftig jordbruk over heile landet. Regjeringa arbeider med å auke sjølvforsyninga mellom anna gjennom å styrkje konkurransekrafta mot import. Konkurransekraft i matsektoren er avgjerande for å oppretthalde ein høg marknadsandel i heimemarknaden. For regjeringa er dette ein sentral del av arbeidet med å styrkje beredskapen.

For å sikre berekraftig landbruk over heile landet, auka verdiskaping og redusert klimaavtrykk er det naudsynt å auke lønsemda i bruk av jordbruksareala. Dette skal mellom anna skje gjennom eit sterkt importvern, årlege jordbruksforhandlingar og å bevare landbrukssamvirka som marknadsregulatorar. Næringsutøvarane i landbruket må ha same inntektsmoglegheiter som andre grupper.

I fleire produksjonar er det nær full marknadsdekning av norske varer, til dømes gjeld dette kjøtt frå storfe, svin, sau og lam, egg, fjørfe og mjølk. Frukt, bær, korn, grønsaker og potet er produksjonar med stort marknadspotensial. Auka produksjon og forbruk av desse energirike matvekstane kan bidra til auka sjølvforsyningsgrad. Regjeringa har eit mål om at sjølvforsyningsgraden av norske jordbruksmatvarer, korrigert for import av fôrråvarer, skal komme opp til 50 pst.

Sjølvforsyningsgraden beskriv kor stor del av matvareforbruket vårt som er produsert i Noreg, målt i energi. Denne kan per definisjon ikkje overstige 100 pst. Dette er eitt av fleire mål på kva marknadsdel den norske matsektoren har i den innanlandske matmarknaden.

Sjølvforsyningsgraden for varer produserte i jordbruket blir påverka av dei naturgitte produksjonsforholda, vêret, ulike krav til kvalitet, prisar, landbrukspolitiske verkemiddel og av internasjonale handelsavtalar. Dette kom ekstra godt fram etter tørken sommaren 2018, som gjorde at sjølvforsyningsgraden blei redusert både i 2018 og 2019.

Sjølvforsyningsgraden inkludert sjømat har variert rundt 50 pst. i fleire tiår. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har frå og med 2020 innarbeidd anslag for grensehandel/privatimport, og revidert tidsserien tilbake til 2000. Denne endringa i metode førte til at sjølvforsyningsgraden blei justert ned om lag to prosentpoeng samanlikna med tidlegare. Dei låge avlingane som følgje av tørken sommaren 2018, påverka sjølvforsyningsgraden òg i 2019. Sjølvforsyningsgraden låg då på 42 pst. I 2020 auka sjølvforsyningsgraden til 45 pst., i 2021 til 46 pst. og i 2022 til 47 pst. Sjølvforsyningsgraden med grunnlag i norsk fôr var 38 pst. i 2020 og 40 pst. både i 2021 og 2022. Naturgitte forhold gjer at sjølvforsyningsgraden for husdyrprodukt, som har eit høgt proteininnhald, er gjennomgåande høg, mens den er klart lågare for planteprodukt. For protein ligg sjølvforsyningsgraden på om lag 64 pst.

Tal frå NIBIO viser at sjølvforsyningsgraden for kjøtt var 88 pst. i 2021. For mjølk, fløyte og rømme var sjølvforsyningsgraden 100 pst., mens den for ost var 81 pst. Dette er matvarer vi produserer og som det er naturgitte grunnlag for å produsere i Noreg. Sjølvforsyningsgraden for frukt og bær auka frå 5 pst. i 2020 til 7 pst. i 2021, delvis som følgje av at det i 2020 var problem med å få tak i arbeidskraft under koronapandemien. For grønsaker var sjølvforsyningsgraden 48 pst. i 2021. Den låge sjølvforsyningsgraden på frukt, bær og grønsaker kjem mellom anna av ein kortare vekstsesong og begrensa moglegheiter for konkurransedyktig produksjon i Noreg, men viser òg at det er marknadsmoglegheiter for auka norsk produksjon. Det er stor merksemd på innovasjon for å forlengje vekstsesongen på mellom anna jordbær, gjennom utvikling av sortar og dyrkingsmetodar. For eple har det blitt satsa på å auke haldbarheita ved lagring, slik at norske eple er tilgjengelege på marknaden fleire månader av året.

I 2021 var i overkant av 85 pst. av fôret til norske husdyr produsert i Noreg. Førebelse tal frå Budsjettnemnda for jordbruket viser at norskandelen i 2022 var over 84 pst. Alt grovfôr som nyttast er produsert innanlands, og delen norske råvarer i kraftfôret var i 2021 på 58 pst. og i 2022 på 54 pst. Krav til energi- og proteininnhald i kraftfôret gjer at delen karbohydrat blir redusert. Delen av norske karbohydrat er og avhengig av vidare fôrutvikling, bruk av andre råvarer i fôret og samansetjinga av husdyrhaldet. Delen av norskprodusert kveite i kraftfôret er aukande, og i rapport nr. 10/2021 frå Landbruksdirektoratet om bruk av norske fôrressursar, blir det konkludert med at auka tilgang til kveite er ein nøkkel for å auke norskandelen i kraftfôret. Norskprodusert del av karbohydrat i kraftfôret var 75 pst. i 2021 og 68 pst. i 2022. Den norskproduserte delen av feitt og protein i kraftfôret har gått mykje ned som følgje av forbodet mot bruk av animalsk protein i dyrefôr. Delen av norskproduserte feittråvarer var i 2022 på 50 pst. I kraftfôret blir feitt frå råvarer som erter og oljefrø nytta. Norskproduserte varer held god kvalitet, men bruken en likevel avgrensa fordi eigenskapane til feittet i desse råvarene ikkje fullt ut kan erstatte importert vare.

Den norskproduserte delen av matvareforbruket målt i energi, korrigert for eksport av norskproduserte matvarer, blir kalla dekningsgraden. Tala for 2021 viser ein total dekningsgrad på 91 pst.

God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

God dyre- og plantehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir i dag ikkje utnytta på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auken i ferdsel over landegrensene er òg risikofaktorar for både dyre- og plantehelsa.

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land, sjølv om det kvart år er tilfelle av skadegjerarar i viktige kulturar.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon hos norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er difor uvanleg.

Antibiotikabruken i norsk husdyrhald er svært låg i internasjonal samanheng. Dyktige og ansvarsmedvitne bønder, ansvarsfulle veterinærar og eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene er avgjerande faktorar for den gode situasjonen i Noreg.

Landbruks- og matdepartementet har utarbeidd ein eigen handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor eige sektoransvar. I denne planen er det mellom anna ei målsetjing om at den antibiotika-resistente LA-MRSA-bakterien ikkje skal få etablere seg i norsk svinehald. I 2022 blei det ikkje påvist MRSA i norske svinebuskapar, noko som viser at vi framleis klarer å halde MRSA hos svin under kontroll. Salet av antibiotika til matproduserande landdyr er i perioden 2013–2022 redusert med 30 pst. målt i kilo aktivt stoff. Det er ein nedgang i forbruket av veterinære antibakterielle middel på 28 pst. til kjæledyr frå 2013 til 2022. Data rapportert for perioden 2015–2022 viser ein reduksjon på 39 pst. i salet av antibakterielle humanpreparat til hund og katt, noko som indikerer at redusert sal av veterinære antibakterielle middel ikkje har blitt erstatta av antibakterielle humanpreparat.

Generelt er helsa god òg hos viltlevande dyr, men i april 2016 blei sjukdommen chronic wasting disease (skrantesjuke) påvist hos villrein og elg. Skrantesjuke er seinare påvist to gonger hos villrein felt under jakt på Hardangervidda i høvesvis 2020 og i 2022. Viktige oppgåver er å kartleggje utbreiinga og leggje til rette for å etablere ein ny reinsdyrflokk i Nordfjella, følgje opp vedteken handsaming av klassisk skrantesjuke på Hardangervidda og bidra til å utforme den langsiktige forvaltninga av skrantesjuke.

God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, i tillegg til at det er eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat. Generelt er dyrevelferda i Noreg betre enn i mange andre land. Det er stor offentleg merksemd på dyrevelferd.

Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar i enkelte produksjonar og hos enkelte eigarar av både produksjonsdyr, sportsdyr og kjæledyr.

Satse på avl, forsking og utdanning for å auke bruken av dei biologiske ressursane

Systematisk avls- og foredlingsarbeid er viktig for meir effektiv og berekraftig matproduksjon, med auka sjølvforsyningsgrad basert på norske ressursar og lågare klimagassproduksjon. Forsking og teknologiutvikling legg til rette for at vi har eit plante- og dyremateriale som er godt tilpassa norske forhold og eit endra klima. Landbruks- og matdepartementets løyvingar til forsking har over fleire år bidrege med finansiering av viktige forskingsprosjekt innan husdyravl, der avlsorganisasjonane Geno og Norsvin er sentrale aktørar.

Norsk avlsarbeid, med Geno og Norsvin i spissen, har gjennom mange tiår lagt stor vekt på fleire eigenskapar enn berre auka produksjon av mjølk og kjøtt i avlsmåla sine. Vektlegginga av eigenskapar som til dømes helse, fruktbarheit, haldbarheit, beinkvalitet, gemytt og morseigenskapar har bidrege til at norsk avlsmateriale er særs ettertrakta i mange land.

Dei seinare åra har GENO og samarbeidspartnarar, med mellom anna midlar over jordbruksavtalen, greidd ut moglegheitene for å inkludere lågare metangassutslepp i avlsarbeidet på NRF mjølkekyr. Resultata verkar lovande og gir vinn-vinn for både klima og økonomi. Basert på desse avlstiltaka ønskjer GENO å utvikla ein bærekraftsavlsverdi som grunnlag for seleksjon på NRF.

Bioteknologi og forsking står sentralt i bioøkonomien. Regjeringa fremjar bioøkonomien ved å leggje vekt på tiltak som aukar verdiskaping og sysselsetjing, reduserer klimagassutslepp, og meir effektiv og berekraftig utnytting av dei fornybare biologiske ressursane. Landbruks- og matdepartementet sine løyvingar til forsking gir viktige bidrag til vidareutvikling av bioøkonomien, og departementet er oppteke av å auke rekrutteringa til relevant utdanning på alle nivå, jf. omtale under mål 2 og 6.

7 Mål: Landbruk over heile landet

Leggje til rette for bruk av beite- og jordressursane

I Noreg er lite av arealet dyrka mark, og klimatiske forhold begrensar avlingsmoglegheitene og kva for vekster som kan dyrkast. Regjeringa har som mål å leggje til rette for bruk av jord- og beiteressursane i heile landet. Det gjeld både jordbruk og reindrift, og reindrift er særskild omtalt i slutten av kapitelet. Verkemiddel for eit mangfaldig landbruk med variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling bidreg til å kunne utnytte dei samla produksjonsmoglegheitene i landet.

Frå 2010 til 2022 har det samla jordbruksarealet i drift blitt redusert med 2 pst., jf. tabell 7.1. Frå 2005 til 2013 blei eit nytt digitalt kartgrunnlag teke i bruk som kontrollgrunnlag ved søknad om produksjonstilskott. Innføringa gav ein reduksjon i arealet på om lag 3,3 pst. Årsakene er både meir nøyaktige målingar og at endringar, som har skjedd over tid, først blir fanga opp når nytt kartgrunnlag blir teke i bruk.

Tabell 7.1 Jordbruksareal i drift, 1999–2022, 1000 dekar

1999

2010

2020

2021

2022

Endring i pst. 2010–2022

Korn og oljevekstar mm.

3 345

3 071

2 832

2 859

2 836

-8

Åker og hage

3 995

3 536

3 271

3 295

3 298

-7

Fulldyrka eng og beite

4 877

4 765

4 806

4 777

4 776

0

Sum fulldyrka jord

8 871

8 301

8 077

8 072

8 074

-3

Anna eng og beite

1 511

1 758

1 783

1 773

1 771

1

Jordbruksareal i drift i alt

10 382

10 060

9 860

9 845

9 845

-2

Areal dekar/innbyggjar

2,34

2,07

1,84

1,83

1,81

-12

På landsbasis har delen fulldyrka areal hatt ein reduksjon på om lag 3 pst. i perioden frå 2010 til 2022, mens delen eng og beite har auka med 1 pst. Kornarealet har gått ned med 8 pst. frå 2010, men den største delen av reduksjonen var tidleg i perioden.

Systemet for registrering av dyr som gir grunnlag for produksjonstilskott blei lagt om i 2017/2018, og tala for dyr på beite frå og med 2018 er difor ikkje direkte samanliknbare med tal frå tidlegare år. 69 pst. av alle mjølkekyr og anna storfe gjekk på beite (innmark og/eller utmark) i minst 12/16 veker i 2022, og 29 pst. på utmarksbeite, i følgje tal frå Landbruksdirektoratet. For vaksen sau på beite har dyretalet vore stabilt høgt, og i 2022 var 94 pst. på beite (innmark og/eller utmark) i minst 12/16 veker og 84 pst. på utmarksbeite. For sau er delen dyr på utmarksbeite høgare i større buskap enn i mindre buskap, mens for storfe er det motsett.

Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing

Sysselsette i landbruket stod for 3,3 pst. av den samla sysselsetjinga i Noreg i 2022. Om lag 1,3 pst. var sysselsette i jordbruk og reindrift, 0,2 pst. i skogbruk og 1,1 pst. i matindustrien.

I alt var om lag 90 500 personar sysselsette i landbrukssektoren. Av desse var rundt 37 100 personar sysselsette i jordbruk og reindrift, 6 200 i skogbruk, 31 200 i matindustrien og 16 000 i skogbruksbasert industri, jf. tabell 7.2.

Tabell 7.2 Førebelse tal for sysselsette etter arbeidsstad, fordelt på næringar, 2022

Totalt tal sysselsette

Sysselsette i jordbruk og reindrift

Sysselsette i skogbruk

Sysselsette i matindustri

Sysselsette i skogbruksbasert industri

Sysselsette i landbruket

Landbrukets sysselsetjing av total sysselsetjing

tal

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

Viken

561 894

5 526

14,9

1 559

25,3

5 699

18,2

3 041

19,0

15 825

17,5

2,8

Oslo

528 122

314

0,8

169

2,7

4 267

13,7

251

1,6

5 001

5,5

0,9

Innlandet

173 960

6 620

17,8

1 699

27,6

3 371

10,8

3 478

21,7

15 168

16,8

8,7

Vestfold og Telemark

188 901

2 569

6,9

694

11,3

2 893

9,3

1 066

6,7

7 222

8,0

3,8

Agder

145 900

1 629

4,4

607

9,9

1 415

4,5

2 066

12,9

5 717

6,3

3,9

Rogaland

259 851

5 072

13,7

123

2,0

3 720

11,9

1 257

7,9

10 172

11,2

3,9

Vestland

328 066

4 111

11,1

288

4,7

2 848

9,1

1 273

8,0

8 520

9,4

2,6

Møre og Romsdal

131 776

1 989

5,4

130

2,1

1 392

4,5

511

3,2

4 022

4,4

3,1

Trøndelag

246 556

5 621

15,2

612

10,0

3 809

12,2

2 327

14,5

12 369

13,7

5,0

Nordland

118 494

2 007

5,4

172

2,8

611

2,0

595

3,7

3 385

3,7

2,9

Troms og Finnmark

126 269

1 640

4,4

97

1,6

1 221

3,9

143

0,9

3 101

3,4

2,5

Svalbard

1 258

0

0,0

0

0,0

0

0,0

0

0,0

0

0,0

0,0

Ikkje fylkesfordelt1

7 114

0

0,0

0

0,0

0

0,0

0

0,0

0

0,0

0,0

Sum fylke

2 811 047

37 098

100,0

6 150

100,0

31 246

100,0

16 008

100,0

90 502

100,0

3,2

Sum landet

2 818 161

37 098

100,0

6 150

100,0

31 246

100,0

16 008

100,0

90 502

100,0

3,2

1 «Ikkje fylkesfordelt» inkluderer Jan Mayen (10 sysselsette tilknytta forsking og utviklingsarbeid) og kontinentalsokkelen (6 960 sysselsette tilknytta utvinning av råolje og naturgass).

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Ressursane knytte til landbrukseigedommane spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet. Tal frå SSB viser at det var registrert 5 391 369 innbyggjarar i Noreg første kvartal 2021. Av dei var 349 895 fast busette på ein landbrukseigedom. I 2021 var det registrert 142 512 landbrukseigedommar med bustadhus i Noreg. I 2021 budde 6,5 pst. av folkemengda på ein landbrukseigedom.

Eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling

Den geografiske fordelinga av produksjon i landbruket er viktig for å nå målet om landbruk over heile landet. Figur 7.1 viser endringa i produsert mengde for nokre produksjonar fordelt på fylke for perioden 2010 til 2022.

Produksjonen av kumjølk blir styrt av kvoter, og har difor vore relativt stabil over fleire år både i volum og geografisk fordeling. Som følgje av Stortingets vedtak om å fjerne eksportsubsidiane frå 1. juli 2020, har kvoter som blei selde til staten i perioden frå 2017 til 2021 ikkje blitt selde ut igjen til produsentane. Dette har i nokon grad endra den regionale balansen. Den ekstraordinære oppkjøpsordninga som blei vedteken hausten 2019 og gjennomført i 2020, fekk verknad frå 2021. Oppkjøpa var fordelte på produksjonsregion, men fordi nokre regionar ikkje nytta heile oppkjøpskvota, påverka òg dette den regionale balansen noko. Forholdstalet for kumjølkkvoter blei auka fleire gongar frå april 2020 grunna auka etterspørsel under pandemien. Etterspørselen har gått ned igjen etter pandemien. Frå 2014 til 2023 er reduksjonen i produksjonen av kumjølk drøyt 8 pst.

Produksjon av storfekjøtt auka mellom 2010 og 2022 i Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark, Agder, Rogaland og Trøndelag. Produksjonen har gått noko ned i Vestland og Møre og Romsdal, og ligg på om lag same nivå i Nordland og Troms og Finnmark. Produksjon av sauekjøtt har auka i Viken og Trøndelag, mens den har gått ned i Vestfold og Telemark, Vestland, Møre og Romsdal, Nordland og Troms og Finnmark. Dei andre fylka har berre mindre endringar i produksjon av sauekjøtt.

Produksjonen av fjørfekjøtt har hatt ein sterk auke dei siste åra, trass i reduksjonen i 2015 og 2016. I dag blir det i hovudsak produsert fjørfekjøtt i Viken, Innlandet, Trøndelag og Rogaland. Auken i produksjonen frå 2010 til 2022 har i stor grad komme i Rogaland. Produksjonen av egg går i hovudsak føre seg i dei same fylka som produksjon av fjørfekjøtt. I Trøndelag har eggproduksjonen auka mykje dei siste åra, mens den har vore relativt stabil i dei andre fylka.

Svinekjøttproduksjonen er størst i fylka Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark, Rogaland og Trøndelag. Det har ikkje vore store endringar i det totale produksjonsvolumet eller i den geografiske fordelinga av produksjon av svinekjøtt frå 2010 til 2022.

Kornproduksjonen blei hardt ramma av tørken sommaren 2018. Arealet nytta til korn, erter og oljevekstar blei redusert i 2019, truleg fordi mange produsentar nytta kornarealet til å produsere gras for å byggje opp fôrlager etter tørkesommaren. I 2020 var produksjonen av korn høgare enn på mange år, mens kornproduksjonen i 2021 var om lag 10 pst. lågare enn i 2020. 2022 var eit svært godt kornår, og tilgangsprognosane for 2022 viser til om lag 20 pst. høgare volum enn gjennomsnittet for perioden 2018–2022.

Produksjon av potet har auka med 13 pst. i perioden 2010 til 2022. Produksjonsvolumet har i stor grad konsentrert seg til Innlandet, og i 2022 var 48 pst. av potetproduksjonen her. Av fylka med mykje produksjon av potet, har produksjonen òg auka i Rogaland og Trøndelag dei siste åra.

Figur 7.1 Endring i produsert mengde fordelt på produksjonar og fylke, 2010 til 2022 (i prosent)

Figur 7.1 Endring i produsert mengde fordelt på produksjonar og fylke, 2010 til 2022 (i prosent)

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket, Resultatkontrollen

For å nå målet om eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur må produksjonsgrunnlaget (areal og struktur) vere innretta på ein tenleg måte.

Statistikk frå SSB viser at det var om lag 180 000 registrerte landbrukseigedommar i 2021. Dette er landbrukseigedommar som har minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktiv skog. Ei gruppering av landbrukseigedommane etter storleiken på eigd jordbruksareal viser at mange eigedommar har lite jordbruksareal. Hovudtyngda (70 pst.) av eigedommane hadde mellom 5 og 100 dekar eigd jordbruksareal både i 2020 og 2021. Om lag 18 pst. hadde mellom 100 og 500 dekar eigd jordbruksareal. Under 1 pst. hadde eigd jordbruksareal på 500 dekar eller meir. Utviklinga frå 2020 til 2021 i talet på landbrukseigedommar som har mellom 100 og 500 dekar eigd jordbruksareal er stabilt. Utviklinga viser òg ein auke i talet på eigedommar med 500 dekar og meir eigd jordbruksareal i perioden.

Av dei 180 000 registrerte landbrukseigedommane i 2021 har i underkant av 160 000 eigedommar (89 pst.) minst 5 dekar eigd jordbruksareal. Av dei har om lag 52 pst. jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige. Om lag 21 pst. av eigedommane blir drivne utan bortleigd jordbruksareal, jf. figur 7.2, som viser landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal i 2021. Tala for 2021 viser ein nedgang for eigedommar med areal som blir drive av eigaren sjølv, og ein auke i areal som blir drive av andre ved bortleige. For eigedommane med minst 5 dekar eigd jordbruksareal var den gjennomsnittlege arealstorleiken på jordbruksarealet om lag 68 dekar.

