Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 800–883, 2530, 2531 Inntektskapittel: 3841, 3842, 3847, 3855, 3856, 3858, 3868, 5706

Til innhaldsliste

Del 2
Nærare om budsjettforslaget

4 Nærare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Under programkategori 11.00 Administrasjon ligg i hovudsak lønns- og driftsutgifter til departementet. Oppgåver og prioriteringar i Barne- og familiedepartementet (BFD) følgjer av politikken og måla innanfor områda familie, oppvekst- og levekår for barn og unge, barnevern, forbrukarpolitikk og tru og livssyn. Dei ulike fagområda er nærare omtalte under programkategoriane lenger bak i proposisjonen. Løyvingane til Noregs forskingsråd er òg omtalte under programkategorien.

Resultatrapport, strategiar og tiltak

Departementet hadde 156 tilsette per 31. desember 2022.

Departementet skal vere eit utviklingsorientert og effektivt fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Administrasjonen skal leggje til rette for ein kunnskapsbasert og samordna politikk for sektoren. Departementet skal òg vere ein tydeleg etatsstyrar og ta hand om forvaltingsoppgåvene på ein god måte.

Målet for arbeidet med digitalisering er å få til god tenesteutvikling på sektorområda til BFD. Departementet har arbeidd aktivt med å følgje opp digitaliseringsstrategien for offentleg sektor, dei seinare åra med å følgje opp deling og gjenbruk av data i sektorane. Departementet har òg prioritert arbeid med digital gravferdsmelding, vidare utvikling av prosjektet DigiBarnevern og dessutan ung.no som den primære kanalen staten har for digital informasjon, dialog og digitale tenester til barn og unge gjennom DigiUng-programmet. Arbeidet held fram i 2024.

Målet for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i BFD er å førebyggje uønskte hendingar og å minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle skje. Departementet har i 2022 og 2023 arbeidd særleg med å følgje opp NOU 2023: 16 Evaluering av pandemihåndteringen – Rapport fra Koronautvalget og handtert verknaden Ukraina-krigen har på sektorane. Departementet har gjennomført fleire tryggleiks- og beredskapsøvingar. Beredskapsplanverk og analysar av risiko og sårbarheit vart reviderte i 2023. Desse vil bli forbetra vidare og følgde opp i 2024.

BFD vil i 2024 halde fram med å ha særskild merksemd på tryggings- og beredskapsområdet både internt og opp mot verksemdene til departementet.

Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor. Departementet fører vidare målet om å redusere husleigeutgifter som staten har i den private leigemarknaden. Dette er innarbeidd i budsjettforslaget. Det er òg lagt opp til andre justeringar for å finansiere gjennomføringa av høgt prioriterte tiltak.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

800

Barne- og familiedepartementet

165 895

211 480

231 121

9,3

Sum kategori 11.00

165 895

211 480

231 121

9,3

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

155 623

158 968

167 418

21

Spesielle driftsutgifter

10 272

10 405

10 882

50

Noregs forskingsråd

42 107

52 821

Sum kap. 800

165 895

211 480

231 121

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter for departementet. Departementet føreslår ei løyving på 167,4 mill. kroner i 2024.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til utgreiingsprosjekt i departementet og til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet.

BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 149 000 kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 510, post 01, under Kommunal- og distriktsdepartementet. Midlane skal gå til å etablere eit departementsakademi i regi av Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa.

Departementet føreslår ei løyving på 10,9 mill. kroner i 2024.

Post 50 Noregs forskingsråd

Løyvinga dekkjer tildelinga til Noregs forskingsråd. Midlane skal bidra til eit godt og heilskapleg kunnskapsgrunnlag om utsette barn og unge og til tiltak som medverkar til å førebyggje utanforskap og marginalisering. Løyvinga skal mellom anna bidra til praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene, som blir dekt av Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL). Midlane skal òg nyttast til å finansiere delar av innsatsen under Velferd, arbeid og migrasjon II (VAM II). Midlane skal særleg rettast inn mot forsking på effekten av førebyggjande arbeid, tiltak og tenester for barn, unge og familiar.

Det er føreslått ein auke på 6 mill. kroner. Midlane skal gå til å styrkje forskings- og innovasjonssatsinga om utsette barn og unge. Satsinga er eit samarbeid mellom fleire departement. Sjå nærare omtale av programmet under programkategori 11.10 Familie og oppvekst og omtalen av Forsking og utvikling i del III.

I tillegg føreslår departementet å auke posten med 2 mill. kroner til å medfinansiere deltakinga til Noreg i neste runde av forskingsprosjektet EU Kids Online. Tilskotet blir tildelt Universitetet i Oslo for å gjennomføre innsamlinga av data. Føremålet med undersøkinga er å auke kunnskapen om barn og foreldre sin bruk av internett og ny nettbasert teknologi. Kunnskapsdepartementet bidreg med 0,5 mill. kroner til gjennomføringa av undersøkinga i Noreg, og den totale tildelinga til føremålet i 2024 er 2,5 mill. kroner. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskotet blir gitt på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 52,8 mill. kroner i 2024.

Programkategori 11.10 Familie og oppvekst

Hovudinnhald og prioriteringar

Familie- og oppvekstpolitikken skal støtte opp om levekåra til barnefamiliane og oppvekstvilkåra til barn og ungdom. Ein godt utforma familie- og oppvekstpolitikk inkluderer alle barnefamiliar, gir auka velferd og tryggleik for den einskilde og har vinstar for heile samfunnet. Politikken skal bidra til ein velfungerande økonomi, som det norske velferdssamfunnet er avhengig av.

Familien er grunnleggjande i livet til barnet. Eit trygt familieliv er viktig for livskvaliteten, helsa til og utviklinga hos barn. Det er til det beste for barnet at foreldre som treng det, får støtte i foreldreskapen og hjelp med familiekonfliktar. Familiar skal få støtte og hjelp før utfordringane veks til alvorlege problem som rammar barnet. Førebyggjande arbeid og tidleg innsats er ein viktig del av barnevernsreforma, som har som hovudmål at fleire barn og unge skal få rett hjelp til rett tid, og at tenestetilbodet i større grad skal tilpassast lokale behov.

Regjeringa vil føre ein politikk som støttar opp om familiane, reduserer skilnadene i samfunnet, varetek barn sine rettar og gir alle barn høve til å delta i fritidsaktivitetar, uavhengig av økonomien deira. Å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar og organisasjonar er viktig for levekåra deira og for å førebyggje utanforskap og einsemd.

Familiane i Noreg lever ulikt, og det skal vere mogleg for dei å skape det livet dei ønskjer for seg og sine. Familieordningane skal leggje til rette for at familiar får kvardagen til å gå opp, og det skal vere mogleg for foreldre å kombinere arbeid og familieliv.

Mål

BFD har for 2024 desse måla på området familie og oppvekst:

Mål

  • Barn sine rettar blir betre varetekne.

  • Gode oppvekstvilkår som motverkar risiko for utanforskap blant barn og unge.

  • Foreldre får hjelp til å gi god omsorg og løyse konfliktar.

Barn har særlege rettar. I saker som gjeld barn, skal omsynet til barna greiast ut, slik at også deira rettstryggleik er sikra. At barn blir involverte, er ein verdi i seg sjølv, og dei vil med dette òg få erfaring med å delta i samfunnet. Departementet vil halde fram som pådrivar på dette feltet framover.

Sjølv om dei fleste norske barn og ungdom har gode oppvekstvilkår, lever ein del barn og unge med utfordringar som verkar inn på livet deira. Nokre grupper barn og unge har auka risiko fordi dei er særskilt sårbare, til dømes på grunn av situasjonen i familien. Dårlege oppvekstvilkår har konsekvensar for barna her og no og kan auke risikoen for å hamne utanfor på sikt. Utanforskap er vanskeleg for den einskilde, men gir òg høge kostnader for samfunnet, til dømes gjennom lågare arbeidsdeltaking. Ei av kjerneoppgåvene for BFD er å arbeide for treffsikre og effektive tiltak som motverkar utanforskap blant barn og unge, men desse utfordringane krev òg ein innsats på tvers av departement og sektorar. BFD har eit særskilt ansvar for å sørgje for at desse oppgåvene blir tekne hand om på tvers av departementa.

Foreldre er avgjerande for livskvaliteten til barna og utviklinga deira. Å styrkje foreldre i rolla vil betre barn sine oppvekstvilkår. Eit høgt konfliktnivå mellom foreldra kan ha alvorlege, negative konsekvensar for barn. Det skal derfor leggjast godt til rette for at foreldre får hjelp til å handtere utfordringar og løyse konfliktar.

Måla er nærare omtalte under overskriftene Barnet sine rettar og ordningar for medverknad, Oppvekstvilkåra for barn og unge og Foreldrestøtte og førebygging av familiekonfliktar.

Prioriteringar på familie- og oppvekstområdet i 2024

Barnehage, skule, SFO, fritidsaktivitetar og nabolaget er viktige arenaer i oppveksten til barn og unge og bidreg til at barn og unge skal få like mogelegheiter til å delta i samfunnet, uavhengig av familiebakgrunnen deira. Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar og ei ekspertgruppe om verknaden av barnehage, skule og SFO på sosial utjamning og sosial mobilitet. Regjeringa vil bruke tilrådingane frå ekspertgruppa om barn i fattige familiar i den vidare innsatsen for å motvirke og førebyggje fattigdom blant barnefamiliar. Regjeringa legg opp til å vidareføre samarbeidsstrategien for barn og ungdom i låginntektsfamiliar etter 2023, og vil i 2025 leggje fram ei melding til Stortinget om politikken til regjeringa for å redusere sosiale skilnader blant barn og unge og for å bidra til sosial mobilitet. Tiltaka i samarbeidsstrategien vil sjåast i samanheng med den komande stortingsmeldinga.

Etteradopsjonstiltak og gransking av utanlandsadopsjonar er høgt prioriterte oppgåver for regjeringa. Departementet legg opp til å føre vidare og auke satsinga i 2024. Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal granske internasjonale adopsjonar til Noreg. Eit overordna mål med arbeidet er å få svar på om det har vore ulovlege eller uetiske tilhøve i samband med utanlandsadopsjonar til Noreg. Utvalet skal greie ut om systemet for adopsjonar til Noreg har vore forsvarleg.

Regjeringa føreslår å føre vidare kontantstøtta for barn mellom 13 og 19 månader og avvikle kontantstøtta for barn frå og med 20 månader. Regjeringa vil ikkje innføre ei småbarnsstøtte, men kontantstøtta blir vidareført ein månad lenger enn varsla i Hurdalsplattforma.

Regjeringa føreslår å utvide stønadsperioden for foreldrepengar med 80 prosent dekkingsgrad slik at den samla utbetalinga om lag svarer til utbetalinga ved 100 prosent dekkingsgrad. Ei slik utviding vil gi betre høve til å vere heime med barnet lenger, er betre tilpassa barnehagestart og legg òg betre til rette for amming. Omlegginga vil truleg òg redusere ulønt permisjonsuttak. Vidare føreslår regjeringa å oppheve aktivitetskravet i foreldrepengeordninga med ytterlegare to veker, slik at fedrar kan ta ut ti veker uavhengig av krav til aktiviteten hos mor. For å finansiere oppheving av aktivitetskravet med to veker, føreslår regjeringa å redusere nivået på ytinga til 90 prosent for åtte av desse ti vekene.

Barne- og ungdomsorganisasjonane er ein viktig del av sivilsamfunnet og bidreg til engasjement, aktivitetar og samhald blant barn og unge. Organisasjonane gjev barn og unge trening i demokratiske prosessar og fremjar barn og unge sine interesser. Regjeringa føreslår 10 mill. kroner til å auke den nasjonale grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane.

Barn og unge som blir utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep, treng gode offentlege tenester. Fleire barn og unge får likevel ikkje den hjelpa dei treng. Regjeringa føreslår å auke tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak med 10 mill. kroner. Regjeringa føreslår òg 10 mill. kroner til å starte etableringa av ein undersøkingskommisjon for saker som gjeld vald, overgrep eller grov omsorgssvikt mot barn og ungdom. Undersøkingskommisjonen skal mellom anna bidra til å avdekkje svikt i tenesteapparatet og til at avdekte feil fører til læring og risikoreduserande tiltak.

Det er ei utfordring at det ikkje finst nok systematisk og forskingsbasert kunnskap om individtilpassa og treffsikre tiltak, og det er naudsynt å byggje opp kunnskapsgrunnlag på feltet som sikrar systematikk og likeverdige tiltak i tenestene. Regjeringa har derfor oppretta ei ny forskings- og innovasjonssatsing om utsette barn og unge i regi av Noregs forskingsråd i 2023 og føreslår å auke løyvinga i 2024, sjå omtale under kap. 800, post 50. Opprettinga av ei slik satsing er i tråd med tilrådinga frå strategigruppa for BarnUnge21. Eit styrkt kunnskapsgrunnlag skal gi betre tenester og tiltak på tvers av sektorar som førebyggjer marginalisering og utanforskap. Opprettinga av forskingsprogrammet er eit samarbeid mellom fleire departement. Sjå òg del III Forsking og utvikling.

Vidare har regjeringa lansert eit samfunnsoppdrag for å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv i Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032.Måten å innrette samfunnsoppdraget på skal utviklast nærare, før det etter planen startar i løpet av 2024. Sjå ytterlegare omtale av langtidsplanen i del III Forsking og utvikling.

Regjeringa vil leggje fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar i løpet av 2023. Regjeringa føreslår over 100 mill. kroner i auka løyving til tiltak i planen, mellom anna 10 mill. kroner til tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak og 10 mill. kroner til å starte etableringa av ein undersøkingskommisjon for saker som gjeld vald, overgrep eller grov omsorgssvikt mot barn og ungdom. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Justis- og beredskapdepartementet.

Resultatrapport og strategiar

I denne delen blir det gjort greie for gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2022 og fyrste halvåret i 2023, og for planlagde tiltak i 2024.

Familieordningane

Familiar med barn har forpliktingar og kostnader som andre samfunnsgrupper ikkje har, samstundes som heile samfunnet er tent med at barn kjem til, og at barna har ein god oppvekst.

Dei ulike overføringsordningane til barnefamiliane tener fleire føremål. Felles er at dei hjelper med å tryggje økonomien i familiar. Barn er ein verdi i seg sjølve, men det er òg viktig for samfunnet at barn kjem til. Offentlege ordningar kompenserer derfor familiane for delar av kostnadene dei har til barna – noko barnetrygda er eit døme på. Ordningane sikrar òg foreldre inntekt i særskilde situasjonar, til dømes etter fødsel – gjennom foreldrepengar og eingongsstønad. Familieytingane bidreg til å tryggje dei økonomiske rammene rundt familien og skal hjelpe til med å gi barn og foreldre tilstrekkeleg gode økonomiske levekår.

Arbeids- og velferdsdirektoratet (AVdir) forvaltar størstedelen av budsjettet til BFD gjennom ytingane foreldrepengar, eingongsstønad, kontantstøtte, barnetrygd og bidragsforskot. I tillegg forvaltar NAV ordninga med offentleg fastsetjing og endring av barnebidrag. NAV gjer i det store korrekte vedtak innanfor gjeldande krav og dei gitte måla om sakshandsamingstider. Departementet vil i 2024 følgje med på forvaltinga av dei ulike ordningane og medverke til god forvalting av desse.

Nedanfor gjer departementet greie for barnetrygd, kontantstøtte og regelverket for barnebidrag. Foreldrepengeordninga, bidragsforskot og eingongsstønaden er nærare omtalte under programkategori 28.50.

Barnetrygd

Barnetrygd er ei skattefri månadleg utbetaling til foreldre med barn under 18 år. Ytinga skal kompensere familiane for nokre av utgiftene dei har til barna, og er midlar som familien sjølv kan prioritere etter eigne behov. Ordninga er universell og eit gode for alle barnefamiliar. Midlane er samstundes særleg viktige for mottakarar med ein svak privatøkonomi og kan hjelpe fleire familiar og barn ut av fattigdom. Barnetrygda bidreg til ei omfordeling mellom innbyggjarar med og utan barn. Regjeringa vil føre vidare barnetrygda som ei universell ordning.

Regjeringa forenkla støtta til einslege forsørgjarar med verknad frå 1. mars 2023. Særfrådraget for einslege forsørgjarar i skattesystemet vart avvikla, og den utvida barnetrygda vart auka tilsvarande maksimal skatteverdi av frådraget i 2022, sjå meir i Prop. 1 LS (2022–2023). I tillegg blei utvida barnetrygd auka med 5 000 kroner i året, og alle barnetrygdsatsane blei i 2023 prisjusterte. Satsen for utvida barnetrygd auka frå 1 054 kroner i månaden til 2 489 kroner i månaden som følgje av desse tre endringane. I tillegg kjem ekstraordinær prisjustering av heile barnetrygda i RNB 2023.

Utvida barnetrygd er ein del av inntektsgrunnlaget ved behovsprøvinga av bidragsforskot etter lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven). Auken i utvida barnetrygd påverka behovsprøvinga for om, og med kva sats, forskotet skulle utbetalast. Regjeringa føreslo derfor i samband med RNB endringar i forskoteringslova slik at einslege forsørgjarar ikkje mistar eller får forskotet redusert som følgje av auken i utvida barnetrygd frå 1. mars. Endringa tok til å gjelde 1. juli 2023. Sjå meir under programkategori 28.50.

Barnetrygda for barna mellom 6 og 18 år vart i RNB 2023 auka med 200 kroner i månaden. Auken er vidareført i 2024. Regjeringa føreslår å føre vidare satsane i barnetrygda med uendra nivå i 2024. Oversikt over talet på mottakarar er omtalt under kap. 845, post 70.

Kontantstøtte

Kontantstøtte er ei økonomisk yting som er tilgjengeleg for familiar med barn i alderen eitt til to år. Ytinga er eit alternativ og eit supplement til bruk av barnehage og gir familien økonomisk støtte når dei vel andre omsorgsformer enn barnehage. Utbetalinga er knytt til om barnet nyttar barnehageplass eller ikkje. Føremålet med ordninga er mellom anna å leggje økonomisk til rette for at familiane sjølve skal kunne ta omsorga for barna sine. Ordninga gir familiane meir reell valfridom når det gjeld omsorg for barna.

Forslag til satsar for 2024 er omtalt under kap. 844, post 70. Regjeringa varsla i Hurdalsplattforma at dei ville avvikle kontantstøtteordninga for barn mellom 18 og 24 månader og innføre ei småbarnsstøtte for den same aldersgruppa. Kontantstøtta blei avvikla for den 24. månaden i 2012, ved at lova blei endra slik at kontantstøtta berre blir gitt til kalendermånaden før barnet fyller 2 år. Frå 1. august 2022 vart kontantstøtta lagd om slik at det ikkje blir ytt kontantstøtte den månaden barnet byrjar i barnehage. For 2024 føreslår regjeringa å føre vidare retten til kontantstøtte for barn mellom 13 og 19 månader og redusere retten til kontantstøtta med fire månader ved å avvikle kontantstøtta for barn frå og med 20 månader til og med 23 månader. Forslaget inneber at kontantstøtta kan nyttast ein månad lenger enn varsla i Hurdalsplattsforma, og at regjeringa ikkje vil innføre ei småbarnsstøtte. Ein kontantstøtteperiode frå og med 13 til og med 19 månader sikrar at alle familiar anten har krav på barnehageplass eller kontantstøtte. Forslaget er rekna å gi ei innsparing i løyvinga på kontantstøtte på 111 mill. kroner i 2024 og 295 mill. kroner i 2025. Forslaget vil likevel gi ei meirutgift på løyvinga til rammetilskot til kommunar på 120 mill. kroner i 2024 og 287 mill. kroner i 2025 grunna auka etterspurnad etter barnehage. Forslaget inneber lovendring som regjeringa vil leggje fram for Stortinget vinteren 2023–2024 og kan ta til å gjelde frå august 2024.

Barnebidrag

Alle barn har rett til å bli forsørgde av foreldra sine. Forsørgingsplikta foreldra har, og plikta deira til å dekkje utgiftene til utdanning gjeld uavhengig av om dei bur saman med barnet eller ikkje. Når den eine av eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, oppfyller denne forsørgingsplikta si, heilt eller delvis, ved å betale faste månadlege barnebidrag for eller til barnet. Fram til barnet er 18 år, vil den andre forelderen nytte bidraget på vegner av barnet. Foreldra kan sjølve avtale kor stort barnebidraget skal vere, eller dei kan be det offentlege om å fastsetje barnebidraget, gjennom NAV. Det har over fleire år vore ein auke i talet på delte familiar som inngår private avtalar om barnebidrag. I dag bruker om lag 45 prosent av dei delte familiane det offentlege tilbodet gjennom NAV for å fastsetje og krevje inn i barnebidrag.

Eit mål med det noverande regelverket er å leggje til rette for at flest mogleg foreldre skal inngå private avtalar om barnebidrag. Private avtalar kan vere betre tilpassa situasjonen til den einskilde familien. Statistikken til NAV om offentlege fastsette barnebidrag syner per mars 2023 at det i saker med offentleg fastsetjing av barnebidrag blei utbetalt barnebidrag og/eller forskot på bidrag frå det offentlege for 71 291 barn. Det er om lag 6 prosent færre enn i mars 2022 og over 36 prosent færre enn i mars 2014.

Tabell 4.1 Barn som får barnebidrag/og eller bidragsforskot gjennom det offentlege, etter alder og storleiken på det gjennomsnittlege bidraget (kroner) prosent.

Talet på barn

Gjennomsnittleg bidrag per månad (kroner)

Barn 0–5 år

5 883

2 062

Barn 6–10 år

16 711

2 256

Barn 11–14 år

21 766

2 429

Barn 15–17 år

18 898

2 799

Barn 18+

1 766

4 626

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå utgangen av april 2023. Tala omfattar òg barn med ukjend far og utenlandske barn utan norsk fødselsnummer.

Barnelovutvalet har i NOU 2020: 14 Ny barnelov mellom anna vurdert kva utforminga av bidragssystemet har å seie for likestilt foreldreskap, og korleis foreldre skal sikrast like rettar som omsorgspersonar. Utvalet har einskilde forslag til endringar i bidragsreglane.

Stortinget har ved handsaminga av Dokument 8:40 S (2020–2021) om samværssabotasje, i oppmodingsvedtak nr. 715 (2020–2021), sjå omtale i del I, bede regjeringa greie ut om det er naudsynt å gjere justeringar i barnebidragsreglane for å sikre at økonomi ikkje blir ein drivande faktor for samværshindring.

Departementet følgjer opp rapporten frå barnelovutvalet og oppmodingsvedtaket. Departementet har òg sett på kva for endringar som er moglege innanfor regelverket vi har i dag, for å førebyggje og forhindre samværshindring. Departementet har bede NAV om i større grad enn i dag å vise saker til domstolane når foreldrekonflikten er særleg fastlåst.

Familieytingane og EØS-avtalen

EØS-avtalen er den mest omfattande internasjonale avtalen som Noreg er ein del av, og inneber ei rekkje rettar og plikter. Avtalen skal mellom anna sikre fri rørsle av arbeidstakarar i ein felles europeisk arbeidsmarknad og koordinerer også trygderettar som foreldrepengar, barnetrygd og kontantstøtte.

Det nasjonale regelverket vårt og praksisen vår på trygdeområdet skal vere tilpassa og i tråd med EØS-retten. Regjeringa ønskjer å finne gode løysingar for dette. Det er òg ønskjeleg å ta omsyn til ein rimeleg bruk av norske velferdsordningar og til berekrafta i det norske velferdssystemet.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet, i samråd med mellom anna BFD, la den 1. april 2022 fram Prop. 71 L (2021–2022) Endringer i folketrygdloven mv. (synliggjøring av folkerettslige forpliktelser til trygdekoordinering) for Stortinget. Lovforslaget var ei oppfølging av utgreiinga frå Trygdekoordineringsutvalet, NOU 2021: 8 Trygd over landegrensene.Endringane tok til å gjelde 25. november 2022, sjå Stortingets Lovvedtak 2 (2022–2023) og Innst. 33 L (2022–2023). Det er innført såkalla folkerettsmarkørar i folketrygdlova, barnetrygdlova og kontantstøttelova. Vidare er gjennomføringa av folkerettslege avtalar som betyr noko for trygdekoordinering, inkorporerte i lova i staden for i forskrift. Lovendringane skal bidra til å gjere Noregs folkerettslege forpliktingar på trygdeområdet meir synlege. For nærare omtale av forslaga, sjå omtale i budsjettproposisjonen til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

I 2022–2023 fekk Arbeids- og velferdsdirektoratet mellom anna i oppdrag å leggje om praksis i EØS-saker slik

  • at ein har rett til kontantstøtte og barnetrygd ved mellombels opphald i eit anna EØS-land så lenge ein av foreldra og/eller barnet det gjeld, har Noreg som lovvalstat. Det er opna for å handsame saker frå 1. januar 2007 for barnetrygd og 1. august 1998 for kontantstøtte.

  • at mor sitt arbeid i eit anna EØS-land blir likestilt med arbeid i Noreg ved vurderinga av om far har rett til foreldrepengar, frå 1. august 2022

  • at småbarnstillegget blir rekna som ei familieyting etter trygdeforordninga

  • at ein forelder som bur saman med barnet i eit anna EØS-land, får ein sjølvstendig rett til barnetrygd, utvida barnetrygd og kontantstøtte dersom han eller ho oppfyller vilkåra for ytinga og føresett at barnet «i hovudsak [blir] forsørg[d]» av ein forelder som har Noreg som lovvalsland

  • at foreldre som aldri har budd saman, er også omfatta av føresegnene til trygdeforordninga om familieytingar

  • at det blir opna for å handsame saker frå 1. januar 1994 for ordinær og utvida barnetrygd og 1. august 1998 for kontantstøtte og 1. januar 1998 for småbarnstillegg

Ny konvensjon om trygdekoordinering med Storbritannia

Island, Liechtenstein, Noreg og Storbritannia har underteikna ein ny konvensjon om trygdekoordinering, som òg omfattar helsetenester. Konvensjonen inneheld føresegner om ei rekkje trygdeytingar. For BFD sin del er foreldrepengar omfatta, men ikkje barnetrygd, kontantstøtte, eingongsstønad ved fødsel og adopsjon og bidragsforskot. Konvensjonen vil bidra til å vareta trygderettar til personar som framover blir omfatta av trygdeordningane i ein av statane, og som er i ein grensekryssande situasjon med ein EØS/EFTA-stat og Storbritannia. For å gjennomføre konvensjonen i norsk rett sende Arbeids- og inkluderingsdepartementet, i samråd med BFD og Helse- og omsorgsdepartementet, i juli 2023 forslag til endringar i folketrygdlova på høyring.

Barnet sine rettar og ordningar for medverknad

Barn har særskilde rettar etter mellom anna Grunnlova og barnekonvensjonen. Barn er avhengige av at andre tek vare på dei og sikrar interessene deira utan eigennytte. Barndommen legg grunnlaget for vaksenlivet og har følgjer for nye generasjonar. Ved handlingar og i avgjerder som gjeld barn, skal kva som er det beste for barnet, vurderast særskilt og vere eit grunnleggjande omsyn. Det offentlege er forplikta til å vurdere om ei handling gjeld barn eller kan få konsekvensar for barn, og gjere ei vurdering av barn sine rettar. Den som har ansvar for handlinga, må syte for dette.

Ei viktig side av utgreiinga i saker som gjeld barn, er å finne ut kva barna meiner. Meininga til barna kan bidra til å klargjere kva som er det beste for barna det gjeld. At barn blir involverte, er ein verdi i seg sjølv, og dei vil med det òg få erfaring med deltaking i samfunnet og kan få auka tilliten sin til samfunnet. Ved ny politikk og nye tiltak må styresmaktene gjere naudsynte vurderingar av barn sine rettar og konsekvensar for barn.

Departementet vil halde fram med arbeidet med å vareta barn sine rettar, mellom anna i samarbeid og kontakt med andre departement og i styringa av direktorat. Når ulike eller motstridande rettar blir aktualiserte, er det særleg viktig å synleggjere konsekvensar for barn og på kva måte rettane er avvegne. Departementet har fastsett dette målet for barn sine rettar:

  • Barn sine rettar blir betre varetekne.

Departementet har det koordinerande ansvaret for barnekonvensjonen. Noreg skal etter planen høyrast av FNs barnekomité om vår oppfylling av konvensjonen i byrjinga av 2025. Arbeidet med rapporteringa i framkant starta våren 2023 og vil halde fram mot sjølve høyringa. Departementet vil involvere dei ulike departementa i arbeidet.

Utgreiingsinstruksen med rettleiing vil etter planen bli oppdatert i løpet av hausten 2023. I rettleiinga skal det etter planen takast inn ein ny omtale av det offentlege si plikt til å vurdere kva for konsekvensar eit tiltak vil føre til for barn. Dette skal sørgje for at omsynet til det beste for barnet blir vareteke i vurderingar av tiltak og ny politikk. Det er òg planlagt å ta inn ein omtale av kor viktig det er å vurdere om og på kva måte ein kan involvere grupper som ikkje lett kan målbere eigne interesser, til dømes barn og unge.

Ei styrking av høvet barn har til å klage til nasjonale klageorgan, kan bidra til ei betring av barn sine rettar generelt. Det same gjeld dersom informasjon om korleis det er mogleg for barn å klage, blir meir tilgjengeleg. Departementet har koordinert eit tverrdepartementalt samarbeid for å kartleggje kva for høve barn har til å klage nasjonalt. Nasjonale høve til å klage for barn er nærare omtalte i oppmodingsvedtak nr. 562 (2022–2023).

Ordningar for at barn og unge får medverke

At barn og unge får medverke i saker som angår dei, er ein viktig føresetnad for god politikkutforming og tenesteutvikling for barn og unge. Å leggje til rette for medverknad bidreg òg til at barn og unge tek samfunnsansvar. Retten til medverknad er teken inn i Grunnlova, og barnekonvensjonen pålegg staten å sikre at barn får uttale seg om alle tilhøve som gjeld barnet. BFD arrangerte eit innspelsmøte om barn og unge sin medverknad på systemnivå i starten av 2023, der både dei unge sjølve og dei som jobbar med barn og medverknad på ulike vis, gav innspel. I 2024 er det avsett midlar til å styrkje arbeidet med medverknad for barn og unge. Midlane skal mellom anna nyttast for å vurdere innhald og prioriteringar for å styrkje arbeidet med medverknaden til barn og unge på systemnivå.

Bufdir har eit særskilt ansvar for å auke medvitet om barnekonvensjonen og korleis han kan nyttast for å styrkje deltakinga til barn i ulike sektorar og på ulike forvaltingsnivå. Dei følgjer òg opp arbeidet med å gjere barnekonvensjonen kjend ute i tenestene i kommunane. Rettleiinga frå Bufdir om korleis ein involverer barn og unge i medverknadsprosessar på systemnivå er nyttig for tilsette i statsforvaltinga, fylkeskommunar og kommunar. Bufdir er eit kontaktpunkt mellom statsforvaltarane, kommunane og Kommunal- og distriktsdepartementet i ulike spørsmål kring ungdomsmedverknad og har laga ei rettleiing om ungdomsråd. Bufdir gjennomfører i 2023 ei kartlegging av ungdomsråd i heile landet som vil danne grunnlag for indikatorutvikling og bidra til å følgje med på arbeidet i kommunane med ungdomsråd over tid.

I 2022 har Bufdir, KS og Frivillighet Norge samarbeidd om å arrangere fire regionale samlingar mellom ungdomsråd, kommunar og frivilligheita og sosiale entreprenørar. Hensikta med samlingane er å auke kompetansen om og styrkje lokal medverknad frå ungdom. Kommunane som deltek, er òg samla i ulike regionale nettverk slik at dei kan hjelpe og inspirere kvarandre til å jobbe med medverknad.

Regjeringa ønskjer meir søkjelys på at det skal vere mogleg for barn og unge å delta og påverke samfunnet og samfunnsutviklinga. Ungdomskonferansen er ein nasjonal nettverkskonferanse for medlemmer frå ungdomsråda og dei som jobbar med og for ungdom i kommunane. Det er ungdommane sjølve som bestemmer tema. Bufdir fasiliterer konferansen. Ungdomskonferansen blir arrangert kvart andre år og vart arrangert i 2023. På konferansen blir prisen Årets ungdomskommune delt ut til ein kommune som arbeider for auka deltaking og medverknad blant barn og unge. I 2023 gjekk prisen til Kvam herad.

Den femårige satsinga på Ung medverknad for betre oppvekstvilkår (tidlegare omtalt som Oppvekstsamarbeidet) har som hensikt å styrkje ung medverknad i arbeidet til kommunane med å fremje gode oppvekstvilkår. Som del av dette har Arbeidsforskningsinstituttet AFI, på oppdrag frå Bufdir i 2022, gjennomført ei kunnskapsoppsummering av ung medverknad i Noreg og dei nordiske landa og eit FoU-prosjekt som utforskar medverknadsarbeid med ungdom i norske kommunar. Prosjektet skildrar medverknadsprosessar og arbeid med ungdomsråd i seks norske kommunar og føreslår nokre suksesskriterium for korleis ulike aktørar i kommunen kan samarbeide for å styrkje ung medverknad i utviklinga av oppvekstmiljøet til unge. Prosjektet dannar grunnlag for vidare arbeid med å utvikle kunnskap og ressursar om kva som kjenneteiknar god medverknad. I 2024 vil det bli sett i gang eit større forskingsprosjekt for å sjå på verknader av ungdomsmedverknad i plan- og avgjerdsprosessar i utvalde kommunar.

For å kunne medverke er det viktig å sikre god og tilpassa informasjon. Regjeringa vil at ung.no skal vere den primære kanalen staten har for digital informasjon, dialog og digitale tenester til barn og unge på tvers av sektorar og tenestenivå, gjennom realisering av DigiUng-programmet. For meir omtale og informasjon om tenestene, sjå avsnitt om Trygg digital oppvekst.

Oppvekstvilkåra til barn og unge

Dei fleste barna i Noreg veks opp i trygge familiar med gode oppvekstvilkår. Alle barn og unge er avhengige av at andre tek i vare interessene og behova deira og tek avgjerder som er bra for dei, og som sikrar framtida deira. God omsorg, oppfølging i barnehage og skule og å delta i fritidsaktivitetar er døme på investeringar i barn som har ein verdi når ho skjer, men som kanskje har den største vinsten langt fram i tid. Foreldre er dei viktigaste personane til å ta vare på interessene og behova til barna, og det er foreldra sitt ansvar å sørgje for trygge rammer i kvardagen til barna sine. Samstundes skal det offentlege sikre at behova og dei særskilde rettane barna har, blir varetekne. Dette gjer staten både gjennom å setje i verk tiltak som støttar opp om foreldrerolla, men også gjennom andre støttetiltak som legg til rette for gode oppvekstvilkår.

Det er barn og unge som opplever ulike utfordringar i oppveksten, til dømes i relasjonen til foreldre, på skulen, på fritida eller når det gjeld helse eller butilhøve. Barn og unge som blir utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep, har eit særskilt behov for gode offentlege tenester. Det same gjeld andre barn og unge som opplever ulike utfordringar når dei veks opp. Dette kan vere barn som veks opp i fattige familiar, eller som har foreldre med andre levekårsutfordringar. Dårlege oppvekstvilkår er utfordrande for dei barna det gjeld, og gir auka risiko for å falle utanfor arbeids- og samfunnslivet som vaksne. Dette fører òg til store kostnader for samfunnet, mellom anna gjennom tapte arbeidsinntekter og tapte leveår. Talet på barn i vedvarande låginntektsfamiliar har over ein lengre periode vore aukande, sjølv om det var ein nedgang i tala frå 2020–2021. I 2021 vaks 11,3 prosent av barn i Noreg opp i ein familie med vedvarande låg inntekt, mot 7,7 prosent i 2010. Samstundes har auka levekostnader som følgje av auka prisar på straum og matvarer særleg ramma dei familiane som har minst frå før, noko som kan gå ut over barna.

At fleire familiar har ein strammare økonomisk situasjon, kan innebere ein auka risiko for at fleire barn og unge fell utanfor. Tiltak som bidreg til gode oppvekstvilkår for barn på kort sikt og redusert risiko for at barn og unge fell utanfor arbeids- og samfunnsliv som vaksne, kan gi store vinstar for samfunnet. Utfordringane gjeld fleire sektorar og krev innsats og samarbeid på tvers av sektorar og tenester. Barne- og familiedepartementet er oppteke av at tiltak treffer barna direkte.

Departementet har derfor fastsett dette målet for arbeidet retta mot utsette barn og unge:

  • Gode oppvekstvilkår som motverkar risiko for utanforskap blant barn og unge

Betre samarbeid for utsette barn og unge

Det er mange familiar med barn som har behov for samansette tenester og har utfordringar i kvardagen. Det offentlege apparatet er komplekst og delt opp. Det vil i mange høve vere både ulike mål og ulik tilgang på informasjon mellom dei som har behov, og tenesteapparatet, men òg mellom ulike tenester. Dette kan påverke kva for hjelp barna og familiane får. Fleire barn og føresette opplever at tenester ikkje snakkar saman, og at tenestene ikkje tilbyr det som dei opplever at dei treng. Det å hjelpe barn og unge og familiane deira på den rette måten og med dei rette tiltaka krev særskild merksemd om kva utfordringane er, og kva målet er for det einskilde barnet, og kjennskap til kva som er kunnskapsbaserte og effektive verkemiddel.

Fleire offentlege utgreiingar, tilsyn og forsking syner at dei ulike velferdstenestene i mange saker ikkje samarbeider godt nok, og at dette svekkjer tilbodet barn og unge får. Dei viser til at dette handlar om manglande struktur og systematikk, manglande oppfølging og svak koordinering av samarbeidet mellom tenestene. Kompleksiteten i sakene utfordrar systema i ein sektorvis velferdsstat der tenestene er sette til å handtere ulike saksfelt, slik at «oppdraget» deira isolert sett kan vere innfridd sjølv om brukarane ikkje har fått den hjelpa dei treng. Utfordringane blir derfor særleg tydelege i grenseflatene mellom tenestene – når ingen opplever at dei har eit tydeleg ansvar. Betre samordning av tenestene handlar om at ein gjennom samarbeid kan førebyggje at grenseflatene blir gleppsoner som gjer at barn og unge ikkje får dei tenestene dei har behov for – så tidleg som mogleg. Det kan òg handle om at hjelpeapparatet og systemet sett under eitt er for komplekst, og at det er naudsynt med forenklingar.

Kompleksiteten gjer at plassering og innhenting av informasjon er utfordrande. Rett informasjon må komme fram til rett person uavhengig av teneste og forvaltingsnivå. Eigeninnsatsen til føresette kan derfor ofte vere avgjerande i mange saker, både for å initiere sakene og for å gi tenestene tilstrekkeleg informasjon til å vurdere sakene. At familiar med avgrensa ressursar sjølve må koordinere og skaffe informasjon om tenestene, til dømes som følgje av utfordringar knytte til språk eller sjukdom, forverrar situasjonen.

Erfaring syner at praktiseringa av reglane om teieplikt kan skape samarbeidsutfordringar for tenestene. Justis- og beredskapsdepartementet har i 2023 gitt ut ei ny rettleiing om teieplikt, opplysingsrett og opplysingsplikt i forvaltinga.

Det er gjort endringar i fleire velferdstenestelover som pliktar dei ulike tenestene til betre samarbeid til det beste for barn og unge som har behov for samansette tenester. Endringane tok til å gjelde 1. august 2022, jf. Prop. 100 L (2020–2021), og blir evaluerte. Direktorata for velferdstenestene har utarbeidd ei felles rettleiing for samarbeid mellom skule, helse, tannhelse, barnevern, sosialtenesta, Nav, familieverntenesta og krisesentera som vart lagd fram hausten 2022.

Regjeringa ønskjer å styrkje det universelle velferdstilbodet for barn og unge gjennom å prioritera velferdstenester som omfattar alle barn, og har derfor sett i gang fleire tverrdepartementale prosessar for å sikre alle barn og unge ein trygg og god oppvekst.

Kjernegrupper er ei ny arbeidsform for departementa med mål om å skape system for betre samarbeid på tvers av departementa på særlege utfordrande samfunnsområde. BFD koordinerer arbeidet med kjernegruppe for utsette barn og unge – i tillegg deltek Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Det er etablert ein tilsvarande struktur på direktoratsnivå der 13 underliggjande etatar inngår. Statsforvaltaren skal vere ein pådrivar for samarbeid på tvers av sektorane og samordning av tenestene i kommunane, slik at utsette barn og unge og familiane deira får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.

Frå 2020 til 2023 har det vore gjennomført eit forsøk med programfinansiering i 12 kommunar. Føremålet med programfinansieringa er å gi kommunane større fridom til å disponere tilskot slik at dei er betre tilpassa lokale behov. Aktuelle departement jobbar no saman om å vurdere mogleg programfinansiering av eksisterande tilskot til tiltak for utsette barn og unge og familiane deira, dette som ein del av arbeidet med tillitsreforma og eit styrkt heilskapleg og samordna tenestetilbod til barn og unge.

Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om sosial mobilitet og sosial utjamning for barn og unge og familiane deira. Føremålet med meldinga er å forsterke politikken for å redusere sosiale skilnader og motverke at dårlege levekår går i arv. Meldingsarbeidet er eit samarbeid mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet. Meldinga skal mellom anna sjå på betydinga av det fyrste leveåret til barnet, inklusivt svangerskap og «Barnets første 1000 dagar», og overgangar frå barn til ungdoms- og vaksenliv, utdanning og arbeid. Stortingsmeldinga skal mellom anna følgje opp ekspertgruppe for barn i fattige familiar som skal levere rapporten sin hausten 2023, og ekspertgrupperapporten om kva rolle barnehage, skule og SFO har for sosial utjamning og sosial mobilitet, som blir lagd fram våren 2024.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med eit samfunnsoppdrag som har som mål å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv gjennom ein målretta innsats på tvers av sektorar. Sjå nærare omtale under BarnUnge21.

Kunnskapsgrunnlaget for utsette barn og unge – BarnUnge21

Ei vellukka forbetring av politikk og tenester retta mot utsette barn og unge er avhengig av eit velfungerande kunnskapssystem. Kunnskapssystemet må, i tillegg til å utvikle ny og naudsynt kunnskap, sørgje for at kunnskapen blir teken i bruk, og at han bidreg til at det blir utvikla meir effektive tiltak. BarnUnge21-strategien fann at forskinga om utsette barn og unge ofte skjer i små og fragmenterte forskingsmiljø, og at forskinga er underfinansiert, skjer sektorvis og er kortsiktig. Strategien peiker på behovet for solid og framtidsretta kunnskapsutvikling om kva som sikrar barn og unge tryggleik, inkludering og utvikling. I tillegg peiker strategien på behovet for betre tilgang til, bruk og kopling av data som grunnlag for solide og forskingsbaserte analysar om livet til barn og unge og dei samansette behova deira. I strategien er det gitt sju tilrådingar til korleis ein kan styrkje produksjonen og bruken av forsking for å oppnå ein meir heilskapleg og kunnskapsbasert oppvekstpolitikk.

Den overordna ambisjonen for oppfølginga av BarnUnge21 er eit styrkt kunnskapsgrunnlag om utsette barn og unge, risikofaktorar for å hamne i gruppa, kva tiltak som kan ha førebyggjande effekt, og kva som gjer at barn, unge og familiane deira meistrar eige liv. For å følgje opp har BFD, som leier oppfølginga av BarnUnge21-strategien, mellom anna sett i gang eit prosjekt med deltaking frå Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Vidare er ambisjonen at denne kunnskapen systematisk blir teken i bruk i tenester, utdanningar og i politikkutvikling. Sjå omtale av regjeringa si forskings- og innovasjonssatsing om utsette barn og unge i del III Forsking og utvikling.

Vidare har regjeringa lansert eit målretta samfunnsoppdrag om å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv i Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032. Stortinget slutta seg til samfunnsoppdraget ved handsaminga av meldinga 14. februar 2023. Målretta samfunnsoppdrag skal vere nyskapande og ambisiøse satsingar der forsking og utvikling speler saman med endringar i regelverk og politikk for å løyse konkrete utfordringar innan ei gitt tid. Ambisjonane for samfunnsoppdraget om å inkludere barn og unge er å redusere delen unge som står utanfor sentrale arenaer i samfunnet, gjennom ein målretta innsats på tvers av sektorar. Samfunnsoppdraget er ein viktig del av arbeidet til regjeringa for å møte utfordringane med ungt utanforskap. Måten å innrette samfunnsoppdraget på skal utviklast i ein designfase, før det etter planen skal setjast i gang i løpet av 2024. Sjå ytterlegare omtale i del III.

Avvikling av Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

Målet med tilskotsordninga er å setje kommunane i betre stand til å oppdage og følgje opp utsette barn gjennom utvikling og implementering av kommunale samhandlingsmodellar. Modellane skal gi ei overordna og forenkla framstilling av korleis sektorar og tenester skal handle saman for å identifisere og følgje opp barn som har utfordringar på fleire område og treng hjelp frå fleire tenester samstundes. Ordninga vart etablert i 2015, og kommunane har hatt høve til å søkje om eingongstilskot til høvesvis utvikling og implementering av samhandlingsmodellar. Det vart i 2022 tildelt i underkant av 24 mill. kroner til 33 kommunar over ordninga. Den totale løyvinga til tilskotsordninga var noko høgare enn det reelle søknadsgrunnlaget, og det vart tildelt mindre midlar enn tilgjengeleg i 2022. Kvaliteten på søknadene var ujamn og søknadstilgangen lågare fordi mange kommunar allereie har fått tilskot frå ordninga.

Tilskotsordninga har verka over fleire år, og mange kommunar har fått eingongstilskot frå ordninga for å utvikle samhandlingsmodellar. No er behovet for ordninga mindre. Ho blir derfor ikkje lenger vurdert som eit eigna tiltak for betre samhandling i kommunane om utsette barn. BFD føreslår å avvikle ordninga med ein utfasingsperiode i 2024 og 2025. Det inneber at løyvinga i 2024 og 2025 blir nytta overfor kommunane som skal implementere ein allereie utvikla modell. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga med 11,4 mill. kroner i 2024, sjå omtale under kap. 846, post 62.

Barn som veks opp i fattige familiar

Dei siste to åra har det vore ein høg prisvekst på viktige varer som mat, straum og drivstoff. Det har òg vore ein auke i utlånsrentene og leigeprisane. Sjølv om mange barnefamiliar har fått redusert kjøpekraft, er velferdsnivået i Noreg høgt, og dei aller fleste barnefamiliane har god nok økonomi til å tilpasse seg dei auka levekostnadene. For barnefamiliar med allereie låge inntekter kan den høge prisveksten likevel vere utfordrande. Naudsynte varer utgjer ein større del av budsjettet til hushald med låge inntekter, og situasjonen rammar derfor særleg desse familiane. Tal frå SSB viser at dette i hovudsak gjeld familiar der foreldra har svak tilknyting til arbeidsmarknaden.1 Låg kjøpekraft og få økonomiske ressursar kan redusere høvet foreldra har til å dekkje utgifter som er naudsynte og viktige for utviklinga til barn. Dette gjeld til dømes utgifter til barnehage, SFO og fritidsaktivitetar som gjer at barna kan delta og vere saman med andre barn. Ein pressa økonomisk situasjon kan òg påverke barna negativt gjennom auka stress i familien.2

Ein oppvekst i fattigdom er ein av fleire faktorar som gir auka risiko for dårlege oppvekstvilkår, som mellom anna inneber lågare deltaking i fritidsaktivitetar, dårlegare fysisk og psykisk helse og butilhøve, fråfall frå vidaregåande utdanning, lågare skuleprestasjonar og færre venner. Ein oppvekst i fattigdom kan òg føre til at barna fell utanfor arbeids- og samfunnsliv som vaksne. Omfanget av barn som veks opp i fattige familiar, har over ein lengre periode vore aukande, samstundes som nokre analysar tyder på at den sosiale mobiliteten blant dei lågaste inntektsgruppene har gått tilbake over tid. Det vil seie at risikoen for at barn og unge som veks opp i familiar i dei lågaste inntektsgruppene, blir verande i den same gruppa når dei blir vaksne, har auka.

Som følgje av krigen i Ukraina har Noreg i 2022 òg teke imot mange barnefamiliar og andre fordrivne. Barn med foreldre som har bakgrunn frå andre land, svak eller inga tilknyting til arbeidsmarknaden, og barn av einslege forsørgjarar er særskilt utsette for fattigdom. Auken i tala for vedvarande låg inntekt har vore særleg høg blant familiar med innvandrarbakgrunn, der ein stor del har komme til Noreg som flyktningar. Mange av desse foreldra møter på ulike barrierar for å kunne delta i arbeidslivet, til dømes at dei har manglande formell kompetanse eller manglar den naudsynte språkkunnskapen.

Ein indikator for kor mange barn som veks opp i familiar med risiko for fattigdom, er delen barn som lever i hushald med ei inntekt under 60 prosent av medianinntekta over ein periode på tre år. SSB definerer denne gruppa som barn i familiar med vedvarande låg inntekt. Det har sidan starten av 2000-talet vore ein auke i delen barn som bur i familiar med vedvarande låg inntekt, sjølv om det var ein nedgang i tala frå 2020–2021. Auken i barnetrygda for dei minste og auka butid blant innvandrarar er to moglege årsaker til nedgangen i tala. I 2021 vaks 11,3 prosent av barn i Noreg opp i ein familie med vedvarande låg inntekt, mot 7,7 prosent i 2010.

Talet på barn og familiar med låginntekt er påverka av ei rekkje forhold. Mellom anna har dei lågaste inntektsgruppene hatt ei dårlegare inntektsutvikling samanlikna med andre inntektsgrupper. Det er fleire svakheiter med å bruke relativ låg inntekt som ein indikator på fattigdom. Målet fangar til dømes ikkje opp endringar i forbruksbehovet eller verdien av offentlege tenester, mellom anna rimelegare barnehage og gratis deltidsplass i SFO. Dette er store og viktige tenester i den norske velferdsstaten som bidreg til å avlaste familiane sin økonomi. Sidan målet viser inntektsutviklinga til dei med låge inntekter relativt til medianinntekta, synleggjer tala at inntektsskilnadene har auka over tid. Målet fangar ikkje opp i kva grad kjøpekrafta har auka hos låginntektsgruppa. Statistisk sentralbyrå skal, på oppdrag frå Bufdir, i løpet av hausten 2023 komme med tilrådingar til indikatorar som kan supplere det noverande låginntektsmålet som mål på fattigdom.

Arbeid er den viktigaste kjelda til inntekt og velferd for kvar einskild og familien deira. Å delta i arbeidslivet bidreg til å halde ved lag eit økonomisk berekraftig velferdssamfunn. Samstundes er det naudsynt å sikre at dei foreldra som av ulike årsaker ikkje kan arbeide, også kan gi barna sine ein trygg og god oppvekst, og at barna deira kan delta slik andre barn kan. Dette kan ein gjere gjennom å auke inntekta til familiane som står utanfor arbeidsmarknaden, eller ved å redusere utgifter som barnefamiliar har. Auka kontantytingar vil kunne svekkje insentiva foreldre har til å arbeide, noko som kan gi lågare inntekter på sikt. Tiltak som reduserer utgiftene til familiane, kan rettast direkte mot tiltak som har positive konsekvensar for barna, og som bidreg til å motverke at fattigdom går i arv.

Det er behov for kunnskap om årsaker til og konsekvensar av at barn veks opp i fattigdom, og om effektar av tiltak med mål om å redusere og førebyggje fattigdom. Det er òg ønskjeleg at fleire forskingsmiljø og disiplinar forskar på dette. Bufdir har i 2023 lyst ut eit fleirårig forskingsprosjekt for å imøtekomme dette kunnskapsbehovet. SSB, i samarbeid med Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) og Folkehelseinstituttet (FHI), er tildelt kontrakt for det fleirårige prosjektet, som har ei varigheit på fire år.

Innsatsen til regjeringa for barn i fattige familiar

Ein oppvekst i fattigdom inneber ofte samansette utfordringar, og det er naudsynt med ein samordna innsats for å styrkje oppvekstvilkåra til barna. Alle barn og unge er avhengige av at andre varetek interessene og behova deira. God omsorg, deltaking i barnehage, skule og fritidsaktivitetar er viktige for barna her og no og kan gi store samfunnsøkonomiske vinstar på sikt. Foreldre er dei viktigaste personane til å ta vare på interessene og behova til barna. Det er foreldra sitt ansvar å sørgje for trygge rammer i kvardagen til barna sine. Samstundes skal det offentlege bidra til at behova og dei særskilde rettane barna har, blir varetekne. Dette gjer ein gjennom å setje i verk tiltak som støttar opp om familien, men også gjennom andre støttetiltak som legg til rette for gode oppvekstvilkår. Tiltak må treffe dei utfordringane familiane har, på ein måte som har god effekt, og som bidreg til høvet barna har til å kunne skape sitt eige og gode liv i framtida. Arbeidet regjeringa gjer for barn i fattige familiar, omfattar i dag innsats på tvers av mange ulike departement, sektorar og forvaltingsnivå.

