Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4471 og 5578

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Om klima- og miljøutfordringane

Det er brei semje om at det å løyse klima- og miljøutfordringane er blant dei største oppgåvene vi står overfor i vår tid. Klima- og miljøendringane påverkar menneska si helse, livsgrunnlag og verdiskaping. Samtidig er det menneska som er årsak til endringane gjennom våre forbruks- og ressursmønster. Oppvarming av klimasystemet er utvitydig, og den menneskelege påverknaden er klar, ifølgje den siste hovudrapporten frå FNs klimapanel. Dei siste åra har det vore ein kraftig global temperaturauke. Ifølgje Verdas meteorologiorganisasjon var jorda si overflate i 2016 om lag 1,1 grad varmare enn i før-industriell tid.

Global utsleppsvekst ser samstundes ut til å minke, og dei siste åra har auken vore under 1 pst. per år, langt svakare enn gjennomsnittet sidan 2000. Ifølgje Det internasjonale energibyrået (IEA) har globale energirelaterte CO2-utslepp ikkje auka sidan 2013. Det er positivt, særleg i lys av at den globale økonomiske veksten har vore robust i same periode. Verda satsar no på fornybar energi. For berre få år sidan var det kolkraft som dominerte investeringane i global elektrisitetsproduksjon. Dei siste åra er det for første gongen fornybare kjelder som sol, vann og vind som dominerer. I kraftsektoren stod fornybare energikjelder for over 60 pst. av ny kapasitet på verdsbasis i 2015, ifølgje det internasjonale byrået for fornybar energi, IRENA. Kostnadane for solceller har falle med 80 pst. sidan 2009, medan vindturbinar har vorte 30 – 40 pst. billegare. Frå 2010 til i dag har prisen på litium-ion batteriar blitt redusert frå USD 1000 per kWh til USD 270 per kWh, og IEA forventar at prisen faller 10 pst. årleg til 2022. Analyseselskapet Bloomberg New Energy Finance ventar at prisen i 2030 er USD 73 per kWh. I ein global samanheng er det òg samfunnsøkonomisk lønsamt å setje inn effektive tiltak for å redusere oppvarminga no, samanlikna med å vente og dermed måtte ta større kostnader seinare.

I 2016 var dei norske klimagassutsleppa på 53,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar ifølgje foreløpige tal frå Statistisk sentralbyrå. Det er ein nedgang på litt under 1 pst. frå 2015. Viktigaste årsak er redusert bruk av fossile brensler til vegtrafikk og olje- og gassutvinning.

Gjennom klimaforliket på Stortinget vart det slått fast kva som er hovudutfordringane i klimapolitikken, kva mål vi skal nå og ei rekkje verkemiddel. Behandlinga av Meld. St. 13 (2014–2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030 – en felles løsning med EU stadfesta mål og særskilte innsatsområde mot 2030. Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid er en strategi for korleis måla kan nås i samarbeid med EU. Lov om klimamål (klimalova) lovfester klimamåla for 2030 og 2050. Formålet med lova er å fremje gjennomføring av Noregs klimamål som ledd i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn.

Endringar i klima skaper nye utfordringar for samfunnet. Store nedbørsmengder fører til overfløyming og jordras, skadelege framande arter klarer å tilpasse seg i den norske naturen, og jordbruksavlingar får skadar som følgje av eit våtare og varmare klima. Samfunnet må prioritere arbeidet med å tilpasse seg klimaendringane, og samstundes sikre at samfunnskritiske funksjonar som tek vare på befolkningas sikkerheit, som til dømes meteorologitenester og skredvarsling, til ei kvar tid fungerer optimalt.

Tap av naturmangfald er både ei nasjonal og internasjonal utfordring. Verda over er økosystema til dels så belasta av negativ påverknad at dei ikkje lenger leverer dei goda eller held ved lag dei naturlege prosessane som menneske er avhengige av. Òg i Noreg er det risiko for tap av naturmangfald, særleg som følgje av arealinngrep, arealbruksendringar og spreiing av framande arter. Ein føresetnad for å lukkast med det grøne skiftet er å ta vare på naturmangfaldet for noverande og kommande generasjonar. Dei viktigaste grepa for å ta vare på naturmangfaldet i Noreg er spegla i dei tre nasjonale måla om å sikre god tilstand i økosystema, ta vare på truga arter og naturtypar og å sikre eit representativt utval av norsk natur. Meld. St. 14 (2015 – 2016) Natur for livet og Stortinget si behandling av denne gir ein handlingsplan for å nå dei nasjonale og internasjonale måla for naturmangfald. Regjeringa er i gang med oppfølging av meldinga.

Dei store havområda under norsk jurisdiksjon, og vår avhengnad av og tilknyting til havet både i fortid, notid og framtid, inneber eit særskilt forvaltingsansvar for å sikre velfungerande marine økosystem, reine hav og rein kyst. Noreg har òg eit særskilt ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard. Aktivitetane i nord må tilpassast det naturen kan tole. Vi må òg ta omsyn til at naturen i Arktis kjem under stadig sterkare press, mellom anna som følgje av klimaendringane, som skjer særskilt raskt her.

Eit reint miljø er ein føresetnad for at vi fritt skal kunne bruke naturen og hauste av naturressursane. Mykje av norsk verdiskaping og produksjon er derfor avhengig av eit reint miljø. Helse- og miljøskadelege kjemikaliar utgjer ei stor utfordring både nasjonalt og internasjonalt. Dei farlegaste kjemikaliane, miljøgiftene, blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot mangfaldet i naturen og mot matforsyning og helse for kommande generasjonar. Noreg gjer ein særskilt innsats både nasjonalt og internasjonalt for å stanse bruk og utslepp av prioriterte miljøgifter innan 2020. Marin forsøpling og spreiing av mikroplast er eit aukande globalt miljøproblem og ein trussel mot både dyreliv langs kyst og i hav, mot sjømatressursane og menneskes bruk av kyst- og havområda. Noreg fører ein aktiv politikk både nasjonalt og internasjonalt på dette området. I Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi presenterer regjeringa ein strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast.

Kulturminne og kulturmiljø utgjer vårt kollektive minne om samfunn og levekår i tidlegare tider. Kulturminne og kulturmiljø er ressursar som ikkje kan fornyast. Dei representerer både miljømessige, kulturelle, sosiale og økonomiske verdiar og er ei viktig kjelde til kunnskap og opplevingar. Dei har betydning for identiteten, trivselen og sjølvforståinga til enkeltmenneska, og er ein ressurs i utviklinga av gode lokalsamfunn og gode næringar. I dag er breidda stor og verkemidla i kulturminnearbeidet mange, men i eit samfunn der endringstempoet er høgare enn nokon gong, blir det stilt store krav til at forvaltinga skal vere tydeleg og føreseieleg. Dette gjeld særleg i og omkring dei store byane. Samstundes kan nye miljøutfordringar verke direkte inn på korleis samfunnet vernar dei kulturhistoriske verdiane sine.

Klima- og miljøutfordringane må løysast både nasjonalt og internasjonalt

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å samordne og utvikle regjeringas klima- og miljøpolitikk, og arbeider for klima- og miljøvennlege løysingar i alle samfunnssektorar. Klima- og miljøforvaltinga skal vere kunnskapsbasert. Det inneber at forvaltinga må ha kunnskap om miljøtilstanden, påverknader og drivkrefter, tiltak og verkemiddel. Mens klima- og miljøforvaltinga har det overordna ansvaret for å ha oversikt over miljøtilstanden, har alle sektorar eit sjølvstendig ansvar for å sikre at kunnskap om eigen påverknad på klima og miljø, og kunnskap om moglege løysingar og tiltak, blir ivareteke i forsking og anna kunnskapsproduksjon.

Kommunane og fylkeskommunane har ei nøkkelrolle i klima- og miljøarbeidet. Dei er for eksempel lokal forureiningsstyresmakt, planansvarlege for utbygging i kommunane, eigarar av ei rekkje bygningar, vegar og infrastruktur, ansvarlege for handtering av kollektivtrafikk og avfall, og dei gjennomfører mange offentlege anskaffingar.

Folketalet i Noreg veks raskt, særleg i og rundt dei største byane. Det kan gi nye og forsterka miljøutfordringar, men urbanisering gir òg nye moglegheiter. Det er viktig å få til ei samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Luftkvalitet, bu- og bustadmiljø, transportløysingar, rekreasjon og friluftsliv er alle omsyn som må sjåast i samanheng. Fortetting ved kollektivknutepunkt vil redusere transportbehov og styrkje grunnlaget for klimavennlege transportformer som kollektivtransport, sykkel og gange. Redusert arealpress er positivt for ei rekkje klima- og miljøutfordringar.

Samstundes skjer det strukturendringar i landbruket med auka stordriftsfordel i både jordbruks- og skogbrukssektorane. Klimagassutslepp og næringstap til vatn og luft frå auka produksjon krev målretta tiltak for å oppnå miljømåla. Gjengroing av kulturlandskapet gjer at viktige kultur- og naturverdiar går tapt. Berekraftig produksjon og forbruk må sikrast gjennom samarbeid med næringa.

Dei viktigaste miljøproblema – klimaendringar, tap av naturmangfald og spreiing av miljøgifter – er globale. Internasjonalt samarbeid er nøkkelen til suksess i klima- og miljøarbeidet. Våre innanlandske miljøutfordringar er ein del av dei samla globale utfordringane. Skal vi løyse dei internasjonale miljøproblema må vi samstundes løyse våre eigne.

Med Parisavtala frå 2015 har alle statar teke på seg å melde inn eller fornye sine nasjonalt fastsette bidrag kvart femte år, i tråd med prinsippa i avtala om at nye bidrag vil utgjere ein progresjon og høgste moglege ambisjon.

I september i 2015 vart FNs universelle berekraftsmål vedtekne av FNs generalforsamling. Måla rettleier FN og medlemslanda i arbeidet med global fattigdom, sosiale rettar og jobbar, klima og miljø fram mot 2030. Berekraftmåla og Parisavtala dannar ei viktig ramme for Noregs nasjonale og internasjonale miljøarbeid, og begge er omtala nærare i denne proposisjonen.

Internasjonalt samarbeid under mellom anna Gøteborgprotokollen og betre teknologiar har medverka til at vi har klart å redusere tilførslene til vårt land av sur nedbør, og samarbeid gjennom Montrealprotokollen har resultert i at ozonlaget no er i ferd med å bli tjukkare. I Kigali i 2016 vart det bestemt at Montrealprotokollen òg skal regulere dei sterke klimagassane hydrofluorkarbon (HFKar). Stockholmkonvensjonen, Minamatakonvensjonen og Baselkonvensjonen er globale avtaler som gir redusert produksjon og bruk av miljøgifter og som regulerer grensekryssande transport av farleg avfall.

FN sin konvensjon om biologisk mangfald er eit svar på verdssamfunnet si bekymring over tapet av naturmangfald. Partslanda vedtok i 2010 måla for korleis verdas naturmangfald skal sikrast innan 2020 (Aichimåla). Desse måla er førande for Noreg sitt nasjonale og internasjonale arbeid på naturmangfaldområdet. Gjennomføring av Aichimåla har ei klar kopling til oppfølginga av FNs berekraftsmål.

Naturpanelet (IPBES, Intergovernmental Platform on Biodiversity and Ecosystem Services) er inne i ein viktig fase med avslutning av første arbeidsprogram i 2019. Norsk handlingsplan for naturmangfald, Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet understrekar at det er viktig med kunnskap som underbyggjer dei vala samfunnet tek. Naturpanelets rapportar vil også vere viktige for utviklinga av nye globale miljømål etter 2020, og for nasjonal politikkutforming.

Mange FN-organ er viktige aktørar i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. FNs miljøprogram er ein sentral aktør for å bringe fram ny miljøkunnskap, utvikle internasjonal miljølovgiving og hjelpe land med gjennomføringa av nasjonal miljøpolitikk.

Eit døme er at FNs miljøforsamling (UNEA) no vurderer om dei regionale og globale regelverka og strategiane mot marin plastforsøpling og mikroplast er effektive. Rapporten skal leggjast fram på møte i miljøforsamlinga hausten 2017.

EU er ein pådrivar i internasjonal miljøpolitikk og internasjonale miljøkonvensjonar dannar ofte utgangspunkt for gjennomføring av eit meir ambisiøst regelverk i EU. Ein stor del av EUs miljøpolitikk blir innlemma i norsk regelverk som følgje av EØS-avtala, blant anna EUs kjemikalieregelverk REACH. Noreg deltek blant anna fullt ut i EUs klimakvotesystem.

Samarbeid med økonomiar i framvekst og utviklingsland er òg ein viktig pilar i Noregs internasjonale klima- og miljøarbeid. Med bilaterale samarbeidsavtaler og støtte til internasjonale initiativ skal Noreg medverke til ei grøn utvikling gjennom oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø og naturressursar. Regjeringas største internasjonale initiativ innan klima- og miljø er Klima- og skoginitiativet.

Dei globale miljøutfordringane inneber at miljøomsyn bør bli innarbeidde i andre delar av det internasjonale samarbeidet òg, til dømes internasjonal handel, investeringar og finanssektoren. Klima- og miljødepartementet arbeider for at bilaterale, regionale og multilaterale handels- og investeringsavtaler vert utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn. Det grøne skiftet og grøn konkurransekraft i Noreg er òg knytt til det grøne skiftet og arbeidet med ein sirkulær økonomi i Europa.

Sentrale prinsipp i miljøforvaltinga

I forvaltinga for eit berekraftig samfunn som tek vare på naturkapitalen står følgjande prinsipp sentralt:

  • Klima- og miljøpolitikken skal vere basert på kunnskap. Å hente inn kunnskap frå nasjonale kjelder som forsking, kartlegging og overvaking (og syntesar baserte på dette) står sentralt, men bidrag frå internasjonale kunnskapsprosessar som klimapanelet (IPCC) og Naturpanelet (IPBES) er òg viktig.

  • Føre var-prinsippet, som er nedfelt i forureiningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og svalbardmiljølova, seier at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet og kunnskapen er mangelfull, skal ein ta tilstrekkelege forholdsreglar mot slik skade, eller late vere å gjennomføre aktiviteten.

  • Prinsippet om samla belastning står sentralt i naturmangfaldlova og inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både område, naturtypar og arter, når planar skal leggjast og vedtak skal fattast.