Figur 7.2 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2021 (i prosent)

Figur 7.2 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2021 (i prosent)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tal frå SSB viser at over halvparten (56 pst.) av dei 38 079 jordbruksverksemdene hadde mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift i 2021. Dette er uendra frå 2020. I 2021 hadde i overkant av 5 000 jordbruksverksemder 500 dekar og meir jordbruksareal i drift, mot om lag 4 900 året før. Tala viser framleis ein auke i jordbruksverksemder med 500 dekar og meir jordbruksareal i drift – frå 2,5 pst. i 2000 til 13,2 pst. i 2021.

Det er i dag eit stort omfang av leigejord og 60 pst. av jordbruksverksemdene driv landbruksproduksjon med både leigd og eigd jordbruksareal. Om lag 31 pst. av jordbruksverksemdene driv produksjon berre på eigd jordbruksareal. 6 pst. driv landbruksproduksjon berre med leigd jordbruksareal, jf. figur 7.3, som viser jordbruksverksemdene fordelte etter jordbruksareal i drift. Tala er stabile.

Eigd jordbruksareal i drift på jordbrukseigedommane var på litt over 5,15 mill. dekar. Det leigde jordbruksarealet var på litt under 4,7 mill. dekar. Samanlikna med tala frå 2020 viser dette ein nedgang på 121 000 dekar i eigd jordbruksareal i drift, og samstundes ein auke på 106 800 dekar i jordbruksarealet som blir leigd av jordbruksverksemdene.

Figur 7.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2021 (i prosent)

Figur 7.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2021 (i prosent)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tal frå KOSTRA (kommune–stat-rapportering) i 2022 viser at 2 410 fekk samtykke til å dele ein landbrukseigedom. Av dei skulle om lag 20 pst. (493) selje jorda som tilleggsjord til ein eller fleire landbrukseigedommar. I perioden 2011–2019 var den tilsvarande fordelinga på om lag 16 pst., mens den i 2020 og 2021 var høvesvis 22 pst. og 19 pst.

Leggje til rette for rekruttering i heile landet

Stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen inneheld sentrale rammevilkår og gir grunnlag for auka lønsemd i landbruket. Avtalen er difor det viktigaste verktøyet for å leggje til rette for rekruttering i heile landet. Særleg er ordninga med investerings- og bedriftsutviklingsmiddel målretta for å fremje rekruttering til næringa, både fordi yngre investerer i større grad enn eldre, og fordi mange eldre som investerer, gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Næringsutøvarar under 35 år er prioriterte i delar av regelverket. I 2022 gjekk 30 pst. av tilskottsmidlane til personlege mottakarar under 35 år. Talet har vore relativt stabilt dei siste åra.

Norsk landbruk er ei kunnskapsintensiv og kompetansekrevjande næring. Det er viktig å leggje til rette for eit godt utdanningssystem i landbruket. Nær alle fylka i landet tilbyr landbruksutdanning i vidaregåande opplæring under utdanningsprogrammet Naturbruk, og fleire fylke har fagskuletilbod i ulike landbruksfag. På universitets- og høgskulenivå er det tilbod om landbruksutdanning på tre ulike stader i landet – ved Nord universitet, Høgskolen i Innlandet og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU).

Det har dei siste åra vore ei positiv utvikling i talet på elevar som vel utdanningsprogrammet Naturbruk, men dei enkelte landbruksfaga under utdanningsprogrammet har variert. Samstundes er det stor interesse for agronomi- og gartnaropplæringa for vaksne knytt til den nasjonale modellen for vaksenagronomen. Ordninga er etablert ved 20 av landets naturbruksskular fordelt på ni av landets fylkeskommunar. Gartnaropplæringa under ordninga gir ikkje lengre formell kompetanse fordi opplæringa i vidaregåande skule er endra frå tre år i skule til 2 år på skule og 2 år lære, som gir sluttkompetanse fagbrev. Gartnaropplæringa under ordninga gir ikkje lenger formell kompetanse fordi opplæringa i vidaregåande skule er endra frå tre år i skule til to år på skule og to år lære, som gir sluttkompetanse fagbrev. Det første kullet dette gjeld for, er dei som starta hausten 2021 og avslutta våren 2023. Opplæringa er den same som tidlegare, men ein får eit kursbevis i staden for eksamen med sluttkompetanse med yrkestittel gartnar.

I høgare utdanning har interessa for landbruksfag variert frå fag til fag, og det er relativt små tal ein samanliknar frå år til år. Når ein ser dei siste fem åra under eitt for dei tre utdanningsinstitusjonane, har det vore ein auke på over 20 pst. for søkinga til landbruksfaga, mens interessa for andre grøne fag som er særleg relevante for landbruket, har gått ned tilsvarande. For fagskulane har rekrutteringa til landbruksfag halde seg stabil, samstundes som interessa for matfag har auka.

Rekruttering av rett og god kompetanse er viktig i heile verdikjeda for mat. Matindustrien står overfor eit utfordrande generasjonsskifte, og det er stor etterspørsel etter kokkar mange stader. Etter mange år med nedgang i interessa for matfaga i vidaregåande skule, er det no stabile søkjartal.

Ei økologisk, økonomisk og kulturell berekraftig reindrift

Regjeringa legg til grunn at reindriftsnæringa er viktig for å bevare samisk kultur, samfunnsliv og språk. Næringa utnyttar viktige utmarksressursar og har potensial for auka verdiskaping, særleg gjennom auka vidareforedling av reinkjøtt og formidling av reindriftssamisk kultur og levesett.

Tilgangen på slaktedyr er avhengig av kalvetilgangen, tap av dyr og kor mange dyr reineigaren set til livdyr. Det blei slakta 59 097 rein i kalenderåret 2022. Det var ein nedgang frå 2021 på 11 pst. Innrapporterte slaktedata for 2022 viser ei gjennomsnittleg slaktevekt på 23,7 kilo mot 22,1 kilo i 2021 for alle slaktedyr. Av alle slaktedyr var 82 pst. kalv, det same nivået som i 2021.

Det er stor variasjon i gjennomsnittsvekt mellom reinbeitedistrikta. I nokre område er gjennomsnittsvekta på under 16 kilo per kalv. I den andre enden av skalaen er det nokre distrikt som har gjennomsnittsvekt på over 20 kilo per kalv. Reinlaga i Sør-Noreg ligg på rundt 24 kilo per kalv.

Produktiviteten per livrein varierer mykje mellom reinbeiteområda og mellom distrikta i det enkelte området. Totalproduktiviten, det vil seie slakt per livdyr korrigert for reintal, er 7,5 kilo for heile landet i driftsåret 2021/2022, men varierer mellom 3,6 kilo i Nordland og 20,1 kilo i reinlaga i Sør-Noreg.

Tilgang på areal er ein føresetnad for at reindriftsnæringa når målet om auka produksjon og lønnsemd. Det samiske reinbeiteområdet strekkjer seg over 40 pst. av Noregs areal. Innanfor dette arealet er det område som er mellom anna bustadområde, industriområde og hyttefelt. Det området som faktisk er tilgjengeleg for reinbeite er difor ikkje så stort. Ei arbeidsgruppe etablert av Landbruks- og matdepartementet leverte i 2022 ein rapport der ein har sett nærare på korleis ein kan få betre statistikk for å sjå kva for areal som faktisk er tilgjengelege. Arbeidsgruppa føreslo at det blir laga statistikk med utgangspunkt i reinbeitedistrikt, der ein ser på kva arealet innanfor dette distriktet blir brukt til. Dette vil gi eit tydelegare bilde av kva areal som er tilgjengelege for reinbeite.

Konfliktar mellom ulike interesser om bruken av areala er ei stor utfordring for næringa. Medverking i planleggings- og utbyggingsprosessar er avgjerande for at reindrifta skal få synleggjort sin bruk av areal, og kva konsekvensar utbygging vil ha for reindrifta. Dette er svært ressurskrevjande for reindrifta. Avtalepartane har gjennom dei siste reindriftsavtalane difor etablert eit pilotprosjekt for ei rådgivingsteneste i arealsaker. Norske Reindriftsamers Landsforbund har tilsett tre rådgivarar, som skal gi råd til reinbeitedistrikt som har plan- eller utbyggingssaker i sine område. Tenesta skal bidra til å tilføre distrikta kompetanse om arealforvaltningsprosessar og leggje til rette for at distrikta kan medverke i prosessane. I tillegg til dette har avtalepartane styrkt distriktstilskottet for å styrkje den administrative kapasiteten. Det er òg laga ein mal for distriktsplan for å leggje til rette for oppdatering av desse.

Det er mange årsaker til tap av rein. Dei viktigaste er rovvilt, sjukdom, ernæringssvikt eller trafikkulukker. Reinlaga har dei klart lågaste oppgitte kalvetapa, etterfølgt av Sør-Trøndelag/Hedmark og Polmak/Varanger. Generelt god kondisjon hos reinen og lågare dyretettleik på beiteareala har vore viktige faktorar for å forklare dei lågare tapa heilt aust i Finnmark samanlikna med Karasjok og Vest-Finnmark. På grunn av høge tap til rovvilt har Troms og Nordland over tid hatt dei største oppgitte tapa av kalvar og vaksne dyr i prosent av reintal. Samla tap til rovvilt for heile landet i driftsåret 2021/2022 var 79 802 rein mot 86 029 for driftsåret 2020/2021. Av det samla tapet var om lag 71 pst. tap av kalv.

8 Mål: Auka verdiskaping

Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter

Naturgitte forhold gjer at den norske sjølvforsyningsgraden for husdyrprodukt er gjennomgåande høg, mens den er lågare for planteprodukt, jf. nærare omtale under kap. 1150 i del II og kapittel 8 i del III av proposisjonen. Samla sett er det framleis marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon, særleg i grøntsektoren. Det er eit mål i Nasjonal handlingsplan for betre kosthald at folk sitt inntak av frukt, bær og grønsaker skal auke, men dei siste tre åra har forbruket per innbyggjar blitt redusert. I dag er ein stor del av forbruket dekt av import. Auka produksjon og forbruk av desse energirike matvekstane kan bidra til auka sjølvforsyningsgrad. For kjøtt har det ei tid vore om lag balanse mellom tilbod og etterspørsel, men det siste året har vore prega av overproduksjon av storfe og gris og oppbygging av lager. Koronapandemien førte til større forbruk av norsk kjøtt i 2020 og 2021 enn det som tidlegare var prognosert, mellom anna grunna ein stor reduksjon i grensehandelen. Både produksjon og prisar på kjøtt auka i 2021. Kjøttproduksjonen var om lag på same nivå i 2022 som i 2021, mens prisane auka ytterlegare.

I 2022 blei det importert jordbruksvarer for 102,9 mrd. kroner til Noreg, ein auke på 15 pst. samanlikna med 2021, ifølgje tal frå Landbruksdirektoratet. Den største delen av importen av jordbruksvarer kjem frå EU-land, og i 2022 var importen frå desse landa om lag 57 pst. av den samla importverdien. Dei siste ti åra har denne delen variert mellom 61 og 65 pst. av samla importverdi. I volum er delen av import frå EU-land noko lågare. I 2022 var han 55 pst. og dei siste fire åra har han variert mellom 52 og 57 pst. Importen er stort sett varer som ikkje blir produserte i Noreg, eller varer som blir importerte utanom norsk sesong. Eksporten av jordbruksvarer frå Noreg var på 16,8 mrd. kroner i 2022. Det er ein auke på om lag 18 pst. frå 2021.

Import av råvarer til fiskefôr stod for 29 pst. av importverdien av jordbruksvarer i 2022, mens importen av frukt og grønsaker stod for 12 pst. av importverdien. Slike varer blir i hovudsak importerte utan toll. Importen av brød og bakverk utgjorde 6 pst. av importverdien. Dette er varegruppa med mest import av varer som ikkje er tollfri, i hovudsak til tilverka produkt, såkalla RÅK-varer.

Marknaden for lokal mat og drikke har hatt ei positiv utvikling over dei siste to tiåra. Til saman blei det i 2022 omsett slike produkt for 11,5 mrd. kroner. I daglegvarehandelen blei det omsett for 6,5 mrd. kroner og 5,0 mrd. kroner i marknaden for storhushald. Tala for 2022 syner ein nedgang i salet av lokalmat- og drikke frå daglegvaremarknaden på om lag 5 pst. Samstundes har salet frå storhushald auka med om lag 13 pst. i 2022, etter ein nedgang i 2021 som følgje av pandemien. Lokalmatnæringa er kjenneteikna av innovative og kvalitetsmedvitne produsentar. Fleire norske produsentar har dei siste åra gjort det skarpt i internasjonale tevlingar som oste- og sider-VM.

Økologisk mat representerer eit mangfald som forbrukarane etterspør. Landbruksdirektoratet publiserte fram til 2018 tal for omsetnad av økologiske varer i daglegvarehandelen, og har etter dette arbeidd med å få på plass eit nytt datagrunnlag. For dei tre siste åra har Landbruksdirektoratet innhenta tal frå daglegvarekjedene og handsama dei sjølv. Dei er difor ikkje samanliknbare med tal frå før 2019. I 2022 blei det gjort enkelte endringar i kva for varer som blir klassifisert som økologiske, og det er korrigert for dette i tala frå 2021 og 2022 for å få samanliknbare tal. Tala frå 2020 og 2021 er difor omtrent 15 pst. lågare enn dei som blei publiserte i rapporten frå i fjor. Omsetnaden av økologiske landbruksvarer i daglegvarehandelen var på 2,4 mrd. kroner i 2022. Dette er ein nedgang frå året før på 4 pst. Tala tyder på at forbruket av økologiske daglegvarer er tilbake på nivået det var på før pandemien. Dei største varekategoriane av økologiske landbruksvarer i daglegvarehandelen er tørrvarer, meieriprodukt, fersk frukt og grønt og drikkevarer.

Vinmonopolet som er den største salskanalen utanom daglegvare for omsetnad av økologiske produkt, hadde ein nedgang på 18 pst. målt i liter frå 2021 til 2022. Omsetnaden i dei andre salskanalane utanom daglegvare og Vinmonopolet auka med 18,4 pst. i 2022.

Ei konkurransedyktig og kostnadseffektiv verdikjede for mat

Samfunnsoppdraget til jordbruket er å sikre befolkninga nok og trygg mat produsert på norske naturressursar, og gjennom dette bidra til sysselsetjing i heile landet, god ernæring og helse. Verdikjeda for jordbruksvarer må tilpasse seg sterkare konkurranse i framtida. Det betyr at jordbruket må vere ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør, og som tek inn over seg ein stadig meir krevjande internasjonal marknad. Regjeringa arbeider for å sikre eit aktivt landbruk med trygge inntekts- og velferdsordningar. Det er òg ein føresetnad for auka norsk matproduksjon og for at det framleis kan vere eit mangfaldig jordbruk over heile landet. Det viktigaste bidraget frå regjeringa til å sikre norsk jordbruk og matproduksjon er gjennom dei årlege forhandlingane med jordbruket.

Ein konkurransekraftig matsektor er avgjerande for å oppretthalde ein høg heimemarknadsdel. Tilstrekkeleg konkurransekraft er fundamentet for eit aktivt og variert norsk jordbruk og for å nå dei landbrukspolitiske måla. Norsk jordbruk har mange konkurransefortrinn og eit godt utgangspunkt for produksjon av konkurransedyktige kvalitetsprodukt, mellom anna gjennom ein variert bruksstruktur og geografisk produksjonsfordeling, god dyrevelferd, låg medisinbruk, høg innovasjonsgrad og ein berekraftig produksjon.

Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk, og det er viktig å sikre verdiskaping og lønsemd i heile verdikjeda. Store delar av næringsmiddelindustrien foredlar norskproduserte råvarer, samstundes som han i aukande grad er eksponert for internasjonal konkurranse. Det er viktig å halde oppe norsk matproduksjon og sikre tilgangen på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet, for å sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer. Importen av næringsmiddel aukar, men det gjer òg den samla omsetnaden av matvarer i Noreg.

I perioden frå 2014 til 2023 har det samla produksjonsvolumet av planteprodukt auka med over 10 pst. (prognosert volum for 2023), jf. figur 8.1. Planteproduksjonar er særs avhengige av vêret. Vêrforholda i 2016 og 2017 gav gode avlingar, mens tørken sommaren 2018 gjekk hardt ut over kornproduksjonen og nokre grønsakskulturar. Produksjon av korn, erter og oljefrø har auka jamt heile perioden frå 2014 til 2023, med totalt 15 pst. Dei siste vekstsesongane har vore svært gode for korn. For poteter har auken vore nesten 13 pst., mens han for grønsaker har vore rett under 30 pst. Produksjonen av frukt har hatt ein auke på nesten 35 pst. dei siste ti åra, og fruktavlingane i 2021 og 2022 var dei største på ti år. Produksjonen av bær har gått ned med over 33 pst. dei siste ti åra. Uvisse rundt tilgang på arbeidskraft frå utlandet grunna koronapandemien, er sannsynlegvis hovudårsaka til den sterke nedgangen dei siste åra. Mangel på arbeidskraft førte mellom anna til at jordbærplanter aldri kom i jorda, noko blei pløgd ned, mens andre produsentar ikkje hausta avlinga. Det blei teke ut høge prisar på bær i denne perioden.

Marknaden for frukt og grønsaker er prega av sterk konkurranse frå import. I 2021 oppnådde likevel elleve av tolv produkt i grøntsektoren målpris. Unntaket var eple. I jordbruksoppgjeret 2022 blei målprisane for frukt og grønt auka med 15 pst. Dette var den høgaste auken i målpris på mange år, og per 31. desember 2022 var målpris oppnådd for 8 av 12 produkt i grøntsektoren. I jordbruksoppgjeret 2023 blei målprisane auka med 8,8 pst. Samla sett er det framleis marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon, særleg for frukt, bær og grønsaker.

Figur 8.1 Endring i produksjonsvolum fra 2014 til 2023, ifølgje normalisert regnskap. 2014=100

Figur 8.1 Endring i produksjonsvolum fra 2014 til 2023, ifølgje normalisert regnskap. 2014=100

Kjelde: Budsjettnemnda

Produksjonen av husdyrprodukt auka jamt fram til 2018, før den flata ut. Produksjonsauken i 2020 og 2021 skuldast den auka etterspørselen som kom som følgje av restriksjonane under koronapandemien, med kraftig reduksjon i grensehandelen, redusert reising utanlands som følgje av stengde grenser, og auka etterspørsel i hushaldningsmarknaden. Auken i kjøttsalet blei vurdert til å vere mellombels. For å unngå ein situasjon med overproduksjon når etterspørselen blei normalisert, blei delar av etterspørselsauken på kjøtt teken ut gjennom ein auke i importen, særleg av svinekjøtt og storfekjøtt. Denne vurderinga viste seg å vere rett, og dei seinaste prognosane frå Nortura for 2023 indikerer at salet av svine- og storfekjøtt vil gå ned med om lag 7 pst. samanlikna med 2022. For å oppnå balanse i marknaden må ein dermed vente at òg produksjonen må reduserast. Den samla norske produksjonen av kjøtt frå gris, storfe, kylling, sau og lam har auka kraftig dei siste femten åra. Auken har først og fremst skjedd i dei kraftfôrbaserte produksjonane svin og fjørfe. Produksjonen av dei grovfôrbaserte kjøttslaga har vore relativt stabil i perioden sett under eitt, men med ein del variasjonar mellom produksjonar og mellom år.

Salsauken for mjølk og meieriprodukt under pandemien blei i stor grad teken ut gjennom auka innanlandsk produksjon, og forholdstalet innebar i 2021 at produsentar med kumjølkkvote kunne levere 7 pst. over disponibel kvote. I 2023 blei forholdstalet sett til 0,95 for kumjølk som følgje av redusert etterspørsel, men i juli blei det auka til 0,99 fordi mjølkeinngangen var låg og etterspørselen høgare enn prognosert. Frå 2014 til 2023 er reduksjonen i kumjølkproduksjonen 8,5 pst. For geitemjølk har forholdstalet over mange år vore under ein, noko som inneber at produsentane med geitemjølkkvote ikkje har kunna produsere på heile kvota si. I 2023 er forholdstalet for geitemjølkkvotar 0,95.

Hausten 2021 auka kostnadene på svært mange av innsatsfaktorane i jordbruket. Auken fortsette gjennom 2022, men kostnadene har stabilisert seg, og for enkelte innsatsfaktorar gått noko ned hittil i 2023. Regjeringa gjennomførte fleire tiltak for å avhjelpe situasjonen, mellom anna tilleggsforhandlingar med jordbruket hausten 2021, innføring av straumstønadsordning for jordbruk, vatningslag og veksthusnæringa, og ekstraordinær utbetaling av produksjonstilskott hausten 2022. I tillegg var det svært høge jordbruksoppgjer i 2022 og 2023 der store delar av kompensasjonen blei teken over statsbudsjettet.

Lønsemd er den viktigaste faktoren som påverkar valet den enkelte produsent tek. Det inneber at dei økonomiske verkemidla mellom anna verkar inn på den geografiske produksjonsfordelinga. Det totale jordbruksarealet har vore uendra eller hatt ein liten auke i Innlandet, Vestfold og Telemark, Agder og Rogaland i perioden 2020 til 2022. Det har vore ein liten nedgang i det totale jordbruksarealet, -0,1 pst. for landet totalt. Reduksjonen har først og fremst skjedd i Nordland, Viken, Vestland, Møre og Romsdal og Troms og Finnmark. Arealet av eng og beite har vore relativt stabilt i dei fleste fylka, med unntak av Viken, Vestfold og Telemark og Rogaland, som har hatt ein liten reduksjon.

