Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1651 Inntektskapittel: 3024–3051, 4600–4634, 5341, 5580, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkåra for leiarane i heileigde statlege føretak

1.1 Noregs Bank

Ida Wolden Bache vart ny sentralbanksjef frå 1. mars 2022. Sentralbanksjefen leier òg hovedstyret i Noregs Bank og komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet.

Årsløna til den nye sentralbanksjefen – Ida Wolden Bache – vart for 2022 avtalt til 2 416 000 kroner med regulering kvart år framover. Den nye sentralbanksjefen er medlem i Noregs Banks eiga pensjonsordning med m.a. maksimalt pensjonsgrunnlag 12 ganger Folketrygdens grunnbeløp (12 G). Den eiga pensjonsordninga for sentralbanksjef og visesentralbanksjef tek no ikkje opp nye medlemar. For året 2022 utgjorde løna til Wolden Bache samla 2 365 489 kroner.1 Verdien av andre føremoner utgjorde same året 11 526 kroner.

1.2 Folketrygdfondet

Folketrygdfondet er eit særlovselskap, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet.

Løna til administrerande direktør Kjetil Houg utgjorde 4 160 000 kroner i 2022 og anna godtgjersle 36 000 kroner.

Administrerande direktør må fråtre si stilling seinast ved fylte 70 år. Oppseiingstida er seks månader. Administrerande direktør har rett til etterløn tilsvarande seks månaders løn, rekna frå utgangen av oppseiingstida, dersom han vert oppsagd eller sjølv seier opp etter avtale med styret. Det er ikkje knytt rett til feriepengar eller pensjon til etterløna.

Folketrygdfondet har ein avtale om innskottsbasert pensjonsordning for dei tilsette. Dersom administrerande direktør i perioden frå han er 65 til 67 år tek imot yting knytt til sjukdom eller arbeidsuførleik, frå Nav og/eller tenestepensjonsordningar, vil desse ytingane kome til frådrag i pensjonen frå Folketrygdfondet i denne perioden. Pensjon for administrerande direktør vil verte samordna med alderspensjon frå folketrygda, oppsett rettighet i Statens pensjonskasse og innskottspensjon frå 67 år.

Fotnotar

1.

Omfattar løn som visesentrabanksjef fram til 1.3.2022 og som sentralbanksjef ut året.

Til forsida