Dei fleste tiltaka i Like muligheter i oppveksten. Samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023) blir følgde opp i løpet av strategiperioden. I 2022 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar som skal vurdere korleis innsatsen bør prioriterast for å styrkje oppvekstvilkåra til barna på kort sikt og førebyggje framtidig fattigdom. Ekspertgruppa skal òg vurdere korleis delen og talet på barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt, kan reduserast på ein treffsikker måte. Ekspertgruppa skal levere utgreiinga i oktober 2023. Regjeringa vil bruke tilrådingane frå ekspertgruppa om barn i fattige familiar i den vidare innsatsen for å motvirke og førebyggje fattigdom blant barnefamiliar. Regjeringa legg opp til å vidareføre samarbeidsstrategien for barn og ungdom i låginntektsfamiliar etter 2023, og vil i 2025 leggje fram ei melding til Stortinget om politikken til regjeringa for å redusere sosiale skilnader blant barn og unge og for å bidra til sosial mobilitet. Tiltaka i samarbeidsstrategien vil sjåast i samanheng med den komande stortingsmeldinga.

Nedanfor er ein kort omtale av dei viktigaste innsatsane til regjeringa for barn som veks opp i fattige familiar.

Økonomisk støtte til barnefamiliane

Overføringar til barnefamiliane er ordningar som kan ha stor verknad for barn som veks opp i fattige familiar. Overføringane gjeld ordningar som barnetrygd, eingongsstønad, kontantstøtte og bidragsforskot, og det er foreldra som er mottakarar av stønadene. Desse ordningane betrar det økonomiske handlingsrommet i familiane og kan nyttast til barna eller andre behov familiane har. For nærare omtale av desse ordningane, sjå Økonomien til barnefamiliar og familieytingane og programkategori 28.50.

I samband med revidert nasjonalbudsjett om 2023 vart det semje om å auke dei rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp med 10 prosent frå 1. juli 2023. Vidare skal ein sjå til at ingen mistar bustøtta som følgje av dei årlege trygdeoppgjera. Ei ny rettleiing om økonomisk sosialhjelp legg vekt på at NAV-kontoret skal ta omsyn til barn og vere spesielt merksame på tilhøve som er viktige for oppvekstvilkåra til barn og unge.

Ei endring i sosialtenestelova i 2022 fastslår at barnetrygda skal bli halden utanfor ved berekninga av økonomisk sosialhjelp. Endringa skal betre økonomien til denne gruppa. I lys av auken i levekostnader har det vore ein liten auke i talet på barn i familiar som tek imot økonomisk sosialhjelp i 2022, men det kan òg ha samanheng med at fleire familiar fekk innvilga støtte på grunn av lovendringa.

For å betre inntekta til utsette barnefamiliar er føresegna om at summen av uføretrygd og barnetillegg ikkje kan utgjere meir enn 95 prosent av tidlegare inntekt, avvikla. Barnetillegga for arbeidsavklaringspengar, kvalifiseringsstønad og dagpengar vart auka til 35 kroner per barn per dag frå 1. februar 2023. Før oppjusteringa av barnetillegga frå 1. februar 2023 har barnetillegga over mange år vorte nominelt vidareførte.

Deltaking i sosiale aktivitetar

Det er viktig for barn og unge å delta og å vere inkluderte. Dei aller fleste barn deltek i dag i organiserte fritidsaktivitetar, og slik deltaking er langt viktigare no enn tidlegare fordi fritida er blitt meir organisert. Vi kjenner ikkje til kor avgjerande deltaking i fritidsaktivitetar er i samfunnsøkonomisk forstand, men vi veit at høvet til å delta i fritidsaktivitetar kan vere med på å byggje samhald, sosial kapital og gi rom for dyrking av eigne interesser og bidra til auka demokratiforståing. Deltaking i aktivitetar på fritida kan også bidra til å motverke einsemd og utanforskap, noko som gir positive erfaringar som barna kan ta med seg seinare i livet. Samstundes veit vi at barn i familiar med låg inntekt deltek sjeldnare i fritidsaktivitetar enn andre barn. Dette er mellom anna på grunn av kostnadene ved å delta.

Dei viktigaste tiltaka for å gi fleire barn og unge i fattige familiar høve til å delta på fritidsaktivitetar er tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge og Fritidserklæringa. For nærare omtale av desse innsatsane, sjå Deltaking for alle barn og unge.

I tillegg har Kultur- og likestillingsdepartementet fleire tilskotsordningar som betrar dei økonomiske rammene for frivillige organisasjonar. Dei viktigaste er kompensasjon for meirverdiavgift, straumstøtte, Tilskot til lokale lag og foreiningar og Frifond-ordningane. Departementet har òg målretta ordningar som Inkludering i idrettslag, Inkludering i kulturliv og Fritidstiltak for personar med nedsett funksjonsevne. I 2023 blei det gitt 1,7 mrd. kroner i spelemidlar frå Kultur- og likestillingsdepartementet til idrettsanlegg over heile landet. Det blei òg tildelt 125 mill. kroner ekstra frå spelemidlane til arbeidet idretten gjer med å inkludere barn og unge.

I 2023 lanserte regjeringa ein strategi for kulturfrivilligheita: Rom for deltaking. Det er eit mål at kulturfrivilligheita skal inkludere fleire barn og unge, og at økonomiske barrierar ikkje skal vere avgjerande for deltaking. Regjeringa vil òg utarbeide ein handlingsplan for like moglegheiter til å delta i kultur-, idretts- og friluftslivsaktivitetar og føreslår 10 mill. kroner til oppfølging av tiltak i planen i 2024. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Kultur- og likestillingsdepartementet.

Barnehage, skule og SFO

Barnehage og skule er viktige tenester for barn, som i tillegg til å ha andre mål er viktige arenaer for inkludering. God utdanning gir sjølvstende og høve til å forsørgje seg sjølv og er eit verktøy for sosial mobilitet og utjamning.

Regjeringa ønskjer å halde foreldrebetalinga for barnehage låg og ha gode moderasjonsordningar. I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa ein betydeleg reduksjon i maksimalprisen i barnehage, frå 3 000 kroner til 2 000 kroner frå 1. august 2024. For dei som bur i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6, foreslår regjeringa ein ytterlegare reduksjon i maksimalprisen til 1 500 kroner frå 1. august 2024. I statsbudsjettet for 2023 vart maksimalprisen for barnehage redusert til under nivået frå barnehageforliket, og det er innført ei ordning med gratis barnehage for tredje barn i familien som går i barnehage samstundes. Det vart òg innført gratis barnehage for alle 1–5-åringar i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms.

Regjeringa har ført vidare moderasjonsordninga med redusert foreldrebetaling, som inneber at ingen skal betale meir enn 6 prosent av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som øvre grense. Regjeringa har òg ført vidare ordninga med 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke for barn i alderen 2–5 år i familiar med låg inntekt.

I 2024 føreslår regjeringa og vidareføre 80 mill. kroner for å auke bemanninga og pedagogtettleiken i barnehagar i levekårsutsette område og 15 mill. kroner til å auke bemanninga på skular i levekårsutsette område. I 2023 vart tilskotet til den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage auka med 45 mill. kroner.

Regjeringa vil at alle barn skal ha høve til å delta i SFO. Frå hausten 2022 fekk alle elevar på 1. trinn tilbod om 12 timar gratis SFO per veke, og frå hausen 2023 får elevar på 2. trinn same tilbodet. Desse tiltaka er no forskriftsfesta og blir førte vidare i 2024.

Butilhøve og områdesatsingar

Ein trygg og god bustad er eit grunnleggjande behov og er viktig for oppvekstvilkåra til barn og unge. Utfordringar som hyppig flytting og det å bu trongt påverkar både familiane det gjeld, og kan skape utfordringar i nærmiljøa.

Barnefamiliar er ei prioritert målgruppe i fleire bustadsosiale verkemiddel, mellom anna startlånsordninga. Regjeringa føreslår å auke låneramma til Husbanken med 3 mrd. kroner til 24 mrd. kroner i 2024, der startlån har høgaste prioritet. I 2022 utgjorde vidareformidling av startlån frå kommunane til barnefamiliar 70 prosent av startlånsmidlane, totalt 11,1 mrd. kroner. I 2023 er bustøtteordninga styrkt for barnefamiliar. Bustøttemottakarane får ekstra utbetalingar som hjelp til å dekkje høge straumrekningar i 7 månader i 2023. I 2023 er det òg vedtatt mellombelse endringar i bustøtteregelverket, for å gje fleire husstandar tilgang til bustøtta og ekstrautbetalingane. Regjeringa føreslår å vidareføre både ekstrautbetalingar og det mellombelse regelverket for januar, februar og mars i 2024.

Nokre byar og befolkningstette stader har område med ein konsentrasjon av levekårsutfordringar. Kommunane har hovudansvaret for å sjå stadsutvikling, velferdstenester og sosial utvikling i lokalsamfunna i samanheng. Staten har i dag avtalebaserte samarbeid med ei rekkje kommunar om felles ekstra innsats i slike område. Barn og unge er ei prioritert målgruppe i slike områdesatsingar. Områdesatsingar skal mellom anna bidra til å løfte fysiske og sosiale kvalitetar ved nærområda. I 2023 vart områdesatsingane auka med 20 mill. kroner, og regjeringa har same år varsla nye avtalar om områdesatsingar. Regjeringa føreslår også å styrkje områdesatsingane i 2024.

Regjeringa la i august fram Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader. Meldinga samlar politikken til regjeringa for å halde ved lag og styrkje den sosiale berekrafta i byar og nabolag, gjennom å leggje til rette for gode levekår, høg livskvalitet og gode oppvekst- og nærmiljø.

Sosial ulikskap i helse

Dei økonomiske, kulturelle og sosiale ressursane til foreldra har mykje å seie for helsa og oppveksten til barna og høvet dei har for å utvikle eit godt liv vidare i vaksenlivet. Regjeringa la fram ei stortingsmelding om folkehelse våren 2023, jf. Meld. St. 15 (2022–2023). Å utjamne sosiale helseskilnader er eit hovudmål i folkehelsepolitikken. Tiltak skal innrettast slik at tiltaka verkar best for dei som treng det mest, men samstundes vere bra for alle.

Folkehelseinstituttet har utarbeidd oppvekstprofilar for kommunane som gir oversikt over ulike tilhøve som kan seie noko om situasjonen til barn og unge, og som kan brukast for å fremje levekåra deira, mellom anna i plan- og utviklingsarbeid i kommunane.

Barnehagar og skular er gode arenaer for å nå alle og er sentrale for å fremje psykisk helse, livsmeistring og fysisk aktivitet. I Hurdalsplattforma er ambisjonen mellom anna å styrkje helsestasjonane og skulehelsetenesta og gradvis innføre eit enkelt dagleg, sunt skulemåltid og dagleg fysisk aktivitet i skulen.

Regjeringa har òg varsla ein opptrappingsplan for helsestasjons- og skulehelsetenesta. Dette arbeidet inngår i folkehelsemeldinga, Opptrappingsplan psykisk helse, jf. Meld. St. 23 (2022–2023), og den kommande Nasjonal helse- og sjukehusplan. Regjeringa føreslår 100 mill. kroner til tiltak innan psykisk helse, rus og helsestasjons- og skulehelsetenesta i 2024. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

Arbeid, inkludering og velferd

Arbeids- og velferdspolitikken er sentral i innsatsen mot fattigdom. Arbeids- og velferdspolitikken skal leggje til rette for at flest mogleg kan forsørgje seg sjølve gjennom arbeid. Deltaking på arbeidsmarknaden bidreg til å styrkje oppvekstvilkåra til barna og levekåra i familien. Innsatsen for å få fleire i arbeid er derfor viktig for å motverke at låg inntekt og levekårsutfordringar går i arv. For å vareta og styrkje barneperspektivet i Arbeids- og velferdsforvaltninga er det mellom anna sett i gang tiltak med utvikling av opplæringsmateriell, aktivitetar for fagutvikling og verktøy som NAV-kontora kan ta i bruk.

Om lag seks av ti barn i hushald med vedvarande låg inntekt har innvandrarbakgrunn. God integrering er viktig for at foreldre kan delta i arbeid og slik løfte familien ut av fattigdom. Kvalifisering til den norske arbeidsmarknaden, norskopplæring og motarbeiding av diskriminerande barrierar står sentralt for å leggje til rette for at fleire foreldre med innvandrarbakgrunn får varig tilknyting til arbeidslivet. Regjeringa satsar vidare på tilskotsordninga Jobbsjansen slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering for å komme ut i arbeid. Gjennom integreringslova er det lagt til rette for at fleire nykomne flyktningar skal kunne ta vidaregåande opplæring innanfor rammene av introduksjonsprogrammet. Lova set også tydelege krav til norskkunnskap.

Det er òg viktig å ha god oppfølging av unge for å hindre at dei blir ståande varig utanfor utdanning og arbeid. Regjeringa innførte ein ny ungdomsgaranti i 2023. Målgruppa er ledige og personar med nedsett arbeidsevne under 30 år som ikkje kjem i arbeid på eiga hand. Desse skal raskt få tilbod om tett og god arbeidsretta oppfølging, så lenge det er naudsynt.

Deltaking for alle barn og unge

Ein viktig del av oppveksten til barn og unge er deltaking i fritidsaktivitetar. Vi veit at nokre barn og unge deltek mindre i organiserte fritidsaktivitetar enn andre, og at deltakinga har samanheng med den økonomiske og sosiale bakgrunnen til foreldra.3 Det kan òg vere andre årsaker til at barn og unge ikkje deltek, til dømes funksjonsnedsetjing eller kulturelle faktorar. Gjennom å delta opplever barn og unge samkjensle og meistring, som er viktig for ein god oppvekst. Retten barn har til kvile, fritid og leik og til å ta del i kunst og kulturliv, er forankra i barnekonvensjonen artikkel 31, der partane skal oppmuntre tilgangen til eigna fritidsaktivitetar. Konvensjonen uttrykkjer barn sine heilt eigne rettar og er ein del av norsk lov. Deltaking i fritidsaktivitetar er ein reiskap i arbeidet med å førebyggje utanforskap. Regjeringa arbeider for å inkludere alle barn og unge i fritidsaktivitetar.

For 2022 hadde departementet målet «Auke deltakinga i sosiale aktivitetar blant barn og unge». Nedanfor er ein omtale av dei viktigaste innsatsane til regjeringa for å nå dette målet.

Fritidserklæringa

I 2022 valde regjeringa å fornye og føre vidare Fritidserklæringa, ein intensjonsavtale mellom frivilligheita, regjeringa og KS. Barn si deltaking i organiserte fritidsaktivitetar heng mellom anna saman med den økonomiske og sosiale bakgrunnen til foreldra, graden av tilrettelegging eller anna diskriminering og kulturelle barrierar. Fritidserklæringa slår fast at alle barn skal ha rett til å delta jamleg i fritidsaktivitetar saman med andre. Erklæringa byggjer på artikkel 31 i FNs barnekonvensjon. Saman med frivilligheita og KS har regjeringa fornya teksten i erklæringa, og fleire nye partar deltek no i samarbeidet.

Tilskot til å inkludere barn og unge

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge har høve til meistring og deltaking i samfunnet. Tilskotsordninga skal bidra til å utvikle opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. På denne måten skal ordninga dempe konsekvensar ved fattigdom for utsette barn og unge, men òg bidra til å førebyggje framtidig utanforskap.

Ordninga inneheld 12 ulike aktivitetstypar retta mot utsette barn og unge og omfattar mellom anna tilskot til kultur-, ferie- og fritidsaktivitetar, lokale fritidskassar, opne møteplassar (fritidsklubbar og ungdomshus m.m.), aktivitetsguidar, sommar- og deltidsjobbar for ungdom og losar/ungdomslosar som skal hjelpe unge med å fullføre utdanningsløp. Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søkje om tilskot til dei fleste aktivitetstypane.

Ordninga er ei samanslåing av tre tidlegare tilskotsordningar retta mot utsette barn og unge: Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom.

I 2022 vart ordninga styrkt med 85 mill. kroner til om lag 555 mill. kroner. I RNB 2022 vart det mellombels løyvd 10 mill. kroner til å auke ordninga grunna krisa i Ukraina og at fleire utsette barn og unge kom til Noreg. Auken gjekk til utstyrssentralar. I nysalderinga om 2022-budsjettet vart det på grunn av auka straum- og matprisar mellombels løyvd 8 mill. kroner til frivillige organisasjonar til sosiale aktivitetar, alternative julefeiringar og julehjelp i form av matkassar, mat og gåver til sårbare grupper. Tal frå 2022 viser at dei fleste tilskotsmottakarane er nøgde med ordninga, og dei aller fleste vurderer at ordninga treffer behova til målgruppa. Rapporteringa frå tilskotsmottakarane på bruk av tilskotet i 2022 tilseier at om lag 430 000 personar blei nådde direkte med ulike aktivitetar gjennom tilskot frå ordninga.

I budsjettet for 2023 blei ordninga styrkt med 96 mill. kroner til om lag 664 mill. kroner, ekstraordinær prisomrekning i RNB 2023 halden utanfor. 20 mill. kroner av auken skulle prioriterast til søknader om utstyrssentralar. Det vart gitt tilskot til 662 søknader i 303 kommunar. 332 av desse søknadene bidreg til å nå målet med Fritidserklæringa. Av dei nye søknadene som inneheldt søknad om tilskot til utstyrssentralar, fekk 105 av 188 tilskot frå Bufdir. Over halvparten av desse er utstyrssentralar som høyrer til eller har planar om ta del i BUA-nettverket. Den største delen av midlane frå tilskotsordninga vart tildelt frivillige organisasjonar, og kultur-, ferie- og fritidsaktivitetar var den aktivitetstypen som samla vart tildelt mest midlar i kommunane.

Av tildelinga i 2023 gjekk om lag 284 mill. kroner til fleirårige prosjekt som blei innvilga gjennom tilskotsordninga i 2022. 39 mill. kroner gjekk til fleirårige prosjekt frå dei tidlegare ordningane Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom. 2023 er siste året det blir tildelt tilskot til prosjekt gjennom desse to ordningane.

Med bakgrunn i dei auka levekostnadene, blei det i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 løyvd 15 mill. kroner ekstra til lokale fritidskassar gjennom ei mellombels tilskotsordning. Ordninga inneber at barn og unge frå familiar med låge inntekter kan få dekt utgifter til deltaking i fritidsaktivitetar, inkludert deltakaravgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar. Det blei gitt tilskot til 100 kommunar, og kommunar med flest barn i familiar med vedvarande låg inntekt blei prioriterte.

Fritidsklubbtilbodet i kommunane er ein viktig del av fritida til barn og unge. I dag kan aktørar søkje om tilskot til fritidsklubbar gjennom tilskotsordninga. Barne- og familiedepartementet har gitt NTNU Samfunnsforskning i oppdrag å greie ut om rammevilkåra til fritidsklubbane. Utgreiinga skal mellom anna kartleggje feltet og sjå på korleis rammevilkåra påverkar klubbane og tilbodet til ungdomane. Departementet vil vurdere nærare oppfølging etter at rapporten er motteken.

I 2024 føreslår regjeringa å føre vidare ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge. Dette inneber at ordninga i 2024 vil utgjere om lag 708 mill. kroner.

Utprøving av fritidskort

Prøveprosjektet med fritidskortordningar vart gjennomført i til saman 24 kommunar mellom 2019 og 2022. I desse kommunane fekk barn mellom 6 og 18 år tilgang til om lag 1 000 kroner kvart halvår til å dekkje deltakaravgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar. Målet med fritidskortet var at alle barn og unge skulle få høve til å delta i faste, organiserte fritidsaktivitetar ved å redusere dei økonomiske barrierane for deltaking.

Prøveprosjektet med fritidskort er følgjeevaluert av Institutt for samfunnsforskning (ISF) i samarbeid med NOVA og NORCE. Det er gitt ut to delrapportar undervegs i prosjektperioden og ein sluttrapport. Med bakgrunn i evalueringa av og innsikt frå prøveprosjektet med fritidskortordningar skal Bufdir greie ut og tilrå vidare innsats for å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar.

Støtte til barne- og ungdomsorganisasjonane

Gjennom fleire tiår er det løyvd midlar til barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom den nasjonale og internasjonale grunnstøtta. Dette er midlar som går til nasjonalleddet i barne- og ungdomsorganisasjonane og andre organisasjonar med eit barne- og ungdomsarbeid. Ordninga gir ein føreseieleg situasjon for drifta til organisasjonane og sørgjer for eit breitt spekter av tilbod der barn og unge kan delta. Forskrifta som regulerer ordninga, blei revidert i 2022 og sørgjer for ei forenkling for brukarar og forvaltarar av ordninga.

I overkant av 184 mill. kroner blei utbetalte som tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom grunnstøtteordninga i 2022. Midlane går til nasjonal og internasjonal grunnstøtte og til nasjonal og internasjonal driftsstøtte til Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede. 95 organisasjonar fekk nasjonal grunnstøtte, og 31 organisasjonar fekk internasjonal grunnstøtte. I samband med handsaminga av Prop. 51 S (2021–2022), Tiltak i møte med pandemien og ekstraordinære straumutgifter, jf. Innst. 119 S (2021–2022) blei det mellombels løyvd 4 mill. kroner til grunnstøtte til barne- og ungdomsorganisasjonane.

I budsjettet for 2023 er det sett av i overkant av 185 mill. kroner til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane, ekstraordinær prisomrekning i RNB 2023 halden utanfor.

Utmålinga av grunnstøtta baserer seg mellom anna på aktivitetsnivået til organisasjonane. Det var vanskeleg å drive ordinær aktivitet i barne- og ungdomsorganisasjonane under pandemien på grunn av dei ulike smitteverntiltaka, og det blei fastsett ei mellombels forskrift for tilskot som gjaldt til og med tilskotsåret 2023. Frå og med tilskotsåret 2024 gjeld den ordinære forskrifta som blei revidert i 2022.

I 2024 føreslår regjeringa å styrkje den nasjonale grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonanemed 10 mill. kroner.

Trygg digital oppvekst

Ein stadig større del av kvardagen til barn og unge er digital. Barn skal kunne nytte dei moglegheitene digitale arenaer gir for å delta aktivt gjennom sosial omgang, læring, underhalding og kreative aktivitetar. Dei aller fleste av barna har det bra på nett. Norske barn er blant dei største brukarane av internett i Europa, og samstundes dei som trivst best på nett. Det er likevel mange som risikerer å bli utsette for negative opplevingar som skadeleg innhald, vald, overgrep, falske nyheiter, hatefulle ytringar, brot på personvern mv. Dei negative og potensielt skadelege aspekta ved den digitale kvardagen til barn og ungdom krev tiltak for å verne og hjelpe, men også for å styrkje digital dømmekraft, kritisk medieforståing og deltaking. Det er naudsynt at foreldre og andre vaksne som jobbar med barn, forstår barn sine behov i ein digital kvardag så dei kan syte for ein så trygg bruk av digitale kanalar som mogleg. Sjå omtale under foreldrestøttande arbeid for omtale av tiltak for å styrkje foreldra sin kompetanse om dette.

Barn sine rettar blir utfordra av den teknologiske utviklinga. Mellom anna har barn eit særskilt forbrukarvern. Digitaliseringa utfordrar dette vernet. Sjå nærare omtale av forbrukarvernet til barn i programkategori 11.30. I 2021 offentleggjorde FN sin barnekomité elles ein generell kommentar, nr. 25, som omhandlar barn sine rettar i det digitale samfunnet. Alle sektorar må sørgje for at barn sine rettar i det digitale miljøet blir respekterte, beskytta og varetekne. Det er eit mål at barn og unge får ein aktiv, deltakande og trygg digital oppvekst. Strategien Rett på nett vart lagd fram i september 2021. Strategien skildrar moglegheiter og utfordringane på feltet og vil vere ei ramme for det vidare arbeidet for ein tryggare digital oppvekst. Strategien skal bidra til at barn og unge får ein aktiv, deltakande og trygg digital oppvekst. Departementet har sett på ulike måtar å styrkje forskinga på digital oppvekst og mellom anna vurdert å opprette eit forskingssenter. I budsjettet for 2024 har departementet prioritert tilskot til EU Kids Online for å styrkje forskinga på feltet.

BFD har det koordinerande ansvaret for innsatsen for trygg digital oppvekst på tvers av departementa og leier arbeidet med melding til Stortinget om digital oppvekst. Fleire departement har ansvar for områda som er relevante for barn sine digitale liv, og deltek i arbeidet med meldinga. I innspelsfasen til meldinga har det vore nytta fleire ulike medverknadsprosessar inn i arbeidet, til dømes bruk av ungdomspanel, kontaktkonferanse med barne- og ungdomsorganisasjonane, besøk i ei rekkje ungdomsråd, eigne undersøkingar for ungdom og foreldre og fleire innspelsmøte med ei rekkje aktørar på feltet. Meldinga skal òg byggje på problemstillingane som er omtalte i Rett på nett.

Regjeringa avgjorde i 2022 at ung.no skal vere den primære kanalen staten har for digital informasjon, dialog og digitale tenester til barn og unge på tvers av sektorar og tenestenivå, gjennom realisering av DigiUng-programmet. Ung.no skal vere ein brukarvennleg inngangsport til informasjon av høg kvalitet og hjelpetenester drivne av det offentlege på tvers av sektorar. Ung.no skal tilby informasjon, hjelp og rettleiing som utviklar handlingskompetanse og mogleggjer å ta gode val og meistre eige liv. Nettstaden ung.no er driven av Bufdir, som samarbeider med mange andre offentlege tenester og etatar, til dømes Helsedirektoratet.

Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet utviklar i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet DigiUng og ung.no vidare. Det er i 2023 arbeidd med å etablere ein felles drifts-, finansierings- og forvaltingsmodell for arbeidet.

Arbeidet med prosjektet «Digital ungdomsportal» heldfram. Målet med prosjektet er å vidareutvikle ung.no til éin felles tverrsektoriell inngang til offentlege digitale informasjons-, rettleiings- og hjelpetenester for ungdom. Prosjektet vil i 2024 leggje vekt på å vidareutvikle varige strukturar for forvalting av DigiUng-samarbeidet og vidareutvikle tenesta ung.no til å framleis vere ei relevant, kvalitetssikra og oppdatert teneste for målgruppa. Prosjektet vil også halde fram med utviklingsarbeidet for å medverke til at ungdommar blir leidde til gode tenester i økosystemet til DigiUng.

Foreldrestøtte og førebygging av familiekonfliktar

Eit trygt familieliv er viktig for livskvaliteten, helsa og utviklinga hos barn. Høgt konfliktnivå mellom foreldra kan ha alvorlege, negative konsekvensar for barnet. Det er derfor til det beste for barnet at foreldre som treng det, får støtte i foreldreskapen og hjelp med familiekonfliktar. Det kjem fram, mellom anna av barnekonvensjonen, at barn har rett til vern mot vald, at barn og foreldre har rett til støtte, og at staten skal «yte egnet bistand til foreldre og verger når de utfører sine plikter som barneoppdrager».

Tiltak som støttar opp om foreldrefunksjonar og foreldresamarbeid, har som føremål å betre oppvekstvilkåra til barn. Slike tiltak kan ha stor verknad for helse og livskvalitet for barn og foreldre. Ulike foreldrestøttetiltak er viktige verkemiddel for å styrkje det førebyggjande arbeidet kommunane gjer, og den tidlege innsatsen deira som del av barnevernsreforma.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Foreldre får hjelp til å gi god omsorg og løyse konfliktar.

Foreldrestøttande arbeid

Foreldrestøttande arbeid, inkludert samlivstiltak, er dei viktigaste tiltaka for å førebyggje at utfordringar i familielivet veks til alvorlege problem som rammar barnet. Førebyggjande arbeid og tidleg innsats er ein viktig del av barnevernsreforma. Det er eit mål at alle kommunar skal tilby kunnskapsbasert samlivs- og foreldrestøttande tiltak, at tilbodet skal vere likeverdig, og at samarbeidet mellom ulike tenester skal styrkjast. Departementet hadde i 2022 følgjande mål: Fleire foreldre skal få tilbod om foreldrestøtte og samlivstiltak.

Blant dei universelle tiltaka er tilskotsordninga til foreldrestøttande arbeid i kommunane. I 2023 var løyvinga til tilskotsordninga på 37,3 mill. kroner, ekstraordinær prisomrekning i RNB 2023 halden utanfor. Det vart tildelt tilskot til om lag 70 nye tiltak, i tillegg til vidareføring av fleirårige tiltak frå tidlegare. Det er indikasjonar på at kommunane som har fått tilskot, samla sett har auka bruken av kunnskapsbaserte foreldrestøttande tilbod dei siste åra. Ordninga skal støtte opp om barnevernsreforma, irekna å styrkje førebygging og tidleg innsats, og nå ut til alle samfunnsgrupper. Bufdir har i 2023 gjennomført ein kampanje for å auke bruken av universelle foreldrestøttande tiltak i kommunane som førebyggjer på eit tidleg tidspunkt. Bufdir har òg utvikla ei oversikt på nettsidene sine over dei kunnskapsbaserte foreldrestøttande tiltaka. Regjeringa føreslår å auke tilskotsordninga med 10 mill. kroner i 2024. Styrkinga vil gi fleire foreldre høve til å få foreldrestøtte.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 blei løyvinga til hjelpetelefonen Foreldresupport styrkt med 2 mill. kroner for å bidra til at tilbodet kunne haldast ved lag på det same nivået som i 2022. Regjeringa vil føre vidare styrkinga av hjelpetelefonen Foreldresupport frå RNB 2023 i 2024.

Tilskotsordninga «Samlivskurs for førstegangsforeldre» og tilskotsordninga «Tilskudd til samlivstiltak» blei avvikla i 2022. Det er framleis mogleg å søkje om støtte til kurset «Godt samliv» i tilskotsordninga for foreldrestøttende tiltak, og kommunane kan få rettleiing frå familievernet og tilby kurset til innbyggjarane sine. Kurset er digitalt, slik at par frå heile landet kan følgje det heimanfrå. Bufdir har bestilt ein studie av kurset for foreldre som får barn for fyrste gong, frå Høgskulen på Vestlandet. Sluttrapport frå prosjektet er venta vinteren 2023–2024.

I 2022 kartla Bufdir på oppdrag frå departementet omfanget av og typar foreldrestøtte i frivillig sektor. Kartlegginga viste at dei frivillige organisasjonane speler ei viktig rolle i det foreldrestøttande arbeidet og møter foreldre som dei offentlege tenestene ikkje alltid når fram til. Tilboda til dei frivillige tenestene er òg i større grad erfaringsbaserte og praktisk retta. Rapport frå Rambøll (2022), bestilt av Bufdir, viser at frivillige organisasjonar og trussamfunn speler ei verdifull rolle i arbeidet med å hjelpe og støtte foreldre, som supplerer det kommunale tilbodet.

Foreldrehverdag.no er ein statleg nettressurs drifta av Bufdir. Denne skal gi alle foreldre lett tilgang til god rådgiving, hjelp og støtte i foreldreskapen. Nettsida blir også nytta av fagpersonar og andre som har foreldre som målgruppe. I 2022 hadde nettsida om lag 800 000 besøk. I 2023 er Bufdir bede om å utarbeide informasjon om barn sitt personvern til foreldrehverdag.no. Nettsida vil bli ein viktig kanal for å styrkje kompetanse hos foreldre om barn sin bruk av internett og sosiale medium. Dette er eit av måla i den nasjonale strategien for trygg digital oppvekst – «Rett på nett».

I 2023 og 2024 vil det bli arbeidd med å vidareutvikle foreldrerettleiing til foreldre som har ungdom, og det blir gjennomført ei følgjeevaluering av pilotprosjektet. Resultatet av evalueringa vil leggje grunnlaget for vidare arbeid med dette, og implementeringa av denne versjonen av ICDP-foreldrerettleiinga vil integrerast i det ordinære tilbodet.

Sammen på vei –Nurse Family Partnership,tidlegare namnFamilie for første gang, er eit spesialisert tilbod for sårbare familiar, som rettar seg mot fyrstegongsgravide i ein vanskeleg livssituasjon. Programmet er under utprøving fram til 2027, og målet er mellom anna å betre helsa og utviklinga til barnet, styrkje omsorgsevnene til foreldra og førebyggje omsorgsovertakingar, bidra til økonomisk sjølvstende og auka tillit til og kontakt med hjelpetenester. I 2023 er løyvinga på 64,5 mill. kroner. Programmet vart utvida i 2022, og det blir no implementert i 5 geografiske utprøvingsområde og inkluderer 33 kommunar og 5 bydelar i Oslo. Ved utgangen av 2022 hadde totalt 475 fyrstegongsgravide og familiane deira delteke i programmet. Bufdir skal løpande innhente og systematisere erfaringane tenestene har gjort seg med å praktisere programmet, for å sikre god nytte av erfaringane også etter utprøvinga. I juni 2023 sette Bufdir i gang ein effektstudie av programmet i regi av OsloMet AFI som går fram til 2027.

Familievernet

Mange familiar vil oppleve ulike utfordringar og kriser. Familieverntenesta har familierelasjonar som si spesialverksemd. Familievernet kan rettleie og hjelpe familiane med å handtere utfordringar og å finne løysingar. Mekling kan dempe og førebyggje konfliktar mellom foreldra. Om relasjonen mellom foreldre blir betra, vil dette òg betre oppvekstvilkåra til barna. Tilbodet frå familievernet skal vere likeverdig. Det vil seie at tenestetilboda er kjende, at dei blir sett på som relevante og er godt tilrettelagde for ulike grupper. Familievernet skal samarbeide med andre tenester dersom eit samarbeid er naudsynt for å gi brukaren eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.

Talet på familiar som søkjer hjelp i familievernet, aukar, og det er kontora i dei store byane som merkar pågangen sterkast. Over 50 000 familiar fekk tilbod om mekling eller terapi i familievernet i 2022. Familievernkontora rapporterer om at konfliktnivået mellom foreldre er høgare, og at kompleksiteten i sakene er større enn før pandemien. Talet på meklingssaker i samband med samlivsbrot har vore relativt stabilt dei siste fem åra, men med ein liten nedgang på grunn av pandemien i 2020 og 2021. Talet har auka igjen og nærmar seg no 2019-nivået. Talet på saker med samvær med støtta tilsyn og utgifter til dette er aukande.

I 2023 vil departementet halde fram med å følgje opp NOU 2019: 20 om familievernet. Departementet vil også sjå dette i samanheng med oppfølginga av NOU 2020: 14 Ny barnelov og NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Departementet vil i 2024 arbeide for ei likeverdig og profesjonalisert teneste over heile landet, med fagutvikling og nytenkjande løysingar.

På oppdrag frå Bufdir publiserte NOVA i 2023 ein rapport om korleis familievernet arbeider for å tilby likeverdige tenester til ei mangfaldig befolkning. NOVA fann at det er låg kjennskap til tenesta i nokre grupper i samfunnet, at familievernet blir oppfatta som ein del av barnevernet, og at terskelen for å ta kontakt med familievernet er særleg høg blant familiar med låg tillit til offentlege tenester. Forskinga inngår som kunnskapsgrunnlag for eit oppdrag til Bufdir om å vurdere behovet for, og eventuelt føreslå, tiltak på system- og tenestenivå for å bidra til at tilbodet til familievernet når fram til alle samfunnsgrupper, også dei som ikkje oppsøkjer tenesta sjølve. Ein studie frå NOVA om tilnærminga familievernet har til barn og unge som brukarar, blir publisert hausten 2023.

Mekling og tilbod til familiar med eit høgt konfliktnivå

Det er eit mål at foreldre som ikkje bur saman, eller som går frå kvarandre, får til eit godt samarbeid om barna. Det offentlege legg til rette for dette gjennom mekling og dei andre tilboda til familieverntenesta. Dersom konfliktar blir løyste tidleg, er dette bra for barn og foreldre. Det kan òg redusere talet på saker for domstolen.

Departementet hadde i 2022 følgjande mål for familievernet: Fleire foreldre som vurderer å reise sak for retten, inngår avtalar. Fleire barn skal bli høyrde i samband med mekling.

Bufdir har ansvaret for at meklingsapparatet er dimensjonert slik at mekling er geografisk tilgjengeleg, utan vesentleg ventetid og gir brukarane eit visst val med omsyn til meklar. Foreldre skal få eit meklingstilbod tilpassa behovet deira slik at meklinga er retta mot utfordringane i den einskilde familien. Familiar som i hovudsak er samde, får tilbod om rettleiing og ein digital avtale om foreldresamarbeid. Familiar med høg grad av konflikt skal få meir hjelp.

Talet på foreldre som har nytta det frivillige tilbodet om mekling (fleire timar enn den obligatoriske timen), var i 2022 på 42 prosent av meklingane. Det har vore ein liten nedgang frå tidlegare år. Bufdir melder om at kompleksiteten i sakene i familievernet aukar. Over 5 000 foreldrepar har nytta seg av tilbodet om prosessmekling, som er eit eige meklingsforløp tilpassa foreldre med høg konflikt. Det har vore ein auke i talet på risikosaker, frå 14 prosent i 2020 og 2021 til 17 prosent i 2022.

Barne- og familiedepartementet har i 2022 fått utarbeidd fleire analysar av SSB si undersøking av barn og foreldres samvær og bustad 2020. Analysane gjeld mellom anna utviklingstrekk og kjenneteikn ved delt bustad,4 kjenneteikn ved foreldre med mykje og lite samvær med barna, samarbeid og konfliktar mellom foreldre som bur kvar for seg, og medverknaden og innverknaden til barna ved val av bustads- og samværsløysingar.5 I 2020 svarte 43 prosent av alle foreldre som ikkje bur saman, at dei praktiserer delt bustad for barnet. Blant dei som gjekk frå kvarandre i 2016–2020, var talet 53 prosent. Eit anna funn er at dei fleste foreldre har eit godt samarbeid om barna etter brot, men 14 prosent opplever eit konfliktfylt forhold til den andre forelderen. Analysen viser at kjenneteikn ved foreldre med lite samvær er lang reiseveg til den andre forelderen, dei har eldre barn, og dei har eit kort eller ikkje noko tidlegare samliv med den andre forelderen. Departementet vil mellom anna nytte analysane som kunnskapsgrunnlag i arbeidet med ny barnelov og anna politikkutvikling på feltet.

Bufdir skal samarbeide med Domstolsadministrasjonen om å gjere tilbodet frå familievernet kjent, slik at dommaren kan sende ei sak tilbake til meir mekling der dette er tenleg. Departementet føreslår å føre vidare tilskot til Domstolsadministrasjonen for mellom anna å styrkje samarbeidet med familievernet på dette området.

Når det oppstår samværshindring eller avgrensa samvær, kan det vere naudsynt at familievernet samarbeider med andre instansar som barnevern, domstol og Nav. Det er viktig at foreldre som opplever dette, blir forstått og tekne på alvor av hjelpeapparatet. Aktørane som skal hjelpe til, må ha god kompetanse og høve til å greie ut situasjonen til familien og leggje til rette for eit koordinert tilbod. Kven barnet skal bu fast saman med, og omfanget av samvær påverkar økonomien i familien, til dømes gjennom offentlege stønader og barnebidrag. Økonomiske omsyn og insentiv kan forsterke konfliktar om samvær og hindre samvær. Bufdir skal i 2023 jobbe vidare med å vurdere og følgje opp tiltaka dei føreslo i rapporten sin om stans i samvær. Departementet vil følgje opp saka i arbeidet med ny barnelov. Sjå omtale under oppmodingsvedtak nr. 714 av 9. mars 2021. Bufdir har òg fått i oppdrag å vurdere om samvær med tilsyn fungerer godt og i tråd med måla for ordninga. I tillegg til å vurdere om ordninga fungerer etter hensikta si, skal Bufdir vurdere om og eventuelt korleis ordninga med samvær med tilsyn bør justerast eller leggjast om. Departementet ventar rapport frå Bufdir hausten 2023.

I 2022 bad om lag 21 600 foreldrepar om mekling. Om lag 80 prosent av dei mekla på eit familievernkontor, medan om lag 20 prosent mekla hos ein ekstern meklar. Ifølgje tal frå Bufdir vart det i 2022 mekla i om lag 7 000 tilfelle der foreldre vurderte å reise sak for retten. I om lag 30 prosent av desse sakene vart det inngått ein skriftleg avtale. Utviklinga når det gjeld talet på skriftlege avtalar inngått under mekling, ser ikkje ut til å ha vore som ønskt. Det er stor uvisse fordi fleire foreldre ønskjer å gå gjennom avtalen heime og det er høve til digital signering av ein slik avtale. Analysar av SSB si undersøking om samvær og bustad 2020 finn at 15 prosent av foreldra ikkje har ein avtale om samvær.6

Barn treng særskilt vern. 15. august 2022 vart det innført krav om at Barnesakkunnig kommisjon skal gjennomgå og vurdere sakkunnigrapportar før rapporten kan brukast som bevis i foreldretvistsaker for domstolen. Kommisjonen handsama 76 sakkunnigrapporter etter barnelova i 2022. Dei fleste sakkunnige leverer fagleg og metodisk solide rapportar, og nær 70 prosent av rapportane etter barnelova fekk ingen vesentlege merknader frå kommisjonen.

Departementet har i 2023 gitt eit oppdrag til Universitetet i Oslo om å greie ut samordning mellom barnelova og barnevernslova når det gjeld saker der barn og foreldre er involverte i både ei foreldretvistsak og ei sak om omsorgsovertaking. Det kan òg vere saker der eit barn er under barnevernet si omsorg og dødsfall fører til at ingen har foreldreansvaret for barnet. Det er berre i avgrensa grad reglar om samordning i slike saker, og det har ikkje vore gjort ei fullstendig utgreiing av desse spørsmåla tidlegare.

Ekteskapslova

Bufdir har levert ei utgreiing om kravet om åtskiljing i ekteskapslova ved separasjon og skilsmisse, sett opp mot målsetjingane i familiepolitikken. Bufdir si vurdering er at kravet om åtskiljing og separasjon bør erstattast av ei rein områdingstid. Dei ser føre seg at områdingstida bør vere seks månader, og at skilsmisse må krevjast fullført innan eitt år, elles fell søknaden bort. Forslaget vil kunne ha positiv effekt for barna i familien, mellom anna fordi det kan dempe konfliktar og gi partane høve til å avslutte samlivet på ein måte som varetek eigne og barna sine behov. Rapporten er til handsaming i departementet.

Stortinget vedtok i juni 2021 nye reglar om anerkjenning av ekteskap inngått etter utanlandsk rett, der minst ein av partane var mindreårig då dei gifta seg. Hovudregelen etter dei nye reglane er at ekteskap som er inngått med mindreårig, ikkje skal bli anerkjende i Noreg. Endringane er ikkje gjeldande enno fordi ein må vente til forskrift om sakshandsaming er på plass. Departementet har nyleg hatt forskrifta på høyring og vil følgje opp saka.

Høyring av barn i mekling

For å vareta retten barnet har til medverknad, er det nedfelt i barnelova at foreldra skal høyre kva barnet har å seie, før dei tek avgjerder om personlege tilhøve for barnet. Dette gjeld mellom anna i spørsmål om samvær og kvar barnet skal bu fast. Foreldra skal leggje vekt på det barnet meiner, alt etter kor gammalt og modent barnet er.

Ein meklar som har møtt barna, vil ha betre føresetnader for å hjelpe foreldra med å finne gode løysingar. Ved å inkludere barnet på ein god måte vil foreldra ha eit betre grunnlag for å komme fram til ein best mogleg avtale om bustad og samvær for barnet.

Alle barn i skulepliktig alder og yngre barn som er modne nok til å gjere seg opp ei meining, får tilbod om ein eigen time når foreldra skal møte til mekling.

Foreldra blir informerte om retten barnet har til å bli høyrt, og tilbodet om at meklaren og barnet kan ha ein eigen samtale. I saker med høg konflikt vil det ikkje alltid vere forsvarleg å høyre barnet i fyrste time. I tillegg til samtalar i samband med mekling får mange barn òg tilbod om eigne samtalar eller ei samtalegruppe på familievernkontoret.

I 2022 var delen barn som blei høyrde, nær 23 prosent av alle barn over sju år som hadde foreldre som var til mekling i familievernet, og om lag 19 prosent hos eksterne meklarar.

For at fleire av barna det gjeld, skal delta i mekling, har det dei siste åra vore stor merksemd rundt å styrkje kompetansen til familievernet i å snakke med barn. Spisskompetansemiljøet for barn og unge i familievernet har i 2022 laga ein film og ein brosjyre til barn som skal til samtale i samband med mekling. I 2023 skal dei utarbeide forslag til eit eige forløp for samtalar med barn, både i mekling og kliniske saker.

Departementet meiner at det framleis er for få barn som blir høyrde, og har i 2023 bede Bufdir om å utvikle eigen informasjon til barn om høvet for medverknad i familievernet. Bufdir vil i 2024 halde fram med det langsiktige arbeidet med å gi god informasjon til foreldre og barn om samlivsbrot og særleg om tilbodet til barn.

Adopsjon

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal granske internasjonale adopsjonar til Noreg. Eit overordna føremål med arbeidet er å få svar på om det har vore ulovlege eller uetiske tilhøve i samband med utanlandsadopsjonar til Noreg. Utvalet skal greie ut om systemet for adopsjonar til Noreg har vore forsvarleg. Utvalet skal levere ein eller fleire delrapportar om tilhøva i einskildland eller andre tema som er eigna. Adopsjonssaker frå Equador og Sør-Korea og eventuelle andre aktuelle land skal prioriterast ved utforming av delrapportar. Om utvalet vurderer at adopsjonar til Noreg frå visse land bør stansast, skal utvalet ta dette opp med Bufdir og departementet. Granskinga som no skal i gang her i landet og i fleire opphavsland, kan gjere at fleire vil vende seg til Bufdir om si eiga sak og be om innsyn og bistand til søk etter opphav. Desse tenestene skal prioriterast framover. Bufdir skal informere godt om desse tenestene og kva form for bistand den einskilde kan få. Departementet vil vurdere behovet for ei gransking også av nasjonale adopsjonar.

Adopsjon er inngripande for dei det gjeld, og vil vere ein livslang prosess. Adopsjonsprosessane skal derfor vere forsvarleg. Adopsjon er særskilt regulert internasjonalt gjennom barnekonvensjonen og konvensjon om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar – Haagkonvensjonen 1993. Den europeiske menneskerettskonvensjonen gjeld generelt. Praksis etter lova skal vere godt i samsvar med konvensjonsforpliktingar og menneskerettane. Bufdir skal som forvaltar av lova sikre dette og skal samstundes sikre likehandsaming ved løyve og avslag i regionane og kontroll og tilsyn med feltet.

Departementet har i 2023 fått svar på oppdrag til Bufdir om ei vurdering av reglane om vaksenadopsjon. Departementet vil vurdere dette. Departementet har i 2023 vidare fått svar på oppdrag til Bufdir om reglane om stebarnsadopsjon av barn under 18 år i lys av den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), der Bufdir konkluderer med at det ikkje er behov for oppfølging.

Etteradopsjonstiltak er høgt prioriterte oppgåver for regjeringa. Mange adopterte og adoptivforeldre opplever at dei ikkje har ein plass å gå med spørsmål om dei samansette behova dei kan ha. Dette gjeld til dømes tilknytingsproblematikk, kjensler av tap og avvising, utanforskap, rasisme og eventuelle traume og ved søk etter biologisk opphav. Departementet har bede Bufdir få på plass etteradopsjonstiltak i 2023, som skal vidareutviklast i 2024. Bufdir skal søkje samarbeid med Helsedirektoratet og andre direktorat om etteradopsjon der dette er naudsynt og tenleg. Det same gjeld organisasjonar på feltet. Fleire etterspurde tiltak for adopterte og familiane deira er no på plass. Det er etablert bistand til søk etter biologisk opphav. Det er også etablert ei kompetanseteneste i Bufetat region aust, som skal gi individuell rettleiing til adopterte og familiane deira om tenestetilbodet etter adopsjon. Tenesta skal òg gi fagstøtte om adopsjonsspesifikke problemstillingar til andre aktuelle tenester. Det er vidare etablert kurs for adoptivforeldre, der rasisme og utanforskap er blant temaa som skal inkluderast. Målet for kursa er å gi god foreldrestøtte og rettleiing om tenestetilbodet og å gi høve til å danne nettverk. Bufdir er bede om å vurdere om eit tilbod til adopterte barn og ungdommar bør inngå her. Bufdir har dessutan fått i oppdrag i 2023 å vurdere å utvikle eit prøveprosjekt med samtalestøtte til nasjonalt og internasjonalt adopterte, etter ein svensk modell. Kunnskap og forsking ligg til grunn for dei nye etteradopsjonstiltaka, særleg undersøkinga frå Folkehelseinstituttet frå 2021, som retta merksemda mot adoptivforeldre sine vurderingar av behov for oppfølging. Departementet har også teke omsyn til behova som dei adopterte sjølve har formidla.

I 2024 føreslår departementet å løyve ytterlegare 2 mill. kroner til etteradopsjonstiltak, slik at løyvinga aukar frå 3,5 til 5,5 mill. kroner. Departementet vil be Bufdir greie ut likepersonsnettverk nærare, som er eit tiltak i rapporten frå direktoratet om etteradopsjonstiltak frå 2021. Det er ønskjeleg å sjå på alternative måtar å innrette eit slikt nettverk eller liknande på og på føresetnader og konsekvensar.

Vald og overgrep

Vald og overgrep mot barn og vaksne er eit alvorleg samfunnsproblem og eit folkehelseproblem som har store konsekvensar for dei som blir ramma. I mange tilfelle blir vald og overgrep mot barn avdekte seint. Å leve med vald i familien er ein alvorleg trugsel mot helsa til barn og gir dårlege oppvekstvilkår. Retten barn har til vern mot vald, overgrep og omsorgssvikt, er ein grunnleggjande menneskerett og følgjer av ei rekkje lover og konvensjonar som gjeld i Noreg. Både Verdas helseorganisasjon og Europarådets komité for barn sine rettar tilrår bruk av foreldrestøttande tiltak for å førebyggje vald.7

Statlege styresmakter har eit ansvar for å førebyggje vald og overgrep og hjelpe dei som blir utsette for dette. Arbeidet omfattar ansvaret til fleire departement. BFD har ansvar for å koordinere innsatsen mot vald og overgrep mot barn og unge, men har òg ansvaret for fleire av hjelpetiltak retta mot både vaksne og barn. Ein ny studie frå NKVTS om omfanget viser at vald og overgrep framleis er eit stort problem. Det er òg eit stort likestillingsproblem. Kvinner er mykje meir utsette for alvorleg partnarvald og valdtekt samanlikna med menn. Ei av fem kvinner rapporterer at dei har vore utsette for valdtekt ved makt eller tvang, sovevaldtekt eller begge. Om lag ein av ti rapporterer at dei har vore utsette for alvorleg fysisk vald frå ein forelder eller omsorgsperson i barndommen. Dei fleste som var utsette, oppgav at dei ikkje hadde oppsøkt helsehjelp, og få hadde meld overgrepa til politiet.8

Ein ny studie frå OsloMet viser ein sterk auke i seksuell vald blant barn og unge. Ein av fire ungdommar rapporterer om seksuell vald i løpet av oppveksten. Jenter er om lag fire gonger så utsette som gutar. Samstundes blir færre utsette for fysisk vald frå foreldre.9

Det viktigaste er å hindre at vald i nære relasjonar skjer. Effektiv førebygging kan redusere behovet for meir inngripande tiltak seinare. Og det kan spare einskildindivid og samfunnet for store kostnader – både menneskelege og økonomiske. Ein ny analyse frå Menon Economics anslår at kostnadene ved vald i nære relasjonar utgjorde 92,7 mrd. kroner i 2021.10

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) over melde lovbrot i 2022 viser at det er ein nedgang i talet på melde tilfelle av seksuallovbrot mot barn samanlikna med i 2021, medan melde tilfelle av vald og mishandling mot barn har auka samanlikna med 2021, sjå figur 4.1.

Figur 4.1 Tal offer under 18 år i melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot, perioden 2012–2022.

Figur 4.1 Tal offer under 18 år i melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot, perioden 2012–2022.

Kjelde: SSB, tabell 08634.

Departementet hadde i 2022 eit mål om å «[i] større grad førebyggje og avdekkje valds- og overgrepssaker mot barn og unge». Regjeringa prioriterer arbeidet mot vald og overgrep høgt, mellom anna gjennom å følgje opp gjeldande handlingsplanar på feltet. Regjeringa starta i 2022 arbeidet med ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Opptrappingsplanen vil mellom anna ta utgangspunkt i undersøkinga Riksrevisjonen har gjort av innsatsen til styresmaktene mot vald i nære relasjonar, jf. Dokument 3:8 (2021–2022) og rapport frå Europarådets overvakingskomité GREVIO om Noreg si implementering av Istanbul-konvensjonen. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet i tett samarbeid med BFD. I begge rapportane blir det peikt på positive trekk ved arbeidet, men fleire utfordringar blir løfta fram. Blant utfordringane er manglande samordning av og mellom tenester og dessutan uønskt variasjon i kvaliteten på tenestetilbodet ulike stader i landet.