Figur 8.2 viser endringane i antall dekar grovfôr- og kornareal i periodane 2014–2020 og 2020–2022 for dei arealtilskottssonene der arealet i størst grad kan vekslast mellom korn og grovfôr. På grunn av variasjonar, spesielt i vêravhengige produksjonar som korn, grønt, bær og potet, er indikatoren for prosentvis endring svært følsam for spesielle utslag i start- og sluttåret. I perioden 2014–2020 auka grovfôrarealet i sone 3, 4 og 5, mens kornarealet blei redusert i desse sonene. I sone 1 var det motsett, med ein auke i kornarealet og ein reduksjon i grovfôrarealet.

I perioden 2020–2022 har utviklinga delvis snudd, ved at kornarealet i sone 1 og 3 har auka med 26 000 dekar, mens grovfôrarealet i desse arealsonene er redusert med 19 000 dekar. I sone 4 og 5 har det vore mindre endringar frå 2020 til 2022, utover at grovfôrarealet i sone 5 har blitt noko redusert.

Figur 8.2 Endring i areal grovfôr og korn, 2014–2020 og 2020–2022

Figur 8.2 Endring i areal grovfôr og korn, 2014–2020 og 2020–2022

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Regjeringa vil leggje til rette for at landbruket skal ha føreseielege rammevilkår som kan bidra til at den samla lønsemda i næringa aukar. Det er avgjerande at næringsutøvarane i landbruket skal ha dei same inntektsmoglegheitene som andre grupper. Innanfor desse rammevilkåra har utøvarane i landbruket, som sjølvstendige næringsdrivande, ansvar for eiga inntekt. Ei berekraftig kostnadsutvikling, god marknadstilpassing og produktivitetsutvikling vil vere ein føresetnad for inntektsutviklinga. Målet er at inntekter for bonden i størst mogleg grad blir henta i marknaden. Regjeringa vil arbeide for at næringsutøvarar i alle produksjonar og på alle typar bruk skal ha reell moglegheit for inntektsutvikling på line med andre i samfunnet.

Den normaliserte rekneskapen for 2023 frå Budjsettnemnda for jordbruket viste ein auke i bruttoinntektene i jordbruket med 8,7 mrd. kroner frå 2021 til 2023, før jordbruksoppgjeret, med budsjetterte tal for 2023. Kostnadene (inkl. realrentekostnaden) var berekna til å auke med 6,9 mrd. kroner. Dette innebar at vederlag til arbeid og eigenkapital for jordbrukssektoren frå 2021 til 2023 var berekna å auke med 1,8 mrd. kroner, eller 11 pst. før jordbruksoppgjeret i 2023. Dette blir utdjupa i avsnittet om inntektsutviklinga i jordbruket.

Ei effektiv og lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden

Det er heilt sentralt for landbruks- og matpolitikken at dei ulike verkemidla bidreg til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. Det er sett av midlar til dette over jordbruksavtalen, mellom anna til Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping, forvalta av Innovasjon Noreg (IN). Innsatsen har medverka til auka profesjonalisering og vekst særleg innan lokalmatområdet, men òg innanfor område som reiseliv og Inn på tunet. Omsetnad av lokalmat gjennom daglegvarehandelen har auka frå 2,3 mrd. kroner i 2010 til 6,5 mrd. kroner i 2022 – ein auke på 196 pst. Tala for 2022 viser at det har vore ein nedgang i salet av lokalmat frå daglegvarehandelen på 0,3 mrd. kroner frå 2021, men salet til storhushald har auka med 0,5 mrd. kroner. Totalomsetnad av lokalmat og drikke var 11,5 mrd. kroner i 2022.

Dei fleste bedriftsretta verkemidla over Landbrukets utviklingsfond (LUF) er forvalta av Innovasjon Noreg (IN), der måla om fleire gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø står sentralt. Dei offentlege verkemidla verkar saman med fleire andre faktorar, og det er difor svært krevjande å måle samanhengen mellom tildeling av middel og utvikling i lønsemd, produktivitet og omsetnad. Dei fleste landbrukskundane hos IN er enkeltpersonføretak eller personkundar, og rekneskapstala deira er ikkje tilgjengelege på same måten som for aksjeselskap. Mangelen på rekneskapsdata gjer at det ikkje er mogleg å måle verknaden av midla til tradisjonelt landbruk med same metode som for middel til andre tenester til næringslivet hos IN. For tenester innan INs landbruksoppdrag som ikkje er tradisjonelt landbruk, har SSB gjort berekningar av verknaden.

I INs rapport til oppdragsgivarane for 2022 viser effektindikatorar for finansiering gitt til aksjeselskap under landbruksoppdraget at bedrifter som har fått tilsegn frå INs tenester, har høgare årleg gjennomsnittleg meirvekst i salsinntekter (9,0 prosentpoeng), verdiskaping (7,6 prosentpoeng) og produktivitet (3,0 prosentpoeng) enn dei som ikkje har fått tilsegn frå IN. Gjennomsnittleg årleg meirvekst for prosjekt finansiert av Landbruks- og matdepartementet er noko høgare enn andre distriktsretta oppdrag i IN. Addisjonaliteten, det vil seie i kva grad bedriftene oppfattar at INs bidrag har vore avgjerande for gjennomføringa av prosjektet, har vore vedvarande høg for landbruksoppdraget. I 2022 var denne på 83 pst., ein nedgang på 14 prosentpoeng frå føregåande år. IN viser til at tala ikkje er direkte samanliknbare, då ein i 2022 har forsøkt å måle addisjonaliteten gjennom fleire spørsmål til støttemottakar i staden for eitt spørsmål som tidlegare år.

Tilgang til investeringsverkemiddel bidreg til fornying av produksjonsapparatet i landbruket og til framtidig vekst og utvikling i landbruksbaserte næringar. Midla til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-middel) er Landbruks- og matdepartementet sitt viktigaste verkemiddel for å fremje investeringstiltak i landbruket. Det har over fleire år vore stor etterspørsel etter investeringsverkemiddel. I 2022 var det rekordstor pågang etter middel og ramma auka vesentleg. Saman med noko redusert etterspørsel siste del av året var det difor likevel i fleire fylke udisponerte middel ved utgangen av året. 89 pst. gjekk til fornying av produksjonsanlegg i tradisjonelt landbruk inkludert tilskott til frukt- og grøntsektoren, og er knytte til delmålet om vekst i bedrifter. Ein vesentleg del av midla som går til landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk, er knytte til delmålet om fleire gründerar. Rapporten frå IN om bruk av IBU-middel for 2022 legg til grunn ein vekst i sysselsetjinga på 309 årsverk samla for dei prosjekta det er løyvd støtte til i tiltaksgruppene etablerartilskott, bedriftsutvikling og investeringar i andre landbruksbaserte næringar. Det er noko færre enn i 2021. Innovasjon Noreg vurderer at hovudårsaka til dette er at prosjekta i 2022 er meir innretta mot å vidareutvikle og sikre eksisterande sysselsetjing enn å skape ny sysselsetjing.

Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping har tiltak retta mot vekstkraftige bedrifter, forpliktande produsentsamanslutningar og omdømmetiltak. Målet med programmet er å få til auka vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv, reindriftsnæringa, Inn på tunet, innlandsfiske, jaktturisme og viltkjøtt, og anna ny næringsverksemd basert på ressursane i landbruket og reindrifta. I 2022 blei det innvilga i overkant av 58 mill. kroner til nye prosjekt. Nær to tredelar av løyvingane gjekk til finansieringstiltak og bedriftsnettverk. Finansieringsprosjekta er i stor grad mat- og reiselivsrelaterte, anten kvar for seg eller i kombinasjon. Gjennomsnittleg omsetnadsauke for dei vekstbedriftene som er organisert som AS (81 av 130) i vekstordninga var 34 pst. Kundeeffektundersøkingane til IN viser at Utviklingsprogrammet har hatt høg addisjonalitet over fleire år. I 2022 var addisjonaliteten på 94 pst. Det er ein vesentleg auke frå 2021, og vesentleg høgare enn snittet for Innovasjon Noreg sine tenester, som ligg på 87 pst. Undersøkingane viser vidare at ordningane medverkar positivt til kompetanseheving og samarbeid, og at prosjekta i stor grad har bidrege til innovasjon innan varer, tenester og marknad.

Tal frå Landbruksteljinga 2020 viser at det er 21 773 jordbruksbedrifter som driv ei eller anna form for tilleggsnæring. Leigekøyring, i eller utanfor landbruket og utleige av jakt- og fiskerettar utgjer dei største næringskategoriane. Tala viser òg at det er 1 462 jordbruksbedrifter som driv med vidareforedling av råvarer til matprodukt for sal. 1 446 jordbruksbedrifter er registrerte under næringskategorien turisme. Ein annan indikator på mat- og reiselivsverksemder av eit visst omfang og profesjonalitet, kan vere talet på medlemmer hos HANEN, som er ein landsdekkjande næringsorganisasjon for verksemder innan bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg. Ved utgangen av 2022 hadde HANEN 555 medlemmer, ein auke frå 2021. Stiftinga Norsk Mat rapporterer at talet godkjente Inn på tunet-bedrifter ved utgangen av 2022 var 404 mot 387 året før.

Driftsgranskingane frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ei viktig kjelde til kunnskap om utvikling og lønsemd innanfor dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Bruka som inngår i driftsgranskingane er valde ut på grunn av jordbruksproduksjonen på bruket. Det blir ikkje teke omsyn til om bruket har tilleggsnæring eller kva tilleggsnæring som blir driven. Resultata for tilleggsnæringane i driftsgranskingane kan difor variere noko meir enn det ein ser for resultata for jordbruket.

Av dei 916 enkeltbruka som var med i driftsgranskingane i 2021, hadde 84 pst. (593 bruk) omsetnad knytt til anna landbruksbasert næring. Det er ein nedgang på eitt prosentpoeng frå 2020. Prosentdelen bruk med andre landbruksbaserte næringar av vesentleg omfang har dei seinare åra vore størst på Austlandet og minst i Nord-Noreg. Omsetnaden seier noko om kor høgt aktivitetsnivået i bedriftene er, men ikkje nødvendigvis noko om forteneste og inntekt. 65 pst. av bruka hadde ein omsetnad på meir enn 20 000 kroner frå andre landbruksbaserte næringar. Gjennomsnittleg omsetnad på desse bruka var 300 600 kroner, ein auke på 2 pst. frå 2020.

Figur 8.3 Gjennomsnittleg driftsoverskott for bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar, 2019–2021 (i kroner per bruk)

Figur 8.3 Gjennomsnittleg driftsoverskott for bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar, 2019–2021 (i kroner per bruk)

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket

Driftsoverskottet frå andre landbruksbaserte næringar utgjorde i gjennomsnitt 112 100 kroner per bruk i driftsgranskingane i 2021. Det er ein nedgang på 6 100 kroner frå 2010. Driftsoverskottet varierer mykje mellom dei ulike formene for anna landbruksbasert næring, jf. figur 8.3. Anna tenesteyting, som omfattar mellom anna Inn på tunet, klauvskjering og saueklipping, har hatt størst driftsoverskott per bruk av gruppene. Vareproduksjon, som omfattar mellom anna omsetnad av ved og vidareforedling av kjøtt, mjølk og frukt hadde i snitt eit driftsoverskott for 2021 på 37 100 kroner. Utmarksnæring inkluderer til dømes utleige av jakt og fiske, sal av grus, sand og stein, utvikling og sal av tomter og småkraftverk. I 2021 blei driftsoverskottet for denne driftsforma i gjennomsnitt 52 800 kroner. Figur 8.3 syner ein nedgang frå åra før, noko som kjem av overskott frå sal av tomter i 2019 og 2020 som bidrog til godt resultat for denne driftsforma. Driftsforma «turisme» og «annan biologisk produksjon», som til dømes hunde- eller hesteoppdrett, har hatt varierande resultat. Dei siste åra har det vore så få bruk med turisme og annan biologisk produksjon i driftsgranskingane at det ikkje blir presentert resultat for desse driftsformene. Bruka som driv med turisme som tilleggsnæring blei råka av koronapandemien, og det er ein nedgang både i resultat og arbeidsinnsats for denne driftsforma både i 2020 og 2021.

Driftsgranskingane viser at overskottet frå tilleggsnæring utgjorde i gjennomsnitt 8 pst. av samla nettoinntekt på alle (916) driftsgranskingsbruk i 2021. Bidraget varierer med ulike regionar og ulike tilleggsnæringar. Stor variasjon i bidraget frå tilleggsnæring mellom år i ein region kjem elles i stor grad av utskifting av bruk i driftsgranskingane. NIBIO viser til at ei av årsakene til at tilleggsnæringane ikkje betyr meir, kan vere at utvalet av bruk som er med i driftsgranskingane har relativt stor jordbruksaktivitet. På desse bruka kan det vere lita tid til, og mindre behov for, å byggje opp andre næringar. God tilgang på inntektsgivande arbeid utanfor landbruket kan vere ei anna forklaring. Med utgangspunkt i driftsgranskingane hadde tilleggsnæringane i 2021 størst økonomisk innverknad på Austlandet, Jæren og i flatbygdene i Trøndelag.

Vidareutvikle Noreg som matnasjon

Arbeidet med å vidareutvikle Noreg som matnasjon held fram. Visjonen for Matnasjonen Noreg famnar breitt, både mellom sektorar og langs heile verdikjeda for mat:

«I 2030 er mat ei kjelde til matglede, stoltheit, god helse og fellesskap i heile befolkninga, og eit synleg element i turistlandet Noreg. Noreg er internasjonalt kjend for ein spanande matkultur, sin store sjømateksport og mat- og drikkeopplevingar i verdsklasse.»

Arbeidet med å byggje Noreg som matnasjon blir følgt opp både gjennom tiltak innanfor Utviklingsprogrammet og gjennom nasjonale og regionale samarbeidsarenaer og verkemiddel.

Matgledekorpsa som er etablerte i fleire delar av landet, er òg eit viktig tiltak i bygginga av Noreg som ein matnasjon. Dette arbeidet har vore i gang over fleire år og viser gode resultat. Arbeidet har bidrege til auka matglede blant bebuarar på institusjonar og auka kompetanse blant dei som lagar maten på desse institusjonane. Og matsvinn og bruk av lokale råvarer og oppskrifter er viktig i det arbeidet Matgledekorpsa gjer. Dette, saman med arbeidet for å byggje sterke mat- og reiselivsregionar, vil stå sentralt i oppfølginga.

Innovasjon Noreg leverte i 2021 Nasjonal reiselivsstrategi 2030 til dåverande regjering. Strategien hadde fleire innspel på mat- og reiselivsområdet. Det blei mellom anna nedsett eit offentleg utval som la fram ei offentleg utgreiing i 2023, NOU 2023: 10 Leve og oppleve – Reisemål for en bærekraftig framtid. Regjeringa har òg sett i gang arbeidet med Reiseliv 2030. Gjennom arbeidet skal det lagast ein strategi. Nærings- og fiskeridepartementet har satt ned ei strategigruppe som skal komme med tilrådingar om korleis verkemidla, forskingsinnsatsen og innovasjonsfremjande aktivitetar kan vere innretta for å oppnå langsiktig og berekraftig verdiskaping.

Stiftinga Norsk Mat har ei sentral rolle i utviklinga av Noreg som matnasjon. Stiftinga administrerer og utviklar Kvalitetssystem i landbruket (KSL), merkeordningane Nyt Norge, Beskytta nemningar og Spesialitet og har ansvar for faktabasert informasjon om økologisk mat. Utviklinga i merkeordningane kan gi nyttig informasjon om korleis Matnasjonen Noreg utviklar seg. Auka verdiskaping i landbruket gjennom mangfaldige, synlege og tilgjengelege norske produkt og matspesialitetar er vektlagt i arbeidet med Matnasjonen Noreg og mat og reiseliv.

KSL ligg til grunn for alle merkeordningane Stiftinga Norsk Mat forvaltar. Norsk Mat har i 2022 vidareført utviklingsarbeidet med nytt KSL. I 2022 blei det gjennomført 5 728 KSL-revisjonar, 34 bedriftsrevisjonar for Nyt Norge, 85 bedriftsrevisjonar knytt til lokalmat.no, 36 bedriftsrevisjonar for Spesialitet og 10 revisjonar på frukt- og grøntpakkeri.

Ved utgangen av 2022 var 4 860 produkt frå til saman 120 ulike bedrifter godkjende for Nyt Norge-merket. Norsk Mat har registrert fem feilmerkingar med Nyt-Norge-merket. Frå 1.1.2022 kan ikkje-etande planter og produkt frå hurtigmatrestaurantar ta i bruk Nyt Norge-merket. Stiftinga har starta arbeidet med å opprinnelsesmerke viltkjøtt.

Kjennskapen til Nyt Norge-merket hos forbrukarane er framleis høg, med ein merkekjennskap på 94 pst., noko som gjer merkeordninga til den mest kjende i Noreg. Det var 32 produkt godkjende i Beskytta nemningar i 2022. Vidare er 579 produkt godkjende som Spesialitet.

Bransjeportalen lokalmat.no har blitt ein viktig kanal for lokalmat og koplar saman produsentar av lokalmat og innkjøparar i daglegvare- og restaurantmarknaden. Ved utgangen av 2022 var det 513 bedrifter med til saman 3 103 produkt registrerte i databasen og 418 innkjøparar.

Leggje til rette for bonden sine inntektsmoglegheiter og evne til å investere i garden

Inntekts- og kostnadsutviklinga

Normaliserte rekneskap frå Budsjettnemnda for jordbruket viser at frå 2021 til 2023 er bruttoinntektene i jordbruket berekna å auke med om lag 8,7 mrd. kroner, mens kostnadene (inkl. realrentekostnaden) er anslått å auke med 6,9 mrd. kroner. Det inneber at vederlag til arbeid og eigenkapital for jordbrukssektoren frå 2021 til 2023 er berekna til å auke med 1,8 mrd. kroner, eller 11 pst.

Internasjonale utviklingstrekk gav betydelege utslag på både inntekts- og kostnadssida i jordbruket i 2021 og 2022. Mellom desse er utslag av koronapandemien, leveringsvanskar grunna flaskehalsar i transport og logistikk, energiprisauke og utslag av krigen i Ukraina.

Budsjettnemnda legg til grunn at kostnadsveksten held fram i 2023. Svekka kronekurs fører isolert sett til prisvekst på importvarer. Den pågåande renteoppgangen gir auka låne- og kapitalkostnader. For ein del kostnader har ikkje prisane falle. Når ein samanliknar året 2022 med året 2023 vil kostnadene likevel kunne bli høgare i 2023.

For handelsgjødsel anslår Budsjettnemnda at prisane aukar med 42 pst. frå gjødselåret 2022 til 2023. Frå 2021 til 2022 auka gjødselprisane med 70 pst. Prisane har variert mykje gjennom sesongane. Gjødselprisane har blitt vesentleg reduserte dei siste månadene, noko som i hovudsak verkar inn på gjødselåret 2024.

Jordbruksoppgjeret 2022 bidrog til den sterke auken i bruttoinntekter gjennom direkte tilskott. Då blei det som følgje av den høge kostnadsveksten forhandla om to år i oppgjeret. Frå 2021 til 2023 aukar dei direkte tilskotta til jordbruket med 5,2 mrd. kroner, som tilsvarar heile 43 pst.

Frå 2021 til 2022 blei det òg inntektsvekst gjennom auka prisar. Målprisane blei auka i jordbruksoppgjeret i 2022, og det var også vekst i prisane som ikkje blir avtala i oppgjeret, i hovudsak for kjøtt og egg. For mjølkeprodusentane har prisaukane i 2022 blitt utlikna av høgare kostnader til innfrakt og lågare etterbetaling enn året før, så utbetalingsprisane hamna på om lag uendra nivå.

Den inngåtte jordbruksavtalen for 2023–2024 har ei økonomisk ramme på 4 147 mill. kroner. Med dette blir det kompensert for avviket mellom føresetnadene som blei lagde til grunn for fjorårets jordbruksoppgjer og den faktisk oppnådde inntektsutviklinga, og avstanden til andre grupper kan bli redusert med 60 000 kroner per årsverk på toppen av ei kronemessig lik utvikling som andre grupper.

Utvikling i produktivitet

Veksten i arbeidsproduktiviteten i jordbruket har vore høg i mange år. Dei siste ti åra var veksten i arbeidsproduktiviteten på i gjennomsnitt 3,7 pst. årleg, ifølgje Budsjettnemnda. Dei siste åra i perioden har veksten i arbeidsproduktiviteten derimot gått klart ned, mellom anna som følgje av at den lange trenden med færre bruk og lågare arbeidsforbruk har blitt svakare. I 2022 auka den berekna arbeidsproduktiviteten i jordbruket med 6 pst. frå året før. Det heng saman med at jordbruket reduserte vareinnsatsen utan at produksjonen blei redusert like mykje.

Over tid har veksten i arbeidsproduktiviteten vore høgare i jordbruket enn for resten av økonomien. Gjennomsnittleg vekst i Fastlands-Noreg dei siste ti åra var 1,0 pst., ifølgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU). Det er ein del metodiske utfordringar ved å rekne produktivitet, det fører til at berekningane ofte er svært usikre.

Investeringar i jordbruket

Førebelse rekneskapstal frå totalkalkylen for jordbruket 2022 viser at det samla investeringsnivået i driftsbygningar innan jord- og hagebruk var på i overkant av 5,9 mrd. kroner. Tabell 8.1 gir ei oversikt over gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket for 2021 fordelt på regionar. Driftsgranskingane omfatta 916 bruk i 2021. Storleiken på investeringsnivået for det enkelte bruket er mellom anna avhengig av produksjonstype og bruksstorleik.