  • Forureinar betaler-prinsippet inneber at den som har ansvaret for at forureining skjer, skal dekkje kostnadene ved at forureining blir påført samfunnet. Dette er prinsippet for ei rekkje miljøavgifter, til dømes CO2-avgifta. Etter forureiningslova har forureinaren òg ansvaret for å rydde opp. Tilsvarande har naturmangfaldlova eit prinsipp om at kostnadene ved at miljøet blir dårlegare skal berast av tiltakshavar. Kulturminnelova har føresegn om at tiltakshavar skal betale kostnader ved arkeologiske undersøkingar av automatisk freda kulturminne. Svalbardmiljølova har òg slike føresegner.

2 Resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken

Klima- og miljøpolitikken er delt opp i seks resultatområde. Resultatområda er etablerte for å vise heilskapen i Klima- og miljødepartementets politikkområde, og for å gjere synleg at klima og miljø er eit ansvar for heile samfunnet.

På kvart resultatområde er det tilhøyrande nasjonale mål som speglar kva Noreg vil oppnå på området, og indikatorar for kvart mål som viser utviklinga over tid. Mål og indikatorar går fram av Miljøstatus.no.

Under følgjer ei nærare omtale av resultatområda og dei nasjonale måla.

2.1 Naturmangfald

Nasjonale mål:

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Naturmangfaldet er grunnlaget for menneska sitt liv på jorda. Vel fungerande økosystem er ein føresetnad for stabilitet, velferd og vekst. Naturen reinsar vatn og luft, resirkulerer næringsstoff, bind jordsmonn, dempar flaumar, lagrar karbon, beskyttar mot erosjon og syter for pollinering av planter. Naturen medverkar òg til verdiskaping og arbeidsplassar og opplevingar. Ein mangfaldig natur gir meir robuste økosystem som er betre i stand til å tilpasse seg endringar i naturen, blant anna klimaendringane.

Auka bruk av areal og naturressursar fører til eit betydeleg press på økosystema. Klimaendringane forsterkar dei negative effektane på ein allereie pressa natur. I Noreg påverkar klimaendringar allereie naturen negativt, særleg i havområda og i polare strøk. Arealbruk og omdisponering av areal er den faktoren som har størst påverknad på naturmangfaldet på land. Forureining, spreiing av framande organismar, overhausting og klimaendringar er andre viktige påverknader på naturmangfaldet. I havet er havforsuring ein viktig faktor.

Gjennom dei siste tiåra er det globale naturmangfaldet vesentleg redusert. Situasjonen i Noreg er meir positiv, men òg her finst det utfordringar. Naturindeksen for Noreg (sjå omtale i boks 2.1) viser at det er utfordringar i fleire hovudøkosystem, blant anna i våtmark i lågareliggjande og kystnære strøk, i havområda ved Svalbard, i Nordsjøen og i Skagerrak og i ope lågland (kulturbetinga naturtypar) i Sør-Noreg. Regjeringa har som ei oppfølging av naturmangfaldmeldinga satt i gang arbeid med å klargjere kva som er å rekne som god tilstand i dei ulike økosystema og å fastsetje forvaltingsmål. Regjeringa tek sikte på at ei forvalting basert på definerte mål for økologisk tilstand er på plass innan 2020.

Boks 2.1 Naturindeksen for Noreg

Naturindeksen for Noreg 2015 er basert på 301 indikatorar og viser tilstand og utviklingstrendar for naturmangfaldet i dei store økosystema havbotn, opne vassmassar i havet, kystvatn-botn og kystvatn-vassmassane, elver og innsjøar, våtmark, skog, fjell og kulturbetinga naturtypar i ope landskap. Ny naturindeks vil bli presentert i 2020. Alle forskingsinstitusjonar som arbeider med naturovervaking er involverte i arbeidet, og i alt var 85 ekspertar involvert i oppdatering av naturindeks 2015. For meir informasjon om Naturindeksen sjå http://www.miljodirektoratet.no/no/Publikasjoner/2015/November-2015/Naturindeks-for-Norge-2015/.

For å hindre at arter og naturtypar i norsk natur blir utrydda, må vi ha spesiell merksemd på dei artene og naturtypane som er truga. Dette er arter og naturtypar der det er ekstremt høg eller høg risiko for at dei kan forsvinne frå norsk natur. Ei truga art eller naturtype er definert som ei art eller naturtype i ein av kategoriane kritisk truga, sterkt truga eller sårbar på Norsk raudliste for arter 2015 eller Norsk raudliste for naturtypar 2011. Tabell 2.1 gir ein oversikt over truga arter og naturtypar i dei ulike hovudøkosystema.

Tabell 2.1 Talet på truga arter og naturtypar i hovudøkosystema

Hovudøkosystema i Noreg

Talet på truga arter

Talet på truga naturtypar

Hav og kystvatn

45

5

Elvar og innsjøar

166

5

Våtmark

174

11

Skog

1135

9

Fjell

83

1

Kulturlandskap (ope lågland)

1119

9

Polare område (Svalbard)

46

Dei områda som er verna etter naturmangfaldlova, utgjer ein viktig del av den norske naturen, og det er ei prioritert oppgåve å oppretthalde tilstanden i desse områda ved god forvalting. Om lag 17 pst. av fastlands-Noreg er no verna som nasjonalparkar, naturreservat eller landskapsvernområde. Omtrent 80 pst. av det verna arealet på fastlandet blir forvalta av nasjonalpark- og verneområdestyra som består av representantar frå kommunar og fylkeskommunar som har tilknyting til verneområdet, i tillegg til representantar oppnemnd av Sametinget der det er aktuelt.

Om lag 75 pst. av nasjonalparkane, 70 pst. av landskapsvernområda og litt over 20 pst. av naturreservata ligg i fjellet. Om lag 35 pst. av arealet over 900 meter over havet er verna. Det finst naturtypar i fjellet som treng betre vern, men i hovudsak reknar ein målet om representativt vern av fjellet som oppnådd. Vel 4 pst. av skogen, under dette om lag 3 pst. av den produktive skogen, er no verna. Det er eit mål å verne 10 pst. av det totale skogarealet. Så sjølv om det er verna mye skog dei siste åra, har vi framleis eit stykke igjen for å nå dette målet. Produktiv skog har som hovudregel det største naturmangfaldet, så det blir arbeidd vidare for å verne slik skog. 15,7 pst. av våtmark, 13,6 pst. av elvar og innsjøar og 12,1 pst. av områda i ope lågland, under dette kulturlandskapet, er verna. Sjølv om omfanget av verna areal gir relativt god dekning for desse tre hovudøkosystema, er det framleis behov for å verne fleire naturtypar. Om lag 3,1 pst. av hav og kystvatn er verna. Her er det langt igjen før målet om representativt vern er oppnådd.

2.2 Kulturminne og kulturmiljø

Nasjonale mål:

  • Eit mangfald av kulturminne, kulturmiljø og landskap skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.

  • Kulturminne, kulturmiljø og landskap skal gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging medverke til berekraftig utvikling.

  • Alle skal ha moglegheit til å engasjere seg og ta ansvar for kulturminne, kulturmiljø og landskap.

I statsbudsjettet for 2017 varsla ein at departementet ville komme tilbake til Stortinget med forslag til nye nasjonale mål for kulturminnefeltet i statsbudsjettet for 2018.

Meir konkret vert følgande sagt om arbeidet med dei nye måla. «Dei nye måla vil både ta bare på behovet for istandsetjing, vedlikehald og høg fagleg standard på det antikvariske arbeidet, og samfunnsnytten med å ta vare på kulturarven.»

Dei nye nasjonale miljømåla for kulturminnefeltet, slik dei no er foreslått, inneberer ikkje nokon endring av ambisjonsnivået. Dei inneberer heller ikkje at måla blir brukte på nye område. Slik forslaget til dei nye, nasjonale måla er utforma, gjev dei auka fleksibilitet i arbeidet med å sikre at måla blir nådde, samtidig som dei legg eit godt grunnlag for å dokumentere og rapportere på samfunnsbidraget i kulturminnepolitikken.

Måla byggjer på prinsipp og omsyn i internasjonale konvensjonar og manifest, som Farokonvensjonen (Europarådets rammekonvensjon om kulturarvens verdi for samfunnet), Den europeiske landskapskonvensjonen, FNs berekraftsmål og HUL (UNESCOs tilråding On the Historic Urban Landscape). Landskap er forstått som eit område der samspelet mellom natur og kultur er med på å gi det sitt særpreg. Måla på dette resultatområdet knyter seg til den kulturhistoriske dimensjonen i landskapet

Det vil i løpet av hausten 2017 bli utvikla indikatorar for dei tre nasjonale måla, som skal takast i bruk frå og med 2018. Dei nye nasjonale måla med indikatorar vil vere grunnlag for rapportering i Miljøstatus.no.

Kulturminne og kulturmiljø er viktige delar av samfunnet sitt kollektive minne. Historiske bygningar, bymiljø, landskap og arkeologiske spor er kjelder til historia om samfunnet si utvikling, om enkeltmennesket sitt liv og om korleis menneska har brukt og innretta seg etter naturen og samfunnet gjennom tidene. Kulturminnepolitikken skal forvalte dei kulturhistoriske verdiane som eit kulturelt og miljømessig ressursgrunnlag for morgondagens samfunn.

Kulturminne og kulturmiljø utgjer verdiar som gir stader særpreg og eigenart, og er ein ressurs i utvikling av gode lokalsamfunn og gode næringar. Døme viser at lokalsamfunn som tek i bruk kulturarven, skaper ei rekkje moglegheiter for befolkninga. Kulturarv kan vere eit konkurransefortrinn ved val av bustad, ved etablering av verksemder og ved utvikling av reiseliv. Kulturarv kan òg medverke til å skape attraktive miljø for utviklinga av ulike kultur- og tradisjonsprodukt innanfor for eksempel handverkstradisjonar, kunsthandverk og lokale matvarer.

I St. meld. nr. 16 (2004–2005) Leve med kulturminner vart det lagt fram ein opptrappingsplan for å nå dei førre nasjonale miljømåla om at freda kulturminne skal setjast i stand til ordinært vedlikehaldsnivå. I oppfølginga av meldinga har Klima- og miljødepartementet organisert arbeidet i ti bevaringsprogram. I Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste som blei behandla i juni 2013, heldt eit samla Storting ved lag ambisjonane og måla frå Leve med kulturminner. Oppfølginga av arbeidet med bevaringsprogramma er framleis like viktig sjølv om dei føreslåtte nye nasjonale miljømåla for kulturminnefeltet ikkje lengre er knytte direkte opp mot årstal og eit fastsett tidsperspektiv.

Til trass for vesentleg styrking av dei statlege tilskotsordningane, er situasjonen i dag til dels prega av etterslep i istandsetjingsarbeidet. Dette bildet varierer likevel frå program til program. Istandsetjingsprogrammet for stavkyrkjer er sluttført i tråd med målet slik at innsatsen no kan konsentrerast om det fortløpande vedlikehaldet. Utfordringane med omsyn til etterslep er størst innanfor programmet for freda kulturminne i privat eige.

I statsbudsjettet for 2016 varsla Klima- og miljødepartementet at dei ti bevaringsprogramma ville bli gjennomgått som følgje av eit stort og aukande etterslep på fleire av bevaringsprogramma. Det er store variasjonar mellom programma som gjer at 2020-måla ikkje vil bli nådd for enkelte av dei.

Kunnskapsløftet vart i hovudsak fullført i 2017 med unntak av delprosjektet Kulturminner i kommunene som blir ført vidare. Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga og kulturminneportalen bidrar til å sikre eit solid kunnskapsgrunnlag for ei effektiv oppfølging av statlege forpliktingar, for politikkutvikling og for målretta bruk av ressursane på kulturminneområdet. Kunnskapsløftet/kulturminneportalen har medverka til å styrkje avgjerdsgrunnlaget i forvaltinga og medverke til å standardisere, forenkle og effektivisere arbeidsprosessar på tvers av forvaltingsnivåa.

Mange kommunar har oppdatert oversikt over eigne verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Rundt 300 kommunar har no vedteke eller er i gang med å utarbeide kulturminneplan. Gjennom satsinga kunnskapsløftet, som skjer i regi av Riksantikvaren, vil fleire kommunar få betre kunnskap om dette, og tapet av verneverdige kulturminne og -miljø kan reduserast.

Som oppfølging av Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste – Kulturminnepolitikken har Klima- og miljødepartementet sett i gang ei mangeårig satsing for oppfølging av verdsarvkonvensjonen med sikte på å auke kunnskapen om verdsarvkonvensjonen og styrkje den lokale forankringa ved blant anna å etablere verdsarvsenter ved dei norske verdsarvområda. Arbeidet med ein prioriteringsplan som vil bli lagt til grunn for den vidare framdrifta for arbeidet i perioden 2017 – 2026 vart sluttført hausten 2017. Så langt er det etablert verdsarvsenter ved fem av dei norske verdsarvområda; Bergkunsten i Alta, Vestnorsk fjordlandskap/Geiranger, Vegaøyan verdsarva, Røros bergstad og Circumferensen og industriarv Rjukan – Notodden. Klima- og miljødepartementet medverkar i eit internasjonalt samarbeid gjennom ei seksårig programsamarbeidsavtale (2016–2021) med IUCN og ICCROM om kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen.

Kulturminnefondet er den viktigaste verkemiddelordning for eigarar av verneverdige kulturminne. Tilskot frå Kulturminnefondet er eit effektivt bidrag til arbeidet med å betre rammevilkåra for private eigarar av kulturminne og til å stimulere til privat verneinnsats. Kulturminnefondet har i 2016 fordelt 73,7 mill. kroner til 621 tiltak, som medverkar til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Dei fleste norske byar og stader har ein struktur – planlagt eller ikkje – som er prega av behov og ønskjer frå tidlegare tider. Det gjeld anten dei som opphaveleg kan sporast tilbake til mellomalder eller seinare. Både dei enkelte kulturminna og samansette kulturmiljø medverkar sterkt til lokalt særpreg og attraktivitet. Riksantikvarens bystrategi 2017 – 2020 vil vere eit hjelpemiddel ved forvalting av historiske bymiljø.

2.3 Friluftsliv

Nasjonale mål:

  • Friluftslivet sin posisjon skal bli teken vare på og utvikla vidare gjennom ivaretaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Friluftsliv gir auka trivsel, betrar folkehelsa og aukar forståinga og interessa for å ta vare på naturverdiar. Friluftsliv er kjenneteikna av koplinga mellom fysisk aktivitet og naturopplevingar, og av at friluftsliv som regel ikkje har noko konkurranseelement. Spesielt viktig er naturen i nærmiljøet, som er den klart mest etterspurte arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen.