Regjeringa tek sikte på at opptrappingsplanen blir lagd fram hausten 2023. Inntil opptrappingsplanen ligg føre, vil regjeringa følgje opp tiltaka i handlingsplanen Frihet fra vold (2021–2024) og handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024), som begge blei lagde fram i august 2021.

Justis- og beredskapsdepartementet (JD) har våren 2023 sett ned eit valdtektsutval som skal greie ut problemstillingar knytte til førebygging og straffeforfølging. Vidare har Justis- og beredskapsdepartementet gitt Statens sivilrettsforvaltning i oppdrag å etablere ein permanent partnardrapskommisjon med oppstart i 2024. Regjeringa føreslår 10 mill. kroner til å starte etableringa av ein undersøkingskommisjon for saker som gjeld vald, overgrep eller grov omsorgssvikt mot barn i 2024. Hovudføremålet er å avdekkje svikt i tenesteapparatet, bidra til at avdekte feil fører til læring og risikoreduserande tiltak, styrkje det førebyggjande arbeidet og betre samarbeidet på tvers av sektorane.

Forsking og undersøkingar om vald og overgrep framhevar kor viktig det er at barn i barnehagar og skular får kunnskap om kjensler, eigne grenser, rettar, krenkingar og vald, og dessutan at dei vaksne som treffer barna kvar dag på desse arenaene, er trygge på å kunne ta den viktige samtalen med barna dei er bekymra for. Bufdir har i 2022 prioritert arbeidet med å revidere og vidareutvikle dei digitale opplæringsressursane «Jeg vet» og Snakkmedbarn.no. Forskingsstiftelsen FAFO har gjennomført ei evaluering av ressursane som vart avslutta i 2022.11 Evalueringa viser at kjennskapen til ressursane er lågare enn ønskt. Samstundes viser evalueringa at tilsette og leiarar i utdanningssektoren som har teke ressursane i bruk, vurderer dei svært positivt. Verktøya blir omtalte som nyttige og gode, og tilsette opplevde at dei fekk betre ferdigheiter og auka kompetanse gjennom bruken av dei. Bufdir har sett i gang aktivitetar i 2023 for å auke kjennskapen og bruken av ressursane. Det er også sett i gang ein studie av effektane av å bruke «Jeg vet» i skulen.

Arbeidet med vald i familievernet

Familievernet kjem ofte i kontakt med familiar der ein eller fleire medlemmer utøver vald eller blir utsette for vald. Kunnskap om vald og overgrep må derfor vere ein del av grunnkompetansen til alle tilsette. Bufdir opplyser at av alle meklingssaker i familievernet, blei det i 2022 avdekt vald i 12,7 prosent av sakene, noko som er nesten same nivået som i 2021. Det vart avdekt vald i 13 prosent av avslutta kliniske saker i 2022. Det er òg same nivået som i 2021.

Familievernet har i 2022 arbeidd med fleire tiltak for å auke grunnkompetansen om vald og overgrep blant dei tilsette i alle regionar, mellom anna i samarbeid med Alternativ til Vold. Kapasiteten i familievernet har auka som følgje av at han vart bygd opp under pandemien. Arbeidet med å vidareutvikle arbeidet familievernet gjer mot vald, vil halde fram i 2024.

Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK)

Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK) blei formelt opna i oktober 2022. NASAK har som føremål å styrkje kvaliteten på tilbodet for samiske barn, vaksne og familiar i det kommunale og statlege barnevernet, familievernet og krisesentera.

NASAK har stillingar i ulike samiske område (nordsamisk, lule- og markasamisk, sørsamisk og bysamisk), med hovudbase i Karasjok, som eiga avdeling ved Indre Finnmark familievernkontor. For å sikre praksisnær kunnskapsutvikling og styrking av lokale tenester er nokre av stillingane delvis tilknytte andre lokale tenester. Nordlandsforskning har fått i oppdrag å følgjeevaluere NASAK.

Stiftelsen Alternativ til Vold

Stiftelsen Alternativ til Vold (ATV) får tilskot frå BFD til drift av ATV-kontor. Målet med tilskotet er å få til eit lågterskel behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og til familien til valdsutøvaren (familiemandat). Ved inngangen til 2023 var det 15 ATV-tilbod i Noreg.

Styrkinga av driftstilskotet til ATV i RNB 2021 blei vidareført med heilårsverknad på 11,5 mill. kroner i 2022. Dette har bidratt til at ATV har fått auka kapasitet. Til saman 2 317 klientar fekk behandling i 2022. Dette er ein auke på 142 personar frå 2021. Det har òg vore ein auke i talet på barn. Til saman kom 230 barn til behandling og informasjonssamtalar i 2022, mot 208 barn i 2021.

ATV tek òg imot tilskot til ulike kunnskaps- og utviklingsprosjekt over tilskotsordninga til Drifts- og prosjektstilskot til tiltak mot vald og overgrep,som Bufdir forvaltar.

Ei brukarundersøking gjennomført i 2022 viser at klientane ved ATV-kontora er godt nøgde med tilbodet dei får. Våren 2022 vart det vedteke at ATV skal inngå i LoveproM, eit samarbeidsprosjekt med ei rekkje helseorganisasjonar om innsamling av klientrapporterte erfaringar både gjennom behandlinga og utfallsmål ved avslutning. Målet med innføringa av eit slikt tilbakemeldingssystem er læring og utvikling. Systemet skal prøvast ut ved kontoret i Oslo i 2023.

Det statlege driftstilskotet til ATV blir ført vidare i 2024.

Krisesentertilbodet

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å ha eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller trugslar om vald i nære relasjonar. Statsforvaltarane fører tilsyn med korleis kommunane følgjer opp pliktene etter krisesenterlova. Krisesentera er eit hjelpetilbod med særleg kompetanse på vern og tryggleik og gir råd og rettleiing til personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Det finst 43 krisesentertilbod, inkludert eit eige krisesenter for menn, og det er kommunane som finansierer drifta av sentera.

I 2022 auka talet bebuarar og dagbrukarar på krisesentera samanlikna med 2021 og 2020. Det budde 2 110 vaksne på krisesentera, og av dei var 189 menn. 61 prosent av bebuarane hadde innvandrarbakgrunn. 2 684 kvinner og 250 menn nytta dagtilbodet på sentera. Til saman utgjorde dette 11 204 dagsbesøk, som er ein stor auke frå 2021, då det vart registrert 7 942 dagsbesøk. Statistikken seier ikkje noko om årsaka til at det er fleire som har brukt tilbodet, men det kan tenkjast at dette er ein naturleg auke etter pandemien. Talet på krisesenteropphald er tilbake på same nivået som i 2019, då det vart registrert 2 471 opphald. Når det gjeld dagsbesøk, vart det registrert litt færre i 2022 enn i 2019, då det vart registrert 12 454 besøk. I RNB 2022 vart det mellombelse løyvd 16,3 mill. kroner til krisesentera sitt arbeid med oppfølging av fordrivne frå Ukraina.

Det budde 1 482 barn på sentera i 2022. Det er ein auke frå 2021 og 2020, men ein nedgang samanlikna med åra 2017–2019. Barna som budde på krisesenter, var i snitt 7 år, og eit opphald varte i snitt i 30 døgn. 154 av barna hadde budd på krisesenter ein eller fleire gonger før. Ved 67 prosent av opphalda var det i framkant oppretta kontakt med minst ein annan instans, normalt barnevernet.

Krisesenterlova seier at kommunen skal sørgje for å ta vare på barn på krisesenter på ein måte som er tilpassa dei særskilde behova deira. Krisesenterstatistikken til Bufdir for 2022 viser at det blei gitt ei eller fleire former for bistand til barna i 96 prosent av opphalda, som oftast i form av primærkontakt og velkomstsamtale på krisesenteret. Samstundes blei hjelpebehova til barna kartlagde og plan for oppfølging lagd ved om lag halvparten av opphalda.

Krisesenterlova fastset ei plikt til å sikre at barn får oppfylt dei rettane dei har etter anna regelverk. Etter barnekonvensjonen og Grunnlova er styresmakta forplikta til å leggje vekt på kva som er det beste for barnet ved utforminga av krisesentertilbodet og i kvar einskilde sak.

Detaljert statistikk om krisesentertilbodet i norske kommunar er tilgjengeleg på heimesida til Bufdir. På oppdrag frå Bufdir har PWC kartlagt innhaldet i avtalar mellom krisesentera og kommunar om drift av krisesentertilbod. PWC fann store skilnader i avtaleverket og manglar når det gjeld handsaming av personopplysingar. Rapporten vil inngå i kunnskapsgrunnlaget for gjennomgangen av krisesenterlova.

Departementet utarbeider eit høyringsnotat om endringar i krisesenterlova og utvikling av krisesentertilbodet som etter planen skal vere klart i løpet av 2023. I samband med dette arbeidet har departementet henta inn innspel hos krisesentera, kommunar, aktørar som jobbar med barnerettar, aktørar som jobbar på rusfeltet, mv.

Sentera mot incest og seksuelle overgrep / Nok.-sentera

Sentera mot incest og seksuelle overgrep / Nok.-sentera er eit lågterskeltilbod utan krav til tilvising, der personar som er blitt utsette for seksuelle overgrep, og pårørande, kan få råd, støtte og rettleiing. Sentera blir finansierte gjennom ei tilskotsordning som Bufdir forvaltar. Det er til saman 21 senter, og alle fylka har eit slikt tilbod i dag. Det er òg eit ressurssenter mot valdtekt.

I 2022 var det 2 904 personar som brukte sentera. Av dei var 80 prosent utsette for seksuelle overgrep, 15 prosent var pårørande, medan 5 prosent var både utsette for overgrep sjølve og pårørande til nokon som var utsette for det. 12 prosent av dei utsette som oppsøkte sentera, hadde innvandrarbakgrunn. Statistikk frå sentera mot incest og seksuelle overgrep er tilgjengeleg på heimesida til Bufdir.

Regjeringa vil i 2024 føre vidare tilskotet til sentera.

Stine Sofie Senteret

Stine Sofie Senteret i Grimstad er eit nasjonalt senter for valdsutsette barn, dei trygge omsorgspersonane deira og søskena deira. Senteret tilbyr seksdagars kursopphald for heile familien. I 2022 var tilskotet til Stine Sofie Senteret på om lag 36 mill. kroner. Tilskotet blei ført vidare i 2023 med om lag 37 mill. kroner.

Senteret har kapasitet til å tilby om lag 500 barn eit kursopphald per år. I 2022 har 430 barn og 336 omsorgspersonar hatt eit opphald ved senteret. Dette utgjer 231 familiar. Stine Sofies Stiftelse rapporterer at dei får gode tilbakemeldingar frå kursdeltakarane, og at barna opplever det trygt å vere på senteret. Bufdir har fått i oppdrag å setje i gang ei evaluering av tilskotet til senteret i 2023. Regjeringa vil i 2024 føre vidare tilskotet til Stine Sofie Senteret.

Tilskot til tiltak mot vald og overgrep

Bufdir forvaltar tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er, eller har vore, utsette for vald eller seksuelle overgrep.

Mange har søkt om tilskot, og i 2022 blei det gitt tilskot på om lag 24,5 mill. kroner gjennom ordninga. Dei organisasjonane som fekk driftstilskot, var Nok. Norge (tidlegare Fellesskap mot seksuelle overgrep), Krisesentersekretariatet, Utsattmann, og Landsforeningen mot seksuelle overgrep (LMSO). Løyvinga blei ført vidare i 2023.

Rapporteringane om tilskot til tiltak mot vald og overgrep syner at eitt eller fleire av måla for ordninga er nådd. Mellom anna har tilskotsordninga i 2022 støtta aktivitetar som gjeld tiltak mot kjærastevald, tiltak for å styrkje samarbeidet mellom tenester, tiltak retta mot ulike minoritetsgrupper og andre kompetansetiltak innanfor vald og seksuelle overgrep.

Frå 2020 har òg krisesenter kunna søkje om utviklingsmidlar for å styrkje tilbodet til særleg utsette grupper. Stiftelsen Sørlandet krisesenter, Bergen kommune, Indre Østfold kommune, Krisesenteret i Midt-Troms og Sarpsborg kommune fekk midlar til føremålet i 2022.

Fleire organisasjonar får namngjevne driftstilskot over same kapittel og post, mellom anna nokre tiltak mot tvangsekteskap og tilskot til VO-linja og andre ulike hjelpetelefonar.

I Prop. 51 S (2021–2022), Tiltak i møte med pandemien og ekstraordinære straumutgifter, og Innst. 119 S (2021–2022) blei det mellombels løyvd 1 mill. kroner til informasjonstiltak for å gjere tenester for barn, unge og foreldre på valdsfeltet meir kjent. Det blei òg løyvd 12,5 mill. kroner til å styrkje tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep og 5 mill. kroner til Røde kors sin hjelpetelefon Kors på halsen. Vidare blei det løyvd 2 mill. kroner til Mental Helse sin hjelpetelefon Foreldresupport. Den auka løyvinga til Foreldresupport blei ført vidare i 2023 og er føreslått ført vidare i 2024.

Løyvinga, både til tilskotsordninga og dei namngitte driftstilskota, blir ført vidare i 2024.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

840

Tiltak mot vald og overgrep

332 626

307 154

338 976

10,4

841

Samliv og konfliktløysing

26 110

700 557

26 215

-96,3

842

Familievern

665 407

659 320

697 965

5,9

843

Adopsjonsstønad

6 987

9 500

7 900

-16,8

844

Kontantstøtte

1 169 506

1 216 510

913 710

-24,9

845

Barnetrygd

18 154 012

20 230 000

23 819 000

17,7

846

Familie- og oppveksttiltak

989 802

1 026 545

1 112 169

8,3

847

EUs ungdomsprogram

15 832

16 081

16 968

5,5

848

Barneombodet

22 606

23 092

24 344

5,4

Sum kategori 11.10

21 382 888

24 188 759

26 957 247

11,4

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

3841

Samliv og konfliktløysing

215 381

26 498

-87,7

3842

Familievern

689

828

865

4,5

3847

EUs ungdomsprogram

5 910

5 964

5 964

0,0

Sum kategori 11.10

6 599

222 173

33 327

-85,0

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

547 104

536 677

586 455

9,3

50–89

Overføringar til andre

20 835 784

23 652 082

26 370 792

11,5

Sum kategori 11.10

21 382 888

24 188 759

26 957 247

11,4

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

24 231

20 521

31 774

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

110 949

115 617

123 250

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21, post 61 og kap. 858, post 01

161 590

134 142

144 720

73

Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

35 856

36 874

39 232

Sum kap. 840

332 626

307 154

338 976

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

Midlane på posten blir nytta til å finansiere prosjekt og tiltak i arbeidet mot vald og overgrep. Løyvinga blir mellom anna nytta til å finansiere tiltak i handlingsplanar mot vald og overgrep.

BFD føreslår å auke løyvinga på posten med 10 mill. kroner til å starte etableringa av ein kommisjon som skal undersøkje tilfelle der det offentlege apparatet sviktar i handteringa av dei mest alvorlege sakene der barn og unge har vore utsette for vald, overgrep eller grov omsorgssvikt.

Departementet føreslår ei løyving på 31,8 mill. kroner i 2024.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til 21 incestsenter og 1 valdtektssenter. Målet med tilskotsordninga er å gi personar som er utsette for incest, seksuelle overgrep eller valdtekt, og pårørande til utsette barn og vaksne, eit godt tilgjengeleg tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet. Ein meir utfyllande omtale av tilskotet finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga. Departementet føreslår ei løyving på 123,3 mill. kroner i 2024.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21, post 61, og kap. 858, post 01

Løyvinga har vore nytta til å gi tilskot til stiftelsen Alternativ til Vold (ATV) til drift av eksisterande ATV-kontor og til å etablere nye kontor. Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til ATV også i 2024. Målet for tilskotet er å drifte eit behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og familiane deira.

Løyvinga har vidare dekt tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og til dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane). Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til desse også i 2024.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Hjelpetelefon for seksuelt misbrukte12, Røde Kors-telefonen om negativ sosial kontroll og æresrelatert vold, SEIF sitt informasjons- og krisetilbod til ungdom som er utsette for tvangsekteskap og kjønnslemlesting, og Valds- og overgrepslinja13 i 2024.

Vidare føreslår departementet å gi tilskot til Mental Helse for å drifte telefon- og chattetenesta for foreldre (Foreldresupport). Regjeringa føreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner i 2024, slik at auken Stortinget vedtok i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2023, blir vidareført.

Departementet føreslår òg at det blir gitt tilskot til drifta av Krisesentersekretariatet i 2024. Krisesentersekretariatet er ein paraplyorganisasjon for 21 krisesenter i Noreg.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD. Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Løyvinga blir òg nytta til tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å bidra til å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er eller har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep. Ein meir utfyllande omtale av tilskotet finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Krisesentera kan òg søkje om midlar til å vidareutvikle tilbodet til særleg utsette grupper. Midlane på posten dekkjer òg utgifter til personalressursar i samband med handsaminga av tilskotsordninga, jf. stikkordet «kan nyttast under kap. 858, post 01». Ein del av tilskotsordninga går òg til kommunane, jf. stikkordet «kan nyttast under post 61».

Departementet føreslår ei løyving på 144,7 mill. kroner i 2024.

Post 73 Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

Posten dekkjer driftstilskot til senter for valdsutsette barn. Løyvinga er nytta til å gi tilskot til Stine Sofies Stiftelse til drift av Stine Sofie Senteret, jf. Innst. 14 S (2017–2018).

Stine Sofie Senteret er eit nasjonalt kurs- og meistringssenter for valds- og overgrepsutsette barn og unge mellom 0 og 18 år, deira trygge omsorgspersonar og søsken. Målet er at deltakarane i eit trygt miljø skal få oppleve glede og få ny kunnskap. Barna skal oppleve meistring, relasjonar mellom barn og omsorgspersonane deira skal styrkjast, og barn skal få oppleve positive møte med andre barn med like erfaringar. Målet er òg at omsorgspersonane skal bli ei meir aktiv støtte for barnet. Kriterium for måloppnåing er at tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene. Tilskot blir gitt på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 39,2 mill. kroner i 2024.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

13 077

12 676

13 516

22

Opplæring, forsking, utvikling m.m.

8 303

7 254

6 698

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

4 730

5 627

6 001

71

Bidragsforskot

675 000

Sum kap. 841

26 110

700 557

26 215

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekking av reiseutgifter til foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter dei same satsane som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 13,5 mill. kroner i 2024.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling m.m.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving i meklarkorpset. Midlane kan vidare nyttast til å følgje opp meklingsordninga, medrekna å gjennomføre og styrkje kompetansehevande tiltak for meklarar i høgkonfliktsaker og kompetansen deira på å samtale med barn.

Midlane under posten kan òg nyttast til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen for å heve kompetansen ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova. Vidare kan midlane nyttast til kompetanseheving ved domstolane når det gjeld bruk av sakkunnig, samværshindring, samvær med tilsyn og tvangsfullbyrding. Føremålet er å betre praksis og samhandling med familievernet og andre tenester i slike saker etter føresegnene i barnelova, irekna å vareta kontakt med Barnesakkunnig kommisjon og sekretariatet i Statens sivilrettsforvaltning.

Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak knytte til samliv og konfliktløysing.

Grunna reduserte behov føreslår departementet å redusere løyvinga med 1 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 6,7 mill. kroner i 2024.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Posten omfattar refusjon av utgifter til DNA-analysar som er rekvirerte av utanriksstasjonane, domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap. Departementet refunderer utgiftene dette fører med seg. Utgiftene til DNA-analysar følgjer av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap. Analysane blir gjennomførte ved Oslo universitetssjukehus.

Departementet føreslår ei løyving på 6 mill. kroner i 2024.

Post 71 Bidragsforskot

Posten har vore nytta til å dekkje utgiftene staten har ved å forskotere barnebidrag når bidrag ikkje blir betalte. Posten blir føreslått avvikla og midlane flytta til ny post. Sjå omtale under kap. 2531, post 70, under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel, adopsjon og bidragsforskot.

Departementet føreslår derfor ikkje ei løyving på denne posten i 2024.

Kap. 3841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Gebyrinntekter for fastsetjing av bidrag

25 381

26 498

70

Refusjon frå bidragspliktige

190 000

Sum kap. 3841

215 381

26 498

Post 01 Gebyrinntekter for fastsetjing bidrag

Partane i bidragssaker skal betale gebyr ved offentleg fastsetjing og endring av barnebidrag når inntekta deira overstig ei fastsett grense. Gebyret utgjer eit rettsgebyr for kvar av partane. Rettsgebyret blir regulert årleg. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 26,5 mill. kroner i 2024.

Post 70 Refusjon frå bidragspliktige

NAV krev refusjon for utbetalt bidragsforskot i barnebidraget frå dei bidragspliktige. Innbetalingane blei førte på denne posten. Posten blir føreslått avvikla og midlane flytta til ein ny post. Sjå omtale under kap. 5706, post 70, under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel, adopsjon og bidragsforskot.

Departementet føreslår derfor ikkje ei løyving på denne posten i 2024.

Kap. 842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

395 249

384 615

405 764

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

29 184

25 266

26 809

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01

240 974

249 439

265 392

Sum kap. 842

665 407

659 320

697 965

Bufetat har forvaltingsansvaret for familieverntenesta. Bufdir leier dei fem regionane i Bufetat. Bufdir har ansvaret for den faglege og administrative leiinga og for drifta av familievernet. Familieverntenesta har familierelaterte problem som fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter ekteskapslova § 26 og barnelova § 51. Familievernkontora driv førebyggjande arbeid og utoverretta verksemd om familieretta tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervising retta mot hjelpeapparatet og publikum. Familievernkontora skal òg samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er naudsynt for å gi eit heilskapleg og samordna tilbod.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til tilsette og utgifter til varer og tenester knytte til dei offentleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss?, og administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Løyvinga dekkjer òg nasjonale utviklingsoppgåver knytte til familievernet. Vidare dekkjer løyvinga delar av drifta av Nasjonalt samisk kompetansesenter for familievern, barnevern og krisesentertilbod (NASAK).

Departementet føreslår ei løyving på 405,8 mill. kroner i 2024.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til forsking, evaluering, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Posten kan òg nyttast til andre tiltak for å utvikle tilbodet til familieverntenesta og samarbeid med andre tenester mv.

Departementet føreslår ei løyving på 26,8 mill. kroner i 2024.

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar òg tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora utfører i samband med samlivstiltak. Tilskot til kyrkjelege familievernkontor er ikkje statsstøtte, og driftsavtalane med ideelle familievernkontor fell utanfor anskaffingsreglementet, sidan dei ikkje er tenester i EØS-rettsleg forstand.

Posten blir òg nytta til å gi tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern. Tilskotet skal bidra til administrasjon, utvikling og leiing sentralt i Stiftelsen Kirkens Familievern. Sjå ein meir utfyllande omtale av tilskotet i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD. Tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern blir tildelt etter søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 265,4 mill. kroner i 2024.

Kap. 3842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Diverse inntekter

689

828

865

Sum kap. 3842

689

828

865

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene er diverse kursinntekter med meir. Departementet føreslår ei løyving på 0,9 mill. kroner i 2024.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

6 987

9 500

7 900

Sum kap. 843

6 987

9 500

7 900

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Stønad til adopsjon av barn frå utlandet blir gitt til adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må vere registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir.

Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg då dei fekk omsorga for barnet, og då adopsjonen blei gjennomført eller registrert i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av tilhøve i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få stønad dersom barnet har komme til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet då dei fekk omsorga for barnet.

I budsjettet for 2014, jf. Innst. 14 S (2014–2015), blei adopsjonsstønaden for 2015 fastsett til det dåverande grunnbeløpet, tilsvarande 1 G. Dette nivået på adopsjonsstønaden er seinare vidareført i dei årlege budsjetta. Adopsjonsstønaden er sett tilsvarande grunnbeløpet i folketrygda som gjeld frå 1. mai 2023. Den nye satsen for stønaden skal gjelde for adoptivbarn som kjem til Noreg frå og med 1. januar 2024, og gjeld for heile kalenderåret.

Departementet føreslår ei løyving på 7,9 mill. kroner i 2024.

Kap. 844 Kontantstøtte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Tilskot, overslagsløyving

1 169 506

1 216 510

913 710

Sum kap. 844

1 169 506

1 216 510

913 710

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre.

Målet med ordninga er å bidra til at familiane får meir tid til sjølve å ta omsorga for eigne barn, at familiane får valfridom når det gjeld omsorgsform, og at det blir meir likskap i overføringane kvar barnefamilie tek imot frå staten, uavhengig av korleis tilsynet er ordna.

Kontantstøtte blir som hovudregel ytt for barn mellom eitt og to år som er busette i Noreg, og som ikkje eller berre delvis gjer bruk av barnehageplass det blir ytt offentleg driftstilskot til. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova.

Regjeringa føreslår å føre vidare kontantstøtta for barn mellom 13 og 19 månader og redusere kontantstøtta med fire månader, ved å avvikle kontantstøtta for barn frå og med 20 månader til og med 23 månader frå 1. august 2024. Forslaget er rekna å gi ei innsparing i løyvinga på kontantstøtte på 111 mill. kroner i 2024 og 295 mill. kroner i 2025. Forslaget vil òg gi ein meirutgift på løyvinga til rammetilskot til kommunar på 120 mill. kroner i 2024 og 287 mill. kroner i 2025 grunna auka etterspurnaden etter barnehage.

Budsjettforslaget byggjer på dei gjeldande reglane og dei føreslåtte endringane i ordninga frå 1. august 2024. Forslaget byggjer òg på stønadssatsane og på prognosar for det venta talet på barn i kontantstøttealder, basert på den siste befolkningsframskrivinga til SSB og venta utvikling i bruken av kontantstøtteordninga ut frå statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Departementet føreslår å føre vidare satsane for kontantstøtte med uendra nivå. Forslag til satsar for 2024 står i tabell 4.2.

Departementet føreslår ei løyving på 913,7 mill. kroner i 2024.

Tabell 4.2 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2024 (kroner)

Avtalt opphaldstid i barnehage (timar per veke)

Kontantstøtte i prosent av full sats

Kontantstøtte per barn per månad

Ikkje bruk av barnehageplass

100

7 500

Til og med 8 timar

80

6 000

Frå 9 til og med 16 timar

60

4 500

Frå 17 til og med 24 timar

40

3 000

Frå 25 til og med 32 timar

20

1 500

33 timar eller meir

0

0

Kap. 845 Barnetrygd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Tilskot, overslagsløyving

18 154 012

20 230 000

23 819 000

Sum kap. 845

18 154 012

20 230 000

23 819 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til å forsørgje barn og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd.

Måloppnåinga for ordninga blir mellom anna vurdert ut frå om ordninga blir forvalta i samsvar med lova og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Barnetrygd blir som hovudregel ytt for barn under 18 år som er busette i Noreg. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova.

Departementet føreslår å føre vidare alle satsane i barnetrygda (barnetrygd for barn 0–6, barnetrygd for barn 6–18, utvida barnetrygd og småbarnstillegg) med uendra nivå. Barnetrygda for barna mellom 6 og 18 år vart frå 1. juli 2023 auka med 200 kroner i månaden. Auken er vidareført i 2024. Forslaget til satsar for 2024 står i tabell 4.3.

Budsjettforslaget byggjer på nye prognosar for talet på barn med rett til barnetrygd, talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet) og talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn på 0–3 år. Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB.

Departementet føreslår ei løyving på 23 819 mill. kroner i 2024.

Tabell 4.3 Forslag til satsar for barnetrygd (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd til barn under 6 år, frå 1. januar 2024

1 766

21 192

Ordinær barnetrygd til barn frå fylte 6 år til og med månaden før fylte 18 år, frå 1. januar 2024

1 310

15 720

Utvida barnetrygd til einsleg mor eller far for barn 0–18 år, frå 1. januar 2024

2 516

30 192

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år, frå 1. januar 2023

696

8 352

Tabell 4.4 Talet på barn med barnetrygd i 2022. Prognosar for 2023 og 2024

Gjennomsnitt 2022

Gjennomsnitt 20231

Gjennomsnitt 2024

Barn med barnetrygd

1 106 689

1 127 618

1 146 313

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 4.5 Talet på stønadsmottakarar i 2022. Prognosar for 2023 og 2024

Gjennomsnitt 2022

Gjennomsnitt 20231

Gjennomsnitt 2024

Stønadsmottakarar med barnetrygd for

– eitt barn

292 470

295 000

297 553

– to barn

260 385

262 638

264 910

– tre barn

78 176

78 853

79 535

– fire barn

12 001

12 105

12 210

– fem eller fleire barn

3 143

3 170

3 197

Sum stønadsmottakarar

646 176

651 766

655 177

Stønadsmottakarar med utvida stønad

120 539

120 072

119 608

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

1 162

1 036

924

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Talet på stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusiv stønadsmottakarar som får ekstra barnetrygd (utvida stønad). For nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd – mor og far får ei halv barnetrygd kvar.

Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61, post 62 og post 71

33 892

41 545

54 581

50

Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21

12 780

61

Tilskot til å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

266 205

664 430

708 299

62

Utvikling i kommunane

61 257

56 423

58 740

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

178 207

179 819

201 318

71

Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21 og 62

427 311

73 036

77 216

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast

10 150

11 292

12 015

Sum kap. 846

989 802

1 026 545

1 112 169

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61, post 62 og post 71

Posten dekkjer utgifter til førebyggjande tiltak og forskings- og utviklingstiltak på familie- og oppvekstområdet. Posten blir òg nytta til evaluering og oppfølging av tilskotsordningane på familie- og oppvekstområdet. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak på familie- og oppvekstområdet.

Vidare er det på posten sett av midlar til involvering av sivilt samfunn i samband med rapportering til FNs barnekomité.

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 4,9 mill. kroner. Midlane skal mellom anna finansiere utvalet som skal granske utanlandsadopsjonar og etteradopsjonstiltak.

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) og BFD skal i samarbeid med Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD), Kunnskapsdepartementet (KD), Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), Justis- og beredskapsdepartementet (JD) og Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) utvikle DigiUng og ung.no vidare, og kostnadene skal delast mellom departementa. Det blir derfor føreslått å auke løyvinga til DigiUng og ung.no på posten med 5,6 mill. kroner mot ein reduksjon på:

  • 1,4 mill. kroner på kap. 605, post 01 (AID)

  • 1,4 mill. kroner på kap. 226, post 21 (KD)

  • 1,4 mill. kroner på kap. 335, post 01 (KUD)

  • 1 mill. kroner på kap. 440, post 01, og 0,4 mill. kroner på kap. 430, post 01 (JD)

Departementet føreslår ei løyving på 54,6 mill. kroner i 2024.

Post 61 Tilskot til å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

Løyvinga under denne posten blir nytta til tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge. Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og deltaking i samfunnet. Tilskotsordninga skal bidra til å utvikle opne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga står i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

I tillegg har løyvinga på posten i 2023 vore nytta til namngitte tilskot til Blå Kors-tiltaket Barnas Stasjon, Røde Kors-tiltaket Ferie for alle, ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening (DNT) og pilotprosjektet FRI, som Kirkens Bymisjon driv. Det er òg gitt driftstilskot til organisasjonen MOT og stiftelsen BUA, som i dag tilbyr fleire tenester som utstyrssentralar kan nytte mot at dei betaler ei årsavgift til stiftelsen.

Departementet føreslår å føre vidare ordninga med å gi direkte tilskot til desse tiltaka i 2024. Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 708,3 mill. kroner i 2024.

Post 62 Utvikling i kommunane

Løyvinga på posten skal dekkje tilskot til prosjekt og program på familie- og oppvekstområdet i kommunal sektor.

Løyvinga dekkjer to tilskotsordningar: Foreldrestøttande tiltak og Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn (som byggjer på det tidlegare modellkommuneforsøket).

Tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak har som mål å styrkje foreldre i foreldrerolla, bidra til at foreldra blir gode omsorgspersonar for barna sine, og førebyggje at barn blir utsette for vald, overgrep eller omsorgssvikt. Ein meir utfyllande omtale av ordninga finst i Prop. 1 S (2021–2022) og Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet. BFD føreslår å styrkje tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak med 10 mill. kroner. Styrkinga vil gi fleire foreldre moglegheit til å få foreldrestøtte.

Tilskotsordninga Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn skal styrkje det utviklings- og førebyggjande arbeidet kommunane gjer. Ordninga har som mål å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Ordninga har verka over fleire år. Dette inneber at mange kommunar no har fått prosjekttilskot frå ordninga for å utvikle samhandlingsmodellar, og at behovet for ordninga er lågare. BFD føreslår derfor at ordninga blir fasa gradvis ut i 2024 og 2025 før ho blir avvikla i 2026. Ordninga blir endra slik at løyvinga i 2024 og 2025 går til å implementere allereie utvikla modellar og ikkje til å utvikle nye modellar. Det vil seie at det ikkje vil bli gitt tilskot til nye kommunar i desse to åra, og at berre kommunar som allereie har fått tilskot til å utvikle ein modell over ordninga, kan søkje om tilskot til implementering. I 2024 føreslår departementet på denne bakgrunn å redusere løyvinga til ordninga med 11,4 mill. kroner.

Departementet føreslår ei samla løyving på 58,7 mill. kroner i 2024.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Løyvinga under posten blir nytta til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar gjennom nasjonal grunnstønad. Føremålet er å leggje til rette for at barn og ungdom skal kunne delta i barne- og ungdomsorganisasjonane. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Ei revidert og forenkla forskrift om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar tok til å gjelde i 2022 og gjeld frå og med tilskotsåret 2024.

BFD føreslår å styrkje den nasjonale grunnstønaden til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar med 10 mill. kroner. Forslaget vil bidra til at fleire barn og unge kan delta i barne- og ungdomsfrivilligheita.

LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til drift av nasjonalt arbeid. Tilskota skal leggje til rette for barn og ungdom si deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonar og fritidsklubbar.

Midlar til tilskotet Mangfald og inkludering inngår i posten. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) er mottakar av tilskotet. LNU får tilskotet med den føresetnaden at dei fordeler det vidare til ulike prosjekt. Tilskotet skal stimulere barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø til å setje søkjelys på mangfald, haldningar og deltaking. Målet med tilskotet er å gi barn og ungdom høve til å vise at mangfald er eit positivt element i samfunnet.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Løyvinga på posten har vore nytta til drift og vidareutvikling av portalen LNU har for utlån av lokale som skal gi barne- og ungdomsorganisasjonar enklare tilgang på lokale til aktiviteten sin. BFD føreslår å føre vidare ordninga med å gi direkte tilskot til dette i 2024.

Departementet føreslår ei løyving på 201,3 mill. kroner i 2024.

Post 71 Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21 og post 62

Posten blir nytta til å støtte utviklings- og opplysingsarbeid som kan auke kunnskapen om og medverke til å styrkje oppvekstmiljøet og rettane til barn og ungdom.

Det er i 2023 gitt tilskot til Ungdom mot Vold, Oslo Røde Kors, Barnevakten og Blå Kors-tiltaket SnakkOmPsyken.

Det er òg gitt tilskot til driftsstøtte for adopsjonsorganisasjonane InorAdopt, Verdens Barn og Adopsjonsforum. I tillegg er det gitt driftsstøtte til den internasjonale ressursorganisasjonen for adopsjon, International Social Service (ISS).

Departementet føreslår at det òg blir gitt tilskot til desse organisasjonane i 2024. Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad. InorAdopt har i ein overgangsfase blitt gitt tilskot for å vareta oppgåva med å rettleie adoptivfamiliar og adopterte. Oppgåva vil frå hausten 2023 vere ein del av kompetansetenesta som er lagd til Bufetat region aust.

Posten dekkjer òg utgifter til utprøving og evaluering av programmet Sammen på veiNurse Family Partnership. Av midlane til programmet går ein del til Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Aust og Sør som har det faglege ansvaret for opplæring og kvalitetssikring av programmet. Vertskommunane/bydelane får også midlar, mellom anna til å dekkje lønnskostnadene til sjukepleiarar som deltek i programmet. For å sikre korrekt føring av utgiftene i rekneskapen føreslår BFD derfor at posten får stikkordet «kan nyttast under post 62».

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 77,2 mill. kroner i 2024.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane kan søkje om grunnstønad til internasjonalt arbeid. Målet for den internasjonale grunnstønadsordninga er å støtte og fremje internasjonalt ungdomsarbeid og internasjonalt samarbeid på ungdomsfeltet. For nærare omtale av tilskotsordninga, sjå Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

Vidare kan Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede søkje om tilskot til internasjonalt arbeid. Tilskota skal leggje til rette for at barn og ungdom kan delta i internasjonalt samarbeid, engasjement og idéutveksling.

Posten dekkjer òg det norske bidraget til Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF).

Ein tek òg sikte på å gi tilskot til Technical Assistance Program, i regi av Haag-konferansen for internasjonal privatrett (ICATAP), som eit bidrag til internasjonalt arbeid på adopsjonsfeltet.

Posten dekkjer òg kostnader til barne- og ungdomssamarbeid i Barentsrådet. Det norske Barentssekretariatet får tilskot for å fremje fleirnasjonalt ungdomssamarbeid i Barentsregionen.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Posten kan òg nyttast til at departementet deltek i mellomstatleg samarbeid om barne- og ungdomspolitikken.

Departementet føreslår ei løyving på 12 mill. kroner i 2024.

Kap. 847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter, kan overførast

15 832

16 081

16 968

Sum kap. 847

15 832

16 081

16 968

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og andre driftsutgifter ved det nasjonale kontoret som forvaltar ungdomsdelen av EU-programmet for ungdom, utdanning og opplæring, Erasmus+. Løyvinga må sjåast i samanheng med kap. 3847, som omhandlar bidraget frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Det nasjonale kontoret har ansvaret for handsaminga av dei desentraliserte delane av dei ungdomspolitiske tiltaka i Erasmus+.

Departementet føreslår ei løyving på 17 mill. kroner i 2024.

Kap. 3847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Tilskot frå Europakommisjonen

5 910

5 964

5 964

Sum kap. 3847

5 910

5 964

5 964

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av tiltak innanfor ungdomspolitisk samarbeid i programmet Erasmus+. Sjå nærare omtale på kap. 847, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 6 mill. kroner i 2024.

Kap. 848 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

22 606

23 092

24 344

Sum kap. 848

22 606

23 092

24 344

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet er det nasjonale overvakingsorganet for rettane til barn. Barneombodet har som oppgåve å fremje interessene til barna overfor det offentlege og det private og skal følgje med i utviklinga av oppvekstkåra til barn.

Barneombodet skal særleg følgje med på at lovgivinga som skal verne om interessene til barna, blir følgd, og at norsk rett samsvarer med pliktene Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettar. Barneombodet skal på eige initiativ, eller som høyringsinstans, sikre interessene til barna i samband med planlegging og utgreiing på alle område, føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken til barna, og følgje med på om endringane er gode for barna.

Barneombodet skal også fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunn. Barneombodet skal vidare følgje med på at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om rettane til barna og tiltaka dei har behov for.

Barneombodslova ligg til grunn for arbeidet. Barneombodet er administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet og er fagleg uavhengig.

Resultatrapport, strategiar og tiltak

Barneombodet har fire satsingsområde for perioden 2022 til 2024:

  1. Sikre gode oppvekstmiljø for barn og unge

  2. Ha gode hjelpetenester til dei barna som treng det

  3. Sikre godt samarbeid rundt barn og unge som har behov for hjelp frå fleire tenester

  4. Sikre at styresmaktene tek ansvar for å oppfylle, respektere og beskytte barn sine rettar

Barneombodet lanserte hausten 2022 rapporten Hvem skal jeg snakke med nå, ein rapport om det psykiske helsetilbodet til barn og unge i kommunane. Rapporten er bygd på samtalar med barn og unge som får psykisk helsehjelp frå kommunen, og med kommunale sakshandsamarar og leiarar. Saman med rapporten Jeg skulle hatt BUP i en koffert frå 2020 dannar tilrådingane i rapporten bakteppet for Barneombodet sine innspel på området psykisk helsehjelp til barn og unge. Barneombodet har i 2022 og 2023 arbeidd med å følgje opp tilrådingane frå rapporten.

I 2022 og 2023 har Barneombodet halde fram med arbeidet for å få betre ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. Ombodet har gjennom året sendt innspel til både kommunale og nasjonale styresmakter om korleis ein kan sikre betre gjennomføring av straffereaksjonar for ungdom. Barneombodet la våren 2023 fram sin eigen rapport om fosterheimstenesta.

Barneombodet inviterte hausten 2022 ulike fagforeiningar og organisasjonar til innspelsmøte for å diskutere temaet «laget rundt barn og unge». Det Barneombodet særleg ønskte å få innsikt i, var kva for behov barn og unge har, og kva kompetanse dei treng rundt seg i barnehage og skule, og kva som skal til for at skular og barnehagar har eit sterkt og tverrfagleg lag rundt barna. Barneombodet samanfatta desse innspela i eit eige innspelsnotat som vart presentert på eit seminar våren 2023.

Det er grunnlovsfesta at det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle avgjerder som har følgjer for barn. Barneombodet har påpeikt at styresmaktene har eit ansvar for at det beste for barnet blir greidd ut før det blir teke avgjerder og gjort vedtak som har direkte eller indirekte konsekvensar for barn.

Barneombodet påpeikte overfor både Stortinget og regjeringa korleis både FNs barnekonvensjon og Grunnlova pålegg staten ei plikt til å vurdere korleis konsekvensane av klimaendringane påverkar barn og unge.

Barneombodet har arbeidd for at fleire barn skal oppleve meistring og inkludering i skulen. På Lucy Smith-arrangementet i 2022 var temaet retten til utdanning. Under arrangementet vart retten barn har til utdanning, løfta fram, i tillegg til den viktige funksjonen skulen har for den generelle utviklinga hos barna og for den psykiske helsa deira.

Barneombodet arrangerte i 2022 også eit rundbordsmøte om universell utforming av læremiddel, i samarbeid med Likestillings- og diskrimineringsombodet. Fråvær av universelt utforma læremiddel er ei hindring for inkludering og bidreg til at elevar står i fare for å miste viktig læring.

Barneombodet har fire arbeidsmetodar:

  • overvaking for å samle og arbeide med kunnskap. Kontoret lagar på bakgrunn av dette rapportar og annan skriftleg dokumentasjon til bruk overfor politiske styresmakter og samfunnet elles.

  • påverknad for å gi informasjon om kva Barneombodet meiner i faglege spørsmål

  • opplæring for å bidra til at offentlege styresmakter får naudsynt kunnskap om barnekonvensjonen

  • rettleiing for å bidra til at privatpersonar, fortrinnsvis barn og unge, skal få informasjon om rettane sine

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Barneombodet.

Departementet føreslår ei løyving på 24,3 mill. kroner i 2024.

Programkategori 11.20 Barnevern

Hovudinnhald og prioriteringar

Barnevernet skal gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira. Barnevernet skal òg gi foreldre hjelp og støtte til å yte god omsorg for barna sine. Retten barnet har til vern, og prinsippet om det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn i norsk rett og i arbeidet til barnevernet. Barnevernet har òg plikt til å vareta og støtte opp om retten barn og foreldre har til familieliv med kvarandre.

Barnevernet er både ei kommunal og ei statleg teneste. Den kommunale barnevernstenesta har ansvar for oppfølginga av barn og familiar. Barnevernstenestene i kommunane gir i hovudsak hjelpetiltak til barn og familiar som ønskjer det, men kan òg fremje saker om pålagde hjelpetiltak og andre tvangstiltak. Det er barneverns- og helsenemndene som gjer vedtak om tvang etter barnevernslova. Det statlege barnevernet, ved Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), skal yte bistand til kommunar dersom det blir behov for å gi barn eit omsorgstilbod utanfor heimen og kommunen ikkje finn ein eigna fosterheim i slekta eller nettverket til barnet. Bufetat har vidare ansvar for å etablere og drifte barnevernsinstitusjonar og tilbyr spesialiserte hjelpetiltak som kommunane kan nytte for spesifikke målgrupper. Barne- og familieetaten i Oslo har eit tilsvarande ansvar i Oslo kommune som det Bufetat har elles i landet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er fagdirektorat for kommunalt og statleg barnevern.

Barnevernstenestene fekk om lag 49 500 bekymringsmeldingar i 2022. Det er offentlege instansar, som barnevernstenesta sjølv og politi, som står for fleirtalet av meldingane. Dei fleste meldingane fører til at barnevernet set i gang ei undersøking, og rundt ein tredjedel av undersøkingane fører etter undersøkinga til tiltak frå barnevernstenesta. I løpet av 2022 fekk om lag 47 000 barn og unge tiltak frå barnevernet. Det er ein reduksjon på om lag 7 000 frå 2016. Fleirtalet av barna som får barnevernstiltak får hjelpetiltak, som i hovudsak er basert på frivillig samtykke. Av barna som fekk tiltak ved utgangen av 2022, fekk 71 prosent hjelpetiltak. Hjelpetiltaka har som føremål å bidra til positiv endring hos barnet eller i familien.

Tvangstiltaka barnevernet har ansvar for, er underlagde strenge rettstryggleiksgarantiar som følgjer av barnevernslova. Dersom det blir vurdert å vere til det beste for barnet, kan barneverns- og helsenemnda gjere vedtak om omsorgsovertaking. Utgangspunktet er at barnet seinare skal kunne flytte tilbake til foreldra sine. Talet på barn med vedtak om omsorgsovertaking har gått noko ned dei siste åra. I 2022 var 651 barn involverte i ei sak om omsorgsovertaking, mot 675 i 2021. Talet på barn med akuttvedtak har over tid gått ned, men i 2022 auka talet frå 980 barn i 2021 til omkring 1 050 i 2022. I 2017 var talet rett under 1 750 barn.

Ved utgangen av 2022 budde om lag 13 500 barn og unge i alderen 0–24 år utanfor heimen medan dei fekk hjelp frå barnevernet. I underkant av 5 400 av desse budde utanfor heimen som eit frivillig hjelpetiltak. Nærare 1 000 barn og unge budde i barnevernsinstitusjonar, medan om lag 10 000 budde i fosterheimar. Dei andre barna budde i mellom anna beredskapsheim og bustad med oppfølging. Om lag 3 500 var unge over 18 år med ettervernstiltak. Barn som ikkje kan bu heime, bør bu i fosterheim dersom det ikkje finst særskilde behov som tilseier at det er best for dei å bu på institusjon.

Barnevernet gir god hjelp og omsorg til mange familiar, og har stor merksemd retta mot behova og rettane til barnet og familien. Samstundes har tilsyns- og forskingsrapportar vist alvorlege manglar i tenestetilbodet. Det er krevjande å komme tidleg nok inn for å hjelpe familiar. Barnevernstenester har i for mange tilfelle ikkje gjort systematiske og grundige vurderingar av behova til barna og kva hjelp dei treng. Arbeidet med hjelpetiltak har ulik kvalitet i ulike kommunar, tiltak er ikkje alltid godt nok tilpassa behova til barn og foreldre, og tilgangen på tiltak og kvaliteten i tiltaka varierer. Retten barn og familiar har til medverknad, blir heller ikkje alltid godt nok vareteken.

Tilsyns- og forskingsrapportar har òg vist manglar knytt til styring og leiing, bemanning og kompetanse i kommunalt barnevern. Det er krevjande for mange tenester å byggje opp tilstrekkeleg kompetanse og tiltak for sakstypar som opptrer sjeldan eller er særleg komplekse. Mange kommunar har òg problem med å halde på erfarne medarbeidarar. Det er behov for tiltak som kan styrkje føresetnadene til alle barnevernstenestene for å gi eit likeverdig tilbod, heve kvaliteten på tilbodet til barn og familiar og styrkje rettstryggleiken.

Den nye barnevernslova, som tok til å gjelde 1. januar 2023, er viktig for å gi eit likeverdig tilbod over heile landet og for å styrkje rettstryggleiken og kvaliteten på arbeidet i det kommunale barnevernet. Det same er kompetansesatsinga i barnevernet. Frå 2022 blei det stilt krav om relevant utdanning på masternivå for å gjere visse oppgåver i barneverntenesta. Det er innført overgangsordning for dei som allereie er tilsette i tenestene. Det er oppretta to nye utdanningar på masternivå i barnevern. Utdanningane skal bidra til å heve kompetansen i tenestene og gi kommunane tilgang til naudsynt personell for å oppfylle kompetansekrava. Betre kompetanse vil gi barnevernet betre føresetnader for å løyse oppgåvene sine på ein god måte og handtere vanskelege saker. I tillegg er ansvaret kommunane og Bufetat har for rettleiing av dei tilsette, blitt gjort tydeleg.

Ein viktig del av arbeidet til barnevernet handlar om samarbeid med andre sektorar. Barne- og familiedepartementet har dei siste åra gått saman med Helse- og omsorgsdepartementet om ei helsesatsing for barn i barnevernet. Føremålet er å samarbeide om tiltak som bidreg til at barn og unge i barnevernet får den helsehjelpa dei treng. Departementa vil fornye helsesatsinga i barnevernet. Vekta framover skal mellom anna liggje på å utvikle tenester som er tilpassa behova barn i barnevernet har for helsehjelp og stabilitet, og tidleg innsats for å avdekkje behov for helsehjelp.Dei siste åra har Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet òg samarbeidd om ei ordning der barneverntenestene kan be Bufetat om tverrfagleg helsekartlegging av barn som skal flytte ut av heimen. Departementet føreslår ei auka løyving på 5 mill. kroner til tilbodet i 2024.

I juni 2023 la departementet fram ein tiltaksplan for å rekruttere fleire fosterheimar som møter behova til dei barna som står i kø for fosterheim. Fosterheimane treng òg meir støtte slik at dei kan utføre det viktige, og ofte krevjande, omsorgsoppdraget dei har, og hindre utilsikta brot og flyttingar. Regjeringa vil halde fram med arbeidet for å auke stabiliteten i og tilgangen på gode fosterheimar, slik at alle barn får ein god og stabil omsorgssituasjon. Dette handlar i stor grad om å gi fosterfamiliar meir føreseielege rammer, god opplæring og oppfølging. Departementet vil leggje fram ei melding til Stortinget i 2024 om arbeidet til regjeringa for å gi meir føreseielege rammer for fosterfamiliar. Etter ei juridisk vurdering har departementet komme til at økonomisk godtgjersle til fosterforeldre, samt omfang og innhald i oppfølginga dei mottek frå barnevernstenestene er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova. Dette inneber at fosterforeldra kan klage på barnevernstenesta si avgjerd om økonomisk godtgjersle og oppfølging til statsforvaltaren. Departementet føreslår ei auka løyving på 4 mill. kroner til statsforvaltarane. Departementet føreslår vidare ei auka løyving på 59 mill. kroner i 2024 til å vidareføre satsinga frå Revidert nasjonalbudsjett 2023 på spesialiserte fosterheimsplassar, ved kjøp av fosterheimar frå både ideelle aktørar og ved fleire statlege spesialiserte fosterheimar.

Regjeringa vil leggje fram ei kvalitetsreform i barnevernet som tek mål av seg til å svare ut mange av utfordringane i sektoren. Det er ønskjeleg å styrkje det førebyggjande arbeidet, arbeid med meldingar og undersøkingar, hjelpetiltak og ettervern. Andre viktige tema er kapasitet, medverknad frå barn og foreldre og tillit til barnevernet. Kvalitetsreforma vil mellom anna byggje på tilrådingar frå Barnevernsutvalet i NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Gjennomgang av rettssikkerheten for barn og foreldre i barnevernet.

Institusjonsbarnevernet vil òg bli ein del av regjeringa si kvalitetsreform i barnevernet. Regjeringa vil ta omsyn til tilrådingane frå Barnevernsinstitusjonsutvalet. Utvalet vart sett ned i juni 2022 og skal vurdere kva oppgåver, rammer og omfang det framtidige institusjonsbarnevernet skal ha. Det skal òg vurdere alternative måtar å organisere det samla tilbodet på, etter kva barn og unge treng. Utvalet skal levere innstillinga si i form av ei offentleg utgreiing i oktober 2023. Vidare vil ein gjennomgang av reglane om rettar og tvang i barnevernsinstitusjon inngå i arbeidet med kvalitetsreforma. Departementet tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon med meldingsdel om kvalitetsreforma våren 2025.