Tabell 8.1 Gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket fordelt på regionar, 2021 (i 1 000 kroner)

Regionar

Bruttoinvestering per bruk

Austlandet

Flatbygdene

417,4

Andre bygder

439,7

Agder og Rogaland

Jæren

971,0

Andre bygder

393,2

Vestlandet

537,3

Trøndelag

Flatbygdene

584,2

Andre bygder

403,5

Nord-Noreg

493,3

Gjennomsnittleg investeringsnivå i driftsgranskingane gjekk særleg opp for bruka på Jæren i 2021. Dei største bruttoinvesteringane per bruk for 2021 finn vi på Jæren, etterfølgt av flatbygdene i Trøndelag og Vestlandet utanom Rogaland.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruk og trebasert industri er ei viktig verdikjede i Noreg. Denne næringa sysselset om lag 22 000 personar, og av desse er rundt 6 000 i skogbruket. Det blei i alt avverka rundt 11,5 mill. kubikkmeter tømmer for sal til industrien i 2022, ein auke på om lag 16 pst. frå året før. Det blei eksportert rundt 4,3 mill. kubikkmeter tømmer, ein auke på knappe 10 pst. frå 2021. Den årlege tilveksten i skogen er på om lag 24,5 mill. kubikkmeter.

I 2022 blei det sett ut rundt 47,5 mill. skogplanter og utført ungskogpleie på litt over 269 000 dekar, ein auke frå året før. Markrivinga var på 82 400 dekar i 2022, ein nedgang frå året før. Det blei bygd om lag 110 km nye skogsbilvegar og ombygd 233 km eldre skogsbilvegar i 2022. Dette er på same nivå som i 2021.

Det er utarbeidd skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 5,2 mill. dekar skog i 2022. Skogeigarane har frivillig sett til side over 74 000 større og mindre nøkkelbiotopar frå ordinært skogbruk – i hovudsak som ikkje-hogst-område. Stortinget har vedteke at det er klassifiseringssystemet Natur i Norge (NiN) som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur, og dette systemet er teke i bruk og innarbeidd i MiS-kartlegginga. Departementet la i 2021 fram ein rapport om den eldste skogen og auka ivaretaking av nøkkelbiotopar, der det blir peika på utviklingsoppgåver framover. Departementet, direktoratet og NIBIO er i gang med dette arbeidet.

9 Mål: Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Norsk landbruk forvaltar store delar av norsk natur gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og annan aktivitet. Landbruket skaper økonomiske verdiar, mat, trevirke og miljøgode av ulike slag. Kulturlandskapet er eit resultat av eit aktivt landbruk. For å sikre at innbyggjarane i dag og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer og treprodukt, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv for vern og berekraftig bruk av areal og ressursgrunnlag. Gjennom berekraftig produksjon skal landbruket bidra til redusert forureining og reduserte utslepp av klimagassar, leggje til rette for auka opptak av klimagassar og naudsynt tilpassing av produksjonen til klimaforholda i framtida.

Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen skal bidra til å halde ved lag kulturlandskapet og redusere miljøbelastninga frå jordbruket. Nasjonalt miljøprogram samlar verkemiddel til støtte for miljøomsyn i jordbruksdrifta. Noverande nasjonalt miljøprogram og regionale miljøprogram har sine programperiodar frå 2023–2026. Frå 2023 er jord og jordhelse innarbeidd som eigne miljøtema i begge programma, med tilhøyrande nye jordhelsefremjande tiltak. Som oppfølging av Meld. St. 11 (2016–2017) er klima og miljø i større grad vektlagt i jordbruksoppgjera. Intensjonsavtalen med organisasjonane i jordbruket om å arbeide for reduserte utslepp og auka opptak av karbon i jordbruket, med til saman 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar innan 2030, jf. Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030, ligg til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover. Det er etablert ei rekneskapsgruppe som skal halde rekneskap over progresjonen i arbeidet. 2023 er første rapporteringsår, og ei omfattande rapportering (gap-rapportering) blir presentert hausten 2023. I jordbruksoppgjeret 2023 blei miljø- og klimainnsatsen ytterlegare styrkt. Det er viktig for regjeringa å leggje vekt på arbeidet med grøn omstilling og vareta eit berekraftig landbruk, både knytt til sirkulær bioøkonomi, arbeid med miljøretta tiltak og reduksjon av klimagassar. Årets satsing skal bidra til å følgje opp intensjonsavtalen om klima med organisasjonane i jordbruket med styrking av kunnskapsgrunnlaget om klimatiltak, spesielt knytt til metanhemmere i fôr og tilskottsordningar som bidreg til reduserte utslepp. Avtalen styrkjer ordningar som vil bidra til ein vesentleg auke i miljø- og klimainnsatsen i norsk jordbruk, både i form av målretta tiltak og forbetring av kunnskapsgrunnlaget, under dette vesentleg auke på ordningane Regionalt miljøprogram, SMIL-ordninga og Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket. Vidare blei tiltak for å følgje opp Helhetlig tiltaksplan for Oslofjorden og beitetilskotta òg prioriterte. Totalt blei avsetjinga til ordningar med klima- og miljøverknad auka med 1 113 mill. kroner frå 2023 til 2024. Den totale avsetjinga til ordningar med klima- og miljøverknad for 2024 er 9 305 mill. kroner. Departementet viser til Prop. 121 S (2022–2023) for detaljar. Regjeringa har etablert Bionova som ein del av Innovasjon Norge. Bionova er eit verktøy for å nå Noreg sine klimamål for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 ved å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring, jf. omtale av Bionova under kap. 1152, post 70.

Regjeringa sin klimastatus og -plan, vedlegg til Prop. 1 S (2023–2024), ligg til grunn for regjeringa si satsing på auka opptak og reduserte utslepp frå skog- og arealsektoren. Regjeringa vil vidareføre tiltaka i skog med tilskott til tettare planting etter hogst, gjødsling og skogplanteforedling.

Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan bli nådde.

Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – Sammen for et klimarobust samfunn peikar på utfordringar og moglege løysingar som samfunnet, og under dette òg landbruket, står overfor i møte med klimaendringane.

For nærare omtale av regjeringa sitt samla klima- og miljørelevante arbeid, sjå Klima- og miljødepartementets Prop. 1 S (2023–2024).

Redusert forureining frå landbruket

Tiltak for å avgrense forureininga

Reduksjon av vassforureininga frå avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel, er viktig for at vatn skal oppnå ein god økologisk tilstand, jf. vassforskrifta. Konsentrasjonar og tap av næringsstoff frå jordbruksareal varierer mykje frå år til år på grunn av variasjonar i nedbør, temperatur og jordbruksdrift. Åkerareal utan vernande plantedekke haust og vinter gir større risiko for erosjon. Årlege tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding om hausten er difor eitt av dei viktigaste tiltaka for å redusere vassforureininga frå jordbruket. Innsatsen er størst der vassførekomstane har eller har hatt ein dårleg tilstand, slik som i Viken og Innlandet. Det har gjennom fleire år vore lagt vekt på å rette innsatsen mot dei areala der det er viktigast å gjennomføre målretta tiltak. Dette kan ha bidrege til at redusert jordarbeiding i mindre grad blir gjennomført på lite utsette areal.

Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Samla gjennomføring av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal med meir i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dyrka areal, men ikkje tilsvarande det som har vore forventa effekt av tiltaka. Resultata frå analyse av 25 år med overvakingsdata i JOVA-programmet til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), viser at nedbør og temperatur er dei viktigaste faktorane som avgjer jord- og fosfortap, og at det er effekt av jordarbeiding på fosfortap og fosforkonsentrasjonar. Effekten er størst når det er mykje nedbør, stor avrenning og store jordtap. NIBIO viser til at jord- og fosfortap i eit nedbørfelt blir påverka av mange faktorar som bidreg til å tilsløre effekten av jordarbeiding. Temperatur, nedbør og avrenning er viktige faktorar, og særleg i samband med vinterforhold kan veret utgjere ein viktig faktor for kor store jord- og fosfortapa blir det enkelte år.

Tilskott til drenering blei innført frå 2013. Godt drenert jord reduserer faren for jordpakking og utslepp av lystgass frå jordbruksjord. Det blei innvilga om lag 90 mill. kroner til gjennomføring av dreneringstiltak i 2022. Basert på tilskottsdata blei om lag 39 000 dekar drenert i 2022, noko som er 4 000 dekar meir enn året før. Utbetring og oppgradering av hydrotekniske anlegg har vore ei viktig prioritering over fleire år. Det bidreg til redusert avrenning og tilpassing av areala til eit klima med meir vatn og meir ekstrem nedbør. Frå 1989 til 2022 er det innvilga rundt 665 mill. kroner gjennom ordninga.

Nitrogengjødsel frå mineral- og husdyrgjødsel er viktig for plantevekst, men samstundes ei kjelde til skadelege utslepp av ammoniakk (NH3), lystgass og nitrat. Rett spreiemengd, spreietidspunkt og spreiemetode er difor viktig for å få ned utsleppa. I 2022 blei det gjennomført tiltak på miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel på om lag 2,4 mill. dekar.

Salet av plantevernmiddel varierer frå år til år mellom anna på grunn av klimatiske forhold. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt. Dei siste åra har det i hovudsak vore ei dreiing mot bruk av preparat med lågare helse- og miljørisiko. Basert på omsetnaden av plantevernmiddel er berekna helserisiko for 2020 redusert til 71 pst. av 1996/1997-nivået, mens berekna miljørisiko er redusert til 80 pst. av 1996/1997-nivået.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO2 og gode klimatilpassingar

Reduserte utslepp av klimagassar

Utsleppet av klimagassar frå jordbruket var i 2022 på 4,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar, og utgjorde om lag 9,4 pst. av dei samla norske utsleppa1. Utsleppa frå jordbruket er reduserte med 6,9 pst. frå 1990 til 2022. Jordbruksaktivitetar og særleg husdyrhald er opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Om lag 97 pst. av klimagassutsleppa frå jordbrukssektoren i klimagassrekneskapen er metan frå naturlege prosessar hos husdyr som storfe og sau, og lystgass frå husdyrgjødsel. Færre storfe, på grunn av auka produktivitet i mjølkeproduksjonen, og redusert bruk av gjødsel er blant hovudårsakene til nedgangen i utsleppet frå jordbruket.

Ein stor del av utsleppa frå jordbruket er den kortliva gassen metan. Fordi metan er ein kortliva klimagass er det i hovudsak utsleppa dei siste tiåra som avgjer kor stor oppvarmingseffekten av gassen er. Stabile eller svakt fallande utslepp bidreg ikkje til ytterlegare oppvarming. Problemet med kortliva gassar er at dei har stor verknad den tida dei er i atmosfæren. Av den grunn har kvar auke i utslepp eller kutt i utslepp ein raskare, men samstundes meir forbigåande, verknad på temperaturen. Denne verknaden held seg difor berre så lenge auken i utsleppa eller kutt i utsleppa held fram. Dette til forskjell frå langliva gassar som til dømes CO2. CO2 blir ikkje brote ned, men hopar seg opp i atmosfæren til utsleppa blir tekne opp i havet eller på landjorda. Det inneber at CO2-utslepp bidreg til ytterlegare oppvarming til utsleppa er redusert til netto null.

For å nå eit særskilt temperaturmål kan det vere naudsynt å kutte utsleppa av kortliva gassar ned til eit nytt nivå, men vi treng ikkje nødvendigvis å redusere utsleppa til null. Modellberekningar frå FNs klimapanel peikar på at CO2-utsleppa globalt må kuttast til netto null, mens utsleppa av metan må reduserast med minst 35 pst. for å nå 1,5-gradersmålet. Dei globale utsleppa av metan har dei siste ti åra auka raskt.

Klimaforskarar har dei siste åra utvikla ein ny metode, med nemninga GWP*, for å berekne oppvarmingseffekten av kortliva klimagassar over tid. Metoden tek utgangspunkt i den etablerte vektfaktoren GWP(100) for å rekne om utslepp til CO2-ekvivalentar. Figur 9.1 viser det akkumulerte bidraget frå jordbruket til oppvarming frå 1990 til 2021. Rekna på vanleg måte, med GWP(100), utgjer utsleppet frå jordbruket om lag 150 mill. tonn CO2-ekvivalentar i perioden, eller 9,4 pst. av dei samla norske utsleppa, mens metan utgjer om lag halvparten av jordbruksutsleppa. Figuren syner at det samla oppvarmingsbidraget frå jordbruksutsleppa er om lag halvparten (om lag 72 mill tonn CO2-we, warming equivalents) ettersom metanutsleppa har falt noko i den same perioden, og oppvarmingseffekten av det er om lag ein firedel av det som kjem fram gjennom å rekne med GWP100. Dette kan endre seg dersom det skjer ein auke i metanutsleppet.

Figur 9.1 Akkumulert bidrag til oppvarming av klimagassar frå jordbruket

Figur 9.1 Akkumulert bidrag til oppvarming av klimagassar frå jordbruket

Kjelde: Basert på utsleppsdata frå SSB

I juni 2019 inngjekk regjeringa Solberg, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag ein intensjonsavtale om klimamål for jordbruket. Avtalen handlar om utsleppskutt og auka opptak, som samla skal utgjere 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030. Klimaavtalen mellom jordbruket og staten seier at partane òg skal følgje utsleppa av dei ulike klimagassane separat. Den viktigaste oppgåva for jordbruket i klimasamanheng er å redusere utsleppa frå jordbruket utan at klimaomstillinga fører til karbonlekkasje, det vil seie å redusere utsleppa per produserte eining. Klimaavtalen ligg til grunn for omtalen av jordbruk i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030, og vil òg liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover. Det er etablert ei rekneskapsgruppe som følgjer opp klimaavtalen.

Når myr (organisk jord) blir dyrka, blir karbon- og nitrogenhaldig materiale gradvis brote ned og gir utslepp av klimagassar. Landbruks- og matdepartementet fastsette i 2020 eit forbod mot nydyrking av myr, men kommunen kan tillate dyrking av myr når særskilte vilkår er oppfylte. Gjennom Stortinget si handsaming av eit representantforslag, Dokument 8: 288 L (2020–2021), vedtok Stortinget endringar i reglane i jordlova om nydyrking. Lovvedtaket blei sanksjonert 11. juni 2021, men reglane er ikkje sette i kraft. Stortinget har i vedtak nr. 928, 16. juni 2023 bedt regjeringa om å leggje fram forslag om å oppheve det nemnte lovvedtaket. Regjeringa vil følgje opp vedtaket gjennom ein ordinær lovprosess.

Auka opptak av CO2 og karbonlagring i skog og jord

I 2021 stod norske skogar for eit nettoopptak på 20,2 mill. tonn CO2. Når alt anna areal er teke med, blir nettoopptaket om lag 15,5 mill. tonn, noko som svarar til om lag 30 pst. av dei samla norske utsleppa av klimagassar. Tala viser ein nedgang frå 2020, først og fremst på grunn av metodiske endringar i berekningane.

Netto karbonopptak i skog er eit resultat av differansen mellom brutto opptak i form av tilvekst og utslepp som følgje av hogst og naturleg avgang. Tømmerhogsten i Noreg har òg auka dei siste åra. Omfanget av skogforynging har mykje å seie for tilveksten i skogen i framtida og såleis òg for karbonopptaket. Planteaktiviteten i Noreg har auka dei siste åra. I 2022 blei det planta 47,5 mill. skogplanter. Det er det høgste plantetalet som er registrert dei seinare åra. Det blei gjort ungskogpleie på 269 000 dekar, ein auke på om lag 20 pst. frå 2020. Som følgje av lågare investeringar i skogbruket dei siste tiåra, viser netto opptak i eksisterande skog ein nedgåande trend.

Omfang av bruk av tre i varige konstruksjonar

Auka bruk av tre i varige konstruksjonar er eit grunnlag for landbasert industriutvikling i alle regionar, og er ei av løysingane for å redusere klimagassutslepp i byggjenæringa. Bioøkonomiordninga under Bionova har Bygg i tre som eit eige strategisk satsingsområde, med vekt på mobilisering og finansiering av utviklingsprosjekt. Resultatet frå arbeidet er auka kompetanse om bruk av tre i store konstruksjonar i Noreg og vekst i marknadsdelar for tre i fleire kategoriar bygg, som oppvekst- og undervisningsbygg, næring, helse og idrett, og studentbustadar. Veksten i desse marknadene gir grunnlag for fleire industrialiseringsprosjekt, med vekt på effektivisering, digitalisering av produksjonsprosessar og nye fabrikkar. Kompetansen og produkta frå dette arbeidet er etterspurde internasjonalt. Innovasjon Norge har starta opp eit større profilerings- og samspelsarbeid knytt til moglegheiter i fleire marknader basert på arkitektur, ingeniørkunnskap, digitale verktøy og produkt. Parallelt blir det bygd vidare på bedriftsnettverk og klynger innanfor skog- og trenæringa. Sidan 2020 har det blitt gitt eit ekstra tilskott til investering i landbruksbygg i tre over investerings- og bedriftsutviklingsordninga i landbruket for å premiere landbruksbygg som har tre som byggjemateriale. I 2022 blei det løyvd 44,7 mill. kroner til 195 prosjekt.

Produksjon og bruk av bioenergi

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket som Bionova forvaltar, gir mellom anna støtte til investering i gardsvarmeanlegg basert på bioråstoff og anlegg for sal av biovarme og kombinerte anlegg for bio- og solenergi, både kraft og varme. Det er òg eit mål at ordninga skal bidra til å teste ut ny teknologi som kan gi reduserte klimagassutslepp og økt konkurransekraft for landbruket. Programmet bidreg såleis til meir miljøvenlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar. Breidda i programmet vil gjere det mogleg for gardsbruk å bli sjølvforsynte med energi framover. Dei siste åra har det vore ein sterk auke i talet på prosjekt. I 2022 blei det gitt støtte til 377 prosjekt over programmet, 41 fleire enn i 2021. I den tida programmet har eksistert, er det i alt etablert 2 600 gardsvarmeanlegg, 44 anlegg i veksthus, og 273 varmesalsanlegg med ein samla planlagd energiproduksjon på 600 GWh.

Utvikling av småskala biogassanlegg for gardsbruk er òg eit prioritert område innanfor programmet. Det er etablert fleire pilotanlegg for kombinert behandling av husdyrgjødsel og anna biologisk avfall. Utvikling av driftssikre løysingar, lågare etableringskostnader og betre driftsøkonomi gjer det no mogleg å oppnå tilstrekkeleg lønsemd for slike anlegg. Lønsemda for anlegg som involverer solceller (reine eller i kombinasjon med andre energikjelder) er òg blitt betre.

Vidare blei det i 2022 gitt støtte til to prosjekt som gjeld introduksjon av ny teknologi innan biogassområdet.

Produksjon av biokol som sideprodukt til bioenergi vil kunne gi ein viktig klimagevinst i tillegg til utsleppsreduksjonen frå jordbruket knytt til energiproduksjonen. Det er estimert at fornybarprogrammet bidreg med ein samla årleg reduksjon i klimagassutsleppa på om lag 110 000 tonn CO2.

Berekraftig bruk og eit sterkt vern av landbruket sitt areal- og ressursgrunnlag

Nydyrking og omdisponering av areal

Ny jordvernsstrategi blei lagt fram for Stortinget i Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2023 m.m.). Strategien har eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord, som seier at omdisponeringa av dyrka mark skal vere maksimalt 2 000 dekar per år. Målet skal vere nådd innan 2030. Regjeringa vil følgje opp den nye strategien.

Jordvernstrategien inneheld ei rekkje nye tiltak, mellom anna å greie ut ein heimel i jordlova for vern av viktige jordbruksareal, å utvikle eit sentralt register for viktige jordbruksareal av nasjonal interesse, å utvikle eit jordbruksarealregnskap, som kan bli ein del av nasjonalt arealregnskap og å etablere eit nytt kartlag for dyrkbar jord. Strategien inneheld òg fleire tiltak med sikte på å redusere landbruket si eiga nedbygging. For 2022 viser KOSTRA-tala frå SSB at det blei omdisponert 3 509 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk, og at ein såleis ikkje kom under det dåverande målet på 3 000 dekar. Dette er likevel den nest lågaste omdisponeringa sidan registreringa blei starta i 1967. Omdisponeringa av dyrkbar jord var på 4 254 dekar, noko som er ein del høgare enn det rekordlåge talet for 2021 (2 642 dekar). I 2022 blei 156 dekar dyrka jord ført tilbake til landbruksformål, noko som er mindre enn dei tre føregåande åra (194, 356 og 367 dekar).

KOSTRA-tala viser ein vesentleg reduksjon i godkjent areal for nydyrking i 2022, men frå eit høgt nivå dei siste åra. I 2022 blei det gitt løyve til å nydyrke 15 900 dekar, mot om lag 18 100 dekar i 2021, 21 600 dekar i 2020 og heile 28 100 dekar i 2019. Frå og med 2014 har i gjennomsnitt om lag 21 000 dekar blitt godkjent nydyrka årleg.

Økologisk produksjon og forbruk

I økologisk produksjon blir det stilt ekstra krav til miljø og dyrevelferd i produksjonen. Økologiske driftsformer utan bruk av kjemisk-syntetiske plantevernmiddel og mineralgjødsel, i kombinasjon med vekstskifte, har positiv verknad for biologisk mangfald, jordkvalitet og jordstruktur. I tillegg kan erfaringar og kunnskap frå økologiske driftsformer overførast til det konvensjonelle jordbruket. Regjeringa si satsing på økologisk jordbruk tek utgangspunkt i Nasjonal strategi om økologisk jordbruk.

Delen føretak med økologisk produksjon har vore relativt stabil på 5 pst. dei siste åra. Det økologiske arealet utgjorde 414 600 dekar i 2022, om lag 4,2 pst. av det samla jordbruksarealet. Dette er på om lag same nivå som det har vore dei siste åra. Den samla produksjonen av økologisk kjøtt av storfe, gris og sau og lam auka med 2 pst. samanlikna med året før. Økologisk slakt av fjørfe auka med 4 pst. i 2022.