Friluftslivet har ei sterk stilling i Noreg. Den norske naturen og landskapet, friluftsliv og eit nært forhold til naturen er ein viktig del av det nasjonale medvitet og ein integrert del av mange nordmenn sitt liv.

Undersøkingar viser at forutan å få trim og bli i betre fysisk form er det først og fremst fred og ro, naturoppleving og det å komme ut i frisk luft folk ønskjer når dei går på tur. Ifølgje SSB sine Levekårsundersøkingar deltek meir enn 90 pst. av den norske befolkninga i friluftslivsaktivitet. I gjennomsnitt driv nordmenn med ein eller fleire friluftslivsaktivitetar meir enn 100 gonger i året. Fotturar er mest utbreidde, deretter følgjer utandørs bading.

Befolkningstettleiken aukar i byar og tettstader. Befolkninga har likevel ein unik nærleik til grøntområde i høve til andre land vi kan samanlikne oss med. Samtidig er tilgangen til grøntområde avgrensa i dei store byane, der berre halvparten av befolkninga har trygg tilgang til leike- og rekreasjonsareal.

Den lovfesta retten i friluftslova til å kunne ferdast fritt og opphalde seg i naturen (allemannsretten) og at ferdsel og opphald i naturen er gratis, er ein viktig føresetnad for at friluftsliv er svært utbreidd i Noreg. Allemannsretten si sterke stilling i Noreg heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege. Stadig fleire flytter til byar og tettstader, og då får naturen i og ved slike område ein endå viktigare funksjon som arena for rekreasjon, friluftsliv og naturopplevingar.

2.4 Forureining

Nasjonale mål:

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting.

  • Å sikre trygg luft. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

    • Årsmiddel PM10: 20 µg/m3

    • Årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

    • Årsmiddel NO2: 40 µg/m3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005.

Alle har rett til eit miljø som trygger helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir teken vare på.

Utslepp i Noreg av helse- og miljøskadelege kjemikaliar stammar frå produksjon av råstoff og ferdigvarer i industrien, og utslepp frå produkt vi omgir oss med og frå avfallsstraumar. I tillegg kjem langtransportert forureining og spreiing frå forureina grunn og sjøbotn.

Miljøgifter er helse- og miljøfarlege kjemikaliar som i liten grad blir brotne ned i naturen og som kan hope seg opp i organismar og næringskjeder. Nivået for enkelte miljøgifter er på veg ned og industriutsleppa er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land. Likevel er det behov for ein særleg innsats fram mot 2020 for å stanse bruk og utslepp av dei prioriterte miljøgiftene (www.miljostatus.no/prioritetslisten). Regjeringa la i 2015 fram ein handlingsplan for arbeidet med desse miljøgiftene.

Boks 2.2 Nærare om to av dei nasjonale måla for arbeidet med forureiningar

Forureining skal ikkje skade helse og miljø:

Forureining i denne samanhengen er å forstå som utslepp av stoff som kan gi skade på helse og/eller miljø, jf. definisjonar i forureiningslova. Det nasjonale målet dekkjer potensielt helse- og miljøskadelege forureiningar, også ved akutt forureining, der handtering og verkemiddelbruk i hovudsak er basert på risikovurderingar. Målet inneber at risiko for skade skal minimerast. Målet omfattar utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikaliar, langtransportert luftforureining og radioaktive stoff. Målet omfattar den delen av nullutsleppsmålet for petroleumsverksemd som gjeld oljekomponentar som ikkje er miljøfarlege, og tilsette kjemikaliar som ikkje har ibuande miljøfarlege eigenskapar, og naturleg førekommande radioaktive stoff.

Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast:

Nokre typar forureiningar eller stoff kan ha så alvorlege konsekvensar at dei i hovudsak blir handterte og regulerte etter sine ibuande eigenskapar. Utslepp av slike helse- og miljøfarlege stoff skal kontinuerleg reduserast med intensjon om å stanse utsleppa. Det langsiktige målet er å oppnå konsentrasjonar i miljøet nær bakgrunnsnivå for naturleg førekommande stoff og nær null for menneskeskapte stoff. For dei prioriterte miljøgiftene i den spesifikke prioritetslista, for tida vel 35 stoff og stoffgrupper, skal bruk og utslepp av desse miljøgiftene reduserast vesentleg med sikte på å stanse utslepp innan 2020. Målet omfattar òg nullutsleppsmålet for naturleg førekommande og tilsette miljøfarlege stoff frå operasjonelle utslepp frå petroleumsverksemd, nokre radioaktive stoff, farleg avfall og radioaktivt avfall.

Nivået på radioaktiv forureining er generelt lågt. Nedfallet frå ulykka i Tsjernobyl i 1986 er framleis ei viktig kjelde til radioaktivitet i norsk natur.

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø, og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått føre seg i fleire tiår. I overkant av 2000 grunnforureiningssaker er avslutta, og oppryddingstiltak er gjennomført på store og alvorlege grunnforureiningslokalitetar, i hovudsak etter pålegg av forureiningslova retta mot ansvarleg forureinar eller grunneigar. Arbeidet med forureina grunn vil likevel fortsette. Nye forureina lokalitetar dukkar ofte opp når industri blir lagt ned og arealbruken endra. Vi får òg stadig ny kunnskap om miljøgifter og bransjar, som gjer at det blir avdekka fleire område med forureina grunn. Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006. Arbeidet med å rydde opp er godt i gang i fleire område, og mange område er ferdig rydda. Av dei 17 høgast prioriterte områda for opprydding av forureina sjøbotn er 4 ferdig rydda, 1 er nær ferdig, og 1 er venta ferdig i 2017. I tillegg er større delområde på andre av dei 17 prioriterte områda ferdig eller under opprydding no. Utover desse 17 områda blir det arbeidd med undersøkingar og tiltak ved ei rekkje industrifjordar, skipsverft og i store hamner.

For petroleumsverksemda er det eit mål at utslepp til sjø av dei mest miljøfarlege tilsette kjemikaliane skal stansast og at utslepp av naturleg førekommande prioriterte miljøgifter skal stansast eller minimerast. Når det gjeld olje og andre stoff, er målet ingen utslepp eller minimering av utslepp som kan gi skade, jf. Meld. St. 35 (2016 – 2017) Oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet. Dette nullutsleppsmålet gjeld for heile den norske sokkelen. For tilsette miljøfarlege kjemikaliar har målet vore sett på som nådd. Dei siste par årene er det likevel rapportert om auka utslepp av desse stoffa. For olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn er det framleis behov for tiltak for å nå målet.

Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller sikrast god nok nasjonal behandlingskapasitet. I dag blir nær alt farleg avfall gjenvunne eller levert til godkjent behandling. Innsats for å redusere helse- og miljøskadelege stoff i produkt medverkar òg til å redusere miljøproblema når slike produkt blir til avfall.

Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane vil auke på lang sikt om ein ikkje lykkast med å førebyggje avfall. Dei seks siste åra har auken i mengda avfall frå hushalda i snitt vore mindre enn volumauken i forbruket. Ressursane i avfallet skal takast vare på og nyttast om igjen i størst mogleg grad ved ombruk, materialgjenvinning og energigjenvinning. I dag vert meir enn 80 pst. av avfallet material- eller energigjenvunne.

Kunnskapen om marin forsøpling og mikroplast aukar og denne miljøtrusselen har stor merksemd i Noreg og internasjonalt. Ei god avfallsbehandling er viktig for å førebyggje marin forsøpling. Sjølv om avfallsystemet i stor grad fungerer godt i Noreg, er det likevel behov for ytterlegare tiltak mot marin forsøpling. Viktige kjelder til marin forsøpling i Noreg er plastavfall frå fiskeri- og oppdrettsnæringa og avfall frå forbrukarar. Det blir òg arbeidd med tiltak mot ulike kjelder til spreiing av mikroplast slik som dekkslitasje, kunstgrasbanar og maling.

Gjennom Montrealprotokollen forpliktar medlemslanda seg til utfasing av bruk av gassar som er skadelege for ozonlaget. Bruken av stoffa er på verdsbasis redusert med over 98 pst., og overvakingsresultat viser no at ozonlaget er i ferd med å bli tjukkare. Noreg oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen. Hydrofluorkarbon (HFKar) utgjer i dag omlag 1 pst. av dei globale klimagassutsleppa, og er den gruppa gassar som er i sterkast vekst i verda. Om ikkje veksten vert avgrensa, vil HFK-gassane kunne stå for opptil 0,5 grader oppvarming innan slutten av dette hundreåret. På partsmøtet under Montrealprotokollen i Kigali i oktober 2016 vart det vedteke at protokollen òg skal regulere HFK. Meir om dette under programkategori 12.20.

Internasjonale avtaler har redusert tilførslene av langtransportert luftforureining sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover utan ytterlegare reduksjonar. Verdas Helseorganisasjon anslår at sju millionar menneske årleg dør for tidleg på grunn av luftforureining, av desse 400 000 i Europa. Nasjonalt har Noreg redusert sine utslepp av svoveldioksid, nitrogenoksid og flyktige organiske sambindingar i tråd med dei internasjonale forpliktingane i Gøteborgprotokollen og i EØS-avtala. For utslepp av ammoniakk må verkemiddelbruken forsterkast for å overhalde forpliktingane i dei internasjonale avtalene.

Både for svevestøv og NO2 er det fastsett juridisk bindande grenseverdiar i forureiningsforskrifta. Grenseverdien for svevestøv vart stramma inn frå 1. januar 2016. Frå 1. januar 2017 blei det nasjonale målet for lokal luftkvalitet endra i tråd med tilrådinga frå Miljødirektoratet, Vegdirektoratet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet i rapport M-129.

Nivåa av svevestøv (PM10) viser ein nedgåande trend sidan 2004. I 2016 hadde likevel Narvik og Tromsø overskridingar av døgngrenseverdien for PM10. Det nasjonale målet for PM10 vart i 2016 overskride i fem byområde (Oslo, Fredrikstad, Tromsø, Drammen og Mo i Rana). Det var ingen overskridingar av grenseverdien for PM2,5 i 2016, men Oslo, Stavanger, Bærum og Sarpsborg overskreid det nasjonale målet. Dei fleste stadene har konsentrasjonane av nitrogendioksid (NO2) vore stabile gjennom det siste tiåret. I Oslo og Bergen vart grenseverdiane for årleg gjennomsnittskonsentrasjon og timesmiddel for NO2 overskridne i 2016. Det nasjonale målet for NO2 blir berre overskride i dei største byane. I 2016 gjaldt dette to bykommunar (Bergen og Oslo). Lillesand og Sør-Varanger hadde for høge døgnmiddelkonsentrasjonar av svoveldioksid (SO2). I Sør-Varanger vart både grensene for talet på tillatne døgn og timar overskridne. I tillegg vart målsetjingsverdien for nikkel overskriden i Kristiansand i 2016.

Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg utandørs støy ved bustaden i 1999 er redusert med 9 pst. mellom 1999 og 2014. I denne utrekninga er det ikkje teke omsyn til befolkningsvekst eller tilflytting til område som er plaga av støy. Generelt vil trafikkvekst og befolkningsvekst i område påverka av støy føre til fleire støyutsette, noko som forklarar kvifor vi samtidig opplever ein generell auke i talet på nordmenn som er utsette for støy. Vegtrafikk er den desidert viktigaste kjelda til støyplager i Noreg i dag, og står for over 80 pst. av den utrekna støyplaga. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar. Utviklinga viser at det kan bli vanskeleg å nå det fastsette målet for støy i 2020.

2.5 Klima

Nasjonale mål:

  • Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

  • Noreg har på vilkår teke på seg ei forplikting om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal vere klimanøytralt i 2030.

  • Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

  • Politisk mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Resultatområdet Klima omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar. Noregs mål for 2020 blir følgt opp under Kyotoprotokollen, mens 40-prosentsmålet for 2030 er meldt inn til FN som Noregs bidrag under Parisavtala og lovfesta i klimalova. Målet om at Noreg skal bli et lågutsleppssamfunn i 2050 er lovfesta i klimalova. Vidare omfattar resultatområdet internasjonal klimafinansiering og klimatilpassing.

Dei nasjonale måla for klima er forankra gjennom Klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012)), og Stortingets behandling av stortingsmelding om ny utsleppsforplikting for 2030 (Innst. 211 S (2014–2015), av Meld. St. 13 (2014–2015)), og stortingsmelding om klimatilpassing i Norge (Meld. St. 33 (2012 – 2013)), og av proposisjon om samtykke til ratifikasjonen av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016) til Prop. 115 S (2015–2016)) og Lov om klimamål (klimaloven) av 16.6.2017.

I Statistisk sentralbyrås foreløpige utsleppsrekneskap var Noreg sine utslepp i 2016 på 53,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar, 0,5 mill. tonn lågare enn året før. Klimagassutsleppa nådde ein topp i 2007 med 56,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar, men har sidan blitt redusert noko. Dette trass i at Noreg har hatt ein vesentleg økonomisk vekst og folketalsvekst. Utsleppa per innbyggjar har gått ned frå 12,2 tonn i 1990 til 10,2 tonn i 2016, ein reduksjon på 17 pst. Dei samla utsleppa ligg likevel framleis 1,7 mill. tonn (3,3 pst.) over 1990-nivået. Petroleumssektoren er den største utsleppskjelda i Noreg, tett følgt av industri og vegtrafikk. Sjå nærare i tabell 2.2.

Tabell 2.2 Utslepp av klimagassar. Mill. tonn CO2-ekvivalentar (foreløpige tal for 2016)

Mill. tonn 2016

Endring i pst.

Sidan 1990

2015–2016

Utslepp frå norsk territorium

53,4

3,3

-0,9

Av dette:

Olje- og gassutvinning

14,9

80,4

-1,6

Industri og bergverk

11,7

-40,3

-1,6

Vegtrafikk

9,9

27,8

-3,6

Luftfart, sjøfart, fiske, motorreiskap m.m.

