Prop. 100 S (2021–2022)

Finansiering av Kvinnheradpakken i Vestland

Til innhaldsliste

3 Lokalpolitisk handsaming

Kvinnherad kommunestyre handsama saka i kommunestyremøte 25. oktober 2018, og gjorde føljande vedtak:

  • 1. Kommunestyret sluttar seg til det føreslåtte opplegget i «Kvinnheradpakken» slik det er skissert i det faglege grunnlaget frå Statens vegvesen Region vest, datert 02.10.2018. Kvinnherad kommune løyver 75 MNOK eks. mva. til tiltaka vist i tabell i saksutgreiinga. I tillegg bidreg Kvinnherad kommune med ytterlegare 34 MNOK til prosjekt under gjennomføring, som er «Ny veg Lundssvingane» og «Kollektivknutepunkt Rosendal». Midlande skal innarbeidast i budsjett/økonomiplan i ein tidleg fase av bompengeperioden, der løyvingane er i samsvar med faktisk framdrift og nødvendig finansiering av tiltaka.

  • 2. Kommunestyret går inn for at «Kvinnheradpakken» vert delvis finansiert med bompengar. Det er lagt til grunn ei portefølje med eit investeringsbehov på om lag 746 mill. kr (2018-kr). Følgjande finansieringsplan er lagt til grunn for prosjektet:

    Finansieringskjelde:

    Mill. 2018-kr

    Kommunale midlar

    75

    Fylkeskommunale midlar

    199

    Fylkeskommunale skredsikringsmidlar

    307

    Bompengar

    165

    Sum

    746

    Bompengebidraget vert endeleg fastsatt etter ekstern kvalitetssikring (KS2) av pakken.

  • 3. Kommunestyret legg til grunn at «Kvinnheradpakken» vert porteføljestyrt og at omfanget av utbygginga vert tilpassa den økonomiske ramma.

  • 4. Det vert lagt til grunn at utbygginga skjer i 2018–2023.

  • 5. Innkrevjinga skal skje på ferjesambanda: Ranavik–Skjersholmane, Gjermundshamn/Varaldsøy–Årsnes og Utåker–Matre/Skånevik. Det vert ikkje kravd inn bompengar på sambanda Varaldsøy–Gjermundshamn eller Matre–Skånevik.

  • 6. Det vert lagt til grunn ein gjennomsnittleg inntekt pr. passering på om lag kr. 35–43 (2018-kr).

  • 7. Bompengetakstane vil bli fastsett ut frå den strukturen for innkrevjing av bompengar på ferje som gjeld ved start av innkrevjinga. Endeleg takst- og rabattsystem inkl. betaling av bompengar for nullutsleppskøyretøy, skal leggast fram for lokalpolitisk behandling i god tid før innkrevjinga tek til.

  • 8. Gjennomsnittstaksten skal prisjusterast med Statistisk Sentralbyrå (SSB) sin byggekostnadsindeks for veganlegg fram til bompengeinnkrevjinga startar. Deretter skal SSB sin konsumprisindeks nyttast.

  • 9. Bompengeperioden er sett til 15 år frå innkrevjingstart på ferjestrekninga Årsnes–Gjermundshamn og Utåker–Skånevik, etter planen i 2020. Innkrevjinga på ferjestrekninga Ranavik–Skjersholmane vil etter planen starte i 2023 og skal avsluttast samtidig med innkrevjinga på dei to andre strekningane.

Saka blei 3. oktober 2018 sendt til uttale i nabokommunane Etne og Stord.

Formannskapet i Stord kommune gav uttale i sak RS 88/2018. Kommunen uttalar at dei er positive til at innkrevjinga på ferjestrekninga Ranavik–Skjersholmane blir sett i samanheng med avslutning av innkrevjinga for Halsnøysambandet. Kommunen meiner det må vera ein føresetnad at det ikkje skal vera innkrevjing for Halsnøysambandet og Kvinnheradpakken samstundes. I mellomtida er innkrevjing av bompengar på Halsnøysambandet avvikla.

Etne kommune gav ei uttale i sak 066/18, kor det mellom anna kom fram at Etne kommune ynskjer at inntektene på ferjesambandet Utåker–Skånevik skal delast mellom Etne og Kvinnherad kommune. Kommunen viser til svært dårleg vegstandard på fv. 548 (tidlegare fv. 48) i Etne kommune, og ynskjer at denne blir prioritert. Som følgje av Etne kommune sitt vedtak, blei arbeid med detaljregulering av ein 2 km lang strekning på fv. 548 Skånevik–Flesjå starta opp. Planen blei godkjent av Etne kommunestyre 4. mai 2021.