Omsetnaden av økologiske landbruksvarer i daglegvarehandelen var på 2,4 mrd. kroner i 20212. Dei største varekategoriane i daglegvarehandelen er tørrvarer, meieriprodukt, fersk frukt og grønt og drikkevarer. Med unntak av storhushaldning, er det registrert ein nedgang på 1,5 pst. i omsetnaden i andre salskanalar, hovudsakeleg på grunn av redusert omsetnad hos Vinmonopolet. Tala tyder på at forbruket av økologiske daglegvarer er tilbake på same nivå som før pandemien.

Genressursane i landbruket

Genmangfaldet i landbruket er viktig for tilgangen til mat i verda. Genmangfaldet gir grunnlag for at husdyr, matplanter og skogtre skal kunne tilpassast nye og endra dyrkings- og driftsforhold, sjukdommar og nye krav til sluttprodukta. FNs berekraftsmål 2.5 forpliktar Noreg til å sikre berekraftig bruk og bevaring av husdyrrasar og plantesortar som eit tiltak for å utrydde svolt. I Noreg blir Nasjonal strategi for bevaring og bærekraftig bruk av genetiske ressurser for mat og landbruk, Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk frå 2019, lagd til grunn for oppfølginga av berekraftsmålet.

I Noreg er 37 av dei 49 nasjonale husdyrrasane rekna som verneverdige. Den samla summen av avlsdyr innanfor dei verneverdige husdyra aukar jamt for kvart år. Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. I 2023 er det ikkje lenger nokon verneverdige husdyrrasar som er karakterisert som kritisk trua. Òg innanfor dei husdyrrasane som ikkje er truga, blir det lagt vekt på berekraftig avl som sikrar det genetiske mangfaldet i populasjonane.

I 2022 var det i alt 27 klonarkiv og feltgenbankar som bevarte meir enn 6 000 aksesjonar av frukt, bær, grønsaker, potet, medisin- og krydderplanter, prydplanter og grøntanleggsplanter. 18 bevarings- og tradisjonssortar er i 2022 oppførte på den norske plantesortslista. Det er òg oppretta ein bruksgenbank for gamle sortar av korn og grønsaker der interesserte bønder kan få materiale til bruk og foredling. Gjennom drifta av Nordisk genressurssenter (NordGen), under Nordisk ministerråd, samarbeider Noreg med dei andre nordiske landa om bevaring av nordiske plantesortar som kan frøformeirast.

Om lag 30 artar av skogtre høyrer naturleg heime i Noreg. Genetiske ressursar hos skogtre blir tekne vare på in situ, det vil seie i sine naturlege vekseområde. For å nå målsetjinga om at genetisk variasjon i alle heimlege treslag skal bevarast i heile utbreiingsområdet, er det etablert 32 bevaringsområde for skogtregenetiske ressursar i Noreg. Dette omfattar 24 bevaringsområde etablert i utvalde verneområde nord til og med Nordland og 8 dynamiske bevaringsområde for tidlegare foredlingsmateriale av gran. Til no er det etablert bevaringsområde for treslaga alm, ask, barlind, bøk, kristtorn, lind, sommareik, vintereik, spisslønn, villeple og gran.

Ein vesentleg del av foryngingane etter hogst i granskog blir etablert med frø og planter frå Skogfrøverkets foredlingsprogram. Per desember 2022 er 92 pst. av planta materiale i norske skogar foredla materiale frå kvalifiserte eller testa frøkjelder. Desse individa dannar grunnlaget for eit utval av dei beste individa for produksjon av foredla frø i frøplantasjar og neste generasjon foredlingspopulasjon, jf. målsetjingar i Strategi for skogplanteforedling 2010–2040.

Svalbard globale frøhvelv er i dag det største sikkerheitslageret i verda for biologisk mangfald innanfor vekstar. Det er eit norsk tiltak av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret husar sikkerheitskopiar av frø frå nasjonale og internasjonale frøsamlingar. I 2022 sende 31 genbankar 69 825 nye frø til frøkvelvet for langtids sikringslagring. Ved utgangen av 2022 sikrar kvelvet på Svalbard 1 195 244 sikkerhetskopiar av frø frå i alt 93 institusjonar verda over. Om lag halvparten av alt mangfald av matplanter som ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over, er med dette sikra i Svalbard globale frøhvelv. Noreg gir årleg eit bidrag tilsvarande 0,1 pst. av omsetnaden av såvarer i Noreg til Fondet for fordelsdeling under Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk og støttar samstundes opp om arbeidet for bønder sine rettar med sikte på å styrkje lokal forvaltning av plantegenetisk mangfald.

God agronomi

God agronomi er viktig for å ta ut avlingspotensialet, heve kvaliteten i produksjonen og for å redusere klima- og miljøbelastninga frå landbruket. For å leggje til rette for berekraftig produksjon av nok og trygg mat over heile landet, treng vi oppdatert kunnskap om agronomi, klimatilpassing og miljøomsyn både hos den enkelte bonden og i heile apparatet rundt norsk matproduksjon.

Det er viktig at norsk landbruk er godt rusta for eit klima i endring, med høgare temperaturar, meir nedbør, flaum, tørke og truslar frå ulike skadegjerarar. Auka nedbørsmengder, særleg over kort tid, kan dra med seg avlingar og god matjord, påverke kvaliteten og mengda på avlinga og gjere det vanskeleg å komme ut på åkeren med tunge køyretøy. Eit varmare og våtare vêr vil dessutan gjere norsk landbruk utsett for framande artar og sjukdom. For å lukkast må vi tenkje nytt omkring driftsmetodar og utvikle plantemateriell som toler eit våtare klima, og som er meir robust mot sjukdom og skadegjerarar. I tillegg til kunnskap innan agronomi, jordhelse, og sortsutvikling, vil utvikling og bruk av ny teknologi vere sentralt for å møte dei utfordringane vi står framfor.

Forsking på klimatilpassa og berekraftig matproduksjon har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet. Dei seinare åra er det finansiert fleire forskingsprosjekt på området, til dømes prosjektet OPTIKORN, som blir leia av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Prosjektet har som hovudmål å utvikle tilpassingsstrategiar for norsk kornproduksjon i møte med eit framtidig våtare klima, slik at avlingspotensialet kan haldast ved lag eller aukast. Resultat frå prosjektet skal bidra til kunnskap om drenering, jordstruktur og gjødsling som trengst for å lage strategiar som reduserer risikoen for jordpakking og vassmetting, og som minimerer tap av næringsstoff til luft og vatn. Førebelse resultat viser at rett drenering gir lågare klimagassutslepp, i tillegg til høgare avlingar. Gjennom nasjonal oppfølging av samfunnsoppdrag om jordhelse innan Horisont Europa, blir innsatsen trappa opp for å utvikle kunnskap og praksis til beste for jordsmonn og jordhelse.

God agronomi handlar òg om å gjere rette val til rett tid og på rett stad, og her spelar presisjonsjordbruk ei viktig rolle. Presisjonsjordbruk handlar om å tilpasse til dømes gjødselmengda og sprøytemengda til stadsspesifikke behov. Ved Senter for presisjonsjordbruk ved NIBIO Apelsvoll blir det utvikla og testa teknologiske løysingar for jordbruket i dag og i framtida. I prosjektet PRESIS utviklar dei eit heilskapleg system som skal sørgje for at norske bønder får tilgang på brukarvenlege, teknologiske tenester som er godt testa og tilpassa norske forhold. Dei ulike tenestene vil kunne bidra til å redusere unødige klima- og miljøbelastningar frå jordbruket, gi auka effektivitet og betre driftsøkonomi på gardsnivå. PRESIS-prosjektet er finansiert over jordbruksavtalen og er eit samarbeid mellom NIBIO, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og småbrukarlag og Norsk Landbruksrådgiving (NLR). NLR har rolla som fagleg bindeledd mellom forsking og landbruket med tanke på å utvikle god agronomi og auka kompetanse i næringa.

Vareta kulturlandskapet og naturmangfaldet

Det er eit mål å vareta og utvikle kulturlandskapet. Over jordbruksavtalen er det sett av midlar gjennom miljøprogramma, der mellom anna regionale prioriteringar ligg til grunn for tiltak for å ta vare på viktige miljøverdiar. Tilskott til tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket bidreg til å ta vare på særskilde landskap over heile landet, med stort biologisk mangfald i tillegg til kulturminne og kulturmiljø. Saman med midlar frå Klima- og miljødepartementet blir 51 ulike landskap tekne vare på gjennom ordninga. Dei respektive kommunane er tett på forvaltninga ved mellom anna å administrere tilskott. For å støtte landbruket og oppretthalde kulturlandskapet i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, er det òg sett av særskilde midlar. Frå 2023 er verdsarven Røros bergstad og Cirkumferensen òg omfatta av midlane, og i 2024 vil òg tilhøyrande buffersone inngå i ordninga. Midlane kjem i tillegg til midlane frå Klima- og miljødepartementet.

Overvakingsprogrammet 3Q (Tilstandsovervåking og resultatkontroll i jordbruket sitt kulturlandskap) er basert på ei nasjonal utvalskartlegging som dokumenterer arealbruk, kulturminne og kulturmiljø, biologisk mangfald og tilgjengelegheit på eit representativt sett av overvakingsflater. Overvakingsflatene ligg spreidde over heile landet. Programmet inkluderer feltarbeid på eit utval av flater for å registrere fuglar, planter, bygningsmiljø og kulturminne, og for å dokumentere landskapet sin utsjånad ved hjelp av fotografi.

3Q-registreringane har pågått gjennom 25 år.

Med tidsseriar bakover i tid, kan ein òg fange opp endringane som ein kan forvente framover.

Jordbruksproduksjonen er sjølve grunnlaget for kulturlandskapet, både produksjon og driftsmåte har innverknad.

Programmet viser at det ikkje skjer store og dramatiske endringar på nasjonalt nivå. Programmet rapporterer òg på regionale endringar, og der blir endringar meir synlege. Areal går ut av bruk, men areal blir òg teke i bruk igjen til produksjon. Det er tendensar til aukande ulikskap mellom regionar i Noreg. I programmet blir òg endringar som er viktige både for naturmangfaldet og kulturhistoria i landskapet, registrerte. Både planter og fugl blir overvaka, og ein har òg starta noko overvaking av humlar og dagsommarfuglar.

Overvakinga viser at jordbrukslandskapet i stor grad varetek grunnlaget for eit biologisk mangfald til dømes knytt til steinrøyser, steingjerde og einslege tre. Grøfter og bekkar blir i liten grad lagde i røyr, sjølv om driftsstrukturen har endra seg mykje over tid. Nye dammar kjem til. Når det gjeld førekomst av hekkefuglar og karplanter i jordbrukslandskapet har val av produksjon og driftsmetodar stor innverkna. Det er likevel ein tendens til at jordstykka blir større i område der det er formelle eigedomsgrenser og ikkje naturen som set grenser for jordstykkestorleiken. I område med relativt små jordstykke er situasjonen annleis. Følgjeleg aukar forskjellar mellom ulike landskapsregionar.

Nasjonalt blir det registrert at det ikkje er store netto endringar i jordbruksareal i drift. Men overvakinga dokumenterer at det både er område med nedlegging og andre med nydyrking/ny bruk. Dette gir lite netto endring i statistikken, men har verdi for dei som bur og driv i dei ulike områda og eigenskapane til areala som inngår.

Nasjonal pollinatorstrategi, som blei lagd fram i 2018, blir følgd opp på fleire måtar i verkemiddelsystemet i jordbruket. Frå og med 2019 er det lagt til rette for tilskott for tilsåing og skjøtsel av soner med pollinatorvenlege frøblandingar på jordbruksareal gjennom dei regionale miljøprogramma. Element frå strategien blir òg følgde opp gjennom ordningane Utvalde kulturlandskap i jordbruket, Handlingsplan for plantevernmiddel, SMIL og Klima- og miljøprogrammet. Norsk Landbruksrådgiving formidlar kunnskap om gode tiltak for pollinerande insekt til bønder i heile landet. Tiltaksplan for ville pollinerande insekt (2021–2028) presenterer statens samla innsats innan og mellom sektorane. Tiltak i landbruket er tilskott til frøavl av norske villblomblandingar over jordbruksavtalen, overvaking av pollinatorar i jordbrukslandskap og auka kunnskap om verdien av skog for pollinerande insekt.

Regjeringa følgjer opp Strategi for urbant landbruk (2021). At fleire i samfunnet får kunnskap om matproduksjon og at fleire areal i byar og tettstadar blir haldne i hevd, gir lokalt eigarskap til matjorda, og bidreg til matsikkerheit og beredskap.

10 Mål: Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

Fornying og utvikling i offentleg sektor

Tillitsreforma

I juni 2023 publiserte regjeringa ei oversikt over tiltak som er sett i gang innanfor dei ulike departementa sine ansvarsområde så langt. Mattilsynet og Landbruksdirektoratet arbeider med fleire viktige tiltak som del av reforma.

Digitalisering

Digitalisering av tenester og interne arbeidsprosessar er ein integrert del av regjeringa sitt arbeid med å fornye og utvikle offentleg sektor. Landbruks- og matsektoren skal halde fram med å tilby fleire og meir brukarretta digitale tenester. Digitale tenester skal bidra til å gi innbyggjarar og næringsdrivande ein enklare kvardag, samstundes som dei kan leggje til rette for at stat og kommune kan løyse oppgåvene sine meir effektivt. Digitale tenester kan òg leggje til rette for auka verdiskaping, kvalitet, tillit til offentlege tenester og demokratisk deltaking. Å leggje til rette for deling av offentlege data skal òg kunne danne grunnlag for ny næringsverksemd. Kommunikasjonen mellom forvaltninga og brukarane skal normalt skje gjennom digitale, nettbaserte tenester. Digitalisering av interne arbeidsprosessar kan gi innsparingar og betre utnytting av ressursane, i tillegg til å auke kvaliteten.

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet heldt i 2022 fram med digitaliseringsarbeidet. Aktiviteten og bruken av ressursar blei i 2022 vesentleg påverka av to store upårekna hasteoppgåver; utbetaling av straumstønad til jordbruks- og veksthusnæringa og ekstrautbetaling av produksjonstilskott. Det gjorde at fleire mindre digitaliseringsprosjekt blei utsette til 2023.

I midten av januar vedtok regjeringa at den ville kompensere straumutgifter for veksthusnæringa og jordbruket. Etter rundt ein månad hadde direktoratet utvikla ei digital løysing for utbetaling av straumstønad. Dei digitale løysingane blei kontinuerleg tilpassa og vidareutvikla etter nye behov og endring av regelverk gjennom heile 2022. Ekstrautbetalinga av produksjonstilskott, på om lag 1 450 mill. kroner, blei realisert gjennom vidareutvikling av eksisterande fagsystem for produksjonstilskott.

Landbruksdirektoratets strategiske plan for 2021–2025 har høg merksemd på digitalisering. Arbeidet med å auke digitaliseringsgraden og effektiviseringa av tenestene og fagsystema for skogbruksforvaltninga har vore eit satsingsområde for direktoratet over fleire år. Eitt av tiltaka har vore å tinge og ta i bruk ei ny plattform som har ført til ei kostnadseffektiv og rask utvikling av kartløysinga for skogforvaltninga. Den vil òg bidra til ei kostnadseffektiv utvikling av kartløysingar for andre område i direktoratet og for visualisering av kartdata. I 2022 leverte direktoratet òg ei mobil kartløysing kalla SKART. Den første versjonen, som blei lansert hausten 2022, inneheld ein funksjon som kommunane kan bruke for å handtere «resultatkartlegging skog og miljø». I tida framover vil SKART bli utvida.

I 2022 avslutta Landbruksdirektoratet to store digitaliseringsprosjekt; direktoratet sitt nye intranett, Innsikt, og nytt register for reinmerke.

Landbruksdirektoratet arbeider med å utvikle nye digitale fagsystem for reindrift. I 2024 skal direktoratet ha utvikla nye system for melding om reindrift og for søknad om tilskott. Nye system vil bidra til å gjere reindriftsforvaltninga meir effektiv og sikre lik handsaming av like saker. Reindriftsnæringa vil få store fordelar av ei meir effektiv forvaltning og gode digitale løysingar for innlevering av melding om reindrift og søknader.

Digitaliseringsprosjektet for erstatningsordningane har hatt høg aktivitet i 2022 og lagt eit godt grunnlag for lansering av dei enkelte erstatningsordningane i 2023.

Mattilsynet

Mattilsynet har i lang tid hatt merksemd på å effektivisere og forbetre drifta. Trygg og kostnadseffektiv elektronisk datafangst og datadeling, og god datakvalitet er ein kritisk suksessfaktor for effektiviseringa av Mattilsynet dei neste åra. Digital teknologi bidreg til meir effektiv brukardialog og utvikling av nye effektive metodar som Mattilsynet kan nytte i det offentlege kontrollarbeidet.

For å få fortgang på digitaliseringsarbeidet etablerte Mattilsynet i 2022 ni produktteam og eit plattformteam. Produktteama er tverrfaglege og har ansvaret for ulike fagdomene. Innanfor sitt område skal dei levere gode verktøy og betre tenester for interne og eksterne brukarar, i tillegg til å vere med på å endre måten Mattilsynet løyser samfunnsoppdraget på. Arbeidet har allereie ført til gode resultat. Å ha dedikerte utviklingsressursar med inngåande innsikt i viktige fagområde er av stor verdi. Det er klare fordelar av å ha fleire eigne tilsette som løyser digitaliseringsoppgåvene, mellom anna gjennom auka føreseielegheit for kva kompetanse og kva ressursar Mattilsynet har tilgjengeleg.

Brukarretta digitale tenester er ein av grunnpilarane i den digitale utviklinga av Mattilsynet. Tidlegare har tenestene i hovudsak vore nettsidene og skjematenestene. Nå utviklar eller vidareutviklar Mattilsynet tenester der brukarane kan løyse utfordringar betre, mellom anna korleis dei melder inn bekymringsmeldingar, eller som direkte effektiviserer kvardagen deira, noko Mattilsynet har tilrettelagt for gjennom elektroniske eksportsertifikat.

I tillegg vil det bli arbeidd med avanserte analysar og datadriven automatisering for å hjelpe og effektivisere kvardagen til medarbeidarane i organisasjonen. Dette vil gi betre og meir effektiv kontroll som òg vil komme næringslivet til gode gjennom moglegheita for mellom anna meir automatisert innhenting av data.

Norsk institutt for bioøkonomi

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) tilbyr ei rekkje nettbaserte tenester som har sitt opphav i instituttet si forsking og kunnskapsutvikling. Dette er ulike digitale plattformer, nettløysingar og verktøy som skal forenkle kvardagen til aktørar innan næringsliv og forvaltning. I stor grad handlar tilboda om geografisk informasjon.

Kilden er hovudkartløysinga til NIBIO. Her er all data til instituttet samla på ein stad saman med eit utval andre sentrale, nasjonale datasett. I 2022 starta arbeidet med ei ny plattform for Kilden som vil gi auka fleksibilitet, nye funksjonar og nye kartlag.

I Landsskogtakseringa har NIBIO utvikla og forbetra det nasjonale skogressurskartet SR16 som ligg på Kilden. Dekningsområdet er utvida til å omfatte all skog i heile landet. Eit betre tilbod har ført til ein sterk auke i bruken av SR16 i skognæringa, forsking og forvaltning. Betre skogressurskart reduserer kostnadene med å utarbeide skogbruksplanar vesentleg.

I 2022 har NIBIO vidareutvikla Grovfôrmodellen. Dette er ei digital teneste som gardsbrukarar og rådgivarar brukar til beslutningsstøtte for haustetid i grovfôrproduksjonen. Modellen blir òg brukt i undervisning på naturbruksskular og i høgare landbruksfagleg utdanning.

NIBIO har gjennom mange år utvikla kunnskap om optimale gjødslingsstrategiar. Kalkulatoren Optimal-N-gjødling til korn har vore mykje brukt i 2022. Ikkje minst har dette tilbodet vore viktig som følgje av høge prisar på gjødsel.

I 2021 blei barkebilleovervakinga heildigitalisert med registrering av data i felt og rapportering av billefangstar på kart i Kilden. Visninga på Kilden inkluderer no fleire kartlag med informasjon som er viktig for utbrottsrisiko. Tilbodet har blitt vidareutvikla og forbetra i 2022.

AR5 er eit detaljert kart som viser arealressursane med vekt på produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk. Det er eit detaljert og nasjonalt heildekjande datasett, der landareal er delt inn etter arealtype, skogbonitet, treslag og grunnforhold. NIBIO har utvikla ein web-basert kartoppdateringsløysing for kommunane slik at dei kan ajourhalde kartet på ein enkel måte utan å vere GIS-spesialistar.

Digitale data frå NIBIO inngår òg i tenester som andre tenesteytarar leverer. Instituttet sine digitale tenester er viktige for driftsplanlegging, dokumentasjon av tilskottsrettkomme areal, klimatilpassing, potensial for ulike sortar, miljø- og gjødselplanar på den enkelte eigedom og som støtteinformasjon i radiobjøllesystem. Ved å tilby informasjonen samla gjennom brukarvenlege tenester på internett, får næringsdrivande tilgang til oppdatert informasjon i ei døgnopen teneste. I tillegg gir eit einskapleg kartgrunnlag rett fordeling av tilskott på tvers av kommunar og fylke. Samstundes kan landbruksrådgivinga utføre sine oppgåver med høg kvalitet og effektivitet.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet (VI) arbeider kontinuerleg for tenesteutvikling og digitalisering av verksemda, både for betre samhandling med kundar og oppdragsgivarar og for å betre instituttet sine eigne kunnskapssystem.

Målet for digitaliseringa er å leggje til rette for auka verdiskaping og innovasjon, i tillegg til å medverke til auka samhandling og produktivitet, både internt og eksternt. Digitale verktøy kan bidra til at forvaltninga får raskare laboratorieresultat, saumlaus overføring av data, auka digital kunnskapsproduksjon og -formidling. Satsingsområdet digital transformasjon er høgt prioritert ved Veterinærinstituttet.