Regjeringa vil halde fram med arbeidet med å styrkje dei statlege institusjonane for å gjere dei betre i stand til å vareta barna med dei største og mest samansette behova. Dette er i tråd med Stortinget si handsaming av Prop. 133 L (2020–2021), jf. Innst. 625 L (2020–2021). Omstillinga vil òg leggje til rette for målet regjeringa har om å auke bruken av ideelle leverandørar i institusjonsbarnevernet. Bufetat har sett i gang arbeid med å rehabilitere statlege institusjonar og opprette fleire statlege plassar. I tillegg har Bufdir inngått langsiktige og løpande avtalar med ideelle leverandørar, med ein atskilleg høgare grad av kjøpsgaranti enn tidlegare. Regjeringa føreslår å auke løyvingane med 70 mill. kroner til det vidare arbeidet med å styrkje beredskapen og kapasiteten i dei statlege institusjonane og etablere fleire institusjonsplassar frå ideelle leverandørar. Arbeidet skal skje gradvis. Det er viktig for regjeringa at omstillinga sikrar at tilbodet til barna til ei kvar tid blir varetatt. Derfor vil det saman med oppbygging av tilbod i offentleg og ideell regi framleis kunne vere behov for andre private aktørar i tida framover.

Sidan slutten av 2022 har det vore ein auke i etterspurnaden etter institusjonsplassar, særleg etter plassar til barn med store og samansette behov. Bufetat har derfor hatt betydelege utfordringar med å oppfylle bistandsplikta. I tillegg kjem auka priser. Løyvingane til det statlege barnevernet vart derfor auka med 115 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2023. Det blei sommaren 2023 sett i gang særskilde tiltak for å handtere situasjonen, mellom anna tiltak for å auke kapasiteten i statlege institusjonar, dialog med private leverandørar om kjøp av plassar og unntak frå kompetansekrav og målgruppedifferensiering der det er forsvarleg. For 2024 føreslår regjeringa å styrkje det statlege barnevernet med om lag 570 mill. kroner for å handtere utviklinga.

Mål

BFD har desse måla på barnevernsområdet for 2024:

Mål

  • Barn og foreldre skal få hjelpetiltak tilpassa deira behov og som bidreg til positiv endring. Tilbodet skal vere likeverdig i heile landet.

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit behovstilpassa og føreseieleg tilbod som fremjar tryggleik, tillit og positiv utvikling.

  • Barnevernet skal arbeide systematisk, kunnskapsbasert og tillitsskapande i møte med barn, familiar og andre tenester.

  • Rettstryggleiken til barn og foreldre skal varetakast under heile barnevernssaka.

Måla om hjelpetiltak og tiltak utanfor heimen er nærare omtalte under Tiltak i barnevernet, måla om arbeidet i barnevernet er omtalte under Kvalitetsutvikling i barnevernet, medan måla om rettstryggleik er omtalte under Rettstryggleik i barnevernet.

Resultatrapport og strategiar

Under denne overskrifta blir det gitt resultatrapportering om tiltak departementet har sett i verk i barnevernssektoren i 2022 og fyrste halvåret av 2023. Vidare blir det gitt ein omtale av kva for særskilde strategiar og satsingsområde departementet har for barnevernssektoren for 2024.

Barnevernsreforma

Stortinget vedtok ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) ei barnevernsreform, jf. Innst. 354 L (2016–2017). Den 1. januar 2022 tok barnevernsreforma til å gjelde. Føremåla med reforma er at fleire utsette barn og familiar skal få den hjelpa dei treng, på eit tidleg tidspunkt, og at tenestetilbodet skal vere tilpassa lokale behov. Ansvarsendringane i reforma gir kommunane auka fagleg og økonomisk ansvar, noko som skal bidra til å styrkje høvet og insentiva kommunane har til førebygging og tidleg innsats. Som del av reforma blei det òg lagt fram ein kompetansestrategi for det kommunale barnevernet, med tiltak som skal heve kvaliteten i barnevernet og bidra til å gjere kommunane betre rusta for ansvarsendringane.

Regjeringa tek på alvor at reforma kan vere utfordrande for einskilde kommunar, og har derfor forlengd overgangsperioden for kompensasjon til kommunane med eit år, slik at halvparten av kompensasjonen for barnevernsreforma blir gitt ei særskild fordeling til og med 2024. Departementet følgjer nøye med på arbeidet til kommunane og har ein tett dialog med kommunesektoren. Særleg følgjer departementet med på effektane reforma har på dei kommunale prioriteringane og det kommunale tilbodet, og måla om å styrkje det førebyggjande arbeidet. På oppdrag frå departementet har Bufdir sett i gang ei følgjeevaluering av barnevernsreforma. Menon Economics har i samarbeid med NTNU Samfunnsforskning fått oppdraget. Fyrste delrapport kom i desember 2022, og deretter skal det leverast årlege delrapportar fram til endeleg leveranse i 2027.

Tiltak i barnevernet

Hjelpetiltak i barnevernet

Dei fleste barn, unge og familiar som får hjelp frå barnevernet, får ei eller fleire former for frivillige hjelpetiltak i heimen. Kva slags type hjelpetiltak som skal setjast i verk, og omfanget av hjelpetiltaket vil ha samanheng med kva barnet og familien treng i den einskilde saka. Nokre hjelpetiltak kan vere direkte knytte til barnet, medan andre vil rette seg mot foreldra. Barnevernet kan til dømes setje inn ulike hjelpetiltak for å auke foreldrekompetansen eller for å avlaste foreldra. Ofte vil det vere naudsynt med ein kombinasjon av tiltak for å hjelpe barnet og familien på best mogleg måte. Barn kan òg bu utanfor heimen som eit frivillig hjelpetiltak. Figur 4.2 viser dei ulike typane hjelpetiltak og korleis dei fordeler seg på dei ulike aldersgruppene.

Figur 4.2 Hjelpetiltak per 31. desember 2022 fordelte på alder (0–24 år)

Figur 4.2 Hjelpetiltak per 31. desember 2022 fordelte på alder (0–24 år)

Kjelde: SSB 2023

Fleire tilsyn og rapportar har vist at det er utfordringar med å komme tidleg nok inn for å hjelpe familiar. Vidare er arbeidet med hjelpetiltak av ulik kvalitet i kommunane, og hjelpetiltaka er ikkje alltid tilpassa behova til barn og foreldre. Det kan vere spesielt utfordrande å gi verksam hjelp til barn i familiar med komplekse og omfattande problem. Det er òg ei utfordring at barnevernstenester i for mange tilfelle manglar systematiske og grundige vurderingar av behova til barna og kva hjelp dei treng. Retten barn og familiar har til medverknad, blir ikkje alltid godt nok vareteken. Det er krevjande for mange tenester å byggje opp tilstrekkeleg kompetanse og tiltak for sakstypar som opptrer sjeldan eller er særleg komplekse. Utfordringane utgjer ein risiko for at problema i familien utviklar seg i negativ retning som etter kvart gjer det naudsynt med meir inngripande tiltak enn frivillige hjelpetiltak.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barn og foreldre skal få hjelpetiltak tilpassa deira behov og som bidreg til positiv endring. Tilbodet skal vere likeverdig i heile landet.

Bufdir har sidan 2020 samarbeidd med kommunar, brukarorganisasjonar og relevante forskingsmiljø om å utvikle ein heilskapleg grunnmodell eller eit felles rammeverk for korleis barnevernstenestene skal kunne gi systematisk og god hjelp til barn og familiar. Modellen, kalla Grunnmodell for hjelpetiltak, skal gi støtte til tenestene ved val, tilpassing, oppfølging og evaluering av tiltak i tillegg til å systematisere arbeidet med medverknad. Arbeidet med å utvikle denne grunnmodellen er viktig for å få eit likeverdig tilbod i heile landet. Grunnmodellen for hjelpetiltak skal gi auka systematikk i arbeidet med hjelpetiltak og bidra til at barn og foreldre får hjelptilpassa behova deira og som bidreg til positiv endring. 11 ulike tenester får tilskot frå Bufdir for å delta i utprøvinga og utviklinga av modellen. Sjå nærare under postomtalen til kap. 854, post 61.

Arbeidet med grunnmodellen for familiar med barn mellom 4 og 12 år og unge vaksne med behov for ettervern er no i sluttfasen. I 2023 starta arbeidet med å vidareutvikle modellen for å møte behova til familiar med dei minste barna og familiar med ungdom i alderen 13 til 17 år. I tillegg starta arbeidet med å vurdere korleis modellen over tid kan bli tilgjengeleg for alle barnevernstenestene i landet.

Statlege spesialiserte hjelpetiltak er eit supplement til det kommunale tilbodet og inkluderer tiltak som krev store opptaksområde, og som det vil vere svært vanskeleg for dei aller fleste kommunane å implementere i eigne tenester. Bufetat kan tilby spesialiserte hjelpetiltak i heimen når det blir vurdert at dette kan forhindre at eit barn blir plassert utanfor heimen, eller at vanskar eskalerer. Hjelpetiltaka er kunnskapsbaserte og retta mot barn og ungdom med samansette og utfordrande vanskar, ofte òg kombinert med rus. Bufetat tilbyr dei spesialiserte hjelpetiltaka relasjonsfokusert familieterapi (RFT, tidlegare FFT) og multisystemisk terapi (MST). Tiltaka blir tilbydde familiar med ungdom i alderen 11–18 år med alvorlege åtferdsvanskar. Hovudmålet er å hjelpe ungdommen ved å redusere utfordringane deira og styrkje evna dei primære omsorgsgivarane har til å hjelpe ungdommen til å meistre problem i familien, blant jamaldrande, på skulen og i nærmiljøet. Frå 2024 vil Bufetat ikkje lenger tilby Parent Management Training – Oregon (PMTO) til kommunar. Dei vil derimot tilby støtte til kommunar som ønskjer å setje i verk PMTO i eigne tenester. Regionane i Bufetat kartlegg behova kommunane har for støtte til å implementere PMTO og anna kunnskapsbasert hjelp, og opplæring av kommunalt tilsette har auka atskilleg i 2023.

MST har god og dokumentert effekt, men ikkje alle kommunar i Noreg har tilgang til tiltaket. For å få eit meir likeverdig tilbod i heile landet blei det i statsbudsjettet for 2023 derfor løyvd 8,5 mill. kroner for å auke tilgangen til MST eller liknande tiltak i dei områda i Noreg der få eller ingen kommunar har tilgang på det. Løyvinga er i 2023 brukt til å opprette eit nytt MST-team i Nordland, lokalisert i Mo i Rana. I tillegg er tilbodet om spesialisert hjelp i form av RFT òg styrkt på Vestlandet. Bufetat Region Nord har i tillegg utvikla eige tiltak i samarbeid med kunnskapsmiljø for å passe inn i nordnorsk geografi og demografi. Eit statleg team for heile Finnmark tilbyr Familieintegrert terapi (FIT), medan Familien i fokus (FIF) er eit kommunalt tilbod der Bufetat har ansvar for opplæring, rettleiing og kvalitetssikring.

Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) får driftstilskot frå departementet og er ansvarleg for opplæring av behandlarar og kvalitetssikring av tiltak som MST, RFT og PMTO. NUBU utviklar også fleire foreldrestøttande tiltak og deltek i utviklingsarbeidet med Grunnmodell for hjelpetiltak.

Frå 2023 tilbyr alle sentera for foreldre og barn utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn i alderen 0–6 år der det er stor uvisse om omsorgssituasjonen til barna. Kommunane betaler ein eigendel for tilbodet i sentera for foreldre og barn dersom utgreiing av omsorgssituasjonen til barnet er utgangspunktet for tilbodet til kommunen. Dersom kommunen berre ønskjer eit tilbod om hjelpetiltak frå sentera, og ikkje utgreiing i framkant, vil kommunen ha det fulle betalingsansvaret for tiltak etter 31. desember 2023. Dette er i samsvar med føresetnadene i Prop. 73 L (2016–2017).

Tiltak utanfor heimen

Hjelpetiltaka barnevernet set inn i heimen, er ikkje alltid tilstrekkelege for å sikre barnet ein forsvarleg omsorgssituasjon. Når barn i slike tilfelle ikkje kan bu heime, kan dei få tiltak utanfor heimen. Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) skal finne ein eigna fosterheim eller eigna institusjonsplass når barnevernstenestene i kommunen ber om dette (bistandsplikt). Kommunen har plikt til å undersøkje om det er mogleg med fosterheimsplassering i familien eller det nære nettverket til barnet før dei ber Bufetat om hjelp.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det til saman var om lag 13 000 barn og unge, 0–24 år, som hadde tiltak utanfor heimen ved utgangen av 2022. For dei under 18 år er talet 9 600.

Fosterheim og institusjon er i dag dei primære barnevernstiltaka for dei barna under 18 år som ikkje kan bu heime. Om lag 82 prosent av dei budde ved utgangen av 2022 i fosterheimar, medan om lag 9 prosent budde på institusjon. Figur 4.3 viser fordelinga av kvar barna bur etter kva for tiltak dei har.

Figur 4.3 Tiltak utanfor heimen per 31. desember 2022 (0–17 år) etter bustad. Prosentfordeling

Figur 4.3 Tiltak utanfor heimen per 31. desember 2022 (0–17 år) etter bustad. Prosentfordeling

Kjelde: SSB 2023

Rapportar frå Helsetilsynet, Riksrevisjonen, Barneombodet og statsforvaltarane peiker på at fleire av barna som har flytta heimanfrå, har fått eit lite tilpassa tilbod, og at dei har opplevd mange brot og flyttingar. Behova til barna er ikkje godt nok kjende før vedtak om flytting til fosterheim eller institusjon, og målsetjinga for opphaldet er uklar.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit behovstilpassa og føreseieleg tilbod som fremjar tryggleik, tillit og positiv utvikling.

Fosterheimar

Fosterheim, fortrinnsvis i familien og nettverket til barnet eller ungdommen, er det føretrekte alternativet for dei fleste barna som ikkje kan bu heime. Hovudmålet med ein fosterheim er at barn skal ha ein trygg og stabil heim som gir høve til utvikling, oppleving av god omsorg, tilhøyrsel og føreseielege rammer.

Det er framleis utfordrande å rekruttere nok fosterheimar som kan møte behova til dei ulike barna som ventar på fosterheim. Dette har ført til at Bufetat har hatt alvorlege utfordringar med bistandsplikta, noko som mellom anna har resultert i at barn har blitt buande lenger i ein akuttsituasjon enn det som er ønskjeleg. Ved utgangen av 2022 var det i regionane til Bufetat 172 barn som venta på fosterheim etter dato for ønskt oppstart og 16 barn som venta på fosterheim i Oslo kommune. 85 av barna har venta i meir enn seks månader.

Det er særleg utfordrande å finne fosterheim til barn som har store og samansette vanskar og omfattande behov for tilrettelegging. I tillegg er det utfordrande å finne fosterheim til barn med minoritetsbakgrunn. Ungdommar eller søskenflokkar kan òg vente på fosterheim. Bufdir opplever at det er ei utfordring at fleire klargjorde fosterheimar ikkje tek på seg nye oppdrag når dei avsluttar eit tidlegare oppdrag, eller at nye fosterheimar ikkje får oppdrag sjølv om dei er klargjorde. Vidare er det ei utfordring at mange barn opplever utilsikta flyttingar og brot i fosterheimen.

For å bøte på utfordringane med å rekruttere fosterheimar er det sett i gang fleire tiltak. Målet er å redusere ventetida for barna som ventar lenge på fosterheim, og å hindre utilsikta brot i plasseringar. Bufdir skal framover utvikle klare faglege retningslinjer for korleis barnevernstenestene og Bufetat skal førebyggje flyttingar som ikkje er til det beste for barnet, minske belastingane ved flytting og greie ut eit system som bidreg til at barn ikkje må flytte mange gonger.

Departementet har lagt fram ein tiltaksplan for å rekruttere fleire og rette fosterheimar. Måla som tiltaka i planen skal støtte, er å rekruttere fleire fosterheimar inn i fosterheimsbanken som kan møte behova til dei ventande barna, færre brot i eksisterande fosterheimar og gjenbruk av fosterheimar. Bufdir har òg laga ei utgreiing om det samla tilbodet til barn som treng tiltak utanfor heimen, med særleg vekt på barn som ventar lenge på fosterheim.

Eit viktig innsatsområde i 2022 og 2023 har vore å hjelpe kommunane med å leggje til rette for medverknad og involvering av barna og familiane i arbeidet med å finne og velje fosterheim, mellom anna gjennom å bruke familieråd. Bufetat hjelper kommunane ved behov, og det er i 2023 særleg blitt satsa på å setje inn treffsikre tiltak overfor kommunar som framleis har eit stort potensial for å rekruttere i familie og nettverk. Bufdir har utarbeidd nasjonale faglege tilrådingar for opplæring av fosterfamiliar. Det har òg blitt utvikla eit nytt nasjonalt opplæringsprogram kalla «SOLID», som både varetek opplæring før og etter at barnet har flytta inn i fosterheimen. Ein rapport om korleis barnevernet kan sørgje for betre oppfølging og kvalitet knytt til korleis fosterforeldre forstår grensesetjing og bruk av tvang, og handlingane deira i samband med dette, blei ferdigstilt i 2023. Rapporten har òg tilrådingar om korleis tilsyn med fosterheimen kan bli betre for å styrkje rettstryggleiken til barn og unge.

Departementet fremja i Prop. 86 L (2021–2022) forslag om at barnevernstenesta ikkje kan flytte barn inn i fosterheimar som har inngått avtale med private tenesteytarar. Ved handsaminga av proposisjonen vedtok Stortinget forslaget, jf. Innst. 391 L (2021–22) og Lovvedtak 74 (2021–2022). Endringa tok til å gjelde 1. juli 2023 og gjeld for barn som flyttar inn i fosterheim frå 1. juli 2023. Endringa skal setje barnevernstenesta i betre posisjon til å gjere naudsynte vurderingar av situasjonen for barnet og dermed kunne oppfylle det lovpålagde omsorgs- og oppfølgingsansvaret sitt. Vidare vil endringa gi kommunane større grad av kontroll med kostnadene til fosterheimstiltak.

Departementet tek sikte på at ei ny forskrift om fosterheim tek til å gjelde frå 1. januar 2024. Føremålet med forskrifta er å revidere gjeldande forskrift i samsvar med den nye barnevernslova som tok til å gjelde 1. januar 2023, og å gjere forskrifta meir tilgjengeleg for brukarane ved at regelverket blir klarare og meir pedagogisk bygd opp og framstilt. Både barnevernstenesta og fosterforeldre har ansvar for at barn i fosterheim får ein trygg og god heim med forsvarleg omsorg. Forskrifta har mellom anna ei føresegn om at barn skal ha ein kontaktperson i barnevernstenesta, ei momentliste for vurderinga ved val av fosterheim, krav om plan for oppfølging av fosterfamilien og presisering av ansvaret barnevernstenesta har for å gi informasjon til fosterheimen.

Regjeringa vil betre rettane til barna i fosterheim og fosterforeldra og tek sikte på å leggje fram ei melding til Stortinget om fosterheimar i 2024. Meldinga har som mål å bidra til meir føreseielege rammer for fosterfamiliar og barn som bur i fosterheim. I arbeidet vil regjeringa mellom anna vurdere ulike modellar for godtgjersle til fosterforeldre. Meldinga vil òg handle om anna støtte og oppfølging av fosterheimar og av foreldre. Tilstrekkeleg og tilpassa opplæring og oppfølging er tiltak som kan medverke til å auke stabiliteten, hindre brot, gi fosterforeldra meir føreseielege vilkår og generelt skape betre kvalitet i fosterheimsomsorga. På lengre sikt vil dette påverke rekrutteringa positivt. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 blei løyvinga til Bufetat auka med 28,3 mill. kroner til spesialiserte fosterheimar. Regjeringa føreslår å føre vidare satsinga med heilårsverknad på 59 mill. kroner i 2024. Rekruttering av spesialiserte fosterheimsplassar skal skje både ved kjøp av fosterheimar frå ideelle aktørar og ved fleire statlege spesialiserte fosterheimar. Regjeringa vil i arbeidet med kvalitetsreforma vurdere å utvikle tilbodet for spesialiserte fosterheimar og sjå det i samanheng med arbeidet med vidare utvikling på institusjonsområdet.

Institusjonar

Barnevernsinstitusjonane skal gi omsorg, utviklingsstøtte og behandling til barn og unge som opplever samansette og omfattande utfordringar i livet sitt, og som ikkje får dekt behova sine gjennom hjelpetiltak eller fosterheim. Barn kan bu i barnevernsinstitusjon som frivillig hjelpetiltak, som omsorgstiltak eller som åtferds- og akuttiltak. Ein del av barna har samansette og alvorlege helseutfordringar, og nokre gjer alvorlege handlingar som kan vere til fare for andre og dei sjølve. Mange treng derfor hjelp frå fleire ulike offentlege tenester. Figur 4.4 presenterer fordelinga for barn og unge under 18 år i institusjon etter lovheimel.

Det var i gjennomsnitt 777 barn med opphald i barneverninstitusjonar i 2022. Dette svarer til ein nedgang på 72 barn samanlikna med 2021 og 97 barn samanlikna med 2020. I 2022 flata denne nedgangen ut, og det var fleire barn i institusjon ved utgangen av 2022 enn ved starten av året. Utviklinga varte ved utover i 2023, og det har særleg vore ein auke i etterspurnaden etter akutt- og rusplassar og plassar for barna med dei største behova.

Utviklinga har gjort det utfordrande for Bufetat å ta i vare bistandsplikta. Av og til fører for låg kapasitet i det statlege tilbodet til at kommunane ikkje får det tilbodet dei spør etter og som barna treng. Dette er alvorleg, og kan innebere at Bufetat bryt bistandsplikta. Det blei derfor i løpet av året sett i verk ein plan med tiltak for å handtere situasjonen. Bufetat gjorde tiltak for å auke kapasiteten i statlege institusjonar og gjennom kjøp av plassar hos private ideelle og kommersielle leverandørar. I tillegg vart det gjort unntak frå kompetansekrav og målgruppedifferensiering der det var forsvarleg. Det har òg vore arbeidd med å gi tydeleg og tilstrekkeleg informasjon til kommunane om situasjonen, formidling av forventingar til kommunane og rettleiing og støtte til kommunane i einskilde saker.

Som følgje av utviklinga i talet på barn, behova deira og auka prisar føreslår regjeringa at løyvinga til statleg barnevern blir auka med om lag 570 mill. kroner i budsjettet for 2024.

Figur 4.4 Barn og unge i institusjon per 31.12. fordelte på lovheimel (0–17 år) frå 2018 til 2022

Figur 4.4 Barn og unge i institusjon per 31.12. fordelte på lovheimel (0–17 år) frå 2018 til 2022

Kjelde: SSB 2023

Nye forskrifter knytte til barnevernsinstitusjonane tok til å gjelde 1. januar 2023, samstundes med den nye barnevernslova. Forskrift om krav til kvalitet og godkjenning av barnevernsinstitusjoner (kvalitets- og godkjenningsforskrifta) samlar føresegnene om kvalitet, godkjenning og internkontroll i barnevernsinstitusjonar i éi felles forskrift. Forskrift om barn sine rettar i barnevernsinstitusjon gir utfyllande føresegner om barn sine rettar under opphald i barnevernsinstitusjon. Den nye forskrifta om oppfølginga til barneverntenesta av barn på barnevernsinstitusjon (oppfølgingsforskrifta) regulerer det løpande og heilskaplege ansvaret barnevernstenesta har for å følgje opp barn på institusjon. Forskrifta skal bidra til at barnevernstenesta systematisk og regelmessig vurderer om barnet får hjelp, omsorg og behandling tilpassa behovet til det einskilde barnet, eller om det er behov for endringar eller fleire tiltak. Revidert forskrift om tilsyn med tenester og tiltak til barn i barnevernsinstitusjonar m.m. (tilsynsforskrifta) gir utfyllande reglar om tilsynet statsforvaltarane og Helsetilsynet har med barnevernsinstitusjonane. Tilsynet skal bidra til å styrkje kvaliteten i barnevernsinstitusjonane slik at institusjonen gir det einskilde barnet forsvarleg omsorg og behandling.

Regjeringa såg i 2022 eit behov for å få ei samla utgreiing av institusjonsbarnevernet som kan gi tydelege forslag til endringar som gjer at barna som i dag er i barnevernsinstitusjon, får betre hjelp. Barnevernsinstitusjonsutvalet blei utnemnt av regjeringa 22. juni 2022 og skal levere utgreiinga si i form av ein NOU med endelege tilrådingar i oktober 2023.

Bufdir har etablert ein rutine for å vurdere risiko hos barn i institusjonar som skal bidra til å fange opp barn som set eige eller andre sitt liv og helse i fare. Målet er at risikovurderinga skal bidra til at det blir sett i verk tiltak i eigen og/eller andre sektorar som kan stabilisere situasjonen og hindre vidare eskalering for einskildindividet. Det er òg eit mål at barn skal ha eit stabilt opphald på institusjon og ikkje oppleve utilsikta flyttingar. Bufdir skal framover ha betring av dette i fokus.

Det er eit mål i Hurdalsplattforma om å avgrense bruken av einetiltak i barnevernet. Ved utgangen av 2022 budde 114 barn åleine i institusjonar. Av desse budde 19 i definerte einetiltak grunngitt i tilhøve knytte til varetaking av barnet, tilsette eller andre. Dei andre budde åleine på grunn av andre tilhøve, til dømes praktiske årsaker knytte til inntak eller utflytting. Barnevernsinstitusjonsutvalet har fått i oppdrag å greie ut tiltak og organisering som bidreg til å hindre bruk av einetiltak som ikkje er til det beste for barnet. Bufdir held fram med arbeidet med å utvikle ein føremålstenleg statistikk over både barn med avgjerd om einetiltak og barn som bur åleine, i samarbeid med regionane til Bufetat og Oslo kommune. Vidare utviklar Bufdir ei fagleg tilråding for bruk av einetiltak som skal ferdigstillast ved utgangen av 2023. Arbeidet skal bidra til kvalitet og rettstryggleik gjennom heile opphaldet i einetiltak og førebyggje at barn blir buande åleine i institusjon over tid der det ikkje er faglege grunnar til det.

For å kunne yte forsvarleg omsorg og behandling på ein institusjon er det behov for ei personalgruppe med høg kompetanse. Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021), jf. Innst. 625 L (2020–2021), å innføre kompetansekrav for tilsette i barnevernsinstitusjonane. For nytilsette i institusjon blei det stilt krav om relevant bachelorgrad frå og med 2022, medan det for leiarar er krav om masterutdanning frå og med 2031. Kravet for leiarar er oppfylt for dei som har ei relevant bachelorutdanning og vidareutdanning før 2031. Ei ny vidareutdanning for institusjonsleiarar blir utvikla i 2023 og startar etter planen opp i 2024. Dei nye kompetansekrava krev stor omstilling i sektoren, og Bufdir har fått i oppdrag å følgje opp og leggje til rette for implementeringa. Det har vore utfordringar med å rekruttere tilstrekkeleg med kvalifisert personell. Bufdir har sørgt for meir informasjon og rettleiing til Bufetat, Oslo kommune og institusjonane om når det er høve til å få unntak for kompetansekrava.

Barne- og familiedepartementet varsla i Prop. 133 L (2020–2021) ein gjennomgang av regelverket om rettar og tvang på barnevernsinstitusjon. Bufdir leverte i april 2023 eit kunnskapsgrunnlag som mellom anna inneheld erfaringar frå barn og unge og tilsette i barnevernsinstitusjonar. Det vart òg levert ei menneskerettsleg utgreiing om rettar og tvang på barnevernsinstitusjonar i juni 2023. Gjennomgangen inngår i arbeidet med kvalitetsreforma i barnevernet.

Statens helsetilsyn fekk eit oppdrag om å gå gjennom alle tilfella der barn med tilknyting til barnevernsinstitusjon har mista livet dei siste fem åra. Føremålet er å avdekkje eventuell svikt og bidra til læring, utvikling og kvalitet i tenestene, slik at liknande tragiske hendingar kan unngåast. Gjennomgangen blir samanfatta i ein eigen rapport med Helsetilsynets vurderingar og tilrådingar. Rapporten blir lagt fram i midten av oktober.

Regjeringa har i Hurdalsplattforma eit mål om å gradvis fase ut store kommersielle aktørar innanfor barnevernet, avslutte bruken av konkurranseutsetjing og anbod og sikre ideelle verksemder langsiktige avtalar med det offentlege. Regjeringa la i Prop. 118 S (2022-2023) i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 fram sin plan for dette arbeidet. Det blei løyvd 150 mill. kroner til arbeidet med omstilling i 2022, 10 mill. kroner i 2023 og 60 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023. Styrkinga har gitt eit auka tal på statlege institusjonsplassar som tek vare på barna med dei største utfordringane. Dette er gjort ved å auke bemanninga, etablere støtteteam og oppgradere eksisterande institusjonsbygg, under dette tiltak for brannvern. Det er òg stilt høgare bemanningskrav i einskilde ideelle institusjonsavdelingar enn det opphavleg var lagt opp til, slik at dei ideelle institusjonane kan ta imot barn med større utfordringar. I 2022 blei det inngått nye rammeavtalar med dei ideelle leverandørane av institusjonsplassar, som har gitt ein auke i talet på ideelle plassar frå 193 til om lag 215. I tillegg har det vore ein betydeleg auke i delen plassar med garanterte kjøp, frå om lag 60 prosent til 83 prosent. Rammeavtalane med dei ideelle er utan tidsavgrensing. Målsetjinga om å sikre dei ideelle verksemdene langsiktige avtalar med det offentlege er dermed følgt opp, jf. oppmodingsvedtak 762 av 28. mai 2018. Figur 4.5 viser utviklinga i samansetjinga av leverandørar i institusjonsbarnevernet frå 2018 til 2023.

Figur 4.5 Utvikling i delen opphaldsdøgn fordelt på statlege, ideelle og kommersielle barnevernsinstitusjonar, 2018–20231

Figur 4.5 Utvikling i delen opphaldsdøgn fordelt på statlege, ideelle og kommersielle barnevernsinstitusjonar, 2018–20231

1 Tala for 2023 er anslag gjort i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023

Kjelde: Barne- og familiedepartementet

Våren 2023 stramma regjeringa inn på vilkåra for å kunne reknast som ideell leverandør av institusjonsplassar. Dette inneber at alle ledda i eigarskapen til institusjonen må vere ideelle for at ein aktør skal kunne reknast som ideell leverandør av institusjonsplassar i framtidige avtalar med Bufdir. Det vart i juni 2023 inngått ein intensjonsavtale om overordna strategisk samarbeid mellom regjeringa, representantar for ideell sektor og representantar for dei største tilsettegruppene innanfor institusjonsområdet i barnevernet. Det er eit felles mål å auke delen institusjonsplassar som ideelle aktørar tilbyr.

Arbeidet med at dei statlege institusjonane skal ta vare på barna med dei største utfordringane, og å auke bruken av ideelle leverandørar held fram i 2024. Arbeidet skal skje gradvis. Regjeringa føreslår å løyve 70 mill. kroner til arbeidet. Løyvinga skal nyttast til å etablere fleire statlege og ideelle plassar og til å byggje om og rehabilitere eksisterande statlege institusjonsbygg. Dette skal gi ein auke i både ideelle og statlege plassar og høgare utnytting av statleg kapasitet. Parallelt med dette skal det vurderast andre grep som kan bidra til ytterlegare ideell vekst. Det er viktig for regjeringa at omstillinga sikrar at tilbodet til barna til ei kvar tid blir varetatt. Derfor vil det saman med oppbygging av tilbod i offentleg og ideell regi framleis kunne vere behov for andre private aktørar i tida framover.

Kvalitetsutvikling i barnevernet

Kvalitet i arbeidet i barnevernet

Barnevernet utøver offentleg mynde og set i verk undersøkingar og tiltak som kan vere svært inngripande. Det er derfor forventa og naudsynt at arbeidet som blir utført i alle ledda i barnevernet, har høg kvalitet. Rapportar og tilsyn har likevel peikt på fleire utfordringar både i det kommunale og statlege barnevernet, som mellom anna dreier seg om medverknaden barn har, bemanning og kompetanse, tilgang på gode tiltak og kvalitet i tiltaka. Mange kommunar har òg problem med å halde på erfarne medarbeidarar, og mange har ein svært høg turnover. Det er òg utfordringar knytte til tilgangen på sakkunnige med rett kompetanse i ulike delar av landet og til kvalifiserte tolkar. Samla gir dette utfordringar for rettstryggleiken, det påverkar situasjonen for barn og foreldre og kor verksam hjelp dei får. Regjeringa vil derfor leggje fram ei kvalitetsreform i barnevernet. Reforma skal omhandle både det kommunale og statlege barnevernet.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barnevernet skal arbeide systematisk, kunnskapsbasert og tillitsskapande i møte med barn, familiar og andre tenester.

Tiltak for å betre kompetansen i barnevernet

Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021), jf. Innst. 625 L (2020–2021), å innføre kompetansekrav for tilsette i barnevernstenestene i kommunane og i barnevernsinstitusjonane. For kommunane er det stilt krav om at tilsette som skal jobbe med visse kjerneoppgåver, skal ha relevant masterutdanning. Det er oppretta to nye barnevernsfaglege mastergradar. Noverande tilsette med utdanning på bachelornivå kan fram til 2031 oppfylle krava gjennom ein kombinasjon av arbeidserfaring og vidareutdanning. SSB estimerer at over 60 prosent av barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar i barnevernstenesta har mastergrad eller vidareutdanning. Bufdir har fått i oppdrag å utarbeide ein årleg statistikk over utdanningsnivået i både det kommunale og statlege barnevernet for å følgje med på utviklinga.

Dei seks vidareutdanningane som er etablerte for tilsette i barnevernet, blir førte vidare i 2024. Slik vil tilbodet til saman utgjere om lag 400 studieplassar frå semesterstart 2024. Bufdir har byrja arbeidet med å etablere ei ny vidareutdanning for barnevernsleiarar, som vil starte opp frå 2024. Vidareutdanningane har vore svært populære, og i 2022 var det fleire søkjarar enn det var tilgjengelege studieplassar. Ved oppstarten av vidareutdanningane hausten 2022 var 94 prosent av studiekapasiteten utnytta. I 2022 blei det innvilga 271 søknader og totalt 27,4 mill. kroner i tilskotsordninga til barnevernsfagleg vidareutdanning. For å bidra til at fleire av dei som i dag er tilsette utan vidareutdanningar får plass på vidareutdanningane, er det justert på opptak og tildeling av tilskot til nye studentar. I opptaket til vidareutdanningane vil søkjarar med tilråding frå arbeidsgivaren prioriterast. Vidare vil tilskotsordninga til Bufdir for vidareutdanningane prioritere tilsette som ikkje har tilleggsutdanning eller master, og dermed ikkje kjem kompetansekravet i møte innan 2031.

Dei siste åra har Barne- og familiedepartementet sett i gang fleire andre tiltak som samla sett skal bidra til å heve kvaliteten og auke kompetansen i kommunalt barnevern. Kommunale rettleiingsteam er eit av tiltaka i kompetansesatsinga for kommunalt barnevern (2018–2024). Tiltaket inneber at erfarne fagfolk med leiarerfaring frå kommune- og barnevernleiing rettleier leiarar i andre kommunar og barnevernstenester. Rettleiinga varer i to år, og erfaringane frå tiltaket så langt viser styrking av barnevernleiing og forankring av tenesta i kommuneleiinga, betring i arbeidsform og rutinar og betre ivaretaking av lovkrav. I 2023 vart tilbodet utvida med 5 nye kommunar, som kjem i tillegg til dei 15 kommunane som starta med rettleiing i 2022.

Eigne dialogmøte mellom statsforvaltar, leiinga i kommunen og barnevernet skal bidra til ei felles forståing for arbeidet og utfordringane i barnevernet, og dessutan til at eigarskapen til barnevernet blir forankra i kommuneleiinga. Statsforvaltarane har blitt oppmoda til å gjennomføre møte med alle kommunar som har behov for det, i tråd med risikovurderinga til statsforvaltaren. Evalueringa Oslo Economics har gjort av kompetansesatsinga, tyder på at dialogmøte er eit nyttig tiltak med låge kostnader samanlikna med pårekna gevinstar.

Kompetansesatsinga inneheld òg tiltak for at kommunane skal samarbeide meir om å utvikle tenester og tilbod til barn og familiar gjennom læringsnettverk. Evalueringa viste til at læringsnettverka synest å vere eit godt tiltak for å drive utviklingsarbeid i tenestene. I 2023 har nesten alle barnevernstenestene i Noreg delteke i eit læringsnettverk, og tiltaket er omtalt som nyttig av statsforvaltarane, mellom anna for å gjere tenestene betre i stand til å vareta nytt ansvar og nye oppgåver som følgjer av barnevernsreforma.

Eit anna tiltak i kompetansesatsinga er Tenestestøtteprogrammet. Målet med programmet er å styrkje det systematiske arbeidet til barnevernstenesta med undersøkingar, avgjerder og oppfølging av hjelpetiltak. Brukarmedverknad og traumeforståing står sentralt i programmet. Tenestestøtteprogrammet blir gjennomført som ein serie heildagssamlingar, der alle tilsette og leiarar i fleire barnevernstenester deltek. I 2022 deltok om lag 510 nye deltakarar frå 16 barnevernstenester over heile landet, fordelt på åtte klyngjer. I følgjeevalueringa av kompetansesatsinga frå 2022 blir tiltaket framheva som eit nyttig og relevant program. Samstundes peiker evalueringa på eit potensial for å tilpasse det faglege innhaldet betre til kontekstane og behova til dei ulike tenestene. I 2023 har det derfor framleis blitt arbeidd med at tenestene, kommuneleiinga og statsforvaltar får god informasjon tidleg i prosessen, og at dei deltek aktivt i planlegginga av programmet ut frå lokale behov. Statsforvaltarane har notert ei positiv endring i kvaliteten på programmet dei siste åra. Departementet gir tilskot til kompetansesentera for barn og unge RKBU Vest, RKBU Nord, RKBU Midt-Noreg og Pilar, som består av RBUP Aust og Sør og RVTS Sør (Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Sør) for å drifte programmet for barnevernstenesta.

Bufdir har fått i oppdrag å vurdere kva tiltak det er behov for framover for å auke kompetansen i det kommunale barnevernet. Den noverande kompetansesatsinga varer til og med 2024. Barne- og familiedepartementet vil vurdere om tiltaka i kompetansesatsinga skal justerast frå 2025 for å treffe behova i sektoren i størst mogleg grad.

Bemanning, leiing og utvikling av det kommunale barnevernet

Statistikken frå SSB viser at talet på årsverk i barnevernstenestene har auka dei siste åra, frå om lag 6 200 årsverk i 2019 til rundt 6 650 årsverk i 2022. Tilstrekkeleg bemanning, høg kompetanse og kontinuitet i fagmiljøet er avgjerande for at barn og unge i barnevernet skal få den hjelpa dei treng. Bufdir fekk i 2022 i oppdrag å etablere ein årleg statistikk som kan vise utviklinga i bemanning og turnover over tid. Denne statistikken vil gjere det mogleg å følgje med på utviklinga i stillingar og turnover framover.

Bufdir har vidare fått i oppdrag å vurdere tiltak for å redusere arbeidspress og gi betre rettleiing og oppfølging av dei tilsette i kommunalt barnevern. Dette må òg sjåast i samanheng med måten kompetansesatsinga skal innrettast på framover, som er omtalt over.

God styring og leiing i kommunen og i barnevernstenesta er avgjerande for å kunne levere gode tenester til barn og familiar og for at dei tilsette i tenesta skal kjenne seg varetekne. I det siste landsomfattande tilsynet med arbeidet som barnevernet gjer med undersøkingar, som blei gjennomført i perioden 2020–2021, viser Helsetilsynet til at avvik frå lovkrav ofte kjem av mangelfull leiing og styring av tenestene. Fleire tidlegare tilsyn har peikt på den same utfordringa. I 2023 blei det derfor løyvd 12 mill. kroner til ei heilskapleg satsing på styring og leiing i kommunalt barnevern. Løyvinga er mellom anna brukt til å utvikle ein leiarmodul i Barnevernsfagleg kvalitetssystem, påbegynt utvikling av opplæringsprogram for nye leiarar i barnevernet og i internkontroll, styrking av arbeid i embeta med styring og leiing i det kommunale barnevernet, mellom anna gjennom å vidareutvikle nettverk for barnevernsleiarar. Bufdir jobbar med å etablere ei ny utdanning for barnevernleiarar, som vil starte opp hausten 2024. Delar av løyvinga vil i 2024 bli nytta til å stimulere til leiarutvikling i leiarnettverk.

Digitale løysingar

Det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern utviklar digitale løysingar som skal auke kvaliteten i det kommunale barnevernet. Barnevernsfagleg kvalitetssystem (BFK) er ein viktig del av prosjektet. BFK skal gi sakshandsamarar i barnevernet direkte tilgang til støtte i arbeidsprosessane, oppdaterte juridiske tekstar og generell rettleiing. Det ferdig produktet blei levert i 2022, og utrullinga til kommunane starta i 2023. Det er eit mål at minst 100 kommunar skal ha teke i bruk systemet i løpet av 2023.

I statsbudsjettet for 2023 blei det prioritert 5 mill. kroner til å vidareutvikle dei digitale løysingane som er utvikla for kommunalt barnevern i DigiBarnevern til bruk i det statlege barnevernet. Arbeidet blir vidareført i 2024 og har som mål å betre kvaliteten på dialogen mellom kommunar og Bufetat, og tek sikte på å etablere ei løysing for sikker digital datautveksling mellom kommunar og Bufetat i sakshandsaminga.

Nasjonal portal for bekymringsmelding er eit anna resultat av DigiBarnevern-prosjektet, og ved utgangen av 2022 hadde 258 kommunar teke løysinga i bruk. I juni 2023 blei det kjent at fleire kommunar var ramma av ein alvorleg teknisk feil som gjeld overføring av bekymringsmeldingar mellom Nasjonal portal for bekymringsmeldingar og Visma sitt fagsystem for barnevernet, Visma Familia. Feilen inneber at bekymringsmeldingar ikkje har komme fram til barnevernstenesta, medan systemet har gitt meldaren beskjed om det motsette. Det har ført til at fleire bekymringsmeldingar har gått tapt. Saka er alvorleg og kan ha fått konsekvensar for barn, unge og familiar med behov for hjelp frå barnevernet. Barne- og familiedepartementet har derfor gitt Bufdir i oppdrag å granske årsaker, omfang og konsekvensar av feilen. I tillegg er Bufdir bede om å gjere greie for korleis feilen er blitt retta, kva tiltak som vart sette i verk for å følgje opp meldingar som er gått tapt, og kva som blir gjort for å førebyggje liknande feil i framtida. Granskinga skal gjennomførast innan 31. oktober 2023, i samarbeid med Helsetilsynet, og føreset dialog med relevante aktørar, inkludert KS, Datatilsynet og Digitaliseringsdirektoratet. Visma, Statsforvaltaren i Vestland og Politidirektoratet er òg inviterte inn i eit samarbeid med målsetjing om å skape læring og forbetringar for dei digitale systema som er i bruk på tvers av ulike verksemder og forvaltingsnivå. Dette er særleg viktig i etterkant av at det i juli 2023 blei kjent at nokre bekymringsmeldingar frå politiet heller ikkje har komme fram til barnevernstenesta fordi politiet i nokre tilfelle hadde brukt Altinn til å kommunisere med kommunane. Departementet følgjer saka tett og vil vurdere behov for fleire tiltak etter kvart som meir informasjon om årsak og konsekvensar blir kjend.

Betre statistikk i barnevernet

Barne- og familiedepartementet fekk frå 1. januar 2022 eit lovfesta ansvar for å sørgje for å utvikle statistikk og analysar om barnevernet. Dette arbeidet er viktig, ettersom eit godt kunnskapsgrunnlag og tilstrekkeleg informasjon er naudsynt for å ta gode avgjerder, både i einskildsaker i barnevernet og på systemnivå. Dei siste åra har det skjedd ei stor utvikling av barnevernsstatistikken. Bufdir har laga eigne statistikksider som gir betre innsikt i tal og statistikk for barnevernet, og jobbar kontinuerleg med å utvikle ny statistikk i samarbeid med SSB. Det er også utvikla ein kommunemonitor som lèt kommunane samanlikne seg med andre på sentrale indikatorar. I tillegg jobbar Bufdir med å utvikle rapportering og indikatorar på einskildområde, til dømes omfanget av definerte einetiltak og omfanget av barn som bur åleine på institusjon utan definerte einetiltak. Bufdir har også fått midlar til arbeidet med å betre tilgangen på data til forsking frå Bufdirs system.

Det er framleis behov for å forbetre innhentinga av statistikk- og styringsinformasjon. Barne- og familiedepartementet har derfor bede Bufdir om å vurdere endringar i den noverande informasjonsinnhentinga. Målet er at vesentleg informasjon om vurderingane, tiltaka og saksgangen til barnevernet blir meir tilgjengeleg. Deretter vil departementet vurdere tiltak som kan bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag om sektoren. Bufdir jobbar i tillegg med fleire statistikkoppdrag knytte til barnevern.

Samarbeid med andre sektorar

Meistring i skulen er viktig for livsmeistring og framtidig livskvalitet. Bufdir viser i ein rapport til at rundt 50 prosent av ungdommane med hjelp frå barnevernet (som byrja vidaregåande opplæring i 2014) hadde fullført vidaregåande skule på normert eller utvida normert tid i 2020. Tilsvarande var talet 84 prosent for ungdommar utan tiltak i barnevernet. Forsking viser også at vaksne med barnevernserfaringar i mindre grad er i jobb eller utdanning enn snittet, og at dei i større grad får trygdeytingar. Barn i risiko, men som meistrar skulen, har mindre risiko for å oppleve dårleg helse, rusmisbruk, kriminalitet og bli mottakarar av sosiale ytingar.

Det har over fleire år vore ei satsing på å skape ein betre tilpassa skule- og utdanningssituasjon for barn i barnevernet. Forutan utprøvinga av tiltaket Skulelos er tiltaka i skulesatsinga i all hovudsak pedagogiske verkemiddel som skal betre skuleoppfølginga av barn og unge med tiltak i barnevernet. Det er sentralt med tett samarbeid mellom sektorane for at barn i barnevernet får vareteke retten til skulegang og i større grad får gjennomført skulegang. Dette inneber mellom anna å utvikle eit godt kunnskapsgrunnlag om kva som påverkar skuleutfall for denne gruppa barn og unge, og kva tiltak som kan setjast i verk for å setje omsorgspersonar, anten det er familien og nettverket til barnet, fosterforeldre eller institusjonstilsette, i stand til å gi den naudsynte oppfølginga og støtta til barn med ulike barnevernstiltak. Arbeidet vil halde fram i 2024.

Det har vore merksemd retta mot at barnevernet bruker og samarbeider med politiet i ulike situasjonar. Bufdir samarbeider med Politidirektoratet for å oppdatere rutinar og retningslinjer for samarbeid mellom politiet og barnevernet. Det er i tillegg avdekt eit behov for å utvikle statistikk over omfanget av bistanden politiet gir til barnevernet, og korleis desse sakene artar seg. Per i dag blir bistand frå politiet i samband med alvorlege hendingar i institusjonane registrert i det digitale avvikssystemet til Bufdir. Bufdir er i gang med å utvikle annan statistikk på området. Føremålet med statistikken vil vere kunnskap om både omfanget av og innhaldet i bruken som barnevernstenestene gjer av politiet. Den overordna målsetjinga er å vareta det beste for barnet i alle ledda av saksprosessen i barnevernet. Det har òg blitt gitt tilskot til organiseringa av ein årleg landskonferanse mellom barnevernsvakter og politi. Sør-aust politidistrikt og barnevernsvaktene i Drammen, Vestfold og Telemark har fått ansvar for årets konferanse. Målet for tilskotet er at konferansen skal fremje samarbeid mellom politi og barnevernsvakter. Tilskotet til landskonferansen blir ført vidare i 2024.

I 2019 blei det sett i gang eit prosjektet i Oslo kommune retta mot barn som har gjort seg skuldige i, eller står i fare for å gjere, lovbrot. Prosjektet vart finansiert gjennom statleg tilskot i perioden 2019–2023. Prosjektet er no evaluert av OsloMet i rapporten Førebyggjande tiltak mot ungdomskriminalitet i Oslo kommune (NOVA rapport nr. 8/22). Det har vore prøvd ut tiltak retta mot barn frå 12 til 15 år i bydel Alna og Søndre Nordstrand og dessutan eit institusjonstilbod gjennom Barne- og familieetaten. Prosjektet viser mellom anna at tillit, inkludering og stabilitet peiker seg ut som avgjerande føresetnader for vellukka førebygging av ungdomskriminalitet. Bufdir vil i samarbeid med Oslo kommune sjå på korleis resultata frå Oslo kan bli nytta nasjonalt.

Barnevernet bidreg med verkemidla sine i det kriminalitetsførebyggjande arbeidet. Både Multisystemisk terapi (MST) og relasjonsorientert familieterapi (RFT) er kunnskapsbaserte hjelpetiltak for familiar med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Hovudmåla for tiltaka er å hjelpe ungdommen ved å redusere utfordringane og å styrkje evna dei primære omsorgsgivarane til ungdommen har til å hjelpe ungdommen sin.

Alarmtelefonen for barn og unge er ei gratis teneste for barn og unge som er utsette for vald, overgrep og omsorgssvikt. Tenesta blir drifta av Kristiansand kommune. Alarmtelefonen vart styrkt i 2020 og 2021 med auka driftstilskot for å kunne dekkje auka aktivitet. I 2022 vart det i tillegg løyvd 3 mill. kroner i fyrste halvåret for å kunne møte ein forventa auke i behovet og dessutan å lette overgangen til vanleg drift etter pandemien.

Helsesatsing for barn og unge i barnevernet

Barn med tiltak i barnevernet har større omfang av helseplager enn andre barn. Både nasjonale og internasjonale studiar viser at både barn som får hjelpetiltak i heimen, og barn som bur i fosterheim og institusjon, har stor risiko for helseproblem. Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet har derfor over tid samarbeidd om ei helsesatsing i barnevernet for saman å bidra til eit betre tilbod til barn og unge i barnevernet.

Eit tiltak som er sett i verk, er Nasjonalt forløp for barnevern – kartlegging og utredning av psykisk, somatisk og seksuell helse, tannhelse og rus. Forløpet skildrar ansvar, oppgåver og samarbeid mellom den kommunale barnevernstenesta, kommunale helse- og omsorgstenester, den fylkeskommunale tannhelsetenesta og spesialisthelsetenesta for barn og unge. Forløpet gir òg råd om korleis samarbeidet kan bli innretta, slik at tenestene samarbeider om tidleg kartlegging og utgreiing av barn i barnevernet. Forløpet skal bidra til at barn og unge i barnevernet blir kartlagde og behova deira greidde ut, til dømes helseutfordringar, slik at dei kan få naudsynt hjelp og retten til helsehjelp blir vareteken.

I 2019 blei det sett i drift to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for barn som har behov for langvarig omsorg utanfor heimen og samstundes har eit stort behov for psykisk helsehjelp. Institusjonane har tilsette med kompetanse frå både barnevern og helse. Institusjonane skal medverke til at barn med store og komplekse behov får eit tilbod av høg kvalitet som er godt tilpassa behovet deira. Bufdir har i samarbeid med Helsedirektoratet starta følgjeforsking på dette institusjonstilbodet. Evalueringa blir gjennomført av NTNU Samfunnsforskning og skal vere ferdig fyrste kvartalet 2024.

Barnevernsinstitusjonsutvalet skal mellom anna sjå på kva slags bistand som krevst frå andre viktige tenester for barn og unge, slik som helsetenester for dei som har psykisk sjukdom. Utvalet skal levere utgreiinga si i oktober 2023.

Regjeringa la i juni 2023 fram ein opptrappingsplan for psykisk helse. I planen er det særskilt barn og unge med samansette utfordringar og tiltak for å gi dei rett hjelp til rett tid som er i fokus.

Departementet vil føre vidare samarbeidet med Helse- og omsorgsdepartementet, med særleg vekt på tiltak for å nå måla i helsesatsinga. Måla for helsesatsinga framover er:

  • tidleg innsats for å avdekkje behov for helsehjelp, med vekt på mellom anna tverrfagleg helsekartlegging og nasjonalt forløp

  • tettare oppfølging for å sikre at barn i barnevernet får oppfylt helserettane sine, med vekt på godt samarbeid mellom barnevern, helsetenester og andre relevante tenester på ein måte som bidreg til god tilgang til fastlege og andre kommunale tenester for barn i barnevernet

  • utvikling av tenester som er tilpassa barn i barnevernet sine behov for helsehjelp og stabilitet, med vekt på ambulante tenester, førebygging av flyttingar, nasjonalt forløp, digitale tenester, modellar for betre koordinering av samarbeid og samhandling og auka kompetanse på barn og rus

  • betre koordinering av innsatsen overfor barn med behov for hjelp frå ulike instansar, med vekt på varsling og samarbeid mellom helse- og barnevernssektoren, slik at tilpassa hjelp kan setjast inn når det er fare for at barn i høg risiko ikkje lenger får eit forsvarleg tilbod.