Begge nabokommunane uttrykker at det er uheldig at bompengeinnkrevjinga på ferjene kan skape ein avvisingseffekt på trafikken internt i Sunnhordland, med dei konsekvensar det vil ha for næringslivet sitt høve til å ta oppdrag og innbyggjarane sin kontakt med regionssenterfunksjonar som sjukehus, domstolar og høgskule. Tilsvarande effekt gjer seg ikkje gjeldande for trafikken mellom Kvinnherad og Hardanger. Begge kommunane meiner òg at saka skulle blitt sendt på høyring til nabokommunane tidlegare.

Fylkestinget i Hordaland fylkeskommune gjorde følgjande vedtak 12. desember 2018:

  • 1. Fylkestinget sluttar seg til det føreslåtte opplegget for finansiering av Kvinnheradpakken slik det er skissert i det faglege grunnlaget frå Statens vegvesen Region vest datert 28.09.2018.

  • 2. Fylkestinget går inn for at Kvinnheradpakken vert delvis finansiert med bompengar. Det er lagt til grunn ei portefølje med eit investeringsbehov på om lag 746 mill. 2018-kr.

    Følgjande finansieringsplan er lagt til grunn for Kvinnheradpakken:

    Finansieringskjelde:

    Mill. 2018-kr

    Kommunale midlar

    75

    Fylkeskommunale midlar

    199

    Fylkeskommunale skredsikringsmidlar

    307

    Bompengar

    165

    Sum

    746

    Bompengebidraget vert endeleg fastsatt etter ekstern kvalitetssikring (KS2) av pakken.

  • 3. Fylkestinget legg til grunn at Kvinnheradpakka vert porteføljestyrt og at omfanget av utbygginga vert tilpassa den økonomiske ramma.

  • 4. Det vert lagt til grunn at utbygginga skjer i 2018–2023.

  • 5. Innkrevjinga skal skje på ferjesambanda; Gjermundshamn/Varaldsøy–Årsnes, Utåker–Matre/Skånevik og Ranavik–Skjersholmane. Det vert ikkje kravd inn bompengar på strekningane Varaldsøy–Gjermundshamn og Matre–Skånevik.

  • 6. Det vert lagt til grunn ein gjennomsnittleg inntekt pr. passering (gjennomsnittstakst) på 35–43 2018-kr.

  • 7. Bompengetakstane vil bli fastsett ut frå den strukturen for innkrevjing av bompengar på ferje som gjeld ved start av innkrevjinga. Endeleg takst- og rabattsystem inkl. betaling av bompengar for nullutsleppskøyretøy, skal leggast fram for lokalpolitisk behandling i god tid før innkrevjinga tek til.

  • 8. Gjennomsnittstaksten skal prisjusterast med Statistisk Sentralbyrå (SSB) sin byggekostnadsindeks for veganlegg fram til bompengeinnkrevjinga startar. Deretter skal SSB sin konsumprisindeks nyttast.

Fylkestinget i Vestland fylkeskommune stadfesta 3. mars 2020 garantivedtaket frå Hordaland fylkeskommune.

Kvinnherad kommune og Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune handsama parallelt takstopplegget i Kvinnheradpakken 26. november 2020 og fatta føljande vedtak:

Kvinnherad kommune/fylkesutvalet i Vestland sluttar seg til framlegget om å nytte kronepåslag på ferjebilletten som takstopplegg i Kvinnheradpakken, føresett eit likelydande politisk vedtak i Fylkesutvalet/Kvinnherad kommune.

Samferdselsdepartementet bad Vestland fylkeskommune i brev datert 22. november 2021 om å gjere nytt garantivedtak til erstatning for punkt 10 i vedtaket gjort 12. desember 2018. Vestland fylkesting gjorde følgjande vedtak 14. desember 2021:

Under føresetnad av godkjenning av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, garanterer Vestland fylkeskommune ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak for bompengeselskapet, avgrensa til 170 mill. 2021-kr for heile Kvinnheradpakken, med tillegg av 10 % av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle renter og omkostningar. Det samla garantibeløpet vert følgjeleg 187 mill. 2021-kr. Garantisten har rett til å sikre garantien med retten til å krevje inn bompengar
Garantien gjeld frå fyrste opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Vestland fylkeskommune i byggjeperioden, og gjennom innkrevjingsperioden på 15 år frå oppstart på innkrevjinga i dei nye bomstasjonane. I tillegg skal garantien gjelde inntil to år, jf. garantiføresegna § 3. Samla garantitid vert, inkludert byggjeperioden, på inntil 17 år frå fyrste opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Statens vegvesen. Garantien gjeld inntil bompengeselskapet si gjeld er nedbetalt, og vert redusert i takt med nedbetalinga av lån.