6,5

18,2

2,5

Jordbruk

4,6

-4,2

1,1

Energiforsyning

1,7

302,2

-2,2

Oppvarming i andre næringar og hushald

1,2

-55,8

2,0

Andre kjelder

3,0

10,3

4,9

Tala omfattar ikkje utanriks sjø- og luftfart.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Regjeringa fører ein offensiv klimapolitikk for å redusere Noregs utslepp og har blant anna forsterka klimaforliket på ei rekkje område. Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid er ein strategi for korleis 2030-målet kan nåast. Reduksjonar fram mot 2020 vil òg medverke til å nå dei meir langsiktige klimamåla. Samtidig vil ei rekkje tiltak som no blir sette i verk, først bli synlege i utsleppsreduksjonar på lengre sikt, og medverke både til 2030-målet og til målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

Under Kyotoprotokollen har Noreg teke på seg ei utsleppsforplikting som inneber at Noreg skal syte for at dei årlege utsleppa av klimagassar i perioden 2013–2020 i gjennomsnitt er 16 pst. lågare enn Noregs utslepp i 1990. Kyotoprotokollen etablerer på denne måten eit utsleppsbudsjett for perioden 2013–2020 som er i tråd med 2020-målet om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar i 2020 tilsvarande 30 pst. av norske 1990-utslepp.

Kyotoprotokollen opnar for at nasjonale tiltak kan supplerast med tiltak i andre land. Slikt samarbeid skjer innanfor ramma av regelverket for Dei fleksible mekansimane i Kyotoprotokollen. Det er etablert eit system for kontroll med utsleppsrekneskapen under denne ordninga. Kontrollen med prosjektsamarbeid i utviklingsland under Den grøne utviklingsmekanismen (CDM) er svært detaljert. Såleis må kvart enkelt prosjekt godkjennast av FN og kvotar blir først utstedt når verknaden av tiltaket er dokumentert. Noreg nyttar utsleppsreduksjonar frå Den grøne utviklingsmekanismen som eit supplement til nasjonale tiltak, jf. omtale under kapittel 1481.

Klimaforliket frå 2008 gir ein ambisjon for kor stor del av 2020-målet som skal oppfyllast gjennom innanlandske utsleppsreduksjonar. Ambisjonen er å redusere dei innanlandske utsleppa i 2020 frå eit berekna nivå på 60,6 mill. tonn og ned til 46,6–48,6 mill. tonn. Sjå boks 2.3 for ei nærare forklaring av dette.

Boks 2.3 Ambisjonen for innanlandske utsleppskutt mot 2020

I klimaforliket frå 2008 vart det lagt til grunn at det kunne vere realistisk å ha eit mål om å redusere dei innanlandske klimagassutsleppa med 15–17 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020, samanlikna med referansebanen slik den vart presentert i Nasjonalbudsjettet 2007, når nettoopptak i skog vart inkludert med 3 mill. tonn CO2 i eit norsk utsleppsregnskap for 2020. Dette vart i samband med behandlinga av energimeldinga (Innst. 401 S (2015–2016)) operasjonalisert, og det står at dei innanlandske utsleppa ikkje skal overstige 45–47 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2020. For å ta omsyn til blant anna endringar i retningslinjene for utsleppsberekningar vart dette sidan teknisk justert slik at intervallet no er endra til 46,6–48,6 mill. tonn (sjå KLDs budsjettproposisjon, Prop. 1 S (2016–2017)). Dette inkluderer ikkje skog. Eventuelle bidrag frå opptak i skog ville kome i tillegg og auke ambisjonsnivået utover dette. Med Kyotoprotokollens bokføringsreglar får Noreg nytte ein avgrensa del av opptaket i skogen til å oppfylle utsleppsforpliktinga for 2020. Utslepp frå avskoging m.m. gjer òg at vi samla sett ikkje ventar at sektoren vil medverke til å oppfylle utsleppsforpliktinga for 2020.

Ambisjonen om nasjonale utsleppsreduksjonar i 2020 i klimaforliket frå 2008 var basert på SFTs tiltaksanalysar (no Miljødirektoratet), eksisterande verkemiddelbruk, og dei sektorvise klimahandlingsplanane. Det vart samtidig presisert at dei sektorvise måla var baserte på anslag og at dei ville måtte revurderast dersom endringar i framtidige prognosar, kostnader, teknologiutvikling eller andre vesentleg endra føresetnader skulle tilseie det. I både klimaforliket frå 2008 og 2012 vart det peikt på at uvissa er stor når det gjeld den økonomiske og teknologiske utviklinga og når det gjeld effekten av verkemiddel. I klimaforliket frå 2012 vart det understreka at teknologiutviklinga, kostnadene ved klimatiltak, befolkningsveksten, den økonomiske veksten og utsleppsutviklinga innanfor petroleumssektoren ville ha betydning for når ambisjonen blir nådd.

På grunnlag av innstillinga til proposisjonen om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala, Innst. 407 S (2015–2016), har Stortinget vedteke at regjeringa skal leggje til grunn at Noreg frå og med 2030 skal vere klimanøytralt. Sjå del II, Oppfølging av oppmodingsvedtak, for meir informasjon.

Som eit bidrag til Parisavtala har både Noreg og EU meldt inn forpliktingar på bestemte vilkår på minst 40 pst. reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 1990. Noreg og EU arbeider no for at dette skal skje gjennom ei felles oppfylling av klimamåla. Ei slik avtale mellom Noreg og EU vil innebere at Noreg vil medverke til gjennomføring av utsleppsreduksjonar på 43 pst. samanlikna med 2005 innanfor EU sitt kvotesystem (kvotepliktig sektor). Noreg vil òg medverke til utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor, der dei samla utsleppa i EU skal kuttast med 30 pst. frå 2005 til 2030. Innsatsen som er naudsynt for å få til dette skal fordelast mellom landa gjennom bindande utsleppsmål. Ei avtale med EU vil innebere at Noreg får eit nasjonalt utsleppsmål for ikkje-kvotepliktig sektor på linje med samanliknbare EU-land. EU har etablert fleksibilitetsmekanismar som mellom anna opnar for samarbeid mellom land om oppfylling av utsleppsmål i ikkje-kvotepliktige sektorar. Det er òg opna for at nokre land kan konvertere kvotar dei disponerer i bedriftskvotesystemet til utsleppseiningar som kan nyttast til å nå mål for ikkje-kvotepliktige sektorar. I samsvar med drøftinga i Meld. St. 41 (2016 – 2017) legg regjeringa opp til at Noreg vil nytte seg av denne fleksibiliteten.

Dersom Noreg ikkje får i stand ei avtale med EU om felles oppfylling, har Noreg meldt til Klimakonvensjonen at ein vil nytte fleksible mekanismar i samsvar med vilkåra for samarbeid som blir etablert under artikkel 6 i Parisavtala.

Regjeringa vil vurdere Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag til Parisavtala for perioden 2021–2030, og komme tilbake til Stortinget med dette i god tid før fristen for innmelding av slike bidrag i 2020.

Parisavtala vil utgjere ei sentral ramme for nasjonal og internasjonal klimainnsats i tida framover. Reduserte utslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland, kvotekjøp og kortliva klimaforureiningar er blant dei andre innsatsområda som Noreg prioriterer for å utløyse ytterlegare klimainnsats internasjonalt.

Parisavtalas mål om å avgrense den globale temperaturauken til godt under to grader og søkje å avgrense oppvarminga til 1,5 grader Celsius ligg til grunn for norsk klimapolitikk. Ifølgje FNs klimapanel utviklar dei globale utsleppa seg på ein måte som vil føre til at temperaturauken vil overstige to grader, og verda risikerer svært alvorlege, irreversible konsekvensar. Arbeidet med å bringe utsleppsutviklinga i tråd med det globale temperaturmålet føreset i realiteten at dei aller fleste landa må redusere sine utslepp samanlikna med nivået i dag. Dei største utsleppslanda må redusere eller avgrense utsleppa betydeleg.

For 2050 er målet at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Med lågutsleppssamfunn er meint eit samfunn der klimagassutsleppa, ut frå beste vitskaplege grunnlag, utsleppsutviklinga globalt og nasjonale omstende, er redusert for å motverke skadelege verknader av global oppvarming som beskrive i Parisavtala. Målet skal vere at klimagassutsleppa i 2050 blir reduserte i storleiksordning 80 til 95 pst. frå utsleppsnivået i referanseåret 1990. Ved vurdering av måloppnåing skal det takast omsyn til effekten av norsk deltaking i det europeiske klimakvotesystemet for verksemder.

Klima- og skoginitiativet er eit resultat av klimaforliket i 2008, og vart ført vidare i forliket i 2012. Klima- og skoginitiativet har som mål å nå kostnadseffektive, tidlege og målbare utsleppsreduksjonar gjennom bevaring av tropisk skog. Satsinga har inngått partnarskap med ei rekkje sentrale skogland, og er no inne i ein fase med implementering og gjennomføring. I 2018 er det venta resultatbaserte utbetalingar til Brasil, Colombia og Guyana, potensielt også til Indonesia og Peru. Samarbeidet med Indonesia har til tross for betydeleg forseinkingar hatt lovande framgang i 2016 og 2017, og dette er venta å halde fram i 2018. I 2016 vart det etablert eit moratorium mot øydelegging av skog på torvmyr, og det vart oppretta eit torvmyrdirektorat. I Etiopia er fase I av samarbeidet avslutta, og ei avtale om fase II vart inngått i 2017 der investeringar for berekraftig utvikling, skogbevaring og skogrestaurering står sentralt. Vidare vart fondet &green etablert, med mål om å generere næringslivsinvesteringar i berekraftig, avskogingsfri produksjon av varer. I 2017 vert utbetalinga frå Noreg til Brasil redusert kraftig. Landet er inne i ein politisk og økonomisk krise. Krisa har mellom anna resultert i reduserte budsjett til tiltak som hindrar avskoging, og avskoginga har auka samanlikna med året før. Sjølv om situasjonen er alvorleg er avskoginga i skogåret 2016 60 pst. lågare enn gjennomsnittlig årleg avskoging mellom 1996 og 2005, perioden før Brasil sette i gang store tiltak for å redusere avskoginga. Noreg har uttrykt bekymring over utviklinga, og brukar skogsamarbeidet aktivt for å snu utviklinga, både gjennom politisk dialog og støtte til Amazonasfondet og andre reformkreftar.

Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane. Klimaet endrar seg allereie, og endringane vil påverke både natur og samfunn. Nye klimaframskrivingar presenterte i rapporten Klima i Norge 2100, gir oppdatert kunnskap om korleis klimaendringane kan bli i Noreg i åra framover. Framskrivingane i rapporten har teke utgangspunkt i ulike utsleppsscenario, og viser at vi med ein framhalden rask auke i klimagassutsleppa blant anna må vente ein markant auke i temperaturen, og at styrtregnepisodane kjem oftare og kraftigare. Tilsvarande kan regnflaumane førekomme hyppigare og større, og på grunn av stigande havnivå vil fleire område som ikkje er utsette for overfløyming ved stormflod i dag, kunne bli utsette for dette i framtida.

Rapporten viser òg at med reduserte klimagassutslepp vil klimaendringane bli betydeleg mindre.

Det er gitt ein utfyllande omtale av status på klimatilpassingsarbeidet i denne proposisjonen del III kap. 8.4.

2.6 Polarområda

Nasjonale mål:

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvalting.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Arktis og Antarktis har framleis store, tilnærma urørde naturområde, eit unikt og sårbart biologisk mangfald, ein verdifull kulturarv og stor verdi som kjelde til kunnskap og naturoppleving.

Eit av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk er å ta vare på den unike naturen i ei av Europas siste villmarker. Dette målet saman med dei meir spesifikke måla for miljøvernet på Svalbard har vore styrande for miljøvernforvaltinga i lenger tid og er stadfesta i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. På Svalbard er 65 pst. av landområdet og 87 pst. av territorialfarvatnet freda som naturreservat og nasjonalparkar. Jan Mayen og territorialfarvatnet er freda som naturreservat.

Ein aktiv miljøpolitikk og eit effektivt regelverk skal sikre at Svalbard med tilgrensande hav- og drivisområde framleis skal vere lite påverka av lokal aktivitet, og halde fram med å vere eit stort, samanhengande villmarksområde.

Klimaendringane fører til at havisen minkar, og leveområda for mange av dei isavhengige artene vi finn i Arktis i dag, som isbjørn og sel, vert reduserte. Den raske oppvarminga aukar òg faren for at fleire nye arter kan få fotfeste på Svalbard og i dei arktiske havområda. Når nye hav- og kystområde bli isfrie, og meir tilgjengelege, så kan det føre til auka ferdsel og annan aktivitet som påverkar dyrelivet ytterlegare.

Endringar i permafrost endrar òg stabilitet i gamle deponi og påverkar korleis forureining spreier seg i grunnen.

Marin forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard er identifisert som eit aukande problem. Søppelet finst i strandsona, på sjøbotnen og flytande i og under havoverflata, ofte som fragment og mikropartiklar. Det kan føre til alvorlege skadar på dyr.

Mindre is og villare vêr gir større erosjon på strendene, og kulturminna som ligg nært sjøen, står i fare for å rase i havet. For kulturminne med særleg høg kulturhistorisk og/eller opplevingsverdi vil det vere aktuelt å setje i gang førebyggjande tiltak for å motverke ròteskadar eller erosjon. Målet er sikring av dei kulturminna med høgast prioritet i Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023. For enkelte særleg verdifulle kulturminne som står i fare for å gå tapt, er det aktuelt å utføre dokumentasjon eller arkeologisk naudutgraving.

Endringane i Arktis skaper utfordringar som òg må handterast gjennom internasjonalt samarbeid. Noreg skal medverke til ei heilskapleg tilnærming for å handtere desse utfordringane gjennom aktiv norsk deltaking i Arktisk råd og rådets arbeidsgrupper. I 2017 vedtok Arktisk råd eit felles mål for reduksjon av svart karbon. Meir om dette under programkategori 12.20.

Noreg og Russland har felles ansvar for forvalting av miljø, arter og naturressursar i Barentshavet og grenseområda. Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland, tufta på gjensidig interesse, står sentralt i regjeringas nordområdepolitikk. Noreg vil halde fram med overvaking av miljøtilstanden i grenseområdet og påverknadsarbeid for å få redusert utsleppa.

Barentssamarbeidet er viktig for å styrkje grenseoverskridande kontakt og problemløysing og for å fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen.

Antarktistraktaten og Miljøprotokollen peikar ut Antarktis til eit verneområde vigsla til fred og vitskap. Siste tiåret er det gjennomført ei rekkje miljøtiltak i tråd med Antarktistraktaten og Miljøprotokollen. I Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis, er det slått fast at Noreg framleis vil vere ein pådrivar for å verne om miljøet i Antarktis og tryggje dette området som eit referanseområde for forsking i samanheng med den viktige stillinga som dette området har når det gjeld globale klima- og miljøendringar. Norsk forskings- og overvakingsaktivitet skal framleis vere heilt sentral i norsk nærvær og aktivitet i Antarktis og havområda omkring.