Som ledd i helsesatsinga vart Helsedirektoratet og Bufdir i 2023 bedne om å vurdere i kva grad eksisterande og planlagde ambulante helsetenester, under dette Flexible Assertive Community Treatment (FACT-ung), bidreg til at barn i barnevernet får vareteke behova sine. Direktorata har også fått i felles oppdrag å skaffe datagrunnlag som viser talet på barn og unge som blir tilbydde helsekartlegging, og som blir inkluderte i Nasjonalt forløp for barnevernet. Vidare skal direktorata prøve å identifisere data som gir grunnlag for å vurdere kvaliteten og effekten av tiltaka for barn og unge og for tenesteutøvarar.

Tverrfagleg helsekartlegging av barn som blir flytta ut av heimen

Tverrfagleg helsekartlegging skal bidra til å identifisere hjelpe- og helsebehov hos barn som ikkje kan bu hos foreldra sine. Målet er at barn som blir flytta ut av heimen, skal få god og rett hjelp som òg bidreg til ei meir stabil plassering og reduserer risikoen for at barna må flytte fleire gonger. Kartlegginga føreset faglege bidrag frå helsepersonell og at spesialisthelsetenesta bidreg med naudsynte ressursar i kartleggingsteama.

Stortinget har vedteke ei plikt for den kommunale barnevernstenesta til å be Bufetat om helsekartlegging for barn som blir flytta ut av heimen, med mindre det blir vurdert som heilt openbert at det ikkje trengst, jf. Innst. 166 L (2021–2022). Det er Bufetat som i dei einskilde tilfella skal avgjere om dei skal tilby tverrfagleg helsekartlegging når barnevernstenesta oppmodar om det. Plikta for kommunen til å be Bufetat om tverrfagleg helsekartlegging kan ikkje gjelde før det er tilstrekkeleg kapasitet i det statlege tilbodet. Målgruppa er på om lag 1 500 til 2 000 barn, og Bufetat har i dag kapasitet til å tilby kartlegging til om lag 250–300 barn per år.

Sidan hausten 2021, då arbeidet med å prøve ut tilbodet om tverrfagleg helsekartlegging starta, har tilbodet blitt utvida med fleire nye team kvart år, inkludert i 2023. For å dekkje heilårseffekten av dei teama som blei oppretta i 2023, føreslår regjeringa å løyve ytterlegare 5 mill. kroner til tilbodet i 2024. Vidare utviding av tilbodet blir vurdert i dei årlege budsjettprosessane.

Stortinget vedtok i oppmodingsvedtak nr. 404 (2020–2021) at regjeringa skal greie ut om det offentlege skal ha ei plikt til å tilby tverrfagleg helsekartlegging når kommunen ber om det. Bufdir og Helsedirektoratet leverte fyrste delleveranse om utgreiinga i september 2023. Departementet arbeider no med å vurdere korleis dette skal følgjast opp.

Rettstryggleik i barnevernet

Utgangspunktet i barnevernslova er at barn og foreldre har rett til familieliv med kvarandre, og dei fleste barnevernstiltaka blir gitt som frivillige hjelpetiltak i heimen. Barnevernslova opnar samstundes for inngripande tvangstiltak. Dette stiller store krav til rettstryggleik og avgjerdsprosessar som varetek rettane til både barn og foreldre. Viktig for rettstryggleiken er medverknad frå barn, at sakshandsaminga byggjer på eit godt kunnskapsgrunnlag, og at avgjerdene er godt grunngitt og kan kontrollerast. Fleire dommar frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har dei seinare åra konstatert krenking av menneskerettane til barn og foreldre. Tilsynsrapportar og forsking har funn som tilseier at kvaliteten på arbeidet bør styrkjast.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Rettstryggleiken til barn og foreldre skal varetakast under heile barnevernssaka.

Ny barnevernslov

Barnevernslova tok til å gjelde 1. januar 2023. Den nye lova skal rettleie betre om kva som er forsvarleg sakshandsaming, og vil leggje betre til rette for lik praksis i kommunane. Lova skal mellom anna føre til grundigare vurderingar, rettare avvegingar av omsyn, betre dokumentasjon og meir dynamisk fastsetjing av samvær. På denne måten skal lova bidra til at praksis er innanfor dei menneskerettslege forpliktingane våre. Nye forskrifter er blitt gjeldande, mellom anna reviderte forskrifter om tilsyn med institusjonane, krav til kvalitet og godkjenning av institusjonar og ei ny forskrift om oppfølging av barn på institusjon. Bufdir implementerer den nye barnevernslova ved å informere om lova på nettsidene sine og revidere rundskriv og retningslinjer og anna rettleiingsmateriell. Dette er eit omfattande arbeid som vil ta tid. Bufdir har prioritert å revidere nokre av produkta, mellom anna Saksbehandlingsrundskrivet. Statsforvaltaren har òg som si oppgåve å implementere ny lov, og embeta har samarbeidd om opplæringsvideoar om den nye lova.

Ved handsaminga av Prop. 64 L (2022–2023) slutta Stortinget seg til forslag om einskilde endringar i den nye barnevernslova, jf. Innst. 444 L (2022–2023). Det er lovfesta ei plikt for barnevernstenesta til å varsle barnevernstenester i andre kommunar dersom ein familie med barnevernstiltak flyttar til ein annan kommune og det er behov for å undersøkje om det trengst meir inngripande tiltak enn frivillige hjelpetiltak. Vidare er tilgangen barnevernstenesta har til å handsame personopplysingar i saker om ufødde barn, lovfesta. Det er også lovfesta ei føresegn som presiserer at eigaren av privat barnevernsinstitusjon skal leggje fram politiattest. Endringane gjeld frå 1. januar 2024.

Medverknad i barnevernet

Retten barnet har til medverknad, er styrkt i den nye barnevernslova som mellom anna framhevar at barnet si meining er eit sentralt moment i vurderinga av det beste for barnet. Også høvet til å gi partsrettar til barn under 15 år er utvida. Departementet tek sikte på at ei ny forskrift om barn sin rett til medverknad, som utfyller lova, tek til å gjelde frå 1. januar 2024. Den nye medverknadsforskrifta inneheld fleire nye føresegner som skal auke medverknaden til barn i barnevernssaker, frå undersøking blir opna, til saka er ferdig handsama i Barneverns- og helsenemnda. Bufdir er i tildelingsbrevet for 2023 gitt i oppdrag å leggje særleg vekt på å implementere dei nye reglane om medverknad. Sentraleininga for barneverns- og helsenemndene skal følgje med på at medverknad frå barn skjer i samsvar med forskrift om medverknad og tillitsperson.

Det er ei klar målsetjing at familieråd skal styrkjast i alle tenesteområde, som det viktigaste verktøyet for å sikre barn sin rett til deltaking og at familie og nettverk blir involverte. Familieråd styrkjer innverknaden frå barna og bidreg til å gi informasjon, mobilisere ressursar og skape openheit om innsats og ansvarsfordeling. Familieråd i akuttsituasjonar kan førebyggje akuttplasseringar som ikkje er naudsynte, og bidreg til at desse situasjonane blir handterte meir skånsamt. Talet på familieråd aukar jamt nasjonalt, og det finst tilgjengelege familierådskoordinatorar i heile Noreg. Likevel er familierådsaktiviteten rundt om i kommunane varierande. Bufdir skal framover kartleggje kva kommunar som har potensial for bruk av familieråd, og setje inn eigne tiltak overfor desse.

Vidare er det teke inn i retningslinjene for masterutdanningane i barnevern at kandidatane skal ha avansert kunnskap om relasjonskompetanse, kommunikasjon og medverknad. Grunnmodell for hjelpetiltak, som etter planen over tid skal ut til alle kommunar, har òg medverknad som eit sentralt element i modellen.

Departementet fører vidare løyvinga til Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barnevernet i 2024. Desse ordningane skal mellom anna føre til auka medverknad for barn og unge og familiane deira som er, eller kan komme, i kontakt med barnevernet. I 2022 blei det innvilga 29 søknader med totalt 19,4 mill. kroner gjennom tilskotsordninga til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barnevernet. Når det gjeld tilskotsordninga til drift av organisasjonar i barnevernet, blei det tildelt 19,5 mill. kroner til åtte søknader i 2022. I Prop. 1 S (2021–2022) vart det lagt opp til eit tilskot på 4,5 mill. kroner til Forandringsfabrikken som namngitt mottakar. Det vart presisert at tilskot likevel må bli vurdert på bakgrunn av søknad. Bufdir har gjort om vedtak om tilskot for 2022. Grunngivinga er mellom anna at Forandringsfabrikken ikkje har opplyst Bufdir om sentrale og alvorlege tilhøve knytte til drifta og verksemda til stiftelsen på ein tilfredsstillande måte. I underkant av halvparten av det namngitte tilskotet vart halden tilbake, og tilskotet som allereie var utbetalt, er kravd tilbake. Forandringsfabrikken har klaga inn vedtaket til Barne- og familiedepartementet, som handsamar klaga.

Saker for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD)

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har sidan 2015 valt å handsame 50 barnevernsklager mot Noreg. Hittil har domstolen konstatert krenking av retten til familieliv i 23 saker. Domstolen har konstatert ikkje-krenking og avvist saker som openbert grunnlause i til saman 25 saker. Noreg sender handlingsplanar til Ministerkomiteen i Europarådet om oppfølginga av dommane mot Noreg.

Dommane frå EMD og dommar frå Høgsterett har vist det naudsynt å endre praksisen til barnevernet på nokre område. Dette gjeld mellom anna samvær mellom foreldre og barn etter ei omsorgsovertaking. Som ein del av dette presenterte Bufdir i februar 2023 ei kunnskapsbasert retningslinje om samvær etter ei omsorgsovertaking. Retningslinja presiserer at fastsetjing av samvær skal skje etter ei konkret vurdering ut frå behovet til det einskilde barn. Retningslinja skal bidra til at barnevernstenesta gjer gode og grundige vurderingar av kva som er ei rett ordning av samværet. Føremålet med retningslinja er vidare å auke rettstryggleiken til foreldre og barn. Bufdir arbeider med ei ny retningslinje om kvaliteten på samvær, og rapporten Samvær i praksis vil vere ein del av arbeidet med samvær i direktoratet. Rapporten er ei forskingsbasert undersøking om samværsordningar i barnevernet og er utarbeidd av OsloMet på oppdrag frå Bufdir. Departementet vurderer regelmessig om det er behov for fleire tiltak som skal bidra til at praksis er innanfor dei menneskerettslege forpliktingane våre.

Sakkunnige i barnevernssaker

Departementet har i 2022 og 2023 vore oppteke av å styrkje kvaliteten på avgjerder i barnevernet og rettstryggleiken for barn og familiar på fleire område, mellom anna sakkunnig arbeid. Ny barnevernslov gir heimel til at departementet kan gi forskrift om krav til sakkunnige mandat, rapportar og eigenerklæringar. Ein sakkunnig rapport er ofte ein sentral del av avgjerdsgrunnlaget. Departementet meinte derfor at det var behov for å styrkje det formelle rammeverket rundt oppdraget til sakkunnige ved at det kan givast forskrifter om dette.

Ved handsaminga av Prop. 79 L (2022–2023) Endringer i barnelova mv. (krav om barneomsorgsattest) har Stortinget slutta seg til forslaget om at sakkunnige som det offentlege nemner opp i barnevernssaker, skal leggje fram politiattest før oppnemninga for å førebyggje vald og overgrep mot mindreårige. Det blir vist til Innst. 400 L (2022–2023) og Lovvedtak 82 (2022–2023).

Regjeringa vil i arbeidet med kvalitetsreforma vurdere tilrådingar om sakkunnige i NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Gjennomgang av rettssikkerheten for barn og foreldre i barnevernet. Bufdir skal i 2024 arbeide vidare med å utvikle ein ny måte å innrette og forvalte utdanningsprogram på for sakkunnige i barnevernssaker og foreldretvistsaker.

Barneverns- og helsenemnda

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker bytte frå 1. januar 2023 namn til Barneverns- og helsenemnda, samstundes med at ny barnevernslov tok til å gjelde. Det blei gjort eit omfattande arbeid i 2022 for å førebu verksemda på lova. Den nye barnevernslova styrkjer barn sin rett til medverknad i eiga sak, og stadig yngre barn blir høyrde eller får partsrettar. Den nye forskrifta om barn sin rett til medverknad, og som etter planen tek til å gjelde frå 1. januar 2024, inneheld føresegner om barnet sin rett til medverknad i barneverns- og helsenemnda. Dette stiller særlege krav til sakshandsaminga i nemndene, slik at prosessane blir så barnevennlege som mogleg. Når det gjeld sakshandsamingstida, stiller den nye lova krav om at sakshandsaminga skal vere rask, men òg rettferdig, forsvarleg, effektiv og tillitsskapande. Dette inneber at lova ikkje lenger har ei bestemt tidsgiving for lengda på sakshandsamingstida. Departementet vil derfor særleg følgje med på sakshandsamingstida framover og dei tilhøva som kan påverke denne.

Samtaleprosess blei innført som ei varig ordning for heile landet frå 1. juli 2020, etter ein forsøksperiode. I 2020 blei samtaleprosess brukt i 569 avslutta saker, og i 2022 blei det brukt i 950 avslutta saker. Samtaleprosess inneber at nemndleiaren inviterer partane i saka til samtalar, for mellom anna å undersøkje om dei kan bli samde om ei løysing til det beste for barnet. Målet med samtaleprosess er å betre kommunikasjonen og forståinga til partane for å komme fram til kva som er til det beste for barnet. Prosessforma er basert på frivillig deltaking og krev at både private partar og barnevernstenesta samtykkjer. Dei fleste av sakene som blir handsama med samtaleprosess, endar med at saka blir handsama forenkla ved skriftleg handsaming av ein nemndleiar, eller med at kommunen trekkjer saka.

1. mars 2023 tok ei ny forskrift om samtaleprosess til å gjelde. Føremålet er å styrkje rettstryggleiken. Det er lagt særleg vekt på at omsynet til kva som er best for barnet, blir vareteke gjennom heile prosessen. Forskrifta inneheld føresegner om deltakinga og medverknaden til barn og høve til mellombelse ordningar. Ei mellombels ordning er til dømes utprøving av hjelpetiltak eller ulike typar kontakt og samvær. Det vil bli sett i gang ei evaluering av ordninga med samtaleprosess hausten 2024 for å sjå om ordninga fungerer slik ho skal, og slik at ho eventuelt kan bli justert. Departementet tek sikte på at ei evaluering mellom anna vil kunne gi kunnskap om korleis omsynet til barnet sitt beste og rettstryggleiken blir varetekne.

Barnevernsutvalet

Barnevernsutvalet leverte i mars 2023 utgreiinga NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Gjennomgang av rettssikkerheten for barn og foreldre i barnevernet. Utvalet har vurdert tiltak for å styrkje rettstryggleiken i alle ledda av arbeidet barnevernet gjer, frå undersøkingar til ettervern. Utvalet har gått gjennom rettstryggleiken på både individnivå og systemnivå. Utgreiinga gjeld tiltak som styrkjer stillinga barn har i barnevernet, tiltak som skal sikre at avgjerder er godt grunngitt og kan bli kontrollerte, tiltak når barn bur utanfor heimen, og system for betre rettstryggleik og kvalitet. Utgreiinga har vore på offentleg høyring og vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet med kvalitetsreforma, sjå nærare omtale under Kvalitetsutvikling i barnevernet.

Mellombelse reglar i barnevernslova

Stortinget slutta seg til forslaget i Prop. 90 L (2022–2023) Endringer i lov om midlertidige endringer i lovverket som følge av ankomst av fordrevne fra Ukraina (videreføring mv.) om å forlengje dei mellombelse reglane i barnevernslova til 1. juli 2024, jf. Innst. 363 L (2022–2023) og Lovvedtak 71 (2022–2023). Dei mellombelse reglane omfattar tilbod i omsorgssenter for einslege mindreårige, unntak frå einskilde krav ved frivillig plassering over landegrensene og heimel til å fastsetje mellombels forskrift med unntak frå einskilde fristkrav. Departementet har òg vedteke å forlengje mellombelse føresegner i forskrifter til barnevernslova til 1. juli 2024. Unntaka gir mellom anna større rom for å vurdere kor mange tilsynsbesøk og oppfølgingsbesøk som skal gjennomførast.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

853

Barneverns- og helsenemndene

265 878

243 331

256 524

5,4

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

382 802

387 550

406 244

4,8

855

Statleg forvalting av barnevernet

7 146 723

7 021 769

8 123 917

15,7

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

176 784

122 986

468 235

280,7

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

652 968

634 558

673 234

6,1

Sum kategori 11.20

8 625 155

8 410 194

9 928 154

18,0

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

3853

Barneverns- og helsenemndene

783

0,0

3855

Statleg forvalting av barnevernet

2 030 759

2 574 236

2 648 996

2,9

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

170 226

121 979

455 569

273,5

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

9 690

544

568

4,4

Sum kategori 11.20

2 211 458

2 696 759

3 105 133

15,1

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

8 221 391

8 151 311

9 648 839

18,4

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

13 396

2 000

2 164

8,2

50–89

Overføringar til andre

390 368

256 883

277 151

7,9

Sum kategori 11.20

8 625 155

8 410 194

9 928 154

18,0

Kap. 853 Barneverns- og helsenemndene

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

265 878

243 331

256 524

Sum kap. 853

265 878

243 331

256 524

Ansvarsområdet til verksemda

Barneverns- og helsenemndene er uavhengige, upartiske domstolsliknande forvaltingsorgan som er heimla i barnevernslova. Over 90 prosent av sakene i nemndene er tvangssaker etter barnevernslova, inkludert pålegg om hjelpetiltak, omsorgsovertaking av barn og tvangsplassering av ungdommar med åtferdsvanskar. Etter helse- og omsorgstenestelova gjer nemndene tvangsvedtak for vaksne rusavhengige og for gravide rusavhengige. Nemndene avgjer òg klager på kommunale vedtak om bruk av tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming. Vidare avgjer nemndene spørsmål om tvangsundersøking og tvangsisolering av personar med smittsame sjukdommar etter smittevernlova.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer driftsutgifter i nemndene og i Sentraleininga for barneverns- og helsenemnda og sakskostnader ved handsaming av saker. Departementet føreslår ei løyving på 256,5 mill. kroner i 2024.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Spesielle driftsutgifter

51 994

57 021

53 045

22

Barnesakkunnig kommisjon

8 148

15 072

15 855

23

Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72

33 104

56 574

58 029

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

13 396

2 000

2 164

50

Forsking og utvikling

18 960

61

Utvikling i kommunane

66 814

70 475

71 264

62

Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 23

27 377

27 420

29 230

71

Utvikling og opplysingsarbeid m.m.

36 451

39 204

41 712

72

Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23

126 558

119 784

134 945

Sum kap. 854

382 802

387 550

406 244

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til utviklingstiltak, i hovudsak tidsavgrensa prosjekt, på barnevernsområdet.

Løyvinga på posten blir òg nytta til refusjon av barnevernsutgifter på Svalbard, drift av tvisteløysingsnemnda for barnevernet, arbeidet til statsforvaltaren med fosterheimsrekruttering og drift av Nasjonalt samisk kompetansesenter.

Departementet har komme til at avgjerda om økonomisk godtgjersle, frikjøp og omfang av oppfølging av fosterforeldre er å rekne som einskildvedtak etter forvaltingslova. Det medfører klagerett og vil gi eit behov for auka ressursar til statsforvaltarane. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 525, post 01, under Kommunal- og distriktsdepartementet.

Departementet føreslår i 2024 at midlar på posten skal gå til å setje i gang evaluering av prosessforma samtaleprosess i barnevernssaker i barneverns- og helsenemndene og eit prosjekt for å styrkje analysekompetansen i Statens helsetilsyn.

På grunn av avslutta tiltak og reduserte behov føreslår departementet å redusere løyvinga med 3,4 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak på barnevernsområdet.

Departementet føreslår ei løyving på 53 mill. kroner i 2024.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Løyvinga på posten skal dekkje drifta av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen skal kvalitetsvurdere rapportar frå sakkunnige i foreldretvistsaker og barnevernssaker, anten dei er bestilte av barnevernstenesta, barneverns- og helsenemnda, domstolane eller dei private partane.

Departementet føreslår at delar av midlane på posten blir brukte til andre prioriterte tiltak på barnevernsområdet i 2024. BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 0,1 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 15,9 mill. kroner i 2024.

Post 23 Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72

Posten dekkjer utgifter til kompetansehevingstiltak for kommunalt barnevern. Posten dekkjer mellom anna utgifter til dialogmøte statsforvaltaren har med kommunane, og oppgåver med å koordinere kompetansetiltak overfor kommunane. Løyvinga skal òg dekkje utgifter statsforvaltarane har ved å leggje til rette for samarbeid i kommunale læringsnettverk og forvalte midlar til utviklingsprosjekt i desse nettverka, jf. omtale under kap. 854, post 61. Vidare dekkjer løyvinga utgifter til opplæringsprogram for barnevernsleiarar og kommunale rettleiingsteam.

I 2023 blei løyvinga på posten auka med 12 mill. kroner for å styrkje styring og leiing i kommunalt barnevern. For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet å flytte 2 mill. kroner av desse midlane til kap. 854, post 61. Sjå nærare omtale under post 61 om tilskotsordninga til utviklingsprosjekt i kommunale læringsnettverk.

Departementet fører vidare finansieringa av seks vidareutdanningstilbod innanfor barnevern, på til saman om lag 400 studieplassar frå hausten 2024. Fire av desse er offentlege anskaffingar og blir derfor finansierte over denne posten. Dei to siste blir finansierte på post 72. Unytta midlar til vidareutdanningstilbod kan brukast på andre tiltak i kompetansestrategien.

Som ein del av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet blir det føreslått midlar på posten til eit opplæringsprogram om arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn. Programmet er retta mot utvalde barnevernstenester, fosterheimstenester og barnevernsinstitusjonar og blir tilbydd av VID vitenskapelige høgskole.

Departementet føreslår ei løyving på 58 mill. kroner i 2024.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga blir nytta til eksterne ressursar som vil jobbe med å utvikle løysingane frå DigiBarnevern til bruk i statleg barnevern. Sjå òg omtale under kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 2,2 mill. kroner i 2024.

Post 61 Utvikling i kommunane

Posten dekkjer tilskot til utviklingsprosjekt og andre tiltak i regi av kommunar og statsforvaltarane. Midlane skal mellom anna nyttast til prosjekt og tiltak for å betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane og utvikle tenestene i barnevernet.

For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet å auke løyvinga til tilskotsordninga til utviklingsprosjekt i kommunale læringsnettverk med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 23. Tilskotsordninga skal bidra til at kommunar samarbeider om teneste- og tiltaksutvikling i barnevernet. Føremålet med flyttinga er å stimulere til at barnevernsleiarar i ulike kommunar samarbeider om leiarutvikling. Reglar for tildeling går fram av retningslinjer for ordninga. Hovudelementa i ordninga er omtalte i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

Departementet føreslår å redusere løyvinga på posten med 8,3 mill. kroner. Midlane har gått til eit prosjekt i Oslo kommune for auka innsats for barn og unge som er skuldige i, eller står i fare for å bli skuldige i, lovbrot. Prosjektet er gjennomført. Dei frigjorde midlane blir nytta til andre prioriterte tiltak på barnevernsområdet.

Departementet føreslår òg å auke løyvinga med 2,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 855, post 01, for å auke tilskotet til Oslo kommune for å utvide kapasiteten til tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet i Oslo til totalt 4,8 mill. kroner.

Departementet fører òg vidare midlar til å prøve ut Grunnmodell for hjelpetiltak i barnevernet og til å prøve ut og implementere hjelpetiltaket Skulelos i regi av Bufdir.

Grunnmodellen for hjelpetiltak skal gi grunnlaget for ei heilskapleg tilnærming til hjelpetiltaksarbeidet. Bufdir gir tilskot til Narvik, Harstad, Haugesund og Utsira, Tinn, Notodden og Hjartdal, Midt-Telemark, Vest-Telemark, Lørenskog, Aurskog-Høland, Nordstrand bydel og Rauma for å prøve ut modellen.

Skulelos er eit hjelpetiltak retta mot ungdom i alderen 12–18 år som tek imot hjelp frå barnevernstenesta. Tiltaket skal betre skulesituasjonen til ungdommen og hindre fråfall frå vidaregåande opplæring. Midlane blir i 2023 betalte ut som lønnstilskot til barnevernstenester i bydel Grorud i Oslo, Klepp og Bodø.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til Alarmtelefonen for barn og unge, driven av Kristiansand kommune, i 2024. Målet for tilskotet er at Alarmtelefonen for barn og unge skal vere ein døgnopen, gratis alarmtelefon for barn og unge som er utsette for ulike former for vald, overgrep eller omsorgssvikt

Departementet føreslår òg at det blir gitt tilskot til organiseringa av den årlege landskonferansen mellom barnevernsvakter og politi i 2024. Målet for tilskotet er at konferansen skal fremje samarbeid mellom politi og barnevernsvakter.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet. Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 71,3 mill. kroner i 2024.

Post 62 Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 23

Løyvinga skal nyttast til tilskotsordninga til barnevernsfagleg vidareutdanning. Bufdir er tilskotsforvaltar. Hovudelementa i ordninga er omtalte i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Målet med tilskotsordninga er å bidra til å styrkje kunnskaps- og kompetansenivået hos tilsette i barnevernet. Det kan søkjast om tilskotsmidlar for å dekkje prioriterte vidareutdanningar innanfor barnevernsfag. Midlane skal nyttast til å dekkje kostnader til vikarutgifter, reise- og opphaldskostnader, litteraturkjøp o.l. Dei prioriterte vidareutdanningane for 2024 handlar om barnevernsfagleg rettleiing, minoritetskompetanse i barnevernet, juss i barnevernsfagleg arbeid, vurdering av det beste for barnet og relasjonskompetanse i barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 29,2 mill. kroner i 2024.

Post 71 Utvikling og opplysingsarbeid m.m.

Løyvinga under denne posten blir i hovudsak nytta til tilskotsordningane Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet. Hovudelementa i ordningane er omtalte i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet. Tilskota er regulerte i forskrifter fastsette av BFD i 2022. Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet skal bidra til å utvikle barnevernsfeltet gjennom å stimulere brukar- og interesseorganisasjonar på feltet til å styrkje engasjementet sitt og å vise medansvar for utsette barn og unge og familiane deira. Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet skal bidra til å utvikle barnevernsfeltet gjennom førebygging av problemutvikling og ved at utsette barn og unge får betre hjelp til livsmeistring og utvikling i trygge omgivnader.

Departementet føreslår at det innanfor ordningane blir gitt tilskot på om lag 4,8 mill. kroner til Landsforeningen for barnevernsbarn i 2024. Målet for tilskotet er at Landsforeningen for barnevernsbarn skal bidra til brukarmedverknad i barnevernet.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til barneeininga i Østersjørådet (Children at risk, CAR) i 2024. Føremålet med tilskotet er å styrkje det regionale samarbeidet om barnerettane.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet. Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 41,7 mill. kroner i 2024.

Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23

Løyvinga på posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU). Målet for tilskotet er at NUBU skal medverke til at barn og unge med utfordrande åtferd, familiane deira og skular får hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. Departementet føreslår å auke tilskotet med 7,5 mill. kroner i 2024 for å halde i gang arbeidet med foreldrestøttande og førebyggjande tiltak, inkludert arbeidet med dei spesialiserte hjelpetiltaka.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge, RKBU Nord, RKBU Vest og RKBU Midt-Noreg og driftstilskot til RBUP Aust og Sør. Kunnskapssentera skal utvikle, kvalitetssikre, forvalte og gjere tilgjengeleg vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innanfor arbeidet med barnevern og psykisk helse hos barn og unge.

Departementet føreslår i tillegg at det blir gitt tilskot til RKBU Vest, RKBU Nord, RKBU Midt-Noreg og RBUP Aust og Sør og Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Sør (RVTS Sør). Målet for tilskotet er at sentera skal drifta tenestestøtteprogrammet for barnevernstenesta, der deltakande kommunar kan få auka kompetanse om mellom anna undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid.

Departementet føreslår òg at det blir gitt tilskot til RKBU Midt-Noreg og RKBU Nord. Målet for dette tilskotet er å auke kompetansen i kommunalt og statleg barnevern gjennom tilbod om vidareutdanningar. Sentera tilbyr vidareutdanning innan høvesvis barneverns- og institusjonsleiing og barnevernsfagleg rettleiing.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til statlege universitets- og høgskuleinstitusjonar og VID vitenskapelige høgskole. Midlane skal nyttast som kompensasjon til barnevernstenester og barnevernsinstitusjonar som tek imot praksisstudentar når utdannings- og høgskuleinstitusjonar ber om det. Målet med tilskotet er å sørgje for at studentar innanfor relevante utdanningar får praksis i barnevernet.

Posten omfattar òg midlar som Norsk Psykologforening blir tildelt til opplæring og rettleiing av sakkunnige gjennom å tilby utdanningsprogram for barnefaglege sakkunnige.

Delar av løyvinga dekkjer i tillegg mentorordninga Nattergalen. Målgruppa for ordninga er barn med minoritetsbakgrunn og studentar på sosialfaglege bachelorutdanningar. Ordninga skal bidra til at fleire av barna fullfører vidaregåande utdanning og tek høgare utdanning, samstundes som studentane utviklar kultursensitivitet gjennom å bli kjent med barna og familiane deira. Midlane går til åtte høgskular/universitet som tilbyr mentorordninga. Desse er OsloMet, Høgskulen i Innlandet, Høgskulen i Østfold, Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Agder, NTNU Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Nord Universitet og Høgskulen på Vestlandet.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD. Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 135 mill. kroner i 2024.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

4 128 814

4 210 381

4 518 812

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

32 195

26 622

28 248

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

2 871 506

2 784 766

3 576 857

60

Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak, kan nyttast under post 01

114 208

Sum kap. 855

7 146 723

7 021 769

8 123 917

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

Løyvinga på posten dekkjer lønn og sosiale kostnader til tilsette i Bufetat. Dette gjeld tilsette ved regionkontor, barnevernsinstitusjonar og fosterheimstenester med meir. Andre vesentlege utgifter er utgifter til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, til opplæring og til varer og tenester.

Behovet for tiltak frå det statlege barnevernet er redusert dei siste åra, og løyvingane på kap. 855, post 01 og 22, blei derfor reduserte med om lag 280 mill. kroner i Saldert budsjett 2023. Frå slutten av 2022 og inn i 2023 var det ein uventa auke i talet på barn og unge som trong tiltak frå det statlege barnevernet. Barna har vidare meir samansette behov, og prisane på tiltak frå private leverandørar har auka. Løyvingane vart på denne bakgrunnen auka med 115 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023, på post 01 og 22. Departementet går ut frå at behovet for institusjonstiltak og prisane på desse frå private leverandørar i 2024 vil halde seg på eit høgare nivå enn det som ligg til grunn for 2023-budsjettet. Det blir derfor føreslått å auke løyvinga på post 22 med 582 mill. kroner trass i noko høgare utnytting av kapasiteten i statlege institusjonar samanlikna med 2023. Etaten gjennomfører ei rekkje tiltak for å avgrense den samla kostnadsveksten i statleg barnevern. Det blir derfor føreslått å redusere løyvinga med 14 mill. kroner på post 01. Sjå òg omtale under post 22.

Arbeidet med å auke delen ideelle leverandørar av institusjonsplassar og sørgje for at dei statlege institusjonane kan vareta dei mest sårbare barna, blir føreslått vidareført og styrkt. Departementet føreslår ein samla auke i løyvinga på kapittel 855 på 70 mill. kroner til arbeidet. Av auken vert det føreslått 60 mill. kroner på post 01 til å etablere nye statlege institusjonsplassar, samt noe ombygging og rehabilitering av eksisterande bygg. I tillegg skal 10 mill. kroner på post 22 gå til å auke talet på institusjonsplassar hos ideelle leverandørar. Midlane skal i hovudsak nyttast til etableringsstøtte som ei utprøving av korleis nye verkemiddel kan auke den ideelle delen. Utprøvinga går over eitt år og får ei evaluering før eventuell vidare utbygging. Sjå òg omtale under post 22.

For 2022 blei det løyvd 45 mill. kroner til å prøve ut tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet, og løyvinga til tiltaket vart auka til 66 mill. kroner i 2023. Tilbodet frå Bufetat om tverrfagleg helsekartlegging blei lovfesta i 2022, jf. Prop. 222 L (2020–2021), og Stortinget vedtok ei plikt for den kommunale barnevernstenesta til å be Bufetat om helsekartlegging, jf. Innst. 166 L (2021–2022). Ei slik plikt kan ikkje bli gjeldande før det er tilstrekkeleg kapasitet i det statlege tilbodet. Departementet føreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner i 2024 for å dekkje heilårseffekten av team som starta opp i 2023. Midlane skal fordelast mellom Barne- og familiedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. 1,3 mill. kroner blir løyvde over kap. 732, post 70, og 3,7 mill. kroner over kap. 855, post 01. Samla midlar til føremålet i 2024 utgjer 72,5 mill. kroner, der 48 mill. kroner er løyvde til det statlege barnevernet over kap. 855, post 01, 18,6 mill. kroner til spesialisthelsetenesta sin del av tilbodet over kap. 732, post 70, 1,1 mill. kroner til koordinerande tiltak gjennom Helsedirektoratet over kap. 740, post 01, og 4,8 mill. kroner til Oslo kommune over kap. 854, post 61.

Kriminalomsorga har to landsdekkande ungdomseiningar med totalt åtte plassar for innsette mellom 15 og 18 år. Då det tidvis har vore fleire mindreårige innsette enn kva det er plass til i ungdomseiningane, føreslår regjeringa 11 mill. kroner til å utvide ungdomseininga med to plassar. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Justis- og beredskapsdepartementet. For å dekkje Bufetats si del av kostnadane til den tverrfaglege bemanninga, føreslår departementet ein auke på 0,4 mill. kroner på kap. 855, post 01.

Det blir i tillegg føreslått å auke løyvinga med 29 mill. kroner for å auke talet på spesialiserte fosterheimar i tråd med Stortingets vedtak i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet føreslår ei løyving på 4 518,8 mill. kroner i 2024.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking, utgreiing og utviklingstiltak, i hovudsak for å heve kvaliteten i arbeidet til det statlege og det kommunale barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 28,3 mill. kroner i 2024.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak.

Departementet føreslår at løyvinga på posten blir auka med 582 mill. kroner, sidan fleire barn og unge har behov for tiltak frå det statlege barnevernet, barna har større behov enn tidlegare og prisane på kjøp frå private ideelle og kommersielle leverandørar har auka. Sjå nærare omtale under post 01.

Departementet føreslår òg å auke posten med 10 mill. kroner i 2024 til å auke talet på institusjonsplassar frå ideelle leverandørar. Sjå nærare omtale under post 01.

Det blir i tillegg føreslått å auke løyvinga med 30 mill. kroner for å auke talet på spesialiserte fosterheimar i tråd med Stortingets vedtak i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2023, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet føreslår ei løyving på 3 576,9 mill. kroner i 2024.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Diverse inntekter

11 942

3 392

3 541

02

Barnetrygd

2 307

3 959

3 959

60

Kommunale eigendelar

2 016 510

2 566 885

2 641 496

Sum kap. 3855

2 030 759

2 574 236

2 648 996

Post 01 Diverse inntekter

Løyvinga på posten er i hovudsak knytt til tilfeldige inntekter, til dømes inntekter frå sal av driftsmiddel og kursinntekter.

Departementet føreslår ei løyving på 3,5 mill. kroner i 2024.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter som motsvarer refusjonane, blir rekneskapsførte på kap. 855.

Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner i 2024.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjon eller fosterheim og ved tiltak i heimen.

Auken i talet på barn med behov for tiltak frå det statlege barnevernet og eit auka tal på opphaldsdøgn i tiltaka gir auka inntekter frå kommunale eigendelar. Departementet føreslår likevel å redusere løyvinga med 80 mill. kroner som følgje av at fleire fosterheimar enn tidlegare venta vil inngå i overgangsordninga til barnevernsreforma for spesialiserte fosterheimar. Overgangsordninga inneber at kommunane betaler gamle, lågare eigendelar for tiltak i spesialiserte fosterheimar for plasseringar frå før 2022. Dette gir lågare inntekter enn Bufetat elles ville hatt.

Eigendelane per månad per barn i institusjonstiltak og spesialiserte fosterheimar (omfattar òg beredskapsheimar) er føreslått til høvesvis 182 700 kroner og 91 350 kroner i 2024. Eigendelen per månad per barn for spesialiserte hjelpetiltak er føreslått til 16 180 kroner. Eigendelen per månad per barn i senter for foreldre og barn er føreslått til 76 210 kroner per månad. For heimebaserte/polikliniske tilbod, som er mindre kostnadskrevjande enn tiltaka i sentera, er eigendelen til kommunane per månad føreslått til 13 085 kroner. Eigendelane vil stå i rundskrivet om satsar for kommunal eigenbetaling for barnevernstiltak, som vil bli sendt til alle kommunar, og som vil bli lagt ut på regjeringa.no.

Departementet føreslår ei løyving på 2 641,5 mill. kroner i 2024.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

176 784

122 986

468 235

Sum kap. 856

176 784

122 986

468 235

Post 01 Driftsutgifter

Bufetat har eit lovfesta ansvar for å gi barn under 15 år som har komme til landet utan foreldre eller andre med foreldreansvar og søkjer om vern etter utlendingslova, eit tilbod om opphald på eit omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Posten dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgsplassar og kjøp av plassar i private omsorgssenter, arbeid med godkjenning av senter, opplæring og oppfølging, anskaffingar, administrasjon og busetjing av einslege mindreårige frå omsorgssentera.

Løyvinga har tidlegare lagt til rette for å dekkje drift av 50 plassar. Det er venta at det vil vere eit behov for i gjennomsnitt 168 plassar i omsorgssentera i 2024. Det er vidare auka kostnader i dei statleg drivne plassane, som følgje av auka omsorgsbehov. Mange av barna har meir komplekse og samansette behov enn før. I tillegg kjem auka prisar på plassar hos private leverandørar. Departementet føreslår derfor at løyvinga til omsorgssentera blir auka med 338,5 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 468,2 mill. kroner i 2024.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

170 226

121 979

452 869

60

Kommunale eigendelar

2 700

Sum kap. 3856

170 226

121 979

455 569

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter som er knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar, kan ifølgje statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ifølgje retningslinjene frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan ODA-godkjennast. Det er venta at alle barn i omsorgssenter i 2024 vil ha ei butid under eitt år.

Departementet føreslår at 452,9 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01, blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167, post 21, på budsjettet til Utanriksdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 452,9 mill. kroner i 2024.

Post 60 Kommunale eigendelar

Det er i utgangspunktet einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år som blir plasserte i Bufetats omsorgssenter eller i private omsorgssenter. I visse tilfelle er det òg mogleg å plassere andre barn i omsorgssenter, under dette barn som etter busetjing har liknande behov for tiltak. For å føre inntekter frå kommunale eigendelar for barn som blir plasserte i omsorgssenter som barnevernstiltak, føreslår departementet å føre vidare løyvinga som vart vedteken i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023.

Departementet føreslår ei løyving på 2,7 mill. kroner i 2024.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

626 690

613 810

651 388

21

Spesielle driftsutgifter

26 278

20 748

21 846

Sum kap. 858

652 968

634 558

673 234

Ansvarsområdet til verksemda

Bufdir skal styrkje moglegheita det einskilde mennesket har til meistring og utvikling, gjennom å fremje ein trygg barndom, gode oppvekstvilkår, likestilling og ikkje-diskriminering.

Bufdir er etatsstyrar for Bufetat. Hovudoppgåva til etaten er å gi hjelp, støtte og tiltak til barn, unge og familiar som treng det. Kvaliteten på tenestene Bufetat tilbyr, skal vere rett og høg i heile landet.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Bufdir og Bufetat senter for administrasjon og utvikling (BSA). Dette inkluderer opplæring, leige og drift av lokale i tillegg til kjøp av varer og tenester.

Bufdir kan òg nytte midlane på posten til å finansiere og bestille forsking, kunnskapssamandrag og ulike IKT-prosjekt. Direktoratet skal formidle kunnskap frå forsking og statistikk og utarbeide faglege dokument og tilrådingar til støtte for utøving av praksis i ulike delar av arbeidet til barnevernet.

Løyvinga blir vidare nytta til Bufdir si forvalting av digitaliseringstiltaket DigiBarnevern for kommunalt barnevern og dessutan vidareutvikling av DigiBarnevern-prosjektet til å omfatte dei statlege barneverntenestene.

Bufdir har i rapporten Utredning av bedre og mer tilgjengelig forskingsdata føreslått tiltak som kan leggje til rette for og gjere tilgjengeleg meir data frå systema Bufdir forvaltar, til bruk i forsking. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner i 2024 til arbeidet i Bufdir med å følgje opp tilrådinga i rapporten.

Departementet føreslår å styrkje kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald med to årsverk. Kompetanseteamet er eit nasjonalt, tverretatleg team som rettleier tilsette i hjelpetenestene og gir råd og rettleiing til einskildpersonar som sjølve er utsette, og set dei i kontakt med hjelpeapparatet. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 2,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 671, post 62 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Finansiering av løpande statistikk på barnevernsområdet blei i 2023 overført frå Barne- og familiedepartementet til Finansdepartementet. Det blei overført 0,8 mill. kroner frå kap. 858, post 01, til kap. 1620, post 01, i 2023. Beløpet var for høgt. Departementet føreslår derfor å auke løyvinga på posten med 0,4 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1620, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 651,4 mill. kroner i 2024.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, inkludert vidare utvikling av IKT og digitalisering i Bufdir. Løyvinga dekkjer òg utbetalingar av godtgjersle til medlemmene i fordelingsutvalet, som har som hovudoppgåve å tildele tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar.

Departementet føreslår at delar av midlane på posten blir nytta til andre prioriterte tiltak på barnevernsområdet i 2024. Departementet føreslår å redusere løyvinga på posten med 0,2 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 21,9 mill. kroner i 2024.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Diverse inntekter

9 690

544

568

Sum kap. 3858

9 690

544

568

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak og er knytte til eigendelar i samband med deltaking i foreldrekurset Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 0,6 mill. kroner i 2024.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk

Hovudinnhald og prioriteringar

Forbrukarpolitikken skal styrkje stillinga til forbrukarane, sikre dei gode rettar og eit sterkt vern dersom rettane ikkje blir oppfylte. Ofte står forbrukarane overfor kommersielle aktørar med betre informasjon og kunnskapar om produkt, avtalevilkår og marknadstilhøve. Forbrukarpolitikken skal vege opp for denne ubalansen. Regjeringa vil leggje til rette for at forbrukarane kan ta informerte val, kjenne rettane sine og vete kva dei kan gjere dersom dei er misnøgde med varer og tenester dei har kjøpt. Ved tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande eller mellom forbrukarar knytte til handel med varer og tenester skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

Forbrukarane opplever for tida høgare prisar på mange varer og tenester. Dette skaper utfordringar for mange og særleg for dei som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon frå før. Regjeringa er oppteken av at forbrukarane i denne meir krevjande situasjonen framleis skal ha eit sterkt vern, som gir dei grunnlag for tryggleik i og tillit til marknadene. Opplysingane forbrukarane får om prisar og vilkår, skal vere korrekte og forståelege. Forbrukarane, medrekna barn og unge, skal vernast mot svindel og ulovleg marknadsføring.

Straummarknaden er ein marknad det er særleg krevjande for forbrukarane å orientere seg i. Dette er ein marknad der vara frå ulike tilbydarar er den same, men der prisane og vilkåra varierer mykje. Med verknad frå 1. november 2022 skjerpte derfor BFD og Olje- og energidepartementet (OED) krava til prisinformasjon ved sal av straum og informasjon på straumfakturaer gjennom endringar i prisopplysingsforskrifta og forskrifta om kraftomsetnad og nettenester. Hausten 2023 vil BFD og OED sende på høyring forslag om fleire tiltak som kan betre forbrukarane si stilling ved kjøp av straum. I revidert nasjonalbudsjett for 2023 fekk Forbrukartilsynet auka løyvinga med 3 mill. kroner for å styrkje kapasiteten til regelverksutvikling og tilsyn med straummarknaden.

Regjeringa vil òg leggje til rette for at forbrukarane skal kunne velje varer og tenester ut frå kunnskapar om kva konsekvensar produksjonen og bruken av dei kan ha for til dømes helse, miljø/klima og arbeidstilhøve. Forbrukarane skal få betre føresetnader for eit berekraftig forbruk. Hausten 2022 vart det etablert eit kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet i Forbrukarrådet som per i dag presenterer produkttestar med vekt på berekraft. Regjeringa vil framleis støtte opp om arbeidet til Miljømerking med dei offisielle miljømerka, den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som begge formidlar standardisert og kvalitetssikra miljøinformasjon om varer og tenester.

Bruk av og handel gjennom digitale medium gjer kvardagen enklare for mange forbrukarar, men byr òg på utfordringar. Mellom anna blir forbrukarvernet utfordra av nye digitale marknadsføringsmetodar og handel med personopplysingar som næringsdrivande får frå kundane. For regjeringa er det viktig at forbrukarvernet blir utvikla slik at det kan møte nye utfordringar.

BFD la våren 2023 fram ein lovproposisjon om å gjennomføre moderniseringsdirektivet til EU i norsk rett. Stortinget slutta seg til proposisjonen 16. juni 2023, jf. Innst. 438 L (2022–2023). Dei vedtekne lovendringane (i mellom anna marknadsføringslova, angrerettlova, ehandelslova og avtalelova) vil sikre forbrukarane fleire og tydelegare rettar, særleg ved bruk av digitale marknadsplassar og kjøp av digitale tenester. Forbrukartilsynet vil òg kunne sanksjonere brot på forbrukarvernreglane med høgare lovbrotsgebyr.

På digitale flater er barn og unge særleg utsette. Mange digitale tenester og produkt som barn og unge nyttar, blir brukte til marknadsføring, noko som fører til at dei automatisk hamnar i ei forbrukarrolle. Mange kommersielle bodskapar kan vere vanskelege for barn og unge å gjennomskode. Reklamen kan medverke til kommersielt press eller promotering av innhald som kan vere skadeleg. Det er mellom anna bekymringar for at marknadsføringa kan føre til kroppspress. Regjeringa har derfor i 2023 sett i gang ein heilskapleg gjennomgang av forbrukarvernet til barn i digitale medium, der BFD og andre departement vurderer om relevante regelverk og handhevinga av desse kan forbetrast.

Regjeringa vil motverke at privatpersonar tek opp for mykje gjeld og får betalingsproblem. I 2022 sende BFD derfor på høyring eit forslag om å utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister») med ulike former for pantesikra gjeld, som bustad- og bilgjeld. BFD arbeider vidare med å vurdere om ordninga bør utvidast med pantegjeld. Samstundes ser departementet på om ordninga bør utvidast med andre typar gjeld, til dømes studiegjeld.

Regjeringa vil òg betre oppfølginga av dei som har fått alvorlege betalingsproblem, slik at fleire blir i stand til å gjennomføre ei gjeldsordning. Eit forslag om endringar i gjeldsordningslova var på høyring i 2022. Høyringsrunden stadfesta at lova blir opplevd som tid- og ressurskrevjande og er moden for modernisering. BFD er i gang med å vurdere korleis aktuelle endringar i gjeldsordningslova best kan gjennomførast.

Mål

BFD har for 2024 desse måla på forbrukarområdet:

Mål

  • Ei sterkare stilling for forbrukarane i møte med digitaliseringa

  • Eit godt system for klagehandsaming som er kjent for forbrukarane

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område

  • Betre føresetnader for eit berekraftig forbruk

Måla og bakgrunnen for dei er nærare omtalte under overskriftene nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Reglar og rammevilkår

Nedanfor blir relevant lovarbeid i BFD og andre tiltak som skal ta vare på og styrkje rettane og vilkåra til forbrukarane, omtalte. Det blir gjort greie for gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2022 og fyrste halvåret i 2023 og for planlagde tiltak i 2024.

Regelverksarbeid

Utviklinga av det norske regelverket på forbrukarområdet blir i stor grad påverka av det som skjer i EU. Dette gjeld ikkje minst på områda digitalisering og forbrukarrettar knytte til det grøne skiftet. Deltaking i arbeidet i EU med å forme ut forbrukarpolitikk og -regelverk er derfor avgjerande for å sikre eit godt vern for norske forbrukarar. I 2024 vil BFD følgje opp fleire forslag til nytt regelverk frå EU-kommisjonen. BFD vil følgje handsaminga av forslaga i EU og vurdere å gi innspel der det trengst for å ta vare på norske interesser. I tillegg vil departementet i 2024 gjennomgå og utvikle andre regelverk som skal vareta interessene til forbrukarane.

Forbrukarane i den digitale økonomien

Den raske utviklinga av produkt og tenester i digitaliseringa har gitt forbrukarane eit stort mangfald av moglegheiter. Samstundes utfordrar utviklinga forbrukarvernet. Marknadsføring i digitale medium kan utnytte data for å bli meir kraftfull. Kanalane for å kommunisere direkte med forbrukarane blir stadig fleire. Ubalansen i styrke og kunnskap mellom forbrukarar og næringsdrivande kan bli forsterka av teknologien. Samstundes kan digitaliseringa gjere arbeidet med tilsyn og handheving av reglar meir utfordrande. Det er naudsynt å sikre at forbrukarvernet kan møte nye utfordringar for forbrukarane.

Departementet har derfor dette målet for arbeidet med forbrukartiltak i den digitale økonomien:

  • Ei sterkare stilling for forbrukarane i møte med digitaliseringa.

Aktivitetar og resultat knytte til målet blir omtalte under overskriftene «Forbrukarvernet til barn og unge i digitale medium», «Moderniseringsdirektivet» og «Forslag til endringar i EU-regelverk om samarbeid om handheving av forbrukarvernreglar» nedanfor. Delar av tilsynsverksemda til Forbrukartilsynet (omtalt under overskrifta «Tilsynet med forbrukarvernreglar» nedanfor) er òg viktige for målet.

Forbrukarvernet til barn og unge i digitale medium

Digitale tenester blir i stor mon nytta av barn og unge, både for sosialisering, læring, underhalding og kreativ utfalding. Høve til å nytte digitale tenester er i mange samanhengar ein føresetnad for at barn og unge skal kunne delta i samfunnet. Samstundes byr digitaliseringa på utfordringar. BFD koordinerer innsatsen for trygg digital oppvekst på tvers av departementa. For ein breiare omtale av arbeidet med trygg digital oppvekst, sjå programkategori 11.10.

Mange av dei digitale tenestene og produkta som barn og unge nyttar blir brukte til marknadsføring. Det fører til at barn og unge automatisk trer inn i ei forbrukarrolle. Bruk av digitale medium gjer det enklare å nå dei unge med kommersielle bodskapar, som det kan vere vanskeleg for dei unge å gjennomskode. Reklamen kan medverke til kommersielt press og promotering av uønskt eller ulovleg innhald overfor barn og unge. Det er mellom anna bekymringar for at marknadsføringa kan føre til kroppspress.

Frå 1. juli 2022 tok endringar i helsepersonellova, pasient- og brukarrettslova og marknadsføringslova som skal redusere kroppspress, til å gjelde. Som supplement til lovfesta reglar og tilsyn har bransjen oppretta Fagutvalget for influencermarkedsføring (FIM). FIM tek imot klager og uttaler seg om saker som reiser spørsmål etter retningslinjer som bransjen har fastsett for å motverke kroppspress i sosiale medium. FIM medverkar òg i det offentlege ordskiftet om marknadsføring i sosiale medium. BFD har både i 2022 og 2023 gitt tilskot til drifta av FIM. Departementet føreslår at fagutvalet òg skal få tilskot i 2024.

Regjeringa har i 2023 sett i gang ein heilskapleg gjennomgang av forbrukarvernet til barn i digitale medium, der BFD og andre departement vurderer om relevante regelverk og handhevinga av desse kan forbetrast.

Moderniseringsdirektivet

BFD la i mars 2023 fram ein lovproposisjon om å gjennomføre moderniseringsdirektivet til EU i norsk rett. Stortinget slutta seg til proposisjonen 16. juni 2023, jf. Innst. 438 L (2022–2023). Dei vedtekne lovendringane vil sikre forbrukarane fleire og tydelegare rettar, særleg ved bruk av digitale marknadsplassar og kjøp av digitale tenester. Forbrukartilsynet vil òg kunne sanksjonere brot på forbrukarvernreglane med høgare lovbrotsgebyr. Den nye grensa for lovbrotsgebyr, vedteken ved forskrift av 14. februar 202314, er på 4 prosent av årsomsetnaden eller 25 mill. kroner. Det høgaste beløpet skal nyttast.

Blant andre tiltak i lova er høve til å ileggje lovbrotsgebyr ved bruk av urimelege avtalevilkår, nye reglar for dørsal og angrerett når forbrukarane gir frå seg personopplysingar. Lovendringane omfattar mellom anna marknadsføringslova, angrerettlova, ehandelslova og avtalelova. For nærare omtale, sjå Prop. 50 LS (2022–2023) Endringer i markedsføringsloven og angrerettloven mv. (gjennomføring av moderniseringsdirektivet) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 69/2021 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv (EU) 2019/2161.