I 2023 blei det etablert ei programorganisering for digitaliseringsarbeidet ved instituttet. Programmet omfattar dei prioriterte satsingsområda og prosjekta instituttet har. Programorganiseringa skal styrkje prosjekta med ressursar i form av leiing, prosjektmetodikk og tilsette med kritisk IT-kompetanse. Arbeidet med digitaliseringa er no tverrfagleg prosjektorganisert. Det viktigaste prosjektet i nær framtid er innkjøp og implementering av nytt prøvejournalsystem og tilhøyrande integrasjonsplattform for visualisering av data. Dette er blant dei mest verksemdskritiske leveransane. Dette vil òg resultere i betre integrasjon og dataflyt med ny infrastruktur og nytt utstyr.

Veterinærinstituttet ser at det blir stadig stilt større krav til god digital infrastruktur for å komme framtidige behov i møte og å løyse samfunnsoppdraget. Dette inkluderer både aktivitet internt i instituttet og formidling av instituttet sine tenester. VI ser òg auka behov for arbeid med informasjonssikring og hensiktsmessige løysingar for lagring av store datamengder.

Miljødirektoratet (haustbare viltressursar)

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for etatsstyring av Miljødirektoratet på området haustbare viltressursar, og for regelverk om utøving av jakt og fangst. Om lag 537 000 personar er registrerte i Jegerregisteret. Alle som skal drive med jakt, lisensfelling eller fangst må betale jegeravgift, og dei som skal jakte storvilt må òg ta skyteprøve. Alle jegerar har si eiga side, Mi jegerside der dei kan logge seg på Jegerregisteret, og få oversikt over alle data som er registrerte for vedkomande. Applikasjonen Min jegerdokumentasjon hentar data frå Jegerregisteret og gir dokumentasjonen som er naudsynt under jakt, felling og fangst. Miljødirektoratet arbeider vidare med å digitalisere resterande dokumentasjon.

Kommunar, jegerar og andre rapporterer årleg frå jakt på elg, hjort, rådyr og villrein i Hjorteviltregisteret. Årleg skal om lag 15 000 vald sende inn fellingsrapportar. I 2021 blei det opna for elektronisk levering av fellingsrapportar, og rundt 1 000 nytta denne moglegheita. Applikasjonen Sett og skutt kan nyttast av hjorteviltjegerar for enkel rapportering undervegs i jakta, og har gitt ei effektivisering for samfunnet og ei forenkling for jegerane.

Gode system for samfunnstryggleik og beredskap

Departementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor, og ansvaret er hovudsakleg knytt til matproduksjon og -sikkerheit. Ei viktig oppgåve i departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er å oppretthalde og redusere risikoen for at det skjer uønskte hendingar i den kritiske samfunnsfunksjonen Matforsyning. Her har departementet ansvar for å bidra til å gjere landet best mogleg dekt med innanlandsk produserte landbruksvarar i ei krise, og i tillegg bidra til å oppretthalde forsyninga av naudsynte landbruksvarer gjennom import. Ein føresetnad for dette arbeidet er samarbeid med andre styresmakter og aktørar i heile verdikjeda, både i det førebyggjande arbeidet og ved handtering av kriser.

For å sikre kontinuitet i matforsyninga må departementet og underliggjande verksemder i størst mogleg grad kunne drive verksemda vidare, uavhengig av eventuelle uønskte hendingar og kriser. I styringsdialogen med underliggjande verksemder får arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav i tildelingsbrev, i verksemdsinstruksane og i styringsdialogen.

Landbruksdirektoratet har viktige oppgåver opp mot sikkerheit og beredskap i landbruk og matforsyning. Oppgåvene omfattar handtering av hendingar og kriser innanfor matforsyning, skog, reindrift og natur- og avlingsskadar. Landbruksdirektoratet starta i 2021 eit arbeid med å etablere eit nytt styringssystem for informasjonssikkerheit, basert på råd og malar frå Digitaliseringsdirektoratet, som igjen byggjer på ISO 27001. Dette arbeidet har halde fram i 2022 og målet er å ta i bruk systemet i 2023. Direktoratet har fleire tiltak for å byggje ein god sikkerhetskultur, mellom anna kurs i informasjonssikkerheit for alle tilsette, øvingar og beredskapssymposiar for leiinga. Landbruksdirektoratet har ansvaret for drift av Landbruks- og matCERT der Mattilsynet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet inngår. Landbruks- og matCERT er registrert partnar av Nasjonalt cybersikkerhetssenter (NCSC). Alle dei tilknytta verksemdene til departementet mottek, som ein deltakar i Landbruks- og matCERT, støtte og informasjon om informasjonssikkerheit fra NCSC. I 2022 er det i Landbruks- og matCERT gjennomført 2 øvingar med dei tilknytta verksemdene.

Mattilsynet har ei sentral rolle i arbeidet med å sikre forbrukarane tilgang til trygg mat. Grunna utviklinga i trusselbiletet har Mattilsynet i 2022 hatt behov for å sikkerheitsklarere eit aukande tal medarbeidarar. Mattilsynet opplever utfordringar med oppfølging av leverandørar av skytenester og datahandsamarar. Det er iverksett fleire tiltak for å redusere risikoen, men det står att eit vesentleg arbeid på dette området.

Veterinærinstituttet (VI) er eit beredskaps- og forskingsinstitutt, og er den viktigaste kunnskapsleverandøren for førebygging, oppklaring og handtering av zoonosar og alvorlege smittsame sjukdommar hos fisk og landdyr. I 2022 har det føregått arbeid med å førebu flytting av den gjenverande laboratorieaktiviteten på Adamstuen. Det blei i 2022 utarbeidd 25 risikovurderingar som omhandla ulike aktivitetsområde.

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er eit forskingsinstitutt som bidreg til matsikkerheit og mattryggleik, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping gjennom forskning og kunnskapsproduksjon. NIBIO har gjennomført risikovurderingar innanfor fleire område, til dømes konflikten i Ukraina, informasjonssikkerheit og rekrutteringsutfordringar og begrensa tilgang på relevant kompetanse.

Aktivitet i Landbruks- og matdepartementet

I byrjinga av 2022 hadde koronapandemien framleis merksemd i departementet sitt arbeid med sikkerheit og beredskap. Konflikten i Ukraina har òg prega arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i 2022. Arbeidet har krevd vesentlege ressursar både i arbeidet mot sektor og i samarbeid med andre styresmakter.

Departementet har i 2022 gjennomført fire øvingar. Det blei mellom anna gjennomført ei diskusjonsøving som omhandla cyberangrep mot sentrale IKT-system. Det blei òg gjennomført ei diskusjonsøving med utgangspunkt i ei krise kor verdikjeda for mat blei ramma av eit cyberangrep. I øvinga deltok departementet, Mattilsynet, Landbruksdirektoratet og Veterinærinstituttet. Det har òg blitt gjennomført ei evakueringsøving ved Svalbard Globale Frøhvelv.

Oppfølging av ny tryggingslov

Lov om nasjonal sikkerheit (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å tryggje dei nasjonale sikkerheitsinteressene og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande hendingar. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir tryggja ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder av avgjerande verdi for GNF blir underlagde tryggingslova, og naudsynte sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar blir gjennomførte. For å vareta formålet med lova, vil GNF-prosessen vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande verdi, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som vil krevjast for å oppnå eit forsvarleg tryggleiksnivå, kan òg bli endra.

Landbruks- og matdepartementet har identifisert følgjande GNF i eigen sektor:

Landbruks- og matdepartementet si verksemd, handlingsfridom og avgjerdsdyktigheit. Denne omfattar departementet si rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggjande verksemder.

Landbruks- og matdepartementet har òg eit delansvar for den tverrsektorielle GNFen Matvareforsyning, fastsett av næringsministeren. Ansvaret for GNFen Matvareforsyning er delt mellom Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Landbruks- og matdepartementet sitt ansvar er knytt til nasjonal produksjon av landbruksprodukt og import av landbruksvarer.

11 Mål: Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken

Forsking, innovasjon og kompetanse er viktig for å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken: matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar (sjå programkategori 15.20). Denne rapporteringa viser korleis forskingsinnsatsen på utvalde område bidreg til å nå desse måla. Landbruks- og matdepartementet sine midlar til forsking og innovasjon støttar nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon til forbrukar – og legg på den måten eit viktig grunnlag for auka innovasjon og konkurransekraft i næringa. Forskingsmidlar frå departementet finansierer nasjonale forskingsprosjekt, innovasjonsprosjekt i næringslivet og norsk deltaking i europeiske forskarnettverk.

Matsikkerheit og beredskap

Forsking på matområdet har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet. Ny kunnskap skal bidra til å sikre forbrukarane nok og trygg mat av god kvalitet. Det er avgjerande å sjå heile verdikjeda under eitt, og forskinga dekkjer difor breitt, frå husdyravl og sortsutvikling til metodar for å betre mattryggleiken i næringsmiddelindustrien. Prosjekt innanfor område som dyrehelse, dyrevelferd og antibiotikaresistens bidreg til å halde ved lag den gode posisjonen Noreg har når det gjeld mattryggleik. I tillegg er forsking på klimatilpassa produksjon, forbetra agronomisk praksis og teknologiutvikling viktig for auka og meir berekraftig matproduksjon basert på norske ressursar.

Dyre- og plantehelse, som kan ha stor innverknad på mattryggleiken, òg dyrevelferd er eit viktig forskingsområde. Dei siste åra er det utvikla mykje ny kunnskap om god dyrehelse og -velferd i husdyrproduksjon. Til dømes har Veterinærinstituttet (VI) koordinert fleire forskingsprosjekt på kalvehelse og -velferd.

Problemstillingar knytte til matsikkerheit og beredskap kan ikkje berre handterast nasjonalt. Norske forskingsmiljø er godt representerte i internasjonalt forskingssamarbeid innanfor landbruk, matsikkerheit, mattryggleik, klimaforandringar, dyrehelse og dyrevelferd, inkludert antibiotikaresistens.

Ulike spørsmål knytte til matsikkerheit er òg sentralt i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, der norske aktørar hevdar seg særs godt i konkurransen med andre land.

Boks 11.1 Digital transformasjon av kjøttkontroll

Prosjektet EyeAM skal utvikle eit konsept for digital transformasjon av kjøttkontroll. Dette inneber meir automatiserte kjøttkontrolløysningar. Formålet med prosjektet er å definere, utvikle og demonstrere nye løysningar for overvaking og kontroll av kjøttryggleik, dyrevelferd og dyrehelse i slakteri. Vidare skal EyeAM skape eit informasjonssystem for næringskjeda og kjøttkontroll og gi ein automatisert og objektiv vurdering av slaktedyra si reinslegheit.

Prosjektet blir leia av Animalia AS i samarbeid med NMBU, Meats AS, Farm4Trade, Fatland Oslo AS, Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF) og Nortura. EyeAM er finansiert gjennom Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter (FFL) og varar fram til 2025.

Boks 11.2 Betre og meir stabil kålrot

Kålrotprodusentar opplever i dag eit aukande problem med førekomst av dårlegare kvalitet i kålrøter grunna meir tørke og varmare vekstforhold i Noreg. Det er behov for betre kunnskap om samanhengane mellom kvalitet og dyrkingsforhold, og responsane til kålrotplanten på til dømes tørkestress og gjødsling. Sensor-, kamera- og datateknologi kan gi nye moglegheiter for å overvake og kartleggje utviklinga i plantene undervegs i vekstsesongen. Forskingsprosjektet vil gjennomføre kontrollerte produksjonsforsøk og bruke funna til å utvikle metodar for varsling om tørkestress og tilpassa vatnings- og gjødslingstiltak for norske kålrotfelt under klimaendringar.

Prosjektet er eit samarbeid mellom kålrotprodusentar, Easygrowth AS, Biodrone AS og andre aktørar i verdikjeda, men blir leia av NIBIO i Tromsø. Forskingsprosjektet er finansiert gjennom tildelingar frå Forskingsrådet og Grofondet, og varar fram til 2026.

Landbruk over heile landet

Forsking på landbruks- og matområdet skal byggje opp under målet om landbruk over heile landet. For å møte kunnskapsbehova og løyse utfordringane der dei oppstår, er det viktig med forskingsmiljø som er til stades i ulike delar av landet og har kompetanse om lokale forhold. Stor geografisk spreiing av forskingsinstitutta er viktig for det nære samarbeidet med næringsliv og forvaltning. Det er òg viktig at alle fylka tilbyr landbruksutdanning i vidaregåande opplæring, og fleire fylke har fagskuletilbod i ulike landbruksfag. På universitets- og høgskulenivå er det tilbod om landbruksutdanning på tre ulike stadar i landet; Nord universitet, Høgskolen i Innlandet og Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

For å utnytte moglegheitene som ligg i eit langstrakt land med variert topografi og klima, er mellom anna auka kunnskap om bruk av jord- og beiteressursane sentralt. Det er tildelt midlar til fleire forskingsprosjekt på området dei seinare åra. Til dømes skal Sagaplant AS forske på klimatilpassa sortar, planter og dyrkingsteknikk for å gi stabil og auka produksjon av solbær, rips og stikkelsbær i Noreg.

Vidare har det blitt sett i gang fleire forskingsprosjekt som bidreg til ei berekraftig reindrift, mellom anna prosjektet Welfed. Prosjektet skal sjå på kva for effektar tilleggsfôring av reinsdyr på vinterbeite på grunn av dårlege beiteforhold kan ha for reindriftsnæringa.

Departementet sine midlar til FORREGION er sentrale for å støtte opp under målet om landbruk i heile landet. Programmet er styrt av fylkeskommunane med støttetenester levert av Forskingsrådet. FORREGION legg til grunn dei unike moglegheitene og utfordringane i kvar region, og har som mål å auke verdiskaping, konkurransekraft og omstillingsevne i heile landet.

Auka verdiskaping

Forsking skal bidra til auka verdiskaping i landbruks- og matsektoren. Landbruks- og matdepartementet bidreg til å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor ved å stimulere næringane til å forske meir og å gjere nytte av resultat frå både eiga og anna forsking. Tematisk innretta budsjettformål som BIONÆR og ENERGIX, som lyser ut midlar til innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN), er viktige verkemiddel for å auke FoU-aktiviteten i næringslivet. I tillegg til IPN-prosjekt, er Forskingsmidlar over jordbruksavtalen og Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt viktige kjelder til finansiering av næringsretta forsking i landbruks- og matnæringa.

Digitalisering og robotisering av landbruket er i sterk utvikling og spelar ei viktig rolle i Noregs framtidige matproduksjon og arealforvaltning. Sensorar, kamera og andre verktøy montert på ein traktor eller ei drone, mogleggjer oppgåver og løysingar som tidlegare var utenkelege. For å realisere dei teknologiske moglegheitene er det heilt naudsynt at ny kunnskap og forsking er tilgjengeleg for næringa. Kunstig intelligens er òg ein teknologi som kan styrkje landbrukssektoren og vil ytterlegare bidra til å skape fleire teknologiske moglegheiter og løysingar. Regjeringa vil leggje fram ein ny heilskapleg digitaliseringsstrategi i 2024.

Boks 11.3 Teknologi som hjelper bonden og miljøet

Overforbruk av plantevernmiddel i jordbruket har klare negative effektar på natur og nærmiljø. Selskapet Dimensions Agri Technologies har saman med NIBIO sett i gang eit prosjekt for å lage ein sensor som tillèt automatisk gjenkjenning og målretta behandling av ugras. Målet er mindre miljøfotavtrykk, auka matproduksjon og betre økonomi for bonden. Forskingsprosjektet vil vere avgjerande for vidareutvikling av norsk presisjonsjordbruk gjennom redusert kjemikaliebruk og auka avling.

Prosjektet er finansiert av Forskningsrådet og vil bli avslutta i 2024.

BIONÆR og ENERGIX følgjer opp departementet sine føringar for å levere kunnskap om skog- og trebasert næringsverksemd. Dei finansierer både mindre innovasjonsprosjekt i treindustrien og store, tverrfaglege prosjekt om kva for rolle skogen har i klimasamanheng. I dei seinare åra er det innvilga prosjekt innanfor alt frå skogplanteforedling til bygging av høghus i tre.

Boks 11.4 Fôrsystem i framtida – ein berekraftig agri-industri

Klimaendringane byr på større utfordringar i form av tørke, flaum og varierande avlingar som kan føre til hyppigare fôrkrisar. Samstundes skal landbruket utviklast berekraftig, bidra til auka matproduksjon og reduserte klimagassutslepp. Orkel AS og TKS Agri AS har difor gått saman med FoU-miljø for å utvikle fôrsystem for framtida. Dette skal utviklast med bruk av nye metodikkar i bedriftene gjennom det såkalla Industri 5.0 – eit nytt trinn i industriutviklinga, med fokus på kopling av teknologi, berekraft og medarbeidarar som ei plattform for produkt og tenester. Her skal forskarane skape ei verktøykasse for bedriftene som skal få Industri 5.0 til å fungere. Dette skjer ved «aksjonsforsking», der forskarane arbeider tett med dei tilsette i bedriftene.

Prosjektet, som er finansiert av Forskningsrådet, skjer i samarbeid med SINTEF, NTNU og NIBIO, og varar fram til 2026.

Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Regjeringa vil stimulere til auka landbruksproduksjon, samstundes som det skal takast omsyn til miljø og klima. Prosjekt på dette området har mellom anna omhandla biokol, berekraftig husdyrproduksjon, klimanøytrale veksthus, fangst av metan i fjøs og kunnskap innan bioøkonomi. Dette er sentralt for auka utnytting av landbruket sine fornybare ressursar til erstatning for produkt basert på ikkje fornybare ressursar.

Samfunnsoppdraget om berekraftig fôr som blei lansert i Langtidsplanen for forskings- og høgare utdanning vil, i tillegg til auka matsikkerheit, gi viktige bidrag til berekraftig landbruk med lågare utslepp, jf. omtale i programkategori 15.20. Vidare er produksjon og bruk av fornybar energi ein viktig del av bidraget frå landbruket til å redusere utslepp av klimagassar. Hovudsatsinga på energiforsking skjer gjennom ENERGIX. Prosjekta er retta mot tema som utvikling av nye og meir effektive konverteringsprosessar frå råstoff til energi, medrekna både varme og elektrisk straum. Innanfor bioenergiforskinga har områda miljø og klima, bruk av skog til produksjon av varme og drivstoff, og biogass frå husdyrgjødsel og matavfall, stått sentralt.

Boks 11.5 Meir berekraftig fôr

Prosjektet BlueMusselFeed er eit resultat av initiativet Land møter hav, som har som formål å skape fleire samarbeid mellom blå og grøn sektor. Forskingsprosjektet skal etablere nye fôrråvarer basert på blåskjel. Både blautdelen og skalet i blåskjelet inneheld verdifulle næringsstoff. Blåskjelprotein kan dermed erstatte importerte proteinrike fôrråvarer som soya og maisgluten. BlueMusselFeed dekkjer heile verdikjeda frå dyrking til fôring av kylling. Storskala dyrking av blåskjel i norske farvatn vil redusere både overgjødsling og forsuring av havet, og dessutan auke berekrafta og sjølvforsyninga i norsk matproduksjon, både på land og i hav.

Samarbeidspartnare i prosjektet er Fiskå Mølle, Lerøy Ocean Forest, Eide Fjordbruk, Norforsk, Animalia og Nortura. Prosjektet varar frå 2023 til 2025 med finansiering frå Forskningsrådet. Dette er eitt av fleire prosjekt som vil gi viktige bidrag til samfunnsoppdrag om berekraftig fôr.

12 Mål: Vareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

Handelsavtalar

Dei sentrale avtalane for handel med landbruksvarer er WTO-avtalen, EØS-avtalen og EFTAs frihandelsavtalar. I samsvar med artikkel 19 i EØS-avtalen skal Noreg og EU gjennomgå vilkåra for handelen med basis jordbruksvarer med sikte på ei gradvis liberalisering. Avtalen skal vere til fordel for begge partar og innanfor rammene av landbrukspolitikken til dei enkelte partane. Artikkel 19 har ført til auka gjensidig marknadstilgang for landbruksvarer, der ost og kjøtt er særleg viktige. Noreg og EU har inngått tre slike avtalar, den siste i 2018.

EFTA forhandlar med ei rekkje land om handelsavtalar. I august 2019 blei EFTA og Mercosur, som er eit økonomisk fellesskap mellom Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay, samde om ein frihandelsavtale. Avtalen er ikkje formelt godkjend, mellom anna fordi avtalen blir sett i samanheng med uløyste spørsmål om berekraft i avtalen mellom EU og Mercosur. Ein avtale med Moldova blei forhandla ferdig i vår, og blei signert ved EFTAs ministermøte i juni. EFTA forhandlar om nye handelsavtalar med Kosovo, Malaysia, Thailand, Vietnam og India. Vidare blir tidlegare handelsavtalar med mellom anna Chile og Det Palestinske Området reforhandla. Ved EFTAs ministermøte i juni lanserte EFTA-landa intensjonen om å starte reforhandlingar av frihandelsavtalen med Ukraina.

Marknadstilgang på landbruksprodukt står sentralt i desse forhandlingane. Arbeidet med bilaterale frihandelsavtalar for EFTA-landa vil framleis ha høg prioritet for å sørgje for at avtalane ikkje trugar viktige norske landbruksinteresser og varetek Noregs offensive interesser. For landbruksvarer er regjeringa sitt mål for slike forhandlingar at konsesjonar skal gis der importen ikkje vil kunne komme til erstatning for norsk produksjon.

Meld. St. 29 (2014–2015) Globalisering og handel slår fast at Noregs primære handelspolitiske interesse er å bevare og styrkje det multilaterale handelssystemet. Dei siste åra har det vore lite framgang i WTO-forhandlingane. På ministermøtet i WTO i juni 2022 blei det semje om ei erklæring om matsikkerheit der både nasjonal produksjon og opne handelskanalar er lagde vekt på. Det blei ikkje fatta vedtak på ministermøtet som endrar pliktene medlemslanda har knytte til landbruksstøtte og tollvern. Neste ministermøte i WTO skal haldast i Dei sameinte arabiske emirata i februar 2024.