3 Hovudprioriteringar i Klima- og miljødepartementets budsjett for 2018

Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet har ei utgiftsramme på 10,453 mill. kroner i 2018 mot 10,379 mill. kroner i 2017. Dette er ein netto auke på om lag 74 mill. kroner, eller 0,7 pst. frå saldert budsjett 2017.

Utgiftene under Klima- og miljødepartementet åleine gir ikkje eit fullstendig uttrykk for regjeringas samla politiske prioriteringar av klima og miljø. Miljøpolitikken blir i stor grad ført ved hjelp av skattar, avgifter og regulering.

Viktige klimapolitiske satsingar ligg også under andre departements budsjett. Sjå pkt. 4.2 for ein nærare omtale av regjeringas prioriteringar innanfor klima.

Regjeringa ønskjer ei heilskapleg satsing for å synleggjere norske, grøne løysingar for auka eksport og for å trekkje internasjonale investorar til Noreg. Innovasjon Noreg skal etablere eit samarbeid med privat næringsliv med dette som mål. Klima- og miljødepartementet gav i 2017 Innovasjon Noreg 4 mill. kroner i støtte til å førebu satsinga med sikte på full oppstart i 2018. For 2018 er det føreslått 10 mill. kroner til satsinga, sjå nærmare omtale under kap. 1400 post 50.

Regjeringa foreslår at det blir sett av 20 mill. kroner i 2018 til å styrkje forskingsinnsatsen på klima, som kan støtte opp under arbeidet med å oppfylle norske klimamål fram mot 2030. Satsinga skal ha særleg merksemd på ikkje-kvotepliktige utsleppssektorar, der transport og jordbruk er dei største.

Regjeringa vidarefører midlar til forsking som skal nyttast til kunnskapsoppbygging om marine økosystem og reint hav, under dette gjennomføring av pilotprosjekt for å betre tilstanden i kystmiljøet.

Arbeidet med internasjonale klima- og utviklingstiltak er auka i 2018. I tråd med regjeringas og Stortingets føringar for Klima- og skoginitiativet er det inngått avtaler som heilt eller delvis omfattar betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar. I 2018 legg regjeringa opp til at Noreg betaler for om lag 30 mill. tonn CO2 i utsleppsreduksjonar i Brasil, Colombia, Guyana og Indonesia, og potensielt òg i Peru. I 2018 vil Klima- og skoginitiativet halde fram med å satse på berekraftig utvikling i partnarlanda, og å auke privat næringsliv sin innsats for redusert avskoging.

Klima- og skoginitiativet blir styrkt opp til eit nivå på 3 mrd. kroner i 2018, ein auke på 118,2 mill. kroner jf. saldert budsjett 2017. I tillegg vil satsinga òg ha ei tilsegnsfullmakt på 2 mrd. kroner.

Ordninga med tilskot til kommunale klimatiltak, Klimasats, er vidareført med 102,5 mill. kroner for 2018. Regjeringa foreslår òg å vidareføre tilskotsordninga for klimatilpassing. Ordningane blir administrerte av Miljødirektoratet.

FNs klimapanel legg eit felles fagleg grunnlag for det internasjonale klimaarbeidet og oppfølging av Parisavtala. Klimapanelet har over fleire år hatt ein krevjande økonomisk situasjon. Enkeltland har varsla at bidraga vil bli betydeleg reduserte i 2018. Fleire land arbeider no for å auke sine tilskot for å kompensere for reduserte tilskot frå enkeltland. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til FNs klimapanel sitt arbeid i 2018 med 10 mill. kroner. Auken er foreslått fordelt med å tilføre 7 mill. kroner til å auke kontingent til FNs klimapanel i 2018, og 3 mill. kroner for å kunne støtte Miljødirektoratets arbeid med FNs klimapanel.

Sekretariatet for FNs klimakonvensjon gjer eit naudsynt arbeid for å støtte gjennomføring av Klimakonvensjonen og Parisavtala. Klima- og miljødepartementet vil styrkje sekretariatets arbeid for å understøtte forhandlingsmøte og gjennomføring av avgjerder under klimakonvensjonen og Parisavtala med 10 mill. kroner. Dette kjem i tillegg til at Utanriksdepartementet vil vidareføre si eksisterande støtte til sekretariatet.

I tillegg vil Klima- og miljødepartement prioritere arbeidet med å utvikle konkret regelverk under Parisavtala og auke støtta til internasjonalt samarbeid som understøttar arbeidet med ytterlegare 5 mill. kroner i 2018, slik at samla støtte til dette arbeidet blir på 8 mill. kroner.

Det blir foreslått å løyve 180 mill. kroner til kjøp av klimakvotar i 2018. For 2018 foreslår Klima- og miljødepartementet ei fullmakt på 1,9 mrd. kroner.

Foreslåtte løyvingar til CO2-kompensasjonsordninga i 2018 utgjer omlag 496 mill. kroner.

Arbeidet med å hindre og å rydde opp i forureiningar er langsiktig. Det grunnleggjande arbeidet med forvalting av nasjonalt regelverk og løyvingar til tiltak for å motverke forureiningar blir ført vidare. Ny kunnskap om omfanget og konsekvensane av marin forsøpling gjer at innsatsen for å hindre slik forureining blir trappa opp, både gjennom betre avfallshandtering og frivillige oppryddingstiltak.

I budsjettforliket for 2017 vart det semje om å innføre ei tilskotsordning som skal sikre auka innlevering og forsvarleg behandling av kasserte fritidsbåtar. Det vart semje om å tildele 300 mill. kroner til saman til auka kassering av fritidsbåtar, tilskot til kassering av nye kategoriar køyretøy, og tilskot til utskifting av varebilar med bensin- eller dieselmotor med nye nullutsleppsvarebilar. Desse midla vidareføres i 2018.

Regionreforma inneber store endringar for kulturminneforvaltinga og førebuingane til gjennomføringa av dette reformarbeidet vil vere eit hovudinnsatsområde i 2018 og i åra fram mot 2020. Fleire førstelinjeoppgåver som i dag blir løyste av Riksantikvaren, skal frå 2020 overførast til og løysast av den regionale kulturminneforvaltinga. Parallelt med dette endringsarbeidet arbeider Riksantikvaren òg med å vidareutvikle og tydeliggjere si rolle som direktorat. Den fleirårige satsinga gjennom Kunnskapsløftet (2011 – 2017) vil saman med dei andre elementa i dette reformarbeidet medverke til å effektivisere og modernisere kulturminneforvaltinga.

Forvaltinga av dei norske verdsarvområda inneber særlege forpliktingar. Oppfølginga av autorisasjonsordninga for verdsarvsenter som inngår som ein del av den fleirårige satsinga med sikte på å etablere verdsarvsenter ved alle dei norske verdsarvområda, (jf. Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste – Kulturminnepolitikken) er konkretisert gjennom ein prioriteringsplan for perioden 2017 – 2026. Verdsarvsentra er viktige for å auke kunnskapen om verdsarven og for å styrkje den lokale forvaltinga. Utviklinga av dei fem autoriserte verdsarvsentra i Alta, på Vega, i Geiranger, i Røros og Circumferensen og på Rjukan/Notodden vil bli prioritert.

Internasjonal kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen er eit anna innsatsområde som er prioritert innanfor verdsarvpolitikken. Klima- og miljødepartementet har inngått ei seksårig programsamarbeidsavtale (2016 – 2021) med IUCN og ICCROM med dette som mål.

Kulturminne er ein viktig del av regjeringas bymiljøpolitikk og i Meld. St. 18 (2016 – 2017) Bærekraftige byer og sterke distrikt, er det vektlagt at kulturminne og kulturmiljø er ein viktig ressurs i byutviklinga. Bymiljø og byutvikling er tverrfaglege tema som er gitt prioritet i budsjettet for 2018.

Forvaltninga av statens eigedommar, som vart kjøpt i 1980 etter kopparverket på Røros, skal overførast til Statsbygg. Dette skal sikre at byggningane blir i samsvar med myndigheitskrav, at staten etterlever forpliktingane etter verdsarvkonvensjonen og at vidare bruk og bevaring av eigedommane er i tråd med fredingsformålet. Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet i Musea i Sør-Trøndelag as (MiST) skal utføre antikvarisk istandsetjing og vedlikehald på eigedommane, som ledd i museet si forsking, dokumentasjon og formidling av bergverksverksemda.

Hovudinnretninga for arbeidet med vern og berekraftig bruk av naturen ligg i vidare oppfølging av Meld. St. 14 (2015 – 2016) Natur for livet, og Stortingets behandling av meldinga.

Midlar til arbeidet med å betre kunnskapen om naturmangfaldet gjennom kartlegging, overvaking og forsking blir vidareført på omtrent same nivå som i 2017. I 2018 vil arbeidet med å klassifisere økosystema og fastsetje forvaltingsmål for tilstand bli ein viktig del av arbeidet med å betre kunnskapen.

Arbeidet med rovvilt vil følgje opp rovviltforlika frå 2004 og 2011, Stortingets handsaming av Meld. St. 21 (2015 – 2106) Ulv i norsk natur og lovproposisjon 63 Endringer i naturmangfoldloven (om felling av ulv m.m.). Tilleggsløyvingane i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 (jf. Prop. 129 S og Innst. 401 S (2016 – 2017), er ført vidare med 20 mill. kroner til kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold, 4,1 mill. kroner til merking av ulv og 3,3 mill. kroner for å byggje opp auka kapasitet i Statens naturoppsyn til å følgje opp ulvesaker.

Det vart i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 òg løyvd 11,7 mill. kroner for å hindre spreiing av skrantesjuke hos hjortevilt. Denne innsatsen blir i 2018 auka med 6,9 mill. kroner til 18,6 mill. kroner. I 2018 skal alle dyra i Nordfjella villreinområde, sone 1, avlivast, og deretter skal ein førebu etablering av ein ny villreinstamme i området.

Klima- og miljødepartementet går inn for at Snøheimvegen ikkje blir fjerna og tilbakeført naturen, men blir liggjande slik at trafikken inn mot Snøheim framleis kan skje med skyttelbuss, sjå omtale under overskriften «Oppfølging av oppmodningsvedtak» etter omtale av programkategori 12.20 i Del II. Ein viktig føresetnad for dette er at det blir sikra stabil drift av skyttelbuss på vegen i overskodeleg framtid, og at omfanget av anna ferdsle på vegen (til fots og med hundespann, sykkel og bil) haldast lågt for å unngå hindringar for villreintrekket. Det er sett av 2 mill. kroner til eit fond for vedlikehald av vegen, som også skal fungere som underskotsgaranti for bussdrifta.

Til forsking og utgreiingar i Tanavassdraget er det lagt inn 1,5 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til vern av skogområde med 49,5 mill. kroner for å skaffe midler til andre føremål. Arbeidet med å verne skogområde vil likevel ha stort omfang i 2018 som ledd i oppfølginga av Stortingets vedtak i 2016 om vern av 10 pst. av skogarealet. Av same årsak er løyvinga til generell vassforvatning redusert med 33,1 mill. kroner. Arbeidet med å gjennomføre tiltaka i vassforvaltingsplanane blir likevel vidareført slik at dei vedtekne måla i planane kan bli nådde i 2021. Òg budsjettet for tilskot til tiltak for truga arter og naturtypar er redusert med 12,5 mill. kroner for å prioritere andre føremål i budsjettet.

I tillegg skuldast nokre reduksjonar innafor naturmangfaldområdet at føremåla er ferdigstilte, slik som at løyvinga på 52,7 mill. kroner til nasjonalparkplanen frå 1992 er teken ut ettersom planen er ferdigstilt, og at 19 mill. kroner til fiskesperre i Driva er teken ut fordi sperra vart ferdigstilt i 2017. Òg eingongsløyvinga i 2017 på 10 mill. kroner til laksetrapper i Vefsna er teken ut, mens løyvinga til erstatning av rovviltskadar er redusert med 8 mill. kroner grunna lågare tap dei siste åra. Som ei teknisk endring er 6 mill. kroner i utgifter til seks forvaltarstillingar i verneområda førte over frå Miljødirektoratet til fylkesmannens eige budsjettkapitel under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa vil vidareføre løyvingane til friluftsliv på same nivå som i 2017. I 2017 ble løyvinga til friluftsliv kraftig styrka.

Regjeringa vil i 2018 vurdere å opprette ein eller fleire nye einingar av skjergardstenesta nord for Hordaland, og vurdere å utvide skjergardstenesta sine oppgåver, mellom anna når det gjeld oppsyn og fjerning av marint søppel.

Regjeringa vil vidareutvikle ordninga med Nasjonale Turiststiar, med sikte på å betre tryggleiken og medverke til at opplevings- og naturverdiar blir tekne vare på. Tilskotsordninga for Nasjonale Turiststiar er styrkt med til saman 3 mill. kroner, til 10,5 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å overføre ansvaret for Meteorologisk institutt (MET) og Artsdatabanken frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet. Samla gir dette ein auke på Klima- og miljødepartementets budsjett på 497,9 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2017.

Effektivisering m.m

Regjeringa vil byggje sin politikk på effektiv bruk av fellesskapet sine ressursar. Som i næringslivet er det òg i offentleg forvalting eit potensial for å bli meir effektiv. Regjeringa har derfor innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, og føreset at alle statlege verksemder gjennomfører tiltak for å bli meir effektive. Reforma vil gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skapar handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Verksemdene har òg godt høve til å planleggje og gjennomføre tiltak for å effektivisere drifta når reforma er eit årleg krav. Delar av gevinsten frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir overførde til fellesskapet i dei årlege budsjetta. Den årlege overføringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For Klima- og miljødepartementet inneber dette reduksjonar på om lag 16,4 mill. kroner på driftspostane.

4 Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet

For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som omfattar verkemidlar på resultatområda omtalt i kapittel 2 og verkemidlar innanfor andre departementers ansvarsområder.

Dette kapittelet samanfattar heilskapen i regjeringas klima- og miljøinnsats, under dette klima- og miljørelevante satsingar i andre departement, og ei omtale av regjeringas prioriteringar innanfor klima.

Miljøpolitikk er ikkje først og fremst løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining. Samtidig er statsbudsjettet eit viktig og betydeleg verkemiddel for å nå miljømåla.