Forslag til endringar i EU-regelverk om samarbeid om handheving av forbrukarvernreglar

EU-kommisjonen har varsla ei evaluering av forordning om forbrukarvernsamarbeid (EU) 2017/2394, den såkalla CPC-forordninga. Forordninga gir handhevingsorgana utvida undersøkings- og handhevingsmynde og stiller ei rekkje krav til korleis forbrukarvernreglar skal handhevast. Forordninga er mellom anna gjennomført i marknadsføringslova. Evalueringa er varsla hausten 2023. Bakgrunnen for evalueringa er eit identifisert behov for å ytterlegare effektivisere det europeiske samarbeidet om handheving av forbrukarvernreglane. BFD vil i 2024 følgje handsaminga av forslaget i EU og vurdere å gi innspel der det trengst for å ta vare på norske interesser.

Forslag til EU-regelverk om tilbørleg aktsemd for berekraft for føretak

EU-kommisjonen la 23. februar 2022 fram direktivforslag om tilbørleg aktsemd for berekraft for føretak og endring av direktiv (EU) 2019/1937) (aktsemdsdirektivet). Direktivforslaget inneheld mellom anna ei plikt til å utføre aktsemdvurderingar knytt til menneskerettar, anstendige arbeidstilhøve og miljø og byggjer på dei same internasjonalt anerkjende prinsippa og retningslinjene som openheitslova som tok til å gjelde 1. juli 2022. BFD sende i april 2022 direktivforslaget på høyring i Noreg. Det er, mellom anna basert på høyringsinnspel, utarbeidd ein norsk posisjon til direktivforslaget, som er formidla til EU-institusjonane. BFD vil i 2024 følgje handsaminga av forslaget i EU, inkludert endringsforslaga frå Rådet og Europaparlamentet, og vurdere å gi innspel der det trengst for å ta vare på norske interesser.

Forslag til EU-regelverk om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet

Det grøne skiftet har høg prioritet i EU. Sidan privat forbruk utgjer ein stor del av BNP, blir rolla forbrukarane har i skiftet, viktig. Fleire studiar tyder på at forbrukarane ønskjer eit meir berekraftig forbruk, men manglar god og påliteleg informasjon om måtane å få det til på.

EU-kommisjonen la i mars 2022 fram forslag til regelverk om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet. Føremålet med forslaget er å styrkje forbrukarrettane knytte til informasjon om miljøaspekt, og dels òg sosiale aspekt, ved varer og tenester og med det leggje til rette for meir berekraftige forbruksval. Etter forslaget skal forbrukarane i samband med kjøp mellom anna få relevant og påliteleg informasjon om høvet til å få reparert produkt og om produsentgarantiar. Andre reglar i forslaget skal hindre førtidig produktsvikt og villeiande miljøpåstandar i marknadsføring («grønvasking»). Vidare blir det føreslått forbod mot å bruke berekraftsmerke som ikkje er etablerte av det offentlege eller sertifiserte av ein uavhengig tredjepart. BFD sende forslaget på høyring i juni 2022 og har formidla praktiske innspel til EU-kommisjonen. Departementet vil i 2024 følgje handsaminga av forslaga i EU og vurdere å gi innspel der det trengst for å ta vare på norske interesser.

Forslag til EU-regelverk om miljøpåstandar og miljømerke

I mars 2023 la EU-kommisjonen fram forslag til eit direktiv som ytterlegare vil styrkje moglegheitene forbrukarane har til å få relevant og påliteleg informasjon om miljøaspekt knytte til varer og tenester. Etter forslaget vil det bli stilt strenge krav både til underbygging og dokumentasjon av miljøpåstandar brukte til dømes i marknadsføring og til miljømerke. Nye reglar er venta å redusere utbreiinga av miljøpåstandar og -merke og vil i tillegg sikre at det som blir kommunisert til forbrukarane, er til å stole på. Regelverket vil vere eit ytterlegare bidrag til å få bukt med villeiande miljøpåstandar i marknadsføring («grønvasking»).

For å få innspel til norske posisjonar som kan formidlast til dei som forhandlar om regelverket i EU, sende BFD forslaget på høyring i april 2023. Departementet vil, saman med Klima- og miljødepartementet, i 2024 følgje handsaminga av forslaga i EU og vurdere å gi innspel der det trengst for å ta vare på norske interesser.

Forslag til endringar i EU-regelverk om utanrettsleg klagehandsaming på forbrukarfeltet

Det finst i dag to rettsakter om utanrettsleg klagehandsaming på forbrukarfeltet: direktiv 2013/11/EU om alternativ tvisteløysing på forbrukarområdet og forordning (EU) nr. 524/2013 om nettbasert tvisteløysing av forbrukarsaker. Rettsaktene, som vart vedtekne i 2013, gir forbrukarane høve til å klage på nesten alle typar av varer og tenester og å få løyst sakene mot næringsdrivande utanfor domstolane. EU-kommisjonen har varsla ein gjennomgang av rettsaktene for å gjere systemet for utanrettsleg klagehandsaming endå betre. Eit forslag om endringar er venta hausten 2023. BFD vil i 2024 følgje handsaminga av forslaga i EU og vurdere å gi innspel der det trengst for å ta vare på norske interesser.

Reisegaranti

Pakkereisedirektivet til EU regulerer rettar og pliktar mellom kjøparar og seljarar av pakkereiser. Den store Thomas Cook-konkursen i 2019 og den verdsomspennande koronapandemien var alvorlege hendingar som synte at reglane i dette direktivet ikkje alltid blir følgde. EU-kommisjonen er i gang med å evaluere pakkereisedirektivet. Det er venta at kommisjonen vil leggje fram forslag om endringar hausten 2023 (forslaget var opphavleg venta mot slutten av 2022). Dette kan få verknad for dei norske reglane om reisegaranti. Departementet vil i 2024 følgje handsaminga av forslaga i EU og vurdere å gi innspel der det trengst for å ta vare på norske interesser.

Eit ekspertutval («Reisegarantiutvalet») la hausten 2021 fram ein rapport med forslag om endringar i det norske reisegarantisystemet. Rapporten har vore ute på høyring. Utover det har regjeringa ikkje teke stilling til korleis rapporten skal følgjast opp. For meir omtale av bakgrunnen for utvalet og innhaldet i rapporten, sjå Prop. 1 S (2022–2023) for BFD.

Direktiv om vern av dei kollektive forbrukarinteressene

Etter EU-direktivet om vern av dei kollektive forbrukarinteressene, som vart vedteke i 2020, skal interesseorganisasjonar som Forbrukarrådet kunne gå til ein domstol eller eit handhevingsorgan for å få vedtak om å få stoppa brot på forbrukarvernreglar over landegrensene. I tillegg skal dei kunne krevje til dømes erstatning, ny vare, prisavslag eller reparasjon for forbrukarane som er ramma. Meir enn 60 regelverk er omfatta.

BFD vurderer saman med Justis- og beredskapsdepartementet innlemming av direktivet i EØS-avtalen og følgjer opp med ei eventuell gjennomføring i norsk rett.

Revisjon av gjeldsordningslova

Gjeldsordningslova skal sørgje for at privatpersonar med alvorlege gjeldsproblem kan få ei ordning med kreditorane sine om sletting av gjeld.

Regjeringa vil betre oppfølginga av dei som har fått alvorlege betalingsproblem, slik at fleire blir i stand til å gjennomføre ei gjeldsordning. Eit anna sentralt mål er å gjere dei prosessuelle reglane i lova mindre tid- og ressurskrevjande for alle involverte.

Eit forslag om endringar i gjeldsordningslova har vore på høyring. Høyringsrunden stadfesta at lova blir opplevd som tid- og ressurskrevjande og er moden for modernisering. BFD er i gang med å vurdere korleis aktuelle endringar i gjeldsordningslova best kan gjennomførast.

Ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)

Ordninga for gjeldsinformasjon er lovfesta gjennom gjeldsinformasjonslova med forskrift. Ordninga skal gi bankar og andre utlånarar oversikt over forbruksgjelda til dei som søkjer om lån, og slik hindre at kunden tek opp for mykje gjeld samla sett.

På bakgrunn av ei evaluering gjennomført etter ønske frå Stortinget sende BFD sommaren 2022 på høyring ei sak om å utvide ordninga med ulike former for pantesikra gjeld (som bustad- og bilgjeld). BFD arbeider vidare med å vurdere om ordninga bør utvidast med pantegjeld. Arbeidet krev at omsynet til personvernet blir grundig greidd ut. Samstundes ser departementet på om ordninga bør utvidast med andre typar gjeld, til dømes studiegjeld. Medan ei eventuell utviding med pantegjeld kan gjennomførast med ei forskriftsendring, krev ei ytterlegare utviding at det blir endra i gjeldsinformasjonslova.

Betre tilhøve for forbrukarane på straummarknaden

Regjeringa arbeider heilskapleg for å sikre forbrukarane i straummarknaden. Ved kjøp av straumavtalar er det framleis vanskeleg å orientere seg og velje straumavtale. Straummarknaden er ein marknad der vara frå ulike tilbydarar er den same, men der prisane og vilkåra varierer mykje. Med verknad frå 1. november 2022 skjerpte derfor BFD og Olje- og energidepartementet (OED) krava til prisinformasjon ved sal av straum og informasjon på straumfakturaer gjennom endringar i prisopplysingsforskrifta og forskrifta om kraftomsetnad og nettenester. Hausten 2023 vil BFD og OED sende på høyring forslag om fleire tiltak som kan betre forbrukarane si stilling ved kjøp av straum. I revidert nasjonalbudsjett for 2023 fekk Forbrukartilsynet ei auka løyving på 3 mill. kroner for styrkje kapasiteten til regelverksutvikling og tilsyn med straummarknaden.

Forbrukardeltaking i standardiseringsarbeid

Standardar for produkt og tenester blir utvikla i samarbeid mellom ulike marknadsaktørar, både nasjonalt og internasjonalt, på europeisk nivå eller gjennom den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO). For å utvikle gode og balanserte standardar er det viktig at representantar for forbrukarinteresser deltek. Rapporteringa frå Standard Norge syner at talet på forbrukarrepresentantar var stabilt frå 2021 til 2022.

Forbrukarpåverknad i standardiseringsarbeid er eit langsiktig arbeid som krev kontinuitet. Samarbeidet mellom BFD, Forbrukarrådet og Standard Norge vart derfor ført vidare i 2022 og 2023. Målet med samarbeidet er mellom anna å ta del i utviklinga av standarar gjennom informasjon og nettverksarbeid. Den seinaste tida har Standard Norge og Forbrukarrådet uttrykt bekymring over at forbrukardeltakinga er låg samanlikna med talet på forbrukarrelaterte standardiseringskomitear. Dei to organisasjonane vil derfor arbeide for over tid å auke forbrukardeltakinga i standardiseringsarbeid. BFD vil i 2024 føre vidare samarbeidet med Forbrukarrådet og Standard Norge om å fremje forbrukarinteressene i relevant standardiseringsarbeid.

Klagehandsaming og tilsyn

Nedanfor blir fyrst arbeidet med klagesaker til Forbrukartilsynet, Forbrukarklageutvalet og Forbrukar Europa omtalte. Deretter blir det gjort greie for arbeidet til Forbrukartilsynet med å føre tilsyn med at forbrukarvernreglane blir følgde. Til slutt blir sakene til Marknadsrådet omtalt. Det blir gjort greie for utviklingstrekk og resultat i 2022 og i fyrste halvdelen av 2023 og for planlagde tiltak i 2024.

Handsaminga av forbrukarklager

Tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande og mellom privatpersonar om kjøp og sal handlar ofte om beløp som er for små til at domstolshandsaming er rekningssvarande. Derfor er det etablert eit system for utanrettsleg handsaming av slike tvistar, som Forbrukartilsynet og Forbrukarklageutvalet er sentrale delar av. I tillegg har Forbrukarrådet ei viktig rolle med å rettleie forbrukarar som opplever problem eller lurer på noko i samband med kjøp.

Talet på klagesaker blir påverka av ulike faktorar og varierer frå år til år. Det er derfor vanskeleg å føreseie talet på slike saker og innrette klagesystemet slik at handsamingstida ikkje blir for lang. Mange forbrukarar manglar òg kunnskapar om grunnlaget for å klage eller veit ikkje korleis dei skal gå fram. Skal systemet for klagehandsaming tene føremålet, må det både fungere godt over tid og vere kjent for dei det er til for.

Departementet har derfor dette målet for arbeidet med klagehandsaming:

  • Eit godt system for klagehandsaming som er kjent for forbrukarane.

Talet på saker som er handsama, og handsamingstider er sentrale indikatorar for kor godt systemet for klagehandsaming er. I tillegg kan talet på innkomne saker indikere kor godt kjent systemet er, og seie noko om problema som forbrukarane opplever ved kjøp av varer og tenester.

Forbrukartilsynet meklar i saker om kjøp og sal mellom forbrukarar og mellom forbrukarar og næringsdrivande. Tilbodet medverkar til å avlaste rettssystemet og gir ein lågare terskel for å løyse tvistar.

I 2022 fekk Forbrukartilsynet inn 6 917 nye meklingssaker, ein nedgang på 14 prosent frå 2021. Om lag 78 prosent av sakene var mellom forbrukarar og næringsdrivande og om lag 22 prosent mellom private partar. Som i tidlegare år handla flest saker om bilar, følgt av saker om klede og fritidsartiklar og elektroniske produkt.

Totalt handsama Forbrukartilsynet 7 445 saker, som er 8 prosent færre enn i 2021. Reduksjonen heng saman med at tilsynet prioriterte å redusere restansane for sakene til Forbrukarklageutvalet.

Sjølv om Forbrukartilsynet handsama færre saker, vart restansane i 2022 reduserte med 30 prosent, frå 2 136 til 1 451 saker. Handsamingstida vart redusert med 25 prosent, frå i snitt 165 til 124 dagar. Gjennom fyrste halvåret av 2023 heldt handsamingstida seg på om lag same nivå som mot slutten av 2022.

Klagesaker om varer, handverkartenester og angrerett som ikkje blir løyste gjennom mekling, kan takast vidare til Forbrukarklageutvalet. Forbruklageutvalet fekk inn 723 saker i 2022, som er litt færre enn i 2021. Om lag 1 300 saker vart handsama, rundt 60 prosent fleire enn i 2021. Restansane vart reduserte med 42 prosent, frå 1 689 til 986 saker. Handsamingstida auka i 2022, frå i snitt 20 til 25 månader. Auken hadde samanheng med at sakene var gamle og omfattande, og med at mange av sakshandsamarane var nytilsette og utan lengre erfaring. I tillegg var fleire av utvalsmedlemmene nyoppnemnde og dermed mindre rutinerte. Gjennom fyrste halvåret av 2023 vart restansane til Forbrukarklageutvalet ytterlegare reduserte, og samstundes gjekk handsamingstida ned. Før sommaren 2023 var det ikkje lenger ventetid for sakene til utvalet.

BFD sende i juni 2023 på høyring eit forslag om å innføre gebyr for å få klagesaker handsama i Forbrukartilsynet og Forbrukarklageutvalet. I høyringa er det òg føreslått å innføre krav til ei nedre verdigrense, som inneber at saker som gjeld mindre beløp, ikkje vil bli handsama. Forslaga skal medverke til at handsamingstida stabiliserer seg på eit lågt nivå, og sikre større grad av god og effektiv handsaming av tvistane som det har mest å seie for forbrukarane å få løyst (typisk tvistar som har noko å seie økonomisk). Uavhengig av desse forslaga vil det i 2024 vere ei prioritert oppgåve for Forbrukartilsynet å halde restansane og handsamingstidene nede. Større saksinngang og andre faktorar det er vanskeleg å kontrollere, kan i løpet av kort tid føre til at handsamingstidene igjen blir lange og restansane veksande.

Forbrukarrådet representerer forbrukarsida ved handsaminga av klagesaker i ei rekkje bransjevise klagenemnder, mellom andre Elklagenemnda og Transportklagenemnda. Forbrukarrådet har over tid rapportert om at ressursbruken til dette arbeidet har auka på grunn av mange fleire saker, og orientert departementet om at rådet framover ikkje vil ha nok ressursar til kunne delta i handsaminga av alle sakene. Av same grunn kan rådet bli nøydd til å trekkje seg frå einskilde nemnder. For at Forbrukarrådet framleis skal kunne representere forbrukarsida i klagenemndene, føreslår BFD at løyvinga til rådet blir auka med 1 mill. kroner.

Klagehandsaminga til Forbrukar Europa

Forbrukar Europa er ei eining i Forbrukartilsynet og del av nettverket EU-kommisjonen har av forbrukarkontor i europeiske land. Kontora i nettverket skal medverke til tillit i marknaden, mellom anna ved å gjere det enklare for forbrukarane å klage på kjøp over landegrensene i EØS-området. Forbrukar Europa er norsk kontaktpunkt for den europeiske nettbaserte klageportalen, informasjonspunkt for diskrimineringsføresegna til tenestedirektivet og ansvarleg for å gi råd til forbrukarar om såkalla geoblokkering, det vil seie forbodet mot å handsame internettkundar ulikt etter kva nasjonalitet eller geografisk tilhaldsstad dei har.

Forbrukar Europa handsama 1 254 saker gjennom 2022, medrekna meklingssaker og saker som innebar enklare rådgiving. Ei undersøking viste at 78 prosent av brukarane var nøgde eller svært nøgde med tenestene til Forbrukar Europa.

EU-kommisjonen gir tilskot til drifta av Forbrukar Europa. Etter omorganiseringa av forbrukarapparatet frå 1. januar 2021 har det vore prioritert for Forbrukartilsynet å innpasse drifta av Forbrukar Europa med resten av verksemda, noko tilsynet vurderer å ha lukkast med (Forbrukar Europa låg tidlegare i Forbrukarrådet). Med omsyn til aktivitet er Forbrukar Europa tilbake på nivået kontoret var på før omorganiseringa.

Tilsynet med forbrukarvernreglar

Forbrukartilsynet fører tilsyn med at reglane i mellom anna marknadsføringslova blir følgde. Marknadsføringslova er ei generell lov som gjeld på tvers av marknader og produkt- og tenestetypar, og stiller krav om god marknadsføringsskikk og forbyr urimeleg handelspraksis eller avtalevilkår. Forbrukartilsynet skal gjennom informasjonstiltak, tilsynsaktivitetar, forhandlingar og vedtak få næringsdrivande til å følgje reglane i marknadsføringslova og andre lover som skal verne forbrukarane. Forbrukartilsynet er fagleg uavhengig i utføringa av tilsynsoppgåvene sine. Dei overordna prioriteringane gjer BFD i samråd med tilsynet.

Departementet har dette målet for tilsynsarbeidet:

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område.

Etter at Forbrukartilsynet vart flytta til Porsgrunn 1. januar 2021, har verksemda vore i ein gjenoppbyggingsfase. Det har vore naudsynt å bruke tid og ressursar på å rekruttere nye medarbeidarar og å byggje opp att kompetanse som gjekk tapt etter at mange medarbeidarar med lang fartstid slutta.

Forbrukartilsynet greidde likevel i 2022 å ha aktivitetar og tilsyn på alle områda som var prioriterte i tildelingsbrevet frå departementet (sjå omtale under overskriftene nedanfor). I tillegg hadde tilsynet aktivitetar på einskilde andre område som vart vurderte som viktige.

Marknadsføring og avtalevilkår i digitale kanalar

Forbrukartilsynet gjennomførte i 2022 fleire tilsynsaksjonar retta mot reklameinnlegg frå påverkarar i sosiale medium. Fleire tilfelle der merking av reklame var skjult, vart avdekte. Tilsynet fann òg reklame utan merking. I tillegg til tilsynsaksjonane oppdaterte tilsynet rettleiinga si om marknadsføring i sosiale medium for mellom anna å dekkje nyare medium som TikTok.

Forbrukartilsynet deltok òg i internasjonalt arbeid med å handtere manipulerande design i digitale tenester. I ein større felleseuropeisk tilsynsaksjon som tilsynet var med på, vart det avdekt at 148 nettbutikkar nytta ulike former for manipulerande design for å få forbrukarane til å handle meir. I 2022 vart det òg etablert ei arbeidsgruppe leidd av Forbrukartilsynet som skal medverke til å intensivere samarbeidet mellom tilsyna i Norden for å møte utfordringar med manipulerande design.

Marknadsføring overfor barn og unge

Overfor barn og unge har Forbrukartilsynet prioritert å førebyggje kroppspress frå retusjert reklame. Merkeplikta for slik reklame tok til å gjelde 1. juli 2022. Plikta inneber at all reklame der kroppsfasong, storleik eller hud er retusjerte, skal merkjast med eit standardisert merke fastsett av BFD. Forbrukartilsynet har laga ei eiga rettleiing om merkeplikta. Rettleiinga er supplert av ei merketenest, som skal gjere det enkelt å ta merket i bruk. Merket er no å finne både i trykte annonsar, på reklameplakatar og i sosiale medium. Behovet for informasjon om merkeplikta har vore stort, og tilsynet har derfor både halde føredrag for bransjen, arrangert rettleiingsmøte og webinar. Samstundes har tilsynet informert barn og unge om reklame. For meir informasjon, sjå omtalen av undervisingsverktøyet «Reklameskolen» under overskrifta «Opplæring i forbrukaremne» lenger ned.

Våren 2023 gjennomførte Forbrukartilsynet, Statens legemiddelverk og Helsetilsynet ein tilsynsaksjon der dei undersøkte marknadsføring av kosmetiske inngrep i sosiale medium. Forbrukartilsynet såg spesielt etter marknadsføring som kan medverke til kroppspress blant barn og unge, og fann dette i stort omfang. Etter aksjonen fekk 34 klinikkar brev frå Forbrukartilsynet om brot på reglane. Forbrukartilsynet har i 2023 òg gripe inn mot marknadsføringa av ein spesiell type sjokoladebolle på TikTok fordi denne vart funnen å vere i strid med forbodet mot å rette direkte kjøpsoppmodingar mot barn.

Finansielle tenester

Forbrukartilsynet har ført vidare arbeidet med å gå gjennom standardavtalane til bankane for å sikre at desse er i tråd med den nye finansavtalelova som tok til å gjelde 1. januar 2023. Åtte av dei mest sentrale avtalane er gjennomgått, mellom anna avtalane om innskotskonto og betalingskort. I gjennomgangen vurderte tilsynet forbrukarrettane og kom med innspel til endringar. Forbrukartilsynet har òg avdekt og følgt opp omfattande lovbrot i praksisen til bankane når forbrukarane klagar over ikkje godkjende transaksjonar, typisk i samband med svindel.

Marknadsføring med klima- og miljøpåstandar

Ein føresetnad for at forbrukarane skal kunne ta informerte og berekraftige val, er at det i marknadsføringa ikkje blir brukt villeiande og urette miljø- og berekraftspåstandar. I 2022 prioriterte Forbrukartilsynet tekstilbransjen og stansa villeiande bruk av den såkalla Higg Materials Sustainability Index, som i stor utstrekning har vore nytta som grunnlag for berekraftspåstandar internasjonalt. I samarbeid med nederlandske Autoriteit Consument & Markt har Forbrukartilsynet laga ei rettleiing for korleis indeksen må innrettast for å kunne brukast i marknadsføring. Denne vil framover ha mykje å seie for at forbrukarar i større grad kan ta informerte val når dei kjøper tekstilar. I tillegg har Forbrukartilsynet handsama einskildsaker, gitt informasjon om reglane og gitt innspel til utvikling av nytt regelverk på feltet.

Straummarknaden

Forbrukartilsynet har avdekt omfattande forbrukarproblem i straummarknaden. I tillegg til å informere alle straumleverandørar i Noreg om reglane som gjeld, tok tilsynet i 2022 opp saker med ei rekkje leverandørar. Nokre av desse innretta seg frivillig, medan tilsynet i andre saker fann grunn til å gjere vedtak med økonomiske sanksjonar. Fleire vedtak vart klaga inn til Marknadsrådet (sjå omtale av Marknadsrådet nedanfor). Forbrukartilsynet medverka òg i regelverksarbeid og informasjonsutveksling med Reguleringsmyndigheita for energi (RME) og fleire departement. I revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart løyvinga til Forbrukartilsynet mellombels auka med 3 mill. kroner for å styrkje kapasiteten til regelverksutvikling og tilsyn med straummarknaden i 2023.

Openheitslova

Openheitslova, som tok til å gjelde 1. juli 2022, skal fremje respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i verksemdene og sikre allmenta tilgang til informasjon om kva verksemdene gjer med dette. Forbrukartilsynet har etablert ein ny seksjon med ansvar for tilsyn med den nye lova. Det har vore stor etterspurnad etter rettleiing og informasjon om lova. Sidan lova tok til å gjelde, har Forbrukartilsynet kontinuerleg utvida temasida si med opplysingar om korleis verksemdene skal oppfylle krava i lova, arrangert møte, kurs og ein større konferanse for ulike bransjar, delteke i media og svart på spørsmål. Førebels har Forbrukartilsynet ikkje fått mange klager etter openheitslova, men tilsynet ventar at talet vil auke etter kvart som lova blir betre kjend.

Andre område

Av omsyn til situasjonen for både forbrukarar og næringsdrivande er det viktig at Forbrukartilsynet har beredskap til å følgje opp område og tema som blir aktuelle eller viktige i løpet av året, og som ikkje er særskilt prioriterte i tildelingsbrevet frå departementet. I tillegg til områda og temaa som var særleg prioriterte i tildelingsbrevet, gjennomførte Forbrukartilsynet i 2022 mellom anna tiltak for å motverke ulovleg prismarknadsføring og stoppe ulovleg marknadsføring av alternativ behandling.

Prioriteringar for 2024

Forbrukarvernreglane må følgjast opp med tydeleg rettleiing og effektive tilsyn for å hindre at forbrukarproblem oppstår. Samstundes har Forbrukartilsynet eit breitt ansvarsområde. Dette stiller krav til nøyaktige prioriteringar mellom ulike innsatsområde. BFD legg vekt på faglege innspel frå Forbrukartilsynet ved fastsetjinga av prioriteringane for kvart einskilde år og fastset desse etter dialog med tilsynet. Dei prioriterte områda frå tidlegare år vil òg vere aktuelle i 2024, som marknadsføring overfor barn og unge, straummarknaden, digitalfeltet, finansielle tenester og klima- og miljøpåstandar i marknadsføring.

Sakene til Marknadsrådet

Marknadsrådet er klageinstans for vedtaka til Forbrukartilsynet. I 2022 avgjorde Marknadsrådet ti saker. Fire av sakene gjaldt nedprioriteringar frå Forbrukartilsynet. Ei sak gjaldt klage på vedtak om tvangsmulkt for brot på dokumentasjonsplikt. Dei andre sakene gjaldt klager på vedtak om brot på regelverk. I fire av sakene førte klagene delvis fram, ved at storleiken på dei økonomiske sanksjonane som Forbrukartilsynet hadde vedteke, vart redusert.

Informasjon og kunnskap

I både små og store marknader kan det vere krevjande å samanlikne produkt og prisar. Det kan òg vere vanskeleg å få oversikt over konsekvensane som produksjonen og bruken av varer og tenester kan ha. I verste fall kan informasjonen forbrukarane får, vere feil. Mange forbrukarar kan heller ikkje nok om eigne rettar og plikter eller om korleis dei bør gå fram dersom dei er misnøgde med det dei har kjøpt.

Nedanfor blir det gjort greie for informasjons- og kunnskapstiltak som skal medverke til at det blir enklare for forbrukarane å ta informerte val og kjenne rettane og pliktene sine. Arbeidet til Forbruksforskingsinstituttet SIFO med å styrkje kunnskapsgrunnlaget om situasjonen for forbrukarane og vidareutvikle referansebudsjettet for hushaldsutgifter blir òg omtalt. Det blir gjort greie for utviklingstrekk og resultat i 2022 og fyrste halvdelen av 2023 og for planlagde tiltak i 2024.

For 2022 hadde departementet målet «Betre informasjonsløysingar som er godt kjende for forbrukarane» for den delen av forbrukarpolitikken som handlar om informasjon og kunnskap. Både arbeidet med miljømerka Svana og EU Ecolabel, informasjonsverksemda til Forbrukarrådet og arbeidet til Forbrukartilsynet med openheitslova, som blir omtalt nedanfor, har på ein god måte medverka til å nå dette målet.

Forbruk og miljø

Regjeringa vil leggje til rette for at forbrukarane enklare kan ta meir klima- og miljømedvitne val.

Det kan vere utfordrande å få oversikt over konsekvensane som produksjonen og bruken av varer og tenester har for miljø og klima. Informasjon om konsekvensane kan både mangle, verke overveldande og vere motstridande. Å få slik oversikt blir ikkje enklare av at varer og tenester ofte blir marknadsførte som berekraftige utan å vere det eller utan at det kan dokumenterast. Forbrukarane kan derfor bli forvirra og førte bak lyset om kva forbruksval som er dei mest berekraftige. Verksemder som tilbyr berekraftige varer og tenester, kan òg bli skadelidande dersom dei ikkje når ut med bodskapen sin i konkurransen med verksemder som ikkje tilbyr slike, eller som gir inntrykk av at varene og tenestene deira er meir berekraftige enn dei faktisk er.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Betre føresetnader for eit berekraftig forbruk.

Tiltak og resultat knytte til målet blir omtalte under overskriftene «Miljømerka Svana og EU-miljømerket, «Matsvinn» og «Kontaktpunkt for forbrukarmakt det grøne skiftet» nedanfor. Nokre av tiltaka omtalte under overskrifta «Opplæring i forbrukaremne» lenger ned er òg relevante for målet.

Miljømerka Svana og EU-miljømerket

Dei offisielle miljømerka, den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), formidlar standardisert og kvalitetssikra miljøinformasjon om varer og tenester. Begge merka er verkemiddel som gjer det enklare for forbrukarane å ta meir miljømedvitne og berekraftige val. Merka blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking). Miljømerking arbeider for å auke talet på produkt med miljømerke i Noreg og informerer om at desse er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking får løyvingar over budsjetta til både BFD og Klima- og miljødepartementet.

Talet på svanemerkte produkt på den norske marknaden gjekk noko ned frå 2021 til 2022 (frå 32 308 til 31 316). Produktgruppa tonerkassettar stod for den største nedgangen med meir enn 50 prosent reduksjon (frå 10 254 til 4 745). For produktgruppene elles auka talet med 20 prosent (frå 22 054 til 26 571). Størst auke var det for møblar og innreiing, følgt av tekstilar, innandørs måling og lakk og hygieneprodukt.

Årleg undersøkjer Miljømerking kjennskapen til Svana og EU Ecolabel. I 2022 svarte 93 prosent av respondentane at dei hadde kjennskap til Svana (mot 92 prosent i 2021). 24 prosent svarte at dei hadde kjennskap til EU Ecolabel (mot 27 prosent i 2021 og 22 prosent i 2020). Utbreidd kjennskap til miljømerka tyder på at mange veit at merka gir god rettleiing om kva forbruksval som er mindre miljøbelastande og meir berekraftige.

Miljømerking vil i 2024 halde fram med å arbeide for at talet på miljømerkte produkt skal auke på den norske marknaden, og informere forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at slike produkt er enkle og trygge miljøval. Svana skal synleggjerast som verktøy for å skape ein meir sirkulær og berekraftig økonomi, og det skal utviklast meir heilskaplege livsløpsvurderingar av produkt. Regjeringa vil støtte opp om arbeidet til Miljømerking med løyvingar over budsjetta til BFD og Klima- og miljødepartementet.

Matsvinn

BFD har sidan 2017 delteke i ein bransjeavtale om matsvinn saman med Klima- og miljødepartementet (KLD), Landbruks- og matdepartementet (LMD), Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og tolv bransjeorganisasjonar. Målet er at svinnet i heile verdikjeda for mat skal halverast innan 2030, i tråd med FNs berekraftsmål 12.3 om matsvinn. Det er fastsett to delmål om at matsvinnet i 2020 og 2025 skal reduserast med høvesvis 15 og 30 prosent. Ifølgje hovudrapporteringa for det fyrste delmålet som kom i 2021, var matsvinnet sidan 2015 redusert med 10 prosent. På forbrukarleddet var svinnet redusert med 6 prosent. KLD og LMD har i 2023 sett ned eit ekspertutval som skal vurdere korleis Noreg kan nå reduksjonsmåla i åra som kjem. Forbrukarrådet og SIFO deltek i utvalet, som skal levere rapporten sin i desember 2023.

Sidan over halvparten av matsvinnet kjem frå private hushald, er det viktig for BFD å støtte opp om tiltak som skal redusere dette. BFD har derfor kvart år sidan 2011 gitt tilskot til organisasjonen Matvett AS, som arbeider for å redusere matsvinnet. Med bakgrunn i bransjeavtalen har organisasjonen òg fått tilskot frå BFD i 2023. Gjennom bransjeavtalen vil BFD i 2024 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere matsvinnet.

Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet

I strategien om sirkulær økonomi frå 2021 vart det bestemt å etablere eit kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet. Føremålet er å samle kunnskapar, idear og erfaringar og fremje sirkulær praksis. Forbrukarrådet fekk oppgåva med å opprette kontaktpunktet. Hausten 2022 vart kontaktpunktet lansert i form av ei ny teneste med produkttestar med vekt på berekraft. Forbrukarrådet har i 2023 arbeidd vidare med å utvikle kontaktpunktet. Det er mellom anna arbeidd med korleis kontaktpunktet kan spreie idéane og metodane relevante aktørar har for å fremje sirkulær praksis, og laga ein plan for det vidare arbeidet med å fremje reparasjonar. Arbeidet held fram i 2024.

Etikkinformasjon gjennom openheitslova

Openheitslova, som tok til å gjelde 1. juli 2022, skal fremje respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i verksemdene og sikre allmenta tilgang til informasjon om kva verksemdene gjer med dette. Sida lova tok til å gjelde, har Forbrukartilsynet prioritert å rettleie dei rundt 9 000 verksemdene som lova omfattar. 30. juni 2023 var fyrste frist for verksemdene til å gjere greie for korleis dei har arbeidd med aktsemdvurderingane dei er plikta til å gjennomføre etter lova (verksemdene skal årleg gjere greie for dette innan 30. juni). For meir informasjon om korleis Forbrukartilsynet har arbeidd med openheitslova, sjå omtale under overskrifta «Tilsynet med forbrukarvernreglane» ovanfor.

Informasjonsverksemda til Forbrukarrådet

Det følgjer med rolla Forbrukarrådet har som interesseorganisasjon, at rådet skal gi forbrukarane råd og rettleiing som dei kan nytte både før og etter kjøp.

Forbrukarrådet registrerte 52 045 førespurnader via telefon, e-post, internett og sosiale medium i 2022. Det er 6 prosent fleire enn i 2021. Flest førespurnader kom via telefon og e-post. Som i tidlegare år var det flest førespurnader om bruktbilar. Størst vekst var det for førespurnadene om flyselskap og straum, som auka med høvesvis 88 og 70 prosent. Forbrukarrådet ser dette i samanheng med flystreiken i SAS og dei høgare straumprisane.

Nettsida forbrukarradet.no hadde kvar veke i snitt 44 200 unike brukarar i 2022. Det er 18 prosent fleire enn i 2021. Forbrukarrådet ser auken i samanheng med flystreiken i SAS, som førte til auka bruk av flykalkulatoren på nettsida, og med ein større etterspurnad etter informasjon om straum.

Forbrukarrådet driftar to marknadsportalar: finansportalen (finansportalen.no) og straumprisportalen (strømpris.no). Medan finansportalen gir informasjon om prisane på og vilkåra for banktenester, forsikringar, pensjon og fond, gir straumprisportalen informasjon om prisane på og vilkåra for straumavtalar. Det er eit mål at portalane skal vere oppdaterte og hjelpe brukarane med å ta informerte val og utøve forbrukarmakt.

Straumprisportalen hadde kvar veke i snitt 24 560 unike brukarar i 2022. Det er 30 prosent fleire enn i 2021. Forbrukarrådet ser auken i samanheng med at forbrukarane vart meir medvitne om prisskilnadene i straummarknaden. Det kan òg ha medverka at prisopplysingsforskrifta vart endra i 2022, slik at straumsalselskapa fekk plikt til å vise til straumprisportalen i all marknadsføring. Finansportalen hadde kvar veke i snitt 24 640 unike brukarar i 2022. Det er om lag like mange som i 2021.

Både i 2022 og i 2023 har Forbrukarrådet vidareutvikla finansportalen og straumprisportalen. Det har blitt arbeidd med å betre datakvaliteten, gjere portalane meir brukarvennlege og utvide dei med fleire tenester. Mellom anna er det for straumprisportalen lansert ei ny framside for både mobiltelefonar og datamaskinar som gir brukarane lettare tilgang til alle tenestene der. Arbeidet med å vidareutvikle marknadsportalane vil halde fram i 2024.

Tannhelseportalen (hvakostertanlegen.no), som Forbrukarrådet drifta, vart i 2002 stengd på grunn av utfordringar med å sikre gode data til tenesta. Portalen er sidan ikkje opna att fordi Helsedirektoratet har arbeidd med nye løysingar for å innhente prisane i tannhelsemarknaden.

Forskings- og utgreiingsarbeid

Det er viktig at forbrukarpolitikken er basert på fakta og gode kunnskapar om situasjonen til forbrukarane.

Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet (SIFO) er ein sentral kunnskapsprodusent på forbrukarområdet. I 2022 og 2023 har SIFO utført fleire oppdrag for BFD for å betre kunnskapsgrunnlaget på ulike aktuelle forbrukarpolitiske område.

Til dømes vart SIFO sitt referansebudsjett for hushaldsutgifter ført vidare og oppdatert. Referansebudsjettet er eit forbruksbasert mål på økonomiske levekår som blir nytta av mange instansar innanfor både offentleg og privat sektor i samband med økonomisk rådgiving og til å rekne ut alminnelege levekostnader. Budsjettet blir mellom anna nytta som grunnlag for å rekne ut barnebidrag og kostnadene ved å halde ved lag eit definert forbruks- og levekårsnivå for hushald med ulik samansetjing.

Den seinaste tida har levekostnadene på fleire ulike forbruksområde auka, noko som har ført til vanskelege prioriteringar for mange hushald.15 Mellom anna har kostnadene for straum auka. BFD har vurdert det som viktig å få ei god forståing av korleis forbrukarane prioriterer for å handtere denne situasjonen. BFD gav derfor i 2022 SIFO i oppdrag å undersøkje forbrukarane sine haldningar og oppfatningar av straummarknaden.16 Undersøkinga syner mellom anna at hushalda har tilpassa seg det høgare prisnivået ved å flytte på nokre straumkrevjande aktivitetar og redusere andre. Det kjem òg fram at hushalda har tilgang til mykje informasjon om straumforbruket, men kan oppleve det som krevjande å på kort sikt endre aktivitetane som krev mykje energi.

BFD vil i 2024 føre vidare samarbeidet med SIFO om forvaltingsrelaterte forskingsoppgåver på forbrukarområdet. Målet er å kaste lys over sentrale problemstillingar i prioriterte saker og medverke til god kunnskap om aktuelle tema.

Referansebudsjettet for hushaldsutgifter vil bli ført vidare og ytterlegare utvikla. Fordi referansebudsjettet er eit viktig grunnlag for fleire velferdsytingar, er det frå 2024 føreslått rammeoverført 1,25 mill. kroner frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet for å dekkje delar av driftsutgiftene som SIFO har til dette budsjettet. I tillegg kjem ein auke på 0,5 mill. kroner innanfor budsjettrammene til BFD. Auken skal bidra til at referansebudsjettet framover kan haldast ved lag og vidareutviklast på ein tilfredsstillande måte.

Forbrukartilsynet er òg gitt ansvaret for vareta kunnskapsgrunnlaget på forbrukarområdet. Som eit ledd i dette la ei intern arbeidsgruppe i tilsynet i 2022 fram eit avgjerdsgrunnlag for korleis arbeidet bør organiserast. Ei tilråding er at tilsynet for å hente ut og analysere data frå eiga verksemd i fyrste omgang opprettar ei eining med inntil tre medarbeidarar.

Opplæring i forbrukaremne

BFD ønskjer at barn og unge skal få god opplæring i forbrukaremne og bli i stand til å opptre som kompetente og medvitne forbrukarar. Forbrukaremna er tverrfaglege og skal gi elevane kunnskapar om berekraftig forbruk, forbrukarrettar, personleg økonomi og mediebruk. Dei skal òg gi elevane digital kompetanse. Opplæringa i forbrukaremna medverkar til at elevane får innsikt i utfordringar og dilemma og lærer om konsekvensar av ulike handlingar.

Samarbeid med Høgskolen i Innlandet

BFD har lenge samarbeidd med Høgskolen i Innlandet, Senter for samarbeidslæring (CCL) om opplæring i forbrukaremne. Blant tiltaka høgskulen gjennomførte i 2022 var kurs og kompetanseheving for lærarar, rettleiing og informasjon om opplæring i forbrukaremne, utvikling og distribusjon av læremiddel. Høgskulen heldt fram med å utvikle undervisings- og instruksjonsvideoar som supplerer videoar frå tidlegare år. Dei siste åra har høgskulen satsa på Facebook-kampanjar for å marknadsføre serien sin med verktøykassar med læremateriell og videoar. Dette har ført til svært mange nedlastingar og bestillingar av undervisingsmateriell. I 2023 er det laga eit nytt videoformat som viser kva materiell og kompetansehevingstilbod Høgskulen har. Læringsmateriellet er svært etterspurt blant lærarar i heile landet. Til saman er det sendt ut 300 verktøykassar og lasta ned 2 104 kopiar av denne. Samstundes er det trykte undervisingsmateriellet framleis svært etterspurt. Høgskulen deltek i nettverket Skolemeny, som arbeider med opplæring i personleg økonomi.

BFD har vidareført samarbeidet med høgskulen i 2023 og vil halde fram med det i 2024.

Samarbeid med Ungt Entreprenørskap

BFD førte i 2022 vidare samarbeidet med Ungt Entreprenørskap om undervisingsprosjektet «Grønt og Genialt!». Prosjektet skal fremje forståing av berekraftig forbruk. Måla er mellom anna å byggje opp kunnskap om miljøutfordringane, skape nysgjerrigheit og vetetrong om natur og miljø blant dei unge og medverke til å skape større engasjement om løysingar som fører til eit meir berekraftig forbruksmønster. 2022 var eit rekordår for Elevbedrift, og merksemda retta mot berekraft i skulen har ført til at «Grønt og Genialt!» har blitt attraktivt. Totalt gjennomførte 2 800 elevar «Grønt og Genialt!» i 2022, mot 2 200 i 2021. Berekraftig utvikling har blitt eit stadig viktigare tema i skulen, og prosjektet har dermed fått auka relevans. Over tid har samarbeidet mellom BFD og Ungt Entreprenørskap medverka til erfaring og kompetanse som skaper ringverknader ut over sjølve prosjektet. «Grønt og Genialt!» har spelt ei avgjerande rolle for korleis Ungt Entreprenørskap arbeider med berekraft, og medverka til at berekraft er med som tema i andre prosjekt i regi av Ungt Entreprenørskap.

BFD har vidareført samarbeidet med Ungt Entreprenørskap i 2023 og vil halde fram med det i 2024.

Verktøy for opplæring om reklame

Reklameskolen er eit digitalt opplæringsverktøy om reklame. Verktøyet er utvikla av Forbrukartilsynet, på oppdrag frå BFD. Reklameskolen skal medverke til at barn og unge kan identifisere og forstå marknadsføring i kanalar som er relevante for dei. Verktøyet er ope tilgjengeleg på internett, slik at alle interesserte kan nytte det. Verktøyet vart lansert i 2022 for elevar i ungdomsskulen. I 2022 fekk Forbrukartilsynet i oppdrag å utvide verktøyet til òg å femne om elevar i barneskulen. Versjonen for elevar i barneskulen vart lansert i august 2023. I 2024 er det planlagt at verktøyet òg skal lanserast for elevar i den vidaregåande skulen.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

860

Forbrukarrådet

114 153

116 166

124 539

7,2

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

11 264

15 583

16 580

6,4

865

Forbrukarpolitiske tiltak

16 334

18 152

21 057

16,0

868

Forbrukartilsynet

128 377

128 388

134 849

5,0

Sum kategori 11.30

270 128

278 289

297 025

6,7

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

3868

Forbrukartilsynet

3 177

2 629

2 745

4,4

Sum kategori 11.30

3 177

2 629

2 745

4,4

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

130 400

131 337

132 461

0,9

50–89

Overføringar til andre

139 728

146 952

159 047

8,2

Sum kategori 11.30

270 128

278 289

291 508

4,8

Kap. 860 Forbrukarrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

50

Basisløyving

81 641

85 889

92 340

51

Marknadsportalar

32 512

30 277

32 199

Sum kap. 860

114 153

116 166

124 539

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukarrådet er oppretta for å ta hand om interessene til forbrukarane. Som uavhengig interesseorgan skal Forbrukarrådet informere forbrukarane og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet hjelpe forbrukarar som har fått problem i samband med kjøp, og som til dømes treng hjelp til å fremje ei klage.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter til bruttoføring av inntekter og utgifter utanfor statsbudsjettet og med eigne vedtekter og eit styre.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter, godtgjersle til styremedlemmene, utgifter til kontordrift, husleige og interessepolitiske aktivitetar i Forbrukarrådet. Posten dekkjer òg utgifter som Forbrukarrådet har til Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet. Kontaktpunktet har som føremål å samle kunnskapar, idear og erfaringar og fremje sirkulær praksis gjennom å informere om mellom anna produkttestar og spreie gode døme og metodar. Vidare dekkjer posten utgifter til utgreiing av aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, kampanjar, informasjonstiltak, profilering av eigne tenester og kostnader ved å leggje fram prinsipielle spørsmål om gjeldande forbrukarrett for domstolane. Forbrukarrådet gir òg tilskot til drift av forbrukarsekretariatet i Standard Norge over posten.

På bakgrunn av behov for å sikre at Forbrukarrådet framleis kan representere forbrukarsida i dei bransjevise klagenemndene på ein god måte, føreslår BFD å auke løyvinga på posten med 1 mill. kroner. Sjå òg omtale under post 868, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 92,3 mill. kroner i 2024.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til drift og utvikling av finansportalen (finansportalen.no) og straumprisportalen (strømpris.no).

Departementet føreslår ei løyving på 32,2 mill. kroner i 2024.

Kap. 862 Stiftinga Miljømerking i Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Driftstilskot

11 264

15 583

16 580

Sum kap. 862

11 264

15 583

16 580

Ansvarsområdet til verksemda

Føremålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Arbeidet går ut på å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt for lisensiering og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Miljømerking blir leidd av eit styre der medlemmene er oppnemnde av BFD, Forbrukarrådet, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Virke, Landsorganisasjonen (LO), handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2022 11,3 mill. kroner i driftstilskot frå BFD. Av dette beløpet vart om lag 2,8 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU. I tillegg fekk Miljømerking 1,2 mill. kroner i driftstilskot frå Miljødirektoratet og 4 mill. kroner i prosjektmidlar frå Klima- og miljødepartementet til oppfølging av den nasjonale strategien for sirkulær økonomi. Dei samla driftsinntektene var på om lag 50 mill. kroner. Hovuddelen av inntektene var knytte til lisensiering av Svana.

Post 70 Driftstilskot

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Miljømerking i 2024. Målet med tilskotet er å støtte opp om arbeidet til Miljømerking med å administrere den nordiske miljømerkeordninga (Svana) og dekkje utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel). Målgrupper for ordninga er produsentar av varer og tenester, forbrukarar og profesjonelle innkjøparar. Kriterium for måloppnåing er at tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskotet. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene.

Departementet føreslår ei løyving på 16,6 mill. kroner i 2024.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

2 023

2 949

3 129

50

Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

6 402

6 380

8 541

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

1 683

1 730

1 840

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

6 226

7 093

7 547

Sum kap. 865

16 334

18 152

21 057

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

Posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak med særleg relevans for forbrukarområdet, medrekna utgifter til sakshandsaming som Klagenemndsekretariatet i Bergen har for sakene til Marknadsrådet.

Departementet føreslår ei løyving på 3,1 mill. kroner i 2024.

Post 50 Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til forsking, undervising, prosjekt og utgreiingar med særleg relevans for forbrukarområdet.

Midlane til forskingsoppdrag som blir utførte av Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet – storbyuniversitetet, blir dekte over denne posten. Posten dekkjer òg utgifter SIFO har med å vidareutvikle referansebudsjettet for hushaldsutgifter.

Posten blir vidare nytta til arbeidet med å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skulen. BFD vil i 2024 føre vidare samarbeidet med Høgskolen i Innlandet, som utviklar undervisingsmateriell til bruk i skulen, har eit fagleg tilbod til lærarar og studentar og leier ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervising.

Fordi referansebudsjettet for hushaldsutgifter er eit viktig grunnlag fleire velferdsytingar, er det frå 2024 føreslått rammeoverført 1,25 mill. kroner frå kap. 605, post 22, under Arbeids- og inkluderingsdepartementet til kap. 865, post 50, for å dekkje delar av driftsutgiftene som SIFO har til dette budsjettet. For å sikre at referansebudsjettet framover kan haldast ved lag og vidareutviklast på ein tilfredsstillande måte, føreslår BFD i tillegg å auke løyvinga på kap. 860, post 50, med 0,5 mill. kroner. Samla føreslår departementet derfor å auke løyvinga på posten med 1,75 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 8,5 mill. kroner i 2024.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til tiltak og einskildprosjekt som fremjar måla for forbrukarpolitikken til regjeringa. Departementet føreslår å føre vidare tilskota til fire særskilde tiltak i 2024:

  • Tilskot til å delfinansiere drifta av forbrukarsekretariatet i Standard Norge

  • Tilskot til organisasjonen Ungt Entreprenørskap til undervisingsopplegg for ungdomsskulen om berekraftig forbruk

  • Tilskot til arbeidet Matvett AS utfører for å redusere matsvinnet i hushald

  • Tilskot til Fagutvalget for influencermarkedsføring. Midlane skal medverke til god og ansvarleg marknadsføringspraksis for dei som jobbar med påverkarmarknadsføring.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD.

Departementet føreslår ei løyving på 1,8 mill. kroner i 2024.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Løyvinga dekkjer den norske deltakinga i forbrukarprogrammet til EU, som i perioden 2021–2027 inngår som ein del av program for den indre marknaden. Posten kan òg nyttast til eventuell etterbetaling for deltaking i Consumer Programme 2014–2020.

Posten skal òg dekkje departementet sin del av eventuelle etterbetalingar av kontingentutgifta til EU-programma om samvirkeløysingar for offentleg forvalting i europeiske land, Interoperability Solutions for European Public Administrations (ISA), for programperioden 2016–2020.

Storleiken på dei årlege bidraga varierer med ulike faktorar, mellom anna aktiviteten under programma og valutautviklinga. Det er derfor vanskeleg å talfeste utgiftene på posten.

Departementet føreslår ei løyving på 7,5 mill. kroner i 2024.

Kap. 868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

128 377

128 388

134 849

Sum kap. 868

128 377

128 388

134 849

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukartilsynet er ei offentleg styresmakt som arbeider for å gjere marknadene enklare og tryggare for forbrukarane. Eit sentralt mål for Forbrukartilsynet er å førebyggje og stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og andre former for urimeleg handelspraksis retta mot forbrukarar. Dette blir gjort gjennom dialog og forhandlingar med dei næringsdrivande, ved bruk av tilgjengelege sanksjonar og ved å gi rettleiing og informasjon. Tilsynet skal gjennom verksemda si medverke til at rettane forbrukarane har, blir tekne hand om, og til at forbrukarane kan ta informerte val. Marknadsføringslova regulerer tilsynsverksemda til Forbrukartilsynet.

Forbrukartilsynet har i tillegg ansvar for å drive ei nøytral meklingsteneste for forbrukarar og næringsdrivande i saker som ikkje er omfatta av andre klageorgan, og for å førebu saker til Forbrukarklageutvalet. Oppgåvene knytte til mekling og førebuing av saker til Forbrukarklageutvalet blir regulerte av forbrukarklagelova.

Forbrukartilsynet er vidare vertsorganisasjon for Forbrukar Europa.

Forbrukartilsynet har òg ansvar for å føre tilsyn med og gi rettleiing om openheitslova, somskal fremje respekten til verksemder for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i vareproduksjon og levering av tenester.

I tillegg har Forbrukartilsynet med verknad frå 1. januar 2023 fått ansvar for å føre tilsyn med forbodet som den nye pengespellova har mot pyramidespel.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter hos Forbrukartilsynet i tillegg til godtgjersle m.m. til medlemmene av Forbrukarklageutvalet.

BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner som bidrag til å dekkje inn den føreslåtte auken i løyvinga på kap. 860, post 50, for at Forbrukarrådet framleis kan representere forbrukarsida i dei bransjevise klagenemndene på ein god måte.

Departementet føreslår ei løyving på 134,8 mill. kroner i 2024.