I sum utgjer dei internasjonale avtalane for handel eit omfattande sett av plikter som Noreg må halde når det gjeld importvern og omfang og innretting av landbruksstøtta. Verkemiddelbruken i landbrukspolitikken må tilpassast slik at Noreg held seg innanfor gjeldande avgrensingar for bruk av støtte. Pliktene inneber òg ei omfattande årleg rapportering til WTO. Både forhandlingane og oppfølginga av WTO-pliktene krev aktiv deltaking i WTO for å sikre norske interesser.

Matsikkerheit

Eit stort omfang av handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er naudsynt for å sikre trygg mat som oppfyller krava forbrukarane stiller, og for å kunne fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er naudsynt for å påverke utviklinga av standardar og regelverk for å vareta norske synspunkt, og for å bidra til utvikling og utveksling av kunnskap.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Ifølgje NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor: Norges avtaler med EU, så er matområdet det kvantitativt største området under EØS-avtalen med om lag 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv Europa-politikk. Som del av oppfølginga utarbeider Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, sams prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Regjeringa legg vekt på å vareta norske interesser ved å medverke tidleg i prosessar og politikkutforming i EU. Dette kan vere løysingar som er tilpassa våre naturgitte forhold eller andre nasjonale behov, og som trengst for å kunne oppfylle dei ulike måla for landbruks- og matpolitikken.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission, ein organisasjon for matvarestandardar som ligg under FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og Verdshelseorganisasjonen (WHO), Verdsdyrehelseorganisasjonen (WOAH) og Verdsplantehelseorganisasjonen (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som legg premissar for regelverket i EU.

Dei globale matprisane nådde eit rekordhøgt nivå i mars 2022. Sidan har matprisane, med unntak av to månader, blitt reduserte for kvar månad, ifølgje FAOs prisindeks. Krigen i Ukraina og etterslep frå koronapandemien har medverka til uro i den internasjonale marknaden, og matvareprisane held seg framleis på eit historisk høgt nivå. Verdas fattige og land som er avhengige av import av korn, er særskilt råka. Ein kombinasjon av høge prisar på mat, innsatsfaktorar og energi har ført til eit auka tal som er råka av svolt. Pandemien og krigen har råka både matproduksjonen og matforsyninga, spesielt i utviklingsland. Vilkåra for jordbruket blir vidare endra som følgje av klimaendringar og manglande tilgang på jord og vatn i mange område. Plantesjukdom og skadedyr på planter er òg ein aukande trussel og fører til store økonomiske tap. Det er òg aukande merksemd på sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske (zoonosar).

Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er naudsynt for å møte dei store utfordringane globalt. FAOs mandat er breitt og omfattar mellom anna matsikkerheit, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar, inkludert land, skog, vatn, luft og genetiske ressursar. FAO spelar ei viktig rolle for å utvikle teknisk kunnskap, standardar og normer innan mat og landbruk. Antibiotikaresistens, klima, biologisk mangfald, tap av mat og matsvinn er prioriterte arbeidsområde for Noreg i FAO. Noreg vil følgje og påverke det internasjonale arbeidet mot antibiotikaresistens innanfor rammeverket for éi helse. Noreg vil òg aktivt følgje opp arbeidet i Komiteen for matsikkerheit (CFS), og initiativ som er knytt til oppfølging av FNs toppmøte for berekraftige matsystem i september 2021. Noreg vil òg støtte opp om initiativ i FAO for å avhjelpe dei umiddelbare matutfordringane i dag. Innsatsen for ivaretaking, berekraftig bruk og rettferdig deling av genetiske ressursar er viktig. Dette er følgt opp i FAOs kommisjon for genetiske ressursar og i den internasjonale plantetraktaten for mat og landbruk. Noreg vil framleis vere eit aktivt medlem i desse organa, med særskild merksemd på mellom anna rettane til bønder.

Matsikkerheit står sentralt på 2030-agendaen som eitt av dei 17 berekraftsmåla FN vedtok i 2015. FNs berekraftsmål er ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling fram mot år 2030. Toppmøtet om berekraftige matsystem i 2021 la fram ei lang rekkje løysingar og initiativ som skal medverke til ei berekraftig utvikling og synleggjere det tiåret der verda skal nå berekraftsmåla. Noreg vil aktivt følgje opp FNs berekraftsmål, sjå eiga rapportering. Noreg deltek aktivt i ei rekkje internasjonale fora på landbruks- og matområdet, både innanfor og utanfor FN-systemet.

Internasjonalt skogsamarbeid

Landa i Europa samarbeider framleis i FOREST EUROPE og vil utvikle dette samarbeidet vidare. Etter ministerkonferansen i Bratislava i 2021, tok Tyskland over leiarskapen frå Slovakia. Viktige arbeidsområde under den tyske leiarskapen vil vere europeisk samarbeid for å hindre og handtere skogskadar, grøne arbeidsplassar og berekraftig skogforvaltning for å møte samfunnsutfordringar.

FNs skogforum (UNFF), er ein viktig arena i arbeidet med å fremje forståinga av berekraftig skogforvaltning globalt. I dei siste åra er det arbeidd med å implementere den strategiske planen for arbeidet med skog i FN som blei vedteken i 2017. Den strategiske planen er eit viktig steg i arbeidet med å sikre ei heilskapleg tilnærming til berekraftig skogforvaltning i FN. Det regionale skogsamarbeidet i FN-regi skjer gjennom FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) og FAOs europeiske skogkommisjon. Noreg deltek òg her.

I tillegg til arbeidet med matsikkerheit er FAO ein viktig aktør for å fremje berekraftig skogforvaltning, og har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om ressursoversikter og kartlegging av utviklinga i forvaltning av skogressursane. FAO fremjar kunnskap om den rolla skogen spelar innanfor matsikkerheit. FAO leiar og koordinerer samarbeidet mellom dei ulike organa i FN og andre institusjonar som er engasjerte i skogspørsmål, det såkalla Collaborative Partnership on Forests (CPF).

Noreg støttar opp om arbeidet i European Forest Institute (EFI), som er eit forskingsnettverk basert på ein mellomstatleg konvensjon der Noreg er part. Instituttet forskar mellom anna på utviklinga av skognæringa i Europa og gjer eit omfattande arbeid knytt til rammevilkår for sektoren. EFI produserer eit viktig kunnskapsgrunnlag for europeiske styresmakter innanfor økonomi, klima, andre rammevilkår og internasjonal konkurranse i skognæringa.

Noreg er òg medlem i to andre regionale skogsamarbeid; arbeidsgruppa Working Group on Barents Forest Sector innanfor Barents-samarbeidet, og eit sirkumborealt samarbeid der òg Canada og USA deltek.

Nordisk samarbeid

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) arbeider for berekraftig og konkurransedyktig bruk av naturressursar. Det er eit mål å skape meirverdi og nordisk nytte for dei enkelte landa og innbyggjarane gjennom sams nordisk innsats. Statsministrane sin visjon om at Norden skal bli verdas mest berekraftige og integrerte region, og dei strategiske prioriteringane for eit grønt, konkurransedyktig og inkluderande Norden, ligg til grunn for arbeidet.

Aktiviteten i MR-FJLS fell naturleg inn under visjon og prioriteringar, og eit eige tverrsektorielt samarbeidsprogram 2021–2024 er utarbeidd i tråd med det. Målet med programmet er å syne korleis bioøkonomien kan bidra til auka verdiskaping og omstilling i rurale område. Samarbeidet omkring berekraftig proteinproduksjon i Norden vil halde fram.

Ministerrådet fører vidare arbeidet med karbonbinding og karbonlagring i jord som eit viktig og positivt bidrag frå landbrukssektoren til å løyse klimautfordringane.

Oppfølginga av FNs toppmøte om matsystem vil òg vere på dagsorden saman med ei vidareføring av samarbeidet om éi helse og antibiotikaresistens.

Ministerrådet vil framover ta tak i konfliktar knytte til bruken av matjordressursane. I lang tid har matjord blitt omdisponert til samferdselstiltak, byutvikling og andre formål – og det er etterkvart naudsynt å sikre at desse areala først og fremst blir brukte til matproduksjon. Krigen i Ukraina har i sterk grad aktualisert denne problemstillinga og behovet er større for tiltak for auka mattryggleik. På ministermøtet på Island i juni 2023 blei det vedteke at ein og skal arbeide med rekruttering til næringane i MR-FJLS og vidareføre arbeidet for å avgrense matsvinn. Samarbeidet om bevaring og bruk av genressursar gjennom NordGen er godt, og vil halde fram.

13 Likestilling

Likestilling i jordbruket

Det følgjer av likestillings- og diskrimineringslova at alle uansett kjønn, alder, etnisitet, religion med meir skal ha dei same moglegheitene til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og landbruksbaserte næringar. Haldningsskapande arbeid, utdanning, rådgiving, økonomiske verkemiddel og gode, funksjonelle velferdsordningar er viktige for å bidra til likestilling og rekruttering til landbruket over heile landet. Satsing på berekraftig landbruk, sirkulær- og bioøkonomi og teknologiutvikling i, og i tilknyting til landbruket, vil vere viktig i framtida og krevje ny type kompetanse utover den tradisjonelt landbruksfaglege. Regjeringa vil skape interesse og gode forhold for alle som kan støtte opp om ei positiv utvikling i landbruket og reindrifta.

Landbruks- og matdepartementet har dei seinare åra hatt god tilgang på statistikk for kjønnsbalanse og likestilling innanfor landbruket og reindrifta. Det er stort sett flest opplysningar om kjønn, alder, geografisk fordeling og grupper under velferdsordningar.

Resultatkontrollen for gjennomføringa av landbrukspolitikken er ei årleg utgreiing og publikasjon frå Budsjettnemnda for jordbruket. Resultatkontrollen viser utviklinga i jordbruket i forhold til dei mål og retningsliner Stortinget har trekt opp. Resultatkontrollen inneheld oppdatert statistikk for mellom anna kjønns- og aldersfordelinga innan landbruket, og viser i tillegg historisk utvikling for kjønn, alder og utdanning på dette området.

Det siste året har talet på kvinnelege eigarar av landbrukseigedommar auka noko. I følgje tal frå SSB ved utgangen av 2021 var det 180 025 landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal. På 67 pst. av eigedommane er det mannleg eigar, mens kvinner eigde 26 pst. av eigedommane. For dei resterande eigedommane er eigaren til dømes eit aksjeselskap, anna selskap, ein utanlandsk eigar eller at eigaren ikkje er oppgitt.

Statistikk frå søknad om produksjonstilskott viser at det i 2022 var nær 35 850 enkeltpersonføretak (verksemder med personleg brukar) i jordbruket. Over tid har delen kvinner auka, og i 2022 var 17,1 pst. kvinner. I 2021 var talet på jordbruksføretak drivne av kvinner 16,8 pst., mens det var høvesvis på 12,9 pst. i 1999 og 14,4 pst. i 2010. Denne statistikken gir likevel ikkje eit fullstendig bilete av kvinnene si samla deltaking i drifta av norske jordbruksføretak. Ei årsak til dette er at det berre er éin person som kan stå oppført som søkjar per enkeltpersonføretak. Det er òg mange kvinner som deltek i drifta på gardsbruk som ikkje er drivne som enkeltpersonføretak. For slike verksemder har ein ikkje informasjon om det er menn eller kvinner som deltek i drifta.

Arbeidsforbruket i jordbruket går ned både for kvinner og menn, men reduksjonen er størst for kvinner. I 2020 utførte kvinner 24 pst. av registrert arbeidsforbruk, mot 26 pst. i 1990.

Tal frå 2021 viser at gjennomsnittsalderen for kvinnelege eigarar er litt høgare enn for menn, høvesvis 60,3 år og 58,4 år. Gjennomsnittsalderen for kvinner som driv jordbruksverksemder er gjennomgåande litt lågare enn for menn. Gjennomsnittsalderen for aktive kvinnelege brukarar er i 2022 på 49,6 år, noko som er 3,5 år lågare enn for menn. Det kan over tid sjå ut til at kvinner i mindre grad tek over jordbruksbedrifter for å drive jordbruk sjølve. Det er i mange samanhengar òg peika på at gardsoverdragingar til kvinner ofte gjeld enker som eig garden i ein overgangsperiode.

Tal frå SSB for 2020 viser at høg utdanning blant nye eigarar er meir vanleg blant kvinner enn blant menn, og det er størst del kvinner med lang utdanning blant dei yngste. Blant kvinnene i den yngste aldersgruppa (under 39 år) har 58,8 pst. utdanning på universitets- og høgskulenivå. Hos menn har 23,4 pst. i den yngste aldersgruppa høgare utdanning. Ser vi på den eldste aldersgruppa som overtok gard i 2020, så har 29,4 pst. av menn høgare utdanning, og 23,7 pst. av kvinnene.

Innanfor det tradisjonelle jordbruket er kvinnedelen høgast blant bønder med hestar og/eller geiter og innanfor saueproduksjon. Kvinnedelen er lågast blant storfeprodusentar. Kvinner driv generelt jordbruksverksemder med mindre areal enn menn, men delen kvinner har auka for alle arealgruppene.

Dei siste 10–20 åra har utviklinga av andre landbruksbaserte næringar innanfor lokalmat, reiseliv, velferdstenester med garden som arena til skule, omsorg og arbeid (Inn på tunet) og serviceyting generelt vore god. Utvikling av entreprenørskapsverksemd på desse områda krev ofte anna kompetanse enn den tradisjonelle landbruksfaglege kompetansen. Kvinner er særleg aktive innan desse næringane.

Landbrukssektoren har over tid arbeidd målretta med å få fleire kvinner til å etablere seg i næringa. Fleire verkemiddel i jordbruksavtalen er innretta slik at dei skal stimulere til rekruttering, næringsutvikling, fleire nyetableringar og vekstbedrifter.

Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar) er eit særleg viktig økonomisk verkemiddel for å nå målet om næringsutvikling i, og i tilknyting til, landbruket. Formålet er å leggje til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, i tillegg til å bidra til sysselsetjing, busetjing og eit variert landbruk i alle delar av landet med utgangspunkt i landbruket sine ressursar generelt og landbrukseigedommen spesielt. Dei siste åra har i snitt halvparten av tilskottsmidlane over investerings- og bedriftsutviklingsordninga (IBU-ordninga) i landbruket blitt løyvd til kvinner. For investeringar innan andre landbruksbaserte næringar har tilskottsdelen til kvinner vore på om lag 75 pst.

Gode velferdsordningar i landbruket er viktig for å bidra til rekruttering og landbruk over heile landet. Ved jordbruksoppgjeret 2023 la regjeringa difor sterk vekt på å betre ordningane. Heving av satsane for avløysartilskotta vil gi produsentane auka moglegheit til å nytte avløysartenestene. Dette vil gi auka økonomisk tryggleik ved sjukdom og skade, og gi betre moglegheit for å ta ut ferie og fritid gjennom året.

Ved jordbruksoppgjeret 2023 blei mellom anna satsane for avløysartilskott ved sjukdom og fødsel mv. auka med 350 kroner til 2 450 kroner. Til jordbruksoppgjeret 2024 skal ei partssamansett arbeidsgruppe gjennomgå fleire av velferdsordningane, med særleg vekt på tilskottet for avløysing ved sjukdom og fødsel med meir og landbruksvikarverksemda.

Likestilling i skogbruket

Det er framleis langt fleire menn enn kvinner som arbeider innan skog- og trenæringa. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det var 5 126 menn og 1 021 kvinner sysselsette i skogbruket i 2022. Mange aktørar innan sektoren har målsetjing om å rekruttere fleire kvinner. Ei av dei viktigaste årsakene til dette er behovet som næringa har for best mogleg kompetanse. Det blir arbeidd med å synleggjere mangfaldet i bransjen og det blir gjennomført ulike tiltak for å gjere arbeidsplassar og arbeidsoppgåver meir attraktive for kvinner. Delen kvinner som blir uteksaminerte frå skogstudia i Noreg er på rundt 20 pst., noko som er lågare enn i fleire av våre naboland. Eit forskingsprosjekt som har sett nærare på skogbruket som arbeidsplass for kvinner er ferdigstilt. Prosjektet blei leia av Høgskolen i Innlandet, saman med Norges miljø- og biovitskaplege universitet og Glommen Mjøsen Skog, Kvinner i skogbruket og Skogbrukets Kursinstitutt deltok.

Kvinner i skogbruket er ein frittståande, uavhengig organisasjon som har til formål å motivere kvinner til deltaking og engasjement på alle plan innanfor skogbruket, og leggje vekt på samhald og samarbeid. Organisasjonen blei stifta i 1986 og er landsomfattande. Den er open for alle med interesse for skogbruk, men rettar seg spesielt mot kvinner. Landbruks- og matdepartementet har løyvd midlar til Kvinner i skogbruket over kap. 1138, post 70, Støtte til organisasjonar over fleire år. Støtta for 2023 er på 155 000 kroner. Kvinner i skogbruket har etablert kontakt og deltek i nordiske og internasjonale forum på området.

Velg Skog arbeider med rekruttering, kompetanse og omdømmebygging for skognæringa. Næringa sitt behov for betre likestilling er ein del av dette arbeidet. Velg Skog blir mellom anna finansiert med midlar over jordbruksavtalen kap. 1150, post 50, Landbrukets utviklingsfond. Støtta for 2023 er på 2 mill. kroner.

Likestilling i reindrifta

Arbeidet med likestilling i reindrifta i Noreg krev ein samla innsats frå fleire aktørar, både frå det offentlege, frå næringa sjølv og frå organisasjonar i næringa.

I 2022 var 87 kvinner eigar av siidaandel, noko som utgjer om lag 16,1 pst. av alle siidaandelar. Dette er ein auke frå 2021. Det var i 2022 97 siidaandelar som er eigd av ektefelle/sambuar i fellesskap, ein reduksjon frå 101 siidaandelar i 2021.

261 årsverk blei utførte av kvinner i 2021. Dette utgjer 27 pst. av alle årsverk i reindrifta i 2021. I 2022 hadde kvinner 27 pst. av det samla reintalet i Noreg.

I Reindriftsavtalen 2019/2020 blei det etablert eit særskilt driftstilskott til kvinner som er leiar av siidaandel, og som har reindrift som hovudnæring. I reindriftsavtalen 2023/2024 blei tilskottet auka frå 25 000 kroner til 40 000 kroner. I tillegg kan kvinneretta tiltak få støtte over Reindriftens utviklingsfond. Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) kan òg søkje om midlar til utviklingsprosjekt for å fremje likestilling. Det kan òg søkjast om tilskott for å støtte opp om den familiebaserte reindrifta, ektefelle-/sambuartillegg, for felles siidaandelar.

Norske Reindriftsamers Landsforbund skal ta omsyn til kjønnsfordeling ved val av styre og lokallag. Avtalepartane er òg samde om at styra for reinbeitedistrikta, så langt det er mogleg, bør ha kjønnsbalanse.

Oppfølging av likestillings- og diskrimineringslova

Overordna om departementet sitt arbeid med å fremje likestilling og hindre diskriminering

Arbeidet med likestilling i departementet er basert på dei krava og rettleiingar som er gitte i likestillings- og diskrimineringslova. Aktivitets- og forklaringsplikta i likestillings- og diskrimineringslova blei styrkt med verknad frå 1. januar 2020. Departementet har utarbeidd ein eigen policy for likestillingsarbeidet:

«Landbruks- og matdepartementet skal arbeide for å fremme likestilling og hindre diskriminering. Vi og våre underliggende virksomheter forvalter en rekke økonomiske og juridiske virkemidler på områder som berører mange, enten de er privatpersoner, næringsdrivende eller ansatte innen næringene. Prinsippet om å fremme likestilling og hindre diskriminering skal være godt forankret i hele departementets virksomhet og være en inte-grert del av våre arbeidsprosesser, etatsstyring og rutiner, og vi skal besitte kunnskap om likestilling og risiko for diskriminering innenfor alle områder vi jobber.
Vi skal bidra til å fremme likestilling og hindre diskriminering når vi jobber sammen innenfor LMDs ansvars-områder.»

Dette skal gi retning for alt arbeid innan verksemda og i alt arbeid og tenesteyting på myndig-heitsområdet til departementet.

Likestilling og mangfald i Landbruks- og matdepartementet

Ved utgangen av 2022 var det totalt 137 tilsette i departementet, der 59,9 pst. av desse var kvinner. Kvinnene er i fleirtal i sakshandsamargruppa og blant toppleiarane. Kvinnene utgjer om lag 71,4 pst. av toppleiarane. Det er omtrent like mange menn og kvinner i mellomleiarposisjonar med personalansvar. Samla sett utgjer kvinnene om lag 55 pst. av leiarane i departementet.

Per 31.12.2022 var gjennomsnittsalderen i departementet 50,9 år. Gjennomsnittsalderen er omtrent lik for både kvinner og menn, og har vore stabil dei siste fire åra.

Tilsette i dei ulike stillingskategoriane og kjønnsfordeling

Tabell 13.1 Relativ og absolutt kjønnsfordeling i dei ulike stillingsgruppene per 31. desember 2022:

Andel av tilsette

Antall tilsette etter stillingsgrupper

Menn (pst.)

Kvinner (pst.)