4.1 Klima- og miljørelevante prioriteringar i statsbudsjettet

Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet omfattar innsats på heile miljøområdet, det vil seie innsats for å ta vare på naturmangfaldet og kulturminne- og kulturmiljø, medverke til auka friluftsliv, redusere forureining og dempe klimaendringar og negative effektar av klimaendringane.

Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet syner mellom anna at regjeringa satsar på klimatiltak for å redusere klimagassutsleppa. Samla sett er styrkinga av budsjettet på meir enn 1,3 mrd. kroner fordelt på fleire departement. Regjeringa sine satsingar på Klima- og miljødepartementets budsjett utgjer 219 mill. kroner. Regjeringa foreslår å opprette investeringsselskapet Fornybar AS og tilfører selskapet 400 mill. kroner i investeringsrammekapital. Påskjøningsavtaler, bymiljø- og byvekstavtaler blir styrkt med over 461 mill. kroner.

Regjeringa vil halde fram med å sikre langsiktige og klare rammevilkår for næringsliv, kommunar og enkeltmenneske som legg til rette for grøne vegval. For ei samla nærare omtale av dei ulike departementas klima- og miljøpolitikk, sjå kapittel 8 i inneverande proposisjon. Alle departementa har òg ei eiga klima- og miljøomtale i sine respektive proposisjonar.

Tabell 4.1 Viktige prioriteringar i statsbudsjettet for 2018 under Klima- og miljødepartementet (auke frå saldert budsjett 2017)

(i 1000 kroner)

Utgifter

Forsking på lågutsleppssamfunnet

20 000

Heilskapleg profilering av grøne løysingar

10 000

Klima- og skoginitiativet auka til 3 milliardar kroner

118 200

Oppfølging av Parisavtala og internasjonalt arbeid

25 000

Tiltak for å hindre spreiing av skrantesjuke hos hjortevilt

18 600

Tilskot til kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold

20 000

Oppfølging av ulv: Radiomerking og auka kapasitet i Statens naturoppsyn

7 400

Tabell 4.2 Viktige prioriteringar i statsbudsjettet for 2018 med tydeleg klima- og miljøgevinst på andre departement sine område (auke frå saldert budsjett 2017)

(i 1 000 kroner)

Utgifter

Påskjøningsavtaler/bymiljø-/byvekstavtaler

SD

461 000

Innfasing av 14 nye togsett på Gjøvik- og Vossebanen i 2018

SD

160 000

Oljevern- og miljøsenter i Lofoten og Vesterålen

SD

10 300

Arven etter Nansen

KD

20 000

Mogleggjerande teknologiar i landbruket

LMD

10 000

Verdsarvsatsinga Vestnorske fjordlandskap og Vega

LMD

2 000

Fullskala CO2-handtering/Vidare planlegging

OED

20 000

Nytt investeringsselskap «Fornybar AS»

NFD

400 000

Forskingstokt Krill, Antarktis

NFD

11 000

4.2 Regjeringas prioriteringar innanfor klima

Klima er eit satsingsområde for regjeringa. Klima- og miljødepartementet har det overordna og sektorovergripande ansvaret for nasjonal og internasjonal klimapolitikk, medrekna klimaforhandlingane i FN. I tillegg til eigne verkemiddel, har departementet ei rolle som samordnar overfor sektordepartementa og andre aktørar.

Den globale klimaavtala som vart vedteken i Paris i desember 2015 vil leggje grunnlaget for framtidig norsk klimapolitikk. Regjeringa ratifiserte Parisavtala i juni 2016, i tråd med Stortingets samtykke (Prop. 115 S (2015–2016)). Regjeringa vil føre ein ambisiøs nasjonal klimapolitikk med ei langsiktig omstilling til eit samfunn med låge utslepp innan 2050. Regjeringa følgjer opp Klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk og har forsterka forliket på fleire område. I februar 2015 la regjeringa fram stortingsmelding om ny utsleppsforplikting for 2030 (Meld. St. 13 (2014–2015)Nye utslipssforpliktelser for 2030 – en felles løsning med EU).

Stortinget vedtok våren 2017 ei klimalov. Formålet med lova er å fremje gjennomføring av Noregs klimamål som ledd i omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Utsleppsmåla for 2030 og 2050 er lovfesta. For 2030 skal målet vere at utslepp av klimagassar i 2030 blir redusert med minst 40 pst. frå referanseåret 1990 slik regjeringa har presentert det i Meld. St. 13 (2014–2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030 – en felles løsning med EU, og som Stortinget har slutta seg til. For 2050 er målet at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Med lågutsleppssamfunn er meint eit samfunn der klimagassutsleppa, ut frå beste vitskaplege grunnlag, utsleppsutviklinga globalt og nasjonale omstende, er redusert for å motverke skadelege verknader av global oppvarming som beskrive i Parisavtala. Målet skal vere at klimagassutsleppa i 2050 blir reduserte i storleiksordning 80 til 95 pst. frå utsleppsnivået i referanseåret 1990. Ved vurdering av måloppnåing skal det takast omsyn til effekten av norsk deltaking i det europeiske klimakvotesystemet for verksemder. Lova innfører ein syklus for gjennomgang av klimamål kvart femte år etter same prinsipp som i Parisavtala. Lova forpliktar regjeringa til kvart år og på eigna vis å gjere greie for Stortinget om utviklinga i klimagassutsleppa, utsleppsframskrivingar og gjennomføring av lovfesta klimamål, sektorvise utsleppsbaner for ikkje-kvotepliktig sektor, status for Noregs karbonbudsjett (utsleppsbudsjett), og om arbeidet med klimatilpassing. I tillegg skal det i statsbudsjettet gjerast greie for korleis Noreg kan nå klimamåla fastsette i lova og klimaeffekten av framlagt budsjett.

Regjering la i juni 2017 fram Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid. Regjeringa arbeider for å oppfylle Parisforpliktinga saman med EU. Meld. St. 41 (2016 – 2017) er en strategi for korleis dette kan skje. Regjeringa vil oppfylle2030-målet for ikkje-kvotepliktige utslepp med hovudvekt på innanlandske utsleppsreduksjonar og med nausynt bruk av EU-regelverkets fleksibilitetsmekanismar. Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa kjem i hovudsak frå transport, jordbruk, bygg og avfall, men òg frå industrien og petroleumsverksemda. Regjeringas strategi for 2030 legg til rette for betydelege utsleppsreduksjonar nasjonalt. Før forpliktingsperioden startar i 2021 vil regelverket vere kjent og konsekvensane for Noreg vil bli klarere. Samstundes vil uvissa knytt til utsleppsutvikling, effekten av klimapolitikken og ikkje minst den teknologiske utviklinga og kostnadene ved utsleppsreduksjonar, vere betydeleg også langt inn i forpliktingsperioden 2021–2030. Derfor må strategien både ha høgt ambisjonsnivå og vere fleksibel. Regjeringa tek høgde for uvisse gjennom å leggje ein strategi for å sikre nausynt fleksibilitet til å oppfylle utsleppsbudsjettet. Bruk av EUs fleksibilitetsmekanismar vil medverke til utsleppsreduksjonar andre stader i Europa innanfor eit felles overordna utsleppstak, og medverkar dermed til reelle globale reduksjonar på tilsvarande måte som reduksjonar i Noreg. Sjå nærare omtale av Meld. St. 41 (2016 – 2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid i del III kapittel 8.3.

Regjeringa vil føre ein offensiv politikk for å medverke til ei grøn omstilling av norsk økonomi og har lagt fram ein strategi for grøn konkurransekraft for å ruste Noreg og næringslivet for ei lågutsleppsframtid. Det er ein strategi med overordna prioriteringar og føringar for grøn konkurransekraft som rammar inn og gjer synleg viktige koplingar mellom verkemiddel, sektorar og ulike nivå. Strategien gjer synleg regjeringas heilskaplege politikk og verkemiddel på ulike område og ser desse i samanheng. Rapporten frå regjeringas ekspertutval for grøn konkurransekraft frå oktober 2016, og arbeidet i næringslivet med sektorvise vegkart for lågutsleppssamfunnet, har vore eit viktig grunnlag for strategiarbeidet. Strategien er nærare omtalt i del III.

Regjeringa offentleggjorde 15. juni 2017 ei forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar frå 2020, både til grunnlast og spisslast (topplast). Regjeringa har i tillegg på høyring eit forslag til tilleggsregulering som inneber at bruk av mineralolje til oppvarming av driftsbygningar i landbruket og midlertidige bygningar også blir forbode.

Regjeringa er i gang med å utgreie moglegheitene for reduksjon av bruk av mineralolje til oppvarming og bygningstørke ved byggje- og anleggsplassar. Dette arbeidet skal sjåast i samanheng med arbeidet med å utarbeide ein handlingsplan for fossilfrie byggjeplassar/anleggsplassar innan transportsektoren, jf. oppmodingsvedtak nr. 108, punkt 16 (2016 – 2017), og oppmodingsvedtak 1105 av 21. juni 2017, om å utgreie fossilfrie anleggsprosjekt. Vidare skal mogelegheitene for reduksjon av utslepp frå bruk av gass til oppvarming av bygningar utgreiast. Regjeringas vurdering av bruken av mineralolje i fjernvarme vert omtalt i Olje- og energidepartementets budsjettproposisjon for 2018. Statlege byggeigarar har utarbeidd planar for å fase ut oljefyring til grunnlast i statlege bygningar innan 2018, sjå kapittel 7.

I Meld. St. 13 (2014–2015) peikte regjeringa ut fem prioriterte innsatsområde i arbeidet med klimapolitikken framover. Desse er reduserte utslepp i transportsektoren, utvikling av lågutsleppsteknologi i industrien og rein produksjonsteknologi, CO2-handtering, styrkje Noregs rolle som leverandør av fornybar energi og miljøvennleg skipsfart.

Reduserte utslepp i transportsektoren er eit prioritert innsatsområde for regjeringa. Regjeringa prioriterer kollektivtrafikk og jernbane høgt. Planramma for første fireårsperiode av Nasjonal transportplan 2014–2023 (NTP) er overoppfylt med meir enn 30 pst. for premieringsordninga for kollektivtransport. Planrammene for jernbane er også overoppfylte. I NTP 2018–2029 prioriterer regjeringa å forsterke satsinga på jernbane ytterlegare, og set av om lag 18 mrd. kroner til investeringar i godstransport på jernbane som skal leggje til rette for overføring av gods frå veg til bane. Regjeringa prioriterer òg 66 mrd. kroner til bymiljøavtaler, byvekstavtaler og premieringsordninga for å leggje til rette for gange, sykkel og kollektivtransport i dei ni største byområda.

Klimaforliket frå 2012 inneheldt eit mål om at gjennomsnittlege klimagassutslepp frå nye personbilar i Noreg innan 2020 ikkje skulle overstige 85 g CO2/km. Dette målet ligg vi an til å oppfylle i god tid før 2020, og kanskje allereie i 2017. For perioden januar til august 2017 var gjennomsnittsutsleppet for nye personbilar på i underkant av 86 g CO2/km.

I NTP 2018–2029 har regjeringa vidare fastsett nye, ambisiøse mål for å fase inn nullutsleppskøyretøy, blant anna at nye personbilar og lette varebilar frå 2025 skal vere nullutsleppskøyretøy, der nullutslepp er definert som el og hydrogen. Analyser viser at vi ikkje når ambisiøse utsleppsreduksjonar innen vegtransporten utan insentiv. Regjeringa si allereie vedtake virkemiddel antas å gi vesentlig bidrag til å nå måltalla. Forbedringer av teknologisk modenheit i kjøretøysegmenta slik at nullutsleppskjøretøy blir konkurransedyktig med fossile løysingar ligg til grunn for måltala.

I meldinga om regjeringas klimastrategi for 2030 (Meld. St. 41, 2016 – 2017) varsla regjeringa at ho vil bidra til oppfylling av måltala for nullutsleppskjøretøy ved blant anna å byggje vidare på dagens verkemiddel, ha ein føreseieleg og langsiktig politikk for fordelar for nullutsleppstransport, der verkemidla blir tilpassa marknadsutviklinga, og leggje til rette for at det alltid skal løne seg å velje bilar med null utslepp.

I samband med framlegginga av Meld. St. 2 (2014–2015) Revidert nasjonalbudsjett for 2015, vart regjeringspartia og samarbeidspartia på Stortinget samde om prinsipp for å stimulere til ein nyare, sikrare og meir miljøvennleg bilpark. Den framlagde avtala det vart semje om bygde på ein heilskapleg gjennomgang av køyretøy- og drivstoffavgiftene. Bilavgiftene skal medverke til å forsterke klima- og miljømåla frå klimaforliket og at Noregs klimamål for 2030 blir nådde.

Av klimaforliket går det fram at avgiftsfordelane for nullutsleppsbilar skal førast vidare ut 2017, så lenge talet på reine nullutsleppsbilar ikkje overstig 50 000. Talet på elbilar passerte 50 000 i 2015. Regjeringa varsla i revidert nasjonalbudsjett for 2015 at avgiftsfordelane likevel blir førte vidare ut 2017, og deretter fasa ut gradvis. I nasjonalbudsjettet for 2017 varsla regjeringa forlenging av nullsats for meirverdiavgift for elbiler fram til 2020, og for brenselscellebilar til 2025 eller 50 000 biler, sjå nærare omtale i Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017, kapittel 3. I behandlinga av statsbudsjettet for 2017 oppmoda Stortinget om at det blir fremja forslag til å frita nullutsleppsbilar for omregistreringsavgift og årsavgift med verknad frå 2018. For årsavgifta er det lagt opp til å følgje opp dette i samband med overgangen til trafikkforsikringsavgifta. Stortinget har vedteke auka avskrivingssats (30 pst.) for nullutsleppsvarebilar frå 2017. Desse sakene må notifiserast til ESA, og må tre i kraft i etterkant av ei eventuell godkjenning.

Vidare varsla regjeringa at gratis parkering, ferjetransport, fritak for bompengar og tilgang til kollektivfelt blir avgjort lokalt, men det blir etablert ein bindande nasjonal regel om at utsleppsfrie biler ikkje skal ha meir enn halvparten av takstane til bilar som ikkje er nullutsleppsbilar.

I revidert nasjonalbudsjett for 2015 vart det òg slått fast enkelte prinsipp for køyretøyavgiftene baserte på ein heilskapleg gjennomgang. Effektkomponenten skulle fasast ut og vektkomponenten reduserast. CO2-komponenten skulle aukast og vere progressiv, og vurderast i samanheng med endringane i vekt og effektkomponentane. NOx-komponenten skulle behaldast og aukast. Semja er følgt opp gjennom endringar i eingongsavgifta i budsjetta for 2016 og 2017, sjå nærare detaljar i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017 frå Finansdepartementet.