Kap. 3868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Diverse inntekter

40

02

Tilskot

3 137

2 629

2 745

Sum kap. 3868

3 177

2 629

2 745

Post 02 Tilskot

Departementet føreslår ei løyving på 2,7 mill. kroner i 2024. Løyvinga svarer til det pårekna tilskotet frå EU til Forbrukar Europa.

Programkategori 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

Hovudinnhald og prioriteringar

Grunnlaget for trus- og livssynspolitikken er Grunnlova § 16:

Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving. Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.

Trus- og livssynsfridommen er ein grunnleggjande verdi og menneskerett i eit demokratisk samfunn. Staten skal verne om denne fridommen og leggje til rette for at alle innbyggjarane kan praktisere trua si eller livssynet sitt.

Plikta staten har til å støtte Den norske kyrkja som evangelisk-luthersk folkekyrkje, inneber fyrst og fremst å leggje økonomisk, rettsleg og organisatorisk til rette for at Den norske kyrkja «står ved lag» som folkekyrkje. Føresegnene om Den norske kyrkja er fastsette som ei rammelov i eit eige kapittel i trussamfunnslova. Meir detaljerte føresegner om organiseringa og verksemda til kyrkja gir kyrkja sjølv i kyrkjeordninga. Føresegna om at alle trus- og livssynssamfunn skal bli «stødde på lik line», må sjåast i samanheng med pliktene staten har overfor folkekyrkja. Dette inneber mellom anna ei plikt til å materielt støtte trus- og livssynssamfunna, også i form av tilskot.

Som følgje av dette er reglane i trussamfunnslova utforma slik at trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja kan krevje eit årleg statstilskot som om lag svarer til dei offentlege tilskota som Den norske kyrkja får, rekna per medlem. Tilskota skal medverke til at medlemmene i trus- og livssynssamfunna kan få praktisert trua eller livssynet sitt i fellesskap. Trus- og livssynssamfunna har dessutan ei viktig rolle i å skape fellesskapar og gode lokalmiljø. Mange samfunn medverkar til å byggje bru mellom ulike kulturar og er aktive bidragsytarar til det frivillige arbeidet. Under Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja kap. 881, post 70, er det gjort nærare greie for dette og for tilskotsordninga.

Dei offentlege tilskota som Den norske kyrkja får, kjem delvis frå staten og delvis frå kommunen. Staten finansierer prestetenesta og dei sentrale og regionale kyrkjelege organa, medan kommunane finansierer kyrkjebygga og den kyrkjelege verksemda lokalt. Samla skal finansieringa leggje til rette for at kyrkja held fram som ei landsdekkjande folkekyrkje med ei sterk lokal forankring, slik at medlemmer av kyrkja kan gå til gudsteneste og ta del i andre kyrkjelege tenester der dei bur. Ved å vere til stades i alle lokalsamfunn er kyrkja ein viktig bidragsytar til det frivillige arbeidet blant barn og ungdom, ikkje minst innanfor trusopplæringa, diakonien og det lokale musikk- og kulturlivet. Skal kyrkja vere ei lokalt forankra folkekyrkje i alle delar av landet, må prestetenesta alle stader ha gode rammevilkår og dei mange kyrkjebygga haldast ved like. Under Den norske kyrkja er det gjort nærare greie for dette.

Grunnlova § 16 tydeleggjer slik ansvaret staten har for å føre ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk, gjennom finansiering og lovgiving. Den aktivt støttande politikken legg vidare grunnlaget for eit livssynsope samfunn, der trus- og livssynssamfunna har ein naturleg plass. Retten til å skipe trus- og livssynssamfunn er ein grunnleggjande del av både religionsfridommen og forsamlingsfridommen og ein føresetnad for eit demokratisk samfunn.

Trus- og livssynsmangfaldet i Noreg har auka dei siste tiåra. Mangfaldet er ein styrke for det norske samfunnet, men gjer det òg naudsynt med trus- og livssynsdialog og meir kunnskap om tru og livssyn og om dei ulike samfunna. Det er etablert paraplyorganisasjonar for dei ulike trus- og livssynssamfunna. Departementet ser det som viktig å gi støtte til det brubyggjararbeidet som desse organisasjonane driv, og til andre tiltak som kan styrkje trus- og livssynsdialogen.

Omsynet til gode ordningar gjer at det er viktig å jamleg vurdere justeringar i regelverket og tilskotsordningane for trus- og livssynssamfunn. Dette er nærare omtalt under Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja.

Opplysningsvesenets fond vart skipa ved lov i 1821. Det meste av dette godset er avhenda, men fondet er framleis mellom dei største grunneigarane i landet og har etter måten ein stor finanskapital. Eigedomsretten til fondet har vore eit omstridd spørsmål sidan fondet vart skipa. Sjølvstendiggjeringa av Den norske kyrkja som eige trussamfunn, skilt frå staten, aktualiserte behovet for å ta stilling til dette, og Stortinget vedtok i 2019 at verdiane i fondet skulle delast mellom staten og kyrkja, jf. Innst. 209 S (2019–2020). Eigedommar av særskild verdi for Den norske kyrkja er det vedteke å overføre til kyrkja som eigar. Andre eigedelar, som utgjer størstedelen av verdiane i fondet, er staten blitt eigar av, mot at staten aukar innsatsen tilsvarande for å setje i stand og sikre dei innpå 1 000 kulturhistorisk viktige kyrkjebygga i landet. Avgjerda om kva eigedommar som skal overførast til Den norske kyrkja er gjord, og praktisk førebuing for å overføre eigedommar til kyrkja er i gang. Korleis staten skal leggje til rette for at verdiane på staten si hand skal gi kommunane hjelp til å setje i stand og sikre dei kulturhistorisk viktige kyrkjene i tråd med stortingsvedtaka i saka, er nærare omtalt under Kyrkjebygg.

Dei offentlege gravplassane er for alle. Det er kommunane som har det økonomiske ansvaret for gravplassane, medan lokale organ for Den norske kyrkja står for forvaltinga dei fleste stadene. I takt med samfunnsutviklinga er det viktig å sjå på behovet for å revidere regelverket og ha kunnskap om korleis gravplassane blir drifta og forvalta. Med bakgrunn i dette er det gjort endringar i gravplasslova dei seinare åra. Temaet er nærare omtalt under overskrifta Gravplassane og i omtalen av kap. 882.

Covid-19-pandemien prega verksemda i trus- og livssynssamfunna også i starten av 2022. Trus- og livssynssamfunna har gradvis gått tilbake til eit normalt aktivitetsnivå, men som for resten av frivilligheita har det vore utfordringar når det gjeld å få folk tilbake til arrangement og aktivitetar etter pandemien. Sjå nærare omtale av dei ekstraordinære tilskota i 2022 under Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja.

Mål

BFD har for 2024 desse måla på trus- og livssynsområdet:

Mål

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje.

  • Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal forvaltast effektivt og leggje til rette for eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

  • Kulturhistorisk viktige kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand.

  • Eigedelane i Opplysningsvesenets fond skal forvaltast effektivt og gi best mogleg avkasting.

  • Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i tråd med eigenarten sin.

Måla og bakgrunnen for dei er nærare omtalte nedanfor under Resultatrapport og strategiar. Målet for Opplysningsvesenets fond er omtalt i samband med den generelle orienteringa om Opplysningsvesenets fond som kjem etter postomtalen.

Resultatrapport og strategiar

I denne delen blir det gjort greie for gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2022 og fyrste halvåret i 2023, og for planlagde tiltak i 2024.

Den norske kyrkja

Etter grunnlovsendringar i 2012 og lovendringar i 2017 fekk Den norske kyrkja ei rettsleg sjølvstendig stilling overfor staten. Den norske kyrkja har fått mynde til å ta avgjerder på eige og fritt grunnlag, mellom anna om korleis kyrkja skal organisere seg, og om korleis dei kyrkjelege vala bør leggjast opp. 1. juli 2023 vart føresegna i Norske Lov frå 1687 om læregrunnlaget til Den norske kyrkja oppheva. Læregrunnlaget går frå no av fram av kyrkjeordninga vedteken av Kyrkjemøtet, ikkje av statleg regelverk.

Staten og kommunane finansierer Den norske kyrkja. Dei offentlege løyvingane til kyrkja over kommunebudsjetta og statsbudsjettet blir ikkje fastsette etter medlemstalet i kyrkja, men er til vurdering kvart år i Stortinget og i kommunestyra. Staten finansierer prestetenesta og den regionale og sentrale kyrkjeadministrasjonen (Kyrkjerådet og bispedømmeråda), tilskot til trusopplæringa og diakonale tiltak i kyrkjelydane. Kommunane har det økonomiske ansvaret for mellom anna drifta og vedlikehaldet av kyrkjebygga og dei offentlege gravplassane.

Finansieringa av Den norske kyrkja skal leggje til rette for at kyrkja framleis kan vere ei folkekyrkje med ei sterk lokal forankring. Dei som er medlemmer av kyrkja, skal kunne ta del i gudstenester og kyrkjelege handlingar der dei bur. Ei folkekyrkje er kjenneteikna av at folk sluttar opp om kyrkja, og at ho er synleg i lokalsamfunna, både som trussamfunn og som kulturberar. Dette byggjer på at prestetenesta har gode vilkår, og at kyrkjebygga blir haldne i hevd. Det er òg viktig at dei kyrkjelege organa har legitimitet og forankring hos medlemmene. Då er det ein føresetnad at det blir gjennomført demokratiske val i kyrkja.

Oppgåva til staten er å gi kyrkja høvelege rettslege rammer og føreseielege økonomiske rammer for arbeidet sitt, slik at kyrkja kan halde fram som ei demokratisk folkekyrkje. Strategiar og tiltak for å nå målet må kyrkja sjølv forme ut.

På bakgrunn av dette har departementet sett dette målet for løyvingane til Den norske kyrkja:

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje.

Den norske kyrkja er organisert i 1 162 sokn. Det blir regelmessig halde gudstenester i dei om lag 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja. Ei landsdekkjande presteteneste er eit vilkår for at Den norske kyrkja framleis skal vere ei folkekyrkje. Talet på årsverk i prestetenesta var 1 334 i 2021 og 1 331 i 2022.

I 2022 var dei samla offentlege tilskota til Den norske kyrkja på om lag 6,38 mrd. kroner. Over statsbudsjettet vart det løyvd om lag 2,32 mrd. kroner, medan kommunane løyvde om lag 4,06 mrd. kroner.

Rekneskapen for den delen av Den norske kyrkja som staten finansierer, det vil seie den rettslege eininga som vart oppretta då Den norske kyrkja vart skild ut frå staten 1. januar 2017, viser eit overskot på om lag 1,2 mill. kroner i 2022. Eigenkapitalen ved årsskiftet 2022–2023 var på 372,9 mill. kroner. Etter at den nye kyrkjelege eininga vart oppretta, har det i regi av Kyrkjerådet vore arbeidd mykje med å forenkle og effektivisere dei administrative funksjonane på regionalt og sentralt nivå.

Dei kommunale løyvingane til Den norske kyrkja blir disponerte av det kyrkjelege fellesrådet i kommunen, som er eit fellesorgan for kyrkjelydane (sokna). Fellesråda har òg andre inntekter, mellom anna frå utleige av kyrkjebygga og avgifter dei kan krevje etter gravplasslova. Tabell 4.6 nedanfor viser utviklinga i inntektene og utgiftene til fellesråda frå 2021 til 2022.

2022 var dels prega av covid-19, mange flyktningar frå Ukraina og auka prisar på straum og mat. Som følgje av dette vart det i løpet av året gjort ekstraordinære løyvingar til trus- og livssynssamfunn inkludert Den norske kyrkja.

I januar 2022 vart det løyvd 9,5 mill. kroner i ekstra midlar til digitale arrangement og tiltak retta mot sårbare barn, unge og eldre i regi av trus- og livssynssamfunna, jf. Prop. 51 S (2021–2022). Den norske kyrkja fekk 4 mill. kroner av dette.

Som følgje av auka prisar på straum og mat vart det i desember 2022 løyvd 7 mill. kroner for å bidra til ei god førjulstid for vanskelegstilte, jf. Prop. 17 S (2022–2023). Midlane vart nytta til arrangement i juletida, utdeling av matposar til familiar og julegåver til barn. 4 mill. kroner vart fordelte til Den norske kyrkja. Sjå òg omtale under Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja.

I 2022 vart det vidare løyvd 30 mill. kroner til ei mellombels straumstøtteordning for kyrkjer i Den norske kyrkja. Målet med ordninga var å leggje til rette for opne kyrkjer og normal aktivitet i kyrkjene i advent- og julehøgtida, trass høge straumprisar, slik at folk kunne få ei fin høgtid. Ordninga gjaldt for områda med høgast straumprisar, det vil seie sør for Dovre og Sognefjorden. Tilskotsmidlar vart fordelte ut frå talet på sokn per fellesråd. Fellesråda kunne søkje om inntil 45 000 kroner per sokn. Tilskota vart utbetalte i desember 2022.

Tabell 4.6 Inntektene og utgiftene til dei kyrkjelege fellesråda 2021–2022

(i mill. kroner)

2021

2022

Endring frå 2021 i pst.

Driftsinntekter

5 082

5 328

4,8

Driftsutgifter

5 027

5 210

3,6

Investeringsinntekter

973

1 016

4,4

Investeringsutgifter

1 044

1 116

6,9

Kjelde: Rekneskapstal som fellesråda har rapportert til Statistisk sentralbyrå

Driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda auka med 246 mill. kroner frå 2021 til 2022, medan driftsutgiftene auka med 183 mill. kroner. Netto driftsresultat, som viser driftsoverskotet etter at renter og avdrag er betalte, var for fellesråda samla på 93 mill. kroner i 2022, mot 15 mill. kroner i 2021.

Av driftsinntektene til fellesråda var dei kommunale overføringane på 3,43 mrd. kroner i 2022. Frå 2021 var det ein auke på 4,1 prosent. Auken er mindre enn lønns- og prisveksten i kommunesektoren, som for same perioden var på 6,7 prosent.

Det vart overført 637 mill. kroner, i hovudsak frå kommunane, til å dekkje investeringsutgiftene til fellesråda i 2022, mot 608 mill. kroner i 2021.

Dei mest brukte måltala for tilslutnaden til Den norske kyrkja som folkekyrkje er utviklinga i talet på medlemmer, oppslutnaden om kyrkjelege handlingar (dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd) og talet på gudstenester og gudstenestedeltaking. Tabellen under viser tal for 2022 og utviklinga frå 2021 til 2022.

Tabell 4.7 Nøkkeltal for oppslutnaden om Den norske kyrkja i 2022

2022

Endring frå 2021

Medlemmer1

3 500 438

-22 120

Del av befolkninga (pst.)

63,7

-1,2

Innmelde

2 474

+ 97

Utmelde

16 554

+ 1 700

Døypte

28 577

+ 1 504

Døypte av talet på fødde (pst.)

55,3

+8,7

Konfirmerte

32 716

-896

Konfirmerte av alle 15-åringar (pst.)

49,8

-1,8

Konfirmerte av 15-åringar som er medlem av kyrkja (pst.)

78,4

-0,6

Vigslar

7 394

+2 474

Gravferder

38 066

+ 2 927

Del av alle gravferder totalt (pst.)

83,2

-0,7

Deltakarer på alle gudstenester (digitale gudstenester er ikkje inkluderte)

4 199 104

+1 838 276

1 109 000 tilhøyrande er frå 1. januar 2021 ikkje medrekna i medlemstalet.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og medlemsregisteret til Den norske kyrkja

Statistikken for 2022 viser at kyrkja no har eit aktivitetsnivå som liknar 2019, altså før pandemi og smitteverntiltak.

Talet på døypte og vigslar har ein markant oppgang frå 2021. Vigslar har ein auke på nærare 50 prosent frå 2021 og kan nok forklarast med at mange vigslar i 2020 og 2021 var utsette. Dåpsprosenten har òg hatt ein stor auke i 2022, men forklaringa her er nok meir samansett. Ein del valde å utsetje dåpen, og det er derfor fleire fødde i 2020 og 2021 som vart døypte i 2022. Men Dnk peiker på fleire forklaringar til det auka dåpstalet. Talet på døypte var på veg opp i nokre bispedøme før pandemien. Dnk har hatt dåp som satsingsområde i fleire år og kan vise til markant auka oppslutnad der dei har sett inn tiltak.

Kyrkjelege seremoniar ved gravferder har ein liten auke frå 2021 til 2022. Delen unge som konfirmerer seg, er stabil. 78,4 prosent av medlemmene vel å konfirmere seg. Det er heller inga vesentleg endring i talet på innmeldingar og utmeldingar.

Talet på gudstenester og talet på deltakarar har som venta stor framgang frå 2021. Dette kjem av at det frå februar 2022 var mogleg å arrangere gudstenester og andre arrangement utan restriksjonar. Talet på gudstenester og deltakarar er nesten dobla frå 2021.

Trusopplæringa i kyrkja er eit systematisk og samanhengande tilbod til alle døypte fram til dei fyller 18 år. Oppslutnaden i 2022 viser at ein ikkje har komme på same nivået som før pandemien. Hausten 2022 vart det utarbeidd ein overordna del for «Plan for kirkelig undervisning og læring». Denne er på høyring i 2023 og vil bli handsama på Kyrkjemøtet i 2024.

Rekrutteringa til prestetenesta er ei utfordring for kyrkja. Det er krevjande å få tilsett prestar i ledige stillingar, og fleire stillingar står ledige over tid. Men rekrutteringa til teologistudia har stabilisert seg, og ein har òg tilgang til prestar frå andre verksemder. Dessutan vel fleire presteyrket som andre karriere. Det er lagt til rette for at ein no kan gå inn i presteteneste med anna erfaring og anna utdanning enn embetseksamen i teologi.

I 2023 var det val i kyrkja i samband med kommunevalet. Kyrkja fører vidare systemet med fleire lister ved val av bispedømmeråd. Det var òg for fyrste gong mogleg å førehandsstemme digitalt.

Det er Kyrkjemøtet som har ansvaret for å forme ut strategiar og tiltak for å nå måla departementet set for løyvinga. I 2022 gjorde Kyrkjemøtet eit prinsippvedtak om organisering av Dnk, medan det vart gjort eit nytt vedtak av Kyrkjemøtet 2023, som inneber at den noverande arbeidsgivarorganiseringa skal behaldast, utviklast vidare ved fellestenester, kulturbygging og avtalar om forpliktande samarbeid. Kyrkjerådet legg opp til at det skal fremjast sak om organisering òg for Kyrkjemøta i 2024 og 2025.

Den norske kyrkja vil gjennom eit større digitaliseringsarbeid utvikle fleire digitale fellesløysingar som gjer kyrkja sine tenester lettare tilgjengelege og arbeidskvardagen enklare, og som styrkjer samhandlinga i kyrkja.

Overføring av kyrkjelege eigedommar til kyrkja og bevaringsprogrammet for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg er òg viktige saker for kyrkja i åra som kjem.

I 2024 vil Den norske kyrkja framleis konsentrere seg om rekruttering, dåp og trusopplæring, samstundes som ein vil rette meir merksemd mot gravferdsseremonien i kyrkja.

Sjømannskyrkja

Sjømannskyrkja har per i dag 28 utestasjonar. Sjømannskyrkja har gudstenester og gjennomfører kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon og vigsel. Dei er kyrkjelege, sosiale og kulturelle møteplassar for nordmenn i utlandet. Kyrkja har eit omfattande diakonalt arbeid og hjelper Utanriksdepartementet og næringslivet med sin spesialkompetanse på kriseberedskap. Mange sa opp stillinga si ved utestasjonane under pandemien. I 2022 hadde Sjømannskyrkja 163 tilsette. Talet på frivilligheitstimar auka samanlikna med 2019, og det utgjer 38 årsverk. Men det er framleis lågare oppslutnad om aktivitetar og kyrkjelege handlingar enn før pandemien. Sjølv om restriksjonar vart oppheva både heime og ute, har reisemønstera endra seg både for turistar, verksemder og studentar.

Sjømannskyrkja ønskjer å tilpasse seg denne situasjonen, mellom anna ved å auke dei ambulerande tenestene ut frå sjømannskyrkjene. Per no har kyrkja 5 sjømannsprestar for studentar og 6 mobile einingar med 25 tilsette, 7 sjømannsprestar offshore og 2 sjømannsprestar som vitjar skip i Noreg. Desse kan leggje til rette for einskildmøte og samlingar der nordmenn oppheld seg over ei viss tid i samband med studium, arbeid eller ferie.

Departementet føreslår å føre vidare tilskotet til Sjømannskyrkja i 2024.

Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja

Det religiøse livet i Noreg er i dag prega av ein sterk kristen kulturarv på den eine sida og eit større trus- og livssynsmangfald og meir sekularisering på den andre sida. I lys av denne utviklinga er det viktig med ein heilskapleg og aktivt støttande trus- og livssynspolitikk. Dei rettslege og økonomiske rammene skal, så langt det er mogleg og innanfor dei rammene som menneskerettane og Grunnlova § 16 set, leggje til rette for at alle kan utøve trua si eller livssynet sitt.

Departementet har sett dette målet for tilskotsordninga for trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja:

  • Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal forvaltast effektivt og leggje til rette for eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

Trussamfunnslova som tok til å gjelde 1. januar 2021, har medverka til å forenkle tilskotsforvaltinga, mellom anna ved at staten har teke over dei kommunale utbetalingane. Lovgivinga og tilskotsordninga er no i større grad i takt med utviklinga og mangfaldet av trusretningar og livssyn i Noreg. Grunnlaget for tilskota er i hovudsak som før, det vil seie at alle trus- og livssynssamfunn skal støttast på lik linje og kunne krevje offentleg støtte dersom dei fyller visse vilkår. Eit viktig mål for den offentlege støtta til samfunna er å støtte opp under det livssynsopne samfunnet. Både finansiering av, kontroll med og innsyn i religiøse samfunn er viktige offentlege oppgåver.

Departementet har sendt på høyring forslag til endringar i trussamfunnslova, som ei oppfølging av Hurdalsplattforma. I høyringsnotatet føreslår departementet at dersom eit trus- eller livssynssamfunn, eller einskilde personar som opptrer på vegner av samfunnet, motarbeider den demokratiske styreforma, kan samfunnet nektast tilskot eller tilskotet kan avkortast. Departementet føreslår òg at trus- og livssynssamfunn som krev tilskot frå staten, skal stadfeste skriftleg at samfunnet vil jobbe for å oppnå minst 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i dei styrande organa som forvaltar tilskotet. Departementet har i høyringa også bede om innspel på eit forslag om å innføre eit krav om høgare tal på medlemmer for at eit trus- eller livssynssamfunn skal kunne registrerast og få tilskot.

Departementet tek sikte på å utarbeide ei rettleiing for trus- og livssynssamfunna om trussamfunnslova og forskriftene til denne og anna relevant lov- og regelverk for samfunna.

Departementet har innhenta ei oversikt frå Statsforvaltarens fellestenester, som viser at 22 av 703 samfunn som har sendt inn årsrapport for 2022, opplyser at dei har fått til saman 50 000 kroner eller meir i bidrag frå ein eller fleire givarar i eit anna land enn Noreg. Desse tala er noko usikre. Av dei 22 samfunna er 16 kristne og 5 muslimske. Oversikta seier ikkje noko om kva land bidraga kjem frå, eller om givarane er private eller statlege. Det fyrstnemnde skal samfunna opplyse om i note til rekneskapen dei sender til statsforvaltaren, jf. trussamfunnsforskrifta § 13 tredje ledd. Kjem bidrag frå eit land der staten ikkje respekterer retten til trus- og livssynsfridom, kan statsforvaltaren krevje at samfunnet informerer om kven givarane er, og storleiken på det respektive bidraget.

Den digitale løysinga som trus- og livssynssamfunn skal nytte til krav om tilskot, registreringssøknader med meir, har blitt vidareutvikla og forbetra både i 2021 og 2022, men erfaringane viser at det er behov for å halde fram med dette arbeidet.

I 2022 vart det utbetalt 937,6 mill. kroner i statleg tilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, utrekna etter ein sats på 1 353 kroner per medlem. Til samanlikning var det samla tilskotet frå staten i 2021 853,1 mill. kroner. Auken på nær 84,5 mill. kroner kjem av eit høgare tilskotsbeløp per medlem i 2022 enn i 2021 og av at det samla talet på tilskotsteljande medlemmer auka med meir enn 20 000 frå 2021 til 2022. Talet på trus- og livssynssamfunn har også gått opp. I 2022 var det 739 samfunn som søkte om registrering og/eller fremja krav om tilskot, mot 724 i 2021. Dei 739 samfunna hadde i alt 700 000 tilskotsteljande medlemmer.

Samfunn med færre enn 50 teljande medlemmer har ikkje rett til tilskot. Blant dei 739 samfunna som fremja krav om tilskot og/eller søkte om registrering i 2022, hadde 24 samfunn færre enn 50 teljande medlemmer, ifølgje den samla kontrollen av medlemslistene til samfunna. Dei 24 samfunna med færre enn 50 teljande medlemmer hadde til saman om lag 1 000 teljande medlemmer.

Tabell 4.8 Medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, fordelte på religion/livssyn1

2009

2016

2022

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Buddhisme

12 252

2,8

18 817

3,0

21 996

3,1

Hinduisme

5 238

1,2

8 882

1,4

12 640

1,8

Islam

92 744

21,5

148 189

23,8

176 089

25,1

Kristendom

234 772

54,4

349 083

56,1

373 652

53,4

Andre religionar

5 157

1,2

7 313

1,2

8 444

1,2

Livssyn

81 124

18,8

89 758

14,4

106 807

15,3

I alt

431 287

100,0

622 042

100,0

700 369

100,0

1 Tabellen gjeld talet på tilskotsteljande medlemmer i trus- og livssynssamfunn.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Som det går fram av tabellen ovanfor, har det vore ein stor auke i talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja frå 2009 til 2022. Om lag 78 prosent av befolkninga er anten medlem av Den norske kyrkja eller teljande medlem i eit anna trus- eller livssynssamfunn. Om lag 13 prosent av befolkninga er teljande medlem i eit trus- eller livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Den delen av befolkninga som ikkje er medlem av noko samfunn, er aukande.

Buddhistiske, hinduistiske og muslimske trussamfunn har hatt størst prosentvis auke i perioden 2009–2022. Til saman utgjorde medlemmene i desse nær ein tredjedel av alle teljande medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja i 2022. Ein fjerdedel av alle medlemmer i samfunn utanom Den norske kyrkja høyrer til eit muslimsk trussamfunn. Meir enn 50 prosent av medlemmene i samfunn utanom Den norske kyrkja høyrer til blant kristne trussamfunn. Delen som høyrer til kristne samfunn, har halde seg ganske stabil i perioden 2009–2022, men talet på medlemmer i desse samfunna har auka med nær 60 prosent.

Dei organisasjonane som er etablerte som paraplyorganisasjonar for trus- og livssynssamfunna, har ei viktig oppgåve med å auke kunnskapen om dei ulike religionane og livssyna, både mellom samfunna og ut mot sivilsamfunnet. Eit særtrekk ved den norske trus- og livssynsdialogen er at han femner om både religiøse og sekulære livssyn. Paraplyorganisasjonane skaper dialog og samarbeid på tvers av livssyn og er viktige dialogpartnarar for offentlege styresmakter i ulike spørsmål.

Departementet gav 5,1 mill. kroner i driftstilskot til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) og 3,9 mill. kroner til Norges Kristne Råd i 2022. Muslimsk dialognettverk fekk 1 mill. kroner i driftstilskot og er frå 2022 rekna som ein av paraplyorganisasjonane.

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn fekk i 2022 i tillegg 300 000 kroner til eit kursopplegg for å styrkje kunnskapen om negativ sosial kontroll i trus- og livssynssamfunn, både internt i trussamfunna og i hjelpetenestene. Organisasjonen fekk òg tilskot for å leggje til rette for dialog mellom trus- og livssynssamfunn, LHBT+-organisasjonar og organisasjonar for skeive religiøse som opplever utfordringar i trus- og livssynssamfunn. Tilskotet er vidareført i 2023, til oppfølging av regjeringa sin handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfald (2023–2026).

Det samla tilskotet til dialogtiltak, som blir tildelt etter søknad, var på 4,8 mill. kroner i 2022, fordelt på 24 søkjarar. Fleire av søknadene omfatta fleire prosjekt og var eit samarbeid mellom ulike organisasjonar og trussamfunn. Dei fleste prosjekta handla om dialog og kunnskapsutvikling, men òg sosiale tiltak og undersøkingar fekk tilskot. I 2023 vart driftstilskotet til paraplyorganisasjonane auka, og det vart lyst ut 3,2 mill. kroner til dialogtiltak. Tilskota til paraplyorganisasjonane STL, Norges Kristne Råd og Muslimsk dialognettverk er føreslått vidareført i 2024, med ein auke i tilskot til Muslimsk dialognettverk på 0,5 mill. kroner samanlikna med 2023. Det er òg føreslått å føre vidare tilskotet til STL sitt arbeid mot negativ sosial kontroll og for dialog mellom trus- og livssynssamfunn og LHBT+-organisasjonar om utfordringar i møte med trus- og livssynssamfunn i 2024.

I januar 2022 vart det løyvd 78 mill. kroner til tiltak i regi av frivilligheita for barn, unge og sårbare grupper, og 9,5 mill. kroner av desse vart fordelte til trus- og livssynssamfunna. Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn ogNorges Kristne Råd fekk 2,25 mill. kroner kvar, og Muslimsk dialognettverk fekk 1 mill. kroner. Det meste av tilskota vart fordelt vidare til lokale organisasjonar, og dei rapporterer om gjennomføring av ei stor breidd av arrangement på bakgrunn av løyvingane.

Som følgje av auka prisar på straum og mat vart det i desember 2022 løyvd 7 mill. kroner for å bidra til ei god førjulstid for vanskelegstilte, jf. Prop. 17 S (2022–2023). Midlane skulle nyttast til arrangement i juletida, utdeling av matposar til familiar og julegåver til barn. 1,75 mill. kroner gjekk til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, 0,75 mill. kroner til Muslimsk Dialognettverk og 0,5 mill. kroner til Norges Kristne Råd. Paraplyorganisasjonane fordelte midlane vidare til medlemsorganisasjonane sine. Midlane elles gjekk til Den norske kyrkja.

Kyrkjebygga

Kyrkjene er ein viktig del av den norske kulturarven. Dei fortel om opptil 1 000 års kulturhistorie og viser noko av det fremste nasjonen har produsert innan arkitektur, kunst og handverk. Saman med gravplassane rundt er dei kjelder til oppleving og kunnskap. Dei fortel om religiøst liv som er levd, om stilhistorie, handverkstradisjonar og materialbruk opp gjennom tidene. Samstundes er dei fleste kyrkjene framleis i aktiv bruk av kyrkjelyden og som samlingsstad rundt høgtider i livet, men også som konsertarena, øvingslokale for lokale kor, organisasjonar m.m. For mange er kyrkja ein stad der ein kan søkje trøyst eller samhald etter store ulukker og andre kriser som rammar samfunnet eller den einskilde.

Av dei om lag 1 630 kyrkjebygga vi har her i landet, er nær 1 000 freda eller peikte ut som kulturhistorisk viktige (såkalla listeførte kyrkjer). Dei fleste er det sokna i Den norske kyrkja som eig. I tillegg er nokre i privat eige. Fortidsminneforeininga eig ein del kyrkjer, og nokre er eigde av stiftelsar og museum. Forvaltinga av desse bygga må ta høgd både for kyrkjelege behov og interesser og for nasjonale og lokale kulturmiljøomsyn. Barne- og familiedepartementet og Klima- og miljødepartementet har saman gitt nærare reglar og rettleiing om forvalting av kulturmiljøverdiane i rundskriv Q-06/2020.

Det er kommunen som har det økonomiske ansvaret for drifta og vedlikehaldet av kyrkjebygga. Den daglege forvaltinga er det fellesorganet for sokna som har ansvaret for. Det er ei utfordring at mange av kyrkjene har eit stort etterslep i vedlikehaldet og ikkje er godt nok sikra mot brann. Dette gjeld òg for dei eldste kyrkjene, sjølv om den samla innsatsen for å ta vare på kyrkjebygga har vore stor dei seinare åra.

For å komme vedlikehaldsetterslepet i møte har staten gjennom mange år gitt kommunar tilskot til istandsetjingsprosjekt, i perioden 2005–2019 i fyrste rekkje gjennom rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg. Frå 2019 har det over budsjettet til BFD vore gitt tilskot til restaurering av kyrkjer av særleg kulturhistorisk verdi på kap. 882, post 61. Tilskota er forvalta av Riksantikvaren og er nærare omtalte under. Innsatsen har likevel ikkje vore stor nok til å dekkje inn eit aukande etterslep i vedlikehaldet og slik sikre den kulturhistoriske arven som desse bygga representerer. Stortinget har derfor vedteke at staten skal ta eit større ansvar for å sikre dei kyrkjene som har størst kulturminneverdi.

Som ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak om deling av verdiane i Opplysningsvesenets fond vil det med verknad frå 2024 komme ein bevaringsstrategi for ein forsterka statleg innsats for dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga. Planen for dette arbeidet er gjort greie for i eit eige punkt under.

Departementet har med bakgrunn i dette sett dette målet for kyrkjebygga:

  • Kulturhistorisk viktige kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand.

Dei årlege investeringsutgiftene i kyrkjebygga har lenge lege på rundt 600–700 mill. kroner, men har auka noko dei tre siste åra. I 2022 var investeringane på 789 mill. kroner, mot 776 mill. kroner i 2021. Auken kan ha samanheng med auka statleg satsing på kyrkjevedlikehald gjennom tilskotsordninga på kap. 882, post 61, som også krev kommunal eigendel. Sidan 2019 har det ikkje vore noka ny investeringsramme i rentekompensasjonsordninga. I 2022 vart det utbetalt rentekompensasjon på 21,9 mill. kroner.

Dei fem siste åra har innsatsen med å ta hand om dei kulturhistorisk viktige kyrkjene blitt styrkt gjennom tilskotsordninga på budsjettet til BFD. Dette er ei tilskotsordning som Riksantikvaren forvaltar i samarbeid med Den norske kyrkja. Midlane skal gå til brannsikring, klimasikring og istandsetjing av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, men ikkje til vanleg vedlikehald.

Til saman har det desse siste fem åra vore løyvd om lag 240 mill. kroner til bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. For midlane som er lyste ut i 2023 (38,9 mill. kroner), skulle minst halvparten gå til mellomalderkyrkjer i stein. Det er eit krav for tildeling at kommunen stiller med medfinansiering.

Delar av tilskota dei seinare åra har gått til å gjennomføre nærare tilstandsundersøkingar på eit utval kyrkjer. Det er også gitt tilsegn om midlar til å gjennomføre føreprosjekt på murverk på mellomalderkyrkjer i stein. Saman med kyrkjekontrollane som Hovedorganisasjonen KA har utført for alle kyrkjer sidan 2005 (den siste vart utført i 2021), byrjar ein etter kvart å ha eit godt kunnskapsgrunnlag for tilstanden på dei norske kyrkjene. Samla sett viser desse tilstandsvurderingane at det er mellomalderkyrkjene i stein som jamt over har dårlegast tilstand. Biletet er likevel ikkje eintydig, verken for grupper av kyrkjer eller einskilde kyrkjer. Dei nærare tilstandsundersøkingane har dessutan vist at kyrkjekontrollane særleg ikkje har fanga godt nok opp tilstanden på tak og tårn på kyrkjene. Dette viser både at det trengst nærare tilstandsundersøkingar, og at prioriteringa av kyrkjer i kommande bevaringsstrategi må byggje på kunnskap om kyrkjene.

Riksantikvaren rapporterer om at løyvingane er det største einskildløftet for vern av nasjonalt verdifulle kulturminne vi har, og at tilskota fungerer som katalysator for både dei kyrkjelege fellesråda og kommunane til å løyve pengar til å komme i gang med naudsynte tiltak. Innsatsen har likevel ikkje vore stor nok til å dekkje inn eit aukande etterslep i vedlikehaldet og slik sikre den kulturhistoriske arven som desse bygga representerer. Frå 2024 blir det i staden lagt opp til ei satsing gjennom den planlagde bevaringsstrategien for kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, sjå omtale under. Tilskotsordninga blir derfor ikkje vidareført i den noverande forma. Midlane blir omdisponerte til bevaringsstrategien.

Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg

I tråd med Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond og Stortingets vedtak i saka, jf. Innst. 209 S (2019–2020), skal staten auke innsatsen sin for å sikre dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga. Dette vil òg omfatte arbeid med steinkyrkjer frå mellomalderen fram mot 1 000-årsjubileet for slaget på Stiklestad, jf. Stortingets oppmodingsvedtak nr. 708 av 16. juni 2020 og Innst. 379 S (2019–2020).

Riksantikvaren i samarbeid med Den norske kyrkja vart i desember 2021 gitt i oppdrag å utarbeide forslag til bevaringsstrategi med tilhøyrande program for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. Tilrådingane vart overleverte departementet i desember 2022. Basert på desse vil regjeringa fastsetje ein bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg hausten 2023.

Strategien vil vere grunnlag for ei ny tilskotsordning på området og bruk av kyrkjebevaringsfondet, sjå nærare omtale under. Departementet legg opp til at hovudelementa i tilskotsordninga blir lagde fram for Stortinget i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2024.

Dei årlege løyvingane til føremålet skal også dekkje utgifter til administrasjon og forvalting av bevaringsprogramma. Regjeringa vil etablere ein administrasjon for bevaringsstrategien i Trondheim i 2024. Det blir lagt til grunn at i alle fall Riksantikvaren og Den norske kyrkja ved Kyrkjerådet og Hovedorganisasjonen KA skal delta i arbeidet med bevaringsstrategien, sjå forslag til løyvingar under nytt kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet, post 01 og 70.

Kyrkjebevaringsfondet

Staten er 1. januar 2023 blitt eigar av ei rekkje eigedelar som historisk har vore forvalta av Opplysningsvesenets fond, mot at verdiane, som tidlegare er anslått til å vere i storleiksorden 10 mrd. kroner (2023-kroner), blir brukte til eit statleg bidrag for istandsetjing av kyrkjer. Den endelege verdien av fondet blir berekna når arbeidet med å overføre eigedommar med meir til Den norske kyrkja er ferdig. Dette arbeidet skjer no.

Det blir lagt til grunn at forpliktinga om å føre tilbake verdien av staten sin del av Ovf til kyrkjebygg, i tråd med bevaringsstrategien, skal gjerast over ein periode på 20–30 år, med ei opptrapping dei fyrste åra til opp mot 500 mill. kroner årleg. Tempoet i opptrappinga er avhengig av behova for istandsetjing og kapasiteten i marknaden til denne typen oppdrag. Dei statlege utgiftene til bevaringsstrategien vil bli finansierte gjennom eit kyrkjebevaringsfond som består av inntekter til staten frå Opplysningsvesenets fond. I dei åra kyrkjebevaringsfondet er for lite til å dekkje den årlege utbetalinga til bevaringsprogramma, blir det i tillegg løyvd midlar frå statsbudsjettet. Inntektene til staten frå Ovf skal øyremerkjast bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg også etter at forpliktinga er innfridd.

For å bidra til at ordninga blir føreseieleg for kyrkja, vil det, etter at verdien av staten sin del av Ovf er avklart, bli fremja forslag til Stortinget om tilsegnsfullmakt. Ho inneber at BFD kan pådra staten forpliktingar om tilskot til istandsetjing av kulturhistoriske kyrkjebygg tilsvarande verdien av staten sin del av Ovf med årlege utbetalingar på inntil 500 mill. kroner.

Samla, over år, skal verdien av det statlege bidraget svare til verdien av den delen av Opplysningsvesenets fond som staten vart eigar av 1. januar 2023. Dette er ei politisk forplikting som er gjord av Stortinget i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019), jf. Innst. 209 S (2019–2020). Samanhengen mellom verdien av den politiske forpliktinga og årlege løyvingar til føremålet skal presenterast i budsjettproposisjonen frå Barne- og familiedepartementet. Midlane skal gå til istandsetjing av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg og til å dekkje utgifter til forvalting og drifta av tilskotsordninga.

Administrasjonen av tilskotsordninga skal leggjast til Trondheim. Tilskota skal nyttast til å setje i stand nær 1000 kulturhistorisk viktige kyrkjebygg i heile landet. Det er viktig at arbeidet byggjer på fagkompetanse både hjå antikvariske styresmakter, Den norske kyrkja ved Kyrkjerådet og Hovedorganisasjonen KA. Arbeidet vil også dra vekslar på andre kulturminnefaglege miljø rundt om i landet, som til dømes bygnings- og kulturminnemiljøet på Røros.

Det økonomiske ansvaret for drift og vedlikehald av kyrkjene er framleis eit kommunalt ansvar etter trussamfunnslova. Dette vil bli teke omsyn til i utforminga av tilskotsordninga, jf. også Stortinget sitt vedtak i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019).

Regjeringa tek sikte på å gjere Opplysningsvesenets fond til eit aksjeselskap og overføre eigarstyringa til Nærings- og fiskeridepartementet. Det er då dette departementet som får ansvaret for mellom anna å utarbeide staten sine årlege utbytteforventingar, i tråd med prinsippa nedfelte i eigarskapsmeldinga (Meld. St. 6 (2022–2023)). Vurderinga av utbytte skal basere seg på forretningsmessige vurderingar, og uttaket skal ikkje gjere verdiane i selskapet ringare. Inntekter til staten frå aksjeselskapet skal vere øyremerkte bevaringsstrategien for istandsetjing av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. I tillegg skal det hentast ut overskotslikviditet frå Opplysningsvesenets fond før det blir ført over til Nærings- og fiskeridepartementet.

Gravplassane

Gravplassar og gravskikkar seier mykje om dei verdiane og den kulturen som historisk har prega landet, og om korleis samfunnet endrar seg over tid. Gravplassane er slik i ei særstilling som kulturmiljø fordi dei fortel historier om heile samfunn, slekter og einskildmenneske. Gravplassane frå mellomalderen har særskilt høg kulturmiljøverdi og er automatisk freda saman med samiske gravplassar frå år 1917 eller før.

Norsk gravferdstradisjon har vore prega av kristen kulturhistorie med ei sterk nasjonal kyrkje. Etter kvart som det kom andre trusretningar til, vart det vanleg at medlemmer av desse òg vart gravlagde på dei offentlege gravplassane. I Noreg har vi derfor i liten grad eigne gravplassar for ulike trusretningar. Det at alle kan bli gravlagde på dei offentlege gravplassane, uavhengig av tru eller livssyn, har blitt eit styrande og viktig prinsipp. Regelverket og drifta av dei offentlege gravplassane skal femne ulike behov når det gjeld religion og livssyn.

Det er viktig at dei offentlege gravplassane blir haldne ved like og forvalta i samsvar med eigenarten deira. Det inneber mellom anna at dei etterlatne og innbyggjarane generelt skal vere godt nøgde med den offentlege tenesteytinga, og at gravplassane blir tekne vare på som kulturlandskap og kulturminne. Utvalde graver og gravfelt frå ulike tidsperiodar bør bevarast for å synleggjere utviklingstrekk og ulik praksis gjennom tidene. Vern bør likevel, så langt det lèt seg gjere, ikkje hindre bruk. Forvaltinga av gravplassane må derfor vere både brukarvennleg og framtidsretta, samstundes som ein tek omsyn til kulturminneverdiane.

Departementet har med bakgrunn i dette fastsett følgjande mål for forvaltinga av dei offentlege gravplassane:

  • Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i samsvar med sin eigenart.

Undersøkingar viser at gravplassane i det store og heile er godt stelte, og at dei etterlatne og innbyggjarane generelt er godt nøgde med den offentlege tenesteytinga på området.

Det er Den norske kyrkja lokalt som etter lova har forvaltingsansvaret for gravplassane, om ikkje statsforvaltaren har fastsett at kommunen skal ha ansvaret. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå var det i 2022 tolv kommunar som stod for drifta/forvaltinga av gravplassane. Av desse har fem overteke forvaltingsansvaret fullt ut. I tillegg er det inngått lokale tenesteytingsavtalar med godt og vel ein tredjedel av kommunane.

Ansvaret som regional, statleg gravplasstyresmakt ligg til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. Her har ein bygd opp eit kompetansemiljø, som i tillegg til å handsame saker som regional gravplasstyresmakt skal rettleie lokale styresmakter og støtte departementet i arbeidet med kunnskapsinnhenting, statistikk og regelverksutvikling for gravplassektoren.

Gravplassane blir finansierte gjennom kommunale løyvingar og ved brukarbetaling. I 2022 hadde fellesråda 1 029 mill. kroner i driftsutgifter til gravplassforvaltinga, mot 996 mill. kroner i 2021. Investeringsutgiftene var på 341 mill. kroner, mot 262 mill. kroner i 2021. Investeringsutgiftene går mellom anna til å utbetre og utvide gravplassar. I tillegg kjem utgifter til gravplassforvalting i dei tolv kommunane som har teke over drifts- og/eller forvaltingsansvaret. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå var dei samla utgiftene til drift av gravplassane på 1 338 mill. kroner i 2022, mot 1 277 mill. kroner i 2021. Fordelt på talet på gravleggingar utgjer dette i snitt 29 241 kroner i driftsutgifter per gravlegging. I overkant av 41 prosent av utgiftene i 2022 vart finansierte gjennom betaling frå brukarane (mellom anna i form av festeavgift). Dette er ein auke på eitt prosentpoeng frå 2021.

I Noreg har det frå gammalt av vore tradisjon for kistegravlegging, men delen som vel kremasjon har auka gradvis og hadde i 2022 passert 47 prosent. Den høgaste delen finn vi ofte i eller nær dei store byane, men kremasjon aukar òg i mindre sentrale kommunar. I 2022 vart det for fyrste gong kremert meir enn 20 000 avlidne.

Urnenedsetjing er framleis den vanlegaste gravleggingsforma etter kremasjon, men statsforvaltarane, som har ansvar for å godkjenne søknader om oskespreiing, melder om ei aukande interesse for denne forma for gravlegging. Auken i talet på utleverte urner til oskespreiing stadfestar denne tilbakemeldinga. Sidan reglane for oskespreiing vart mjuka opp i 2012, har talet på urner utleverte til oskespreiing meir enn tredobla seg. I 2022 hadde talet for fyrste gong passert 900.

I 2022 er det arbeidd vidare med å digitalisere prosessen rundt livshendinga dødsfall og arv. Eit av måla er at vala etterlatne må gjere i samband med gravlegginga, kan skje digitalt og ikkje som i dag ved å fylle ut eit skjema på papir. Stortinget har med handsaminga av lovendringane i Prop. 55 L (2022–2023) gitt handsamingsgrunnlag og heimel til å dele data som er naudsynte for ta tenesta i bruk. Ein minimumsversjon har blitt testa på innbyggjarar og gravplasstyresmakter. Ein fyrste versjon vil truleg vere klar til bruk ved årsskiftet 2023–2024.

Digital gravferdsmelding blir utvikla av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet. Prosjektet har ei breitt samansett referansegruppe. I styringsgruppa sit mellom anna KS. Utviklingsarbeidet er finansiert av Medfinansieringsordninga til Digitaliseringsdirektoratet ut 2025.

Noreg i tusen år – Nasjonaljubileet 2030

Regjeringa ønskjer at 1 000-årsjubileet for slaget på Stiklestad blir ei nasjonal markering, der Museene Arven AS (tidlegare Stiklestad Nasjonale Kultursenter) skal vere navet i jubileet. Fram mot 2030 vil det vere ein jubileumsstafett med ulike tema og markeringar. Tusenårsmarkeringane skal skape engasjement, debatt og interesse for norsk historie og kulturarv i åra fram mot 2030. I 2023 var temaet «Ressurser og rikdom», og mottakarane av tilskot var «Tore Hunds rike», «Moster 2024» og «Valdres i 100 år».

I 2024 er temaet «Verdier i lovverket». Regjeringa føreslår tilskot til desse markeringane i 2024:

  • «Moster 2024», eit sjølvstendig 1 000-årsjubileum for innføringa av kristenretten i 1024. Jubileumsaktivitetane er mange, og hovudmålgruppa er barn og unge.

  • «Lagabøtejubileet Frosta 2024» er markeringa Frosta kommune og Frostatinget steller i stand for å markere Nasjonaljubileet 2030. Midlane skal gå til ei rekkje markeringar og aktivitetar for eit breitt publikum.

  • Arrangementet «Tusenårsstaden Gulatinget» skal mellom anna markere at Gulatinget er eit av dei eldste regionale lagtinga i Norden og vart samla gjennom 400 år frå om lag år 900 til år 1300.

Det blir også føreslått tilskot til «Midtnorsk Kultur- og Strikkefestival» for å arrangere ein festival i 2024 med temaa ull, garn og husflid i tusen år, til føreprosjekt til utvikling av eit tusenårsteppe, og til arrangement i regi av Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn.

I tillegg kjem tilskotet til sekretariatsoppgåver til Museene Arven AS (tidlegare Stiklestad Nasjonale Kultursenter). Regjeringa har sett ned ein nasjonal komité for Nasjonaljubileet 2030. Museene Arven AS er sekretariat for komiteen. Komiteen er sett saman på ein måte som dekkjer viktige delar av norsk samfunnsliv, og med personar som har kunnskap og evne til å bidra til at Nasjonaljubileet blir ei nasjonal markering. Den nasjonale komitéen hadde det fyrste møtet sitt i samband med markeringa knytt til Tore Hund sitt rike på Bjarkøy og Trondenes i juni 2023.

Det blir føreslått ei auka løyving på 4 mill. kroner i 2024.

Regjeringa arbeider òg med ein plan for å setje i stand steinkyrkjer frå mellomalderen fram mot tusenårsmarkeringa, jf. omtale om innsats under Kyrkjebygga over.

Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond er ein formuesmasse som blir forvalta av eit særskilt forvaltingsorgan under departementet. Stortinget vedtok i 2020 at verdiane i fondet skulle delast mellom Den norske kyrkja og staten. 1. januar 2023 vart staten eigar av fondet. Det er bestemt kva eigedommar Den norske kyrkja skal overta, og vilkåra for dette. Det vil likevel kunne ta noko tid før delinga er gjennomført. Den norske kyrkja og Opplysningsvesenets fond arbeider med delinga. I samsvar med Stortinget sitt vedtak om delinga vurderer regjeringa den framtidige forvaltinga av fondet. Dette er nærare omtalt i del I under Vedtak nr. 501, 14. april 2020.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

880

Den norske kyrkja

2 434 616

2 506 265

2 687 578

7,2

881

Tilskot til trussamfunn m.m.

978 148

1 038 539

1 130 772

8,9

882

Kyrkjebygg og gravplassar

85 249

171 154

125 824

-26,5

883

Kyrkjebevaringsfondet

20 636

100,0

Sum kategori 11.50

3 498 013

3 715 958

3 964 810

6,7

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

8 001

8 632

17 937

107,8

50–89

Overføringar til andre

3 490 012

3 707 326

3 946 873

6,5

Sum kategori 11.50

3 498 013

3 715 958

3 964 810

6,7

Kap. 880 Den norske kyrkja

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Rammetilskot til Den norske kyrkja

2 323 839

2 393 344

2 567 435

71

Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

110 777

112 921

120 143

Sum kap. 880

2 434 616

2 506 265

2 687 578

Post 70 Rammetilskot til Den norske kyrkja

Frå posten blir det løyvd eit rammetilskot til Den norske kyrkja. Tilskotet skal dekkje driftsutgifter og femner i hovudsak om prestetenesta og dei regionale og nasjonale organa til kyrkja. I tillegg skal tilskotet gå til mellom anna trusopplæringa og diakonien i kyrkjelydane. Det er Kyrkjemøtet som rår over tilskotet og gjer vedtak om korleis det skal nyttast. Tilskotet kan ikkje nyttast til å avlaste kommunane for dei utgiftene dei er pålagde etter trussamfunnslova § 14. Sjå òg omtale av mål, målgruppe, kriteria for måloppnåing og rapportering for tilskotet under Resultatrapport og strategiar.

I framlegget er det, som tidlegare år, innarbeidd midlar til pensjonspremie.

Departementet føreslår ei løyving på om lag 2,57 mrd. kroner i 2024.

Post 71 Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

Frå denne posten blir det gitt tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet. Målet for tilskotet er å leggje til rette for at Sjømannskyrkja kan vareta den kyrkjelege beteninga av nordmenn i utlandet i samsvar med særpreget til organisasjonen som åndeleg, sosial og kulturell samlingsstad. Sjømannskyrkja gjennomfører kyrkjelege handlingar i tråd med liturgien i Den norske kyrkja. Den diakonale tenesta utgjer ein viktig del av arbeidet. Sjømannskyrkja har eit nært samarbeid med Utanriksdepartementet om å yte bistand til nordmenn i utlandet. Sjå nærare omtale av tilskotet i Prop. 1 S (2022–2023).

I tillegg til statstilskotet verksemda får, blir ho finansiert gjennom gåver frå private og tilskot frå mellom anna oljeselskap og reiarlagsnæringa. Resultatrekneskapen for Sjømannskyrkja (konsernrekneskapen), som inkluderer alle personalutgifter, viste i 2022 samla utgifter på 222 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 120,1 mill. kroner i 2024.