Menn

Kvinner

Totalt

Departementsråd

0

100

1

1

Ekspedisjonssjef

25

75

1

3

4

Kommunikasjonssjef

100

0

1

1

Spesialrådgivar

75

25

3

1

4

Avdelingsdirektør

50

50

8

8

16

Underdirektør

50

50

1

1

2

Fagdirektør

50

50

11

11

22

Prosjektleiar

17

83

1

5

6

Seniorrådgivar

35

65

19

36

55

Seniorkonsulent

0

100

2

2

Rådgivar

36

64

8

14

22

Førstekonsulent

100

0

2

2

Totalt

55

82

137

Gjennomsnittsløn etter kjønn

Når ein ser på løn mellom kjønna og i dei ulike stillingskategoriene, finst det ein skilnad mellom kjønna til fordel for menn. Dette kan truleg skuldast at dei fleste tilsette med vidaregåande utdanning eller ein bachelorgrad i motsetnad til ein mastergrad, er kvinner. Ein analyse av samanhengen mellom kjønn og lønsnivå kan tyde på at årsaka til lønsforskjellane ikkje primært er kjønn, men heller andre faktorar knytta til dei tilsette.

Utviklinga i løna kan sjåast i figur 13.1, der utviklinga frå 2018 blir presentert både etter kjønn og samla.

Figur 13.1 Utviklinga i gjennomsnittsløn 2018–2022 (i kroner)

Figur 13.1 Utviklinga i gjennomsnittsløn 2018–2022 (i kroner)

Per 31.12.2022 var delen av kvinners løn i forhold til menns løn 97,2 pst., noko som representerer ein auke frå 96,3 pst. på same tidspunkt i 2021.

Mellombelse tilsetjingar

Mellombelse tilsetjingar blir i hovudsak brukt der det er behov for å ta inn vikar for å løyse oppgåver ved permisjonar og anna fråvær. Til saman 3,6 pst. av kvinnene og 4,4 pst. av menn var mellombelse tilsette ved utgangen av 2022. Bruken av midlertidige stillingar blir drøfta med dei tillitsvalde årleg.

Rekruttering

Departementet har gjennomført analysar av rekrutterings- og tilsetjingspraksis i departementet og kva som påverkar desse. Analysane blir nytta til å vurdere mangfaldet i departementet, identifisere risikoar, finne årsaker til eventuell diskriminering og avdekkje hinder for likestilling. På bakgrunn av mellom anna dette vil det bli vurdert tiltak som kan vere eigna til å fremje likestilling og mangfald, og motverke diskriminering.

Sjukefråvær

I 2022 var sjukefråværet 6,6 pst., noko som representerer ein auke frå tidlegare år (3,9 pst. i 2021). Sjukefråværet i departementet ser difor ut til å liggje omtrent på landsgjennomsnittet på 6,8 pst. Sjukefråværet blant kvinner er framleis høgt samanlikna med sjukefråværet blant menn. Sjukefråværet er eit fast tema i arbeidsmiljøutvalet i departementet og i dialogen med Bedriftshelsetenesta for å vurdere relevante tiltak.

Permisjonar

Den kjønnsmessige fordelinga på ulike permisjonstypar i 2022, er slik:

Tabell 13.2 Relative fordelingar av permisjonar

Kvinner (pst.)

Menn (pst.)

Foreldreperm 100 pst.

100

0

Foreldreperm 80 pst.

88

12

Omsorgsperm utan løn

100

0

Velferdspermisjon med løn

43

57

Overtid

Totalt blei det registrert 4 366 timar med overtid i departementet i løpet av 2022. Dette utgjer 2,1 pst. av den samla arbeidsinnsatsen. Menn stod for 51 pst. av overtidsarbeidet i 2022, sjølv om det er færre menn enn kvinner som er tilsette i departementet. Overtid knytt til gjennomføringa av dei årlege jordbruksforhandlingane utgjer ein vesentleg del av den totale overtida.

Deltid

Alle som blei tilsette fast i departementet i 2022 hadde fulltidsarbeid. 5,1 pst. av dei tilsette har fått redusert arbeidstid etter eige ønskje, og ei overvekt av desse er kvinner.

Det daglege arbeidet med å fremje likestilling og hindre diskriminering i departementet

Inkludering og mangfald

Departementet og sektoren har utarbeidd handlingsplanar for inkludering og mangfald.

Rekrutteringsstatistikken viser at det i 2022 blei tilsett 11 personar i departementet, 5 menn og 6 kvinner. 2 av dei mannlege tilsette er mellombels tilsette og 3 er kvinner. Tala viser at yngste tilsette var 26 år og eldste 49 år.

Tabell 13.3 gir ein oversikt over nytilsette innan stillingsgruppene og kjønna i ordinære tilsettingsprosessar i 2022:

Tabell 13.3 Nytilsette

Absolutte tal

Totalt

Menn

Kvinner

Seniorrådgivar

5

2

3

Rådgivar

5

2

3

Førstekonsulent

1

1

0

Når det gjeld personar med hol i CV-en, funksjonsnedsetjingar og innvandrarbakgrunn, blei det ikkje tilsett nokon som oppgav dette i 2022. Det blei ikkje tilsett nokon frå NAV-tiltak.

Mobbing og trakassering

Arbeidet med haldningar for å motarbeide mobbing og diskriminering har hatt stor merksemd i departementet. Eigne varslingsrutinar har blitt utarbeidde og systema for å vareta varslarar har blitt implementert.

Likestilling og mangfald i underliggjande etatar

Departementet sine underliggjande verksemder er Mattilsynet, Landbruksdirektoratet, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Veterinærinstituttet. For informasjon om status på likestillings- og mangfaldsarbeidet i desse verksemdene, visast det til dei respektive årsrapportane med vedlegg. Av dei underliggjande verksemdene er det Landbruksdirektoratet og Mattilsynet som utøver myndigheit etter § 24, mens Veterinærinstituttet og NIBIO ikkje har slike oppgåver.

14 Oppfølging av FNs berekraftsmål

Berekraftsagendaen set ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling fram mot 2030. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innan 2030 slår fast at berekraftsmåla er det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største utfordringane i vår tid. Berekraftmåla er på denne måten ei overbygning for regjeringa sin politikk nasjonalt og internasjonalt.

Dei fire hovudmåla for landbruks- og matpolitikken; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar, skal bidra til å nå fleire av berekraftsagendaen sine målsettingar. I tillegg til at landbruks- og matpolitikken skal sikre eiga befolkning nok og trygg mat med tydelege miljø- og klimaambisjonar, omfattar måla òg ambisjonar knytte til eit berekraftig skogbruk, arealbruk, ivaretaking av kulturlandskap, og busetjing og sysselsetjing med utgangspunkt i landbruket sine ressursar. Målbiletet speglar med andre ord eit multifunksjonelt landbruk.

Mål 2 Utrydde svolt

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere det nasjonale arbeidet med berekraftsmål 2 om å utrydde svolt. Berekraftsmål 2 har fleire dimensjonar, mellom anna å oppnå matsikkerheit og betre ernæring og berekraftig matproduksjon. Status i Noreg for Berekraftsmål 2 Utrydde svolt er i all hovudsak god, men det er utfordringar knytte til overvekt og for lite fysisk aktivitet i delar av befolkninga. Det er generelt for høgt inntak av salt, tilsett sukker og metta feitt, og for lite inntak av frukt, bær, fullkorn og fisk. Å auke berekrafta i landbruket nasjonalt er òg sentralt for å nå mål 2, og der jordbruksavtalen er det sentrale verkemiddelet.

Delmål 2.1) Innan 2030 utrydde svolt og sikre alle menneske, særleg fattige og personar i utsette situasjonar, spesielt spedbarn, tilgang til nok, trygg og sunn mat heile året

I ein situasjon med uro i internasjonale marknader for mat og energi, og sterkt aukande prisar på viktige matvarer internasjonalt, har regjeringa lagt vekt på å sikre nasjonal matproduksjon. Dette omsynet ligg til grunn for jordbruksavtalen i 2023, med ei tydeleg prioritering av matproduksjon, matsikkerheit og klima og miljø. Sjå omtale av prioriteringar i landbruks- og matpolitikken i del 1. Regjeringa har som mål å auke den norske sjølvforsyningsgraden korrigert for import av fôrråvarer til 50 pst. Årets jordbruksavtale vidarefører arbeidet med å auke sjølvforsyningsgraden. Noreg har høg sjølvforsyning av husdyrprodukt og relativt låg sjølvforsyning for energirike plantevekstar til mat. Regjeringa held vidare fram arbeidet med å etablere beredskapslagring for korn, jf. Hurdalsplattforma. Landbruksdirektoratet har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet utarbeidd forslag til regelverk og praktisk innretning av ordninga. Ein tek i 2024 sikte på å starte arbeidet med leige av lagertenester og innkjøp av matkorn med eit mål om at det innan 2029 skal vere på plass eit beredskapslager tilsvarande 3 månaders forbruk av matkorn.

Delmål 2.2) Innan 2030 utrydde alle former for feilernæring, og innan 2025 nå dei internasjonalt avtalte måla som gjeld veksthemjing og avmagring hos barn under fem år, og skjøtte ernæringsbehova til unge jenter, gravide, ammande kvinner og eldre personar

Det blir arbeidd på fleire måtar for å auke kunnskapen og kompetansen om sunt kosthald, bruk av råvarer mat og matkultur i befolkninga generelt og målretta mot born, unge og eldre spesielt. Organisasjonsstøtte til Stiftinga Geitmyra Matkultursenter for born og Norges Bygdekvinnelag bidreg til å støtte opp om dette. Prosjekta Gylne måltidsøyeblikk og Matgledekorpsa har bidrege til å stimulere til sunt kosthald og matkultur på institusjonar for eldre. Med bakgrunn i Opplysningskontoret for frukt og grønt si viktige rolle i arbeidet med å fremje forbruk av norsk grønt, sunt og berekraftig kosthald til born og unge, er støtta til opplysningskontoret styrkt over jordbruksavtalen for 2024. Det skal leggjast vekt på tverrsektorielt arbeid på området. Landbruks- og matdepartementet sitt bidrag til delmål 2.2 er nærare omtalt under overskrifta Sunt kosthald og gode matopplevingar i programkategori 15.10 Matpolitikk.

Delmål 2.3) Innan 2030 doble produktiviteten og inntektene til småskala matprodusentar, særleg kvinner, urfolk, familiebruk, husdyrnomadar og fiskarar, mellom anna gjennom sikker og lik tilgang til jord, andre produksjonsressursar og innsatsmiddel, kunnskap, finansielle tenester, marknader og moglegheiter for verdiauke og for sysselsetjing utanfor landbruket.

Dei årlege jordbruksforhandlingane mellom staten og næringsorganisasjonane i jordbruket skal sikre medverking og moglegheiter for å utforme rammevilkåra for jordbruket i fellesskap. Verkemiddel og løyvingar skal bidra til at måla for landbrukspolitikken blir nådde. Omsynet til økonomisk og sosial berekraft ligg til grunn òg for jordbruksavtalen i 2023, med ei tydeleg prioritering av matproduksjon, matsikkerheit og klima og miljø. Ein vesentleg del av avtalen er avsett til utviklings- og omstillingstiltak i landbruket gjennom Landbrukets utviklingsfond. Prioriterte tiltak er knytte til omstilling og utvikling i primærproduksjon og innanfor tilleggsnæringar i landbruket, verkemiddel knytt til rekruttering og kompetanseheving, forsking, òg miljø- og klimaretta tiltak. Investeringsverkemidla er eitt av dei viktigaste verktøya for å stimulere til omstilling og rekruttering i landbruket. Den samla auken for investeringsverkemidla hittil i denne regjeringsperioda har vore på 80 pst. Innovasjon Norge si rapportering på verkemiddelbruken for dei bedriftsretta tiltaka syner at kvinner mottek ein stor del av tilskotta som blir løyvd innanfor utvikling av tilleggsnæringar i landbruket, med nærare 77 pst. av tilskotta. Sjå elles omtale av prioriteringar for landbruks- og matpolitikken i del I.

Dei årlege forhandlingane mellom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund skal leggje til rette for ei utvikling av reindriftsnæringa innanfor dei måla som er sette for reindriftspolitikken. Hovudmålet for reindriftspolitikken er ei berekraftig reindrift, med delmåla økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Gjennom reindriftsavtalen blir dei økonomiske verkemidla for å nå måla vidareutvikla. Sjå omtale av prioriteringar for reindriftspolitikken i del II.

Delmål 2.4) Innan 2030 sikre at det finst berekraftige system for matproduksjon, og innføre robuste metodar som gir auka produktivitet og produksjon, som bidreg til å halde oppe økosystema, som styrkjer evna til å tilpasse seg til klimaendringar, ekstremvêr, tørke, flaumar og andre katastrofar, og som gradvis fører til betre kvalitet på areal og jord

Det er viktig for regjeringa å utvikle og byggje vidare på institusjonar og organisasjonar i landbruket for å sikre lik og trygg tilgang til kunnskap, finansiering, teknologi og andre ressursar som er naudsynte i verdikjeda for mat. Klimaendringane og andre miljømessige utfordringar vil kunne ha verknad for norsk matproduksjon. Regjeringa har difor lagt til rette for berekraftig og langsiktig forvaltning av naturressursane gjennom ein heilskapleg landbruks- og matpolitikk.

Ein aktiv bruk av og eit sterkt vern om arealressursane er en føresetnad for å nå produksjonsmåla i landbruket. Regjeringa har vedteke ein ny jordvernstrategi med eit nytt langsiktig jordvernmål om maksimal omdisponering på 2000 dekar dyrka mark årleg. Det er òg arbeidd systematisk med å halde den gode statusen for dyrehelse og dyrevelferd ved lag. Det er også arbeidd med å vareta arealgrunnlaget for reindrifta, og leggje til rette for auka produksjon og lønsemd i næringa, mellom anna gjennom reindriftsavtalen. Ved å leggje til rette for urbant landbruk i samsvar med den Nasjonale strategien frå 2021, kan dyrkbare areal som er ueigna for storskala jordbruk haldast i hevd, og kunnskapen om dyrking vil haldast oppe i ein større del av befolkninga.

Nasjonalt miljøprogram for jordbruket er innretta for å følgje opp målet om eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. I nytt nasjonalt miljøprogram for 2022 er jord og jordhelse inkludert som eit miljøtema. Det er eit mål å utvikle gode løysningar for jord som er eigna i praktisk jordbruk. Den nasjonale pollinatorstrategien er følgd opp med Tiltaksplan for ville pollinerande insekt (2021). Jordbruksoppgjeret 2023 innebar eit vesentleg bidrag for å styrkje miljø- og klimaarbeidet i jordbruket, med ei særskild satsing retta mot tiltak som skal betre situasjonen i Oslofjorden.

Regjeringa har fulgt opp Hurdalsplattforma sine ambisjonar og oppretta Bionova i 2023 som ei eining under Innovasjon Norge. Bionova er eit verktøy for å nå Noreg sine klimamål for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 ved å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. Bionova skal òg bidra til auka verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare ressursar frå hav og land.

Tiltaket vil vere eit grep for å målrette innsatsen innan berekraftig utvikling i dei biobaserte næringane. Satsingsområde som redusert matsvinn, utvikling innan bioøkonomi og sirkulær økonomi styrkjer jordbruket sitt bidrag til gjenvinning av restråstoff og sidestrøymer frå næringa og frå andre delar av samfunnet, som eit ledd i det grøne skiftet.

Delmål 2.5) Innan 2020 halde oppe det genetiske mangfaldet av frø, kulturplanter, husdyr og ville artar som er i slekt med dei, mellom anna gjennom veldrivne og rikhaldige frø- og plantesamlingar nasjonalt, regionalt og internasjonalt, og fremje tilgang til og ei rettferdig og likeverdig fordeling av dei goda som følgjer av bruk av genressursar og tilhøyrande tradisjonell kunnskap, i tråd med internasjonal semje

Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk er avgjerande for å tilpasse matproduksjonen til eit endra klima, nye plantesjukdommar og skadegjerarar. I 2019 fastsette Landbruks- og matdepartementet strategien Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk. Ein tiltaksplan for å setje i verk strategien ved å gjere greie for kva for genressursar som er bevaringsverdige i Noreg, etablere eit heilskapleg nasjonalt bevaringsprogram for desse, og dessutan identifiserer tiltak for berekraftig bruk, auka kunnskap og formidling og samarbeid med andre land, vil starte opp i 2024.

Svalbard globale frøhvelv som blei etablert av den norske regjeringa i 2008, bidreg til å sikre den globale matsikkerheiten gjennom å sikre mangfaldet av frø innan matplanter. Totalt blei 69 825 sikkerhetskopiar av frø frå 31 innskytarar lagd til samlinga i frøkvelvet i 2022. Ved utgangen av året var det totalt 1195 244 prøver som er lagde inn av 93 genbankar verda over.

Mål 12 Ansvarleg forbruk og produksjon

Delmål 12.3) Innan 2030 halvere matsvinn per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarane, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeda, inkludert svinn etter innhausting.

I 2017 signerte staten ein bransjeavtale med aktørane i verdikjeda for mat, der målet er å halvere matsvinn innan 2030. Første hovudrapportering frå partane til avtalen viser at matsvinnet blei redusert med om lag 10 pst. i perioden 2015–2020. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet nedsette i februar 2023 eit utval som skal utgreie tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om halvering av matsvinnet innan 2030, og vurdere korleis ein matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Når utvalet har levert utgreiinga innan 2023, vil regjeringa vurdere dette og leggje opp ein vidare prosess for arbeidet med å hindre at spiseleg mat blir kasta.

Matsvinn i jordbrukssektoren kjem ofte av at produkta ikkje held høg nok kvalitet, feil, skadar, sjukdommar med meir. Det blir arbeidd kontinuerleg med mellom anna forsking og utvikling, dyrehelse, plantehelse og mattryggleik i dei ulike sektorane, som òg i stor grad gir høg kvalitet på produksjonane og lågt matsvinn.

Landbruksdirektoratet har fått i oppdrag å betre kunnskapsgrunnlaget om årsaker til matsvinn og føreslå tiltak for å redusere matsvinnet i primærleddet i grøntsektoren. Reduksjon av matsvinn i jordbrukssektoren er til dels avhengig av tiltak i andre ledd i verdikjeda, difor er det naudsynt å involvere alle relevante aktørar i eit slikt arbeid. Det er sett av 500 000 kroner til arbeidet for 2023, og det skal leverast rapport til jordbruksoppgjeret 2024.

Mål 15 Livet på land

Landbruks- og matdepartement har medansvar for å følgje opp delmål under mål 15 Livet på land.

Delmål 15.2) Innan 2020 fremje innføringa av ei berekraftig forvaltning av all slags skog, stanse avskoging, byggje opp att forringa skogar, og i vesentleg grad auke atterreising og nyplanting av skog på globalt nivå.

Om lag 40 pst. av Noreg sitt landareal er dekt av skog. Det er eit krav at det skal leggjast til rette for at det kjem opp ny skog etter hogst, slik at skogarealet si produksjonsevne kan bli utnytta i eit langsiktig perspektiv. Skogen er òg viktig for å binde karbon. Skog i vekst tek opp CO2, og aktiv skogskjøtsel, med hogst, planting, gjødsling og ungskogspleie, bidreg til ein vesentleg klimagevinst. Jordbruksavtalen for 2024 bidreg til å styrkje innsatsen på dette området. Kommunane kontrollerer skogeigarane sin innsats for forynging årleg. Det blir gjort miljøregistreringar av skogareal i drift for å skaffe eit godt kunnskapsgrunnlag om livsmiljø for artar og andre miljøverdiar. Gode avvegingar mellom aktivitet og miljøomsyn, mellom natur og klima og mellom bruk og vern står sentralt i ein berekraftig skogpolitikk.

Delmål 15.3) Innan 2030 motarbeide ørkenspreiing, restaurere forringa land og matjord, inkludert landområde som er ramma av ørkenspreiing, tørke og flaum, og arbeide for ei verd utan landforringing.

I nytt nasjonalt miljøprogram for 2022 er jord og jordhelse inkludert som eit miljøtema. Innsatsen omtalt under mål 2 skal òg medverke til å oppnå delmål 15.3.

Delmål 15.4) Innan 2030 bevare økosystem i fjellområde, inkludert det biologiske mangfaldet der, slik at dei skal bli betre i stand til å yte viktige bidrag til ei berekraftig utvikling.

Arealgrunnlaget for reindrifta har hatt stor merksemd i dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen, og er òg eit prioritert område i Reindriftsavtalen 2022/2024. Ivaretaking av areal i reinbeiteområde er ei prioritert oppgåve på alle nivå i reindriftsforvaltninga, og det blir arbeidd med å gjere kommunane meir bevisste på omsynet til reindrift i arealplanlegginga. I den samanheng skal Landbruksdirektoratet halde fram arbeidet som er starta i 2023 med å bygge opp eit fagmiljø for reindrift og arealforvaltning som kan bidra til å styrkje kompetansen i offentleg forvaltning

Delmål 15.6) Fremje ei rettferdig og likeverdig deling av goda som er knytte til bruk av genressursar, og fremje formålstenleg tilgang til slike ressursar i tråd med internasjonal semje.

Noreg gir årlege bidrag til fondet til plantetraktaten for fordelsdeling og gir tilgang til plantegenetiske ressursar for mat og landbruk i tråd med føresegnene til traktaten.

15 Oversikt over lønsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder

Tabell 15.1 Statskog SF

Utgifter 2022

kroner

Løn, adm. direktør

1 985 000

Pensjonsutgifter

147 000

Anna godtgjersle

8 000

Fotnotar

1.

Utslepp til luft (ssb.no) – førebelse tal 2022.

2.

Landbruksdirektoratet publiserte fram til 2018 tal for omsetnad av økologiske varer i daglegvarehandelen, og har etter dette arbeidd med å få på plass eit nytt datagrunnlag. For dei tre siste åra har Landbruksdirektoratet innhenta tal frå daglegvarekjedene og handsama dei sjølv. Dei er difor ikkje samanliknbare med tal frå før 2019. I 2022 er det gjort endringar i kva for varer som blir klassifisert som økologiske, og det er korrigert for dette i tala frå 2020 og 2021. Desse tala er difor omkring 15 pst. lågare enn dei som blei publiserte i fjor.

Til forsida