I gjennomgangen av bilavgiftene vart det varsla at avgiftsfordelane for nullutsleppsbilane må fasast ut over tid, blant anna med omsyn til statens inntekter frå bilavgiftene. I Nasjonalbudsjettet for 2017 varsla regjeringa at fritaket for eingongsavgift for elbilar kan vurderast når effektavgifta er fjerna, som ho vart i 2017. Regjeringa fremjer derfor forslag om å oppheve fritaket for eingongsavgift for elbilar, herunder brenselscellebilar. Samtidig blir det innført eit vektfrådrag på 23 pst. på elbilar. Oppheving av fritaket for eingongsavgift er venta å ha begrensa betyding for utviklinga av andelen elbilar, både fordi fleirtalet av elbilane ikkje blir berørte og fordi avgiftsauken utgjer ein relativt liten del av prisen for køyretøya som blir råka.

For å stimulere til meir miljøvennlige motorsyklar vart det gjennom behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2017 bestemt at frå 1. juli 2017 skulle også deira eingongsavgift ha ein CO2-komponent.

I statsbudsjettet for 2017 vart det løyvd eit nytt tilskot til vraking av varebilar på 13 000 kroner ut over dagens vrakpant ved kjøp av ny nullutsleppsvarebil, dersom det samtidig blir vraka ein konvensjonell varebil. Det har vore ei rekkje problemstillingar som det har vore naudsynt å utgreie, blant anna naudsynt utvikling av datasystem for å administrere utbetalingane. Systemet vil komme på plass tidleg i 2018.

Regjeringa har lagt frem ein lovproposisjon (Prop. 140 L (2016–2017)) for Stortinget, som skal gi løyvemyndigheitene høve til å fastsetje krav om at den som har, eller får tildelt, drosjeløyve, må nytte køyretøy som har ei øvre grense for miljøskadelege utslepp. Lovforslaget er vedteke av Stortinget, jf. lovvedtak 61 (2016–2017).

Omsetjingskravet for biodrivstoff til vegtransport vart auka til 7 pst. frå 1. januar 2017, med eit delkrav om 1,5 pst. avansert biodrivstoff. Ved forskrift fastsett i september 2017 er krava auka på nytt frå 1. oktober 2017 og 1. januar 2018. Delkravet om avansert biodrivstoff styrkjer den globale klimaeffekten av omsetjingskravet og kan bidra til å byggje opp under punktet «Bidra til utvikling av verdikjeden for andregenerasjons biodrivstoff» i klimaforliket. Frå 2017 er det også innført eit delkrav om bioetanol. Det blir arbeidd med E10 som ny bransjestandard for bensin, sjå omtale av oppfølging av oppmodingsvedtak i del II. Departementet har hatt på høyring ein vidare plan for omsetjingskravet fram mot 2020, sjå same stad.

Regjeringa la hausten 2014 fram ein nasjonal, tverrsektoriell biogasstrategi. I oppfølginga av strategien vart det i 2015 sett av 10 mill. kroner til pilotanlegg og forsking på biogass gjennom Innovasjon Noreg. Ordninga vart styrkt til 20 mill. kroner i 2016, og våren 2016 vart det lyst ut 18 mill. kroner til nye pilotanlegg. Berre ein liten del av midlane vart brukt i 2016, fordi det ikkje var nok kvalifiserte søknader. Ordninga blir samordna med Landbruks- og matdepartementet si satsing på biogass under Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket. Ordninga blir foreslått ført vidare med ei ramme på 20 mill. kroner i 2018, og departementet tek sikte på å evaluere ordninga i 2018. Frå 1. januar 2016 er det innført vegbruksavgift på naturgass, samtidig som biogass framleis ikkje er omfatta av vegbruksavgift. I påvente av dialog med ESA om høve til unntak for naturgass som back-up for biogass, er likevel avgiftssatsen for naturgass sett til null. Frå 1. juli 2016 er det innført vegbruksavgift med redusert sats for fossil LPG, mens bio-LPG er friteke. Denne satsen blir trappa gradvis opp over tid.

I samband med Stortinget si behandling av Nasjonalbudsjettet 2017 bad Stortinget regjeringa om å setje i gang ein prosess med aktuelle næringsorganisasjonar om etablering av ei miljøavtale med tilhøyrande CO2-fond (vedtak 108, punkt 1, 2016 – 2017). I Revidert nasjonalbudsjett 2017 rapporterte regjeringa om prosess, innretting og mogleg tidsløp for eit CO2-fond. Det vart varsla at regjeringa sitt utgangspunkt er:

«Et eventuelt CO2-fond finansieres gjennom en bevilgning på statsbudsjettets utgiftsside. Størrelse på bevilgningen ses i sammenheng med den andelen av merprovenyet fra eventuelle fremtidige økninger i CO2-avgiften som kan knyttes til virksomheter som omfattes av CO2-fondet. Videre gis det ikke helt eller delvis fritak for CO2-avgift, herunder fritak for eventuelle fremtidige økninger i CO2-avgiften, for virksomheter tilsluttet et eventuelt CO2-fond.»
«Det må foretas en grensedragning mellom et eventuelt CO2-fond og eksisterende virkemidler, herunder Enova.»

I samband med Stortinget si behandling av Revidert nasjonalbudsjett 2017 (vedtak 1110, 2016 – 2017) bad Stortinget regjeringa om å starte forhandlingar med aktuelle næringsorganisasjonar om etablering av ei miljøavtale med tilhøyrande CO2-fond for næringstransport, med sikte på oppstart i løpet av 2019. Regjeringa har sett i gang ein slik prosess med aktuelle næringsorganisasjonar. Næringsaktørar har i vår blitt inviterte til møte for første innspel til prosess og tema for utgreiing. Regjeringa har sett i gang arbeidet med å innhente felles data og analysegrunnlag.

Etableringa av eit fond krev utgreiingar, forhandlingar og notifisering til ESA, uavhengig av kva modell som blir valt. Sentrale spørsmål som må utgreiast er blant anna korleis næringslivets modell basert på NOx-fondet kan gjennomførast reint praktisk, administrative kostnader ved ulike modellar, forholdet til statsstøtteregelverket i EØS-avtala og potensialet for og kostnadene ved utsleppsreduksjonar. Klima- og miljødepartementet og Finansdepartementet har i samarbeid med aktuelle næringsorganisasjonar sett i gang utgreiingar som skal avklare desse spørsmåla.

Regjeringa vil stimulere til grøn vekst for maritim næring, auka bruk av miljøteknologiske løysingar og meir miljøvennleg drivstoff for skip. Ei rekkje tiltak vart lagde fram i Maritim strategi i mai 2015. Deriblant kondemnerings- og innovasjonslåneordninga for skip i nærskipsfart, som vart etablert i 2016. Målet med tiltaket er å fremje fornying av nærskipsflåta der eldre skip vert skrota og erstatta med skip med vesentleg betre miljø- og klimaprofil. Kriteria for tilsagn vart justerte i 2017. Regjeringa set krav til lågutslepps- og nullutsleppsteknologi i ferjeanbod når dette er mogleg. Enova har blant anna gitt over 400 mill. kroner i støtte til ladeinfrastruktur for ferjer i Hordaland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Frå 2016 vart avgifta for elektrisk kraft som blir levert frå land til skip i næringsverksemd redusert til 0,48 øre per kWh, jf. Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter og avgifter 2016. I tillegg rettar Innovasjon Noreg og Enova seg mot maritim sektor for å støtte investeringar i klimatiltak. I september 2016 lanserte regjeringa ei ny støtteordning på 65 mill. kroner til bygging av fleire klima- og miljøvennlege skip og ferjer. Av desse midlane blei det sett av 20 mill. kroner til å styrkje fylkeskommunal og kommunal miljøkompetanse i ferjeanbod. I 2017 lyste Statens vegvesen ut eit anbod der det blant anna er kravd at eit utviklingsprosjekt for ei hybrid ferje med batteri-brenselscelledrift skal setjast i gang. I tillegg har Enova gitt over 340 mill. kroner i støtte til 50 landstraumsprosjekt.

Utsleppa frå norsk landbasert industri har gått betydeleg ned. Frå 1990 har nedgangen vore på 40 pst. Dei lågthengande fruktene i form av relativt enkle og rimelege tiltak er i stor grad tekne. Ytterlegare utsleppsreduksjonar frå industrien vil derfor krevje utvikling av ny, klimavennleg teknologi og nye løysingar.

Industrien har fleire roller å spele i overgangen til lågutsleppssamfunnet. I tillegg til å redusere eigne utslepp bidreg industrien til det grøne skiftet ved å levere materialar, teknologiar og løysingar som gjer det mogleg å redusere utslepp i andre verksemder og sektorar både i Noreg og internasjonalt.

Regjeringa styrkjer samhandlinga mellom næringslivet, forvaltinga og forskinga innan lågutsleppsindustri og har oppretta eit strategiforum; Prosess21. Hovudoppgåva for Prosess21 er å gi strategiske råd og tilrådingar om korleis Noreg best kan få til ei utvikling i retning av minimale utslepp frå prosessindustrien i 2050 og samtidig leggje til rette for at verksemder i prosessindustrien har berekraftig vekst i denne perioden. Prosess21 er sett saman av relevante aktørar frå industrien og frå forskinga. Virkemiddelapparatet ved Innovasjon Noreg, Noregs Forskingsråd, Enova, Miljødirektoratet og Gassnova deltar også i arbeidet.

For å sikre at finansieringa av Enovas verksemd blir meir føreseieleg, legg Regjeringa frå og med 2018 opp til at overføringa til Energifondet blir erstatta med ei ordinær utgiftsløyving som er kopla fri frå rentenivået. Enova vil i 2018 bli tilført 2,7 mrd. kroner.

Regjeringa har auka rammene for Miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg betydeleg dei siste åra. Den føreslåtte løyvinga til Miljøteknologiordninga er 464,5 mill. kroner for 2018.

Regjeringa arbeider med å opprette eit nytt investeringsselskap som skal medverke til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar. I statsbudsjettet for 2018 er det foreslått at selskapet får ei investeringsramme på 400 mill. kroner, frå og med 2018. Løyvingane vil bli trappa ytterlegare opp i lys av selskapets verksemd og investeringshøve. For nærare omtale sjå Nærings- og fiskeridepartementets budsjettproposisjon kapittel 950 post 52.

I regjeringas satsing på fangst og lagring av CO2 står teknologisenteret på Mongstad (TCM) og prosjektet for fullskala CO2-handtering i Noreg sentralt. Moglegheitsstudiar har vist at det er fleire alternativ for fangst, transport og lagring. Konseptstudiar av moglege fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering i Noreg er i sluttfasen. Arbeidet inneber å studere løysingar for fangst, transport og lagring av CO2. Regjeringa kjem tilbake til Stortinget med eit heilskapleg framlegg om arbeidet med fullskala CO2-handtering i Noreg etter at resultata frå konseptstudia på fangst er gjennomgått, seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018.

Forskingsinnsatsen på klimaområdet under Klima- og miljødepartementet er foreslått styrkt med 20 mill. kroner i 2018. Denne satsinga starta opp i 2017 med ein ramme på 71,5 mill. kroner og har særleg fokus på ikkje-kvotepliktige utsleppssektorar, der transport og jordbruk er dei største. Vidare blir Arven etter Nansen styrkt med 10 mill. kroner under Kunnskapsdepartementet, og det blir foreslått 10 mill. kroner under Landbruks- og matdepartementet til mogleggjerande teknologiar for framtidas bioøkonomi og lågutsleppssamfunn.

Regjeringa har teke initiativ til ei heilskapleg satsing for å synleggjere norske, grøne løysingar for auka eksport og for å trekkje internasjonale investorar til Noreg. Innovasjon Noreg har fått i oppdrag å etablere eit samarbeid med privat næringsliv med dette som mål. Klima- og miljødepartementet gav i 2017 Innovasjon Noreg 4 mill. kroner i støtte til å førebu satsinga med sikte på full oppstart i 2018. For 2018 er det føreslått 10 mill. kroner til satsinga, sjå nærare omtale under kap. 1400 post 50.

Kommunane er sentrale for å nå måla i ikkje-kvotepliktig sektor. Ifølgje statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging skal kommunane gjennom planlegging og anna myndigheits- og verksemdsutøving stimulere til og bidra til reduksjon av klimagassutslepp. Retningslinja slår fast at kommunane skal gå føre i arbeidet med å redusere klimagassutslepp, og bruke eit breitt spekter av sine roller og verkemiddel i klimaarbeidet. Regjeringa bidrar til kommunane sitt arbeid gjennom blant anna å tilby rettleiing til klima- og energiplanlegging, støtteordninga Klimasats og pågåande utvikling av klimagasstatistikk og verktøy for å berekne effekten av lokale klimatiltak. Rettleiing, tilskotsordninga, statistikken og berekningsverktøyet støttar opp om kvarandre og legg til rette for at kommunane kan jobbe aktivt med klimagassreduserande tiltak. Erfaringar frå Klimasats-støtta prosjekt blir nytta til å utvikle og styrkje rettleiinga mot kommunane, og berekningsverktøyet blir viktig for å kvantifisere utsleppsmål og berekne effekt slik at kommunane kan setje i verk dei mest målretta tiltaka.

Petroleumsverksemda er underlagt sterke økonomiske verkemiddel gjennom både høg CO2-avgift og kvoteplikt. Dette har medverka til at norsk olje og gass blir utvunnen energieffektivt og med relativt sett låge klimagassutslepp. Store utslepp, anslått til 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg, er unngått frå norsk sokkel som følgje av ulike tiltak. Utbyggjarane på sokkelen må òg vurdere kraft frå land som energiløysing for nye felt og ved større ombyggingar av eksisterande felt. Det er for fleire felt vedteke å dekkje energibehovet med kraft frå land.