Kap. 881 Tilskot til trussamfunn m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Spesielle driftsutgifter

8 001

8 632

2 301

70

Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

937 592

1 008 533

1 101 231

77

Nasjonaljubileet 2030

5 150

9 479

78

Ymse faste tiltak

32 555

16 224

17 761

Sum kap. 881

978 148

1 038 539

1 130 772

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten skal dekkje utgifter til forsking og utviklingstiltak på trus- og livssynsområdet og innanfor feltet gravplassar, kremasjon og gravferd. Posten skal vidare dekkje kontingentar og utgifter som følgje av avtalar som departementet har forplikta seg til innanfor programkategorien. Posten kan òg bli nytta til andre tiltak innanfor programkategori 11.50.

Det har også blitt løyvd eit beløp til oppgåvene som Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har innanfor gravplassforvaltinga, men frå 2024 er 6,4 mill. kroner til oppgåvene føreslått rammeoverførte til kap. 525, post 01, under Kommunal- og distriktsdepartementet. Departementet føreslår vidare å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak på trus- og livssynsområdet.

Departementet føreslår ei løyving på 2,3 mill. kroner i 2024.

Post 70 Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er heimla i lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova). Trus- og livssynssamfunna får eit tilskot frå staten som svarer om lag til det staten og kommunane gir i tilskot til Den norske kyrkja, rekna per medlem, jf. trussamfunnslova § 5.

Løyvinga på posten følgjer av fire faktorar: utgifter til Den norske kyrkja over statsbudsjettet, utgiftene kommunane har til Den norske kyrkja, talet på medlemmer i Den norske kyrkja og talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunna utanom Den norske kyrkja. I kapittel 3 i trussamfunnsforskrifta er det forklart korleis tilskota blir rekna ut. Hovudelementa i ordninga er òg omtalte i Prop. 1 S (2021–2022).

Departementet føreslår ei løyving på til saman 1,1 mrd. kroner i 2024.

Post 77 Nasjonaljubileet 2030

Løyvinga på posten går til tiltak i samband med Nasjonaljubileet 2030. Av løyvinga på posten føreslår departementet tilskot til jubileumstiltak, fordelt med:

  • 2 mill. kroner til Gulen kommune for arrangementet «Tusenårsstaden Gulatinget», der det mellom anna skal markerast at Gulatinget er eit av de eldste regionale lagtinga i Norden og var samla gjennom 400 år frå om lag år 900 til år 1300

  • 3 mill. kroner til «Moster 2024 AS» til jubileumsaktivitetar, med hovudmålgruppa barn og unge

  • 750 000 kroner til Frosta kommune for arrangementet «Lagabøtejubileet Frosta 2024», der midlane skal gå til arrangement og aktivitetar for eit breitt publikum knytt til jubileet

  • 235 000 kroner til organisasjonen «Midtnorsk Kultur- og Strikkefestival» for å arrangere ein festival i 2024 med temaa ull, garn og husflid i tusen år

  • 400 000 kroner til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn til arrangement knytte til tema for jubileumsstafetten i 2024 om «verdier i lovverket»

Det blir òg føreslått tilskot over posten til Museene i Sør-Trøndelag AS ved Nordenfjeldske kunstindustrimuseum til eit føreprosjekt til utvikling av eit tusenårsteppe. I tillegg kjem tilskotet til sekretariatsoppgåver til Museene Arven AS (tidlegare Stiklestad Nasjonale Kultursenter).

Målet med desse tilskota er å bidra til at 1 000-årsmarkeringar skal skape engasjement, debatt og interesse for norsk historie og kulturarv i åra fram mot 2030. Kriterium for måloppnåing for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er om tildelinga er nytta i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene.

Løyvinga blir føreslått auka med 4 mill. kroner, grunna behovet til jubileumstiltaka.

Departementet føreslår ei løyving på 9,5 mill. kroner i 2024.

Post 78 Ymse faste tiltak

Posten skal mellom anna dekkje driftstilskot til dialog- og paraplyorganisasjonar på trus- og livssynsfeltet og dialogmidlar. Til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn er det sett av 6 mill. kroner, til Norges Kristne Råd er det sett av 4,7 mill. kroner, og til Muslimsk dialognettverk er det sett av 2,5 mill. kroner i driftstilskot.

Det er lagt opp til å føre vidare tilskot til kurstilbodet Å være religiøs leder i det norske samfunn ved Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Kurset er retta mot religiøse leiarar i Noreg med utanlandsk bakgrunn.

Det er òg sett av tilskotsmidlar til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) for å leggje til rette for dialog mellom trus- og livssynssamfunn, LHBT+-organisasjonar og organisasjonar for skeive religiøse om utfordringar som skeive opplever i trus- og livssynssamfunn. STL skal òg arbeide med negativ sosial kontroll i trus- og livssynssamfunn.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD. Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Under posten er det sett av midlar til tilskotsordninga til dialogføremål, offentleg debatt og kunnskapsutvikling på trus- og livssynsfeltet. Ordninga vart regulert i forskrift frå 2022. Det blir gitt tilskot på mellom 50 000 og 400 000 kroner per prosjekt. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 1 S (2021–2022) for Barne- og familiedepartementet.

På bakgrunn av at Muslimsk dialognettverk har eit særleg behov for auka administrative ressursar for å kunne fylle rolla si som paraplyorganisasjon for muslimske trussamfunn og samarbeidspartnar for norske styresmakter, føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på om lag 17,8 mill. kroner i 2024.

Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

60

Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast

21 904

118 744

111 497

61

Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast

45 251

38 945

70

Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

18 094

13 465

14 327

Sum kap. 882

85 249

171 154

125 824

Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast

Rentekompensasjonsordninga for istandsetjing av kyrkjebygg skal stimulere til sikring av kyrkjebygga og av utsmykkinga og inventaret i kyrkjene. Ordninga gjeld alle kyrkjebygga i Den norske kyrkja.

Løyvinga på posten skal dekkje beløp tilsvarande renteutgiftene for dei investeringskostnadene som det er gitt tilsegn om kompensasjon for i perioden 2005–2019. Det har ikkje vore gitt ny investeringsramme sidan 2019. Det er heller ikkje føreslått ny investeringsramme i 2024. Husbanken forvaltar rentekompensasjonsordninga. Utrekningsgrunnlaget for rentekompensasjonen er kostnadene til prosjektet, som Husbanken godkjenner ved søknad om utbetaling. Hovudelementa i ordninga er omtalte i Prop. 1 S (2021–2022).

Ut frå oppdaterte overslag for rentenivået og investeringsramma i ordninga føreslår departementet ei løyving på 111,5 kroner i 2024.

Post 61 Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast

Løyvinga på posten har vore nytta til tilskotsordninga til freda og verneverdige kyrkjebygg. Frå 2024 blir det i staden lagt opp til ei ny ordning knytt til den kommande bevaringsstrategien for kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Tilskotsordninga blir ikkje vidareført i 2024. Departementet føreslår derfor ikkje løyving på posten i 2024. Midlane blir omdisponerte til arbeidet med bevaringsstrategien.

Løyvinga blir føreslått redusert med 20,6 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på nytt kap. 883, Kyrkjebevaringsfondet, postane 01 og 70.

Post 70 Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Hovedorganisasjonen KA frå posten i 2024 òg. Midlane skal gå til oppgåvene KA har på kyrkjebyggfeltet, og til rådgiving og særlege prosjekt retta mot dei lokale gravplasstyresmaktene. Målet med tilskotet er at KA skal halde fram med arbeidet med å dokumentere tilstanden til kyrkjebygga, drifte kyrkjebyggdatabasen, sørgje for kurs og rettleiingsmateriell innanfor brann- og innbrotsførebyggjande tiltak, energibruk og andre miljøtiltak. Mellom anna kan det vere aktuelt å gi tilskot til bygningstekniske undersøkingar av einskilde kyrkjebygg.

Departementet føreslår òg å delfinansiere ei undervisingsstilling ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Målet for tilskotet er at landskapsarkitektstudentar skal få undervising i særlege krav som er knytte til gravplassar og utforminga av desse.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD. Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 14,3 mill. kroner i 2024.

Kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

15 636

70

Driftstilskot bevaringsstrategi

5 000

Sum kap. 883

20 636

Post 01 Driftsutgifter (ny)

Løyvinga skal nyttast til å etablere og drifte ein organisasjon for administrasjon av bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg og tilhøyrande tilskotsforvalting. Det blir lagt opp til etablering i fyrste halvåret 2024. Det blir lagt til grunn at i alle fall Riksantikvaren og Den norske kyrkja ved Kyrkjerådet og Hovudorganisasjonen KA skal delta i arbeidet.

Løyvinga på post 01 skal dekkje utgifter til Riksantikvaren og eventuelle andre driftsutgifter for staten. Driftsutgifter for dei andre deltakarane blir dekte på post 70. Det er uvisse knytt til løyvinga i etableringsåret og til fordelinga av løyvinga mellom post 01 og post 70.

Departementet føreslår ei løyving på 15,6 mill. kroner i 2024, sjå omtale under post 70 og tilsvarande nedjustering på kap. 882, post 61.

Post 70 Driftstilskot bevaringsstrategi (ny)

Kyrkjerådet og Hovudorganisasjonen KA skal delta i arbeidet med bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg og tilhøyrande tilskotsforvalting. Løyvinga på posten dekkjer driftstilskot til deltakinga.

Departementet føreslår ei løyving på 5 mill. kroner i 2024, sjå omtale under post 01 og tilsvarande nedjustering på kap. 882, post 61.

Opplysningsvesenets fond

Innleiing

Spørsmålet om eigedomsretten til Opplysningsvesenets fond har vore omdiskutert sidan 1800-talet. Frå kyrkjeleg hald har det vore hevda at fondet høyrer til Den norske kyrkja, medan andre har meint at staten har eigedomsretten. Departementet meinte spørsmålet burde leggjast fram for Stortinget til avgjerd, og Stortinget vedtok i 2020 at Opplysningsvesenets fond skulle delast mellom Den norske kyrkja og staten, jf. Meld. St. 29 (2018–2019) og Innst. 209 S (2019–2020). For å ha rettsleg grunnlag for delinga fremja departementet ny lov om Opplysningsvesenets fond, jf. Prop. 144 L (2020–2021), og Stortinget gjorde vedtak i saka, jf. Innst. 623 L (2020–2021).

Vilkåra for delinga er at eigedommar i fondet som har ein særskild verdi for Den norske kyrkja i form av bruk, plassering eller kultur- eller kyrkjehistorie, til dømes mange av prestebustadene, skal overførast til kyrkja, medan staten blir eigar av resten av fondet. Kyrkja skal ikkje få tilført verdiar som blir ein vinst for den allmenne verksemda til kyrkja.

Stortinget la til grunn at Den norske kyrkja og staten vart samde om kva eigedommar som etter vilkåra skal overførast, og partane skulle vere likeverdige i dette arbeidet, jf. Innst. 209 S (2019–2020). Det er semje om kva eigedommar som skal overførast. Det er i hovudsak rekrutteringsbustader der tilbod om bustad er ein innsatsfaktor i rekrutteringa, og bustader med spesiell kyrkjehistorisk verdi. Ein har vidare lagt til grunn at det er bustaden som har kyrkjeleg verdi, og dersom bustaden er del av ein landbrukseigedom, må han skiljast ut som bustadeigedom. Arbeidet med å overføre eigedommane er i gang, og det blir gjort estimat av kostnader for å setje eigedommane i stand. For fleire av eigedommane vil det vere krevjande å få inn kostnadsdekkjande husleige. Det skal derfor givast ein kompensasjon dersom det samla driftsresultatet blir negativt.

Opplysningsvesenets fond har sitt opphav i eigedommar som frå eldre tid låg til det einskilde presteembetet og var meinte til underhald av presten. I Grunnlova § 116 fyrste ledd var desse eigedommane – det benefiserte godset til presteskapet – gitt eit særleg vern, mellom anna ved at kjøpesummar og inntekter berre skal nyttast til gagn for presteskapet og til å fremje opplysinga. Etter at Den norske kyrkja vart skild frå staten, bestemte Stortinget at Opplysningsvesenets fond skulle delast mellom staten og Den norske kyrkja. På denne måten ville skiljet mellom staten og kyrkja bli endeleg. Den norske kyrkja skulle overta eigedommar som var av kyrkjeleg verdi, og staten skulle bli eigar av resten av fondet, mot at ein tilsvarande verdi blir nytta til istandsetjing av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Mot denne bakgrunnen ville det vere urimeleg at staten skulle vere underlagt bindingane Grunnlova la i forvaltinga av fondet. Grunnlova § 116 fyrste ledd vart oppheva med vedtak i Stortinget 12. januar 2023.

Vilkåret for at staten blir eigar av dei verdiane som ikkje blir overførte til kyrkja, er at staten aukar innsatsen for å bevare dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga i eit omfang som svarer til verdien av dei eigedelane i fondet som staten blir eigar av, jf. Innst. 209 S (2019–2020) og omtalen under Kyrkjebygg.

Det noverande lovverket set rammer for korleis midlane i fondet kan brukast, og er i samsvar med vilkåra i det oppheva vilkåret i Grunnlova. Regjeringa tek sikte på at Opplysningsvesenets fond skal gjerast om til eit aksjeselskap, og utøvinga av eigarskapen blir overført til Nærings- og fiskeridepartementet. Framtidig forvalting av fondet er nærare omtalt under Kyrkjebevaringsfondet og i del I under Vedtak nr. 501, 14. april 2020.

Rapport 2022

Opplysningsvesenets fond er per i dag eit sjølvstendig rettssubjekt. Fondet blir forvalta av Kongen. Myndet til Kongen er delegert til departementet. Den daglege forvaltinga av fondet er lagd til eit forvaltingsorgan med om lag 60 tilsette og eit eige styre som departementet peiker ut. Forvaltinga av fondet skal skje på forretningsmessige vilkår, vere etisk forsvarleg og gi best mogleg avkasting med moderat risiko.

Fondet hadde i 2022 eit årsresultat for konsernet på 183,8 mill. kroner, medan resultatet i 2021 var på 281,1 mill. kroner. Eit lågare resultat samanlikna med i 2021 kjem i hovudsak av lågare salsinntekter og eit vesentleg lågare finansresultat.

Eigedom

Ifølgje årsrapporten var vinsten for konsernet ved sal av eigedom netto på 136,5 mill. kroner i 2022 mot 187,4 mill. kroner i 2021.

Driftsresultatet, når inntekter frå sal av eigedom ikkje blir rekna med, var negativt med 69,1 mill. kroner i 2022. I resultatet er det medrekna eit samla finansielt tilskot til kyrkjelege føremål på om lag 44 mill. kroner.

Driftsinntektene frå tomtefeste var på 135,0 mill. kroner i 2022. Det vart i 2022 selt festetomter for netto 82,0 mill. kroner. Tilsvarande salssum i 2021 var på 48,2 mill. kroner.

Finansforvaltinga

Netto finansinntekt for konsernet var på 118,6 mill. kroner i 2022, mot 163,9 mill. kroner i 2021.

Finansporteføljen er strukturert for å redusere svingingsrisiko. Kapitalen er for det meste plassert i ein kjerneportefølje som femner om ulike verdipapirfond, med ein marknadsverdi på om lag 2,98 mrd. kroner ved siste årsskiftet. I tillegg kjem ein føremålsportefølje på til saman 42 mill. kroner. Kjerneporteføljen hadde ei samla negativ marknadsavkasting i 2022 på –6,1 prosent, noko som er 0,6 prosent meir avkasting enn referanseindeksen. Departementet har fastsett eit avkastingskrav på finanskapitalen på 3 prosent over risikofri rente. Fondet har ein kursreserve. Denne skal nyttast til å dekkje tap på verdipapir. Per utgangen av 2022 hadde fondet ein kursreserve på 327 mill. kroner, medan han ved utgangen av 2021 var på 600 mill. kroner. Reserven var på 522 mill. kroner ved utgangen av 2020. Ved siste årsskiftet hadde fondet til saman 312 mill. kroner i form av driftslikviditet og utlån til kyrkjelege føremål.

Forvaltingsutgiftene

Utgiftene til forvaltinga av fondet var til saman 120,8 mill. kroner i 2022. Desse kostnadene inkluderte forvaltingsorganet sine utgifter på 99,5 mill. kroner, betalinga til eksterne tenesteleverandørar på 6,3 mill. kroner og kostnader til finansforvaltarar på 15 mill. kroner. Til samanlikning var desse utgiftene på 115,7 mill. kroner i 2021. Auken kjem i hovudsak av utgifter til arbeidet med å overføre eigedommar til Den norske kyrkja.

Resultatrekneskapen – disponering av årsresultatet

Tabell 4.9 Resultatrekneskapen for Opplysningsvesenets fond 2021 og 2022

(i 1 000 kr)

2021

2022

Inntekter

Salsinntekt eigedom

180 449

144 874

Driftsinntekt

221 705

233 727

Anna driftsinntekt

9 315

14 105

Sum inntekter

411 469

392 706

Utgifter

Av- og nedskriving varige driftsmidlar

-21 848

-26 829

Refusjon forvaltingsorganet

-93 833

-99 537

Annan driftskostnad (inkl. varekostnad)

-138 744

-138 494

Sum utgifter

-254 425

-264 860

Tilskot kyrkjelege føremål

-44 490

-44 504

Driftsresultat, inkl. sal av eigedommar

112 554

83 342

Finansrekneskap

Renteinntekter, aksjeutbytte og inntekt på investering

50 957

44 785

Vinst og tap verdipapir

121 677

35 868

Nedskriving av andre finansielle omløpsmidlar

8 170

-63

Annan finanskostnad

392

2 879

Netto finansinntekter

181 196

83 470

Årsresultat

293 749

166 813

Disponering av årsresultatet:

Avsetjing av netto salsinntekter til kapitalfondet1

173 213

137 336

Til/frå disposisjonsfond

120 537

29 477

Sum disponert

293 749

166 813

1 Netto vinst ved sal av eigedom, der varekostnad og bokført verdi er trekte ut

Netto inntekter ved sal av eigedom er etter § 3 i lov om Opplysningsvesenets fond lagde til kapitalfondet. Kapitalfondet var per 31. desember 2022 på 3,980 mrd. kroner. Kapitalfondet er bunden eigenkapital (grunnkapital). Disposisjonsfondet, som er den frie eigenkapitalen, var ved inngangen til 2023 på 382 mill. kroner.

Opplysningsvesenets fond har ein konsernstruktur, med dotterselskap innanfor eigedom og felleskontrollert verksemd innanfor småkraft. For Opplysningsvesenets fond, medrekna dotterselskapa, var driftsinntektene på 468 mill. kroner i 2022. Driftsresultatet, utanom vinstar ved sal av eigedom, var negativt med 69,2 mill. kroner. Årsresultatet for 2022 (resultat etter skatt) for heile verksemda (konsernet) var på 183,8 mill. kroner, mot 281,1 mill. kroner i 2021 og 80,9 mill. kroner i 2020. Dotterselskapa og dei felleskontrollerte selskapa (eigardelen til fondet) hadde i 2022 eit samla resultat etter finanskostnader på om lag 33,9 mill. kroner.

Fondet har ein trekkfasilitet i kredittinstitusjon som er utnytta med 123,1 mill. kroner per 31. desember 2022. Tilførselen av eigenkapital til fondet og lån til dotterselskap og tilhøyrande selskap innanfor eigedom og småkraft var ved årsskiftet 2022–2023 på 1,429 mrd. kroner. Av desse var 1,032 mrd. kroner gitt som eigenkapital og 397 mill. kroner som lån, noko som er 99 mill. kroner meir enn året før. Fondet har stilt garantiar til dotterselskap i konsernet på 10 mill. kroner.

Verdiane i fondet (konsern) i form av bokført eigenkapital har auka med om lag 184 mill. kroner frå 2021 til 2022.

Den samla gjelda i dotterselskapa var på 457,4 mill. kroner ved siste årsskiftet. Frå 2021 til 2022 er den renteberande gjelda i kredittinstitusjonar auka med om lag 7,7 mill. kroner. I Clemens Kraft Holding AS, som er ei felleskontrollert verksemd, er det ei obligasjonsgjeld på 475 mill. kroner.

Det finansielle tilskotet til Den norske kyrkja var på 44,5 mill. kroner i 2022, som siste året. I tillegg kjem netto utgifter fondet har til eigne og kommunale prestebustader (medrekna forvaltingsutgiftene) på 64,3 mill. kroner og subsidieeffekten av utlån til kyrkjelege føremål på 1,0 mill. kroner. Det økonomiske bidraget frå fondet til Den norske kyrkja blir rekna med i grunnlaget for tilskot frå staten til andre trus- og livssynssamfunn.

Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond

Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond er ei nettobudsjettert verksemd. Sidan utgiftene heilt ut blir dekte av fondet, er det ikkje ført opp løyvingar til forvaltingsorganet i statsbudsjettet. Frå 2009 har det vore ein felles prosedyre for nettobudsjetterte verksemder om rapporteringa i statsbudsjettet av kontantbehaldninga for desse verksemdene per 31. desember. Standardtabellane med nøkkeltal for Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond er tekne inn i del III.

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel, adopsjon og bidragsforskot

Hovudinnhald og prioriteringar

Foreldrepengar kan ytast til mor og far til barnet ved fødsel og ved adopsjon av barn under 15 år. Retten til foreldrepengar blir tent opp gjennom yrkesaktivitet. Ordninga sikrar at foreldre ikkje mistar inntekta si når ein av foreldra er heime og har omsorga for barnet. Det gjer det mogleg for foreldre å sjølve ta seg av barnet det fyrste leveåret. Samstundes legg ordninga til rette for at foreldre kan halde på tilknytinga til arbeidslivet. Tilknytinga til arbeidslivet er viktig for økonomien til familiane og også avgjerande for norsk økonomi og berekrafta i velferdsordningane. Foreldrepengar er ein viktig del av den norske velferdsmodellen.

Foreldrepengar kan takast ut med 100 prosent inntektsdekking (100 prosent lønn opp til 6 G) i 49 veker eller med 80 prosent inntektsdekking i 59 veker. Måten det er innretta på i dag, gjer det slik at den samla utbetalinga med foreldrepengar er høgare med full dekkingsgrad enn med redusert dekkingsgrad. Regjeringa føreslår å utvide stønadsperioden med 80 prosent foreldrepengar med 11 stønadsdagar. Dagane blir lagde til fellesdelen. Vidare føreslår regjeringa å oppheve aktivitetskravet i foreldrepengeordninga med ytterlegare to veker, slik at fedrar kan ta ut ti veker uavhengig av krav til aktiviteten hos mor. For å finansiere denne utvidinga med to veker føreslår regjeringa å redusere nivået på ytinga til 90 prosent for åtte av desse ti vekene. Samla vil endringane i foreldrepengeordninga gi familiar auka fleksibilitet, høve til å vere heime med barnet lenger og betre rettane til fedrane.

Foreldre som ikkje har vore i yrkesaktivitet, har ikkje arbeidsinntekt som det skal kompenserast for, og har derfor ikkje rett på foreldrepengar. For dei blir det ytt eingongsstønad. Eingongsstønaden er ein minstegaranti som kompenserer for utgifter familiane har når dei får barn, og kompenserer såleis ikkje for bortfall av inntekt, slik foreldrepengeordninga gjer.

Ansvaret for bidragsforskot, lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven), vart overført frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Barne- og familiedepartementet med verknad frå 1. januar 2023. Føremålet med forskoteringsordninga er å sjå til at barn får eit minste månadleg underhaldsbidrag frå det offentlege når barnebidrag av ulike årsaker ikkje blir betalt.

Resultatrapport og strategiar

Foreldrepengar

Foreldrepengeordninga har vore delt opp i tre delar sidan juli 2018: 15 veker er øyremerkte til mor, 15 veker er øyremerkte til far, og ein del på 16 veker er felles. Fellesdelen er det opp til foreldra sjølve å fordele seg imellom. Frå januar 2019 blei inndelinga òg tilpassa foreldre som vel 80 prosent inntektsdekking: Kvotane er då på 19 veker til kvar forelder, og fellesdelen er på 18 veker. Føremålet med tredelinga er å auke far sin bruk av foreldrepengar og leggje til rette for begge foreldra som likeverdige omsorgspersonar.

Bruk av foreldrepengeordninga

Departementet hadde i 2022 følgjande mål for foreldrepengeordninga: «Fedrar skal ta ein større del av foreldrepengedagane.» Nedanfor gir vi ein omtale av bruken av foreldrepengeordninga.

Erfaringstal viser at lengda på fedrekvoten i stor grad er førande for kor stor del av foreldrepengane fedrar tek ut. Fellesdelen blir som oftast nytta av mor. Lengda på fedrekvoten har vist seg å vere normdannande: Når fedrekvoten har auka, har fedrar auka uttaket sitt – og omvendt.

Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at fedrar i 2022 i snitt tok 32,7 prosent av dei samla foreldrepengedagane. Dette er 12,6 prosentpoeng høgare enn tilsvarande tal for fedrar i 2018, det vil seie før innføring av ein tredelt foreldrepengeperiode, og 2 prosentpoeng høgare enn tilsvarande tal for fedrar i 2021. Det er viktig å understreke at statistikken over uttak i eit einskilt kalenderår ikkje viser det heile og fulle biletet av uttaket fordi uttaket strekkjer seg over fleire kalenderår.

Fire av fem som tok imot foreldrepengar i 2022, valde 100 prosent inntektsdekking, om lag det same som året før. Dei siste ti åra har det vore ein klar auke i talet på foreldre som vel full dekking. Frå 2012 til 2022 har delen auka med om lag 20 prosent. I 2012 valde om lag tre av fem mottakarar full dekkingsgrad. Auken heng sannsynlegvis saman med at 100 prosent inntektsdekking gir ei høgare samla utbetaling stønadsperioden sett under eitt.

Foreldrepengar kan takast ut i løpet av dei tre fyrste åra til barnet. 2021 var det fyrste året ein kunne byrje å sjå på korleis tredelinga frå 2018 hadde verka inn på bruken av foreldrepengeordninga. Departementet gav derfor Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2021 i oppdrag å gjennomføre ei ny foreldrepengeundersøking og skrive fagartiklar17 basert på funna i undersøkinga.

Rapportane stadfestar at lengda på fedrekvoten er førande for uttaket til far. Foreldre følgjer dei lovfesta kvotane i uttaket sitt etter at tredelinga vart innført. Bruken av ulønt permisjon har auka – særleg blant kvinner. Uttak av 100 prosent foreldrepengedekking har auka markant over tid, etter at endringane frå 2013 gjorde det meir lønnsamt med 100 prosent inntektsdekking. Dei fleste er positive til fedrekvote, men mødrer og fedrar har noko ulikt syn på lengda på fedrekvoten. Eit lite fleirtal på 52 prosent av mødrene svarer at fedrekvoten bør vere kortare, medan eit fleirtal på 63 prosent av fedrane vil halde oppe eller auka noverande fedrekvote. Det synest òg som at fleirtalet av kvinner har eit ønske om å vere lenger heime med barn, medan fedrane er nøgde med lengda på fedrekvoten. Dette gir indikasjonar på at ein større fellesdel og mindre mødre- og fedrekvote ville ført til lengre permisjon til mor og kortare permisjon til far.

Dei fleste foreldra oppgir å vere samde om fordelinga av stønadsperioden, medan éin av fem svarer at mor har bestemt uttaket. Dei aller fleste foreldra rapporterer om å ha bestemt fordelinga utan at andre enn paret påverka avgjerda, medan ei lita gruppe (færre enn ein av ti) melde om at arbeidsgivaren hadde ein viss innverknad. Om lag ein av fem spurde fedrar informerte om at dei ønskte å vere kortare heime. Så godt som ingen mødrer svarte det same.

Tredelt foreldrepengeordning og amming

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa vil føre vidare ein tredelt foreldrepermisjon og sikre at det er mogleg for mor å amme i tråd med helsefaglege råd.

Helsedirektoratet tilrår at barn får morsmjølk heile det fyrste leveåret, og at mor fullammar barnet til det er rundt seks månader. Då tredelinga blei innført i 2018, meinte fleire høyringsinstansar som til dømes Helsedirektoratet at ordninga ville kunne stå i vegen for tilrådingane om amming. Sjølv om ammefri er ein lovfesta rett, viser erfaringar at det kan vere vanskeleg å få til i praksis. I folkehelsemeldinga, som blei lagd fram 31. mars 2023, er det skissert tiltak som skal betre praksisen når det gjeld retten til ammefri. På bakgrunn av dette skal Helsedirektoratet, i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI), ta initiativ til eit samarbeid mellom arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane, relevante brukarorganisasjonar og kompetansemiljø innan amming. Målet er å gjere regelverket om ammefri betre kjent og praktisert. FHI skal vurdere korleis ei kartlegging av høvet kvinner har til å amme i tråd med helsefaglege råd når dei kjem attende til arbeid, kan gjennomførast.

Auka lengd ved 80 prosent inntektsdekking

I dag får familiane ei lågare samla utbetaling dersom foreldra vel redusert inntektsdekking (80 prosent). Dei fleste vel derfor full inntektsdekking (100 prosent). Samstundes tek om lag halvparten av mødrene ulønt permisjon, og i snitt tek dei om lag 16 veker. Regjeringa føreslår å utvide stønadsperioden med 80 prosent foreldrepengar med 11 stønadsdagar, slik at samla utbetaling blir om lag lik for 80 prosent og 100 prosent inntektsdekking. Regjeringa føreslår å leggje desse dagane til fellesdelen. Endringa vil gi familiar høve til å vere lenger heime med barnet, gi betre høve for amming og er betre tilpassa barnehagestart. Det vil truleg òg redusere uttaket av ulønt permisjon. Det blir lagt opp til innføring frå 1. juli 2024. Departementet vil leggje fram lovforslag som følgjer opp forslaget.

Oppmodingsvedtak frå Stortinget om å innføre 90 prosent kompensasjonsgrad i foreldrepengeordninga er omtalt i Del I, vedtak nr. 89, 1. desember 2022.

Innføre sjølvstendig uttaksrett til far for ytterlegare to veker

EU-direktivet om balansert arbeids- og familieliv (Work-life Balance-direktivet) tok til å gjelde 2. august 2019. EØS-komiteen er venta å gjere vedtak om innlemming av direktivet i EØS-avtalen hausten 2023. Etter dette vil det bli lagt fram ein proposisjon for Stortinget for å innhente samtykke til avgjerda frå EØS-komiteen. Direktivet gir far rett til to veker betalt permisjon i samband med fødsel og i tillegg begge foreldra rett til åtte veker betalt permisjon. Etter direktivet må utbetalinga av ytinga vere på sjukepengenivå for to av desse vekene, medan dei siste åtte vekene kan vere lågare, men på eit nivå som framleis stimulerer til uttak av foreldrepengar. Noreg oppfyller i all hovudsak direktivet, men den sjølvstendige uttaksretten til fedrane må styrkjast noko. Dette kjem av aktivitetskravet i foreldrepengeordninga, som mellom anna inneber at det i dei familiane der berre far har opparbeidd seg rett til foreldrepengar, har vore eit krav om at mor må ut i aktivitet for at far skal kunne ta ut foreldrepengar. Etter direktivet har landa tre år på å gjere endringar som oppfyller vilkåra i direktivet, samstundes som ein kan vente med å innføre to av vekene til 2. august 2024.

Frå 2. august 2022 vart det gjort endringar i den norske foreldrepengeordninga som oppfyller vilkåra i direktivet om at alle fedrar som har tent opp rett til foreldrepengar, skal ha høve til å ta ut foreldrepengar i ein periode på åtte veker uavhengig av aktiviteten til mor under uttaket. Aktivitetskravet er slik oppheva i åtte veker. For å oppfylle dei resterande krava i direktivet føreslår regjeringa å oppheve aktivitetskravet for ytterlegare to veker med verknad frå 2. august 2024. Av omsyn til finansieringa av utvidinga av far sin sjølvstendige rett til uttak føreslår regjeringa å redusere nivået på utbetalinga av ytinga til 90 prosent for åtte av dei ti vekene. Med forslaget frå regjeringa vil foreldrepengeregelverket tilfredsstille krava i direktivet. Departementet vil leggje fram lovforslag som følgjer opp forslaget.

Aktivitetskravet til mor vil framleis gjelde for stønadsuttak utover desse ti vekene. Der begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, er fedrekvoten på 15 eller 19 veker, avhengig av den valde satsen.

Tabell 4.10 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2018–2022

2018

2019

2020

2021

2022

Endring 2021–2022

Talet på fødde barn

55 120

54 495

52 979

56 060

51 480

-4 580

Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon)

Kvinner, prosent

79,9

74,5

68,4

69,3

67,3

-2,0

Menn, prosent

20,1

25,5

31,6

30,7

32,7

2,0

Talet på kvinner med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

82 353

82 010

77 208

79 574

77 591

-1 983

Del av desse med 100 prosent lønnskompensasjon, prosent

70,7

73,8

77,6

79,1

79,8

0,7

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

53 788

56 852

59 0681

60 412

62 838

2 426

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kroner)

404 580

441 289

475 226

492 957

515 294

22 337

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kroner)

463 556

509 836

542 614

563 491

591 260

27 769

Delen kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

4,7

4,6

4,7

4,6

4,9

0,3

Delen menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

21,3

21,9

21,7

20,5

20,1

-0,4

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad)

1 458

1 641

1 7652

2 076

2 335

259

Talet på personar med eingongsstønad ved fødsel

10 332

10 411

9 675

9 671

7 865

-1 806

1 Talet på menn med minst ein dag med foreldrepengar utan rett til fedrekvote er for 2020 oppjustert frå 1 299 til 1 765 fedrar. Ein feil i teljinga ved overgangen til nytt system førte til at talet vart estimert for lågt i Prop. 1 S (2022–2023) for BFD.

2 Sjå fotnote 1

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon

Foreldre som ikkje har vore i yrkesaktivitet og derfor ikkje har inntekter som det skal kompenserast for, har ikkje rett på foreldrepengar. Til desse blir det ytt eingongsstønad. Eingongsstønaden er ein minstegaranti som kompenserer for utgifter familiane har når dei får barn, og kompenserer såleis ikkje for bortfall av inntekt, slik foreldrepengeordninga gjer. Ytinga bidreg til å skape meir stabile økonomiske rammer for dei som, frivillig eller ufrivillig, ikkje har vore i yrkesaktivitet.

Eingongsstønaden kjem i form av ei einskild utbetaling. Ytinga har vore styrkt atskilleg dei siste åra, og satsen er i dag 92 648 kroner. Det er om lag 57 000 kroner meir enn i 2013, sjå tabell 4.11. Satsen blir føreslått ført vidare med uendra nivå i 2024.

Store kontantoverføringar frå det offentlege kan redusere insentiva til arbeid og derfor også arbeidstilbodet. Det har likevel ikkje vore store utslag i talet på mottakarar av eingongsstønad i perioden 2013 til 2021. Det har samstundes vore ein generell nedgang i talet på fødslar gjennom perioden. Effektane av auken i eingongsstønaden er derfor ikkje eintydige, og det kan vere fleire faktorar som verkar inn i denne samanhengen.

Tabell 4.11 Sats for eingongsstønad ved fødsel i perioden 2013–2024

År

Sats

2013

35 263

2014

38 750

2015

44 190

2016

46 000

2017

61 120

2018

63 140

2019

83 140

2020

84 720

2021

90 300

2022

90 300

2023

92 648

2024

92 648

Fødselstal og fertilitet

Utviklinga i talet på barnefødslar er ein av fleire faktorar som på sikt vil kunne påverke samfunnsutviklinga i Noreg. Færre fødslar, når endringa varer ved, kan vere ein indikasjon på strukturelle samfunnsendringar. Sjølv om ein historisk sett har hatt økonomisk vekst i periodar med fallande fertilitetstal, vil færre fødslar gi demografiske endringar som kan ha verknader på makroøkonomiske tilhøve som verdiskaping, allokering av arbeidskraftressursar, skatteinntekter og berekraft i velferdsordningane.

Utviklinga i talet på barn per kvinne kan målast på to måtar; ein kan sjå på samla fruktbarheit eller kohortfruktbarheit. Det samla fruktbarheitstalet er eit overslag på kor mange barn ei kvinne vil få i løpet av livet, og baserer seg på talet fødslar eit kalenderår, medan kohortfruktbarheit viser kor mange barn ein kohort (eit årskull) kvinner har fått gjennom livsløpet. Utviklinga i kohortfruktbarheita er meir stabil over tid, ettersom ho ikkje blir påverka av når i livet kvinner får barn.

Fruktbarheitstalet har gått ned sidan 2009. Då var det samla fruktbarheitstalet 1,98 barn per kvinne. I 2022 blei det fødd 51 500 barn i Noreg, om lag 4 500 færre enn i året før. Det gav eit samla fruktbarheitstal på 1,41 barn per kvinne. Kohortfruktbarheitstalet for kvinner fødde 1970 er på 2 barn per kvinne. Dette er høgare enn i dei fleste andre OECD-landa.

I 2021 var det ein overraskande auke i samla fruktbarheit frå 1,48 til 1,55. Året var prega av pandemi, og til vanleg har ein sett at talet fødslar blir redusert i økonomisk usikre tider. Det blei også observert færre fødslar i andre land. I 2022 heldt likevel den trenden som er observert frå 2009, fram. Kvinner i slutten av sin reproduktive alder (kvinner fødde i 1970) får framleis 2 barn per kvinne. Noko av nedgangen frå 2009 kan forklarast av at kvinner venter lenger med å få barn enn før. Kohortfruktbarheita for kvinner mellom 44 og 50 år kan derfor halde fram med å liggje høgare og meir stabil enn fruktbarheitstalet, men talet på barn kvinner får i løpet av sin reproduktive alder, vil høgst sannsynleg også bli lågare. Det er vanskeleg å finne gode årsaksforklaringar på fallande fødselstal i Noreg, og utviklinga er ein trend også i andre land det er naturleg å samanlikne oss med. Dei førebelse tala for 2023 viser eit ytterlegare fall i talet på fødslar.

Barne- og familiedepartementet gav i 2021 OECD i oppdrag om å gjennomføre ein djupnestudie om norsk familie- og oppvekstpolitikk på bakgrunn av fallande fødselstal i Noreg. Rapporten18 vart publisert 20. juni og går gjennom trendar i det norske samfunnet knytte særleg til arbeidsmarknadspolitikk og familiepolitikk som kan ha hatt påverknad på nedgangen i fødselstalet sidan 2009. Rapporten gir også eit solid fundament for å seie at utviklinga vi har sett i Noreg, følgjer internasjonale trendar og ikkje kan forklarast åleine av forandringar i bustadprisar, arbeidsmarknad eller familiepolitikk i Noreg dei siste åra.

Ordninga med bidragsforskot

Ordninga med bidragsforskot er flytta frå programkategori 11.10 Familie og oppvekst til denne programkategorien frå og med 2024.

Det følgjer av lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) at foreldra skal bere utgiftene til å forsørgje barnet etter den økonomiske evna deira når barnet sjølv ikkje har midlar til det. Innbyrdes har begge foreldre skyldnad til å skyte til det som trengst, etter evne. Der ein eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, skal vedkommande betale faste pengetilskot (barnebidrag) til forsørging og utdanning. Dersom barnebidrag ikkje blir betalt, kan det offentlege forskotere eit månadleg underhaldsbidrag gjennom forskoteringsordninga.

Bidragsforskot blir ytt til barn under 18 år som er busette i Noreg, og som ikkje bur saman med begge foreldra. Forskotet blir utbetalt til den forelderen barnet bur saman med. Føremålet med forskoteringsordninga er å sikre at barn får eit minste månadleg underhaldsbidrag frå det offentlege når barnebidrag av ulike årsaker ikkje blir betalt. Det offentlege har krav på refusjon for utlagt bidragsforskot og trer inn i retten til barnebidrag for det same beløpet som er utbetalt i forskot.

Bidragsforskotet er ei behovsprøvd yting som blir utbetalt per barn. Forskotet blir prøvd mot inntekta til forskotsmottakaren, talet på eigne barn i eigen husstand og om forskotsmottakaren er einsleg eller gift/sambuande. Ytinga blir utbetalt etter tre satsar: «redusert forskot», «ordinært forskot» eller «auka forskot». Mottakarane med dei lågaste inntektene vil også kunne få eit tillegg på ein tredjedel av ordinær forskotssats dersom barnet er over 11 år.

Auken i utvida barnetrygd frå mars 2023 førte til at nokre einslege forsørgjarar mista bidragsforskotet, medan andre fekk det redusert som følgje av at forskotet er ei behovsprøvd yting der den utvida barnetrygda inngår i inntekta. Inntektsgrensene i forskoteringsordninga vart derfor auka med verknad frå 1. juli 2023. Endringa inneber at dei forskotsmottakarane som mista retten til eller fekk redusert forskot som følgje av den særskilde auken i utvida barnetrygd, igjen er omfatta av forskoteringsordninga.

Nærare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

22 694 213

24 690 000

24 250 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

725 978

750 000

715 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

598 189

610 000

595 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

37 982

41 000

41 000

Sum kap. 2530

24 056 362

26 091 000

25 601 000

Stønadene under kap. 14 i folketrygdlova skal sikre inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og gi støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Måloppnåing for ordningane blir mellom anna vurdert ut frå om dei blir forvalta i samsvar med lova, og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Tildelingskriteria er omtalte under dei einskilde budsjettpostane nedanfor og går òg fram av folketrygdlova kap. 14.

Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten.

Utgiftsoverslaga under kap. 2530 byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå. Ein reknar med at det vil vere færre mottakarar i 2024.

Departementet føreslår ei løyving på 25 601 mill. kroner under kap. 2530, postane 70–73. Sjå tabellen ovanfor for forslag til løyving på dei ulike postane.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16. Eit vilkår for rett til foreldrepengar er då at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden startar.

Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med full sats (100 prosent lønnskompensasjon) eller 59 veker med redusert sats (80 prosent lønnskompensasjon). Valet av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden. Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar. Per 1. mai 2023 er grunnbeløpet 118 620 kroner. Når stønadsperioden med 100 prosent lønnskompensasjon er avgrensa til 49 veker, vil det høgast moglege beløpet per stønadstilfelle vere 118 620 kroner. Inntektsgrensa følgjer den til kvar tid gjeldande G-verdien.

Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar og 100 prosent lønnskompensasjon er vald, er 15 stønadsveker øyremerkte kvar forelder (mødrekvote og fedrekvote), og 16 veker kan dei dele mellom seg (fellesdelen). Dersom foreldra har valt 80 prosent lønnskompensasjon, er mødrekvoten og fedrekvoten 19 veker, og fellesdelen er 18 veker. Mor må starte permisjonen seinast tre veker før fødselen, og desse vekene kjem i tillegg til mødrekvoten. Den samla utbetalinga ved 80 prosent er lågare enn ved 100 prosent lønnskompensasjon. Den noverande skilnaden i foreldrepengeutbetalinga har oppstått når kvotane i foreldrepengeperioden har vore utvida. Regjeringa føreslår å utvide stønadsperioden med 80 prosent lønnskompensasjon frå 295 dagar (59 veker) til 306 dagar (61,2 veker). Utvidinga på 11 dagar blir lagt til fellesperioden og gjeld barn fødde etter 1. juli 2024. Meirutgiftene på posten blir rekna til å vere 0 kroner i 2024, 67 mill. kroner i 2025 og ein heilårseffekt på 178 mill. kroner frå og med 2026. Innføringa vil krevje ei eingongsløyving til administrative endringar i systema til Arbeids- og velferdsetaten. Dette er rekna til 2,5 mill. kroner i 2024 og vil bli løyvd over kap. 605, post 01, sjå Prop. 1 S (2023–2024) til Arbeids- og sosialdepartementet.

Frå 2. august 2022 vart det gjort endringar i foreldrepengeordninga som sikra alle fedrar som har tent opp rett til foreldrepengar, høve til å ta ut foreldrepengar i ein periode på åtte veker uavhengig av aktiviteten til mor under uttaket. Aktivitetskravet for mor er slik oppheva i åtte veker. Aktivitetskravet til mor vil framleis gjelde for stønadsuttak utover desse vekene. Far kan ta ut inntil 40 eller 50 veker dersom mor går ut i arbeid eller utdanning eller er for sjuk til å ta seg av barnet. Når mor har uføretrygd, kan far ta ut inntil 15 eller 19 veker med foreldrepengar (tilsvarande fedrekvoten) utan at det blir stilt krav til aktivitet hos mor.

Departementet føreslår å oppheve aktivitetskravet i ein periode på ytterlegare to veker, til ti veker totalt frå 2. august 2024. Vidare føreslår departementet å redusere nivået på ytinga til 90 prosent for åtte av dei ti vekene. Forslaga er ikkje rekna å gi meirutgifter i 2024. Utvidinga på to veker og redusert yting til 90 prosent for åtte veker gjer omlegginga om lag budsjettnøytral òg i etterfølgjande år.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med ein skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid. Foreldrepengar kan utsetjast utan krav til kva ein gjer medan ein utset dei. Uttaket av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer òg svangerskapspengar til som blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

For foreldre som ikkje har vore i yrkesaktivitet og derfor ikkje har rett på foreldrepengar, blir det ytt eingongsstønad.

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-17. Stønaden er i 2023 på 92 648 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt éin eingongsstønad per barn. Departementet føreslår å føre vidare satsen med uendra nivå i 2024.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei fyrste 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønnskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir gitt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent lønnskompensasjon. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 15 veker øyremerkte til seg (fedrekvoten og mødrekvoten). Ved 80 prosent lønnskompensasjon er kvar av kvotane på 19 veker. Den samla utbetalinga ved 80 prosent er lågare enn ved 100 prosent lønnskompensasjon. Regjeringa føreslår å utvide stønadsperioden med 80 prosent lønnskompensasjon frå 295 dagar (59 veker) til 306 dagar (61,2 veker). Utvidinga på 11 dagar blir lagd til fellesperioden og gjeld barn fødde etter 1. juli 2024.

For barn adopterte 2. august 2022 eller seinare kan alle fedrar som har tent opp rett til foreldrepengar, ta ut åtte veker, uavhengig av aktivitet hos mor. Vi viser vidare til at departementet føreslår å oppheve aktivitetskravet i ein periode på ytterlegare to veker, til ti veker totalt frå 2. august 2024. I tillegg føreslår departementet å redusere nivået på ytinga til 90 prosent for åtte av dei ti vekene aktivitetskravet er oppheva.

Sjå elles omtalen under post 70.

Kap. 2531 Bidragsforskott

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Forskott til utbetaling

690 000

Sum kap. 2531

690 000

Post 70 Forskot til utbetaling (ny)

Sjå omtale under kap. 841, post 71. Det er vist til Bidragsforskot i folketrygdlova. BFD føreslår derfor å flytte løyvinga frå kap. 841, post 71, til nytt kap. 2531 Bidragsforskot, ny post 70 Forskot til utbetaling. Flyttinga gjer at løyvinga kjem inn under budsjettkapitla til folketrygda.

Forskoteringsordninga er regulert i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven). Bidragsforskotet er inntektsprøvd ut frå den berekna inntekta til mottakaren, talet på barn i husstanden og om vedkommande bur åleine med barnet/barna eller ikkje. Stønaden blir i dag ytt etter tre satsar, som blir indeksregulerte kvart år per 1. juli. Satsane frå 1. juli 2023 er: redusert forskot 940 kroner per barn per månad, ordinært forskot 1 410 kroner per barn per månad og auka forskot 1 880 kroner per barn per månad. Mottakarane med dei lågaste inntektene får utbetalt eit tillegg på ein tredjedel av ordinær forskotssats om barnet er over 11 år, totalt 2 350 kroner per barn over 11 år per månad. Retten til forskot fell bort ved ei inntekt over 620 400 kroner.

Budsjettoverslaget blir fastsett på bakgrunn av venta tal på barn med bidragsforskot og utbetaling per barn. Talet på barn med rett til bidragsforskot frå 2022 er venta å gå ned i 2023 og 2024. Tilstått forskot kan utbetalast dersom barnebidraget ikkje er innbetalt innan fristen som er sett. Dersom fastsett bidrag er lågare enn tilstått forskot, blir differansen utbetalt. Om lag 80 prosent av tilstått forskot kjem til utbetaling. Når forskot er utbetalt, blir innbetaling frå bidragspliktige ført som refusjon av bidragsforskot på post 70 under nytt kap. 5706, Bidragsforskot.

Departementet føreslår ei løyving på 690 mill. kroner i 2024.

Kap. 5706 Bidragsforskott

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Refusjon frå bidragspliktige

195 000

Sum kap. 5706

195 000

Post 70 Refusjon frå bidragspliktige (ny)

Sjå omtale under kap. 3841, post 70. Det er vist til Bidragsforskot i folketrygdlova. BFD føreslår derfor å flytte løyvinga frå kap. 3841, post 70, til nytt kap. 5706 Bidragsforskot og ny post 70 Refusjon frå bidragspliktige. Flyttinga gjer at løyvinga kjem inn under budsjettkapitla til folketrygda.

NAV krev refusjon for utbetalt bidragsforskot i barnebidraget frå dei bidragspliktige, sjå omtale under kap. 2531, post 70. Innbetalingane blir førte på denne posten.

Dei siste åra har innbetalinga frå dei bidragspliktige lege på om lag 30 prosent av det som blir utbetalt i forskot i den same perioden. Ein ventar at dette òg vil vere tilfellet i 2024.

Departementet føreslår ei løyving på 195 mill. kroner i 2024.

Fotnotar

1.

Tuv, N. (2022). Husholdningene har i snitt fått 18 000 kroner mindre å rutte med i 2022. Statistisk sentralbyrå.

2.

Masarik, A. S. og Conger, R. D. (2017). «Stress and child development: a review of the Family Stress Model», Current Opinimion in Psychology, 13, ss. 85–90

3.

Jacobsen. S. E. mfl. (2021). Sosial ulikhet i barn og unges deltakelse i organiserte fritidsaktiviteter. Betydningen av sosioøkonomiske ressurser, geografi og landbakgrunn (Rapport 2021:01). Bergen/Oslo: Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor.

4.

Wiik, Kenneth Aarskaug, Delt bosted for barn etter samlivsbrudd. Nye utviklingstrekk og kjennetegn, SSB rapport 2022/53

5.

Møller, Geir mfl., Barns bosted og medvirkning, Telemarksforsking, TF-rapport nr. 717, nr. 718, nr. 719 og nr. 720, 2023

6.

Møller, Geir mfl., Samarbeid og konflikter mellom foreldre som bor hver for seg, Telemarksforsking, TF-rapport nr. 719, 2023

7.

WHO/Verdens helseorganisasjon, Europarådets strategi for barns rettigheter 2022–2027 2.2.5 Promoting policies and measures supporting positive parenting which guarantee equal opportunities for children irrespective of their sex, status, abilities or family situation and 3.1.6 Providing positive digital parenting support.

8.

Dale, M. T. G., Aakvaag, H. F., Strøm, I. F., Augusti, E. M., & Skauge, A. D. (2023). Omfang av vold og overgrep i den norske befolkningen. NKVTS Rapport, 1-23.

9.

Frøyland, L. R., Lid, S., Schwencke, E. O., & Stefansen, K. (2023). Vold og overgrep mot barn og unge. Omfang og utviklingstrekk 2007–2023. NOVA Rapport 11/23

10.

Pedersen, S., Johnsen, P. F. F., von Hanno, I. L., Myrvold, T., & Stokke, O. M. (2023). Samfunnskostnader av vold i nære relasjoner. Menon-publikasjon nr.15/2023

11.

Fafo-prosjekt: Evaluering av «Snakke» og «Jeg Vet»

12.

Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte blir drifta av Incestsenteret i Vestfold.

13.

Valds- og overgrepslinjen (VO-linja) blir drifta av Krisesentersekretariatet i samarbeid med Oslo krisesenter.

14.

Forskrift om utmåling av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr.

15.

Christian Poppe og Elaine Kempson: Dyrtid under oppseiling II. Husholdenes økonomiske trygghet i 2022. SIFO-rapport 8-2022

16.

Torvald Tangeland, Frode Alfnes, Harald Throne-Holst og Arne Dulsrud: Bærekraftig energiforbruk: Forbrukermobilitet og -fleksibilitet i strømmarkedet. SIFO-rapport nr. 13-2022.

17.

AVdir har til no publisert tre fagartiklar i sitt tidsskrift Arbeid og Velferd:

«Ulønnet og lønnet foreldrepermisjon – Mødre og fedres bruk og vurderinger» (23. mars 2022)

«Flere fornøyde fedre enn mødre – foreldres syn på og bruk av foreldrepengeordningen» (23. mars 2022)

«Tatt av kvinnen – Eller hvem bestemmer egentlig mest i fordelingen av foreldrepengeperioden?» (8. mars 2023)

18.

OECD (2023), Exploring Norway's Fertility, Work, and Family Policy Trends, OECD Publishing, Paris

Til forsida