I 2015 starta regjeringa ei pilotordning for skogplanting på nye areal som klimatiltak. Ordninga vil bli avslutta i 2018. I den samanhengen vil det bli gjennomført ei evaluering av ordninga. Det vidare arbeidet med planting av skog på nye areal som klimatiltak vil bli avgjort på bakgrunn av evalueringa av ordninga. I 2016 starta regjeringa også ei ordning med gjødsling av skog som klimatiltak, og ei ordning for tettare planting etter hogst på eksisterande skogareal. Skogplanteforedlinga vart òg styrkt. Dette er ei direkte oppfølging av punkt i klimaforliket. Regjeringa foreslår ei uendra løyving for 2018 i høve til 2017 til desse ordningane. Landbruks- og matdepartementet har hatt forslag til lov- og forskriftsendring for å forby nydyrking av myr på høyring med frist 11. oktober. Regjeringa vil òg utgreie konsekvensar og tiltakskostnader ved ulike innretningar av eit forbod mot hogst av ungskog. Regjeringa fører òg vidare arbeidet med restaurering av myr og anna våtmark.

Ei nærare skildring av verkemiddel og satsingar på andre departement sine område, og klimagassbudsjett, finst i del III i kapittel 8.

Regjeringa sin politikk nasjonalt må sjåast i samanheng med Noregs internasjonale forpliktingar og satsingar. Dette er omtalt i del II, under programkategori 12.20 og 12.70. Klima- og skoginitiativet er Noregs største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar Regjeringa sitt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland. I 2018 foreslår Regjeringa å auke løyvinga til Klima- og skoginitiativet med 118,2 mill. kroner (inkl. lønns- og priskompensasjon), til eit nivå på 3 mrd. kroner. Reduserte utslepp frå tropisk skog er ein del av klimaavtala som vart vedteken i Paris i 2015. Avtala vektlegg òg betaling for resultat som skoglanda oppnår. Dette styrkjer Klima- og skoginitiativet sin strategi om langsiktig og føreseieleg finansiering av skoglanda sine investeringar for å ta vare på regnskogen. I behandlinga av Meld. St. 24 (2016 – 2017) Felles ansvar for felles framtid slutta Stortinget seg til regjeringas forslag om at Klima- og skoginitiativet skal førast vidare på eit høgt nivå fram til 2030.

Det blir foreslått å løyve 180 mill. kroner til kjøp av FN-godkjende klimakvotar i 2018.

Samtidig med at Regjeringa arbeider med å redusere klimagassutsleppa, må samfunnet førebuast på og tilpassast til dei klimaendringane som uansett kjem. Klimatilpassing og forsking er nærare omtalt under programkategori 12.20 og Del III kap. 8.4.

5 Oversiktstabellar

5.1 Merknader til budsjettframlegget

Regjeringa foreslår ei samla løyving til Klima- og miljødepartementet på 10 452,842 mill. kroner på utgiftssida og 354,119 mill. kroner på inntektssida.

5.2 Utgifter

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1400

Klima- og miljødepartementet

482 723

555 220

639 660

15,2

1410

Miljøforsking og miljøovervaking

707 839

830 036

791 839

-4,6

1411

Artsdatabanken

66 328

1412

Meteorologiformål

469 279

Sum kategori 12.10

1 190 562

1 385 256

1 967 106

42,0

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1420

Miljødirektoratet

3 345 306

4 602 910

4 025 524

-12,5

1422

Miljøvennleg skipsfart

6 126

5 322

5 438

2,2

1423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

14 282

15 586

16 735

7,4

1424

MAREANO

23 704

38 585

39 429

2,2

1425

Vilt- og fisketiltak

82 915

87 793

95 309

8,6

Sum kategori 12.20

3 472 333

4 750 196

4 182 435

-12,0

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1429

Riksantikvaren

606 493

650 419

633 985

-2,5

1432

Norsk kulturminnefond

87 094

103 898

92 378

-11,1

Sum kategori 12.30

693 587

754 317

726 363

-3,7

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1471

Norsk Polarinstitutt

292 728

299 278

301 094

0,6

1472

Svalbard miljøvernfond

19 838

14 638

17 658

20,6

1473

Kings Bay AS

41 573

21 642

-47,9

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

52 074

51 913

51 793

-0,2

Sum kategori 12.60

364 640

407 402

392 187

-3,7

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1481

Klimakvotar

106 567

199 986

184 751

-7,6

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

2 648 051

2 881 825

3 000 000

4,1

Sum kategori 12.70

2 754 618

3 081 811

3 184 751

3,3

5.3 Inntekter

Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

4400

Klima- og miljødepartementet

2 479

2 138

2 195

2,7

Sum kategori 12.10

2 479

2 138

2 195

2,7

Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

4420

Miljødirektoratet

134 366

147 398

135 566

-8,0

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

93 560

100 819

107 500

6,6

Sum kategori 12.20

227 926

248 217

243 066

-2,1

Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

4429

Riksantikvaren

6 629

5 631

5 783

2,7

Sum kategori 12.30

6 629

5 631

5 783

2,7

Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

4471

Norsk Polarinstitutt

98 285

83 578

85 405

2,2

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

19 776

14 650

17 670

20,6

Sum kategori 12.60

118 061

98 228

103 075

4,9

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

01 – 01

Driftsutgifter

1 275 608

1 451 920

1 492 894

2,8

11 – 25

Varer og tenester

1 157 458

1 397 540

1 369 367

-2,0

30 – 49

Nybygg, anlegg m.v.

606 130

666 408

551 042

-17,3

50 – 59

Overføringar til andre statsrekneskaper

554 976

643 785

938 220

45,7

60 – 69

Overføringar til kommunar

63 738

436 007

256 707

-41,1

70 – 89

Overføringar til private

4 817 830

5 783 322

5 844 612

1,1

Sum under departementet

8 475 740

10 378 982

10 452 842

0,7

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

01 – 29

Sal av varer og tenester m.v.

241 759

238 745

228 949

-4,1

50 – 91

Skattar, avgifter og andre overføringar

113 336

115 469

125 170

8,4

Sum under departementet

355 095

354 214

354 119

0,0

Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

**Under Klima- og miljødepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30 – 49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2017

Forslag 2018

1400

74

Tilskot til AMAP

4 345

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak

1 958

109 480

1411

50

Arter og naturtypar

16 942

1411

70

Tilskot til arter og naturtypar

11 441

1420

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd

4 984

137 162

1420

61

Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing

97 300

106 920

1420

69

Oppryddingstiltak

49 287

96 962

1420

70

Tilskot til vassmiljøtiltak

34 755

1420

71

Marin forsøpling

29

20 290

1420

73

Tilskot til rovvilttiltak

12 757

70 051

1420

78

Friluftsformål

1 268

179 821

1420

79

Oppryddingstiltak

450

1420

81

Naturarv og kulturlandskap

944

51 261

1420

82

Tilskot til truga arter og naturtypar

40 455

1420

85

Naturinformasjonssenter

2 350

62 114

1424

21

Spesielle driftsutgifter

10 311

39 429

1425

70

Tilskot til fiskeformål

14 446

1425

71

Tilskot til viltformål

35 600

1429

22

Bevaringsoppgåver

9 189

24 182

1429

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne

2 161

33 164

1429

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap

16 116

142 015

1429

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne

51 545

1429

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring

14 267

45 952

1429

74

Tilskot til fartøyvern

5 149

61 883

1429

75

Tilskot til fartøyvernsenter

707

15 757

1429

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde

360

8 000

1429

79

Tilskot til verdsarven

8 840

57 036

1471

21

Spesielle driftsutgifter

2 039

72 067

1474

50

Tilskot til statlege mottakarar

23 793

1474

70

Tilskot til private mottakarar

38

28 000

1481

01

Driftsutgifter

10 091

4 441

1481

22

Kvotekjøp, generell ordning

74 787

180 000

1481

23

Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser

310

1482

73

Klima- og skogsatsinga

129 738

2 901 543

6 Oversikt over oppmodingsvedtak frå Stortinget

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Omtalt side.

2016 – 2017

19

Omsetjingskrav for bruk av berekraftig biodrivstoff i drivstoffet for skipsfarten

143

2016 – 2017

21

Stimulere til auka ordremengd for null- og lågutsleppsskip og rapportere om korleis dette medverkar til å nå Noregs klimamål

143

2016 – 2017

24

Handlingsplan med sikte på å styrkje det samla friluftslivsarbeidet og friluftslivet si rolle i folkehelsearbeidet

143

2016 – 2017

25

Handlingsplan for auka skjøtsel, kanalisering og tilrettelegging, for å ta vare på naturverdiane og fremje friluftslivet i nasjonalparkaer og andre store verneområde

144

2016 – 2017

26

Utviding av Skjergardstenesta

144

2016 – 2017

27

Styrking av tiltak mot marin forsøpling – deltaking frå frivillige og lokale initiativ

144

2016 – 2017

108, nr. 1

Setje i gang ein prosess med aktuelle næringsorganisasjonar om etablering av ei miljøavtale med tilhøyrande CO2-fond

144

2016 – 2017

108, nr. 5

Trappe opp omsetjingskravet for biodrivstoff til vegtrafikk og delkravet om avansert biodrivstoff i åra 2017–2020

144

2016 – 2017

108, nr. 6

Følgje marknaden for avansert biodrivstoff

145

2016 – 2017

108, nr. 7

Utgreie klimapotensialet ved CO2-nøytralt syntetisk drivstoff

145

2016 – 2017

108, nr. 8

Innføre E10 som bransjestandard for bensin

145

2016 – 2017

108, nr. 18

Mål i forslag til klimalov

146

2016 – 2017

108, nr. 48

EUs miljøprogram LIFE

69

2016 – 2017

309

Privatimporterte bilar og lovpålagt returordning

147

2016 – 2017

421

Matsvinn

147

2016 – 2017

440

Gjennomføring forvaltinga av ulv

147

2016 – 2017

441

Endring av Forskrift om forvalting av rovvilt

148

2016 – 2017

529

Gratis levering av marint avfall

148

2016 – 2017

530

Endring av forureiningslova, gebyr for forsøpling

148

2016 – 2017

533

Forvalting av fisket i Tanavassdraget

148

2016 – 2017

589

Endring av rovviltforskrifta

148

2016 – 2017

590

Vidare oppfølging, praktisering og forvalting av ulv i Noreg

149

2016 – 2017

591

Fagleg gjennomgang av den norske delbestanden av ulv

149

2016 – 2017

722

Vedlikehaldsetterslepet på kulturminne

185

2016 – 2017

748

Oppretting av teknisk berekningsutval på klimafeltet

149

2016 – 2017

749

Biodrivstoff basert på palmeolje eller biprodukt av palmeolje

149

2016 – 2017

750

Avklare med ESA om det er rom for Noreg til å gjere gjeldande EUs berekraftskrav for alt biodrivstoff som blir omsett i Noreg.

149

2016 – 2017

751

Bransjeavtale om at alt sal av biodrivstoff skal vere palmeoljefritt og ha høgare klimaeffekt enn EUs minstekrav

149

2016 – 2017

753

Vurdere handlingsrommet for å fremje bruk av avansert berekraftig biodrivstoff

150

2016 – 2017

907

Heilskapleg nasjonal plan for marine verneområde

150

2016 – 2017

908

Ikkje iverksetje petroleumsverksemd i Froan/Sularevet og Iverryggen

150

2016 – 2017

909

Leggje fram fagleg oppdatert avgrensing av heile iskantsonen inkludert «Vesterisen»

150

2016 – 2017

910

Revidering av forvaltningsplan for Barentshavet–Lofoten

150

2016 – 2017

914

Forslag til tiltak og verkemiddel for overvassproblematikk

151

2016 – 2017

961

Industrielle anlegg for produksjon av biogass

151

2016 – 2017

1105

Fossilfrie anleggsprosjekt

151

2016 – 2017

1110

Etablering av ei miljøavtale med tilhøyrande CO2-fond for næringstransport

151

2015 – 2016

57

Tiltak for auka bruk av låg- og nullutsleppsteknologi i nærskipsfarten

152

2015 – 2016

100

Gjennomgang av Statskog SFs ordinære skogeigedommar for verneverdig skog

152

2015 – 2016

103

Karbonrike skogtypar

217

2015 – 2016

405

Status for bestanden av anadrome laksefisker

290

2015 – 2016

406

Stortingsmelding om avfallspolitikk og den sirkulære økonomien

152

2015 – 2016

537

Mål for reduksjon av matavfall og matsvinn i omsetnings- og forbrukarleddet

152

2015 – 2016

667

Mål om vern av både offentleg eigd skog og frivillig vern av privateigd skog

153

2015 – 2016

668

Plan for marine verneområde

153

2015 – 2016

669

Forringa økosystem

153

2015 – 2016

670

Vurdere kvalitetsnormer for økosystem

154

2015 – 2016

671

Vedtak i sakene om nasjonalparkane Jomfruland, Raet, vurdere vernevedtaket knytt til Lofotodden

154

2015 – 2016

672

Revidere dei heilskaplege og økosystembaserte forvaltingsplanane for havområda våre

154

2015 – 2016

673

Oppdatert forvaltingsplan for Norskehavet

154

2015 – 2016

674

Handlingsplan for sjøfuglar

154

2015 – 2016

675

Kvalitetsnorm for myr

155

2015 – 2016

676

Utvalte kulturlandskap

155

2015 – 2016

677

Kvalitetsnorm for villrein, og fleire utvalte arter

155

2015 – 2016

678

Styrkje arbeidet med eit økologisk grunnkart for Noreg

155

2015 – 2016

679

Oppdatere svartelista over framande skadelege organismar og raudlistene over truga arter og naturtypar

156

2015 – 2016

681

Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt

156

2015 – 2016

682

Handlingsplan mot mikroplast

156

2015 – 2016

768

Endringar i ulvesona

156

2015 – 2016

769

Bestandsmålet for ulv i Noreg

156

2015 – 2016

770

Økonomiske ordningar for tap av eventuelle rettar eller belastningar innanfor ulvesona

157

2015 – 2016

771

Midlar til kommunar med ynglingar innanfor ulvesonen

157

2015 – 2016

772

Lik jakttid i og utanfor ulvesona

157

2015 – 2016

773

Uavhengig utgreiing av det genetiske opphavet til ulvestammen i Noreg

157

2015 – 2016

894

Noregs forslag til forsterka mål – som utgangspunkt for prosessen for å oppnå Paris-avtalas formål

217

2015 – 2016

895

Parisavtala, Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag for perioden 2021 – 2030

218

2015 – 2016

897

Klimanøytralitet

218

2014 – 2015

43

Heilskapleg plan for å fase ut fossil grunnlast i alle statlege bygg

157

2014 – 2015

387

Forbod mot fyring med fossil olje i hushald og til grunnlast i andre bygg

159

2014 – 2015

507

Saksbehandling av GMO-saker

159

Til forsida